Per Magnus Hagen, Ola Aune og Idar Lyngstad: Bokmelding

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Per Magnus Hagen, Ola Aune og Idar Lyngstad: Bokmelding"

Transkript

1 Bokmelding Ei perspektivrik bok om skriving Norunn Askeland og Bente Aamotsbakken (red.): Syn for skriving. Læringsressurser og skriving i skolens tekstkulturer. Cappelen Damm s. Boka Syn for skriving. Læringsressurser og skriving i skolens tekstkulturer har bakgrunn i eit forskingsprosjekt som var finansiert av programmet UTDANNING2020 i Forskingsrådet frå 2010 til I prosjektet har forskarane studert korleis ulike læringsressursar blir brukte av elevar og studentar, og kva denne bruken har å seie for vellykka skriving. Materialet, som er observasjonar og intervju, er henta frå elevar i vidaregåande skole, både yrkesførebuande program (design og handverk og teknikk og industriell produksjon) og studiespesialiserande program (norsk, engelsk og fysikk) og frå studentar på norskdidaktikk og fysikkdidaktikk i lærarutdanninga ved universitetet. Også lærarar er intervjua. Boka inneheld tolv kapittel og er delt inn i tre delar: «Læringsressurser og skriving i et teoretisk perspektiv», «Læringsressurser og skriving i videregående skole» og «Læringsressurser og skriving i lærerutdanning». Eg vil peike på dei viktigaste trekka i boka og omtale berre nokre få av kapitla spesielt. Boka plasserer seg i det vide feltet som blir kalla literacy, eit omgrep som vi strevar med å finne norske termar for. «Skriftspråkleg kompetanse» eller «skriftkyndigheit» har vorte lansert som norske alternativ. Literacy viser til aktivitetar vi går inn i der vi skaper meining i og med tekstar ved hjelp av skrift. Tekstar inneber her eit utvida tekstomgrep som inkluderer til dømes bilete, digitale tekstar og også munnleg bruk av språket. Eit grunnsyn i boka er at læring av fag, fagspråk og fagsjangrar går hand i hand. Dermed vil også fagtekstane bli ulike alt etter kva fagtradisjonar dei er skrivne innanfor. Læringsressursar kan vere eit uklårt omgrep for mange. I boka blir det brukt i ei tyding som legg vekt på den rolla tekstar og språk har for læring. Dermed blir språk, tekstmønster, sjangrar og omgrepa i faga viktige læringsressursar. For å illustrere kor omfattande omgrepet er, reknar eg opp nokre av dei læringsressursane som er registrerte i prosjektet: dataprogram, moteblad, mønster, mobiltelefon, plansjar, arbeidsteikningar, refleksjonsloggar og eigenvurderingar, ordbøker, sensorrettleiingar, eksamen, tilbakemeldingar frå læraren. I boka er skriving framstilt som den viktigaste læringsressursen. Skriving er ein av dei fem grunnleggjande dugleikane i den gjeldande læreplanen og heng tett saman med lesing og munnleg bruk av språket. Bidragsytarane i boka har bygd inn refleksjonar og idear om korleis ein kan arbeide med å gi elevar best mogeleg skrivekompetanse. I så 79

2 FoU i praksis nr måte kombinerer boka både teoretiske og praktiske tilnærmingar til skriving. Funn i prosjektet viser at bruken av læringsressursar har gjennomgått ei radikal forandring etter at digitale medium for alvor er tatt i bruk både i vidaregåande skole og på universitetet. Elevar på yrkesførebuande program brukar meir varierte læringsressursar enn elevar på studiespesialiserande program, men elevar frå begge programma peikar på læraren som den viktigaste læringsressursen. Vidare kjem det klårt fram at tekstkulturane i dei ulike faga er styrande for kva som blir skrive, og korleis det blir skrive. Kunnskap om tekstkulturen i faget er ein føresetnad for vellykka skriving utan omsyn til fag eller nivå i utdanningssystemet. Humanistiske fag som norsk og engelsk tilbyr eit stort sjangermangfald, medan eit realfag som fysikk gir færre sjangrar å velje i. Det same gjeld faget teknikk og industriell produksjon, medan faget design og handverk opnar for kreativitet og sjølvstendige løysingar, samstundes som sjangerutvalet er avgrensa. Boka bygger på ei forståing av skriving som læringsressurs som er inspirert av L.S. Vygotsky. I kapitlet «Skriving som læringsressurs sett i lys av Vygotskys teorier» presenterer Line Wittek og Erling Lars Dale (som rakk å vere med å ferdigstille teksten før han døydde) ein litteraturstudie av to av dei viktigaste bøkene til Vygotsky, Mind in Society (1978) og Thought and Language (1986). Forskarane rettar blikket mot skriving som læringsressurs og korleis skriving kan støtte opp om læringsprosessar. Dei tar opp sentrale vygotskianske tema som mediering, der språket er det viktigaste av alle medierande middel, spontane og vitskaplege omgrep, samanhengen mellom språk og tanke, medviten refleksjon, skriftleg tale, kreativ utforsking og språkutvikling hos barn. Dette gjer dei både ved å presentere temaa innanfor ei teoretisk forståingsramme og ved å konkretisere dei ved hjelp av eksempel. Slik er teksten eit godt eksempel på kombinasjonen av teori og praksis, der det eine aspektet kastar lys over og utfyller det andre. Kapitlet er dessutan framstilt i eit språk og i ei form som viser at forfattarane både er pedagogar av yrke og pedagogiske i si tilnærming til stoff og lesarar. Ei framstilling av Vygotsky sine teoriar knytt til skriving slik vi finn det i dette kapitlet, er eit kjærkome bidrag både til litteratur om Vygotsky, til litteratur om skriving og til litteratur om læring. Dessverre er litteraturlista inkonsekvent og unøyaktig. Eit sentralt omgrep i nyare teoriar om literacy er tekstkultur, som er temaet i kapitlet «Tekstkulturer» av Norunn Askeland og Eva Maagerø. Å lære eit fag inneber å lære språket i faget. Det er ikkje nok å ha kunnskap, ein må også vite korleis kunnskapen skal uttrykkjast, til dømes i skrift. Tekstar er kulturelle uttrykk, og tekstane i faget utgjer fagets tekstkultur. Innanfor tekstkulturen er det utvikla visse normer som gir tekstane verdi i kulturen. Dette inneber at det til tekstkulturar er knytt makt, til dømes innanfor religion og jus. I skolen representerer eksamenssjangrar makt innan- 80

