1. 6. SEPTEMBER 2014

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "1. 6. SEPTEMBER 2014"

Transkript

1 1. 6. SEPTEMBER 2014

2

3 SUNNMØRE KAMMERMUSIKKFESTIVAL 04 SEMINAR OG MEISTERKLASSAR 05 KONSERTAR 07 ARTISTAR 10

4 SUNNMØRE KAMMERMUSIKKFESTIVAL Initiativtakaren til Sunnmøre kammermusikkfestival er Jacob Kjøde jr. Dei kunstnarleg ansvarlege for festivalen er fiolinist Annar Follesø og professor Wolfgang Plagge, båe musikarar på internasjonalt toppnivå. Våren 2010 var første gongen festivalen gjekk av stabelen, og frå og med 2013 har festivalen motteke støtte frå Norsk Kulturråd. Ein festival for alle Follesø og Plagge vil kvart år ha ansvaret for å plukke programmet og musikarane som skal opptre for å sikre kvaliteten på festivalen. I eit nært samarbeid med Høgskulen i Volda er føremålet å arrangere ein årleg kammermusikkfestival på søre Sunnmøre, der folk i området kan få eit tilbod om gode musikkopplevingar på høgt nivå. I tillegg til dette ønskjer festivalen å stimulere unge musikarar, samt til generell vekst og utvikling i musikklivet i regionen. På den måten skil Sunnmøre kammermusikkfestival seg frå andre kammermusikkfestivalar. Gjennom Eiksundsambandet kan dei ulike kulturskulane og andre lokale musikkrefter knyte regionen saman. Dette ynskjer festivalen å bidra til gjennom eit samarbeid med kulturskulane i form av seminar og meisterklasser retta mot born og unge. Artistane som er med under festivalen vil undervise lokale talent. Det vil også bli halde kurs og inspirasjonsseminar for kulturskulelærarar, studentar og andre interesserte. 4

5 SEMINAR OG MEISTERKLASSAR Ein viktig del av festivalen er å tilby meisterklassar, seminar og forelesingar til elevar, studentar, lærarar og andre interesserte. I år vil musikkstudentar og andre interesserte få høve til å få med seg meisterklassar, foredrag om Haydn og kammermusikk, samt få sjansen til å treffe årets festivalkomponist. Det vil også bli arrangert ein open prøve der fiolinist Sølve Sigerland vil leie arbeidet med Franz Josef Haydns strykekvartett i C-dur, «Keiserkvartetten». Det ferdige resultatet vil ein få høyre på konsert fredag kl i Aasentunet i Ørsta. Alle arrangementa som går føre seg på Høgskulen i Volda er opne for alle. Sparebank1 Søre Sunnmøres talentstipend Sidan starten i 2010 har festivalen i samarbeid med Sparebank1 Søre Sunnmøre delt ut ,- i talentstipend til seks unge talent frå nærområdet vårt. I år vil tre unge talent frå lokalområdet innleie kvar sin konsert med eit sjølvvalt stykke. Ein jury beståande av årets festivalartistar vil plukke ut ein verdig vinnar av Sparebank1 Søre Sunnmøres talentstipend. Dette vil bli delt ut på avslutningskonserten på Høgskulen i Volda 6. september. 5

6 Høgskulen i Volda Tysdag 2. sept MEISTERKLASSAR Volda ungdomsskule musikkrommet «PLAG PLAGGE» EIN MUSIKALSK SPØRJETIME Høgskulen i Volda konsertsalen MINIFORELESING OM FRANZ JOSEF HAYDN VED ANNAR FOLLESØ HAYDN STRYKEKVARTETT, OPEN PRØVE LEIA AV SØLVE SIGERLAND Onsdag 3. sept DIALOG OM KAMMERMUSIKK MED SØLVE SIGERLAND Trollsletta barnehage «PLAGGE I BARNEHAGEN» Høgskulen i Volda MEISTERKLASSAR Høgskulen i Volda konsertsalen Torsdag 4. sept FORELESING VED ÅRETS FESTIVALKOMPONIST BENTE LEIKNES THORSEN Volda omsorgssenter DEN KULTURELLE SPASERSTOKKEN EIN MINIKONSERT 6

7 KONSERTAR Programmet har i år 1814-jubileet som eit konseptuelt utgangspunkt. Årets bestillingsverk, signert den unge og spanande komponisten Bente Leiknes Thorsen, vil by på eit sideblikk på grunnlovsjubileet og på dei 200 åra som følgde med Noreg som sjølvstendig musikknasjon. I dei øvrige verka vender vi blikket utover i Europa og til Nord- Amerika, og på dei ideane som var med på å prege grunnlova. Beethoven har fått ein sentral plass i programmet som den komponisten som kanskje mest av alle blei assosiert med ideane om fridom, likskap og brorskap frå den franske revolusjon. Ved hjelp av komponistar så forskjellige som Lully, Haydn, Mozart, Schubert, Dvorak, Brahms, Hopkinson og Janacek, fylgjer vi fridomsideane både bakover og framover i tid, også representert ved motsetninga deira, den absolutte konge- eller keisarmakta. 7

8 OPNINGSKONSERT HØGSKULEN I VOLDA, KAARSTADHUSET, VOLDA 4. SEPTEMBER KL Innslag ved talentstipendkandidat nr. 1 Hopkinson: My days have been so wondrous free (1759) Solset, Plagge Mozart: Fantasi i d-moll (Plagge) Beethoven: Sonate nr. 4 i a-moll for fiolin og klaver Follesø, Plagge Thorsen: Bestillingsverk Solset, Plagge, Follesø, Sigerland, Nylund, Aasgaard Schumann: Klaverkvintett Plagge, Sigerland, Follesø, Nylund, Aasgaard BAGATELLAR FREDHEIM, ULSTEINVIK 5. SEPTEMBER KL Innslag ved talentstipendkandidat nr. 2 Beethoven: 6 Bagateller, op.126 Plagge Schumann: 5 Lieder und Gesänge, op. 127 Solset, Plagge Brahms: Klaverkvartett nr. 2 Plagge, Follesø, Nylund, Aasgaard 8

