Kulturdagane i Radøy. den grøne øya APRIL

Save this PDF as:
 WORD  PNG  TXT  JPG

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Kulturdagane i Radøy. den grøne øya APRIL"

Transkript

1 Kulturdagane i Radøy 2018 den grøne øya APRIL 1

2 Velkomen til folkelege festdagar! Me har gleda av å senda deg dette programheftet, og eg innbyr deg til å delta på dei mange arrangementa under Kulturdagane april! Kulturdagane løftar fram kreftene i lokalsamfunnet vårt, og eg er imponert over å sjå breidda som du finn i programheftet. Ordet «folkeleg» ramla ned i hovudet mitt då eg las gjennom programmet, for kulturdagane våre dette året speglar spesielt godt breidda av aktivitetar i Radøy. Derfor håpar eg du finn noko for din smak, og for meg er ordet «folkeleg» eit kvalitetsstempel ved Radøy, som det er all grunn til å feira! Velkomen til fest, der me feirar kvarandre, ingenting er vel betre enn dèt? FOTO: RAGNE B. LYSAKER Jon Askeland ordførar TANKETRE Kva tankar har radværingar om kultur, musikk, idrett og litteratur? Sjå etter eit tre, sentralt plassert i kvar av dei fire skulekrinsane i kommunen. På trea finn du svara! KULTURSTOL Sentralt på Manger vil du under kulturdagane finna det som sannsynlegvis er den største stolen i kommunen. Stolen står der som ei påminning til alle om å ta del i og nyta kulturdagane i Radøy! Byggmester for stolen er Aleksander Rikstad frå klubbstyret i Radøy ungdomsklubb. 2

3 FREDAG 20. APRIL Offisiell opning av kulturdagane i Radøy Vestnorsk utvandringssenter, kl Opninga av kulturdagane i Radøy tar deg rett tilbake til dei glade 60-åra på Vestnorsk Utvandringssenter. Radøy Kommune vart grunnlagt i 1964, og i 2018 er siste gongen kulturdagane vert arrangerte i Radøy, før kommunen vert ein del av Alver i Dermed ynskjer me velkomne til 1964, året då Beatles slo igjennom, gutane hadde bryl i håret og jentene hadde høgt hår og strutteskjørt. Me lovar tidsriktige opplevingar, spanande aktivitetar og moro for folk i alle aldrar! Følg med på nettsider, facebook og plakatar for meir informasjon om arrange mentet når det nærmar seg. Arr.: Radøy kommune og Vestnorsk utvandringssenter. 3

4 LAURDAG 21. APRIL Kultur og middag Elevar i Radøy musikk- og kulturskule vert med frivilligsentralen og køyrer ut middag. Ein del av dei eldre som får middag på døra denne dagen, får eit kulturinnslag på kjøpet. Arr: Frivilligsentralen og Musikk- og kultur skulen Ulla Krulle, Sleske Slasken og den store konkurransen familielaurdag i Radøy bibliotek kl Ulla Krulle er den flinkaste i verda til å strikka, og jobbar for julenissen. No er det vår, og Ulla har lite å gjera. Då likar ho å sjå på spørjeprogrammet «Tikk takk» med programleiar Sleske Slasken. Ulla ringer inn til programmet, og får sjans til å vinna mange gullpengar. Men for å delta i finalen, må ho satsa noko, og det har ikkje Ulla. Eller har ho det? Alt er ikkje som det skal vera. Bak konkurransen lurer ein fare, og Ulla får problem! Har ho vorte lurt? Har ho vorte spelegal? Er Sleske Slasken til å stola på? Dei einaste som kan hjelpa Ulla og leia henne ut av knipa, er publikum/borna. Ver med på ei interaktiv forestilling mellom skodespelar og publikum! Etter forestillinga vert det kafé i biblioteket der Aufera sel mat og drikke. 4

