Opplev Cuba 2. -15. april 2009 (påska) 15 dagars rundreise frå aust til vest på Cuba.



Like dokumenter
Opplev eksotiske Cuba 19 dagars rundreise fra aust til vest 12. februar -2. mars 2014

kulturmix CUBA!!!!!!!!! 27. sept okt 2014

PROGRAMMET DAG FOR DAG

PROGRAM Cuba mars 2016

Det eksotiske Cuba. Havana, Vinales, Cienfuegos, Trinidad og St. Clara. 29. oktober 10. november 2016

PROGRAM Cuba 31. mars 12. april 2016

PROGRAM Cuba april 2014

Cuba på sykkel

CUBA. revolusjon, sigarer, veteranbiler, folkeliv, musikk og vakre strender. Tidsrom: januar Reiseleder: Jon Espeland

Sommartur til Sverige,

PROGRAM Cuba april 2015

PROGRAM Cuba mars 2020

Tur til det vakre. DUBROVNIK-området. Ver med oss til ei av dei vakraste perlene i Europa landsbyen. Cavtat i Kroatia

26 sept 07 oktober Lima Machu Picchu Cusco Amazonas

PROGRAM Cuba mars 2019

CUBA / MED HAVANNA, TRINIDAD OG VARADERO 21. FEBRUAR 3. MARS Reiseleder: Trygve Torgersen

DET EKSOTISKE CUBA En annerledes reise; Havana, Trinidad, Santiago og Baracoa

Det eksotiske Cuba. Havana, Vinales, Cienfuegos, Trinidad og St. Clara april 2017

BLI MED JÆRBLADET TIL CUBA

Cuba Bella 12 dagers garantert reise i vakre Cuba

Sorrentos perler Pensjonistforbundet

La Bella Italia BLI MED TIL MATERA CITTA DEI SASSI OG PUGLIA SLOW TRAVEL, SLOW FOOD, SLOW LIFE

SINGELTUR - LISBOAKYSTEN

Opplev kultur, historie og musikk på CUBA! 16. februar - 1. mars Reiseleder: Thomas H. Brune

La Bella Italia MATERA CITTA DEI SASSI OG PUGLIA. SLOW TRAVEL, SLOW FOOD OG SLOW LIFE.

CUBA The HEMINGWAY & CHE GUEVARA TOUR

JULEMARKED I WARSAWA

STUDIETUR TIL CUBA 23. MARS 3. APRIL 2009

EN SMAKEBIT AV PORTUGAL

LISBOAKYSTEN: VANDRING OG KULTUR

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

SORRENTOS PERLER. Aller Travel, Karvesvingen 1, 0579 Oslo Tlf e post:

Dublin juli 2018

Kulturmix. 24. mars - 7. april 2010

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Program. Kortversjon av dag for dag program

SINGELTUR TIL ROVINJ

Sykkelferie i Cuba. Sykkelturer i Karibiens perle Cuba. Aktiv Opplevelsesreise med

Eksepsjonell Cuba Privatbolig, vakker natur og mange aktiviteter gjør denne 14 dagers rundreise helt unik.

MANGFOLDIGE BERLIN. Velkommen på tur med ALLER TRAVEL! Bli med oss på en innholdsrik og spennende reise til Berlin!

SORRENTOS PERLER. Opplev Sorrento-halvøyas vakre perler med oss!

6. trinn. Veke 24 Navn:

MADEIRA ATLANTERHAVETS BLOMSTERBUKETT

La Bella Italia MATERA CITTA DEI SASSI OG PUGLIA. SLOW TRAVEL, SLOW FOOD OG SLOW LIFE

SINGELTUR TIL WARSZAWA

SINGELTUR - KROATIA. Hva gjør at man gang på gang kommer tilbake til Kroatia?

