Fylkesprognosar Hordaland : Befolkning

Save this PDF as:
 WORD  PNG  TXT  JPG

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Fylkesprognosar Hordaland : Befolkning"

Transkript

1 AUD-rapport nr: 5-18 Fylkesprognosar Hordaland : Befolkning

2 Utgivar: Tittel: Hordaland fylkeskommune, Seksjon for forsking, internasjonalisering og analyse Fylkesprognosar Hordaland : Befolkning Publikasjonsserie/nr: AUD-rapport nr: Dato: Forfattarar: Lasse Kolbjørn Anke Hansen og Stian Skår Ludvigsen Epost: / Telefon: /

3 INNHALD Samandrag... 4 Om fylkesprognoser.no... 5 Kort om føresetnader og metode for befolkningsprognosen... 6 Samanlikning av framskrivingsalternativ... 7 Flytteprognose Prognose for fødde og døde Prognose for samla folkevekst Folkevekst etter alder og kjønn Utvalde data på kommunenivå Fylkesprognoser metodevedlegg Endra føresetnadar for prognosekøyringane Grunnleggjande om føresetnader om fødde og døde i Fylkesprognoser.no Korrigering av nivåfaktor fødde Korrigering av nivåfaktor døde Nettoflytting Historisk nettoflytting Nettoflytting + fødselsoverskot input i modellkøyringane Avstemming og justeringar på kommunenivå

4 Samandrag Denne rapporten inneheld Hordaland fylkeskommune sin hovudprognose for befolkningsutviklinga fram mot Prognosen er basert på eigne prognosar for flytting og justeringar av fødselsfrekvensane. Totalt er folketalet i Hordaland venta å vekse med innbyggjarar (13 %) frå til Hordaland passerte innbyggjarar våren 2013, og i fjorårets prognose blei det estimert at innbyggjar nummer skulle kome i løpet av I følgje årets prognosen vil ikkje dette ikkje skje i løpet av prognoseperioden. Ved inngangen til 2045 er vi venta å ha hordalendingar. I reelle tal ventar vi at folkeveksten vil falle gradvis frå og med 2019 og fram til Den vil da ha gått frå i 2019 til i Dette skuldast i all hovudsak at vi føreset netto innanlandsk fråflytting kombinert med lågare innvandring, som igjen betyr at fylket ikkje får eit stort påfyll av unge lenger. Dette gjer at befolkninga eldast, som igjen betyr utflata fødselstal og auka tal døde. Innvandring har i langt tid utgjort den største delen av nettoflyttinga til fylket. Dette er fordi den innanlandske nettoflyttinga stort sett har vore relativt låg eller negativ. Dei siste tre åra har det vore netto innanlandsk fråflytting frå Hordaland, slik at det berre er innvandring som har gjort at fylket likevel har hatt samla netto tilflytting. Dette gjeld også for dei fleste kommunar i fylket. Samstundes har nettoinnvandringa vore langt lågare dei siste to åra enn dei åra før. Dette gjer at flytteoverskotet i 2017 berre var på 298 personar, som er det lågaste sidan For kvart av åra frå 2018 til og med 2044 er nettoflyttinga estimert til personar I 2017 vart det fødd personar i Hordaland, mens døde. Dette gjev eit fødselsoverskot på 2 275, som er det lågaste sidan I følgje prognosen vil fødselsoverskotet gå ned til 857 i Talet fødde er venta å ligge høveleg stabilt framover, som følgje av utflating i talet kvinner i fruktbar alder, medan talet døde er venta å halde seg nokså stabilt fram til 2025, for deretter å auke relativt kraftig i takt med auka tal eldre. Målt i prosent av folketalet, var folkeveksten i ,5 %. Det er det lågaste sidan Veksten er venta å ligge på 0,6 % i 2018, men gå gradvis nedover til 0,2 % i Om vi ser på aldersfordelinga i befolkninga, vil dei eldste gruppene vekse meir enn dei yngste, og dei over 75 vil bli relativt sett fleire enn i dag, mens dei under 60 vil bli relativt sett færre. Det er venta ein nedgang i talet hordalendingar på 1-15 år. Rapporten presenterer tal og figurar for heile fylket, men bakarst i rapporten er ein tabell med nokre nøkkeltal for kommunane og regionane i fylket. Nøkkeltala er folkemengda i 2030 og 2045, talet innbyggjarar i aldersgrupper som er store forbrukarar av kommunale tenester (1-5-åringar, 6-15-åringar og eldre over 75), gjennomsnittleg vekst per år, og gjennomsnittsalder. Det er venta folkevekst i 22 av fylkets 33 kommunar og sju av åtte regionar. Rapporten byggjer på Hordaland fylkeskommune sitt hovudalternativ for befolkningsframskrivinga for Samstundes med publisering av denne rapporten blir tal frå alle fire alternativa tilgjengeleg for nedlasting på Hordaland fylkeskommune sin statistikkportal statistikk.ivest.no under menyvalet Fylkesprognoser.no -> Fylkesprognoser.no Alternativa som er produsert i tillegg til hovudalternativet er eit høgscenario som føresett høgare innflytting og fødselsfrekvens, eit lågscenario som føresett lågare fødselsfrekvens og ein periode med nettoutvandring lik halvparten av dei «ekstra» innvandrarane vi fekk i perioden med høg arbeidsinnvandring i , samt eit scenario der nettoinnvandringa er sett til null. Alternativet med null nettoinnvandring gir oss moglegheit til å rekne ut «innvandringsbidraget» til folkeveksten. I 2045 vil dette ha akkumulert seg opp til nesten innbyggjarar, som er 8 % av det venta innbyggjartalet i prognosen som føresett framtidig innvandring. 4

5 Om fylkesprognoser.no Fylkesprognoser.no er eit samarbeidsprosjekt mellom fylkeskommunane som deltek i Panda analyse. Denne gruppa eig Plan- og analysesystem for næring, demografi og arbeidsmarknad (PANDA), som teknisk vert drifta av SINTEF Teknologi og samfunn. Fylka står sjølv ansvarleg for sin eigen bruk av PANDA og utarbeiding av dei fylkesvise rapportane. SINTEF har ikkje ansvar for dei val og konklusjonar fylka gjer i sin bruk av PANDA og publikasjon av Fylkesprognoser.no. Eventuelle feil eller feilvurderingar i rapportane er fylka sine. Rapportane i Fylkesprognoser.no for Hordaland er utarbeidt av Seksjon for forsking, internasjonalisering og analyse i Regionalavdelinga i Hordaland fylkeskommune. Dei presenterer i all hovudsak data og prognosar på fylkesnivå. I prognosekjøringane er det berekna fleire tal på kommunenivå enn det som er publisert i desse rapportane, og meir detaljerte data og prognosar på kommunenivå kan lastast ned frå statistikk.ivest.no. Om ein har spørsmål knytt til fylkesprognoser.no eller ønskjer tilgang til andre data (for Hordaland) kan ein ta kontakt med Hordaland fylkeskommune, Seksjon for forsking, internasjonalisering og analyse. Kontaktinfo på side 2. Bergen, Definisjonar Dødssannsyn: Sannsyn for dødsfall for det einskilde kjønn i den einskilde aldersklassa. Dødssannsyn vert berekna på kvart alderstrinn for menn og kvinner kvar for seg, og nyttast mellom anna til å berekne forventa levealder. Flytting: Folkeregistrert adresseendring. Fødselsfrekvens: Gjennomsnittleg tal levandefødde barn pr. kvinne etter alder i ein utvald region. Fødselsoverskot: Talet fødde minus talet døde i same periode utgjer fødselsoverskotet Innvandring: Første gong ein blir folkeregistrert i Noreg. Berre personar med registrerbart (lovleg) opphald. Seinare innanlandsk flytting av tidlegare innvandra person blir ikkje rekna som innvandring. Nettoflytting: Blir definert som innflytting til ein region (samling av fylker, kommunar osb.) minus utflyttinga i same periode. Til samanlikning vert bruttoflytting definert som summen av innflytting og utflytting. Nivåfaktor: Ein faktor som angir om talet fødslar i ein kommune eller region i estimeringsperioden er høgare eller lågare enn fødselsfrekvensane, som er berekna nasjonalt. PANDA: Plan- og analysesystem for næring, demografi og arbeidsmarknad (PANDA), er eigd av fylkeskommunane og vert drifta av SINTEF Teknologi og samfunn. 5

6 Kort om føresetnader og metode for befolkningsprognosen Prognosar og framskriving av folketalsutvikling er basert på historisk utvikling, og dette kan og vil avvike frå den utviklinga som faktisk vil skje. Ein må vere medviten om at prognosane ikkje er fasit på framtidig utvikling, og at dei er forbunde med feilkjelder. I langsiktig planlegging må ein derfor bruke prognosar med varsemd. Planar må vere robuste og fleksible nok til at dei kan handtere ulike framtidsscenario, både at veksten blir høgare og lågare enn prognosane tilseier. I årets Fylkesprognoser.no har vi lagt oss på eit framtidsscenario som føreset at utviklinga framover vil spegle utviklinga slik den har vore dei siste snaue 20 åra, men utan at vi når dei toppane vi hadde seint på 2000-talet. Dermed ventar vi mindre innvandring enn SSB gjer i sitt hovudalternativ. Dette er meir utførleg diskutert i metodevedlegget. Folketalsutviklinga i prognosane våre blir bestemt av fødselsoverskotet (fødde minus døde) + nettoflytting (innflytting minus utflytting). Over lengre tidshorisontar spelar fødselsfrekvensar og dødsannsyn ei stor rolle ved berekning av befolkningsprognosar. Ved korte tidshorisontar er det derimot flyttinga som er det viktige for å bestemme befolkningsutviklinga i ein region, men flyttinga legg også mykje av grunnlaget for framtidig fødselsoverskot. Ved etablering av modellparameter og datagrunnlag til bruk i modellkøyringane blir det nytta data for siste statistikkår frå SSB. Estimeringsperiode for nivåfaktorar for fødde, døde og tilpassing til arbeidsmarknaden blir basert på eit gjennomsnitt av dei fire siste åra. I modellen blir det nytta dødssannsyn som er forskjellige mellom kjønna og varierer med alderen. Vi får i tillegg eit påfyll av nye barn. Dette skjer ved at kvinner i ulike aldrar får barn med ein viss frekvens. Fødselsfrekvensane gjeld berre for kvinner og varierer med alderen. Ved køyring av befolkningsmodellen blir det nytta faste regionfrekvensar frå SSB til justering av fødselsfrekvensar og dødssanssyn. Dødssanssyna blir derimot "glatta" med ei regionavstemming slik at ein får eit sett med dødssannsyn som er lik for alle kommunane innanfor ein region. Regionen får vidare eit påfyll av personar gjennom nettoflytting. I Fylkesprognoser.no for Hordaland blir nettoflyttinga gjennom prognoseperioden berekna ut frå framskriving av den historisk nettoflyttinga for kommunar i fylket i perioden 1998 til Deretter blir nettoflytting automatisk fordelt på alder og kjønn ved hjelp av ein glattefunksjon (Rogers-Castro) i PANDA. Hordaland fylkeskommune produserer fire alternativ basert på ulike alternativ for nettoflytting. Nettoflyttinga er berekna for kvar kommune og deretter summert på fylkesnivå. Under er meir informasjon om kvart alternativ: - Hovudalternativet føreset at: 1) Netto innanlandsk flytting er lik snittet for dei siste fire åra, 2) Nettoinnvandringa er lik snittet for perioden , men utan (dei «spesielle» åra etter EU-utvidinga). I tillegg har vi justert på nivåfaktorane for fødde og døde for å få eit utgangspunkt som er likt situasjonen per Dette blir gjort per kommune. Samla fruktbarheitstal for fylket var 1,67 barn per kvinne i 2017, og berekna til 1,68 barn i framskrivinga. For kommunane med lågast fruktbarheit har vi berekna Sund til 1,54 barn per kvinne, Bergen 1,5 barn, Odda 1,32, og Samnanger 1,09 barn. På grunn av at Bergen trekk ned snittet, ligg resten av kommunane over fylkessnittet på 1,68. Snittet for Hordaland utanom Bergen er 1,91. Kommunane med berekna høgast fruktbarheit i fylket er Fitjar med 2,38 barn per kvinne, Ulvik med 2,5, Fedje med 2,74 og Granvin med 2,89 barn per kvinne. - Høgscenarioet føreset at: 1) Netto innanlandsk flytting er lik snittet av dei to beste åra i perioden , 2) Nettoinnvandringa er lik hovudalternativet (snittet for perioden , men utan ), men med eit tillegg som er lik halvparten av differansen mellom snitt for dei gode åra ( ) og «normalsituasjonen» (snittet for perioden , men utan ), 3) Ein auke i fødselsfrekvensane som gradvis går opp frå 1,68 barn i snitt per kvinne i 2018 til 1,89 i Fødselsfrekvensen blir så justert på kommunenivå med dei korrigerte nivåfaktorane som er nytta i 6

