Velkomen til Presteforeininga si 49.de generalforsamling i Bergen.
|
|
- Emma Bakke
- 8 år siden
- Visninger:
Transkript
1 Vi må ha større ambisjonar no! Kjære Gjester og kollegaer! Velkomen til Presteforeininga si 49.de generalforsamling i Bergen. Prestar har vore samla her før. Det første bispemøtet etter reformasjonen vart avvikla i Bergen i Tema dei drøfta den gongen var organisering av kyrkja. Ein freista å skaffe større rom for sjølvstende for kyrkja i forhold til den dominans som den danske Kongen hadde. Resultatet av møtet var radikalt, men då kongen sine teologar hadde knadd på framlegget, rann innhaldet ut i sanden og blei ingenting av. Vi må ha større ambisjonar no. I desember 2010 presenterte Direktoratet for forvalting og IKT ei stor innbyggjarundersøking. Den viste at menneske som kjem til kyrkje melder om høg profesjonalitet og svært god kvalitet på dei tenestene vi utfører. Ingen andre offentlege etatar skårar så høgt på denne undersøkinga som kyrkja og prestetenesta. Dei tragiske hendingane 22. juli i fjor pregar enno samfunnet vårt og mange prestar arbeider framleis mykje med å følgje opp dei som vart råka. Einskildmenneske og offentlege etatar har gjeve gode tilbakemeldingar på den store, viktige og fagleg gode arbeidsinnsatsen som prestar viste. Vi prestar som er samla her til generalforsamling skal vite at vi gjer ein utruleg viktig og god jobb i kyrkja og for samfunnet. 1
2 Då Stortinget denne våren drøfta framlegget frå FrP om å oppheve prestar si buplikt sa mellom anna statsråd Aasrud dette om oss: Så jeg mener at det er naturlig å avvente behandlingen på Presteforeningens generalforsamling før vi tar stilling til hvordan vi skal gå videre med denne saken. Vedtaka på generalforsamlinga vert følgd med interesse i kyrkjelege og politiske miljø i landet vårt. Faglighet og fellesskap har vore overskrifta denne treårsperioden. Vi har saman arbeidd for at Presteforeininga skal vere ei god og profesjonell fagforeining. Dyktige tillitsvalde og profesjonell fagkompetanse har gjort oss i stand til å møte utfordringane. Meldinga om verksemda for denne treårsperioden viser at vi har arbeidd systematisk og målretta. Vi har oppnådd gode resultat både i einskildsaker og i økonomisk utteljing for ulike medlemsgrupper. Vi har også fått gjennomslag for forbetringar i avtaleverket omkring tenesta vår. Resultata har kome fordi de tillitsvalde er viljuge til å bruke av dykkar tid og krefter for å gje prestetenesta gode rammer. Så må vi også erkjenne at ikkje alle måla er nådd. Særleg gjeld det lønsnivået og lønssystemet for kyrkjelydsprestar. Løna skal spegle ei lang utdanning og kompensere for ulageleg arbeidstid, ansvarsfulle oppgåver og periodevis store påkjenningar. Det er nesten ingen lønsskilnad på nyutdanna og dei med 25 års teneste. Dei siste undersøkingane frå SSB viser at ein får ei lågare livsløn som prest enn om ein går ut i arbeidslivet med berre vidaregåande skule. Slik kan det ikkje vere. 2
3 Bispedøma ser same problemet, men maktar ikkje møte utfordringane fordi økonomien ikkje gjev rom for det. Dette saman med nyare oversyn over varsla innsparingstiltak viser at grunnløyvingane til prestetenesta er mykje for låg. Grunnlaget for ei god og landsdekkande folkekyrkje er ei god og landsdekkande presteteneste. I 2011 fekk vi til ein auke i Stavanger og Borg bispedøme, men det er framleis mykje att. Heile kyrkja må arbeide gjennom politiske kanalar for å styrkje økonomien i bispedøma. Prestetenesta handlar også om kvalitet. Den kan ikkje konkurranseutsettast eller effektiviserast. Vi kan sikkert gjere ting enklare og bruke tilgjengelege verktøy for å redusere både byråkrati og skjemavelde. Men arbeidet med levande menneske og det levande ordet er og blir eit arbeid som tek tid og skal ha tid også i eit moderne samfunn. Presteforeininga er fagforeining for prestar i dei fleste tariffområde. Studentprestar, Helseprestar, Fengselsprestar, Forsvarsprestar, Sjømannsprestar, Døveprestar, og prestar i mange andre ulike samanhengar har gjort mykje for å vidareutvike organisasjonen. Det er etablert nye faglag både i Spekterområdet og i KA området. Nye studentlag har kome til. Fagutval for prostar er aktive. Organisasjonsmedvitet er sterkare og engasjementet har auka. Organisatorisk har vi også arbeidd med spørsmål som streik, arbeidstid, lønspolitikk, rekruttering og rammevilkåra generelt. Presteforeininga var synleg i samband med 50-årsjubileet for Ingrid Bjerkaas. Vi har gjennomført særleg tillitsvaldopplæring for kvinner og representantskapet fremjar no forslag om å sikre ein betre representasjon av begge kjønn i alle utval og særleg i sentralstyret. 3
