Såkornet Meldingsblad for SØNDAGSSKOLEN Karmsund-Sunnhordland krins. Les meir om: På skattejakt i bibelen Inspirasjonssamling og slush-kurs

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Såkornet 3-14. Meldingsblad for SØNDAGSSKOLEN Karmsund-Sunnhordland krins. Les meir om: På skattejakt i bibelen Inspirasjonssamling og slush-kurs"

Transkript

1 Meldingsblad for SØNDAGSSKOLEN Karmsund-Sunnhordland krins Nr 3/14/27.årgang Les meir om: På skattejakt i bibelen Inspirasjonssamling og slush-kurs 1

2 «Frem fra glemselen» Då eg vaks opp rulla skillingsviser som «Tullingen» og «I en seng på hospitalet..» i kassettspelaren heime. Kassettane heitte «Frem fra glemselen» og det var Rita Engebretsen og Helge Borglund som song. Serien er Norges mest selde plateserie., med over 1.8 mill selde plater. Kanskje har du høyrt songane du og? Tittelen «Frem fra glemselen» inneber at det er noko me har høyrt eller visst om før, så har me lagt det vekk/ gløymt det før det på eit seinare tidspunkt blir aktuelt igjen. På søndagsskulen møter du og eg mange foreldre som gjekk på søndagsskulen som små, men som så har vore vekke frå kristne samanhengar i mange år. Når dei så får barn og blir foreldre sjølv kjem søndagsskulen «frem fra glemselen» og blir ein stad dei vil oppsøka igjen, med sine barn. Dei kjem som foreldre på søndagsskulen fordi dei eingong var der som barn sjølv. Eg har i ulike samanhengar møtt barn og unge denne hausten, og det som slår meg er kor lite dei veit om bibelen og bibelforteljingane. Korleis blir det då, om nokre år, når dei unge i dag sjølv blir foreldre? Kva har dei å dra «frem fra glemselen?» Paulus skriv i Romarane «Men korleis kan dei kalla på ein som dei ikkje trur på? Og korleis kan dei tru på ein dei ikkje har høyrt om? Og korleis kan dei høyra utan at nokon forkynnar?» Dette året er årstema i SPRELL LEVENDE «På skattejakt i bibelen». La oss håpe og be om at mange finn skattar dette året, skattar for livet! Elisabeth SØNDAGSSKOLEN Karmsund- Sunnhordland krins. Møllergården. Strandgt 196, 5525 Haugesund Tlf karmsund.sunnhordland@sondagsskole.no Søndagsskolekonsulent Elisabeth V Fauskanger, tlf / privat Kontortid , Kretskontor onsdager. nettside: link kretser, link karmsund,sunnhordland. kontonr

3 På skattejakt I bibelen Inga bok har blitt og blir meir lest enn bibelen. Kvar dag i 2600 år har nokon ein eller annan stad i verda lest i bibelen. Sjølv i vårt sekulariserte land les folk bibelen. Bibelen er grunnleggjande tekst for den kristne tru. Bibelen gir eit unikt innsyn i kva folk opp gjennom tidene har tenkt om Gud. Bibelen utfordrar, den treffer oss på punkt der me har behov for å bli utfordra. Bibelen ligg gjerne ikkje på nattbordet eller kjøkenborda lenger, som velbrukte og slitte bruksbøker. Mange barn ser i det hele tatt ikkje mykje til boka. Dei held han sjeldan i hendene sine. Mange vaksne les ofte i han, men gjerne på nett eller mobil. Då er det usynlig for barna kva vi les frå. Korleis skal barna bli glade i bibelen når dei ikkje ser han i bruk? I søndagsskulen vil me hjelpe barna til å forstå at alle dei spenneande fortellingane dei høyrer, dei høyrer saman i ei like spennande bok. Verdas mest selde bok. Ei bok som har forma oss. Kjennskap til bibelen er viktig for å forstå og delta i kulturen me lever i. papyrus pergament Bibelen blei skriven først på papyrus, som er strå. Det er i Egypt ein finn dei eldste funna av skrifter frå bibelen. Det er berre her det har vore tørt nok klima til at skriftene ikkje har blitt øydelagt. 3

4 Etter papyrus byrja ein så bruka pergament, som er skinn. Skinn frå 74 geiter måtte til for å lage NT, ein fekk 4 sider bibel pr. geit. Det blei både store og dyre biblar. Først frå 900 talet e.kr byrja ein skrive på papir laga av tremasse. Munkane satt og skreiv av bibelen for hand. Men då Johan Gutenberg oppdaga boktrykkarkunsten på 1400 talet var den første masseproduserte boka han laga ein bibel. Det skjedde i Sider frå Gutenberg sin bibel. Jødane brukte ruller, dei las bøkene i heilhet, utan vers og kapittel og overskrifter slik me gjer nå. Det var gjerne ein som las mens resten høyrde på. Dei kristne la si elsk på boka, og bibelen som bok har mange fortrinn. Den er lettare å ta med seg, den er billigare fordi ein kan skrive på begge sider, den er raskare å slå opp i, lett å gøyme ved forfølging.. men den har ei ulempe og.. den er rask å lukke. Den koptiske paven Tawados i Egypt seier «Let the bible remain open».. la bibelen liggje open. Da vil den sjølv kalla på deg. For oss på søndagsskulen er bibelen viktig fordi den fortel oss kven den treeinige Gud er den viser oss vegen til tro. Bibelforteljingane har vore og er det sentrale på søndagsskulen. Bibelen er eit heilt lite bibliotek, med bokhyller med til saman 66 ulike bøker med mange ulike forfattarar. Bøkene er skrivne av ulike menneske som levde nær Gud. Bøkene i bibelen er skrivne over ein periode på 1000 år. Bibelen er eit skattekammer med ulike tekster med poesi, med historie, med brev, med evangelium, med ordspråk og mykje meir. Så dra på skattejakt i bibelen dette året og syng årstemasongen: Bli med inn i bibelen i dag. 4

