Retorisk lesing av reklame

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Retorisk lesing av reklame"

Transkript

1 Retorisk lesing av reklame av Bente Stausland Skartveit Med sterkt fokus på grunnleggjande ferdigheiter som lesing, skriving og munnlegheit, er Kunnskapsløftet blitt kalla ein literacy- reform av Kjell Lars Berge (2005). Munnleg og skriftleg kommunikasjon speler ei sentral rolle i læringsarbeidet i alle fag; det betyr at elevane skal utøve fagrelevant lesing, skriving og munnlegheit. Med tanke på dette seier Jonas Bakken (2014:12) at dei gamle grekarane si lære om talekunst retorikken har mykje å bidra med, både ved å gje lærarar og elevar betre forståing av korleis kommunikasjon går føre seg og ved å setje opp konkrete retningslinjer for god kommunikasjon. Det retoriske omgrepsapparatet vert såleis eit metaspråk for god kommunikasjon. Ved LK06 kom retorikk inn som emne i norskfaget, men retorikken sin relevans går ifølgje Jonas Bakken langt ut over det som er kompetansemåla i spesifikke fag. Denne artikkelen vil ha fokus på korleis ein kan la elevane arbeide med fagrelevant lesing, skriving og munnlegheit i norsk gjennom arbeid med retorikk og reklametekstar. Retorikk i norskfaget Det er i nettopp norskfaget at retorikken er tydlegast til stades. Eit viktig bruksområde for retorikken her er å analysere, forklare og vurdere ulike typar tekstar (Bakken 2014:11). I kompetansemåla i norsk etter 10. trinn står det at elevane skal kunne gjenkjenne retoriske appellformer og måter å argumentere på. Det er òg føremålstenleg å knytte retorikk til kompetansemålet etter 10. trinn som seier at elevane skal kunne beskrive samspillet mellom estetiske virkemidler i sammensatte tekster, og reflektere over hvordan vi påvirkes av lyd, språk og bilder. (LK06) Reklame som samansett tekst Å lese ein tekst som er sett saman av ulike modalitetar eller uttrykk som t.d. verbaltekst med ulike fontar, illustrasjonar, symbol osb., krev ein annan lesemåte enn å lese ein rein

2 verbaltekst. Multimodale tekstar er som oftast ikkje lineære tekstar som kan lesast frå høgre til venstre, frå øvst til nedst på sida. Dei ulike modalitetane eller dei semiotiske ressursane må lesast, tolkast og setjast saman til ein heilskap for at teksten skal gje meining. Når ein reklame for mjølk (jf. figur 1) har bilete av ei mor som leikar med borna sine, må dette biletet setjast i samanheng med verbalteksten som seier at mjølka har 0% feitt og masse D- vitamin for at reklamen sin bodskap om at mjølk gjev energi skal kunne oppfattast. Å lese ein samansett tekst krev òg nærlesing for å kunne forstå samspelet mellom modalitetane. Figur 1

3 Modalitetane sine moglegheiter og avgrensingar Modalitetane ber òg i seg moglegheiter og avgrensingar for kva dei passar til å uttrykke. Ulike modalitetar har ulike måtar å formidle ei sak på. Ønskjer ein å formidle opplevinga av eit vakkert landskap, let det seg lettare gjere gjennom eit bilete eller eit måleri enn gjennom rein verbaltekst. Ønskjer ein derimot å fortelje noko som har ein handlingsgang, så gjer verbalteksten dette lettare enn biletet. Tydingspotensialet eller grensene for kva ein kan uttrykke gjennom ein modalitet, blir på fagspråket kalla modal affordans. (Løvland 2007:24). Det er naturleg for oss som lesarar å oppfatte samansette tekstar som ein heilskap, og vi les ikkje kvar modalitet kvar for seg. Når ein studerer samansette tekstar, er ein difor oppteken av samspelet mellom dei ulike modalitetane. I samspelet mellom modalitetane som t.d. bilete, fargar og verbaltekst, ligg det eit meiningspotensial som ein kanskje ikkje ser om ein analyserer delane kvar for seg. Bilete og ord kan utvide kvarandre, og dei kan utdjupe kvarandre. Utviding vil seie at bilete og ord presenterer ulik informasjon. T.d. kan ein reklameannonse for eit frisørprodukt vise eit bilete av ei stilfull kvinne med vakkert bølgjande hår, medan verbalteksten fortel kva produktet inneheld og kor ein kan få tak i det. Når bilete og ord utdjupar kvarandre, uttrykkjer dei om lag den same informasjonen, men nokre gongar kan ordet spesifisere eller forklare innhaldet i biletet. Det er difor ikkje rett å seie at eit bilete seier meir enn ord; det uttrykkjer heller noko anna fordi det har ein annan modal affordans. Ein retorisk analyse av ein reklameannonse vil undersøkje korleis ord og setningar saman med illustrasjonar, bilete og layout vil nå oss som mottakarar ved å spele på sendaren sitt truverd eller ekspertise (etos), på våre kjensler (patos) eller på fornufta vår (logos). Å lese reklame Lesing som grunnleggjande ferdigheit i norsk inneber mellom anna å kunne finne informasjon og forstå resonnementer og framstillinger i ulike typer tekster på skjerm og papir, og å kunne forholde seg kritisk og selvstendig til de leste tekstene og å kunne forstå, tolke, reflektere over og vurdere stadig mer komplekse tekster i ulike sjangere (LK06). Å analysere reklametekstar handlar nettopp om dette: å lese, leite og finne fram til interessante poeng i både overskrifter, biletbruk og plasseringar av logoar og kritisk