KROATIA SPLIT, TROGIR OG ZADAR MAI 2018

TORREMOLINOS Andalusias solkyst

SINGELTUR - LISBOAKYSTEN

HVITE SKATTER I SØR-SPANIA

Landbruksrelatert studietur til Irland Oktober 2019

Cuba rundt på sykkel ,- 15 dager. Ring

Cuba BBB. 13 dagers rundreise til Cuba med norsk reiseleder. Kulturel Opplevelsesreise med

Dubrovnik, Monstar og Herceg Novi

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

FLOTTE VANDRETURER I DOLOMITTENE

VANDRETUR CINQUE TERRE

13 DAGER RUNDREISE KROATIA MONTENEGRO ALBANIA - BOSNIA. 13. oktober 25. oktober pax PROGRAM

SINGELTUR ROMA. Dette er en godt planlagt tur hvor vi på kort tid får med oss alle storhetene i selveste Roma!

Malecón Travel! Den Mest Autentiske Cubanske Aktøren i Norge!

FOTTURER OG KULTUR I TOSCANA

TORREMOLINOS Andalusias solkyst

CUBA / MED HAVANNA, TRINIDAD OG VARADERO FEBRUAR Reiseleder: Trygve Torgersen

CINQUE TERRE OG LIGURIAS PERLER

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

SJARMERENDE GDANSK MED ANDREA BOCELLI

CINQUE TERRE OG ANDRE PERLER I LIGURIA

WIEN- MUSIKKENS OG ROMANTIKKENS HOVEDSTAD

FOTTURER OG KULTUR I TOSCANA

En samarbeidspartner på vegen året rundt

SINGELTUR VANDRING I DOLOMITTENE

VANDRINGER PÅ MALLORCA

Floridas strender og fornøyelsesparker

LETTE VANDRINGER PÅ GRAN CANARIA

WIEN MUSIKKENS OG ROMANTIKKENS HOVEDSTAD

Dere bor på camps som er bygget og drevet i pakt med naturen og de lokale masaiene i Kenya.

SINGELTUR TIL MALLORCA

Fagtur til Romania med Nasjonalt Museumsnettverk for kulturlandskap august 2016

Fantastisk safari og badeferie i Kenya og Zanzibar

Fellestur til Sri Lanka november 2017

Øl, vin og matopplevelser i Tyskland

SINGELTUR ROMA. Dette er en godt planlagt tur hvor vi på kort tid får med oss alle storhetene i selveste Roma!

BAD GASTEIN VANDRING I ALPENE

OPERA OG KULTUR I BUDAPEST

Vanskelighetsgrad Hotel komfort

VIN I VERONA OG VALPOLICELLA september 2017

ØLFESTIVAL I PILSEN - MED PETTER NOME

SITGES/BARCELONA

KULTUR OG SYKKEL I CORDOBA

ROVINJ DEN KROATISKE PERLEN

Temareiser inviterer STASEN TIL CUBA NOVEMBER 2016

ROVINJ DEN KROATISKE PERLEN

ALGARVE SOL, SJØ & TRADISJON

EN SMAKEBIT AV PORTUGAL

Turmål Vestre Slidre kommune. 1 Bergstjednet (856 moh)

CUBA / MED HAVANNA, TRINIDAD OG VARADERO MARS Reiseleder: Ingvar Hopland

Analyser setningane under. Det betyr at du skal finne subjekt og verbal. Sjå eksempelet:

Senior Reiser «Allsang på grensen»

Transkript:

Opplev Cuba 2. -15. april 2009 (påska) 15 dagars rundreise frå aust til vest på Cuba. To unge menn, Fidél Castro (32) og Ernesto Guevara («Che») (30), skreiv verdshistorie då dei tok makta på Cuba 1. januar 1959 og dreiv dåverande diktator Batista på flukt. Sidan har den vesle kommuniststaten irritert storebror USA i nord berre 170 km unna, men også vakt begeistring og entusiasme hos mange med sitt velfungerande skule- og helsevesen. Men Cuba slit med handelsblokade og isolasjon og framleis er Cuba ei reise tilbake til 50- talet. Gamle amerikanske bilar (etterkvart veteranbilar), eksklusive sigarar, gatemusikantar, enorme sukkermarker og innbydande strender er noko av varemerket til Cuba. Men Cuba er svært mykje meir du er med dette invitert til ei eksotisk reise der du vil oppleve eit annaleis land og eit Cuba som vil by på mange overraskingar! Program frå dag til dag: Dag 1 - torsdag 2. april: (måltid på flya) Avreise frå Gardermoen med KLM kl 0630. Ankomst til Havanna kl 1735 (lokal tid). Passkontroll, bagasjeutlevering og transport til Hotel Plaza som ligg midt i Gamlebyen i Havanna. Dag 2 - fredag 3. april: (frukost - lunsj) I dag vaknar vi til vårt første møte med eksotiske Cuba, og det er tid for å utforske hovudstaden Havanna! Vi startar dagen med å vitje Cabaña-fortet som ligg på eit høgdedrag med flott utsikt over byen. Vidare skal vi vitje ein av dei mest kjende sigarfabrikkane på Cuba - her får vi sjå korleis tobakken blir omarbeida og sigarane handrulla for eksport. Eksklusive sigarar er sjølve varemerket for Cuba. Gamlebyen i Havanna står på UNESCO si verneliste. Her vandrar vi gjennom fascinerande gater og plassar, og vitjar det kjende Revolusjons-muséet der vi får eit godt innblikk i Fidel Castro og Che Guevara sin imponerande innsats for å felle det sittande Batista-regimet på slutten av 1950-tallet. Muséet held hus i regjeringspalasset, sjølve hjartet til det gamle regimet. La Habana Vieja (Gamle Havanna) med sine flotte bygningar og sjarmerande gater, ber preg av gamal stordom. Med utanlandsk hjelp er byen under renovering etter merkbart forfall dei siste 50 år. Dagens lunsj vert på forfattaren Ernest Hemingway sin stamkafé Bodeguita del Medio, atmosfæren her er intim og eksotisk. Vi stikk også innom dei andre av Hemingway sine favorittstader, Hotel Ambos Mundos og baren El Floridita. Og vi går innom marknadsplassen nede ved havna der dei sel cubansk kunsthandverk. Om ettermiddagen er vi tilbake på hotellet som ligg sentralt i gamlebyen og er eit glimrande utgangspunkt for bytur på eiga hand eller saman med reiseleiar. Dag 3 - laurdag 4. april: (frukost - lunsj) I dag skal vi fortsette i fotefara til forfattaren Ernest Hemingway. Etter frukost går turen til muséet i huset der han budde frå 1939 til 1960. Han donerte heile eigedomen til det cubanske folket som i dag kan oppleve atmosfæra i det som var heimen hans gjennom meir enn 20 år. I hagen kan vi sjå yacht en hans, El Pilar. Vidare går turen til Revolusjonsplassen i den nye delen av Havanna. Her ligg det storslagne monumentet over frigjeringshelten José Marti som leia frigjeringa frå Spania på slutten av 1800-tallet. Han er heidra overalt på Cuba og i nesten kvar einaste by eller landsby finst ei statue av han. På revolusjonsplassen finn vi også det berømte veggmaleriet av Che Guevara og bygninga der Fidel og broren Raul Castro har sine kontor.

