LM15-12 Fråsegner. Kva gjeld saka. Saksutgreiing. Framlegg til vedtak. Landsmøtet handsamar innkomne fråsegner.

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "LM15-12 Fråsegner. Kva gjeld saka. Saksutgreiing. Framlegg til vedtak. Landsmøtet handsamar innkomne fråsegner."

Transkript

1 LM1-1 Fråsegner Kva gjeld saka Landsmøtet handsamar innkomne fråsegner. Saksutgreiing Det har kome inn ni fråsegner innan fristen: Kvifor bokmål, Møre og Romsdal? (frå Studentmållaget i Nidaros) Kvifor ikkje nynorsk, NTNU? (frå Studentmållaget i Nidaros) Løys opp den vonde sirkelen i sidemålsopplæringa! (frå Landsstyret) Norsk Målungdom ønskjer nynorsk Netflix (frå Landsstyret) Nynorsk i Donald (frå Studentmållaget i Tromsø) Nynorsk i riksavisene (frå studentmållaga i Bergen og Stavanger) Nynorskopplæring for innvandrarar (frå studentmållaga i Bergen og Stavanger) Odda-modellen forut for si tid og fortsatt høgst relevant (frå Sørfjorden målungdom) Styrk kvensk hev nivået! (frå Studentmållaget i Tromsø) Fråsegnene ligg ved dette sakspapiret. Landsstyret innstiller på å handsame fem fråsegner, og oversende dei andre fire til det neste landsstyret. Dei fem til handsaming er markerte med feit skrift. Framlegg til vedtak Landsmøtet handsamar dei innkomne fråsegnene og vedtek/vedtek dei ikkje.

2 1 Frå Studentmållaget i Nidaros: Kvifor bokmål, Møre og Romsdal? Som lærling i nynorskfylket Møre og Romsdal, held det ikkje å ha nynorsk som hovudmål. At du er frå ein nynorsk kommune, og gjennomfører lærlingtida di i ein nynorsk kommune er heller ikkje nok. Møre og Romsdal fylkeskommune sender likevel ut fagbrev på bokmål. I samtale med fylket, seier dei at om ein vil ha fagbrevet på nynorsk kan ein sende inn ei klage og få tilsendt eit nytt fagbrev, på nynorsk. Men kvifor vert det sendt ut på bokmål i første omgang, Møre og Romsdal? Norsk Målungdom tykkjer det er synd at unge fagarbeidarar i Møre og Romsdal ikkje får fagbrevet på si eiga målform, og ber Møre og Romsdal sjå til nabofylket Sogn og Fjordane, der alle fagbrev vert sendt ut på nynorsk.

3 Frå Studentmållaget i Nidaros: Kvifor ikkje nynorsk, NTNU? NTNU er ikkje kjend for å leggje spesielt godt til rette for studentar med nynorsk som hovudmål. I nokre fag får alle utdelt eksamen på begge målformene, i andre fag må dei som ønskjer eksamen på nynorsk rekkje opp handa når eksamensvaktene spør. Dette er ein praksis som sparer store mengder papir, så det skal vi ikkje kritisere NTNU så mykje for. Problema startar når eksamensvaktene anten gløymer, eller «gløymer» å spørje kven det er som ønskjer eksamen på nynorsk. Ein kan seie at dette ikkje er NTNU sin feil, men eksamensvaktene er tilsette av NTNU for å gjere eit arbeid; å syte for at studentane får tatt eksamen. Ein annan, og verre, situasjon oppstår når eksamen slett ikkje eksisterer på nynorsk, fordi han aldri var skriven. NTNU argumenterer for at det er ein menneskeleg feil dersom ei eksamensvakt gløymer å spørje om nokon ønskjer eksamen på nynorsk, men dette er ikkje noko unnskyldning. Enda mindre kan dei skulde på at faglærar «gløymde» å lage eksamen på nynorsk. Eksamenane skal vere så godt laga og frie for feil at dei ikkje kan misforståast. Feil i eksamensoppgåvene er ein formell feil, som gir grunn til å klage. Om oppgåva ikkje eksisterer på nynorsk, er i praksis alle orda i oppgåvene som ikkje er felles i nynorsk og bokmål, feilskrivne. Det gjer at eksamenen inneheld ganske mange formelle feil. Det er trist at NTNU vel å avvise klager frå studentar som ikkje har fått eksamen på språket sitt, med grunngjevinga at «dei berre gløymde det, og at det difor ikkje er ein formell feil». Det opplevde ein student som sendte inn ei klage om at ein heimeeksamen som ikkje fanst på nynorsk. Først to døgn seinare vart den nynorske versjonen gjort tilgjengeleg. Dette er ikkje berre brot på NTNU sitt eige reglement, men òg på mållova. Det hadde vore ramaskrik og oppslag i nasjonale aviser dersom det var tilfelle av at eksamen ikkje var tilgjengeleg på bokmål. Studentar ville stått fram i media og sagt at dei «ikkje forsto oppgåvene». Vi meiner at det er feil at studentar med nynorsk som hovudmål vert so grovt diskriminerte. Norsk Målungdom vil oppmode NTNU til å ta studentane sine og rettane deira på alvor!