7 hovudalternativet. Vi har ikkje justert dødsfrekvensane på anna vis enn korrigeringa av nivåfaktorar slik som i hovudalternativet. - Lågscenarioet føreset at: 1) Netto innanlandsk flytting er lik snittet av dei to dårlegaste åra i perioden , 2) Nettoinnvandringa er lik snittet for perioden , men utan (dei «spesielle» åra etter EU-utvidinga) og ei årleg «tømming» av innvandrar lik snittet for differansen mellom åra og snittet basert på utan desse ni åra. Tømminga er lagt inn for like mange år framover som den gode perioden, altså ni år. Deretter ventast det at innvandringa går tilbake til snittet for og , 3) Eit fall i fødselsfrekvensane som gradvis går ned frå 1,68 barn i snitt per kvinne i 2018 til 1,51 i Fødselsfrekvensen blir så justert på kommunenivå med dei korrigerte nivåfaktorane som er nytta i hovudalternativet. Vi har ikkje justert dødsfrekvensane på anna vis enn korrigeringa av nivåfaktorar slik som i hovudalternativet. - Nullinnvandringsscenarioet er eit scenario der nettoinnvandringa stoppar heilt opp og det berre er flyttetilvekst frå innanlandsk flytting. Dette alternativet er berekna på same måte som hovudalternativet, med den skilnaden at det her vert tatt utgangspunkt i netto innanlandsk flytting og ikkje nettoflyttinga (som består av både innanlandsk flytting og innvandring). Vi har også gjort nokre avstemmingar og justeringar på kommunenivå. Desse er omtalt sist i metodevedlegget. Samanlikning av framskrivingsalternativ Historisk Høgscenario Hovudalternativ Lågscenario Nullinnvandring Figur 1: Fire alternative prognosar for utviklinga i folketalet i Hordaland. Kjelde: SSB og eigne prognosar generert i PANDA. 7

8 KILDE: Figur 1 viser resultatet av våre framskrivingsscenario. Hovudalternativet vårt gir eit folketal på nesten per Høgscenarioet vårt gir eit folketal på rett over per , medan lågscenarioet gir nesten på same tidspunkt. Nullinnvandringsscenarioet gir eit folketal på nesten per Nettoflytting 1998 til Nettoinnvandring Netto innenlands flytting Sum nettoflytting Hovudalt. nettoinnv. Hovudalt. nettoflytt. Hovudalt. innlandsk nettoflytt Figur 2: Historisk nettoflytting mellom Hordaland fylke, utlandet og resten av Noreg. Kjelde: SSB via PANDA. Figur 2 viser at nettoflyttinga auka frå i 1998 til i rekordåret Deretter har den gått nedover, til i 2014, i 2015, 874 i 2016 og til sist 298 i Det er det lågaste nettotalet for fylket sidan Dei prikka linjene viser kva periode som ligg til grunn for estimeringa av høvesvis netto innvandring og netto innanlandsk flytting og den estimerte storleiken for kvar. Den stipla linja viser estimert nettoflytting (summen av estimert netto innvandring og innanlandsk flytting), som er det vi legg til grunn for prognosen. Det vil mest sannsynlig vere år som ligg både over og under dette, men i snitt trur vi altså at det er her vi vil ligge. Kommentar I heile perioden er det i all hovudsak innvandringa til Hordaland som har stått for den positive nettoflyttinga. Både i , og 2011 var den innanlandske flyttinga til Hordaland negativ, og innvandring utgjorde dermed heile nettoflyttinga. Det same er igjen tilfellet igjen frå og med 2015 etter fleire år med nedgang. Samstundes har også nettoinnvandringa vore i kraftig fall sidan Følgeleg har nettoflyttinga til Hordaland gått ned med 94 % sidan toppåret Dersom denne trenden held seg vil Hordaland ha negativ nettoflytting i

9 1 000 Snitt årleg flytting etter alder i to periodar: og Utflytting snitt Utflytting snitt Innflytting snitt Innflytting snitt Nettoflytting snitt Nettoflytting snitt Figur 3: Historisk statistikk over den samla flyttinga i ulike aldersgrupper i periodane og Kjelde: SSB via PANDA. Figur 3 viser gjennomsnittleg årleg flytting etter alder for to periodar: og Det er personar i alderen 20 til 35 som flyttar mest. Det er svært få over 50 år som flyttar både inn og ut av Hordaland. Dette gjeld begge periodane, men med nokre interessante skilnadar som blir diskutert under. Skilnadane mellom dei to periodane viser korleis flyttinga inn og ut av Hordaland har endra seg dei siste to åra. Som ein følgje av den store arbeidsinnvandringa etter utvidinga av EU opplevde fylket ein kraftig auke i innflyttinga i perioden Også utflyttinga auka i perioden, men ikkje like mykje som innflyttinga, slik at nettotala blei løfta kraftig for åringar, men også for åringar. For dei siste to åra, , ser vi tydeleg oljebremsen med påfølgjande kraftig reduksjon i nettoinnvandringa. Den årlege innflyttinga er berre litt lågare enn i perioden , men «knekken» kjem i yngre aldersgrupper enn dei gjorde, slik at talet innflyttarar er lågare for alle årskull frå midten av 20-åra. På same tid er utflyttinga langt høgare for alle årskull kor det er ein viss frekvens av flytting. Dermed blir nettotala for alle årskull frå tidleg i 20-åra lågare enn i den gode perioden. Frå og med 27-åringane er det faktisk berre fire årskull kor det ikkje var netto fråflytting frå Hordaland i Det mest treffande er skilnaden i talet flyttingar totalt mellom periodane. Det er stadig meir utflytting, slik at gjennomsnittleg årleg flytteaktivitet i perioden var omlag personar høgare enn for åra Gjennomsnittleg årleg innflytting dei to siste åra har vore litt under 800 lågare enn i Den gjennomsnittlege årlege nettoflyttinga til Hordaland i var personar. Den rekordhøge utflyttinga, kopla med noko lågare innflytting, gjer at snittet for er på berre 586 netto innflyttarar. Til samanlikning var tilsvarande før den store innvandringa personar årlege netto tilflyttarar i åra

10 Fordi barn ikkje flyttar aleine (med unntak av flytting mellom føresette), er barneflyttinga eit uttrykk for flyttinga til barnefamiliar. Denne flyttinga har endra seg relativt lite mellom periodane. Dette tyder på at endringa i innflytting for 20- til 50-åringar og i utflytting for 20- til 30-åringar, er ei endring i flytting av barnlause. Dette kan henge saman med auka arbeidsmobilitet/-innvandring. Kommentar I modellkøyringa er det estimert inn- og utflytting, samt aldersfordeling for flyttarane for 2017 sidan flytting etter alder og kjønn enno ikkje er tilgjengeleg frå SSB. Modellsystemet estimerer noko lågare inn- og utflytting enn dei reelle tala (som er kalkulert basert på historisk flytting og det reelle nettotalet), og dette forplantast slik at den estimerte flyttinga for kvart årskull nok er lågare enn dei reelle tala. Aldersfordelinga er likevel lik den historiske. Det er uansett summen, altså nettoflyttinga, som er viktig i prognosekøyringa. Flytteprognose Inn-, ut- og nettoflytting i perioden Innflytting Utflytting Nettoflytting Figur 4: Historisk statistikk og prognose for inn-, ut og nettoflytting i Hordaland. Kjelde: SSB via PANDA (historisk statistikk), eigen prognose generert i PANDA (framskriving). Figur 4 viser inn-, ut- og nettoflytting i Hordaland. Historiske tal frå 1998 til 2017, prognose for 2018 til I 2017 flytta personar til Hordaland, mens flytta ut av fylket. Dette gjev eit flytteoverskot på 298 personar. Metodekommentar Nettoflyttinga til Hordaland er den lågaste sidan Utflyttinga har aldri vore høgare så langt tilbake SSB publiserer statistikk (1951), sjølv om den berre har auka litt frå i 2016, då den også var rekordhøg. Innflyttinga er den lågaste sidan 2008, men på den positive sida er den framleis høgare enn noko år før det. Trenden er imidlertid negativ. Sidan toppåret for innflyttinga med i 2013, har det i snitt blitt 656 færre innflyttarar kvart år. Dersom denne trenden held fram vil Hordaland allereie i 2018 ha netto fråflytting på 395 personar. Sist Hordaland hadde netto fråflytting var i