5 LAURDAG 21. APRIL Kvernhusa på Villanger frå kl Risnes grendalag inviterer til tur til kvernhusa på Villanger der du får høyra Arne Villanger fortelja om kornmaling i farne tider. Dersom det er nok vatn, vert kvernane starta opp, og du får sjå korleis kvernane fungerer. Kl Arne Villanger fortel om kornmaling i farne tider Kl Kornmaling i notid (dersom det er nok vatn) Kl Grilling (ta med grillmat) Turar til Kvernhusneset og «Jordal-løypa» Svena-Villanger. Radøy på langs i kano/kajakk Ver med på ein fantastisk flott padletur Radøy på langs! Turen startar ved Kolåseidet i sørenden av Hallandsvatnet og går over vatn, gjennom kanalar og små vassdrag før den endar opp i Bøvågen. Turen er litt krevjande, og passar for vaksne og større born i følgje med vaksne. Turen passar for kano og jakt- og fiskekajakk, og for havkajakk om vasstanden er høg. For meir informasjon om turen og på melding, kontakt Elin Madell på tlf Påmeldingsfrist er 18. april. Arr.: Keipane kystlag. Parkering ved kyllinghuset på Villanger (Rossnesvegen 403). Følg Rossnesvegen til fots kring 500 meter nordover til du ser skilt mot Kvernhusneset. Derifrå er det om lag 400 meter i lett terreng ut til kvernane. Ta turen ut til oss, me har plass til mange i risneskrinsen! 5

6 SØNDAG 22. APRIL Open motorsamling med besøk av tempoklubben Radøyvegen 448, kl Radøy motorsamling held ope, og Guttorm Storheim viser fram den store samlinga med over 200 ulike motorar som har vore brukte i vårt distrikt. Dei aller fleste motorane er sette i stand, og ein del av desse motorane vil verta starta opp denne dagen. Samlinga inneheld også traktorar og jordbruksmaskiner. Denne dagen vert også Nordhordland tempoklubb med. Dei viser fram norskproduserte veteranmotorsyklar og -mopedar av merket Tempo. Det vert servert kaffi og vaflar. Gratis inngang. 6

7 SØNDAG 22. APRIL Velkomen til gards Nøtlevågen 140 (Vaktskjold), kl Jan Gunnar Vaktskjold inviterer alle interesserte på besøk på garden på Vaktskjold. På denne tida av året er lemminga i full gang, og her får de helsa på dei små lamma, og kanskje vert det òg lemming medan me er der. Kl : demonstrasjon av saueklipping Kl : demonstrasjon av gjetarhund Marås 4H sel mat og drikke. Arr.: Radøy bondelag. «Norsk på norsk» - show med Hordabø skulemusikklag Skogen Sletta, kl Hordabø skulemusikklag har dei siste åra, i samarbeid med band og dyktige vokalistar, presentert fleire flotte show. No er dei klare med eitt nytt som har fått tittelen «Norsk på norsk». Showmakar og dirigent er Stein Paulsen. Billettpris: kr. 150, born (under 18 år) kr. 50. Born under 4 år er gratis. Billettsal ved inngang. 7

8 MANDAG 23. APRIL Opning av utstilling med bilete av Solfrid Mjøs Rådhuset, kl Solfrid Mjøs har teikna heile livet, og er kjend for ein leiken stil. I denne utstillinga stiller ho ut bilete i ulike teknikkar, alt frå blyantteikningar til illustrasjonar med penn og akvarell, akrylmåling og pastellkritt. Utstillinga vert opna av varaordførar Jostein Borlaug. Utstillinga er tilgjengeleg i opningstida på rådhuset måndag-fredag kl Egner-kveld Biblioteket frå kl Velkomen til biblioteket der du får møta Karius, Baktus, Klatremus, Bestemor skogmus og fleire av Thorbjørn Egner sine mest kjende figurar. Kl : Opning av Prestmarka barnehage si utstilling om Karius og Baktus Kl : Ansiktsmaling Kl : Egner-konsert med Radøy musikk- og kulturskule Ca. kl : Me avsluttar kvelden med feiring av Bamsen sin fødselsdag med bollar, hotdog, saft og kaffi. Arrangementet er eit samarbeid mellom Radøy musikk- og kulturskule, Prest marka barnehage, Radøy ungdomsklubb og Radøy bibliotek. Karius og Baktus-utstillinga kan sjåast i biblioteket sine opningstider onsdag 25. april kl og laurdag 28. april kl

