Mellom tanke og tru //]]]]> // ]]>
|
|
- Brita Austad
- 6 år siden
- Visninger:
Transkript
1 Mellom tanke og tru // //]]]]> // ]]> BOKOMTALE: I si nye bok avdekkjer Kathrin Messner samanhengar mellom Paul Ricoeur sitt liv og verk, i søken etter trua sin plass i tenkinga hans. Resultatet er ei bok kor dei strukturelle vendingane er vel så viktige som materien. Av Alexander Myklebust Oppgåva Messner har teke på seg med boka Paul Ricæurs biblische und philosophische Hermeneutik des Selbst er å undersøke korleis dei religiøse og filosofiske tankebanane til Ricoeur står i høve til kvarandre. Messner viser korleis sjølvet står i ei stadig spenning mellom tanke og tru i Ricoeur sine bibelske og hermeneutiske utleggingar. Dette kan ikkje berre forståast som ei filosofisk innsikt, men blir også reflektert i den «schizofreni» han opplevde som rasjonell filosof på den eine sida, og personleg kristen på den andre. 1 / 6
2 Boka har ei kort innleiing og 5 kapittel. Det første kapitlet, «Der Philosoph als Theologe», gjev eit overblikk over Ricoeur sitt liv og arbeide i samanheng med kvarandre. Etter dette tar drøftingane utgangspunkt i konkrete tekstar Ricoeur skreiv i perioden I femte og siste kapittel, «Parfaitement raisonnable?!» («Fullstendig fornuftig?!»), blir det trekt ein boge tilbake til det første kapitlet. Med det blir tematikken om korleis livet (det etiske i mennesket) og tanken (det fornuftige i mennesket) hos Ricoeur står i høve til kvarandre konstruktivt framstilt i lys av både personen og filosofen Paul Ricoeur. Ei slik strukturering fungerer godt i dette tilfellet fordi det opnar for å drøfte de meir tekniske sidene ved hermeneutikken i hovuddelane av teksten utan stadig å trekke inn biografiske detaljar, på same tid som det blir klårt kva det var som stod på spel for Ricoeur. Messner si utlegging har ein nokså særeigen struktur på fleire måtar, som ser ut til å spegle visse sider ved Ricoeur sin dialektiske tenkjemåte. I tillegg har ho valt å gjere dei tekstlege drøftingane sine i ein omvendt kronologisk rekkjefølgje. Framfor å forsøke å finne eit rettlinja resonnement bør boka altså sjølv lesast som ein form for dialektisk hermeneutikk, kor strukturen og tenkinga sine vendingar er vel så viktige som materien. Bi-bli-ografi Det første og mest påfallande grepet Messner har gjort er altså å trekke inn biografiske moment inn i lesingane sine, eit grep ho omtalar som «bi-bli-ografi». Med tanke på at Ricoeur sjølv såg livet og arbeidet sitt som eitt synast dette ved første augekast å vere eit potensielt fruktbart grep frå Messner si side. Messner peiker på at då Ricoeur sin fjerde son, Olivier, tok sitt eige liv i 1986 fekk det djuptgripande innverknad som tvang fram ein nærare kontakt mellom tanke og tru, som filosofen tidlegare hadde heldt åtskilt. Denne hendinga fall saman med at Ricoeur allereie var i ferd med å gjere ei vending mot sjølvet i filosofien. Messner legg altså opp til, med støtte i Ricoeur sin intellektuelle sjølvbiografi, å vise at det på denne tida skjedde ei viktig endring i kva Ricoeur ville med det hermeneutiske prosjektet sitt, som han fram til då hadde vore prega av polemikk med ulike 2 / 6
3 filosofiske posisjonar. No vart det viktigare å finne løysingar i form av samtykke og samforståing. Etter den nemnde sjølvbiografien er dei andre tekstane Messner drøftar Amour et justice/liebe und Gerechtigkeit (som vart publisert i ei fransk og tysk parallellutgåve) og dei såkalla Giffordførelesingane som danna grunnlaget for boka Oneself as Another. Eit særtrekk som gjer Amour et justice til eit høveleg utgangspunkt er at dette er den staden kor Ricoeur verkeleg let filosofen og trua kome i tale med kvarandre. Messner set fram tesen at i Amour et justice står rettferd til kjærleik slik filosofien står til teologien i Ricoeur si tenking. Det tredje tekstgrunnlaget Messner nyttar er også henta frå «Gifford-førelesingane», men då dei delane som er meir retta mot teologi, enn filosofi, og som vart utelatne då Ricoeur omarbeidde førelesingane til Soi-même comme un autre i 1990 (den engelske utgåva Oneself as Another kom ut 1992). Dialektikk og poetikk Messner byggjer lesinga si i stor grad på å undersøke dialektikken i Ricoeur si hermeneutiske tenking. Faktisk kan det virke som ho tar dette så på alvor at ho sjølv nyttar den same dialektikken i sine eigen drøftingar om Ricoeur. Det vil seie at den dialektiske strukturen som finnast «internt» i Ricoeur sine skrifter, også blir grunnlaget for tolkinga av Ricoeur si utvikling som filosof og korleis ulike, elles