Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Fylkesmannen i Sogn og Fjordane"

Transkript

1 Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Rapport frå tilsyn med helsestasjonstenester for barn 0-6 år i Stryn kommune Adressa til verksemda: Rognehagen 11, 6783 Stryn Tidsrom for tilsynet: Kontaktperson i verksemda: leiande helsesøster Britt Åslaug Tomasgard Samandrag Statens helsetilsyn har bestemt at det i 2013 skal gjennomførast landsomfattande tilsyn med helsestasjonstenester for barn 0-6 år. Vi har gjennomført tilsyn med Stryn kommune som del av dette tilsynet. Tilsynet vart gjennomført som systemrevisjon. Vi såg særleg på om kommunen gjennom systematisk styring og internkontroll sikrar at alle barn i aldersgruppa 0 til 6 år får forsvarlege helsekontrollar i samsvar med fagleg forsvarlege normer slik det går fram av nasjonale faglege retningslinjer og rettleiarar helsestasjonstenesta bidreg til at barn/familiar med spesielle behov mottek eit heilskapleg tenestetilbod helsestasjonstenesta tilbyr tenestetilbod til barn og foreldre tilpassa eigen språkbakgrunn helsestasjonstenesta gir fagleg forsvarleg kosthaldsrettleiing for å førebyggje feilernæring Denne rapporten gjer greie for funn på områda som det er ført tilsyn med. Det vart funne eitt avvik: Stryn kommune sikrar ikkje at helsestasjonstenesta bidreg til at barn/ familiar med spesielle behov får eit koordinert og heilskapleg tenestetilbod. Dato: Anne Eli Wangen revisjonsleiar Linda Svori revisor

2 Innhald Samandrag Innleiing Omtale av verksemda - spesielle forhold Gjennomføring Kva tilsynet omfatta Funn Regelverk Dokumentunderlag Deltakarar ved tilsynet... 7

3 1. Innleiing Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon i Stryn kommune i perioden Tilsynet er del av eit landsomfattande tilsyn med helsestasjonstenester for barn 0-6 år i 2013, og går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane dette året. Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med helse og omsorgstenestene med heimel i lov om statlig tilsyn med helse og omsorgstjenesten m.m (helsetilsynslova) 2. Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgjevinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om: kva tiltak verksemda har for å avdekke, rette opp og førebyggje brot på lovgjevinga innanfor dei tema tilsynet omfattar tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte tiltaka er gode nok for å sikre at lovgjevinga blir følgd Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar. Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta. Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finn grunn til å påpeke betringspotensial 2. Omtale av verksemda spesielle forhold Stryn kommune har 7105 innbyggjarar og om lag 90 fødslar i året. I 2012 hadde Stryn kommune 78 fødslar, der 23 av desse var av framandspråklege kvinner. Kommunen har helsestasjon i Stryn og helsestasjonstilbod i Innvik og Olden. Det vert brukt elektronisk journal Infodoc. I tillegg har helsestasjonen ein del journalopplysningar i papirformat. Helsestasjonen er i gang med å ta i bruk styringssystemet «Kvalitetslosen». Leiande helsesøster er administrativt og fagleg ansvarleg for helsestasjonsverksemda. Ho rapporterer til helse og omsorgssjef som er sektorleiar og representerer rådmannen. Kommunen har 3,2 årsverk helsesøstrer på helsestasjonen og skulehelsetenesta delt på fire helsesøstrer. Det er tilsett jordmor i 100% stilling knytt til helsestasjonen. Det er også tilsett sekretær ved helsestasjonen i 50% stilling som mellom anna assisterer ved vektkontroll og måling av barna. Kommunen har 20% stilling som helsestasjonslege som har det medisinsk faglege ansvaret ved helsestasjonen. Det er også turnuslege i 10% stilling knytt til helsestasjonen. Kommunen har eigen skulelege i 10% stilling som har ansvaret for mellom anna skulestartundersøkingane. Det har vore stor utskifting av helsestasjonslegar og bruk av mange vikarlegar på helsestasjonen dei siste åra. I periodar har turnuslege vore åleine lege på helsestasjonen.

4 3. Gjennomføring Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar: Revisjonsvarsel blei sendt ut Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag. Opningsmøte blei halde Intervju 10 personar blei intervjua. Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag. Sluttmøte blei halde Kva tilsynet omfatta Tilsynet omfatta kommunen si helsestasjonsteneste til barn 0-6 år. Vi undersøkte om kommunen sikrar at alle barn i aldersgruppa 0 til 6 år får forsvarlege helsekontrollar i samsvar med fagleg forsvarlege normer slik det går fram av nasjonale faglege retningslinjer og rettleiarar. Tilsynet undersøkte om kommunen gjennom rutinar og praktiske tiltak syter for at helsekontrollane følgjer program i samsvar med nasjonale retningslinjer og faglege rettleiarar som understøttar måla for fagleg forsvarleg praksis. Vidare undersøkte vi om kommunen hadde tilstrekkeleg personell til å kunne tilby fagleg forsvarlege helsekontrollar, og om helsekontrollane vart gjennomført av personell med nødvendig fagleg kompetanse til å fange opp teikn på omsorgssvikt, utviklingsforstyrringar og sjukdom. Vi såg også på om journalføringa sikra kontinuitet i helseundersøkinga, og om personvernet til barn og foreldre vart ivareteke. Tilsynet undersøkte om kommunen sikrar at helsestasjonstenesta bidreg til at barn/ familiar med spesielle behov mottek eit heilskapleg tenestetilbod. Vi såg på om kommunen gjennom rutinar og praksis syter for at helsestasjonstenesta bidreg til samhandling om og koordinering av helsehjelp mellom fastlege og helsestasjonen for barn som treng legetenester for behandling av sjukdom eller funksjonssvikt, og om helsestasjonen bidreg til å sikre barn sine behov for nødvendig fysioterapiutgreiing og behandling. Vi undersøkte også om helsestasjonen bidreg til samhandling og koordinering for barn og foreldre som har behov for helse-, omsorg- og sosiale tenester frå fleire einingar. Om kommunen sikrar at helsestasjonstenesta tilbyr tenestetilbod til barn og foreldre tilpassa eigen språkbakgrunn var eit av tilsynstema. Vi undersøkte om kommunen gjennom rutinar og praksis syter for at personellet på helsestasjonen kommuniserer med barnet og barnet sine omsorgspersonar gjennom tolk der det er nødvendig. Det siste tilsynstema handla om kommunen sikrar at helsestasjonstenesta gjev fagleg forsvarleg kosthaldsrettleiing for å førebyggje feilernæring. Tilsynet undersøkte om kommunen gjennom rutinar og praktiske tiltak syter for at tilsette på helsestasjonen følgjer nasjonale faglege retningslinjer for førebygging av overvekt og fedme hjå barn og unge, og dei nasjonale retningslinjene for veging og måling i helsestasjonen.

