Årgang 1 * Nr 1 * Des 2009 * Institutt for naturforvaltning * Universitetet for miljø- og biovitskap. Jens Thaulow, Reidar Borgstrøm og Manfred Heun
|
|
- Thea Pedersen
- 6 år siden
- Visninger:
Transkript
1 F agrapport F iskeforvaltning i høgfjellet Årgang 1 * Nr 1 * Des 2009 * Institutt for naturforvaltning * Universitetet for miljø- og biovitskap Ørekyt, Phoxinus phoxinus L., i Ståvatn, Vinje og Odda kommunar ein DNAanalyse for klarlegging av opphavslokalitet Jens Thaulow, Reidar Borgstrøm og Manfred Heun Institutt for naturforvaltning (INA) Universitetet for miljø- og biovitskap Utført etter oppdrag frå Røldal fjellstyre, Vågsli grunneigarlag og Statsskog SF Ås Desember 2009
2 Føreord Denne rapporten er utført etter oppdrag frå Røldal fjellstyre, Vågsli grunneigarlag og Statsskog SF. Vi vil få takka for samarbeidet. Vi vil og takka John Gunnar Dokk, ved Institutt for naturforvaltning for hans assistanse under feltarbeidet. Samandrag I alt 160 ørekyt, med 40 individ frå kvar av lokalitetane Ståvatn, Eivindbuvatn og Grungevatn i Vinjevassdraget og frå Hunnselva ved Reinsvoll, er genetisk analysert ved hjelp av DNAfingerprintteknikken AFLP (Amplified Fragment Length Polymorphism). Den genetiske analysen tyder med stor sikkerheit på at ørekyten i dei tre lokalitetane i Vinjevassdraget ikkje kjem frå A/L Settefisk sitt anlegg ved Reinsvoll. Den genetiske skilnaden mellom bestanden i Eivindbuvatn på den eine sida og Grungevatn/Ståvatn på den andre, tyder samtidig på at ørekyten i vassdraget kjem frå fleire lokalitetar. Likskapen mellom ørekyt i Grungevatn og Ståvatn antyder at det kan vera spreiing innan vassdraget, eller at desse to ørekytbestandane har same opphavslokalitet. Innleiing I Norge er om lag ein fjerdedel av alle ferskvassfiskeartar innført (Hesthagen og Sandlund, 2007), men nye, framande fiskeartar vert stadig registrert. Samstundes er det ein betydeleg spreiing av artar til nye lokalitetar (Hesthagen og Sandlund, 2007). Artar som sandkrypar (Gobio gobio) i Numedalslågen og regnlaue (Leucaspius delineatus) i Agder er begge mest sannsynleg innført frå kontinentet (Eken og Borgstrøm, 1994; Hesthagen og Sandlund, 2007). Begge desse artane finnest i lokalitetar med kort avstand til ferjer frå Tyskland og Danmark. Også artar som har hatt ein naturleg innvandring til Noreg, eller har vore her i lang tid, har vorte spreidd i stor stil, særleg i dei siste tiåra er mange artar vorte spreidd. I til dømes Årungen i Ås kommune er det dei siste åra påvist tre artar, sørv, suter og gjørs, som ikkje var her på talet. Også laksefisk som røyr og sik har vorte spreidd mykje. I dei siste tiåra er det likevel ørekyt som har fått mykje merksemd i samband med spreiing. Opphaveleg var utbreiinga til ørekyt i Noreg avgrensa til Austlandet, Finnmark og Troms (Huitfeldt-Kaas, 1918). I dag finn vi ørekyt i alle fylke (Hesthagen og Sandlund, 2007; Museth et al., 2007), og 2
3 svært mange av dei nye lokalitetane ligg i høgfjellet. Auken i lokalitetar med ørekyt på Hardangervidda viser klårt at det går føre seg ei omfattande spreiing (Rognerud et al., 2003). Det er særleg to mogelege spreiingsmåtar som har vore i fokus; anten via fiskarar som nyttar ørekyte som levande agn, eller det kan vera at ørekyt er komen inn i oppdrettskara for setjefisk av aure, og er blitt spreidd ved utsetjing av aure (Borgstrøm, 1973). Det er óg mogeleg at folk har spreidd ørekyt fordi dei har meint at den kan bli viktig næring for aure. Etablering av ørekyt i ein ny lokalitet kan verta svært negativt for aure, i fyrste rekkje gjennom næringskonkurranse (Borgstrøm et al., 1985; 1996; Hesthagen et al., 1992; Museth, 2002). Ved stor bestandstettleik av ørekyt ser det ut til at aurebestandane går ned (Museth et al., 2007; Borgstrøm et al., 2009). Frå enkelte hald er det retta mistanke til mellom anna A/L Settefisk sitt anlegg på Reinsvoll som opphav til ørekyt i mange regulerte vassdrag, fordi setjefisk av aure har kome frå dette anlegget (sjå Eie, 2003). Sidan det i dei seinare åra er påvist ørekyt i Ståvatn i Vinje og Odda kommunar (sjå t.d. Tranmæl og Midttun, 2005; Meland, 2008; Hekne, 2008), ynskte fjellstyret for Røldal statsallmenning saman med Vågsli grunneigarlag og Statsskog SF å finna ut om denne ørekyten kunne ha kome inn saman med setjefisk, og i så fall kunne stamma frå Reinsvollanlegget og Hunnselva, eller om den var kome inn på annan måte. Dette var bakgrunnen for at Institutt for naturforvaltning har gjennomført ein genetisk analyse av ørekyt frå Vinjevassdraget og Hunnselva. For å gjennomføra denne analysen har vi valt å bruka DNA-fingerprintteknikken Amplified Fragment Length Polymorphism (AFLP), sidan dette er den kjerne-dna markøren som kan nyttast når DNA-sekvensar er ukjende. Genotyping med AFLP dekker heile genomet, og kan generera hundrevis av loci (genposisjonar i genomet). Vi har tidlegare brukt denne teknikken med stor suksess ved til dømes analysar av aurebestandar på Hardangervidda (Sønstebø et al., 2007). Material og metodar Vassdraga Mange av vatna i Vinjevassdraget er regulert, og det har vore pålegg om kompensasjonsutsetting av aureungar. Ørekyt har vore i Vinjevassdraget i fleire tiår. I Grungevatn/Tveitvatn vart ørekyt påvist tidleg på 1970-talet (Håstein et al., 1978), og ørekyt vart samla inn i desse vatna i 1974 i samband med studie av ein bakterieinfeksjon på ørekyt 3
