Plan for det. psykososiale. skulemiljøet til. elevane

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Plan for det. psykososiale. skulemiljøet til. elevane"

Transkript

1 Plan for det psykososiale skulemiljøet til elevane Tellnes, januar 2015

2 FORORD Visjonen til Tellnes skule er ein skule der born og vaksne trivst i eit trygt og lærerikt fellesskap. Trivsel og tryggleik for elevane på skulen er det beste grunnlaget for læring, og ligg som basis for alt arbeidet vårt på skulen. Vi jobbar systematisk med at elevane skal oppleve eit trygt og godt arbeidsmiljø der dei ikkje opplever krenkande åtferd. Forsking viser at langsiktig, målretta og systematisk arbeid, både på individ- og systemnivå, har ein førebyggande effekt på elevmiljøet. Opplæringslova 9a og Utdanningsdirektoratet sine retningslinjer og rundskriv er basis for arbeidet med Plan for det psykososiale skulemiljøet til elevane. Planen skal vere eit forpliktande verktøy for alle tilsette på Tellnes skule. Tellnes, januar 2015 Lisbeth Hjelle rektor 2

3 Innhald Side 1. Målsetjing 4 2. Definisjonar på krenkande åtferd og handlingar 5 3. Systematisk skulemiljøarbeid/internkontroll, 6 Opplæringslova 9a-3 og 9a-4 4. Handlingsplikta etter Opplæringslova 9a Brukarmedverknad, Opplæringslova 9a og 11 9 Appendix 1: Rutinar/oppfølgjing ved mistanke om/observasjon av krenkande åtferd 11 Appendix 2: Årshjul for Tellnes skule > Oppl.lova, kap. 9a 12 Vedlegg 1: a. Ordensreglement i Fjell kommune b og c: Trivselsreglar for Tellnes skule Vedlegg 2: Klasseleiingsprogrammet (TSK) med vekt på å byggje relasjonar Vedlegg 3: «Zippys venner» Vedlegg 4: Plan for inspeksjon med arbeidsoppgåver for vakt/plan over området Vedlegg 5: Rutinar for god skulestart Vedlegg 6: Årlege undersøkingar av skulemiljøet (Zero, trivselsundersøking, Elevundersøkinga). Vedlegg 7: Registreringsskjema, 9a uønskt åtferd Vedlegg 8: Meldeskjema i høve til 9a Vedlegg 9: «Snakk med meg», skjema til elevsamtale Vedlegg 10: Innblikk, spørjeskjema (Tove Flack) 3

4 1. MÅLSETJING Opplæringslova kapittel 9a omhandlar skulemiljøet til elevane. 9a-1 Alle elevar i grunnskolar og vidaregåande skular har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring. Mål: Tellnes skule er ein skule der born og vaksne trivst i eit trygt og lærerikt fellesskap. Skulen har nulltoleranse for krenkande åtferd som mobbing, diskriminering, vald, rasisme eller utestenging. Med psykososialt miljø menes her de mellommenneskelige forholdene på skolen, det sosiale miljøet og hvordan elevene og personalet opplever dette (Udir. r.skr ). Det psykososiale miljøet skal verke positivt på helse, trivsel og læring hos elevane, samt gi tryggleik og sosialt tilhør. Det er den enkelte elevs subjektive oppleving av å bli krenka som er utgangspunktet for handteringa av Opplæringslova 9a, Arbeidsmiljølova til elevane (Udir. r.skr ). På Tellnes skule legg vi vekt på (for å nå målet som er sett): at det, med utgangspunkt i den sosiale læreplanen, vert arbeidd kontinuerleg, systematisk og langsiktig med skulemiljøet at skulen, elevane og foreldre/føresette samarbeider om det førebyggande og haldningsskapande arbeidet at tydeleg og støttande skule- og klasseleiing er ein føresetnad for å førebygge, avdekke og handtere krenkande ord og handlingar at alle tilsette ved skulen har ei handlingsplikt til å undersøkje, varsle og gripe inn dersom dei får kunnskap eller mistanke om at ein elev blir utsett for krenkande åtferd 4