5 5. Funn Avvik: Stryn kommune sikrar ikkje at helsestasjonstenesta bidreg til at barn/ familiar med spesielle behov får eit koordinert og heilskapleg tenestetilbod. Avvik frå følgjande myndigheitskrav: helse og omsorgstenestelova 3-4 og 4-1, internkontrollforskrifta 3, 4 og 5. Avviket byggjer på følgjande: 1. Det er oppretta koordinerande eining i kommunen. Det er ikkje alle tilsette ved helsestasjonen som er kjende med at kommunen har ei slik eining, og kva oppgåver som er lagt til denne eininga. 2. Barn på helsestasjonen vert tilvist til kommunal fysioterapeut eller privatpraktiserande fysioterapeut ved behov. Helsestasjonen får ikkje tilsendt epikrise/tilbakemelding frå fysioterapeut. Slik dokumentasjon eller resultatet av den fysikalske behandlinga/ oppfølginga vert heller ikkje etterspurt frå helsestasjonen. 3. Det er utarbeidd nye rutinar /avtale for samarbeidet mellom fastlege, helsestasjonslege og helsestasjonen. Avtalen handlar mellom anna om oppgåvedelinga mellom fastlegane, helsestasjons/skulelege og helsesøstrene. Rutinane er ikkje implementerte. 4. Helsestasjonslege og skulelege har medisinsk fagleg ansvar for helsestasjonen og skulehelsetenesta. Kommunen har ikkje gjort det klart for helsestasjonslege og skulelege kva det medisinsk faglege ansvaret inneber. Det er ikkje utarbeidd stillingsomtale for helsestasjonslege og skulelege. 5. Det har vore lite stabilitet og stadig skifte av legar på helsestasjonen dei siste åra. Det har vore tilsett vikarar frå vikarbyrå. I periodar har turnuslegar hatt det medisinsk faglege ansvaret åleine for helseundersøkinga av barn 0-6 år på helsestasjonen. Verksemda har ikkje rutinar eller system for introduksjon og opplæring av vikarar /nytilsette, mellom anna med informasjon- og opplysningar om mulege samarbeidspartar. 6. Tilsette ved helsestasjonen har regelmessige avdelingsmøte der også faglege spørsmål /tema vert teke opp. Ikkje alle tilsette som har oppgåver knytt til helseundersøkingar av barn 0-6 år deltek på desse møta. Det er ikkje etablert andre rutinar eller system for internundervisning. 7. Det er ikkje rutine for at helsestasjonslege og skulelege med ansvar for skulestartundersøkinga deltek på fellesmøter i helsestasjon. Dei har heller ikkje delteke i internopplæring. 8. Helsestasjonslegen blir ikkje involvert i arbeidet med utarbeiding av rutinar og prosedyrar på helsestasjonen på ein systematisk måte. Kommuneoverlege/medisinsk fagleg rådgjevar har ikkje delteke i eller kvalitetsikra arbeidet med utarbeiding av prosedyrar og tiltak i helsestasjonen. 9. Verksemda har eit system for å melde avvik, og dei tilsette er kjende med dette. Det vert ikkje meldt avvik ved helsestasjonen. Dei tilsette ved helsestasjonen har ikkje felles forståing for kva som skal meldast som avvik. Leiar for verksemda er kjend med at avviksystemet ikkje vert nytta slik det skal. 10. Det er ikkje system for å gjennomføre brukarundersøkingar. 11. Dei ansvarlege for verksemda er kjende med utfordringar og sårbare område ved verksemda som stor utskifting av legar og bruk av mange vikarar. Det går ikkje fram at det er sett i verk ekstra tiltak for å unngå risiko for svikt på område som er definert som sårbare for drifta.

6 6. Regelverk Lovverk som blir lagt til grunn ved tilsynet er: lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten m.m (helsetilsynsloven) lov av 24. juni 2011 nr. 30 om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m (helse- og omsorgstjenesteloven) lov av 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v. (helsepersonelloven) lov av 17. juli 1992 nr. 100 om barneverntjenester (barnevernloven) lov av 02. juli 1999 nr. 63 om pasient- og brukerrettigheter (pasient- og brukerrettighetsloven) forskrift av 20. desember 2002 nr om internkontroll i sosial- og helsetjenesten forskrift av 03. april 2003 nr. 450 om kommunens helsefremmende og forebyggende arbeid i helsestasjons- og skolehelsetjenesten forskrift av 21. desember 2000 nr om pasientjournal forskrift av 09. november 2012 nr om virksomhetsovergripende pasientjournal i formalisert arbeidsfellesskap forskrift av 23. november 1983 nr om lovbestemt sykepleietjeneste i kommunens helsetjeneste 7. Dokumentunderlag Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over då revisjonen blei førebudd: Årsrapport 2011 for helse og sosialsektoren Delrapport 2012 for helsestasjonen Utdrag frå samfunnsdelen av kommuneplanen Organisasjonskart over den sentrale administrasjonen og helse- og sosialetaten Stillingsoversikt helsestasjonen Stillingsomtale for leiande helsesøster Stillingsomtale for helsesøster Stillingsomtale for jordmor Stillingsomtale for sekretær Oversikt over stillingar og arbeidsdeling per Konsultasjonsplan ved Stryn helsestasjon 6-vekers individuell konsultasjon ved Stryn helsestasjon Notat om korleis sikre at barn 0-6 år får tilbod om planlagde konsultasjonar på helsestasjon med helsesøster og lege Oppdatert notat av om heimebesøk Skjema - Til foreldre /føresette - helseopplysningar om helsetilstand ved 4-års kontroll Skjema - Helseopplysningar frå heimen ved 6 år Prosedyre - Helsestasjonsprogram 0-5 år Barnevaksinasjonsprogrammet 0-5 år Oversikt - brosjyrar til gjennomgang på ulike konsultasjonar på helsestasjon 0-6 år Kartleggingsskjema og oppfølgingsprogram ved overvekt Prosedyre - Generell helsekontroll for flyktningar og asylsøkjarar Prosedyre - Tuberkulose Retningslinjer for tolketeneste, oppdatert per februar 2013 Prosedyre - informasjon om helsetenesta til nytilflytta flyktningar og asylsøkjarar

7 Handbok - Samarbeid for barn og unge, Stryn kommune Funksjonsomtale for koordinerande eining (KE) for habilitering og rehabilitering Prosedyre - individuell plan Retningslinjer for ansvarsgrupper i Stryn kommune Oppdatert kompetanseplan for helse og sosialsektoren Samarbeidsavtale mellom Nordfjord BUP og Stryn kommune Retningslinjer for samhandling mellom helsestasjon og fastlegar Mål og utfordringar for Stryn helsestasjon og skulehelseteneste Dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket: Journalgjennomgang av 64 elektroniske journalar i journalsystemet InfoDoc. I tillegg gjekk vi gjennom papirjournalar inkludert IP i gruppa barn med behov for fleire tenester. Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen: brev av frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane til Stryn kommune melding om tilsyn brev av frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane til Stryn kommune brev med vedlegg av frå Stryn kommune til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane brev med vedlegg av frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane til Stryn kommune program for tilsynet e-post med vedlegg av frå Stryn kommune til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane e-post med vedlegg av frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane til Stryn kommune revidert program for tilsynet e-post med vedlegg av frå Stryn kommune til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane e-post av frå Stryn kommune v/ helse og sosialsjef til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane e-post av frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane til Stryn kommune v/ helse og sosialsjef e-post av frå Stryn kommune v/ helse og sosialsjef til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane 8. Deltakarar ved tilsynet Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua. Namn Funksjon / stilling Opningsmøte Intervju Sluttmøte Randi Rørtveit Alis Midlang Hunnes Kari Tomasgard Anne Karin Andresen Rune Kalhagen Torstein Værland Wenche Henden Farhat Nisa Gul Khan Britt Åslaug Tomasgard Berit Wetlesen sekretær helsesøster helsesøster jordmor skulelege turnuslege helsesøster helsestasjonslege leiande helsesøster helse og sosialsjef