4 Frå Landsstyret: Løys opp den vonde sirkelen i sidemålsopplæringa! Mange elevar har negative haldningar til nynorsk som sidemål. Norsk Målungdom meiner at mykje av grunnen til det, er kvaliteten på sidemålsdidaktikken i lærar- og lektorutdanninga. Mange lærarar meistrar ikkje nynorsk som sidemål. Sidemålsopplæringa i skulen er i dag for dårleg. Nokre utdanningsinstitusjonar forventar at studentane meistrar begge skriftspråka når dei går ut frå VGS, og gjev ikkje studenten noka opplæring i sidemålet sitt. Diverre meistrar ikkje alle nynorsk, og haldningane til utdanningsinstitusjonane skapar difor lærarstudentar som ikkje er i stand til å skrive på sidemålet sitt. Det igjen skapar lærarar som ikkje meistrar nynorsk. Når utdanningsinstitusjonane ikkje tek tak i dette, vert heller ikkje nyutdanna lærarar gode sidemålslærarar, og vi får ein vond sirkel. Dårleg kompetanse påverkar også kva haldingar ein har. Ingen likar noko dei ikkje meistrar, og negative haldningar smittar fort frå lærar til elev. I tillegg til ferdigheita å skrive nynorsk, treng studentane fagdidaktikk i sidemål, av god kvalitet og i tilstrekkelege mengder. Fleire lærarar etterlyser nyttige verktøy i undervisninga og kunnskap om sidemålet sin plass i skulen, og dette må lærarutdanninga gje dei. Noreg treng lærarar som er i stand til å undervise i faget sitt, og det er lærar- og lektorutdanninga sitt ansvar å utdanne desse. Difor meiner landsmøtet i Norsk Målungdom at sidemålsdidaktikk og opplæring i nynorsk må få større plass i desse utdanningane. Det vil gje komande lærarar kunnskapen og ferdigheitene dei treng for å gje elevar undervisninga dei har krav på, og dimed også betre haldningar til sidemålet sitt.

5 Frå Landsstyret: Norsk Målungdom ønskjer nynorsk Netflix Strøymetenesta Netflix vert nytta av over 1 million nordmenn. Kundane kan velje mellom hundrevis av seriar og filmar. Dei fleste er engelskspråklege, då med norsk teksting. Det vil seie teksting utelukkande på norsk bokmål. På dette punktet etterlyser landsmøtet til Norsk Målungdom ei endring, og vil gjerne at Netflix tilbyd teksting også på nynorsk. Blant dei norske Netflix-abonnentane er det også mange som er nynorskbrukarar. Vi meiner at desse har like stor rett til å verte møtt med språket sitt som bokmålsbrukarane har. Ved å innføre teksting også på nynorsk, vil Netflix gjere ei stor teneste for landets nynorskbrukarar, ikkje minst dei unge. Vi er overtydde om at dette også vil føre til eit meir positivt omdøme for Netflix, nettopp fordi dei vil vise seg som ein sympatisk og og ansvarsfull leverandør av ei teneste som mange likar å bruke. Ikkje minst vil nynorsk teksting ha ein god pedagogisk effekt som vil kome alle norske ungdomar til gode. Elevar med nynorsk som hovud eller sidemål er nøydd til å verte møtt med språket sitt der dei er i mykje større grad enn i dag. Jo synlegare språket er, di lettare vert det å vere nynorskbrukar og å tileigne seg språket. Nynorsk kan og bør brukast på alle område. Landsmøtet meiner difor det er svært viktig at ein innfører nynorsk på nye arenaer. Det vil ikkje berre vere ei viktig symbolsak, men også ei heilt handfast utviding av det språklege spelerommet for nynorskbrukarar.

6 Frå Studentmållaget i Tromsø: Nynorsk i Donald I den siste tida har det blitt skapa auka merksemd rundt bruken av nynorsk og dialekt i Donald-blad. I ein parodi på TV- profilen Arill Riise har dei vald å la han nytte nynorsk. I juleheftet «Helt på vidda», som blei veldig populært, var det fleire karakterar som brukte Finnmarksdialekt. Førre gong nynorsk blei brukt i Donald i meir omfattande grad var i historia «Eggemysteriet» av Carl Barks, som blei gitt ut i 1. Noregs Mållag ønsker at fleire karakterar i Donald skal nytte nynorsk og har i dette høvet laga Facebook-sida «Nynorsk i Donald? Ja takk», som for tida har 100 likar-klikk. Norsk Målungdom støttar dette fullt og heilt, og vil oppmode Donald til å bruke meir nynorsk. Å bruke nynorsk i Donald er ein fin måte å eksponere barn for nynorsk. Dette er viktig både for hovudmåls- og sidemålsbrukarar. Det er viktig for barn med nynorsk som hovudmål at dei møter språket sitt andre stader enn i lærebøkene på skolen og får sjå at målet deira er eit bruksmål. Det er også bra for barna som skal lære nynorsk som sidemål å bli eksponert for det tidleg. Dette kan føre til betre haldning til nynorsken, som ikkje berre blir noko ein ser i skolebøker og på NRK. Vi meiner at det burde vere ei sjølvfølgje at karakterane brukar den målforma som er mest naturleg for dei. Dette kan til dømes vere å bruke nynorsk, slik som med «Rarill Krise» eller å bruke dialekt, slik som i «Helt på vidda». Nynorsk i Donald? Ja takk!

7 1 1 1 Frå Studentmållaget i Bergen og Studentmållaget i Stavanger: Nynorsk i riksavisene I Noreg i dag har me to offisielle skriftspråk, nynorsk og bokmål. I riksavisene, VG og Dagbladet, er likevel ikkje nynorsk tillate på redaksjonell plass. Dette er aviser som i utgangspunktet dekkjer heile landet, og dimed har store mengder nynorskbrukarar som lesarar. Me meiner nynorskbrukarane skal ha retten til å møte språket sitt i riksmedia. Dette burde vere eit særskilt ansvar for dei største avisene, i og med dei ikkje dekkjer berre eit avgrensa område, men heile landet. 1. mai i år er det år sidan jamstillingsvedtaket, og dette er det perfekte høvet til å jamstille nynorsk og bokmål i riksavisene [byt ut med det aktuelle bladet]. Landsmøtet åt Norsk Målungdom oppfordrar dimed riksmedia[byt ut med Dagbladet eller VG, alt etter kven som får fråsegna] til å tillate journalistane sine å skrive nynorsk. Me ser ikkje nokon gode grunnar til å late vere, og ventar dimed at me snart vil sjå nynorsk på redaksjonell plass.