9 MANDAG 23. APRIL Kulturminne i stein Kartveit gjestehus, kl Denne kvelden vil me retta søkjelyset mot bruk av stein i byggverk i Nordhordland. Eva Røyrane har saman med fotograf Oddleiv Apneseth gjeve ut boka «Av stein», som handlar om mellom anna steingardar, vernemurar, steinløer, gardflorar, torvhus og jord kjellarar. Kjerneområdet for denne byggjemåten finn me i Nordhordland. Eva Røyrane vil fortelja om arbeidet med denne boka, som dokumenterer mange av dei fantastiske murverka som framleis finst i landskapet kring oss. Arild Sætre i Kulturverntenesta i Nordhordland vil fortelja om byggjemåtar og bruk av jordkjellarar i Nordhordland og i nordatlantisk område. Kaffi og kaffimat. Inngang kr. 50. FOTO: ODDLEIV APNESETH «Astrid og eg» (lukka arr.) - førestelling for skulane og dei eldste i barnehagane Pippi Langstrømpe, Emil i Lønneberget, Karlson på taket og mange fleire av Astrid Lindgren sine figurar kjenner me alle. Men kor godt kjenner me dama som skapte desse magiske og eventyrlege historiane og figurane som har fenga oss i fleire generasjonar? I denne framsyninga får borna verta kjend med denne fantastiske forfattaren, for Astrid, ho var eit eventyr i seg sjølv! Ved Krabatene teaterkompani. 9

10 TYSDAG 24. APRIL Opning av galleri og salsutstilling Manger bedehus, kl Bjarne Skjold og Elna Bauge stiller ut landskapsmåleri. Elna måler også abstrakte motiv. Rebekka Vågenes og Åshild Ståløy stiller ut akrylmåleri. Det er høve til å kjøpa måleri eller berre koma inn og nyta utstillinga. Utstillinga vert opna kl. 11 av ordførar Jon Askeland. Utstillinga er også open: onsdag 25. og torsdag 26. kl og og fredag kl «Astrid og eg» - lukka arr. for skulane og dei eldste i barnehagane. Meir info. på side 9. Minikonsert storstova på Velferdsenteret, kl Elevar i musikk- og kulturskulen har konsert og litt allsong. 10

11 TYSDAG 24. APRIL Utstilling Bø barnehage: frå husmorbarnehage til i dag kl i det gamle kommunehuset på Bø Bø barnehage har laga utstilling som viser historien til barnehagen frå den starta opp som barnepark av Hordabø husmorlag i 1974 og fram til i dag. Utstillinga viser bilete, tekst og produkt laga av tidlegare barnehageborn og borna som går i barnehagen i dag. Utstillinga er open også onsdag 25. og torsdag 26. kl Magic the gathering turnering Ungdommens hus, kl Turnering med spelet Magic the gathering i ungdomsklubben. Det er gratis å delta og ingen påmelding. Aldersgruppe 8.kl-3.VGS For meir informasjon kontakt Martin Skiftesvik mob: «Frå tekstilkunsten si historie og samtid» - foredrag med Åse Eriksen Radøy bibliotek, kl Åse Eriksen er ein svært anerkjend tekstil kunstnar. Arbeida hennar har vore viste på utstillingar i fleire land, og fleire av dei finst i private og offentlege bygg, og ikkje minst i mange kyrkjebygg. Dei siste åra har ho også arbeidd med å rekonstruera silke stoff basert på fragment som vart funne i Osebergskipet. I dette foredraget vil Åse Eriksen fortelja om tekstilkunsten si historie og samtid med fokus på hennar eige arbeid. Arr.: Nordhordland husflidslag. 11

12 ONSDAG 25. APRIL Vandrekonsertar med musikk- og kulturskulen Radøy ungdomsskule, kl Radøy musikk- og kulturskule inviterer til vandre konsert på Radøy ungdomsskule. Møt opp i utstillingshallen seinast kl og bli med på ei vandring til minikonsertar. De vert følgt av elevar i musikk- og kulturskulen. Konserten er gratis. Galleri og salsutstilling Manger bedehus kl og Meir info på side 10. Kurs i spleising av tau Slippen i Sæbøvågen, kl Keipane kystlag inviterer til kurs der ein lærer å spleisa tau. På kurset vil ein læra å laga ulike produkt som fletta båtmatter og fortøyningstau. Kurset fortset onsdag 2. mai kl til ca Pris: kr Utgifter til materiell kjem i tillegg. Kurset er godkjent av Studieforbundet kultur og håndverk. Påmelding innan 20. april til Evy Dame på tlf FOTO: LING MICHELLE AADAHL Utstilling Bø barnehage: frå husmorbarnehage til i dag kl i det gamle kommunehuset på Bø. Meir info på side 11. Vårkonsert Hordabø kyrkje, kl Manger Old Star Brass og Seim musikklag har vårkonsert i Hordabø kyrkje. Det vert eit flott, variert konsertprogram. Konserten er gratis og det vert servert kvelds i pausen. For dei som ynskjer å gje eit bidrag, vil det verta tatt opp kollekt. Inntekta vert delt mellom Manger Old Star Brass og Hordabø kyrkje. «Blanda drops» med Radøy damekor. Manger kyrkje, kl Radøy damekor presenterer eit variert program! Denne kvelden har dei fått med seg Willam Kay på orgel. 12

