Gluggen. Nr. 3/2008 Skule- og bygdeavis for Ulvik 35. årgang. Ny førsteklasse på Brakanes skule

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Gluggen. Nr. 3/2008 Skule- og bygdeavis for Ulvik 35. årgang. Ny førsteklasse på Brakanes skule"

Transkript

1 Gluggen Nr. 3/2008 Skule- og bygdeavis for Ulvik 35. årgang Ny førsteklasse på Brakanes skule 100 årsminnet for Hauge Nye elever og lærarar Dette ska du fao 9 & 10 kl på Betel Eg kan Kvitebjørnen Boklansering Skulejoggen Songglede Bogeskyting Shantitur med Mathilde Denne hausten fekk Brakanes skule ein ny førsteklasse med under ti elevar. Kontaktlærar Elin Rondestveit kjem frå ein klasse på tjueto og ned til desse ni. -Korleis merkar du skilnaden i klassestorleiken? - Det vert få elevar å spela på og mykje rom for den einskilde eleven. Dette gjer sosialiseringa til eit endå viktigare tema, og det er mykje arbeid å læra dei sosial tilpassing, slik at elevane får det godt saman. -Vert det framleis sunge med elevane i førsteklasse? - Desse likar å syngja dei gode gamle songane. Songar er god læring, særleg når vi skal til med engelsk. Då nyttar vi engelske barnesongar. - Har datakunnskapen endra seg? - Dei kan meir om IKT, men det er fort å læra uvanar. For mange elevar er data og spel ei og same sak. Utfordringa vert å læra dei at IKT er eit læremiddel. Dei treng trening i å nytta pedagogisk programvare desse første åra på skulen, seier Elin. Bak f. v: Assistent Oddny Lid, Elise Østraat, Embla Vestrheim, Sihaam Osman, Håvard Brattli og Jørund Vestrheim. Framme f. v: Karen Bang, Anna Davies, Vincent Johansen, Alexander Øydvin og kontaktlærar Elin Rondestveit

2 100 årsmarkeringa av Olav H. Hauge sin fødselsdag Ei flott markering, som samla mange Olav H. Hauge var fødd 18. august Akkurat på dagen 100 år etter samlast heile skulen og elles mange andre rundt bautaen for å feira fødselsdagen hans. Bautaen er den naturlege møteplassen. Han er reist over diktinga til Hauge, og Hauge valde sjølv diktet Ogmund rid heim! Kan henda gjorde han det, fordi han følte at han sjølv var komen heim, altså at diktinga han vart godteken i bygda. Då er det ikkje så rart at tårone dryp under hjelmen når han ser sjølve merket på heimbygda, Vassfjøro. No er me også heime i Hauge si dikting. Nye bøker har kome, ikkje minst om Hauge og bygda. Fem poesifestivalar har også gjort sitt. Fastbuande, utflytte ulvikje, og mange andre over heile landet har gjort Hauge til si eiga. Desse heidra Olav H. Hauge frå heradet, f.v: Maren Svingen, Jarand Kolås, Leif Malvin Hjelmevoll, Gunnar Hjeltnes og Arne Skjerven T.h: Maren Svingen og Jarand Kolås legg på blomar frå heradet. T.v. Forlagsredaktør Sverre Tunvik i Det norske Samlaget heidra òg Olav H. Hauge med blomar. 2

3 Nye elevar og lærarar Silke Hein Silke kjem frå Tyskland. Ho flytta til Ulvik med familien no i sumar. Dette skuleåret er ho m.a. tilsett som tysklærar i ungdomsskulen. Frå venstre bak:: Anne, Jakob og Niels. Framme frå venstre: Kathrin og Lena. I småskulen og på mellomsteget er det til saman kome fem nye elevar. I tredje klasse går tvillingparet Kathrin og Lena, som kjem frå Tyskland. I femteklasse har elevane fått ein ny gut Niels, som er bror til tvillingane. I sjette klasse kom dei to siste elevane. Det er Anna frå Tyskland og Jakob frå Polen. Anne Marie Øydvin Anne Marie er opprinneleg frå Oslo, men har lang fartstid og røynsle gjennom ulike arbeidsoppgåver i Ulvik. Dette skuleåret har ho m.a. ansvaret for musikkundervisninga i ungdomsskulen. Marit Aarekol Marit er 33 år og kjem frå Ulvik. Ho bur saman med Terje og borna Kari (3 år) og Arnfinn (1 1/2). Sidan 2000 har ho vore lærar i Eidfjord, Lægreid skule. Ho tykjer det er kjekt og inspirerande å arbeida på Brakanes skule. Dette året er ho kontaktlærar i 3. klasse. Søskenparet Natalie og Sebastien Lemovski har byrja i 10. klasse. Dei bur på Lekve, og bruker no mykje krefter på å læra seg norsk. Det er ikkje lett å skifta skule i avgangsåret, og enda verre må det vera å skifta språk òg. Nina Johnsen er tilsett som timelærar for å undervisa dei to i norsk. Til neste haust er begge innstilte på å fortsetja i ein innføringsklasse på Voss, om eit slikt tilbod vert oppretta der. Syskenparet kjem frå byen Lomza i Polen og har gått på ein skule med over tusen elevar. 3