8 Frå Studentmållaget i Bergen og Studentmållaget i Stavanger: Nynorskopplæring for innvandrarar Etter kvart som det kjem fleire innvandrar til Noreg, får vaksenopplæringa i dei ulike kommunane meir å seia. Som tilflyttar til ein nynorskkommune bør det vera opplagt at ein får nynorsk som opplæringsspråk. Nokre kommunar får dette til, som Kvam og Ulvik, mens det i til dømes Voss berre vert gjeve opplæring på bokmål. Mange kommunar ser praktiske fordelar ved å nytta nynorskopplæring. Viss barna lærer nynorsk i skulen, vil det vera vanskeleg for foreldra å hjelpa dei om dei sjølve berre har lært bokmål. Ein finn òg døme på at innvandrarar som berre har lært bokmål møter utfordringar når dei skal kommunisera med dei lokale. Å kunna bruka det lokale språket vil gjera den lokale deltaking lettare. Landsmøtet i Norsk Målungdom meiner at kommunane i nynorskområda skal kunna gje vaksenopplæring i nynorsk til innvandrarane, og oppfordrar dei som ikkje gjer det til å starta med dette. Ideelt sett skal alle kommunane i Noreg kunna gje opplæring på nynorsk for dei som ynskjer det.

9 Frå Sørfjorden målungdom: Odda-modellen forut for si tid, og fortsatt høgst relevant I over hundre år har Odda-modellen med språkdelt ungdomsskule sørgt for god hovudmålsopplæring i kommunen. Gjer styresmaktene ordninga nasjonal, kan det føre til at fleire elevar held på nynorsken, og vert trygge språkbrukarar. Odda-modellen er omgrepet som nyttast om den målpolitiske modellen som vart til i Odda i 11. Modellen, som går ut på at skulen skal operere med språkdelte parallellklassar, og at foreldra sjølv kan velje målform for barna sine, stilna i stor grad den pågåande kampen mellom riksmålsrørsla og landsmålsrørsla i Odda. I kjernen av Odda-modellen, finn ein prinsippet om språkdeling i heile grunnskulen eit prinsipp som har vorte utfordra gong på gong i kommunestyret i Odda, men som alltid kjem heilskinna ut på den andre sida, i stor grad takka den sterke målrørsla i Odda. Med andre ord har oddingane moglegheita til å få undervising på sitt eige hovudmål i laupet av heile grunnskulen. Slik det er i dag, har elevar i norsk skule berre rett til opplæring på eige hovudmål dei fyrste sju åra av ein trettenårig skulegang. Av den grunn vert nynorskelevar i bokmålsdominerte kommunar ofte pressa inn i bokmålsklassar når dei byrjar på ungdomsskulen. Dette er ikkje godt nok! Styresmaktene i Noreg må sjå til Odda. Dersom retten til undervising på eige hovudmål i heile grunnskulen vert heimla i lov, vil det kunne ha særs positive effektar for nynorskelevar i kommunar som vert dominert av bokmål. For å halde på nynorsken her til lands, er det viktig med trygge nynorskbrukarar. For å få dette til, er det viktig at elevane vert eksponerte for hovudmålet sitt i alle fag, gjennom heile grunnskulen. Språkdeling kan vere ein viktig faktor i nettopp dette, då det vil føre til at elevane får undervising på eige hovudmål. Norsk Målungdom vil: Jobbe for elevar sin rett til undervising på eige hovudmål i heile grunnskulen Lyfte Odda-modellen fram som ein målpolitisk berekraftig modell Fremje språkdeling i norsk grunnskule som eit godt alternativ til målmonopol

10 Frå Studentmållaget i Tromsø: Styrk kvensk hev nivået! Både fylkestinget i Troms og fylkestinget i Finnmark vedtok samrøystes å heve kvensk frå nivå II til nivå III i Den europeiske pakta om regions- eller minoritetsspråk (Det europeiske språkcharteret) i 01. Norsk Målungdom krev at regjeringa følgjer opp og vedtek ei heving av kvensk til nivå III. Kvensk har hatt status som eige språk i Noreg sidan 00, og har sidan då vore kvalifisert på nivå II i Den europeiske pakta om regions- eller minoritetsspråk. Dette nivået gir kvensk språk anerkjenning. Likevel har det ikkje like stor rett til vidareutvikling og bruk i det offentlege som samisk har. I dag har nordsamisk status som nivå III, og er integrert på den offentlege arenaen til dømes gjennom forvaltningsområdet for samisk språk. I tillegg får barn og unge møte språket sitt i media, noko som er viktig for å styrkje fotfestet til eit minoritetsspråk. Tilsvarande rettar for kvensk vil auke bruken av eit språk som i dag slit med rekrutteringa. Eit språk på nivå III har større krav til vern. Kvensk treng og fortener vern på lik linje med det samisk har i dag. Regjeringa i Noreg har ansvar for å ta vare på utsette minoritetsspråk, og då er det viktig å gje desse gode rammer for bruk. Norske myndigheiter sa allereie i den. rapporten frå Europarådet at «Kvensk språk er i en prekær situasjon og målrettet innsats er nødvendig for å beskytte og fremme det». Ein av konsekvensane ved å heve kvensk til nivå III er at det økonomiske ansvaret for språkopplæringa blir flytta frå kommune til stat. Med denne nivåhevinga får kommunane tilskot til å utvikle skulemateriell, utdanne lærarar og faktisk drive kvenskopplæring i barnehagar og skular. No som ein kvensk grammatikk er på plass er det ingen grunn til å vente. Grammatikken styrkjer grunnlaget for å gi kvensk vern på nivå III, sidan det blir lettare å oppfylle krava frå Den europeiske pakta om regions- eller minoritetsspråk. Med ein grammatikk blir det mogleg å bruke kvensk i forvaltningsapparatet, då ein får ein uniform måte å bruke språket på. Dette vil styrkje kvensk som bruksspråk, og vil gjere det lettare å bruke kvensk i til dømes undervisningssamanheng. Det blir mogleg å utarbeide lærebøker på kvensk, og utdanne lærarar som kan undervise i kvensk språk, kultur og historie. Det kvenske søsterspråket i Sverige, meänkali, er allereie på nivå III. Med den nye grammatikken har kvenar i Noreg fått eit viktig språkleg verktøy for å bevare og vidareutvikle morsmålet sitt. Norsk Målungdom krev at Regjeringa tar ansvar for rettane og framtida til kvensktalarane i Noreg og hevar kvensk til nivå III.