9 KEISARKVARTETTEN AASENTUNET, ØRSTA 5. SEPTEMBER KL Innslag ved talentstipendkandidat nr. 3 Lully: frå Trios pour le coucher du Roi: Symphonie, Gaillarde, Chaconne Follesø, Sigerland, Aasgaard, Plagge Janácek: Sonate for fiolin og klaver Sigerland, Plagge Beethoven: Lied aus dem Ferne, WoO 137 Resignation, WoO 149 Solset, Plagge Haydn: Strykekvartett i C-dur op. 76 nr. 3, «Keisarkvartetten» Sigerland, Follesø, Nylund, Aasgaard AVSLUTNINGSKONSERT HØGSKULEN I VOLDA, KAARSTADHUSET, VOLDA 6. SEPTEMBER KL Utdeling av Sparebank1 Søre Sunnmøres talentstipend Beethoven: Variasjoner over «Bei Männern, welche Liebe fühlen» fra Mozarts opera «Tryllefløyten» Aasgaard, Plagge Strauss: «Morgen!» Solset, Sigerland, Plagge Spohr: Der Spielmann und seine Geige Solset, Sigerland, Plagge Schubert: Heiss mich nicht reden, D. 877,2 An die Musik, D. 547 In Abendrot, D. 799 Solset, Plagge Dvorak: Strykekvartett i F-dur, op. 96 «Den amerikanske» Follesø, Sigerland, Nylund, Aasgaard 9

10 Annar Follesø var i sin barndom elev ved den kommunal musikkskulen i Volda før han flytta til Oslo og heldt fram ved Barrat Due Musikkinstitutt. Han studerte sidan i fire år ved Indiana University i USA. Han blei i 1999 den fyrste norske fiolinsolist til å opptre ved festspela i Salzburg, då han vann fiolinprisen ved det internasjonale sommarakademiet. Follesø vert rekna blant våre fremste fiolinistar, har gjennom turnear og plateinnspelingar fått glimrande kritikkar i inn- og utland. I 2010 gav han som solist med Kringkastingsorkesteret ut fyrstegongsinnspelingar av Ole Bulls fiolinkonsertar, ei plate som fekk strålande kritikkar og blei kåra til «Record of the Year» av det britiske Griegselskapet. I oktober går turen til Cervantino-festivalen i Mexico der han mellom anna skal ha ein recital saman med Wolfgang Plagge. 10

11 hans vert framførte av orkester, solistar og ensemble over heile verda. Plagge er ein populær føredragshaldar, og hans breie kunnskap og uhøgtidelege stil har gjort han til ein gjengangar i radio og tv, blant anna i serien «Landeplage» på NRK. I oktober reiser han til Cervantino-festivalen i Mexico der han mellom anna skal halde ein recital saman med Annar Follesø. Wolfgang Plagge har heilt sidan sin sensasjonelle debut som 12-åring i 1972 høyrd til toppsjiktet blant norske pianistar og komponistar, og har vunne fleire internasjonale prisar og utmerkingar. Verka Liverpool Philarmonic Orchestra og har sidan det framførd meir enn tredve verk for cello og orkester. Jonathan Aasgaard studerte cello ved Guildhall School of Music and Drama der han vann alt av cello- og kammermusikkprisar. I 1999 blei han utnemnd til solocellist ved Royal 11

12 Han er også solocellist ved John Wilson Orchestra og frekventerer som gjestesolist ved ein rekkje andre britiske og europeisk orkester. Kammermusikkframføringar saman med pianistane Martin Roscoe, Simon Trpceski og Joanna MacGregor har teke han rundt Europa, Midtausten, Japan, Sør-Korea, USA samt ein rekkje leiande festivalar. Eriikka Nylund starta å spele fiolin fem år gamal i fødelandet Finland. Ti år seinare byta ho ut fiolinen med bratsj og studerte ved Sibelius-akademiet, Mozarteum i Salzburg og Musikakademie i Basel. Ho 12 og Kungliga Filharmonikerna. Nylund har opptredd på ein rekkje kammermusikkfestivalar i Norden, Colombia og USA. vann fyrstepris i 2001 Nordic Viola Competition i Helsinki og fyrstepris i International Dmitri Shostakovich International String Quartet Competition saman med Meta4 Quartet. Ho er solobratsjist i Sveriges Radio symfoniorkester og har også hatt engasjement som solobratsjist hjå London Philarmonia, Kungliga Operan Sølve Sigerland studerte ved Norges Musikkhøgskole og Ferenc Liszt-akademiet i Budapest, samt gått i lære hjå fiolinistar som Ana Chumachenco i Sveits og Lorand Fenvyes i Canada. Sigerland har dedikert det meiste av karrieren sin til kammermusikk, sjølv om han også har vore solist med leiande orkester i Norden under dirigentar som Andrew Litton, Daniel Harding og Leif Segerstam. I seinare år har dei solistiske kvalitetane hans

13 etablerte posisjonen sin som ein fiolinist av internasjonalt format. Seinare vann han to prisar i den internasjonale Tibor Varga-konkurransen i Sion, Sveits. kome til syne i framføringane av Mozart fiolinkonsertar nr. 3 og 5 under leiing av Walter Weller. I 1993 representerte han Noreg ved Nordic soloist biennial i Stockholm og anna Festspela i Bergen og kammermusikkfestivalane i Oslo, Risør og Sunnmøre. Ho er ein mykje brukt solist ved leiande orkester i Noreg. Berit Norbakken Solset høyrer til eliten av våre ung sopranar. Etter å ha fullført studiane sine ved Norges Musikkhøgskole vann ho INTRO-klassisk-konkurransen I Dette førte mellom anna til eit tett samarbeid med Bjarte Eike og Barokksolistene. I tillegg til å frekventere som solist i oratorier og pasjonar så har Norbakken Solset hatt solokonsertar på ein rekkje festivalar i Noreg, mellom 13