4 Vi har også engasjert oss for å få på plass eit godt innføringsprogram for gudstenestereforma og vore aktive pådrivarar for å få ekstra tiltak for rekruttering av fleire prestar. Dette har gjeve resultat. Færre stillingar står tomme, implementering av gudstenestereforma er i god gjenge. Vi har arbeidd mykje med kyrkjeordning. Heftet vårt Ledelse i Folkekirken er ført i pennen av vår nye rektor Inge Westly. Heftet byggjer på eit omfattande utvalsarbeid med den beste teologiske kompetansen og erfaringskompetansen. Resultatet er at vi no er aktive, etterspurde og respekterte deltakarar i arbeidet for å finne gode måtar å organisere kyrkja. PF har fokusert særleg på forholdet mellom sokn og bispedøme og mellom prestar og biskopar. Biskop og prest må stå i ein tett relasjon til kvarandre. Presten er i kyrkjelyden men også overfor kyrkjelyden som utsendingar frå kyrkja til den einskilde kyrkjelyd. Presten har ei særskild teneste med ord og sakrament og eit særleg ansvar som strategisk leiar for kyrkjelyden. Her er grunnlaget som definerer kva prestetenesta djupast sett er. Vi må arbeide for å sikre ei sjølvstendig, innhaldsmessig solid og tydeleg presteteneste med leiaransvar i den lokale kyrkjelyden. Samarbeidet med UNIO med medlemmer har også vore viktig. Her opplever vi stor forståing for våre synspunkt og respekt for vår foreining. Heilt konkret har vi fått gjennomslag for at UNIO også set religionspolitikk på dagsorden. Kunnskap og kompetanse vert løfta fram som grunnleggjande viktige føresetnader for å kunne vidareutvikle velferdssamfunnet. Motto for denne generalforsamlinga er Prest i ei ny tid. Det er ingen tvil om at vi som prestar står midt i ei endringstid i kyrkja vår og for samfunnet vårt. I samtalar med mine nordiske og europeiske kollegaer 4
5 opplever vi alle at vi lever i ei ny tid. Dei monokulturelle samfunna vi voks opp i er forandra til eit fleirreligiøst og multikulturelt Europa. Generalsekretær Olav Fykse Tveit har gjeve oss eit framifrå globalt perspektiv på tenesta vår. 21. mai blir Noregs Grunnlov endra. På fredag la Regjeringa fram lovproposisjonen til Stortinget om kva konkrete konsekvensar som i første omgang følgjer av desse endringane. Proposisjonen understrekar ei skrittvis endring og kor viktig det er å sikre kontinuiteten i kyrkja. På lengre sikt vil det truleg kome vidare endringar også av meir organisatorisk karakter. I ei slik brytingstid er eg overtydd om at den teologiske faglege refleksjonen vi har utdanna oss til vil vere ein etterspurd og viktig kompetanse. Vi som prestar kjenner den historie, tradisjon og tenking som har skapt det Europa som no er i endring. Vi kan difor vere gode vegvisarar også i møte med ei ny tid. Men vi treng å auke vårt medvit om vårt faglege fundament og vårt frimot til å gjere teologien synleg og relevant for samfunnet rundt oss. Vi treng arbeide med korleis vi formidlar vår kompetanse inn i samfunnsdebatten. Vi lever i eit samfunn som viser større og større respekt for ulike religionar og livssyn, men som samstundes avviklar den kristne trua som konstitusjonelt fundament for landet vårt og utviklar ein forvaltningstradisjon som i mindre grad enn før respekterer samvitet til den einskilde arbeidstakar. Her ser vi framveksten av ein aggressiv sekularisme. Dette må utfordre oss. Sterke krefter internt i kyrkja tek til orde for å skape så stor avstand mellom kyrkja og styresmaktene som råd er. Desse synspunkta har stort omfang i 5
6 kyrkjelege råd og kjem tydeleg til uttrykk gjennom Kyrkjemøtet sine mange vedtak om vidare utvikling av Den norske kyrkja. Dei kyrkjelege rådsorgana har fått større og større ansvar og mynde i kyrkja vår. Denne utviklinga vil halde fram. I denne utviklingsprosessen er det særleg tre faktorar som eg meiner det viktig å følgje godt med på. Det eine er tilhøvet mellom demokrati som folkestyre og demokrati som kyrkjestyre. I utgreiinga Myndighetsrelasjoner i Den norske kirke frå 2001 vert det understreka at kyrkjedemokrati og folkedemokrati er to ulike styringsmodellar. Eit folkedemokrati er til for å realisere folket sin vilje uttrykt gjennom demokratisk valde organ. Kyrkjedemokrati skal først og fremst realisere Guds vilje. Denne skilnaden er sjølve føresetnaden for at ein vil leggje det samla oppdraget som kyrkja har over på valde rådsorgan i samvirke med den særskilde tenesta med ord og sakrament. Den andre faktoren som er viktig å følgje godt med på er tilhøvet mellom den særskilde tenesta med ord og sakrament og dei valde rådsorgana i kyrkja. Vi har i Noreg vald ei løysing der råd og den ordinerte tenesta skal samvirke i utviklinga av kyrkja. Dette er ei tilnærming som gjev store utfordringar både med omsyn til leiing og styring av kyrkja. Utviklinga internt i kyrkja etter Kyrkjelova av 1996 har forsterka ein tendens til å svekke verdien av teologi og teologisk kompetanse og ordningsmakt i kraft av ord og sakrament i kyrkja vår. Vi leitar som kyrkje framleis etter å finne balansen mellom teologien som konstituerande for kyrkja og den makt som dei kyrkjelege råda undervegs har 6