5 2. DEFINISJONAR PÅ KRENKANDE ÅTFERD OG HANDLINGAR 9a-3: Det psykososiale miljøet, 2. avsnitt: «Dersom nokon som er tilsett ved skolen, får kunnskap eller mistanke om at ein elev blir utsett for krenkande ord eller handlingar som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme, skal vedkommande snarast undersøkje saka og varsle skuleleiinga, og dersom det er nødvendig og mogleg, sjølv gripe direkte inn». Med krenkande åtferd forstår vi: Krenkande åtferd er alle former for åtferd som uoverlagt eller tilsikta rammar andre menneske fysisk eller psykisk. Krenkande åtferd kan skje som enkeltståande eller gjenteken handling. Krenkande åtferd er handling som vert utført utan respekt for integriteten til den som vert ramma. Mobbing: Med mobbing eller plaging forstår vi psykisk og/eller fysisk vald retta mot eit offer, utført av enkeltpersonar eller grupper. Mobbing føreset eit ujamt styrkeforhold mellom offer og plagar(ar), og episodane vert gjentekne over tid. Skjult mobbing betyr at nokon blir utsett for baksnakking, ryktespreiing, blikk, kroppshaldning, ignorering, mimikk m.m. Utestenging betyr at nokon blir haldne utanfor ei gruppe eller klasse. Vald inneber at nokon bruker fysisk og/eller psykisk makt for å skade andre. Rasisme inneber at nokon blir ulikebehandla eller plaga, til dømes fordi dei har ein annan hudfarge eller snakkar eit anna språk/dialekt. Diskriminering betyr at en person blir dårlegare behandla eller trakassert, til dømes på grunn av kjønn, funksjonsevne, tru, hudfarge eller opphav. Digital krenking betyr at nokon bruker internett, mobil eller e-post for å sende og spreie vondsinna meldingar eller bilete av ein person/situasjon. For alle aspekt av uønskt åtferd som kan definerast som mobbing, sjå eigen del-plan: Handlingsplan mot mobbing På Tellnes skule definerer vi krenkande åtferd som t.d.: fotografering av medelevar og leggje bilete på nettet, samt negativ omtale på nettside negative sms, mms, chat, e-post, ryktespreiing rasistiske utsegn og handlingar seksuell trakassering sjikane på grunn av religion, legning, kjønn, livssyn eller funksjonsevne hærverk valdsbruk mobbing/skjult mobbing trugsmål negative kommentarar negativt kroppsspråk valdsbruk 5

6 3. SYSTEMATISK SKULEMILJØARBEID/INTERNKONTROLL 3.1. Førebyggande og haldningsskapande arbeid 9a-3 Det psykososiale miljøet, 1. avsnitt: Skulen skal aktivt og systematisk arbeide for å fremje eit godt psykososialt miljø, der den enkelte eleven kan oppleve tryggleik og sosialt tilhør. Mål: Tellnes skule har eit skulemiljø der alle elevar trivst og bidrar til at skulen opplevast som ein trygg og meiningsfull stad å vere. Målsetjinga understrekar at det avgjerande i lova er kva verknad skulemiljøet har på elevane, og ikkje om dei enkelte sidene ved miljøet tilfredsstiller målbare verdiar. Målingar og observasjonar av miljøet er likevel viktige, fordi dei kan seia noko om kva verknad ein kan venta dei ulike miljøfaktorane kan ha på helse, trivsel og læring hos elevane. Skulemiljøet skal fremje helse, trivsel og læring. Dette inneber at målsetjinga ikkje berre handlar om å hindre plager og dårlig læring, men også om at skulemiljøet skal bidra positivt til helse, trivsel og læring hos eleven. På Tellnes skule er vi samde om følgjande strategiar for førebyggande og haldningsskapande arbeid: Tydeleg og involvert skuleleiing Tydeleg, støttande og førebudd klasseleiing (TSK) med vekt på positive relasjonar Tydelege og samkjørte tilsette Elev- og foreldremedverknad gjennom rådsorgan som elevråd, FAU, SU og SMU «Zippys venner» Sikring av arenaer: skuleplass/uteområdet, toalett, gymavd., SFO Systematisk internkontroll og dokumentasjon av skulemiljøet til elevane 3.2. Kontinuerlig, langsiktig og systematisk arbeid 9a-4. Systematisk arbeid for å fremje helsa, miljøet og tryggleiken til elevane (internkontroll) Skulen skal aktivt drive eit kontinuerleg og systematisk arbeid for å fremje helsa, miljøet og tryggleiken til elevane, slik at krava i, eller i medhald av, dette kapitlet blir oppfylte. Skuleleiinga har ansvaret for den daglege gjennomføringa av dette. Arbeidet skal gjelde det fysiske så vel som det psykososiale miljøet. Mål: Skulen sitt arbeid med å fremje helse, miljø og tryggleik for elevane er kontinuerlig og systematisk. Med kontinuerleg meiner vi at det systematiske arbeidet må vera den raude tråden i arbeidet til skulen og ikkje noko som vert gjort når det oppstår vanskelege/utfordrande situasjonar. Arbeidet skal drivast heile tida, gjennom heile skuleåret. Det systematiske arbeidet skal vere gjennomtenkt og planmessig. Alle tilsette har fokus på positivt læringsmiljø i møte med elevane. Fast rutine for alle tilsette: Episodar vert rapportert til kontaktlærar som avklarar situasjonen med dei involverte elevane med eventuell rapport på telefon/e-post til føresette. E-post vert anonymisert. Kontaktærar sørgjer for at elevkonfliktar vert løyste. Om episoden er vurdert som brot på 9a, skal det rapporterast til skuleleiing straks, jf. punkt 4 i denne planen. 6