5 Søndagsskulestart Det blir fortalt om to munkar som fekk kvart sitt oliventre dei skulle passa på. Dei to munkane tok trea med seg og starta på arbeidet. Den eine munken såg at treet var tørt, og bad om regn. Og regnet kom og vatna oliventreet. Det blei for mykje vatn, treet døydde nesten av fukt, så munken bad om sol. Og sola kom og tørka oliventreet så det nesten visna. Munken bad om regn att, og regnet kom. Han bad om vind og sol.. Oliventreet veksla mellom for mykje vatn og for mykje sol og varme. Det vaks lite, og trivdest ikkje. Ein dag besøkte så denne munken den andre munken, og såg oliventreet hans stå så flott med grøne, friske blad. Munken spurte «Kva har du gjort med treet ditt, sidan det ser så fint ut?» «Ikkje noko spesielt, sa den andre munken, «eg berre bad Gud sørgje for nok varme og nok vatn til oliventreet, han som veit best kva treet treng». Nysæter søndagsskule på Stord. Det er ein ny haust i søndagsskulane. Mange leiarar og hjelpeleiarar skal planlegga og legga til rette for mange hundre søndagsskulesamlingar i krinsen vår. La oss alle, som den eine kloke munken be Gud om hjelp til det han ser me treng. Han kjenner kvar og ein av oss, veit kva me treng og har lova å vere med oss kvar einaste dag. 5

6 Glimt frå haustens inspirasjonssamling Hausten er oppstartstid for søndagsskulane og som ei hjelp tilbyr søndagsskulekrinsen 6 inspirasjonssamlingar rundt omkring i krinsen. I år var det inspirasjonssamlingar på Husnes, Ådland, Gilje, Horneland, Austreimsbygda og i Aksdal. Mange leiarar nyttar seg av dette tilbodet og får god hjelp til haustens tema i SPRELL LEVENDE i sin søndagsskule. Tilbakemeldingane er gode etter desse samlingane både fordi det blir lettare å planlegga hausten i søndagsskulen og fordi det er sosialt, ein treff andre søndagsskuleleiarar og kan utveksla tankar og idear. Som de ser er desse samlingane praktisk lagt opp, med mykje konkret frå SPRELL LEVENDE. 6

7 SLUSH kurs i Aksdal kyrkje. SLUSH- kurs er søndagsskulen sitt hjelpeleiarkurs. Det inneheldt sjølvsagt SLUSH, men og mykje meir enn det!! Hjelpeleiarane er ein stor ressurs i søndagsskulearbeidet! Dei er motiverte, dei vil mykje, dei kan mykje og dei er populære leiarar blant barna. Som vaksenleiarar må me sjå den ressursen hjelpeleiarane er! For ein 5.klassing er det mykje kjekkare å kunne sei at ein er hjelpeleiar på søndagsskulen alternativet er ofte at når barna kjem i den alderen så sluttar dei på søndagsskulen. Får dei derimot gå på SLUSH kurs og vere hjelpeleiarar fortset dei! SLUSH- kurset tek bl.a. opp tema som: - Bibelen/ fakta/ profetiar - Trua vår - Kristen før og nå/ forfølging/ Paulus - SØNDAGSSKOLEN/ SPRELL LEVENDE/ Barnas - Ulike hjelpeleiar oppgåver - Øving og framføring av sjølvvalt tema Denne flotte gjengen har vore på SLUSH- kurs i Aksdal kyrkje i september. Dei kjem frå Vatland søndagsskule, Stegaberg søndagsskole og Aksdal kyrkje. 7

8 Denne Såkornet 3-14 Søndagsskoledagar i Kongeparken september var årets søndagsskoledagar i Kongeparken. Dette var SØNDAGSSKOLEN NORGE sitt jubileumsarrangement i år når me feirar 125 års jubileum. Mange frå vår søndagsskulekrins i tillegg til søndagsskulekonsulent Elisabeth fann vegen til Ålgård denne helga. Dei fekk med seg ei helg med øsande regnver, men og med søndagsskuleshow i teltet, med rebusar og stand for søndagsskulen. Med på showet i teltet var Synne og Ingrid, kjente for mange frå MGP Jr i fjor. Det var stor stas for mange. 8

9 Input-output i Sandnes. Input-output er ei helg i september med kurs, seminar og påfyll for leiarar i det kristne barne og ungdomsarbeidet. Deltakarane kjem bl.a. frå søndagsskular, kyrkjelyder, lutherske org og ulike frimenigheter. Arrangør er Jarle Waldemar. Nokre tankar frå helga: Vi har verdas viktigaste bodskap til verdas viktigaste tilhøyrarar: Jesus til barna. Om ikkje me som kristne leiarar fortel barna sanninga, vil nokon andre gjere det. Vil me t.d. at media skal vere dei som fortel sanninga? Det finnes eit liv som er betre enn det livet media fortel om; det livet er Jesus og eit liv med ein relasjon til Jesus. Som leiarar skal me få gjere som Filip då han møtte den etiopiske hoffmannen. Filip sette seg ved sida av hoffmannen og forklarte og fortalte han om bibelen. 10 punkt for eit levande barnearbeid: 1. Trusopplærande 2. Disippelgjerande 3. Engasjerte leiarar som inspirerer og utfordrar. 4. Relasjonsbyggjande 5. Medansvar og leiartrening for unge 6. Breidde, sjå barnas sosiale, åndelege og fysiske behov 7. Koplet til storfellesskapet. 8. Fremme tru i heimen. 9. Smågrupper med rom for samtale og vennskap 10. Overgang til ungdomsarbeid. Ha ein plan for å gjere overgangen lettare. I år deltok søndagsskulekonsulent Elisabeth saman med Ingunn Fjermedal som har tilsvarande jobb i Rogaland desse dagane. Me hadde stand og fekk snakka med mange om SPRELL LEVENDE denne helga, i tillegg til å promotera søndagsskulen frå scenen. 9