4 vurdere korleis dei appellerer til mottakarane. Vi skal no sjå på korleis ein lærar på ungdomstrinnet planlegg og arbeider med retorisk analyse av reklameannonsar. Praksiseksempel: Retorisk analyse av reklameannonsar Ei utfordring i norskfaget er, ifølgje Henning Fjørtoft, spenninga mellom eleven sitt arbeid for å meistre og forstå det faglege innhaldet og dei vurderingspraksisane som lærarar er pålagde å gjennomføre (Fjørtoft 2014:303). Når læraren i denne klassen på ungdomstrinnet skulle planleggje arbeidet med retorisk analyse av reklameannonsar, valde ho det Fjørtoft karakteriserer som baklengs planlegging (ibid:304). Med utgangspunkt i kompetansemåla som blei nemnt lenger oppe, blei dette læringsmålet konkretisert: Eleven skal kunne beskrive og vise korleis reklameannonsar gjennom ulike verkemiddel spelar på dei retoriske appellformene og såleis overtyder mottakarane. For å vise korleis dei har tileigna seg denne kompetansen, avgjorde læraren at det var føremålstenleg at elevane presenterte munnleg for kvarandre. Ho valde ut reklameannonsar som elevane skulle analysere og deretter presentere. Gjennom å arbeide i grupper med analyse og samtale rundt kvar si reklameannonse såg læraren at elevane på ein god måte ville kunne arbeide med kompetansemålet. Gruppearbeid i ein klasse gjer det òg lettare for læraren å kunne gå rundt og observere, rettleie og støtte elevane si lesing, læring og utvikling på best mogleg måte. Slik kunne elevane få tilbakemeldingar undervegs både frå lærar og kvarandre om kvaliteten på arbeidet og råd om korleis dei kan gjere det betre. Til slutt planla læraren kva innhaldet i timane skulle vere, slik at elevane ville vere i stand til å gjere dette gruppearbeidet. Førlesefasen i klassen Før klassen starta gruppearbeidet, forklarte læraren kva reklame som samansett tekst er, og kva estetiske verkemiddel vil seie. Ho viste dei òg kva dei retoriske appellformene er og korleis dei fungerer i tekstar. Ho modellerte for elevane korleis ein kan gå fram for å peike på verkemiddel og appellformer i ein reklame: På storskjermen i klasserommet viste ho Tine- reklamen, og peika på dei ulike modalitetane: biletet av mora som leikar med borna på golvet, biletet av produktet, samt logoen nedst i annonsen, reknestykket opp til høgre og liknande, og forklarte elevane korleis desse modalitetane speler på

5 appellformene. Etterpå fekk elevane prøve seg på ein ny annonse på eiga hand, før dei saman diskuterte verkemiddelbruken i denne annonsen. Det å lære eit fag er å lære språket i faget, seier Berge (2005). Når ein skal samhandle presist om både retorikk og multimodale tekstar, må ein derfor nytte seg av eit spesifikt fagspråk, og det er naudsynt og viktig at òg elevane lærer sentrale omgrep knytt til desse emna, t.d. etos, patos, logos, utsnitt, perspektiv, logo. Elevane fekk arbeide med omgrepslæring gjennom bruk av ordbok og tokolonnenotat (sjå figur 2). På denne måten fekk elevane eit teoretisk bakteppe og eit omgrepsapparat til å studere tekstane ut frå. Med fagomgrepa tilgjengeleg i tokolonnenotata sine, var dei no godt rusta til å arbeide i grupper med kvar sin reklametekst. Tokolonnenotat for arbeid med omgrep frå retorikk: Omgrep Etos Patos Logos Perspektiv Forklaring Når sendar overtyder mottakar ved å spele på seg sjølv: sitt eige truverd, sine gode haldningar og verdiar, sin ekspertise og liknande. Når sendar overtyder mottakar ved å spele på mottakar sine kjensler, t.d. gjennom humor, språklege verkemiddel, direkte appell til mottakaren og liknande Når sendar overtyder mottakar ved å spele på saka/produktet i seg sjølv, t.d. gjennom å gje om faktiske opplysningar om produktet. Kor motivet i eit bilete er sett i frå: nedanfrå, ovanfrå eller rett fram. Figur 2 Nærlesing av reklametekstar For at god læring skal kunne skje, er det naudsynt at elevane forstår kva dei skal lære og kva som er forventa av dei. Læraren i denne klassen gav instruksjonar om at elevane saman i gruppene skulle studere den samansette teksten dei fekk utdelt og finne tekstutdrag og estetiske verkemiddel som speler på dei tre appellformene. Dei fekk òg utdelt eit stillas i form av ei matrise der dei både skulle fylle inn dei ulike verkemidla dei fann og kommentere korleis dei blei brukte i teksten (figur 3). Matrisa ville vere eit godt stillas for elevane når dei skulle planleggje sitt eige arbeid og kunne vere til hjelp for å strukturere funna dei gjorde i sine reklametekstar. Det ville òg hjelpe dei å halde fokus på teksten, på nærlesinga.

6 Matrise for arbeid med verkemiddel: Appellform Etos Patos Logos Estetisk verkemiddel - Logo - Viser til ekspertise - - Døme frå teksten - Plassert nedst i høgre hjørne - Utviklet spesielt for menn i samarbeid med norske frisører - - Eigen refleksjon: Kva oppnår sendar ved å bruke verkemiddelet? Figur 3 Gjennom å arbeide med støtteskjemaet ville elevane få ei oversikt over korleis modalitetar som biletbruk, illustrasjonar, bokstavtypar, brødtekst osb. speler på appellformene og treff oss som lesarar og forbrukarar. Elevane gjekk i gang med arbeidet med stor iver. Dei uttrykte begeistring og engasjement over å få bruke autentiske tekstar som dei er vane med å møte utanfor klasserommet og skulekvardagen tekstar som omgjev elevane dagleg og som på mange måtar høyrer til diskursen dei er ein del av. Etter å ha arbeidd med reklametekstane og støtteskjemaet, måtte elevane no begynne å tenke på korleis dei skulle legge dette fram for dei andre i klassen. Som nemnt avgjorde læraren at elevane skulle presentere arbeidet for kvarandre munnleg der elevane fekk vere i ein autentisk situasjon: leggje fram stoffet for ei spesifikk målgruppe og bruke det nye fagspråket for presist å forklare korleis reklamane appellerte. Munnlege presentasjonar og elevvurdering Reklameannonsane blei vist på storskjerm medan gruppene forklarte verkemiddelbruken og funksjon. Under dei munnlege framføringane tolka, vurderte og reflekterte elevane over tekstane, slik læreplanen seier at dei skal kunne. Klassen, som var mottakarar, tok godt i mot dei ulike presentasjonane. Dei følgde godt med, og det var nikking og smiling i klasserommet. Det å møte tekstar som dei delvis kjende frå før, gjorde det lettare og meir engasjerande å følgje med. Ein ser på kjende tekstar med nye briller og med nye ord.

