ØRSTA KOMMUNE PROTOKOLL Utval: Eldrerådet Møtestad: Ørstafjord Rådhuset Dato: 07.04.2016 Møtet starta 13:00 Møtet slutta 14:15 Faste medlemar som møtte: Namn Funksjon Representerer Toril Langlo Leiar Pensjonistforeninga Eldbjørg Tvergrov Nestleiar SP Einar Flø Medlem V Anbjørn Steinholm Frislid Medlem FRP Einar Øyehaug Medlem Uavhengig Amalie Hovdenakk Medlem AP Brit Anning Aarseth Medlem H Frå administrasjonen møtte: Namn Ingeborg M. Bjørneset Politisk sekretær Brit Aanning Aarseth vart vald til å skrive under protokollen saman med leiar.
Sak nr Tittel Arkivsaknr PS 13/16 PS 14/16 RS 9/16 Godkjenning av innkalling og sakliste Referat og meldingar Vedtak - Møteplan hausten 2016 - kommunestyret, formannskapet, samfunnsutvalet, levekårsutvalet 2015/1733 RS 10/16 Protokoll frå fylkeseldrerådet 09.03.16 2016/2 RS 11/16 Årsmelding Bu og habilitering 2015 2016/2 PS 15/16 Møteplan 2. halvår 2016 2016/2 PS 16/16 Høyring - Råd i kommuner og fylkeskomuner for ungdom, eldre og personer med funksjonsnedsettelse 2016/239
PS 13/16 Godkjenning av innkalling og sakliste Saksprotokoll eldrerådet - 07.04.2016 Innkallinga vart godkjent utan merknad Saklista vart godkjent med desse tilleggssakene: RS 11/16 Organisasjonsplan BakkOla-marka, årsmelding 2015 Bu og habilitering og årsmelding frå Aktivitetssenteret, vart delt ut i møtet jf. merknad i protokoll frå møte 10.03.16. PS 16/16 Høyring - Råd i kommuner og fylkeskommuner for ungdom, eldre og personer med funksjonsnedsettelse Orientering i møtet: - Rapport eldredagen 2016: Veke 40 er ledig på kulturhuset. Arbeidsgruppa held møte etter møte i eldrerådet 07.04.16 for vidare planlegging - RS 7/16 frå møte 10.03.16: Merknad oversendt til levekårsutvalet sitt møte 06.04.16 - RS 8/16 frå møte 10.03.16: Førespurnad om synfaring er sendt, ventar på svar Ønske frå leiar: - protokollar frå levekårsutvalet vert lagt fram som referatsak i eldrerådet, som fast post på saklista - protokollar frå eldrerådet i Ørsta vert sendt til fylkeseldrerådet til orientering Medlemane slutta seg til ovannemnde. Saker til neste møte i eldrerådet (09.06.16): - Synfaring på Vartdal helsetun med møte i etterkant, og museumsbesøk på Vartdal - Referatsak: protokoll frå levekårsutvalet - Referatsak: organisasjonsplan BakkOla-marka, årsmelding 2015 Bu og habilitering og årsmelding frå Aktivitetssenteret - Referatsak: tilbakemelding på kva datoar det passar med synfaring på velferdsbustaden i Ålesund - Politisk sak: Aktivitetsplan PS 14/16 Referat og meldingar Saksprotokoll i eldrerådet - 07.04.2016 Referat og meldingar vart refererte med merknad
Merknad til RS 10/16 Protokoll frå fylkeseldrerådet 09.03.16: Leiar ønskjer at alle medlema i eldrerådet deltek på fylkeskonferansen RS 9/16 Vedtak - Møteplan hausten 2016 - kommunestyret, formannskapet, samfunnsutvalet, levekårsutvalet RS 10/16 Protokoll frå fylkeseldrerådet 09.03.16 RS 11/16 Årsmelding Bu og habilitering 2015 PS 15/16 Møteplan 2. halvår 2016 Saksprotokoll i eldrerådet - 07.04.2016 VEDTAK: Møteplan 2. halvår 2016 vert vedteken slik den ligg føre, men kan verte endra etter behov. Toril Langlo (Pensjonistforbundet) fremja forslag: Møteplan 2. halvår 2016 vert vedteken slik den ligg føre, men kan verte endra etter behov. Tilråding til vedtak med tillegg, vart vedteken med 7 mot 0 røyster TILRÅDING TIL VEDTAK: Møteplan 2. halvår 2016 vert vedteken slik den ligg føre. PS 16/16 Høyring - Råd i kommuner og fylkeskomuner for ungdom, eldre og personer med funksjonsnedsettelse Saksprotokoll i eldrerådet - 07.04.2016 VEDTAK: Uttale frå eldrerådet i Ørsta til Råd i kommuner og fylkeskommuner for ungdom, eldre og personer med funksjonsnedsettelse høring Vi gjer merksam på at vår uttale er avgrensa til å gjelde eldreråd.