11 I sum føreset vi likevel at den årlege nettoflyttinga til Hordaland i snitt vil ligge på omlag personar dei neste 27 åra. Dette er ei nedjustering frå det vi har føresett i tidlegare utgåver av Fylkesprognoser. Dette heng saman med at nedturen i oljesektoren har vore større enn venta og som har gitt større utslag på innvandringa enn vi trudde. Dette er diskutert i meir detalj i metodevedlegget. Prognose for fødde og døde Fødde, døde og fødselsoverskot i perioden Fødde Døde Fødselsoverskot Figur 5: Historisk statistikk og prognose for fødde, døde og fødselsoverskot i Hordaland. Kjelde: SSB via PANDA (historisk statistikk), eigen prognose generert i PANDA (framskriving). Historisk har det vore mindre uvisse om fødsels- og dødsratar enn om innvandring, spesielt på kort sikt. Samstundes var fruktbarheitstala i 2017 lågare enn på lenge i heile landet og nedgangen berre frå året før er stor. I 2017 blei det fødd personar i Hordaland, mens døde. Dette gjev eit fødselsoverskot på Dette er dei lågaste fødselstala sidan 2006, medan dødstala er dei lågaste sidan Fødselsoverskotet er også det lågaste sidan Nedgangen i fødslar frå 2016 til 2017 er den største i heile perioden vi her viser. Fruktbarheitsføresetnadene bak vår prognose gjer at talet fødde vil ligge høveleg stabilt framover, medan talet døde er venta å halde seg nokså stabilt fram til 2025, for deretter å auke relativt kraftig i takt med aldringa av dei store etterkrigskulla. Veksten i talet eldre er langt høgare enn den generelle folkeveksten, så talet døde vil på sikt auke meir enn talet fødde. I følgje prognosen vil fødselsoverskotet følgeleg gå ned ettersom talet døde aukar samstundes som fødseltala ligg på same nivå i heile perioden. Trass i stabile fødselstal gjer den raskt aldrande befolkninga at fødselsoverskotet i 2044 er estimert å vere på berre 295 personar. Så lågt har fødselsoverskotet i Hordaland aldri vore så langt tilbake SSB publiserer statistikk (1951). 11

12 Prognose for samla folkevekst Befolkning etter aldersgrupper i perioden år år år år år år Figur 6: Historisk statistikk og prognose over folketalet i Hordaland fordelt på aldersgrupper per 1.1. kvart år. Kjelde: SSB via PANDA (historisk statistikk), eigen prognose generert i PANDA (framskriving). Fordelt på aldersgrupper er den største reelle veksten frå til venta å kome blant åringar ( ), deretter åringar ( ), åringar ( ), åringar (+697), åringar (-3 239) og 0-14-åringar (-4 474). Det er altså venta nedgang i talet 0-24-åringar i Hordaland i 2045, målt mot dagens situasjon! Dette syner korleis dei samanfallande faktorane med lågare fruktbarheit (færre barn per kvinne) og lågare tilflytting (mindre påfyll av unge) spelar saman slik at det blir stadig færre unge i fylket. Størst relativ vekst er venta å kome blant dei frå 75 og oppover (117 %) og åringar (25 %). Det er altså venta ei dobling i talet over 75 fram mot Totalt er Hordaland venta å vekse med innbyggjarar (13 %) frå til Hordaland kunne våren 2013 markere innbyggjar nummer I følgje denne prognosen vil ikkje innbyggjar nummer kome i løpet av prognoseperioden. I fjorårets prognose ville dette skje i løpet av Ved inngangen til 2045 er vi venta å ha hordalendingar. Kommentar Ein viktig føresetnad for at desse prognosane skal bli oppfylt, er at det er bustad til alle som vil bu her, og arbeid til alle som ønskjer det. Folkeveksten vil ikkje kome av seg sjølv. Om det er arbeidsplassar, men ikkje bustader, kan ein sjå prognosen som ein indikator på kva som ligg latent mogleg å få til av folkevekst, og kva press som vil vere både på bustadmarknaden og på arbeidsmarknaden. Om det er bustader, men ikkje arbeidsplassar, kan ein sjå prognosen motsett: som ein indikator på overkapasitet og risiko for fallande bustadprisar og lønningar, men også som ein indikator på kva som vil bli mogleg å få til av sysselsettingsvekst. Om det korkje er bustader eller arbeidsplassar, vil mykje av grunnen for å flytte hit (og for å bli verande) bli borte, og vi vil heller ikkje få den folkeveksten som vi ventar oss. 12

13 Årets prognose legg til grunn lågare venta nettoflytting enn prognosane vi har laga i fjor, som igjen var ein del lågare enn åra før. Ettersom det meste av flytting skjer blant åringar (sjå figur 3 over), gir dette utslag i korleis aldersfordelinga er venta å utvikle seg i fylket fram mot Med relativt høg nettoflytting inn til Hordaland, var det venta eit stadig påfyll av unge vaksne. I årets prognose er dette «påfyllet» langt lågare, og følgeleg er det dei eldste aldersgruppene som er venta å vekse mest i åra som kjem. Dette understreker også at fylket er avhengig av tilflytting for å motverke den kommande «eldrebølga». Folkesvekst etter type i perioden , i prosent Fødselsoverskot Nettoflytting Folkevekst 1,8 % 1,6 % 1,4 % 1,2 % 1,0 % 0,8 % 0,6 % 0,4 % 0,2 % 0,0 % Figur 7: Historisk statistikk og prognose for den samla folkeveksten i fylket, samt utviklinga i dei to nettokomponentane til folkeveksten. Kjelde: SSB via PANDA (historisk statistikk), eigen prognose generert i PANDA (framskriving). Folkevekst består av to nettokomponentar: nettoflytting og fødselsoverskot. Figur 7 viser dette og den samla folkeveksten i prosent av befolkninga. Folkeveksten i 2017 var på 0,5 %, som er det lågaste sidan Folkeveksten er av modelltekniske årsakar venta være litt høgare i 2018 sidan vi har estimert at gjennomsnittleg årleg nettoflytting til Hordaland vil ligge på personar. I prognosen blir denne verdien lagt til grunn kvart år, medan talet i realiteten er venta å svinge opp og ned år for år rundt dette punktet. Med stabil nettoflytting og stabile fødselstal, men ei befolkning som raskt blir eldre som diskutert over, er det venta at befolkningsveksten i snitt vil falle med omlag 0,02 prosentpoeng årleg fram mot Det resulterer i at folkeveksten i 2044 estimerast til 0,2 %. Dersom vi hadde strukke prognosen enda lengre fram, vil det med denne takten bli folkenedgang i Hordaland seint på 2050-talet. Både 2017-talet og prognosen framover ligg langt under toppåret i Hordaland i 2009, kor folkeveksten var på 1,6 %. I nominelle tal finn vi det same som dei relative verdiane: modellen estimerer at folkeveksten vil bli høgare i 2018 enn i 2017, men det vil deretter vere ein nedgang år for år framover. I 2033 vil folkeveksten vere omlag den same som i 2017 og i 2044 vil den vere på personar. I røynda kan framtidig folkevekst i enkeltår både vere høgare og lågare enn det prognosen viser, men prognoselinja kan sjåast som eit glidande gjennomsnitt. 13

14 I 2009 og i 2012 utgjorde nettoflyttinga 1 % av folketalet. I 2017 utgjorde nettoflyttinga godt under 0,1 % av folketalet. Framover er den venta å ligge på omlag 0,2 % årleg, men med ein langsam nedgang fram mot Dette er langt svakare vekst enn prognosen i fjor la opp til. Fødselsoverskotet var i den historiske perioden på sitt høgste nivå i 2009, med 0,6 % av folketalet, og i 2017 utgjorde det 0,4 %. Fødselsoverskotet er forventa å gå sakte nedover og i 2027 falle ned på 0,3 %, i 2034 ned på 0,2% og i 2040 ned på 0,1 %. I 2044 vil fødselsoverskotet som del av befolkninga året før vere på 0,05 %. Dette heng saman med aldersfordelinga i befolkninga. På det meste utgjorde innvandring rundt eitt prosentpoeng av folkeveksten som del av folketalet. Vi har i figur 8 under lagt inn eit scenario der nettoinnvandringa er sett til null framover. Dermed kan vi rekne ut «innvandringsbidraget» til folkeveksten, både for kvart år, og i sum. Differansen mellom eit Hordaland med eller utan innvandring vil i 2045 vere på heile innbyggjarar. Kommentar Den framskrivne nettoflyttinga svingar ikkje slik som den historiske. Kvart einskild år i prognoseperioden er ikkje lett å treffe, men over tid vil vi vente ei utvikling som kan glattast ut som i figur 7. Når vi samanliknar figur 7 og 8 ser vi både kor viktig innvandringa er for folkeveksten i fylket, og kor avhengig prognosen er av at vi treff korrekt med våre innvandringsprognosar for kommunane. Historikken i figurane ( ) viser stor variasjon i nettoflyttinga, og liten variasjon i fødselsoverskotet. Vi er dermed meir usikre om framtidig nettoflytting enn vi er om framtidig fødselsoverskot, men trekk vi bort nettoinnvandringa, vil dette etter berre få år også få konsekvensar for fødselsoverskotet. Dersom (netto)innvandringa skulle stoppe heilt opp, vil vi likevel få ei viss folkevekst i fylket fram til 2039, men denne vil eine og aleine skuldast fødselsoverskot, og frå og med 2040 er det ikkje høgt nok til å hindre folkenedgang. Netto innanlandsk flytting vil vere -362, og fødselsoverskotet vil gå ned grunna jamn utflytting av unge i fertil alder. 1,8 % 1,6 % 1,4 % 1,2 % 1,0 % 0,8 % 0,6 % 0,4 % 0,2 % 0,0 % -0,2 % -0,4 % Folkevekst etter type i perioden , i prosent Fødselsoverskot Nettoflytting Folkevekst Figur 8: Historisk statistikk og teoretisk prognose for den samla folkeveksten ved nettoinnvandring lik null. Kjelde: SSB via PANDA (historisk statistikk), eigen prognose generert i PANDA (framskriving). 14

15 Folkevekst etter alder og kjønn år år år år år år år år år år år år år år år år år år 5-9 år Befolkningspyramide for åra 2018 og 2045 Menn 2018 Kvinner 2018 Menn 2045 Kvinner år Figur 9: Historisk statistikk og prognose for folketalet i Hordaland fordelt på aldersgrupper og kjønn. Kjelde: SSB via PANDA (historisk statistikk), eigen prognose generert i PANDA (framskriving). Fordelt på aldersgrupper på fem år er det i dag gruppa år som er den største i Hordaland ( kvinner og menn). I 2045 er det gruppa år som er venta å bli den største ( kvinner og menn). Kommentar Gjennomsnittsalderen vil bli høgare (39,3 år og 44,1 i 2045, sjå tabell 1 under). Dette er fordi dei eldste gruppene veks meir enn dei yngste, og dei over 75 vil bli relativt sett fleire enn i dag, mens dei under 40 vil bli relativt sett færre. Dette ser vi i pyramiden (figur 9) ved at det som i dag tilnærma er ein «boks» opp til 49 år, i 2044 får langt fleire kurvar. Pyramiden «eser» også ut på toppen, medan det er liten vekst eller til og med nedgang i dei låge aldersgruppene. Ei innsnevring i botn er eit typisk teikn på låge fødselsratar i land i den vestlege verden, og er med på å gi høgare snittalder. Årets prognose inneber ei større innsnevring enn fjorårets. Dette skuldast at vi ventar mindre (arbeids)innvandring, og følgeleg mindre påfyll av unge. 15