4 Dette ska du fao Bror min Oddvin, som alltid vitja Olav H. Hauge, gjekk saman med meg ein sommarsdag på Hakestad, fortel Jens Reisæter. Me gjekk der vegen nå går gjennom tunet på Hakestad, mellom anna på garden til Ole E. Hakestad. Der tok Oddvin bilete av meg ved almen, som i det ukjende diktet under har fått namnet Storealmen på Hakestad. Så gjekk me vidare, og vitja Olav. Det var då eg fekk diktet, så eg nyss har funne att no på seinsommaren. Detta ska du fao, sa Olav. Her kejm diktet under. Det skal ha vore prenta tre strofer av det i årskriftet for Hjeltnes i Vidare har Jan Erik Vold fått fram dei same strofene i Dag og Tid føre 100-årsdagen til Hauge 18. august. No syner det seg at diktet har dobbelt så mange strofer, altså seks i alt opphaveleg. Det på tre strofer skal opphaveleg vera frå etter det Vold skriv. Då er truleg opphavet frå før den tid. Hauge brukte nemleg mykje arbeid på å skriva ned og korta inn, eller for å seia det slik,: Han brukte mykje tid før han var nøgd. Gled dykk lesarar. Storealmen på Hakestad Storealmen her i garden det er radt eit skogatroll! Og som skogatroll hev den karen hovud ni i krans og koll, Digre kjemperøter rytet fast i gamal matjord knyte`. Millom alda ter seg stuven villmarkkomen, dipleg mest. Vårdags, lell, då pryder buven seg med brurbljug bjørk til fest, byster lauv i skjeggjamose ungkar han, med grøne hose! Kolla vart han, styvd og snauda Mang ein gong i beit for mork, og når svaden tærne frauda flekte dei ned bast og bork Men den gamle hedna logga, og snart fljote teinar vogga. Atter duskar yver mønet; vårvind, sumarljuv og kåt, song i reir og blokkor grøne; under den vart ingen våt, det var alltid godt i skugjen, under tette almakruggen. Under denne almen rusla mang ein husbond frå og til: Her stod kåramann og pusla skov på staur og pikka ved, medan ungane deg sæla og i hole stuven spela. Eitt er vorten, ætt og almen, her i denne gamle gard. Endå syng han lauvsus-salmen som han song til oldefar breider traust den fagre kruna atter yver ein manns bunad. 4 Olav H. Hauge

5 Eg kan! Kunnskapsløftet har sett auka fokus på elevvurdering. Småskulen vart i vår einige om å nytta Eg kan som reiskap for vurderinga. Sigrid Manger som er lagleiar på småskulen er medansvarleg for gjennomføringa. - Kva klassar skal evaluerast? - Kvar elev frå 1. til 7. klasse skal kartleggjast i faga norsk, matte, engelsk, sosial kompetanse og IKT. Denne hausten startar vi opp med matematikk. - Er ikkje dette eit svært tidkrevjande arbeid? - Det tek om lag ein time pr. elev no i haust. Etter kvart vert vi meir effektive, samstundes som vi oppdagar nye ting som kanskje ikkje er på plass. -Kva meiner dei minste elevane om vurderinga? - Dei tykkjer det er stas, og spør om det ikkje snart er sin tur. Mykje av opplegget er knytt til konkrete ting som elevane kan sjå og forklara. - Korleis kan du vurdera sosial kompetanse? - Det går m.a. på om dei kan sitja i ro når dei et, om dei helsar god morgon. Her er det praksis som avgjer om dei kan dette. Måla må sjekkast ut nokre veker etter måloppnåinga. - Kven registrerar måla? - Elevane sjølve kan farga trafikklysa i boka. Målarka startar med raudt og gult lys, før det grøne er farga inn etter måloppnåinga. - Er desse vurderingspermane berre til skulebruk? - Foreldra kan henta permane heim, men primært skal dei vera på skulen. Elevane kan visa dei fram sjølve om dei vil, og syna kor langt dei er komne. Sigrid Manger syner fram Eg kan boka. Elevane gler seg til å ta ho i bruk. Trivsel på Betel? Dei to største ungdomsskuleklassane har blitt stovevarme på Betel. Lys og omnar, teknisk utstyr og datamaskinar fungerer etter tilhøva bra. Elevane har funne seg til rette så godt som råd er i eit gamalt hus. Det er kort veg til skuleplassen, og dei får vera meir for seg sjølve her enn oppe i ungdomsskulefløyen. Inneklimaet er ikkje spesielt godt, og tilgangen på frisk luft kjem på gamlemåten med lufting gjennom glas. Dette går bra for ein kort periode no i haust. Utleigar Ulvik indremisjon er òg nøgd med ordninga og er glad for at huset gjennom utleige har fått nye omnar. Slik ser ei side i boka ut. Elevane skal sjølve farga symbola som syner kva dei kan i matematikk denne hausten. 5

6 Kvitebjørnen Rasmus Løland er kjend for sin forteljarkunst som særleg kjem til uttrykk i barnebøkene. Forteljarkunsten må takast vare på både i heim og skule. Det kjem fram i Kunskapsløftet. Dette året har difor Brakanes skule meldt seg på eit firårig prosjekt som skal fremja både skrivekunst og forteljarglede. Prosjektet er knytt opp til Rasmus Løland som forfattar og hundreårsmarkeringa frå "Undrande og skapande" er visjonen Løland-markeringa har teke i bruk for å karakterisera forfattaren og mennesket Rasmus Løland. Ei viktig utfordring for prosjektet vert å ta utgangspunkt i bornas fantasi og undring og lata kreativitet og skaparkraft få utfalda seg med lokal kultur og identitet som grunnlag. Jon teiknar vidare Jon Hjelmevoll hjelper oss så ofte han kan. Teikningane hans vert verdsette av svært mange i bygda. No har han kome med tre nye til dikt av Olav Hauge. Gle dykk, kjære lesarar, og les gjerne dikta til tekningane. Det vert som kaffi med noko godt attåt. Med å ta i bruk ulike arbeidsmåtar som forteljing/ drama, innovasjon, utstilling, filosofi, film og lesing, vil satsinga òg ivareta dei grunnleggjande ferdigheitene som blir fokuserte på i Kunnskapsløftet. Elevarbeid og loggar vert lagt ut på prosjektet si heimeside: Lukke til! as Anne Hjelmevoll syner fram t-skjorter og bøker frå skattekista som elevane har fått til prosjektet. 6

