REGLEMENT FOR SANDE KOMMUNESTYRE

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "REGLEMENT FOR SANDE KOMMUNESTYRE"

Transkript

1 REGLEMENT FOR SANDE KOMMUNESTYRE l. Val og samansetning. Sande kommunestyre består av AI representantar med vararepresentantar valde for 4 år i samsvar med Vallova, jfr. Kommunelova 7. Ordføraren leier møta i kommunestyret, jfr. kommunelova 9. Dersom både ordførar og varaordførar har forfall, vel kommunestyret ein særskilt møteleiar ved fleirtalsval, jfr. kommunelova For uttreden, suspensjon, opprykk og nyval m.v. gjeld 15 og 16 for kommunestyremedlemene, jfr. 9 for ordføraren sin del. 2. Ansvarsområde. Kommunestyret er kommunen sitt øverste organ. Det gjer vedtak på vegne av kommunen så langt ikkje noko anna følgjer av lov eller kommunestyret sine eigne delegasjonsvedtak Kommunestyret sine møte og forhandlingar. For møte, innkalling, sakliste, møteleiing, røysting m.v. gjeld kapittel 6 i kommunelova. I tillegg gjeld følgjande: 3-1. Innkalling, dokumentutlegging. a) Innkalling til møte skal normalt skje skriftleg med 7 dagars varsel. Samtidig med innkallinga skal saksdokumenta sendast ut til medlemene og dei varamedlemene som skal ha dokumenta og andre med møterett. Saklista med saksdokument bør ha fått innkalling og saksdokument seinast laurdag når møtet skal haldast onsdag eller seinare i komande veke. -1-

2 b) Innkallinga skal normalt kunngjerast i "Vestlandsnytt". Når det gjeld frist for kunngjering og utlegging til offentleg ettersyn av økonomiplan og årsbudsbudsjett, så vert det vist til kommunelova 44 og 45. c) Samtidig med at innkallinga vert sendt ut, vert saksdokumenta i original eller avskrift lagt ut til offentleg ettersyn på Rådhuset, Dette gjeld likevel ikkje dokument som ikkje kan eller ikkje skal vere offentlege etter Offentlighetslova eller anna lov Opne eller stengde dører, teieplikt. Kommunestyret held sine møte for opne dører så langt,ikkje anna følgjer av lovbestemt teieplikt eller vedtak etter kommunelova 31. Når det gjeld teieplikt, så gjeld m.a. Forvaltnmgslova 13 flg Forfall, varamedlemer. Kan ein medlem eller ein innkalla varamedlem ikkje møte i kommunestyret på grunn av lovleg forfall, så skal han/ho utan opphald melde frå om dette til ordføraren eller sekretariatet og seie frå om forfallsgrunnen. Sekretariatet kallar straks inn varamedlem etter reglane i kommunelova 16 nr l. Tilsvarande gjeld når ein medlem eller innkalla varamedlem er inhabil i ei sak som skal behandlast på møtet, jfr. kommunelova 40 nr 3 og punkt 3-6 nedanfor. Dersom ein medlem eller ein varamedlem må fratre behandlinga av ei sak på grunn av inhabilitet eller anna lovleg forfall, melder han/ho straks frå til møteleiaren. Innkalla varamedlem trer då inn i hans/hennar stad. Dersom ein varamedlem har teke lovleg sete i kommunestyret, tek han/ho del i møtet inntil behandlinga av saka er ferdig. Dette gjeld sjølv om medlemen som han/ho vikarierer for, eller varamedlem med nummer føre han/henne, kjem før saka er behandla ferdig Opning av møtet. Til den tid møtet skal ta til, held møteleiaren namneopprop. Er minst halvparten av medlemene til stades, erklærer møteleiaren møtet som sett, jfr. kommunelova 33. Frå dette tidspunkt og til møtet er slutt kan ikkje nokon av medlemene forlate møtet for kortare eller lengre tid utan på førehand å ha meldt frå til møteleiaren. Medlemene og varamedlemene som møter etter nemneoppropet, må først melde seg for møteleiaren før dei kan ta sete. -2-

3 3-5. Rekkjefølgje for behandling av sakene. Sak som er teke opp til behandling. Sak som ikkje er nemnt i innkallinga. Sakene skal normalt behandlast i den rekkjefølgje dei er oppført i innkallinga. Spørsmål skal normalt behandlast etter sakene som står på innkallinga. Men kommunestyret kan vedta ei anna rekkjefølgje. Dersom ei sak er teke opp til behandling, kan ikkje møtet hevast før saka er avgjort ved røysting eller utsett ved røysting, jfr. kommunelova 34 nr l. Kommunestyret kan gjere vedtak i ei sak som ikkje står på saklista, dersom nrøteleiar eller 1/3 av dei møtande representantane ikkje motset seg dette, jfr. kommunelova 34 nr l Inhabilitet. Den som etter kommunelova 40 m 3 er ugild i ei sak, eller som vert friteken etter kommunelova 40 nr 4, tek ikkje del i behandlinga av vedkomande sak, jfr. punkt 3-3 ovanfor Møteleiaren si utgreiing om saka. Rekkjefølgje mellom talarane. Møteleiaren skal lese opp det som saka heiter i innkallinga. Han/ho skal gjengi kva framlegg eller uttale som rådmannen har gjeve, dersom denne ikkje er sendt medlemene før møtet. Ligg det føre tilråding i saka, les han/ho opp det forslaget til vedtak som står i tilrådinga, og gir opplysning om eventuell meiningsskilnad hjå dei som har gjeve tilrådinga. Han/ho opplyser om dokument som har kome etter at tilrådinga vart gjeven. Møteleiaren greier elles ut om saka så langt han/ho synest det trengst. Møteleiaren spør om nokon vil ha ordet i saka. Medlemene får ordet i den rekkjefølgje dei ber om det. Ber fleire om ordet samtidig, avgjer møteleiaren rekkjefølgja mellom dei Om innlegg i ordskiftet. Talaren skal rette sine ord til møteleiaren, og ikkje til forsamlinga. Han/ho skal halde seg til den saka eller den delen av saka som ordskiftet gjeld. Møteleiaren skal sjå til at dette vert gjort. -3-

4 Det må ikkje seiast noko som krenkjer forsamlinga, nokon av medlemene eller andre. Heller ikkje må nokon lage ståk eller uro som uttrykk for at han/ho likar eller mislikar noko. Bryt nokon ordensføresegnene, skal møteleiaren åtvare han/hanne to gonger om det trengst. Rettar vedkomande seg ikkje då etter reglementet, kan møteleiaren ta frå han/henne ordet, eller la forsamlinga avgjere ved røysting om han/ho skal stengjast ute frå resten av møtet Møteleiaren si stilling i ordskiftet. Møteleiaren må ikkje avbryte nokon som har ordet, med mindre det skjer for å oppretthalde dei reglane som er gitt i reglementet, eller for å rette mistydingar hos talaren. Vil møteleiaren vere med i ordskiftet med meu- enn den utgreiinga som er nemnt under 3-7, må han/ho overlate leiinga til ein annan, jfr. l andre ledd ovanfor Taletid og avslutning av ordskiftet. Før eller etter at ordskiftet har teke til i ei sak, kan forsamlinga med alhnent fleirtal vedta at taletida skal avgrensast til eit bestemt tal minutt for kvart innlegg. Det kan gjerast unntak frå dette for rådmannen, ein representant frå kvar partigmppe i forsamlinga, og eventuell talsmann/talskvinne i saka for andre grupper i forsamlinga når møteleiaren har fått melding om det på førehand. Dersom forsamlinga finn at ei sak er drøfta ferdig, kan det med allment fleirtal vedta å avslutte ordskiftet om saka. Når ordskifte er avslutta kan ein berref rå ordet til eventuelle framlegg, taltid høgst 2 minutt Forslag. Berre medlemer i forsamlinga og rådmannen kan setje fram forslag, med mindre særleg lovheimel gjev andre same rett. Forslag skal leverast skriftleg til nrøteleiaren og vere underteikna av forslagsstillaren. Forslag som gjeld val, tilsetting, utsetjing av ei sak eller at ei sak ikkje skal behandlast, kan framsetjast muntleg. -4-