7 Planar og rutinar må vere innarbeidde i kvar klasse/gruppe og må følgjast av personalet når det gjeld det psykososiale miljøet til elevane. Tilsette skal kunne gjere greie for dette for alle grupper/klassar dei er involverte i. har ansvaret for den daglege oppfølginga av det systematiske arbeidet og har det overordna ansvaret. Denne planen skal bidra til at elevane på Tellnes skule opplever eit sosialt skulemiljø som er trygt. For å sikre at dette blir eit levande plandokument, må planen vere kjent for alle parter i skulemiljøet. Planen er tilgjengeleg på heimesida til skulen. Planen vert revidert kvart anna år (partalsår) og lagt fram for SMU. 4. HANDLINGSPLIKTA TIL SKULEN 4.1. Avdekking 9a-3 Det psykososiale miljøet, 2. avsnitt: Dersom nokon som er tilsett ved skulen får kunnskap eller mistanke om at ein elev blir utsett for krenkjande ord eller handlingar som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme, skal vedkommande snarast undersøkje saka og varsle skuleleiinga, og dersom det er nødvendig og, om mogleg, sjølv gripe direkte inn. Mål: I si daglege verksemd arbeider alle tilsette på Tellnes skule med å avdekke tilfelle av krenkande ord eller handlingar. Alle tilsette ved skulen har ei handlingsplikt: plikt til å gjere undersøkingar raskt plikt til å varsle kontaktlærar og rektor (ved bruk av registreringsskjema, vedlegg 7) plikt til å gripe inn Alle tilsette på Tellnes skule veit at vert ikkje handlingsplikta oppfylt, kan tilsette straffast med bøter eller fengsel i inntil 3 månader, jf. Opplæringslova 9a-7. Avdekking omfattar også at tilsette, elevar eller foreldre/føresette melder frå om hendingar om at nokon opplever krenkande ord og handlingar. Skulen skal sikre at den subjektive opplevinga til eleven kjem fram, og at tiltak vert sett i gang så raskt som mogleg. Dette vert dokumentert: Registreringsskjema/logg Enkeltvedtak Sluttrapport Rutinar for avdekking: Dagleg kontakt med elevane Undersøking av omfanget av mobbing ved skulen kvart anna år (Zero) Vakt- og tilsynsordningar Elev- og utviklingssamtale 2 gongar per år Årlig elevundersøking frå U.dir for elevar i klasse Foreldreundersøking frå U.dir (1. 7. klasse) kvart anna år Fast tema i personalet, i klasse-/teammøte, assistentmøte, foreldremøte, elevråd, FAU og SMU Medviten bruk av registreringsskjema for observasjon av krenkande åtferd Føresette melder bekymring ved å bruke meldeskjema 7

8 Ved mistanke om krenkande åtferd skal saka først drøftast med vaksne i den klassen det gjeld, i klasseteam / SFO. Saka vert deretter teken opp til rektor for vidare tiltak, t.d. gjennom observasjon i friminutt/timar, informasjonsinnhenting gjennom samtale med utpeika offer og eventuelt venner/vitne, ev. samtale med foreldre, kartlegging ved bruk av innblikkskjema (Tove Flack), «Snakk med meg», enkle sosiogram m.m Handtering 9a-3 Det psykososiale miljøet, 3. avsnitt: «Dersom ein elev eller forelder ber om tiltak som vedkjem det psykososiale miljøet, deriblant tiltak mot krenkjande åtferd som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme, skal skulen snarast mogleg behandle saka etter reglane om enkeltvedtak i Forvaltningslova. Om skulen ikkje innan rimeleg tid har teke stilling til saka, vil det likevel kunne klagast etter føresegnene i forvaltningslova som om det var gjort enkeltvedtak.» Mål: På Tellnes skule opplever alle elevar og føresette å bli tekne på alvor, også når dei kjem til skulen med bekymring om at ein elev blir utsett for krenkande ord eller handlingar. Skulen tar ansvar og initiativ for å stoppe slik åtferd. Elevar som har opplevd å bli utsett eller sjølv har utsett andre for krenkande ord eller handlingar, skal vite at dei blir følgt opp av skulen etter at den krenkande åtferda er avslutta. har det overordna ansvaret for at skulen følgjer opp saker som gjeld det psykososiale miljøet. Når elev, foreldre/føresette eller tilsette ved skulen avdekker at elev(ar) blir utsett for krenkande ord og handlingar, sikrar skulen ei saksbehandling og oppfølging i tråd med lover og forskrifter. Prinsippet er at problem vert løyste på lågast mogleg nivå, men at personalet veit når saker skal meldast vidare. Dei veit også kven dei kan vende seg til dersom problema ikkje kan løysast på nivået deira. Det vil altså vere som ei trapp, der problema vert søkt løyst lågast mogleg, men der ein går lenger opp i trappa når nødvendig. Enkeltvedtak (etter Forvaltningslova, kap III ff og Opplæringslova 9a-3): Ved melding (munnleg/skriftleg) frå elev/foreldre/føresette om tilhøve knytt til det psykososiale skulemiljøet, skal det fattast enkeltvedtak etter Forvaltningslova kap. IV og V når elev/foreldre/føresette ber om det. Skulen pliktar å informere om retten til enkeltvedtak og gi rettleiing til foreldre/føresette, jfr. Forvaltningslova kap. III, 11. Ved varsling frå tilsette om kunnskap om eller mistanke om at ein elev blir utsett for krenkande ord og handlingar, skal rektor etter undersøking avgjere om det skal fattast enkeltvedtak. Dersom det vert sett inn tiltak som er inngripande for den eleven det gjeld, må det fattast enkeltvedtak. Enkeltvedtak kan påklagast til Fylkesmannen og skal rettast til skulen ved rektor, jfr. Forvaltningslova kap VI, 28. 8