8 Frå tilsynsorganet deltok: Linda Svori, ass. fylkeslege, revisor Tom Nesvåg, rådgjevar/jurist, revisor Jacob Andersen, ass. fylkeslege, observatør Anne Eli Wangen, fylkessjukepleiar, revisjonsleiar

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Rapport frå tilsyn med helsestasjonstenester for barn 0-6 år i Eid kommune Adressa til verksemda: Eid Helsestasjon, 6770 Nordfjordeid Tidsrom for tilsynet: 27.05.2013-29.10.2013

Detaljer

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Rapport frå tilsyn med helsestasjonstenester for barn 0-6 år i Høyanger kommune Adressa til verksemda: postboks 159, 6991 Høyanger Tidsrom for tilsynet: 21.01.2013 16.05.2013

Detaljer

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Rapport frå tilsyn med helsestasjonstenester for barn 0-6 år i Førde kommune Adressa til verksemda: Postboks 338, 6802 Førde Tidsrom for tilsynet: 21.01.2013 18.06.2013

Detaljer

Rapport frå tilsyn med Nav Øygarden kommune Samandrag

Rapport frå tilsyn med Nav Øygarden kommune Samandrag Sakshandsamar, innvalstelefon Hilde Ordemann, 55 57 22 12 Vår dato Dykkar dato Vår referanse Dykkar referanse Rapport frå tilsyn med Nav Øygarden kommune 2013 Adressa til verksemda: 5337 Rong Tidsrom for

Detaljer

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Rapport frå tilsyn med helsestasjonstenester for barn 0-6 år i Sogndal kommune Adressa til verksemda: postboks 153, 6851 Sogndal Tidsrom for tilsynet: 21.01.2013-26.06.2013

Detaljer

Rapport frå tilsyn med tvungen helsehjelp etter lov om pasient- og brukarrettar kapittel 4A i Hyllestad kommune

Rapport frå tilsyn med tvungen helsehjelp etter lov om pasient- og brukarrettar kapittel 4A i Hyllestad kommune Rapport frå tilsyn med tvungen helsehjelp etter lov om pasient- og brukarrettar kapittel 4A i Hyllestad kommune Adressa til verksemda: 6957 HYLLESTAD Tidsrom for tilsynet: 25.11.2015 02.05.2016 Kontaktperson

Detaljer

Rapport frå tilsyn med tvungen helsehjelp etter lov om pasient- og brukarrettar kapittel 4A. Lærdal kommune

Rapport frå tilsyn med tvungen helsehjelp etter lov om pasient- og brukarrettar kapittel 4A. Lærdal kommune Rapport frå tilsyn med tvungen helsehjelp etter lov om pasient- og brukarrettar kapittel 4A Lærdal kommune Adressa til verksemda: Postboks 83, 6886 Lærdal Tidsrom for tilsynet: 12.06.2015 til 19.10.2015

Detaljer

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane 1 Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Rapport frå tilsyn med tildeling og gjennomføring av kvalifiseringsprogram i kommune Adressa til verksemda: Grandavegen 9, 6823 Sandane Tidsrom for tilsynet: 04.07.2014

Detaljer

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Rapport frå tilsyn med legemiddelhandteringa ved Gaupne omsorgssenter, Luster kommune Adressa til verksemda: 6868 Gaupne Tidsrom for tilsynet: 14.08.2013 25.11.2013 Kontaktperson

Detaljer

Fylkesmannen i Oppland

Fylkesmannen i Oppland Fylkesmannen i Oppland Rapport frå tilsyn med helsestasjonstenester for barn 0-6 år Vang kommune Adressa til verksemda: 2975 Vang i Valdres Tidsrom for tilsynet: 21.01.2013 25.06.2013 Kontaktperson i verksemda:

Detaljer

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Rapport frå tilsyn med Helse Førde, psykiatrisk klinikk, Nordfjord psykiatrisenter og Indre Sogn psykiatrisenter Adressa til verksemda: Postboks 1000, 6807 Førde Tidsrom

Detaljer

Postboks 24, 5649 Eikelandsosen Tidsrom for tilsynet: 10. og 12. november 2015 Kontaktperson i verksemda: Hanne Lygre, leiar Nav Fusa

Postboks 24, 5649 Eikelandsosen Tidsrom for tilsynet: 10. og 12. november 2015 Kontaktperson i verksemda: Hanne Lygre, leiar Nav Fusa Sakshandsamar, innvalstelefon Vibeke Herskedal, 55 57 22 44 Vår dato Dykkar dato Vår referanse Dykkar referanse Rapport frå tilsyn med Nav Fusa kommune Adressa til verksemda: Postboks 24, 5649 Eikelandsosen

Detaljer

Fylkesmannen i Rogaland

Fylkesmannen i Rogaland Fylkesmannen i Rogaland Rapport frå tilsyn med Sokndal kommune Adressa til verksemda: Gamleveien 20, 4380 Hauge i Dalane Tidsrom for tilsynet: 17.09.13 - Kontaktperson i verksemda: Nav-leiar Kjell Håland

Detaljer

Kommunen er organisert med to nivå, sentraladministrasjonen og tenestenivået.

Kommunen er organisert med to nivå, sentraladministrasjonen og tenestenivået. Sakshandsamar, innvalstelefon Vibeke Herskedal, 55572244 Vår dato 5.4.2016 Dykkar dato Vår referanse 2016/974 Dykkar referanse Rapport frå tilsyn med Samnanger kommune 2016 Adressa til verksemda: Samnanger

Detaljer

Tyssevegen 217, 5650 Tysse Tidsrom for tilsynet: 13. og 15. oktober 2015 Kontaktperson i verksemda: Tone Ramsli, rådmann

Tyssevegen 217, 5650 Tysse Tidsrom for tilsynet: 13. og 15. oktober 2015 Kontaktperson i verksemda: Tone Ramsli, rådmann Sakshandsamar, innvalstelefon Hilde Ordemann, 55 57 22 12 Vår dato Dykkar dato Vår referanse 2015/9798 622 Dykkar referanse Rapport frå tilsyn med Nav Samnanger kommune Adressa til verksemda: Tyssevegen

Detaljer

Avvik 1: Nav Osterøy sikrar ikkje at tenesta kvalifiseringsprogram er tilgjengeleg for alle aktuelle deltakarar.