7 fått. Konsekvensen er ei meir utydeleg presterolle og usikkerheit om kva forventningar kyrkja har til oss som har gått inn i prestetenesta. I forlenginga møter vi også krefter og organisasjonar som vil omforme presterolla frå å vere ei leiarrolle til å bli ei tenesteyting der vi produserer liturgiske og orale tenester på bestilling frå brukarar og administrasjon. Den tredje utfordringa er knytt opp til kyrkja sin økonomi. Dei same kreftene som vil skape størst mogeleg avstand mellom politisk styring av kyrkja er også genuint oppteken av at kyrkja må få større løyvingar. Her står vi som kyrkje overfor eit stort dilemma. Dess større avstanden blir til dei som løyver økonomi til kyrkja lokalt og sentralt, dess mindre interesserte er politikarane i å prioritere kyrkja sitt arbeid. Spørsmålet om finansiering av kyrkja legg også sterke føringar på korleis ein kan tenkje nye måtar å organisere kyrkja på. Det økonomiske perspektivet saknar eg i all modelltenking og framlegg til løysingar som er skissert. Presteforeininga har vore kritisk til deler av det grunnlagsmaterialet som er framlagd av Kyrkjerådet nettopp fordi det ikkje er kvalitetssikra med tanke på arbeidsrett og økonomi. Før vi kan finne fram til ulike måtar å organisere kyrkja på, må spørsmålet om finansiering og arbeidsrettslege spørsmål avklarast. Vi må vite kva ulike løysingar faktisk kostar og korleis ansvar og makt blir mellom byråkrati, valde organ og dei som skal vere i aktivt kyrkjearbeid. Handsaminga av kyrkjeordning på denne generalforsamlinga legg viktige føringar for arbeidet vårt vidare. 7
8 Avslutning: Pengar er ikkje alt. Det er kanskje vi dei første til å kunne tale om. Ingen blir prestar fordi dei vil bli rike. Å vere prest er først og fremst å stå i ei teneste for Gud med liva våre. Vi som har vald å bli prestar har i stor grad gjort dette ut frå ein indre motivasjon, eit kall frå kyrkja og eit ønskje om å stå i ei meiningsfull teneste med liva våre. I møtet med einskildmenneske i glede og sorg opplever vi dette. Her finn vi kanskje den største avkasting for arbeidet vi gjer. Siste året publiserte Tone Hauketo Kaufman ei avhandling om prestar sitt åndelege liv. Her dokumenterer ho at tenesta som prest er ei viktig kjelde til åndeleg liv. Ei grunnleggjande erfaring er at det er like mykje tenesta som ber oss som det er vi som ber tenesta. Vår lokale salmediktar i Bergen, Sindre Skeie uttrykkjer tenesta vår godt når han formulerer det slik: Det er sant at jeg er merket Av de sorger jeg har lidt. Ingen ser det håp jeg bærer Som et lys i hjertet mitt. Det er deg jeg håper på. La meg være med og gå! Jeg vil følge dine veier Hjem til riket som du eier. 8
Organisering av kyrkja.
Organisering av kyrkja. Av: Gunnar Mindestrømmen Leiar i Den norske kirkes presteforening. Debatten går om korleis kyrkja skal organiserast i framtida. På kort sikt er det spørsmål om endringar som tek
DetaljerSkal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.
Skal skal ikkje Har du ein draum om å driva Inn på tunet verksemd? Gjennom dette kapittelet i netthandboka får du tankehjelp og praktisk hjelp i dei første fasane mot etablering; frå draum til forretningsplan.
DetaljerSkjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune
Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune 1 Bedriftspedagogisk Senter A.S bps@bps.as Medarbeidarsamtalar i Radøy kommune - slik gjer vi det Leiar har ansvar for å gjennomføra samtalane sine slik det
DetaljerForslag til høyringssvar til «Veival for framtidig kyrkjeordning» frå Giske kyrkjelege fellesråd.
Forslag til høyringssvar til «Veival for framtidig kyrkjeordning» frå Giske kyrkjelege fellesråd. Spørsmål 1. Bør det gjøres endringer i fordelingen av oppgaver og myndighet mellom lokalt, regionalt og
DetaljerPsykologisk førstehjelp i skulen
Psykologisk førstehjelp i skulen Fagnettverk for psykisk helse Sogndal 21. mars 2014 Solrun Samnøy, prosjekt leiar Psykologisk førstehjelp Sjølvhjelpsmateriell laga av Solfrid Raknes Barneversjon og ungdomsversjon
DetaljerHØYRINGSSVAR frå prosten i Sogn prosti. Veivalg for fremtidig kirkeordning
HØYRINGSSVAR frå prosten i Sogn prosti. Veivalg for fremtidig kirkeordning Høring februar mai 2015 Det vises til Kirkerådets høringsnotat Veivalg for fremtidig kirkeordning. I høringsnotatet presenteres
DetaljerVeivalg for fremtidig kirkeordning
Høyringssvar: Veivalg for fremtidig kirkeordning Raundalen sokneråd i Voss og Hardanger prosti, Bjørgvin bispedøme: 1 Bør det gjøres endringer i fordelingen av oppgaver og myndighet mellom lokalt, regionalt
DetaljerP.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd
P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd VISJON I arbeidet for og med dei medarbeidarane i Fjell sokn har vi utarbeida ein visjon: I Fjell sokn vil vi
DetaljerIA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?