5 Møteleiaren skal referere dei forslaga som vert framsett Saka vert teken opp til røysting. Når ordskiftet er avslutta, seier møteleiaren frå om at saka er teken opp til røysting. Frå då av og til saka er avgjort ved røysting, må det ikkje vere meir ordskifte om saka eller setjast iram nye forslag, og det må heller ikkje takast opp nye saker. Berre dei medlemene som er til stades når saka vert teken opp til røysting, har rett til å røyste. Dei kan ikkje forlate salen før røystinga er ferdig, og dei pliktar å røyste. Ved val og tilsetjing er det høve til å røyste blankt, jfr. kommunelova 40 nr 2. Er saka delt opp, eller skal det røystast over fleire forslag, set møteleiaren fram forslag om rekkjefølgja i røystinga. Vert det ordskifte om dette, skal møteleiaren nøye sjå til at talarane held seg til dette røystingsspørsmålet Prøverøysting. Før endeleg avrøysting i ei sak, kan forsamlinga med allment fleirtal vedta å halde prøverøy sting, som ikkje er bindande. Er den innstillinga eller det forslaget som det skal røystast over, delt i fleire postar eller paragrafar, bør det vanlegvis først røystast førebels over kvar post eller paragraf, og så, med eller utan prøverøysting, over heile innstillmga eller forslaget Røystingsmåten. Røysting skal gjerast på ein av desse måtane: a) Ved stillteiande godkjenning når det berre ligg føre eitt forslag. Møteleiaren spør då om det er andre forslag, og dersom det ingen kjem med avvikande forslag, så erklærer han/ho forslaget for vedteke. Stillteiande godkjenning kan nyttast på alle slags vedtak, med mindre ein lovregel er til hinder for det. Gjeld saka val eller tilsetjing, kan eit enkelt medlem kreve skriftleg røysting. b) Røysting ved røysteteikn (handsopprekking e.l.) kan nyttast ved alle slags vedtak når det ligg føre eitt eller fleu-e forslag, med mindre em lovregel er til hinder for det. Røysteteikn kan heller ikkje nyttast dersom eit medlem krev skriftleg røysting ved val eller tilsetjing. -5-

6 c) Ved val og tilsetjing skal det nyttast røystesetlar dersom eitt medlem krev det, jfr. kommunelova 35 m- 5. d) Namneopprop. Møteleiaren skal då rope opp namnet på medlemene, som skal seie ja eller nei til det forslaget som det vert røysta over. Det skal trekkjast lodd om kva namn som skal ropast opp først og der etter vert dei andre ropt opp i alfabetisk orden. Namnet på kvar medlem og medlemet sitt svar vert ført i protokollen. Eit medlem som møteleiaren oppnemner, kontrollerer røystinga ved å merke av på medlemslista. Namneopprop skal nyttast når møteleiaren krev det, når eit medlem krev det og det får tilslutning frå minst 1/5 av forsamlinga, og når møteleiaren eller minst 1/5 av forsamlinga meiner at utfallet av røysting med røysteteikn (med etterfølgjande kontra) er usikkert. Det vert røysta utan ordskifte over spørsmål om bruk av namneopprop på den måten som er nemnt i litera b ovanfor. Namneopprop kan ikkje nyttast i saker der det er kravd skriftleg røysting. * Ved røystelikskap i andre saker enn val, er møteleiaren si røyst avgjerande, jfr. kommunelova 35 nr l. * Ved val og tilsetjing gjeld reglane i kommunelova 36-38, jfr. 35 nr 3,4 og 5. * Når det gjeld økonomiplan og årsbudsjett, sjå kommunelova 35 nr Spørsmål (interpellasjonar). a) Interpellasjonar Interpellasjonar bør vere meldt til møteleiaren i god tid før møtet, vanlegvis minst l O dagar på førehand, og spørsmåla må vere skriftlege. b) Spørsmål Kvart medlem kan rette spørsmål til møteleiaren i møtet, også om saker som ikkje står på saklista, jfr. 34 nr 2 i kommunelova. Spørsmål bør vere meldt til møteleiaren i god tid før møtet, vanlegvis minst 4 dagar på førehand, og spørsmåla bør vere skriftlege. Det er ikkje høve til ordskifte eller til å sette fram forslag i samband med slike spørsmål. Spørsmålsstillaren kan få ordet (til tilleggsspørsmål) og/eller eit innlegg etter ordføraren sitt svar. -6-

7 3-16. Sendenemnder (deputasjonar). Utsendingar fira korporasjonar eller grupper som vil møte for kommunestyret og uttale seg om ei sak, skal melde frå om dette til mjøteleiaren i god tid før møtet, seinast dagen før møtet. Forsamlinga avgjer om utsendingane skal takast i mot. Vert dei mottekne, møter dei utan om møtesalen for eit utval frå kommunestyret. I utvalet bør kvar kommunestyregmppe vere representert, dersom det er råd. Er ordførar eller varaordførar med i utvalet, bør han/ho vere utvalsleiar, for øvrig vel utvalet sjølv leiar. Når utvalet har høyrt det utsendingane hai- å seie, og eventuelt motteke ei skriftleg utgreiing, gir utvalsleiaren melding til kommunestyret om det som utsendingane har halde fram. Vedkjem dette ei sak i innkallinga, gir han/ho melding når saka vert behandla. Elles gir han/ho melding etter at del sakene som er nemnt i innkallinga (og eventuelt ekstrasaker) er ferdigbehandla. For forslag i sistnemnde tilfelle gjeld 3-15 siste ledd Orden i salen og bygningen. Møteleiaren skal syte for å oppretthalde ro og orden i møtesalen og i bygninga elles under nrøta. Han/ho skal såleis syte for at talarane ikkje vert avbrotne eller forstyrra frå nokon kant. Dersom tilhøyrarane ved meiningsytringar eller på annan måte forstyrrar forhandlingane, eller på annan måte opptrer på ein måte som strir mot god orden, kan møteleiaren la tilhøyrarplassane røme eller vise vedkomande tiuiøyrar ut. Plakatar, teikningar, tabellar o.l. må ikkje vere eller verte oppsette i salen under møta utan samtykke frå møteleiaren eller kommunestyret Møtebok. Møtet slutt. Det skal førast protokoll over forhandlingane i kommunestyret. I protokollen skal det førast inn møtetid, møtestad, innkallingsmåte, -fråverande medlemer, møtande varamedlemer og andre med møterett. Fratrer eller tiltrer nokon under forhandlingane, så skal det førast i protokollen, slik at ein ved å halde saman medlemsliste og protokoll kan sjå kven som har delteke i behandlinga av kvar sak. Elles skal det førast i protokoll det som trengst for å syne gangen i forhandlingane og for å vise at vedtaka er gjorde etter rett framgangsmåte. Sakene skal bokførast fortløpande og i rekkefølgje for kalendaråret, og på ein slik måte at det går fram kva -7-

8 saka gjeld. Under kvar sak skal framsette forslag protokollerast, så nær som realitetsforslag som det ikkje vert røysta over. Møteleiaren avgjer om nokon skal få protokolltilførsel, men om nokon seier mot møteleiaren si avgjer, så avgjer kommunestyret dette. Protokollen skal underskrivast av møteleiaren og minst to andre medlemer. Kopi/utskrift av protokollen skal utdelast til medlemene og godkjennast av forsamlinga i påfølgjande møte. Protokollane i original vert samla i løpet av kalendaråret, innbundne og oppbevarte i kommunen sitt arkiv. Dessutan vert ei utskrift av protokollen innbunden saman med saksframlegga for kvart møte. 4. Sekretariat. Rådmannen eller den som får mynde frå han/ho, er sekretær for kommunestyret. Sekretæren kan i samråd med ordføraren kalle inn andre som det kan vere ønskjeleg å rådføre seg med. Reglement for Sande kommunestyre vart vedteke av Sande kommunestyre i møte den , sak K-96/

