Sivert N. Nesbø. Skårgangar

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Sivert N. Nesbø. Skårgangar"

Transkript

1

2 Sivert N. Nesbø Skårgangar

3 These fragments I have shored against my ruins T.S. Eliot

4 Johannes

5 Det hadde begynt å blåne allereie då eg kom inn ifrå marka, og i løpet av ein halvtime var lyset svunne såpass at sjøen ikkje lenger spegla anna enn mørke. Eg skauv den eine døra inntil, men lét den andre stå open, og gjekk nokre steg ned på låvebrua. Ei flaggermus virvla rundt mønespissen før ho forsvann ned på baksida av taket, det var berre så vidt eg kunne skimte flikane av vengene mot himmelen der ho fortsette bortover mot skogen. Eg stilte meg nede på brua og såg innetter vegen. Det var nesten heilt skymt no, og dei tunge skyene som låg over Rognen gjekk nær i eitt med berget. Når det lysna kom skodda til å henge att i lette flak på øyene ute i havet, og strimast inn i himmelen etter som sola steig. Men det kom ikkje til å dryge lenge no i kveld før regnet tok til å falle. Pappa var enno ikkje kommen inn att frå marka, og eg forstod ikkje kva som tok slik tid. Eg lytta inn i mørket og venta kvart augeblikk å høyre lyden av stega hans som nærma seg. Vegen skar seg snorrett fram før den smalna av innimellom trea, og på den eine sida fall reisvollen bratt mot bakkane. Eg gjekk inn på låven og vrei om lysbrytaren, før eg ombestemte meg og vrei han tilbake. Den sterke graslukta gjorde lufta tett og tjukk. Gjennom golvet kunne eg høyre vêrane nede i fjøset, dei trippa

6 lågt, men uroleg på plankane. Innimellom høyrde eg ein som reiste seg eller la seg ned, og eg såg dei for meg der dei kvilte på golvet, eller stod borte med saltsteinen og sleikte. Det burde ikkje gå for lenge før vi fekk fôra no, det var allereie seint nok. Eg gjekk ut att og eit lite stykke bortetter vegen. Enno kunne eg ikkje høyre noko til pappa. Då han sende meg inn, stod han nesten nede i fjæresteinane med slåmaskina, og då han vinka med handa forstod eg det slik at han berre skulle gjere seg ferdig med siste renda, og så ville han komme etter. Før eg var oppe i svingen høyrde eg at motoren stilna, og eg snudde meg og såg ned mot han. Han stod heilt i ro, med ansiktet vendt utover mot sjøen, og lente seg med den eine sida mot slåmaskina. Like bortanfor han, inne i lauvskogen, låg den flate gravhaugen med utsyn mot havet. Medan eg stod i mørket nedanfor låven begynte eg å tenkje på det lilla lyset pappa fortalde at bestefar hadde sett over haugen ein gong. Det hadde visst sveva i nattestilla som ein flamme, liksom roleg bølgjande over steinane. Han hadde ikkje hatt mot til å våge seg nærare frå der han stod, men slik han fortalde det hadde han stått og sett ei lang stund, og lyset hadde ikkje veke. Var det slikt som oppheldt pappa ute på bøen no? Det var visst mange i slekta som hadde sett dette lyset, nokre til og med fleire gonger, men eg trudde ikkje pappa hadde gjort det. Då han nemnde det for meg første gongen hadde han ikkje lagt den vanlege tyngda på orda, slik han pleidde å gjere når han snakka om liknande ting. Det var som om det på lag var noko ein kunne forvente å få oppleve i løpet av livet, anten ein ville det eller ikkje, og meir vart det ikkje

7 sagt. Brått høyrde eg ein ujamn, klirrande lyd som skar seg gjennom kvelden. Det var pappa som hadde starta opp att slåmaskina, og eg kunne høyre at han var begynt å gå utover, for lyden vart raskt svakare. Eg tok til å småspringe langs vegen. Skulle han fortsetje å slå no? Bakkane svartna bratt av til dei gjekk nesten i eitt med fjorden, og det var ikkje lenger mogleg å skile skydekket frå fjellet på den andre sida. Eg sprang inn mellom granene. Lyden kom nærare, han måtte ha snudd og var på veg tilbake. Kor mykje hadde han att? Eg kom til å tenkje på sauene som stod på fjøset. Hadde han heilt gløymt at vi måtte fôre? Eg stoppa ved grinda, og la handa på strengen. Ein kjølig trekk drog over ansiktet mitt, eg tenkte på den urolege kloppinga over plankane, auga som søkte. Slåmaskina klirra, jamnare no, ein stad ute i mørket. Eg heldt handa fast rundt strengen og såg rett framfor meg, på vegen der den svinga av mot markene. Men eg trakk ikkje grinda til meg. I staden snudde eg, og begynte å gå tilbake den vegen eg var kommen. Nei, faen, tenkte eg, og gjekk med raske skritt tilbake til låven, og ned ganghellene mot fjøset. Dette får du klare sjølv, dersom det er slik du vil ha det. Eg gjekk inn, og vrei om lysbrytaren. «Står de her aleine,» sa eg høgt, og trakka inn på plankane. Sauene trippa ivrig, og gnei hovuda mot spildrene i gjerdet. Eg fann posen med brød som hang ved døra og strødde ein neve bortetter krybba. Dei pressa hovuda fram mellom spildrene og sleikte brødsmulane i seg. «Er de så svoltne,» sa eg, «og ikkje eingong