13 Torsdag 26. apriltorsdag 26. APRIL Galleri og salsutstilling Manger bedehus kl og Meir info på side 10. Utstilling Bø barnehage: frå husmorbarnehage til i dag kl i det gamle kommunehuset på Bø. Meir info på side 11. Film for eldre kinosalen på rådhuset, kl Elevar på Radøy ungdomsskule inviterer eldre på kino. Før filmen startar vert det enkel servering. Gratis inngang. Arr.: Elevrådet på Radøy ungdomsskule og ungdomskoordinatoren. «Mesternes mester» Radøyhallen, kl Er du Radøy sin «Mesterens mester»? Denne kvelden vert du testa i styrke, kondis, uthaldenheit, presisjon, taktikk og kor god evne du har til å samarbeida med andre. Krav til å delta: Du må vera i alderen år. Du bør vera i god form, fysisk og mentalt. Du må ha med klede til ute- og inneaktivitetar og badetøy. Vinnarane vert premierte. Påmelding til Kasper Brandt på e-post eller tlf innan 24. april. Klovnane Tipp og Topp Matpakken for hjartet Manger kyrkje, kl Tipp og Topp er to klovnar som tullar og tøysar og prøver å trylla! Dei lurar på mykje rart og prøver å finna ut av små og store spørsmål saman med borna i salen. Sæbø barnekor opptrer med dirigent Silje Ellingsen. Passar for barn mellom 4 og 10 år. Pris: kr. 25 (maks kr 100 per familie). Arr.: Radøy sokn. 13

14 FREDAG 27. APRIL «To rom og kjøkken» Broderiutstilling i Gamle prestegarden, kl Broderinemnda i Nordhordland husflidslag stiller ut broderi som er samla inn. Utstillinga inneheld også arbeid av grønlands perler. Utstillinga er også open laur. 28. kl og søn. 29. kl Konsert for godt vaksne Kinosalen på rådhuset, kl Berit Håpoldøy er ein songar som kjem frå Askøy. Ho har drive med musikk heile livet, og livnært seg av song og musikk dei siste seks åra. Berit spelte inn si første demoplate då ho var 17 år og si første soloplate i No arbeider ho i Elholm musikkomsorg og reiser rundt på aldersheimar og institusjonar i Hordaland/Bergensområdet og syng velkjende songar. Billettpris kr. 100,-. Førehandssal av billettar på Frivilligsentralen. Galleri og salsutstilling Manger bedehus kl For meir informasjon, sjå side 10. Frisko med stjerner i sikte! Ungdomshuset Solvang, kl Manger ungdomslag inviterer alle klassingar i Radøy til Frisko med diskotek og stjerner i sikte. Som vanleg på Frisko vert det leikar og dansekonkurranse, og denne gongen får du også høve til å visa fram sangtalentet ditt på scena. Det vert delt ut fine premiar både på dansekonkurransen og sangkonkurransen. Sal av snacks og brus. Inngang kr. 50. Halv pris for TL. 14