uavhengige, tekstar blir lest i lys av kvarandre. Det at drøftingane av dei ulike enkelttekstane er lagt opp i ein omvendt kronologisk form, kor den nyaste teksten, Ricoeur sin sjølvbiografi frå 1995, set grunntonen gjer at prosjektet i stor grad står og fell på Ricoeur sin eigen oppfatning av utviklinga filosofien hans gjekk gjennom i den aktuelle perioden. Det er mykje som tyder på at dette utgangspunktet har vore med på å forme både måten Messner har strukturert utleggingane av bestemte tekstar og biografiske hendingar, og kva slags tyngde dei har fått. Sjølv om denne taktikken i det store og heile har ført fram til interessante resultat i Messner sitt prosjekt, betyr det ikkje at det er dette tolkingsgrunnlaget som bør ligge til grunn for ei 3 / 6
4 kvar Ricoeur-eksegese. Det er jo ikkje utenkeleg at det finnast sider ved Ricoeur sine tekstar som han sjølv er for nær til å få skikkeleg auge på, eller at han tillegg tekstane sine ein felles indre logikk eller koherens som kan ved nærare ettersyn kan vise seg å vere mangelfullt. Her kan ein altså lure på kor teneleg det er at sjølvbiografien har fått ein såpass autoritativ status i Messner si utlegging. Når dette likevel er gjort er det verdt å merke seg nettopp kva sider ved tolkinga hennar dette har mest å seie for. Det mest avgjerande synast å vere fokuset på å tolke hermeneutikken først og fremst ut frå ein dialektikk som Ricoeur i retrospekt påpeikte var der. Noko av det som kjenneteikner Ricoeur sin dialektikk er at han ikkje går mot noko «Absolutt», slik som dei tyske idealistane sin dialektiske tenking gjer. Mennesket når aldri opp til eit stadium kor sjølvmotseiingane og konfliktane blir forløyste. I tillegg ligg det hos Ricoeur stadig til grunn eit problem eller spørsmål av aporetisk art som ikkjevil forsvinne verken ved hjelp av tanke eller handling. Messner innfører eit generelt skjema som ho etter kvart brukar for å klargjere korleis dei ulike elementa i tenkinga er dialektisk strukturert i høve til kvarande på ulike stader i Ricoeur si tenking: 4 / 6
5 // //]]]]> // ]]> Messner tar med seg skjemaet vidare og brukar det som eit verktøy for å vise korleis denne strukturen gjennomsyrer heile Ricoeur sin hermeneutikk om sjølvet. Dette har mellom anna den fordelen at det blir lett å henge med i ein nokså teknisk komplisert tekst, men på den andre sida kan ein spørje seg om kor mykje vekt ein skal legge på denne forma, utan at det heile rett og slett blir for skjematisk. Det kan nemleg sjå ut som om at det Messner kan presentere ut frå dei «dialektiske» skjema som ho teiknar opp utover i boka ender opp med å nettopp ikkje føre fram til noko anna enn ein enkel og lite forklarande kombinasjon av dei to sidene som i utgangspunktet står i konflikt med kvarandre. Det mest påfallande eksempelet i så måte er skjemaet vi finn på side 238 kor vi kan lese at på det første nivået står Sjølvet og Gud mot kvarandre, medan det på det andre nivået er ein dialektikk mellom Sjølvet og Gud. Dette kan rett nok vere greitt nok som reint deskriptivt når det kjem til å skildre akkurat kva som er tema for den dialektiske tenkinga på ulike stadar i Ricoeur sine tekstar, men det seier oss lite om kva denne dialektikken fører til, og kva særeigne innsikter den fører Ricoeur fram til. I Messner si utlegging står Ricoeur si tenking fram som bygd opp av stadig mindre fraktalar; jo nærare ein går tekstane hans i saumane vil det vise seg at den treledda overordna strukturen går igjen, også i detaljane. Med Ricoeur sin påstand om at han oppdaga ein treledda struktur i sine tidlegare verk, går Messner Amour et justice, Gifford-førelesingane og Oneself as Another etter i saumane for å avdekke korleis denne strukturen gjennomsyrar heile verket. Faren ved å tolke eit verk på denne måten, er at ein kan ende opp med å presse på tekstane ein struktur som ikkje eigentleg finnast der. Samtidig som det kan vere gode grunnar for å tolke den generelle oppbygginga av Oneself as Another i den treledda strukturen, blir eg stadig meir usikker på kor godt motivert dei stadige forsøka å finne den same strukturen inne i eit kvart tekststykke og elles overalt i argumenta og drøftingane Ricoeur legg fram. Som Messner også er inne går Ricoeur si tenking ofte innom omvegar for å kome frå til noko som ein ikkje kan nå umiddelbart. Ikkje minst er dette tilfelle i Oneself as Another kor Ricoeur tillet seg å gå i dialog med svært mange ulike filosofar og filosofiske posisjonar for å finne ulike måtar å tenkje om sjølvet på. Å systematisere tenkinga som går føre seg der er risikabelt med tanke på at studiane hans ikkje siktar mot å vere fullstendig uttømmande eller tilstrekkelege for å kome fram til eit endeleg svar, noko vi har sett Messner sjølv trekke fram med orienteringa vekk frå den polemiske hermeneutikken, og at det som først og fremst sameiner dei er ein generell tematisk slektskap, meir enn ei systematisk oppbygnad som fører fram til ein klår konklusjon. Som regel i dialektisk tenking er jo ikkje målet å addere saman to sider av ei sak og av det få summen av delane, men heller å finne spenningar, og korleis desse fører fram til noko som er kvalitativt forskjellig frå delane. Gud som for- og sluttstadie 5 / 6
