Utvalg: Formannskapet Møtestad: Møterom A, Volda rådhus Dato: 15.03.2012 Tid: 13:00 MØTEINNKALLING Medlemar som er ugilde i ei sak vert bedne om å gje melding, slik at varamedlemar kan bli kalla inn. Jf. 8, 3. ledd i forvaltningslova. Vi ber om at forfall vert meldt til servicekontoret/utvalssekretær på telefon 700 58 700. Varamedlemar får saksdokumenta førebels berre til orientering. Dei får særskilt melding når dei skal møte. B- saker er underlagt teieplikt og er unnatekne offentleg innsyn. Møtet er ope for publikum, med unnatak når b-saker vert handsama. Saksdokumenta er lagt ut til gjennomsyn på servicekontoret og på folkebiblioteket til møtet vert halde. Side 1
SAKLISTE Saksnr. PS 40/12 PS 41/12 PS 42/12 Sak Godkjenning av innkalling og sakliste Godkjenning av møteprotokoll frå forrige møte Nytt golv Voldahellen Side 2
PS 40/12 Godkjenning av innkalling og sakliste PS 41/12 Godkjenning av møteprotokoll frå forrige møte Side 3
SAKSDOKUMENT Sakshandsamar: Gunnar Andenes Arkivsak nr.: 2012/683 Arkivkode: D11 Utvalsaksnr Utval Møtedato 42/12 Formannskapet 15.03.2012 Kommunestyret NYTT GOLV VOLDAHELLEN Administrasjonen si tilråding: Kommunestyret godkjenner at golvet i Voldahallen vert renovert i 2012 innanfor ei kostnadsramme på kr 1 050 000. Kommunestyret godkjenner finansieringsplanen i saksutgreiinga. Kommunal netto kostnad kr 624 000 etter tilskot og momskompensasjon vert finansiert ved låneopptak frå løyvinga som i budsjettet er avsett til Øyrahallen. Administrasjonen lyser ut prosjektet på anbod med sikte på å få på plass nytt golv til skulestart hausten 2012 Saksopplysningar: Golvet i Voldahallen oppfyller ikkje lenger krava som vert sett til dagens idrettsanlegg. Høg friksjon og låg dempingsgrad gjer at det dei seinare åra har oppstått ein del skader særleg på handballdamene. Voldahandball får stadige tilbakemeldingar frå gjestande lag om at golvet ikkje held dei krav som ein i dag set til denne type golv. Satsinga til Voldahandball har auka treningsmengda og dermed belastninga på spelarane. Skal ein unngå ein vidare auke i talet på skader så må ein bytte golvet. Moderne hallgolv i dag har heilt andre standardar når det gjeld friksjon og demping enn det eksisterande dekket i Voldahallen. Administrasjonen har henta inn kostnadsoverslag på ulike typar golv og i samråd med Volda handball og handballforbundet sin anleggskonsulent vil ein tilrå at golvet i Voldahallen vert bytta ut med eit kombielastisk sportsgolv av høg kvalitet. Dette for også å møte nye krav som vil kome i samband med eit eventuelt opprykk til høgare divisjon for handballdamene. Berekna kostnad Kostnad for golv i samsvar m tilbod: 1100m *657kroner pr m2 = 722 686 kroner +MVA. I tilegg kjem kostnadar knytt til tilpassing av dører og andre tilpassingar / diverse utgifter, berekna til kroner 120 000,- eks mva av eigedomsavdelinga. Side 4
Sparebanken Søre Sunnmøre har gitt lovnad på eit investeringstilskot på kroner 250 000,- med ein varigheit ut 2012. MVA kan Volda kommune får refunder på den delen av utleige av hallen som går til MVA registrerte føretak. Volda handball er MVA registrert. I tilegg vil ein kunne få MVA refusjon for den delen som er utleigd til fylket. I alt er 84% av brukstida i Voldahallen er utleigesom gir rett til MVA refusjon. Ved å frivillig MVA registrere Voldahallen vil kommunen kunne krevje MVA refusjon på 84% av MVA knytt til investeringar i hallen. Investeringskostnad: 843 000,- MVA: 210 000,- 1050 000,- MVA ref 84% 176 000,- Investeringsbidrag SPB 250 000,- Finansieringsbehov eks mva 624 000,- Vurdering og konklusjon: Ein vil tilrå at det vert gjort ei oppgradering av speleflata i Voldahallen inneverande år. Som eigar av Voldahallen har Volda kommune eit ansvar for å sette i verk tiltak som reduserer risikoen for skader. Skal ein rekke å få på plass golvet i løpet av sommarferien må ein lyse ut tiltaket på anbod snarast. Tiltaket er så omfattande at det må lysast ut i DOFFIN. Ein vil difor rå til at Kommunestyret gir administrasjonen fullmakt til å utforme anbodsdokument og lyse ut prosjektet i Doffin, med målsetting om å få golvet på plass til skulestart hausten 2012. Ein vil føreslår at rehabiliteringa av golv i Voldahallen vert løyvd frå midlane som i budsjettet er løyvd til Øyrahallen. Dette inneber at ein må kome nærare attende til bruken av løyvinga til Øyrahallen sett i samanheng med behovet for utbygging av hallar i sentrum. Helse og miljøkonsekvensar: Ei moderne speleflate for hallidrett vil redusere omfanget av skade knytt til aktivitet i hallen. Kneskade som fylje av hallidrettane kan påføre alvorlege skader særleg på korsband i kne- og okleledd. Dette er skader som kan medføre langvarig behandling og på lang sikt redusert arbeidsevne og livskvalitet. Økonomiske konsekvensar: Tiltaket må finansierast gjennom låneopptak og vil medføre at lånegjelda til Volda kommune aukar med kroner: 624.000,- Rune Sjurgard rådmann Utskrift av endeleg vedtak: Side 5