Utvalg: Driftsstyret MØTEINNKALLING Møtestad: Møterom A, Volda rådhus - etter synfaring i barnehagar Dato: 13.03.2013 Tid: 13:00 NB! Driftsstyret møter kl.13:00 ved Bratteberg barnehage, adresse Bakkelidvegen 30. Medlemar som er ugilde i ei sak vert bedne om å gje melding, slik at varamedlemar kan bli kalla inn. Jf. 8, 3. ledd i forvaltningslova. Vi ber om at forfall vert meldt til servicekontoret/utvalssekretær på telefon 700 58 700. Varamedlemar får saksdokumenta førebels berre til orientering. Dei får særskilt melding når dei skal møte. B- saker er underlagt teieplikt og er unnatekne offentleg innsyn. Møtet er ope for publikum, med unnatak når b-saker vert handsama. Saksdokumenta er lagt ut til gjennomsyn på servicekontoret og på folkebiblioteket til møtet vert halde. Side1
SAKLISTE Driftsstyret møter i Bratteberg barnehage kl.13:00 ved møtestart. I høve barnehagedagen den 12. mars 2013 er driftsstyret invitert av barnehageavdelinga til å besøkje Bratteberg barnehage, Sollia barnehage og Oppigarden barnehage. Synfaringa vil ta omlag to timar. Saksnr. PS 12/13 PS 13/13 PS 14/13 PS 15/13 Sak Godkjenning av innkalling og sakliste Godkjenning av møteprotokoll frå forrige møte Elevbetaling i kulturskulen - evt. innføring av inntektsbasert elevbetaling Drøftingsutkast til tenestestandardar i Pleie- og omsorg Notat og vedlegg vert ettersendt. Orienteringar; Økonomisjef Henrik Skovly vil legge fram månadsrapport for februar. Denne vert delt ut på møtet. Orientering v. konst. Barnehagesjef Bodil Brautaset. Side2
PS12/13Godkjenningavinnkallingogsakliste PS13/13Godkjenningavmøteprotokollfråforrigemøte Side3
SAKSDOKUMENT Sakshandsamar: Aksel Farstad Arkivsak nr.: 2013/459 Arkivkode: 233 Utvalsaksnr Utval Møtedato 14/13 Driftsstyret 13.03.2013 ELEVBETALING I KULTURSKULEN - EVT INNFØRING AV INNTEKTSBASERT ELEVBETALING Administrasjonen si tilråding: Driftsstyret går ikkje inn for å innføre inntektsbasert elevbetaling i kulturskulen. Samandrag av saka: I driftsstyret sitt møte 28/3 2012, sak PS 8/12 fatta driftsstyret flg. vedtak: "administrasjonen skal utgreie innføring av inntektsbasert elevbetaling". Administrasjonen har vurdert ulike sider ved ei slik ordning, og konkludert med at det ikkje er aktuelt på noverande tidspunkt. Dersom vi skal innføre inntektsbaserte betalingar for tenestene, er det ei stor og prinsipiell sak som må utgreiast på eit breiare grunnlag. Saksopplysningar: Ei inntektsbasert elevbetaling kan gjennomførast ved at kommunen fastset ulike prisar alt etter kva inntekt dei føresette har, og dei føresette legg ved likningsattest når dei søkjer om plass for borna sine på kulturskulen. Eit døme på dette er Oslo kommune sitt system med opphaldsbetaling for heildagstilbod i kommunale barnehagar: (Som ein ser, er her også inkludert søskenmoderasjon). Oppholdsbetaling for heldagstilbud i kommunale barnehager Inntekt til og med kr 164 256 (2G) Inntekt mellom kr. 164 256 300 000,- Inntekt over kr. 300 001,- 1. barn 830,- 2 319,- 2 436,- 2. barn (70 %) 830,- 1 655,- 1 737,- 3. barn (50 %) 830,- 1 213,- 1 271,- Kostnad for mat i de kommunale barnehagene er 106 kroner per barn per måned, og er inkludert i oppholdsbetalingen i tabellen ovenfor. Side4