Avvik 1: Nav Osterøy sikrar ikkje at tenesta kvalifiseringsprogram er tilgjengeleg for alle aktuelle deltakarar. Sakshandsamar, innvalstelefon Vibeke Herskedal, 55 57 26 01 Vår dato 25.6.2013 Dykkar dato Vår referanse 20/1595 Dykkar referanse Rapport frå tilsyn med Nav Osterøy kommune 2013 Adressa til verksemda:

Detaljer

Lindås kommune Kvernhusmyrane ISDALSTØ

Lindås kommune Kvernhusmyrane ISDALSTØ Sakshandsamar, innvalstelefon Birthe Lill Christiansen, 55572235 Vår dato 30.05.2017 Dykkar dato Vår referanse 2017/2207 Dykkar referanse Rapport frå tilsyn med Lindås kommune Adressa til verksemda: Lindås

Detaljer

Rapport frå tilsyn med tvungen helsehjelp etter lov om pasient- og brukarrettar kapittel 4A. Leikanger kommune

Rapport frå tilsyn med tvungen helsehjelp etter lov om pasient- og brukarrettar kapittel 4A. Leikanger kommune Rapport frå tilsyn med tvungen helsehjelp etter lov om pasient- og brukarrettar kapittel 4A Leikanger kommune Adressa til verksemda: Skrivarvegen 7, 6863 LEIKANGER Tidsrom for tilsynet: 09.07.2013 04.11.2013

Detaljer

Rapport frå tilsyn med Nav Vaksdal kommune

Rapport frå tilsyn med Nav Vaksdal kommune Sakshandsamar, innvalstelefon Birthe Lill Christiansen, 55 57 22 35 Vår dato 10.05.2016 Dykkar dato Vår referanse 2016/1424 Dykkar referanse Rapport frå tilsyn med Nav Vaksdal kommune Adressa til verksemda:

Detaljer

Rapport frå tilsyn med tvungen helsehjelp etter lov om pasient- og brukarrettar kapittel 4A i Balestrand kommune

Rapport frå tilsyn med tvungen helsehjelp etter lov om pasient- og brukarrettar kapittel 4A i Balestrand kommune Rapport frå tilsyn med tvungen helsehjelp etter lov om pasient- og brukarrettar kapittel 4A i Balestrand kommune Adressa til verksemda: Kong Beles veg 20, 6899 BALESTRAND Tidsrom for tilsynet: 12.06.2015

Detaljer

Fylkesmannen i Oppland

Fylkesmannen i Oppland Fylkesmannen i Oppland Rapport fra tilsyn med helsestasjonstjenester for barn i alderen 0-6 år i Øyer kommune Virksomhetens adresse: Kongsvn 325, 2636 Øyer Tidsrom for tilsynet: 03.07.2013 15.11.2013 Kontaktperson

Detaljer

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Rapport frå tilsyn med Familiekontoret i Nordfjord Adressa til verksemda: Lotevegen 23 Tidsrom for tilsynet: 31.07.2013 28.11.2013 Kontaktperson i verksemda: Dagleg leiar

Detaljer

Fylkesmannen i Hordaland gjennomførte 26. og 27. april 2016 tilsyn med Nav Etne kommune.

Fylkesmannen i Hordaland gjennomførte 26. og 27. april 2016 tilsyn med Nav Etne kommune. Sakshandsamar, innvalstelefon Birthe Lill Christiansen, 55 57 22 35 Vår dato 10.05.2016 Dykkar dato Vår referanse 2016/1424 Dykkar referanse Rapport frå tilsyn med Nav Etne kommune Adressa til verksemda:

Detaljer

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane 1 Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Rapport frå tilsyn med tildeling og gjennomføring av kvalifiseringsprogram i Vågsøy kommune Adressa til verksemda: Postboks 294, 6701 Måløy Tidsrom for tilsynet: 06.05.2014-22.10.2014

Detaljer

Fylkesmannen i Rogaland

Fylkesmannen i Rogaland Fylkesmannen i Rogaland Rapport frå tilsyn med barnevernstenesta i Tysvær kommune sitt arbeid med oppfølging av meldingar Adressa til verksemda: Tysvær kommune, Postboks 94, 5575 Aksdal Tidsrom for tilsynet:

Detaljer

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane 1 Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Rapport frå tilsyn med tildeling og gjennomføring av kvalifiseringsprogram i Vik kommune Adressa til verksemda: Postboks 134, 6891 Vik i Sogn Tidsrom for tilsynet: 10.06.2013

Detaljer

Rapport frå tilsyn med Nav Os kommune 2014

Rapport frå tilsyn med Nav Os kommune 2014 Sakshandsamar, innvalstelefon Hilde Ordemann, 55 57 22 12 Vår dato Dykkar dato Vår referanse 2014/2325 721.0 Dykkar referanse Rapport frå tilsyn med Nav Os kommune 2014 Adressa til verksemda: Postboks

Detaljer

Austfjordvegen MASFJORDNES. Kontaktperson i verksemda: Helga Irene Ellingsen, Helse- og omsorgsleiar

Austfjordvegen MASFJORDNES. Kontaktperson i verksemda: Helga Irene Ellingsen, Helse- og omsorgsleiar Sakshandsamar, innvalstelefon, Vår dato Dykkar dato Vår referanse Dykkar referanse Rapport frå tilsyn med Masfjorden kommune Adressa til verksemda: Masfjorden kommune Austfjordvegen 2724 5981 MASFJORDNES

Detaljer

Rapport frå tilsyn med Bergen Akuttsenter Samandrag

Rapport frå tilsyn med Bergen Akuttsenter Samandrag Sakshandsamar, innvalstelefon Hilde Ordemann, 55 57 22 12 Vår dato 21. mars 2013 Dykkar dato Vår referanse 2013/368 Dykkar referanse Rapport frå tilsyn med Bergen Akuttsenter 2013 Adressa til verksemda:

Detaljer

Fylkesmannen i Hordaland gjennomførte 15. og 17. september 2015 tilsyn med Nav Austrheim kommune.

Fylkesmannen i Hordaland gjennomførte 15. og 17. september 2015 tilsyn med Nav Austrheim kommune. Sakshandsamar, innvalstelefon Vibeke Herskedal, 55 57 22 44 Vår dato 23.9.2015 Dykkar dato Vår referanse 2015/10742 Dykkar referanse Rapport frå tilsyn med Nav Austrheim kommune Adressa til verksemda:

Detaljer

Rapport frå tilsyn med Kasa Ungdomssenter Samandrag

Rapport frå tilsyn med Kasa Ungdomssenter Samandrag Sakshandsamar, innvalstelefon Vibeke Herskedal, 55 57 26 01 Vår dato 6.5.2013 Dykkar dato Vår referanse 2013/204 Dykkar referanse Rapport frå tilsyn med Kasa Ungdomssenter 2013 Adressa til verksemda: Fjøsangerveien

Detaljer

Rapport frå tilsyn med Sofus Barnevern

Rapport frå tilsyn med Sofus Barnevern Sakshandsamar, innvalstelefon Eirik Lyssand 5557 2111 Vår dato 02 april 2013 Dykkar dato Vår referanse 2013/225 Dykkar referanse Rapport frå tilsyn med Sofus Barnevern Adresse til verksemda: Sofus barnevern,