SAKSBEHANDLINGSREGLEMENT FOR KOMMUNESTYRET, FORMANNSKAPET OG FORVALTNINGSSTYRET I FINNØY KOMMUNE

SAKSBEHANDLINGSREGLEMENT FOR KOMMUNESTYRET, FORMANNSKAPET OG FORVALTNINGSSTYRET I FINNØY KOMMUNE SAKSBEHANDLINGSREGLEMENT FOR KOMMUNESTYRET, FORMANNSKAPET OG FORVALTNINGSSTYRET I FINNØY KOMMUNE Vedteke 15.02.2017 (KST-004/17) 1. Oppgåver og val Kommunestyret er det øvste kommunale organ, og treff

Detaljer

Reglement for Ørskog kommunestyre (sist revidert i KS )

Reglement for Ørskog kommunestyre (sist revidert i KS ) Reglement for Ørskog kommunestyre (sist revidert i KS 11.05.2017) 1. Val og samansetjing Ørskog kommunestyre skal ha 17 medlemmer med varamedlemmer 2. Mynde og oppgåver a) Ørskog kommunestyre skal handsame

Detaljer

POLITISK SAKSHANDSAMINGSREGLEMENT FOR HÆGEBOSTAD KOMMUNE

POLITISK SAKSHANDSAMINGSREGLEMENT FOR HÆGEBOSTAD KOMMUNE POLITISK SAKSHANDSAMINGSREGLEMENT FOR HÆGEBOSTAD KOMMUNE Vedtatt av kommunestyret den 02.02.2017 For sakshandsaming i folkevalte organ gjeld reglane i kommunelova (KL) med følgjande utfyllande føresegner

Detaljer

REGLEMENT FOR HÆGEBOSTAD KOMMUNESTYRE

REGLEMENT FOR HÆGEBOSTAD KOMMUNESTYRE REGLEMENT FOR HÆGEBOSTAD KOMMUNESTYRE Vedtatt av kommunestyret den 12.10.1995 med endring av 3 siste avsnitt i møte den 14.09.2000. For sakshandsaming i kommunestyret gjeld kommuneloven sine reglar med

Detaljer

REGLEMENT FOR VESTNES KOMMUNESTYRE

REGLEMENT FOR VESTNES KOMMUNESTYRE REGLEMENT FOR VESTNES KOMMUNESTYRE KOMMUNESTYRET - MYNDE OG OPPGÅVER Vestnes kommunestyre har 23 valde representantar og er det øvste styringsorganet i Vestnes kommune. Kommunestyret er oppretta i medhald

Detaljer

VOSS KOMMUNE Rådmannen sin stab

VOSS KOMMUNE Rådmannen sin stab VOSS KOMMUNE Rådmannen sin stab Vår ref 12/1351-21 13453/13 Etat/ avd. STA Saksbeh KJ Ark. 044 Dykkar ref. Dato 25.07.2013 REGLEMENT FOR KOMMUNESTYRET Vedteke i Kommunestyret 30.11.95 sak 86/95. Revidert

Detaljer

Reglement for kommunestyre

Reglement for kommunestyre Reglement for kommunestyre 1 Val og samansetting Kommunestyret har 21 medlemer med varamedlemer valde av dei røysteføre innbyggjarane i kommunen etter reglar fastsett i lov. Valet gjeld for den kommunale

Detaljer

Reglement for formannskapet

Reglement for formannskapet FJALER KOMMUNE Reglement for formannskapet Vedteke av Fjaler kommunestyre 17.12.2012, sak 117/12 1. Samansetjing Formannskapet er samansett av 7 medlemer med varamedlemer. Kommunestyret vel sjølv medlemer

Detaljer

REGLEMENT FOR HÆGEBOSTAD KOMMUNESTYRE

REGLEMENT FOR HÆGEBOSTAD KOMMUNESTYRE REGLEMENT FOR HÆGEBOSTAD KOMMUNESTYRE Vedtatt av kommunestyret den 02.02.2017. For sakshandsaming i kommunestyret gjeld kommuneloven sine reglar med fylgjande utfyllande føresegner: 1. SAKSFØREBUING Sakene

Detaljer

SKODJE KOMMUNE. Møtereglement for Skodje kommune. Jfr. kommunelova 39 nr.1.

SKODJE KOMMUNE. Møtereglement for Skodje kommune. Jfr. kommunelova 39 nr.1. SKODJE KOMMUNE Møtereglement for Skodje kommune Jfr. kommunelova 39 nr.1. INNHALD A. Felles møtereglement for folkevalde organ...3 B. Dialog som arbeidsform...7 C. Møtereglement for Skodje kommunestyre...8

Detaljer

Heradsstyret kan oppretta sakskomitear for særskilde saker som innanfor fastsett mandat gjev tilråding direkte for heradsstyret.

Heradsstyret kan oppretta sakskomitear for særskilde saker som innanfor fastsett mandat gjev tilråding direkte for heradsstyret. REGLEMENT FOR HERADSSTYRET 1 HERADSSTYRET SITT ARBEIDSOMRÅDE Heradsstyret er kommunen sitt øvste organ og gjer vedtak på kommunen sine vegner så langt ikkje noko anna følgjer av lov eller vedtak om delegering

Detaljer

Utvalet bør leggja enkeltsaker av prinsipiell karakter fram for formannskapet til endeleg avgjerd.

Utvalet bør leggja enkeltsaker av prinsipiell karakter fram for formannskapet til endeleg avgjerd. REGLEMENT FOR PLAN- OG KOMMUNALTEKNISK UTVAL 1 VAL OG SAMANSETJING Utvalet skal ha 7 medlemmer med varamedlemmer (fastsett i heradsstyret 14.10.15), alle valde av heradsstyret for 4 år. Medlemmer og varamedlemmer,

Detaljer

REGLEMENT FOR VANYLVEN KOMMUNESTYRE (Vedteke i K-sak 77/95, 46/96, 50/04 og 15/06)

REGLEMENT FOR VANYLVEN KOMMUNESTYRE (Vedteke i K-sak 77/95, 46/96, 50/04 og 15/06) REGLEMENT FOR VANYLVEN KOMMUNESTYRE (Vedteke i K-sak 77/95, 46/96, 50/04 og 15/06) 1 KOMMUNESTYRET - MYNDE OG OPPGÅVER a. Vanylven kommunestyre har 21 valde representantar og er det øverste styringsorganet

Detaljer

REGLEMENT FOR SAKSHANDSAMING I FOLKEVALDE ORGAN

REGLEMENT FOR SAKSHANDSAMING I FOLKEVALDE ORGAN Dok. ref. 16/591-2/FE-047, TI-&00, Histsak- 13/270//BEH Dato: 02.01.2017 REGLEMENT FOR SAKSHANDSAMING I FOLKEVALDE ORGAN Reglementet gjeld for folkevalde organ så langt kommunestyret ikkje har vedteke

Detaljer

- utarbeiding av planprogram ved mindre omfattande revisjonar, jfr

- utarbeiding av planprogram ved mindre omfattande revisjonar, jfr OSTERØY KOMMUNE REGLEMENT FOR PLAN- OG KOMMUNALTEKNISK UTVAL 1 VAL OG SAMANSETJING Utvalet skal ha *7 medlemmer med varamedlemmer, alle valde av heradsstyret for 4 år. Medlemmer og varamedlemmer, leiar

Detaljer

Kommunale organ held møte etter oppsett møteplan, når møteleiar finn det nødvendig, eller når minst 1/3 av medlemmene krev det.

