vikaskarven lokalavis for Vik i Øygarden

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "vikaskarven lokalavis for Vik i Øygarden"

Transkript

1 vikaskarven lokalavis for Vik i Øygarden 5. august 2014 Nr årgong Utgjevar: Vik grendalag Asbjørn viser fangsten Side 2 Vikavågens nye turistattraksjon Side 2 Vidar har fliselagt og murt i alle år Side 4

2 2 Asbjørn Vik set krepseteiner i Hjeltefjorden og får fangst heilt nede på 290 meter. Asbjørn Vik (70), pensjonert fiskebåtskippar, har dei siste åra dreve med krepseteiner. Hjeltefjorden er fangstfeltet, frå Ramsøy i sør til Vikaneset i nord. Krepseteinene fiskar best på djupt vatn, og Hjeltefjorden er djup, om lag 300 meter på det djupaste. Kan få opp til 20 kilo Då VikaSkarven var med og trekte teiner med Asbjørn, hadde han ei lenkje med 40 teiner som var festa til eit tau. Avstanden mellom teinene var om lag fem meter. Krepselenka låg tvers over fjorden frå Sandvikatongane på Toftøyna til Trettøy på Askøysida. Det djupaste teinene låg på, var 290 meter, og det var på djupet det sat flest krepsar i teinene. Fangsten denne maidagen vart 5-6 kg. På det meste kan han få opp til 20 kg. BARNDOMSHEIMEN: Harald Vik framfor Pålestøvo der han vaks opp. Asbjørn håvar inn kreps frå fjorden Ein kreps pr. bur Krepsen kan samanliknast med hummar. Det går om lag fire krepsar på eit kilo. Asbjørn oppbevarar krepsen i bur. Ein kreps i kvart bur, som vert senka ned på djupt vatn. Prisen på krepsen er høg, så det kan verta nokre kroner på dette hobbyfisket, seier Asbjørn. Mister teiner Men det er utgifter også. Eg har sokna etter ei lenkje i lengre tid. Båtar som ferdast i fjorden kjører på, og kappar av blåsa som merkar kor lenkja ligg. Eg veit kor teinene ligg, for eg set dei etter GPS. Likevel er det ikkje alltid lett å finna dei att. Men litt tap må ein fiskar kalkulera med, seier Asbjørn med eit smil. KOSAR SEG PÅ SJØ: Asbjørn Vik har vore sjømann store delar av livet. Også som pensjonist passar han på å få sin dose sjøliv. Gamal båt har fått nytt liv på moloen Det har vore stor utfart til moloen etter at ein gamal hekkbåt vart pussa opp og plassert der i vår. Båten, som står på Gølskjeret, har høyrt til fiskeskøyta «Trovik». Den vart i si tid brukt som hekkbåt, eller redningsbåt som ein ville sagt i dag. Som regel vart hekkbåten slept etter fartøyet, men den kunne og hengja oppe ved sida av styrehuset. Hekkbåten er gammal, truleg frå før krigen. No har nokre eldsjeler på Vik sett den i stand med segl, laga av not, og tjærebreidd den grundig. Med hekkbåten på Gølsjæret kan minnene frå H44H «Trovik» segla vidare inn i framtida.

3 3 Flott vêr og god stemning på 17. mai KIWI mini pris øygarden elektriske as Tlf Epost:

4 4 Vidar har bygd over 300 skorsteinar Vidar Vik Torsvik har murt fleire hundre skorsteinar og fliselagt fleire tusen kvadratmeter bad i karrieren. Vidar Vik Torsvik (51) har svinga sementsleiva i over 30 år. Sjølv veit han ikkje nøyaktig kor mange skorsteinar han har mura opp i løpet av desse åra, men anslår talet til å liggja mellom 300 og 400. I den seinare tid har han hatt mykje å gjera på alle dei nye bustadane som er bygd på Ågotnes. I tillegg har det vore mykje arbeid å få både i Øygarden, andre område i Fjell og bergensområdet. Unngått uhell Vidar bur på Dalekletten saman med kona Linda Toft Torsvik, og paret har tre born. Vidar starta som murarlærling og tok sveinebrevet i Meisterbrevet tok han i Det har vore ei utvikling i dette faget og, smiler Vidar. Før var sementsekkane 50 kg og tunge som bly. No veg dei berre 20 kg. Det er passeleg mengde til å blanda opp i ei bøtte, og passeleg tyngde til å draga med høgt opp på taket. Taka kan vera både glatte og bratte, men eg har enno ikkje rasa ned, sjølv om det har vore nære på fleire gongar, smiler Vidar. Vidar driv og med flislegging av bad og golv. med m me ed 1000m m m 2 salgsflate i Rong Senter - Ei rein og skjær handleglede ved havgapet havgapet! Fiskk - og ferskvarespesialisten f k l Fristende frukt og grønt Innholdsrik betjent ostedisk Nydelige nystekte bakervarer Velsmakende varm mat Herlig salat - og fruktbar Måndag Ope måndag- -fredag fredag kl.8-22, 8-21,Laurdag laurdag kl Bank i Butikk EUROSPAR Rong tlf Det er ikkje få kvadratmeter med veggfliser eg har mura opp. Bada er blitt større med åra, så eg trur det må verta fleire tusen kvadratmeter eg har hatt hand om desse åra. Den største einskildjobben han har hatt, var flislegging av golvet i eit kjøpesenter i Florø, på rundt 2000 kvadratmeter. Vidar har også autorisasjon til montering av omnar i bustader, noko som har hatt eit oppsving dei siste åra. Likar seg godt Muskelkraft må til I muraryrket vert det brukt mykje muskelkraft. Fulle bøtter med mørtel skal dragast på, og stilasen er ikkje alltid den beste. Elementa til skorsteinen vert tyngre jo høgare opp på taket ein kjem, og når flisepakkene skal bærast opp både ein og to etasjar, kjenner ein det godt når dagen er omme. Når Vidar skal kopla av frå arbeidet og få seg ein pust i bakken, tek han familien med seg på hytta i Bavallen på Voss. Vidar trivst godt i faget sitt. Det er stadig nye utfordringar og alltid nye folk ein skal forhalda seg til. Eg trur heller ikkje eg vert arbeidsledig i åra som kjem. lbod Opningsti Stort utval av godbiter fra vårt kjøkken Moderne bilverksted m EU/kontroll Reparasjon av alle bilmerker V askehall Kaffiavtale Gass BLOM SERVICESENTER AS 5331 RONG - tlf Godkjent bilverksted Snitter Koldtbord Varmmat Baguettar Koldttallerken Rong Catering a/s Tlf.:

5 5 Ny oppdrettsbåt på Vikavågen Blom Fiskeoppdrett har investert i ny oppdrettsbåt. Den vert å sjå ved oppdrettsanlegget på Vik og ved kaien under «Eikeskåra». Båten er 15 meter lang og 9,5 meter brei. Båten er bygd som katamarantype. Det gjer at den vert stødig på sjøen, noko som trengs sidan den har kraftig arbeidskrane. Båten har fått namnet «BLOM» og vart levert til Blom Fiskeoppdrett i slutten av Hausten 2014 får dei levert ein liknande oppdrettsbåt. Jonsokfeiring! Skifta kledning på naustet Bjørn Vik har skifta kledning på naustet sitt på Lakseskjæret. Naustet tilhøyrde i alle år Magnus Vik. Han brukar framleis naustet, sjølv om det er overteke av sonen Bjørn. ENTREPRENØR 30 år Jostein Oen as 5337 RONG Mobil GRAVING SPRENGING TRANSPORT Toftøy Nærmiljøutval -arbeider for eit triveleg og godt nærmiljø for alle på Toftøy

6 6 Gebursdag 75 år Gerhard Vik 6. august 1939 Oddbjørg Anna Vik 12. september år Per Tore Vik 24. august 1944 Gerd Jorunn Vik 16. september år Geir Vik Olsen 1. juni 1959 Bodil Vik 3. august år Olaug Merete Rong 6. juli 1974 Leif Gunnar Vik 7. august 1974 Kjell Mikkel Vik 19. august 1974 Fødd Benjamin Vik Magnussen fødd 21. oktober 2013 Foreldre er Anne Kristin Vik og Øyvind Magnussen Mary Naomi Barmen-Fløysand fødd 16. februar 2014 Foreldre er Anita og Roar Barmen-Fløysand Jonas Solheim fødd 30. mai 2014 Foreldre Caroline SteenHansen Solheim og Mats Henrik Solheim Død Odd Vik fødd 29. september 1931 død 8. mai 2014 Harald Olai Vik fødd 16. juli 1944 død 19. mai 2014 Kirsten Vik Olsen fødd 8. desember 1933 død 4. juni 2014 Bjørg Vik Sårheim fødd 23. august 1942 død 7. juni 2014 Guds ord i det fri Over 60 personar gjekk på tur i marka for å delta på gudstensete i Pardalsmyra på Toftøy. I slutten av juni var det friluftsgudsteneste i Pardalsmyra. Mange hadde trakka markevegen ut til Pardalsmya denne fine junisøndagen. Med sommarfloren til Helgefolket i bakgrunnen, kunne sokneprest Espen Tvedten ønskja forsamlinga velkommen. Å koma ut i naturen og halda gudsteneste har eg gledd meg til. Eg har sett på værkartet dei siste dagane, og jammen har me fått lettskya og litt sol, sa presten. Det var Oskar og Åse som denne gongen hadde pynta og snikra saman talarstol og kors av furustokkar. Forsamlinga sette tydeleg pris på gudstenesta i det fri, og fine vårsongar lydde godt i Pardalsmyra denne søndagen.