7 Kanskje me i mangt og mykje like er, me tvo Kjelda på garden der Olav H. hauge var fødd er einaste minnet att på fødestaden Då boka til Arne Skjerven og Steinar I Bergo vart sendt ut til alle her frå Ulvik på fødselsdagen til Olav H. Hauge 18. august som jamvel var 100 årsdagen- var gjestene innom garden der diktaren var fødd.. Det einaste, som no er att frå 1908 då Hauge var fødd, er kjelda, der dei fann vatn til dyra. Kjelda er god, og vatnet renn jamt og trutt. Det er ei oppkome av beste sort. Song No hadde det seg slik denne dagen, då kjelda kom for dagen for fyrste gong for mange, at dei tre jentene Vilde, Maria og Sara i 9. klasse skulle syngja for alle om piggsvinet. Nett dette diktet handlar om han som tuslar heim ei natt, legg vegen om kjelda, og møter piggsvinet. Kanskje me i mangt og mykje er like, me tvo, heiter det i to verseliner. Jentene song fint, til ein tona av Heine Tjoflot. Det kan vera grunn til å setja diktet inn i denne samanhengen for alle lesarane. PIGGSVINET Her ei natt på heimveg fall det so eg vegen la yver teigen, der eg visste det ei kjelde va. Kjelda fram or myrkret blenkte, fanga natti inn. Der ved døkke spegelen sat det, sløkte torsten sin, Forfattarane Arne Skjerven og Steinar Bergo saman med prosjektleiar for prdokumentasjonssenteret, Ida Holen. vesle nysta! Alle piggar låg so mjukt i fred, og den svarte snuten smaka fint på drykken ved. Berre drikk du! Eg kan venta, og eg tolug stod. Kanskje me i mangt og mykje Like er me tvo. Liksom eg du likar rusla slik i myrkret kring millom haustlauv, finna kjeldor, bær og slike ting, - likar pusla einsam. Men um nokon kjem oss nær, kryp me inn i huva og ut stive piggar slær. Sara, Vilde og Maria ved kjelda på fødestaden til Olav H. Hauge på Haukestad Fv Vilde, Maria og Sara song for innbodne gjeste under boksleppet på Hakestad 18. august. 7

8 OM HANAR I TUN OG TÅRN - tvangsgifte og ekstremsport i 1950-åra Nye forteljingar av Steinar I. Bergo TIDE Buss Turbuss Vi kan tilby: Erfarne & serviceinnstilte turbil-sjøførar Moderne, komfortable turbussar av høg kvalitet Trygg & punktleg transport TLF: Gluggen For gåver og bladpengar Autorisert installatør ULVIK TLF: A/S Skeie Tre Ulvik i Hardanger Tlf /fax Pallar og tre-emballasje Johannes Øydvin Tlf: / Fax: Ulvik Rekneskapslag P/L Pb. 96, 5731 Ulvik Tlf Rekneskapsføring for landbruk & andre næringsdrivande Utdanningsval Etter innføring av Kunnskapsløftet har ungdomsskulen fått eit nytt fag. Det har fått namnet Utdanningsval, og skal vera ei førebuing til dei tre åra i vidaregåande skule. Elevane skal bli kjende med strukturen i vidaregåande skule, og få smakebitar frå fag eller tema i dei ulike utdanningsvala. Brakanes skule håper på eit utvida samarbeidet med Hjeltnes gartnarskule i samband med utprøving av fag. Eit praktisk opplegg for 8. klasse er under planlegging. Fylket har særleg satsa på 9. klasseingane, som får eit tilbod om orienteringstimar frå næringsdrivande denne hausten. Til hjelp i kartlegginga har elevane på Brakanes fått tilgang til ein nettressurs som har brei dekning av yrke og utdanningstilbod. 8

9 Handel & Handverk (Promendebutikken) Tlf Godt utval i film, foto og gåveartiklar ULVIK Tlf Ulvik Reiselivslag N-5730 Ulvik Tlf Fax: Ulvik herad Tlf Røyrleggjar Magne Øydvin V/Åge Øydvin Tlf / Fax Ulvik Avløysarlag Prosjekt UNGJOBB 5730 Ulvik Tlf GRILLKIOSKEN Hildegunn & Kjell Røkenes Tlf Vidaregåande skule i Hardanger med grøn profil- Tilbod hausten 2008: Vg1 Naturbruk -Naturbasert reiseliv NY!! (gjev generell studiekompetanse etter 3 år) Vg1 Naturbruk gartnar- / anleggsgartnarfag Vg2 Landbruk og gartnarnæring - med vekt på gartnarfag Vg2 Anleggsgartnar/driftsoperatør idrettsanlegg Vg2 Blomsterdekoratør Vg3 Gartnarnæring - Flytt heimanfrå og prøv internatlivet- Søknadsfrist 1.mars sjå For meir informasjon: Hjeltnes gartnarskule, 5730 Ulvik. Epost: post.hgs@post.hfk.no Telf Heimeside : 9 Ulvik Folkebibliotek Har desse opningstidene: Måndag: Tysdag: Onsdag: Torsdag: Fredag: Frå 1. mai til 1. sept. er biblioteket stengt på fredagar.

10 Skulejoggen KL. 2 rundar GUTAR: JENTER: Erling Signe Sander Katrine Sigurd Nora Gard Stina Leif M Helga Vidar Nasro Gunnar Anne Katr Åsmund Amalie Eivind Ingelin Mikal Sara Kristian Rani Stian Malin Jesper Ena M Mattis Trine Pål Andr Synne Sevrre Sjur Oddgeir Thomas KL. 1 runde Marius Henriette Mohammed Tuva Abdricaq Anette Håkon Solfrid Markus Tora Tobias Fadumo Aleksander Marta Abubakar Sasha Nils Eira Håvard Anna Jonas Synnøve Thomas Åshild Anders Lena Håkon Katharina Marita Ingrid