IA-funksjonsvurdering Ei samtale om arbeid kva er mogleg? // IA - Funksjonsvurdering Ei samtale om arbeid kva er mogleg? Målet med eit inkluderande arbeidsliv (IA) er å gje plass til alle som kan og vil
DetaljerVelkomen til soknerådskurs
Velkomen til soknerådskurs 1 Rop det ut med hjertets jubel, gledesbudet fra ham selv: Livet kan bli nytt fra nå av, slettet ut er synd og gjeld! Ordet vitner høyt og hellig om hans kjærlighet og makt.
DetaljerKapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring http://www.lovdata.no/for/sf/kd/xd-20060623-0724.
Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring http://www.lovdata.no/for/sf/kd/xd-20060623-0724.html#map004 I. Generelle føresegner 3-1. Rett til vurdering Elevar i offentleg
DetaljerEleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08
Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08 Alternative titlar: Vurderingsarbeid: Arbeid med kvalitet i skolen i spenning mellom
DetaljerGjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse
Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse Namn: Klasse: 1. Gjennomgang av skjemaet «Førebuing til elev- og foreldresamtale» 2. Gjennomgang av samtaleskjemaet 3. Gjennomgang av IUP og skriving av avtale
DetaljerStyresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012
Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 24.04.2012 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte
DetaljerTenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK
Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse
DetaljerEVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013
HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200903324-51 Arkivnr. 520 Saksh. Farestveit, Linda Saksgang Møtedato Opplærings- og helseutvalet 17.09.2013 EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER
DetaljerVeivalg for fremtidig kirkeordning
HØRINGSSVAR Veivalg for fremtidig kirkeordning Høring februar mai 2015 Det vises til Kirkerådets høringsnotat Veivalg for fremtidig kirkeordning. I høringsnotatet presenteres en rekke temaer og veivalg
DetaljerHøyringssvar frå Bjørgvin bispedømeråd om Kyrkjerådet si sammensetting
DEN NORSKE KYRKJA Bjørgvin bispedømeråd Adresseinformasjon fylles inn ved ekspedering. Se mottakerliste nedenfor. Adresseinformasjon fylles inn ved ekspedering. Se mottakerliste nedenfor. Dato: 06.11.2017
DetaljerSAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/153-1. Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing
SAKSFRAMLEGG Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/153-1 Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing TILRÅDING: Saka blir lagt fram utan tilråding frå administrasjonen.
DetaljerKorleis kan du i din jobb utvikle deg til å bli ein tydleg medspelar?
Her vil de finne forslag på ulike refleksjonsoppgåver. Desse er meint som inspirasjon. Plukk nokre få. Kvar avdeling/eining kan med fordel tilpasse desse slik at dei er spissa mot deltakarane sin arbeidsdag.
DetaljerSØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID
SAK 04/12 SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID Saksopplysning Kommunane i Hallingdal søkjer i brev dat. 2.9.2011 om tilskot til regionalt plansamarbeid. Målet er å styrke lokal plankompetanse gjennom
DetaljerVil du vera med å byggja ein ny kommune?
Vil du vera med å byggja ein ny kommune? - Skal Fjell, Sund eller Øygarden halda fram som eigne kommunar, eller skal vi saman byggja Nye Øygarden kommune? Trygg framtid... Vi håpar at du opplever det godt
DetaljerDokument nr. Omb 1 Dato: 14.07.2011(oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.
Visjon og formål Visjon: Ved di side eit lys på vegen mot arbeid. Formål: Telemark Lys AS er ei attføringsbedrift som, gjennom framifrå resultat, skal medverke til å oppfylle Stortingets målsetting om
DetaljerHøyringssvar - "Veivalg for fremtidig kirkeordning" Bø sokneråd
Høyringssvar - "Veivalg for fremtidig kirkeordning" Bø sokneråd Bø sokneråd har i sitt høyringssvar lagt til grunn fylgjande overordna synspunkt: - Soknet skal vere kyrkjas grunnleggjande eining, og bør
DetaljerPsykologisk førstehjelp i skulen
Psykologisk førstehjelp i skulen Sjumilsstegkonferansen Loen 12. mars 2014 Ved Solrun Samnøy, prosjektleiar Psykisk helse på timeplanen Fire skular i Sogn, i tre kommunar Aurland Vik Årdal (to skular)
DetaljerLønnsundersøkinga for 2014
Lønnsundersøkinga for 2014 Sidan 2009 har NFFs forhandlingsseksjon utført ei årleg lønnsundersøking blant medlemane i dei største tariffområda for fysioterapeutar. Resultata av undersøkinga per desember
DetaljerVarsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon
Sakshandsamar: Lill Mona Solberg Vår dato Vår referanse Telefon: 57643105 24.06.2013 2013/2729 - E-post: fmsflms@fylkesmannen.no Dykkar dato Dykkar referanse Lærdal kommune Postboks 83 6886 Lærdal Varsel
Detaljer«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»
«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE» FYLKESREVISJONEN Møre og Romsdal fylkeskommune RAPPORT, FORVALTNINGSREVISJONSPROSJEKT NR. 4-2000 INNHALDSREGISTER 1. INNLEIING I 2. FORMÅL 1 3. METODE OG DATAGRUNNLAG
Detaljer«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås
«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås 1 Forord For å kunne styrkje kvaliteten i undervisninga og vurderinga, må vi vite kva god undervisning og vurdering er. God undervisning og vurdering
DetaljerFrå tre små til ein stor.