Innkomne framlegg. Kva gjeld saka. Saksutgreiing. Framlegg til vedtak. Landsmøtet handsamar innkomne framlegg.

Innkomne framlegg. Kva gjeld saka. Saksutgreiing. Framlegg til vedtak. Landsmøtet handsamar innkomne framlegg. LM16-12 Innkomne framlegg Kva gjeld saka Landsmøtet handsamar innkomne framlegg. Saksutgreiing Det har kome inn åtte framlegg innan fristen 18.02.16. Alle framlegga går på «Program for språk i skulen».

Detaljer

Fråsegn om norskfaget og nynorsken

Fråsegn om norskfaget og nynorsken Fråsegn om norskfaget og nynorsken På landsstyremøtet i helga vedtok SV ei rekkje innspel til korleis ein kan styrkje nynorsken både som hovud- og sidemål i arbeidet med ny læreplan i norsk. Denne gjennomgangen

Detaljer

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Vel nynorsk for barnet ditt!

Vel nynorsk for barnet ditt! Vel nynorsk for barnet ditt! 10 elevar er nok til å få ein eigen nynorskklasse på skulen til barnet ditt. Alle elevar skal lære bokmål og nynorsk. Lat barnet ditt få gjere det på den lettaste måten. Kva

Detaljer

Tiltak frå regjeringa for styrking av nynorsk

Tiltak frå regjeringa for styrking av nynorsk Tiltak frå regjeringa for styrking av nynorsk Kunnskapsdepartementet: Læremiddel i tide Kunnskapsdepartementet vil vidareføre tiltak frå 2008 og setje i verk nye tiltak for å sikre at nynorskelevar skal

Detaljer

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE Vedteke av kommunestyret 2. oktober 2014, sak 67/14 1 Innhold 1. Kvifor plan for bruk av nynorsk i Nissedal kommune?... 3 1.1 Bruk av nynorsk internt i organisasjonen

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET 2015 2016. www.hivolda.no/glu

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET 2015 2016. www.hivolda.no/glu INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET 2015 2016 www.hivolda.no/glu 1 2 Innhald Tid til studiar og undervising... 4 Frammøte... 4 Arbeidskrav, eksamen og progresjon

Detaljer

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK) SAK 55/13 REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK) Saksopplysning I sak 49/13, under eventuelt var eit punkt spørsmålet om ikkje Regionrådet for Hallingdal burde

Detaljer

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Aktivitetsark med oppgåveidear og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginalar DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING

Detaljer

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Har igjen fått sps om dekninga i Sør. Veit ein meir om når utbygging av skal skje? Kor mange barn i sør får ikkje plass i nær? Svar frå administrasjonen: Vi syner til

Detaljer

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG 22.03.12 VURDERING, FRÅVER M.M

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG 22.03.12 VURDERING, FRÅVER M.M FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG 22.03.12 VURDERING, FRÅVER M.M Elevvurdering Opplæringslova Forskrift til Opplæringslova Kunnskapsløftet 06 læreplanen Desse dokumenta bestemmer korleis me skal drive skulen

Detaljer

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200910136-1 Arkivnr. 523 Saksh. Lisen Ringdal Strøm, Janne Saksgang Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 10.11.2009 18.11.2009-19.11.2009

Detaljer

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR TIME KOMMUNE Arkiv: K1-070, K3-&32 Vår ref (saksnr.): 08/1355-6 JournalpostID: 08/14810 Saksbeh.: Helge Herigstad BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR Saksgang: Utval Saksnummer

Detaljer

styrke i at mest kva som helst kan skje, utan at dei vert mindre aktuelle.

styrke i at mest kva som helst kan skje, utan at dei vert mindre aktuelle. Gode landsmøte! Takk for eit år med mykje godt samarbeid og mange gode idear. Norsk Målungdom er i høgste grad ein tenkjande organisasjon, og denne perioden har me nytta mykje tid på å utfordra det etablerte.

Detaljer

Det har kome inn seks framlegg til fråsegner. Fråsegnene ligg ved, det same gjer innstillingane frå landsstyret. Sidan det er kome inn fleire

Det har kome inn seks framlegg til fråsegner. Fråsegnene ligg ved, det same gjer innstillingane frå landsstyret. Sidan det er kome inn fleire 1 2 3 4 5 SAK 12 FRÅSEGNER Det har kome inn seks framlegg til fråsegner. Fråsegnene ligg ved, det same gjer innstillingane frå landsstyret. Sidan det er kome inn fleire fråsegnsframlegg enn kva det er

Detaljer

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande: Elevanes val av framandspråk i vidaregåande skule Nasjonalt senter for framandspråk i opplæringa - Notat 6/216 Utdanningsdirektoratet har publisert fagvala til elevar i vidaregåande skule for skuleåret

Detaljer

Tiltaksplan 2009 2012

Tiltaksplan 2009 2012 Tiltaksplan Tiltaksplan for Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa Revidert 2011 Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa Innleiing Grunnlaget for tiltaksplanen for Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa

Detaljer

Fra Forskrift til Opplæringslova:

Fra Forskrift til Opplæringslova: Fra Forskrift til Opplæringslova: 5-1. Kva det kan klagast på Det kan klagast på standpunktkarakterar, eksamenskarakterar, karakterar til fag- /sveineprøver og kompetanseprøve, og realkompetansevurdering.