11 Stor songglede mellom dei unge Frå venstre: Sarah, Ena-Malika, Maria, Stina, og Vilde. Det har vorte tradisjon i Ulvik at born og unge deltek under poesifestivalen. I år var programmet for Amboltprisutdelinga særleg prega av lokal medverknad. Ikkje mindre enn 5 ungdomsskuleelevar deltok med song. Tittelen på programmet var Lokale utøvarar og naboskap, og signaliserte at det òg var henta inn hjelp både frå Voss og Kvam kommune. Nytt i år var det at fleire vaksne amatørar frå Ulvik deltok i programmet med opplesing og song. I år som tidlegare var det Arne Skjerven som engasjerte dei unge songarane som kjem frå 9. og 10. klasse. Innstillinga til kultur kan vera blanda mellom ungdomar. I nokre klassar er ikkje song og dikt noko som engasjerar særleg mykje, medan i andre klassar deltek elevane med stor iver i programmet. -Kvifor var de i 9. klasse med og song under poesifestivalen? 11 - Det var Arne Skjerven som spurde oss i fjor, fortel Sara. Vi lærte songen i 5. klasse av Heine Tjoflot. - Korleis var det å syngja for så mange? - Kjekt, men vi var nervøse. Vi likte å opptre i lag med vaksne, sjølv om programmet då ble veldig langt. Mykje av det vi hørte var interessant, tykkjer eg. Det var ein tone til diktet Piggsvinet som vart sunge av Maria, Vilde og Sara, medan Stina song ein folketone med tekst frå diktet Seljefløyta. Ena- Malika i 10. klasse song same diktet tonesett av Geir Tveit. - Var det vanskeleg å lære seg folketonen, Stina? - Eg fekk ein CD, og øvde inne songen gjennom å lytta. Etterpå hadde eg òg øvingar med Geir Botnen. Det skal mykje øving til for at eit program skal verta så bra. Det er kjekt at unge vil nytta både tid og krefter for å formidla lokal kultur.

12 BOGESKYTING Bogeskyting er ein gamal tradisjon. Pil og boge har vorte brukt til sport og jakt og i krig. 5. klasse fekk prøva å skyta med pil og boge ein dag. Aun Egil og Gry var med oss, og me heldt til på Snikkarverkstaden. Aun Egil fortalde kva tryggleiksreglar som gjaldt før me fekk prøva. Det var to typar bogar, ein langboge og ein litt meir proff med sikte. Alle ville prøva, og me fekk bruka Katharina og Jardar sine bogar. Katharina sin var rosa og lilla. Me fekk skyta tre piler kvar gong. Det var tungt å dra opp pila, og me måtte få hjelp av dei vaksne første gongen. Me prøvde å treffa ein rev, ein hjort eller ein blink, men reven og hjorten var ikkje ekte. Det var ikkje lett å treffa, men det var veldig kjekt! Takk til Gry og Aun Egil som var med oss. Øverst: her får Solfrid hjelp til å sikta. Under: Aun Egil gir kyndig instruksjon til bogeskyttar Anders. To barske gutar frå 6. klasse i masta saman med ei jente frå mannskapet. Shantitur med Mathilde Onsdag 10. oktober mønstra 6. klasse på Mathilde. Denne gongen berre for ein dag, og med song på programmet. Klassen fekk innsyn i gamle shantis, og lærde litt om tradisjonar frå den gamle seglskutetida. Elevane opplevde møtet med båt og program som eit friskt innslag i skulekvardagen. Kontaktlærar Anne Hjelmevoll var med på turen som gjekk utover til Brimnes og innover mot Eidfjord. Tilbodet er organisert gjennom Den kulturelle skulesekken, og er retta inn mot elevar på mellomsteget. Seilskuta Mathilde ved kai på Brakanes. Elevane i 6. klasse er klar til tokt på Mathilde saman med kontaktlærar Anne Hjelmevoll. 12

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba. LEDDSETNINGAR 1 Gjer setningane om til forteljande leddsetningar. Carmen er kona hans. Luisa går på skule i byen. Leo er tolv år. Ålesund er ein fin by. Huset er raudt. Det snør i dag. Bilen er ny. Arne

Detaljer

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Alle borna i 1 klasse byrjar å bli trygge i sine nye omgivelser.

Detaljer

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. HEILSETNINGAR 2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. Vi reiser til Cuba. Carmen les ei bok. Arne lagar middag. Luisa er på skulen. Det snør. I

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK Minnebok NYNORSK 1 Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. Når vi er triste,

Detaljer

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Månadsbrev for ROSA mars 2015 Månadsbrev for ROSA mars 2015 Oppsummering/ evaluering av mars Mars har vore ein lunefull månad med tanke på veret, men vi gledar oss over mange fine dagar med sol og vårleg varme. Har vore mykje ute og

Detaljer

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue

Detaljer

6. trinn. Veke 24 Navn:

6. trinn. Veke 24 Navn: 6. trinn Veke 24 Navn: Takk for ei fantastisk fin førestilling i går! Det var veldig kjekt å sjå dykk, både på formiddagen og på ettermiddagen. Eg vart veldig stolt! No må vi få rydda opp og pakka litt

Detaljer

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid Matteus: Tid: Tidleg på 60-talet e.kr. Forfattar: Apostelen Matteus. Adressat: Jødar. Markus: Tid: En gang på 60- talet e.kr. Forfattar: Johannes Markus Adressat: Romarar

Detaljer

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid) Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte

Detaljer

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Oppsummering/ evaluering av mars/april Mål og innhald april I mars har me hatt fokus på språk. Me har hatt språksamlingar saman med Rosa kvar veke, der har me sett på

Detaljer

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7 Den gode gjetaren Lukas 15:1-7 Bakgrunn I denne forteljinga formidlar du noko om kva ei likning er. Difor er delen om gullboksen relativt lang. Det å snakke om dei ulike filtstykka som ligg i boksen, er

Detaljer

Psykologisk førstehjelp i skulen

Psykologisk førstehjelp i skulen Psykologisk førstehjelp i skulen Fagnettverk for psykisk helse Sogndal 21. mars 2014 Solrun Samnøy, prosjekt leiar Psykologisk førstehjelp Sjølvhjelpsmateriell laga av Solfrid Raknes Barneversjon og ungdomsversjon

Detaljer

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Teknikk og konsentrasjon viktigast Teknikk og konsentrasjon viktigast Karoline Helgesen frå Bodø er bare 13 år, men hevdar seg likevel godt i bowling der teknikk og konsentrasjon er viktigare enn rein styrke. Ho var ein av dei yngste finalistane

Detaljer

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Joakim Hunnes. Bøen. noveller Joakim Hunnes Bøen noveller Preludium Alt er slik det plar vere, kvifor skulle noko vere annleis. Eg sit ved kjøkenvindauget og ser ut. Det snør, det har snødd i dagevis, eg har allereie vore ute og moka.