14 Hennar spesialitetar er kyrkjemusikk, samtidsmusikk og lied, men har dei seinare åra også sunge opera med stor suksess, mellom anna i rolla som Abel i Scarlattis Il Primo Omidicio ved Glogerfestspillene i Kongsberg i Bente Leiknes Thorsen arbeider, som fleire komponistar i generasjonen sin, med forventingar om det fullstendige som er bygd inne i ideen om det musikalske verket og i den klassiske konsertforma. I mange av Thorsens verk tek musikken eit tydeleg steg ut av konsertsalen gjennom bruk av kvardagslyder. Det tidlige korverket (K)viSSvaSS består av utsegner om kultur henta frå Stortingets spørjetime, stilt saman med byrjinga av eit ordspråk frå Håvamål som seier at folk og fe skal døy, men går det gjetord om deg, vil orda leve evig. Kanskje finst det også her ein gjenklang av det politiske engasjementet som heile tida har følgd Bente Leiknes Thorsens kunstnariske arbeid. Menneskestemma er eit anna materiale som stadig vender tilbake i Thorsens musikk, både innspelt og i partitur. Thorsen kan også arbeide med open form utan å kommentere konsertsituasjonen. I nokre partitur etablerer ho situasjonar og definerer nokre forhold mellom dei, men let utøvaren velje blant fleire moglege vegar gjennom materialet. Mykje komponert musikk tek seg sjølv høgtideleg, men hos denne komponisten er leiken aldri langt unna. 14

15 SUNNMØRE KAMMERMUSIKKFESTIVAL AS Storgata Volda KUNSTNARLEG ANSVARLEGE Annar Follesø Wolfgang Plagge DAGLEG LEIAR Øyvind Johan Eiksund post@kammermusikkfestival.no INFORMASJONANSVARLEGE Per Arne Brandal Steffen Djupvik Brandtzæg Høgskulen i Volda

16

september 2016 SUNNMØRE KAMMERMUSIKKFESTIVAL

september 2016 SUNNMØRE KAMMERMUSIKKFESTIVAL PROGRAM 8. 10. september 2016 SUNNMØRE KAMMERMUSIKKFESTIVAL S. 02 Kort om Sunnmøre kammermusikkfestival Fiolinisten Annar Follesø og pianisten Wolfgang Plagge, begge musikarar på internasjonalt nivå, er

Detaljer

Lopenr. Arkivdel: Ilassering P: KlasseringS: - Søkna. Sunnmore Kammermusikkfestival

Lopenr. Arkivdel: Ilassering P: KlasseringS: - Søkna. Sunnmore Kammermusikkfestival V VOLDA KOMMUNE Saksnr.,2.0 /2_, f RF13.50 www.regionalforvaltning.no el 9).? Avd.U Shs. Lopenr. Gvq- 1 5 APR2013 Soknad Arkivdel: E okiu. Q., Ilassering P:.2,2.3 KlasseringS: - Søknadsnr. 2013-0013 Støtteordning

Detaljer

3.-9. september 2017 SUNNMØRE KAMMERMUSIKKFESTIVAL

3.-9. september 2017 SUNNMØRE KAMMERMUSIKKFESTIVAL PROGRAM 3.-9. september 2017 SUNNMØRE KAMMERMUSIKKFESTIVAL S. 02 Inspiratoren Knut Ose Knut Ose (1936 2017) var heile livet engasjert som musikar og musikklærar, det meste av tida ved kulturskulane i Ørsta

Detaljer

SUNNMØRE KAMMERMUSIKKFESTIVAL

SUNNMØRE KAMMERMUSIKKFESTIVAL 06. 08. mai 2010 SUNNMØRE KAMMERMUSIKKFESTIVAL Musikkopplevingar av høg kvalitet Møte mellom menneske Sunnmøre kammermusikkfestival... 4 Kurs og undervisning... 5 Konsertar... 6 Opningskonsert...6 Jubilantane

Detaljer

SUNNMØRE 3. 5. MAI 2012 KAMMERMUSIKKFESTIVAL

SUNNMØRE 3. 5. MAI 2012 KAMMERMUSIKKFESTIVAL SUNNMØRE 3. 5. MAI 2012 KAMMERMUSIKKFESTIVAL SUNNMØRE KAMMERMUSIKKFESTIVAL 04 SEMINAR OG MEISTERKLASSAR 05 KONSERTAR 06 DESIGN: EIRIK TORHEIM GILJE ARTISTAR 12 Sunnmøre kammermusikkfestival Seminar og

Detaljer

SUNNMØRE KAMMERMUSIKKFESTIVAL 2. 4. MAI 2013

SUNNMØRE KAMMERMUSIKKFESTIVAL 2. 4. MAI 2013 SUNNMØRE KAMMERMUSIKKFESTIVAL 2. 4. MAI 2013 SUNNMØRE KAMMERMUSIKKFESTIVAL 04 SEMINAR OG MEISTERKLASSAR 06 KONSERTAR 08 ARTISTAR 14 SUNNMØRE KAMMERMUSIKKFESTIVAL Initiativtakaren til Sunnmøre Kammermusikkfestival

Detaljer

SUNNMØRE 5. 7. MAI 2011 KAMMERMUSIKKFESTIVAL

SUNNMØRE 5. 7. MAI 2011 KAMMERMUSIKKFESTIVAL SUNNMØRE 5. 7. MAI 2011 KAMMERMUSIKKFESTIVAL Sunnmøre kammermusikkfestival Sunnmøre kammermusikkfestival vert arrangert for andre gong 5. 7. mai 2011. Bak festivalen står Høgskulen i Volda og ei rekkje

Detaljer

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Teknikk og konsentrasjon viktigast Teknikk og konsentrasjon viktigast Karoline Helgesen frå Bodø er bare 13 år, men hevdar seg likevel godt i bowling der teknikk og konsentrasjon er viktigare enn rein styrke. Ho var ein av dei yngste finalistane

Detaljer

7. Festivalar. 30 millionar til musikkfestivalar. Knutepunktfestivalane 61 millionar kroner i støtte. 82 Statistisk sentralbyrå

7. Festivalar. 30 millionar til musikkfestivalar. Knutepunktfestivalane 61 millionar kroner i støtte. 82 Statistisk sentralbyrå 7. Festivalar 7.1. Nokre resultat Festivalane set framleis sitt preg på kultur-noreg med millionar av festivaldeltakarar. Festivalane representerer ulike sjangrar, men musikkfestivalane er i fleirtal og

Detaljer

Musikkhøgskolens symfoniorkester feirer Carl Nielsen, Jean Sibelius og Knut Nystedt Michael Schønwandt (dirigent) Lars Magnus Steinum (fiolin)