7 No eig Seadive mesteparten av Stegevika Ny familie på Vik Silje Rong (27) og Viktor Bjørkmann (31) Silje og Viktor flytta inn i eigen bustad i Vasskarhaugen i november 2013, saman med jentene Torsvik Mur Alt i mur, puss og flisarbeid Alexandra (4,5) og Mia (5 mnd). Silje kjem frå Rong. Foreldra er Beate og Frode Rong. Og så har eg snille bestemødre som bur på Rong. Ei av dei heiter Amalia. Viktor kjem frå Skogsvåg i Sund. Etter oppkjøpet av Teknologisenteret, eig Seadive no stort sett heile Stegevika. 1. april overtok Seadive Teknologisenteret frå dei førre eigarane, Sotra Elektro. Seadive eig frå før det som var Sotra Rustfri Industri sitt bygg og eigedom, det gule huset. Seadive driv med arbeid under vatn, og disponerer fleire båtar. Mange har sett verksemda deira som har hatt base på Vikavågen. Seadive driv med mellom anna med vedlikehald av oppdrettsanlegg og utlegging av fortøyningar. Han pendlar til Bergen til jobben som seljar i GS bildeler, som blant anna sel delar til bilmerket BMW. Silje jobbar i Breivik barnehage. Tidlegare har paret budd på Spjeld. Me ville flytta nærare heimstaden min. Då vart det Vik, slik at arbeidsreisa til Viktor ikkje vart altfor lang. Me trivst veldig godt i Øygarden med den flotte naturen som er her, seier Silje. 7 Misjonsmesse og graut i bedehuset Laurdag 30. august klokka 13 er det misjonsmesse på bedehuset. Det vert sal av mat og handarbeid. Inntektene går uavkorta til Norsk Luthersk Misjonssamband sitt arbeid. Ta laurdagsgrauten på bedehuset denne laurdagen, og kanskje du kan starta julehandelen i same slengen. Lavare fartsgrense på Vik I 2012 gjennomførte Statens Vegvesen målingar av biltrafikken i Vikabrekka. Trafikkteljinga viser at det kjører 300 kjøretøy i døgeret tur/retur på strekninga inn til Vikagarden, og Vegvesenet har imøtekome Vik grendelag sin søknad om å redusera fartsgrensa til 40 km/t. Dei nye skilta kom på plass i juni. Siste åra har det kome mange nye hus på Vik, og talet på kjøretøy er forventa høgare i framtida, skriv Statens Vegvesen i si grunngjeving for den nye fartsgrensa. Grendelaget oppfordrar alle sjåførar å redusera farten og kjøra varsamt Fleire barnehageplassar på Toftøy Kommunestyret har oppretta 28 midlertidige barnehageplassar på Toftøy. Dei gamle brakkane som står på skuletomten skal igjen takast i bruk til barnehage. Det er kommunen som skal driva barnehagen, som ein avdeling under den kommunale barnehagen Terna på Rong. I den private barnehagen, Toftøy barnehage, har 125 barn fått plass til hausten.

8 8 Returadresse: Vikaskarven Norvald Vik 5337 Rong Aktivt grendelag Endeleg klart for filmpremiere Laurdag 18. oktober klokka vert den nylaga filmen om palekast i Svelgen vist på bedehuset. Set av ettermiddagen til å treffa bygdefolk og få med deg ein fersk film om fisket på Vik før i tida. Høgdepunkt frå 2013 er mellom anna jonsokfeiring, oppskyting av fyrverkeri, krabbefest og bygdetreff. I 2013 har Vik Grendalag vore med og lagt til rette for fleire arrangement. Dette skapar trivsel i lokalmiljøet på Vik og i Knappen. Av årsmeldinga går det fram at det er mange som tek del i jonsokfeiringa. Her foregår med leikar og aktivitetar på kaien og samling rundt bålet på moloen. Oppskyting av fyrverkeri, som Grendalaget var medarrangør til i desember, vakte stor begeistring langt utover bygda. Også den tradisjonelle krabbefesten på hausten samla fullt partytelt. Bygdetreff På bygdetreffet i oktober vart dokumentarfilmen om Sigurd Vik på hummarfiske vist. Det var Gerhard Vik som hadde laga filmen. Fiskebåtreiar Inge Halstensen frå Austevoll var invitert til å kåsera over Hans Nielsen Hauge sitt liv og virke som emissær og industrigrundar. Halstensen sa og at han hadde mykje å takka dei dyktige fiskarane frå Vik for, som over mange år har vore med og tilført rederiet hans store verdiar. Betalar medlemskontingent Leiar i grendalaget, Thora Vik, er godt nøgd med at dei aller fleste på Vik og Knappen har betalt medlemskontingenten til Grendalaget og abonnement på VikaSkarven. Dei få som ikkje har betalt for 2014, reknar ho med har gløymt det. Viss ein ikkje betalar kontingenten, kan ein ikkje rekna med å få VikaSkarven. Det same gjeld også for bebuarar i Knappen, og dei som har fått tilsendt VikaSkarven. Thora Vik seier at Grendalaget planlegg familiearrangement i august 2014, og håpar på god hjelp for å får gjennomført den. Kom på familiedag på Vik Søndag 24. august klokka 13 vert det arrangert familiedag på Vik. Mange ulike aktivitetar for store og små. Møt opp! Vikaskarven Redaktør: Øystein Vik I redaksjonen: Norvald Vik Ottar Vik Internett og e-post: oystein.vik@gmail.com Fire nummer pr. år. Trykkeri: Bodoni AS STOLTE FISKARAR: Bygdetreff oktober Fiskebåtreiar Inge Halstensen (i midten) saman med mannskap fiskar Per B Vik til venstre og fiskeskipparane Rolf Vik og Ole A. Vik. Vi formidlar blomster til innland og utland Rong Senter Telefon: Postboks 107, 5331 Rong

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. PREPOSISJONAR 1 Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. Luisa går på skule i Ålesund. Skulen ligg midt i byen. Klasserommet ligg i tredje etasje

Detaljer

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue

Detaljer

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014 ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2013/2014 Innleiing Årsmøtet for 2012/13 vart avvikla i grendahuset 28.03.13. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.

Detaljer

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord Kjære foreldre, føresette, søsken og vener! I 8 månader har de fått rapport etter rapport frå Nordfjordeleven dykkar. Om flotte fjelltoppar. Store bølgjer. Hav

Detaljer

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går i.

