Økologi er samspelet mellom dei levande organismane

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Økologi er samspelet mellom dei levande organismane"

Transkript

1 På leirskulen vil vi praktisere ute i naturen dei tema som vert gjennomgådde her. Dette vil gje deg ei erfaring og ei oppleving av stoffet slik at du ikkje berre kan gjengje det, men vil forstå det. Di betre førebudd du er før du kjem hit di større utbytte vil du ha av opphaldet. Kva er Økologi? Økologi er samspelet mellom dei levande organismane og omgjevnadane. Økologi er læra om korleis plantar og dyr påverkar kvarandre, og om korleis miljøet (døde organismar, kjemiske og fysiske faktorar) verkar inn på det levande. Økologi går ut på å studere korleis naturen er bygd opp, og korleis ting verkar saman. ØKOSYSTEM: Det er det vi ofte kallar naturtype. Eller vi kan seie at økologi er læra om korleis dei ulike delane i naturen lever saman, og økosystem er kvar dei lever saman. Økosystema kan vere små eller store. Tenk deg at vi går på ein MARIN BIOLOGI veg, og så går vi av vegen ut på ei eng. Vi går over enga og inn i ein skog. Inne i skogen kjem vi til ein open plass der det ligg ei myr. Så går vi vidare, og langt om lenge, opp mange bakkar, kjem vi opp på fjellet.når vi har gått to timar innover fjellet, kjem vi fram til det fiskevatnet der vi skal slå opp teltet og fiske mykje fisk. Kor mange økosystem har vi gått forbi no? * Enga er det første, * Skogen det andre, * Myra det tredje, * Fjellet det fjerde, * Fiskevatnet det femte. Slik vil det vere overalt på jorda: mange små og store økosystem, akkurat slik lever vi menneske og: i små og store bygder, små og store byar. Summen av alle økosystema på jorda heiter økosfæren. Kringsjå Leirskule 1 Alle fiskane som er avbilda vil du finne i akvaria våre.

2 Havet og fjorden som økosystem. Her på leirskulen skal vi berre konsentrere oss om eit bestemt økosystem: fjorden Alle økosystem består av fire delar: * Miljøfaktorane * Produsentane * Forbrukarane * Nedbrytarane Miljøfaktorane i sjøen: Vi skal sjå på 6 ulike miljøfaktorar som påverkar livet i sjøen. 1. Lys Sola er energikjelda til alt liv på jorda Plantane har fotosyntese og produserer stoff (mat) til andre. I sjøen er det mørkare enn på land. Omlag % av lyset vert reflektert av overflata, men resten trenger ned i sjøen. Dess lenger ned vi kjem, dess mørkare blir det. Når det er att berre 1% av overflatelyset, er det ikkje muleg for plantane å produsere meir. Denne øvre delen av sjøen kallar vi fotosona. Kor djup den er avheng av fleire faktorar. Den viktigaste er kor mange oppløyste partiklar som finst i vatnet. I Middelhavet kan lyset gå ned til omlag 200m. I Sognefjorden når lyset ned til m. Ute ved langs kysten er det nok lys på 30-40m. 2. Temperatur Ein viktig eigenskap med sjøen er at tyngda (tettleiken) varierer med temperaturen. Di kaldare vatnet er, di tyngre er det. Sjøvatn ved 4 grader Celsius er tyngst. Dette er svært viktig å vite. Det gjer at vatnet aldri frys på botnen, og at vassmassane på botnen alltid vert utskifta. Når vatnet i overflata vert avkjølt, vert det tyngre, synk ned. Det vatnet som er på botnen blir pressa opp. Slik får vi ei stadig omrøring av vassmassane. Straumane i fjorden blandar også vatnet. Når vatnet blir godt omrørt, fører det til at næringstoff og oksygen blir flytta rundt omkring i sjøen. Akkurat som blodet vårt fraktar næring og oksygen rundt i kroppen vår. 3. Oksygeninnhald Alle dyr og fiskar som lever i sjøen treng oksygen på same måten som vi. Di saltare og varmare vatnet er di mindre oksygen kan det bere med seg. Når bølga bryt mot stranda, vert ørsmå luftblærer pressa eit stykke ned i vatnet. I fotosona dannar plantene oksygen. I djupvassona er det omrøringa i vatnet som tilfører oksygen. Inne i fjordane er det ofte eit problem å få skifte ut vatnet, og der kan det bli mangel på oksygen. Dette kan du lese meir om under forureining. Kringsjå Leirskule 2