7 Eit kompetansemål i læreplanen i norsk seier at elevane skal kunne vurdere egne og andres muntlige framføringer ut fra faglige kriterier (LK06). Etter at kvar gruppe hadde presentert, gav ei anna gruppe respons ut frå vurderingskriterium elevar og lærar formulerte saman tidlegare: Formidlingsevne Struktur (innleiing, hovuddel, avslutting, raud tråd) Bruk av fagomgrep Sjå samanheng mellom verkemiddelbruk og appellformene Responsen blei gjeven skriftleg på den måten at heile gruppa måtte diskutere og samarbeide om kva som skulle meldast tilbake før dei leverte inn responsen til læraren. Læraren bringa det vidare til gruppa. Gruppe som hadde presentert, fekk òg vurdere seg sjølve ut frå dei same kriteria, før læraren gav si vurdering der tydelege mål for vidare utvikling blei løfta fram. Ein slik vurderingspraksis er òg i tråd med dei fire prinsippa for god undervegsvurdering: «Prinsippene er forskningsbaserte og forskriftsfestet i opplæringsloven kap. 3. Elevenes forutsetninger for å lære kan styrkes dersom elevene 1. forstår hva de skal lære, og hva som er forventet av dem 2. får tilbakemeldinger som forteller dem om kvaliteten på arbeidet eller prestasjonen 3. får råd om hvordan de kan forbedre seg 4. er involvert i eget læringsarbeid ved blant annet å vurdere eget arbeid og utvikling» Gjennom ei praktisk tilnærming til lærestoffet og med aktiv deltaking, fekk elevane gjennom eit slikt arbeid utvikle både sin lesekompetanse av samansette tekstar og evna til å nærlese tekstar. Læring skjer når elevar får bruke kunnskapen til noko. Og ved sjølve å måtte lese og finne fram til og bruke fagspråk for å setje ord på korleis bruken av estetiske verkemiddel i reklame freistar å overtyde mottakarane, får elevane anvende det fagstoffet og den kunnskapen som blei presentert for dei tidlegare i undervisinga.

8 Litteraturliste Berge, K. L., Skriving som grunnleggende ferdighet og som nasjonal prøve ideologi og strategier. I A. J. Aasen og S. Nome (red.). Det nye norskfaget. Oslo: Fagbokforlaget Bakken, J., Retorikk i skolen. Oslo: Universitetsforlaget Forskrift til Opplæringslova. (2006). Henta frå html Fjørtoft, H Norskdidaktikk. Bergen: Fagbokforlaget Løvland, A På mange måtar. Samansette tekstar i skolen. Bergen: Fagbokforlaget Skovhold, K. og Veum, A Tekstanalyse. Ei innføring. Oslo: Cappelen Damm Akademisk Tønnessen, E. S. (red.) Sammensatte tekster. Barns tekstpraksis. Oslo: Universitetsforlaget Utdanningsdirektoratet (2006 [2013]). Læreplanverket for Kunnskapsløftet (LK06).

Samansette tekster og Sjanger og stil

Samansette tekster og Sjanger og stil MAPPEOPPGÅVE 5 Samansette tekster og Sjanger og stil Skreve av Kristiane, Renate, Espen og Marthe Glu 5-10, vår 2011 I denne oppgåva skal me først forklare kva ein samansett tekst er, og kvifor samansette

Detaljer

Samansette tekstar. Aina, Linn og Silje

Samansette tekstar. Aina, Linn og Silje Samansette tekstar Aina, Linn og Silje Innleiing Vi vil i denne oppgåva først presentere kva ein samansett tekst er og kvifor dei samansette tekstane er eit av hovudområda i norskfaget. Deretter vil vi

Detaljer

Rettleiande nasjonale kjenneteikn på måloppnåing for standpunktvurdering etter 10. trinn.

Rettleiande nasjonale kjenneteikn på måloppnåing for standpunktvurdering etter 10. trinn. Norsk: kjenneteikn på måloppnåing Rettleiande nasjonale kjenneteikn på måloppnåing for standpunktvurdering etter 10. trinn. ARTIKKEL SIST ENDRET: 01.04.2016 Kva er kjenneteikn på måloppnåing? Kjenneteikn

Detaljer

Frå novelle til teikneserie

Frå novelle til teikneserie Frå novelle til teikneserie Å arbeide umarkert med nynorsk som sidemål Undervisningsopplegget Mykje av inspirasjonen til arbeidet med novella, er henta frå i praksis: nynorsk sidemål i grunnskule 1 (2008).

Detaljer

Årsplan i norsk, 4. klasse, 2014-2015

Årsplan i norsk, 4. klasse, 2014-2015 Årsplan i norsk, 4. klasse, 2014-2015 TID KOMPETANSEMÅL Elevane skal kunne INNHALD/LÆRESTOFF Elevane skal arbeide med ARBEIDSMÅTAR Aktuelle arbeidsmåtar i faget VURDERING Veke 34-52 Munnleg kommunikasjon

Detaljer

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Aktivitetsark med oppgåveidear og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginalar DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING

Detaljer

Danning, retorikk og rådgjeving

Danning, retorikk og rådgjeving Ove Eide Danning, retorikk og rådgjeving Rådgjevarsamling 2013 Våre handlinger det vi faktisk gjør er bærere av budskap. Alt vi gjør i forhold til en annen, er kommunikasjon, også det å ikke gjøre noe

Detaljer

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen Denne eksamensrettleiinga gir informasjon om sentralt gitt eksamen, og korleis denne eksamen skal vurderast. Rettleiinga skal vere kjend for elever,

Detaljer

Skulebasert kompetanseutvikling med fokus på lesing

Skulebasert kompetanseutvikling med fokus på lesing Skulebasert kompetanseutvikling med fokus på lesing Kvifor satse på lesing? si rolle i ungdomstrinnsatsinga Praktiske eksempel / erfaringar frå piloteringa Nettresurssar Kva er tilgjengeleg for kven Eksempel

Detaljer

Vurdering for læring. Sund ungdomsskule Tone Haglund og Anne Hufthammer

Vurdering for læring. Sund ungdomsskule Tone Haglund og Anne Hufthammer Vurdering for læring Sund ungdomsskule Tone Haglund og Anne Hufthammer Dei fire prinsippa: 1: Elevane skal forstå kva dei skal læra og kva som blir forventa av dei 2: Elevane skal ha tilbakemeldingar

Detaljer

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN 2015 2016. Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN 2015 2016. Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN 2015 2016 Hovudområda i norsk er munnleg kommunikasjon, skriftleg kommunikasjon og språk, litteratur og kultur. Kvart av kompetansemåla er brotne ned i mindre einingar. Vi sett

Detaljer

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse Samarbeid mellom og Miljølære Matpakkematematikk Data frå Miljølære til undervisning Statistikk i 7.klasse Samarbeid mellom og Miljølære Lag riktig diagram Oppgåva går ut på å utarbeide ei grafisk framstilling

Detaljer

Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar

Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar 2016 NOR1211 NOR1231 Norsk hovudmål NOR1212 NOR1232 Norsk sidemål NOR1218 NOR1238 Norsk for elevar med samisk/finsk som andrespråk Sentralt gitt skriftleg

Detaljer

Mappeoppgåve. Samansette tekstar/ sjanger og stil. Kathrine, Tony og Janne Glu 5-10, HiVe April-2011.

