FLORA KOMMUNE. ROS-analyse. Kommunedelplan for. Florø sentrum. Forslag til offentleg høyring. Framlegg til offentleg høyring

Save this PDF as:
 WORD  PNG  TXT  JPG

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "FLORA KOMMUNE. ROS-analyse. Kommunedelplan for. Florø sentrum. Forslag til offentleg høyring. Framlegg til offentleg høyring"

Transkript

1 FLORA KOMMUNE ROS-analyse Kommunedelplan for Florø sentrum Forslag til offentleg høyring Framlegg til offentleg høyring

2 Innhald 1 ENDRINGAR I NY KOMMUNELDPLAN FOR FLORØ SENTRUM - HOVUDTREKK 3 2 ROS-ANALYSE OPPSUMMERING 4 3 METODE OG TEMA GRUNNLAGSDATA OG AKTUELLE DATABASAR RISIKOAKSEPTKRITERIER FOR FLORA KOMMUNE KARTLEGGING AV RISIKO- OG SÅRBARHEITSFORHOLD UØNSKTE HENDINGAR 11 4 OPPSUMMERING ROS-ANALYSE 12 VEDLEGG 1 ROS-analyseskjema for hendingar Dato Status Framlegg til offentleg høyring Utarbeidd av Heidi Dyrøy Kontrollert av Anders Espeset og Philip Dixon Sandberg

3 ROS-analyse Kommunedelplan for Florø sentrum Endringar i ny kommuneldplan for Florø sentrum - hovudtrekk Gjeldane kommunedelplan for Florø sentrum var vedteken Kommunen skal no revidere denne planen. Av planprogrammet for revideringa går det fram at tema for revidering er: Ny innfartsveg frå Evja (RV5): Statens vegvesen har utarbeidd eit forprosjekt for avslutning av RV5 frå Evja og ut til Fugleskjærskaia. Statens vegvesen har i sitt forprosjekt gjort ei klar anbefaling om å endre traseen for vegen frå Evja og inn til området mellom SMS og samfunnshuset. Bystyret gjorde i sak 060/17 vedtak om at ny trase skal gå via Markegata. Lokalisering av fotballhall: Det er planlagt å bygge ny fullskala fotballhall i Florø. Eit vesentleg kriterium er at den skal ligge tett opp til eksisterande idrettsanlegg. I planen er denne lagt ved Litlevatnet. Sykkel: KDP for Florø sentrum må innarbeide sykkelvegtraser som er vist i Kommunedelplan for Sykkel innanfor sentrumsplanområdet, slik at desse ein del av infrastrukturen i planen. Parkering: I revidering av KDP for Florø sentrum er det naudsynt å sjå på kva som må og kan gjerast for at dette skal fungere betre enn i dag Fortetting: Ved fortetting innafor etablerte utbyggingsområder må det sjåast på korleis parkering- og utomhusproblematikk skal løysast. For at dette skal fungere må det sjåast på korleis desse tema i størst mogleg grad kan løysast som fellesanlegg Bustadplanlegging: Korleis skal bustadutviklinga i sentrum være, kva kvalitetar skal takast vare på, og korleis skal kommunen sine omsorgsteneseter integrerast i sentrumsutviklinga. Handel og sentrumsutvikling: Det skal gjerast ei samla heilskapleg vurdering av ulike scenario der ein ser på sykkeltiltak, parkeringstiltak, bevaringsføresegner, arealkrevjande og arealintensiv handel og bustadplanlegging/ fortetting i heile sentrumsområdet. Arkitektur og bevaring: I revideringa skal ein sjå på arkitektonisk utforming og vurdere grep som kan opne for ny bruk og fornying utan at det går ut over dei kulturhistoriske kvalitetane. Dette inneberer også ei styrking av sjølve NB-området. Måla for planarbeidet er innarbeidd i framlegg til plankart, og gjeve følgjande endringar i høve gjeldande KDP for Florø sentrum: Byfornyingsområdet i Stranda er utvida (B9 på plankartet) Kvartal 42 og 43 er utvida mot aust slik at sentrumsføremålet no strekkjer seg inn til Evja. Området frå Sjukehuset til Barneskulen er avsett til kombinert utbygging og anleggsføremål som kan nyttast til bustader, omsorg, offentlege føremål, idrettshall til barneskulen. På Kringleskjæret er det opna for noko meir utfylling i sjøen (AB4 på plankartet) Ny trase for RV5 er lagt gjennom Markegata, og trafikkarealet er utvida på Evja for å få plass til ei rundkøyring. Området er bandlagt for regulering. Ved Flora Samfunnshus er areal for offentleg tenesteyting utvida mot Docen som følgje av at RV5 er lagt om til Markegata. Ved Litlevatnet er det lagt inn nytt areal for offentleg eller privat tenesteyting, OP2 for ny fotballhall. Området OP5 er utvida for utvikling av aldersenteret og seniorbustadar. Det er gjort justeringar i ny trase for tilkomstveg til Stranda. Det er lagt inn ny tilkomstveg til B20 ved Seljetun Burettslag. For nærare skildring av føremåla vert det vist til planomtalen. Side 3 av 12

4 2 ROS-analyse oppsummering ROS-analyse Kommunedelplan for Florø sentrum Asplan Viak gjennomførte ROS-analyse for kommunedelplan for Florø sentrum i I denne analysen vart følgjande hendingar vurdert som relevante: Naturhendingar (mellom anna overvatn, flaum, vind, mv) Havnivåstigning og oljeulykke Infrastruktur Brann Farleg verksemd Trafikkulukker, farleg transport mv Grunntilhøve (forureina grunn) I analysen vart dei ulike utbyggingsområda vurdert opp i mot desse hendingane og dette førte til følgjande oppsummering: "Det er ingen av utbyggingsområda som vil medføre særskilt fare som ikkje kan handterast innanfor dei risikoakseptkriteria som er sett. Det er imidlertid tilrådeleg at følgjande føresegn vert teke inn i planen: Parkeringstilhøva i fortettingsområdet på Tua (B1) må ordnast før det kan opnast for fortetting. Det må stillast krav til parkering i føresegna knytt til den fortettinga det leggast opp til. Også byggjeområda K27, B14, AB2 og AB3 har smale tilkomstvegar der tilkomst med brannbil bør sikrast gjennom sterkare krav og handheving av parkeringstilhøva. Ei generell føresegn om at dei bygg og tiltak som vert liggande i faresone for havnivåstigning må sikrast. I område N3 og N5 må ein rekne med forureina grunn. Det kan vere aktuelt å krevje eigne grunnundersøkingar før utbygging og krevje opprydding av forureina massar før byggjeløyve vert gjeve. For eksisterande tankanlegg i N13 må ein huske på sikringssona rundt denne, og ha med seg denne ved ei eventuell flytting til Hestneskaia." 3 Metode og tema Ved utarbeiding av planer for utbygging, skal det utarbeidast ei risiko og sårbaranalyse(ros) i samsvar med pbl 4-3. Målet med analysen er å etablere ei systematisk tilnærming til fare og framtidige uønskte hendingar, slik at nødvendige risikoreduserande tiltak kan identifiserast og takast omsyn til. Føremålet er å vurdere verknader av ny arealbruk for miljø og samfunn, for å ta stilling til om, og eventuelt kva for tiltak som må til for at planen kan gjennomførast. Denne ROS- analysen nyttar metoden skildra i DSB sin rettleiar " Samfunnssikkerhet i kommunens arealplanlegging" frå januar Framgangsmåten er vist i figur 1. ROS-analysen vert gjennomført for heile planområdet. For Figur 1. Framgangsmåte for ROS-analyse (DSB) Side 4 av 12