10 SPRELL LEVANDE gudsteneste 31.august fekk Elisabeth vere med på SPRELL LEVANDE gudsteneste i Stord kyrkje. Tema var om då Peter gjekk på vatnet. Takk til gode medhjelparar i rollene som disiplar og prest Eirik Aadland Tappel i rolla som Jesus. 10

11 Store og små nyheiter. I krinsen vår skjer det litt av kvart som Elisabeth og krinsstyret har lyst å informera om. Ny mailadresse det har kome ein N på slutten - SØNDAGSSKOLEN NORGE har fått ny mailadresse. Endringa er ikkje stor, og mailar sendt til gamal adresse kjem fram, men ber dykk lagre inn kretsen si nye mailadresse som er: karmsund.sunnhordland@sondagsskolen.no eller elisabeth.fauskanger@sondagsskolen.no Nytt om Radiosøndagsskulen Radiosøndagsskulen er eit samarbeid mellom søndagsskulekrinsen og Kristen Nærradio Haugaland AS. Radiosøndagsskulen inneheldt bibelforteljing, song, bøn, høgtlesing, vitsar og er eigentlig som ein vanleg søndagsskuletime berre det at me som er på «søndagsskulen» ikkje ser kvarandre. 2 nyheiter i radiosøndagsskulen i haust: 1. Ny sendeplan i haust gjer at programma nå blir sendt på KNH 105,6 søndag kl med reprise søndag kl I tillegg til dette kan ein høyra programma på nettsida radioen.net same klokkeslett. 2. Nytt i haust er og at radiosøndagsskulen blir lagt ut som podcast/ lydfil på radioen.net. Det betyr at du når det passar deg kan gå inn på nettsida og høyra radiosøndagsskuleprogramma. Radiosøndagsskuleprogramma blir sendt via andre kristne nærradiokanalar til store deler av landet. Det er kjekt å få gode tilbakemeldingar frå både store og små lyttarar. Slush-kurs i Uskedalen oktober er det slush-kurs på bedehuset i Uskedalen i Kvinnherad. Me håper mange sprell levande unge søndagsskulehjelparar i Kvinnherad har lyst å bli med på kurs. Tema fredag: bibelen. Tema laurdag fisk/ søndagsskule/ hjelpeleiaroppgåver og SPRELL LEVENDE. Mykje å lære! Mykje gøy! Mykje nyttig! Mykje slush! 11

12 Det har sidan slush-kurset var nytt blitt halde mange slush-kurs i krinsen med mange hundre deltakarar til saman! Nå skal slushkurset reviderast, og søndagsskulekonsulent Elisabeth er med i gruppa som arbeider med dette. Ny lansering neste haust. Såkornet 3-14 Gi & Få kampanje Gi&Få kampanjen: Bli fast gjevar, gje 100 kr i månaden og få eit abonnement på Barnas. Som gjevar er det du som avgjer kven som skal få Barnas bladet. I søndagsskulearbeidet treff me som leiarar mange foreldre, besteforeldre og andre vaksne som har eit hjarte for søndagsskulen. I desse dagar får hovudleiarane i krinsen brev frå krinsstyret med ei utfordring: Bli med og utfordre vaksne de møter som har eit hjarte for søndagsskulen til å bli gjevar i Gi&Få kampanjen! Kampanjen varer ut Snart til utlån frå krinskontoret. På årsmøtet i år vart samtalt om og vedteke at krinsen kunne gå til innkjøp av materiell som skulle komme søndagsskulane i krinsen til gode. Krinsstyret har snakka saman, bestilt og vil etterkvart ha på plass ei «pakke» søndagsskulane kan låna. Krinsstyret håper dette kan bli ei hjelp til søndagsskulen når de skal ha ulike arrangement eller vil ha noko ekstra å tilby på ei samling. Info om når alt er på plass vil koma! Pakken vil bl.a. bestå av: Gulliverdrakt, Pop-corn maskin og fallskjermar i ulike storleiker. 12

13 Inspirasjonssamlingar i januar. Gode tilbakemeldingar frå mange leiarar etter inspirasjonssamlingane på starten av haustsemesteret og spørsmål etter liknande samling i januar gjer at krinsstyret har vedteke at det blir 2-3 inspirasjonssamlingar i januar med tema: vårpakka i SPRELL LEVENDE. Kjem tilbake med stad og dato. Nye søndagsskular i krinsen vår? Går vi nokre år tilbake i tid var det i krinsen vår mange fleire søndagsskular enn dei ca 80 det er nå. Det var nok fleire små søndagsskular før, rundt om på bedehus og i heimar. Talet på barn har nemleg vore ganske stabilt, sjølv om talet på søndagsskular og talet på leiarar har minka. Kvifor talet på søndagsskular har minka kan skuldast fleire ting, men det er i alle fall sikkert at det er mange barn i søndagsskulealder i vår krins som ikkje har eit søndagsskuletilbod nær der dei bur. Kan vi gjere noko med det? Krinsstyret ønskjer fleire medarbeidarar i søndagsskulane og fleire nye søndagsskular! Men i år har det gått trått med innmeldingar av nye søndagsskular i krinsen vår. Kjenner du nokon som kan vere aktuelle som leiarar? Det viser seg at få melder seg som leiarar sjølv folk må spørjast og utfordrast. I år får alle nyinnmeldte søndagsskular 7500,- i oppstartsstøtte. Det er ei god hjelp økonomisk. Krinsstyret spør og utfordrar deg til å tenke på om du: - Veit om ei barnegruppe der du bur som ikkje er innmeldt nokon stad? - Har ikkje kyrkja der du bur søndagsskule når det er gudsteneste? Då er det ein god idè å starta søndagsskule i kyrkja. - Kjenner nokon som kan tenkje seg å starte ein ny søndagsskule/ barnegruppe? - Veit om barnekor som ikkje er innmeldt i ein kristen organisasjon? - Veit om tripp-trapp klubbar eller småbarnstreff som ikkje er innmeldt i ein kristen organisasjon? - Har lyst sjølv til å starta ei barnegruppe? Då er jo SØNDAGSSKOLEN ein plass ein kan melde seg inn og bli ein del av både den store søndagsskulefamilien og ein del av statistikken over kristent barnearbeid i landet vårt! Elisabeth hjelper til ved oppstart, svarar på spørsmål når de lurar på noko og er til god hjelp for nye søndagsskular. 13