4 (Håstein et al., 1978). Ørekyt finnest no i heile vassdraget frå Grungevatn til Ståvatn. Den finnest og i Totak (Vøllestad et al., 1999) og Bordalsmagasinet (Tranmæl og Midttun, 2005; Meland, 2008). Førekomsten av ørekyt i Vinjevassdraget ligg utafor det opprinnelege utbreiingsområdet for arten i Noreg (Huitfeldt-Kaas, 1918). Ørekytlokaliteten i Hunnselva, i Oppland, ligg derimot innafor den naturlege utbreiinga i Noreg, slik den var kjend i 1918 (Huitfeldt-Kaas, 1918). Innsamling av ørekyt Ørekyt er samla inn i Hunnselva (HU) den 14. mai 2009, på strekningen frå vassinntaket til det tidlegare oppdrettsanlegget til A/L Settefisk på Reinsvoll, og nokre hundre meter nedover i elva (Fig. 1). Dessutan er det samla inn ørekyt i Ståvatn (ST) (innsamla 1. august 2009), Grungevatn (GR) (innsamla 8. august 2009) og Eivindbuvatn (EI) (innsamla 1. august 2009). All innsamling er gjort med elektrisk fiskeapparat. Frå kvar lokalitet er det teke 40 individ, fordelt på begge kjønn, til genetiske analysar. Lengdefordelinga av ørekyt frå dei ulike lokalitetane antyder at fleire aldersklassar er med i prøvene (Fig. 2). Fleire av dei innsamla ørekytane i Grungevatn hadde store opne sår på kroppssidene, liknande det som vart beskrive for ørekyt i Tveitvatn i 1974 (Håstein et al., 1978). Fig. 1. Innsamling av ørekyt i Hunnselva 14. mai
5 10 Grungevatn Antal ,5 5 7,5 10 Lengde (cm) 16 Eivindbuvatn 12 Antal ,5 5 7,5 10 Lengde (cm) 16 Ståvatn 12 Antal ,5 5 7,5 10 Lengde (cm) 8 6 Hunnselva ved Reinsvoll Antal ,5 5 7,5 10 Lengde (cm) Fig. 2. Lengdefordeling av innsamla ørekyt frå Grungevatn, Eivindbuvatn, Ståvatn og Hunnselva (ved A/L Settefisk sitt anlegg på Reinsvoll) 5
6 DNA ekstraksjon Vevsprøver av ørekyt vart lagra i 96 % etanol fram til utvinning av DNA-materiale. DNA vart utvunne frå mg vev ved bruk av E.Z.N.A. DNA-vevsprøvetakar (Omega BIO-TEK). Resterande vev (og DNA) er lagra på instituttet (INA). AFLP- analyse DNA-fingerprintteknikken AFLP (Amplified Fragment Length Polymorphism) vart brukt etter metoden som er skildra av Vos et al. (1995). Isolert DNA vart delt opp ved ein kombinasjon av EcoRI og Msel restriksjonsenzym (New England BioLabs) og endespesifikke adaptorar (Invitrogen) vart bunde til dei oppdelte restriksjonspunkta. Kvart individ vart genotypa ved hjelp av ein EcoRI-spesifikk primar (TGA, KeyGene) som var merka med γ 33 P ATP og fire MseI primarar (CAC, CAG, CTG og CTT, KeyGene). PCR-produkta vart analysert på ein 5 % PAGE-gel som etter tørking vart eksponert på ein KODAK BioMax film (Sigma Aldrich) i om lag 48 timar. AFLP-banda på filmen er deretter registrert manuelt som anten til stades (1) eller fråverande (0) (Fig. 3). Fig. 3. Eit eksempel på AFLP-band nytta i den genetiske analysen av ørekyt. Her er berre vist ein liten del av ein Røntgenfilm med polymorfe AFLP-band. 6
7 Data-analysar Programmet STRUCTURE (Hubisz et al., 2009) vart nytta for å klassifisera individuelle fisk til ulike klynger (fisk med felles opphav) der testen vart køyrt ut frå ein føresetnad om maksimum fem populasjonar, dvs. K = 1-5, med fem gjentak i kvar ( burnins, og MCMC repetisjonar), og dessutan med føresetnad om bestandsblanding. SplitsTree versjonen 4.10 (Huson og Bryant, 2006) vart brukt til å konstruera eit Neighbor-joining (NJ) tre (Saitou og Nei, 1987) med såkalla bootstrapping gonger. GenAlEx version 6.2 (Peakall og Smouse, 2005) vart nytta for analysen av band-sekvensar og for framstilling av ein PCo-Analyse (Principle Coordinate Analysis). Resultat I alt 177 loci vart registrert med dei fire AFLP primer-kombinasjonane. Derav var det 17 band, med frekvensar som varierte frå 0,150 til 0,875, som berre vart påvist hos ørekyt frå Hunnselva. Ingen andre band vart funne unike for nokon av bestandane. STRUCTUREanalysen for dei fire bestandane (Hunnselva, Ståvatn, Eivindbuvatn og Grungevatn) er vist i Fig. 4, med utgangspunkt i respektive K = 3 og K = 4. Kvar bestand er representert med 40 fisk, og kvar fisk er representert som ei vertical line som berre vert synleg når det er genbidrag frå andre bestandar (sjå