8 dameselskap har de.» Eg strødde ut litt meir brød før eg hengte frå meg posen, og tok til å klive opp stigen til låven. Sauene trippa, og eg høyrde at dei nærast bora snutane ned i krybba. Eg skauv luka til sides og drog meg opp i rommet ovanfor. Døra stod framleis open ut mot den kjølige kvelden. Eg kunne høyre at regndropane hadde begynt å falle lågt, dei tikka spreidd mot bølgjeblekken over hovudet mitt. Eg fann fram høygaffelen og begynte å skyfle høy ned gjennom hôlet. Det tok snart til å regne hardare. No får du ein god skur, tenkte eg. Men du har sjølv valt å stå i han. Eg fortsette å skyfle høy ned i fjøset. Då eg var nøgd, kleiv eg tilbake ned stigen, og la luka på plass over hovudet. Så bar eg høyet bort til dei tre vêrane, og spreidde det ut i krybba. Dei åt grådig. «Får de ikkje nok mat,» sa eg lågt. «Sjå her, no skal de berre ete.» Eg fann fram att brødposen, og strødde restane utover, før eg stakk den tomme posen i lomma på jakka. Så lente eg meg mot døra og såg på at dei åt. Eg høyrde korleis det sildra frå takskjegget no, og ned på hellene utanfor. «Det er klart de skal ete,» sa eg. «Det er klart, det, ein kan då ikkje gå her og svelte.» Sauene togg utan å sjå på meg. Eg gjekk bort til planken og senka han ned, slik at hovuda deira fastna. Det såg ikkje ut til at dei brydde seg. Så fann eg fram kosten, og tok til å rydde i gardane bak dei. Då eg var ferdig, var høyet nesten borte. Den eine vêren åt litt seinare enn dei andre, og eg merka at dei to første drog seg og helst ville bort til høyet hans, så eg lét planken vere nede ei stund til. «Kvar skal få sitt,» sa eg lågt, og freista å stryke dei

9 over nakken. «De har vel ikkje vet nok til å stoppe når de bør heller, de.» Då det var tomt i krybba heva eg planken, og sauene trakk hovuda til seg. «Så no,» sa eg, og lente meg over gjerdet. Sauene gjekk trassige og sterke rundt i kvar sin bås. «Så no,» sa eg igjen, så stilt eg kunne. Den eine vêren stiltra seg unna handa mi, stilte det gule hovudet på skrå mot gjerdet og drog det inntil. «Så no. No er det kvelden,» sa eg, og trakk meg mot døra. Så drog eg opp kragen på jakka og vrei om lysbrytaren før eg gjekk ut i regnet. Då pappa kom inn seinare på kvelden var han våt til skinnet, og det svarte håret hans låg klistra til skallen. Eg høyrde korleis det saug då han trakk av seg kleda, og dampen stod av ryggen hans då han gjekk gjennom gangen på veg mot badet. Etterpå kom han inn til oss i stova og sette seg. «Eg såg du hadde vore inne til sauene,» sa han lågt då han seig ned i stolen. «Ja,» sa eg, «eg måtte jo det når du ikkje kom.» «Du måtte no det, ja,» sa han berre. Han skauv stolen sin litt nærare peisen og la innpå ein ny kubbe. Han strekte handflatene ut mot flammen og sprikte fingrane i ei vifte. Så knytte han hendene sakte og opna dei att. Eg stira på dei grove og beinete fingrane. Han stilna og sat heilt roleg, med armane rett framfor seg, og ryggen bøygd mager og knoklete som ein barkfri kjepp. «Og i morgon må vi til å rake,» sa han, og snudde seg mot meg. «Men så er vi ferdige.» Han såg brått så tolsam og mild ut. Det svarte håret hang framleis i fuktige tjafsar på kvar side av hovudet, og skinet frå elden la augehola

10 på eine sida i skugge. «Vi skal berre rake og køyre det inn no,» sa han. Eg såg ut glaset, det var heilt svart utanfor. Lyset frå lampene som spegla seg vart brote i dei mange strimene frå regnet. «Det gjer seg til i morgon,» sa han raskt, som om han såg kva eg tenkte. «Men det hadde ikkje vore mogleg å slå det då.» Eg nikka. Han heva augebryna og trakk pusten djupt før han lét bryna falle. Mamma reiste seg frå det ho heldt på med og gjekk inn på kjøkkenet. «Ein får jobbe medan ein kan,» sa han. Han lente seg bak mot ryggstøet og lét den eine foten ligge korsa over den andre. Eg såg at Ingvild gjekk forbi ute på tunet. Ho krøkte den tynne kroppen saman under regnfrakken ho hadde lagt over hovudet og skutta seg mot regnet. Snart gjekk det i kjøkkendøra, og eg høyrde at ho skufla støvlane av seg på gåtta og gjekk inn. «Har Agnete lagt seg allereie,» spurde pappa. Eg nikka. «Ho la seg for litt sidan,» sa eg. «Ho har vore reiseklar sidan før vi begynte å snakke om håonna.» Eg freista å smile. Han tagde ei stund, så sa han: «Det skal bli tomt her til hausten.» Han smilte forsiktig til meg. «Men vi skal no greie oss, vi, viss vi berre kan halde kvarandre frå livet.» Han heldt framleis armane framfor seg, men olbogane hadde sege ned på knea, og han lét dei kvile der, med handflatene vendt mot golvet og fingrane sprikande mot elden. Mamma kom til syne i døropninga og vart ståande på gåtta. «Eg har sett fram litt kvelds til deg,» sa ho til pappa. «Vi andre har ete allereie.»