14 Himmel over livet Jubileumsbladet til SØNDAGSSKOLEN NORGE gjekk ut til leiarar, gjevarar og andre til saman ! Då kunne folk i heile landet lese om eit lite utval av det mangfaldet som finst blant søndagsskulane i vår krins. Inspirasjonsdag med årsmøte 2015 Det er ei stund til ennå, men krinsstyret har gleda av å invitera deg til inspirasjonsdag i Aksdal kyrkje 21.mars Med oss blir Tor Øyvind Skeiseid. Han bur på Finnøy og er leiar i Ryfylke Livsgnist. Nokon husker han som ei kjent radiostemme frå Lokalen, Andre har kanskje vore med på bedehusreise på Finnøy, og kjenner han derifrå. Tor Øyvind er søndagsskuleleiar, og brenn for søndagsskulearbeidet. Det blir ein dag me håpar skal gje alle eit skikkelig motivasjonskick ei vitamininnsprøyting til kvardag og leiaroppgåvene me står i. Litt frå Søndagsskolekonsulentens kalender framover Jobben som søndagsskolekonsulent er mangfaldig og variert. Her er eit lite glimt av noko av det eg skal vere med på framover: 23.okt kursdag på Forbundskontoret i Oslo okt slush-kurs i Uskedalen 28.okt Tirsdagklubben i Nedstrand nov teamsamling i Trøndelag 10.nov kretsstyremøte 20.nov Torsdagsprell på Gilje 24.nov Mandagstreff på Bråtveit 30.nov Adventsamling på Ådland 5.des Adventsamling på Vatland 6.des Juleverkstad i Vats 14

15 Støttespelarar. Vi takkar føljande firma for støtta til arbeidet i søndagsskolekretsen vår:

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt

Detaljer

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid) Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte

Detaljer

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid Matteus: Tid: Tidleg på 60-talet e.kr. Forfattar: Apostelen Matteus. Adressat: Jødar. Markus: Tid: En gang på 60- talet e.kr. Forfattar: Johannes Markus Adressat: Romarar

Detaljer

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer: Velkomen til Dette heftet tilhøyrer: 1. samling: Kva er Bibelen? Skapinga. Babels tårn Forskaroppgåve 1 På denne samlinga har vi snakka om Bibelen. Det er ei gammal bok som har betydd mykje for mange.

Detaljer

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Alle borna i 1 klasse byrjar å bli trygge i sine nye omgivelser.

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK Minnebok NYNORSK 1 Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. Når vi er triste,

Detaljer

Jon Fosse. For seint. Libretto

Jon Fosse. For seint. Libretto Jon Fosse For seint Libretto Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med takk til Du Wei 2 Ei seng fremst, godt

Detaljer

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7 Den gode gjetaren Lukas 15:1-7 Bakgrunn I denne forteljinga formidlar du noko om kva ei likning er. Difor er delen om gullboksen relativt lang. Det å snakke om dei ulike filtstykka som ligg i boksen, er

Detaljer

Page 1 of 7 Forside Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivast på skolen. Det er frivillig å svare på undersøkinga,

Detaljer

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Samandrag og stikkord om filmen Det er seinsommar i Bergen. Thomas må flytte til gråsonen, ein omplasseringsheim for unge, som av ulike grunnar ikkje har nokon stad

Detaljer

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg. JANUAR 2015! Ja, i går vart friluftsåret 2015 erklært for opna og me er alle ved godt mot og har store forhåpningar om eit aktivt år. Det gjeld å ha store tankar og arbeida medvite for å gjennomføra dei.

Detaljer

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking Bjørn og Rovdyr Innhold Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders rjeundersøking For eller imot bjørn i Jostedalen? Intervju med nokre ikkje-bønder i dalen Intervju med nokre bønder i dalen

Detaljer

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING NYNORSK INNHALD GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING... 2 GRAVFERDSORDNING:... 2 1. MENS VI SAMLAST... 2 2. FELLES SALME... 2 3. INNLEIING VED LEIAR... 2 4. BØN... 2 5. MINNEORD...

Detaljer

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd VISJON I arbeidet for og med dei medarbeidarane i Fjell sokn har vi utarbeida ein visjon: I Fjell sokn vil vi

Detaljer

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv. Særemne 3-100 år med stemmerett I 2013 er det hundre år sidan alle fekk stemmerett i Noreg. På Norsk Folkemuseum arbeider vi i desse dagar med ei utstilling som skal opne i høve jubileet. I 2010 sendte

Detaljer

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» Velkommen til oss i Maurtuå Barnehage. Dette heftet med informasjon håpar me kan være til hjelp for deg når du skal være vikar.

Detaljer

Brødsbrytelsen - Nattverden

Brødsbrytelsen - Nattverden Brødsbrytelsen - Nattverden 1.Kor 11:17-34 17 Men når eg gjev dykk desse påboda, kan eg ikkje rosa at de kjem saman til skade, og ikkje til gagn. 18 For det fyrste høyrer eg at det er usemje mellom dykk

Detaljer

Referat frå Soknerådsmøte 17.oktober 2013

Referat frå Soknerådsmøte 17.oktober 2013 Referat frå Soknerådsmøte 17.oktober 2013 Sokneråd FOK Tilstede: Merknader / Vararepresentant: Jon Lende Leiar av soknerådet Tor Arne Laland Sigve Klakegg Karl Inge Lygre Til stades siste del av møtet

Detaljer

Forord Ein dag stod eg i stova til ein professor. Han drog fleire tjukke bøker ut av dei velfylte bokhyllene sine og viste meg svære avhandlingar; mange tettskrivne, innhaldsmetta, gjennomtenkte, djuptpløyande