til dømes Grungevatn og Ståvatn med K = 4, Fig. 4). Ut frå våre analysar er det optimale antalet klynger i STRUCTURE 3 (K = 3) eller 4 (K = 4), mens derimot 1, 2 eller 5 klynger ikkje passar. Det framgår av Fig. 4 at både Hunnselva og Eivindbuvatn er unike, og skil seg markert ut frå dei to andre. Samstundes er bestanden i Hunnselva klårt ulik bestanden i Eivindbuvatn. Svært få fisk viser bestandsblanding, om i det heile. Bestandane i Ståvatn og Grungevatn er svært like (Fig. 4) og kan ikkje skiljast frå kvarandre med K = 3. Med K = 4 får også Ståvatn- og Grungevatnbestanden ulik klyngefarge, men framleis er det stor blanding (indikert med fisk som har ulike fargar) som antyder at desse to bestandane har felles opphav (Fig. 4). Bestanden i Hunnselva og Eivindbuvatn vert framleis unike i denne analysen (med K = 4). Om Hunnselva-bestanden vert teke ut av analysen, så endrar dette likevel ikkje resultatet av STRUCTURE-analysen for dei tre andre bestandane (ikkje vist her). 7
8 Grungevatn Eivindbuvatn Ståvatn Hunnselva K = 4 K = 3 Ståvatn Eivindbuv Reinsvoll Grungev Fig. 4. Geografisk plassering av dei fire lokalitetane Ståvatn, Eivindbuvatn og Grungevatn i Vinjevassdraget og lokaliteten Reinsvoll i Hunnselva, og estimert genetisk struktur med K = 3 og K = 4 i programmet STRUCTURE. Kvar enkelt fisk av eit samla tal på 40 frå kvar bestand er representert med ei smal kolonne i K = 3 og K = 4. Fyrste koordinat i PCoA står for 78 % av den totale variasjonen og den skil Hunnselvabestanden frå dei tre andre bestandane (Fig. 5A). Koordinat 2 står for 17 % av variasjonen, og denne skil Eividbuvatn frå Ståvatn og Grungevatn (Fig. 5A). Desse to koordinatane står samla for 95 % av variasjonane i genstruktur basert på AFLP-analysen, og den viser og at skilnaden mellom Ståvatn og Grungevatn er heilt minimal (Fig. 5A). Konstruksjon av PCoA basert på individuelle fisk gav 70 % totalvariasjon for dei to fyrste koordinatene (Fig. 5B). Ein fisk frå Grungevatn vart identifisert til å ha ein posisjon mellom Grungevatn og Hunnselvabestanden. Dette var det einaste individet som hadde manglande data, og vi antar at det er årsaka til denne usikre klassifiseringa. Fjerning av dette individet endra ikkje resultata (data ikkje vist). 8
9 A) B) Fig. 5. Fordelinga av dei fire bestandane (Hunnselva (HU) grøn, Grungevatn (GR) gul, Eivindbuvatn (EI) blå, og Ståvatn (ST) raud) i ein Principal Koordinatanalyse (PCoA) basert på 177 AFLP loci. Fargane samsvarar med fargane brukt i STRUCTURE-analysen i Fig. 4 med K = 4. A) viser PCoA basert på ein samla verdi for kvar av dei fire bestandane, og B) viser PCoA for individuelle fisk frå dei same bestandane (A og B er horisontalt spegelvende). Når Neigbor joining tre-metoden vert nytta med alle 160 individa, skil Hunnselvabestanden seg endå ein gong klårt ut frå dei andre bestandane, på same måte som ved dei andre metodane, med alle individa frå denne bestanden (HU) innafor same hovudgrein (Fig. 6). Nokre einskilde fisk frå dei tre andre bestandane er derimot blanda, men med dei aller fleste individa frå Eivindbuvatn innafor ei eigen hovudgrein (Fig. 6). 9
10 Fig. 6. Neighbor Joining tre med såkalla bootstrapping som viser genetisk distanse for enkeltfisk i dei fire ørekytbestandane frå Hunnselva (HU), Grungevatn (GR), Eivindbuvatn (EI) og Ståvatn (ST) ut frå AFLP. Diskusjon I ei undersøking av slektskapstilhøve og kolonisering av ørekyt i Noreg vart det funne at bestanden i Totak tilhøyrde ei grein som var genetisk svært forskjellig frå ørekyt innan det naturlege utbreiingsområdet for ørekyt i Noreg (Vøllestad et al., 1999). Vøllestad et al. (1999) går ut frå at denne bestanden har sitt opphav utanfor Noreg, og at den av ein eller annan grunn er transportert hit av menneske. Sidan alle bestandane av ørekyt i Vinje ligg utanfor det naturlege utbreiingsområdet for arten, er det nærliggjande å knyta etableringane til utsettingar. Medan ørekyt opprinneleg var knytt til lågareliggjande delar av Austlandsfylka Buskerud, 10
11 Oppland, Østfold, Hedmark og Akershus, samt i Finnmark og Troms i nord (Huitfeldt-Kaas, 1918), er det i dag ørekyt i alle fylke (Hesthagen og Sandlund, 2007). På bakgrunn av dette hadde vi sett opp tre scenarier for mogeleg opphav for ørekyt i Ståvatn; A) ørekyt har haika med utsett aure frå Reinsvollanlegget, B) ørekyt er transportert med fiskarar frå ein nærliggjande lokalitet eller C) frå andre lokalitetar. På grunn av fossar og dammar i vassdraget, er det ikkje mogeleg for ørekyt å vandra oppstraums over lengre distansar, som til dømes frå Grungevatn til Eivindbuvatn og frå Eivindbuvatn til Ståvatn. Dei tre bestandsgenetiske analysane vi har gjennomført med 177 AFLP loci viste at ørekytbestanden i