Vi et lunsj på restaurant La Mina som ligg midt i gamlebyen. Etter lunsj tek vi turen til Museo Havana Club. Sukker er det viktigaste landbruksproduktet på Cuba, og «Havana Club» er den mest kjende rom en produsert frå sukkerrøyr. I løpet av dagen skal vi også innom Hotel Nacional som var sjølve varemerket på Cuba før revolusjonen, og Capitolio Nacional, den ærverdige gamle kongressbygninga som Castro ikkje ville bruke og som no er museum. Om kvelden har du fri med høve til å bli betre kjend med Cuba sitt rike musikk-, kultur- og folkeliv. Du kan vandre rundt og ånde inn den eksotiske atmosfæren i bybildet, ta ein kopp cubansk kaffi eller ein ekte Cubano (sigar) på ein av dei talrike restaurantane. Reiseleiar vil også leggje til rette for musikkopplevingar eller cabarét for dei som ynskjer det. Dag 4 - sundag 5. april: (frukost lunsj - middag) I dag set vi kursen mot aust og den eldste av alle byane på Cuba, Baracoa. Etter frukost reiser vi til flyplassen og flyg til kyststroka der Columbus gjekk i land 28. okt. 1492 då han oppdaga Amerika - han skreiv i dagboka si at «dette er det vakraste land eg nokon sinne har sett!» Men Columbus stogga ikkje på Cuba. Han slo seg i staden ned på øya Hispaniola (Haiti) i søraust, men i 1512 sende han Diego Velázquez for å erobre Cuba. Han grunnla då Baracoa som vart den første hovudstaden i Cuba sin moderne historie. Vi et lunsj på ein lokal restaurant før det vert guida tur i Baracoa. Etterpå sjekkar vi inn på Hotel Porto Santo, som ber det navnet Columbus først gav til denne havna som ekspedisjonen hans ankra opp i. Dag 5 - måndag 6. april: (frukost lunsj - middag) I dag vaknar vi opp i Guantamo provins. Dette er eit navn alle kjenner verda rundt. For det er i denne provinsen USA har si frykta militærbase. Heilt fra 1903, like etter frigjeringa frå Spania, sikra supermakta seg eit stort område (116 km 2 ) i den særs gode havna i Guantamo-bukta. Frå revolusjonen i 1959 har dette vore ein verkebyll for Castro sitt regime, og årsak til mykje bitter strid mellom USA og Cuba. Vi køyrer i dag forbi basa på veg mot Santiago de Cuba. Frå eit høgdedrag i nærleiken får vi sjå basen og kan studere den nærmare gjennom ein kraftig kikkert som er satt opp. Målet for etappa i dag er ei vakker strand 25 km aust for Santiago. Vi reknar med å vere framme til lunsj, og sjekkar vi inn på Hotel Club Bucanero. Dette er eit såkalla «all inclusive» hotell, der vi skal kose oss og nyte livet ved den karibiske stranda med herlig badetemperatur i sjøen! Dag 6 - tysdag 7. april: (all mat og drikke inkludert) Fridag ved stranda. Vi nyttar dagen til å slappe av etter fleire dagar med program og mykje opplevingar. Strendene og badevatnet på Cuba er slik vi nordmenn drøymer om, og eit kjærkomment avbrekk for dei fleste! Men om du vil inn til byen, er det lett å reise att og fram på eigen hand. Dag 7 - onsdag 8. april: (frukost lunsj) I dag går turen til Cuba sin nest største by, Santiago de Cuba. Byen vart grunnlagt i 1514 av same Diego Velázquez og vart ny hovudstad året etter, og var det nesten 100 år til Havanna tok over i 1607. På grunn av godt klima og intensivt jordbruk, var Santiago eit viktig senter for slavehandel og har i dag ein stor andel svart befolkning. Med si historie og store innslag av afrikansk kultur, er Santiago meir karibisk enn resten av landet. Ikkje minst gir dette seg utslag i musikklivet som har gjort Santiago til Cuba sin musikkhovudstad. Vi vitjar huset til grunnleggjaren, og militærleiren Moncada som Fidel Castro og mennene hans angreip 26. juli 1953, og som vart ein forløpar til revolusjonen. Revolusjonsbevegelsen bar etter dette navnet «26. juli-rørsla». Dagens lunsj blir på restaurant La Mansion. Etter lunsj skal vi innom Granja Siboney som var Castros base og skjulestad, og vidare til Parque Bacanao, ein nasjonalpark ca 50 km aust for Santiago. Her ligg m.a. eit festleg museum med gamle veteranbilar frå tida før revolusjonen.