5 ROS-analyse Kommunedelplan for Florø sentrum skildring av planområda vert det vist til kap 1 og planomtalen. Vesentlege trekk ved områda vert teke med i skildring av uønskt hending i analyseskjema for dei ulike hendingane. Ved identifisering av moglege uønskte hendingar anbefaler DSB at ei ROS-analyse omfattar følgjande: Risiko- og sårbarheitsforhold som er vesentlege for å ivareta samfunnstryggleik. Forhold i kringliggande områder som kan få konsekvensar for planområdet. Endringar i risiko- og sårbarheitsforhold som fjølge av planlagt utbygging. Risiko- og sårbarheitsforhold i kombinasjon, her og vurdering av endra konsekvensar når det vert lagt vekt på klimapåslag for relevante naturforhold. Mulige konsekvensar av utbygginga for kringliggande område. Vurderingar av om kunnskapsgrunnlaget er tilstrekkeleg for å vurdere risiko og sårbarhet, eller om ROS-analysen må følgjast opp gjennom nærmare kartleggingar. 3.1 Grunnlagsdata og aktuelle databasar Ei ROS-analyse skal gjennomførast slik at den er etterprøvbar. Dette betyr mellom anna at det er viktig å vise kva datagrunnlag som er grunnlaget for analysen. Datagrunnlaget for denne ROSanalysen med forslag til avbøtande tiltak er vist nedanfor. Plan- og bygningslova Forskrift om begrensing av forurensing NS 5814:2008 Forprosjekt for Markegata, Statens Vegvesen oktober 2015 Støyvarsel kart i samsvar med T-1442, - del I vest, Statens Vegvesen februar 2011 Vegkart, Ulykkesinvolvert enhet/person, Statens Vegvesen Samfunnssikkerhet i kommunens arealplanlegging, DSB januar 2017 Havnivåstigning og stormflo, DSB 2016 Planskildring kommuneplanens Arealdel, , 2017 Hovudplan for vassforsyning og avløp , 2017 Overordna beredskapsplan for, revidert Klimaprofil Sogn og Fjordane, Norsk klimaservicesenter 2016 Klimaendringar: og rapporten Klima i Norge 2100 Havnivå: Dagens klima: NVE-atlas Rettleiar Flaumfare langs bekker - Råd og tips om kartlegging, NVE 2015 TEK 17 med rettleiing Vindkart for Norge, Kjeller Vindteknikk/NVE 2009 Veiledning i klimatilpasset overvannshåndtering, Norsk Vann rapport 2008 Temaveileder Utbygging i fareområder, DIBK Trafikktryggingsplan for Kommunedelplan for Florø sentrum med føresegner og planomtale, 2012 ROS-analyse for kommunedelplan sentrum, 2012, Asplan Viak Rapport «Påregnelige verdier av vind, ekstremnedbør og høy vannstand i fram mot år 100» av Vervarslinga på Vestlandet v/ statsmeterolog Karsten Eitrheim, 2006 Kartlegging av skredfare i kommunedelplan for Florelandet/Brandsøy, NGI, 2006 Side 5 av 12

6 ROS-analyse Kommunedelplan for Florø sentrum I tillegg til kjeldene ovanfor er det gjennomført tiltaksanalyse for planområdet. Denne går gjennom m 42 datasett. Det vart vist funn på 26, sjå tabellen nedanfor. 26 berørte datasett 16 sjekka, ikkje berørte datasett Akvakulturlokaliteter Oppvekst og beiteområder Gyteområder Låssettingsplasser Hoved- og biled Fiskeplasser - aktive redskap Forurenset grunn Fiskeplasser - passive redskap Viktige Naturtyper Statlig sikra friluftslivsområder Arter av nasjonal forvaltningsinteresse Utvalgte naturtyper Løsmasser N50/N250 Naturvernområder Marin grense Jord- og flomskred, aktsomhetsområder Radon Snø- og steinskred -aktsomhetsområder Verneplan for vassdrag Snøskred - aktsomhetsområder Kulturminner Fredete bygninger Steinsprang - aktsomhetsområder Tilgjengelighet - friluft Kulturminner - Verneverdig tette Støysoner (fly) trehusmiljøer Tur- og friluftsruter Kulturminner - Brannsmitteområder Ankringsområder Kulturminner - Kulturmiljøer Reguleringsplan på høyring Kulturminner - Sikringssoner Kulturminner - Lokaliteter Kulturminner Enkeltminner Kulturminner - SEFRAK Grunnvannsborehull Vannforekomster Kommuneplan Kommunedelplan Reguleringsplan Reguleringsplanar under arbeid Bebyggelsesplan Matrikkelkart Side 6 av 12

7 ROS-analyse Kommunedelplan for Florø sentrum I tillegg til dei ovannemnde kjeldene er det halde interne møter med Teknisk Drift og Brann og Beredskap for å identifisere lokale forhold som har betydning for infrastruktur og beredskap. Følgjande moment er identifisert: Beredskap Infrastruktur (veg, vatn avløp) Verksemd med potensiell fare Utrykkingstid innanfor planområdet er 10 min eller mindre. Det er mange særskilde brannobjekt innfor planområdet. Det er god kapasitet på sløkkevatn innfor planområdet, og dei fleste stadar er det mogleg å hente vatn frå to uavhengige leidningar. Anlegg for overvatn og spillvatn i område Evja/Hamregata er utbetra. Område ved Uteseksjonen på Evja er enno ikkje knytt til kommunalt avløpsanlegg. Fjordgata er under utbetring, både veg og VA. Skal være ferdig i Strekninga Prof. Indrebøgt Atle Jarl gt skal utbetrast, og det skal leggjast nytt VA-anlegg. Fartsdempande tiltak skal reetablerast. Parkeringssituasjonen skal vurderast. Følgjande vegar/gater er smale og kan ha vanskeleg tilkomst for utrykkingskøyretøy, både på grunn av vegen og parkering: o Alle vegane på Tua o Håvågen o Strandavegen o Livius Smitsgt o Mic. Sarsgt o Skridsholsgt Det går transport av farleg gods innan for planområdet til næringsområda på Evja og gjennom sentrum, i hovudsak til Gunhildvågen. Dette er LNGgass og ammoniakk. Det er to bensinstasjonar innafor området, i tillegg til tankanlegget til Florø Bil- og Hamneservice i Stranda Side 7 av 12