15 FREDAG 27. APRIL Konsert med Blues Brazz Manger folkehøgskule, kl BBC «Blues Brazz Collective» - er ein entusiastisk gjeng med rutinerte musikarar frå Nordhordland, med base på Manger. Dei spelar rytmisk musikk der blåsarar er ein viktig ingrediens! Repertoaret består av nokre eigne, samt låtar «lånt» frå artistar innan blues, funk og soul, der eit typisk bluesbandkomp er krydra med ei frisk blåserekke. BBC hadde ein aktiv 2017-sesong. Mellom mange større og mindre oppdrag kan nemnast ein super miniturne på Austlandet på vårparten, med konsertar på Skedsmo Bluesklubb og Vinger Blues og Rock Club, noko som resulterte i mange supre tilbakemeldingar med heim. Eigen kveld på Madam Felle i Bergen i august var også definitivt eit høgdepunkt. Konserten denne kvelden er eit samarbeid mellom BBC og Manger folkehøgskule si lydlinje. Gratis inngang. «Askeladden på nye eventyr» med Absence crew i Radøyhallen (lukka arr.) Denne dagen får alle elevane i grunnskulen på Radøy sjå forestillinga «Askeladden på nye eventyr» i Radøyhallen. Absence crew fortel historia om Askeladden som skulle trollbinda prinsessa på ein imponerande og humoristisk måte. Med improvisasjonsteater, akrobatikk og breaking legg dei i veg på ei ferd mot kongsgården. Absence crew er noregsmeistrar i breaking og turnerer over heile landet med halsbrekkande show og prisløna teaterframsyningar. 15

16 LAURDAG 28. APRIL «To rom og kjøkken» Broderiutstilling i Gamle prestegarden, kl For meir informasjon, sjå side 14. Steinalderdag Straume kai, kl Området ved Fosnstraumen vert gjerne kalla «steinalderlandsbyen ved havet» på grunn av det høge talet på buplassar der. Dette gjer området verdifullt også i nasjonal målestokk. Radøy og Austrheim kommunar og Hordaland fylkeskommune har difor dei siste åra gjort ein innsats for å tilretteleggja stiane og formidla historia til området. Denne dagen ynskjer me heile familien velkomen til steinalderdag ved Fosnstraumen med nyopning av steinalderstiane. Her får de vita meir om korleis steinalderfolk levde og kva for spor me finn etter dei i dag. Kl : Kl : Kl : Opning ved ordførar Jon Askeland på Straume kai. Guida tur til Rapeneset med professor Knut Andreas Bergsvik. Steinalderaktivitetar på Ramsvikneset: lag dine eigne reiskapar av flint bogeskyting på steinaldervis smak på steinaldermat prøv steinalderreiskapar Arr.: Radøy kommune og Radøy sogelag. 16

17 LAURDAG 28. APRIL Dansegalla med Ingemars og Steinar Engelbrektson Duo Hordabøhallen, kl Hordabø idrettslag inviterer til dansegalla i Hordabøhallen med ingen ringare enn Ingemars, Norges beste danseband. Med seg på scena får dei populære Steinar Engelbrektson Duo. Er du interessert i ein livleg kveld for dansefoten, er dette plassen å vera denne laurdagen. Pris kr Billettar til sals på Ticketmaster. Aldersgrense 18 år. 17

18 SØNDAG 29. APRIL Open dag på Radøy ridesenter kl Radøy rideskule inviterer til open dag på ridesenteret på Søndre Solend. Her kan du få prøva å ri på islandshest og helsa på alle dei andre dyra på garden. Oppvisning med rideskuleelevar kl Sal av vaflar og kaffi. «To rom og kjøkken» broderiutstilling i Gamle prestegarden, kl For meir informasjon, sjå side 14. Kultur- og idrettsgalla Radøyhallen, kl Dei siste kulturdagane i Radøy vert avslutta med ein kultur- og idrettsgalla ei feiring av kulturlivet i kommunen! Arr.: Radøy idrettsråd, Radøy musikkråd og Radøy kommune. Sjå baksida for informasjon! 18

