VESTNES KOMMUNE Rådet for funksjonshemma Innkalling til møte i Rådet for funksjonshemma Møtestad: Dato: Formannskapssalen, Rådhuset, 17.09.2013 Kl.15:00 Dei som er inhabile i ei sak vert bedne om å gje melding, slik at varamedlemar kan bli innkalla, - jf. 8, 3. ledd i forvaltningslova. Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte. Saksdokumenta ligg frå i dag til gjennomsyn i servicekontoret, biblioteket og på heimesidene til kommunen. Dersom du ikkje kan møte på grunn av lovleg forfall må du snarast melde frå til til servicekontoret på e-post servicekontoret@vestnes.kommune.no, tlf.: 71 18 40 05. Ev. spørsmål til saksutgreiinga kan rettast til administrasjonssjefen før møtet enten på e-post: tone.roaldsnes@vestnes.kommune.no, eller tlf. 909 84 000. ordførar Side 1
Orienteringssaker: Orientering og oppsummering v/ leiaren vedr temadag Samhandlingsreforma Orientering og oppsummering v/ leiaren vedr møte 12.09.med sentrumsnemnda og sentrumsutvikling Orientering om regional delplan for folkehelse v/nestleiaren Oppfølgingssak frå leiaren til adm sjefen sak PA 9/2012. Ønske om felles rådsmøte med andre kommunar på Sunnmøre, v/ leiaren. Referatsak: RS 2/2013 Møteprotokoll frå møte i rådet for likestilling av funksjonshemma 03.09.2013 Saksliste Saksnr Innhald Lukka PA 8/2013 PA 9/2013 Godkjenning av innkalling Godkjenning av protokoll frå siste møte Side 2
PA 8/2013 Godkjenning av innkalling PA 9/2013 Godkjenning av protokoll frå siste møte Side 3
Møteprotokoll Utval: Rådet for likestilling av funksjonshemma Møtestad: Møterom 103, Fylkeshuset i Molde Dato: 03.09.2013 Tid: 10:30 Protokoll nr: 3/2013 Faste medlemer som møtte: Namn Funksjon Representerer Torleiv Rogne Medlem UAVH Lilly Gunn Nyheim Medlem AP Tore Brevik Medlem H Leif Elde Medlem NHF/SAFO Asbjørn Gausdal Medlem FFO Monica Molvær Medlem KS Erik Husby Medlem NAV Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Aud Perdy Mork Medlem KRF Kari Wiik Medlem FFO Varamedlemer som møtte: Namn Møtte for Representerer Torgunn Nerland Aud Perdy Mork KRF Frå administrasjonen møtte: Namn Paula Næss Skår Anne Lise Reitan Sekretariat: Namn Toril Eliassen Rusten Stilling Rådgivar Konsulent Stilling Konsulent Dersom det er merknader til det som er ført i protokollen, ber vi om at det blir gjort kjent for sekretariatet snarast. Side 4
Saksnr Innhold Uoff FF-7/13 Status for planlegginga av regionsamling for fylkesråda for likestilling av funksjonshemma FF-8/13 Invitasjon til nasjonal konferanse om universell utforming - Hamar 23. - 25. oktober 2013 RS-15/13 Budsjettoppfølging FF pr 5.7.2013 RS-16/13 Artikkel frå LDO: Ny flyforskrift gir bedre tilgjengelighet RS-17/13 Brev til Nettbuss Midt-Norge AS vedr spørsmål om rutinar for å betre tilhøva for busspassasjerar med nedsett funksjonsevne RS-18/13 Artikkel frå Samferdselsdepartementet: Informasjonsmøte om kommende prosjekter i Nasjonal transportplan 2014-2023 RS-19/13 Artikkel frå Husbanken: Et inkluderende samfunn gjennom bedre tilgjengelighet RS-20/13 Artikkel frå Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet: Mennesker med utviklingshemming skal heller ikke diskrimineres RS-21/13 Artikkel frå LDO: Tydeligere Vær varsom-plakat RS-22/13 Møteprotokoll for eldrerådet 22.05.2013 RS-23/13 Møteprotokoll for likestillingsutvalet 29.05.2013 2 Møtet i rådet for likestilling av funksjonshemma tok til kl 1030 på møterom 103 på fylkeshuset i Molde under leiing av leiar Lilly Gunn Nyheim. Aud Perdy Mork (KrF) hadde meldt forfall. Torgunn Nerland (KrF) møtte som vara. Kari Wiik (FFO) hadde meldt forfall i juni, når møtedatoen vart endra. Ved ein feil vart ikkje vara innkalla. Første vara vart kontakta ved møtestart, men kunne ikkje møte på så kort varsel. Monica Molvær (KS) hadde meldt frå at ho vart forseinka. Møtet vart sett med 6 voterande. Innkallinga vart godkjent utan merknader. Saklista vart godkjent med følgjande tillegg: - Leiaren bad om at regional delplan for tannhelse vart teke opp til ei kort drøfting i slutten av møtet. Orientering om Handlingsprogram for samferdsel 2013 Rådgivar Gry Halvorsen, samferdselsavdelinga, orienterte og svarte på spørsmål. Monica Molvær (KS) kom til møtet kl 1105. 