Detaljer

for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll

for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll Etablere felles standard innan service og kundehandsaming i Askvoll Guiden tek for seg grunnleggande og enkle reglar - enkelte vil hevde at

Detaljer

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt Ser du det? Hvordan jobbe med trosopplæring og bibelfortellinger med hovedvekt på det visuelle. Vi lever i en mer og mer visuell tid, og dette bør få konsekvenser for hvordan kirken kommuniserer med og

Detaljer

Utviklingsplan 2015-2017 for Ørsta frikyrkje

Utviklingsplan 2015-2017 for Ørsta frikyrkje Utviklingsplan 2015-2017 for Ørsta frikyrkje Visjon: Å gjere Jesus synleg I perioden 2015-2017 skal visjonen synleggjerast gjennom fire utvalde satsingar. Gudstenester, offerdagar, misjonsmesse og andre

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE Alle vaksne i Lyefjell barnehage arbeider for at det enkelte barn opplever at: Du er aktiv og tydelig for meg Du veit at leik og venner er viktige for

Detaljer

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba. LEDDSETNINGAR 1 Gjer setningane om til forteljande leddsetningar. Carmen er kona hans. Luisa går på skule i byen. Leo er tolv år. Ålesund er ein fin by. Huset er raudt. Det snør i dag. Bilen er ny. Arne

Detaljer

Hei alle sjøstjerneforeldre

Hei alle sjøstjerneforeldre Hei alle sjøstjerneforeldre Tida flyg og me er godt i gong med oktober månad. Me har fine dagar på avdelinga og mykje fint haustvær har gjort til at me har vore mykje ute. Me har no jobba jamt og trutt

Detaljer

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd I. SAMLING Klokkeringing Informasjon om gudstenesta i dag. (Evt. Korte kunngjeringar) Informasjonen blir avslutta med: Lat oss vera

Detaljer

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Kvifor kan ikkje alle krølle tunga Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Innhaldsliste: Framside med problemstilling Hypoteser Plan Spørjeskjema Arbeid med prosjektet Kjønn Trening Alder

Detaljer

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går i.

Detaljer

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord Kjære foreldre, føresette, søsken og vener! I 8 månader har de fått rapport etter rapport frå Nordfjordeleven dykkar. Om flotte fjelltoppar. Store bølgjer. Hav

Detaljer

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Oppsummering/ evaluering av mars/april Mål og innhald april I mars har me hatt fokus på språk. Me har hatt språksamlingar saman med Rosa kvar veke, der har me sett på

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

5. Soknerådsmøte 2016 3. mai Referat

5. Soknerådsmøte 2016 3. mai Referat 5. Soknerådsmøte 2016 3. mai Referat Mat: Ingunn AU Arbeidsutvalet for soknerådet. Møter kvar månad ca 1 veke før soknerådsmøtet. Tar unna saker av meir forretningsmessig karakter. SR Soknerådet FR Klepp

Detaljer

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014 Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014 Tema: Utskriving av pasientar frå sjukehus til kommune Samhandling mellom Stord sjukehus

Detaljer

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om : Denne månaden har me blant anna arbeid med «Barn hjelper barn» som ei førebuing til haustfesten vår 3. november, der inntektene vil gå til SOS-barnebyer Bergen. Barna har mellom anna laga epletrykk og

Detaljer

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Månadsbrev for ROSA mars 2015 Månadsbrev for ROSA mars 2015 Oppsummering/ evaluering av mars Mars har vore ein lunefull månad med tanke på veret, men vi gledar oss over mange fine dagar med sol og vårleg varme. Har vore mykje ute og

Detaljer

mmm...med SMAK på timeplanen

mmm...med SMAK på timeplanen mmm...med SMAK på timeplanen Eit undervisningsopplegg for 6. trinn utvikla av Opplysningskontora i landbruket i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet. Smakssansen Grunnsmakane Forsøk 1 Forsøk 2

Detaljer

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Teknikk og konsentrasjon viktigast Teknikk og konsentrasjon viktigast Karoline Helgesen frå Bodø er bare 13 år, men hevdar seg likevel godt i bowling der teknikk og konsentrasjon er viktigare enn rein styrke. Ho var ein av dei yngste finalistane

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2 Nynorsk Opp-ned musene av Roald ahl et var ein gong ein gamal mann på 87 år som heitte Laban. I heile sitt liv hadde han vore ein stille og roleg person.

Detaljer

Kva er økologisk matproduksjon?

Kva er økologisk matproduksjon? Nynorsk Arbeidshefte om økologisk landbruk for elevar i grunnskulen Nynorsk Arbeidsheftet er utarbeidd av og utgjeve av Norsk senter for økologisk landbruk med økonomisk støtte frå Fylkesmannens landbruksavdeling

Detaljer

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA NAMNET Av Jon Fosse Handlinga følger eit ungt par som dreg heim til hennar foreldre. Jenta er høggravid og dei manglar bustad. Det er eit drama om kor vanskeleg det er å forstå kvarandre og om lengselen

Detaljer

Kvifor er dei fleste mobiltelefonar rektangulære?

Kvifor er dei fleste mobiltelefonar rektangulære? Kvifor er dei fleste mobiltelefonar rektangulære? Innlevert av 6. og 7. ved Marvik Skule (Suldal, Rogaland) Årets nysgjerrigper 2015 Det er første gong både lærar og elevar i 6. og 7. ved Marvik skule

Detaljer

Da psbrosjyre ver nov 2007 1 21-01-08 15:03:33

Da psbrosjyre ver nov 2007 1 21-01-08 15:03:33 Da psbrosjyre ver nov 2007 1 21-01-08 15:03:33 Jesus var svært moderne! Den gong tenkte folk flest at barna ikkje var verdfulle. Mange foreldre kjenner at Jesus gjorde det einaste rette. For han såg barna

Detaljer

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Mål: Elevane skal kjenne til utbreiinga av hallingmålet i nærmiljøet. Dei skal vita noko om korleis hallingmålet har utvikla seg