Detaljer

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. HEILSETNINGAR 2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. Vi reiser til Cuba. Carmen les ei bok. Arne lagar middag. Luisa er på skulen. Det snør. I

Detaljer

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min DET MØRKNAR SVEVNENS KJÆRLEIK JAMNE BØLGJER EIT FJELL I DAGEN eg står og ser på dei to hjortane og dei to hjortane står og ser på meg lenge står vi slik eg står urørleg hjortane står urørlege ikkje noko

Detaljer

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer: Velkomen til Dette heftet tilhøyrer: 1. samling: Kva er Bibelen? Skapinga. Babels tårn Forskaroppgåve 1 På denne samlinga har vi snakka om Bibelen. Det er ei gammal bok som har betydd mykje for mange.

Detaljer

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Birger og bestefar På bytur til Stavanger Birger og bestefar På bytur til Stavanger Små skodespel laga for mellomtrinnet Forfattarar: Ola Skiftun og Sigrun Fister Omarbeidd til skodespel av Stavanger Sjøfartsmuseum Denne dagen var heilt spesiell,

Detaljer

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Månadsbrev for ROSA mars 2015 Månadsbrev for ROSA mars 2015 Oppsummering/ evaluering av mars Mars har vore ein lunefull månad med tanke på veret, men vi gledar oss over mange fine dagar med sol og vårleg varme. Har vore mykje ute og

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK Minnebok NYNORSK 1 Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. Når vi er triste,

Detaljer

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009 ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2008/2009 Innleiing Årsmøtet for 2007/08 vart avvikla i grendahuset 20.03.08. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.

Detaljer

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015 BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015 Vi kan tilby: * Frå 13 oktober: Ope kvar tysdag, onsdag og torsdag, frå Kl 10 14. * Fri leik * Formingsaktivitetar * Lunsj med kaffi, te, mjølk og frukt. * Spleiselunsj

Detaljer

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA NAMNET Av Jon Fosse Handlinga følger eit ungt par som dreg heim til hennar foreldre. Jenta er høggravid og dei manglar bustad. Det er eit drama om kor vanskeleg det er å forstå kvarandre og om lengselen

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE Alle vaksne i Lyefjell barnehage arbeider for at det enkelte barn opplever at: Du er aktiv og tydelig for meg Du veit at leik og venner er viktige for

Detaljer

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 1 TEIKNSETJING Punktum (.) Vi bruker punktum for å lage pausar i teksta. Mellom to punktum må det

Detaljer

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE Sogndal Studentbarnehage er ein privat barnehage, som vert driven av Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane (SISOF), velferdsorganisasjonen

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve Nynorsk Lundefuglnettene av ruce McMillan Kvart år får den islandske øya Heimaøy besøk av svartkvite fuglar med oransjefarga nebb som kjem for

Detaljer

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» Velkommen til oss i Maurtuå Barnehage. Dette heftet med informasjon håpar me kan være til hjelp for deg når du skal være vikar.

Detaljer

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN Lyngmo - Glytten 23. årgang Januar 2014 Helsing frå Lyngmo Når du mottek Lyngmoglytten denne gangen er det travelt arbeid i gang på kjøkkenet

Detaljer

Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring.

Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring. Vurdering av Hedalen mølle I Sør Aurdal Tilstand og forslag til utbedring. Rapporten er utarbeida av bygningsvernrådgjevar ved Valdresmusea Odd Arne Rudi 1 Bakgrunn Det er stiftinga Bautahaugen Samlingar

Detaljer

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid) Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte

Detaljer

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman Olaug Nilssen Få meg på, for faen Roman 2005 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2012 ISBN 978-82-521-8231-6 Om denne boka Ein humorstisk roman om trongen

Detaljer

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt Ser du det? Hvordan jobbe med trosopplæring og bibelfortellinger med hovedvekt på det visuelle. Vi lever i en mer og mer visuell tid, og dette bør få konsekvenser for hvordan kirken kommuniserer med og

Detaljer

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7 Den gode gjetaren Lukas 15:1-7 Bakgrunn I denne forteljinga formidlar du noko om kva ei likning er. Difor er delen om gullboksen relativt lang. Det å snakke om dei ulike filtstykka som ligg i boksen, er

Detaljer

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR TIME KOMMUNE Arkiv: K1-070, K3-&32 Vår ref (saksnr.): 08/1355-6 JournalpostID: 08/14810 Saksbeh.: Helge Herigstad BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR Saksgang: Utval Saksnummer

Detaljer

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Joakim Hunnes. Bøen. noveller Joakim Hunnes Bøen noveller Preludium Alt er slik det plar vere, kvifor skulle noko vere annleis. Eg sit ved kjøkenvindauget og ser ut. Det snør, det har snødd i dagevis, eg har allereie vore ute og moka.