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv. Særemne 3-100 år med stemmerett I 2013 er det hundre år sidan alle fekk stemmerett i Noreg. På Norsk Folkemuseum arbeider vi i desse dagar med ei utstilling som skal opne i høve jubileet. I 2010 sendte

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage Seljord kommune Adresse: Flatdalsvegen 1139, 3841 Flatdal Telefon: 350 51365 E-post: heddeli.barnehage@seljord.kommune.no Styrar: Kristin Gaarder Opningstid: Måndag

Detaljer

Månadsbrev for Rosa september 2014

Månadsbrev for Rosa september 2014 Månadsbrev for Rosa september 2014 Oppsummering/ evaluering av september Språkutvikling Omsorg Ser at borna no stort sett er trygge både på rutinane, dei andre barna og dei vaksne på avdelinga. Dette fører

Detaljer

Page 1 of 7 Forside Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivast på skolen. Det er frivillig å svare på undersøkinga,

Detaljer

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A Skriftlig eksamen i Matematikk 1, 4MX15-10E1 A 15 studiepoeng ORDINÆR EKSAMEN 19. desember 2011. BOKMÅL Sensur faller innen onsdag 11. januar 2012. Resultatet blir tilgjengelig på studentweb første virkedag

Detaljer

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 1 SETNINGSLEDD Verbal (V) Eit verbal fortel kva som skjer i ei setning. Verbalet er alltid laga

Detaljer

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet Samtaleguide om lesing Innleiing Samtaleguiden er meint som ei støtte for opne samtalar mellom lærar, elev og foreldre. Merksemda blir retta mot lesevanar, lesaridentitet

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve Nynorsk Lundefuglnettene av ruce McMillan Kvart år får den islandske øya Heimaøy besøk av svartkvite fuglar med oransjefarga nebb som kjem for

Detaljer

«Ny Giv» med gjetarhund

«Ny Giv» med gjetarhund «Ny Giv» med gjetarhund Gjetarhundnemda har frå prosjektleiinga i «NY GIV I SAUEHOLDET» som HSG står bak, fått ansvar for prosjektet «KORLEIS STARTA MED GJETARHUND FOR FØRSTE GANG». Prosjektet går ut på

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Birger og bestefar På bytur til Stavanger Birger og bestefar På bytur til Stavanger Små skodespel laga for mellomtrinnet Forfattarar: Ola Skiftun og Sigrun Fister Omarbeidd til skodespel av Stavanger Sjøfartsmuseum Denne dagen var heilt spesiell,

Detaljer

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt

Detaljer

Månadsplan for Hare November

Månadsplan for Hare November Månadsplan for Hare November tlf: 51 78 60 20 VEKE MÅNDAG TYSDAG ONSDAG TORSDAG FREDAG 45 Barn, kropp og berøring 2. 3. 4. 5. 6. «barn, kropp og berøring» 46 Barn, kropp og berøring 9. 10. 11. 12. Åsmund

Detaljer

Informasjon til elevane

Informasjon til elevane Informasjon til elevane Skulen din er vald ut til å vere med i undersøkinga RESPEKT. Elevar ved fleire skular deltek i undersøkinga, som vert gjennomført av Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger.

Detaljer

Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse

Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse Namn: Klasse: 1. Gjennomgang av skjemaet «Førebuing til elev- og foreldresamtale» 2. Gjennomgang av samtaleskjemaet 3. Gjennomgang av IUP og skriving av avtale

Detaljer

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Månadsbrev for Rosa oktober 2014 Månadsbrev for Rosa oktober 2014 Oppsummering/ evaluering av september Språkutvikling Leik Då har også oktober passert, og vi merkar at hausten har kome for alvor. Uteaktiviteter har framleis hatt stor

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE Alle vaksne i Lyefjell barnehage arbeider for at det enkelte barn opplever at: Du er aktiv og tydelig for meg Du veit at leik og venner er viktige for

Detaljer

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går i.

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2 Nynorsk Opp-ned musene av Roald ahl et var ein gong ein gamal mann på 87 år som heitte Laban. I heile sitt liv hadde han vore ein stille og roleg person.

Detaljer

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016 ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016 Fag: Norsk Klassetrinn: 2. Lærar: Linn Merethe Myrtveit Veke Kompetansemål Tema Læringsmål Vurderings- kriterier Forslag til Heile haust en Fortelje samanhengande om opplevingar

Detaljer

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. PREPOSISJONAR 1 Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. Luisa går på skule i Ålesund. Skulen ligg midt i byen. Klasserommet ligg i tredje etasje

Detaljer

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking Bjørn og Rovdyr Innhold Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders rjeundersøking For eller imot bjørn i Jostedalen? Intervju med nokre ikkje-bønder i dalen Intervju med nokre bønder i dalen

Detaljer

Nynorsk Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo Hovudtest Elevspørjeskjema 8. klasse Rettleiing I dette heftet vil du finne spørsmål om deg sjølv. Nokre spørsmål dreier seg

Detaljer

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol Månen som ville lyse som ei sol (2012) av Elin Grimstad - og bruk av læringsvenn på 1. trinn PRESENTASJON AV BOKA: Kvifor er eg ikkje meir som sola?