16 KILDE: SSB/PANDA 6 % Folketalsvekst etter aldersgrupper i perioden , i prosent 5 % 4 % 3 % 2 % 1 % 0 % -1 % -2 % 0-14 år år år år år år Samla vekst Figur 10: Historisk statistikk og prognose for den årlege folkeveksten i fylket fordelt på aldersgrupper. Kjelde: SSB via PANDA (historisk statistikk), eigen prognose generert i PANDA (framskriving). Fordelinga av folkeveksten mellom aldersgruppene år-for-år er vist i figur 10. Her er befolkninga inndelt i seks aldersgrupper. Samla vekst er vist med den svarte linja, og er den same som i figur 7. Kommentar Aldersgruppa med mest stabil vekst framover er gruppa år, som er venta å bevege seg rundt 0,5 % årleg vekst fram til ca før den går ned nærare 0 %. Aldersgruppa 0-14 år er venta å ha stadig større årleg nedgang fram til -0,6 % i 2024, før talet sakte forbetrar seg og ligg omlag på 0 % frå 2032 og ut prognoseperioden. Talet åringar er venta å svinge relativt kraftig framover, frå -1 % i 2018 opp til 0,5 % vekst i 2024, før veksten dei neste 7-8 åra svingar mellom 0 og 0,5 %. Frå 2030 blir det igjen ein kraftig nedgang til -0,7 % i 2034, før talet sakte tar seg opp igjen til å leggje seg på omlag 0 % dei siste åra i prognosen. Talet åringar har liknande utvikling, berre med motsett forteikn: frå +0,9 % i 2018 blir det nedgang til -0,4 % i 2028, før ei gradvis forbetring til å ligge rundt 0 % frå ca og ut prognoseperioden. 16

17 To grupper skil seg ut med eksepsjonelt høg vekst i kvar sin periode: åringar vaks kraftig fram til slutten av 2000-talet, før veksten gradvis blei mindre fram til i dag. Det er dei same personane som står bak den valdsame veksten i åringar som alt er starta og som er venta å nå sitt høgdepunkt i 2021, før den gradvis går ned igjen (men framleis har den desidert høgaste relative veksten av alle aldersgrupper). At det er relativt store svingingar i aldersgruppene tidleg i perioden, gjerne i motsett retning av kvarandre, før det heile blir roligare seinare i perioden, viser at gruppene ikkje er uavhengige av kvarandre. Dagens 0-14-åringar er «morgondagens» åringar og så vidare, slik at bevegelsane vi ser tidleg i stor grad handlar om at dagens befolkningsgrunnlag blir stadig eldre (med litt fråfall og påfylling gjennom flyttingar og dødsfall). Sidan fødselstala er venta å vere relativt stabile, vil ikkje vi få dei same svingingane seint i prognoseperioden sidan dei nye årskulla vil være omlag like store og dagens skeivfordeling i stor grad er «retta opp i» ved at dei fleste har gått over i dei eldste aldersgruppene. Det er også desse som opplev størst vekst år-for-år i dei seinare åra. Utvalde data på kommunenivå Fylkesprognoser.no er først og fremst prognosar på fylkesnivå, og usikkerheita blir større når vi bryt tala ned på kommune- og regionnivå. Vi har likevel kommunale og regionale tal, og nokre av desse er vist i tabell 1. Nettoflyttinga for kvar kommune er estimert i høve til metoden som er diskutert innleiingsvis og i metoderapporten. Det er viktig å ha med seg at prognosen ikkje tar høgde for framtidige infrastrukturprosjekt eller andre aktuelle, lokale tema som kan verke inn på utviklinga. Vi har presentert tal både for dagens kommunestruktur, samt samla for dei kommunane kor det er vedteke samanslåing. Merk likevel at prognosen er køyrd på dagens kommunestruktur. Til høgre for kommunenamna i tabell 1 er to kolonnar med kommunenumre (før og etter 2020). Deretter kjem fire kolonnar for folketal: folketalet per , per , per , og gjennomsnittleg endring (Δ) per år frå 2018 til Vidare er det tre sett med kolonnar for tre aldersgrupper som er storforbrukarar av kommunale tenester: 1-5 år, 6-15 år, og dei over 75 år. For kvar av desse gruppene er det også vist gjennomsnittleg endring per år frå 2018 til Lengst til høgre i tabellen er gjennomsnittsalder ved inngangen til 2018, 2030 og Vi har ikkje teke høgde for typisk fordeling av fødselstidspunkt i året ved utrekning av snittalder, men rekna 0-åringar i snitt som 0,5-åringar, 1-åringar i snitt som 1,5-åringar, og så vidare. Størst vekst er venta å kome i Os (i snitt 1,8 % per år) og Fjell (1,4 %), følgt av Meland og Fitjar (begge 1,2 %). 1,8 % per år over mange år vil vere relativt høgt. Folketalet på Os vil i så fall auke med 60 % frå 2018 til Samtidig er 2045 som horisont moglegvis for langt fram for dei mindre kommunane. Os kjem best ut av kommunane i Hordaland mellom anna fordi dei har hatt høg netto innanlandsk tilflytting, og følgeleg ikkje vore like direkte avhengige av innvandring for å få folkevekst som mange andre kommunar. Med lågare veksttal i nabokommunane spørs det likevel om utflyttinga til Os vil bli like stor i framtida. Også på kommunenivå gir årets prognose relativt store endringar for enkeltkommunar samanlikna med fjorårets prognose. Når vi føresett ein såpass mykje lågare innvandring, innflytting og fødslar, er det mange av kommunane som har nytt godt av ein eller fleire av desse faktorane som no får langt lågare vekstestimat. Den største nedgangen samanlikna med fjorårets prognose gjeld for kommunar rundt Bergen, som i mange år har hatt relativt høg innflytting, både frå andre kommunar i Noreg og også frå utlandet, samstundes som ei relativt ung befolkning har gitt mange fødslar. Med dei nedjusterte forventingane til utviklinga av desse komponentane som vi føresett i årets prognose, blir venta vekst ein god del lågare enn tidlegare prognosar. Samstundes er det framleis desse kommunane kor vi ventar den høgaste veksten i fylket, det er berre at den er nedjustert samanlikna med i fjor. På same tid er det også ein del kommunar, spesielt i Sunnhordland og Hardanger, som får eit motsett skifte: årets prognose viser at utvikling er venta å vere meir positiv enn det fjorårets prognose tilsa. Interessant 17

18 nok kan det sjå ut til at dette skuldast at endringa i føresetnadane mellom dei to prognosane har medført ei omfordeling av folkeveksten innad i desse to regionane. Regionane som heilskap ligg på same nivå som i fjorårets prognose, medan nokre kommunar internt har fått langt betre vekstforventingar, samstundes som andre har fått meir pessimistiske forventingar. Eit eksempel er Fitjar, som går frå å ha venta årleg nedgang på -0,6 % i fjorårets prognose til å ha ein venta årleg vekst på 1,2 % i årets prognose. Det utgjer å gå frå ein venta årleg nedgang på 16 innbyggjarar til ein forventning om årleg vekst på 46 innbyggjarar. Fitjar hadde svært høg innanlandsk innflytting i , men hadde netto fråflytting i Sidan det er snittet for dei siste fire åra som leggast til grunn for innanlandsk flytting i framtida, kjem dei derfor relativt godt ut. Det kan derfor vere ein idé å også sjå på lågscenarioet vi har laga, som føresett ei utvikling dei to dårlegaste av dei fire siste åra, samt ei «tømming» av innvandrarane som kom i den eksepsjonelle perioden I ein såpass liten kommune er prognosen usikker, og spesielt om ein ser meir enn nokre år framover. Det understrekast også ved at Fitjar i fjorårets prognose sto fram som ein av dei kommunane som hadde den mest negative svingen samanlikna med året før der igjen. Usikkerheita vil vere gjeldande både for kommunar kor det i årets prognose er venta framtidig vekst og dei som er venta å ha nedgang: vekst eller nedgang tidlegare år er ingen garanti for at det same blir tilfelle også framover. Prognosen tar til dømes ikkje høgde for om det er eit tak på kor mykje potensiale for vekst enkeltkommunar eigentleg har eller om det finnast ein «botn» i kor mange som kan flytte frå ein kommune. Samstundes er det eit bilde som gjer seg gjeldande i årets prognose, på same vis som i fjor: når vi legg til grunn andre føresetnader enn tidlegare, til dømes lågare forventa vekst i fylket, blir nokre trendar synlege som tidlegare har vore skjulte som følgje av sterk, generell vekst. Dei kommunane som i årets prognose er venta å ha høgast vekst ligg, med nokre unntak, rundt Bergen. Sju kommunar er venta å ha ein årleg folketalsvekst på minst 1 % (Os, Fjell, Tysnes, Meland, Fitjar, Ulvik og Askøy) og fire av desse ligg i pendlaravstand frå fylkeshovudstaden. De fire kommunane som ligg i pendlaravstand til Bergen (Os, Fjell, Meland og Askøy), har alle hatt positiv nettoflytting i stort sett heile perioden , også innanlandsk. Det er derfor grunn til å tru at veksten i desse kommunane har vore meir «robust» og mindre syklisk enn kommunar som i stor grad har vore avhengig av innvandring for å få positiv nettoflytting. Arbeidsinnvandringa er konjunkturstyrt i langt større grad enn innanlandsk flytting. Samstundes opplevde både Meland og Askøy kraftig nedgang i veksten i 2017, så det spørs om veksten vil halde fram også i framtida. Tysnes, Fitjar og Ulvik har på si side gjort det relatvt betre dei siste åra, samanlikna med tidlegare. Derfor kjem dei også meir positivt ut med dei føresetnadane vi legg til grunn. Også dei opplevde nedgang igjen i Uansett er det viktig å ha med seg lokale høve dersom ein nyttar Fylkesprognoser.no på kommunenivå til planlegging og ein bør vurdere om høg- eller lågscenarioet gir eit meir realistisk bilde enn hovudalternativet. Vi ventar folketalsreduksjon i tolv kommunar. Størst nedgang er venta i Odda (i snitt -1,8 % per år), deretter følgjer Ullensvang (-1,4 %). Dette er høgt og vil resultere i ein samla folkenedgang på høvesvis 38 og 31 % over dei neste 27 åra. Både Odda og Ullensvang har hatt netto innanlandsk fråflytting kvart år i perioden vi ser på ( ). I Odda fell også nettoinnvandringa kraftig i 2017 etter vekst i 2016, medan den er meir stabil i Ullensvang. Kombinert med at dei stort sett har hatt fødselsunderskot, betyr det at begge dei fleste år har hatt folketalsnedgang. Såleis viser prognosen berre at denne trenden er venta å fortsette. Samstundes kan ein spørje seg om det finnast ei grense for kor mykje fråflytting dei kan ha over tid før det stoppar opp. Våre tal viser at desse kommunane i 2045 vil ha få personar i «flyttbar alder» (20-35 år). Dei resterande ni kommunane med venta nedgang går frå Kvam på -0,6 % til Stord på -0,1 %. Dermed er ikkje tala like negative som for Odda og Ullensvang, men den samla folkenedgangen som er venta fram til vil likevel vere på mellom 10 og 15 % sjølv for dei som «berre» har ein nedgang rundt -0,5 % i året. For både Kvinnherad og Kvam vil det resultere i meir enn færre innbyggarar om år. 18