Detaljer

Informasjonshefte Tuv barnehage

Informasjonshefte Tuv barnehage Informasjonshefte Tuv barnehage Informasjonshefte for Tuv barnehage Barnehagen blir drevet av Hemsedal kommune. Barnehagen er politisk lagt under Hovudutval for livsløp. Hovudutval for livsløp består av

Detaljer

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går i.

Detaljer

SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO 200200633-2 JG/SIG/ER 13.1.2006. Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet

SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO 200200633-2 JG/SIG/ER 13.1.2006. Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet SPRÅKRÅDET Utdanningsdirektoratet Postboks 2924 Tøyen 0608 OSLO REF. VÅR REF. DATO 200200633-2 JG/SIG/ER 13.1.2006 Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet

Detaljer

Høyringssvar til og voksne i opplæringssystemet frå Kunnskapsdepartementet

Høyringssvar til og voksne i opplæringssystemet frå Kunnskapsdepartementet Noregs Mållag Postboks 474 Sentrum 0105 Oslo E-post: nm@nm.no Kunnskapsdepartementet Postboks 8119 Dep 0032 Oslo E-post: postmottak@kd.dep.no Oslo, 31. oktober 2010 Høyringssvar til og voksne i opplæringssystemet

Detaljer

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn Jobbskygging side 1 Jobbskygging Innhald Handverk, industri og primærnæring Omgrepa handverk, industri og primærnæring. Kva betyr omgrepa? Lokalt næringsliv etter 1945 Korleis har lokalt næringsliv utvikla

Detaljer

Opplæring i kinesisk språk (mandarin) i den vidaregåande skulen i Hordaland

Opplæring i kinesisk språk (mandarin) i den vidaregåande skulen i Hordaland HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201103360-4 Arkivnr. 522 Saksh. Alver, Inge Saksgang Møtedato Opplærings- og helseutvalet 13.11.2012-14.11.2012 Opplæring i kinesisk språk (mandarin)

Detaljer

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune Gjeld frå august 2015 1. BARN MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE Barn med nedsett funksjonsevne kan ha trong for særleg tilrettelegging av fysiske og personalmessige

Detaljer

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv Gründercamp Samarbeid skule næringsliv Kva er gründercamp? Treningsleir i kreativitet og nyskaping Elevane får eit reelt oppdrag med ei definert problemstilling Skal presentere ei løysing innanfor eit

Detaljer

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing Hovudutval for plan og næring Side 1 av 5 Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing Fylkesdirektøren rår Hovudutval for plan og næring til å gjere slikt vedtak: 1 Fylkeskommunen vil ikkje engasjere

Detaljer

Informasjon om søking til vidaregåande opplæring for skoleåret 2011/2012

Informasjon om søking til vidaregåande opplæring for skoleåret 2011/2012 Dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal Ungdomsskolane i Møre og Romsdal Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: 63838/2010/A49 Jane Anita Aspen,71 25 87 75 21.12.2010 - Informasjon

Detaljer

Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk Årsmeldinga frå Austevoll maritime fagskule gjev ein oppsummering av dei viktigaste funna i student

Detaljer

Brukarrettleiing. epolitiker

Brukarrettleiing. epolitiker Brukarrettleiing epolitiker 1 Kom i gang Du må laste ned appen i AppStore Opne Appstore på ipaden og skriv «epolitiker» i søkjefeltet øvst til høgre. Trykk på dette ikonet og deretter på «hent» og til

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom 2013-2014

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom 2013-2014 Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom 2013-2014 Møtestruktur: Fylkesstyremøte ein gong kvar månad. Ein bør setja dato for neste møte når ein er samla slik at flest mogleg har høve til å notera seg datoen

Detaljer

Nynorsk Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo Hovudtest Elevspørjeskjema 8. klasse Rettleiing I dette heftet vil du finne spørsmål om deg sjølv. Nokre spørsmål dreier seg

Detaljer

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Fagopplæringskontoret Arkivsak 201206348-10 Arkivnr. 545 Saksh. Isdal, Sigrid Saksgang Yrkesopplæringsnemnda Opplærings- og helseutvalet Møtedato 09.04.2013

Detaljer

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Mål: Elevane skal kjenne til utbreiinga av hallingmålet i nærmiljøet. Dei skal vita noko om korleis hallingmålet har utvikla seg

Detaljer

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012 Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 24.04.2012 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Detaljer

Inntak ORIENTERINGSMØTET 14.01

Inntak ORIENTERINGSMØTET 14.01 Inntak ORIENTERINGSMØTET 14.01 Noen aktuelle presiseringer i forhold til ny forskrift til opplæringslova kapittel 6 Jeg redigerte bort det som ikke er så aktuelt for dere.. Søknadsfrister unntak Søkjarar

Detaljer

FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM.

FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM. FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG 12.03.13 VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM. Elevvurdering Opplæringslova Forskrift til Opplæringslova Kunnskapsløftet 06 læreplanen Desse dokumenta bestemmer korleis me skal drive

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding:

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding: SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229 Arkiv: 631 A2 IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster Rådmannen si tilråding: 1. Luster kommunestyre vedtek, med tilvising

Detaljer

19.03.15. Konkret arbeid med psykisk helse i skulen. Kva seier opplæringslova? Kvifor arbeide systematisk og målre9a med psykisk helse?