Detaljer

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD 2014 Årsmelding for Vangsnes Sokneråd 2014. Medlemar: Oddveig Kristine Fimreite ( leiar) Gro Heimdal ( nestleiar og trusopplæring) Leif Audun Sætre ( medlem i fellesrådet)

Detaljer

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om : Denne månaden har me blant anna arbeid med «Barn hjelper barn» som ei førebuing til haustfesten vår 3. november, der inntektene vil gå til SOS-barnebyer Bergen. Barna har mellom anna laga epletrykk og

Detaljer

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013. Vårkonferanse Mandal 1

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013. Vårkonferanse Mandal 1 Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013 Vårkonferanse Mandal 1 Gaular, ein flott kommune i vakre Sogn og Fjordane. 30.04.2013 Vårkonferanse Mandal 2 Gaular, med dei tre ruteområda (2.923 innbyggjarar

Detaljer

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Oppsummering/ evaluering av mars/april Mål og innhald april I mars har me hatt fokus på språk. Me har hatt språksamlingar saman med Rosa kvar veke, der har me sett på

Detaljer

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking Bjørn og Rovdyr Innhold Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders rjeundersøking For eller imot bjørn i Jostedalen? Intervju med nokre ikkje-bønder i dalen Intervju med nokre bønder i dalen

Detaljer

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk Reglar for poenggjeving på oppgåvene (sjå konkurransereglane) : Rett svar gir 5 poeng. Galt svar gir 0 poeng Blank gir 1 poeng. NB: På oppgåvene 2 og 5 får ein 5 poeng for 2 rette svar. Eitt rett svar

Detaljer

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba. LEDDSETNINGAR 1 Gjer setningane om til forteljande leddsetningar. Carmen er kona hans. Luisa går på skule i byen. Leo er tolv år. Ålesund er ein fin by. Huset er raudt. Det snør i dag. Bilen er ny. Arne

Detaljer

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv. Særemne 3-100 år med stemmerett I 2013 er det hundre år sidan alle fekk stemmerett i Noreg. På Norsk Folkemuseum arbeider vi i desse dagar med ei utstilling som skal opne i høve jubileet. I 2010 sendte

Detaljer

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Alle borna i 1 klasse byrjar å bli trygge i sine nye omgivelser.

Detaljer

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Teknikk og konsentrasjon viktigast Teknikk og konsentrasjon viktigast Karoline Helgesen frå Bodø er bare 13 år, men hevdar seg likevel godt i bowling der teknikk og konsentrasjon er viktigare enn rein styrke. Ho var ein av dei yngste finalistane

Detaljer

Kartlegging av befolkninga sitt syn på drosjetilbodet i Bergensområdet. AUD-rapport nr. 12b - 2014

Kartlegging av befolkninga sitt syn på drosjetilbodet i Bergensområdet. AUD-rapport nr. 12b - 2014 Kartlegging av befolkninga sitt syn på drosjetilbodet i Bergensområdet AUD-rapport nr. 12b - 2014 Bakgrunn og metode Undersøkinga er utført på oppdrag frå, og i samarbeid med, Samferdselsavdelinga i Hordaland

Detaljer

Setring ved Håbakkselet Hareid

Setring ved Håbakkselet Hareid Håbakkselet. Erling Hovlid og Einar Jacobsen Setring ved Håbakkselet Hareid Håbakkselet Steinar Hovlid (f. 1926) fortel til Leif Arne Grimstad om Håbakkselet i Vikebladet/Vestposten laurdag 22. desember

Detaljer

Vedlegg 1: Heimelsoverføring og krav om deling Side 1 av 19

Vedlegg 1: Heimelsoverføring og krav om deling Side 1 av 19 Vedlegg: 1. Brev frå advokat Louis Anda av 12.9.2008 2. Brev frå advokat Louis Anda av 21.11.2008 3. Brev til advokat Louis Anda av 19.11.2008 4. Brev til advokat Louis Anda av 5.12.2008 5. Brev frå advokat

Detaljer

Eresfjord og Vistdal Statsallmenning

Eresfjord og Vistdal Statsallmenning Eresfjord og Vistdal Statsallmenning Nesset Fjellstyre Nesset Fjellstyre administrerer bruksretter og herligheter (lunnende) i Eresfjord og Vistdal Statsallmenning (EVS). Statskog SF er hjemmelshaver og

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Har igjen fått sps om dekninga i Sør. Veit ein meir om når utbygging av skal skje? Kor mange barn i sør får ikkje plass i nær? Svar frå administrasjonen: Vi syner til

Detaljer

M/S NYBAKK SI HISTORIE

M/S NYBAKK SI HISTORIE M/S NYBAKK SI HISTORIE M/S Nybakk vart bygd på Vaagland Båtbyggeri, rett nord for Kristiansund N, i 1961. Nybygget vart tildelt kallesignalet JXPH då kjølen vart strekt. Bueland Det var brødrene Jakob,

Detaljer

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012 Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012 Straumen går Vatnet kom som regn frå skyene det kom inn frå havet i tunge mørke skyer dei drog seg lågt inn over kysten og lét dropane falle det

Detaljer

vika S karven I kongens klær Side 2 lokalavis for Vik i Øygarden Vil ha meir engasjement i Knappen

vika S karven I kongens klær Side 2 lokalavis for Vik i Øygarden Vil ha meir engasjement i Knappen vika S karven lokalavis for Vik i Øygarden 1. mai 2012 Nr.1 12. årgong Utgjevar: Vik Grendalag www.vikaskarven.net I kongens klær Side 2 Vil ha meir engasjement i Knappen Bjørn Smauget beundrar dugnadsånda

Detaljer

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd VISJON I arbeidet for og med dei medarbeidarane i Fjell sokn har vi utarbeida ein visjon: I Fjell sokn vil vi

Detaljer

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk av Martine Grande Berte og Iver og månen Nynorsksenteret Berte Iver likar godt å leike med Berte, for ho finn på så mykje morosamt, og så er ho så modig. Det er kjekt å reise på oppdagingsferd i lag med

Detaljer

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS.