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND DEL 1 1 Så lenge ingen såg meg, fekk eg vera i fred. Mamma likte ikkje at eg forstyrra når ho hadde besøk. Ho hysja og bad meg stikka av. Av og til kom det folk eg

Detaljer

Sivert N. Nesbø. Som eit barn

Sivert N. Nesbø. Som eit barn Sivert N. Nesbø Som eit barn Til Ida Det blir kveld, og himmelen har letna. Eg går ut i den klåre angen og ser vatnet mørkne mot himmelen medan ei stille legg seg over oss. Du står på tunet når eg kjem,

Detaljer

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing Jon Fosse Olavs draumar Forteljing Det Norske Samlaget 2012 www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2012 ISBN 978-82-521-8123-4 Om denne boka Alida og Asle kom i Andvake til

Detaljer

Det Norske Samlaget Omslag: Magnus Osnes. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN

Det Norske Samlaget Omslag: Magnus Osnes. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN Det Norske Samlaget 2015 www.samlaget.no Omslag: Magnus Osnes Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN 978-82-521-8839-4 Fire av dikta i denne boka var representert i Galleri Volt,

Detaljer

Dø D e n i D ø r a. leseserie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet. Karin Kinge Lindboe Illustrert av Sissel Horndal

Dø D e n i D ø r a. leseserie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet. Karin Kinge Lindboe Illustrert av Sissel Horndal Karin Kinge Lindboe Illustrert av Sissel Horndal leseserie Nynorsk Dø D e n i D ø r a Norsk for barnetrinnet 15800_Dodenidora_NN.indd 1 05-12-07 08:17:16 Fuglen hans er død. Kim spring over markene og

Detaljer

Zulu folktale Wiehan de Jager Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 4

Zulu folktale Wiehan de Jager Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 4 Honningguidens hemn Zulu folktale Wiehan de Jager Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 4 Dette er historia om Ngede, honningguiden, og ein grådig ung mann ved namn Gingile. Ein

Detaljer

Lindiwe Matshikiza Meghan Judge Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 3

Lindiwe Matshikiza Meghan Judge Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 3 Eselbarnet Lindiwe Matshikiza Meghan Judge Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 3 Det var ei lita jente som først såg den mystiske skikkelsen i det fjerne. 2 Etter kvart som skikkelsen

Detaljer

Alt det lyse og alt det mørke

Alt det lyse og alt det mørke Brynjulf Jung Tjønn Alt det lyse og alt det mørke roman Til Helle, Olav, Ingeborg og Marie Fars fingrar kunne likne krokete greiner, og dei klumpete blodårene på oversida av handa likna snirklete røter.

Detaljer

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA NAMNET Av Jon Fosse Handlinga følger eit ungt par som dreg heim til hennar foreldre. Jenta er høggravid og dei manglar bustad. Det er eit drama om kor vanskeleg det er å forstå kvarandre og om lengselen

Detaljer

NOR Nordisk barne- og ungdomslitteratur

NOR Nordisk barne- og ungdomslitteratur UNIVERSITETET I OSLO DET HUMANISTISKE FAKULTET ------------- Eksamen i NOR1302 - Nordisk barne- og ungdomslitteratur Høst/haust 2016 Tid: Onsdag 7. desember kl. 09:00 (4 timer). Sted: Seminarrom 3, 4 og

Detaljer

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012 Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012 Straumen går Vatnet kom som regn frå skyene det kom inn frå havet i tunge mørke skyer dei drog seg lågt inn over kysten og lét dropane falle det

Detaljer

det skulle vere sol, vi skulle reise til Łódź

det skulle vere sol, vi skulle reise til Łódź marit kaldhol det skulle vere sol, vi skulle reise til Łódź roman Oslo 2014 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2014 ISBN 978-82-521-8437-2 Om boka

Detaljer

Bestefars klokke. Bestefars klokke tikkar i rommet snart vil ho slå ein time er omme

Bestefars klokke. Bestefars klokke tikkar i rommet snart vil ho slå ein time er omme Den største kjempa Ut over fjorden, ut mot havet der vest stima ei skute langs ein vestlandsfjord rak i ryggen, med eit fast grep om roret sette ei kjempe sjøbein der om bord Der stormar kasta saltråka

Detaljer

Rukia Nantale Benjamin Mitchley Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5

Rukia Nantale Benjamin Mitchley Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5 Simbegwire Rukia Nantale Benjamin Mitchley Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5 Då Simbegwire si mor døydde, vart ho veldig lei seg. Simbegwire sin far gjorde sitt beste for

Detaljer

Nokon kjem til å komme (utdrag)

Nokon kjem til å komme (utdrag) Jon Fosse (f. 1959) Nokon kjem til å komme (utdrag) I Nokon kjem til å komme av Jon Fosse møter vi et par som nettopp har kjøpt seg et hus på en bortgjemt plass. De flytter dit for å få tid alene sammen,

Detaljer

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min DET MØRKNAR SVEVNENS KJÆRLEIK JAMNE BØLGJER EIT FJELL I DAGEN eg står og ser på dei to hjortane og dei to hjortane står og ser på meg lenge står vi slik eg står urørleg hjortane står urørlege ikkje noko

Detaljer

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid Matteus: Tid: Tidleg på 60-talet e.kr. Forfattar: Apostelen Matteus. Adressat: Jødar. Markus: Tid: En gang på 60- talet e.kr. Forfattar: Johannes Markus Adressat: Romarar

Detaljer

Job 30,26 26 Difor vona eg på det gode, men det vonde kom, eg venta på lys, og det vart mørker.

Job 30,26 26 Difor vona eg på det gode, men det vonde kom, eg venta på lys, og det vart mørker. 1. Mos 1, 1-5 I opphavet skapte Gud himmelen og jorda. 2 Jorda var aud og tom, mørker låg over djupet, og Guds ande svevde over vatnet. 3 Då sa Gud: «Det skal bli lys!» Og det vart lys. 4 Gud såg at lyset

Detaljer

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk av Martine Grande Berte og Iver og månen Nynorsksenteret Berte Iver likar godt å leike med Berte, for ho finn på så mykje morosamt, og så er ho så modig. Det er kjekt å reise på oppdagingsferd i lag med

Detaljer

Ursula Nafula Catherine Groenewald Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 4

Ursula Nafula Catherine Groenewald Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 4 Bestemors bananar Ursula Nafula Catherine Groenewald Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 4 Kjøkkenhagen til bestemor var full av durra, hirse og maniok. Men best av alt var bananane.