19.03.15. Konkret arbeid med psykisk helse i skulen. Kva seier opplæringslova? Kvifor arbeide systematisk og målre9a med psykisk helse? Konkret arbeid med psykisk helse i skulen Fagnettverk i psykisk helse, Sogn regionråd 19. mars 2015 Solrun Samnøy Hvem sa at dagene våre skulle være gratis? At de skulle snurre rundt på lykkehjulet i hjertet

Detaljer

VIDARE SAMARBEID MELLOM FYLKESKOMMUNANE PÅ VESTLANDET MED TANKE PÅ Å FREMJE NYNORSKE LÆREMIDDEL

VIDARE SAMARBEID MELLOM FYLKESKOMMUNANE PÅ VESTLANDET MED TANKE PÅ Å FREMJE NYNORSKE LÆREMIDDEL Strategi- og næringsavdelinga Arkivsak 200800581-42 Arkivnr. 027 Saksh. Fredheim, Ingeborg Lie, Gjerdevik, Turid Dykesteen, Bjørgo, Vigdis, Hollen, Sverre Saksgang Møtedato Vestlandsrådet 02.12.2008-03.12.2008

Detaljer

FORELDREMØTE 10. TRINN ONSDAG 22.02.10. Elevvurdering, eksamen og klagebehandling

FORELDREMØTE 10. TRINN ONSDAG 22.02.10. Elevvurdering, eksamen og klagebehandling FORELDREMØTE 10. TRINN ONSDAG 22.02.10 Elevvurdering, eksamen og klagebehandling Elevvurdering Opplæringslova Forskrift til Opplæringslova Kunnskapsløftet 06 læreplanen Desse dokumenta bestemmer korleis

Detaljer

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Tilstade: Personalet, foreldre og Nina Helle. Kva er BTI: Stord kommune er ein av 8 kommunar som deltek i eit prosjekt som skal utarbeide ein modell

Detaljer

Psykologisk førstehjelp i skulen

Psykologisk førstehjelp i skulen Psykologisk førstehjelp i skulen Fagnettverk for psykisk helse Sogndal 21. mars 2014 Solrun Samnøy, prosjekt leiar Psykologisk førstehjelp Sjølvhjelpsmateriell laga av Solfrid Raknes Barneversjon og ungdomsversjon

Detaljer

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder Det psykososiale skolemiljøet til elevane Til deg som er forelder Brosjyren gir ei oversikt over dei reglane som gjeld for det psykososiale skolemiljøet til elevane. Vi gir deg hjelp til korleis du bør

Detaljer

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012 Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012 Innhold Om rapporten... 2 Forklaring til statistikken... 2 Resultat... 2 Nettsider... 2 Statistikk... 2 Korte tekstar 1 10 sider og tekstar over 10 sider...

Detaljer

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT MASFJORDEN KOMMUNE Sosialtenesta Nav Masfjorden Postboks 14, 5987 Hosteland Tlf 815 81 000/47452171 Unnateke for offentleg innsyn Jf. Offlentleglova 13 SØKNAD OM STØTTEKONTAKT Eg vil ha søknaden handsama

Detaljer

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland Søknad om vidareføring av prosjektet Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland Prosjektansvarleg: Gro Jensen Gjerde, Samarbeidsrådet for Sunnhordland Prosjektleiar: Trond Haga, Kværner

Detaljer

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen Denne eksamensrettleiinga gir informasjon om sentralt gitt eksamen, og korleis denne eksamen skal vurderast. Rettleiinga skal vere kjend for elever,

Detaljer

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass Ein tydeleg medspelar frå elev til lærling Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass SØKNADEN Må vere ryddig Søknad/CV skal ikkje ha skrivefeil Spør norsklærar om hjelp Hugs å skrive under

Detaljer

Endringar i studentreglementet for Fagskolane i Hordaland

Endringar i studentreglementet for Fagskolane i Hordaland OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2014/2-69 Saksbehandlar: Adeline Berntsen Landro Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Hordaland fagskulestyre 27.01.2015 Endringar i studentreglementet for Fagskolane

Detaljer

Eksamensreglar og rettleiing for eksamenskandidatar ved Herøy vidaregåande skule

Eksamensreglar og rettleiing for eksamenskandidatar ved Herøy vidaregåande skule Eksamensreglar og rettleiing for eksamenskandidatar ved Herøy vidaregåande skule Vi forventar at du som elev eller privatist har gjort deg kjend med reglar og rettleiing for eksamenskandidatar i god tid

Detaljer

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201209189-1 Arkivnr. 522 Saksh. Krüger, Ragnhild Hvoslef Saksgang Yrkesopplæringsnemda Opplærings- og helseutvalet Møtedato 04.12.2012 04.12.2012 PÅBYGG

Detaljer

13. Sendetida på TV aukar

13. Sendetida på TV aukar Kulturstatistikk 2004 Radio og TV 3. Sendetida på TV aukar Dei siste fire åra ser det ut til at folk brukte mindre tid på radiolytting og fjernsynssjåing. Samstundes har sendetida i TV auka, medan sendetida

Detaljer

Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse

Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse Namn: Klasse: 1. Gjennomgang av skjemaet «Førebuing til elev- og foreldresamtale» 2. Gjennomgang av samtaleskjemaet 3. Gjennomgang av IUP og skriving av avtale

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK Minnebok NYNORSK 1 Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. Når vi er triste,

Detaljer

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN vedteke av kommunestyret 29.01.1998 1. HISTORISK BAKGRUNN Dei første skulekrinsane i Samnanger gjekk over til nynorsk («landsmål») i 1909. Sidan 1938 har nynorsk vore einerådande

Detaljer

Vurderingsrettleiing 2011

Vurderingsrettleiing 2011 Vurderingsrettleiing 2011 ENG0012 Engelsk 10.trinn Til sentralt gitt skriftleg eksamen Nynorsk Vurderingsrettleiing til sentralt gitt skriftleg eksamen 2011 Denne vurderingsrettleiinga gir informasjon

Detaljer

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Organisasjonsavdelinga IT-seksjonen Arkivsak 201011409-3 Arkivnr. 036 Saksh. Svein Åge Nottveit, Birthe Haugen Saksgang Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 23.02.2011-24.02.2011

Detaljer

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl. 12.00 Stad: Fylkeshuset INNHALD

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl. 12.00 Stad: Fylkeshuset INNHALD - Tilleggsakliste Kultur- og ressursutvalet Dato: 31. oktober 2013 kl. 12.00 Stad: Fylkeshuset INNHALD TILLEGGSAKLISTE - Kultur- og ressursutvalet... 2 Tilskot til utgreiing av lokalisering av Hordaland