8 ROS-analyse Kommunedelplan for Florø sentrum Risikoakseptkriterier for Risikoakseptkriteria for planar etter plan- og bygningslova vart vedteken av styre i mars Følgjande graderingar og definisjonar vart vedteke: Frekvens av sannsyn: Sannsyns kategori Frekvens TEK17 tryggleiksklassar ved skred (S) og flaum (F) 1. Lite Sjeldnare enn ei hending pr 5000 år S3 2. Mindre Ei hending kvart år S2, F3 Sannsynleg Mykje Svært Ei hending kvart år (Flaum - ei hending kvart ) Ei hending kvart år (Flaum - ei hending kvart ) Hending oftare enn kvart 20. år Det er viktig å merkje seg at ved flaumar som kan utgjere fare for tap av liv skal tryggleiksklassane for skred leggjast til grunn, jamfør TEK Konsekvensgradering: Tema Menneskeliv og -helse Materielle Gradering /økonomiske verdiar 5 Katastrofe 5 eller fleire døde, eller >25 alvorleg skadde S1, F2 F1 Miljøverdiar (ikkje-økonomiske) > 50 millionar Alvorleg og omfattande miljøskader 4 Kritisk Inntil 5 døde eller fare for inntil 25 alvorleg skadde 5 50 mill kr Alvorleg skade av mindre omfang eller mindre alvorleg skade av stort omfang 3 Alvorleg Inntil 10 alvorleg skadde eller mange mindre mill Store skader, men som vil utbetrast på sikt personskader 2 Mindre alvorleg Mindre skader som treng medisinsk behandling Mindre skader som naturen sjølv utbetrar på relativt kort tid 1 Liten Ingen / små personskader < ,- Ingen eller ubetydeleg skade Risikomatrise: Konsekvens Liten Mindre alvorleg Alvorleg Kritisk Katastrofal Sannsyn Svært Mykje Sannsynleg Mindre Lite Sonene i risikomatrisa skal definerast slik: Raud sone Gul sone Grøn sone Risikoen vert rekna som uakseptabel og der tiltak må settast inn Risikoen vert rekna som uakseptabel, men der tiltak vert vurdert i høve til nytte/kostnad Risikoen vert rekna som akseptabel Side 8 av 12

9 3.3 Kartlegging av risiko- og sårbarheitsforhold ROS-analyse Kommunedelplan for Florø sentrum For å kartlegge moglege uønskte hendingar er det teke utgangspunkt i tabell 2 i rettleiaren til DSB. Denne viser eksempel på moglege risiko og sårbarheitsforhold. I tabellen under er planområdet/delområde vurdert for dei ulike forholda. I rettleiaren rår DSB til at konsekvensar for natur og miljø vert vurdert gjennom andre metodar. I denne analysen er det likevel valt å ta med konsekvensar for artar av nasjonal forvaltingsinteresse og forureining, fordi kommunen ser det som viktig å innarbeide dette i planverktøyet. Risiko og sårbarheitsforhold Sterk vind Bølgjer/ bølgjehøgde/ havnivåstigning Snø/is og frost/tele/ sprengkulde Nedbørsmangel Vurdering av relevans Florø sentrum er plassert på kysten nær Stadt, og området er vindutsett. Klimaframskriving viser ikkje vesentleg auke i vind. Er relevant for heile planområdet. Hamneområda er utsett for bølgjepåverknad i dag og forventa havnivåstigning vil gjere denne påverknaden større. Det er og lågareliggande areal på Evja som er påverka av havnivået. Temaet er relevant for delar av planområdet. Florø sentrum har typisk kystklima, med lite snø og is. Forventa endring i klima vil forsterke dette, og temaet vert derfor ikkje vurdert som relevant. Kjelder senorge.no, Klima i Norge 2100, Klimaprofil Sogn og Fjordane. Florø sentrum ligg i eit relativt nedbørsrikt område. Klimaframskrivingane viser at mengda nedbør vil auke. Temaet vert derfor ikkje vurdert som relevant. Kjelder senorge.no, Klima i Norge 2100, Klimaprofil Sogn og Fjordane. Naturgjevne forhold Naturgjevne forhold forts. Store nedbørsmengder/ slagregn Stormflo Flaum i vassdrag Skred, alle typar Erosjon Radon Skog/ lyngbrann Florø sentrum ligg i eit relativt nedbørsrikt område. Klimaframskrivingane viser at mengda nedbør vil auke. Temaet vert derfor vurdert som relevant for heile planområdet. Heile nordsida og austsida av planområdet vil være påverka av stormflo. Temaet er derfor relevant for delar av planområdet. Innanfor planområdet går det eit vassdrag frå Litlevatnet til Storevatnet, med utløp under Firdavegen og ut i Kanalen. Temaet er derfor relevant. Innanfor planområdet er det i følgje NGI si skredkartlegging frå 2006 to områder som har skredfare med sannsyn 1/1000. Dette gjeld eit område på nordsida av Litleåsen mot OP3 og eit område på nordsida Storåsen mot OP2. Temaet er derfor relevant for desse områda. Auka nedbør kan føre til auka erosjon. Innfor planområdet vert ikkje dette vurdert som relevant, då området i hovudsak er utbygd og relativt flatt. Områda som er avsett til naturområde er skogkledde, og vegetasjonen skal behaldast. Planområdet har i følgje tiltaksanalysen moderat til lav aktsemdsgrad for radon. Sikring mot radon blir dessutan teke omsyn til i TEK17, jfr Temaet vert derfor ikkje vurdert som relevant. Innanfor planområdet ligg naturområda kring Litlevatnet og Storevatnet. I klimaprofil for Sogn og Fjordane viser framskrivingar at til tross for auka nedbør vil det vil bli høgare temperaturar og meir fordamping, som kan auke faren for tørke. Temaet likevel ikkje relevant for vurdering av planområdet, då dette er forhold som må løysast gjennom beredskap. Side 9 av 12