Detaljer

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Kvifor kan ikkje alle krølle tunga Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Innhaldsliste: Framside med problemstilling Hypoteser Plan Spørjeskjema Arbeid med prosjektet Kjønn Trening Alder

Detaljer

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist Telenor Xtra Hødd Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Telenor Xtra FFO er eit samarbeid mellom Telenor og Norges Fotballforbund. Tilbodet gjeld

Detaljer

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd. Månadsbrev frå oktober, Grøn avd. Oppsummering/ evaluering av oktober Oktobermånad starta me med eit lite epleprosjekt. Inndelt i grupper, fekk alle barna vere med på tur for å hauste eple og plommer.

Detaljer

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule SFO HAFSLO - INFORMASJON SFO er eit friviljug omsorgs- og fritidstilbod før og etter skuletid for borna på 1. 4. steg. Sentralt i tilbodet er omsorg, tryggleik,

Detaljer

Nasjonale prøver 2005. Matematikk 7. trinn

Nasjonale prøver 2005. Matematikk 7. trinn Nasjonale prøver 2005 Matematikk 7. trinn Skolenr.... Elevnr.... Gut Jente Nynorsk 9. februar 2005 TIL ELEVEN Slik svarer du på matematikkoppgåvene I dette heftet finn du nokre oppgåver i matematikk. Dei

Detaljer

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om : Denne månaden har me blant anna arbeid med «Barn hjelper barn» som ei førebuing til haustfesten vår 3. november, der inntektene vil gå til SOS-barnebyer Bergen. Barna har mellom anna laga epletrykk og

Detaljer

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015 Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015 I denne rapporten vil eg ta føre meg dei 7 fagområda i rammeplanen. Eg vil skrive litt om kva rammeplanen seier og deretter gjere greie for korleis me har arbeida

Detaljer

MEDLEMSINFO. august 2009

MEDLEMSINFO. august 2009 MEDLEMSINFO august 2009 No er ferien over! Sidan siste medlemsinfo har vi slett ikkje hatt ferie. Denne sommaren har vore veldig aktiv. Tusen takk til alle dokke som har stått på i sommar!! Det har vore

Detaljer

OK, seier Hilde og låser.

OK, seier Hilde og låser. 4 Tor Arne, Mie og Markus skal i symjehallen medan Hilde og eg er på kunstutstillinga. Hilde stressar med å sjå etter at dei har fått alt med seg. Eg står og ventar. Eg merkar eg er utolmodig, eg kan ikkje

Detaljer

Gluggen. Nr. 1 2010 Skule- og bygdeavis for Ulvik 37. årgang. Gluggen tek i bruk nye medier. Vintaren på Brakanes Skule

Gluggen. Nr. 1 2010 Skule- og bygdeavis for Ulvik 37. årgang. Gluggen tek i bruk nye medier. Vintaren på Brakanes Skule Nr. 3-2006 Skule- og bygdeavis for Ulvik 33. årgang Gluggen Nr. 1 2010 Skule- og bygdeavis for Ulvik 37. årgang Gluggen tek i bruk nye medier Nye tider og nye måtar å gjera ting på opplev me alle at me

Detaljer

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer: Velkomen til Dette heftet tilhøyrer: 1. samling: Kva er Bibelen? Skapinga. Babels tårn Forskaroppgåve 1 På denne samlinga har vi snakka om Bibelen. Det er ei gammal bok som har betydd mykje for mange.

Detaljer

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg Rundt 1000 var samla på Gulatinget for å feire Grunnlova. Foto: Anne Hovland Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg Anne Hopland http://www.firda.no/nyhende/article7453154.ece Publisert 01.07.2014

Detaljer

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN. Nymannsbråtet barnehage MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN. Månadens tema; «Nysgjerrigper» - luft, brann. Månadens song; «Brannmann Sam». Fagområde; «Natur, miljø og teknikk». Veke Tysdag 01.09 Onsdag

Detaljer

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman Olaug Nilssen Få meg på, for faen Roman 2005 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2012 ISBN 978-82-521-8231-6 Om denne boka Ein humorstisk roman om trongen

Detaljer

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Mål: Elevane skal kjenne til utbreiinga av hallingmålet i nærmiljøet. Dei skal vita noko om korleis hallingmålet har utvikla seg

Detaljer

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Kvam herad Bruka e-post lesaren til Kvam herad Alle ansatte i Kvam herad har gratis e-post via heradet sine nettsider. LOGGE INN OG UT AV E-POSTLESAREN TIL

Detaljer

Jon Fosse. For seint. Libretto

Jon Fosse. For seint. Libretto Jon Fosse For seint Libretto Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med takk til Du Wei 2 Ei seng fremst, godt

Detaljer

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7 Bønn «Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet: «I ein by var det ein dommar som ikkje hadde ærefrykt for Gud og ikkje tok omsyn til noko menneske.i same byen var det

Detaljer

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås «VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås 1 Forord For å kunne styrkje kvaliteten i undervisninga og vurderinga, må vi vite kva god undervisning og vurdering er. God undervisning og vurdering

Detaljer

Februar 2015 Januar, månaden som gjekk Månaden som kjem

Februar 2015 Januar, månaden som gjekk Månaden som kjem Februar 2015 Januar, månaden som gjekk Denne månaden har me jobba med tema tog. Me har lagt opp til varierte erfaringar for læring. Dei store har lekt med det fine toget dei har laga av banan-øskjer. Det

Detaljer

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring Skjema for fokusområder bibliotekarvandring Eidskog på studietur til Spydeberg De kan lesa meir om dokumentasjon av vandringar her: http://bibliotekarvandring.wordpress.com/2013/10/07/dokumentasjon-av-vandringa/

Detaljer

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn Jobbskygging side 1 Jobbskygging Innhald Handverk, industri og primærnæring Omgrepa handverk, industri og primærnæring. Kva betyr omgrepa? Lokalt næringsliv etter 1945 Korleis har lokalt næringsliv utvikla

Detaljer

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg. JANUAR 2015! Ja, i går vart friluftsåret 2015 erklært for opna og me er alle ved godt mot og har store forhåpningar om eit aktivt år. Det gjeld å ha store tankar og arbeida medvite for å gjennomføra dei.