19 Seks av sju kommunar i Hardanger er venta å ha nedgang, og det same gjeld tre av åtte kommunar i Sunnhordland, og ein kvar i Nordhordland, Osterfjorden og Bjørnefjorden. Kommunane har hatt ulik utvikling dei siste tjue åra, men alle har hatt periodar med høg innanlandsk fråflytting. For Bømlo, Eidfjord og Kvam sin del har det vore betydeleg vekst i 2017, men frå veldig låge (negative) utgangspunkt. For Stord, Jondal, Samnanger og Fedje er det motsett: dei har hatt kraftig auke i fråflyttinga i etter relativt gode tal åra før. Vaksdal har såpass store svingingar at det er vanskelig å identifisere ein klar trend. Med unntak av Bømlo, Stord og Kvinnherad, er alle desse kommunar med under innbyggjarar i 2018, og om vi også ser bort frå Kvam og Odda, har dei resterande kommunane med venta nedgang mindre enn innbyggjarar. Som nemnt tidlegare er prognosen meir usikker for dei mindre einingane. I sum er Hordaland venta å vekse med 0,5 % per år frå til Dette er 0,3 prosentpoeng lågare enn fjorårets prognose, som igjen var eit halvt prosentpoeng lågare enn prognosen året før det igjen. Dei to yngste aldersgruppene i tabellen (1-5-åringar og 6-15-åringar) er venta å gå litt ned (begge i snitt - 0,2 % årleg), og med ein del variasjon mellom kommunane som stort sett speglar den venta skilnaden i folketalsutviklinga generelt. Størst vekst i både 1-5-åringar og 5-15 åringar er venta i Ulvik, medan størst nedgang er venta i Odda. Desse kommunane er òg blant topp og botn i fruktbarheit i fylket. Dersom prognosen treff, vil Odda ha to tredelar færre barn i barnehagealder og godt under halvparten så mange barn i grunnskolealder i 2045 samanlikna med Det er kommunane med størst venta vekst generelt som også kan vente størst vekst i talet 1-16-åringar. Samstundes vil den venta eldrebølgja slå hardast ut i dei same kommunane. Mange av desse har relativt få eldre i dag, men etterkvart som dei unge vaksne som har flytta til kommunen dei siste tiåra vert eldre, vil talet eldre vekse kraftig, og i prosent langt meir enn dei yngste aldersgruppene. Fjell, som er blant kommunane med høgast venta vekst generelt, er venta å få den høgaste veksten i talet innbyggjarar på 75 og eldre. 4,7 % fleire eldre i året, eller til saman meir enn ei tredobling er venta her fram til Med dette vil snittalderen i kommunen auke med 4,8 år, noko som er det same som snittalderen er venta å auke i fylket som heilskap. I alle kommunar er den relative auka i innbyggjarar 75+ høgare enn den generelle folkeveksten i kommunen. I årets prognose er det Odda som er venta å få den høgaste veksten i snittalder, frå 44,2 år i 2018 til 54,5 år i Dette er ein auke på 10,3 år. Som nemnt mange gongar tidlegare i denne rapporten, er prognosen spesielt usikker for dei mindre kommunane. Likevel syner tala for Odda kva som vil skje dersom dei ikkje klarer å stogge eit jamt utsig av innbyggjarar i «sin beste alder». Prognosen ventar ei netto fråflytting på 50 personar i året. Når det blir 50 færre unge vaksne i året i kommunen, får dette altså store ringverknader. Det er desse som skulle tatt vare på den stadig større gruppa av eldre i kommunen, og dei skulle sjølv ha fått barn som skulle tatt hand om dei igjen når dei blei gamle. Når denne gruppa tappast år for år stoppar denne sirkelen opp og kommunen sit igjen med ei befolkning som raskt blir eldre. Scenarioet her er kanskje ein ekstremsituasjon, men Odda har som nemnt hatt folkenedgang nesten kvart år i heile perioden vi har sett på. Fedje har i dag den eldste befolkninga i Hordaland (45,3 år), men det er altså Odda som er venta å ha den høgaste snittalderen i 2045 grunna forholda som er diskutert over. Gjennomsnittsalderen i Hordaland er venta å auke frå 39,3 år per til 44,1 år i

20 Kommunenr Folkemengd per 1.1. Innbyggjarar 1-5 år Innbyggjarar 6-15 år Innbyggjarar 75+ år Snittalder Δ / år Δ / år Δ / år Δ / år Hordaland ,5 % ,2 % ,2 % ,9 % 39,3 41,8 44,1 Bergen ,3 % ,5 % ,3 % ,8 % 39,0 41,7 44,1 Etne ,3 % ,2 % ,0 % ,7 % 40,9 42,2 43,3 Sveio ,4 % ,6 % ,4 % ,4 % 38,5 42,1 44,6 Bømlo ,2 % ,4 % ,4 % ,3 % 39,1 43,4 47,5 Stord ,1 % ,0 % ,9 % ,2 % 38,8 42,6 46,2 Fitjar ,2 % ,5 % ,8 % ,6 % 39,3 40,5 41,5 Tysnes ,0 % ,3 % ,5 % ,5 % 44,0 43,0 42,4 Kvinnherad ,4 % ,3 % ,6 % ,3 % 42,1 46,0 49,5 Ullensvang ,5 % ,7 % ,4 % ,5 % 44,1 48,0 52,8 Jondal ,1 % ,0 % ,1 % ,0 % 44,2 45,8 46,3 Odda ,8 % ,9 % ,1 % ,4 % 44,2 48,4 54,5 Ullensvang ,4 % ,2 % ,3 % ,6 % 43,8 47,9 52,8 Eidfjord ,3 % ,1 % ,8 % ,3 % 43,5 45,4 47,5 Ulvik ,0 % ,0 % ,1 % ,5 % 43,9 41,8 40,6 Voss ,1 % ,6 % ,4 % ,0 % 42,1 44,1 46,3 Granvin ,2 % ,1 % ,0 % ,0 % 44,6 46,0 47,7 Voss ,1 % ,6 % ,5 % ,0 % 41,9 44,0 46,2 Kvam ,6 % ,4 % ,0 % ,6 % 42,3 44,7 47,1 Samnanger ,2 % ,6 % ,9 % ,2 % 42,5 47,6 52,1 Bjørnafjorden ,6 % ,4 % ,2 % ,6 % 38,3 39,8 41,3 Fusa ,6 % ,0 % ,2 % ,0 % 42,0 43,1 43,8 Os ,8 % ,5 % ,3 % ,0 % 37,6 39,3 41,0 Austevoll ,8 % ,1 % ,5 % ,5 % 38,4 40,0 41,5 Øygarden ,1 % ,6 % ,5 % ,3 % 37,5 40,2 42,5 Sund ,4 % ,0 % ,8 % ,9 % 38,1 42,1 45,0 Fjell ,4 % ,0 % ,9 % ,7 % 37,0 39,5 41,8 Øygarden ,4 % ,1 % ,0 % ,3 % 39,3 41,4 43,4 Askøy ,1 % ,4 % ,4 % ,9 % 37,0 39,7 41,9 Vaksdal ,4 % ,0 % ,7 % ,0 % 42,4 44,0 46,5 Modalen ,2 % ,4 % ,9 % ,5 % 40,8 42,3 44,2 Osterøy ,7 % ,4 % ,1 % ,2 % 39,8 42,7 45,4 Alver ,8 % ,1 % ,1 % ,7 % 39,0 41,9 44,0 Meland ,2 % ,1 % ,4 % ,1 % 36,8 39,7 42,1 Radøy ,0 % ,2 % ,6 % ,3 % 40,8 44,5 47,3 Lindås ,8 % ,4 % ,2 % ,6 % 39,5 42,2 44,1 Austrheim ,0 % ,9 % ,5 % ,8 % 42,2 45,4 47,8 Fedje ,5 % ,2 % ,3 % ,7 % 45,3 47,3 50,2 Masfjorden ,1 % ,7 % ,2 % ,3 % 43,3 44,3 45,6 20

21 Fylkesprognoser metodevedlegg Vi vil i dette vedlegget greie ut om metodikken som ligg til grunn for årets befolkningsprognosar for Hordaland. Vi vil spesielt fokusere på føresetnadane som ligg til grunn for årets prognose. Prognosar og framskriving av folketalsutvikling er basert på historisk utvikling, og dette kan og vil avvike frå den utviklinga som faktisk vil skje. Ein må vere medviten om at prognosane ikkje er fasit på framtidig utvikling, og at dei er forbunde med feilkjelder. I langsiktig planlegging må ein derfor bruke prognosar med varsemd. Planar må vere robuste og fleksible nok til at dei kan handtere ulike framtidsscenario, både at veksten blir høgare og lågare enn prognosane tilseier. I årets Fylkesprognoser.no har vi lagt oss på eit framtidsscenario som føreset at utviklinga framover vil spegle utviklinga slik den har vore dei siste snaue 20 åra, men utan at vi når dei toppane vi hadde seint på 2000-talet. Hordaland fylkeskommune nyttar modellsystemet Panda (Plan- og analysesystem for næring, demografi og arbeidsmarknad) for å lage befolkningsprognosar. Systemet er eigd av Panda analyse og utvikla og drifta av SINTEF Teknologi og samfunn. Data for 2017 er ikkje tilgjengeleg i Panda per no, slik at det har vore naudsynt å legge inn 2017-tal manuelt for å få eit korrekt utgangspunkt for prognosen. Dette betyr at modellen behandlar 2017 som det første prognoseåret, men ved å legge inn dei korrekte tala på nøkkelparametrane blir dei estimerte tala for 2017 tilnærma lik dei reelle. Endra føresetnadar for prognosekøyringane Folketalsutviklinga i prognosane våre blir bestemt av fødselsoverskotet (fødde minus døde) + nettoflytting (innflytting minus utflytting). Over lengre tidshorisontar spelar fødselsfrekvensar og dødssannsyn ei stor rolle ved berekning av befolkningsprognosar. Ved korte tidshorisontar er det derimot flyttinga som er det viktige for å bestemme befolkningsutviklinga i ein region, men flyttinga legg også mykje av grunnlaget for framtidig fødselsoverskot. Regionane vi køyrer prognoser for får eit påfyll av personar gjennom nettoflytting som kjem i tillegg til fødselsoverskotet. Vi estimerer framtidig nettoflytting for alle kommunane i fylket og legg dette inn som input i modellkøyringane. Deretter blir nettoflytting automatisk fordelt på alder og kjønn ved hjelp av ein glattefunksjon (Rogers-Castro) i PANDA. Sidan 2012 har vi brukt ulike innfallsvinklar for å estimere nettoflyttinga. Vi skal ikkje nytte mykje plass i denne rapporten til å diskutere vala som har blitt gjort tidlegare år, men det er likevel nyttig å ha ei lita oversikt som bakgrunn for dei vidare metodiske diskusjonane. Hovudalternativet for framtidig nettoflyttinga for kommunane i Hordaland har blitt estimert på følgjande måtar: Fylkesprognoser 2013: styrt etter ei framskriving av nettoflytting (tid målt loglineært) basert på perioden 2000 til Fylkesprognoser 2014: styrt etter ei framskriving av nettoflytting (tid målt loglineært) basert på perioden 2000 til 2013, som året før. I tillegg, i dei kommunane kor det blei funne at arbeidsløyse 21