3 framh. miljøfaktorar Kringsjå Leirskule - undervisning 4. SALTINNHALD Innhaldet av salt som er i havet er omlag konstant. Vi måler saltinnhaldet i promille. Utanfor kysten vår er saltinnhaldet i som salt. Dersom vi kvart år vann ut 400 millionar tonn salt frå havet, måtte vi fortsette med det i 1 million år for å redusere saltinnholdet med 1 0 /00. At det er så mykje salt i vatnet har ein annan effekt og. I ferskvatn 5. NÆRINGSSTOFF Når planter, dyr og fisk døyr, fell dei ned på botnen. Der vert dei omdanna til nytt næringsstoff. Dei viktigaste næringstoffa i sjøen er Nitrogen, Fosfor og Silisium. Nitrogenbindingane vert nytta først og fremst til å bygge opp aminosyrer og protein.det er først og fremst nitrogen som styrer algeveksten i sjøen. Fosfor vert nytta til mellom anna å produsere arvestoff. Silisium er byggesteinane i kiselalgane som er den viktigaste algegruppa i sjøen. sjøen omlag 35 0 /00. Når saltinnholdet kjem under 25 0 /00., kallar vi det brakkvatn. Dette er ofte tilfelle inne i fjordane våre. Grunnen er dei mange elvane som tilfører mykje ferskvatn. Eit saltinnhald på 35 0 /00. tilsvarer 1 spiseskei koksalt pr. liter vatn. Hovuddelen består av natrium og klor (vanleg salt), men det finst over 50 andre ulike stoff som er løyst i sjøen er sur nedbør eit stort problem. Vatnet vert fort surt, og fisken og ande organismer som lever der, døyr. I sjøen verkar saltet som ein buffer som hindrar forsuring av vatnet. Ph -verdien i sjøen er stabil på mellom 7,8-8,2. 6. HAVSTRAUMAR - FLO OG FJÆRE Havstraumane spelar ei viktig rolle for livet i havet. Dei rører om vassmassane slik at næringsrikt botnvatn kjem opp og oksygenrikt vatn vert førd ned. Det gjer og til at temperatur og saltinnhaldet varierar lite. Flo og fjære skuldast månen og sola si tiltrekningskraft på jorda. Det vil vere flo sjø på den sida av jorda som vender mot månen og den sida som vender rett bort frå månen samstundes. To gangar i døgnet vil det dermed vere full flo og to ganger vil det vere full fjære sjø. Kringsjå Leirskule 3

4 * Strandsone * Pelagisk sone * Djupvassone Vi deler havet inn i tre soner. Det er strandsona, pelagisk sone og djupvassona. Strandsona er den delen av sjøen som vert påverka av flo og fjære. Pelagisk sone er dei frie vassmassane. Dei artane som lever øverst i strandsona har den spesielle eigenskapen at dei både tåler å leve under vatn, samstundes som dei tåler å bli uttørka. I strandsona lever tang og tare, botndyr og botnfisk. I den pelagiske sona lever planteplankton, dyreplankton og fiskar. Fotosyntese For å forstå samspelet i sjøen må ein vite kva fotosynetse er: Fotosyntese kan samanliknast med ein fabrikk der det vert produsert oksygen og sukker. Fabrikklokalet er plantene og maskinene er klorofyllet (det som fargar plantene grøne). Maskinene treng vatn, karbondioksyd og næringsstoff som råstoff. Energien til å drive maskinene kjem frå sola. Vatn er overalt Kringsjå Leirskule - undervisning *Produsentar *Forbrukarar *Nedbrytarar i havet og karbondioksyd er oppløyst i vatnet. Det som er begrensande for produksjonen er difor næringsstoffa. Desse vert laga på botnen når døde planter, dyr og fisk vert oppløyste. Oksygen som fabrikken produserer vert nytta av dyr og fiskar. Sukkeret vert nytta til å utvide fabrikken. Og det trengst, for heile fabrikken(planten) er mat for alle andre som lever i havet. Produsentane: Plantene(fabrikkane) kan delast i to grupper. Det er fastsitjande tang og tare som lever i strandsona og planteplankton som lever i den pelagiske sona og svever Sjå teikning: Næringskjede: Planteplankton - dyreplankton - småfisk - større fisk På botnen finst det nedbrytarar som omdannar dei døde organismene til nytt næringsstoff. rundt i vatnet. Sjølv om det er dei fastsitjande algane vi ser, produserar dei berre 2% av det som vert produsert i havet. Planteplanktonet står altså for 98% av produksjonen. Det er tre hovudgrupper av planteplankton: * kalkalgar * kiselalgar * flagellat Det finst mange tusen artar. Planteplankton blir også kalla groe, på same måte som groen på ein åker. Når de kjem på leirskulen skal vi sjå på desse i mikroskop. Dei er så små at du ikkje vil kunne sjå dei med auga utan som noko grums i vatnet. Vi skal først og fremst studere: Kiselalgane: Dei er bygde opp som små øskjer med ein botn og ein topp som heng saman som vognene i eit tog. Dei kan ikkje bevege seg, men flyt kring i vatnet. Dei likar seg best i kalt vatn og har hovudoppblomstringa si om våren. Flagellatane: Dei har nokre lange flagellar - lange armar- som dei kan symje med. Dei kan difor bevege seg kring i vatnet. Dei likar seg best i varmt vatn, og har hovudoppblomstringa si om sommaren og hausten. Kringsjå Leirskule 4

5 Forbrukarane: Forbrukarane er alle dei som lever av andre i sjøen. Det er både dei som lever av plantar og dei som er kjøtetarar. Dei minste av forbrukarane er dyreplanktona, dei blir og kalla for åte. Om kvelden søm dei opp til overflata og beitar på planteplankton. Om dagen fer dei ned igjen på botnen og ligg der og fordøyer maten. Dei varierar i storleik alt i frå 0,1mm til 1-2cm. Botndyr, fisk, kval og blekksprut er dei andre forbrukarane i sjøen. Dei minste lever direkte av plankton, både plante- og dyreplankton. Dei større fiskane et mindre fisk. Blåkvalen som er det største dyret som er på jorda lever faktisk direkte av plankton. Den siste forbrukaren i dette økosystemet er vi. Tenk t.d. på når vi ein fin sommardag får to flotte torskar på kroken og lagar dei til middag. Nedbrytarane: Nedbrytarane er ei viktig gruppe i eit økosystem. Utan dei ville det ha vore fullt for lenge sidan. Det er dei som sørgar for at alle som døyr blir brotne ned til næringsstoff. Nedbrytarane er bakteriar og botndyr. NÆRINGSPYRAMIDE I SJØEN I botnen på pyramiden er planteplankton. 1000kg algar blir mat for 100 kg raudvåte som er eit dyreplankton.desse igjen mettar 10 kg sil (som er ein liten fisk), dei 10 kg med sil blir eten av 1 kg torsk som vi har til middag. Kva skjer her? For kvar mage maten går igjennom forsvinn 90%.Dvs. dersom vi åt planteplankton direkte ville hundre av oss bli mette istaden for ein. Dette vert kalla 10%- regelen, og den er viktig å hugse på. Det er altså berre 10 % av maten som eit ledd i næringskjeda et, som går vidare til neste ledd. menneske sel fiskar yngel og småfisk dyreplankton Planteplankton Næringspyramide Kringsjå Leirskule 5