19 LAURDAG 21/4 Kultur og middag Elevar i Radøy musikk- og kulturskule vert med frivilligsentralen og køyrer ut middag. Ulla Krulle, Sleske Slasken og den store konkurransen Biblioteket kl. 12 Kvernhusa på Villanger frå kl. 11 Radøy på langs i kano/kajakk SØNDAG 22/4 Motorsamling med besøk av tempoklubben Radøyvegen 448, kl Velkomen til gards Nøtlevågen 140 kl «Norsk på norsk» - Hordabø skulemusikklag, Skogen Sletta, kl. 16 FREDAG 20/4: Opning av kulturdagane på Utvandringssenteret, kl MANDAG 23/4 TYSDAG 24/4 ONSDAG 25/4 TORSDAG 26/4 FREDAG 27/4 Opning av utstilling med bilete av Solfrid Mjøs Rådhuset, kl. 12 Egner-kveld Biblioteket frå kl Kulturminne i stein Kartveit gjestehus, kl «Astrid og eg» Lukka arr. Opning av galleri og salsutstilling Manger bedehus, kl Astrid og eg Lukka arr. Minikonsert Storstova på Velferdsenteret, kl Frå husmorbarnehage til i dag gamle kommunehuset på Bø kl Magic the gathering Ungdommens hus, kl Frå tekstilkunsten si historie og samtid Biblioteket, kl Karius og Baktusutstilling Biblioteket kl Galleri og salsutstilling Manger bedehus, kl og Frå husmorbarnehage til i dag gamle kommunehuset på Bø kl Vandrekonsertar Radøy ungdomsskule, kl. 17 Spleising av tau Sæbøvågen, kl Vårkonsert Hordabø kyrkje, kl Galleri og salsutstilling Manger bedehus, kl og Frå husmorbarnehage til i dag gamle kommunehuset på Bø kl Film for eldre kinosalen kl. 11 Mesternes mester Radøyhallen, kl Klovnane Tipp og Topp Manger kyrkje, kl Blanda drops Manger kyrkje, kl Galleri og salsutstilling Manger bedehus, kl To rom og kjøkken Gamle prestegarden kl Konsert for godt vaksne Kinosalen, kl. 17. Konsert med Blues Brazz Manger folkehøgskule, kl. 19. Askeladden på nye eventyr Lukka arr. LAURDAG 28/4 Karius og Baktusutstilling Biblioteket kl To rom og kjøkken Gamle prestegarden kl Steinalderdag Straume kai, kl. 12 Dansegalla Ingemars og Steinar Engelbrektson Duo Hordabøhallen, kl SØNDAG 29/4 To rom og kjøkken Gamle prestegarden kl Open dag på Radøy ridesenter kl Kultur- og idrettsgalla Radøyhallen kl

20 SØNDAG 29. APRIL Kultur- og idrettsgalla RADØYHALLEN, KL Kulturdagane i Radøy vert avslutta med ein kulturog idrettsgalla ei feiring av kulturlivet i kommunen! Konferansierane Anita Lunde og Steffen Vestheim Sævdal leier oss gjennom programmet for kvelden saman med husorkesteret (musikantar frå Hordabø skulemusikklag, Manger skulemusikk lag og Sæbø skulemusikklag med band, leia av Thorgeir Thunestveit). Kulturprisen, idrettsprisen og stipend frå Cato Plettens minnefond vert delt ut. Alle som kjem er med i trekninga av kr 3000,- frå Sparebanken Vest, som i løpet av kvelden skal gjevast vidare til eit valfritt kultur- eller idrettsprosjekt i kommunen. Det vert innslag med mange lokale, dyktige kulturaktørar, som til dømes: FOTO: OLIANDER TAULE FOTO: MAGNUS BRANDSETH FOTO: MIRCO PALAZZI Ulrik Kierulf Haugland har laga musikk og spelt i band i fleire år. Dei siste åra har han gått solo med artistnamnet Kald flamme, men har samarbeidd mellom anna med Makko Makeba og Larsiveli, og med rap-duoen Snow Boyz. Tidlegare i år var han ein av fire finalistar i P3 sin Urørt-finale. Gyda Matland byrja sin musikalske karriere på kornett i Manger skulemusikklag. Ho har seinare spelt i både Manger musikklag, Stavanger Brass Band og frå 2004 i Eikanger Bjørsvik musikklag, der ho spelar flugelhorn. Gyda har vunne fleire solistprisar, og i 2017 vart ho kåra til årets flugelhornist av 4BarsRest. Lydia Hoen Tjore er eit av Noregs mest lovande unge operatalent. Ho vart tatt opp på Det Kongelige Teaters utdanning Operaakademiet som ein av dei yngste studentane nokon gong. Frå hausten er ho tilsett som solistpraktikant ved Den norske opera og ballett. Trass i hennar unge alder er ho allereie ein erfaren og ettertrakta solist. Dørene opnar kl Gratis inngang! Hjarteleg velkomne! TRYKK: GRAFISK HUS LAYOUT: MAI-LISS SYLTA MØN