22 og/eller bustadbygging har hatt statistisk signifikant effekt på historisk flytting, blei effekten på framtidig nettoflytting estimert som ein funksjon av framtidig arbeidsløyse og/eller bustadbygging lik gjennomsnittet dei siste sju åra. Fylkesprognoser 2015: styrt etter ei framskriving av nettoflytting (tid målt loglineært) basert på perioden 2001 til I tillegg, for kommunar der dette har hatt signifikant effekt på historisk flytting, framtidig ordretilgang for eksportindustrien som er lik gjennomsnittet frå og med juli 1999 til og med juni 2012 (det er eitt og eitt halvt år etterslep frå endringar i ordretilgangen slår ut som endringar i flyttinga) pluss vekst lik historisk (loglineær) trend. Nettoflytting i åra 2015 til 2040 følgjer dermed ei framskrive regresjonslinje som funksjon av tid (målt loglineært) og ordretilgang på nettoflytting i perioden 1999 til Fylkesprognoser 2016: same som over, berre at tidseffekten blei basert på perioden 2002 til 2015 og effekten av ordretilgangen tok utgangspunkt i perioden juli 2000 til juni Nettoflytting i åra 2016 til 2040 følgjer dermed ei framskrive regresjonslinje som funksjon av tid (målt loglineært) og ordretilgang på nettoflytting i perioden 2002 til Fylkesprognoser 2017: nettoflyttinga er framskrive med utgangspunkt i den historisk nettoflyttinga for kommunar i fylket i perioden 1998 til Fylkesprognoser 2018: Netto innanlandsk flytting er lik snittet for dei siste fire åra, medan nettoinnvandringa er lik snittet for perioden , men utan (dei «spesielle» åra etter EU-utvidinga). I tillegg har vi justert på nivåfaktorane for fødde og døde for å få eit utgangspunkt som er likt situasjonen per I tillegg til hovudalternativa blei det laga låg- og høgscenario for framtidig nettoflytting, samt eit nullinnvandringsalternativ Hordaland (1.1) FP2013 FP2014 FP2015 FP2016 FP2017 FP2018 Historisk Lineær (Historisk) Figur 11: Befolkninga i Hordaland per , seks årgangar av Fylkesprognoser. Kjelde: SSB via Panda (historisk), eigne prognosar via statistikk.ivest.no (prognosar) 22

23 Figuren viser folketalet i Hordaland per 1.1. i perioden 1999 til Raud linje viser observert folkemengd i for åra Dei andre linjene viser korleis dei ulike årgangane av Fylkesprognoser for Hordaland har venta at folketalet skal utvikle seg. Lineær trend er basert på den historiske perioden. I Fylkesprognoser 2017 og 2018 har vi gått tilbake til ein meir grunnleggjande modell enn åra før. Vi har valt å gå vekk frå dei meir omfattande modellane vi har nytta dei siste åra da vi har observert at dei ikkje i særleg grad klarer å fange opp nedgangen i nettoflyttinga, og spesielt nettoinnvandringa, som har kome som ein konsekvens av oljekrisa. I tillegg er situasjonen framleis såpass usikker at vi ikkje ser det som hensiktsmessig å forsøke å estimere framtidig utvikling i til dømes ordretilgangen for eksportindustrien, arbeidsløysa eller bustadbygginga. Det er høgst usikkert om fortida vil vere ein god indikator på korleis framtida vil sjå ut for desse variablane. Dermed er det mest ryddig å sjå vekk frå desse slik situasjonen er nå, og heller fokusere på ein relativt ukomplisert modell med klare og presise føresetnadar. Som figur 11 viser, har vi justert ned forventa folketalsutvikling med kvar nye prognoseårgang. Medan vi fram til og med i 2016 predikerte ein folketalsutvikling som var høgare enn den lineære trenden i åra for Hordaland, ligg prognosane frå i fjor og i år under. Det er ikkje aktuelt å styre etter den lineære trenden uansett, men dette viser likevel at vi med dei siste to prognosane er mindre optimistiske med tanke på om tilstrøyminga av folk til fylket vil fortsette på det høge nivået den har vore på det siste tiåret. Vidare i dette notatet vil vi fokusere på kva som ligg til grunn for årets prognose. Grunnleggjande om føresetnader om fødde og døde i Fylkesprognoser.no Hordaland fylkeskommune har laga befolkningsprognoser sidan 2012, og felles for alle åra til og med i fjor er at vi har lagt til grunn fødselsratar og dødssannsyn som er lik standardsoppsettet i Pandasystemet. Fordi desse ikkje er tilgjengelige for 2017 i Panda, har vi i år har justert desse slik at dei speglar situasjonen ved utgangen av I modellen blir det nytta dødssannsyn som er forskjellige mellom kjønna og varierer med alderen. Vi får i tillegg eit påfyll av nye barn. Dette skjer ved at kvinner i ulike aldrar får barn med ein viss frekvens. Fødselsfrekvensane gjeld berre for kvinner og varierer med alderen. Vanlegvis blir det nytta faste regionfrekvensar frå SSB til justering av fødselsfrekvensar og dødssansyn ved kjøring av befolkningsmodellen. Dødssannsyna blir derimot "glatta" med ei regionavstemming slik at ein får eit sett med dødssannsyn som er lik for alle kommunane innanfor ein region. Korrigering av nivåfaktor fødde Panda er ikkje oppdatert med fødselsfrekvensar og nivåfaktorar for fødde for Det betyr at dersom vi hadde køyrt befolkningsmodellen ved bruk av dei siste tilgjengelege dataa, ville nivåfaktorane for 2016 blitt nytta. Fruktbarheita var imidlertid rekordlåg i 2017, 1 slik at dersom vi hadde lagt 2016 til grunn ville prognosen starta frå eit for høgt utgangspunkt, som så ville forplanta seg for alle påfølgande år. 1 Sjå 23

24 Vi har derfor korrigert dei såkalla nivåfaktorane for fødde, som angir om talet fødslar i ein kommune eller region i estimeringsperioden er høgare eller lågare enn fødselsfrekvensane. Nivåfaktoren gjer at ein får fødselsfrekvensar som varierer mellom kommunar og regionar, slik at dei speglar regionale skilnadar. Korrigeringa vi gjorde tok utgangspunkt i forholdet mellom faktiske fødslar i 2017 og talet fødslar Panda estimerte basert på fødselsfrekvensen og nivåfaktorane som ligg i systemet. Dette forholdstalet blei så nytta til å justere nivåfaktorane opp eller ned, alt etter om det estimerte talet var høgare eller lågare enn dei faktiske tala. Dermed fekk vi eit nytt sett med nivåfaktorar for kommunane i Hordaland og når vi nytta disse til ei ny køyring i Panda estimerte vi fødselstal for 2017 som var tett opptil eller nøyaktig på dei reelle tala. Korrigeringa blei berre gjort på kommunenivå, slik at nivåfaktoren for fylket som heilskap, som viser korleis fylket skil seg frå resten av landet, låg fast. Korrigering av nivåfaktor døde Panda er heller ikkje oppdatert med dødssannsyn og nivåfaktorar for døde for Det betyr at dersom vi hadde køyrt befolkningsmodellen ved bruk av dei siste tilgjengelege dataa, ville nivåfaktorane for 2016 blitt nytta. Dødssannsyn angir sannsynet for at ein person av eit gitt kjønn og ein gitt alder vil dø i løpet av året. Det er komplisert å endre på dødssannsynet uten detaljert informasjon om kven som har dødd i løpet av året, så vi har berre korrigert nivåfaktorane, som angir om talet døde i kommunen eller regionen er høgare eller lågare enn dødssannsyna for landet som heilskap. På den måten har vi helde på fordelinga av dødsfall etter kjønn og alder som ligg inne i Panda, men vi har endra på faktorane som justerer desse opp eller ned for kommunane og fylket. Korrigeringa vi gjorde tok utgangspunkt i forholdet mellom faktiske dødsfall i 2017 og talet dødsfall Panda estimerte basert på dødssannsynet og nivåfaktorane som ligg i systemet. Dette forholdstalet blei så nytta til å justere nivåfaktorane opp eller ned, alt etter om det estimerte talet var høgare eller lågare enn dei faktiske tala. Dermed fekk vi eit nytt sett med nivåfaktorar for kommunane i Hordaland og når vi nytta disse til ei ny køyring i Panda estimerte vi dødsfall for 2017 som var tett opptil eller nøyaktig på dei reelle tala. Korrigeringa blei gjort på både fylkes- og kommunenivå, slik at nivåfaktoren for fylket som heilskap, som viser korleis fylket skil seg frå resten av landet, også blei endra. Nettoflytting Ved siden av korrigeringa av nivåfaktorane for fødde og døde som er diskutert over og som har som mål å sikre korrekt utgangspunkt for prognosen, er estimeringa av framtidig nettoflytting den viktigaste inputen i Hordaland fylkeskommune sine befolkningsprognosar. Historisk nettoflytting Figur 12 viser korleis nettoflyttinga har utvikla seg for Hordaland (inkl. Bergen) sidan I tillegg viser figuren dei tre ulike alternativa for framtidig nettoflytting gitt den historiske utviklinga. Som vi ser har nettoflyttinga svinga valdsamt i Hordaland dei sist dryge 60 åra. Etter å ha vore rundt -500 på 1950-talet, steig nettoflyttinga på 60-talet til rundt 0. Deretter gjekk nettoflyttinga kraftig ned att i løpet av 1970-talet. Først i 1982 var det igjen (så vidt) netto tilflytting. Resten av 80-talet og det meste av 90-talet 24