Hunnselva skil seg ut med fleire unike AFLP band, og ved at meir enn ¾ av den totale genetiske variasjonen i dei fire bestandane kjem frå dei tre undersøkte bestandane i Vinjevassdraget. Ut frå dette kan ikkje bestanden i Hunnselva vera utgangsbestanden for bestanden i Ståvatn, og heller ikkje utgangsbestand for bestandane i Grungevatn og Eivindbuvatn. Vi kan difor med stor sannsynlegheit ekskludera den mogelegheita at import av ørekyt har funne stad ved haiking med setjefisk frå Reinsvollanlegget. Den andre hypotesa om at ørekyt er transportert oppover vassdraget til Ståvatn av menneske, kan derimot ikkje forkastast, fordi bestanden i Grungevatn er svært lik bestanden i Ståvatn. Vi kan likevel ikkje sei at ørekyten i Ståvatn faktisk kjem frå Grungevatn, fordi det óg kan vera stor likskap med fleire andre bestandar i same vassdraget som vi ikkje har undersøkt, som t. d. Vinjevatn og Tveitvatn, eller at begge bestandane har eit felles opphav utanom vassdraget. Ifylgje Eie (2003) er det påvist at utanlandske fiskarar har nytta levande ørekyt som agn ved fiske i Vinjevassdraget, og dessutan skal det ha vorte spreidd ørekyt frå eit lokalt settefiskanlegg. Vi har ikkje kjennskap til at bakteriesjukdomen som førde til massedød hos ørekyt i Tveitvatn (Håstein et al., 1978), rett ovanfor Grungevatn, er påvist på ørekyte i andre vassdrag i Noreg. Det er i så fall også eit indisium på at ørekyten og bakteriesjukdomen er importert frå utlandet. Sidan ørekytbestanden i Eivindbuvatn skil seg ut frå bestandane i Grungevatn og Ståvatn, antyder dette at ørekyten i vassdraget kjem frå ulike lokalitetar, og at det har vore fleire separate utsetjingar i vassdraget. Samstundes kan det ha funne stad ytterlegare spreiing til nye lokalitetar innan vassdraget. Sidan Vøllestad et al. (1999) påviste at ørekyten i Totak, til liks med fleire andre ørekytbestandar etablert etter utsetjingar rundt Hardangervidda, ikkje tilhøyrer den opprinnelege ørekyten på Austlandet, men mest sannsynleg har utanlandsk opphav, er det også stor sannsynlegheit for at det same gjeld ørekyten i dei andre vatna i Vinje. 11
12 Konklusjon Ut frå den genetiske analysen er det svært lite sannsynleg at ørekytbestanden i Ståvatn kan ha sitt opphav i Hunnselva (og Reinsvollanlegget). På grunnlag av den genetiske likskapen med ørekytbestanden i Grungevatn kan denne vera morbestanden for ørekyten i Ståvatn. Ørekytbestanden i Eivindbuvatn er genetisk ulik dei to andre bestandane som er undersøkt i Vinjevassdraget, og dette antyder at det er fleire ulike bestandar i vassdraget med ulike opphav. Vi vil i neste omgang analysera genetisk struktur og likskapar ved hjelp av mikrosatelittar frå dei same bestandane med tanke på internasjonal publisering av heile materialet. Dersom det skulle dukka opp informasjon som avvik frå den konklusjonen vi no har kome med, vil dette verta gjort kjent for alle oppdragsgjevarane. Merknad Dette prosjektet har vore delfinansiert av Røldal fjellstyre, Vågsli grunneigarlag og Statsskog SF og gjennomført som eit kontraktarbeid. Vi ser likevel på dei innsamla data som vår eigedom, og vi kjem til å publisera resultata i eit vitskapleg tidsskrift. Litteratur Borgstrøm, R., Spredning av ørekyt. Jakt-Fiske-friluftsliv 102 (12): Borgstrøm, R., J. E. Brittain, K. Hasle, S. Skjølås og J. G. Dokk, Reduced recruitment in brown trout Salmo trutta, the role of interactions with the minnow, Phoxinus phoxinus. Nordic Journal of Freshwater Research 72: Borgstrøm, R., E. Garnås og S. J. Saltveit, Interactions between brown trout, Salmo trutta (L.), and minnow, Phoxinus phoxinus (L.), for their common prey, Lepidurus arcticus (Pallas). Verhandlungen Internationale Vereinigung für Limnologie 22: Borgstrøm, R., J. Museth og J. E. Brittain, in press. The brown trout, Salmo trutta, in the lake, Øvre Heimdalsvatn; major long-term changes in population dynamics due to 12
13 exploitation and the invasive species, European minnow, Phoxinus phoxinus. Hydrobiologia. Eie, J. A., Ørekyte: Vurdering av mulig spredning av ørekyte via regulantpålagte utsettinger av ørret fra A/L Settefisk. Promitek AS, Drammen. Eken, M. og R. Borgstrøm, Sandkryper ny fiskeart for Norge. Fauna 47: Hekne, A. M., Effekter av lav sommervannstand på ørret (Salmo trutta) i reguleringsmagasinet Kjelavatn. MSc-oppgave, Inst. for naturforvaltning, Univ. for Miljø- og biovitenskap. Hesthagen, T, O. Hegge og J. Skurdal, Food choice and vertical distribution of European minnow, Phoxinus phoxinus, and young native and stocked brown trout, Salmo trutta, in the littoral zone of a subalpine lake. Nordic Journal of Freshwater Research 67: Hesthagen, T. og O. T. Sandlund, Non-native freshwater fishes in Norway: history, consequences