9 5. BRUKARMEDVERKNAD 5.1 Elevdeltaking i skulemiljøarbeidet, Opplæringslova 9a-5 «Elevane skal engasjerast i planlegginga og gjennomføringa av det systematiske arbeidet for helse, miljø og tryggleik ved skolen. Skolen skal leggje oppgåver til rette for elevane etter kva som er naturleg for dei enkelte årstrinna». Mål: Elevane vert oppmuntra til å ta initiativ til miljøbyggande aktivitetar gjennom skuleåret, t.d. fotballturnering Gjennom eigartilhøvet til aktivitetane er desse svært kraftfulle i høve til bygging av positive relasjonar mellom elevane. Skulen har system for å følgja opp og støtta slike aktivitetar ved at elevrådskontakt og inspeksjonsordning femner om desse arenaene også Informasjonsplikt og uttalerett, Opplæringslova 9a-6 «Samarbeidsutvalet, skolemiljøutvalet og dessutan elevrådet og foreldrerådet skal haldast løpande underretta om alle tilhøve - deriblant hendingar, planar og vedtak - som har vesentleg betydning for skolemiljøet. Råda og utvala har på førespurnad rett til å få framlagt dokumentasjon for det systematiske helse-, miljø- og tryggleiksarbeidet ved skolen.» Mål: Alle rådsorgana vert kontinuerleg oppdatert på planar og resultat av undersøkingar m.v. og inviterte til å kome med uttale i høve til tilhøve som gjeld tiltak for å betre det psykososiale skulemiljøet. Denne planen er tilgjengeleg for heile skulesamfunnet gjennom nettsida til skulen. Rådsorgan vert kalla inn etter ein årsplan, men kan bli kalla inn til ekstramøte ved behov. Organa blir normalt kontinuerleg orientert om planar og undersøkingar i møte etter oppsett møteplan. Kvart av rådsorgana bestemmer sjølv korleis referat skal bli gjort tilgjengeleg om ikkje anna kjem fram i punkta under Elevrådet, Opplæringslova 11-2 Elevrådet blir oppretta kvar haust av elevar frå 1. til 7. klasse med to representantar for kvar klasse (1 vara). Dei sit som representantar kvart sitt halvår. Elevrådet vel sjølv leiar, nestleiar og sekretær som utgjer arbeidsutvalet. Arbeidsutvalet: Elevar frå 5.-7.klasse kan veljast. Leiar og nestleiar møter i SU og SMU. Elevrådet lagar sin eigen møteplan med møte for heile elevrådet og arbeidsutvalet Foreldrerådet sitt arbeidsutval (FAU), Opplæringslova FAU ved Tellnes skule er samansett av ein klassekontakt frå kvar klasse inkl. SFO. Klassekontaktane vert valt/utnemnt av klassane om våren for neste skuleår. Kontaktlærar minner klassekontaktane på dette og ser til at nye klassekontaktar vert innmeldt til skulen før sommaren. FAU konstituerer seg sjølv og har eigne føresegner for fordeling av arbeidsoppgåvene mellom medlemmene. For 1.klasse vert klassekontaktane valde på førskuledag i mai/juni. møter i FAU etter invitasjon. Det vert referert frå møta på skulen si heimeside. 9

10 Årsplan FAU har ein møteplan med normalt eitt møte i månaden. Møtestad er personalrommet (viss rektor er til stades), evt i eit klasserom på skulen Skolemiljøutvalet (SMU), Opplæringslova 11-1a SMU vert oppretta kvar haust når arbeidsoppgåvene er fordelt i FAU. SMU er samansett slik at FAU og elevrådsrepresentantar har fleirtal i utvalet. Leiar er utnemnt av FAU. SMU vel sjølv nestleiar og sekretær. Leiar og sekretær avtalar kven som skal kalla inn til møte. Leiar og rektor tek avgjerd om møte i tillegg til årsplanen. Alle møte vert kalla inn elektronisk. Årsplan. SMU har tre faste møte kvart år: Haust. November: Revisjon av Handlingsplan mot mobbing. På første møtet vert medlemmene orienterte om oppgåvene til SMU. Leiar og rektor avtalar kven som gir denne orienteringa. Vinter: Februar: Resultat av Elevundersøkinga. Tiltak. Vår: Mai/juni: Resultat av zero-undersøking, trivselsundersøking. Tiltak. Referat frå møte i SMU vert ikkje lagt ut elektronisk, men referert til dei andre rådsorgana gjennom representantane Samarbeidsutvalet (SU), Opplæringslova SU vert oppretta kvar haust når arbeidsoppgåvene er fordelt i FAU. SU er samansett slik at FAU og elevrådsrepresentantar har fleirtal i utvalet. Leiar er utnemnt av FAU. SU vel sjølv nestleiar og sekretær. Leiar og sekretær avtalar kven som skal kalla inn til møte. Leiar og rektor tek avgjerd om møte i tillegg til årsplanen. Årsplan: SU har to-tre faste møte per år. Haust. November: Uttale om skuleruta for det følgjande året, vedta avvik frå denne ev. Kommunebudsjettet for det følgjande budsjettåret. På første møtet vert medlemmene orienterte om oppgåvene til SU. Leiar og rektor avtalar kven som gir denne orienteringa. Vår. Mai/juni: Evaluering av verksemdplanen for skulen for inneverande skuleår. Ny verksemdsplan. Orienteringar om planar, undersøkingar og tiltak. Leiar og sekretær avtalar om kven som kallar inn til møte. Leiar og rektor tek avgjerd om ekstramøte. Alle møte vert kalla inn elektronisk. Referat vert sendt Fjell kommune og lagt ut på heimesida til skulen. 10