Detaljer

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Kva kompetanse treng bonden i 2014? Kva kompetanse treng bonden i 2014? Fagleiar Bjørn Gunnar Hansen TINE Rådgjeving Samtalar med 150 mjølkebønder dei siste 6 åra, frå Østfold til Nordland Kompetanse Kunnskap (Fagleg innsikt) Ferdigheiter

Detaljer

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013. Vårkonferanse Mandal 1

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013. Vårkonferanse Mandal 1 Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013 Vårkonferanse Mandal 1 Gaular, ein flott kommune i vakre Sogn og Fjordane. 30.04.2013 Vårkonferanse Mandal 2 Gaular, med dei tre ruteområda (2.923 innbyggjarar

Detaljer

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag 29.09.09

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag 29.09.09 3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag 29.09.09 Då ungdomsskulebussen stoppa i Straumøykrysset kom 3. og 4. klasse veltande ut av bussen, klar til ein ny dag på Straumøy Gard. Marta, Marie og Janna var

Detaljer

Rådgjevarkonferanse 2009

Rådgjevarkonferanse 2009 Rådgjevarkonferanse 2009 Vidaregåande opplæring Sogn og Fjordane fylkeskommune Opplæringsavdelinga Inntak og formidling Askedalen 2 6863 Leikanger Telefon 57 65 62 99 etter Vg2 Design og duodji Gravørfaget

Detaljer

ÅRSPLAN 2006 2007 SUNDE BARNEHAGE

ÅRSPLAN 2006 2007 SUNDE BARNEHAGE ÅRSPLAN 2006 2007 SUNDE BARNEHAGE SUNDE BARNEHAGE: Sunde barnehage ligg midt i Sunde sentrum, med Sunde skule som næraste nabo. Barnehagen og skulen med ca. 210 born og 40 tilsette utgjer Sunde oppvekstsenter.

Detaljer

IKT-kompetanse for øvingsskular

IKT-kompetanse for øvingsskular Notat / Svein Arnesen IKT-kompetanse for øvingsskular Spørjeundersøking ved Vartdal skule VOLDA Forfattar Ansvarleg utgjevar ISSN Sats Distribusjon Svein Arnesen Høgskulen i Volda -7 Svein Arnesen http://www.hivolda.no/fou

Detaljer

Vi lærer om respekt og likestilling

Vi lærer om respekt og likestilling Vi lærer om respekt og likestilling I Rammeplanen står det at barnehagen skal tilby alle barn eit rikt, variert, stimulerande og utfordrande læringsmiljø, uansett alder, kjønn, funksjonsnivå, sosial og

Detaljer

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage 2015-2016

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage 2015-2016 Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage 2015-2016 Kommunal barnehage i same eining som skulen. Vik skule og barnehage Opningstid: Kvar dag 06.45 17.00 Kjøp av tid: Dersom det er ledig plass og nok vaksne,

Detaljer

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord Kjære foreldre, føresette, søsken og vener! I 8 månader har de fått rapport etter rapport frå Nordfjordeleven dykkar. Om flotte fjelltoppar. Store bølgjer. Hav

Detaljer

Trudvang skule og fysisk aktivitet

Trudvang skule og fysisk aktivitet Trudvang skule og fysisk aktivitet Eit heilskapleg system for dagleg FysAk for alle i eit folkehelse- og pedagogisk perspektiv gjennomført av kompetent personale Bjarte Ramstad rektor Trudvang skule 1

Detaljer

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen. Spørjegransking Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule I samband med prosjektet Kvitebjørnen. Anne Grete, Kristin, Elisabet, Jørgen i 10.klasse ved Sunnylven skule 2012/13 1 2 Innhaldsliste

Detaljer

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min DET MØRKNAR SVEVNENS KJÆRLEIK JAMNE BØLGJER EIT FJELL I DAGEN eg står og ser på dei to hjortane og dei to hjortane står og ser på meg lenge står vi slik eg står urørleg hjortane står urørlege ikkje noko

Detaljer

Valdres vidaregåande skule

Valdres vidaregåande skule Valdres vidaregåande skule Organiseringa av skriftleg vurdering på vg3 Kvifor prosesskriving? Opplegg for skriveøkter Kvifor hjelpe ein medelev? Døme på elevtekst Kva er ei god framovermelding? KOR MYKJE

Detaljer

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015 Halvårsrapport raud gruppe haust 2015 Det har vore eit flott halvår på raud gruppe. I gruppa har me 13 born, 10 jenter og 3 gutar, ein pedagog og ein assistent. Me har hatt tre studentar denne hausten.

Detaljer

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN 2015 2016. Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN 2015 2016. Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN 2015 2016 Hovudområda i norsk er munnleg kommunikasjon, skriftleg kommunikasjon og språk, litteratur og kultur. Kvart av kompetansemåla er brotne ned i mindre einingar. Vi sett

Detaljer

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN Oppsummering/ evaluering av månaden Også denne månaden har me vore mykje ute. Prøver å komma oss ut to gonger i løpet av dagen om veret er nokon lunde ok. Det er mykje sykling

Detaljer

Velkommen til nytt barnehageår!