and perspectives. Journal of Freshwater Fish 71: Hubisz, M.J., D. Falush, M. Stephens, og J. K. Pritchard, Inferring weak population structure with the assistance of sample group information. Molecular Ecology Resources 9: Huitfeldt-Kaas, H. H., Ferskvandsfiskenes utbredelse og indvandring i Norge. Centraltrykkeriet, Kristiania. Huson, D. H. og D. Bryant, Application of phylogenetic Networks in Evolutionary Studies, Molecular Biology and Evolution 23: Håstein, T., S. J. Saltveit og R. J. Roberts, Mass mortality among minnows Phoxinus phoxinus (L.) in Lake Tveitevatn, Norway, due to an aberrant strain of Aeromonas salmonicida. Journal of Fsih Diseases 1: Meland, A., Låg vasstand i Bordalsmagasinet sommaren 2006; innverknad på vekst og kvalitet hjå aure (Salmo trutta). MSc-oppgave, Inst. for naturforvaltning, Univ. for Miljø- og biovitenskap. Museth, J., Dynamics in European minnow Phoxinus phoxinus and brown trout Salmo trutta populations in mountain habitats: effects of climate and inter- and intraspecific interactions. Dr. scient. avhandling. Norges landbrukshøgskole, Inst. for biologi og naturforvaltning, Ås. Museth, J., R. Borgstrøm, J. E. Brittain, I. Herberg og C. Naalsund, Introduction of the European minnow into a subalpine lake: habitat use and long-term changes in population dynamics. Journal of Fish Biology 60:
14 Museth, J., T. Hesthagen og O. T. Sandlund, The history of the minnow Phoxinus phoxinus (L.) in Norway: from harmless species to pest. Journal of Fish Biology 71: Peakall, R. og P. E. Smouse, GENALEX 6: genetic analysis in Excel. Population genetic software for teaching and research. Molecular Ecology Notes 6: Rognerud, S., R. Borgstrøm, T. Qvenild og Å. Tysse, Ørreten på Hardangervidda. Næringsnett, kvikksølvinnhold, ørekytspredning og klimavariasjoner følger for fiske og forvaltning. NIVA Rapport LNR Saitou, N. og M. Nei, The neighbor-joining method: a new method for reconstructing phylogenetic trees. Molecular Biology and Evolution 4: Sønstebø, J. H., Borgstrøm, R. og Heun, M A comparison of AFLPs and microsatellites to identify the population structure of brown trout (Salmo trutta L.) populations from Hardangervidda, Norway. - Molecular Ecology 16: Tranmæl, E. og L. Midttun, Ungfiskundersøkelser i regulerte magasin i Tokke og Vinje kommune. Naturen i arbeid, Statkraft. Vøllestad, A., U. H. Refseth, C. L. Nesbø og K. S. Jakobsen, Slektskap og kolonisering hos ørekyt. Rapport. Biologisk institutt, Universitetet i Oslo. Vos, P., R. Hogers, M. Bleeker, M. Reijans, T. van de Lee, M. Hornes, A. Frijters, J. Pot, J. Peleman, M. Kuiper, og M. Zabeau, AFLP: a new technique for DNA fingerprinting. Nucleic Acids Research 23:
Årgang 2 * Nr 1 * April 2010 * Institutt for naturforvaltning * Universitetet for miljø- og biovitskap
F agrapport F iskeforvaltning i høgfjellet Årgang 2 * Nr 1 * April 21 * Institutt for naturforvaltning * Universitetet for miljø- og biovitskap Auren i Øvre Heimdalsvatn i femti år sterkt påverka av både
DetaljerAurebestandar i Ullensvang statsallmenning
Aurebestandar i Ullensvang statsallmenning Årgang * nr. 3 * Desember * Institutt for naturforvaltning * Norges landbrukshøgskole Auren i, Skavatn, og Grøndalsvatna Reidar Borgstrøm og John Gunnar Dokk
DetaljerSpredning av ferskvannsfisk, frå nasjonal til lokal skala. Trygve Hesthagen
Spredning av ferskvannsfisk, frå nasjonal til lokal skala Trygve Hesthagen Norge har ein artsfattig fiskefauna Norge ligg i randen av utbredelsområdet 32 arter med naturleg innvandring Mange fysiske hindringer
DetaljerFiskebestandar i Ullensvang statsallmenning
Faktaark Fiskebestandar i Ullensvang statsallmenning Årgang 5 * Nr. * Desember * 7 * Institutt for naturforvaltning * Universitetet for miljø- og biovitenskap Aurebestandane i Litlosvatn, Kollsvatn, Nedra
DetaljerF agrapport F iskeforvaltning i høgfjellet
F agrapport F iskeforvaltning i høgfjellet Å rgang 2, N r. 3 Aurebestandar i Vierslaområdet Reidar Borgstrøm, John Gunnar Dokk, Manfred Heun og Jens Thaulow Institutt for naturforvaltning, Universitetet
DetaljerF agrapport F iskeforvaltning i høgfjellet
F agrapport F iskeforvaltning i høgfjellet Å rgang 2, N r. 4 Aurebestanden i Nordvatn 29 Aurebestanden i Nordvatn 29 Reidar Borgstrøm Institutt for naturforvaltning, Universitetet for miljø- og biovitskap
DetaljerFiskebestandar i Ullensvang statsallmenning. Årgang 5 * Nr 1 * Mai 2007 * Institutt for naturforvaltning * Universitetet for miljø- og biovitskap
Faktaark Fiskebestandar i Ullensvang statsallmenning Årgang 5 * Nr 1 * Mai 7 * Institutt for naturforvaltning * Universitetet for miljø- og biovitskap lder og vekst for aure frå Ullensvang statsallmenning
DetaljerEr spreiing av ørekyt i høgfjellet negativt?