10 ROS-analyse Kommunedelplan for Florø sentrum Risiko og sårbarheitsforhold Vurdering av relevans Naturgjevne forhold forts. Kritiske samfunnsfunksjonar og kritiske infrastrukturar Artar av nasjonal forvaltings-interesse Forureining/vassdragsområde Samferdselsårer, veg og skipsfart Infrastruktur: forsyningar av vatn, avløp- og overvassshandtering, energi og telekommunikasjon Tenester som skular, barnehagar, helseinstitusjonar, nødog redningstenester. Ivaretaking av sårbare grupper I følgje tiltaksanalysen er det registrert ei rekkje artar med nasjonal forvaltningsinteresse innanfor planområdet. Nokre av desse er artar som er raudlista. Observasjonar av desse er i hovudsak knytt til Storevatnet. Planen opnar ikkje for utbygging i Storevatn-området, og planen vil derfor ikkje innverknad på raudlista artar. Det er og registrert ei rekkje lokalitetar av svarelista artar innafor planområdet. Kommunen ser det som viktig å stanse spreiing av desse. Tema er derfor relevant i høve svarelista artar. Florevika/Gaddevågen, Litlevatnet og Storevatnet er alle vurdert å være risikoutsett i høve vasskvalitet, og nye tiltak er naudsynte for å nå god miljøtilstand. Temaet er derfor aktuelt for utbygging i område OP2, og i høve utbygging mot sjøområdet. I tillegg er det registrert forureining i grunnen i desse områda, noko som kan gje fare for spreiing og ytterlegare fare for reduksjon av vasskvaliteten. Tiltak som skal gjerast i desse områda må ta omsyn til dette. Krav om dette følgjer av forureingsforskrifta. Det er kartlagt utfordringar for tilkomst for utrykkingskøyretøy innanfor planområdet, dette er forhold som vært vurdert nærare under hendinga brann. Vidare er det i følgje støyvarselkart for 2011 utfordringar til støy frå vegane innanfor planområdet. Det er og stadvis utfordringar i høve trafikktryggleik. Utbetring av Rv5 vil være sentralt i høve trafikktrygging. Det vert og arbeidd med andre trafikktryggingstiltak, jfr. Trafikktryggingsplan got og Kommunedelplan for sykkel. Dette er tema som er vert vurdert i planomtalen. Planen ikkje til endringar i høve skipsfart. har nyleg vedteke ny Hovudplan for vatn og avløp. Innafor planområdet er det sidan førre plan vart vedteken gjennomført utbetringsprosjekt, og fleire står for tur. Heile sentrumsområdet er imidlertid ikkje utbetra, og ved fortettingsprosjekt vil det være krav om dokumentasjon på tilknyting offentleg anlegg. Dette er innarbeidd i føresegene til planen. Det er god sløkjevasskapasitet. Overvasshandtering er imidlertid viktig å ha fokus på i høve klimaendringane. Handtering av overvatn er derfor eit tema for heile planområdet. Det ligg fleire tenester innafor planområdet. Det er ikkje endringar i planen som påverkar desse. Beredskap for desse tenestene er teke vare på gjennom Overordna plan for beredskap. Planen har både fokus på gode uteopphaldsareal og krav til universell utforming i ny bygg. Det legg og til rette for gode nærfriluftsområder. Næringsverksemd Forhold ved utbyggingsformåla eller kringliggande område Samlokalisering i næringsområder. Verksemder som forvaltar kritiske samfunnsfunksjoner og kritiske infrastrukturar. Verksemder som handterer farlige stoffer, eksplosivar og storulykkeverksemder. Om utbygginga medfører nye risiko- og sårbarhetsforhold i planområdet eller for kringliggande områder Det er ikkje samlokalisering av verksemder innfor planområdet som utgjer fare, og det nye planen opnar heller ikkje for slik verksemd. Innfor planområdet er det mellom anna skule, legesenter kommunal verksemd, brannstasjon. Det er ikkje endringar i høve desse. Innfor planområdet er det to bensinstasjonar innafor området, i tillegg til tankanlegget til Florø Bil- og Hamneservice i Stranda. Westcon har si verksemd på Evja. Større ulykker frå industribedrifter er innarbeidd i Overordna beredskapsplan for. Det same er ulykker knytt til transport av farleg gods. Planen opnar ikkje for utbygging/bruk av areal som får konsekvensar utanfor planområdet. Det er heller ikkje forhold utanfor planområdet som gjev innverknad på risiko- og sårbarheitsforhold innafor planområdet. Utbygging i OP2 kan gje ny sårbarheit innafor planområdet pga skred, forureining. Omlegging av RV5 vil endre støyforhold. Desse forholda er vidare vurdert i planen. Side 10 av 12

11 3.4 Uønskte hendingar ROS-analyse Kommunedelplan for Florø sentrum Med utgangspunkt i vurderingane i tabellen ovanfor og hendingane som vart vurderte i ROS-analysen frå 2012 er uønskte hendingar og kva område dei er aktuelle for oppsummert i tabellen under. Tema som er knytt til svikt i kritiske samfunnsfunksjonar er ikkje teke med, då desse er innarbeidd i Overordna beredskapsplan for, men det er vurdert under dei ulike ønskte hendingane om desse kan føre til svikt i kritiske samfunnsfunksjonar. Type hending Nr Uønskt hending Skal vurderast for 1 Ekstremvær- sterk vind Heile planområdet og sterk nedbør 2 Flaum i vassdrag Området frå Litlevatnet/Storevatnet til Kanalen Naturhendingar 3 Havnivåstiging/stormflo Heile nordsida og austsida av planområdet, samt lågareliggande areal. 4 Urban flaum/overvatn Heile planområdet 5 Skred Nordsida av Litleåsen mot OP3 og nordsida Storåsen mot OP2. 6 Spreiing av svartelista Heile planområdet artar Andre uønskte 7 Forureining Næringsområder og aktivitet mot hendingar Florevika/Gaddevågen, OP2 8 Brann Heile planområdet Dei uønskte hendingane er vurdert kvar for seg i skjema for ROS-analyse frå DSB sin rettleiar, på bakgrunn av tilgjengelege grunnlagsdata og kommunen sine vedtekne risikoakseptkriterier. Skjemaet er tilpassa kommunen si risikomatrise. I rettleiaren til DSB er det vist til det ved ROS-analyser på kommuneplanar ikkje er naudsynt å vurdere tryggleiksklassar etter TEK17. Dette punktet er såleis ikkje vurdert i analysane. Analysane for dei ulike hendingane ligg i Vedlegg 1. Resultata frå desse analysane er oppsummert i kap 4 saman med framlegg til avbøtande tiltak. Side 11 av 12

