MØTEINNKALLING Utval: UTVAL FOR OPPVEKST OG OMSORG Møtestad: Rådhuset Møtedato: 07.05.2013 Tid: 16.30 Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling SAKLISTE Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 8/13 13/344 Søknad om løyve til utviding av skjenkeareal - Det gylne hus 9/13 13/373 Søknad om endring av skjenkeløyve - Gekkens restaurant og cafe as YMSE Balestrand 3.5.2013 Gunnvor Linde Leiar
Sak 8/13 MØTEBOK Sak nr.: Utval Møtedato 17/13 Kommunestyret 18.04.2013 8/13 Utval for oppvekst og omsorg 07.05.2013 Sakshandsamar: Ken Heine Bakke Arkivsaknr.: 13/344 Arkiv: U63 Søknad om løyve til utviding av skjenkeareal - Det gylne hus Vedlegg: Søknad om løyve til utviding av skjenkeareal Kartskisse Uttale frå lensmannen i Balestrand Uttale frå sosialtenesta v/ NAV Balestrand Bakgrunn: Bygging av Reiselivsmuséet. Ruspolitisk plan Lovheimel: Alkohollova 1.6 SAKSOPPLYSNINGAR Det gylne hus søkjer om løyve til å utvide skjenkeareal til å gjelde nordsida av bygget som vist i vedlagt skisse. Det gylne hus har lagt fram at bygging av Reiselivsmuséet har konsekvensar for dei i form av støy og støv. I tillegg vil det vere dårligare tilgjenge for kundar på sørsida av bygg mot Reiselivsmuséet av di vegen vert stengd for gjennomkøyring i anleggsperioden. Reiselivsmuséet sin byggeperiode er venta å vare fram til sommaren 2014. Ruspolitisk seier i punkt 6.1.1 E): Kommunen bør berre gje løyve til uteservering av øl, vin og brennevin der tilhøva ligg særskilt til rette. Det gylne hus har i dag utandørs skjenkeløyve på sørsida av bygg. Alkohollova 1.7 a. seier at det skal leggjast vekt på tal skjenkestader, stadens karakter, plassering, målgruppe, trafikk- og ordensmessige forhold. VURDERING Ved å sjå på aktiviteten som er på anleggsområdet ser ein at dette vil vere til ulempe for kundar på sørsida av bygg i periodar og at det vil vere fornuftig å ha eit alternativ til dette utearealet.
Sak 8/13 Uteservering har føregått på eine sida av bygget utan at kommunen har motteke noko klager eller høyrt om at det har vore til sjenanse eller ulempe for nokon. At arealet vert utvida til også å gjelde andre sida av bygget kan også vere med på å gi eit betre grunnlag for drift av verksemda. Praksis for drifta har vore matservering med drikke til maten. Målgruppa har vore kunstinteresserte og matgjester. Omsøkt areal er ikkje avgrensa og det er uheldig med omsyn til trafikk og fortau. Det bør stillast krav om at området skal avgrensast tydeleg med gjerde eller tilsvarande. Balestrand kommune bør støtte opp om verksemder som ynskjer å utvikle drifta si. Rådmannen si tilråding: Balestrand kommune gir løyve til å utvide skjenkeareal for Det gylne hus til å omfatte nordsida av bygg som vist i vedlagt skisse. Området må tydeleg skiljast frå fortau med gjerde eller tilsvarande. Handsaming: Kommunestyret: Kommunestyret røysta over tilrådinga. Vedtak: Kommunestyret: Vedtak: Kommunestyret delegerer mynde i skjenkesaker, som vert berørt av pågåande arbeid i sentrum, til utval for oppvekst og omsorg. Samrøystes.
Sak 9/13 MØTEBOK Sak nr.: Utval Møtedato 9/13 Utval for oppvekst og omsorg 07.05.2013 Sakshandsamar: Ken Heine Bakke Arkivsaknr.: 13/373 Arkiv: U63 Søknad om endring av skjenkeløyve - Gekkens restaurant og cafe as Vedlegg: Søknad om endring av skjenkeløyve Bileter Uttale frå lensmannen i Balestrand Uttale frå sosialtenesta v/ NAV Balestrand Bakgrunn: Bygging av Reiselivsmuséet Ruspolitisk plan Lovheimel: Alkohollova 1.6 SAKSOPPLYSNINGAR Gekkens restaurant og cafe as har søkt om utviding av skjenkeareal til også å gjelde uteareal på vestsida av bygg i hagen. Vedlagde bilete viser tydeleg kor dette er og at området er avskjerma. Dei har i dag skjenkeløyve ute på altan og område ved hovudinngang. Område på sørsida av bygg er no prega av anleggsaktivitet. Bygging av Reiselivsmuséet er venta å vare fram til sommaren 2014. Ruspolitisk seier i punkt 6.1.1 E): Kommunen bør berre gje løyve til uteservering av øl, vin og brennevin der tilhøva ligg særskilt til rette. Alkohollova 1.7 a. seier at det skal leggjast vekt på tal skjenkestader, stadens karakter, plassering, målgruppe, trafikk- og ordensmessige forhold. VURDERING Bygging av Reiselivsmusèet gjer at området sør for bygg er eit anleggsområde og vil såleis vere ei klar ulempe for drifta av Gekkens restaurant og cafe as. At dei får utvide eksisterande uteareal ved altan til også å gjelde hagen vil skjerme kundane litt betre for denne anleggsaktiviteten og vil samtidig kunne danne eit betre grunnlag for drift av verksemda. Arealet som er omsøkt er tydeleg avgrensa med gjerde og stettar såleis krava om dette.
Sak 9/13 Det har ikkje vore motteke klage til kommunen ved drifta og kommunen har heller ikkje høyrt om at det har vore til sjenanse eller ulempe for nokon at det har føregått skjenking ute. Praksis for drifta har vore matservering med drikke til maten. Stadens karakter er matservering og plasseringa av utearealet er skjerma. Målgruppa er matgjester og trafikk- og ordensmessige forhold ser ikkje ut til å verte påverka av at det vert utvida skjenkeareal ute. Balestrand kommune bør støtte opp om verksemder som ynskjer å utvikle drifta si. Rådmannen si tilråding: Balestrand kommune gir Gekkens restaurant og cafe as løyve til å utvide skjenkeareal til å omfatte tydeleg avskjerma hage vest for bygg som vist på vedlagte bileter.