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS. Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS. Stryn 06.11.14 1 Det eg vil snakka om er: Sone inndeling av vassnettet på Bømlo for å få lekkasjekontroll Stryn 06.11.14 2 Påstandar

Detaljer

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal Velkomen til kulturbygda Lærdal Ein tur i Hans Gjesme sine motiv Den lokale kunstnaren Hans Gjesme gav ved sin død i 1994 Lærdal kommune ei kunstgåve på vel 1500 kunstverk som omfattar måleri, grafikk,

Detaljer

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Kvam herad Bruka e-post lesaren til Kvam herad Alle ansatte i Kvam herad har gratis e-post via heradet sine nettsider. LOGGE INN OG UT AV E-POSTLESAREN TIL

Detaljer

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter. RAPPORT FRÅ STRANDEBARM SKULE TYSDAG 18/10-05 Gruppa vart delt i 3. Det me skulle gjera i dag var: gjera klar grønsaker til marknad, stell i fjøset og steike pannekaker på stormkjøkken. Poteter og gulrøter

Detaljer

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE» «ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE» FYLKESREVISJONEN Møre og Romsdal fylkeskommune RAPPORT, FORVALTNINGSREVISJONSPROSJEKT NR. 4-2000 INNHALDSREGISTER 1. INNLEIING I 2. FORMÅL 1 3. METODE OG DATAGRUNNLAG

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2 Nynorsk Opp-ned musene av Roald ahl et var ein gong ein gamal mann på 87 år som heitte Laban. I heile sitt liv hadde han vore ein stille og roleg person.

Detaljer

Sandeid skule SFO Årsplan

Sandeid skule SFO Årsplan SFO Årsplan Telefon: 48891441 PRESENTASJON AV SANDEID SKULE SIN SFO SFO er eit tilbod til elevar som går på i 1. til 4. klasse. Rektor er leiar av tilbodet. Ansvaret for den daglege drifta er delegert

Detaljer

Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse

Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse Namn: Klasse: 1. Gjennomgang av skjemaet «Førebuing til elev- og foreldresamtale» 2. Gjennomgang av samtaleskjemaet 3. Gjennomgang av IUP og skriving av avtale

Detaljer

Kva er økologisk matproduksjon?

Kva er økologisk matproduksjon? Nynorsk Arbeidshefte om økologisk landbruk for elevar i grunnskulen Nynorsk Arbeidsheftet er utarbeidd av og utgjeve av Norsk senter for økologisk landbruk med økonomisk støtte frå Fylkesmannens landbruksavdeling

Detaljer

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Kva kompetanse treng bonden i 2014? Kva kompetanse treng bonden i 2014? Fagleiar Bjørn Gunnar Hansen TINE Rådgjeving Samtalar med 150 mjølkebønder dei siste 6 åra, frå Østfold til Nordland Kompetanse Kunnskap (Fagleg innsikt) Ferdigheiter

Detaljer

Nynorsk Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo Hovudtest Elevspørjeskjema 8. klasse Rettleiing I dette heftet vil du finne spørsmål om deg sjølv. Nokre spørsmål dreier seg

Detaljer

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1 Rolf Lystad 12.05.14 Oklavegen 4 6155 Ørsta Utdanningsavdelinga v/ståle Solgard Møre og Romsdal fylkeskommune Fylkeshuset, Julsundvegen 9 6404 Molde Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen

Detaljer

Jon Fosse. For seint. Libretto

Jon Fosse. For seint. Libretto Jon Fosse For seint Libretto Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med takk til Du Wei 2 Ei seng fremst, godt

Detaljer

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Månadsbrev for Rosa oktober 2014 Månadsbrev for Rosa oktober 2014 Oppsummering/ evaluering av september Språkutvikling Leik Då har også oktober passert, og vi merkar at hausten har kome for alvor. Uteaktiviteter har framleis hatt stor

Detaljer

Strategidokument 2016-2018

Strategidokument 2016-2018 Strategidokument 2016-2018 Årsmøtet Varhaug Misjonshus 2015 12. Mars 2015 www.varhaug-misjonshus.no 1. Om Varhaug Misjonshus Varhaug Misjonshus er eit flott anlegg midt i Varhaug sentrum. Misjonshuset

Detaljer

Kartlegging av verksemder sitt syn på drosjetilbodet i Bergensområdet. AUD-rapport nr. 12a - 2014

Kartlegging av verksemder sitt syn på drosjetilbodet i Bergensområdet. AUD-rapport nr. 12a - 2014 Kartlegging av verksemder sitt syn på drosjetilbodet i Bergensområdet AUD-rapport nr. 12a - 2014 Bakgrunn og metode Undersøkinga er utført på oppdrag frå, og i samarbeid med, Samferdselsavdelinga i Hordaland

Detaljer

Månadsbrev for Rosa september 2014

Månadsbrev for Rosa september 2014 Månadsbrev for Rosa september 2014 Oppsummering/ evaluering av september Språkutvikling Omsorg Ser at borna no stort sett er trygge både på rutinane, dei andre barna og dei vaksne på avdelinga. Dette fører

Detaljer

Referat frå Soknerådsmøte 17.oktober 2013

Referat frå Soknerådsmøte 17.oktober 2013 Referat frå Soknerådsmøte 17.oktober 2013 Sokneråd FOK Tilstede: Merknader / Vararepresentant: Jon Lende Leiar av soknerådet Tor Arne Laland Sigve Klakegg Karl Inge Lygre Til stades siste del av møtet

Detaljer

Strategidokument Varhaug Misjonshus

Strategidokument Varhaug Misjonshus Strategidokument Varhaug Misjonshus 2016-2018 Strategidokument Varhaug Misjonshus 2016-2018 v0.2.docx2 under arbeid Side 1 Strategidokument Varhaug Misjonshus 2015-2018 Innhald 1. Om Varhaug Misjonshus...