Kommunale organ held møte etter oppsett møteplan, når møteleiar finn det nødvendig, eller når minst 1/3 av medlemmene krev det. VESTNES KOMMUNE Vedteke i Vestnes kommunestyre 27.10.2016 sak 100/2016 GJENNOMFØRING AV MØTE I KOMMUNALE ORGAN I VESTNES KOMMUNE (Pkt. 9,10,11,12 og 14 gjeld berre kommunestyret.) I dei andre punkta blir

Detaljer

RETNINGSLINER GRANVIN HERADSSTYRE. Innhold

RETNINGSLINER GRANVIN HERADSSTYRE. Innhold RETNINGSLINER GRANVIN HERADSSTYRE Vedtekne i Granvin Heradsstyre 15.04.2015 Retningslinene er bygde på reglane i Kommunelova, Forvaltningslova og Offentlegheitslova. Innhold 1. Heradsstyret si samansetjing

Detaljer

REGLEMENT FOR HELSE- OPPVEKST OG KULTURUTVALET

REGLEMENT FOR HELSE- OPPVEKST OG KULTURUTVALET REGLEMENT FOR HELSE- OPPVEKST OG KULTURUTVALET 1. VAL OG SAMMANSETTING... 2 2. ARBEIDS- OG ANSVARSOMRÅDE... 2 3. FØREBUING AV SAKER... 3 4. INNKALLING TIL MØTE.... 3 5. FORFALL. VARAMEDLEMMER.... 3 6.

Detaljer

MØTEREGLEMENT FOR ADMINISTRASJONSUTVAL

MØTEREGLEMENT FOR ADMINISTRASJONSUTVAL Side 1 av 6 MØTEREGLEMENT FOR ADMINISTRASJONSUTVAL Innhald: 1. Val og samansetting 2. Mynde og oppgåver 3. Førebuing av saker 4. Innstillingsrett - møterett 5. Innkalling sakliste kunngjering 6. Forfall

Detaljer

Reglement for kommunestyret, formannskap og hovudutval

Reglement for kommunestyret, formannskap og hovudutval Reglement for kommunestyret, formannskap og hovudutval Bø kommune Revidert 2015 Vedtatt i kommunestyret den 11.5.2015, sak 47/15 1 Kommunestyret 1 Møteplan Kommunestyret held møte etter oppsett møteplan

Detaljer

MØTEREGLEMENT FOR SULA FORMANNSKAP DET FASTE UTVALET FOR PLANSAKER

MØTEREGLEMENT FOR SULA FORMANNSKAP DET FASTE UTVALET FOR PLANSAKER Side 1 av 8 MØTEREGLEMENT FOR SULA FORMANNSKAP OG DET FASTE UTVALET FOR PLANSAKER Innhald: 1. Val og samansetjing 2. Mynde og oppgåver 3. Førebuing av saker 4. Innstillingsrett - møterett 5. Innkalling

Detaljer

MØTEREGLEMENT FOR FAGUTVALA

MØTEREGLEMENT FOR FAGUTVALA Side 1 av 9 MØTEREGLEMENT FOR FAGUTVALA Innhald 1. Val og samansetting 2. Mynde og oppgåver 3. Rådgjevande funksjon 4. Høyringsinstans 5. Førebuing av saker 6. Innstillingsrett 7. Innkalling 8. Forfall

Detaljer

Reglement for fylkestinget Fastsett av fylkestinget i sak nr 26/95 og revidert i sak nr. xx/15

Reglement for fylkestinget Fastsett av fylkestinget i sak nr 26/95 og revidert i sak nr. xx/15 Reglement for fylkestinget Fastsett av fylkestinget i sak nr 26/95 og revidert i sak nr. xx/15 1 Val og samansetnad Fylkestinget har 31 medlemer med varamedlemer. Medlemene vert valde av dei innbyggjarane

Detaljer

Reglement for utval i Høyanger kommune

Reglement for utval i Høyanger kommune Reglement for utval i Høyanger kommune Vedteke av kommunestyret i møte 27.10.2011 i sak nr 053/11. Korrigert 8 i møte 15.03.2012 i sak nr 024/12. Korrigert av kommunestyret i møte 16.06.2015 i sak nr 037/15.

Detaljer

Formannskapet er kommunen sitt kontrollutval for alkohol, jf alkohollova 1-9.

Formannskapet er kommunen sitt kontrollutval for alkohol, jf alkohollova 1-9. OSTERØY KOMMUNE REGLEMENT FOR FORMANNSKAPET 1 VAL OG SAMANSETJING Formannskapet skal ha 7 medlemmer med varamedlemmer, alle valde av heradsstyret for 4 år. Medlemmer og varamedlemmer skal veljast mellom

Detaljer

REGLEMENT FOR KOMMUNESTYRET

REGLEMENT FOR KOMMUNESTYRET REGLEMENT FOR KOMMUNESTYRET 1. VAL OG SAMMANSETTING... 2 2. HOVUDARBEIDSOMRÅDET TIL KOMMUNESTYRET... 2 3. FØREBUING AV SAKER... 2 4. INNKALLING TIL MØTE.... 3 5. FORFALL. VARAMEDLEMMER.... 3 6. ANDRE DELTAKARAR

Detaljer

REGLEMENT FOR MILJØ OG KOMMUNALTEKNIKK OG FAST UTVAL FOR PLANSAKER

REGLEMENT FOR MILJØ OG KOMMUNALTEKNIKK OG FAST UTVAL FOR PLANSAKER REGLEMENT FOR MILJØ OG KOMMUNALTEKNIKK OG FAST UTVAL FOR PLANSAKER 1. VAL OG SAMMANSETTING... 2 2. ARBEIDS- OG ANSVARSOMRÅDE... 2 3. FØREBUING AV SAKER... 3 4. INNKALLING TIL MØTE.... 3 5. FORFALL. VARAMEDLEMMER....

Detaljer

REGLEMENT FOR FORMANNSKAPET

REGLEMENT FOR FORMANNSKAPET REGLEMENT FOR FORMANNSKAPET 1. VAL OG SAMMANSETTING... 2 2. ARBEIDS- OG ANSVARSOMRÅDE... 2 3. FØREBUING AV SAKER... 3 4. INNKALLING TIL MØTE.... 3 5. FORFALL. VARAMEDLEMMER.... 3 6. ANDRE DELTAKARAR I

Detaljer

REGLEMENT FOR SAKSHANDSAMING I ØYGARDEN KOMMUNESTYRE

REGLEMENT FOR SAKSHANDSAMING I ØYGARDEN KOMMUNESTYRE Dok. ref. 16/591-3/FE-047, TI-&00, Histsak- 13/270//BEH Dato: 02.01.2017 REGLEMENT FOR SAKSHANDSAMING I ØYGARDEN KOMMUNESTYRE Kommunestyret er kommunen sitt høgaste politiske organ og gjer vedtak på vegner

Detaljer

REGLEMENT FOR ADMINISTRASJONSUTVALET. Vedteke av heradsstyret VAL OG SAMANSETJING

REGLEMENT FOR ADMINISTRASJONSUTVALET. Vedteke av heradsstyret VAL OG SAMANSETJING REGLEMENT FOR ADMINISTRASJONSUTVALET Vedteke av heradsstyret 12.10.2005. 1 VAL OG SAMANSETJING Medlemmene i formannskapet representerer kommunen (arbeidsgjevarsida) i administrasjonsutvalet. Utvalet skal

Detaljer

MØTEREGLEMENT FOR SULA KOMMUNESTYRE

MØTEREGLEMENT FOR SULA KOMMUNESTYRE Side 1 av 13 MØTEREGLEMENT FOR SULA KOMMUNESTYRE Innhald: 1. Val og samansetting 2. Mynde og oppgåver 3. Førebuing av saker 4. Innstillingsrett 5. Innkalling sakliste kunngjering 6. Forfall varamedlemer

Detaljer

Reglement for Seljord kommunestyre

Reglement for Seljord kommunestyre Seljord kommune Reglement for Seljord kommunestyre Vedtatt av kommunestyret Sak 12/16 1 Innhold 1. Medlemstalet... 4 2. Arbeidsområde... 4 3. Saksførebuing... 4 4. Innkalling til møte... 4 5. Utlegging

Detaljer

MØTEREGLEMENT FOR LÆRDAL KOMMUNE

MØTEREGLEMENT FOR LÆRDAL KOMMUNE MØTEREGLEMENT FOR LÆRDAL KOMMUNE Innhald KAPITEL 1. MØTEREGLEMENT...2 1. FØREBUING TIL MØTET...2 1.1 KVEN DET GJELD FOR...2 1.2 INNKALLING TIL MØTE...2 1.3 MØTEPLIKT - FORFALL - VARAREPRESENTANTAR...2

Detaljer

Reglement for folkevalde organ. Vedtatt av fellesnemnda 6. september 2019

Reglement for folkevalde organ. Vedtatt av fellesnemnda 6. september 2019 Reglement for folkevalde organ Vedtatt av fellesnemnda 6. september 2019 Innhold Medlemstalet... 4 Arbeidsområde... 4 Saksførebuing... 4 Innkalling til møte... 4 Utlegging av dokument... 5 Forfall varamedlemer...