Om kvelden blir det fritid til å oppleve det gode liv i Santiago sentrum med deilig mat og herlig musikk! Innkvartering på Hotel Las Americas. Dag 8 - torsdag 9. april: (frukost lunsj) Santiago ligg vakkert til innerst i ei bukt og med fjella som bakteppe. Ved innløpet til bukta ligg Castillo del Morro, det best bevarte spanske fort i heile Latin-Amerika. Det er frå 1600-tallet og var eit viktig forsvarsverk mot dei mange sjørøvarar og piratar som herja i Karibien i middelalderen. Frå fortet får vi nyte den vakre utsikta mot byen og fjella frå orkesterplass, og i fjorden nedanfor ligg pittoreske landsbyar på øyene La Socapa og Cayo Granma. Vi dreg til den sistnevnte og inntek ein velsmakande lunsj på restaurant El Cayo. Ettermiddagen og kvelden er sett av til fritid. Reiseleiar vil gi tilbod om ein felles tur til Casa de la Trova, Cubas sitt kanskje mest berømte musikkhus med levande musikk og djupe røter i karibisk og afrokubansk kultur. Dag 9 - fredag 10. april: (frukost lunsj - middag) I formiddag set vi kursen mot vest og flyttar oss til dei sentrale delane av Cuba. På turen passerer vi byen Holguin, kjend som byen med dei mange parkane. Hotellet Mirador de Mayabe ligg på et høgdedrag med flott utsikt over naturen omkring. Her et vi dagens lunsj i vakre omgivelser, før turen går vidare vestover mot byen Ciego de Ávila. På turen får vi sjå variert cubanske landskap, og folkeliv langs vegen og i byar og landsbyar vi køyrer gjennom. Køyretid på dagens etappe er berekna til 5 ½ time. Overnatting på Hotel Morón. Dag 10 - laurdag 11. april: (frukost lunsj - middag) Ciego de Ávila har ingen severdigheiter som gjer det naturlig å bruke tid her. Difor køyrer vi direkte vidare til byen Sta. Clara og et lunsj på restaurant La Granjita. Sta. Clara er revolusjonshelten Che Guevara sin by. Han tronar på ein kjempestatue som kan sjåast langt borte frå, og under føtene ligg hans jordiske restar i eit vakkert anlagt gravkammer. På området er det også eit interessant museum over revolusjonshelten sitt liv og virke. Her fylgjer vi livshistoria til «Che» heilt frå han i unge år som fersk lege utvandra frå Argentina, via revolusjonen på Cuba, til han i 1967 vart skoten av ein CIA-agent under forsøk på å organisere ein væpna revolusjon i Bolivia. Vi skal også sjå det såkalla «Tren blindado», eit pansra tog med troppetransportar som president Batista i desember 1958, sendte for å kjempe mot Fidel Castro og Che Guevara. Che Guevara tok kontroll over toget og dette vart avgjerande for revolusjonen sin endelege siger. Innkvartering på Hotel Los Caneyes med middag. Dag 11 - sundag 12. april: (frukost lunsj - middag) I dag set vi kursen sørover mot byen Cienfuegos. Byen var tidligare ein av dei viktigaste industrisentra på Cuba, men etter innføringa av «spesialperioden» i 1989, er mange av fabrikkane stengt. Hovudgata er prega av fordoms rikdom, men dagens boulevard (gågata) er overraskande godt haldt vedlike. Byen har ei god hamn og har vore sentral i produksjon og eksport av sukker gjennom fleire generasjonar. Totalt var det 156 sukkerfabrikkar på Cuba som på slutten av 1800-tallet var verda sin største sukkerprodusent. I dag er det berre litt over 40 fabrikkar igjen. Etter ein kort omvisning i byen, dreg vi vidare til Trinidad, ein av dei eldste og best bevarte byane på Cuba. Denne byen står også på UNESCO si verneverdige liste. Trinidad var i tidlegare tider prega av stor velstand på grunn av sukkerproduksjon, direkte eksport og lite kontroll (skatt) frå sentralmyndigheitene. Dagens lunsj blir på restaurant Plaza Mayor i sentrum av Trinidad. Så skal vi vitje Museo Romántico som gjev eit godt inntrykk av levesett og arkitektur opp gjennom Trinidad si historie. Etterpå går vi til fots til La Canchachara der vi får servert ein lokal drink akkompagnert av levande musikk. Vi overnattar på strandhotellet Hotel Costasur som ligg nokre km sør for sentrum. Middag på hotellet.