Detaljer

Rapport frå tilsyn med Garnes ungdomssenter Samandrag

Rapport frå tilsyn med Garnes ungdomssenter Samandrag Sakshandsamar, innvalstelefon Hilde Ordemann, 55 57 22 12 Vår dato 09.04.13 Dykkar dato Vår referanse 2013/208 Dykkar referanse Rapport frå tilsyn med Garnes ungdomssenter 2013 Adressa til verksemda: Garnestangen

Detaljer

Utkast til rapport frå tilsyn med Kvinnherad kommune, Husnestunet

Utkast til rapport frå tilsyn med Kvinnherad kommune, Husnestunet Vår ref. 2017/7575 Utkast til rapport frå tilsyn med Kvinnherad kommune, Husnestunet Adressa til verksemda: Kvinnherad kommune Rosendalsvegen 10 5410 Rosendal Tidsrom for tilsynet: 24.-25. oktober 2017

Detaljer

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane 1 Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Rapport frå tilsyn med tildeling og gjennomføring av kvalifiseringsprogram i Adressa til verksemda: Kommunehuset, 6740 Selje Tidsrom for tilsynet: 25.11.2013 13.05.2014

Detaljer

Fylkesmannen i Oppland SKJÅK KO. Stadfester rapport etter tilsyn - Barneverntjenesten i Lom og Skjåk - 10. og 11. juni 2015

Fylkesmannen i Oppland SKJÅK KO. Stadfester rapport etter tilsyn - Barneverntjenesten i Lom og Skjåk - 10. og 11. juni 2015 Fylkesmannen i Oppland SKJÅK KO År / Saksrnal..> Skjåk kommune Midtgard 2690 Skjåk Motteko: 1 9 AUG2015 Saksbeh: Arkivkode C--.57- Deres referanse Dato 07.08.2015 Vår refera nse 2015/1967-5 620 E13.1 Saksbehandler

Detaljer

Fylkesmannen i Telemark

Fylkesmannen i Telemark Fylkesmannen i Telemark Rapport frå tilsyn med helsestasjonstenester for barn 0-6 år, i Kviteseid kommune, helsestasjonen Adressa til verksemda: Granlivegen 1a, 3850 Kviteseid Tidsrom for tilsynet: 19.03.2013

Detaljer

Rapport frå tilsyn med Helse Bergen HF, Psykiatrisk divisjon, Bjørgvin DPS, Avdeling allmennpsykiatri Tertnes

Rapport frå tilsyn med Helse Bergen HF, Psykiatrisk divisjon, Bjørgvin DPS, Avdeling allmennpsykiatri Tertnes Rapport frå tilsyn med Helse Bergen HF, Psykiatrisk divisjon, Bjørgvin DPS, Avdeling allmennpsykiatri Tertnes Adressa til verksemda: Postboks 1, 5021 Bergen Tidsrom for tilsynet: 27.-28.april 2010 Kontaktperson

Detaljer

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Rapport frå tilsyn med kommunens arbeid med oppfølging av meldingar i Gloppen kommune

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Rapport frå tilsyn med kommunens arbeid med oppfølging av meldingar i Gloppen kommune Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Rapport frå tilsyn med kommunens arbeid med oppfølging av meldingar i Gloppen kommune Adressa til verksemda: Grandavegen 9, 6823 Sandane Tidsrom for tilsynet: 12.04.2016

Detaljer

Rapport frå tilsyn med Styve Gard Samandrag

Rapport frå tilsyn med Styve Gard Samandrag Sakshandsamar, innvalstelefon Vibeke Herskedal, 55 57 26 01 Vår dato 18. april 2013 Dykkar dato Vår referanse 2013/213 Dykkar referanse Rapport frå tilsyn med Styve Gard 2013 Adressa til verksemda: Postboks

Detaljer

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Rapport frå tilsyn med rehabiliteringstilbod Naustdal kommune Adressa til verksemda: Postboks 43, 6806 NAUSTDAL Tidsrom for tilsynet: 12.02.2013 16.05.2013 Kontaktperson

Detaljer

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane 1 Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Førebels rapport frå tilsyn med «Behandling av søknad om økonomisk stønad frå personar med forsytingsansvar for barn» i Lærdal kommune Adressa til verksemda: Postboks

Detaljer

FYLKESMANNEN I OSLO OG AKERSHUS Helseavdelingen. Endelig rapport fra tilsyn med helsestasjonstjenesten for barn 0 til 6 år i Ås kommune

FYLKESMANNEN I OSLO OG AKERSHUS Helseavdelingen. Endelig rapport fra tilsyn med helsestasjonstjenesten for barn 0 til 6 år i Ås kommune FYLKESMANNEN I OSLO OG AKERSHUS Helseavdelingen Endelig rapport fra tilsyn med helsestasjonstjenesten for barn 0 til 6 år i Ås kommune Virksomhetens adresse: Emily Kirkerudsvei 16 1430 Ås Tidsrom for tilsynet:

Detaljer

Rapport frå tilsyn med rehabiliteringstilbodet. Gulen kommune

Rapport frå tilsyn med rehabiliteringstilbodet. Gulen kommune Rapport frå tilsyn med rehabiliteringstilbodet Gulen kommune Adressa til verksemda: Eivindvikveien 1119, 5966 GULEN Tidsrom for tilsynet: 11.12.2013 31.03.2014 Kontaktperson i verksemda: Kommunalsjef omsorg

Detaljer

Rapport frå tilsyn med rehabiliteringstilbod. Jølster kommune

Rapport frå tilsyn med rehabiliteringstilbod. Jølster kommune Rapport frå tilsyn med rehabiliteringstilbod Jølster kommune Adressa til verksemda: 6843 Jølster Tidsrom for tilsynet: 23.01-19.03.2015 Kontaktperson i verksemda: Kommunalsjef Kirstin Bruland Samandrag

Detaljer

Rapport frå tilsyn med behandling av eldre pasientar med hoftebrot. ved Helse Førde HF Kirurgisk klinikk, Ortopedisk avdeling, seksjon Førde

Rapport frå tilsyn med behandling av eldre pasientar med hoftebrot. ved Helse Førde HF Kirurgisk klinikk, Ortopedisk avdeling, seksjon Førde Rapport frå tilsyn med behandling av eldre pasientar med hoftebrot ved Helse Førde HF Kirurgisk klinikk, Ortopedisk avdeling, seksjon Førde Adressa til verksemda: postboks 1000, 6807 Førde Tidsrom for

Detaljer

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Rapport frå tilsyn med kommunens arbeid med oppfølging av meldingar i Naustdal kommune Adressa til verksemda: Postboks 43, 6806 Naustdal Tidsrom for tilsynet: 14.04.2015

Detaljer

Fylkesmannen og Helsetilsynet i Sogn og Fjordane

Fylkesmannen og Helsetilsynet i Sogn og Fjordane Fylkesmannen og Helsetilsynet i Sogn og Fjordane Rapport frå tilsyn med helse og sosialtenester til heimebuande eldre i Balestrand kommune Adressa til verksemda: Hittunsvegen 6, 6899 Balestrand Tidsrom

Detaljer

Fylkesmannen i Rogaland

Fylkesmannen i Rogaland Fylkesmannen i Rogaland Rapport frå tilsyn med barnevernstenesta i Suldal kommune sitt arbeid med oppfølging av meldingar Adressa til verksemda: Suldal kommune, Eidsvegen 7, 4230 Suldal Tidsrom for tilsynet:

Detaljer

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane 1 Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Rapport frå tilsyn med «Behandling av søknad om økonomisk stønad frå personar med forsytingsansvar for barn» i Askvoll kommune Adressa til verksemda: Postboks 174, 6988

Detaljer

Fylkesmannen i Hordaland gjennomførte i tidsrommet 29. mai til 1. juni 2017 tilsyn med Nav Sund kommune.

