Helse-og sosialutval Møteinnkalling Møtedato: 13.04.2016 Møtestad: Hertugen, Operahuset Møtetid: Kl. 13:00 Sakliste Sak nr. Saktittel 014/16 Godkjenning av innkalling og saksliste 015/16 Godkjenning av møteprotokoll 016/16 Referatsaker 017/16 Orienteringssaker til helse- og sosialutvalet 2015-2019 - 13.04.2016 018/16 Samarbeidsavtalar til slutthandsaming og underskrift. Eid kommune og Helse Førde. 019/16 Årsrapport 2015 Eid kommune Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melda frå så snart råd er til post@eid.kommune.no eller tlf. 57 88 58 00, slik at varamedlem kan bli innkalla. Varamedlemer møter etter nærare innkalling. Dokument som ikkje er tilsendt, kan du få kopi av på rådhuset. Dokument som ikkje er offentlege, vil bli utleverte i møtet. Dersom medlemene på førehand ønskjer å gjere seg kjent med innhaldet i desse dokumenta, er dei tilgjengelege på rådhuset. Eid kommune 06.04.2016 Lars-Svein Drabløs leiar
Kari Krogh Kommunalsjef
Møtebok SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Saksansv. Helse-og sosialutval 13.04.2016 014/16 JEA Avgjerd av: Saksansv.: Janne Endal Andersson Arkiv: Namn-, Namn- Objekt: Arkivsaknr 16/663 GODKJENNING AV INNKALLING OG SAKSLISTE RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Innkalling og sakliste 13.04.2016 vert godkjent.
Møtebok SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Saksansv. Helse-og sosialutval 13.04.2016 015/16 JEA Avgjerd av: Saksansv.: Janne Endal Andersson Arkiv: Namn-, Namn- Objekt: Arkivsaknr 16/664 GODKJENNING AV MØTEPROTOKOLL RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Møteprotokollen frå møte 17.03.2016 vert godkjent.
Møtebok SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Saksansv. Helse-og sosialutval 13.04.2016 016/16 JEA Avgjerd av: Saksansv.: Janne Endal Andersson REFERATSAKER Arkiv: Namn-, Namn- Objekt: Arkivsaknr 16/662 Nr Dok.ID T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 16/3065 I 03.03.2016 Husbanken Tildeling av startlån, tilskot til etablering og tilskot til tilpassing av bustad for 2016 RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Refererte saker vert tekne til etterretning slik dei ligg føre.
Møtebok SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Saksansv. Helse-og sosialutval 13.04.2016 017/16 ÅKR Avgjerd av: Saksbehandler: Åslaug Krogsæter Arkiv: 033 Objekt: Arkivsaknr 15/1865 Orienteringssaker til helse- og sosialutvalet 2015-2019 - 13.04.2016 1. Status når det gjeld omsorgssenter. 2. Orientering om prosjekt når det gjeld førebuing til flytting til nytt omsorgssenter i 2017, og bruken av t.d. Eid Eldretun vidare etter flyttinga. 3. Status i høve til omorganisering i vernepleietenesta. Tilsetting av avdelingsleiar. 4. Evt. RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Orienteringa vert teken til vitande. Åslaug Krogsæter -rådmann-
Møtebok SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Saksansv. Helse-og sosialutval 13.04.2016 018/16 KKR Formannskapet 21.04.2016 KKR Kommunestyret 28.04.2016 KKR Avgjerd av: Saksbehandler: Kari Krogh Arkiv: Objekt: G Arkivsaknr 16/645 Samarbeidsavtalar til slutthandsaming og underskrift. Eid kommune og Helse Førde. Prenta vedlegg: Framlegg til avtalar med Helse Førde HF: 1. Delavtale om tilvising, innlegging og utskriving 2. Delavtale om pasienttransport 3. Delavtale om samarbeid om den akuttmedisinske kjeden Uprenta vedlegg: Rutinar, vedlegg til delavtale om den akuttmedisinske kjeden (delar av vedlegget er unnateke off.) Bakgrunn for saka: Rammeavtale mellom Helse Førde og kommunane i Sogn og Fjordane Sak i Koordineringsrâdet 10.09.15 Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.: Helse- og omsorgstenestelova Spesialisthelsetenestelova Saksutgreiing: I inngâtt rammeavtale med Helse Førde er det bestemt at det skal utarbeidast delavtalar på m.a. desse omrâda: 1. Tilvising, innlegging og utskriving
2. Pasienttransport 3. Samarbeid om den akuttmedisinske kjeden Nr 1 og 3 er også obligatoriske etter lovverket, og det eksisterer avtalar på desse omrâda frâ tidlegare. Det Iigg no føre framlegg til nye, reviderte avtalar. Nr 2 har partane i rammeavtalen blitt samde om å utarbeide, og denne er ny. Tilvising. innlegging og utskriving Helse Førde og kommunane i fylket har i dag følgjande avtalar innan dette omrádet: Delavtale om tilvising og utskriving. Her gjeld kapitlet om utskriving berre for psykisk helsevern. Delavtale om utskriving: Denne gjeld somatikk. Ei felles arbeidsgruppe har utarbeidd framlegg til eit revidert avtaleverk, som omfattar tilvising, innlegging og utskriving i høve til heile helse- og omsorgstenesta (dvs både somatikk og psykiske helsetenester): Avtalen regulerer - på eit relativt konkret plan - kva