12 4 Oppsummering ROS-analyse Nr Uønskt hending Område Sone i risikomatrisa Avbøtande tiltak i ny kommunedelplan for Florø sentrum 1 Sterk vind og sterk nedbør Heile planområdet 4 Innarbeide krav om at omsyn til ekstemvær skal ivaretakast ved prosjektering av bygg og uteopphaldsareal i føresegnene til planen (PBL 11-6), jfr krav i TEK og Flaum i vassdrag Vassdraget frå Litlevatnet/Storevatnet til Kanalen 3 Havnivåstiging/stormflo Gjeld alt areal som kjem inn i flaumsona. Setje krav om at viktig infrastruktur i grunnen og ikkje som luftlinjer. 2 Legge inn flaumsone på plankart, med tilhøyrande føresegner. 10 Legge omsynssone for flaum til kote 3, med tilhøyrande føresegner. Opne for at kaier og andre frontar mot sjø hevast i takt med auka havnivå. Legge infrastruktur som er viktig for stabilitet over sone for stormflo/havnivåstiging. 4 Urban flaum/overvatn Heile planområdet 5 Innarbeide krav om lokal overvasshandtering i føresegnene til planen ved regulering/utbygging av større områder (PBL 11-6). 5 Skred B5, F3, OP2 12 Legge på omsynssone for Ras- og skredfare på områda (PBL 11-8) Krevje reguleringsplan før utbygging. 6 Spreiing av svartelista artar Heile planområdet 3 Legge inn krav i føresegnene til planen i høve handsaming av jord frå lokalitetar med svartelista planter. 7 Brann Heile planområdet 12 Sette krav om utbetring av vegar før det kan fortettast innfor områda som i dag har dårleg tilkomst. 8 Forureining Side 12 av 12

13 Vedlegg 1 ROS-analyseskjema for hendingane

14 NR.1 Ekstremvær- sterk vind og sterk nedbør (slagregn) Skildring av uønskt hending: Florø si plassering på plassering på kysten, relativt nær Stadt gjer området utsett både for sterk vind og sterk nedbør (slagregn). Dette gjeld heile planområdet. I denne hendinga er det sterk vind og slagregn som er vurdert. Sterk vind og rekn kan føre til brot på viktig infrastruktur, og skader på bygg. Akuttskader knytt til ekstremvær er innarbeidd i Overordna beredskapsplan for. OM NATURPÅKJENNINGER (TEK 17) TEK 17 set krav til bortleding av fukt og bortleding av overvatn frå grunnen, og og til at konstruksjonen på bygg skal utformast slik at skade frå nedbør ikkje oppstår, ÅRSAKER Ekstremvær. I høve klimaendringane viser framskrivingane at talet på dagar med kraftig nedbør vil auke, og det vil verte ei auke i nedbøren. Dersom ein legg til grunn medianverdien for RCP8.5-scenarioet vil auken i nedbør være om lag 17 % og auken i dagar med kraftig nedbør vil auke med om lag 86 %. Det vert berre vist til små endringar både i middelvind og i store vindhatigheiter. Det vert visst ei svært svak minking i medianverdien for vindhastigheita som overskridast i 1 % av tida. Tendensen til lågare verdiar er sterkast vår og sommar. Vinterstid er det derimot ein tendens til auke i medianverdiane. (Klima i Norge 2100). EKSISTERANDE BARRIERER Kommunen har tidlegare fått utarbeidd vindkart som viser dominerande vindretning (2006), og sidan klimaframskrivingane ikkje viser vesentleg auke i vind, er dette framleis relevant. Dette kartet viser at det er vind frå sør og søraust som er dominerande vindretning, slik at det er dei raude og oransje områda i som har størst vindpåverknad. Innfor planområdet gjeld dette områda på nordsida av Litlevatnet og Storevatnet, samt eit område i Hamregata/Fjordgata. Det er vind frå sør som primært gjev dei største nedbørmengdene. Sektoren mot sør blir derfor definert som slagregnsektoren jfr Rapporten «Påregnelige verdier av vind, ekstremnedbør og høy vannstand i fram mot år 2100». Viktig infrastruktur, som stramforsyning til sentrum, går delvis i bakken. SÅRBARHETSVURDERING Planområdet er vurdert å være relativt sårbart for ekstremvær, men den nordvendte plassering gjev mindre sårbarheit. Framtidig auke i nedbør vil gjeve større sårbarheit for byggskader knytt til slagregn. SANNSYN Svært Mykje Sannsynleg Mindre Lite FORKLARING Grunngjeving for sannsyn: Den nordvente plasseringa gjer at størstedelen av sentrumsområdet ikkje er vesentleg utsett for desse vindretningane, plassering er såleis vurdert å være ei barriere som gjer planområdet mindre sårbart. Auke i nedbør og i dagar med sterk nedbør gjev likevel ei sårbarheit for skader på bygg. KONSEKVENSVURDERING Konsekvenskategoriar KONSEKVENS TYPER Katastrofal Kritisk Alvorleg Mindre alvorleg Liten FORKLARING Liv og helse Stabilitet Materielle verdiar Den totale bygningsmassen i sentrum er stor, og derfor potensiale for materiell skade stor. Straumforsyning til sentrum er sikra gjennom kabel i grunnen fram til trafo på Nybømarka. Miljøverdiar Ikkje aktuelt Samla grunngjeving av konsekvens: Totalt sett vert den samla konsekvensen sett til liten/mindre alvorleg, og den kjem ut med grøn farge i sonene i risikomatrisa, fordi risikoen vert rekna som akseptabel. USIKKERHEIT GRUNNGJEVING

15 Middels til høg ROS-analyse Kommunedelplan for Florø sentrum Manglande kjennskap til framtidas utslipp av klimagassar og -partiklar, kombinert med manglar og forenklingar i klimamodellane, gjer klimaframskrivingane usikre og det er vanskeleg å få nøyaktige tal for dei endringane ein står overfor. FORSLAG TIL TILTAK OG MULIG OPPFØLGING I AREALPLANLEGGINGEN OG ANNET Tiltak Omsyn til ekstemvær skal ivaretakast ved prosjektering av bygg og uteopphaldsareal i føresegn til planen, jfr krav i TEK og Legge viktig infrastruktur i grunnen og ikkje som luftlinjer. Oppfølging gjennom planverktøy/info til kommunen etc. Beredskap mot ekstremvær (er innarbeidd som ein del av Overordna beredskapsplan). Innarbeide krav om at omsyn til ekstemvær skal ivaretakast ved prosjektering av bygg og uteopphaldsareal i føresegnene til planen (PBL 11-6), jfr krav i TEK og Setje krav om at viktig infrastruktur i grunnen og ikkje som luftlinjer.