Dag 12 - måndag 13. april: (frukost lunsj - middag) Etter frukost skal vi vitje «Valle de los Ingenios» som tyder Sukkermølledalen. Her ligg det gamle slavegodset Manaca Iznaga. Sjølve dalen er svært fruktbar, og hundrevis av slavar levde heile liva sine her på farmane til det kvite herrefolket. Frå eit høgt klokketårn skoda slaveeigaren ut over markene sine, og ringte i klokka når arbeidsdagen byrja og slutta. Det var slavane som la grunnlaget for den kvite manns rikdom på Cuba. Vi er tilbake på hotellet til lunsj, og ettermiddagen er fri til å bade på den vake stranda, eller slappe av ved bassenget. For dei som har lyst, er det berre nokre få km med taxi inn til sentrum for handel på marknaden eller for å nyte folkelivet. Dag 13 - tysdag 14. april: (all mat og drikke inkludert) Fridag i Trinidad. Reiseleiar vil hjelpe til med forslag til ulike aktivitetar for dei som ikkje ynskjer strandliv. Det fins tilbod om båttur til idylliske koralløyar eller turar i den vakre fjellheimen like nord om byen, med vandring på idylliske stiar langs bekkar og små fossefall i frodig vegetasjon. Dag 14 - onsdag 15. april: (frukost lunsj) Så er vi komen til siste dagen på Cuba. Vi forlet Trinidad og køyrer mot vest til Grisebukta der USA under president Kennedy 14. april 1961, mislukkast med sitt berømte invasjonsforsøk. I Playa Girón vann Cuba ein knusande siger over amerikanarane. Å vere her, er å trø på historisk grunn! Vidare går turen til våtmarksområdet Guamá. Her lever ein eigen krokodille-art som du berre finn på Cuba og som vi tek ein stopp og kikar på i eit parkanlegg. Vi tek også ein båttur til ei lita øy i ein lokal innsjø der det er laga ein urbefolknings-park til minne om Taíno-folket som vart utrydda av spanske conquistadorar. Etter lunsj går turen vidare langs hovudvegen Autopista Nacional tilbake til Havanna. Vi må sjå tida an, om vi rekk ein tur inn til sentrum, eller om vi må reise direkte til flyplassen, der flyet vårt lettar med kurs for Europa kl 2035. Dag 15 - onsdag 15. april: (måltid på flya) Vi landar i Paris kl 1130, og reiser vidare til Oslo kl 1240. Landing på Gardermoen kl 1455.

Pris pr. pers i dobbeltrom: NOK 21.900,- + avgifter Alt dette er inkludert: flyreise t/r Gardermoen - Havanna med Air France 13 netter på gode hotell måltid tatt med i programmet transport og inngangsbillettar ifylgje programmet engelsktalande lokal guide norsk reiseleiar frå Møre Folkehøgskule Prisen inkluderer ikkje: enkeltromstillegg NOK 2.000,- flyskattar og oljetillegg, for tida ca NOK 2.600,- utreiseskatt frå Cuba (flyplassavgift i lokal valuta), ca NOK 140,- visum til Cuba NOK 250,- tips Atterhald: Det vert tatt atterhald om prisendringar som fylgje av endra valutakurs, fly- og transporttariffar i tillegg til uforutsette skattar og avgifter som vi sjølv ikkje rår over. Det vert og tatt atterhald om byte til tilsvarande hotell ved evt. problem med overbooking. Vi ønskjer velkommen til flotte dagar på Cuba og ønsker god tur!