Velkommen til nytt barnehageår! Velkommen til nytt barnehageår! Då er nytt barnehageår godt i gang, og me vil ønskje alle velkommen tilbake etter sommaren. Eit ekstra velkommen også til dei nye barna og foreldra som nok no er over den

Detaljer

Forord Ein dag stod eg i stova til ein professor. Han drog fleire tjukke bøker ut av dei velfylte bokhyllene sine og viste meg svære avhandlingar; mange tettskrivne, innhaldsmetta, gjennomtenkte, djuptpløyande

Detaljer

Psykologisk førstehjelp i skulen

Psykologisk førstehjelp i skulen Psykologisk førstehjelp i skulen Sjumilsstegkonferansen Loen 12. mars 2014 Ved Solrun Samnøy, prosjektleiar Psykisk helse på timeplanen Fire skular i Sogn, i tre kommunar Aurland Vik Årdal (to skular)

Detaljer

Spørjegransking om leselyst og lesevanar ved Sunnylven ungdomskule I samband med prosjektet Kvitebjørnen

Spørjegransking om leselyst og lesevanar ved Sunnylven ungdomskule I samband med prosjektet Kvitebjørnen Spørjegransking om leselyst og lesevanar ved Sunnylven ungdomskule I samband med prosjektet Kvitebjørnen Anette, Jarl Vegard, Ola Tobias i 10.klasse ved Sunnylven skule 2012/13 1 2 Innhaldsliste 1. Innleiing

Detaljer

Kom skal vi klippe sauen

Kom skal vi klippe sauen Kom skal vi klippe sauen KOM SKAL VI KLIPPE SAUEN Kom skal vi klippe sauen i dag Klippe den bra, ja klippe den bra Så skal vi strikke strømper til far Surr, surr, surr, surr, surr. surr Rokken vår går,

Detaljer

Brødsbrytelsen - Nattverden

Brødsbrytelsen - Nattverden Brødsbrytelsen - Nattverden 1.Kor 11:17-34 17 Men når eg gjev dykk desse påboda, kan eg ikkje rosa at de kjem saman til skade, og ikkje til gagn. 18 For det fyrste høyrer eg at det er usemje mellom dykk

Detaljer

10 mest brukte navn ; jenter/kvinner. * betyr at flere skrivemåter er slått sammen

10 mest brukte navn ; jenter/kvinner. * betyr at flere skrivemåter er slått sammen 10 mest brukte navn 1880-2010; jenter/kvinner * betyr at flere skrivemåter er slått sammen 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 1880 Anna Marie Karen Ingeborg Inga Anne Marta* Karoline* Kristine* Johanne 1881 Anna Marie

Detaljer

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt Ser du det? Hvordan jobbe med trosopplæring og bibelfortellinger med hovedvekt på det visuelle. Vi lever i en mer og mer visuell tid, og dette bør få konsekvenser for hvordan kirken kommuniserer med og

Detaljer

Frå tre små til ein stor.

Frå tre små til ein stor. Frå tre små til ein stor. TO PARALLELLE PROSESSAR: SKULESAMANSLÅING OG PALS. PALS - kon nferansen 2010 FRÅ FLEIRE PERSPEKTIV Skuleeigar Leiinga ved skulen Tilsette og PALS-teamet sine erfaringar Tilbakemeldingar

Detaljer

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette? Norsk etnologisk gransking Desember 1955 Emne nr. 53 TRESKING II I 1. Kva tid på året var det dei til vanleg tok til å treskja? Var det visse ting dei i så måte tok omsyn til, t. d. om kjølden var komen?

Detaljer

Månedsbrev april 2015

Månedsbrev april 2015 Månedsbrev april 2015 MARS 2015 Mars har gitt oss nokon solfylte og varme dagar, der me har fått kjenne på våren. Spørsmålet om å gå med jakke og sko kom ganske fort. Uteleiken fekk eit vårpreg over seg,

Detaljer

Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk?

Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk? Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk? Innlevert av 6 & 7 ved Fister skule og barnehage (HJELMELAND, Rogaland) Årets nysgjerrigper 2012 Årets nysgjerrigper vart ein suksess på Fister skule. Hypotesene,

Detaljer

Plassebakken Barnehage BA

Plassebakken Barnehage BA Plassebakken Post AUSTIGARD Januar 2012 www.plassebakken.no Godt nyttår No har vi starta på eit nytt år, tenk dei er ferdige med det første halve året i barnehagen allereie! I desember har vi gjort fole

Detaljer

Frå novelle til teikneserie

Frå novelle til teikneserie Frå novelle til teikneserie Å arbeide umarkert med nynorsk som sidemål Undervisningsopplegget Mykje av inspirasjonen til arbeidet med novella, er henta frå i praksis: nynorsk sidemål i grunnskule 1 (2008).

Detaljer

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA NAMNET Av Jon Fosse Handlinga følger eit ungt par som dreg heim til hennar foreldre. Jenta er høggravid og dei manglar bustad. Det er eit drama om kor vanskeleg det er å forstå kvarandre og om lengselen

Detaljer

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009 ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2008/2009 Innleiing Årsmøtet for 2007/08 vart avvikla i grendahuset 20.03.08. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.

Detaljer

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1 Rolf Lystad 12.05.14 Oklavegen 4 6155 Ørsta Utdanningsavdelinga v/ståle Solgard Møre og Romsdal fylkeskommune Fylkeshuset, Julsundvegen 9 6404 Molde Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen

Detaljer

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst Målet med reportasjen er å setje fokus på praktiske løysingar for oppstalling av frisk kalv, god avdrått og avkastning med mjølkeproduksjon

Detaljer

mmm...med SMAK på timeplanen

mmm...med SMAK på timeplanen mmm...med SMAK på timeplanen Eit undervisningsopplegg for 6. trinn utvikla av Opplysningskontora i landbruket i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet. Smakssansen Grunnsmakane Forsøk 1 Forsøk 2

Detaljer

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Tilstade: Personalet, foreldre og Nina Helle. Kva er BTI: Stord kommune er ein av 8 kommunar som deltek i eit prosjekt som skal utarbeide ein modell

Detaljer

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk Reglar for poenggjeving på oppgåvene (sjå konkurransereglane) : Rett svar gir 5 poeng. Galt svar gir 0 poeng Blank gir 1 poeng. NB: På oppgåvene 2 og 5 får ein 5 poeng for 2 rette svar. Eitt rett svar

Detaljer