Eldrerådet ønskjer ikkje at lovene vert erstatta med eie felles forskrift. Eldrerådet sluttar seg til forslaget om at kommunar og fylkeskommunar kan velje den organisasjonsordninga som høver best ut frå lokale tilhøve, som i dag, og intensjonen om å føre denne fleksibiliteten vidare. Eldrerådet sluttar seg til forslaget om å erstatte nemninga alderspensjonist med nemninga 60+. Vi ser elles ikkje at det i framlegget frå regjeringa er forslag til vesentlege endringar i høve til eksisterande lov. Eldrerådet viser til ein forventa kraftig auke i tal på pensjonistar (60+) og at desse er spådd lengre levetid, er meir aktive, og tek vare på helsa. Dette er ressurspersonar, men ved valet i 2011 der personar over 67 år utgjorde 14 % av befolkninga, derav 18 % røysteføre, fekk dei likevel berre 5 % av alle fylkestings- og kommunestyrerepresentantane (opplysningane er henta frå Pensjonistforbundet). I høyringsnotatet s. 16 står det: For å få samla reglane om kommunal organisering i kommunelova foreslår departementet at eldrerådslova og lova om råd eller anna representasjonsordning for personar med nedsett funksjonsevne blir oppheva og erstatta av ei ny, generell føresegn i kommunelova om råd for ungdom, eldre og personar med funksjonsnedsetjing. Eldrerådet forstår regjeringa sitt ønskje om å rasjonalisere lovverket, men meiner det er trist at dette skal ramme dei svakaste gruppene i samfunnet: ungdom, eldre og funksjonshemma. Eldrerådet i Ørsta har diverre ikkje tru på at ei samla forskrift for ungdom, eldre og funksjonshemma vil styrke eldresaka, men ser derimot på forslaget som ei svekking av eldre sine rettar. Ei forskrift er ikkje bra nok. Eldrerådet i Ørsta ønskjer at lovene vert vidareførte som i dag. Toril Langlo (Pensjonistforbundet) fremja forslag til høyringsuttale: Uttale frå eldrerådet i Ørsta til Råd i kommuner og fylkeskommuner for ungdom, eldre og personer med funksjonsnedsettelse høring Vi gjer merksam på at vår uttale er avgrensa til å gjelde eldreråd. Eldrerådet ønskjer ikkje at lovene vert erstatta med eie felles forskrift. Eldrerådet sluttar seg til forslaget om at kommunar og fylkeskommunar kan velje den organisasjonsordninga som høver best ut frå lokale tilhøve, som i dag, og intensjonen om å føre denne fleksibiliteten vidare. Eldrerådet sluttar seg til forslaget om å erstatte nemninga alderspensjonist med nemninga 60+. Vi ser elles ikkje at det i framlegget frå regjeringa er forslag til vesentlege endringar i høve til eksisterande lov. Eldrerådet viser til ein forventa kraftig auke i tal på pensjonistar (60+) og at desse er spådd lengre levetid, er meir aktive, og tek vare på helsa. Dette er ressurspersonar, men ved valet i 2011 der personar over 67 år utgjorde 14 % av befolkninga, derav 18 % røysteføre, fekk dei
likevel berre 5 % av alle fylkestings- og kommunestyrerepresentantane (opplysningane er henta frå Pensjonistforbundet). I høyringsnotatet s. 16 står det: For å få samla reglane om kommunal organisering i kommunelova foreslår departementet at eldrerådslova og lova om råd eller anna representasjonsordning for personar med nedsett funksjonsevne blir oppheva og erstatta av ei ny, generell føresegn i kommunelova om råd for ungdom, eldre og personar med funksjonsnedsetjing. Eldrerådet forstår regjeringa sitt ønskje om å rasjonalisere lovverket, men meiner det er trist at dette skal ramme dei svakaste gruppene i samfunnet: ungdom, eldre og funksjonshemma. Eldrerådet i Ørsta har diverre ikkje tru på at ei samla forskrift for ungdom, eldre og funksjonshemma vil styrke eldresaka, men ser derimot på forslaget som ei svekking av eldre sine rettar. Ei forskrift er ikkje bra nok. Eldrerådet i Ørsta ønskjer at lovene vert vidareførte som i dag. Toril Langlo sitt framlegg fekk 7 røyster og vart vedteke Tilråding til vedtak fekk 0 røyster TILRÅDING TIL VEDTAK: Høyringa vart teke til vitende