Musikkhøgskolens symfoniorkester feirer Carl Nielsen, Jean Sibelius og Knut Nystedt Michael Schønwandt (dirigent) Lars Magnus Steinum (fiolin) Musikkhøgskolens symfoniorkester feirer Carl Nielsen, Jean Sibelius og Knut Nystedt Michael Schønwandt (dirigent) Lars Magnus Steinum (fiolin) Fredag 4. desember kl. 19.30 Lindemansalen Kort om jubilantene

Detaljer

Messe for en såret jord

Messe for en såret jord Messe for en såret jord Førde kyrkje 19. oktober 2013 kl 18 Florø kyrkje 20. oktober 2013 kl 18 Kort presentasjonar av kor og musikerar. Kor Før de Kor Før de vart skipa i 2005 av nokre songglade damer

Detaljer

BIT20 Ensemble Strategi 2014-2017

BIT20 Ensemble Strategi 2014-2017 BIT20 Ensemble Strategi 2014-2017 Innhald Visjon og føremål Verdiar Mål Strategiske satsingsområde s.2 s.3 s.6 s.8 Visjon BIT20 Ensemble har som ambisjon å vere det fremste samtidsmusikkensemble i Norden.

Detaljer

Informasjon PROGRAM NORHEIMSUND 17 19 JUNI 2011. www.hardingtonar.no

Informasjon PROGRAM NORHEIMSUND 17 19 JUNI 2011. www.hardingtonar.no Informasjon PROGRAM NORHEIMSUND 17 19 JUNI 2011 www.hardingtonar.no Fredag 17. juni føremiddag Kvam kino, Nhs Hardingfela og hardingfelemakarane på Botnen Gratis førestilling for barnehagane i Kvam Merethe

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert 15.06.09

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert 15.06.09 TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE Sist redigert 15.06.09 VISJON TILTAK Stord kulturskule skal vera eit synleg og aktivt kunstfagleg ressurssenter for Stord kommune, og ein føregangsskule for kunstfagleg

Detaljer

Sør-Trøndelag Orkesterforening. tmh-12

Sør-Trøndelag Orkesterforening. tmh-12 2003 Sør-Trøndelag Orkesterforening tmh-12 Sør-Trøndelag Orkesterforening under ledelse av Tormod Knapp inviterer til konsert med Unge solister PROGRAM G. F. Händel Fra Water Music, suite II i D-dur, sats

Detaljer

ROTARY International. USA Canada Mexico Equador Brasil Tyskland Sveits Frankrike Spania Taiwan Japan Australia New Zealand Sør-Afrika * * *

ROTARY International. USA Canada Mexico Equador Brasil Tyskland Sveits Frankrike Spania Taiwan Japan Australia New Zealand Sør-Afrika * * * ROTARY International har eit utvekslingsprogram der vi tilbyr ungdom å bu i andre land. Opphaldet kan vare inntil eit skuleår. Fleire ungdommar mellom 16 og 18 år frå KLEPP, TIME og HÅ har nytta seg av

Detaljer

IKT-kompetanse for øvingsskular

IKT-kompetanse for øvingsskular Notat / Svein Arnesen IKT-kompetanse for øvingsskular Spørjeundersøking ved Vartdal skule VOLDA Forfattar Ansvarleg utgjevar ISSN Sats Distribusjon Svein Arnesen Høgskulen i Volda -7 Svein Arnesen http://www.hivolda.no/fou

Detaljer

HardingBaroque KONSERTINFORMASJON. RIKSTaMMVANE. Skulekonsertordninga til Rikskonsertane

HardingBaroque KONSERTINFORMASJON. RIKSTaMMVANE. Skulekonsertordninga til Rikskonsertane KONSERTINFORMASJON Skulekonsertordninga til Rikskonsertane HardingBaroque "1 Hardmigei; ikke hulgt herfra, gjøre Bonder-Drengene endogsaa deres egne Violiner til at spille paa, saa gode at inan har forsikret

Detaljer

STUDIEARK. Klassisk eleganse. - mestermøte i konserthuset. Torsdag 26. september 2013 kl. 10:00

STUDIEARK. Klassisk eleganse. - mestermøte i konserthuset. Torsdag 26. september 2013 kl. 10:00 STUDIEARK Klassisk eleganse - mestermøte i konserthuset Torsdag 26. september 2013 kl. 10:00 Oslo-Filharmonien Andrew Manze, dirigent Tine Thing Helseth, trompet For vgs. i Oslo - i samarbeid med Kort

Detaljer

Intro klassisk. Unge stjerner. Konsert for 1. - 7. årstrinn

Intro klassisk. Unge stjerner. Konsert for 1. - 7. årstrinn 2010 2011 Intro klassisk Unge stjerner Konsert for 1. - 7. årstrinn : Intro klassisk PROGRAMMET INTRO-klassisk er et toårig lanseringsprogram administrert av Rikskonsertene. Formålet med lanseringsprogrammet

Detaljer

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Alle borna i 1 klasse byrjar å bli trygge i sine nye omgivelser.

Detaljer

MEDLEMSINFO. august 2009

MEDLEMSINFO. august 2009 MEDLEMSINFO august 2009 No er ferien over! Sidan siste medlemsinfo har vi slett ikkje hatt ferie. Denne sommaren har vore veldig aktiv. Tusen takk til alle dokke som har stått på i sommar!! Det har vore

Detaljer

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN Lyngmo - Glytten 23. årgang Januar 2014 Helsing frå Lyngmo Når du mottek Lyngmoglytten denne gangen er det travelt arbeid i gang på kjøkkenet

Detaljer

Trond Borgen opnar utstillinga til årets festivalkunstnar Terje Meidel Skare, www.terjeskare.com. «Gudstjenestereforma korleis går det?