6 Årstidvariasjonane i sjøen Korleis varierer så økosystemet i havet gjennom året? Vi kan starte med; Vår: Om våren startar produksjonen i sjøen når sola har kome så høgt på himmelen at fotosyntesen kan komme igang att. Sjøen er rik på næringsstoff ved at sjøen er blitt godt omrørt om vinteren. Vatnet er enno forholdsvis kaldt og det er hovudsakleg kiselalgar som står for produksjonen. Det er sterk vekst av plankteplankton, og dyreplanktona (åta) har god tilgang på mat. Åta stig opp for å gyte. Botndyra gyt for å nytte ut dei store mengdene planteplankton som finst om våren. Sommar: Det blir no ei sterk lagdeling i sjøen. Sterk oppvarming, lite vind. Tilsig av ferskt vatn frå elvane flyt opp på det kaldare og tyngre vatnet. Etter kvart vert næringsstoffa oppbrukt av groen (planteplankton) og åta beiter kraftig på groen. Det er Åtedyr som førekjem i norske farvatn. Øvst RAUDÅTE ( 4 mm) Deretter KRILL (60 mm) Så MARFLO ( 10mm) Nederst KRUTTÅTE ( 3mm) Dei tre første er krepsdyr, den siste ein vingesnigle. difor mykje mindre plankton i sjøen no enn det er på våren. Botnvatnet blir etter kvart oksygenfattig. Haust: På hausten vert det ofte uver. Det blir no kraftige hauststormar og mykje nedbør. Temperaturen søkk i overflatevatnet og sommarsjiktet vert brote. Det blir no ei god omrøring i sjøen, og næringsstoffa som har lege på botnen blir no frakta opp, oksygenrikt vatn går ned. Det blir ei ny oppblomstring av planteplankton og med det på ny rikeleg med tilgang på mat for forbrukarane. Vinter: Overrflatevatnet vert ytterlegare avkjølt. Det kalde vatnet søkk ned og det varme botnvatnet vert pressa opp. Etterkvart er det blitt for lite lys til fotosyntesen og produksjonen av planteplankton stoppar opp. Heilt fram til vårsola dukkar opp att, då... Kringsjå Leirskule 6

7 Endringar i økosystemet Vi høyrer stadig om at det skjer uheldige endringar i havet. Kva er det som er årsaken til dette? Det er to hovudgrunnar: * Ubalanse i naturen * Forureining Ubalanse i naturen: Dersom lodda vert oppfiska, vil selen misse noko av livsgrunnlaget. Selen et då mykje meir torsk. Viss vi samtidig totalfredar selen slik at mengdene av sel aukar mykje, vil torskebestanden bli oppeten av sel. Når selen ikkje finn meir mat så dreg den på vandring. Vi får selinvasjon. Det var dette som skjedde i Nord Norge for nokre år sidan då tusenvis av sel drukna i garna på kysten. Dette er berre eit døme på kva som kan skje viss vi går inn og endrar på eit ledd i næringskjeda. Det er difor viktig at vi veit noko om kor mykje det er i sjøen av ulike artar, og kor mykje vi kan hauste av det utan at det gjer skade. Forureining: Dette er etterkvart blitt eit stort problem og det vert jobba mykje med å finne ut kva som skjer i havet når det vert forureina. Vi har to typar forureiningar. * miljøgifter * for mykje næringsstoff Miljøgiftene er giftige stoff som blir dumpa i sjøen, eller som fabrikkar og andre let renne ut. Oljesøl og tungmetall er typiske slike gifter. Sjølv om sjøen er stor, viser det seg at giftstoffa ofte fell til botnen i nærleiken av der dei vert sleppt ut og blir tekne opp i kroppane til dei som lever der. Giftstoffa vert ofte ikkje nedbrotne, men hopar seg opp i næringskjedene. Dersom 1000 plankton kvar tek opp i seg ein del av eit giftstoff så vil det fordele seg til t.d. 100 dyreplankton som blir mat for 10 sil Den torsken som et dei 10 silane har dermed fått i seg 100 delar gift ved berre å ete 10 sil. For mykje næringsstoff er eit stort problem i dag. Dei aller fleste fjordane våre er terskelfjordar. Det vil seie at ytterst er det ein terskel - som ein dørstokk mellom to rom. Innanfor denne terskelen blir det danna eit basseng av botnvatn. Dette botnvatnet vert liggande mykje i ro utan å bli skifta ut. Det som skjer når der blir for mykje næringstoff - nitrogen og fosforfrå kloakk og landbruk, er at det blir sterk algevekst. Desse blir ikke oppetne, men dør og fell på botnen. Det vert dermed gode vilkår for nedbrytarane som får rikeleg med mat. Nedbrytarane brukar oksygen når dei bryt ned dei døde organismane. I bassengdelen i terskelfjorden med dårleg utskifting av vatnet vert det etterkvart fritt for oksygen. Den vidare nedbrytinga vert no overteken av spesialiserte svovelbakteriar som ikkje treng oksygen.dei utviklar i staden giftige gassar som drep fisk og andre levande i sjøen. Resultatet vert dødt vatn. Dette er tilfellet i nokre av fjordane våre. I store område kring Danmark har det same skjedd. Fisk Yngel og småfisk Dyreplankton Sel Planteplankton Konsentrasjonspyramide for miljøgift. Giftstoffet hopar seg opp i næringskjeda Kringsjå Leirskule 7

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue

Detaljer

Kva er økologisk matproduksjon?