7 voterande. Orientering om status for TT-ordninga Assisterande samferdselssjef Magne Vinje orienterte og svarte på spørsmål. Rådet bad om å bli involvert i arbeidet med førebuing av nytt reglement for TT-ordninga. Side 5
Godkjenning av protokoll 3 Protokollen frå møte 17. april 2013 vart godkjent utan merknader. FF 7-13 Status for planlegginga av regionsamling for fylkesråda for likestilling av funksjonshemma Behandling i Rådet for likestilling av funksjonshemma - 03.09.2013 Lilly Gunn Nyheim (AP) gjorde framlegg om Asbjørn Gausdal som møteleiar. Votering: Tilrådinga med forslaget frå Nyheim vart samrøystes vedteke. Samrøystes vedtak i Rådet for likestilling av funksjonshemma - 03.09.2013 Rådet for likestilling av funksjonshemma sluttar seg til temaval og skisse til program som det er gjort greie for i saksframstillinga for regionsamlinga for fylkesråda 21. og 22. oktober i Kristiansund. Som møteleiar for samlinga blir følgjande valt: Asbjørn Gausdal Tillegg til saklista Leif Elde (NHF) viste til orienteringa om TT-ordninga. Han ønskte å ha ei eiga sak om dette, og hadde før møtet bedt administrasjonen om å setje opp ei slik sak på saklista. Rådgivar Paula Næss Skår bad om orsaking for at dette, på grunn av misforståingar, ikkje hadde blitt gjort. Rådet slutta seg samrøystes til at sak om TT-ordninga vart sett på saklista som sak FF-9/13. FF 8-13 Invitasjon til nasjonal konferanse om universell utforming - Hamar 23. - 25. oktober 2013 Samrøystes vedtak i Rådet for likestilling av funksjonshemma - 03.09.2013 Rådet for likestilling av funksjonshemma vel følgjande medlemmar til å delta på konferansen Du skal få en dag i mårå i Hamar 23. 25. oktober 2013: Leif Elde Asbjørn Gausdal Lilly Gunn Nyheim FF 9-13 TT-ordninga - behov for ekstraløyving for 2013 Behandling i Rådet for likestilling av funksjonshemma - 03.09.2013 Leif Elde (NHF) gjorde greie for bakgrunnen for saka og fremma følgjande forslag: Begrunnelse: Det må her være en del mennesker som isoleres grunnet dette lave restbeløpet for andre halvår. For å unngå slike problemer må det gis tilleggsbevilgning. Side 6
Vedtak: Rådet for likestilling av funksjonshemma ber om at det bevilges ekstra midler til TT-ordninga for siste halvår 2013. Votering: Elde sitt forslag til vedtak vart samrøystes vedteke. Samrøystes vedtak i Rådet for likestilling av funksjonshemma - 03.09.2013 Rådet for likestilling av funksjonshemma ber om at det blir løyvd ekstra midlar til TT-ordninga for siste halvår 2013. 4 Regional delplan for tannhelse Leiar Lilly Gunn Nyheim (AP) viste til regional delplan for tannhelse og til artikkel i Tidens Krav om situasjonen for tannklinikkane i distrikta. Saka vart drøfta i rådet, men det vart ikkje fatta noko vedtak. Referatsaker RS-24/13 Kopi av brev frå råd for likestilling av funksjonshemma i Norddal kommune, datert 25.04.2013, vedr ønske om samarbeid vart delt ut i møtet. Referatsakene nr 15 24 vart tekne til vitande. Monica Molvær (KS) og Torgunn Nerland (KrF) gjekk frå møtet kl 1305, då ordinært møte med saksbehandling var ferdig. Medlemene i rådet fekk utdelt Ipad og fekk opplæring i bruk av desse. Møtet vart heva kl 1545. Side 7