Detaljer

OK, seier Hilde og låser.

OK, seier Hilde og låser. 4 Tor Arne, Mie og Markus skal i symjehallen medan Hilde og eg er på kunstutstillinga. Hilde stressar med å sjå etter at dei har fått alt med seg. Eg står og ventar. Eg merkar eg er utolmodig, eg kan ikkje

Detaljer

Magnhild Bruheim. Hyttemysteriet. Stian og Stine. Roman

Magnhild Bruheim. Hyttemysteriet. Stian og Stine. Roman Magnhild Bruheim Hyttemysteriet Stian og Stine Roman Oslo 2015 Det Norske Samlaget 2015 www.samlaget.no Omslag: Mystical Garden Design Førtrykk: Samlaget Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København

Detaljer

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt

Detaljer

Jan Roar Leikvoll. Fiolinane. Roman

Jan Roar Leikvoll. Fiolinane. Roman Jan Roar Leikvoll Fiolinane Roman Det Norske Samlaget 2012 www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2012 ISBN 978-82-521-8223-1 Om denne boka Jan Roar Leikvoll fekk stor merksemd

Detaljer

Brannsår, rus eller friheit?

Brannsår, rus eller friheit? Brannsår, rus eller friheit? Eg la hendene bak ryggen og kneip meg sjølv i armen. Eg hadde førebudd meg på dette. Førebudd meg for den vonde heksa. Ho sat der, i sofaen, rusa. Alt var gitt opp, og no var

Detaljer

Det Norske Samlaget Omslag: Mystical Garden Design. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2014

Det Norske Samlaget Omslag: Mystical Garden Design. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2014 Det Norske Samlaget 2014 www.samlaget.no Omslag: Mystical Garden Design Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2014 ISBN 978-82-521-8757-1 2. utgåva Om denne boka Motorsykkelmysteriet er

Detaljer

Det Norske Samlaget Omslag: Stian Hole. epub production: Specialtrykkeriet Viborg A/S ISBN

Det Norske Samlaget Omslag: Stian Hole. epub production: Specialtrykkeriet Viborg A/S ISBN Det Norske Samlaget 2016 www.samlaget.no Omslag: Stian Hole epub production: Specialtrykkeriet Viborg A/S ISBN 978-82-521-9310-7 Om denne boka Kjærasten til Reiner døyr og han sørgjer slik over henne at

Detaljer

Mangschou AS, Bergen 2017 Omslagsdesign: Charlotte Helgeland, c-illustrasjoner.no

Mangschou AS, Bergen 2017 Omslagsdesign: Charlotte Helgeland, c-illustrasjoner.no Mangschou AS, Bergen 2017 Omslagsdesign: Charlotte Helgeland, c-illustrasjoner.no Tilrettelagt for ebok av eboknorden as ISBN 978-82-8238-166-6 (epub) ISBN 978-82-8238-160-4 (trykk) www.mangschou.no Bente

Detaljer

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn Dans meg Lat meg sjå deg utan andlet, lat meg gå med deg i skogen utan klede. Vis meg dit du aldri før har vore, sei meg det du aldri før har tenkt. Våg meg utan sko og utan pust. Dans meg dit du vil Hudsong

Detaljer

Faren tok lykta og subba bort til døra, medan dei fem ungane blei ståande og følgje han skuffa med auga.

Faren tok lykta og subba bort til døra, medan dei fem ungane blei ståande og følgje han skuffa med auga. Me gir oss ikkje - Nei, sa eg! Aldri i livet. Her på garden har det aldri vore noko bikkje, og ikkje skal det bli nokon heller. Send den skitne, fæle kjøteren tilbake der de fann han, eg vil ikkje ha ein

Detaljer

Vibeke Tandberg. Tempelhof. Roman FORLAGET OKTOBER 2014

Vibeke Tandberg. Tempelhof. Roman FORLAGET OKTOBER 2014 Vibeke Tandberg Tempelhof Roman FORLAGET OKTOBER 2014 Jeg ligger på ryggen i gresset. Det er sol. Jeg ligger under et tre. Jeg kjenner gresset mot armene og kinnene og jeg kjenner enkelte gresstrå mot

Detaljer

Trude Teige. Havet syng. Roman

Trude Teige. Havet syng. Roman Trude Teige Havet syng Roman Om forfatteren: Trude Teige (f. 1960) har jobbet som politisk reporter, nyhetsanker og programleder i TV2. I 2002 debuterte hun med Havet syng, oppfølgeren Lene seg mot vinden

Detaljer

Det Norske Samlaget Omslag: Egil Haraldsen og. Ellen Lindeberg exil design

Det Norske Samlaget Omslag: Egil Haraldsen og. Ellen Lindeberg exil design Det Norske Samlaget 2015 www.samlaget.no Omslag: Egil Haraldsen og Ellen Lindeberg exil design Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN 978-82-521-8733-5 I novella «Att döda ett barn,

Detaljer

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER AV ALF KJETIL WALGERMO Mitt bankande hjarte. Ungdomsroman. Cappelen Damm, 2011 Mor og far i himmelen. Illustrert barnebok. Cappelen Damm, 2009 Keegan og sjiraffen. Illustrert

Detaljer

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN KOPI TIL HEIMEN TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN Zippys venner er eit skuleprogram kor barna øver på å fungera godt saman og å forstå eigne kjensler. Dei får øve på korleis dei

Detaljer

Birger og bestefar på bytur til Stavanger

Birger og bestefar på bytur til Stavanger Birger og bestefar på bytur til Stavanger Denne dagen var heilt spesiell, for i dag skulle Birger få lov å bli med bestefar frå Hjelmeland der dei bur, til Stavanger, for å selja plommer på torget. Kvelden