Mappeoppgåve. Samansette tekstar/ sjanger og stil. Kathrine, Tony og Janne Glu 5-10, HiVe April-2011. Mappeoppgåve 5 Samansette tekstar/ sjanger og stil. Kathrine, Tony og Janne Glu 5-10, HiVe April-2011. Innleiing I denne oppgåva skal me gjere greie for kva ein samansett tekst er. Kva er det den må bestå

Detaljer

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås «VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås 1 Forord For å kunne styrkje kvaliteten i undervisninga og vurderinga, må vi vite kva god undervisning og vurdering er. God undervisning og vurdering

Detaljer

Finn hovudpåstand og argument i ein argumenterande tekst

Finn hovudpåstand og argument i ein argumenterande tekst Finn hovudpåstand og argument i ein argumenterande tekst Å prøva å finna hovudpåstand og argument i ein argumenterande tekst er ein god overordna lesestrategi for lesing av slike tekstar. ARTIKKEL SIST

Detaljer

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet Samtaleguide om lesing Innleiing Samtaleguiden er meint som ei støtte for opne samtalar mellom lærar, elev og foreldre. Merksemda blir retta mot lesevanar, lesaridentitet

Detaljer

FYR. 13.-14.oktober 2014. Britt Iren Nordeide, Sogn og Fjordane. Tomas Bjørnstad, Østfold. Ingrid Metliaas ingrid@skrivesenteret.

FYR. 13.-14.oktober 2014. Britt Iren Nordeide, Sogn og Fjordane. Tomas Bjørnstad, Østfold. Ingrid Metliaas ingrid@skrivesenteret. FYR 13.-14.oktober 2014 Britt Iren Nordeide, Sogn og Fjordane Ingrid Metliaas ingrid@skrivesenteret.no Tomas Bjørnstad, Østfold FYR høst 2014 MÅL OG MØTEPLASSER TIP OG NORSK Å presentere kunnskap skriftlig,

Detaljer

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016 ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016 Fag: Norsk Klassetrinn: 2. Lærar: Linn Merethe Myrtveit Veke Kompetansemål Tema Læringsmål Vurderings- kriterier Forslag til Heile haust en Fortelje samanhengande om opplevingar

Detaljer

Vurderingsrettleiing 2011

Vurderingsrettleiing 2011 Vurderingsrettleiing 2011 ENG0012 Engelsk 10.trinn Til sentralt gitt skriftleg eksamen Nynorsk Vurderingsrettleiing til sentralt gitt skriftleg eksamen 2011 Denne vurderingsrettleiinga gir informasjon

Detaljer

NORSKLÆRAR? lese, skrive, tenkje, fortelje

NORSKLÆRAR? lese, skrive, tenkje, fortelje NORSKLÆRAR? lese, skrive, tenkje, fortelje NORSKFAGET FOR STUDENTAR OG ELEVAR Norskfaget i grunnskolelærarutdanninga handlar om identitet, kultur, danning og tilhøvet vårt til samtid og fortid. Faget skal

Detaljer

Neon Studiebok, kapittel 1. - skriva dikt, individuelt tekster i ulike. og saman med andre. sjangere, både. - presentera dikt skjønnlitterære og

Neon Studiebok, kapittel 1. - skriva dikt, individuelt tekster i ulike. og saman med andre. sjangere, både. - presentera dikt skjønnlitterære og ÅRSPLAN i Norsk Skuleåret: 2011/2012 Klasse: 8 Faglærar: Camilla Støen Bakke Læreverk/forlag: Neon 8 Studiebok og Tekstsamling/ Samlaget Kompetansemål LK06 Læringsmål for perioden Periode Innhald Læreverk/læremiddel

Detaljer

3.2.4 Døme for vidaregåande opplæring: Religiøs, etnisk og kulturell variasjon

3.2.4 Døme for vidaregåande opplæring: Religiøs, etnisk og kulturell variasjon Uansett om elevane skal svare på den individuelle oppgåva skriftleg eller munnleg, kan læraren og elevane avtale når og korleis det kan vere formålstenleg med tilbakemeldingar. Læraren kan bruke undervegsvurderinga

Detaljer

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013. I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013. I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak; saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 14.08.2013 49823/2013 Sverre Hollen Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013 Anonym retting av prøver våren 2013 Bakgrunn I sak Ud-6/12 om anonym

Detaljer

Årsplan i SAMFUNNSFAG 9.klasse 2014-2015

Årsplan i SAMFUNNSFAG 9.klasse 2014-2015 Årsplan i SAMFUNNSFAG 9.klasse 2014-2015 Utforskaren Hovudområdet grip over i og inn i dei andre hovudområda i faget, og difor skal ein arbeide med kompetansemåla i utforskaren samtidig med at ein arbeider

Detaljer

Eksempel 8: Skrive sammensatt tekst med yrkesfaglig innhold

Eksempel 8: Skrive sammensatt tekst med yrkesfaglig innhold Meir om språkferdigheiter - nynorsk som hovudmål http://www.nynorsksenteret.no/nyn/alderssteg/ungdomstrinn 52 Eksempel 8: Skrive sammensatt tekst med yrkesfaglig innhold Vg1/Vg2 yrkesfag Mange kompetansemål

Detaljer

Samtale om form, innhold og formål i litteratur, teater og film og framføre tolkende opplesing og dramatisering.

Samtale om form, innhold og formål i litteratur, teater og film og framføre tolkende opplesing og dramatisering. Å laga forbindelser mellom teksten og eleven sjølv Samtale om form, innhold og formål i litteratur, teater og film og framføre tolkende opplesing og dramatisering. ARTIKKEL SIST ENDRET: 10.09.2015 Innanfor

Detaljer

Veiledning til læreplanen i samfunnsfag. 14. oktober Kristine Waters og Jarle Sundve

Veiledning til læreplanen i samfunnsfag. 14. oktober Kristine Waters og Jarle Sundve Veiledning til læreplanen i samfunnsfag 14. oktober Kristine Waters og Jarle Sundve Oppdraget vårt Veiledningen skulle lages over fire kapitler Kapittel 1: Innledning Kapittel 2: Fagets egenart Skulle

Detaljer

ÅRSPLAN I MATEMATIKK 1. KLASSE BREIVIKBOTN SKOLE 2014-2015. Lærer: Turid Nilsen

ÅRSPLAN I MATEMATIKK 1. KLASSE BREIVIKBOTN SKOLE 2014-2015. Lærer: Turid Nilsen ÅRSPLAN I MATEMATIKK 1. KLASSE BREIVIKBOTN SKOLE 2014-2015 Lærer: Turid Nilsen Matematikkverket består av: Grunntall 1a + 1b Ressursperm Nettsted med oppgaver Grunnleggende ferdigheter Grunnleggjande ferdigheiter