3 for den enkelte tekstkulturen. Elevane blir vurderte gjennom tekstar i alle fag, både munnlege og skriftlege. Faga sin tekstkultur ligg i vurderingane, stundom er den eksplisitt formulert, oftare ligg den implisitt som taus kunnskap. Frå tekstar i skolefaga går det linjer til tekstar i vitskapsfaga. Slik blir møtet med tekstar i skolefaga også eit møte med den tekstkulturen som vitskapsfaga representerer. Kjente eksempel på ulike tekstkulturar er naturvitskap og humanistiske fag. I naturvitskapane er ein opptatt av å byggje opp ei felles forståing av fenomen med presise definisjonar og mest mogeleg eintydig språk, ofte gjennom formlar, slik at det blir minst mogeleg individuelt tolkingsrom. Som døme kan nemnast fotosyntese. I humanvitskapane kan ein opne for ulike tolkingsmogelegheiter og vise til ulike forklaringsmodellar, dessutan vil ein ofte markere kva perspektiv ein ser temaet frå. Eksempel her er årsaker til krig. Innanfor desse to hovudgruppene finst det mange variantar av ulike tekstkulturar. Dagrun Skjelbred bidrar med eit kapittel om ulike tekstkulturar i skolen, mellom anna med utgangspunkt i beskrivingane av grunnleggjande dugleikar i læreplanane for enkelte fag. Formuleringane i norskfaget er dei vidaste og mest vage, og dei er lite fagspesifikke. Naturfag og fysikk har meir fagspesifikke formuleringar med mellom anna eksperiment, ekskursjonar og feltarbeid og bestemte sjangrar. Enda meir konkrete er formuleringane i yrkesførebuande studieprogram, til dømes i faget teknikk og industriell produksjon. Her finst fagspesifikke sjangrar som måleresultat, risikovurderingar og avviksrapportar, som alle krev eit presist språk. Skjelbred summerer opp ein del av resultata frå forskingsprosjektet med å konkludere at elevar skal skrive i mange ulike sjangrar, og at dei møter ulike krav og tekstnormer i ulike fag. Dei skriv rapportar i fleire fag, men krava til rapportane er truleg ulike i dei ulike faga, i tråd med tekstkulturen i faget. Særleg er situasjonen i yrkesførebuande fag samansett: Elevane skal lære å skrive i samsvar med tekstkulturen i skolefaget, men samtidig skal dei førebuast til å møte den tekstkulturen som dei skal bli ein del av i seinare yrkesutøving. Vidare inneheld boka kapittel om skriving og læringsressursar i programfaget design og handverk på yrkesfagleg studieretning, kapittel om skriving og læringsressursar på yrkesførebuande fag i vidaregåande skole, faget teknikk og industriell produksjon, kapittel om fordjupingsoppgåva i norsk på studiespesialiserande utdanningsprogram, kapittel om skriving i engelsk fellesfag på Vg1, eit kapittel som spør «Hva gjør de gode skriverne i fysikk i videregående skole?» og dessutan ein svensk artikkel om elevars design av representasjonar i prosjektarbeid i gymnaset. I tillegg til å ta for seg skriving i vidaregåande skole ser forskarane også på skriving i lærarutdanninga i to typiske skolefag, norsk og fysikk. I fysikk har dei konsentrert seg om tre tilhøve som gjeld læringsressursar i fysikkdidaktikk: læraren sin bruk av læringsressursar i øktene som vart observerte, studentane sine vurderingar av læreverk og eit utval gode student- 81

4 FoU i praksis nr tekstar. Skriveoppgåver ser ut til å vere eit viktig medierande middel i undervisninga i fysikkdidaktikk for det første fordi dei vitskaplege omgrepa står sentralt i skriveprosessen, for det andre fordi fleire av skriveoppgåvene føreset at studentane byggjer bru mellom spontane og vitskaplege omgrep. For det tredje fordi oppgåvene gir rom for personleg utforsking av forholdet mellom teori og praksis og av eiga rolle som lærar. Eit spørsmål som blir tatt opp i kapitlet om norskfaget i lærarutdanninga, er i kor stor grad studentane meiner faget gir rom til å utvikle identitet og ei personleg stemme i skriving. Dette temaet er dei siste åra blitt tatt opp i fleire publikasjonar om skriving i norskfaget. Tre aspekt er med på å danne elevane eller studentane sin identitet som skrivarar: Det første er «det sjølvbiografiske sjølv», som omfattar det ein har opplevd i livet, erfaringar, verdiar osv. Det andre er «sjølvet i teksten», mellom anna inntrykket som skrivaren medvite eller umedvite gir av seg sjølv i ein tekst. Det tredje er det «autoritative sjølv», som handlar om kor autoritativ skrivaren står fram i teksten, med til dømes eigne meiningar og haldningar. I kapitlet analyserer forskarane studenttekstar ut frå dei tre aspekta. Dei diskuterer òg faste mønster som læringsstøtte i skriveundervisninga, eit fenomen som er aktuelt ettersom faste skrivemønster er på veg inn i skolen i form av tankekart, styrkenotatar, femavsnittmetoden osv., støtta av læreplanverket og ei formalisert sjangeropplæring. Eg skal summere opp litt av det boka bidrar med: Gjennom dei faga som er valte ut, har forskarane fått tydeleg fram noko av variasjonen i fagtekstar og samanhengen mellom fag, språk og fagsjangrar. Skriving i yrkesfag er eit uutforska felt, innslaga frå denne delen av vidaregåande skole inviterer lesaren inn i nye og spennande rom. Bidraga frå design og handverk og frå teknikk og industriell produksjon er også eksempel både på eit utvida tekstomgrep, på samansette tekstar og på breidda i læringsressursar. Eit anna trekk ved boka er det ein kan kalle lengdesnittet, ved at forskarane her inkluderer to fag i lærarutdanninga som dei også studerer i vidaregåande skole. Vi har lite forsking med dette perspektivet. Endeleg bidrar boka til auka medvit om kor sentralt språk og sjangrar er i tileigning og formidling av fag. Boka inneheld mange døme på gode fagartiklar. Slik blir den ei rik kjelde for studentar og fagforfattarar som er på leiting etter førebile for korleis ein skriv gode fagtekstar ut frå ulike perspektiv. Dei to siste kapitla i boka, «Alt står i boka» av Bente Aamotsbakken og Line Wittek, og «Selvstendighet eller buktaling» av Norunn Askeland og Line Wittek kan stå som døme på gode forskingsartiklar som er baserte på empiri, tolking av empiri, samanknyting av empiri og teori, ein god struktur og forfattaren si evne til å leie lesaren gjennom teksten. For ordens skyld: Kvaliteten er vurdert i lys av den tekstkulturen ein kan plassere boka i, didaktisk og fagdidaktisk litteratur. 82