Detaljer

FOLKEHELSEBLUES Dikt til plankonferansen i Hordaland berre himmelen fjella, lyset. først er det

FOLKEHELSEBLUES Dikt til plankonferansen i Hordaland berre himmelen fjella, lyset. først er det FOLKEHELSEBLUES Dikt til plankonferansen i Hordaland 26.10.16 først er det berre himmelen fjella, lyset først er det berre blått i blått grått i grått vått i vått først er det berre grøftegraset risleraslelauvet

Detaljer

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7 Den gode gjetaren Lukas 15:1-7 Bakgrunn I denne forteljinga formidlar du noko om kva ei likning er. Difor er delen om gullboksen relativt lang. Det å snakke om dei ulike filtstykka som ligg i boksen, er

Detaljer

Info til barn og unge

Info til barn og unge Rein Design Har du vore utsett for seksuelle overgrep, eller kjenner du nokon som har vore det? Det er godt å snakke med nokon du kan stole på, og du treng ikkje sei kven du er. Vi vil hjelpe deg. Kontakt

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2 Nynorsk Opp-ned musene av Roald ahl et var ein gong ein gamal mann på 87 år som heitte Laban. I heile sitt liv hadde han vore ein stille og roleg person.

Detaljer

misunnelig diskokuler innimellom

misunnelig diskokuler innimellom Kapittel 5 Trond og Trine hadde virkelig gjort en god jobb med å lage et stilig diskotek. De hadde fått tak i diskokuler til å ha i taket. Dansegulvet var passe stort med bord rundt hvor de kunne sitte

Detaljer

Trude Teige. Lene seg mot vinden. Roman

Trude Teige. Lene seg mot vinden. Roman Trude Teige Lene seg mot vinden Roman Om forfatteren: Trude Teige (f. 1960) har jobbet som politisk reporter, nyhetsanker og programleder i TV2. I 2002 debuterte hun med Havet syng, oppfølgeren Lene seg

Detaljer

Det Norske Samlaget Omslagsdesign: Torill Stranger / Blæst design. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015

Det Norske Samlaget Omslagsdesign: Torill Stranger / Blæst design. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 Det Norske Samlaget 2015 www.samlaget.no Omslagsdesign: Torill Stranger / Blæst design Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN 978-82-521-8760-1 Om denne boka Dagny har blitt storesøster,

Detaljer

Sigmund Løvåsen. Roman

Sigmund Løvåsen. Roman Sigmund Løvåsen Brakk Roman 2006 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2012 ISBN 978-82-521-8215-6 Om denne boka I Brakk møter vi igjen hovudpersonen

Detaljer

ARBEIDSPRØVEN Nynorsk ELEVHEFTE

ARBEIDSPRØVEN Nynorsk ELEVHEFTE ARBEIDSPRØVEN Nynorsk ELEVHEFTE LESEKORT 1 A D Å B O V N F G I P L Y Ø U M S T Æ R E H J K a d å b o v N f g i p l y ø U m s t æ r e h J k LESEKORT 2 sa Vi ål du ør våt dyr syl klo båt lys tak Hest føle

Detaljer

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne? Norsk etnologisk gransking Desember 1956 Emne 61 TURKESTOVA 1. Var det vanleg i Dykkar bygd å ha eit hus som dei kalla turkestova, tørrstugu, tørrstua, tørrstoga, trøstogo, tørrstugu, trystugu, trysty,

Detaljer

Bilde 1. Her er Marius, mammaen og pappaen hans. Dei sit heime og et frukost. Marius har ein bamse som heiter Sofus.

Bilde 1. Her er Marius, mammaen og pappaen hans. Dei sit heime og et frukost. Marius har ein bamse som heiter Sofus. 26. 5. 2010 Bilde 1 Her er Marius, mammaen og pappaen hans. Dei sit heime og et frukost. Marius har ein bamse som heiter Sofus. Sofus får vere med Marius nesten over alt Det er tidleg på dagen. Marius

Detaljer

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Joakim Hunnes. Bøen. noveller Joakim Hunnes Bøen noveller Preludium Alt er slik det plar vere, kvifor skulle noko vere annleis. Eg sit ved kjøkenvindauget og ser ut. Det snør, det har snødd i dagevis, eg har allereie vore ute og moka.

Detaljer

Kristina Ohlsson mennesker. Det var så typisk mormor å si slike ting. En gruppe mennesker. Ja, det kunne Simona også se. Men hvilke mennesker? Det vis

Kristina Ohlsson mennesker. Det var så typisk mormor å si slike ting. En gruppe mennesker. Ja, det kunne Simona også se. Men hvilke mennesker? Det vis Steinengler 1. Det begynte med statuene i hagen til mormor. De var fire stykker og så ut som en familie. To barn og to voksne. Laget av hard, grå stein. De sto i en liten ring med ryggen mot hverandre.

Detaljer

Her ser de det ferdige gardsteppet vårt. No heng det i kantina på StatoilHydro på Monstad.