Detaljer

SOGNDAL KOMMUNE REGLEMENT FOR KONTROLLUTVALET UTKAST

SOGNDAL KOMMUNE REGLEMENT FOR KONTROLLUTVALET UTKAST SOGNDAL KOMMUNE REGLEMENT FOR KONTROLLUTVALET UTKAST 1 REGLEMENT FOR KONTROLLUTVALET...3 1. VAL OG SAMANSETTING......3 2. MØTEPLAN OG MØTEPRINSIPP... 3 3. ARBEIDSOPPGÅVER/MYNDE......3 4. SAKSHANDSAMINGSREGLAR......4

Detaljer

REGLEMENT FOR FORMANNSKAPET

REGLEMENT FOR FORMANNSKAPET REGLEMENT FOR FORMANNSKAPET Vedteke av kommunestyret 7.3.2013, sak PS 23/13 Innhald 1. VAL OG SAMANSETJING... 2 2. ARBEIDS- OG ANSVARSOMRÅDE... 2 3. FØREBUING AV SAKER... 3 4. INNKALLING TIL MØTE.... 3

Detaljer

Dok.dato: 27.09.2011 Vår Ref: 2011001929-1 Arkiv: N-025 REGLEMENT FOR SUND KOMMUNESTYRE

Dok.dato: 27.09.2011 Vår Ref: 2011001929-1 Arkiv: N-025 REGLEMENT FOR SUND KOMMUNESTYRE Dok.dato: 27.09.2011 Vår Ref: 2011001929-1 Arkiv: N-025 REGLEMENT FOR SUND KOMMUNESTYRE 1 REGLEMENT FOR SUND KOMMUNESTYRE 1. SAKSFØREBUING TIL KOMMUNESTYRET Administrasjonssjefen skal sjå til at dei saker

Detaljer

GENERELT MØTEREGLEMENT FOR STYRE, RÅD OG UTVAL

GENERELT MØTEREGLEMENT FOR STYRE, RÅD OG UTVAL GENERELT MØTEREGLEMENT FOR STYRE, RÅD OG UTVAL 1. Generelle reglar Generelt møtereglement for Hjelmeland kommune gjeld for kommunestyret, formanskapet, formannskapet som partssamansett utval, areal- og

Detaljer

SAKSBEHANDLINGSREGLEMENT FOR TIME KOMMUNESTYRE, FORMANNSKAPET, LOKAL UTVIKLING OG LEVEKÅR

SAKSBEHANDLINGSREGLEMENT FOR TIME KOMMUNESTYRE, FORMANNSKAPET, LOKAL UTVIKLING OG LEVEKÅR SAKSBEHANDLINGSREGLEMENT FOR TIME KOMMUNESTYRE, FORMANNSKAPET, LOKAL UTVIKLING OG LEVEKÅR 1 VAL OG SAMANSETTING Time kommunestyre består av 27 representantar. Eventuell endring av medlemstalet blir vedtatt

Detaljer

REGLEMENT FOR STORDAL KOMMUNESTYRE Vedteke under k.sak 047/11 møtedato

REGLEMENT FOR STORDAL KOMMUNESTYRE Vedteke under k.sak 047/11 møtedato REGLEMENT FOR STORDAL KOMMUNESTYRE Vedteke under k.sak 047/11 møtedato 09.11.2011 1. KOMMUNESTYRE - MYNDE OG OPPGÅVER a) Stordal kommunestyre har 15 valde representantar og er det øvste styringsorganet

Detaljer

REGLEMENT FOR HELSE- OG OPPVEKSTUTVALET

REGLEMENT FOR HELSE- OG OPPVEKSTUTVALET SANDE KOMMUNE RÅDMANNEN 6084 Larsnes Tlf. 70 02 67 00 Fax 70 02 67 01 sande.kommune@sande-mr.kommune.no www.sande-mr.kommune.no REGLEMENT FOR HELSE- OG OPPVEKSTUTVALET Vedteke: Sande kommunestyre, 1. mars

Detaljer

REGLEMENT FOR KOMMUNESTYRET OG ANDRE UTVAL OPPRETTA MED HEIMEL I KOMMUNELOVA 5-1.

REGLEMENT FOR KOMMUNESTYRET OG ANDRE UTVAL OPPRETTA MED HEIMEL I KOMMUNELOVA 5-1. REGLEMENT FOR KOMMUNESTYRET OG ANDRE UTVAL OPPRETTA MED HEIMEL I KOMMUNELOVA 5-1. Reglementet er heimla i kommunelova 5-13. Fastsett i Fellesnemda sak 020/19 1 1. KVEN REGLEMENTET GJELD FOR Kommunestyret

Detaljer

Klepp kommune SENTRALADMINISTRASJONEN

Klepp kommune SENTRALADMINISTRASJONEN Klepp kommune SENTRALADMINISTRASJONEN Postboks 25 4358 Kleppe Tlf 51429800 Org.nr.: 00864969682 Saksnr Løpenr Arkivkode Avd/Sek/Saksh Dykkar ref 12/3004-13 299/13 033 &00 SEN/SEN/WBD REGLEMENT KLEPP KOMMUNESTYRE

Detaljer

Reglement for Kontrollutvalet

Reglement for Kontrollutvalet Reglement for Kontrollutvalet Vedteke i Fitjar kommunestyre 23. april 2014. 1 VAL OG SAMANSETJING Kontrollutvalet skal ha 5 medlemer med varamedlemer, alle valde av kommunestyret i samsvar med kommunelova

Detaljer

REGLEMENT FOR LEVEKÅRSUTVALET

REGLEMENT FOR LEVEKÅRSUTVALET REGLEMENT FOR LEVEKÅRSUTVALET Vedteke av kommunestyret 7.3.2013, sak PS 22/13. Innhald 1. GRUNNLAG... 2 2. VAL OG SAMMANSETJING... 2 3. ARBEIDS- OG ANSVARSOMRÅDE... 2 4. FØREBUING AV SAKER FOR LEVEKÅRSUTVALET...