Er spreiing av ørekyt i høgfjellet negativt? Reidar Borgstrøm Institutt for naturforvaltning, UMB (Foto: B.O.Johnsen) Nasjonal Vannmiljøkonferanse 2011 1 Spreiing av fiskeartar kan føra til store Ved innføring
DetaljerAurebestandar i Ullensvang statsallmenning
Faktaark Aurebestandar i Ullensvang statsallmenning Årgang 3 * nr. 3 * Desember 2005 * Institutt for naturforvaltning * Universitetet for miljø og biovitenskap (UMB) Tynningsfiske i vatn i Ullensvang statsallmenning
DetaljerAurebestandar i Ullensvang statsallmenning
Aurebestandar i Ullensvang statsallmenning Årgang 3 * nr. * Januar 5 * Institutt for naturforvaltning * Universitetet for miljø og biovitenskap (UMB) Tette aurebestandar i Nedra-, Midtra- og Øvra Krokavatn
DetaljerÅrgang 1 * Nr 3 * Des 2009 * Institutt for naturforvaltning * Universitetet for miljø- og biovitskap. Aurebestanden i Skaupsjøen
F agrapport F iskeforvaltning i høgfjellet Årgang 1 * Nr 3 * Des 29 * Institutt for naturforvaltning * Universitetet for miljø- og biovitskap Aurebestanden i Skaupsjøen Reidar Borgstrøm Institutt for naturforvaltning
DetaljerFiskebestandar i Ullensvang statsallmenning. Årgang 2017 Nr 1 Fakultet for Miljøvitskap og Naturforvalting, NMBU, Ås
Faktaark Fiskebestandar i Ullensvang statsallmenning Årgang 217 Nr 1 Fakultet for Miljøvitskap og Naturforvalting, NMBU, Ås Tynningsfiske i Skavatn i juli 217 Foto: Oddvar Hilde Reidar Borgstrøm Fakultet
DetaljerAurebestandar i Ullensvang statsallmenning
Aurebestandar i Ullensvang statsallmenning Årgang * Nr * November * * Institutt for naturforvaltning * Norges landbrukshøgskole Aurebestandane i Kvennsjøen, Litlosvatn og Kollsvatn Reidar Borgstrøm og
DetaljerMILJØNOTAT NR
MILJØ-NOTAT FYLKESMANNEN I ROGALAND MILJØVERNAVDELINGEN Postadresse: Kontoradresse: Postboks 0059 Statens Hus 4001 STAVANGER Lagårdsveien 78 Tlf. 51 56 87 00 4010 STAVANGER Forfattar(e): Espen Enge og
DetaljerSkjel Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA. Fangststatistikk. Skjelmateriale
FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA Gjennomsnittleg årsfangst av sjøaure 1993-2014 var 201 (snittvekt 0,9 kg). Det har vore ein avtakande tendens sidan årtusenskiftet, med unntak av bra fangstar i 2010
DetaljerSkjell Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN. Fangststatistikk. Skjelmateriale
FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN Gjennomsnittleg årsfangst av laks i perioden 1969-2013 var 492 (snittvekt 5,1 kg). I 2013 vart det fanga 977 laks (snittvekt 5 kg), eit av dei aller beste resultata
DetaljerSkjell Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA. Fangststatistikk. Skjelmateriale
FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA Gjennomsnittleg årsfangst av sjøaure 1993-2012 var 206 (snittvekt 0,9 kg). Etter eit par år med bra fangstar var det kraftig reduksjon i 2012 og 2013, då det berre vart
DetaljerUllaelva, Hjelmeland- og Suldal kommune
Ullaelva, Hjelmeland- og Suldal kommune Før regulering drenerte vassdraget høgfjellsområde som strakk seg heilt inn i Bykle i Setesdal. Etter Ulla-Førreutbygginga er restvassføringa redusert til ca 17
DetaljerVi kan betra fiskekvaliteten i mange overbefolka aurebestandar, men løner det seg?
Vi kan betra fiskekvaliteten i mange overbefolka aurebestandar, men løner det seg? Reidar Borgstrøm Institutt for naturforvaltning, NMBU TEFA-seminar 12. mars, Quality Hotel & Resort Kristiansand Vekst
DetaljerTynningsfiske i Skrevatn Rapport 2010
Faun rapport 026-2011 Tynningsfiske i Skrevatn Rapport 2010 VILTFORVALTNING FISKEFORVALTNING KONSEKVENSUTGREIING LANDBRUK OG NÆRING evar Helge Kiland og Lars Egil Libjå Faun rapport 026-2011: Tittel: Tynningsfiske
DetaljerFISKEBESTANDEN I SOGNSVANNSBEKKEN OG FROGNERELVA I 2002.