Detaljer

Å byggja stillas rundt elevane si skriving. Anne Håland, Ny Giv Finnmark, 2014

Å byggja stillas rundt elevane si skriving. Anne Håland, Ny Giv Finnmark, 2014 Å byggja stillas rundt elevane si skriving Anne Håland, Ny Giv Finnmark, 2014 Å byggja stillas i skriveopplæringa: 1. Emnebygging Innhald, emne, sjanger 2. Modellering Læraren modellerer korleis ho tenkjer

Detaljer

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Kvam herad Bruka e-post lesaren til Kvam herad Alle ansatte i Kvam herad har gratis e-post via heradet sine nettsider. LOGGE INN OG UT AV E-POSTLESAREN TIL

Detaljer

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR Spørsmåla handlar om forhold som er viktige for læringa di. Det er ingen rette eller feile svar, vi vil berre vite korleis du opplever situasjonen på skulen din. Det er frivillig

Detaljer

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd VISJON I arbeidet for og med dei medarbeidarane i Fjell sokn har vi utarbeida ein visjon: I Fjell sokn vil vi

Detaljer

Lesing av sammensatte tekster

Lesing av sammensatte tekster Lesing av sammensatte tekster Med utgangspunkt i et undervisningseksempel i norsk vg1 Lesing og skriving som grunnleggende ferdighet * skolering, Oslo h 2014 22.10.14 lesesenteret.no 2 Tekstbegrepet Før

Detaljer

Årsplan mat og helse 7. trinn

Årsplan mat og helse 7. trinn Gjennomgåande mål til alle emne: Grunnleggjande dugleik Årsplan mat og helse 7. trinn Skuleåret 2015/2016 Å kunne uttrykkje seg munnleg Å kunne uttrykkje seg skriftleg Å kunne lese Å kunne rekne Å kunne

Detaljer

Frå dikt til teikneserie

Frå dikt til teikneserie Frå dikt til teikneserie Av Helga Slettebak, Marit Moen og Arne Skadal, Halbrend skule Prosjektet «Frå dikt til teikneserie» vart gjennomført på 6. trinn. Kombinasjonen av dei to sjangrane synest vi er

Detaljer

Halvårsplan, hausten 2011

Halvårsplan, hausten 2011 Halvårsplan, hausten 2011 Skule Straumen skule Rektor e-post Inger Marie Tørresdal imt@tysver.kommune.no Prosjektansvarleg Grete Fjeldheim Vestbø e-post GFVestbo@tysver.kommune.no Skriv kort kva skulen

Detaljer

LESING OG SKRIVING I YF

LESING OG SKRIVING I YF LESING OG SKRIVING I YF Ressurser i Språkløyper.no Lesesenteret og Skrivesenteret Støle, Berge, Magerøy-Grande & Angvik GOD LESEOPPLÆRING Økt 1 Kva er lesing? Kva kjenneteiknar ein god lesar? Kva kjenneteiknar

Detaljer

ÅRSPLAN I MATEMATIKK 2. KLASSE BREIVIKBOTN SKOLE 2013-2014

ÅRSPLAN I MATEMATIKK 2. KLASSE BREIVIKBOTN SKOLE 2013-2014 ÅRSPLAN I MATEMATIKK 2. KLASSE BREIVIKBOTN SKOLE 2013-2014 Lærer: Turid Nilsen Matematikkverket består av: - Ressursperm - Grunntall 2a + 2b - CD-rom Forfattere: Bjørn Bakke og Inger Nygjelten Bakke Grunnleggende

Detaljer

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor Eit undervisningsopplegg om BARNERETTANE MÅL frå læreplanen DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING Artikkel 2: Alle barn har rett til vern mot diskriminering PRIVATLIV Artikkel 16: Alle barn har rett til

Detaljer

Grunnleggjande leseopplæring. Lesing. Lesing: Ein basisdugleik. Lesing som ein av dei fem basisdugleikane:

Grunnleggjande leseopplæring. Lesing. Lesing: Ein basisdugleik. Lesing som ein av dei fem basisdugleikane: Grunnleggjande leseopplæring Bratteberg skule 4.mars 2009 Lesing Gjennom eit menneskeauge får ordet liv, det kan røre, opprøre og skape om. Det kan stige opp av papiret som lyn og eksplosjonar, som svarte

Detaljer

Å skrive brev. Læringsmål med kjenneteikn på måloppnåing. Læringsmål: Å skrive kort og brev. Du er i gang Du er på god veg Du har kome langt

Å skrive brev. Læringsmål med kjenneteikn på måloppnåing. Læringsmål: Å skrive kort og brev. Du er i gang Du er på god veg Du har kome langt Å skrive brev Oppgåve 10 og I mål-oppgåve i kapittel 1 «Send ei helsing» Å skrive kort og brev Skrive stad, tid, opningshelsing og underskrift Skrive ei innleiing, ein hovuddel og ei avslutning Eg greier

Detaljer

Vi lærer om respekt og likestilling

Vi lærer om respekt og likestilling Vi lærer om respekt og likestilling I Rammeplanen står det at barnehagen skal tilby alle barn eit rikt, variert, stimulerande og utfordrande læringsmiljø, uansett alder, kjønn, funksjonsnivå, sosial og

Detaljer

Rettleiande nasjonale kjenneteikn på måloppnåing for standpunktvurdering etter 10. trinn.

Rettleiande nasjonale kjenneteikn på måloppnåing for standpunktvurdering etter 10. trinn. Engelsk: kjenneteikn på måloppnåing Rettleiande nasjonale kjenneteikn på måloppnåing for standpunktvurdering etter 10. trinn. ARTIKKEL SIST ENDRET: 26.04.2017 Kva er kjenneteikn på måloppnåing? Kjenneteikn

Detaljer

Fagfornyelsen - andre runde innspill til kjernelementer i skolefagene

Fagfornyelsen - andre runde innspill til kjernelementer i skolefagene Fagfornyelsen - andre runde innspill til kjernelementer i skolefagene Uttalelse - Utdanningsforbundet Status: Innsendt av: Innsenders e-post: Innsendt til Utdanningsdirektoratet Innsendt og bekreftet av

Detaljer

Spelet varer om lag ein dobbeltime og kan enkelt setjast opp i klasserommet. Talet på spelarar bør vere minst ti elevar.

Spelet varer om lag ein dobbeltime og kan enkelt setjast opp i klasserommet. Talet på spelarar bør vere minst ti elevar. Lærarrettleiing Kva er b.stem? b.stem er ein digital læringsressurs for skuleklasser. Han er lagd opp som eit rollespel der klassa får rolla som ungdomsrådet i Snasen ein fiktiv, mellomstor norsk kommune.