Fylkesmannen i Hordaland gjennomførte i tidsrommet 29. mai til 1. juni 2017 tilsyn med Nav Sund kommune. Sakshandsamar, innvalstelefon Birthe Lill Christiansen, 5557 2235 Vår dato 16.06.2017 Dykkar dato Vår referanse 2017/3769 Dykkar referanse Rapport frå tilsyn med Nav Sund kommune Adressa til verksemda:

Detaljer

Fylkesmannen i Oppland. Rapport frå tilsyn med rettstryggleiken ved bruk av tvang og makt overfor psykisk utviklingshemma.

Fylkesmannen i Oppland. Rapport frå tilsyn med rettstryggleiken ved bruk av tvang og makt overfor psykisk utviklingshemma. Fylkesmannen i Oppland Rapport frå tilsyn med rettstryggleiken ved bruk av tvang og makt overfor psykisk utviklingshemma i Skjåk kommune Samandrag Denne rapporten gjer greie for dei avvika og merknadene

Detaljer

Rapport frå tilsyn med tvungen helsehjelp etter lov om pasient- og brukarrettar kapittel 4A i Sogndal kommune

Rapport frå tilsyn med tvungen helsehjelp etter lov om pasient- og brukarrettar kapittel 4A i Sogndal kommune Rapport frå tilsyn med tvungen helsehjelp etter lov om pasient- og brukarrettar kapittel 4A i Sogndal kommune Adressa til verksemda: Postboks 153, 6851 SOGNDAL Tidsrom for tilsynet: 25.11.2015 30.05.2016

Detaljer

Fylkesmannen i Oppland

Fylkesmannen i Oppland Fylkesmannen i Oppland Rapport fra tilsyn med Helsestasjonstjenester for barn 0-6 år i Dovre kommune Virksomhetens adresse: 2662 Dovre Tidsrom for tilsynet: 12.02.2013 02.07.2013 Kontaktperson i virksomheten:

Detaljer

Rapport frå tilsyn med Nav Bømlo kommune Samandrag

Rapport frå tilsyn med Nav Bømlo kommune Samandrag Sakshandsamar, innvalstelefon Hilde Ordemann, 55 57 22 12 Vår dato Dykkar dato Vår referanse 2014/2297 721.0 Dykkar referanse Rapport frå tilsyn med Nav Bømlo kommune 2014 Adressa til verksemda: Postboks

Detaljer

Fylkesmannen i Finnmark

Fylkesmannen i Finnmark Fylkesmannen i Finnmark Rapport fra tilsyn med Helsestasjonstjenester for barn 0 til 6 år i Vardø kommune Virksomhetens adresse: Kirkegata 4, 9951 Vardø Tidsrom for tilsynet: 16.10.2013 19.11.2013 Kontaktperson

Detaljer

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Rapport frå tilsyn med tildeling og gjennomføring av kvalifiseringsprogram i Bremanger kommune Adressa til verksemda: Postboks 104, 6721 Svelgen Tidsrom for tilsynet: 10.06.2013

Detaljer

Fyikesmannen i Troms

Fyikesmannen i Troms Fyikesmannen i Troms fra tilsyn med helsepersonells opplysningsplikt til barneverntjenesten Balsfjord kommune Virksonihetens adresse: 9050 Storsteinnes Tidsrom for tilsynet: 04.02.2013 13.05.2013 Kontaktperson

Detaljer

Fylkesmannen i Oppland

Fylkesmannen i Oppland Fylkesmannen i Oppland Rapport frå tilsyn med rettstryggleiken til personar med psykisk utviklingsheming ved Vestre Slidre kommune Adressa til verksemda: 2966 Slidre Tidsrom for tilsynet: 14.09.12 10.12.12

Detaljer

Rapport frå tilsyn med tvungen helsehjelp etter lov om pasient- og brukarrettar kapittel 4A i Selje kommune

Rapport frå tilsyn med tvungen helsehjelp etter lov om pasient- og brukarrettar kapittel 4A i Selje kommune Rapport frå tilsyn med tvungen helsehjelp etter lov om pasient- og brukarrettar kapittel 4A i Selje kommune Adressa til verksemda: 6740 Selje Tidsrom for tilsynet: 25.11.2015 Kontaktperson i verksemda:

Detaljer

Fylkesmannen i Rogaland

Fylkesmannen i Rogaland Fylkesmannen i Rogaland Rapport frå tilsyn med kvalifiseringsprogrammet (KVP) ved Nav Time, Time kommune Adressa til verksemda: Postboks 400, 4349 Bryne Tidsrom for tilsynet: 28.07. 21.11. 2014 Kontaktperson

Detaljer

Østre Nesttunsvei 6 - Nesttun. Kristine Skjælaaen. Det vart ikkje funne grunnlag for avvik eller merknader innanfor tema for tilsynet.

Østre Nesttunsvei 6 - Nesttun. Kristine Skjælaaen. Det vart ikkje funne grunnlag for avvik eller merknader innanfor tema for tilsynet. Sakshandsamar, innvalstelefon Eirik Lyssand. 55 57 21 11, Vår dato Dykkar dato Vår referanse 2012/13117 Dykkar referanse Rapport frå tilsyn med Familievernkontoret i Fana Adressa til verksemda: Østre Nesttunsvei

Detaljer

Rapport frå tilsyn med Nav Kvinnherad kommune

Rapport frå tilsyn med Nav Kvinnherad kommune Sakshandsamar, innvalstelefon Vibeke Herskedal, 5557 2244 Vår dato 13.11.2015 Dykkar dato Vår referanse 2015/11057 721.0 Dykkar referanse Rapport frå tilsyn med Nav Kvinnherad kommune Adressa til verksemda:

Detaljer

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane 1 Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Endeleg rapport frå tilsyn med behandling av søknader om økonomisk stønad frå personar med forsytingsansvar for barn i Jølster kommune Adressa til verksemda: 6843 Skei

Detaljer

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Rapport frå tilsyn med kommunens arbeid med oppfølging av barn i fosterheim ved Årdal kommune Adressa til verksemda: Postboks 40, 6881 Årdalstangen Tidsrom for tilsynet:

Detaljer

Fylkesmannen i Rogaland

Fylkesmannen i Rogaland Fylkesmannen i Rogaland Rapport frå tilsyn med Indre Ryfylke Barnevern sitt arbeid med undersøkingssaker Adressa til verksemda: Sauda kommune, Postboks 44, 4201 Sauda Tidsrom for tilsynet: 10.07.2017 07.12.2017

Detaljer

Fylkesmannen i Oppland

Fylkesmannen i Oppland Fylkesmannen i Oppland Rapport fra tilsyn med helsestasjonstjenester for barn i alderen 0-6 år i Gran kommune Virksomhetens adresse: Rådhudveien 39, 2770 Jaren Tidsrom for tilsynet: 03.07.2013 30.10.2013

Detaljer

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Rapport frå tilsyn med kommunens arbeid med oppfølging av barn i fosterheim i Høyanger kommune Adressa til verksemda: Høyanger kommune, Pb. 159, 6991 Høyanger Tidsrom for

Detaljer

Fylkesmannen i Rogaland

Fylkesmannen i Rogaland Fylkesmannen i Rogaland Rapport frå tilsyn med Nav Sauda, Sauda kommune Adressa til verksemda: Brugt. 2, 4200 Sauda Tidsrom for tilsynet: 8., 9. og 16.06. 2015 Kontaktperson i verksemda: Elin Kjellstad,

Detaljer

Fylkesmannen i Oppland

Fylkesmannen i Oppland Fylkesmannen i Oppland Rapport fra tilsyn med helsestasjonstjenester for barn i alderen 0-6 år i Gjøvik kommune Virksomhetens adresse: Postboks 630, 2810 Gjøvik Tidsrom for tilsynet: 03.07.2013 07.11.2013

Detaljer

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Rapport frå tilsyn med kommunens arbeid med oppfølging av meldingar i Jølster kommune

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Rapport frå tilsyn med kommunens arbeid med oppfølging av meldingar i Jølster kommune Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Rapport frå tilsyn med kommunens arbeid med oppfølging av meldingar i Jølster kommune Adressa til verksemda: 6843 Skei i Jølster Tidsrom for tilsynet: 09.02.2016 Kontaktperson

Detaljer

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Rapport frå tilsyn med Familiekontora for Sunnfjord og Sogn Adressa til verksemda: Storehagen 1 B Tidsrom for tilsynet: 31.07.2013 28.11.2013 Kontaktperson i verksemda:

Detaljer

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane 1 Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Rapport frå tilsyn med sosiale tenester til personar mellom 17 og 23 år i Eid kommune Adressa til verksemda: Rådhusvegen 11, 6771 Nordfjordeid Tidsrom for tilsynet: 21.01.2016

Detaljer

Fylkesmannen i Oppland

Fylkesmannen i Oppland Fylkesmannen i Oppland Endeleg rapport frå tilsyn med behandling av søknader om økonomisk stønad frå personer med forsørgarplikt for barn i Vågå kommune Adressa til verksemda: Edv. Stormsveg 2, 2680 Vågå

Detaljer

TILSYNSRAPPORT. Tilsyn med Kviteseid kommune 28.februar og 19.mars Tema: Kommunen som barnehagemyndigheit. Barnehage- og utdanningsavdelinga

TILSYNSRAPPORT. Tilsyn med Kviteseid kommune 28.februar og 19.mars Tema: Kommunen som barnehagemyndigheit. Barnehage- og utdanningsavdelinga TILSYNSRAPPORT Tilsyn med Kviteseid kommune 28.februar og 19.mars 2013 Tema: Kommunen som barnehagemyndigheit Barnehage- og utdanningsavdelinga 1 TILSYN med Kviteseid kommune Adresse: 3850 Kviteseid Tidsrom:

Detaljer

FYLKESMANNEN I OSLO OG AKERSHUS Helseavdelingen

FYLKESMANNEN I OSLO OG AKERSHUS Helseavdelingen FYLKESMANNEN I OSLO OG AKERSHUS Helseavdelingen Rapport fra Landsomfattende tilsyn i 2013 med helsestasjonstjenester for barn 0 til 6 år i Oslo kommune, Bydel Gamle Oslo Virksomhetens adresse: Grønland

Detaljer

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Rapport frå tilsyn med psykisk helsevern for barn og unge - Helse Førde HF, Klinikk psykisk helsevern, avdeling psykisk helsevern for barn og unge, Nordfjord barne- og ungdomspsykiatrisk

Detaljer

Rapport frå tilsyn med. behandling av hjerneslag. Helse Fonna HF, Haugesund sjukehus 2013

Rapport frå tilsyn med. behandling av hjerneslag. Helse Fonna HF, Haugesund sjukehus 2013 Sakshandsamar, innvalstelefon Signe Marit T. Stephanides, Vår dato 19.12.2013 Dykkar dato Vår referanse 2013/11447 Dykkar referanse Rapport frå tilsyn med behandling av hjerneslag Helse Fonna HF, Haugesund

Detaljer

Rapport frå tilsyn med Bergen kommune - barnevernstenesta i Åsane

Rapport frå tilsyn med Bergen kommune - barnevernstenesta i Åsane Sakshandsamar, innvalstelefon Vibeke Herskedal, 55 57 22 44 Vår dato 16.10.2014 Dykkar dato Vår referanse 2014/9868 Dykkar referanse Rapport frå tilsyn med Bergen kommune - barnevernstenesta i Åsane Adressa

Detaljer

Fylkesmannen i Hordaland

Fylkesmannen i Hordaland Fylkesmannen i Hordaland Rapport fra tilsyn med tvungen helsehjelp etter lov om pasient- og brukerrettigheter kapittel 4A, Bergen kommune, Midtbygda sykehjem 2014 Virksomhetens adresse: Bergen kommune,

Detaljer

Endeleg rapport frå tilsyn med Fjell kommune ved Nav Fjell 2013

Endeleg rapport frå tilsyn med Fjell kommune ved Nav Fjell 2013 Endeleg rapport frå tilsyn med Fjell kommune ved Nav Fjell 2013 Adressa til verksemda: Postboks 184 5342 STRAUME Tidspunkt for tilsynet: 20. november 2013 Kontaktperson i verksemda: Kristoffer Møvik Kontaktperson

Detaljer

FYLKESMANNEN I OSLO OG AKERSHUS Helseavdelingen

FYLKESMANNEN I OSLO OG AKERSHUS Helseavdelingen FYLKESMANNEN I OSLO OG AKERSHUS Helseavdelingen Rapport fra Landsomfattende tilsyn i 2013 med helsestasjonstjenester for barn 0 til 6 år i Eidsvoll kommune Virksomhetens adresse: Rådhusgata 1, 2080 Eidsvoll

Detaljer

FYLKESMANNEN I OSLO OG AKERSHUS Helseavdelingen

FYLKESMANNEN I OSLO OG AKERSHUS Helseavdelingen FYLKESMANNEN I OSLO OG AKERSHUS Helseavdelingen Rapport fra tilsyn med pasient- og brukerrettighetsloven kapittel 4A ved Enebakk kommune, Enebakk sykehjem avd. Kopås Virksomhetens adresse: Kopåsveien 5,