5 Når eg legg frå meg boka, sit eg med eit spørsmål: Boka dokumenterer ein tett samanheng mellom fag, kunnskapen i faget og måten denne kunnskapen blir framstilt på i ulike tekstkulturar. Dermed melder spørsmålet om overføringsverdi seg. I kor stor grad kan ein overføre språk- og tekstkunnskap frå eitt fagområde til eit anna? Vil kompetanse i å skrive tekstar i litterær analyse kunne overførast til skriving av fysikkrapportar? Vil Sandra, som går på design og handverk, skriv levande og lagar avanserte arbeidsteikningar om korleis ho skal lage ein kimono, eventuelt kunne bruke noko av denne kunnskapen og dugleiken i faget teknikk og industriell produksjon? Kanskje bidragsytarane i boka kan hjelpe med svar? I alle fall er fleire bøker og artiklar frå desse forskarane svært velkomne. Torlaug Løkensgard Hoel 83

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn Jobbskygging side 1 Jobbskygging Innhald Handverk, industri og primærnæring Omgrepa handverk, industri og primærnæring. Kva betyr omgrepa? Lokalt næringsliv etter 1945 Korleis har lokalt næringsliv utvikla

Detaljer

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen Denne eksamensrettleiinga gir informasjon om sentralt gitt eksamen, og korleis denne eksamen skal vurderast. Rettleiinga skal vere kjend for elever,

Detaljer

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2 Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2 Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 28. mai 2015 etter delegasjon i brev 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet

Detaljer

Frå novelle til teikneserie

Frå novelle til teikneserie Frå novelle til teikneserie Å arbeide umarkert med nynorsk som sidemål Undervisningsopplegget Mykje av inspirasjonen til arbeidet med novella, er henta frå i praksis: nynorsk sidemål i grunnskule 1 (2008).

Detaljer

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal Sentralt gitt eksamen NOR0214, NOR0215 og NOR1415, 10. årstrinn Våren 2015 Åndalsnes 29.06.15 Anne Mette Korneliussen

Detaljer

Last ned Skrive for nåtid og framtid 2 Last ned ISBN: Antall sider: Format: Filstørrelse:

Last ned Skrive for nåtid og framtid 2 Last ned ISBN: Antall sider: Format: Filstørrelse: Last ned Skrive for nåtid og framtid 2 Last ned ISBN: 9788251922401 Antall sider: 221 Format: PDF Filstørrelse:27.45 Mb I oktober 2006 arrangerte skriveforskingsmiljøet i Trondheim to nordiske konferansar.

Detaljer

Læreplan i medie- og informasjonskunnskap - programfag i studiespesialiserende utdanningsprogram

Læreplan i medie- og informasjonskunnskap - programfag i studiespesialiserende utdanningsprogram Læreplan i medie- og informasjonskunnskap - programfag i studiespesialiserende utdanningsprogram Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 5. april 2006 etter delegasjon i brev 26. september 2005

Detaljer

Studieplan 2009/2010

Studieplan 2009/2010 Studieplan 2009/2010 Norsk 2 Studiepoeng: Arbeidsmengde i studiepoeng er: 30. Opptakskrav fritekst Norsk 2 Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester S1(H) 2NO224-2 Norsk 2 - Litterær

Detaljer

HØYRING - JUSTERING AV LÆREPLAN I NATURFAG OG MATEMATIKK

HØYRING - JUSTERING AV LÆREPLAN I NATURFAG OG MATEMATIKK HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201210112-3 Arkivnr. 520 Saksh. Sandvik, Tor Ivar Sagen Saksgang Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato 12.02.2013 20.02.2013-21.02.2013

Detaljer

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB. Emnekode Emnenamn Engelsk emnenamn Studiepoeng 15 Undervisningssemester Undervisningsspråk Studienivå Krav til studierett Mål og innhald Læringsutbyte/resultat Kunnskap Grunnkompetanse ITAL111 Italiensk

Detaljer

Vurderingsrettleiing 2011

Vurderingsrettleiing 2011 Vurderingsrettleiing 2011 ENG0012 Engelsk 10.trinn Til sentralt gitt skriftleg eksamen Nynorsk Vurderingsrettleiing til sentralt gitt skriftleg eksamen 2011 Denne vurderingsrettleiinga gir informasjon

Detaljer

Studieplan 2008/2009

Studieplan 2008/2009 Studieplan 2008/2009 Studiepoeng: Studiets varighet, omfang og nivå Undervisninga går over 12 veker i høstsemesteret, og tolv veker i vårsemesteret.studiet gir 30 studiepoeng Forkunnskapar Studiet krev

Detaljer

NORSKLÆRAR? lese, skrive, tenkje, fortelje

NORSKLÆRAR? lese, skrive, tenkje, fortelje NORSKLÆRAR? lese, skrive, tenkje, fortelje NORSKFAGET FOR STUDENTAR OG ELEVAR Norskfaget i grunnskolelærarutdanninga handlar om identitet, kultur, danning og tilhøvet vårt til samtid og fortid. Faget skal

Detaljer

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet Samtaleguide om lesing Innleiing Samtaleguiden er meint som ei støtte for opne samtalar mellom lærar, elev og foreldre. Merksemda blir retta mot lesevanar, lesaridentitet

Detaljer

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2 Læreplankode: AKT2-01 Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2 Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 11. januar 2007 etter delegasjon i brev 26. september 2005 frå Utdannings-

Detaljer

FORDJUPINGSEINING I NORSK (10 vekttal)

FORDJUPINGSEINING I NORSK (10 vekttal) RAMMEPLAN FOR FORDJUPINGSEINING I NORSK (10 vekttal) FØRSKOLELÆRARUTDANNINGA Godkjend av Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet 3. mars 1997 1 RAMMEPLAN FOR FORDJUPINGSEINING I NORSK I FØRSKOLELÆRARUTDANNINGA