Detaljer

Munnleg norsk frå B1 til B2

Munnleg norsk frå B1 til B2 Voxkonferansen 28.april 2015, Toril Kristin Sjo, Institutt for lingvistiske og nordiske studium Munnleg norsk frå B1 til B2 den sjølvstendige språkbrukaren på veg mot eit avansert språknivå Innhald Læreplanen

Detaljer

1: Kva er ein teikneserie? Teikneserie som samansett tekst. 2: Arbeid med teikneseriar i norskfaget. Døme frå praksis

1: Kva er ein teikneserie? Teikneserie som samansett tekst. 2: Arbeid med teikneseriar i norskfaget. Døme frå praksis 1: Kva er ein teikneserie? Teikneserie som samansett tekst 2: Arbeid med teikneseriar i norskfaget. Døme frå praksis Dette er ikkje ein teikneserie Kva er ein teikneserie? «sidestillede billedlige og andre

Detaljer

Læreplan i foto og grafikk - valfrie programfag i utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur

Læreplan i foto og grafikk - valfrie programfag i utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur Læreplankode: Læreplan i foto og grafikk - valfrie programfag i utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet. Gjeld frå http://www.udir.no/... Formål

Detaljer

Overordna leseplan for barnehagane og skulane i Luster kommune

Overordna leseplan for barnehagane og skulane i Luster kommune Overordna leseplan for barnehagane og skulane i Luster kommune 23.07.2014 Side 1 av 8 Forord Dette er ein plan som skal vere forpliktande for alle barnehagane og grunnskulane i Luster kommune. Den skal

Detaljer

Page 1 of 7 Forside Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivast på skolen. Det er frivillig å svare på undersøkinga,

Detaljer

NORSK-Årsplan i 9.klasse 2014-15

NORSK-Årsplan i 9.klasse 2014-15 NORSK-Årsplan i 9.klasse 2014-15 Frå kunnskapaløftet Emne: Læremiddel: Frå saga til CD 34-38 -planlegge, utforme og bearbeide egne tekster prosessen ved hjelp av kunnskap om språk og tekst. -gjenkjenne

Detaljer

Emne Fokus Eleven skal kunne: Lesemåter og lesefaser. - kjenne til ulike lesestrategier og bruke Lesestrategier

Emne Fokus Eleven skal kunne: Lesemåter og lesefaser. - kjenne til ulike lesestrategier og bruke Lesestrategier Lokal læreplan Norsk Huseby skole 8. trinn Emne Fokus Eleven skal kunne: Lesemåter og lesefaser - kjenne til ulike lesestrategier og bruke Lesestrategier disse hensiktsmessig Lese i ulike sjangere - lese

Detaljer

Eksamen 29.05.2015. http://eksamensarkiv.net/ Oppgaver på bokmål side 2 5. Oppgaver på nynorsk side 6 9

Eksamen 29.05.2015. http://eksamensarkiv.net/ Oppgaver på bokmål side 2 5. Oppgaver på nynorsk side 6 9 Eksamen 29.05.2015 NOR1049 Norsk som andrespråk for språklige minoriteter NOR1049 Norsk som andrespråk for språklege minoritetar Overgangsordning Vg3, elever og privatister/elevar og privatistar Oppgaver

Detaljer

Læreplan i foto og grafikk - valfrie programfag i utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur

Læreplan i foto og grafikk - valfrie programfag i utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur Læreplan i foto og grafikk - valfrie programfag i utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 12. januar 2016 etter delegasjon i brev 26. september

Detaljer

Kjenneteikn på måloppnåing i norsk

Kjenneteikn på måloppnåing i norsk Munnleg kommunikasjon presentere norskfaglege og tverrfaglege emne med relevant terminologi og formålsteneleg bruk av digitale verktøy og medium vurdere eigne og andre sine munnlege framføringar ut frå

Detaljer

Årsplan mat og helse 6. trinn

Årsplan mat og helse 6. trinn Gjennomgåande mål til alle emne: Grunnleggjande dugleik Årsplan mat og helse 6. trinn Skuleåret 2015/2016 Å kunne uttrykkje seg munnleg Å kunne uttrykkje seg skriftleg Å kunne lese Å kunne rekne Å kunne

Detaljer

Uformell analyse av læreplan i mat og helse innenfor Kunnskapsløftet Naturfag som innfallsvinkel til undervisning i faget mat og helse.

Uformell analyse av læreplan i mat og helse innenfor Kunnskapsløftet Naturfag som innfallsvinkel til undervisning i faget mat og helse. Uformell analyse av læreplan i mat og helse innenfor Kunnskapsløftet Naturfag som innfallsvinkel til undervisning i faget mat og helse. Av 40 kompetansemål kan 18 behandles med utgangspunkt i naturfaget.

Detaljer

Farnes Skule. Læreplan i: Norsk Trinn: 4. klasse Skuleåret:

Farnes Skule. Læreplan i: Norsk Trinn: 4. klasse Skuleåret: Farnes Skule Læreplan i: Norsk Trinn: 4. klasse Skuleåret: 2017-2018 Årstimetal: 6, 5 t. pr. veke Læreverk: Salto, Gyldendal Lærarar: Anna N. Bergerud og Signe Endresen TID KOMPETANSEMÅL INNHALD ARBEIDSMÅTAR

Detaljer

Lesing, skriving og munnlegheit i samfunnsfaga - på veg mot kritisk literacy

Lesing, skriving og munnlegheit i samfunnsfaga - på veg mot kritisk literacy Lesing, skriving og munnlegheit i samfunnsfaga - på veg mot kritisk literacy Av Trude Alfsvåg og Stine Aarønes Angvik Gjennom å arbeide med lesing, skriving og munnlegheit i samfunnsfaga skal elevane få

Detaljer

Læreplan i felles programfag i Vg1 helse- og oppvekstfag

Læreplan i felles programfag i Vg1 helse- og oppvekstfag Læreplan i felles programfag i Vg1 helse- og oppvekstfag Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 16. januar 2006 etter delegasjon i brev 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet

Detaljer

HØYRING - JUSTERING AV LÆREPLAN I NATURFAG OG MATEMATIKK

HØYRING - JUSTERING AV LÆREPLAN I NATURFAG OG MATEMATIKK HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201210112-3 Arkivnr. 520 Saksh. Sandvik, Tor Ivar Sagen Saksgang Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato 12.02.2013 20.02.2013-21.02.2013

Detaljer

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG 22.03.12 VURDERING, FRÅVER M.M

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG 22.03.12 VURDERING, FRÅVER M.M FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG 22.03.12 VURDERING, FRÅVER M.M Elevvurdering Opplæringslova Forskrift til Opplæringslova Kunnskapsløftet 06 læreplanen Desse dokumenta bestemmer korleis me skal drive skulen