25 svinga nettoflyttinga mellom ± personar. Frå og med 1998 såg det derimot ut som om fylket hadde funne eit nytt «normalnivå» med stabil netto tilflytting på i overkant av personar årleg Historisk nettoflytting Høgscenario Hovudalternativ Lågscenario Nullinnvandring Figur 12: Nettoflytting Hordaland (inkl. Bergen) , samt fire alternativ for framtidig nettoflytting. Kjelde: SSB (historisk), eigne estimat (framtidig nettoflytting). Dette varte fram til omlag , og med utvidinga av EU, først i 2004 og deretter i 2007, som fell saman med gode tider i norsk økonomi, og spesielt oljebransjen, auka innvandringa til Hordaland kraftig. Frå 2006 til 2007 blei nettoinnvandringa til Hordaland nesten dobla, og det høge nivået held seg (og blei enda høgare) fram til ein topp i Den høge nettoinnvandringa var avgjerande for at Hordaland hadde veldig høg netto tilflytting i denne perioden, og når innvandringa begynte å gå ned, først svakt i 2013 og deretter mykje kraftigare i åra etter, gjekk også nettoflyttinga kraftig ned. Nedgangen i nettoinnvandringa stoppa i 2017 og hadde ein liten vekst samanlikna med året før. Nettoinnvandringa er likevel den lågaste sidan 2004 og ligg omlag på snittet for perioden Nedgangen i netto innanlandsk flytting held frem i 2017 med ein nedgang på 666 personar i negativ retning, slik at fylket i 2017 mista nesten innbyggjarar til andre stader i landet. Dette gjer at nettoflyttinga, summen av innvandring og innanlandsk flytting, held fram nedgangen frå dei siste åra, sjølv om utflatinga i nettoinnvandringa gjer at nedgangen i 2017 ikkje er like stor som åra før. Likevel, ei positiv nettoflytting på 298 personar er det lågaste talet for Hordaland sidan 1997, og den har gått ned med 94 % sidan toppåret Dersom denne trenden held seg vil Hordaland ha negativ nettoflytting i

26 Korleis nettoflyttinga vil utvikle seg vidare dei neste åra, er usikkert. Eitt mogleg scenario er at den vil stabilisere seg omlag på det nivået det er nå, som altså er rekordlågt. I vårt hovudalternativ føresett vi imidlertid at også den store nedgangen vi har opplevd dei siste åra er eksepsjonelle og ein reaksjon på den høge tilflyttinga vi hadde , slik at vi legg til grunn ein nettoflytting på cirka personar årleg. Dette er 400 personar lågare enn snittet for Grunngjevinga for dette kjem i neste del av dette vedlegget. Eitt anna scenario er at nettoflyttinga fortsett å gå nedover og at Hordaland får nokre år med netto utflytting, til dømes fordi arbeidsinnvandrarane som kom i vendar heim. Hordaland har ikkje opplevd slik netto utvandring sidan 1996, og dei siste 30 åra har det berre vore netto utvandring eitt anna år, 1989 (sjå figur 13 under). Eitt tredje scenario er at den negative trenden snus i løpet av få år og at vi kjem tilbake til ein situasjon med relativt høg netto tilflytting, sjølv om det er lite sannsynlig at vi på ny får ein innvandringsbølge lik den vi hadde i dei gode åra. Det er desse to moglege utviklingane som ligg til grunn for årets lågog høgscenario. Det siste scenarioet er utviklinga dersom nettoinnvandringa blir null (altså like mange innog utvandrar), slik at det berre er innanlandsk flytting (berekninga som i hovudalternativet) som styrer nettoflyttinga. Innvandring Gitt informasjonen vi har no er det vanskeleg å seie korleis dette vil utvikle seg. I SSB sitt hovudalternativ i den nyaste befolkningsframskrivinga er det venta at nettoinnvandringa til Noreg vil halde seg på mellom og fram mot Dette er høgare enn noko år før og omlag det same som snittet for perioden Samstundes forventar SSB ei dreiing i avsendarregion for innvandrarane til Noreg, spesielt på kort sikt. 4 Det har vore auke i innvandringa frå alle tre landgruppene SSB opererer med, 5 men auken på 2000-talet har vore desidert størst i det dei kalla landgruppe 2, som består av dei 11 nye medlemslanda i EU frå Aust-Europa som har blitt medlem i 2004 eller seinare. Dette har i all hovudsak vore arbeidsinnvandrarar (og deira familiar), og det er også i denne landgruppa det har vore størst fall i innvandringa sidan toppåra Den største innvandrargruppa til Noreg har, med unntak av toppåra for austeuropeisk arbeidsinnvandring, stort sett vore frå landgruppe 3. Denne landgruppa er igjen venta å ha høgast innvandring til Noreg i framtida. SSB estimerer ein gradvis auke i innvandringa frå denne landgruppa, medan det er venta kraftig nedgang i innvandring frå landgruppe 2 og omtrent stabil innvandring frå landgruppe 1. 2 Sjå SSB Statistikkbanken, tabell Tala går tilbake til Dette er same periode som ligg til grunn for vårt høgscenario for framtidig nettoflytting. 4 Sjå Cappelen, Skjerpen og Tønnessen «Befolkningsframskrivinger : Inn- og utvandring». Økonomiske analyser 3/2016. Henta frå [ ]. 5 Landgruppe 1: Alle vesteuropeiske land, det vil seie land som er med i det «gamle» EU (før 2004) og/eller EØS og EFTA, samt Canada, USA, Australia og New Zealand. Landgruppe 2: Dei elleve nye EU-landa i Aust-Europa (EU-medlemmar i 2004 eller seinare). Landgruppe 3: Resten av verda, det vil seie resten av Aust-Europa, Afrika, Asia (inkludert Tyrkia), Sør- og Mellom-Amerika og Oseania (utanom Australia og New Zealand). 26

27 Innvandrade personar Utvandrande personer Nettoinnvandring Figur 13: Inn-, utvandring og nettoinnvandring Hordaland Kjelde: SSB. Vi har ikkje den same informasjon om bakgrunnen til dei som innvandrar til Hordaland som for Noreg som heilskap, men vi har tal tilbake til 1977 på landbakgrunnen til utanlandske statsborgarar i fylket. Dei kan gi oss eit bilete av kven som har innvandra til fylket. Utanlandske statsborgarar busett i Hordaland vil i nokon grad få barn med utanlandsk statsborgarskap, men det er naturlig å anta at større endringar i talet utanlandske statsborgarar med ein bestemt bakgrunn stort sett vil skuldast ein endring i inn- eller utvandringa for denne gruppa % 45% 40% 35% 30% 25% 20% 15% 10% 5% 0% Tal utanlandske statsborgarar (venstre akse) Landgruppe 2 i % av utanlandske statsborgarar i Hordaland (høgre akse) Figur 14: Tal utanlandske statsborgarar og landgruppe 2 i prosent av utanlandske statsborgarar i Hordaland, Kjelde: SSB via statistikk.ivest.no 27

28 Talet utanlandske statsborgarar busett i Hordaland auka frå i 1977 til i 2018 (sjå figur 14 over). Figur 14 viser også kor stor del av dei utanlandske statsborgarane som budde i Hordaland kvart år og som var statsborgar i eitt av dei 11 landa i landgruppe 2. Delen med bakgrunn frå landgruppe 2 var lenge låg, og først i 2005 utgjorde dei meir enn 5 % av den utanlandske befolkninga i fylket. Da arbeidsinnvandringa frå dei nye EU-landa byrja for fullt i , gikk også delen utlendingar frå landgruppa 2 raskt opp. Frå 2005 til 2018 auka talet hordalendingar med utanlandsk statsborgarskap med over (ei tredobling på år), og delen utlendingar frå landgruppe 2 auka frå 5,5 % til 44 %. Arbeidsinnvandrarane og deira familiar utgjer altså ein stor del av den utanlandske befolkninga i Hordaland, og dei har stått for størstedelen av innvandringa til fylket dei siste ti åra. Innanlandsk flytting Medan nettoinnvandringa har vore eksepsjonelt høg for Hordaland dei siste ti åra, har ikkje den innanlandske flyttinga utvikla seg på same vis. Figur 15 under viser korleis dei tre komponentane som utgjer befolkningsutviklinga har vore i perioden 1998 til 2017, samt den samla folkeveksten. Som vi ser har fødselsoverskotet (fødde minus døde) gått litt opp fram til 2015, før det har vore nedgang dei siste to åra. Nettoinnvandringa gjorde, som diskutert over, eit kraftig byks rundt 2005 før det blei ein kraftig nedgang frå Samla folkevekst Nettoinnvandring Fødselsoverskudd Netto innenlands flytting Figur 15: Komponentane av befolkningsutviklinga i Hordaland, Kjelde: SSB Netto innanlandsk flytting, altså summen av inn- og utflyttinga mellom Hordaland og resten av landet, har stort sett haldt seg rundt ± 300 i heile perioden fram til Dei siste to åra har det vore kraftig nedgang. Negativ innanlandsk nettoflytting på nesten personar i 2017 gjer at snittet for heile perioden er på -9 personar. I halvparten av åra flytta fleire ut enn inn. Heile 24 av dei 33 kommunane i Hordaland hadde i sum netto innanlandsk utflytting i denne perioden. Tre kommunar hadde netto innanlandsk utflytting alle åra og ein hadde eitt år med 0, elles negativt. 24 kommunar hadde det i minst halvparten av åra og 30 minst ein fjerdedel av åra. Med andre ord har dei fleste 28

29 kommunane i Hordaland historisk vore avhengig av innvandring for å få positiv flyttebalanse. Med nokre få unntak låg alle kommunane med netto innanlandsk tilflytting i perioden i området rundt Bergen. I dei fleste kommunane i Hordaland er det altså innvandring som har stått for store eller heile flytteoverskotet dei siste tiåra. Ser vi på landbakgrunnen til dei utanlandske statsborgarane i kommunane, er desse i stor grad frå landgruppe 2, altså dei nye EU-landa i Aust-Europa. Dersom vi no går imot ein periode med lågare innvandring eller kanskje til og med netto utvandring til desse landa, vil det mest sannsynleg slå hardt ut i mange hordalandskommunar. Dersom desse straumane ikkje blir kompensert for, anten gjennom ein auke i innanlandsk tilflytting, ein reduksjon i innanlandsk utflytting, eller ein auke i innvandring frå andre land (t.d. landgruppe 3, som SSB ventar ein auke i nasjonalt), betyr det raude tal for desse kommunane i åra som kjem. Det er dette biletet vi forsøker å teikne med årets befolkningsprognose: Hordaland har tent særs godt på dei gode åra med høg arbeidsinnvandring på 2000-talet, men dersom den negative utviklinga som har vore dei siste åra fortset, vil dei måtte ta grep for å unngå stagnasjon eller faktisk nedgang i folketalet. Befolkningsprognosen viser at det vil medføre auka forsørgjarbyrde og ei raskt aldrande befolkning. Nettoflytting + fødselsoverskot input i modellkøyringane I vår modellkøyring i Pandasystemet er det ikkje skilnad mellom innanlandsk flytting og innvandring. Vi har likevel gjort separate estimeringar av desse to komponentane, slik at vi legg til grunn litt ulik utvikling. I Panda blir dette slått saman til nettoflytting, slik at modellkøyringane ikkje tek omsyn til kor ei tilflytting kjem frå (internt i fylket, eksternt frå resten av landet eller frå utlandet). Den er heller ikkje sofistikert nok til at vi kan føresette veksten i ein kommune basert på utviklinga i ein annan. Det vi kan gjere er å legge inn korleis vi trur nettoflyttinga, altså summen av all til- og fråflytting, inkludert innvandring, vil utvikle seg. Som nemnt over har vi valt å gå tilbake til enkle, grunnleggjande føresetnader i våre berekningar av mogleg framtidig nettoflytting for kommunane i Hordaland. Høg- og lågscenario er også produsert, i tillegg til eit scenario med nullinnvandring (elles likt hovudalternativet) Historisk Høgscenario Hovudalternativ Nullinnvandring Lågscenario Figur 16: Fire alternative prognosar for utviklinga i folketalet i Hordaland, samt eit scenario utan innvandring (per 1.1. kvart år). Kjelde: SSB og eigne prognosar generert i PANDA. 29