Detaljer

Ordning for dåp Storsamling Nærbø 06.12.10

Ordning for dåp Storsamling Nærbø 06.12.10 Ordning for dåp Storsamling Nærbø 06.12.10 Velkomsthelsing. Leiar: Forsamlinga skal i dag ta imot dette barnet (bruk gjerne namnet). Vi gjer dette med glede og i bevissthet om det ansvaret dette legg på

Detaljer

Metodiske verktøy ved kursleiing

Metodiske verktøy ved kursleiing Metodiske verktøy ved kursleiing Lærings- og Meistringssenter Helse Fonna 30.03.2015 Metodiske verktøy - LMS Helse Fonna 1 Runde Enkel måte å få alle til å delta: Gi ei enkel oppgåve som er mogeleg for

Detaljer

BREV I BIBELEN Av Marit og Preben

BREV I BIBELEN Av Marit og Preben BREV I BIBELEN Av Marit og Preben Brev Tid Forfattar Adressat Romarbrevet 56-57. e. kr. Paulus Romarane 1. Korintarane 55 e. kr. Paulus Korintarane 2. Korintarane 56 e. kr. Paulus Korintarane Galatarane

Detaljer

Opplegg for ei samling i kyrkjerommet, gjerne før utdeling av Skatten i Liljedal av Runar Bang

Opplegg for ei samling i kyrkjerommet, gjerne før utdeling av Skatten i Liljedal av Runar Bang Skattejakt for 8-åringar Opplegg for ei samling i kyrkjerommet, gjerne før utdeling av Skatten i Liljedal av Runar Bang Kort sagt Dette opplegget bygger på boka Skatten i Liljedal der dei tre hovudpersonane

Detaljer

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Birger og bestefar På bytur til Stavanger Birger og bestefar På bytur til Stavanger Små skodespel laga for mellomtrinnet Forfattarar: Ola Skiftun og Sigrun Fister Omarbeidd til skodespel av Stavanger Sjøfartsmuseum Denne dagen var heilt spesiell,

Detaljer

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Tilstade: Personalet, foreldre og Nina Helle. Kva er BTI: Stord kommune er ein av 8 kommunar som deltek i eit prosjekt som skal utarbeide ein modell

Detaljer

Protokoll frå møte Frå kl 19.00 til 22.15 Møtedato: 01.10.14

Protokoll frå møte Frå kl 19.00 til 22.15 Møtedato: 01.10.14 Side 1 av 5 Protokoll frå møte Frå kl 19.00 til 22.15 Møtedato: 01.10.14 Frå saksnummer: 60/ 14 Møtestad: Kyrkjestova på Bore Til saksnummer: 67/ 14 Av soknerådet sine medlemmar/ varamedlemmar møtte Medlemmer

Detaljer

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN Lyngmo - Glytten 23. årgang Januar 2014 Helsing frå Lyngmo Når du mottek Lyngmoglytten denne gangen er det travelt arbeid i gang på kjøkkenet

Detaljer

6. trinn. Veke 24 Navn:

6. trinn. Veke 24 Navn: 6. trinn Veke 24 Navn: Takk for ei fantastisk fin førestilling i går! Det var veldig kjekt å sjå dykk, både på formiddagen og på ettermiddagen. Eg vart veldig stolt! No må vi få rydda opp og pakka litt

Detaljer

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 1 SETNINGSLEDD Verbal (V) Eit verbal fortel kva som skjer i ei setning. Verbalet er alltid laga

Detaljer

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum.

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum. Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum.no Spørjeliste nr. 253 Fadderskap Den som svarar på lista er samd i at svaret

Detaljer

Tema: Vegen, sanninga og livet. Han som veit alt om meg og som er glad i meg - han vil eg fylgje! GLYTTEN

Tema: Vegen, sanninga og livet. Han som veit alt om meg og som er glad i meg - han vil eg fylgje! GLYTTEN Mai 2012 Medlemsblad GLYTTEN...med sommar og sol, og tærne i sanden ønsker me Velkommen til sommarleir 2012!!! Tema: Vegen, sanninga og livet. Han som veit alt om meg og som er glad i meg - han vil eg

Detaljer

APOSTELGJERNINGANE Av Linn og Jonas

APOSTELGJERNINGANE Av Linn og Jonas APOSTELGJERNINGANE Av Linn og Jonas 1,6 Kristi himmelferd: Jesus reiste frå jorda og opp til himmelen. Han skal koma att på same måten som han reiste. 2,1 Anden kjem pinsedagen: Læresveinane vart fylte

Detaljer

Med ønske om ei god adventstid Ei fredfull julehelg og Guds velsignelse over et nytt år.

Med ønske om ei god adventstid Ei fredfull julehelg og Guds velsignelse over et nytt år. Meldingsblad for SØNDAGSSKOLEN Karmsund-Sunnhordland krins Nr 4/14/27.årgang Med ønske om ei god adventstid Ei fredfull julehelg og Guds velsignelse over et nytt år. 1 Ventetid Den som venter på noe godt,

Detaljer

Er Jesus den einaste vegen til frelse?

Er Jesus den einaste vegen til frelse? 1 Er Jesus den einaste vegen til frelse? Innleiing på opningsseminaret på Misjonsveka, MF, 5. Februar 2008 Munntleg form, Anne Anita Lillebø Takk for invitasjonen! Er Jesus den einaste vegen til frelse?

Detaljer

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS BARN OG UNGDOM SINE REAKSJONAR I denne brosjyra finn du nyttige tips for deg som er innlagt, og har barn under 18 år. Når ein i familien vert alvorleg

Detaljer

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol Månen som ville lyse som ei sol (2012) av Elin Grimstad - og bruk av læringsvenn på 1. trinn PRESENTASJON AV BOKA: Kvifor er eg ikkje meir som sola?