Trond Borgen opnar utstillinga til årets festivalkunstnar Terje Meidel Skare, www.terjeskare.com. «Gudstjenestereforma korleis går det? For meir detaljert program 11.- 14.9.: -sjå www.kirkemusikksymposium.no Torsdag 11. september: St. Petri kyrkje kl. 14.00: Bethel kl. 16.00: St. Johannes kyrkje kl. 19.30: Trond Borgen opnar utstillinga

Detaljer

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg Rundt 1000 var samla på Gulatinget for å feire Grunnlova. Foto: Anne Hovland Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg Anne Hopland http://www.firda.no/nyhende/article7453154.ece Publisert 01.07.2014

Detaljer

Drammen kulturskole 40 år Drammen by 200 år

Drammen kulturskole 40 år Drammen by 200 år Drammen kulturskole 40 år Drammen by 200 år Drammen kulturskole i samarbeid med Drammen Symfoniorkester feirer med festforestillinger i Drammens Teater torsdag 27. oktober 2011 kl. 20.00 fredag 28. oktober

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE Alle vaksne i Lyefjell barnehage arbeider for at det enkelte barn opplever at: Du er aktiv og tydelig for meg Du veit at leik og venner er viktige for

Detaljer

ATLE SPONBERG / FØRSTEAMANUENSIS FIOLIN

ATLE SPONBERG / FØRSTEAMANUENSIS FIOLIN STUDER STRYK TROMSØ Tromsø er Nord-Norges hovedstad og har både småbyens sjarm og storbyens larm. Byen er kjent for sitt pulserende uteliv og mangfoldige kulturliv. Her tilbys konserter i alle sjangrer,

Detaljer

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage Kjære foreldre/føresette Me ynskjer dykk og barnet dykkar hjarteleg velkomen til Lonevåg barnehage! Barnet dykkar har no fått

Detaljer

ÅRSMELDING 2012 \ BJØRKEDAL KYSTLAG

ÅRSMELDING 2012 \ BJØRKEDAL KYSTLAG ÅRSMELDING 2012 \ BJØRKEDAL KYSTLAG STYRET: Tove Aurdal Hjellnes, leiar Ståle Mek, nestleiar Heidi Thöni Sletten, kasserar Frode Pilskog, styremedlem Ann-Elin H. Bjørkedal, styremedlem Ottar Bjørneset,

Detaljer

7. Festivalar. Statistiske analysar 127 Kulturstatistikk ,5 millionar til musikkfestivalar

7. Festivalar. Statistiske analysar 127 Kulturstatistikk ,5 millionar til musikkfestivalar 7. Festivalar 7.1. Nokre resultat Dei siste ti åra har talet på festivalar og festivaldeltakarer auka jamleg. Festivalane er viktige arenaer for formidling og oppleving av kunst og kultur og set framleis

Detaljer

7 VOLDA KOMMUNE. Saksnr. Lopenr. Arkivdel: KlasseringP: KlasseringS: - Søkna

7 VOLDA KOMMUNE. Saksnr. Lopenr. Arkivdel: KlasseringP: KlasseringS: - Søkna V-edkm PS 45/13 7 VOLDA KOMMUNE ao /2, Saksnr. RF13.50 www.regionalforvaltning.no / ci eu Avd. KUN Shs. Lopenr. GA- 2013 1 5 APR Soknad Em.",tZ, 2 2,3 Arkivdel: KlasseringP: Soknadsnr. 2013-0013 Stotteordning

Detaljer

Aktivitetskalendar 2015

Aktivitetskalendar 2015 Versjon 1, 24.02,2015. Oppdatert versjon vil du finne på http://helseforsking.hisf.no/ Aktivitetskalendar 2015 Forskingsgruppa Folkehelse, livsstil og overvekt (FLO) Spørsmål? Ta kontakt med forskingsgruppeleiar

Detaljer

Sats på førarpatruljen! Om å starte og drive førarpatrulje i troppen v/sveinung Eiksund 09.10.2009

Sats på førarpatruljen! Om å starte og drive førarpatrulje i troppen v/sveinung Eiksund 09.10.2009 Sats på førarpatruljen! Om å starte og drive førarpatrulje i troppen v/sveinung Eiksund 09.10.2009 Inspirasjonen for foredraget Eigne erfaringar som troppsleiar i Ørsta og Trondheim Kortkurs om å satse

Detaljer

FOREDRAG

FOREDRAG Wolfgang Plagge huskes av den eldre generasjon som vidunderbarnet på piano. I dag er han både en ettertraktet pianist og komponist, og ikke minst: en spirituell og underholdende foredragsholder. Under

Detaljer

HORDABLÆSTEN 2012. Infosending nr 1

HORDABLÆSTEN 2012. Infosending nr 1 Infosending nr 1 HORDABLÆSTEN 2012 Her kjem første informasjonssending i samband med Hordablæsten 2012. Det er stor påmelding i år og for å få kabalen til å gå opp, er det naudsynt at også to solistklassar

Detaljer

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. HEILSETNINGAR 2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. Vi reiser til Cuba. Carmen les ei bok. Arne lagar middag. Luisa er på skulen. Det snør. I

Detaljer

Nynorsk Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo Hovudtest Elevspørjeskjema 8. klasse Rettleiing I dette heftet vil du finne spørsmål om deg sjølv. Nokre spørsmål dreier seg

Detaljer

9.-10. august 2013 NESETDAGANE. www.neset-telemark.no

9.-10. august 2013 NESETDAGANE. www.neset-telemark.no 9.-10. august 2013 NESETDAGANE www.neset-telemark.no PROGRAM 2013 FREDAG 9. AUGUST 14.00 Naturstig opp til Tehytta 17.00 Omvisning på tunet 19.00 Norskamerikaneren - Hillborg Romtveit og Trygve K.Vågen,

Detaljer

TROMSØ KONTAKTINFO STUDER BLÅS OG SLAGVERK LÆRERE PÅ BLÅS OG SLAGVERK KROGNESSVEIEN 33 UNIVERSITETET I TROMSØ MUSIKKONSERVATORIET 9037 TROMSØ

TROMSØ KONTAKTINFO STUDER BLÅS OG SLAGVERK LÆRERE PÅ BLÅS OG SLAGVERK KROGNESSVEIEN 33 UNIVERSITETET I TROMSØ MUSIKKONSERVATORIET 9037 TROMSØ KONSEN Musikkonservatoriet ved Universitet i Tromsø er en institusjon i drivende utvikling. Våre lærere er høyt kvalifiserte utøvende musikere, pedagoger og forskere som sammen jobber hardt for å gi studentene

Detaljer

Liv Glaser 80 år Jubileumskonsert Mozart på originalmåten

Liv Glaser 80 år Jubileumskonsert Mozart på originalmåten Liv Glaser 80 år Jubileumskonsert Mozart på originalmåten Torsdag 1. oktober kl. 19.00 Lindemansalen Program Wolfgang Amadeus Mozart (1756-91): Klaverkonsert nr 9 i Ess-dur, K271 «Jeunehomme» 1. sats:

Detaljer

Hei alle sjøstjerneforeldre

Hei alle sjøstjerneforeldre Hei alle sjøstjerneforeldre Tida flyg og me er godt i gong med oktober månad. Me har fine dagar på avdelinga og mykje fint haustvær har gjort til at me har vore mykje ute. Me har no jobba jamt og trutt

Detaljer

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Oppsummering/ evaluering av mars/april Mål og innhald april I mars har me hatt fokus på språk. Me har hatt språksamlingar saman med Rosa kvar veke, der har me sett på

Detaljer

DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN

DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN DEN KULTURELLE SKULESEKKEN Den kulturelle skulesekken er ei nasjonal satsing, og er eit samarbeid mellom Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet.