6 Powered by TCPDF ( Salongen I det siste kapitlet utvidar Messner den dialektiske tankefiguren. Dette skjer ved innføringa av eit «forstadie», kor Gud er representert. Hos Ricoeur er Gud og heile den religiøse/teologiske dimensjonen uutgrundeleg frå eit filosofisk standpunkt, men fordrar eit eige språk ved sidan av dei vitskaplege og filosofiske språkspela. Der filosofen søker å finne svar på eit spørsmål vil teologen ha eit svar på eit rop til Gud. Gud står utanfor det som let seg forstå og forklare, og av den grunn er både den filosofiske og bibelske hermeneutikken til Ricoeur ikkje av teologisk art, men fullstendig fornuftige, påpeiker Messner. Like fullt er det for Ricoeur slik at det menneskelege sjølvet ikkje berre er fornuftig, men har også etiske og religiøse og sosiale dimensjonar ved seg som filosofien ikkje åleine kan uttømme. Den utvida tenkefiguren som blir innført med det teologiske ropet pakkar inn den treledda strukturen vi har sett tidlegare. No finnast det også eit nivå for det som berre er mogleg for Gud, altså for det vi berre kan overlate til tru og håp. Såleis endar Messner opp med ei framstilling av religion og tenking i Ricoeur si tenking kor filosofien og teologien ikkje blir plassert inn i den same typen dialektikk som tenkinga sjølv, men kor det fornuftige blir plassert inn i ein større menneskeleg og religiøs og aporetisk samanheng. 6 / 6
Å løyse kvadratiske likningar
Å løyse kvadratiske likningar Me vil no sjå på korleis me kan løyse kvadratiske likningar, og me tek utgangspunkt i ei geometrisk tolking der det kvadrerte leddet i likninga blir tolka geometrisk som eit
DetaljerPaul Ricoeur //]]]]> // ]]>
Paul Ricoeur // //]]]]> // ]]> RØFF GUIDE: Mykje av Ricoeur sin filosofi er prega av blindvegar og tilsynelatande uløyselege problem. Men i dette ligg det også ei særeigen innsikt. Av Alexander Myklebust
DetaljerFagfornyelsen - andre runde innspill til kjernelementer i skolefagene
Fagfornyelsen - andre runde innspill til kjernelementer i skolefagene Uttalelse - Utdanningsforbundet Status: Innsendt av: Innsenders e-post: Innsendt til Utdanningsdirektoratet Innsendt og bekreftet av
DetaljerUTVIKLINGSPLAN Bø skule
UTVIKLINGSPLAN 2018-2019 Bø skule 1.0 Mål... 3 1.1 Lesing... 3 1.2 Inkluderande og trygt skulemiljø... 3 2.0 Nå-situasjonen ved Bø skule... 3 2.1 Nå-situasjonen knyta til lesing... 3 2.2 Nå-situasjonen
DetaljerTilgangskontroll i arbeidslivet
- Feil! Det er ingen tekst med den angitte stilen i dokumentet. Tilgangskontroll i arbeidslivet Rettleiar frå Datatilsynet Juli 2010 Tilgangskontroll i arbeidslivet Elektroniske tilgangskontrollar for
DetaljerÅ skrive brev. Læringsmål med kjenneteikn på måloppnåing. Læringsmål: Å skrive kort og brev. Du er i gang Du er på god veg Du har kome langt
Å skrive brev Oppgåve 10 og I mål-oppgåve i kapittel 1 «Send ei helsing» Å skrive kort og brev Skrive stad, tid, opningshelsing og underskrift Skrive ei innleiing, ein hovuddel og ei avslutning Eg greier
DetaljerRefleksjon og skriving
Refleksjon og skriving I denne delen skal vi øve oss på å skrive ein reflekterande tekst om eit av temaa i boka om «Bomulv». Teksten skal presenterast høgt for nokre andre elevar i klassen. 1 Å reflektere
DetaljerForslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman.
Introduksjon av økta Bilda: er dei vener, kva er bra og korleis er det forskjellar? Fakta-ark med tilbakemeldingar Gruppe: Kan alkohol styrkja og svekkja venskap? Gruppe: Kva gjer me for at det skal halda
DetaljerTenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK
Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse
DetaljerSamarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?
Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd? Gunhild Kvålseth 15.06.17 Innhald Innleiing... 3 Formålet med undersøkinga... 3 Status i dag... 3 Framgangsmåte...
DetaljerI denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.