11 Appendix 1: Rutinar/oppfølging ved mistanke om/observasjon av krenkande åtferd: Oppgåve Ansvar Dokumentasjon 1 Undersøkingar og observasjon vert sett i gang straks. NB! Ved skjult mobbing: Sjå vedlegg 9 og 10. /leiar SFO /kontaktlærar Registreringsskjema 2 Første samtale med eleven som opplever seg krenka for å skaffe informasjon og gi støtte. Samtalen skal gjennomførast så snart som mogleg. Ver tydelig og klargjer situasjonen: Dette er ulovlig! Dette skal ta slutt!. Gi løfte om kontinuerleg informasjon om kva som skal skje. Gjer avtale om oppfølging. Ta kontakt med foreldre/føresette til den krenka same dag. Informer rektor. /leiar SFO /kontaktlærar Referat 3 Første samtale med elev(-ar) som krenkar. Ha individuelle, kontinuerlege samtalar med den/dei som krenkar. NB! Involverte elevar må ikkje få høve til å snakke saman! Ver bestemt, men vis respekt! Ver tydelig og klargjer situasjonen: Dette er ulovlig! Dette skal ta slutt! Ikkje gå i diskusjon. Få eleven(elevane) med på å ta avstand frå den krenkande åtferda. Gjer avtale om oppfølging. Ta kontakt med foreldre/føresette til elev(-ar) som krenkar same dag. 4 s vurdering etter fakta-innhenting Dersom det dreiar seg om ein mobbesak eller anna alvorlig krenkande åtferd, gir rektor informasjon til personalet. Mobbesaker handterer vi etter Handlingplanen mot mobbing. 5 Dersom enkeltvedtak vert å fatta fattar enkeltvedtak raskast mogleg om rettane eleven har etter 9a-1 og om desse rettane er ivaretekne eller ikkje Grunngjeving om retten er ivareteken eller ikkje Nemne dei faktiske forholda som vedtaket byggjer på Grunngi val av eventuelle tiltak Korleis følgja opp og evaluera tiltaka Konklusjonen må koma fram klart og tydeleg Klagerett må sikrast Følgje mal for enkeltvedtak (p.t. frå U.dir.) 6 Dersom enkeltvedtak ikkje vert å fatta Eventuelle tiltak må likevel dokumenterast. (Dersom det vert sett inn tiltak som er inngripande for den/dei eleven/elevane det gjeld, både krenkar og den som blir krenka, må det fattast enkeltvedtak.) 7 Evaluering av tiltak/enkeltvedtak Når tiltak blir evaluert, skal det også vurderast behov for nytt/nye enkeltvedtak. 8 Sanksjonar Sanksjonar må vere i tråd med Ordensreglementet. Skulen må dokumentere bruk av sanksjonar. Skulen må vurdere om det skal fattast eigne enkeltvedtak dersom sanksjonen er inngripande. 9 Oppfølging Problemsituasjonar vert følgt opp inntil dei opphøyrer heilt. Alle involverte elevar skal følgjast opp. 10 Dersom krenkande åtferd ikkje opphøyrer, skal andre eksterne parter inn i saka, t.d. rettleiarteam, tverrfagleg team, PPT, barnevern, politi eller konfliktråd. 11 Dersom det er vaksne ved skulen som plager elevar, er dette ei personalsak. /leiar SFO /kontaktlærar /leiar SFO/ kontaktlærar 11 Referat Enkeltvedtak eller rapport Enkeltvedtak Rapport Referat/evt. nye enkeltvedtak Referat/ enkeltvedtak Referat Referat Referat

12 Appendix 2 Årshjul for Tellnes skule Opplæringslova, kapittel 9a Tid Aktivitetar / tiltak Korleis Ansvar aug Opplæring og informasjon til alle tilsette om 9a og Planleggingsdagar ordensreglementet: v/skulestart, evt. fellestid Plan for det psykososiale skulemiljø Kva er eit godt psykososialt miljø Kva er terskelen for å gripe inn førebygging handlingsplikt Gjennomgang av vaktordninga Når skal skuleleiinga varslast? Opplæring av elevane: Kontaktlærar Orientering av 9a. Ordensreglementet (kommune, skule) vert delt ut Refleksjon og medvit om og rundt krenkande åtferd Opplæring i åtferdsplan i klassen (TSK) 1. Ekstra fokus på klasse./gruppemiljø 1. Kontaktlærar NB! Nye elevar i klassen 2. Fadderaktivitetar 2. Kontaktlærarar i 1. aug/ sept Føresette blir orientert om 9a, ordensreglement og plan for det psykososiale skulemiljøet. Foreldremøte og 6. kl. /Kontaktlærar aug/ sept sept Mål: medvit rundt krenkande åtferd generelt, og mobbing spesielt. Gjennomgang av 9a, ordensreglement og plan for Møte det psykososiale skulemiljø i elevråd, FAU og SMU. Mål: Auke medvit rundt krenkande åtferd 1. Fottur 2. Månadssamling 2. Gymsal /lærar med ansvar for elevrådet 1. Lærarane/adm 2. Klasane etter oppsett okt/ nov nov 1. Månadssamling. Tema: ZERO 2. Elevsamtalar 3. Foreldresamtalar 4. Skulens oppfølging av 9a: Det psykososiale skulemiljøet i elevråd, FAU, SU og SMU ved årsrevisjon av Handlingsplan mot mobbing 1. Månadssamling 2. Elevundersøking (Udir), 5.-7.kl 1. Gymsal 2. Møte 3. Møte 4. Møte 1. Gymsal 2. Digitalt 1. Alle klassane 2. Kontaktlærar 3. Kontaktlærar 4. /lærar med ansvar for elevråd/fau/su/smu 1. klassane etter oppsett 2. /kontaktlærarar des 1.Adventsamlingar 2. Adventskalendar 3. Lucia-feiring 4. Juleverkstad og lysstøyping 5. Adventgudsteneste (1.-4.kl., 5.-7.kl) 6. Juleavslutning (kveld) 7. Siste skuledag før jul: Julegraut 1. Gymsal 2. Samle inn 1 kr til eit godt formål 3. Gymsal /klasserom 4. Klasserom/sløyd 5. Fjell kyrkje 6. Gymsal/skulen i samarb. m/fau 7. Fadderklassane et i lag 1. Klassane etter oppsett 2. Alle klassane klasse 4. Kontakt-/timelærarar 5. Kyrkje 6. Lærarane/adm/FAU 7. Lærarane Jan 1. Månadssamling 1. Gymsal 1. Kontaktlærarar 12