Detaljer

RAPPORTERING Den kulturelle spaserstokken 2016

RAPPORTERING Den kulturelle spaserstokken 2016 RAPPORTERING Den kulturelle spaserstokken 2016 Frist til Sogn og Fjordane fylkeskommune: 1. juni 2017 Skjemaet sendast til postmottak.kultur@sfj.no Skriv: Rapport- DKSS Sogn og Fjordane fylkeskommune,

Detaljer

Referat frå møte i Internasjonalt forum

Referat frå møte i Internasjonalt forum Referat frå møte i Internasjonalt forum Når: Tysdag 31.januar kl.12 Stad: Foss, stort møterom Til stades: Terje Bjelle, Bjarne Gjermundstad, Kari Thorsen, Åge Wiberg Bøyum, Ane Bergersen, Erik Kyrkjebø,

Detaljer

Last ned Leif Ove Andsnes - Astrid Kvalbein. Last ned. Last ned e-bok ny norsk Leif Ove Andsnes Gratis boken Pdf, ibook, Kindle, Txt, Doc, Mobi

Last ned Leif Ove Andsnes - Astrid Kvalbein. Last ned. Last ned e-bok ny norsk Leif Ove Andsnes Gratis boken Pdf, ibook, Kindle, Txt, Doc, Mobi Last ned Leif Ove Andsnes - Astrid Kvalbein Last ned Forfatter: Astrid Kvalbein ISBN: 9788252165265 Antall sider: 207 Format: PDF Filstørrelse: 27.16 Mb I denne første boka om den verdskjende pianisten

Detaljer

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Har igjen fått sps om dekninga i Sør. Veit ein meir om når utbygging av skal skje? Kor mange barn i sør får ikkje plass i nær? Svar frå administrasjonen: Vi syner til

Detaljer

De ufrivillige Regi: Ruben Östlund (Sverige 2008) 1t 38min

De ufrivillige Regi: Ruben Östlund (Sverige 2008) 1t 38min 2010 vår Tysdag 12. januar klokka 19.30 Casablanca Regi: Michael Curtiz (USA 1942) 1t 42min Casablanca er eit høgdepunkt i Hollywood si historie. Filmen tek opp den umoglege kjærleiken, og er for mange

Detaljer

Bitraf Resultatregnskap0per031.12.2012

Bitraf Resultatregnskap0per031.12.2012 Bitraf Resultatregnskap0per031.12.2012 Note 2012 Driftsinntekter Medlemskap 1 89,660.56 Bedriftspartner 2 15,000.00 Sum;driftsinntekter 104,660.56 Driftskostnader Husleie 80,714.00 Labutstyr 3 3,327.00

Detaljer

Kultur og dens betydning for psykisk helse. Rapport frå den planlagte kulturveka i 2014 Bjørgvin DPS

Kultur og dens betydning for psykisk helse. Rapport frå den planlagte kulturveka i 2014 Bjørgvin DPS Kultur og dens betydning for psykisk helse. Rapport frå den planlagte kulturveka i 2014 Bjørgvin DPS Frå fjorårets åpning av Kulturveka KULTURVEKA 2014 Bjørgvin DPS Kl Måndag 27 okt Tysdag 28 okt Onsdag

Detaljer

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd VISJON I arbeidet for og med dei medarbeidarane i Fjell sokn har vi utarbeida ein visjon: I Fjell sokn vil vi

Detaljer

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt

Detaljer

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage) ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage) Denne planen gjeld frå og med januar 2015 til og med desember 2015. I tillegg lagar personalet ein grovplan med meir

Detaljer

Spelemannslaget De frilynde

Spelemannslaget De frilynde Spelemannslaget De frilynde Ein presentasjon av laget, aktiviteten og musikken Lene Meum og Nils Seland - fredag 6. mars 2015 Bli litt kjent med ein triveleg gjeng frå 15 til 80 år som kjem saman kvar

Detaljer

Musikk i bilete. ein konsert med Trondheim Symfoniorkester. Konsert for 1. - 7. årstrinn

Musikk i bilete. ein konsert med Trondheim Symfoniorkester. Konsert for 1. - 7. årstrinn 2010 2011 Musikk i bilete ein konsert med Trondheim Symfoniorkester Konsert for 1. - 7. årstrinn : Musikk i bilete Om programmet Vi har kalla konserten Musikk i bilete, og konserten vil fokusere på bilete

Detaljer

Forventningar til og utfordringar for nettlærarane

Forventningar til og utfordringar for nettlærarane Forventningar til og utfordringar for nettlærarane Jostein Tvedte, Høgskulen Stord/Haugesund = nettlærar sidan starten (JITOL/NITOL) = seksjonsleiar for IKT i avd. for LU =medlem av styret i HSH Kven er

Detaljer

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015 Halvårsrapport raud gruppe haust 2015 Det har vore eit flott halvår på raud gruppe. I gruppa har me 13 born, 10 jenter og 3 gutar, ein pedagog og ein assistent. Me har hatt tre studentar denne hausten.