Pingviner på tur Skrevet av: Geir Arne Hjelle Oversatt av: Stein Olav Romslo Kurs: Scratch Tema: Blokkbasert, Spill Fag: Programmering Klassetrinn: 1.-4. klasse, 5.-7. klasse, 8.-10. klasse Introduksjon
DetaljerMatematisk samtale og undersøkingslandskap
Matematisk samtale og undersøkingslandskap En visuell representasjon av de ulike matematiske kompetansene 5-Mar-06 5-Mar-06 2 Tankegang og resonnementskompetanse Tankegang og resonnementskompetansen er
DetaljerS1-eksamen hausten 2017
S1-eksamen hausten 017 Tid: timar Hjelpemiddel: Vanlege skrivesaker, linjal med centimetermål og vinkelmålar er tillatne. Oppgåve 1 (6 poeng) Løys likningane a) x x 80, a 1, b, c 8 b b 4ac 4 1 ( 8) 4 6
DetaljerSaman om å skape. Strategi for innbyggardialog
Saman om å skape Strategi for innbyggardialog Vedteken i Ulstein kommunestyre 21. juni 2018 INNLEIING Kvifor gjer vi dette? Ulstein kommune vil styrke innbyggardialogen og lokaldemokratiet. Det er tre
DetaljerLæreplan i klima- og miljøfag
Læreplan i klima- og miljøfag Føremål: Kunnskap om berekraftig utvikling og innsikt i klima- og miljøspørsmål vert stadig viktigare når komande generasjonar skal velje yrke og delta aktivt i samfunnslivet.
DetaljerRapport om målbruk i offentleg teneste 2017
Rapport om målbruk i offentleg teneste 17 1 Innhald Om rapporten... 3 Forklaring til statistikken... 3 Resultat frå underliggjande organ... 3 Nettsider... 4 Korte tekstar (1 sider) og lengre tekstar (over
DetaljerLIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA
LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt
Detaljer12/2011 NOTAT. Hallgerd Conradi og Kåre Heggen
12/11 NOTAT Hallgerd Conradi og Kåre Heggen dei nye studentane på barnevernspedagog- og sosionomstudiet 11 Forord Institutt for sosialfag fekk eit ekstra stort kull med nye studentar på studia i barnevernspedagogikk
DetaljerElevundersøkinga 2016
Utvalg År Prikket Sist oppdatert Undarheim skule (Høst 2016)_1 18.11.2016 Elevundersøkinga 2016 Symbolet (-) betyr at resultatet er skjult, se "Prikkeregler" i brukerveiledningen. Prikkeregler De som svarer
DetaljerElevane sitt val av framandspråk på ungdomsskulen Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa - Notat 12/2018.
Elevane sitt val av framandspråk på ungdomsskulen 2018-2019 Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa - Notat 12/2018 Samanfatning Tala for val av framandspråk blei publiserte av Utdanningsdirektoratet
DetaljerTil deg som bur i fosterheim. 13-18 år
Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500
DetaljerTil bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing
Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet Samtaleguide om lesing Innleiing Samtaleguiden er meint som ei støtte for opne samtalar mellom lærar, elev og foreldre. Merksemda blir retta mot lesevanar, lesaridentitet
DetaljerPage 1 of 7 Forside Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivast på skolen. Det er frivillig å svare på undersøkinga,
DetaljerHøyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting
Side 1 av 5 Næringsavdelinga Notat Sakshandsamar: Kristin Arnestad E-post: kristin.arnestad@sfj.no Tlf: 57 65 62 45 Vår ref. Sak nr.: 11/5776-2 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr. 34646/11
DetaljerMe har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.
JANUAR 2015! Ja, i går vart friluftsåret 2015 erklært for opna og me er alle ved godt mot og har store forhåpningar om eit aktivt år. Det gjeld å ha store tankar og arbeida medvite for å gjennomføra dei.
DetaljerHalvtårsrapport gul gruppe haust 2016
Halvtårsrapport gul gruppe haust 2016 Kommunikasjon, språk, tekst: «Tidlig og god språkstimulering er en viktig del av barnehagens innhold. Kommunikasjon foregår i et vekselspill mellom å motta og tolke
DetaljerRegnbogen Natur-og kulturbarnehage
Regnbogen Natur-og kulturbarnehage Om å vera på - vår forståing av vaksenrolla i uterommet Kva vil det seie å vera ein deltakande/engasjert vaksen i ungane sitt læringsmiljø? - Her tenkjer vi at ungane
Detaljer1T eksamen hausten 2017 Løysing
1T eksamen hausten 017 Løysing Tid: 3 timar Hjelpemiddel: Vanlege skrivesaker, linjal med centimetermål og vinkelmålar er tillatne. Oppgåve 1 ( poeng) Rekn ut og skriv svaret på standardform. 105000 0,15
DetaljerResultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017
Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017 I år nytta me Google.com for å få inn svar på nett, og fekk 34 av 48 moglege svar. Av og til = 5,9% (to elevar) som seier at dei vert dytta eller blir
DetaljerÅRETS NYSGJERRIGPER 2017
ÅRETS NYSGJERRIGPER 2017 Kva er det som gjer at lærarane ikkje er like strenge? 7.klasse ved Solund barne- og ungdomskule Dei fleste elevar tenker vel på at den og den læraren er streng, og den læraren
DetaljerKVA MEINER INNBYGGJARANE I BYGDENE NORDDAL OG EIDSDAL OM KOMMUNETILKNYTING FOR FRAMTIDA?