Detaljer

1.1 REGLEMENT FOR KOMMUNESTYRET OG KOMMUNALUTVALET, SAKSHANDSAMING M.V.

1.1 REGLEMENT FOR KOMMUNESTYRET OG KOMMUNALUTVALET, SAKSHANDSAMING M.V. 1.1 REGLEMENT FOR KOMMUNESTYRET OG KOMMUNALUTVALET, SAKSHANDSAMING M.V. 1. FASTSETTING AV MØTE, SAKLISTE, INNKALLING Kommunestyret/kommunalutvalet held møte i hht. møteplan, når ordføraren finn det påkrevd

Detaljer

Reglement for fylkestinget

Reglement for fylkestinget Reglement for fylkestinget Fastsett av fylkestinget i sak nr 26/95. 1 Val og samansetnad Fylkestinget har 39 medlemer med varamedlemer. Medlemene vert valde av dei innbyggjarane i fylket som har røysterett

Detaljer

Klepp kommune SENTRALADMINISTRASJONEN

Klepp kommune SENTRALADMINISTRASJONEN Klepp kommune SENTRALADMINISTRASJONEN Postboks 25 4358 Kleppe Tlf 51429800 Org.nr.: 00864969682 Saksnr Løpenr Arkivkode Avd/Sek/Saksh Dykkar ref 12/3004-12 297/13 033 &00 SEN/SEN/WBD REGLEMENT - FORMANNSKAP

Detaljer

REGLEMENT FOR BØMLO KOMMUNESTYRE

REGLEMENT FOR BØMLO KOMMUNESTYRE 1 (1) REGLEMENT FOR BØMLO KOMMUNESTYRE 1. Samansetjing og ansvarsområde Bømlo kommunestyre har etter vedtak i kommunestyret 16.12.02, sak 132/02, jf. Kommunelova 7 nr. 2 27 representantar. Kommunestyret

Detaljer

REGLEMENT FOR KOMMUNESTYRET

REGLEMENT FOR KOMMUNESTYRET REGLEMENT FOR KOMMUNESTYRET Vedteke av kommunestyret 22.9.2011 sak 60/2011. Innhald REGLEMENT FOR KOMMUNESTYRET... 1 1. VAL OG SAMANSETJING... 2 2. HOVUDARBEIDSOMRÅDET TIL KOMMUNESTYRET... 2 3. FØREBUING

Detaljer

Reglement for kommunestyret

Reglement for kommunestyret FJALER KOMMUNE Reglement for kommunestyret 1. Samansetjing Vedteke av Fjaler kommunestyre 17.12.2012, sak 116/12 Kommunestyret er samansett av 23 medlemer med varamedlemer valde av dei røysteføre innbyggjarane

Detaljer

Reglement for Hå kommunestyre, -formannskap og utvala

Reglement for Hå kommunestyre, -formannskap og utvala Reglement for Hå kommunestyre, -formannskap og utvala 1 2 Fotografiet på framsida er av Tord Paulsen. Han har dei siste åra tatt bilete frå Hå til bruk i bokverket om Hå kulturhistorie. Det kom to bøker

Detaljer

MØTEREGLEMENT FOR POLITISKE ORGAN

MØTEREGLEMENT FOR POLITISKE ORGAN MØTEREGLEMENT FOR POLITISKE ORGAN KAP. 1 FØREMÅL OG VIRKEOMRÅDE 1-1 Virkeområde Reglementet regulerer sakshandsaming og møteverksemda i folkevalde kommunale organ i Åseral kommune Reglementet gjeld for

Detaljer

Reglement for administrasjonsutvalet i Selje kommune

Reglement for administrasjonsutvalet i Selje kommune Reglement for administrasjonsutvalet i Selje kommune (Vedteke av Selje kommunestyre den 29. april 2009 Sak 027/09) 1. Val og samansetjing. Administrasjonsutvalet består av 10 personar med varamedlemar.

Detaljer

SOLUND KOMMUNESTYRE (Vedteke i Solund kommunestyre , K-sak 095/00)

SOLUND KOMMUNESTYRE (Vedteke i Solund kommunestyre , K-sak 095/00) REGLEMENT FOR SOLUND KOMMUNESTYRE (Vedteke i Solund kommunestyre 18.12.00, K-sak 095/00) 1. ARBEIDSOMRÅDE OG AVGJERDSMYNDE. Kommunestyret er kommunen sitt øverste organ og gjer vedtak på kommunen sine

Detaljer

Reglement for formannskap og næringsutval, plan- og forvaltningsstyre og administrasjonsutval

Reglement for formannskap og næringsutval, plan- og forvaltningsstyre og administrasjonsutval Reglement for formannskap og næringsutval, plan- og forvaltningsstyre og administrasjonsutval Sist revidert i sak 88/09 i kommunestyret den 26.11.09. Ansvarsområda til organa er innarbeidde i kommunen

Detaljer

REGLEMENT FOR Utval for Levekår

REGLEMENT FOR Utval for Levekår REGLEMENT FOR Utval for Levekår 1. SAMANSETJING OG VAL Utvalet skal ha 7 medlemar inklusiv leiar og nestleiar. Medlemane og varamedlemane skal veljast blant medlemane i kommunestyret i samsvar med prinsipp

Detaljer

MØTEREGLEMENT FOR POLITISKE ORGAN

MØTEREGLEMENT FOR POLITISKE ORGAN MØTEREGLEMENT FOR POLITISKE ORGAN VEDTEKE I KOMMUNESTYRET 08.03.2012 Innhald KAP. 1 FØREMÅL OG VIRKEOMRÅDE... 4 1-1 Virkeområde... 4 1-2 Møteprinsippet... 4 1-3 Høve for andre til å ta del i møta... 5

Detaljer

Seljord kommune Arkiv: 033 Saksnr.: 2016/114-1 Sakshand.: Kari Gro Espeland Direkte tlf.: Dato:

Seljord kommune Arkiv: 033 Saksnr.: 2016/114-1 Sakshand.: Kari Gro Espeland Direkte tlf.: Dato: Seljord kommune Arkiv: 033 Saksnr.: 2016/114-1 Sakshand.: Kari Gro Espeland Direkte tlf.: 35065106 Dato: 04.01.2016 Saksframlegg Utval Utvalssak Møtedato Formannskap/økonomiutval 14.01.2016 Kommunestyret

Detaljer

TYSNES KOMMUNE REGLEMENT FOR OPPVEKST/OMSORG

TYSNES KOMMUNE REGLEMENT FOR OPPVEKST/OMSORG TYSNES KOMMUNE REGLEMENT FOR OPPVEKST/OMSORG Vedteke i Tysnes kommunestyre 17. desember 1998 1 VAL OG SAMANSETJING Utvalet skal ha 7 medlemer med varamedlemer. Medlemene skal som hovudregel veljast mellom

Detaljer

MELAND KOMMUNE REGLEMENT FOR MELAND KOMMUNESTYRE Godkjent i Meland kommunestyre , sak 074/07

MELAND KOMMUNE REGLEMENT FOR MELAND KOMMUNESTYRE Godkjent i Meland kommunestyre , sak 074/07 MELAND KOMMUNE N-025.2 07/1276 07/8865 REGLEMENT FOR MELAND KOMMUNESTYRE Godkjent i Meland kommunestyre 05.09.07, sak 074/07 1. SAMANSETJING OG ANSVARSOMRÅDE Meland kommunestyre har, etter vedtak i kommunestyret

Detaljer

SKODJE KOMMUNE. Møtereglement for Skodje kommune. Vedteke i kommunestyret

SKODJE KOMMUNE. Møtereglement for Skodje kommune. Vedteke i kommunestyret SKODJE KOMMUNE Møtereglement for Skodje kommune Vedteke i kommunestyret INNHALD Reglement for Skodje kommunestyre s: 3 Reglement for Skodje formannskap s:12 Reglement for det faste planutvalet s: 16 Reglement

Detaljer

TYSNES KOMMUNE REGLEMENT FOR ADMINISTRASJONSUTVALET

TYSNES KOMMUNE REGLEMENT FOR ADMINISTRASJONSUTVALET TYSNES KOMMUNE REGLEMENT FOR ADMINISTRASJONSUTVALET Vedteke i Tysnes kommunestyre 17. desember 1998 1 VAL OG SAMANSETJING Utvalet skal ha 5 medlemer: 3 politikarar frå formannskapet og 2 medlemer som er

Detaljer

REGLEMENT FOR FYRESDAL KOMMUNESTYRE

REGLEMENT FOR FYRESDAL KOMMUNESTYRE REGLEMENT FOR FYRESDAL KOMMUNESTYRE Vedteke i kommunestyret 29.11.12 Reglement for kommunestyret gjeld tilsvarande for andre folkevalde organ, der dette ikkje er i strid med lover, føresegner eller vedtak

Detaljer

FELLES REGLEMENT FOR DEI POLITISKE ORGANA (K-sak 28/16)

FELLES REGLEMENT FOR DEI POLITISKE ORGANA (K-sak 28/16) FELLES REGLEMENT FOR DEI POLITISKE ORGANA (K-sak 28/16) 1.1 Føremål Føremålet med dette reglementet er: Gje hovudretningsliner for arbeidet i dei politiske organa Gje einsarta og like retningsliner for

Detaljer

REGLEMENT FOR HERØY KOMMUNESTYRE (K-sak 23/16) Kommunestyret er kommunen sitt øverste organ. Herøy kommunestyre har 33 medlemer.