Detaljer

«STRYK og BLÅS» I Maihaugsalen Søndag 14. februar kl

«STRYK og BLÅS» I Maihaugsalen Søndag 14. februar kl «STRYK og BLÅS» I Maihaugsalen Søndag 14. februar kl. 17.00 Strykere fra Lillehammer kulturskole Strykere fra Lillehammer Symfoniorkester Hedmark-Oppland Regionkorps (HOKK) Dirigenter: Geir Inge Lotsberg

Detaljer

Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk Årsmeldinga frå Austevoll maritime fagskule gjev ein oppsummering av dei viktigaste funna i student

Detaljer

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1 Rolf Lystad 12.05.14 Oklavegen 4 6155 Ørsta Utdanningsavdelinga v/ståle Solgard Møre og Romsdal fylkeskommune Fylkeshuset, Julsundvegen 9 6404 Molde Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen

Detaljer

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB 2014-2015

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB 2014-2015 Kultur og fritid ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB 2014-2015 Velkomne til Valle Ungdomsklubb! Vedlagt finn du årsmelding for Valle ungdomsklubb 2014-2015. Det har vore eit spennande år med mykje aktivitet.

Detaljer

MIRO-ENSEMBLET OG NY ORGANISERING AV MUSIKKMILJØET PÅ HAUGALANDET

MIRO-ENSEMBLET OG NY ORGANISERING AV MUSIKKMILJØET PÅ HAUGALANDET Saksutredning: MIRO-ENSEMBLET OG NY ORGANISERING AV MUSIKKMILJØET PÅ HAUGALANDET Trykte vedlegg: MiRo-ensemblet og ny organisering av musikkmiljøet på Haugalandet utredning Politisk vedtak: Haugesund Karmøy

Detaljer

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. PREPOSISJONAR 1 Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. Luisa går på skule i Ålesund. Skulen ligg midt i byen. Klasserommet ligg i tredje etasje

Detaljer

Sandeid skule SFO Årsplan

Sandeid skule SFO Årsplan SFO Årsplan Telefon: 48891441 PRESENTASJON AV SANDEID SKULE SIN SFO SFO er eit tilbod til elevar som går på i 1. til 4. klasse. Rektor er leiar av tilbodet. Ansvaret for den daglege drifta er delegert

Detaljer

SHOWKONSERT. i Eikelandsfjorden samfunnshus Laurdag 9. mars 2013

SHOWKONSERT. i Eikelandsfjorden samfunnshus Laurdag 9. mars 2013 SHOWKONSERT i Eikelandsfjorden samfunnshus Laurdag 9. mars 2013 Program Showkonsert 9. mars 2013. Eikelandsosen skulemusikklag og Eikelandsfjorden musikklag: Kesaule Ndihamba Nawe Mbabane Brazzisimo Aspirantane

Detaljer

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7 Den gode gjetaren Lukas 15:1-7 Bakgrunn I denne forteljinga formidlar du noko om kva ei likning er. Difor er delen om gullboksen relativt lang. Det å snakke om dei ulike filtstykka som ligg i boksen, er

Detaljer

Månadsbrev for Rosa september 2014

Månadsbrev for Rosa september 2014 Månadsbrev for Rosa september 2014 Oppsummering/ evaluering av september Språkutvikling Omsorg Ser at borna no stort sett er trygge både på rutinane, dei andre barna og dei vaksne på avdelinga. Dette fører

Detaljer

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418 Vaksdal kommune SAKSFRAMLEGG Saksnr: Utval: Dato Formannskap/plan- og økonomiutvalet Kommunestyret Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418 Revisjon av retningsliner

Detaljer

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012 PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012 HANDLINGSPLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING 2012 Premissar. Det vart gjennomført ei grundig kompetansekartlegging i heile grunnskulen i Herøy hausten 07. Kritisk

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

Granvin barne- og ungdomsskule 5733 GRANVIN Rektor mobil: Assisterande rektor mobil:

Granvin barne- og ungdomsskule 5733 GRANVIN Rektor mobil: Assisterande rektor mobil: Granvin barne- og ungdomsskule 5733 GRANVIN rigmor.hanssen@granvin.kommune.no Rektor mobil: 40403885 Assisterande rektor mobil: 40403884 Informasjon til heimane, november 2017 Hausten er på hell, og det

Detaljer

6. trinn. Veke 24 Navn:

6. trinn. Veke 24 Navn: 6. trinn Veke 24 Navn: Takk for ei fantastisk fin førestilling i går! Det var veldig kjekt å sjå dykk, både på formiddagen og på ettermiddagen. Eg vart veldig stolt! No må vi få rydda opp og pakka litt

Detaljer

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen Kort om føresetnadene for folketalsprognosen Folketalsutviklinga i PANDA vert bestemt av fødselsoverskotet (fødde minus døde) + nettoflyttinga (innflytting minus utflytting). Fødselsfrekvensar og dødsratar

Detaljer

www.kappdetgodeliv.no Jan Helgøy, Ordførar i Vanylven kommune

www.kappdetgodeliv.no Jan Helgøy, Ordførar i Vanylven kommune Dei unike dråpane i vest Området vårt er kalender-noreg i miniatyr. Vi samlar juvelane i eit fellesskap slik at dei skin enno klarare og tydelegare. Det er kjekkare å gå på skattejakt når ein går saman.

Detaljer

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå 01.01. 2011

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå 01.01. 2011 1 2 VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND gjeldande frå 01.01. 2011 1. DRIFT I SAMSVAR MED NORSK LOV Eigaren av barnehagane er Studentsamskipnaden for

Detaljer

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd. Månadsbrev frå oktober, Grøn avd. Oppsummering/ evaluering av oktober Oktobermånad starta me med eit lite epleprosjekt. Inndelt i grupper, fekk alle barna vere med på tur for å hauste eple og plommer.

Detaljer

PROGRAM GLOPPEN MUSIKKFEST 2013

PROGRAM GLOPPEN MUSIKKFEST 2013 PROGRAM GLOPPEN MUSIKKFEST 2013 19.aug 29.aug: Frå skolestart til festival: Formidlingsprogram for grunnskulane og kulturskolen som leder fram til familiekonserten med Bergen filharmoniske orkester. Peer

Detaljer

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7 Bønn «Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet: «I ein by var det ein dommar som ikkje hadde ærefrykt for Gud og ikkje tok omsyn til noko menneske.i same byen var det

Detaljer

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE Sogndal Studentbarnehage er ein privat barnehage, som vert driven av Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane (SISOF), velferdsorganisasjonen

Detaljer

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn Når det gjeld barn som vert utsett for vald eller som er vitne til vald, vert dei ofte utrygge. Ved å førebygge og oppdage vald, kan me gje barna