Frå tre små til ein stor. TO PARALLELLE PROSESSAR: SKULESAMANSLÅING OG PALS. PALS - kon nferansen 2010 FRÅ FLEIRE PERSPEKTIV Skuleeigar Leiinga ved skulen Tilsette og PALS-teamet sine erfaringar Tilbakemeldingar
DetaljerMELAND KOMMUNE SAKSPAPIR
MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR Styre, komite, utval Møtedato Sbh. Saknr Administrasjonsutvalet 19.05.2010 KAI 025/10 Avgjerd av: Administrasjonsutvalet Saksbeh.: Kari Anne Iversen Ansv. KAI Arkiv: N-048.2 Arkivsaknr
DetaljerMe har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.
JANUAR 2015! Ja, i går vart friluftsåret 2015 erklært for opna og me er alle ved godt mot og har store forhåpningar om eit aktivt år. Det gjeld å ha store tankar og arbeida medvite for å gjennomføra dei.
DetaljerGjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:
Prosjektplan: Mål for skuleutvikling i Lærdal kommune 1. Bakgrunn og føringar Lærdal kommune har delteke i organisasjonsutviklingsprogramma SKUP 1 og 2, som Utdanningsdirektoratet inviterte kommunar med
DetaljerTil deg som bur i fosterheim. 13-18 år
Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500
DetaljerFORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG 22.03.12 VURDERING, FRÅVER M.M
FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG 22.03.12 VURDERING, FRÅVER M.M Elevvurdering Opplæringslova Forskrift til Opplæringslova Kunnskapsløftet 06 læreplanen Desse dokumenta bestemmer korleis me skal drive skulen
DetaljerAlle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor
Eit undervisningsopplegg om BARNERETTANE MÅL frå læreplanen DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING Artikkel 2: Alle barn har rett til vern mot diskriminering PRIVATLIV Artikkel 16: Alle barn har rett til
DetaljerARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE. 2004 2007, vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, 15.01.04. for
Gol kommune Arkivkode Vår ref. Dykkar ref. Dato 400 04/00137-001 - AKV 16.01.04 ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM for GOL KOMMUNE 2000 2003, vedteke i Kommunestyret, sak 0051/00, 24.10.00 2004 2007, vedteke
DetaljerVestnes kommune MIDT I BLINKEN. Arbeidsgjevarpolitikk Arbeidsgjevarstrategi mot 2023
Vestnes kommune MIDT I BLINKEN Arbeidsgjevarpolitikk 2019-2023 Arbeidsgjevarstrategi mot 2023 Vedtatt av Vestnes kommunestyre 23. mai 2019 VESTNES KOMMUNE ARBEIDSGARSTRATEGI MOT 2023 Innleiing Vestnes
DetaljerTIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE
TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE I pasient- og pårørandeopplæringa som vert gjennomført av avdelingane i sjukehusa i Helse Møre
DetaljerStrategidokument 2016-2018
Strategidokument 2016-2018 Årsmøtet Varhaug Misjonshus 2015 12. Mars 2015 www.varhaug-misjonshus.no 1. Om Varhaug Misjonshus Varhaug Misjonshus er eit flott anlegg midt i Varhaug sentrum. Misjonshuset
DetaljerMØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: 30.11.2009 Frå: 18.00 til 19.30
OS KOMMUNE Personalavdelinga MØTEPROTOKOLL Personalutvalet Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: 30.11.2009 Frå: 18.00 til 19.30 Innkalte: Funksjon Leiar Nestleiar Medlem Tilsette repr Tilsette repr Namn
DetaljerSpørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014
Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går i.