Detaljer

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200903324-51 Arkivnr. 520 Saksh. Farestveit, Linda Saksgang Møtedato Opplærings- og helseutvalet 17.09.2013 EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER

Detaljer

Vurdering av allianse og alternativ

Vurdering av allianse og alternativ Leiinga Høgskulen i Volda Kunnskapsdepartementet Postboks 8119 Dep 0032 OSLO Postboks 500 6101 Volda Telefon: 70 07 50 00 Besøksadresse: Joplassvegen 11 6103 Volda postmottak@hivolda.no www.hivolda.no

Detaljer

Les for livet - del 2 (Ref #1318522676368)

Les for livet - del 2 (Ref #1318522676368) Les for livet - del 2 (Ref #1318522676368) Søknadssum: 299000 Kategori: Leseløftet Varighet: Treårig Opplysninger om søker Organisasjonsnavn / nr Osterøy bibliotek / 974774682 senter 5282 http://osteroy.bibliotekivest.no/

Detaljer

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE» «ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE» FYLKESREVISJONEN Møre og Romsdal fylkeskommune RAPPORT, FORVALTNINGSREVISJONSPROSJEKT NR. 4-2000 INNHALDSREGISTER 1. INNLEIING I 2. FORMÅL 1 3. METODE OG DATAGRUNNLAG

Detaljer

Lag, organisasjonar og frivilligsentralar si rolle i folkehelsearbeidet. Hjelmeland frivilligsentral 14.02.12

Lag, organisasjonar og frivilligsentralar si rolle i folkehelsearbeidet. Hjelmeland frivilligsentral 14.02.12 Lag, organisasjonar og frivilligsentralar si rolle i folkehelsearbeidet Hjelmeland frivilligsentral 14.02.12 Frivillig arbeid/ Organisasjonsarbeid har eigenverdi og skal ikkje målast etter kva statlege

Detaljer

Vurdering på barnesteget. No gjeld det

Vurdering på barnesteget. No gjeld det Vurdering på barnesteget No gjeld det 2 No gjeld det 1. august 2009 endra ein forskrifta til opplæringslova kapitel 3 Individuell vurdering i grunnskulen og i vidaregåande opplæring. Denne brosjyren gjev

Detaljer

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring No gjeld det No gjeld det 1. august 2009 endra ein forskrifta til opplæringslova kapitel 3 Individuell vurdering i grunnskulen og i vidaregåande

Detaljer

Krav ved godkjenning av lærebedrifter

Krav ved godkjenning av lærebedrifter OPPLÆRINGSAVDELINGA Fagopplæringskontoret - OPPL AVD Notat Dato: 20.01.2015 Arkivsak: 2015/727-1 Saksbehandlar: aseloh Til: Yrkesopplæringsnemnda Frå: Fagopplæringssjefen Krav ved godkjenning av lærebedrifter

Detaljer

Vurderingsrettleiing 2011

Vurderingsrettleiing 2011 Vurderingsrettleiing 2011 NOR0214/NOR0215 Norsk hovudmål og norsk sidemål Sentralt gitt skriftleg eksamen Nynorsk Vurderingsrettleiing til sentralt gitt skriftleg eksamen 2011 Denne vurderingsrettleiinga

Detaljer

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv. Særemne 3-100 år med stemmerett I 2013 er det hundre år sidan alle fekk stemmerett i Noreg. På Norsk Folkemuseum arbeider vi i desse dagar med ei utstilling som skal opne i høve jubileet. I 2010 sendte

Detaljer

Skriftlig eksamen. HUD3002 Kommunikasjon og samhandling. Våren 2014. Privatister/Privatistar. VG3 Hudpleier/ Hudpleiar. Utdanningsprogram for

Skriftlig eksamen. HUD3002 Kommunikasjon og samhandling. Våren 2014. Privatister/Privatistar. VG3 Hudpleier/ Hudpleiar. Utdanningsprogram for Finnmark fylkeskommune Troms fylkeskommune Nordland fylkeskommune Nord-Trøndelag fylkeskommune Sør-Trøndelag fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Skriftlig eksamen HUD3002 Kommunikasjon og samhandling Våren

Detaljer

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert 15.06.09

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert 15.06.09 TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE Sist redigert 15.06.09 VISJON TILTAK Stord kulturskule skal vera eit synleg og aktivt kunstfagleg ressurssenter for Stord kommune, og ein føregangsskule for kunstfagleg

Detaljer

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Kvam herad Bruka e-post lesaren til Kvam herad Alle ansatte i Kvam herad har gratis e-post via heradet sine nettsider. LOGGE INN OG UT AV E-POSTLESAREN TIL

Detaljer

Informasjon til elevane

Informasjon til elevane Informasjon til elevane Skulen din er vald ut til å vere med i undersøkinga RESPEKT. Elevar ved fleire skular deltek i undersøkinga, som vert gjennomført av Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger.

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/153-1. Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/153-1. Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing SAKSFRAMLEGG Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/153-1 Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing TILRÅDING: Saka blir lagt fram utan tilråding frå administrasjonen.

Detaljer

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 2

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 2 Rolf Lystad 18.09.14 Oklavegen 4 6155 Ørsta Utdanningsavdelinga v/ståle Solgard Møre og Romsdal fylkeskommune Fylkeshuset, Julsundvegen 9 6404 Molde Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen

Detaljer

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013. I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013. I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak; saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 14.08.2013 49823/2013 Sverre Hollen Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013 Anonym retting av prøver våren 2013 Bakgrunn I sak Ud-6/12 om anonym

Detaljer

Vegvisar til vilbli.no for rådgivarar

Vegvisar til vilbli.no for rådgivarar Vegvisar til vilbli.no for rådgivarar Kva er vilbli.no? vilbli.no er søkjaranes hovudkjelde til informasjon om vidaregåande opplæring. På vilbli.no skal søkjarane til ei kvar tid finne oppdatert og kvalitetssikra

Detaljer

Nidaros Mållag. Årsmøte 30. mars 2016 kl. 18.00. Innkalling og sakspapir. Vel møtt på årsmøtet!