Kva er økologisk matproduksjon? Nynorsk Arbeidshefte om økologisk landbruk for elevar i grunnskulen Nynorsk Arbeidsheftet er utarbeidd av og utgjeve av Norsk senter for økologisk landbruk med økonomisk støtte frå Fylkesmannens landbruksavdeling

Detaljer

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. HEILSETNINGAR 2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. Vi reiser til Cuba. Carmen les ei bok. Arne lagar middag. Luisa er på skulen. Det snør. I

Detaljer

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Oppsummering/ evaluering av mars/april Mål og innhald april I mars har me hatt fokus på språk. Me har hatt språksamlingar saman med Rosa kvar veke, der har me sett på

Detaljer

Kom skal vi klippe sauen

Kom skal vi klippe sauen Kom skal vi klippe sauen KOM SKAL VI KLIPPE SAUEN Kom skal vi klippe sauen i dag Klippe den bra, ja klippe den bra Så skal vi strikke strømper til far Surr, surr, surr, surr, surr. surr Rokken vår går,

Detaljer

mmm...med SMAK på timeplanen

mmm...med SMAK på timeplanen mmm...med SMAK på timeplanen Eit undervisningsopplegg for 6. trinn utvikla av Opplysningskontora i landbruket i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet. Smakssansen Grunnsmakane Forsøk 1 Forsøk 2

Detaljer

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord Kjære foreldre, føresette, søsken og vener! I 8 månader har de fått rapport etter rapport frå Nordfjordeleven dykkar. Om flotte fjelltoppar. Store bølgjer. Hav

Detaljer

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Månadsbrev for ROSA mars 2015 Månadsbrev for ROSA mars 2015 Oppsummering/ evaluering av mars Mars har vore ein lunefull månad med tanke på veret, men vi gledar oss over mange fine dagar med sol og vårleg varme. Har vore mykje ute og

Detaljer

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv Gründercamp Samarbeid skule næringsliv Kva er gründercamp? Treningsleir i kreativitet og nyskaping Elevane får eit reelt oppdrag med ei definert problemstilling Skal presentere ei løysing innanfor eit

Detaljer

Innhaldsliste. 23.08.05 10. KLASSE v. Sunnylven Skule, Hellesylt

Innhaldsliste. 23.08.05 10. KLASSE v. Sunnylven Skule, Hellesylt Innhaldsliste 23.08.05 10. KLASSE v. Sunnylven Skule, Hellesylt Sidetal Innleiing 3 Helsetvatnet 3 Insekt i Helse tvatnet 4 Planter i og ved Helsetvatnet 6 Fisk i Helsetvatnet 7 Fisk og ph 8 Kva kvalitet

Detaljer

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt

Detaljer

Norsk Bremuseum sine klimanøtter

Norsk Bremuseum sine klimanøtter Norsk Bremuseum sine klimanøtter Oppgåve 1 Alt levande materiale inneheld dette grunnstoffet. Dessutan inngår det i den mest kjende klimagassen; ein klimagass som har auka konsentrasjonen sin i atmosfæren

Detaljer

Barentshavet kaldare enn i fjor. Kva betyr det? Nokre smakebitar frå rapporten Havets ressurser og miljø 2009

Barentshavet kaldare enn i fjor. Kva betyr det? Nokre smakebitar frå rapporten Havets ressurser og miljø 2009 Barentshavet kaldare enn i fjor. Kva betyr det? Nokre smakebitar frå rapporten Havets ressurser og miljø 2009 Harald Gjøsæter Nokre beintfram tankar: Er det sant? Er Barentshavet vorte kaldare? Om så er,

Detaljer

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Tilstade: Personalet, foreldre og Nina Helle. Kva er BTI: Stord kommune er ein av 8 kommunar som deltek i eit prosjekt som skal utarbeide ein modell

Detaljer

NOEN VIKTIGE INFORMASJONER OM NORGE

NOEN VIKTIGE INFORMASJONER OM NORGE NOEN VIKTIGE INFORMASJONER OM NORGE Noreg er eit land i Nord-Europa. Noreg er eit nordisk land. Noreg, Danmark, Sverige, Finland og Island vert kalla dei nordiske landa. Noreg, Danmark og Sverige har òg

Detaljer

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE Side 1 Tingvoll, 21. september 2013 NVE FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE Naturvernforbundet har gått langs elva på den planlagde utbyggingsstrekninga 15.9.2013. Vi har ikkje gått traseen

Detaljer

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg. JANUAR 2015! Ja, i går vart friluftsåret 2015 erklært for opna og me er alle ved godt mot og har store forhåpningar om eit aktivt år. Det gjeld å ha store tankar og arbeida medvite for å gjennomføra dei.