Detaljer- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl. 12.00 Stad: Fylkeshuset INNHALD
- Tilleggsakliste Kultur- og ressursutvalet Dato: 31. oktober 2013 kl. 12.00 Stad: Fylkeshuset INNHALD TILLEGGSAKLISTE - Kultur- og ressursutvalet... 2 Tilskot til utgreiing av lokalisering av Hordaland
DetaljerOmdømme Helse Vest. Resultat frå beslutningstakarundersøkinga 2008 Helse Vest RHF. www.sentio.no
Omdømme Helse Vest Resultat frå beslutningstakarundersøkinga 2008 Helse Vest RH Om undersøkinga I Respondentar: Politikarar i stat, fylke og kommunar, embetsverk for stat, fylke og kommunar, og andre respondentar
DetaljerKosmos 8 Skulen ein stad å lære, s. 220-225 Elevdemokratiet, s. 226-231. 36 Kosmos 8 Vennskap, s. 232-241 Artiklar på internett
ÅRSPLAN i Samfunnsfag Skuleåret: 2010/2011 Klasse: 8 Faglærar: Alexander Fosse Andersen Læreverk/forlag: / Fagbokforlaget Kompetansemål LK06 Læringsmål for perioden Periode Innhald Læreverk/læremiddel
DetaljerNorske arbeidstakarar med berre grunnskole bør ta meir utdanning
navn på profil/kortversjon NORSKE ARBEIDSTAKARAR MED BERRE GRUNNSKOLE BØR TA MEIR UTDANNING 1 Norske arbeidstakarar med berre grunnskole bør ta meir utdanning Årets Vox-barometer syner at tilsette med
DetaljerUtviklingsplan 2015-2017 for Ørsta frikyrkje
Utviklingsplan 2015-2017 for Ørsta frikyrkje Visjon: Å gjere Jesus synleg I perioden 2015-2017 skal visjonen synleggjerast gjennom fire utvalde satsingar. Gudstenester, offerdagar, misjonsmesse og andre
DetaljerMØTEBOK BREMNES SOKNERÅD
DEN NORSKE KYRKJA Bremnes sokneråd MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD Møtestad: Rådhuset Tid: Tysdag 26.11.2013 kl. 19.30-22.00 Desse møtte: Berit Hallaråker, Asbjørn Gundersen, Bjarte Aartun, Karl Mæland, Elin
DetaljerGLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET
ADMINISTRASJONSUTVALET MØTEINNKALLING Møtedato: 03.09.2015 Møtestad: Heradshuset Møtetid: Kl. 16:00 Merk deg møtetidspunktet! Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melde frå
DetaljerRettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn
Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn Når det gjeld barn som vert utsett for vald eller som er vitne til vald, vert dei ofte utrygge. Ved å førebygge og oppdage vald, kan me gje barna
DetaljerINTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010
HORDALAND FYLKESKOMMUNE Organisasjonsavdelinga IT-seksjonen Arkivsak 201011409-3 Arkivnr. 036 Saksh. Svein Åge Nottveit, Birthe Haugen Saksgang Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 23.02.2011-24.02.2011
DetaljerVeivalg for fremtidig kirkeordning
HØRINGSSVAR Veivalg for fremtidig kirkeordning Høring februar mai 2015 Det vises til Kirkerådets høringsnotat Veivalg for fremtidig kirkeordning. I høringsnotatet presenteres en rekke temaer og veivalg
DetaljerMolde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike
Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue
DetaljerStrategidokument Varhaug Misjonshus
Strategidokument Varhaug Misjonshus 2016-2018 Strategidokument Varhaug Misjonshus 2016-2018 v0.2.docx2 under arbeid Side 1 Strategidokument Varhaug Misjonshus 2015-2018 Innhald 1. Om Varhaug Misjonshus...
DetaljerReferat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage
Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Tilstade: Personalet, foreldre og Nina Helle. Kva er BTI: Stord kommune er ein av 8 kommunar som deltek i eit prosjekt som skal utarbeide ein modell
DetaljerNy strategiplan for Høgskulen
Ny strategiplan for Høgskulen Nokre innspel til det vidare arbeidet Petter Øgar Mi forståing av strategisk plan Ein overordna og langsiktig plan for å oppnå bestemte overordna mål for organisasjonen Måla
DetaljerSakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS 25.03.2015
Sakspapir Saksbehandlar Arkiv ArkivsakID Ingvild Hjelmtveit FE - 002 15/709 Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS 25.03.2015 Kommunestruktur - oppstart reelle drøftingar Vedlegg: Etablering
DetaljerUndervisningsopplegg for filmen VEGAS
Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Samandrag og stikkord om filmen Det er seinsommar i Bergen. Thomas må flytte til gråsonen, ein omplasseringsheim for unge, som av ulike grunnar ikkje har nokon stad
DetaljerMØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: 27.04.2015 Tid: 10.00
MØTEINNKALLING Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset : 27.04.2015 Tid: 10.00 Medlemene vert med dette innkalla til møtet. Evt. forfall må meldast til kommunen v/sekretariatet, tlf.
DetaljerBRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR
TIME KOMMUNE Arkiv: K1-070, K3-&32 Vår ref (saksnr.): 08/1355-6 JournalpostID: 08/14810 Saksbeh.: Helge Herigstad BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR Saksgang: Utval Saksnummer
DetaljerMØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN
Os kommune Utval: OS FORMANNSKAP Møtestad: Luranetunet Møtedato: 26.10.2004 Tid: 09.00 MØTEINNKALLING Tillegg SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING
DetaljerSENIORPOLITIKK Masfjorden kommune
SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune Vedteke av kommunestyret 19. juni 2014 Postadr.: Telefon: Telefaks: Bankgiro: Organisasjonsnr.: 5981 MASFJORDNES 56 16 62 00 56 16 62 01 3201 48 54958 945627913 E-post:post@masfjorden.kommune.no
DetaljerÅrsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk
Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk Årsmeldinga frå Austevoll maritime fagskule gjev ein oppsummering av dei viktigaste funna i student
DetaljerOt.prp. nr. 49 ( )
Ot.prp. nr. 49 (2001-2002) Om lov om endringar i lov 7. juni 1996 nr. 31 om Den norske kirke (kirkeloven) Tilråding frå Kultur- og kyrkjedepartementet av 15. mars 2002, godkjend i statsråd same dagen.