Nidaros Mållag. Årsmøte 30. mars 2016 kl. 18.00. Innkalling og sakspapir. Vel møtt på årsmøtet! Nidaros Mållag http://www.nm.no/lag/nidaros-mallag/ Årsmøte 30. mars 2016 kl. 18.00 Innkalling og sakspapir Vel møtt på årsmøtet! helsing styret E-post? Styret bed om at alle som har, sender oss e-postadressa

Detaljer

IKT-kompetanse for øvingsskular

IKT-kompetanse for øvingsskular Notat / Svein Arnesen IKT-kompetanse for øvingsskular Spørjeundersøking ved Vartdal skule VOLDA Forfattar Ansvarleg utgjevar ISSN Sats Distribusjon Svein Arnesen Høgskulen i Volda -7 Svein Arnesen http://www.hivolda.no/fou

Detaljer

Alversund skule. Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a. Retningslinjer og Rutineskildring

Alversund skule. Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a. Retningslinjer og Rutineskildring Alversund skule Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a Retningslinjer og Rutineskildring Oktober 2015 INNHALD Innleiing... 2 Lovgrunnlag... 3 Opplæringslova... 3 Elevane sitt fysiske skulemiljø...

Detaljer

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr. 1-2015

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr. 1-2015 Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes AUD-notat nr. 1-2015 Bakgrunn og metode Undersøkinga er utført på oppdrag frå Næringsseksjonen i Hordaland fylkeskommune Bakgrunnen

Detaljer

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS BARN OG UNGDOM SINE REAKSJONAR I denne brosjyra finn du nyttige tips for deg som er innlagt, og har barn under 18 år. Når ein i familien vert alvorleg

Detaljer

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg. JANUAR 2015! Ja, i går vart friluftsåret 2015 erklært for opna og me er alle ved godt mot og har store forhåpningar om eit aktivt år. Det gjeld å ha store tankar og arbeida medvite for å gjennomføra dei.

Detaljer

Skriftlig eksamen. HUD2002 Kommunikasjon og samhandling. Våren 2014. Privatister/Privatistar. VG2 Hudpleier/Hudpleiar

Skriftlig eksamen. HUD2002 Kommunikasjon og samhandling. Våren 2014. Privatister/Privatistar. VG2 Hudpleier/Hudpleiar Finnmark fylkeskommune Troms fylkeskommune Nordland fylkeskommune Nord-Trøndelag fylkeskommune Sør-Trøndelag fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Skriftlig eksamen HUD2002 Kommunikasjon og samhandling Våren

Detaljer

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201112362-125 Arkivnr. 522 Saksh. Landro, Adeline Saksgang Møtedato Hordaland fagskulestyre 19.03.2013 SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL

Detaljer

SENIORPOLITISK PLAN FOR SKODJE KOMMUNE

SENIORPOLITISK PLAN FOR SKODJE KOMMUNE SKODJE KOMMUNE SENIORPOLITISK PLAN FOR SKODJE KOMMUNE Til behandling i Kommunestyret 14.12.2010 Sak PS /10 Saksnr.: 06/521-9 Side 1 2 1. MÅLSETJING I Skodje kommune ønskjer alle tilsette å halde fram i

Detaljer

Page 1 of 7 Forside Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivast på skolen. Det er frivillig å svare på undersøkinga,

Detaljer

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv): VEDLEGG 1 I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv): 2-12 tredje ledd skal lyde: For private grunnskolar

Detaljer

Søking til skuleåret 2012-2013

Søking til skuleåret 2012-2013 Søking til skuleåret 2012-2013 Opplæringsavdelinga, inntak og formidling Rådgjevarkonferansen 2011 Korleis søkjer du? Du søkjer og svarar på vigo.no, logg inn med MinID Søknadsfrist: 1. mars for ordinært

Detaljer

Med glede og respekt. Meir merksemd til nynorskelevane

Med glede og respekt. Meir merksemd til nynorskelevane Med glede og respekt Meir merksemd til nynorskelevane n av anne liv steinsvik nordal Mange elevar som har hatt nynorsk som hovudmål i skulen, skriv mest bokmål når dei er ferdige med opplæringa. Kvifor

Detaljer

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN Lov for Jotun, skipa 30.03.1923. Vedteken den 10.06.1945, med seinare endringar seinast av 29.06.2000. Revidert etter årsmøte i 2007 og 2011. Godkjend av Idrettsstyret: 18.02.02

Detaljer

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS 25.03.2015

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS 25.03.2015 Sakspapir Saksbehandlar Arkiv ArkivsakID Ingvild Hjelmtveit FE - 002 15/709 Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS 25.03.2015 Kommunestruktur - oppstart reelle drøftingar Vedlegg: Etablering

Detaljer

Frå Ivar Aasen-musikalen Grammatikk og kjærleik

Frå Ivar Aasen-musikalen Grammatikk og kjærleik Frå Ivar Aasen-musikalen Grammatikk og kjærleik Mandat Nynorsksenteret er eit nasjonalt ressurssenter etablert for å styrkje nynorskopplæringa NORSK = BOKMÅL + NYNORSK Språk i hundre strategidokument frå

Detaljer

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013. Utfordringsdokument Basert på Folkehelsekartlegging for Hjelmeland kommune, pr. 01.10.13. (FSK-sak 116/13) Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013. DEMOGRAFI Ca. 16 % av befolkninga i Hjelmeland

Detaljer

Handbok for minoritetsspråklege elevar i vidaregåande opplæring

Handbok for minoritetsspråklege elevar i vidaregåande opplæring Handbok for minoritetsspråklege elevar i vidaregåande opplæring www.sfj.no Innleiing: side 3 Arbeidskalender: side 5 Søknadsskjema for vidaregåande opplæring side 6 Vedleggsskjema for minoritetsspråklege

Detaljer