16 NR.2 Flaum i vassdrag Skildring av uønska hending Flaum i vassdraget frå Litlevatnet/Storevatnet til Kanalen. Det går ein bekk mellom Litlevatnet og Storevatnet. Denne går i kulvert gjennom Kinnvegen. Litlevatnet er oppdemt. Frå Storevatnet og ut i sjøen ved Kanalen går det og ein bekk. Denne går i kulvert gjennom Firdavegen. OM NATURPÅKJENNINGER (TEK 17) Krav til tryggleik for flaum følgjer av TEK 17, 7-1 generelle krav og 7-2 tryggleik mot flaum og stormflo. ÅRSAKER Mykje nedbør. I høve klimaendringane viser framskrivingane at talet på dagar med kraftig nedbør vil auke, og det vil verte ei auke i nedbøren. Dersom ein legg til grunn medianverdien for RCP8.5-scenarioet vil auken i nedbør være om lag 17 % og auken i dagar med kraftig nedbør vil auke med om lag 86 %. EKSISTERANDE BARRIERER Vatna vil fungere som oppsamlingsbasseng. Det er liten høgdeforskjell. Litlevatnet ligg på kote 10.7 og Storevatnet ligg på kote Vidare er området i hovudsak avsett til naturområde. SÅRBARHETSVURDERING Området er ikkje vurdert å være vesentleg sårbart for flaum, men kapasiteten i kulvertane kan gjere det meir sårbart. SANNSYN Svært Mykje Sannsynleg Mindre Lite FORKLARING Vatna vil fungere som oppsamlingsmagasin. Grunngjeving for sannsyn: Dei små høgdeforskjellane og areala til vatna gjer at det vert vurdert som mindre at dette vassdraget skal fløyme over slik at det gjev fare for skade. Vatna er vurdert å fungere som oppsamlingsmagasin ved store nedbørsmengder. KONSEKVENSVURDERING Konsekvenskategoriar KONSEKVENS TYPER Katastrofal Kritisk Alvorleg Mindre alvorleg Liten FORKLARING Liv og helse Stabilitet Det mest kritiske punktet er kulverten gjennom Kinnvegen, fordi Litlevatnet får avrenning frå nordsida av Storåsen og sørsida av Litleåsen. Kulverten er imidlertid ny (opprusting av Kinnvegen), og skal såleis ha god kapasitet. Det er og alternativ vegtilkomst via Havrenesvegen Materielle verdiar Det ligg ikkje bygg tett inntil bekkane. Miljøverdiar Flaum er ein naturleg del av årssyklusen. Samla grunngjeving av konsekvens Konsekvensen vert samla vurdert å være liten. USIKKERHEIT GRUNNGJEVING Middels FORSLAG TIL TILTAK OG MULIG OPPFØLGING I AREALPLANLEGGINGEN OG ANNET Tiltak Ikkje bygge/gjennomføre tiltak innanfor flaumsona. Kartlegge reell flaumsituasjon for vassdraget, samt kapasitet i kulvertane. Det er ikkje gjennomført kartlegging av flaumfare for dette vassdraget, men det er heller ikkje registrert hendingar knytt til flaum. Kapasiteten i kulvertane er ikkje kjent. Oppfølging gjennom planverktøy/info til kommunen etc. Det vert ikkje innarbeidd flaumsoner i ny plan, då områda kring bekkane er avsett til friområde, der det ikkje skal gjerast tiltak.

17 NR.3 Havnivåstiging/stormflo Skildring av uønskt hending: Heile nordsida og austsida av planområdet er utsett for stormflo og havnivåstiging. Lågareliggande areal, i hovudsak i Evjaområdet, er utsett for havnivåstiging. OM NATURPÅKJENNINGER (TEK 17) Krav til tryggleik for stormflo av TEK 17, 7-1 generelle krav og 7-2 tryggleik mot flaum og stormflo. ÅRSAKER Den sjønære plasseringa av sentrumsområdet gjer det utsett for stormflo, bølgjepåverknad og havnivåstiging. Klimaframskrivingane viser at denne sårbarheita vil auke framover. Ved berekning av stormflo-nivå er det framskrivingane sin øvre grense (95-persentilen) for år 2100 i RCP8.5 senarioet som skal leggjast til grunn, slik det går fram av den nye rettleiaren "Havnivå- og stormflo" frå DSB (sept. 2016). I tabellen for Sogn og Fjordane er verdiane i tabellen til høgre lagt til grunn for. I tillegg kjem bølgjepåverknad. For sentrumsområdet er signifikant vurdert bølgjehøgde vurdert å ligg på om lag 0,6 m. EKSISTERANDE BARRIERER Med unntak av Rådhuset ligg det ikkje bygg som har viktige samfunnsfunksjonar innafor områda som er forventa å være utsett for stormflo, bølgjepåverknad og havnivåstiging. For nyare bygg i sentrum har det vore teke omsyn til desse forholda, då dette er innarbeidd i gjeldande plangrunnlag. SÅRBARHETSVURDERING I planomtalen til Kommuneplanen sin arealdel er det lagt til grunn at kote 3 er høgda for stormflo, dette er då inkludert omsyn til klimapåslag og bølgjepåverknad. Nivået for stormflo er rekna ut etter denne formelen: Stormflo = Returnivå for stormflo + Havnivåstigning 95 persentil korreksjon for NN2000 +signifikant bølgjehøgde. Framtidig stormflo-nivå vil såleis påverke eit stort areal innafor sentrumsområdet. Samstundes skal sentrumsområdet fungere mot sjøen med dagens havnivå. Dette gjev spesielle utfordringar. SANNSYN Svært Mykje Sannsynleg Mindre Lite FORKLARING Grunngjeving for sannsyn Stormflo kombinert med bølgjepåverknad er hendingar som opptrer hyppig. Dette kombinert med auka havnivå gjev høgt sannsyn. KONSEKVENSVURDERING Konsekvenskategoriar KONSEKVENS TYPER Katastrofal Kritisk Alvorleg Mindre alvorleg Liten FORKLARING Liv og helse Stormflo/bølgjepåverkand/havnivåstiging er ikkje vurdert å utgjere vesentleg fare for personar då dette ikkje er hendingar som skjer raskt. Stabilitet Med unntak av Rådhuset ligg det ikkje bygg som har viktige samfunnsfunksjonar innafor områda som er forventa å være utsett for stormflo, bølgjepåverknad og havnivåstiging. VA-anlegg kan være utsett då pumpestasjonane ved Slakteriet og Fugleskjærskaia ligg innafor område for havnivåstiging Materielle verdiar Den totale bygningsmassen i sentrum er stor, og derfor potensiale for materiell skade stor. Miljøverdiar

18 Samla grunngjeving av konsekvens: ROS-analyse Kommunedelplan for Florø sentrum Totalt sett vert den samla konsekvensen sett til mindre alvorleg, og den kjem ut med gul farge i sonene i risikomatrisa, Det må derfor innarbeidast tiltak som skal hindre/redusere konsekvensar. USIKKERHEIT Middels til høg GRUNNGJEVING Manglande kjennskap til framtidas utslepp av klimagassar og -partiklar, kombinert med manglar og forenklingar i klimamodellane, gjer klimaframskrivingane usikre og det er vanskeleg å få nøyaktige tal for dei endringane ein står overfor. FORSLAG TIL TILTAK OG MULIG OPPFØLGING I AREALPLANLEGGINGEN OG ANNET Tiltak Legge viktig infrastruktur i grunnen over sona for havnivåstiging. Områder som er direkte eksponert for sjø må enten plasserast over sona for havnivåstigning eller prosjekterast slik dei toler påverknaden, jfr TEK Plassere bygg med viktige samfunnsfunksjonar over sone for havnivåstiging. Plassere anlegg med forureiningsfare over sone for havnivåstiging. Utforme kaier og frontar mot sjøen slik at dei kan fungere med dagens havnivå, og samstundes kunne hevast i takt med auka havnivå. Dette vil mellom ann krevje gjennomtenkt plassering av teknisk utstyr som ikkje toler stormflopåverknad. Oppfølging gjennom planverktøy/info til kommunen etc. Legge omsynssone for flaum til kote 3, med tilhøyrande føresegner. Opne for at kaier og andre frontar mot sjø hevast i takt med auka havnivå. Legge infrastruktur som er viktig for stabilitet over sone for stormflo.