Detaljer

Vurderingsrettleiing 2011

Vurderingsrettleiing 2011 Vurderingsrettleiing 2011 NOR0214/NOR0215 Norsk hovudmål og norsk sidemål Sentralt gitt skriftleg eksamen Nynorsk Vurderingsrettleiing til sentralt gitt skriftleg eksamen 2011 Denne vurderingsrettleiinga

Detaljer

C:\Documents and Settings\njaalb\Skrivebord\Til nettside adm\ny mappe\kvalitetsutviklingsplan 2010-11 Blhbs.DOCSide 1 av 6

C:\Documents and Settings\njaalb\Skrivebord\Til nettside adm\ny mappe\kvalitetsutviklingsplan 2010-11 Blhbs.DOCSide 1 av 6 KVALITETSUTVIKLINGSPLAN FOR BLINDHEIM BARNESKOLE Visjon: Læring og trivsel hånd i hånd Samarbeid og glede gir kreativ ånd HANDLINGSPLAN C:\Documents and Settings\njaalb\Skrivebord\Til nettside adm\ny mappe\kvalitetsutviklingsplan

Detaljer

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto TILSYNSRAPPORT første halvår 2012 - ei evaluering av marknadsføring frå januar til og med juni månad 2012 Tilsynsrapport marknadsføring nr. 2012-12 Lotteritilsynet

Detaljer

Årsplan i matematikk 8.trinn, 2014-2015 Faglærere: Lars Skaale Hauge, Hans Tinggård Dillekås og Ina Hernar Lærebok: Nye Mega 8A og 8B

Årsplan i matematikk 8.trinn, 2014-2015 Faglærere: Lars Skaale Hauge, Hans Tinggård Dillekås og Ina Hernar Lærebok: Nye Mega 8A og 8B Årsplan i matematikk 8.trinn, 2014-2015 Faglærere: Lars Skaale Hauge, Hans Tinggård Dillekås og Ina Hernar Lærebok: 8A og 8B Grunnleggende ferdigheter i faget: Munnlege ferdigheiter i matematikk inneber

Detaljer

Kan ein del. Kan mykje 2 3-4. Du skriv ei god forteljing som du les opp med innleving.

Kan ein del. Kan mykje 2 3-4. Du skriv ei god forteljing som du les opp med innleving. Engelsk Kompetansemål: Når du er ferdig med denne perioden, skal du kunna: forstå hovedinnhold og detaljer i ulike typer muntlige tekster om forskjellige emner uttrykke seg med flyt og sammenheng tilpasset

Detaljer

Ove Eide: Skriving retorikk og danning. Om tekstforming i ulike sjangrar (essay, kronikk og visuelle forteljingar)

Ove Eide: Skriving retorikk og danning. Om tekstforming i ulike sjangrar (essay, kronikk og visuelle forteljingar) Ove Eide: Skriving retorikk og danning. Om tekstforming i ulike sjangrar (essay, kronikk og visuelle forteljingar) OPPGÅVA Hvem er din helt? Presenter en eller flere av ytringsfrihetens helter / antihelter.

Detaljer

Årsplan i samfunnsfag 10.klasse 2015-2016

Årsplan i samfunnsfag 10.klasse 2015-2016 Årsplan i samfunnsfag 10.klasse 2015-2016 Veke Kunnskapsløftet Emne: Læremiddel: Lærebok: Kosmos 10 34-36 -gjere greie for korleis ulike politiske parti fremjar ulike verdiar og interesser, knyte dette

Detaljer

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Kvifor kan ikkje alle krølle tunga Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Innhaldsliste: Framside med problemstilling Hypoteser Plan Spørjeskjema Arbeid med prosjektet Kjønn Trening Alder

Detaljer

Om kartlegging og vurdering

Om kartlegging og vurdering Om kartlegging og vurdering Å ha ein god vurderingspraksis er ein viktig del av den daglege verksemda. Ein god vurderingspraksis betyr å setje mål for opplæringa og formidle måla til elevane slik at dei

Detaljer

Tid Kompetansemål Innhald Arbeidsmåtar Vurdering

Tid Kompetansemål Innhald Arbeidsmåtar Vurdering Farnes Skule Læreplan i: Norsk Trinn: 1. klasse Skuleåret: 2015/16 Årstimetal: 6, 5 t. pr. veke Læreverk: Salto,Gyldendal Tid Kompetansemål Innhald Arbeidsmåtar Vurdering August - september - Leike, improvisere

Detaljer

VÅGE SKULE BESØKSSKULE

VÅGE SKULE BESØKSSKULE VÅGE SKULE BESØKSSKULE Velkommen til Våge skule på Bømlo. Du finn skulen vår ca 2 km sør for Kulleseidkanalen. Skulen ligg godt plassert i naturen, noko som gjer det lett for store og små elevar å vera

Detaljer

VFL på Rommetveit skule.

VFL på Rommetveit skule. VFL på Rommetveit skule. Rommetveit skule starta systematisk arbeid med VFL hausten 2012. Skuleåret 2012-2013 vart det gjenomført opplæring i lover og forskrifter knytta til VFL, oversikt over praksis

Detaljer

Læreplan i Vg1 informasjonsteknologi og medieproduksjon

Læreplan i Vg1 informasjonsteknologi og medieproduksjon Læreplan i Vg1 informasjonsteknologi og medieproduksjon Om faget Fagrelevans Informasjonsteknologi og medieproduksjon inngår i alle delar av eit moderne samfunn, der teknologi stadig gir nye måtar å kommunisere

Detaljer

NORSK Årsplan for 10. klasse

NORSK Årsplan for 10. klasse NORSK Årsplan for 10. klasse 2017-18 Veke Kompetansemål: Eleven skal kunne: 34-36 -lytte til, oppsummere hovedinnhold og trekke ut relevant informasjon i muntlige tekster -skrive ulike typer tekster etter

Detaljer

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Tilstade: Personalet, foreldre og Nina Helle. Kva er BTI: Stord kommune er ein av 8 kommunar som deltek i eit prosjekt som skal utarbeide ein modell

Detaljer

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg. JANUAR 2015! Ja, i går vart friluftsåret 2015 erklært for opna og me er alle ved godt mot og har store forhåpningar om eit aktivt år. Det gjeld å ha store tankar og arbeida medvite for å gjennomføra dei.