Detaljer

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman Olaug Nilssen Få meg på, for faen Roman 2005 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2012 ISBN 978-82-521-8231-6 Om denne boka Ein humorstisk roman om trongen

Detaljer

Lyngmo-Glytten 22. årgang August 2013 Medlemsblad. Lyngmo-Glytten22. årgang GLYTTEN SOMMAR PÅ LYNGMO, OG SNART ER DET TID FOR HAUSTLEIR!!

Lyngmo-Glytten 22. årgang August 2013 Medlemsblad. Lyngmo-Glytten22. årgang GLYTTEN SOMMAR PÅ LYNGMO, OG SNART ER DET TID FOR HAUSTLEIR!! Lyngmo-Glytten 22. årgang August 2013 Medlemsblad GLYTTEN SOMMAR PÅ LYNGMO, OG SNART ER DET TID FOR HAUSTLEIR!! Side 1 Helsing frå Lyngmo Det er siste tysdag i august og strålande sol ute. Hafslovatnet

Detaljer

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009 ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2008/2009 Innleiing Årsmøtet for 2007/08 vart avvikla i grendahuset 20.03.08. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.

Detaljer

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under : Excel som database av Kjell Skjeldestad Sidan ein database i realiteten berre er ei samling tabellar, kan me bruke eit rekneark til å framstille enkle databasar. I Excel er det lagt inn nokre funksjonar

Detaljer

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER AV ALF KJETIL WALGERMO Mitt bankande hjarte. Ungdomsroman. Cappelen Damm, 2011 Mor og far i himmelen. Illustrert barnebok. Cappelen Damm, 2009 Keegan og sjiraffen. Illustrert

Detaljer

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN. Nymannsbråtet barnehage MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN. Månadens tema; «Nysgjerrigper» - luft, brann. Månadens song; «Brannmann Sam». Fagområde; «Natur, miljø og teknikk». Veke Tysdag 01.09 Onsdag

Detaljer

Månadsbrev for Rosa september 2014

Månadsbrev for Rosa september 2014 Månadsbrev for Rosa september 2014 Oppsummering/ evaluering av september Språkutvikling Omsorg Ser at borna no stort sett er trygge både på rutinane, dei andre barna og dei vaksne på avdelinga. Dette fører

Detaljer

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon.

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon. Visitasforedrag i Vik 6. mars 2016 Kjære kyrkjelyd! Takk for flotte dagar her i Vik! Det er ei fantastisk vakker bygd. Og det handlar ikkje berre om naturen. Her har forfedrene dykkar bygd dei vakraste

Detaljer

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge KPI-Notat 4/2006 Når sjøhesten sviktar Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge En notatserie fra Kompetansesenter for pasientinformasjon og pasientopplæring Side 1 Sjøhesten (eller hippocampus)

Detaljer

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn Jobbskygging side 1 Jobbskygging Innhald Handverk, industri og primærnæring Omgrepa handverk, industri og primærnæring. Kva betyr omgrepa? Lokalt næringsliv etter 1945 Korleis har lokalt næringsliv utvikla

Detaljer

Månadsplan for Hare November

Månadsplan for Hare November Månadsplan for Hare November tlf: 51 78 60 20 VEKE MÅNDAG TYSDAG ONSDAG TORSDAG FREDAG 45 Barn, kropp og berøring 2. 3. 4. 5. 6. «barn, kropp og berøring» 46 Barn, kropp og berøring 9. 10. 11. 12. Åsmund

Detaljer

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER SONGAR ALLSONG Blott en dag Bred dina vida vingar Deg være ære Eg veit ei hamn Ein fin liten blome Han er oppstanden Han tek ikkje glansen av livet Hjemme

Detaljer

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER SONGAR ALLSONG Blott en dag Bred dina vida vingar Deg være ære Eg veit ei hamn Ein fin liten blome Han er oppstanden Han tek ikkje glansen av livet Hjemme

Detaljer

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving Berre spør! Undersøking Få svar I behandling På sjukehuset Er du pasient eller pårørande? Det er viktig at du spør dersom noko er uklart. Slik kan du hjelpe til med å redusere risikoen for feil og misforståingar.

Detaljer

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Joakim Hunnes. Bøen. noveller Joakim Hunnes Bøen noveller Preludium Alt er slik det plar vere, kvifor skulle noko vere annleis. Eg sit ved kjøkenvindauget og ser ut. Det snør, det har snødd i dagevis, eg har allereie vore ute og moka.

Detaljer

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode Ved Kari Vik Stuhaug Helsepedagogikk Helse Fonna 5. Mars 2015 09.03.2015 Kari Vik Stuhaug, LMS Helse Fonna 1 Kva gjer du når du får eit problem? Og kva

Detaljer

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa Ungdom i klubb Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa CASE - FORGUBBING SSFK hadde i lengre tid merka ei «forgubbing» i trenar, leiar og dommarstanden i SFFK. Etter fleire rundar

Detaljer

ABC for Barne- og ungdomsleiarar - Praktisk hjelp til betre planlegging og gjennomføring

ABC for Barne- og ungdomsleiarar - Praktisk hjelp til betre planlegging og gjennomføring ABC for Barne- og ungdomsleiarar - Praktisk hjelp til betre planlegging og gjennomføring Innleiing Alle som er, eller har vore, leiar i eit barne- eller ungdomslag veit at det ikkje finns enkle eller lettvinte

Detaljer

Informasjon til elevane

Informasjon til elevane Informasjon til elevane Skulen din er vald ut til å vere med i undersøkinga RESPEKT. Elevar ved fleire skular deltek i undersøkinga, som vert gjennomført av Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger.