KOMMUNEREFORM KVA MEINER INNBYGGJARANE I BYGDENE NORDDAL OG EIDSDAL OM KOMMUNETILKNYTING FOR FRAMTIDA? Resultat frå spørjegransking mellom innbyggjarane i bygdene 17. januar, 2016 Innbyggjarane i Norddal
DetaljerRapport om målbruk i offentleg teneste 2018
Rapport om målbruk i offentleg teneste 18 1 Innhald Om rapporten... 3 Forklaring til statistikken... 3 Resultat frå underliggjande organ... 3 Nettsider... 4 Korte tekstar (1 sider) og lengre tekstar (over
DetaljerRapport om målbruk i offentleg teneste 2015
Rapport om målbruk i offentleg teneste 21 1 Innhald Om rapporten... 3 Forklaring til statistikken... 3 Resultat frå underliggjande organ... 4 Nettsider... 4 Figur 1 Nynorskdel på statlege nettsider, i
Detaljerav Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk
av Martine Grande Berte og Iver og månen Nynorsksenteret Berte Iver likar godt å leike med Berte, for ho finn på så mykje morosamt, og så er ho så modig. Det er kjekt å reise på oppdagingsferd i lag med
DetaljerDet er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra.
Ressurssenter for psykologiske og sosiale faktorar i arbeid Tilbakemelding til tilsett og leiing i verksemda Ei kartlegging bør følgjast av tilbakemelding til dei tilsette om resultata. Ein spreier dermed
DetaljerFransk Spansk Tysk Andre fs. I alt Østfold 13,1 % 30,2 % 27,0 % -
Framandspråk i ungdomsskulen: Er fransk i fare? Nasjonalt senter for framandspråk i opplæringa Notat 1/2014 1 Utdanningsdirektoratet har publisert elevtal frå ungdomsskulen for skuleåret 2013 2014, sjå
DetaljerEvaluering av Fylkesplan for Hordaland /09 September 2009
Evaluering av Fylkesplan for Hordaland 2005-2008/09 September 2009 AUD-rapport nr. 10-09 1 2 1 Innleiing Ved innføringa av ny planlov tok regional planstrategi over etter fylkesplanen som lovpålagt obligatorisk
DetaljerRettleiande nasjonale kjenneteikn på måloppnåing for standpunktvurdering etter 10. trinn.
Engelsk: kjenneteikn på måloppnåing Rettleiande nasjonale kjenneteikn på måloppnåing for standpunktvurdering etter 10. trinn. ARTIKKEL SIST ENDRET: 26.04.2017 Kva er kjenneteikn på måloppnåing? Kjenneteikn
DetaljerDette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:
Elevanes val av framandspråk i vidaregåande skule Nasjonalt senter for framandspråk i opplæringa - Notat 6/216 Utdanningsdirektoratet har publisert fagvala til elevar i vidaregåande skule for skuleåret
DetaljerMEDVERKNAD FOR BARN. Nokre funn frå ein kvalitativ studie
MEDVERKNAD FOR BARN Nokre funn frå ein kvalitativ studie DISPOSISJON Litt om studien Nokre grøfter Nokre funn kva synes de om ulike løysingar? STUDIEN Styring, organisering og leiing i barnehagesektoren
DetaljerOppleving av føresetnadar for meistring for elevar med spesialundervisning på barnesteget.
Oppleving av føresetnadar for meistring for elevar med spesialundervisning på barnesteget. Anne Randi Fagerlid Festøy Stipendiat ved Høgskulen i Volda og Høgskolen i Innlandet Forskningsspørsmål Kva funksjon
DetaljerOppgåve 1 EMNEKODE OG NAVN* Samfunnsfag 2, SA-230
SENSURVEILEDNING SA 230, vår 2009. Det er laga ei sensurrettleiing til kvar oppgåve. Alle kandidatane skal svara på oppgåve 1 og oppgåve 2A eller 2B. Båe oppgåvene må kunne vurderast til karakteren E eller
DetaljerHei Guro, ei oppdatering frå Holmedal Ungdomslag.
Fra: [Guro.Hoyvik@sfj.no] Til: Rivedal Yndestad (kryndestad@gmail.com) [kryndestad@gmail.com] Kopi: Sendt: 20.06.2016 13:41:13 Emne: SV: Utbetaling Holmedal ungdomslag Vedlegg: Hei, det er slik at vi må
DetaljerUndervisningsopplegg for filmen VEGAS
Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Samandrag og stikkord om filmen Det er seinsommar i Bergen. Thomas må flytte til gråsonen, ein omplasseringsheim for unge, som av ulike grunnar ikkje har nokon stad
DetaljerKonklusjon for 4 grupper
Konklusjon for 4 grupper Korleis kåre ein vinnar? Kva for eit val som er det beste, er avhengig av kva dei andre gruppene har valt. Kven som blir vinnarar og taparar, blir avgjort ut ifrå kombinasjonen
DetaljerVurdering for læring - prosjektsamarbeid mellom skulane i Jærnettverket
Vurdering for læring - prosjektsamarbeid mellom skulane i Jærnettverket OB Starta med å besøkja alle ressursgruppene 25 stk Skulebesøk Ca 1 2 timar på kvar plass Skulane hadde svært ulikt utgangspunkt
DetaljerBiletbruk på nettet 1 2
Innleiing Denne vesle rettleiinga vil syne deg ein arbeidsflyt for å tilretteleggje bilete for publikasjon på internett. Desse operasjonane fordrar bruk av eit bilethandsamingsprogram. Slike er det mange
DetaljerTIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN
KOPI TIL HEIMEN TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN Zippys venner er eit skuleprogram kor barna øver på å fungera godt saman og å forstå eigne kjensler. Dei får øve på korleis dei
DetaljerSTYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2017
STYRESAK GÅR TIL: Styremedlemmer FØRETAK: Helse Vest RHF DATO: 29.11.2017 SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2017 ARKIVSAK: 2017/1175 STYRESAK: 130/17 STYREMØTE: 14.12. 2017
Detaljer2. Vi prøver å få oversikt over kven som er involverte i konflikta.