19 NR.4 Urban flaum/overvatn ROS-analyse Kommunedelplan for Florø sentrum Skildring av uønskt hending: Flaum i utbygde områder på grunn av ekstremnedbør. Problemstillinga er aktuell for heile planområdet. OM NATURPÅKJENNINGER (TEK 17) TEK 17 set krav til bortleding av fukt og bortleding av overvatn frå grunnen, og ÅRSAKER Urban flaum vert forårsaka av ekstremnedbør som gjer at system for overvatn ikkje har kapasitet for bortleding av vatnet. I høve klimaendringane viser framskrivingane at talet på dagar med kraftig nedbør vil auke, og det vil verte ei auke i nedbøren. Dersom ein legg til grunn medianverdien for RCP8.5-scenarioet vil auken i nedbør være om lag 17 % og auken i dagar med kraftig nedbør vil auke med om lag 86 %. (Klima i Norge 2100). Dette saman med auka utbygging gjev fleire harde flater som aukar tempoet i avrenning. Dette gjer at ein i større grad må være førebudd på slike hendingar i tida framover. EKSISTERANDE BARRIERER Store delar av terrenget heller mot sjøen, dette gjer at vatn ikkje vil hope seg opp. Delar av overvassanlegga i sentrum er nye, og er derfor dimensjonert for auka vassmengde. SÅRBARHETSVURDERING Sidan store delar av terrenget heller mot sjøen vil størstdelen av planområdet ikkje være vesentleg sårbart for auke i urban flaum, det er imidlertid og områder som er relativt flate, til dømes på Evja, der slik flaum kan gje vesentleg negativ verknad. SANNSYN Svært Mykje Sannsynleg Mindre Lite. Grunngjeving for sannsyn Auken i nedbør gjer det at urban flaum kan oppstå med relativt korte gjentaksintervall. KONSEKVENSVURDERING FORKLARING KONSEKVENS TYPER Liv og helse Konsekvenskategoriar Katastrofal Kritisk Alvorleg Mindre alvorleg Liten FORKLARING Stabilitet Ingen sentrale samfunnsfunksjonar vil i vesentleg grad bli påverka av ein urban flaum. Materielle verdiar Miljøverdiar Samla grunngjeving av konsekvens Totalt sett vert den samla konsekvensen sett til liten, men sidan sannsynet er høgt kjem hendinga ut med gul farge i sonene i risikomatrisa, Det må derfor innarbeidast tiltak som skal hindre/redusere konsekvensar. USIKKERHEIT Middels til høg GRUNNGJEVING Manglande kjennskap til framtidas utslipp av klimagassar og -partiklar, kombinert med manglar og forenklingar i klimamodellane, gjer klimaframskrivingane usikre og det er vanskeleg å få nøyaktige tal for dei endringane ein står overfor. FORSLAG TIL TILTAK OG MULIG OPPFØLGING I AREALPLANLEGGINGEN OG ANNET Tiltak Innarbeide krav til auka dimensjonering av overvassanlegg. Setje krav om robuste løysingar som i liten grad tilfører overvatn til det kommunale anlegget ved regulering/utbygging av større områder (lokal handtering av overvatn) Stimulere til auka bruk av grønne tak i nybygg. Oppfølging gjennom planverktøy/info til kommunen etc. Det er innarbeidd krav til auka dimensjonering i ny Hovudplan for vassforsyning og avløp. Innarbeide krav om lokal overvasshandtering i føresegnene til planen ved regulering/utbygging av større områder (PBL 11-6).

20 NR.5 Skred ROS-analyse Kommunedelplan for Florø sentrum Skildring av uønskt hending Skred i bratt terreng OM NATURPÅKJENNINGER (TEK 17) Krav til tryggleik for skred ligg i 7-1 generelle krav og 7-3 tryggleik mot skred ÅRSAKER Utløysing av skred i bratt terreng. I følgje NGU sin rapport frå 2006 er det stein og jordskred som er aktuelle for sentrumsområdet, sjå kart under. Det er lokalitetane merka med raud ring som ligg innfor planområdet. I følgje Klimaprofil for Sogn og Fjordane vil hyppigare episodar med kraftig nedbør kunne auke frekvensen av desse skredtypane, men dette er usikkert. EKSISTERANDE BARRIERER Området ved B5 er regulert og i denne planen er det tiltak utgreidd. Områda ved Storeåsen og Litleåsen er skogkledde, og skogen fungera som ei naturleg barriere i dag. SÅRBARHETSVURDERING Området ved B5 er utgreidd i høve tiltak som skal forhindre skred, og det er gjeve byggjeløyve for bygg i området. I området ved Litleåsen, mot OP3 opnar planen ikkje for tiltak som går inn i området utsett for skred. Området er dessutan tre-sett og denne vegetasjonen skal i behaldast, då området er avsett som friområde i planen. Dette området er såleis ikkje sårbart for skred. Området på nordsida av Storåsen mot OP2 vil utgjere ei fare, då det er planlagt ein hall i området OP2 som ved større arrangement vil romme mange menneske. Dette området er såleis sårbart. I konsekvensvurderinga under er det skred i området ved Storåsen som er vurdert. SANNSYN Svært Mykje Sannsynleg Mindre Lite FORKLARING Grunngjeving for sannsyn I NGU sin rapport er sannsynet for skred sett til 1/1000 KONSEKVENSVURDERING Konsekvenskategoriar KONSEKVENS TYPER Katastrofal Kritisk Alvorleg Mindre alvorleg Liten FORKLARING Liv og helse Konsekvensen er vurdert høgt for liv og helse, då det er teke høgde for at skredhending kan kome når hallen er full. Stabilitet Det er ingen viktige samfunnsfunksjonar i området. Materielle verdiar Eit skred vil kunne gjere stor materiell skade, avhengig av omfanget Miljøverdiar

21 Samla grunngjeving av konsekvens ROS-analyse Kommunedelplan for Florø sentrum På grunn av faren for liv og helse og store materielle skader vert risikoen vurdert som stor, og det må setjast i verk tiltak dersom det skal byggjast i OP2. Det same gjeld for dei andre områda. USIKKERHEIT Liten GRUNNGJEVING Det er gjennomført skredfarekartlegging av områda. FORSLAG TIL TILTAK OG MULIG OPPFØLGING I AREALPLANLEGGINGEN OG ANNET Tiltak Behalde vegetasjon. Gjennomføre kartlegging av tiltak mot skred. Oppfølging gjennom planverktøy/info til kommunen etc. Legge på omsynssone for Ras- og skredfare på områda (PBL 11-8) Krevje reguleringsplan før utbygging. Gjennomføre rassikringstiltak for hall ihht framtidig detaljregulering, samt basert på Faresonekartlegginga.