REGLEMENT FOR HERØY KOMMUNESTYRE (K-sak 23/16) Kommunestyret er kommunen sitt øverste organ. Herøy kommunestyre har 33 medlemer. REGLEMENT FOR HERØY KOMMUNESTYRE (K-sak 23/16) Kommunestyret er kommunen sitt øverste organ. Herøy kommunestyre har 33 medlemer. Kommunestyret gjer vedtak på vegne av Herøy kommune dersom dette myndet

Detaljer

Politiske arbeidsformer

Politiske arbeidsformer Politiske arbeidsformer Utdrag av Rcf-!lement for styre, nemnder, rad og utval Volda kommune Nokre viktige ordningar 1 Forfall. Når ein medlem eller ein innkalla varamedlem har lovleg forfall til eit mote,

Detaljer

Reglement for utval for plan og miljø

Reglement for utval for plan og miljø Reglement for utval for plan og miljø Vedteke i Fitjar kommunestyre 23. april 2014. Revidert gjennom vedtak i Fitjar kommunestyre 21. desember 2016. 1 VAL OG SAMANSETJING Utvalet skal ha 5 medlemer med

Detaljer

Politisk reglement For Formannskapet. Vedteke av kommunestyret Sak 117/15

Politisk reglement For Formannskapet. Vedteke av kommunestyret Sak 117/15 Politisk reglement For Formannskapet Vedteke av kommunestyret Sak 117/15 1 Val og samansetjing a. Jølster formannskap skal ha 7 medlemmer med varamedlemmer, valde av kommunestyret i samsvar med reglane

Detaljer

Reglement for kommunestyret

Reglement for kommunestyret Austrheim kommune Austrheim / 08 Politisk organisering og styring / Reglement / Reglement for kommunestyret 1. Saksførebuing for kommunestyret. Ordføraren skal syta for at dei sakene som skal opp i kommunestyret

Detaljer

Forretningsorden for arbeidet i forskingsutvalet for Høgskulen i Volda

Forretningsorden for arbeidet i forskingsutvalet for Høgskulen i Volda 1 Forretningsorden for arbeidet i forskingsutvalet for Høgskulen i Volda Vedtatt av Forskingsutvalet i møte 21. januar 2014 i sak 03/2014 «Forretningsorden for Forskingsutvalet ved HVO». 1. Samansetjing

Detaljer

Reglement for kommunestyre og utval

Reglement for kommunestyre og utval Reglement for kommunestyre og utval Vedteke av kommunestyret 13.06.12, sak 043/12 1. Reglement for kommunestyre og utval 1.1. VAL OG SAMANSETNING Kommunestyret har 17 medlemmer og vert vald av kommunen

Detaljer

Del I - arbeidsreglement for folkevalde

Del I - arbeidsreglement for folkevalde Del I - arbeidsreglement for folkevalde 1. Kommunestyret 1.1 Val og samansetjing Kommunestyret har 17 medlemar med varamedlemar. Medlemane vert valde av dei innbyggjarane i kommunen som har røysterett

Detaljer

Politisk reglement For Utval. Vedteke av kommunestyret Sak 117/15

Politisk reglement For Utval. Vedteke av kommunestyret Sak 117/15 Politisk reglement For Utval Vedteke av kommunestyret Sak 117/15 1 Val og samansetjing a. Jølster kommune har to faste utval, Utvalet for oppvekst, kultur og helse (OKH) og Utvalet for plan og utvikling

Detaljer

Politisk reglement For Innsyn. Vedteke av kommunestyret Sak 117/15

Politisk reglement For Innsyn. Vedteke av kommunestyret Sak 117/15 Politisk reglement For Innsyn Vedteke av kommunestyret Sak 117/15 Kommunestyret og andre folkevalde organ sin rett til innsyn i saksdokument (innsynsreglementet) 1 Rett til innsyn i samsvar med dette reglementet

Detaljer

TYSNES KOMMUNE REGLEMENT FOR FORMANNSKAPET

TYSNES KOMMUNE REGLEMENT FOR FORMANNSKAPET TYSNES KOMMUNE REGLEMENT FOR FORMANNSKAPET Vedteke i Tysnes kommunestyre 17. desember 1998 1 VAL OG SAMANSETJING Utvalet skal ha 7 medlemer med varamedlemer, alle valde av kommunestyret i samsvar med kommunelova

Detaljer

Meland kommune REGLEMENT FOR MELAND KOMMUNESTYRE

Meland kommune REGLEMENT FOR MELAND KOMMUNESTYRE Meland kommune. ArkivsakID/ JpID: 15/1933 15/13694 Dato: 02.07.2015 REGLEMENT FOR MELAND KOMMUNESTYRE 1. SAMANSETJING OG ANSVARSOMRÅDE Meland kommunestyre har, etter vedtak i kommunestyret 19.06.78, 27

Detaljer

Reglement for Skjåk kommunestyre

Reglement for Skjåk kommunestyre [Skriv inn tekst] Reglement for Skjåk kommunestyre Vedteke i Skjåk kommune 01.12.2016, sak 99/16 Skjåk kommune Reglement for Skjåk kommunestyre Vedteke i Skjåk kommunestyre 01.12.2016, sak 99/16 Innhald

Detaljer

Reglement for formannskapet. Vedteke i kommunestyret , sak K-13/109

Reglement for formannskapet. Vedteke i kommunestyret , sak K-13/109 Reglement for formannskapet Vedteke i kommunestyret 26.9.2013, sak K-13/109 INNHALD: 1 Val og samansetting... 3 2 Ansvarsområde... 3 3 Saker der utvalet har avgjerdsmakt... 3 4 Saker der utvalet har ytringsrett...

Detaljer

TYSNES KOMMUNE REGLEMENT FOR KOMMUNESTYRET

TYSNES KOMMUNE REGLEMENT FOR KOMMUNESTYRET TYSNES KOMMUNE REGLEMENT FOR KOMMUNESTYRET Vedteke i Tysnes kommunestyre 17. desember 1998 Revidert 19. desember 2002 1 SAMANSETJING OG MYNDE Tysnes kommunestyre har 21 representantar, jf. lova sin 7 pkt.