Detaljer

Nynorsk Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo Hovudtest Elevspørjeskjema 8. klasse Rettleiing I dette heftet vil du finne spørsmål om deg sjølv. Nokre spørsmål dreier seg

Detaljer

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min DET MØRKNAR SVEVNENS KJÆRLEIK JAMNE BØLGJER EIT FJELL I DAGEN eg står og ser på dei to hjortane og dei to hjortane står og ser på meg lenge står vi slik eg står urørleg hjortane står urørlege ikkje noko

Detaljer

PROTOKOLL FRÅ UNGDOMSTINGET BJØRGVIN BISPEDØME, ST JAKOK KYRKJE, BERGEN 17-19 april 2015:

PROTOKOLL FRÅ UNGDOMSTINGET BJØRGVIN BISPEDØME, ST JAKOK KYRKJE, BERGEN 17-19 april 2015: PROTOKOLL FRÅ UNGDOMSTINGET BJØRGVIN BISPEDØME, ST JAKOK KYRKJE, BERGEN 17-19 april 2015: UT 01/15: Konstituering og godkjenning Val av dirigentar, referentar og tellekorps Dirigentar: Nora Baartvedt og

Detaljer

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje 2015-2017

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje 2015-2017 Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje 2015-2017 Visjon: Vi vil gjere Jesus synleg I perioden 2015-2017 skal visjonen synleggjerast gjennom fire utvalde satsingar. I tillegg vil vi vidareføre gudstenester,

Detaljer

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08 Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08 01.09 02.10 Røyskattene: Jakob 4 år og hausting av urter 35 rom rom Førskulegruppe Mathea 4 år David 5 år!! 36 05.09 06.09 07.09 Gruppe fotografering 08.09

Detaljer

Strategidokument 2016-2018

Strategidokument 2016-2018 Strategidokument 2016-2018 Årsmøtet Varhaug Misjonshus 2015 12. Mars 2015 www.varhaug-misjonshus.no 1. Om Varhaug Misjonshus Varhaug Misjonshus er eit flott anlegg midt i Varhaug sentrum. Misjonshuset

Detaljer

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde Maria Parr Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde Illustrert av Bo Gaustad Det Norske Samlaget Oslo 2005 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av eboknorden 2013 ISBN 978-82-521-8583-6

Detaljer

Kom og bli med på inspirasjons- og motivasjonsdag med årsmøte i Aksdal kyrkje 21.mars

Kom og bli med på inspirasjons- og motivasjonsdag med årsmøte i Aksdal kyrkje 21.mars Meldingsblad for SØNDAGSSKOLEN Karmsund-Sunnhordland krins Nr 1/15/28.årgang Kom og bli med på inspirasjons- og motivasjonsdag med årsmøte i Aksdal kyrkje 21.mars 1 Hvordan kan vi tro på noe som er skrevet

Detaljer

BIBELEN SITT TIDSPERSPEKTIV.

BIBELEN SITT TIDSPERSPEKTIV. BIBELEN SITT TIDSPERSPEKTIV. Hensikten med denne artikkelen er å visa kva Bibelen lærer om kor lenge det er sidan Adam og Eva levde og kva tid me kan forventa Jesu gjenkomst. Dette seier Bibelen: år e.

Detaljer

Fag KRLE 3. trinn 2015 2016

Fag KRLE 3. trinn 2015 2016 Fag KRLE 3. trinn 2015 2016 Tid Emne Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering 35 36 Filosofi og etikk Å leve saman: løgn, mobbing, samvit Sokrates Eg veit kven Sokrates var og nokre av meiningane hans

Detaljer

Tyra Teodora Tronstad og Bjørn Sortland. Det blir pinlig uansett

Tyra Teodora Tronstad og Bjørn Sortland. Det blir pinlig uansett Tyra Teodora Tronstad og Bjørn Sortland Det blir pinlig uansett Om forfatterne: Tyra Teodora Tronstad og Bjørn Sortland kjente ikke hverandre mens de skrev denne boka. De skrev uten å ha snakket sammen,

Detaljer

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Månadsbrev for Rosa oktober 2014 Månadsbrev for Rosa oktober 2014 Oppsummering/ evaluering av september Språkutvikling Leik Då har også oktober passert, og vi merkar at hausten har kome for alvor. Uteaktiviteter har framleis hatt stor

Detaljer

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING Norsk etnologisk gransking Emne nr. 38 Mai 1953 SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING Det har i eldre tid vore ymse seremoniar og festar i samband med husbygginga, og er slik ennå. Vi kjenner tolleg

Detaljer

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage! Til deg som er student i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» Velkommen til oss! Dette heftet er ei samling av ulik informasjon som me håper kan være grei for deg når du skal vær

Detaljer

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere!

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere! SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE Å R G A N G 2 0 1 3 N R. 3 2 5. 1 0. 2 0 1 3 ningslaust å gjere masse arbeid for å få l noko som vi meinar er eit bra opplegg dersom dei vi lagar det for ikkje bryr seg/prioriterar

Detaljer

I dag er starten på resten av K15. www.t-dagen.no. Ei helsing til deg på konfirmasjonsdagen. - dagen. trus pplæringsdagen i Fjell

I dag er starten på resten av K15. www.t-dagen.no. Ei helsing til deg på konfirmasjonsdagen. - dagen. trus pplæringsdagen i Fjell K15 I dag er starten på resten av livet www.t-dagen.no Ei helsing til deg på konfirmasjonsdagen trus pplæringsdagen i Fjell Eg trur på Gud Fader... Velkomen heim! Innimellom kan foreldre vere ei utfordring!

Detaljer

Unner du borna det unike? Runde kystleirskule

Unner du borna det unike? Runde kystleirskule Unner du borna det unike? Runde kystleirskule Runde kystleirskule Stupbratte klipper med yrande liv. Grøne bakkar mot djupblått hav. Eit samfunn omkransa av skumsprøyt. Idyllisk busetnad, men også ei dramatisk

Detaljer

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd. Månadsbrev frå oktober, Grøn avd. Oppsummering/ evaluering av oktober Oktobermånad starta me med eit lite epleprosjekt. Inndelt i grupper, fekk alle barna vere med på tur for å hauste eple og plommer.

Detaljer

FANTASTISK FORTELJING

FANTASTISK FORTELJING FANTASTISK FORTELJING Leiken går ut på at alle som er med, diktar ei fantastisk forteljing. Ein av deltakarane byrjar på ein historie, men stoppar etter ei stund og let nestemann halde fram. Slik går det

Detaljer