Detaljer

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn Jobbskygging side 1 Jobbskygging Innhald Handverk, industri og primærnæring Omgrepa handverk, industri og primærnæring. Kva betyr omgrepa? Lokalt næringsliv etter 1945 Korleis har lokalt næringsliv utvikla

Detaljer

Velkommen til Vårkonsert med Sør-Trøndelag Orkesterforening i Vår Frue Kirke

Velkommen til Vårkonsert med Sør-Trøndelag Orkesterforening i Vår Frue Kirke Velkommen til Vårkonsert med Sør-Trøndelag Orkesterforening i Vår Frue Kirke dirigent Tormod Knapp solister Birgitte Volan Håvik, harpe Øyvind Håvik, fløyte Program W. A. Mozart, Konsert for fløyte, harpe

Detaljer

Oslo Rotary Klubb. Kurs i klassisk musikk 2016-2017

Oslo Rotary Klubb. Kurs i klassisk musikk 2016-2017 Oslo Rotary Klubb Kurs i klassisk musikk 2016-2017 Oslo Rotary Klubb fortsetter suksessen med kurs i klassisk musikk. Konsertserien som har professor og musikkhistoriker Harald Herresthal som kursleder,

Detaljer

Innholdsrik høst med SSO

Innholdsrik høst med SSO Pressebilder for høsten kan lastes ned http://www.sso.no/presserom/pressebilder/15 Innholdsrik høst med SSO Stavanger Symfoniorkesters høstsesong byr på fargerik musikk, store klassikere, film og opera,

Detaljer

Våg å tenk stort, våg å tenk enkelt

Våg å tenk stort, våg å tenk enkelt + Våg å tenk stort, våg å tenk enkelt Om skulekonserttilbod for spesialskular Masteroppgåve musikkterapi levert våren 2012 Randi-Merete Roset + «Plutseleg er det ein som ikkje har hatt noko lyd som byrja

Detaljer

EKSAMEN UNIVERSITETET I AGDER FAKULTET FOR KUNSTFAG. Emnekode: Emnenamn: MU-130 Musikkorientering. Dato: 21.05.2012 Lengde: 5 timar

EKSAMEN UNIVERSITETET I AGDER FAKULTET FOR KUNSTFAG. Emnekode: Emnenamn: MU-130 Musikkorientering. Dato: 21.05.2012 Lengde: 5 timar W UNIVERSITETET I AGDER FAKULTET FOR KUNSTFAG EKSAMEN Emnekode: Emnenamn: MU-130 Musikkorientering Dato: 21.05.2012 Lengde: 5 timar Talet på sider inkl. framside 3 Tillatne hjelpemiddel: Merknader: Ingen

Detaljer

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012 Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 24.04.2012 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Detaljer

Plassebakken Barnehage

Plassebakken Barnehage Plassebakken Barnehage Plassebakken Post Sørigard Februar 2012 www.plassebakken.no Hei og hå! I månaden som er gått har vi leika oss ute i snøen, så nær som kvar dag. Vi sila i bakkane og mala på snøen

Detaljer

Vel nynorsk for barnet ditt!

Vel nynorsk for barnet ditt! Vel nynorsk for barnet ditt! 10 elevar er nok til å få ein eigen nynorskklasse på skulen til barnet ditt. Alle elevar skal lære bokmål og nynorsk. Lat barnet ditt få gjere det på den lettaste måten. Kva

Detaljer

5. Soknerådsmøte 2016 3. mai Referat

5. Soknerådsmøte 2016 3. mai Referat 5. Soknerådsmøte 2016 3. mai Referat Mat: Ingunn AU Arbeidsutvalet for soknerådet. Møter kvar månad ca 1 veke før soknerådsmøtet. Tar unna saker av meir forretningsmessig karakter. SR Soknerådet FR Klepp

Detaljer

Sagoland. The JETS ein jazzkonsert med smak av Sverige. Klassetrinn 1.- 7. trinn

Sagoland. The JETS ein jazzkonsert med smak av Sverige. Klassetrinn 1.- 7. trinn 2012 2013 Sagoland The JETS ein jazzkonsert med smak av Sverige Klassetrinn 1.- 7. trinn : Sagoland programmet Svante Söderqvist og Tomas Nyqvist var i fleire år kollegaer i Estrad Norr (musikarordningai

Detaljer

Årsrapport. Bygdeutviklingsprosjektet i Instedalen. Årsrapport bygdeutvikling 2012

Årsrapport. Bygdeutviklingsprosjektet i Instedalen. Årsrapport bygdeutvikling 2012 Årsrapport 2012 Bygdeutviklingsprosjektet i Instedalen Årsrapport bygdeutvikling 2012 I 2012 har hovedstyret i BU Instedalen hatt 7 styremøter. Styret har sett ned arbeidsgrupper til dei forskjellige prosjekta,

Detaljer

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Mål: Elevane skal kjenne til utbreiinga av hallingmålet i nærmiljøet. Dei skal vita noko om korleis hallingmålet har utvikla seg

Detaljer

5. Fleire tilhøyrarar og større aktivitet

5. Fleire tilhøyrarar og større aktivitet Kulturstatistikk 2004 Musikk 5. Fleire tilhøyrarar og større aktivitet Rikskonsertane og andre orkester i Noreg heldt fleire konsertar, og fleire nytta høvet til å gå på konsert. Dei statlege utgiftene

Detaljer

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om : Denne månaden har me blant anna arbeid med «Barn hjelper barn» som ei førebuing til haustfesten vår 3. november, der inntektene vil gå til SOS-barnebyer Bergen. Barna har mellom anna laga epletrykk og

Detaljer

UTGIVELSESDAGAR AVIS. Motta korrektur på mail, godkjenn for trykk eller korriger evt. feil.

UTGIVELSESDAGAR AVIS. Motta korrektur på mail, godkjenn for trykk eller korriger evt. feil. UTGIVELSESDAGAR AVIS 1 2 3 Fyll ut bestillingsskjema www.mrfylke.no/annonse minst 3 virkedagar før innrykk. Motta korrektur på mail, godkjenn for trykk eller korriger evt. feil. Annonsekostnadar fakturerast

Detaljer

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg. JANUAR 2015! Ja, i går vart friluftsåret 2015 erklært for opna og me er alle ved godt mot og har store forhåpningar om eit aktivt år. Det gjeld å ha store tankar og arbeida medvite for å gjennomføra dei.

Detaljer