Detaljer

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Bustadområde i sentrum. Vurdering Bustadområde i sentrum Vurdering Balestrand 10.10.2009 Gode bustadområde i Balestrand sentrum Kommuneplan, arealdelen Status I. Sentrumsnære buformer For Balestrand sentrum er det gjeldande reguleringsplanar

Detaljer

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke 19 2015

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke 19 2015 Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke 19 2015 Velkommen til aktivitetsdag med fredsmarsj kl. 18.00- kl. 19.30 på torsdag 7.mai. Det vert program med korsong og dans. Etterpå er det fredsmarsj.

Detaljer

Ungdom og regional utvikling i Nordhordland Spørjeundersøking 2011. Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) AUD-rapport nr 7 2011

Ungdom og regional utvikling i Nordhordland Spørjeundersøking 2011. Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) AUD-rapport nr 7 2011 Ungdom og regional utvikling i Nordhordland Spørjeundersøking 2011 Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) AUD-rapport nr 7 2011 1 2 Metode Undersøkinga er utført av Analyse, utgreiing og dokumentasjon

Detaljer

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS.

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS. Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS. Lindås 19.11.14 1 Det eg vil snakka om er: Sone inndeling av vassnettet på Bømlo for å få lekkasjekontroll Lindås 19.11.14 2 Her finn

Detaljer

vikaskarven lokalavis for Vik i Øygarden

vikaskarven lokalavis for Vik i Øygarden vikaskarven lokalavis for Vik i Øygarden 17. juni 2013 Nr. 2 13. årgong Utgjevar: Vik grendalag www.vikaskarven.net Solid tog på 17. mai Side 6 og 7 side 4 Side 8 Vik sin eigen Petter Smart Men vikamann

Detaljer

Status og utfordringar. Orientering til heradsstyret Tysdag 16. juni Rådmannen

Status og utfordringar. Orientering til heradsstyret Tysdag 16. juni Rådmannen Status og utfordringar Orientering til heradsstyret Tysdag 16. juni Rådmannen Tertialrapporten viser Eit forventa driftsunderskot på 7 millionar i 2009, om drifta held fram som i dag. Dette kjem på

Detaljer

vikaskarven lokalavis for Vik i Øygarden

vikaskarven lokalavis for Vik i Øygarden vikaskarven lokalavis for Vik i Øygarden 17. mars 2013 Nr. 1 13. årgong Utgjevar: Vik grendalag Vikafolk sørgjer for utdanning i Etiopia www.vikaskarven.net Side 6 og 7 Side 8 Rustar opp båt Per Tore Vik

Detaljer

Plassebakken Barnehage

Plassebakken Barnehage Plassebakken Barnehage Plassebakken Post Sørigard Februar 2012 www.plassebakken.no Hei og hå! I månaden som er gått har vi leika oss ute i snøen, så nær som kvar dag. Vi sila i bakkane og mala på snøen

Detaljer

D/S Stord 1 Månadsrapport april-mai 2011

D/S Stord 1 Månadsrapport april-mai 2011 D/S Stord 1 Månadsrapport april-mai 2011 Hardanger Fartøyvernsenter Åsmund Kristiansen 1 April og halve mai var siste periode i dette prosjektet. Søndag 15. mai var det arrangement om bord i samband med

Detaljer

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid Matteus: Tid: Tidleg på 60-talet e.kr. Forfattar: Apostelen Matteus. Adressat: Jødar. Markus: Tid: En gang på 60- talet e.kr. Forfattar: Johannes Markus Adressat: Romarar

Detaljer

Nasjonale prøver 2005. Matematikk 7. trinn

Nasjonale prøver 2005. Matematikk 7. trinn Nasjonale prøver 2005 Matematikk 7. trinn Skolenr.... Elevnr.... Gut Jente Nynorsk 9. februar 2005 TIL ELEVEN Slik svarer du på matematikkoppgåvene I dette heftet finn du nokre oppgåver i matematikk. Dei

Detaljer

Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule

Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule 10. september var Anne Brit og Mari frå Leikanger kommune på besøk hjå 9. trinn på Leikanger ungdomsskule. Tema for samlinga var lokaldemokrati,

Detaljer

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg. JANUAR 2015! Ja, i går vart friluftsåret 2015 erklært for opna og me er alle ved godt mot og har store forhåpningar om eit aktivt år. Det gjeld å ha store tankar og arbeida medvite for å gjennomføra dei.

Detaljer

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN. Nymannsbråtet barnehage MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN. Månadens tema; «Nysgjerrigper» - luft, brann. Månadens song; «Brannmann Sam». Fagområde; «Natur, miljø og teknikk». Veke Tysdag 01.09 Onsdag

Detaljer

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage! Til deg som er student i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» Velkommen til oss! Dette heftet er ei samling av ulik informasjon som me håper kan være grei for deg når du skal vær

Detaljer

KVA MEINER INNBYGGJARANE I BYGDENE NORDDAL OG EIDSDAL OM KOMMUNETILKNYTING FOR FRAMTIDA?