Kommunikasjon i konfliktsituasjoner er god når den vaksne set av tid og rom til konfliktløysing mellom barn ved å gjere følgjande: Beste praksis: (kva vi seier/ gjer konkret i parantes/kursiv). 1. Vi spør
DetaljerKjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)
Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Alle borna i 1 klasse byrjar å bli trygge i sine nye omgivelser.
DetaljerRevisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet
DEN NORSKE KYRKJA KM 5.1/06 Kyrkjemøtet Saksorientering Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet Samandrag Mandatet og retningslinjene for protokollkomiteen vart vedtekne av høvesvis
DetaljerSvar frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane: Høyring av NOU 2012:1 Til barns beste
Sakshandsamar: Bodhild Therese Cirotzki Vår dato Vår referanse Telefon: 03.05.2012 2012/732-610 E-post: fmsfboc@fylkesmannen.no Dykkar dato Dykkar referanse Kunnskapsdepartementet Postboks 8119 Dep 0032
DetaljerPressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)
Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte
DetaljerENDELEG TILSYNSRAPPORT
ENDELEG TILSYNSRAPPORT Kravet om skulefagleg kompetanse, jf. opplæringslova 13-1 fjerde ledd Skodje kommune Saksnr. : 2017/1304 Molde, 02.JUNI 2017 Innhald 1. Innleiing 2. Om tilsynet med Skodje kommune
DetaljerRike investerer grønt når dei tener på det
Page 1 of 5 Annonser på forskning.no Nyhetsbrev Stillingsmarked Fra forskningsmiljøene. En artikkel fra Norges Handelshøyskole Vil rike folk bli påverka mest av grøne argument eller økonomiske når dei
DetaljerHøyring - Forslag om endringar i forskrift om opptak til høgre utdanning
Kunnskapsdepartementet Postboks 8119 Dep 0032 OSLO Seksjon for opptak Vår referanse Vår dato 14/00186-17 01.06.2017 Deres referanse Deres dato 16/7356 09.03.2017 Høyring - Forslag om endringar i forskrift
DetaljerFrå plan til handling
Frå plan til handling Fylkeshuset 27. august 2014 Dagsorden Innleiing status for verdiskapingsplanen Målformuleringar RUP.no Om utsendt «dummy» for satsinga kunnskap Fylkestinget gjorde 11/6 slikt vedtak:
DetaljerGLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)
Rettleiar til bekymringssamtale / undringssamtale - til medarbeidarar som arbeider med barn Samtale med foreldre om bekymring for eit barn Nedanfor finn du fleire forslag til korleis personalet i ein barnehage
Detaljerfelles fag på 6. og 7. årssteget
Forsøk med framandspråk som felles fag på 6. og 7. årssteget til foreldre og elevar 2010 2012 Vi reiser meir og møter stadig fleire språk og kulturar. Kontakt med omverda blir viktigare. Barn opplever
DetaljerAv en født forbryters dagbok
Kompetansemål etter 10. årstrinn Av en født forbryters dagbok ei novelle av Johan Borgen Munnlege tekstar Mål for opplæringa er at eleven skal kunne: Delta i utforskande samtaler om litteratur, teater
DetaljerReferat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage
Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Tilstade: Personalet, foreldre og Nina Helle. Kva er BTI: Stord kommune er ein av 8 kommunar som deltek i eit prosjekt som skal utarbeide ein modell
DetaljerIA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?
IA-funksjonsvurdering Ei samtale om arbeid kva er mogleg? // IA - Funksjonsvurdering Ei samtale om arbeid kva er mogleg? Målet med eit inkluderande arbeidsliv (IA) er å gje plass til alle som kan og vil
DetaljerRETTLEIING FOR BRUK AV «MIN SIDE» I DEN ELEKTRONISKE SKJEMALØYSINGA FOR FRI RETTSHJELP. Oppdatert 19.september 2012 Ove Midtbø FMSF
RETTLEIING FOR BRUK AV «MIN SIDE» I DEN ELEKTRONISKE SKJEMALØYSINGA FOR FRI RETTSHJELP Oppdatert 19.september 2012 Ove Midtbø FMSF 1 INNHOLD OM RETTLEIAREN... 3 FUNKSJONANE PÅ «MIN SIDE»... 3 MINE SAKER...
DetaljerFrå dikt til teikneserie
Frå dikt til teikneserie Av Helga Slettebak, Marit Moen og Arne Skadal, Halbrend skule Prosjektet «Frå dikt til teikneserie» vart gjennomført på 6. trinn. Kombinasjonen av dei to sjangrane synest vi er
DetaljerBrukarrettleiing for ny lagsportal kvam.no
Brukarrettleiing for ny lagsportal kvam.no Innhold Oversikt over lag og organisasjonar... 2 Registrer ditt lag... 3 Dashbordet... 5 Legge til arrangement / hendingar... 6 Treng du hjelp?... 7 Adressa til
DetaljerRAPPORT FRÅ FORSØK MED ANONYME PRØVAR
HORDALAND FYLKESKOMMUNE Fylkesrådmannen Arkivsak 200903324-42 Arkivnr. 520 Saksh. Langaas, Eva Melvær Saksgang Møtedato Opplærings- og helseutvalet 23.08.2011 RAPPORT FRÅ FORSØK MED ANONYME PRØVAR SAMANDRAG
DetaljerOverdraging av fallrettane i Huldefossen, Førde kommune, til Sogn og Fjordane Energi AS
Fylkestinget Side 1 av 5 Overdraging av fallrettane i Huldefossen, Førde kommune, til Sogn og Fjordane Energi AS Fylkesrådmannen rår fylkesutvalet til å gje slik tilråding: Fylkesutvalet rår fylkestinget
DetaljerDEN GODE HYRDEN. Det finst mange svar på spørsmålet, og svara våre avheng både av foreldrebileta våre og av erfaringane våre gjennom livet.