13 Tid Aktivitetar / tiltak Korleis Ansvar feb 1. Ski-/ake-/skøytedag 2. Månadssamling 3. Elevundersøkinga, resultat og tiltak 1. Kvamskogen/nærmiljø/ Iskanten 2. Gymsal 3. Møte 1. Lærarane 2. Kontaktlærar 3. /personalet, FAU, SMU mars /april 1. Månadssamling 2. Elevsamtalar 3. Foreldresamtalar 4. Sunn veke (siste veka før påske) 1. Gymsal 2. Møte 3. Møte 4. Felles lunch 1. Kontaktlærar 2. Kontaktlærar 3. Kontaktlærar 4. Kontakt-/timelærarar april 1 Leikedag 2. Månadssamling 3.Gj.føre trivselsundersøking (ZERO) 1. Ute/inne 2. Gymsal 3. Elektronisk 1. Kontakt-/timelærarar 2. Kontaktlærar 3. Kontaktlærar/rektor mai/ juni juni Plante- og ryddedag 2. Månadssamling 3. Fottur 4. Fotballturnering 5. Førskuledag 1. Aktivitetsdag/idrettsdag (heile skulen) 2. Sommaravslutning 3. Sommarfest (kveld) 1. Ute 2. Gymsal 3. I nærmiljø 4. Turnering små- /ml.st. 5. Fire timar ein fredag 1. Skogsvåg stadion 2. Gymsal 3. Ute på skuleplassen i samarb. m/fau 1. Kontakt-/timelærarar og rektor 2. Kontaktlærar 3. Lærarane 4. Elevrådet 5. Lærar 1. kl/rektor 1. Kontakt-/timelærarar 2. Elevrådet 3. Kontakt-/timelærarane Gj. året Tydeleg og involvert skuleleiing 1. Tydeleg klasseleiing (TSK) med vekt på relasjonar 2. Zippy s venner 3. Vakt og tilsynsordningar 4. Dagleg kontakt med elevane 5. Medviten bruk av registreringsskjema 6. Fadderordning (1. og 6.klasse) 7. Turar/ekskursjonar 8. «Halvtimen» 9. Kantine 8. Vere inne i 1. del av storefri (eldste elevane) 9. Ein fredag i mnd 1. /alle tilsette 2. Lærar 1.-2.kl Alle tilsette 5. Alle tilsette 6. Kontaktlærarane 7. Kontakt-/timelærarar 8. Alle tilsette klasse 13

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING HANDLINGSPLAN MOT MOBBING TELLNES SKULE TSK Forord Skulen sin visjon: Tellnes skule er ein skule der born og vaksne trivst i eit trygt og lærerikt fellesskap. Her på skulen kan vi ikkje godta at nokon

Detaljer

HANDLINGS- PLAN MOT MOBBING OG KRENKJANDE HANDLINGAR VED SKULANE I NORDDAL KOMMUNE

HANDLINGS- PLAN MOT MOBBING OG KRENKJANDE HANDLINGAR VED SKULANE I NORDDAL KOMMUNE HANDLINGS- PLAN MOT MOBBING OG KRENKJANDE HANDLINGAR VED SKULANE I NORDDAL KOMMUNE 1 INNLEIING Handlingsplanen er laga med bakgrunn i Kapittel 9a i opplæringslova. 9a-1 Generelle krav Alle elevar i grunnskular

Detaljer

Handlingsplan mot mobbing på Strand vgs. Opplæringsloven 9a-3,2ledd

Handlingsplan mot mobbing på Strand vgs. Opplæringsloven 9a-3,2ledd Handlingsplan mot mobbing på Strand vgs Opplæringsloven 9a-3,2ledd Godkjent av leiinga sep. 2010 Revidert juni 2014 Føreord av rektor: Mobbing skjer dessverre på kvar einaste skule. Konsekvensane av å