Detaljer

Politisk reglement For Kommunestyret. Vedteke av kommunestyret Sak 117/15

Politisk reglement For Kommunestyret. Vedteke av kommunestyret Sak 117/15 Politisk reglement For Kommunestyret Vedteke av kommunestyret Sak 117/15 1 Kommunestyret arbeids- og ansvarsområde a. Kommunestyret er det øvste politiske organet i Jølster kommune, og arbeidet skjer i

Detaljer

REGLEMENT FOR SEKTORUTVAL FOR SKULE- OG KULTUR

REGLEMENT FOR SEKTORUTVAL FOR SKULE- OG KULTUR REGLEMENT FOR SEKTORUTVAL FOR SKULE- OG KULTUR VEDTEKE AV STRYN KOMMUNESTYRE 07.09.99. 1. VAL OG SAMANSETTING Sektorutvalet for skule- og kultur skal ha 7 medlemer valde av kommunestyret mellom kommunestyret

Detaljer

Reglement for Formannskapet

Reglement for Formannskapet Reglement for Formannskapet Vedteke i Fitjar kommunestyre 23. april 2014. 1 VAL OG SAMANSETJING Formannskapet skal ha 5 ( +2) medlemer med varamedlemer, alle valde av kommunestyret i samsvar med kommunelova

Detaljer

HEMSEDAL KOMMUNE HEMSEDAL KOMMUNE. Reglement for folkevalde i Hemsedal kommune. Vedtatt i kommunestyret i sak 47/16

HEMSEDAL KOMMUNE HEMSEDAL KOMMUNE. Reglement for folkevalde i Hemsedal kommune. Vedtatt i kommunestyret i sak 47/16 HEMSEDAL KOMMUNE Reglement for folkevalde i Hemsedal kommune Vedtatt i kommunestyret i sak 47/16 1 Innhald 1. Innleiing... 4 1.1. Kven gjelder reglementet for?... 4 2. Møteprinsippet... 4 2.1. Tidspunkt

Detaljer

Reglement for. Kommunestyret i Vågå. Vedteke av Vågå kommunestyre 12. desember 2012 sak 11/13

Reglement for. Kommunestyret i Vågå. Vedteke av Vågå kommunestyre 12. desember 2012 sak 11/13 Reglement for Kommunestyret i Vågå Vedteke av Vågå kommunestyre 12. desember 2012 sak 11/13 Innhald 1. KOMMUNESTYRET, ROLLE OG OPPGÅVER... 3 2. FØREBUING, INNKALLING OG UTLEGGING AV DOKUMENT... 4 3. GJENNOMFØRING

Detaljer

Reglement for kontrollutvalet i Selje kommune (Vedteke av Selje kommunestyret den 29. april 2009, sak 030/09)

Reglement for kontrollutvalet i Selje kommune (Vedteke av Selje kommunestyret den 29. april 2009, sak 030/09) Reglement for kontrollutvalet i Selje kommune (Vedteke av Selje kommunestyret den 29. april 2009, sak 030/09) 1. Val og samansetjing (kommunelova 77 nr. 1,2 og 3) Medlemane i kontrollutvalet i Selje kommune

Detaljer

HERØY KOMMUNE REGLEMENT FOR FORMANNSKAPET. Vedtatt av kommunestyret (K-sak 22/16)

HERØY KOMMUNE REGLEMENT FOR FORMANNSKAPET. Vedtatt av kommunestyret (K-sak 22/16) HERØY KOMMUNE REGLEMENT FOR FORMANNSKAPET Vedtatt av kommunestyret 21.06.16 (K-sak 22/16) REGLEMENT HERØY FORMANNSKAP 1. Saksområde forberedelse. Formannskapet avgjør de saker som kommunestyret har gitt

Detaljer

FORRETNINGSORDEN FOR ARBEIDET I STYRET FOR HØGSKULEN I VOLDA

FORRETNINGSORDEN FOR ARBEIDET I STYRET FOR HØGSKULEN I VOLDA FORRETNINGSORDEN FOR ARBEIDET I STYRET FOR HØGSKULEN I VOLDA Fastsett av styret for Høgskulen i Volda 19.9.1996 og revidert 10.9.1998 og 22.9.2011. Reglane blir fastsette med heimel i 9-4 nr. 9 i lov av

Detaljer

Håndbok. Reglementer og retningslinjer for styrer råd og utvalg Reglement for kommunestyret

Håndbok. Reglementer og retningslinjer for styrer råd og utvalg Reglement for kommunestyret Side: 1. av 9 1. Valg og sammensetning. Kommunestyret velges etter regler fastsatt i valgloven. Valget gjelder for 4 år. Kommunestyrets medlemstall er 29. 2. Virkeområde. Kommunestyret er ns øverste politiske

Detaljer

UPU skal vere referansegruppe i fylkeskommunen sitt arbeid med planar og saker som vedkjem barn og unge.

UPU skal vere referansegruppe i fylkeskommunen sitt arbeid med planar og saker som vedkjem barn og unge. Vedtekter for ungdomspolitisk utval (UPU) i Sogn og Fjordane Vedtatt på fylkesting for ungdom på Skei i Jølster den 0.0.0. Endra på fylkesting for ungdom på Skei i Jølster den.0.0. 1 Føremål Ungdomspolitisk

Detaljer

REGLEMENT FOR VALSTYRET

REGLEMENT FOR VALSTYRET REGLEMENT FOR VALSTYRET Vedteke av Fellesnemnda sak 18/2018, 20.09.2018 Innhald Kapittel 1 Rettsleg grunnlag, samansetting og val... 3 Kapittel 2 Valstyret sitt ansvar, oppgåver og delegering... 3 Kapittel

Detaljer

Reglement for Tysvær kommunestyre for perioden Vår ref 14472/2011

Reglement for Tysvær kommunestyre for perioden Vår ref 14472/2011 Reglement for Tysvær kommunestyre for perioden2011-2014 Vår ref 14472/2011 REGLEMENT FOR TYSVÆR KOMMUNESTYRE Dette reglementer er vedtatt av Tysvær kommunestyre i møte 18.10.2011. Reglementet kan berre

Detaljer

REGLEMENT FOR POLITISKE UTVAL

REGLEMENT FOR POLITISKE UTVAL REGLEMENT FOR POLITISKE UTVAL Vedteke i Kommunestyret Dato : 18.2.2004 Sak : 04/2004 15.11.03 - Reglement for politiske utval 2003 2007 K-sak? - side 1 1. KOMMUNESTYRET OG ANDRE FOLKEVALDE ORGAN SIN RETT

Detaljer

Komiteene gir normalt innstilling i alle andre saker, og i saker som kommunestyret forøvrig krever utredet.

Komiteene gir normalt innstilling i alle andre saker, og i saker som kommunestyret forøvrig krever utredet. F:\HJEMMESIDE\Reglement for kommunestyret.doc REGLEMENT FOR INDERØY KOMMUNESTYRE 1.A Sammensetning Inderøy kommunestyre består av 27 representanter. 1.B Forberedelse av saker for kommunestyret. Rådmannen

Detaljer

Reglement for Nissedal kommunestyre (Vedteke i kommunestyresak 12/13)

Reglement for Nissedal kommunestyre (Vedteke i kommunestyresak 12/13) Reglement for Nissedal kommunestyre (Vedteke i kommunestyresak 12/13) Innhaldsliste: 1. Medlemstalet s. 3 2. Mynde til kommunestyret s. 3 3. Kommunestyret si arbeidsform s. 3 4. Ad-hoc utval s. 3 5. Saksordførar

Detaljer

REGLEMENT FOR TELEMARK FYLKESTING. Sist endra , sak 45/16.

REGLEMENT FOR TELEMARK FYLKESTING. Sist endra , sak 45/16. REGLEMENT FOR TELEMARK FYLKESTING Sist endra 07.06.2016, sak 45/16. 1 - VAL OG SAMANSETJING 1. Fylkestinget har 41 medlemmer med varamedlemmer. Fylkestinget vert valt av dei røysteføre innbyggjarane i

Detaljer

Forretningsorden Kommunestyresak 46/15 i møte 16.06.15

Forretningsorden Kommunestyresak 46/15 i møte 16.06.15 Forretningsorden Kommunestyresak 46/15 i møte 16.06.15 1. Navneopprop, møtet settes Når møtetiden er nådd, sørger møtelederen for at det foretas navneopprop. Er det lovmessig minste antall til stede, erklæres

Detaljer

AVERØY KOMMUNESTYRE REGLEMENT FOR VIRKSOMHETEN. Vedtatt i kommunestyret sak 0091/06

AVERØY KOMMUNESTYRE REGLEMENT FOR VIRKSOMHETEN. Vedtatt i kommunestyret sak 0091/06 AVERØY KOMMUNESTYRE REGLEMENT FOR VIRKSOMHETEN. Vedtatt i kommunestyret 19.12.2006 sak 0091/06 1. Forberedelser av saker for kommunestyret Kommunestyret holder sine møter på de tidspunkt som kommunestyret

Detaljer