Preike Matt 18, 12-18 Molde Domkirke 5.s i treenigheitstida, 23.06.2013 DEN GODE HYRDEN Eg vil starte med å vise eit bilete i dag. Det er eit bilete som i ein eller annan variant heng i mange heimar og
DetaljerBestått Tilfredstillande måloppnåing i faget
industrimekaniker Planleggingsdel Framdriftsplan/ tidsplan Val av verktøy, maskiner og utstyr Materialval Forhold til gjeldande regelverk for er teke med og dokumentert i planlegginga. Planlegginga er
Detaljer6-åringar på skuleveg
6-åringar på skuleveg Rettleiing til foreldre med barn som skal begynne på skulen Førsteklassingane som trafikantar Det er store forskjellar i modning og erfaring hos barn på same alder. Vi ser likevel
DetaljerDokument nr. Omb 1 Dato: 14.07.2011(oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.
Visjon og formål Visjon: Ved di side eit lys på vegen mot arbeid. Formål: Telemark Lys AS er ei attføringsbedrift som, gjennom framifrå resultat, skal medverke til å oppfylle Stortingets målsetting om
DetaljerJon Fosse. For seint. Libretto
Jon Fosse For seint Libretto Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med takk til Du Wei 2 Ei seng fremst, godt
DetaljerP.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd
P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd VISJON I arbeidet for og med dei medarbeidarane i Fjell sokn har vi utarbeida ein visjon: I Fjell sokn vil vi
Detaljer6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12
6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12 Jon Todal, professor dr.art., Sámi allaskuvla / Samisk høgskole, Guovdageaidnu Samandrag I Samiske tall forteller 4 gjekk vi nøye inn på dei ymse tala for språkval
DetaljerAlle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.
Særemne 3-100 år med stemmerett I 2013 er det hundre år sidan alle fekk stemmerett i Noreg. På Norsk Folkemuseum arbeider vi i desse dagar med ei utstilling som skal opne i høve jubileet. I 2010 sendte
DetaljerRettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn
Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn Når det gjeld barn som vert utsett for vald eller som er vitne til vald, vert dei ofte utrygge. Ved å førebygge og oppdage vald, kan me gje barna
DetaljerHøyringsnotat. 1 Hovudinnhaldet i høyringsnotatet. 2 Gjeldande rett og bakgrunnen for framlegget OREIGNINGSLOVA 4 SÆRSKILT TVANGSGRUNNLAG
Høyringsnotat Lovavdelinga Juni 2014 Snr. 14/3811 OREIGNINGSLOVA 4 SÆRSKILT TVANGSGRUNNLAG 1 Hovudinnhaldet i høyringsnotatet Justis- og beredskapsdepartementet sender med dette på høyring eit utkast til
Detaljer«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås
«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås 1 Forord For å kunne styrkje kvaliteten i undervisninga og vurderinga, må vi vite kva god undervisning og vurdering er. God undervisning og vurdering
DetaljerAVLEVERINGSRAPPORT ETTER FOKUSOMRÅDE NR. 6. FOKUSOMRÅDE: VAKSENROLLA I HENTESITUASJONEN STANDARD: BESTE PRAKSIS
AVLEVERINGSRAPPORT ETTER FOKUSOMRÅDE NR. 6. BARNEHAGE: Helland barnehage AVDELING: Havhesten FOKUSOMRÅDE: VAKSENROLLA I HENTESITUASJONEN STANDARD: KVALITETEN I HENTESITUASJONEN ER GOD NÅR DEN VAKSNE: Legg
DetaljerFORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg
FORELDREHEFTE 6-åringar på skuleveg G J W Sjå til begge sider - og framover! Før vi kryssar vegen skal vi sjå til begge sider. Det veit både born og foreldre. Trafikkopplæring handlar likevel om meir enn
DetaljerBlir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp
Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp Anbodssamarbeid er blant dei alvorlegaste formene for økonomisk kriminalitet. Anbodssamarbeid inneber at konkurrentar samarbeider om prisar og vilkår før
DetaljerRettleiande nasjonale kjenneteikn på måloppnåing for standpunktvurdering etter 10. trinn.
Norsk: kjenneteikn på måloppnåing Rettleiande nasjonale kjenneteikn på måloppnåing for standpunktvurdering etter 10. trinn. ARTIKKEL SIST ENDRET: 01.04.2016 Kva er kjenneteikn på måloppnåing? Kjenneteikn
DetaljerArbeidshefte om kommunereforma for ungdomsskulane i Bremanger
Arbeidshefte om kommunereforma for ungdomsskulane i Bremanger Læringsmål frå LK06: Gjennom arbeidet med heftet kjem du til å arbeide med følgjande læringsmål: Norsk: * delta i diskusjoner med begrunnede
DetaljerMøtet blei halde som fjernmøte over telefon / som fjernmøte med videooverføring / i retten sine lokale.