2 FISKEBESTANDEN I SOGNSVANNSBEKKEN OG FROGNERELVA I 2002. Svein Jakob Saltveit og Trond Bremnes Laboratorium for ferskvannsøkologi og innlandsfiske (LFI), Universitetet naturhistoriske museer og botaniske
DetaljerFANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN
FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN Gjennomsnittleg årsfangst av laks i perioden 1969-2015 var 516 (snittvekt 5,1 kg). I 2015 vart det fanga 967 laks (snittvekt 5,6 kg; figur 1, stolpar). Sidan 2009 har
DetaljerSkjel Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN. Fangststatistikk. Skjelmateriale
FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN Gjennomsnittleg årsfangst av laks i perioden 1969-2014 var 506 (snittvekt 5,1 kg). I 2014 vart det fanga 1153 laks (snittvekt 5,4 kg), det nest beste resultatet som
DetaljerFangststatistikk figur 1 figur 1 figur 1 FIGUR 1 NB! Skjelmateriale figur 2 FIGUR 2
FANGST OG SKJELPRØVAR I SOKNA Gjennomsnittleg årsfangst i perioden 1995-2016 var 775 laks (snittvekt 2,4 kg) og 240 sjøaurar (snittvekt 0,9 kg). I 2016 vart det fanga 918 laks og 134 sjøaure, begge delar
DetaljerResistent lakselus - kvifor er det eit problem og korleis diagnostisere resistens?
University of Bergen Resistent lakselus - kvifor er det eit problem og korleis diagnostisere resistens? Frank Nilsen Sea Lice Research Centre Institutt for Biologi, Universitetet i Bergen Norwegian School
DetaljerFANGST OG SKJELPRØVAR I HJALMA
FANGST OG SKJELPRØVAR I HJALMA I perioden 1986 til 2012 var gjennomsnittleg årsfangst 32 laks (snittvekt 2,9 kg) og 5 sjøaurar (snittvekt 1,5 kg). I 2012 vart det fanga 100 laks (snittvekt 3,5 kg), det
DetaljerFANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA
FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA Gjennomsnittleg årsfangst av sjøaure 1993-2012 var 207 (snittvekt 0,9 kg). Etter eit par år med bra fangstar var det kraftig reduksjon i 2012, då det berre vart fanga
DetaljerBarnevern 2012. Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)
Barnevern 2012 Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB) Fleire barn under omsorg I 2012 mottok 53 200 barn og unge i alderen 0-22 år tiltak frå barnevernet, dette er ein svak vekst på 2 prosent frå 2011,
DetaljerFANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN
FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN Gjennomsnittleg årsfangst av laks i perioden 1969-2012 var 481 (snittvekt 5,1 kg). I 2012 vart det fanga 1075 laks (snittvekt 6,5 kg), eit av dei aller beste resultata
DetaljerFangstregistreringer i Vinstervatna
Fangstregistreringer i Vinstervatna Vinstervatna (innsjønr: 32712, 1019 m o.h., 1940 ha) er en felles betegnelse på flere innsjøer i Vinstravassdraget som dannet et sammenhengende magasin ved regulering.
DetaljerFangstregistreringer i Tesse
33 Fangstregistreringer i Tesse Tesse (innsjønr. 278, 853.9 m o.h., 1426 ha) ligger i Ottavassdraget i Lom kommune. Tesse ble regulert første gang i 1941 og er nå regulert med totalt 12,4 m. Eneste fiskeart
DetaljerHORDALANDD. Utarbeidd av
HORDALANDD FYLKESKOMMUNE Utflyttingar frå Hardanger Utarbeidd av Hordaland fylkeskommune Analyse, utgreiing og dokumentasjon August 28 INNLEIING: Analysen er utarbeidd som ein del av Hordaland fylkeskommune
DetaljerFransk Spansk Tysk Andre fs. I alt Østfold 13,1 % 30,2 % 27,0 % -
Framandspråk i ungdomsskulen: Er fransk i fare? Nasjonalt senter for framandspråk i opplæringa Notat 1/2014 1 Utdanningsdirektoratet har publisert elevtal frå ungdomsskulen for skuleåret 2013 2014, sjå
DetaljerNotat 21/2018. Behovet for faglærte medarbeidarar aukar i det norske arbeidslivet
Notat 21/2018 Behovet for faglærte medarbeidarar aukar i det norske arbeidslivet BEHOVET FOR FAGLÆRTE MEDARBEIDARAR AUKAR I DET NORSKE ARBEIDSLIVET FORFATTAR: LINDA BERG ISBN: 978-82-7724-328-3 KOMPETANSE
DetaljerRådgivende Biologer AS
Bergen, 19. august 2016 Enkel undersøking av elvemusling i Røyrvikelva, Kvam herad Bakgrunn Steinar Kålås I august 2015 kom det inn melding til Norsk Institutt for Naturforsking (NINA) at det var sett
Detaljer// Notat 2 // tapte årsverk i 2016
// Notat 2 // 2017 687 000 tapte årsverk i 2016 NAV August 2017 EIER Arbeids- og velferdsdirektoratet Postboks 5, St. Olavs plass 0130 Oslo BESTILLING OG ABONNEMENT Vår e-post adresse er: arbeid.og.velferd@nav.no
DetaljerProduksjon av oppdrettsfisk i Hordaland og Sogn og Fjordane
Vedlegg V. Produksjon av oppdrettsfisk i Hordaland og Sogn og Fjordane Østein Skaala, Havforskningsinstituttet Det føreligg svært mykje data om produksjon, forkvotar, antal lokalitetar og konsesjonar i
DetaljerArbeid og inntekt i jordbruket i Aust-Agder