Detaljer

Fagfornyelsen - andre runde innspill til kjernelementer i skolefagene

Fagfornyelsen - andre runde innspill til kjernelementer i skolefagene Fagfornyelsen - andre runde innspill til kjernelementer i skolefagene Uttalelse - Utdanningsforbundet Status: Innsendt av: Innsenders e-post: Innsendt til Utdanningsdirektoratet Innsendt og bekreftet av

Detaljer

3.2.4 Døme for vidaregåande opplæring: Religiøs, etnisk og kulturell variasjon

3.2.4 Døme for vidaregåande opplæring: Religiøs, etnisk og kulturell variasjon Uansett om elevane skal svare på den individuelle oppgåva skriftleg eller munnleg, kan læraren og elevane avtale når og korleis det kan vere formålstenleg med tilbakemeldingar. Læraren kan bruke undervegsvurderinga

Detaljer

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering Ditt val! Vidaregåande opplæring 2007 2008 Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering Bygg- og anleggsteknikk Design og handverk Elektrofag Helse- og sosialfag Medium og kommunikasjon Naturbruk

Detaljer

Samansette tekster og Sjanger og stil

Samansette tekster og Sjanger og stil MAPPEOPPGÅVE 5 Samansette tekster og Sjanger og stil Skreve av Kristiane, Renate, Espen og Marthe Glu 5-10, vår 2011 I denne oppgåva skal me først forklare kva ein samansett tekst er, og kvifor samansette

Detaljer

Skulebasert kompetanseutvikling med fokus på lesing

Skulebasert kompetanseutvikling med fokus på lesing Skulebasert kompetanseutvikling med fokus på lesing Kvifor satse på lesing? si rolle i ungdomstrinnsatsinga Praktiske eksempel / erfaringar frå piloteringa Nettresurssar Kva er tilgjengeleg for kven Eksempel

Detaljer

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN 2015 2016. Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN 2015 2016. Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN 2015 2016 Hovudområda i norsk er munnleg kommunikasjon, skriftleg kommunikasjon og språk, litteratur og kultur. Kvart av kompetansemåla er brotne ned i mindre einingar. Vi sett

Detaljer

Vurderingsrettleiing 2011

Vurderingsrettleiing 2011 Vurderingsrettleiing 2011 NOR0214/NOR0215 Norsk hovudmål og norsk sidemål Sentralt gitt skriftleg eksamen Nynorsk Vurderingsrettleiing til sentralt gitt skriftleg eksamen 2011 Denne vurderingsrettleiinga

Detaljer

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Aktivitetsark med oppgåveidear og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginalar DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING

Detaljer

Læreplan i felles programfag i Vg1 helse- og oppvekstfag

Læreplan i felles programfag i Vg1 helse- og oppvekstfag Læreplan i felles programfag i Vg1 helse- og oppvekstfag Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 16. januar 2006 etter delegasjon i brev 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet

Detaljer

Årsplan 10. klasse 2014 2015 Truls Inge Dahl, Edmund Lande, Rune Eide

Årsplan 10. klasse 2014 2015 Truls Inge Dahl, Edmund Lande, Rune Eide SAMFUNNSFAG Årsplan 10. klasse 2014 2015 Truls Inge Dahl, Edmund La, Rune Eide LÆREMIDDEL: Lærebøkene Monitor 3 :Geografi, Historie og Samfunnskunnskap, Kunnskapsbasar på internett, aviser, dokumentarar

Detaljer

Retten til spesialundervisning

Retten til spesialundervisning Retten til spesialundervisning Elevens individuelle rett til spesialundervisning Gunda Kallestad OT/PPT Opplæringslova 5-1, første ledd Elevar som ikkje har, eller som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte

Detaljer

1: Kva er ein teikneserie? Teikneserie som samansett tekst. 2: Arbeid med teikneseriar i norskfaget. Døme frå praksis

1: Kva er ein teikneserie? Teikneserie som samansett tekst. 2: Arbeid med teikneseriar i norskfaget. Døme frå praksis 1: Kva er ein teikneserie? Teikneserie som samansett tekst 2: Arbeid med teikneseriar i norskfaget. Døme frå praksis Dette er ikkje ein teikneserie Kva er ein teikneserie? «sidestillede billedlige og andre

Detaljer

P4: Korleis få til fagleg snakk? Idar Mestad, stipendiat Stein Dankert Kolstø, Professor Universitetet i Bergen

P4: Korleis få til fagleg snakk? Idar Mestad, stipendiat Stein Dankert Kolstø, Professor Universitetet i Bergen P4: Korleis få til fagleg snakk? Idar Mestad, stipendiat Stein Dankert Kolstø, Professor Universitetet i Bergen Utgangspunkt Få elevar til å skrive forklaringar etter å ha gjort eit praktisk arbeid. Kom

Detaljer

Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar 2015

Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar 2015 Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar 2015 ENG1002/ENG1003 Engelsk fellesfag For sentralt gitt skriftleg eksamen Nynorsk Eksamensrettleiing for engelsk fellesfag Eksamensrettleiing til sentralt

Detaljer

LESING OG SKRIVING I YF

LESING OG SKRIVING I YF LESING OG SKRIVING I YF Ressurser i Språkløyper.no Lesesenteret og Skrivesenteret Støle, Berge, Magerøy-Grande & Angvik GOD LESEOPPLÆRING Økt 1 Kva er lesing? Kva kjenneteiknar ein god lesar? Kva kjenneteiknar

Detaljer

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom

Detaljer

Studieplan - Kompetanse i skolen: Begynneropplæring

Studieplan - Kompetanse i skolen: Begynneropplæring Page 1 of 6 SharePoint Nyhetsfeed OneDrive Områder Randi Moen Sund Studieplan - Kompetanse i skolen: Begynneropplæring Rediger 6-3-Gradnavn 6-3-Vertsenhet 3-1-Opprettet 3-Godkjent 2-2-Politiattest 4-1-Rammeplan

Detaljer

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2 Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2 Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 11. januar 2007 etter delegasjon i brev 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet

Detaljer

Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar

Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar 2016 NOR1211 NOR1231 Norsk hovudmål NOR1212 NOR1232 Norsk sidemål NOR1218 NOR1238 Norsk for elevar med samisk/finsk som andrespråk Sentralt gitt skriftleg

Detaljer

Kunnskapsløftet i vidaregåande opplæring Struktur, innhald og fleksibilitet

Kunnskapsløftet i vidaregåande opplæring Struktur, innhald og fleksibilitet Kunnskapsløftet i vidaregåande opplæring Struktur, innhald og fleksibilitet Strukturen i vidaregåande opplæring Studiekompetanse, yrkeskompetanse eller grunnkompetanse Kunnskapsløftet Mål: at alle elevar