Her ser de det ferdige gardsteppet vårt. No heng det i kantina på StatoilHydro på Monstad. Her ser de det ferdige gardsteppet vårt. No heng det i kantina på StatoilHydro på Monstad. Tur til Bruvoll Som start på temaet vårt «livet på garden» reiste vi med buss til Bruvoll camping. Her fekk vi

Detaljer

2016 Det Norske Samlaget

2016 Det Norske Samlaget 2016 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Omslag: Trine + Kim designstudio Skrift: Questa Epub-produksjon: Specialtrykkeriet Viborg A/S Isbn: 978-82-521-9388-6 Forfatta ren har mottatt støtte frå Det faglitterære

Detaljer

Det Norske Samlaget 2015 www.samlaget.no. Omslagsillustrasjon: Christian Fjeldbu Omslagsdesign: Laila Mjøs

Det Norske Samlaget 2015 www.samlaget.no. Omslagsillustrasjon: Christian Fjeldbu Omslagsdesign: Laila Mjøs Om denne boka kvar sommar reiser Ea og mora til campingplassen Frøppeldunk for å fiske, bade og ikkje minst treffe alle dei andre feriegjestane igjen. Men denne sommaren skjer det noko uventa: fargane

Detaljer

Arne Berggren Ute av tiden

Arne Berggren Ute av tiden Ute av tiden Arne Berggren 1 BILEN STANSET MIDT PÅ broen. Pappa sa ingenting, bare åpnet døren og gikk ut. Jeg ble sittende litt, jeg var midt i et spill, men jeg merket at det var noe, at han ville ha

Detaljer

Asbjørn Rydland. Oslo

Asbjørn Rydland. Oslo Asbjørn Rydland MØRKEMANAREN Oslo Det Norske Samlaget 2012 www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2013 ISBN 978-82-521-8439-6 2. utgåva Om denne boka Koll er tilbake i Kervad

Detaljer

Birger Emanuelsen. For riket er ditt. Fortellinger

Birger Emanuelsen. For riket er ditt. Fortellinger Birger Emanuelsen For riket er ditt Fortellinger Til Karoline I Kjenna på Tromøy gjemmer Nøkken seg. Jeg vet det, for jeg har sett ham. Han er vanskapt og heslig, men felespillet hans er vakkert. Og når

Detaljer

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim DETTE LURER VI PÅ I år begynte vi nysgjerrigper-prosjektet heilt utan å vita kva vi ville forske på. Vi begynte med og gå rundt i skulegarden og i klasserommet

Detaljer

Kim Hiorthøy Du kan ikke svikte din beste venn og bli god til å synge samtidig Tekster og Tegninger. Forlaget Oktober

Kim Hiorthøy Du kan ikke svikte din beste venn og bli god til å synge samtidig Tekster og Tegninger. Forlaget Oktober Kim Hiorthøy Du kan ikke svikte din beste venn og bli god til å synge samtidig Tekster og Tegninger Forlaget Oktober En morgen, rett etter frokost, ringte det på. Jeg gikk mot døren for å åpne, men så

Detaljer

Forord Ein dag stod eg i stova til ein professor. Han drog fleire tjukke bøker ut av dei velfylte bokhyllene sine og viste meg svære avhandlingar; mange tettskrivne, innhaldsmetta, gjennomtenkte, djuptpløyande

Detaljer

Magnhild Bruheim. Det som er sant. Roman. Oslo

Magnhild Bruheim. Det som er sant. Roman. Oslo Magnhild Bruheim Det som er sant Roman Oslo 2013 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2013 ISBN 978-82-521-8397-9 Om denne boka DET SOM ER SANT Solveig

Detaljer

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde Maria Parr Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde Illustrert av Bo Gaustad Det Norske Samlaget Oslo 2005 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av eboknorden 2013 ISBN 978-82-521-8583-6

Detaljer

Trude Teige. Noen vet. Krim

Trude Teige. Noen vet. Krim Trude Teige Noen vet Krim Trude Teige Havet syng, roman, 2002 Matminne frå mors kjøkken, kokebok, 2003 Lene seg mot vinden, roman, 2004 Havlandet Herøy, dokumentar, 2006 2009 H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard),

Detaljer

Kristina Ohlsson. Steinengler

Kristina Ohlsson. Steinengler Kristina Ohlsson Steinengler Om forfatteren: KRISTINA OHLSSON er en av Sveriges fremste barnebokforfattere og sammenlignes ofte med Maria Gripe. Steinengler er en frittstående fortsettelse av Glassbarna

Detaljer

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12 6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12 Jon Todal, professor dr.art., Sámi allaskuvla / Samisk høgskole, Guovdageaidnu Samandrag I Samiske tall forteller 4 gjekk vi nøye inn på dei ymse tala for språkval

Detaljer

Pia Edvardsen Vi var aldri brødre. Roman

Pia Edvardsen Vi var aldri brødre. Roman Pia Edvardsen Vi var aldri brødre Roman OM FORFATTEREN: Pia Edvardsen er født i Oslo i 1987. Hun har en master i nordisk litteratur ved Universitetet i Oslo. Vi var aldri brødre er hennes skjønnlitterære

Detaljer

Øyvind Vågnes. Sone Z. Roman

Øyvind Vågnes. Sone Z. Roman Øyvind Vågnes Sone Z Roman DeGarve fekk meldinga alt dagen etter at Lil forsvann. Frå no av skulle han arbeide delar av tida si i sone B. Det var Wahl sjølv som kom ned og fortalde han det. Han skulle

Detaljer

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo Jon Fosse Kveldsvævd Forteljing Oslo 2014 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2013 ISBN 978-82-521-8585-0 Om denne boka Kveldsvævd er ein frittståande

Detaljer

Rune Rogndokken Moen. Illustrert av Ronja Svenning Berge

Rune Rogndokken Moen. Illustrert av Ronja Svenning Berge Rune Rogndokken Moen REDD RONNY! Illustrert av Ronja Svenning Berge Til Kristoffer, Magnus og Lars PROLOG Jeg så på de tynne leggene til Jo som beveget seg taktfast, men usikkert på stien foran meg. De

Detaljer

Vi snakkar fint til og om kvarandre. Vi løyser konfliktar på ein fredeleg måte. Vert du eller andre plaga, sei ifrå til ein vaksen.