DetaljerUngdom i klubb. Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa
Ungdom i klubb Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa CASE - FORGUBBING SSFK hadde i lengre tid merka ei «forgubbing» i trenar, leiar og dommarstanden i SFFK. Etter fleire rundar
DetaljerPage 1 of 7 Forside Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivast på skolen. Det er frivillig å svare på undersøkinga,
DetaljerMål for arbeidet denne kvelden
Mål for arbeidet denne kvelden Synleggjera dei folkevalde si rolle som forvaltningsorgan med offentleg mynde, og ansvarleg styringsorgan for kommunen som organisasjon. Orientera om spelereglar og gje eit
DetaljerBarnerettane i LOKALSAMFUNNET
Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Aktivitetsark med oppgåveidear og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginalar DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING
Detaljer6. trinn. Veke 24 Navn:
6. trinn Veke 24 Navn: Takk for ei fantastisk fin førestilling i går! Det var veldig kjekt å sjå dykk, både på formiddagen og på ettermiddagen. Eg vart veldig stolt! No må vi få rydda opp og pakka litt
Detaljer. Ø-.._! `..._..,...,...
t i DEN NORSKE KYRKJA Sirdal Sokneråd Kultur- og kirkedepartementet Postboks 8030 Dep 0030 OSLO Høyringsuttale frå Sirdal sokneråd. Ø-.._! `...._..,...,....... ;,,, 6o606(b 1.,. 0wr ld og,... S o(, 1w0
DetaljerStrategiplan for Apoteka Vest HF
Strategiplan for Apoteka Vest HF 2009 2015 Versjon 0.91 03.09.2008 Strategiplan for Apotekene Vest HF 2009 2015 Side 1 Innleiing Det har vore nokre spennande år for Apoteka Vest HF sida reforma av helseføretaka
DetaljerVelkomen til dykk alle!
Velkomen til dykk alle! Kvalitetsgrupper VGS Oppland Oppstartsamling Lillehammer hotell, 29 august 2014 RHP Skuleleiing og undervisningsleiing!!! Fylkestinget/skuleeigar: Vil ha kvalitetsutvikling i vidaregåande
DetaljerInnspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL
Innspelsundersøking Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL Innhald 1. Innleiing... 3 1.1 Status og mål... 3 1.2 Vurderingar av mål knytt til kommunesamanslåing... 4 1.3 Haldningar
DetaljerMØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0045/04 03/01610 PLAN FOR FRAMTIDA I OS KOMMUNE 1
OS KOMMUNE Utval: OS ELDRERÅD Møtestad: Luranetunet - merk staden! Møtedato: 13.09.2004 Tid: 14.00 MØTEINNKALLING Tillegg SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0045/04 03/01610 PLAN FOR FRAMTIDA I
DetaljerNOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT 2015 2020
NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT 2015 2020 Oktober 2014 Tittel: Strategi for utvikling av NOKUT 2015 2020 Dato: Oktober 2014 www.nokut.no Forord NOKUT har vore i kontinuerleg endring sidan
DetaljerVeivalg for fremtidig kirkeordning
HØRINGSSVAR Veivalg for fremtidig kirkeordning Høring februar mai 2015 Det vises til Kirkerådets høringsnotat Veivalg for fremtidig kirkeordning. I høringsnotatet presenteres en rekke temaer og veivalg
DetaljerHOVUDPRIORITERINGAR PETROLEUMSTILSYNET
HP 2016 HOVUDPRIORITERINGAR PETROLEUMSTILSYNET I dette heftet finn du ein kort presentasjon av Ptil sine fire hovudprioriteringar for 2016: SIKKER SEINFASE LEIINGA SITT ANSVAR NORD BARRIERAR Hovudprioriteringane
DetaljerLokale arbeidstidsavtalar moglege løysingar og utfordringar Del 1: Rolleforståing
Lokale arbeidstidsavtalar moglege løysingar og utfordringar Del 1: Rolleforståing Hovudelementa på stasjon Arbeidstid Rolleforståing Målsettingar og intensjonar med arbeidstidsavtalen Prosessar Forteljing
DetaljerVeivalg for fremtidig kirkeordning
HØRINGSSVAR Veivalg for fremtidig kirkeordning Høring februar mai 2015 Det vises til Kirkerådets høringsnotat Veivalg for fremtidig kirkeordning. I høringsnotatet presenteres en rekke temaer og veivalg
DetaljerSENIORPOLITIKK Masfjorden kommune
SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune Vedteke i kommunestyret 19 juni 2014 FORORD Hovudoppdraget for alle som arbeider i Masfjorden kommune er å yte kommunale tenester av beste kvalitet. Den einskilde sin
DetaljerSer du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt
Ser du det? Hvordan jobbe med trosopplæring og bibelfortellinger med hovedvekt på det visuelle. Vi lever i en mer og mer visuell tid, og dette bør få konsekvenser for hvordan kirken kommuniserer med og
DetaljerValdres vidaregåande skule
Valdres vidaregåande skule Organiseringa av skriftleg vurdering på vg3 Kvifor prosesskriving? Opplegg for skriveøkter Kvifor hjelpe ein medelev? Døme på elevtekst Kva er ei god framovermelding? KOR MYKJE
DetaljerSTYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: 24.11. 2014 SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik
STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 24.11. 2014 SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Omdømmemåling 2014 ARKIVSAK: 2014/816/ STYRESAK: 145/14 STYREMØTE: 08.12. 2014 FORSLAG
DetaljerTilgangskontroll i arbeidslivet
- Feil! Det er ingen tekst med den angitte stilen i dokumentet. Tilgangskontroll i arbeidslivet Rettleiar frå Datatilsynet Juli 2010 Tilgangskontroll i arbeidslivet Elektroniske tilgangskontrollar for
Detaljer19.03.15. Konkret arbeid med psykisk helse i skulen. Kva seier opplæringslova? Kvifor arbeide systematisk og målre9a med psykisk helse?