Detaljer

Page 1 of 7 Forside Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivast på skolen. Det er frivillig å svare på undersøkinga,

Detaljer

ÅRSPLAN I MATEMATIKK 2. trinn 2014/2015

ÅRSPLAN I MATEMATIKK 2. trinn 2014/2015 ÅRSPLAN I MATEMATIKK 2. trinn 2014/2015 Faglærer: Læreverk: Hege Skogly Grunntall 2a og 2b, Bakke og Bakke Ressursperm og nettsted Grunnleggende ferdigheter i faget (Fra læreplanverket for Kunnskapsløftet,

Detaljer

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse Samarbeid mellom og Miljølære Matpakkematematikk Data frå Miljølære til undervisning Statistikk i 7.klasse Samarbeid mellom og Miljølære Lag riktig diagram Oppgåva går ut på å utarbeide ei grafisk framstilling

Detaljer

Samansette tekstar. Aina, Linn og Silje

Samansette tekstar. Aina, Linn og Silje Samansette tekstar Aina, Linn og Silje Innleiing Vi vil i denne oppgåva først presentere kva ein samansett tekst er og kvifor dei samansette tekstane er eit av hovudområda i norskfaget. Deretter vil vi

Detaljer

Læreplan i geografi - fellesfag i studieførebuande utdanningsprogram

Læreplan i geografi - fellesfag i studieførebuande utdanningsprogram Læreplan i geografi - fellesfag i studieførebuande utdanningsprogram Fastsett som forskrift av Kunnskapsdepartementet 8. mars 2006. Fastsett: 08.03.2006 Gyldig fra 01.08.2006 Føremål Føremålet med geografifaget

Detaljer

Ka vil DU velje? - hjelp til å g jere det rette yrkesvalet

Ka vil DU velje? - hjelp til å g jere det rette yrkesvalet Ka vil DU velje? - hjelp til å g jere det rette yrkesvalet Dei 12 utdanningsprogramma er: Ka vil DU velje? 3 studieførebuande: Musikk, dans og drama Idrettsfag Studiespesialisering Val av utdanning er

Detaljer

Formål og hovedinnhold matematikk Grünerløkka skole

Formål og hovedinnhold matematikk Grünerløkka skole Formål og hovedinnhold matematikk Grünerløkka skole Revidert høst 2016 1 Føremål Matematikk er ein del av den globale kulturarven vår. Mennesket har til alle tider brukt og utvikla matematikk for å systematisere

Detaljer

Tiltaksplan 2009 2012

Tiltaksplan 2009 2012 Tiltaksplan Tiltaksplan for Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa Revidert 2011 Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa Innleiing Grunnlaget for tiltaksplanen for Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa

Detaljer

Vurdering på barnesteget. No gjeld det

Vurdering på barnesteget. No gjeld det Vurdering på barnesteget No gjeld det 2 No gjeld det 1. august 2009 endra ein forskrifta til opplæringslova kapitel 3 Individuell vurdering i grunnskulen og i vidaregåande opplæring. Denne brosjyren gjev

Detaljer

Læreplan i felles programfag i Vg1 restaurant- og matfag

Læreplan i felles programfag i Vg1 restaurant- og matfag Læreplan i felles programfag i Vg1 restaurant- og matfag Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 16. januar 2006 etter delegasjon i brev 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet

Detaljer

Tiltaksplan. nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa

Tiltaksplan. nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa splan nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa TILTAKSPLAN 2009-2012 nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa Volda 2009 Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa TILTAKSPLAN 2009-2012 Innleiing Grunnlaget

Detaljer

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08 Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08 Alternative titlar: Vurderingsarbeid: Arbeid med kvalitet i skolen i spenning mellom

Detaljer

Programområde for helseservicefag - Læreplan i felles programfag Vg2

Programområde for helseservicefag - Læreplan i felles programfag Vg2 Programområde for helseservicefag - Læreplan i felles Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 5. januar 2007 etter delegasjon i brev 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet

Detaljer

Eit lærande utdanningssystem?

Eit lærande utdanningssystem? 07.Mai 2015 Øyvind Glosvik: Eit lærande utdanningssystem? 1 http://www.utdanningsnytt.no/magasin/2015/mysteriet-i-vestsogn-og-fjordane-er-fylket-som-forundrar-forskarane/ Mitt prosjekt: Kva er «annleis»

Detaljer

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013. I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013. I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak; saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 14.08.2013 49823/2013 Sverre Hollen Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013 Anonym retting av prøver våren 2013 Bakgrunn I sak Ud-6/12 om anonym

Detaljer

Matematisk samtale og undersøkingslandskap

Matematisk samtale og undersøkingslandskap Matematisk samtale og undersøkingslandskap En visuell representasjon av de ulike matematiske kompetansene 5-Mar-06 5-Mar-06 2 Tankegang og resonnementskompetanse Tankegang og resonnementskompetansen er

Detaljer

Historie ei ufarleg forteljing? Historiebruk, historieforståing og historiemedvit som tilnærming i historieundervisninga. Ola Svein Stugu 15.10.

Historie ei ufarleg forteljing? Historiebruk, historieforståing og historiemedvit som tilnærming i historieundervisninga. Ola Svein Stugu 15.10. Historie ei ufarleg forteljing? Historiebruk, historieforståing og historiemedvit som tilnærming i historieundervisninga Ola Svein Stugu 15.10.2009 Min tese: Historie er viktig Historia ikkje er nøytral

Detaljer

Studieplan 2016/2017

Studieplan 2016/2017 Norsk 1 (GLU 1-7) Studiepoeng: 30 Studiets nivå og organisering Studieplan 2016/2017 Studiet er eit deltidsstudium som består av to emne, kvar på 15 studiepoeng. Studiet går over 2 semester. Bakgrunn for

Detaljer

Rettleiing til sentralt gitt skriftleg eksamen i yrkesfag 2015

Rettleiing til sentralt gitt skriftleg eksamen i yrkesfag 2015 Rettleiing til sentralt gitt skriftleg eksamen i yrkesfag 2015 For elevar, lærlingar, praksiskandidatar og sensorar Nynorsk Sentralt gitt skriftleg eksamen i yrkesfag 1 2015 Om rettleiinga Denne rettleiinga