KVA MEINER INNBYGGJARANE I BYGDENE NORDDAL OG EIDSDAL OM KOMMUNETILKNYTING FOR FRAMTIDA? KOMMUNEREFORM KVA MEINER INNBYGGJARANE I BYGDENE NORDDAL OG EIDSDAL OM KOMMUNETILKNYTING FOR FRAMTIDA? Resultat frå spørjegransking mellom innbyggjarane i bygdene 17. januar, 2016 Innbyggjarane i Norddal

Detaljer

Lyngmo-Glytten 22. årgang August 2013 Medlemsblad. Lyngmo-Glytten22. årgang GLYTTEN SOMMAR PÅ LYNGMO, OG SNART ER DET TID FOR HAUSTLEIR!!

Lyngmo-Glytten 22. årgang August 2013 Medlemsblad. Lyngmo-Glytten22. årgang GLYTTEN SOMMAR PÅ LYNGMO, OG SNART ER DET TID FOR HAUSTLEIR!! Lyngmo-Glytten 22. årgang August 2013 Medlemsblad GLYTTEN SOMMAR PÅ LYNGMO, OG SNART ER DET TID FOR HAUSTLEIR!! Side 1 Helsing frå Lyngmo Det er siste tysdag i august og strålande sol ute. Hafslovatnet

Detaljer

5 stk flotte bustadtomter til sals

5 stk flotte bustadtomter til sals Eikefjord sentrum 5 stk flotte bustadtomter til sals Side 1 Fakta om tomtane Eikefjord ligg midt mellom Florø og Førde. Berre 25 minutts køyring til Florø og 30 minutts køyring til Førde Tomtane er sjølveigartomter,

Detaljer

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER AV ALF KJETIL WALGERMO Mitt bankande hjarte. Ungdomsroman. Cappelen Damm, 2011 Mor og far i himmelen. Illustrert barnebok. Cappelen Damm, 2009 Keegan og sjiraffen. Illustrert

Detaljer

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER SONGAR ALLSONG Blott en dag Bred dina vida vingar Deg være ære Eg veit ei hamn Ein fin liten blome Han er oppstanden Han tek ikkje glansen av livet Hjemme

Detaljer

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7 Bønn «Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet: «I ein by var det ein dommar som ikkje hadde ærefrykt for Gud og ikkje tok omsyn til noko menneske.i same byen var det

Detaljer

6. trinn. Veke 24 Navn:

6. trinn. Veke 24 Navn: 6. trinn Veke 24 Navn: Takk for ei fantastisk fin førestilling i går! Det var veldig kjekt å sjå dykk, både på formiddagen og på ettermiddagen. Eg vart veldig stolt! No må vi få rydda opp og pakka litt

Detaljer

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11 På tur med barnehagen Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11 Standarane, teikn på kvalitet. Desse tre standarane er felles for alle barnehagane i Eid kommune. Dei skal vise veg til korleis vi skal få god kvalitet

Detaljer

MARKNADSPLASSEN KONTAKT OSS ABONNEMENT REDAKSJONEN INFO

MARKNADSPLASSEN KONTAKT OSS ABONNEMENT REDAKSJONEN INFO MARKNADSPLASSEN KONTAKT OSS ABONNEMENT REDAKSJONEN INFO http://www.bomlo-nytt.no/ Søk i politikk Søk POLITIKK: Eigar: Bømlo kommune Skriven av: Håvard Hammarstrøm Publisert: 25.02.2008 18:17 Oppdatert:

Detaljer

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst Målet med reportasjen er å setje fokus på praktiske løysingar for oppstalling av frisk kalv, god avdrått og avkastning med mjølkeproduksjon

Detaljer

Kommentar 22.7.2015 frå Naturvernforbundet vedrørande blåsesand i Ulsteinvik

Kommentar 22.7.2015 frå Naturvernforbundet vedrørande blåsesand i Ulsteinvik Kommentar 22.7.2015 frå Naturvernforbundet vedrørande blåsesand i Ulsteinvik (Basert på opplysningane i artikkelen nedanfor.) Brukt blåsesand inneheld komponentar av det som er sandblåst, og er å rekne

Detaljer

post@efremforlag.no / www.efremforlag.no

post@efremforlag.no / www.efremforlag.no tidebøn Efrem Forlag 2009 Rune Richardsen Boka er laga i samarbeid med Svein Arne Myhren (omsetjing) etter mønster av Peter Halldorfs og Per Åkerlunds Tidegärd, Artos 2007. Med løyve. Bibeltekstane er

Detaljer

Forfall skal meldast til telefon 53 48 31 00 eller e-post: post@kvinnherad.kommune.no Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Forfall skal meldast til telefon 53 48 31 00 eller e-post: post@kvinnherad.kommune.no Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale. MØTEINNKALLING Utval Komite for helse, omsorg, miljø Møtedato 04.12.2012 Møtestad Kommunestyresalen, Rådhuset Møtetid 10:00 - Orienteringar: Barnevern Samhandlingsavdelinga Forfall skal meldast til telefon

Detaljer

Turmål 2009 - Vestre Slidre kommune. 1 Bergstjednet (856 moh)

Turmål 2009 - Vestre Slidre kommune. 1 Bergstjednet (856 moh) 1 Bergstjednet (856 moh) Posten er sett opp ved nordenden av Bergstjednet (856 m.o.h.), som er det einaste tjednet på Slidreåsen/Magistadåsen. Parker ved fylkesvegen over Magistadåsen der skogsbilvegen

Detaljer