FORSLAG FRÅ ARBEIDSGRUPPA LAGT FRAM 7. JANUAR 2019 NYNORSK Tingrett Mal for rettsbok planmøte alminnelege tvistesaker Møtedeltakarar: Dommaren og prosessfullmektigane Møtet blei halde som fjernmøte over
DetaljerSaksnr. Dok-ID Arkivkode Sakshandsamar Dato: 12/639 12/5927 L32 RIF Vedlagt følgjer Høyanger kommune sin uttale til høyringsframlegget.
Høyanger kommune Politisk sekretariat Det Kongelige Kulturdepartementet Postboks 8030 Dep 0030 OSLO Saksnr. Dok-ID Arkivkode Sakshandsamar Dato: 12/639 12/5927 L32 RIF 19.06.2012 Høyringsframlegg - endring
Detaljermmm...med SMAK på timeplanen
mmm...med SMAK på timeplanen Eit undervisningsopplegg for 6. trinn utvikla av Opplysningskontora i landbruket i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet. Smakssansen Grunnsmakane Forsøk 1 Forsøk 2
DetaljerSvara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla.
Spørsmål frå Elevundersøkinga 5.-7. trinn Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivjast på skolen. Det er
DetaljerDIGITAL KOMMUNIKASJON SOM HOVUDREGEL - ENDRINGAR I FORVALTNINGSLOVA - HØYRING
HORDALAND FYLKESKOMMUNE Organisasjonsavdelinga Arkivsak 201208498-2 Arkivnr. 000.T00 Saksh. Dyrnes, Hanne Camilla Saksgang Møtedato Fylkesutvalet 06.12.2012 DIGITAL KOMMUNIKASJON SOM HOVUDREGEL - ENDRINGAR
DetaljerÅrsplan KRLE 9. trinn
Årsplan KRLE 9. trinn 2019/2020 Læreverk: 9 Store spørsmål (Aschehoug 2016) Faglærarar: Åshild Aamli og Kjersti Langenes Bøen Kapittel Veke Elevtilpassa mål Frå side 3 i 9 Store spørsmål 1 Buddhismen 35
DetaljerFORSLAG TIL INTERVJUMAL. Tilskuddsamling 12.januar 2016
FORSLAG TIL INTERVJUMAL Tilskuddsamling 12.januar 2016 1 FORSLAG til Intervjumalar kontroll av mogleg driftssamarbeid mellom føretak i medhald av forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket,
DetaljerRapport om målbruk i offentleg teneste 2014
Rapport om målbruk i offentleg teneste 214 Innhald Om rapporten... 3 Forklaring til statistikken... 3 Resultat frå underliggjande organ... 3 Nettsider... 3 Figur 1 Nynorskdel på statlege nettsider, i prosent...
DetaljerSTYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2016
STYRESAK GÅR TIL: Styremedlemmer FØRETAK: Helse Vest RHF DATO: 29.11.2016 SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2016 ARKIVSAK: 2016/3376 STYRESAK: 147/16 STYREMØTE: 07.12. 2016
DetaljerJournalføring av epostrekkjer
Journalføring av epostrekkjer Fungerande lovrådgjevar Ole Knut Løstegaard Oslo, 23. Oktober 2013 Journalføring utgangspunkt Journalføringsplikt etter arkivforskrifta 2-6 fyrste ledd andre punktum for inngåande
DetaljerFRAMTIDIG FERJELEIE PÅ VARALDSØY I KVINNHERAD KOMMUNE
HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak 200306601-10 Arkivnr. 815 Saksh. Midtgård, Bjørn Inge Saksgang Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Møtedato 14.05.2008 22.05.2008 FRAMTIDIG FERJELEIE
Detaljer8.trinn. Formål med faget:
8.trinn Periode: 10 veker Tema: Reisen und Ferien Formål med faget: Faget er delt i hovudområde, og dei ulike kompetansemåla er fordelt under desse. Hovudområda utfyller kvarandre og må derfor sjåast i
DetaljerTeknikk og konsentrasjon viktigast
Teknikk og konsentrasjon viktigast Karoline Helgesen frå Bodø er bare 13 år, men hevdar seg likevel godt i bowling der teknikk og konsentrasjon er viktigare enn rein styrke. Ho var ein av dei yngste finalistane
DetaljerJon Fosse. Olavs draumar. Forteljing
Jon Fosse Olavs draumar Forteljing Det Norske Samlaget 2012 www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2012 ISBN 978-82-521-8123-4 Om denne boka Alida og Asle kom i Andvake til
DetaljerVANYLVEN KOMMUNE Servicetorget
VANYLVEN KOMMUNE Servicetorget Justis- og beredskapsdepartementet postmottak@id.dep.no Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref Avd/Saksansvarleg Dato 2013/713 4220/2013 / X30 SER / SANGUD 04.09.2013 MELDING OM
DetaljerUndersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:
saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 21.05.2015 35299/2015 Rune Solenes Opstad Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet Ung i Møre og Romsdal - rapport Bakgrunn Som eit ledd i UNG-programmet
Detaljer