MØTEPROTOKOLL Utval: Komite for oppvekst Stad: Herøy rådhus, Formannskapssalen Dato: 27.01.2016 Tid: 14:30 16:30 Medlemer som møtte: Birgitte Sævik Pedersen Leder KRF Edel Kvalsund Goksøyr Medlem KRF Oddmund Voldsund Medlem H Rakel Anett Gjelseth Nestleder AP Jarle Digernes Medlem AP Paul Johan Remøy Medlem FOLK/SP Forfall: Jan Arve Drabløs MEDL H Varamedlemer som møtte: Marthe Vågsholm Sævik Jan Arve Drabløs H Andre: Skulesjef Sølvi Lillebø Remøy Eigedomsleiar Robert Myklebust Barnehageleiar Laila Kvalsund Solhaug Politisk sekretær Brit Berge Til å skrive under protokollen saman med ordføraren/leiaren vart desse valde: Edel Kvalsund Goksøyr og Oddmund Voldsund. Orienteringar: Møtet starta med orientering om reglementet og mandatet til komiteen og drøfting om kva forventningar ein har til arbeidet i komiteen. Skuleleiar Sølvi Lillebø Remøy møtte og orienterte om strategi for skuleutvikling Herøyskulen ein los i leida. Eigedomsleiar Robert Myklebust møtte og orienterte om byggeprosjekt og komiteen si rolle i prosjektarbeid.
underskrifter Edel Kvalsund Goksøyr Birgitte Sævik Pedersen Oddmund Voldsund
SAKLISTE: Saksnr PS 1/16 PS 2/16 PS 3/16 PS 4/16 PS 5/16 Innhold Godkjenning av innkalling og sakliste Protokoll frå førre møte Referatsaker Vedtekter for kommunale barnehagar. Forslag om endringar. Orientering om tilsyn etter barnehagelova i private barnehagar PS 6/16 Tertialrapportering pr 01.01.2016. RS 1/16 Referatsaker Orientering - reglement for komite for oppvekst RS 2/16 Presentasjon - strategi for skuleutvikling - særutskrift K-sak 8/15 RS 3/16 Komiteens rolle i byggeprosjekt generelt - orientering v/eigedomsavdelinga RS 4/16 RS 5/16 Status og vidare framdrift for prosjekt 61521 - Leikanger skule og grendahus - tilbygg og rehabilitering - eigedomsavdelinga Endringar i barnehagelova - barn med særlege behov - Høyringsuttale frå Herøy kommune
PS 1/16 GODKJENNING AV INNKALLING OG SAKLISTE Ingen hadde merknader til innkalling og sakliste.. PS 2/16 PROTOKOLL FRÅ FØRRE MØTE Protokoll frå førre møte låg føre. PS 3/16 REFERATSAKER Referatskriv frå avdelingane låg føre og vert tekne til vitande. PS 4/16 VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR. FORSLAG OM ENDRINGAR. Barnehageleiar Laila Kvalsund Solhaug møtte og orienterte og svarte på spørsmål. Krf kom med slike framlegg til endringar i tilrådinga frå rådmannen: Tillegg til ny 7pkt. d: Foreldrebetaling vert krevd for elleve månader. Endring av 8 pkt. c: Det vert rekna som overtid når opphaldstida for ein dag overstig opningstida. Det vert krevd overtidsbetaling av foreldra når borna vert henta etter stengetid. Rådmannen si tilråding med framlagde endringar vart samrøystes vedteken. Tilråding i Komite for oppvekst - 27.01.2016 Kommunestyret godkjenner vedtekter for kommunale barnehagar med dei endringar som rådmannen og komite for oppvekst foreslår: (alle endringar har «nytt punkt» eller «rådmannen foreslår å stryke punktet» skrive føre endringsteksta) Endringsforslaga finn ein i 6 f, 7 a, d, 8 a, b, c, d,10 b, e, 11d, 14, 15, 16 og 17.
PS 5/16 ORIENTERING OM TILSYN ETTER BARNEHAGELOVA I PRIVATE BARNEHAGAR Barnehageleiar Laila Kvalsund Solhaug møtte og orienterte og svara på spørsmål. Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteken. Tilråding i Komite for oppvekst - 27.01.2016 Orientering om tilsyn i private barnehagar vert teken til vitande. PS 6/16 TERTIALRAPPORTERING PR 01.01.2016. Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteken. Tilråding i Komite for oppvekst - 27.01.2016 Kommunestyret har ikkje merknader til tertialrapporten slik han ligg føre. MØTET SLUTT!
REFERATSAKER RS 1/16 Orientering - reglement for komite for oppvekst RS 2/16 Presentasjon - strategi for skuleutvikling - særutskrift K-sak 8/15 Særutskrift K-sak 8/15: Strategi for skuleutvikling 30.01.2015 00:00:00 Skuleavdelinga RS 3/16 Komiteens rolle i byggeprosjekt generelt - orientering v/eigedomsavdelinga RS 4/16 Status og vidare framdrift for prosjekt 61521 - Leikanger skule og grendahus - tilbygg og rehabilitering - eigedomsavdelinga RS 5/16 Endringar i barnehagelova - barn med særlege behov - Høyringsuttale frå Herøy kommune Endringar i barnehagelova - barn med særlege behov - Høyringsuttale frå Herøy kommune 11.01.2016 00:00:00 Laila Kvalsund Solhaug