Detaljer

Læreplan i geografi - fellesfag i studieførebuande utdanningsprogram

Læreplan i geografi - fellesfag i studieførebuande utdanningsprogram Læreplan i geografi - fellesfag i studieførebuande Fastsett som forskrift av Kunnskapsdepartementet 8. mars 2006. Gjeld frå 01.08.2006 http://www.udir.no/kl06/geo1-01 Føremål Føremålet med geografifaget

Detaljer

Årsplan i samfunnsfag 10.klasse 2015-2016

Årsplan i samfunnsfag 10.klasse 2015-2016 Årsplan i samfunnsfag 10.klasse 2015-2016 Veke Kunnskapsløftet Emne: Læremiddel: Lærebok: Kosmos 10 34-36 -gjere greie for korleis ulike politiske parti fremjar ulike verdiar og interesser, knyte dette

Detaljer

Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar

Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar 2018 SPR3008 Internasjonal engelsk Sentralt gitt skriftleg eksamen Nynorsk SPR3008 Internasjonal engelsk Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt

Detaljer

Programområde for industriell møbelproduksjon - Læreplan i felles programfag Vg2

Programområde for industriell møbelproduksjon - Læreplan i felles programfag Vg2 Programområde for industriell møbelproduksjon - Læreplan i felles programfag Vg2 Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 8. desember 2006 etter delegasjon i brev 26. september 2005 frå Utdannings-

Detaljer

ÅRSPLAN I MATEMATIKK 1. KLASSE BREIVIKBOTN SKOLE 2014-2015. Lærer: Turid Nilsen

ÅRSPLAN I MATEMATIKK 1. KLASSE BREIVIKBOTN SKOLE 2014-2015. Lærer: Turid Nilsen ÅRSPLAN I MATEMATIKK 1. KLASSE BREIVIKBOTN SKOLE 2014-2015 Lærer: Turid Nilsen Matematikkverket består av: Grunntall 1a + 1b Ressursperm Nettsted med oppgaver Grunnleggende ferdigheter Grunnleggjande ferdigheiter

Detaljer

Læreplan i foto og grafikk - valfrie programfag i utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur

Læreplan i foto og grafikk - valfrie programfag i utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur Læreplankode: Læreplan i foto og grafikk - valfrie programfag i utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet. Gjeld frå http://www.udir.no/... Formål

Detaljer

Om læring Frontane i diskusjonar omkring læringsforsking. Ingrid Fossøy Fagdag, 19. september 2008 Høgskulen i Sogn og Fjordane

Om læring Frontane i diskusjonar omkring læringsforsking. Ingrid Fossøy Fagdag, 19. september 2008 Høgskulen i Sogn og Fjordane Om læring Frontane i diskusjonar omkring læringsforsking Ingrid Fossøy Fagdag, 19. september 2008 Høgskulen i Sogn og Fjordane Omgrepet læring Omstridt på byrjinga av det 21. århundret usemje om korleis

Detaljer

ÅRSPLAN I NORSK FOR 5. TRINN 2017/2018 Hovudlæreverk: God i ord. Reflektera over eiga læring. Tekstsamling Språkboka s. 8-25

ÅRSPLAN I NORSK FOR 5. TRINN 2017/2018 Hovudlæreverk: God i ord. Reflektera over eiga læring. Tekstsamling Språkboka s. 8-25 ÅRSPLAN I NORSK FOR 5. TRINN 2017/2018 Hovudlæreverk: God i ord Veke TEMA MÅL (K06) LÆRINGSMÅL INNHALD (Lærebøker..) 34 Forord Motivera for arbeid med Språkboka s. 5-7 faget Verta kjend Inn i teksten s.

Detaljer

Fråsegn om norskfaget og nynorsken

Fråsegn om norskfaget og nynorsken Fråsegn om norskfaget og nynorsken På landsstyremøtet i helga vedtok SV ei rekkje innspel til korleis ein kan styrkje nynorsken både som hovud- og sidemål i arbeidet med ny læreplan i norsk. Denne gjennomgangen

Detaljer

Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar

Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar 2017 Framandspråk Elevar og privatistar Sentralt gitt skriftleg eksamen Nynorsk Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen Denne eksamensrettleiinga

Detaljer

Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar

Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar 2016 Framandspråk Elevar og privatistar Sentralt gitt skriftleg eksamen Nynorsk Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen Denne eksamensrettleiinga

Detaljer

PROGRAMOMRÅDE FOR BLOMSTERDEKORATØR LÆREPLAN I FELLES PROGRAMFAG VG2

PROGRAMOMRÅDE FOR BLOMSTERDEKORATØR LÆREPLAN I FELLES PROGRAMFAG VG2 PROGRAMOMRÅDE FOR BLOMSTERDEKORATØR LÆREPLAN I FELLES PROGRAMFAG VG2 Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 11. januar 2007 etter delegasjon i brev 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet

Detaljer

Årsplan mat og helse 7. trinn

Årsplan mat og helse 7. trinn Gjennomgåande mål til alle emne: Grunnleggjande dugleik Årsplan mat og helse 7. trinn Skuleåret 2015/2016 Å kunne uttrykkje seg munnleg Å kunne uttrykkje seg skriftleg Å kunne lese Å kunne rekne Å kunne

Detaljer

Retningsliner for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune

Retningsliner for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune rundskriv nr. 5/15 Frå: Utdanningsavdelinga Til: Dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal Dei private vidaregåande skolane i Møre og Romsdal Dato: Ref: 29.01.2015 6082/2015/062 - Retningsliner for lokalt

Detaljer

Emne: Norsk 1 (1-7) Kode: Studiepoeng: 30 stp Vedtatt: Vedtatt av avdelingsstyret i møte 25. mai 2010 (asak 20/10)

Emne: Norsk 1 (1-7) Kode: Studiepoeng: 30 stp Vedtatt: Vedtatt av avdelingsstyret i møte 25. mai 2010 (asak 20/10) Emne: Norsk 1 (1-7) Kode: Studiepoeng: 30 stp Vedtatt: Vedtatt av avdelingsstyret i møte 25. mai 2010 (asak 20/10) 1. Innleiing 1.1 Nasjonale retningslinjer 1.2 Norskfaget i lærarutdanninga Norsk er eit

Detaljer

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring No gjeld det No gjeld det 1. august 2009 endra ein forskrifta til opplæringslova kapitel 3 Individuell vurdering i grunnskulen og i vidaregåande