Detaljer

8.trinn. Formål med faget:

8.trinn. Formål med faget: 8.trinn Periode: 10 veker Tema: Reisen und Ferien Formål med faget: Faget er delt i hovudområde, og dei ulike kompetansemåla er fordelt under desse. Hovudområda utfyller kvarandre og må derfor sjåast i

Detaljer

Innhold: Satsingsområdene: Regning, lesing, skriving og klasseledelse. Grunnleggende ferdigheter i LK06 og læreplanforståelse

Innhold: Satsingsområdene: Regning, lesing, skriving og klasseledelse. Grunnleggende ferdigheter i LK06 og læreplanforståelse Innhold: Satsingsområdene: Regning, lesing, skriving og klasseledelse Grunnleggende ferdigheter i LK06 og læreplanforståelse Vurdering for læring som gjennomgående tema Pedagogiske nettressurser Åpne dører

Detaljer

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring No gjeld det No gjeld det 1. august 2009 endra ein forskrifta til opplæringslova kapitel 3 Individuell vurdering i grunnskulen og i vidaregåande

Detaljer

Innlevering praksisrapport Randi, Marit og Marianne Brekke skule

Innlevering praksisrapport Randi, Marit og Marianne Brekke skule Innlevering praksisrapport Randi, Marit og Marianne Brekke skule Bakgrunn I denne rapporten er vi 3 lærarar og 28 elevar frå første til tredje klasse involverte. Vi gjennomførde rettleidd lesing i veke

Detaljer

FORMÅLET MED OPPLÆRINGEN

FORMÅLET MED OPPLÆRINGEN Klasseledelse FORMÅLET MED OPPLÆRINGEN Opplæringa skal, i samarbeid og forståing med heimen, opne dører mot verda og framtida. Elevane skal utvikle kunnskap, dugleik og holdningar for å kunne meistre liva

Detaljer

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne Rettleie og behandle søknader Rettleie og vurdere rettar Rettleie om retten til grunnskoleopplæring Kommunen skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring

Detaljer

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når: Prosessplan for arbeidet med standarden Sett inn einingsnamn her Standard: Tilpassa opplæring og tidleg innsats Sist oppdatert: 15.09.2014 Sjå nedst for rettleiing utfylling og frist for innsending. For

Detaljer

Kompetansemål etter 4. årssteget

Kompetansemål etter 4. årssteget Fag Norsk Klassetrinn 3. klasse Årstal 2016-2017 Lærar Jofrid K. Gilje Lærebok Zeppelin Språkbok 3. Arbeidsbok til språkboka 3 Zeppelin lesebok 3 I leseopplæringa vil me bruka leseboka, Tuba Luba, Vi les

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal Sentralt gitt eksamen NOR0214, NOR0215 og NOR1415, 10. årstrinn Våren 2015 Åndalsnes 29.06.15 Anne Mette Korneliussen

Detaljer

Lesing mot skriftlig eksamen i norsk Vg3 Program for betre gjennomføring 2015. Margunn Mossige Plan og utprøving Ingeborg Margrete Berge

Lesing mot skriftlig eksamen i norsk Vg3 Program for betre gjennomføring 2015. Margunn Mossige Plan og utprøving Ingeborg Margrete Berge Lesing mot skriftlig eksamen i norsk Vg3 Program for betre gjennomføring 2015 Margunn Mossige Plan og utprøving Ingeborg Margrete Berge Innhald Lesing på eksamen i norsk Baklengs planlegging Plan og gjennomføring

Detaljer

NORSK Årsplan for 10. klasse

NORSK Årsplan for 10. klasse NORSK Årsplan for 10. klasse 2017-18 Veke Kompetansemål: Eleven skal kunne: 34-36 -lytte til, oppsummere hovedinnhold og trekke ut relevant informasjon i muntlige tekster -skrive ulike typer tekster etter

Detaljer

Formål og hovedinnhold matematikk Grünerløkka skole

Formål og hovedinnhold matematikk Grünerløkka skole Formål og hovedinnhold matematikk Grünerløkka skole Revidert høst 2016 1 Føremål Matematikk er ein del av den globale kulturarven vår. Mennesket har til alle tider brukt og utvikla matematikk for å systematisere

Detaljer

FYR. 13.-14.oktober 2014. Britt Iren Nordeide, Sogn og Fjordane. Tomas Bjørnstad, Østfold. Ingrid Metliaas ingrid@skrivesenteret.

FYR. 13.-14.oktober 2014. Britt Iren Nordeide, Sogn og Fjordane. Tomas Bjørnstad, Østfold. Ingrid Metliaas ingrid@skrivesenteret. FYR 13.-14.oktober 2014 Britt Iren Nordeide, Sogn og Fjordane Ingrid Metliaas ingrid@skrivesenteret.no Tomas Bjørnstad, Østfold FYR høst 2014 MÅL OG MØTEPLASSER BYGG OG NORSK Å presentere kunnskap skriftlig,

Detaljer

Å utforske nynorsk gjennom skjønnlitteratur

Å utforske nynorsk gjennom skjønnlitteratur Å utforske nynorsk gjennom skjønnlitteratur Dette opplegget, som handlar om å kunne jobbe med nynorsk i eit komparativt perspektiv og finne reglar for korleis nynorsk er bygd opp, er blitt til i samarbeid

Detaljer

- kan lytta aktivt med ulike føremål: oppleving læring. - har delteke i dramatiseringar / skodespel

- kan lytta aktivt med ulike føremål: oppleving læring. - har delteke i dramatiseringar / skodespel Norsk Trinn 5 Kompetansemål Munnlege tekstar Mål for opplæringa er at eleven skal kunna Grunnleggjande ferdigheiter Læremiddel Arbeidsmåtar Tidsplan Eleven: opptre i ulike språkroller gjennom rollespel

Detaljer

NORSK Årsplan for 10. klasse 2015-2016

NORSK Årsplan for 10. klasse 2015-2016 NORSK Årsplan for 10. klasse 2015-2016 Veke Kompetansemål: Eleven skal kunne: Emne: Læremiddel: Frå Saga til CD Arbeidsmåte: Vurdering 35-36 - beskrive samspillet mellom estetiske virkemidler i sammensatte

Detaljer

Brukarrettleiing. epolitiker

Brukarrettleiing. epolitiker Brukarrettleiing epolitiker 1 Kom i gang Du må laste ned appen i AppStore Opne Appstore på ipaden og skriv «epolitiker» i søkjefeltet øvst til høgre. Trykk på dette ikonet og deretter på «hent» og til

Detaljer

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn? Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn? Gode tips og idear, til alle oss som er saman med barn. Korleis stimulera til eit godt talespråk? Bruk språket Snakk med barnet. Snakk tydeleg Bruk

Detaljer

Årsplan. for 3. årstrinn nynorsk

Årsplan. for 3. årstrinn nynorsk Årsplan for 3. årstrinn nynorsk Kapittel 1: Tre på rad Skulestart på 3. årstrinn 3A side 5 28 side 7 16 side 3 10 - lese enkle tekstar knytte til temaet: dikt, regler, spel og eventyr for samtale og munnleg

Detaljer