Frå 1. august 2013 har ein i Volda kulturskule slike elevavgifter: Pr semester for undervisning individuelt og i smågrupper: Kr 1600 Pr semester for instrumentleige: Kr 230 Pr semester for materiell i kunstskulen: Kr 230 Kulturskulen har ikkje søskenmoderasjon eller andre rabattordningar, men for somme familiar er det ei ordning med at sosialkontor eller asylmottak dekkjer heile eller delar av elevavgifta. Viss ein frå hausten 2013 reknar med 330 elevplassar, vil dette pr semester gi kommunen ei inntekt på kr 528 000 i elevavgift + ca kr 11 000 i instrumentleige og materiellavgift. Sum kr 539 000 pr semester. (Pr år kr 1 078 000) Vurdering og konklusjon: Intensjonen er god med sikte på at dei med lågare inntekt skal kunne betale lågare elevkontingent. Kommuneøkonomien gir ikkje rom for subsidiering, og då må rabatten finansierast ved tilsvarande auke i elevavgifta for andre grupper. Ei innføring av ei slik rabattordning vil også innebere ein heil del arbeid som ein nok ikkje var klar over då vedtaket om utgreiing av dette vart gjort i driftsstyret. For å ha ei samla prioritering av tiltak og oppdrag som administrasjonen skal bruke tid på i året, er det ynskjeleg at alle oppdragsvedtak som krev vesentlege ressursar vert samla i budsjettvedtaket. Økonomiavdelinga er pressa på kapasitet og vil ha utfordring med å greie å gjennomføre oppdragsvedtaka som ligg i budsjettet. Momentliste over konsekvensar ved å gjennomføre eit evt vedtak om slik rabattordning: Dersom ein ynskjer å behalde budsjettert inntekt pr år frå elevbetalinga, må nokre elevar betale meir enn kr 1600 pr semester for å gi rom for rabatt til dei andre. Ein må avgjere korleis data om dei føresette sin økonomi skal samlast inn og vurderast. Ein må avgjere korleis inntekta skal bereknast for foreldre som er skilte, som er sambuarar, kva med born i fosterheim eller der sosialkontor eller flyktningemottak står som betalar. Ein har også døme på at openbert velståande personar står med minimal personinntekt i likninga. Arbeidet med å samle inn og vurdere desse opplysningane vil føre til nye oppgåver for økonomiavdelinga, med andre ord meir byråkrati. Ein må også rekne med at her vil oppstå tvilstilfelle og ulike former for «gråsoner», som vil medføre mykje arbeid for å få til ei avklaring. Dei kostnadene ein får til å administrere dette må dekkjast inn, og det er mest nærliggjande å dekkje dei inn gjennom ein auke i elevavgifta. Det vil vere klagerett på slike vedtak, noko som også genererer auka arbeid for administrasjonen. Dersom denne ordninga blir innført i kulturskulen, vil det også vere naturleg å gjere det same innafor tiltak som SFO, barnehage og andre tenester. Ein bør i så fall vurdere å lage ei sak på dette emnet som også omfattar desse tiltaka. Ut frå desse saksopplysningane og vurderingane er administrasjonen i tvil om det er formålstenleg å innføre inntektsbasert elevbetaling i kulturskulen. Vedtaket kom på bakgrunn eit benkeforslag, og med bakgrunn i denne utgreiinga kan driftsstyret vurdere kor vidt ein framleis finn det aktuelt å gå vidare med saka. Økonomiske konsekvensar: Tilrådinga til vedtak vil ikkje gi økonomiske konsekvensar for drifta av kulturskulen. Per Ivar Kongsvik fung. skulesjef Utskrift av endeleg vedtak: Skuleavdelinga Volda kulturskule Side5
SAKSDOKUMENT Sakshandsamar: Jorunn Anne Tomasgard Arkivsak nr.: 2012/894 Arkivkode: H00 Utvalsaksnr Utval Møtedato 15/13 Driftsstyret 13.03.2013 DRØFTINGSUTKAST TIL TENESTESTANDARDAR I PLEIE- OG OMSORG Administrasjonen si tilråding: Lagt fram utan tilråding Uprenta vedlegg: 17 utkast til standardar i pleie- omsorg Saksopplysningar: Det er bede om at driftsstyret drøftar standardane i pleie- og omsorg som er under utarbeiding. Det vil kome eit notat om saka i etterkant av utsending og før møtet. Jorunn Anne Tomasgard Pleie- og omsorgssjef Side6