rutinar partane skal ha når det gjeld kommunikasjon og samhandling. Det har i fleire samanhengar vorte framheva at dette er nyttig og naudsynt, jfr m.a. rapport frå erfaringskonferanse i november 2014.. Avtaleframlegget har vore handsama i avtaleutvalet, fagrådet og koordineringsrådet hausten 2015. Ei av årsakene til at det har teke tid med vidare oppfølging, er at det har vore gjort freistnad på å kvalitetssikre klausulen om innhenting av tilleggsinformasjon ved mangelfull tilvising. Klausulen er no utforma slik at den ikkje vil vere i strid med gjeldande regelverk. Delavtalen går no til endeleg handsaming og underskrift hos partane. Pasienttransport Også her har ei arbeidsgruppe med representantar for partane utarbeidd eit avtaleframlegg med bakgrunn i gjeldande rammeavtale. Avtalen avklarar partane sitt ansvar og inneber forplikting til visse rutinar der det tidlegare kan ha vore ein del uvisse og varierande praksis. Avtaleframlegget har vore handsama i avtaleutvalet, fagrådet og koordineringsrådet hausten 2015. Avtalen er samordna med delavtale om tilvising, innlegging og utskriving. Grunnen til at det har teke tid med vidare oppfølging, er at det har vore ønske om å leggje fram desse avtalane til same tid. Delavtalen gâr no til endeleg handsaming og underskrift hos partane. Samarbeid om den akuttmedisinske kjeda Helse Førde har sidan 2012 hatt ein avtale med kommunane i Sogn og Fjordane om samarbeid om den akuttmedisinske kjeda. Dette er ein av del av dei obligatoriske avtalane etter helse- og omsorgstenestelova. Avtalen vart utarbeidd i løpet av kort tid, og det har vore føresetnaden at avtalen seinare skulle reviderast og konkretiserast. Ei felles arbeidsgruppe har utarbeidd framlegg til revidert delavtale og rutinar for bruk av naudnettet, godkjent i koordineringsrådet den 04.09.14. Rutinane er vedlegg til avtaleframlegget (uprenta vedlegg i denne saka).sentrale styresmakter ønskjer at inngåing av avtalar lokalt på dette omrâdet skal vere høgt prioritert., m.a. som grunnlag for ei felles planlegging av dei akuttmedisinske tenestene. For oppfølging av avtalen, arbeid med utfyllande rutinar, samarbeid om opplæring m.v., er
det framlegg om etablering av eit felles akuttmedisinsk forum i fylket. Avtaleframlegget har vore handsama i avtaleutvalet, fagrâdet og koordineringsrâdet hausten 2015. Ein grunn til at det har teke ein del tid med vidare oppfølging, er at Helse Vest i ettertid har innført felles triagesystem for helseføretaka, og det har vore naudsynt a gjere tilpassing til dette i avtaleteksten. Delavtalen gâr no til endeleg handsaming og underskrift hos partane. Vurdering: Alle avtaleframlegga er ei oppfølging av føresetnader nedfelt i gjeldande rammeavtale mellom kommunen og Helse Førde. Avtalane må og vurderast som naudsynte for a tilfredsstille krava i helse- og omsorgstenestelova 6, om samarbeidsavtalar mellom spesialist- og kommunehelsetenesta, på ein god måte. Rådmannen ser det som viktig at kommunen inngår desse avtalane med Helse Førde. Avtalane har vorte grundig vurderte i avtaleutvalet, fagrådet og koordineringsrådet i tillegg til felles arbeidsgrupper. Avtaleutvalet, fagrådet og koordineringsrådet er felles samhandlingsarenaer for kommunane og Helse Førde. Det er ønskjeleg at desse avtalane er mest mogleg like frä kommune til kommune. Rådmannen vurderer avtaleframlegga som tenlege for a fremje samhandlinga på viktige område, og vil tilrå at kommunen skriv under på avtalane slik dei ligg føre. RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Eid kommune inngår følgjande avtalar med Heise Førde HF i samsvar med vedlegg til saka: 1. Delavtale om tilvising, innlegging og utskriving 2. Delavtale om pasienttransport 3. Delavtale om samarbeid om den akuttmedisinske kjeda Åslaug Krogsæter -rådmann-
Møtebok SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Saksansv. Eid ungdomsråd 12.04.2016 012/16 OST Oppvekst- og kulturutvalet 12.04.2016 023/16 OST Eid Eldreråd 12.04.2016 016/16 OST Eid råd for funksjonshemma 13.04.2016 OST Helse-og sosialutval 13.04.2016 019/16 OST Teknisk-og samfunnsutval 13.04.2016 OST Arbeidsmiljøutvalet 21.04.2016 OST Finansutvalet 21.04.2016 OST Formannskapet 21.04.2016 OST Administrasjonsutvalet 21.04.2016 OST Kommunestyret 28.04.2016 OST Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandler: Ole Starheim Årsrapport 2015 Eid kommune Arkiv: 004 Objekt: Arkivsaknr 16/793 Prenta vedlegg: Årsrapport 2015 kommunal tenesteyting Årsrapport investeringsprosjekt pr 31.12.15 Saksutgreiing: Rådmann viser til vedlagde årsrapportar for 2015. RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Årsrapport 2015 for Eid kommune vert teke til vitande.
Åslaug Krogsæter -rådmann-
Side 1 av12