Detaljer

Kompetanseutvikling - 2009/2010 (budsjettåret 2009 - vgo)

Kompetanseutvikling - 2009/2010 (budsjettåret 2009 - vgo) rundskriv nr 5/09 Frå: Utdanningsavdelinga Til: Dei vidaregåande skolane Dato: Ref: 16.03.2009 MR 9146/2009/040 Kompetanseutvikling - 2009/2010 (budsjettåret 2009 - vgo) Fylkesutdanningsdirektøren meiner

Detaljer

Å utforske nynorsk gjennom skjønnlitteratur

Å utforske nynorsk gjennom skjønnlitteratur Å utforske nynorsk gjennom skjønnlitteratur Dette opplegget, som handlar om å kunne jobbe med nynorsk i eit komparativt perspektiv og finne reglar for korleis nynorsk er bygd opp, er blitt til i samarbeid

Detaljer

Årsplan i matematikk 8.trinn, 2014-2015 Faglærere: Lars Skaale Hauge, Hans Tinggård Dillekås og Ina Hernar Lærebok: Nye Mega 8A og 8B

Årsplan i matematikk 8.trinn, 2014-2015 Faglærere: Lars Skaale Hauge, Hans Tinggård Dillekås og Ina Hernar Lærebok: Nye Mega 8A og 8B Årsplan i matematikk 8.trinn, 2014-2015 Faglærere: Lars Skaale Hauge, Hans Tinggård Dillekås og Ina Hernar Lærebok: 8A og 8B Grunnleggende ferdigheter i faget: Munnlege ferdigheiter i matematikk inneber

Detaljer

Nynorskopplæring i/for framtida. Kjell Lars Berge, professor i tekstvitenskap, Universitetet i Oslo k.l.berge@iln.uio.no

Nynorskopplæring i/for framtida. Kjell Lars Berge, professor i tekstvitenskap, Universitetet i Oslo k.l.berge@iln.uio.no Nynorskopplæring i/for framtida Kjell Lars Berge, professor i tekstvitenskap, Universitetet i Oslo k.l.berge@iln.uio.no Tema Nynorskopplæring: kva er det? Stoda: kva er skriveopplæring i dag? Skriving

Detaljer

Programområde for dataelektronikarfaget - læreplan i felles programfag Vg3

Programområde for dataelektronikarfaget - læreplan i felles programfag Vg3 Programområde for dataelektronikarfaget - læreplan i felles Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 14. februar 2008 etter delegasjon i brev av 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet

Detaljer

ÅRSPLAN I MATEMATIKK 2. KLASSE BREIVIKBOTN SKOLE 2013-2014

ÅRSPLAN I MATEMATIKK 2. KLASSE BREIVIKBOTN SKOLE 2013-2014 ÅRSPLAN I MATEMATIKK 2. KLASSE BREIVIKBOTN SKOLE 2013-2014 Lærer: Turid Nilsen Matematikkverket består av: - Ressursperm - Grunntall 2a + 2b - CD-rom Forfattere: Bjørn Bakke og Inger Nygjelten Bakke Grunnleggende

Detaljer

Rettleiande nasjonale kjenneteikn på måloppnåing for standpunktvurdering etter 10. trinn.

Rettleiande nasjonale kjenneteikn på måloppnåing for standpunktvurdering etter 10. trinn. Norsk: kjenneteikn på måloppnåing Rettleiande nasjonale kjenneteikn på måloppnåing for standpunktvurdering etter 10. trinn. ARTIKKEL SIST ENDRET: 01.04.2016 Kva er kjenneteikn på måloppnåing? Kjenneteikn

Detaljer

Læreplan i foto og grafikk - valfrie programfag i utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur

Læreplan i foto og grafikk - valfrie programfag i utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur Læreplan i foto og grafikk - valfrie programfag i utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 12. januar 2016 etter delegasjon i brev 26. september

Detaljer

Høgskolen i Østfold. Studieplan for. Norsk 1. Studiet går over to semester 30 studiepoeng. Godkjent av Dato: Endret av Dato:

Høgskolen i Østfold. Studieplan for. Norsk 1. Studiet går over to semester 30 studiepoeng. Godkjent av Dato: Endret av Dato: Høgskolen i Østfold Studieplan for Norsk 1 Studiet går over to semester 30 studiepoeng Godkjent av Dato: Endret av Dato: Innholdsfortegnelse INNHOLDSFORTEGNELSE... 2 MÅLGRUPPE OG OPPTAKSKRAV... 3 STUDIETS

Detaljer

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås «VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås 1 Forord For å kunne styrkje kvaliteten i undervisninga og vurderinga, må vi vite kva god undervisning og vurdering er. God undervisning og vurdering

Detaljer

Årsplan naturfag 7. trinn

Årsplan naturfag 7. trinn Årsplan naturfag 7. trinn Skuleåret 2015/2016 Gjennomgåande mål til alle emne: Forskarspiren Desse måla vil vere gjennomgåande til alle temaa vi er med dette skuleåret. Nokre mål er skriven inn i planen

Detaljer

Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3

Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3 Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3 Oppgåver til side 130 Oppgåve B Kommenter forholdet mellom omgrep. a) Morfem, leksikalsk morfem, grammatisk morfem, bøyingsmorfem og avleiingsmorfem.

Detaljer

Læreplan i kunst og visuelle verkemiddel felles programfag i utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur

Læreplan i kunst og visuelle verkemiddel felles programfag i utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur Læreplan i kunst og visuelle verkemiddel felles programfag i utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 12. januar 2016 etter delegasjon i brev 26.