Detaljer

Feltkurs. fjæra som økosystem elevhefte. Navn:

Feltkurs. fjæra som økosystem elevhefte. Navn: Feltkurs fjæra som økosystem elevhefte Dato: Klasse: Navn: 1 Kompetansemål: Kompetansemål etter 10. årstrinn Forskerspiren formulere testbare hypoteser, planlegge og gjennomføre undersøkelser av dem og

Detaljer

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min DET MØRKNAR SVEVNENS KJÆRLEIK JAMNE BØLGJER EIT FJELL I DAGEN eg står og ser på dei to hjortane og dei to hjortane står og ser på meg lenge står vi slik eg står urørleg hjortane står urørlege ikkje noko

Detaljer

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7 Den gode gjetaren Lukas 15:1-7 Bakgrunn I denne forteljinga formidlar du noko om kva ei likning er. Difor er delen om gullboksen relativt lang. Det å snakke om dei ulike filtstykka som ligg i boksen, er

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK Minnebok NYNORSK 1 Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. Når vi er triste,

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve Nynorsk Ei gruppe elevar gjennomførte eit prosjekt om energibruk og miljøpåverknad. Som ei avslutning på prosjektet skulle dei skrive lesarbrev

Detaljer

KARTLEGGING AV MILJØPROBLEM I REGULERTE ELVAR I LUSTER

KARTLEGGING AV MILJØPROBLEM I REGULERTE ELVAR I LUSTER Indre Sogn Vassområde Gaupne 31.01.2014 Aurland kommune v/ Bjørn Sture Rosenvold 5745 Aurland KARTLEGGING AV MILJØPROBLEM I REGULERTE ELVAR I LUSTER Me har fått opplyst at miljøproblem knytt til vassdragsutbygging

Detaljer

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune 1 Bedriftspedagogisk Senter A.S bps@bps.as Medarbeidarsamtalar i Radøy kommune - slik gjer vi det Leiar har ansvar for å gjennomføra samtalane sine slik det

Detaljer

GRØNNERØR GRØNNERØR RØR GRØNNE GRØNNERØR GRØNNERØR GRØNNERØR

GRØNNERØR GRØNNERØR RØR GRØNNE GRØNNERØR GRØNNERØR GRØNNERØR Utvikling av logo: Dei tre konsepta eg valde å jobba med var, energisparande, vatn og varme. Eg utvikla desse logoane innafor same stil, men med ulik form og symbolikk. Eg jobba med desse parallelt og

Detaljer

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking Bjørn og Rovdyr Innhold Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders rjeundersøking For eller imot bjørn i Jostedalen? Intervju med nokre ikkje-bønder i dalen Intervju med nokre bønder i dalen

Detaljer

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012 Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012 Straumen går Vatnet kom som regn frå skyene det kom inn frå havet i tunge mørke skyer dei drog seg lågt inn over kysten og lét dropane falle det

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Fakta Grove kornprodukt. Innhald. Grove brød- og kornprodukt Mjøl fint og grovt

Fakta Grove kornprodukt. Innhald. Grove brød- og kornprodukt Mjøl fint og grovt Fakta Grove kornprodukt Innhald Grove brød- og kornprodukt Mjøl fint og grovt VIKTIGE NÆRINGSTOFF I GROVE BRØD- OG KORNPRODUKT Brødskala n Grove brød- og kornprodukter KVIFOR MÅ VI ETE GROVE BRØD- OG KORNPRODUKT?

Detaljer

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11 På tur med barnehagen Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11 Standarane, teikn på kvalitet. Desse tre standarane er felles for alle barnehagane i Eid kommune. Dei skal vise veg til korleis vi skal få god kvalitet

Detaljer

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1 Rolf Lystad 12.05.14 Oklavegen 4 6155 Ørsta Utdanningsavdelinga v/ståle Solgard Møre og Romsdal fylkeskommune Fylkeshuset, Julsundvegen 9 6404 Molde Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen

Detaljer

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 12.10.2015 SAKSHANDSAMAR: Erik Sverrbo SAKA GJELD: Variasjon i ventetider og fristbrot ARKIVSAK: 2015/2228 STYRESAK: 107/15 STYREMØTE: 10.11.

Detaljer

Unner du borna det unike? Runde kystleirskule

Unner du borna det unike? Runde kystleirskule Unner du borna det unike? Runde kystleirskule Runde kystleirskule Stupbratte klipper med yrande liv. Grøne bakkar mot djupblått hav. Eit samfunn omkransa av skumsprøyt. Idyllisk busetnad, men også ei dramatisk

Detaljer

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. PREPOSISJONAR 1 Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. Luisa går på skule i Ålesund. Skulen ligg midt i byen. Klasserommet ligg i tredje etasje

Detaljer

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse KOMPETANSEMÅL Generelt om naturfag: Kunnskap om, forståelse av og opplevelser i naturen kan fremme viljen til å verne om naturressursene, bevare

Detaljer

Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring.

Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring. Vurdering av Hedalen mølle I Sør Aurdal Tilstand og forslag til utbedring. Rapporten er utarbeida av bygningsvernrådgjevar ved Valdresmusea Odd Arne Rudi 1 Bakgrunn Det er stiftinga Bautahaugen Samlingar

Detaljer

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid Matteus: Tid: Tidleg på 60-talet e.kr. Forfattar: Apostelen Matteus. Adressat: Jødar. Markus: Tid: En gang på 60- talet e.kr. Forfattar: Johannes Markus Adressat: Romarar

Detaljer

April: 2014 - Det spirer i den blå åker - Alger

April: 2014 - Det spirer i den blå åker - Alger April: 2014 - Det spirer i den blå åker - Alger Havet spirer! Hver vår ser vi det samme i kystvannet. Fjorder og viker blir grumsete og etter hvert melkegrønne. Hva kommer det av. Er det farlig, er det

Detaljer

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid) Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte

Detaljer

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk Reglar for poenggjeving på oppgåvene (sjå konkurransereglane) : Rett svar gir 5 poeng. Galt svar gir 0 poeng Blank gir 1 poeng. NB: På oppgåvene 2 og 5 får ein 5 poeng for 2 rette svar. Eitt rett svar

Detaljer

Næringskjeder i havet

Næringskjeder i havet Ved dette besøket på Polaria skal du lære litt om noen av de næringskjedene som finnes i havet. 1. Spørsmål til filmen «SVALBARD ARKTISK VILLMARK» a. Hvor mange unger hadde isbjørnen? b. Hva gjorde hvalrossen?..

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve Nynorsk Lundefuglnettene av ruce McMillan Kvart år får den islandske øya Heimaøy besøk av svartkvite fuglar med oransjefarga nebb som kjem for

Detaljer

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012 Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 24.04.2012 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Detaljer

Klepp kommune Tu skule

Klepp kommune Tu skule Veke Tema Kompetansemål Læringsmål: Eg skal kunne 34 Familien om variasjonar i Eg skal veta om ulike typar familieformer og om familiar. 35 relasjonar og oppgåver i familien 36 37 38 39 40 42 Haust Bruk

Detaljer

Kommentar 22.7.2015 frå Naturvernforbundet vedrørande blåsesand i Ulsteinvik

Kommentar 22.7.2015 frå Naturvernforbundet vedrørande blåsesand i Ulsteinvik Kommentar 22.7.2015 frå Naturvernforbundet vedrørande blåsesand i Ulsteinvik (Basert på opplysningane i artikkelen nedanfor.) Brukt blåsesand inneheld komponentar av det som er sandblåst, og er å rekne

Detaljer

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN Oppsummering/ evaluering av månaden Også denne månaden har me vore mykje ute. Prøver å komma oss ut to gonger i løpet av dagen om veret er nokon lunde ok. Det er mykje sykling

Detaljer

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE» «ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE» FYLKESREVISJONEN Møre og Romsdal fylkeskommune RAPPORT, FORVALTNINGSREVISJONSPROSJEKT NR. 4-2000 INNHALDSREGISTER 1. INNLEIING I 2. FORMÅL 1 3. METODE OG DATAGRUNNLAG

Detaljer

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Alle borna i 1 klasse byrjar å bli trygge i sine nye omgivelser.

Detaljer

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 1 SETNINGSLEDD Verbal (V) Eit verbal fortel kva som skjer i ei setning. Verbalet er alltid laga

Detaljer

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv. Særemne 3-100 år med stemmerett I 2013 er det hundre år sidan alle fekk stemmerett i Noreg. På Norsk Folkemuseum arbeider vi i desse dagar med ei utstilling som skal opne i høve jubileet. I 2010 sendte

Detaljer

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba. LEDDSETNINGAR 1 Gjer setningane om til forteljande leddsetningar. Carmen er kona hans. Luisa går på skule i byen. Leo er tolv år. Ålesund er ein fin by. Huset er raudt. Det snør i dag. Bilen er ny. Arne

Detaljer

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN VELKOMMEN HEIM Foto: Magnus Endal OPPFØLGING ETTER HEIMKOMST Her finn du informasjon til både deg som har vore på oppdrag i Sierra Leone, og til familien

Detaljer

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Aktivitetsark med oppgåveidear og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginalar DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING

Detaljer

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 1 TEIKNSETJING Punktum (.) Vi bruker punktum for å lage pausar i teksta. Mellom to punktum må det

Detaljer

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Kvam herad Bruka e-post lesaren til Kvam herad Alle ansatte i Kvam herad har gratis e-post via heradet sine nettsider. LOGGE INN OG UT AV E-POSTLESAREN TIL

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

Edderkoppen. Gresshopper

Edderkoppen. Gresshopper Edderkoppen Edderkoppen er et rovdyr. Det vil si at den spiser andre dyr. Mange edderkopper spinner nett som de fanger andre insekter i. Noen edderkopper kan sitte på lur og vente til et smådyr kommer

Detaljer

Brukarrettleiing. epolitiker

Brukarrettleiing. epolitiker Brukarrettleiing epolitiker 1 Kom i gang Du må laste ned appen i AppStore Opne Appstore på ipaden og skriv «epolitiker» i søkjefeltet øvst til høgre. Trykk på dette ikonet og deretter på «hent» og til

Detaljer

Stråling frå elektronisk kommunikasjon

Stråling frå elektronisk kommunikasjon Stråling frå elektronisk kommunikasjon Ei orientering frå Statens strålevern og Post- og teletilsynet Kva er stråling? I kvardagen omgjev vi oss med ulike typar stråling, frå både naturlege og menneskeskapte

Detaljer

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge KPI-Notat 4/2006 Når sjøhesten sviktar Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge En notatserie fra Kompetansesenter for pasientinformasjon og pasientopplæring Side 1 Sjøhesten (eller hippocampus)

Detaljer

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst Målet med reportasjen er å setje fokus på praktiske løysingar for oppstalling av frisk kalv, god avdrått og avkastning med mjølkeproduksjon

Detaljer

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt Ser du det? Hvordan jobbe med trosopplæring og bibelfortellinger med hovedvekt på det visuelle. Vi lever i en mer og mer visuell tid, og dette bør få konsekvenser for hvordan kirken kommuniserer med og

Detaljer

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Mål: Elevane skal kjenne til utbreiinga av hallingmålet i nærmiljøet. Dei skal vita noko om korleis hallingmålet har utvikla seg

Detaljer

Psykolog Elin Hordvik Senter for Krisepsykologi, Bergen

Psykolog Elin Hordvik Senter for Krisepsykologi, Bergen Å leve med kreft over tid. Psykososiale utfordringar og hensiktsmessige tiltak ved kreftsjukdom Psykolog Elin Hordvik Senter for Krisepsykologi, Bergen Å leve med kreft Det er mange utfordringar, f.eks:

Detaljer

KROPPSØVING LUSTER UNGDOMSSKULE - 2014. Ved graden av måloppnåing er det naturleg å vurdere : styrke, spenst, hurtigheit, uthald og ballteknikk.