Detaljer

Kva gjer vi når nokon blir mobba- HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Kva gjer vi når nokon blir mobba- HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Kva gjer vi når nokon blir mobba- HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Skulen har nulltoleranse i forhold til mobbing, både verbalt, non-verbalt, digitalt og fysisk. Skulen aksepterer heller ikkje rasisme, vald,

Detaljer

PLAN FOR SKOLENS ARBEID MED ELEVENS PSYKOSOSIALE MILJØ forebygging, avdekking, handling og internkontroll

PLAN FOR SKOLENS ARBEID MED ELEVENS PSYKOSOSIALE MILJØ forebygging, avdekking, handling og internkontroll PLAN FOR SKOLENS ARBEID MED ELEVENS PSYKOSOSIALE MILJØ forebygging, avdekking, handling og internkontroll 1. Forebyggende arbeid 9a-3 første ledd Skolen skal aktivt og systematisk arbeide for å fremje

Detaljer

Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova).

Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova). Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova). Kapittel 9a. Elevane sitt skolemiljø Kapitlet føyd til med lov 20 des 2002 nr. 112 (ikr. 1 apr 2003, etter res. 20 des 2002 nr. 1735).

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Velkommen til Dalane vg. skole! Gjennom fleire år har vi ved skulen hatt følgjande motto: Vi bryr oss eller Me bryr okke. Det betyr at du som elev skal vita at vi vil gjera det

Detaljer

LISTER VIDEREGÅENDE SKOLE

LISTER VIDEREGÅENDE SKOLE LISTER VIDEREGÅENDE SKOLE PLAN FOR ARBEIDET MED ELEVENES PSYKOSOSIALE MILJØ RUTINER OG RETNINGSLINJER Lister 01.08.2012 INNHOLD 1. Formål med planen... 3 2. Mål for skolemiljøarbeidet... 3 2.1. Skolens

Detaljer

Fjell kommune BJORØY HANDLINGSPLAN MOT MOBBING SKULE

Fjell kommune BJORØY HANDLINGSPLAN MOT MOBBING SKULE Fjell kommune BJORØY SKULE HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Bjorøy skule sin handlingsplan mot mobbing 2011 Forord av rektor Bjorøy skule skal vera ein skule som er prega av tryggleik og trivnad. Arbeidet skal

Detaljer

Gjerdrum ungdomsskoles plan for arbeid mot krenkende atferd og mobbing

Gjerdrum ungdomsskoles plan for arbeid mot krenkende atferd og mobbing Gjerdrum ungdomsskoles plan for arbeid mot krenkende atferd og mobbing Gjerdrum ungdomsskoles plan for arbeid mot krenkende atferd og mobbing 1 (Sist redigert desember 2013) Innhold Hva er krenkende atferd

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Skolene i Målselv kommune skal ved forbyggende tiltak forhindre at elever blir utsatt for mobbing. Skolene i Målselv kommune skole skal ha rutiner for å avdekke mobbing, og elever

Detaljer

REGLEMENT I ORDEN OG ÅTFERD FOR ELEVAR VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE I MØRE OG ROMSDAL FYLKE

REGLEMENT I ORDEN OG ÅTFERD FOR ELEVAR VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE I MØRE OG ROMSDAL FYLKE REGLEMENT I ORDEN OG ÅTFERD FOR ELEVAR VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE I MØRE OG ROMSDAL FYLKE Fastsett av fylkestinget i Møre og Romsdal fylkeskommune den 15.06.2010 sak T 29-10 med slikt vedtak: 1. Reglement

Detaljer

Handlingsplan. mot mobbing. Røyken videregående skole REVIDERT HØSTEN 2011. likeverd. respekt

Handlingsplan. mot mobbing. Røyken videregående skole REVIDERT HØSTEN 2011. likeverd. respekt Handlingsplan mot mobbing Røyken videregående skole likeverd REVIDERT HØSTEN 2011 & respekt RØYKEN VIDEREGÅENDE SKOLE 2010 2011 Revidert høst 2011 Forord av rektor Her på Røyken videregående skole er vi

Detaljer

Veileder til opplæringsloven kapittel 9a elevenes skolemiljø Forord

Veileder til opplæringsloven kapittel 9a elevenes skolemiljø Forord Veileder til opplæringsloven kapittel 9a elevenes skolemiljø Forord Denne veilederen informerer om hvordan bestemmelsene i opplæringsloven kapittel 9a skal forstås. Lovbestemmelsene i kapittel 9a er av

Detaljer

En plattform for arbeid i skolemiljøutvalget

En plattform for arbeid i skolemiljøutvalget En plattform for arbeid i skolemiljøutvalget Bestemmelsene om at alle skoler skal ha skolemiljøutvalg gir elever, foresatte og tilsatte mulighet til å medvirke i skolemiljøarbeidet ved den enkelte skolen.

