Utviklingsavdelinga SAKSPROTOKOLL Sakshandsamar: BSS Arkivsaknr: 2014/1485 Arkiv: L12 Utvalsaksnr Utval Møtedato 168/15 Formannskapet 08.09.2015 106/15 Kommunestyret 24.09.2015 DETALJREGULERINGSPLAN FOR GNR. 37, BNR. 222 MFL. EGGESBØ - HANDSAMING ETTER OFFENTLEG ETTERSYN SLUTTHANDSAMING Tilråding frå rådmannen: Møtebehandling: Saka vart handsama som nummer to i møtet. Planleggar Berit Sandvik Skeide møtte og orienterte. Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteken. Tilråding i Formannskapet - 08.09.2015 Møtebehandling: Formannskapet si tilråding vart samrøystes vedteken:
Vedtak i Kommunestyret - 24.09.2015 Særutskrift: - Plot arkitekter as, Storledbakken, 6003 ÅLESUND - Barstadklær as, ved Egil Giørtz, Eggesbøvegen, 6092 FOSNAVÅG Side 2 av 5
Vedlegg, prenta: 1. Reguleringsplankart, datert 29.4.2015. 2. Reguleringsføresegner, datert 29.4. 2015, sist revidert 4.8.2015. 3. Planomtale, datert 29.4.2015. Uttale frå Møre og Romsdal fylkeskommune, datert 2.7.2015. 4. Uttale frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal, datert 2.7.2015. Vedlegg, ikkje prenta: 1. Uttale frå Statens vegvesen, datert 4.6.2015 2. Uttale frå Noregs vassdrags- og energidirektorat, datert 10.6.2015. Bakgrunn: Plot arkitekter as søkte på vegne av Barstadklær AS om oppstart av reguleringsplanarbeid for eit mindre område på Eggesbø i september 2014. Søknaden vart handsama i formannskapet 14.10. 2014, sak 162/14. Planarbeidet vart kunngjort igongsett medio oktober 2014. I samband med oppstart av arbeidet, kom det inn 6 innspel. Utgangspunktet for planarbeidet har vore å leggje til rette for ei utviding av eksisterande Kiwi-butikk. Målet med reguleringsplanarbeidet har vore å få utvida regulert byggjeareal inn på regulert parkeringsareal, samt å leggje til rette for opparbeiding av fortau langs Eggesbøvegen i samsvar med nyleg vedtekne reguleringsplan for nabotomta. Formannskapet vedtok i møte 19.5.2015, sak 94/15, å leggje reguleringsplanforslag for gnr. 37, bnr. 222 mfl. ut til offentleg ettersyn i seks veker. Saksopplysningar: Innan høyringsfristen kom det 4 uttalar til planarbeidet. Møre og Romsdal fylkeskommune (FK), meiner utviding av detaljhandelsarealet i området er i strid med Rikspolitisk bestemming (RPB) om kjøpesenter. FK viser til fylkesdelplan om kjøpesenter, som er ein ny regional delplan vedteken etter at planen vart lagt ut til offentleg ettersyn. FK meiner planomtalen gjer godt greie for den uoversiktlege plansituasjonen i området. Med utgangspunkt i kva som allereie er opna for av detaljhandel i tilgrensande planar, ser ikkje fylkeskommunen at ei viss utviding av eksisterande KIWI-butikk som svært utfordrande. FK peikar på at det ikkje er noko i føresegnene som stengjer for at heile bygningsmassen kan nyttast til eitt av dei kombinerte føremåla. FK peikar vidare på at forretning heller ikkje avgrensar som plasskrevande varer, slik at tiltakshavar sin kommentar til merknader ved oppstart kan gi inntrykk av. FK viser til at bygningane sitt fotavtrykk samla er lik 1300 m 2. Under føresetnad av tre plan, er det etter FK sit vurdering opna for 3900 m 2 detaljhandel. FK konkluderer i uttalen med at reguleringsplanen kan eigengodkjennast under føresetnad av at opninga for detaljhandel vert avgrensa til arealet av eitt plan innanfor byggjeformåla, fortrinnsvis gateplan. Dersom det ikkje vert gjort vil dei ha motsegn til reguleringsplanen. Fylkeskommunen informerer avslutningsvis om at dei føreset at det vert søkt til Fylkesmannen for fråvik av RPB om kjøpesenter. Side 3 av 5
Kommentar: Kommunen har vore i dialog med Plot arkitekter as vedrørande avgrensing av areal til detaljhandel. Konsulent har endra føresegnene til planen, slik at det vert stilt krav om at berre første etasje skal vere detaljhandel, sjå vedlegg 2. Reguleringsplanforslaget kan etter kommunen si vurdering eigengodkjennast. Fylkesmannen i Møre og Romsdal (FM), melder at dei ikkje vil fremje motsegn mot reguleringsplanen, ut i frå at tiltaket utgjer kun ei avgrensa utviding av arealet til den eksisterande butikken. Kommentar: Ingen kommentar. Statens vegvesen, datert 4.6.2015 og Noregs vassdrags- og energidirektorat, har ikkje merknad til planen. Vurdering: Forslag til reguleringsplan for gnr. 37, bnr. 222 mfl. har lege ute til offentleg ettersyn. Fylkeskommunen har gitt signal om at planen kan eigengodkjennast, dersom det vert gjort endringar i reguleringsføresegnene, slik at detaljhandel berre skal skje i første etasje. Fylkesmannen har ikkje merknader til planforslaget. Plot arkitekter as har endra føresegnene, slik at dei er i samsvar med fylkeskommunen sin føresetnad for eigengodkjenning. Konsekvensutgreiing Tiltaket vart tidleg i prosessen vurdert etter «Forskrift om konsekvensutgreiing» etter plan- og bygningslova, og det vart konkludert med at det ikkje er krav om utarbeiding av KU. Parkering Planen er i samsvar med Herøy kommune sine parkeringsvedteker. Barn og unge Utbygginga vil skje på allereie utbygd tomtegrunn. Det er lagt til rette for fortau langs Eggesbøvegen. Planen legg ikkje til rette for nye bustader. Tiltaket medfører ikkje negative konsekvensar for bruk av areal eller tilgang til areal som er viktige for barn og unge. Naturmangfald Ein har vurdert planforslaget opp mot prinsippa i naturmangfaldlova og i høve til tilgjengeleg kunnskap i DN sin database. Det er ikkje registrert konflikt i høve til naturmangfald. ROS Det er gjennomført ei generell ROS-analyse. Det har ikkje kome fram moment i analysa som krev nærare utgreiing. Side 4 av 5
Konklusjon: Rådmannen rår i medhald av plan- og bygningslova, 12-12, til at kommunestyret godkjenner detaljreguleringsplan for gnr. 37, bnr. 222 mfl. på Eggesbø, med tilhøyrande Fosnavåg, 20.08.2015 Olaus-Jon Kopperstad Rådmann Jarl Martin Møller Avd.leiar Sakshandsamar: Berit Sandvik Skeide Side 5 av 5