30 Hovudalternativet Hovudscenarioet føresett følgjande: 1) Netto innanlandsk flytting er lik snittet for dei siste fire åra. 2) Nettoinnvandringa er lik snittet for perioden , men utan (dei «spesielle» åra etter EU-utvidinga). 3) I tillegg har vi justert på nivåfaktorane for fødde og døde for å få eit utgangspunkt som er likt situasjonen per I figur 15 under har vi visualisert dette ved at vi viser den historiske utviklinga for komponentane i Hordaland, samt prikka og stipla linjer som viser på kva nivå desse er estimert å liggje i framtida gitt føresetnadane over. Vi ser at netto innanlandsk flytting er føresett å i snitt ligge på -361 framover, noko som er det litt lågare enn i 1999 og Samstundes er det langt høgare enn , som var talet for Nettoinnvandringa er venta å ligge på personar i året, omlag som i Det er litt høgare enn dei fleste åra før den store EU-innvandringa, men ikkje markant. Med utviklinga dei siste to åra, kan det moglegvis sjå ut som om nettoinnvadringa no er tilbake omtrent lik «normalsituasjonen» frå åra Fødelsoverskotet er som diskutert over ikkje lagt inn som ein flat, fast mengde kvart år framover, men er en faktor som påverkast av talet fødde og døde, som igjen er avhengig av kjønns- og alderssamansetninga i befolkninga. Som ein følgje av utviklinga i befolkningssamansetninga vil fødselsoverskotet gå ned over tid. Samla nettoflytting er summen av netto innanlandsk flytting og nettoinnvandring, medan samla folkevekst er summen av nettoflytting og fødselsoverskot Samla folkevekst Nettoinnvandring Netto innenlandsk flytting Hovudalt. fødselsoverskot (justerte nivåfaktorar) Figur 15: Komponentane i folkeveksten i Hordaland, historisk og prognose Kjelde: SSB (historisk statistikk), eigen prognose generert i PANDA (framskriving). 30 Fødselsoverskot Samla nettoflytting Hovudalt. samla folkevekst Hovudalt. samla nettoflytting Hovudalt. nettoinnvandring (snitt og ) Hovudalt. netto innenlandsk flytting (snitt )

31 Lågscenarioet Lågscenarioet baserer seg på ein situasjon kor 1) Netto innanlandsk flytting er lik snittet av dei to dårlegaste åra i perioden a. Gir årleg netto innanlandsk fråflytting på 743 personar. 2) Nettoinnvandringa er lik snittet for perioden , men utan (dei «spesielle» åra etter EU-utvidinga) og ei årleg «tømming» av innvandrar lik snittet for differansen mellom åra og snittet basert på utan desse ni åra. Tømminga er lagt inn for like mange år framover som den gode perioden, altså ni år. Deretter ventast det at innvandringa går tilbake til snittet for utan Tankegangen er at Hordaland i eit slikt scenario vil oppleve at mange av dei som vandra inn i dei gode åra vender hjem, slik at fylket får netto utvandring i ein periode. a. Gir årleg netto utvandring på personar i perioden og deretter nettoinnvandring på personar i perioden ) Eit fall i fødselsfrekvensane som gradvis går ned frå 1,68 barn i snitt per kvinne til å ligge 0,2 barn under dette i Fødselsfrekvensen blir så justert på kommunenivå med dei korrigerte nivåfaktorane som er nytta i hovudalternativet. 4) Vi har ikkje justert dødsfrekvensane på anna vis enn korrigeringa av nivåfaktorar slik som i hovudalternativet. For fylket som heilskap er må nok dette sjåast på som eit relativt pessimistisk ekstremscenario, kor mange negative faktorar fell saman. Det er likevel ikkje umulig å sjå for seg ein slik situasjon dersom ikkje trenden med stadig lågare fruktbarheit snur og fylket igjen blir attraktivt som destinasjon for både innanlandsk og utanlandsk tilflytting. Høgscenarioet Lågscenarioet baserer seg på ein situasjon kor 1) Netto innanlandsk flytting er lik snittet av dei to beste åra i perioden a. Gir årleg netto innanlandsk tilflytting på 20 personar. 2) Nettoinnvandringa er lik hovudalternativet (snittet for perioden , men utan ), men med eit tillegg som er lik halvparten av differansen mellom snitt for dei gode åra ( ) og «normalsituasjonen» (snittet for perioden , men utan ). Tankegangen er at Hordaland i eit slikt scenario igjen vil oppleve relativt høg innvandring, om enn ikkje like høg som i dei eksepsjonelle åra etter EU-utvidinga. a. Gir årleg nettoinnvandring på personar. Det er litt høgare enn i 2015 og klart høgare enn noko år før ) Ein auke i fødselsfrekvensane som gradvis går opp frå 1,68 barn i snitt per kvinne til å ligge 0,2 barn over dette i Fødselsfrekvensen blir så justert på kommunenivå med dei korrigerte nivåfaktorane som er nytta i hovudalternativet. Dette er ei spegling av lågscenarioet. 4) Vi har ikkje justert dødsfrekvensane på anna vis enn korrigeringa av nivåfaktorar slik som i hovudalternativet. Dette scenarioet er relativt optimistisk, kor alle faktorar fell saman i positiv retning, slik at vi får både innanlandsk tilflytting, nettoinnvandring godt over «normalsituasjonen» og auka fruktbarheit. For at Hordaland 31

32 skal bli såpass attraktive som destinasjon for både innanlandsk og utanlandsk tilflytting må nok økonomien gå relativt mykje betre enn andre delar av landet og utlandet over lengre tid. Nullinnvandringsscenarioet Nullinnvandringsscenarioet er eit scenario der nettoinnvandringa stoppar heilt opp og det berre er flyttetilvekst frå innanlandsk flytting. Dette alternativet er berekna på same måte som hovudalternativet, med den skilnaden at det her vert tatt utgangspunkt i netto innanlandsk flytting og ikkje nettoflyttinga (som består av både innanlandsk flytting og innvandring). Avstemming og justeringar på kommunenivå Justering av enkeltkommunar Nokre kommunar har enkeltår som ser ut til å vere avvik eller unntak, såkalla uteliggjarar, i flyttehistorikken. I årets prognose har vi identifisert nokre slike i nettoinnvandringa til enkelte kommunar, medan vi ikkje har gjort justeringar i netto innanlandsk flytting. Grunnen til at vi ikkje justerer sistnemnde er at alle har ein variasjon som ligg innanfor historiske observerte verdiar, og når vi berre ser på dei siste fire åra, er det vanskeleg å seie om store utslag i 2017 er avvik eller berre byrjinga på ein trend. For nettoinnvandringa derimot, kor vi legg til grunn ein relativt lang tidsperiode, er det tydelegare at nokre enkeltår skil seg ut i nokre kommunar. Avvika er også såpass store at dei har betydeleg påverknad på resultata dersom dei inkluderast. Vi har derfor valt å utelate nettoinnvandringa enkelte år i berekninga av dei ulike alternativa og scenarioa. Verdien er utelatt heilt for den einskilde kommune, og verdien er også trekt frå fylkestotalen det året. Følgjande år er utelatt for følgjande kommunar: Tysnes, år 2000: nettoinnvandring på 118 etterfølgt av veldig høg innanlandsk utflytting året etter. Tilsvarande i 1999 var 12 og i Høgaste verdi observert elles i perioden var 35 i Ulvik, år 1998: nettoinnvandring på 26. Tilsvarande i 1997 var 6 og i Einaste år med høgare observert verdi var i 2009 med 30, som var midt i den store arbeidsinnvandringa. Granvin, år 2001: nettoinnvandring på 19. Tilsvarande i 2000 var -7 og i Høgaste verdi observert elles i perioden var 13 i Austrheim, år 2009: nettoinnvandring på 112. Tilsvarande i 2008 var 31 og i Dette er midt i den store arbeidsinnvandringa, men er likevel mange gangar høgare enn dei andre åra i den «gode» perioden. Dersom inkludert blir høgscenarioet vesentleg høgare og lågscenarioet vesentleg lågare. Avstemming For låg- og høgalternativet vil det nyttast forskjellige periodar for estimering av innanlandsk flytting for kommunane, alt etter kva som er dei beste og dårlegaste åra for kvar enkelt. Vi nyttar same «reglar» i estimeringa av dei samla tala for fylket som vi nyttar for kommunane, så det er mange kommunar kor vi ikkje legg same år til grunn som vi gjer for fylket som heilskap. Dermed er ikkje summen av kommunar lik tala vi estimerer for fylket. Dessutan vil metodikken som er nytta i dei ulike alternativa og scenarioa gi resultat som inneheld desimalar. 32

33 For å sikre indre logikk i inputen til modellsystemet (nettoflytting), må vi derfor avstemme kommune- og fylkestala. Vi legg til at fylkestala er dei «rette», og avstem derfor kommunetala mot fylkestala, slik at summen av kommunane blir lik dei estimerte fylkestala. Vi nyttar ein faktor berekninga med utgangspunkt i forholdstalet mellom det estimerte fylkestalet eit gitt år og summen av dei estimerte kommunetala same år. På denne måten vil alle kommunar avstemmast etter same faktor og proporsjonalt med folketalet. 33

34 Agnes Mowinckels gate 5 Postboks Bergen Telefon: E-post: Hordaland fylkeskommune har ansvar for å utvikle hordalandssamfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for verdiskaping, næringsutvikling, fritidsopplevingar og kultur. Som del av eit nasjonalt og globalt samfunn har vi ansvar for å ta vare på fortida, notida og framtida i Hordaland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.