Detaljer

FORSKRIFT OM FELLES ORDENS- OG ÅTFERDSREGLEMENT VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE I HORDALAND FYLKESKOMMUNE

FORSKRIFT OM FELLES ORDENS- OG ÅTFERDSREGLEMENT VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE I HORDALAND FYLKESKOMMUNE FORSKRIFT OM FELLES ORDENS- OG ÅTFERDSREGLEMENT VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE I HORDALAND FYLKESKOMMUNE Revidert juli - 2011 Innhald Hovudområde: Underområde: Side: Heimel 2 1 Formål 2 2 Virkeområde 2 3

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING STJØRDAL KOMMUNE Side 1 HANDLINGSPLAN MOT MOBBING STJØRDAL KOMMUNE Side 2 Opplæringsloven, kapittel 9: 9a-1 slår fast: Alle elevar i grunnskolen og vidaregåande skolar har rett til eit godt fysisk og psykososialt

Detaljer

Arbeid mot mobbing. Veileder for ansatte og ledere i grunnskolen

Arbeid mot mobbing. Veileder for ansatte og ledere i grunnskolen Arbeid mot mobbing Veileder for ansatte og ledere i grunnskolen Denne veilederen har vi laget for deg som er ansatt eller leder på en skole, for å hjelpe deg i arbeidet mot mobbing. Her finner du en oversikt

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING NORDLANDET BARNESKOLE

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING NORDLANDET BARNESKOLE HANDLINGSPLAN MOT MOBBING NORDLANDET BARNESKOLE ÅR 2011-2015 Forord av rektor I nasjonalt og lokalt Manifest mot mobbing har jeg som rektor skrevet under på bl.a. følgende: Som rektor vil jeg sørge for

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING HANDLINGSPLAN MOT MOBBING LARDAL UNGDOMSSKOLE Revidert juni 2013 Forord av rektor Store deler av oppveksten blir tilbrakt i det offentliges regi. Elevenes fysiske og sosiale miljø er derfor veldig viktig.

Detaljer

Handbok for samarbeid mellom barnevern og skole. Opplæring for barn og unge i barnevernsinstitusjonar i Hordaland

Handbok for samarbeid mellom barnevern og skole. Opplæring for barn og unge i barnevernsinstitusjonar i Hordaland Handbok for samarbeid mellom barnevern og skole Opplæring for barn og unge i barnevernsinstitusjonar i Hordaland 2 Handbok for samarbeid mellom barnevern og skole Innholdsfortegnelse Innleiing... 3 KAPITTEL

Detaljer

Resultat frå evalueringa av Reform 97. Utarbeidd av Peder Haug

Resultat frå evalueringa av Reform 97. Utarbeidd av Peder Haug Resultat frå evalueringa av Reform 97 Utarbeidd av Peder Haug Resultat frå evalueringa av Reform 97 Utarbeidd av Peder Haug, forskingsleiar for evalueringa 1 2 Forord Noregs forskningsråd har på oppdrag

Detaljer

Regional plan for folkehelse - Fleire gode leveår for alle -

Regional plan for folkehelse - Fleire gode leveår for alle - Regional plan for folkehelse - Fleire gode leveår for alle - 2014 2025 Utgivar: Tittel: Hordaland fylkeskommune, Regionalavdelinga Regional plan for folkehelse - Fleire gode leveår for alle - Dato: 7.

Detaljer

VEDTEKTER SOM SKAL SIKRE KVALITET I AUKRABARNEHAGEN

VEDTEKTER SOM SKAL SIKRE KVALITET I AUKRABARNEHAGEN VEDTEKTER SOM SKAL SIKRE KVALITET I AUKRABARNEHAGEN RÅDMANNEN Vedteke i Aukra kommunestyre 18. oktober 2012, sak nr. 105/12. ephorte 12/420-3. 2 Dei kommunale barnehagane i Aukra skal drivast i samsvar

Detaljer

Handlingsplan mot mobbing

Handlingsplan mot mobbing Handlingsplan mot mobbing Godkjent 14.03.14 Innholdsliste 1 Innledning 1.1 Bakgrunn for planen 1.2 Definisjon av mobbing 1.2 Målsetting/ Langsiktige mål 2 Tiltak for å skape gode relasjoner mellom elevene

Detaljer

Evaluering av Reform 97

Evaluering av Reform 97 Evaluering av Reform 97 Sluttrapport frå styret for Program for evaluering av Reform 97 Utarbeidd av Peder Haug Forskingsleiar 2003 1 Norges forskningsråd 2003 Norges forskningsråd Postboks 2700 St. Hanshaugen

Detaljer

IMPLEMENTERING AV SKULEOMFATTANDE ARBEID

IMPLEMENTERING AV SKULEOMFATTANDE ARBEID IMPLEMENTERING AV SKULEOMFATTANDE ARBEID Av Sigrun K. Ertesvåg & Svein Størksen Om Respekt Dette heftet er produsert som en del av arbeidet under Respekt programmet, som består av kurs, veiledning og

Detaljer

VISJON Meråker skole utvikler elever som er: Trygge Ansvarlige Kunnskapsrike Kreative

VISJON Meråker skole utvikler elever som er: Trygge Ansvarlige Kunnskapsrike Kreative HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED MERÅKER SKOLE VISJON Meråker skole utvikler elever som er: Trygge Ansvarlige Kunnskapsrike Kreative Innhold i planen VISJON... 1 REKTOR HAR ORDET... 3 FORELDREROLLEN... 4

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING HANDLINGSPLAN MOT MOBBING KONGSBERG VIDEREGÅENDE SKOLE Versjon 1.0, pr. 21. februar 2011 HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Opplæringsloven paragraf 9a, som kan betegnes som elevenes arbeidsmiljølov, og Læringsplakaten

Detaljer