Vi snakkar fint til og om kvarandre. Vi løyser konfliktar på ein fredeleg måte. Vert du eller andre plaga, sei ifrå til ein vaksen. 1 Alle elevar har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring (Opplæringslova 9a-1) Det vil seie at alle elevane : har rett til ein arbeidsplass som er tilpassa

Detaljer

m j ø s o r m e n leseserie Nynorsk Norsk for barnetrinnet Wenche Hoel Røine Illustrert av Anette Grøstad

m j ø s o r m e n leseserie Nynorsk Norsk for barnetrinnet Wenche Hoel Røine Illustrert av Anette Grøstad Wenche Hoel Røine Illustrert av Anette Grøstad leseserie Nynorsk m j ø s o r m e n og andre uhyre Norsk for barnetrinnet 15795_Mjosormen_M_NN.indd 1 09-11-07 13:04:28 Mjøsa er den største innsjøen i Noreg.

Detaljer

Håkon Øvreås. Brune. Illustrert av Øyvind Torseter

Håkon Øvreås. Brune. Illustrert av Øyvind Torseter Håkon Øvreås Brune Illustrert av Øyvind Torseter Den dagen bestefaren døde, måtte Rune være hos tante Ranveig hele dagen mens moren og faren var på sykehuset. Huset til tante Ranveig luktet leverpostei.

Detaljer

Lesley Koyi Wiehan de Jager Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5

Lesley Koyi Wiehan de Jager Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5 Magozwe Lesley Koyi Wiehan de Jager Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5 I den travle byen Nairobi, langt frå det trygge livet heime, budde det ein gjeng heimlause gutar. Dei

Detaljer

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna. I november har me hatt fokus på språk og språkleik. Mykje av barna si språklæring går føre seg i dei kvardagslege samtalane våre, men ved å nytta nokre konkrete leikar, samt bilde og objekt å undre seg

Detaljer

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue

Detaljer

Månadsbrev for Blå, april 2016

Månadsbrev for Blå, april 2016 Månadsbrev for Blå, april 2016 Oppsummering/ evaluering av april Me har i april hatt fokus på friluftsliv. Før me starta på denne månaden var det få av oss som visste kva ei grandekule er, no er det begrepet

Detaljer

Tidligere utgitt: Skinndød. Krim, 2010 (Gyldendal Norsk Forlag AS) Fantomsmerte. Krim, 2011 (Gyldendal Norsk Forlag AS)

Tidligere utgitt: Skinndød. Krim, 2010 (Gyldendal Norsk Forlag AS) Fantomsmerte. Krim, 2011 (Gyldendal Norsk Forlag AS) Tidligere utgitt: Skinndød. Krim, 2010 Fantomsmerte. Krim, 2011 Blodtåke. Krim, 2013 Den onde arven. Ungdomsbok, 2013 Våpenskjold. Krim, 2014 Banesår. Krim, 2015 2017 Kagge Forlag AS Omslagsdesign: Handverk

Detaljer

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING Norsk etnologisk gransking Emne nr. 38 Mai 1953 SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING Det har i eldre tid vore ymse seremoniar og festar i samband med husbygginga, og er slik ennå. Vi kjenner tolleg

Detaljer

Forslag. Har du nokon gong lurt på korfor det er så vanskeleg å velja, eller korfor me no og då vel å gjera ting me eigenleg ikkje vil?

Forslag. Har du nokon gong lurt på korfor det er så vanskeleg å velja, eller korfor me no og då vel å gjera ting me eigenleg ikkje vil? Introduksjon av økta Individuelt: Historie om drikkepress Individuelt: Øving med årsaksbilde Par: Hjernetransplantasjon Par: Øving med årsaksbilde Gjengen Ein ungdom som velgjer å drikka eller velgjer

Detaljer

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11 På tur med barnehagen Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11 Standarane, teikn på kvalitet. Desse tre standarane er felles for alle barnehagane i Eid kommune. Dei skal vise veg til korleis vi skal få god kvalitet

Detaljer

6-åringar på skuleveg

6-åringar på skuleveg 6-åringar på skuleveg Rettleiing til foreldre med barn som skal begynne på skulen Førsteklassingane som trafikantar Det er store forskjellar i modning og erfaring hos barn på same alder. Vi ser likevel

Detaljer

EDVARD HOEM Bror din på prærien. Roman

EDVARD HOEM Bror din på prærien. Roman EDVARD HOEM Bror din på prærien Roman FORLAGET OKTOBER 2015 FØRSTE DEL FØRSTE KAPITTEL EILERT KNUDTSENS LÆREÅR 1 EILERT KNUDTSEN REKNÆS var seksten og eit halvt år gammal da han forlét foreldreheimen

Detaljer

Det Norske Samlaget Omslag: Torill Stranger. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN

Det Norske Samlaget Omslag: Torill Stranger. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN Det Norske Samlaget 2015 www.samlaget.no Omslag: Torill Stranger Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN 978-82-521-8869-1 Om denne boka Jon flyttar til vesle Grovøy, ei tilsynelatande

Detaljer

hoppet med ryggen vendt ned mot et hav av vakre flammer. Armene er brede, og beina er strake. Akkurat som et kors.

hoppet med ryggen vendt ned mot et hav av vakre flammer. Armene er brede, og beina er strake. Akkurat som et kors. EXT.KIRKETåRN. KVELD Det er mørkt. Fra toppen av et kirketårn har DAVID(17) hoppet med ryggen vendt ned mot et hav av vakre flammer. Armene er brede, og beina er strake. Akkurat som et kors. Mens han faller

Detaljer

/Lyte/ Roman KRISTIN RIBE FORLAGET OKTOBER 2015

/Lyte/ Roman KRISTIN RIBE FORLAGET OKTOBER 2015 /Lyte/ Roman KRISTIN RIBE FORLAGET OKTOBER 2015 Dette siste lange så lenge: /Men jeg vil jo ikke dette men jeg vil jo ikke dette men jeg vil jo ikke dette./ Åpner lyset. Åpner gardinene, lyset. Øynene

Detaljer

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag 29.09.09

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag 29.09.09 3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag 29.09.09 Då ungdomsskulebussen stoppa i Straumøykrysset kom 3. og 4. klasse veltande ut av bussen, klar til ein ny dag på Straumøy Gard. Marta, Marie og Janna var

Detaljer

Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller mot den.

Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller mot den. PXT: Stein, saks, papir Skrevet av: Bjørn Hamre Oversatt av: Stein Olav Romslo Kurs: Microbit Introduksjon Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller

Detaljer

Elevundersøkinga 2016

Elevundersøkinga 2016 Utvalg År Prikket Sist oppdatert Undarheim skule (Høst 2016)_1 18.11.2016 Elevundersøkinga 2016 Symbolet (-) betyr at resultatet er skjult, se "Prikkeregler" i brukerveiledningen. Prikkeregler De som svarer

Detaljer

Jon Fosse. For seint. Libretto

Jon Fosse. For seint. Libretto Jon Fosse For seint Libretto Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med takk til Du Wei 2 Ei seng fremst, godt

Detaljer

DET NÆRMAR SEG VÅR MÅNADSBREV FOR MARS.

DET NÆRMAR SEG VÅR MÅNADSBREV FOR MARS. MÅNADSBREV FOR MARS. Frøet Eg ligger bare her og gror og drikker vatn og spiser jord. Her er så varmt og mørkt og vått. Her er så fredelig og godt. I natt kom regnet lett på tå og banka ganske sakte på.

Detaljer

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd. Månadsbrev frå oktober, Grøn avd. Oppsummering/ evaluering av oktober Oktobermånad starta me med eit lite epleprosjekt. Inndelt i grupper, fekk alle barna vere med på tur for å hauste eple og plommer.

Detaljer

INGER JOHANNE SÆTERBAKK 1000 DAGAR

INGER JOHANNE SÆTERBAKK 1000 DAGAR INGER JOHANNE SÆTERBAKK 1000 DAGAR Om boken: 2017 H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard), Oslo www.aschehoug.no Tilbakemeldinger vedrørende denne boken kan Omslagsillustrasjon: Øyvind Hovland Tilrettelagt for

Detaljer

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Birger og bestefar På bytur til Stavanger Birger og bestefar På bytur til Stavanger Små skodespel laga for mellomtrinnet Forfattarar: Ola Skiftun og Sigrun Fister Omarbeidd til skodespel av Stavanger Sjøfartsmuseum Denne dagen var heilt spesiell,

Detaljer

DEN GODE HYRDEN. Det finst mange svar på spørsmålet, og svara våre avheng både av foreldrebileta våre og av erfaringane våre gjennom livet.

DEN GODE HYRDEN. Det finst mange svar på spørsmålet, og svara våre avheng både av foreldrebileta våre og av erfaringane våre gjennom livet. Preike Matt 18, 12-18 Molde Domkirke 5.s i treenigheitstida, 23.06.2013 DEN GODE HYRDEN Eg vil starte med å vise eit bilete i dag. Det er eit bilete som i ein eller annan variant heng i mange heimar og

Detaljer

Maria Parr. Keeperen og havet

Maria Parr. Keeperen og havet Maria Parr Keeperen og havet Samlaget Oslo 2017 Del 1 Sommar og saltvatn Molohoppet Ytterdøra vår small så det rista i heile huset, og så følgde eit frykteleg brak og roping. Søren salte! Eg kom meg fortumla

Detaljer

Thore Eithun Helland. Roman

Thore Eithun Helland. Roman Thore Eithun Helland FARLEG KREDITT Roman Oslo 2013 Om denne boka Rockemusikaren Alvin Evjo er på veg for å nå igjen ekskjærasten som han angrar på at han kasta ut av leilegheita i Bergen. Idet han set

Detaljer

Sigrid Merethe Hanssen. Roman

Sigrid Merethe Hanssen. Roman Sigrid Merethe Hanssen SOFIA Roman Oslo 2013 2013 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2013 ISBN 978-82-521-8121-0 Om denne boka Ei norsk kvinne reiser

Detaljer

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER SONGAR ALLSONG Blott en dag Bred dina vida vingar Deg være ære Eg veit ei hamn Ein fin liten blome Han er oppstanden Han tek ikkje glansen av livet Hjemme

Detaljer

Karin Kinge Lindboe Illustrert av Sissel Horndal. leseserie Bokmål. DøDen i Døra. Norsk for barnetrinnet

Karin Kinge Lindboe Illustrert av Sissel Horndal. leseserie Bokmål. DøDen i Døra. Norsk for barnetrinnet Karin Kinge Lindboe Illustrert av Sissel Horndal leseserie Bokmål DøDen i Døra Norsk for barnetrinnet 15978_Dodenidora_BM.indd 1 05-12-07 10:45:52 Fuglen hans er død. Kim løper over jordet og griner. Tolv

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 1. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 1. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 1 Nynorsk Lundefuglnettene av Bruce McMillan Hvert år besøker svarte og hvite fugler med orangefarget nebb den islandske Kvart år besøkjer øya Heimøy.

Detaljer

EN GLAD GUTT. Av Bjørnstjerne Bjørnsson. Øivind og bukken. Øivind mister bukken

EN GLAD GUTT. Av Bjørnstjerne Bjørnsson. Øivind og bukken. Øivind mister bukken EN GLAD GUTT Av Bjørnstjerne Bjørnsson Øivind og bukken Øivind mister bukken Øivind hette han, og gråt da han blev født. Men alt da han satt opreist på morens fang, lo han, og når de tendte lys om kvelden,

Detaljer

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg FORELDREHEFTE 6-åringar på skuleveg G J W Sjå til begge sider - og framover! Før vi kryssar vegen skal vi sjå til begge sider. Det veit både born og foreldre. Trafikkopplæring handlar likevel om meir enn

Detaljer