22 NR.6 Spreiing av svartelista artar ROS-analyse Kommunedelplan for Florø sentrum Skildring av uønskt hending: Innafor planområdet er det registrert ei rekkje svartelista artar. Parkslirekne er den arten som har hyppigast førekomst, jamfør. OM NATURPÅKJENNINGER (TEK 17) _ ÅRSAKER Dei svartelista artane er svært voksevillige og fortrenger lett stadeigne artar. Flytting av massar mellom områder gjer at dei spreiar seg raskt. EKSISTERANDE BARRIERAR Ikkje nokon eksisterande barrierar innfor planområdet. SÅRBARHETSVURDERING Det er registrert 16 lokalitetar innafor planområdet i følgje tiltaksanalysen. Spesielt lokalitetane i tilknyting til friområda gjev grunn til bekymring, då dei svartelista artane er svært veksevillige og fortrenger lett stadeigne artar. SANNSYN Svært Mykje Sannsynleg Mindre Lite FORKLARING Grunngjeving for sannsyn: Utan tiltak vil desse artane spreie seg hurtig. KONSEKVENSVURDERING Konsekvenskategoriar KONSEKVENS TYPER Liv og helse Stabilitet Katastrofal Kritisk Alvorleg Mindre alvorleg Liten FORKLARING Materielle verdiar Miljøverdiar Samla grunngjeving av konsekvens: Spreiing av svartelista artar svekkjer det stadeigne artsmangfaldet, og der igjennom opplevingsverdien av naturen. Samla konsekvens vert likevel liten. USIKKERHEIT Middels GRUNNGJEVING Det har nyleg vore gjennomført ei kartlegging i samarbeid med kommunen, denne er ikkje komplett, men gjev eit godt bilete FORSLAG TIL TILTAK OG MULIG OPPFØLGING I AREALPLANLEGGINGEN OG ANNET Tiltak Unngå flytting av jord frå lokalitetar med svartelista plantar. Innsamlingsordning av planteavfall frå slike artar. Sprøyting med plantevernmidler Nedbeiting med geiter. Vellukka prøveordning i 2017, blir vidareført i Oppfølging gjennom planverktøy/info til kommunen etc. Legge inn krav i føresegnene til planen i høve handsaming av jord frå lokalitetar med svartelista planter.

23 NR.7 Brann ROS-analyse Kommunedelplan for Florø sentrum Skildring av uønskt hending: Brann i bygning, alle typar. Aktuelt for heile planområdet. OM NATURPÅKJENNINGER (TEK 17) Ikkje aktuelt ÅRSAKER Brann som oppstår i eit bygg. EKSISTERANDE BARRIERER Utrykkingstid innanfor planområdet er 10 min eller mindre. Det er god tilgang på sløkkjevatn. SÅRBARHETSVURDERING Sentrum er tett utbygd med mange trehus, dette gjev stor fare for brannspreiing. Bustadområda innanfor planområdet er også relativt tettbygde. Det er næringsområde der det er oppbevaring farlege stoff, mellom anna bensinstasjonane, Florø Bil- og Hamneservice sitt anlegg i Stranda og Westcon sitt anlegg på Evja. Vindforhold gjer at ein brann kan spreie seg fort dersom den oppstår på ein dag med mykje vind. Det mange bygg med viktige samfunnsfunksjonar innafor planområdet, skule, barnehage, politistasjon, kommuneadministrasjon, brannstasjon, fleire omsorgsbustadar. Følgjande vegar/gater er smale og kan ha vanskeleg tilkomst for utrykkingskøyretøy, både på grunn av vegen og parkering: Alle vegane på Tua Håvågen Strandavegen Livius Smitsgt Mic. Sarsgt Skridsholsgt Området vert derfor totalt sett vurdert som svært sårbart for brann. Det har imidlertid ikkje vore alvorlege tilløp til brann dei siste åra. SANNSYN Svært Mykje Sannsynleg Mindre Lite FORKLARING Grunngjeving for sannsyn: Sannsynet vert vurdert ut i frå brann med spreiing til kringliggande bygg. KONSEKVENSVURDERING Konsekvenskategoriar KONSEKVENS TYPER Katastrofal Kritisk Alvorleg Mindre alvorleg Liten FORKLARING Liv og helse Brann i sentrum/sentrumsnære områder som spreiar seg kan fort få store konsekvensar for liv og helse. Stabilitet Brann i sentrum/sentrumsnære områder som spreiar seg kan få store konsekvensar for stabilitet, då fleire viktige samfunnsinstitusjonar er lokalisert i området. Materielle verdiar Ved ein storbrann i sentrum kan store materielle verdiar gå tapt.

24 ROS-analyse Kommunedelplan for Florø sentrum Miljøverdiar Friområda ved Litlevatnet/Storevatnet kan blir råka av ein større brann i sentrum, og det same kan Kyrkjeparken. Samla grunngjeving av konsekvens: Konsekvensane for ein brann i sentrum/sentrumsnært område vert samla vurdert å kunne ha kritisk konsekvens. USIKKERHEIT GRUNNGJEVING Middels til høg FORSLAG TIL TILTAK OG MULIG OPPFØLGING I AREALPLANLEGGINGEN OG ANNET Det er vanskeleg å sei korleis ein brann i sentrum/sentrumsnære områder vil arte seg. Konsekvensane kan være små, eller dei kan bli veldig store. Tiltak Sikre tilkomst for utrykkingskøyretøy på alle vegar. Ha fokus på tiltak mot brannspreiing ved oppføring a nye bygg. Beredskap for brann i sentrum. Oppfølging gjennom planverktøy/info til kommunen etc. Sette krav om utbetring av vegar før det kan fortettast innafor områda som i dag har dårleg tilkomst. Krav til tiltak mot spreiing av brann følgjer av TEK 17 kap 11. Kommunen kan ha fokus på dette gjennom tilsyn i byggesaker. I Overordna beredskapsplan for er det innarbeidd plan for handtering av storbrann i sentrum. Det er og planar for handtering av større ulykker i industrien