Detaljer

HELSETILSIMET I HORDALAND

HELSETILSIMET I HORDALAND HELSETILSIMET I HORDALAND Helse Fonna HF Postboks 2170 5504 HAUGESUND DYKKAR REF VAR REF (TA MED VED SVAR) DATO: 2011/3404 734.1 23.06.2011 Oversending av rapport frå tilsyn med Helse Fonna HF, Kirurgisk

Detaljer

Fylkesmannen i Hordaland

Fylkesmannen i Hordaland Fylkesmannen i Hordaland Rapport fra tilsyn med tvungen helsehjelp etter lov om pasient- og brukerrettigheter kapittel 4A, Bergen kommune, Kolstihagen sykehjem 2014 Virksomhetens adresse: Bergen kommune,

Detaljer

Rapport fra tilsyn med Bergen kommune 2014

Rapport fra tilsyn med Bergen kommune 2014 Saksbehandler, innvalgstelefon Birthe Lill Christiansen, 55572235 Vår dato 08.01.2015 Deres dato Vår referanse Deres referanse Rapport fra tilsyn med Bergen kommune 2014 Adressen til virksomheten: Bergen

Detaljer

Fylkesmannen i Oppland

Fylkesmannen i Oppland Fylkesmannen i Oppland Rapport fra tilsyn med ivaretakelse av rettssikkerheten ved bruk av tvang og makt overfor personer med psykisk utviklingshemming i Jevnaker kommune Virksomhetens adresse: p.b. 70,

Detaljer

Fylkesmannen i Oslo og Akershus

Fylkesmannen i Oslo og Akershus Fylkesmannen i Oslo og Akershus Rapport fra tilsyn 2013 med barneverntjenesten i Asker kommune Kommunens adresse: Asker kommune Postboks 353 1372 Asker Tidsrom for tilsynet: 29.1.2013 6.8.2013 Kontaktperson

Detaljer

Rapport frå tilsyn med rehabiliteringstilbod. Vågsøy kommune

Rapport frå tilsyn med rehabiliteringstilbod. Vågsøy kommune Rapport frå tilsyn med rehabiliteringstilbod Vågsøy kommune Adressa til verksemda: Postboks 294, 6701 MÅLØY Tidsrom for tilsynet: 30.05.2013 10.10.2013 Kontaktperson i verksemda: Tenesteleiar institusjon

Detaljer

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Rapport frå landsomfattande tilsyn med barnevernstenesta si oppfølging av barn i fosterheim i Vågsøy kommune Adressa til verksemda: Postboks 294, 6701 Måløy Tidsrom for

Detaljer

FYLKESMANNEN I OSLO OG AKERSHUS Helseavdelingen

FYLKESMANNEN I OSLO OG AKERSHUS Helseavdelingen FYLKESMANNEN I OSLO OG AKERSHUS Helseavdelingen Rapport fra Landsomfattende tilsyn med helsestasjonstjenesten for barn 0 til 6 år i Stovner bydel, Oslo kommune Virksomhetens adresse: Karl Fossumsvei 30,

Detaljer

Fylkesmannen i Hordaland gjennomførte 17, 19. og 20. november 2015 tilsyn med Nav Årstad sosialtjeneste.

Fylkesmannen i Hordaland gjennomførte 17, 19. og 20. november 2015 tilsyn med Nav Årstad sosialtjeneste. Saksbehandler, innvalgstelefon Hilde Ordemann, 55 57 22 12 Vår dato Deres dato Vår referanse 2015/11867 Deres referanse Rapport fra tilsyn med Nav Årstad sosialtjeneste Adressen til virksomheten: Postboks

Detaljer

12. november det? seniorrådgiver Jorunn Hunderi og rådgiver Maria Bjerke. Helsekonferansen 12. november

12. november det? seniorrådgiver Jorunn Hunderi og rådgiver Maria Bjerke. Helsekonferansen 12. november Helsekonferansen 12. november 2013 Tilsyn med helsestasjonstjenesten tj t hva fant vi og hva kan vi lære av det? seniorrådgiver Jorunn Hunderi og rådgiver Maria Bjerke Helsekonferansen 12. november 2013

Detaljer

Rapport frå tilsyn med Os kommune 2015

Rapport frå tilsyn med Os kommune 2015 Sakshandsamar, innvalstelefon Vibeke Herskedal, 55572244 Vår dato 22.06.2015 Dykkar dato Vår referanse 2015/4978 Dykkar referanse Rapport frå tilsyn med Os kommune 2015 Adressa til verksemda: Os kommune

Detaljer

Fylkesmannen i Sør-Trøndelag

Fylkesmannen i Sør-Trøndelag Fylkesmannen i Sør-Trøndelag Rapport fra landsomfattende tilsyn 2009 kommunale sosial- og helsetjenester til barn i barne- og avlastningsboliger Ved Agdenes kommune Virksomhetens adresse: 7316 Lensvik

Detaljer

FYLKESMANNEN I ROGALAND UTDANNINGSAVDELINGA

FYLKESMANNEN I ROGALAND UTDANNINGSAVDELINGA FYLKESMANNEN I ROGALAND UTDANNINGSAVDELINGA TILSYN MED GJESDAL KOMMUNE TIDSPUNKT: 12. november 2008 Vår ref: 08/8428 KOMMUNEN SI ADRESSE: Gjesdal kommune, Rettedalen 1, 4330 Ålgård KOMMUNENUMMER: 1122

Detaljer

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Rapport frå tilsyn med oppfølging av hjelpetiltak ved Sogn barnevern Adressa til verksemda: Sogndal kommune, postboks 153, 6851 Sogndal Tidsrom for tilsynet: 27.02.2014

Detaljer

TILSYN MED. KOMMUNENS ADRESSE: Norddal kommune, Rådhuset, 6210 Valldal

TILSYN MED. KOMMUNENS ADRESSE: Norddal kommune, Rådhuset, 6210 Valldal TILSYN MED Norddal kommune TIDSROM: 28.09.2010. ARKIVKODE: 2010/3249/MAAA KOMMUNENS ADRESSE: Norddal kommune, Rådhuset, 6210 Valldal FYLKESMANNENS TILSYNSGRUPPE: Revisjonsleiar: Rådgivar Nlaren Orjasieter

Detaljer

Tilsyn med Fjaler kommune - rapport

Tilsyn med Fjaler kommune - rapport Sakshandsamar: Bodhild Therese Cirotzki Vår dato Vår referanse Telefon: 07.11.2012 2012/2982-611 E-post: fmsfboc@fylkesmannen.no Dykkar dato Dykkar referanse Fjaler kommune Postboks 54 6961 Dale i Sunnfjord

Detaljer

FYLKESMANNEN I OSLO OG AKERSHUS Helseavdelingen

FYLKESMANNEN I OSLO OG AKERSHUS Helseavdelingen FYLKESMANNEN I OSLO OG AKERSHUS Helseavdelingen Rapport fra Landsomfattende tilsyn 2013 med helsestasjonstjenesten for barn 0 til 6 år i Skedsmo kommune Virksomhetens adresse: Skedsmo kommune, postboks

Detaljer