KROPPSØVING LUSTER UNGDOMSSKULE - 2014. Ved graden av måloppnåing er det naturleg å vurdere : styrke, spenst, hurtigheit, uthald og ballteknikk. KROPPSØVING LUSTER UNGDOMSSKULE - 014 Ved graden av måloppnåing er det naturleg å vurdere : styrke, spenst, hurtigheit, uthald og ballteknikk. Kompetansemål Kompetansenivå Kjenneteikn på måloppnåing Karakter

Detaljer

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7 Bønn «Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet: «I ein by var det ein dommar som ikkje hadde ærefrykt for Gud og ikkje tok omsyn til noko menneske.i same byen var det

Detaljer

Nasjonale prøver 2005. Matematikk 7. trinn

Nasjonale prøver 2005. Matematikk 7. trinn Nasjonale prøver 2005 Matematikk 7. trinn Skolenr.... Elevnr.... Gut Jente Nynorsk 9. februar 2005 TIL ELEVEN Slik svarer du på matematikkoppgåvene I dette heftet finn du nokre oppgåver i matematikk. Dei

Detaljer

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule Kroppsøvingsseksjonen og kunnskapsløftet Kroppsøving - Fysisk aktiv skulekvardag/fysisk

Detaljer

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg Brattholmen skulefritidsordning Nygårdsvegen 1 5350 Brattholmen Tlf: 55097504/98088134 E-post: liss.schumann@fjell.kommune.no S sosalisering og samspill F Fritid og felleskap O Omsorg SFO: SFO er eit fritidstilbod

Detaljer

DB 836 327 883 604 702 254 597 522 750 184

DB 836 327 883 604 702 254 597 522 750 184 Svineøkonomi Per Herikstad Hå Gardsrekneskapslag Peder Skåre Sparebank 1 SR-Bank Det siste året har vore prega av stort fokus på ubalanse i svinemarkedet. Overproduksjon gir lågare prisar for svineprodusentane

Detaljer

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014 ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2013/2014 Innleiing Årsmøtet for 2012/13 vart avvikla i grendahuset 28.03.13. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.

Detaljer

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare? bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare? Kst. lovrådgjevar Ole Knut Løstegaard Evalueringskonferansen, Bergen 19. september 2014 Evaluering av offentleglova bakgrunn Prosessen

Detaljer

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd. Månadsbrev frå oktober, Grøn avd. Oppsummering/ evaluering av oktober Oktobermånad starta me med eit lite epleprosjekt. Inndelt i grupper, fekk alle barna vere med på tur for å hauste eple og plommer.

Detaljer

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen Kort om føresetnadene for folketalsprognosen Folketalsutviklinga i PANDA vert bestemt av fødselsoverskotet (fødde minus døde) + nettoflyttinga (innflytting minus utflytting). Fødselsfrekvensar og dødsratar

Detaljer

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS BARN OG UNGDOM SINE REAKSJONAR I denne brosjyra finn du nyttige tips for deg som er innlagt, og har barn under 18 år. Når ein i familien vert alvorleg

Detaljer

Lukkar, blendar, ISO. Innføring i teori Korleis utnytte dei kreativt. Arnold Hoddevik

Lukkar, blendar, ISO. Innføring i teori Korleis utnytte dei kreativt. Arnold Hoddevik Lukkar, blendar, ISO Innføring i teori Korleis utnytte dei kreativt Lukkartid Lukkartida avgjer om eit bilde der motivet er i fokus blir skarpt eller uskarpt forutsatt at kameraet ikkje er på stativ Lukkaren

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3 Nynorsk Leite etter mat Her er tre prosjekt som handlar om kva små skapningar et, og korleis dei leiter etter mat. Først må du finne verkelege maur,

Detaljer

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Har igjen fått sps om dekninga i Sør. Veit ein meir om når utbygging av skal skje? Kor mange barn i sør får ikkje plass i nær? Svar frå administrasjonen: Vi syner til

Detaljer

MATEMATIKKVERKSTAD Mona Røsseland. GLASSMALERI (bokmål) Utstyr: Rammer (A3) i farga papp, pappremser, silkepapir, saks og lim

MATEMATIKKVERKSTAD Mona Røsseland. GLASSMALERI (bokmål) Utstyr: Rammer (A3) i farga papp, pappremser, silkepapir, saks og lim MATEMATIKKVERKSTAD Mona Røsseland GLASSMALERI (bokmål) Utstyr: Rammer (A3) i farga papp, pappremser, silkepapir, saks og lim Slik går du frem: 1. Velg deg en ramme. 2. Du skal nå lage et vakkert bilde

Detaljer

Ute mat Korleis laga god mat UTE

Ute mat Korleis laga god mat UTE Ute mat Korleis laga god mat UTE Sigrid Henjum- 03. desember 2013 1 Taco - ein favoritt også på tur. 4 pers Ingrediensar: 600-800 g kjøtdeig av storfe, hjort, kylling eller svin 1 boks mais 1 paprika i

Detaljer

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din. Skal skal ikkje Har du ein draum om å driva Inn på tunet verksemd? Gjennom dette kapittelet i netthandboka får du tankehjelp og praktisk hjelp i dei første fasane mot etablering; frå draum til forretningsplan.