Detaljer

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201112362-125 Arkivnr. 522 Saksh. Landro, Adeline Saksgang Møtedato Hordaland fagskulestyre 19.03.2013 SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL

Detaljer

Skriving som grunnleggjande ferdigheit i plan og praksis

Skriving som grunnleggjande ferdigheit i plan og praksis Eit ukjent mål Skriving som grunnleggjande ferdigheit i plan og praksis n av pernille fiskerstrand Ifølgje læreplanverket Kunnskapsløftet skal elevar i norsk grunnskule få skriveopplæring i alle fag. Tidlegare

Detaljer

Årsplan i SAMFUNNSFAG 9.klasse 2014-2015

Årsplan i SAMFUNNSFAG 9.klasse 2014-2015 Årsplan i SAMFUNNSFAG 9.klasse 2014-2015 Utforskaren Hovudområdet grip over i og inn i dei andre hovudområda i faget, og difor skal ein arbeide med kompetansemåla i utforskaren samtidig med at ein arbeider

Detaljer

Neon Studiebok, kapittel 1. - skriva dikt, individuelt tekster i ulike. og saman med andre. sjangere, både. - presentera dikt skjønnlitterære og

Neon Studiebok, kapittel 1. - skriva dikt, individuelt tekster i ulike. og saman med andre. sjangere, både. - presentera dikt skjønnlitterære og ÅRSPLAN i Norsk Skuleåret: 2011/2012 Klasse: 8 Faglærar: Camilla Støen Bakke Læreverk/forlag: Neon 8 Studiebok og Tekstsamling/ Samlaget Kompetansemål LK06 Læringsmål for perioden Periode Innhald Læreverk/læremiddel

Detaljer

Programområde for brønnteknikk - Læreplan i felles programfag Vg2

Programområde for brønnteknikk - Læreplan i felles programfag Vg2 Programområde for brønnteknikk - Læreplan i felles programfag Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 8. februar 2007 etter delegasjon i brev av 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet

Detaljer

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201209189-1 Arkivnr. 522 Saksh. Krüger, Ragnhild Hvoslef Saksgang Yrkesopplæringsnemda Opplærings- og helseutvalet Møtedato 04.12.2012 04.12.2012 PÅBYGG

Detaljer

Programområde for studieførebuande Vg3 innan naturbruk - Læreplan i felles programfag naturforvaltning

Programområde for studieførebuande Vg3 innan naturbruk - Læreplan i felles programfag naturforvaltning Programområde for studieførebuande Vg3 innan naturbruk - Læreplan i felles programfag naturforvaltning Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 8. februar 2008 etter delegasjon i brev 26. september

Detaljer

Psykologisk førstehjelp i skulen

Psykologisk førstehjelp i skulen Psykologisk førstehjelp i skulen Fagnettverk for psykisk helse Sogndal 21. mars 2014 Solrun Samnøy, prosjekt leiar Psykologisk førstehjelp Sjølvhjelpsmateriell laga av Solfrid Raknes Barneversjon og ungdomsversjon

Detaljer

UTDANNINGSVAL NORDBYGDO UNGDOMSSKULE.

UTDANNINGSVAL NORDBYGDO UNGDOMSSKULE. UTDANNINGSVAL NORDBYGDO UNGDOMSSKULE. KOMPETANSEMÅL Etter 10.trinn skal elevane kunna:. Gje ei oversikt over lokalt næringsliv. Klargjera eigne interesser, anlegg og verdiar som føresetnad for sjølvstendige

Detaljer

Halvårsplan, hausten 2011

Halvårsplan, hausten 2011 Halvårsplan, hausten 2011 Skule Straumen skule Rektor e-post Inger Marie Tørresdal imt@tysver.kommune.no Prosjektansvarleg Grete Fjeldheim Vestbø e-post GFVestbo@tysver.kommune.no Skriv kort kva skulen

Detaljer

SENTRALT GITT SKRIFTLEG EKSAMEN FOR ELEVAR VÅREN 2003 OVERSIKT OVER TILLATNE HJELPEMIDDEL I VIDAREGÅANDE OPPLÆRING OG TEKNISK FAGSKOLE

SENTRALT GITT SKRIFTLEG EKSAMEN FOR ELEVAR VÅREN 2003 OVERSIKT OVER TILLATNE HJELPEMIDDEL I VIDAREGÅANDE OPPLÆRING OG TEKNISK FAGSKOLE Rundskriv LS-66-2002 Dato: 30.09.2002 Statens utdanningskontor Utdanningsetaten i fylkeskommunane SENTRALT GITT SKRIFTLEG EKSAMEN FOR ELEVAR VÅREN 2003 OVERSIKT OVER TILLATNE HJELPEMIDDEL I VIDAREGÅANDE

Detaljer

Last ned Skrivedidaktikk - Anne Håland. Last ned. Last ned e-bok ny norsk Skrivedidaktikk Gratis boken Pdf, ibook, Kindle, Txt, Doc, Mobi

Last ned Skrivedidaktikk - Anne Håland. Last ned. Last ned e-bok ny norsk Skrivedidaktikk Gratis boken Pdf, ibook, Kindle, Txt, Doc, Mobi Last ned Skrivedidaktikk - Anne Håland Last ned Forfatter: Anne Håland ISBN: 9788215027111 Antall sider: 214 Format: PDF Filstørrelse:34.62 Mb Korleis kan læraren støtta opp om elevane si skriveutvikling

Detaljer

Last ned Skrivedidaktikk - Anne Håland. Last ned. Last ned e-bok ny norsk Skrivedidaktikk Gratis boken Pdf, ibook, Kindle, Txt, Doc, Mobi

Last ned Skrivedidaktikk - Anne Håland. Last ned. Last ned e-bok ny norsk Skrivedidaktikk Gratis boken Pdf, ibook, Kindle, Txt, Doc, Mobi Last ned Skrivedidaktikk - Anne Håland Last ned Forfatter: Anne Håland ISBN: 9788215027111 Antall sider: 214 Format: PDF Filstørrelse: 11.61 Mb Korleis kan læraren støtta opp om elevane si skriveutvikling

Detaljer

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule Utviklingsplan skuleåret 2015-2016 Varhaug skule Innhald 1 Innleiing 2 Heilskapleg status, læringsresultat og læringsmiljø ved Varhaug skule 2.1 Trendutvikling læringsresultat 2.2 Trendutvikling læringsmiljø

Detaljer

ÅRSPLAN SAMFUNNSFAG, 8.trinn

ÅRSPLAN SAMFUNNSFAG, 8.trinn ÅRSPLAN SAMFUNNSFAG, 8.trinn Grunnleggjande ferdigheiter Grunnleggjande ferdigheiter er integrerte i kompetansemåla, der dei er ein del av og medverkar til å utvikle kompetansen i faget. I samfunnsfag

Detaljer

Språkpakke for Høgskulane i UH-nett Vest spansk

Språkpakke for Høgskulane i UH-nett Vest spansk Språkpakke for Høgskulane i UH-nett Vest spansk Oppbygging av språkpakken, ny versjon: HAUST STP VÅR STP SPLA100H, introduksjonskurs 1 SPLA111 Spansk grammatikk I 10 Ordinært kurs utvida med stp språk

Detaljer