Konkret arbeid med psykisk helse i skulen Fagnettverk i psykisk helse, Sogn regionråd 19. mars 2015 Solrun Samnøy Hvem sa at dagene våre skulle være gratis? At de skulle snurre rundt på lykkehjulet i hjertet
DetaljerVegval for framtidig kyrkjeordning
HØYRINGSSVAR Vegval for framtidig kyrkjeordning Høyring februar juni 2015 Syner til Kyrkjerådets sitt høyringsnotat «Veivalg for fremtidig kirkeordning» I høyringsnotatet vert ei rekkje tema og vegval
DetaljerOpning av Fellesmagasinet 14.04.2009 ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg
Opning av Fellesmagasinet 14.04.2009 ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg Kjære alle! Gratulerer alle med dagen. Dette er ein merkedag for bevaringstenestene både her i fylket og nasjonalt! Hordaland
DetaljerRevisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet
DEN NORSKE KYRKJA KM 5.1/06 Kyrkjemøtet Saksorientering Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet Samandrag Mandatet og retningslinjene for protokollkomiteen vart vedtekne av høvesvis
DetaljerVeivalg for fremtidig kirkeordning
HØRINGSSVAR Veivalg for fremtidig kirkeordning Høring februar mai 2015 Det vises til Kirkerådets høringsnotat Veivalg for fremtidig kirkeordning. I høringsnotatet presenteres en rekke temaer og veivalg
DetaljerHøyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd
Servicetorgsjefen Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet postmottak@bld.dep.no Dykkar ref. Vår ref. Saksh. tlf. Dato 2014/2792-2652/2015 Unni Rygg - 55097155 05.02.2015 Høyringsuttale - Tolking
DetaljerARBEIDSGJEVARSTRATEGI
ARBEIDSGJEVARSTRATEGI PersonalPolitiske verdiar Stram arbeidsmarknad Vi vil: vera opne og ærlege Vi vil: samarbeida Auka behov for arbeidskraft Vi vil: visa respekt og likeverd for kvarandre Vi vil: gi
DetaljerFORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A
FORBØN ORDNING FOR Forbøn for borgarleg inngått ekteskap Under handlinga kan det gjevast rom for medverknad av ulike slag. Det kan vera medverknad frå festfølgjet ved einskilde av dei liturgiske ledda,
DetaljerHEMSEDAL KOMMUNE ARBEIDSGJEVAR STRATEGI
HEMSEDAL KOMMUNE ARBEIDSGJEVAR STRATEGI 1 INNLEEING... 3 1.1 Rådmannen sitt forord... 3 1.2 Lov og forskrift... 3 2 ARBEIDSGJEVARSTRATEGI... 4 2.1 Etikk og samfunnsansvar:... 5 2.2 Politikk og administrasjon:...
DetaljerAurland kommune Rådmannen
Aurland kommune Rådmannen Kontrollutvalet i Aurland kommune v/ sekretriatet Aurland, 07.10.2013 Vår ref. Dykkar ref. Sakshandsamar Arkiv 13/510-3 Steinar Søgaard, K1-007, K1-210, K3- &58 Kommentar og innspel
DetaljerGodt. Lokaldemokrati. ei plattform
Godt Lokaldemokrati ei plattform Godt lokaldemokrati ei plattform Norsk lokaldemokrati er godt men kan og bør bli betre. KS meiner ei plattform vil vere til nytte i utviklingsarbeidet for eit betre lokaldemokrati.
DetaljerHALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN
SAK 57/12 HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN Saksopplysning I sak 41/12 gjorde Regionrådet for Hallingdal slikt vedtak: 1. Regionrådet for Hallingdal vedtek å setja i gang eit 3-årig prosjekt; Hallingdal 2020,
DetaljerVelkomen til Mork barnehage
Velkomen til Mork barnehage BARNEHAGELOVA Stortinget har i lov 17.juni 2005 nr. 64 om barnehagar (barnehageloven) fastsatt overordna bestemmelsar om barnehagens formål og innhald. RAMMEPLANEN gjev styrar,
DetaljerKva kompetanse treng bonden i 2014?
Kva kompetanse treng bonden i 2014? Fagleiar Bjørn Gunnar Hansen TINE Rådgjeving Samtalar med 150 mjølkebønder dei siste 6 åra, frå Østfold til Nordland Kompetanse Kunnskap (Fagleg innsikt) Ferdigheiter
DetaljerSaksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/401-1. Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:
Saksframlegg Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/401-1 Retningslinjer for uønska deltid * Tilråding: Administrasjonsutvalet vedtek retningslinjer for å handsame uønska deltid, dagsett.11.02.2010.
Detaljer