Detaljer

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS.

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS. Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS. Stryn 06.11.14 1 Det eg vil snakka om er: Sone inndeling av vassnettet på Bømlo for å få lekkasjekontroll Stryn 06.11.14 2 Påstandar

Detaljer

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/1762-32

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/1762-32 Saksframlegg Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/1762-32 Christian Frøyd - Søknad om oppføring av ny garasje og fasadeendring, gbnr. 21/48 -Ny handsaming. * Tilråding: Forvaltningsutvalet

Detaljer

Historien om universets tilblivelse

Historien om universets tilblivelse Historien om universets tilblivelse i den første skoleuka fortalte vi historien om universets tilblivelse og for elevene i gruppe 1. Her er historien Verden ble skapt for lenge, lenge siden. Og det var

Detaljer

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema. 1 Oppdatert 16.05.09 Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.) Velkommen til Hordaland fylkeskommune sin portal

Detaljer

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn Dans meg Lat meg sjå deg utan andlet, lat meg gå med deg i skogen utan klede. Vis meg dit du aldri før har vore, sei meg det du aldri før har tenkt. Våg meg utan sko og utan pust. Dans meg dit du vil Hudsong

Detaljer

Far min sa ein gong at ein må velje sine kampar

Far min sa ein gong at ein må velje sine kampar «Alt kveg bør ut å beite i utmarka», skriv Torbjørn Tufte. Foto: Mariann Tvete Far min sa ein gong at ein må velje sine kampar Jordbruksnæringa no må samle seg og velje kva kampar dei vil ta til fulle,

Detaljer

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A Skriftlig eksamen i Matematikk 1, 4MX15-10E1 A 15 studiepoeng ORDINÆR EKSAMEN 19. desember 2011. BOKMÅL Sensur faller innen onsdag 11. januar 2012. Resultatet blir tilgjengelig på studentweb første virkedag

Detaljer

«Ny Giv» med gjetarhund

«Ny Giv» med gjetarhund «Ny Giv» med gjetarhund Gjetarhundnemda har frå prosjektleiinga i «NY GIV I SAUEHOLDET» som HSG står bak, fått ansvar for prosjektet «KORLEIS STARTA MED GJETARHUND FOR FØRSTE GANG». Prosjektet går ut på

Detaljer

KORLEIS LEGGJE INN EI SAK PÅ WWW.SKOGSVAAG.NO

KORLEIS LEGGJE INN EI SAK PÅ WWW.SKOGSVAAG.NO KORLEIS LEGGJE INN EI SAK PÅ WWW.SKOGSVAAG.NO NY BRUKAR AV WWW.SKOGSVAAG.NO Nettsida har hatt om lag 892000 treff sidan år 2000. Både unge og gamle er faste besøkjarar av nettsida. Alle medlemmer kan leggje

Detaljer

Prisar på porto for 2016

Prisar på porto for 2016 Storleiken og vekta på brevet avg jer prisen Les meir på posten.no, eller ring kundeservice på 04004 Prisar på porto for 201 Posten: Brev Pakker kort Frimerker til Postboks samling og postkasse Hvordan

Detaljer

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013. Utfordringsdokument Basert på Folkehelsekartlegging for Hjelmeland kommune, pr. 01.10.13. (FSK-sak 116/13) Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013. DEMOGRAFI Ca. 16 % av befolkninga i Hjelmeland

Detaljer

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad Først i denne delen om Giske OS står skrive om korleis vi bygde stasjonsbygninga. Der står nemnt at vi rekna med

Detaljer

Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune

Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune Miljødirektoratet v/fylkesmannen i Nordland fmnopost@fylkesmannen.no 24. mai 2016 Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune Vi viser til vedtak i sak 2016/2718 den

Detaljer

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice mlmtoo much medicine in Norwegian general practice For mykje medisin i norsk allmennpraksis Nidaroskongressen 2015 Per Øystein Opdal, Stefán Hjörleifsson, Eivind Meland For mykje medisin i norsk allmennpraksis

Detaljer

Fuglestadelva, Hå kommune

Fuglestadelva, Hå kommune Fuglestadelva, Hå kommune Fuglestadelva drenerer sørlege deler av Høg-Jæren og renn ut i sjøen ved Brusand. Elva er naturleg lakseførande opp til fossen ved Åsane (,8 km). Elva er ei av dei faste overvakingselvane

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE Alle vaksne i Lyefjell barnehage arbeider for at det enkelte barn opplever at: Du er aktiv og tydelig for meg Du veit at leik og venner er viktige for

Detaljer

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012 Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012 Onsdag 28 mars inviterer vi entreprenørskapsungdom, lokale bedrifter og andre lag og organisasjonar til årets entreprenørskapsmesse i Naustdalshallen. Her

Detaljer

6. trinn. Veke 24 Navn:

6. trinn. Veke 24 Navn: 6. trinn Veke 24 Navn: Takk for ei fantastisk fin førestilling i går! Det var veldig kjekt å sjå dykk, både på formiddagen og på ettermiddagen. Eg vart veldig stolt! No må vi få rydda opp og pakka litt

Detaljer