Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING Utval: KOMMUNESTYRE Møtestad: KOMMUNESTYRESALEN Møtedato: 16.12.2013 Kl. 10.00 Eventuelt forfall skal meldast til tlf. 55 08 10 00 Offentleg servicekontor. Varamedlemmar møter berre etter nærare innkalling frå administrasjonen. Møte er ope for tilhøyrarar. Saksdokument er lagde ut til offentleg gjennomsyn på Offentleg servicekontor. SAKLISTE Sak nr. Saktittel 135/13 Søknad om permisjon fra politiske verv resten av valperioden 2011-2015 Storebø, 11.12.2013 Renate Møgster Klepsvik Ordførar Side 1 av1
SAKSFRAMLEGG Saksnr Utval Møtedato Sakshandsamar 135/13 KOMMUNESTYRE 16.12.2013 Wenche Gloppen Arkivsaknr. 11/1906 Arkiv: FE-080 Søknad om permisjon fra politiske verv resten av valperioden 2011-2015 Tilråding frå rådmannen: Saka vert lagt fram utan tilråding. Vedlagte saksdokument: Dok.dato Tittel 10.12.2013 Jannike Elholm Østervold - søknad om permisjon.doc 24.01.2013 Søknad om utvida permisjon frå folkevalde verv i kommunen Bakgrunn for saka: Austevoll kommune mottok 10.12.2013 søknad datert 05.12.2013 frå Jannike Elholm Østervold om permisjon frå politiske verv ut valperioden når vedtak om permisjon frå politiske verv går ut frå januar 2014. Søknad er lagt inn som vedlegg. Det vert elles synt til vedlagte saksframlegg og vedtak frå kommunestyremøtet 07.02.2013 i sak 011/2013: Vedtak: Austevoll kommunestyre gjev Jannike Elholm Østervold fritak som omsøkt. Austevoll kommunestyre hald fast på dei mellombelse vala i sak 171/11.
Vurdering: I kommunelova 15 heiter det i pkt. 2: Kommunestyret og fylkestinget kan etter søknad frita, for et kortere tidsrom eller resten av valgprioden, den som ikke uten uforholdsmessig vanskelighet eller belastning kan skjøtte sine plikter i vervet. Jannike Elholm Østervold er medlem av kommunestyret, formannskap og varamedlem til administrasjonsutvalet frå Framstegpartiet. Saka vert lagt fram utan tilråding.
Jannike Elholm Østervold Torangsvåg 05.12.13 5384 Torangsvåg Austevoll kommunestyre 5392 Storebø Søknad om fritak frå politiske verv. Eg søkjer med dette fritak frå alle dei politiske verva mine når gjeldande morspermisjon går ut på nyåret. Med små tvillingjenter og ein mann som reiser på sjøen store delar av året, vert det vanskeleg for meg å fylgja opp dei plikter og det ansvaret ein har som folkevald. Kommunelovas 15-2 seier at «kommunestyret og fylkestinget kan etter søknad frita, for et kortere tidsrom eller resten av valperioden, den som ikkje utan uforholdsmessig vanskelighet eller belastning kan skjøtte sine plikter i vervet.» Eg vonar at kommunestyret kan sjå dei familiære utfordringane mine, og gje meg fritak ut valperioden etter denne paragrafen. Eg ber om at kommunestyret imøteser søknaden min. Med helsing Jannike Elholm Østervold
SAKSFRAMLEGG Saksnr Utval Møtedato Sakshandsamar 011/13 KOMMUNESTYRE 07.02.2013 Astrid Norunn Fagerbakke Arkivsaknr. 11/1906 Arkiv: FE- Søknad om utvida permisjon frå folkevalde verv i kommunen 07.02.2013 KOMMUNESTYRE Handsaming i møtet: Framlegg frå Frp v/jostein Blænes: Austevoll kommunestyre gjev Jannike Elholm Østervold fritak som omsøkt. Austevoll kommunestyre hald fast på dei mellombelse vala i sak 171/11. Framlegget vart samrøyses vedteke. KST-011/13 Vedtak: Austevoll kommunestyre gjev Jannike Elholm Østervold fritak som omsøkt. Austevoll kommunestyre hald fast på dei mellombelse vala i sak 171/11. Tilråding frå rådmannen: Saka vert lagt fram utan tilråding. Vedlagte saksdokument: Dok.dato Tittel 24.01.2013 Søknad om utvida permisjon frå verv i kommunen til januar 2014 15.11.2011 Søknad om permisjon fra folkevalde verv - suppleringsval 21.12.2011 Nytt valoppgjerd for Framstegpartiet
Bakgrunn for saka: Jannike Elholm Østervold fekk i kommunestyremøte 12.12.11, sak 171/11, permisjon frå folkevalde verv frå 01.01.12-01.06.13. Ho søkjer no om å få utvida permisjon fram til januar 2014. Til orientering ligg ved søknad frå Jannike Elholm Østervold og saksframlegg til sak 171/ll der det vart gjort slikt vedtak: Jannike Elholm Østervold får permisjon frå folkevalde verv frå 01.01.2012 01.06.2013. Austevoll kommunestyre veljer Olav Njåstad som Frp sin 6. varamedlem til formannskapet og Olav Jarnes som varamedlem til administrasjonsutvalet. Austevoll valstyre føretek nytt valoppgjerd for å supplera varamedlemslista frå Frp til kommunestyre. Vurdering: I valstyre, sak 01/12 i møte 24.01.12, vart det gjort slikt vedtak: Austevoll valstyre vedtek med tilvising til 14-2 (2) i vallova at Eivind Nyheim vert ny 13. varamedlem frå Framstegpartiet til kommunestyret i tida 1. januar 2012 til 1. juni 2013. Saksframlegget ligg ved som vedlegg. Dersom kommunestyre veljer å forlenga permisjonen fram til januar 2014 må det føretakast suppleringsval.