Arbeid og inntekt i jordbruket i Aust-Agder Fylkesmannen i Aust-Agder, landbruksavdelinga. Kjelde: Statistisk Sentralbyrå. Arbeidsinnsats og årsverk: Jordbruksteljinga 1999 og Landbruksteljinga 2010. Jordbruksareal:
DetaljerÅrgang 1 * Nr 2 * Des 2009 * Institutt for naturforvaltning * Universitetet for miljø- og biovitskap. Aurebestanden i Botnavatn, Løyningsvassdraget
F agrapport F iskeforvaltning i høgfjellet Årgang 1 * Nr 2 * Des 29 * Institutt for naturforvaltning * Universitetet for miljø- og biovitskap Aurebestanden i Botnavatn, Løyningsvassdraget Reidar Borgstrøm
DetaljerFylkesmannen sin praktisering av jordlova, konsesjonslova og odelslova i 2015
Unntatt offentlighet Rapport Fylkesmannen sin praktisering av jordlova, konsesjonslova og odelslova i 2015 Rapport-nr.: Rapport: Avdeling: Fylkesmannen sin praktisering av jordlova, konsesjonslova
DetaljerLønnsundersøkinga for 2014
Lønnsundersøkinga for 2014 Sidan 2009 har NFFs forhandlingsseksjon utført ei årleg lønnsundersøking blant medlemane i dei største tariffområda for fysioterapeutar. Resultata av undersøkinga per desember
DetaljerSamspel mellom rase og gardsmiljø påverkar overleving hos lam
NSG - Norsk Sau og Geit Samspel mellom rase og gardsmiljø påverkar overleving hos lam Forfatter Leiv Sigbjørn Eikje, Norsk Sau og Geit Geir Steinsheim, Institutt for husdyr- og akvakulturvitskap, UMB Gunnar
DetaljerRadiologi i Noreg. - fylkesvis fordeling av radiologiske undersøkingar per 2002. StrålevernRapport 2006:6B
StrålevernRapport 2006:6B Radiologi i Noreg - fylkesvis fordeling av radiologiske undersøkingar per 2002 Ingelin Børretzen Kristin Bakke Lysdahl Hilde M. Olerud Statens strålevern Norwegian Radiation Protection
DetaljerVegtrafikkindeksen 2018
Vegdirektoratet Transportavdelingen Seksjon for Transportteknologi Vegtrafikkindeksen 2018 Foto: Knut Opeide Statens vegvesen Vegtrafikkindeksen 2018 Det var 0,2 % meir trafikk i 2018 enn i 2017. Trafikken
Detaljer// Notat 1 // tapte årsverk i 2013
// Notat 1 // 214 656 tapte årsverk i 213 656 tapte årsverk i 213 Av Jorunn Furuberg og Ola Thune Samandrag I 213 gjekk 656 årsverk tapt på grunn av dårleg helse eller mangel på ordinært arbeid. Dei tapte
DetaljerMetodikk for skadevurdering av aurebestander som følge av introduksjon av fremmede fiskearter
Metodikk for skadevurdering av aurebestander som følge av introduksjon av fremmede fiskearter Av Trygve Hesthagen, Odd Terje Sandlund Trygve Hesthagen (trygve.hesthagen@nina.no) og Odd Terje Sandlund er
DetaljerFuglestadelva, Hå kommune
Fuglestadelva, Hå kommune Fuglestadelva drenerer sørlege deler av Høg-Jæren og renn ut i sjøen ved Brusand. Elva er naturleg lakseførande opp til fossen ved Åsane (,8 km). Elva er ei av dei faste overvakingselvane
DetaljerFremmede fiskearter. er ikke bare utenlandsk import. Odd Terje Sandlund & Trygve Hesthagen. TEFA-seminar 9. mars 2017, SCANDIC Dyreparken
Fremmede fiskearter er ikke bare utenlandsk import Odd Terje Sandlund & Trygve Hesthagen TEFA-seminar 9. mars 2017, SCANDIC Dyreparken odd.sandlund@nina.no Lett å se fremmede arter på land OT Sandlund
DetaljerFagrapport Fiskeforvaltning i høgfjellet
Fagrapport Fiskeforvaltning i høgfjellet Årgang 4, Nr. 1 Sommartemperaturar, rekruttering og vekst for aure i Ullensvang statsallmenning Reidar Borgstrøm Institutt for naturforvaltning, Universitetet for
DetaljerMange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring
// Nedgang i sykepengeutbetalingene til selvstendig næringsdrivende Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring AV JORUNN FURUBERG SAMANDRAG Mange som avsluttar attføring kjem tilbake som yrkesvalhemma
DetaljerRømming 1-2015 Sporing av rømt oppdrettslaks fanget i Ørstaelva høsten 2015
Rømming 1-2015 Sporing av rømt oppdrettslaks fanget i Ørstaelva høsten 2015 Wennevik, V., Quintela, M., Sørvik, A.G.E., Skaala, Ø., Glover, K.A. Havforskningsinstituttet, Postboks 1870, Nordnes, 5817 Bergen
DetaljerRagnhild Nygaard og Estrellita. Cometa Rauan Undersøking om foreldrebetaling i barnehagar, januar 2007
2007/33 Notater Ragnhild Nygaard og Estrellita Notater Cometa Rauan Undersøking om foreldrebetaling i barnehagar, januar 2007 Avdeling for økonomisk statistikk /Seksjon for Økonomiske indikatorer Innhald
DetaljerElvemuslingen i Dalsbøvassdraget - status per april 2010
Elvemuslingen i Dalsbøvassdraget - status per april 2010 Frå lang tid attende er det kjent at det har vore elvemusling i Dalsbøvassdraget på Stadlandet i Selje kommune, Sogn & Fjordane (Økland 1975). I
DetaljerNår kan auren i sure områder friskmeldast? - Bruk av klassifiseringssystemet på overvåkingsdata frå Vikedalsvassdraget i Ryfylke*
Når kan auren i sure områder friskmeldast? - Bruk av klassifiseringssystemet på overvåkingsdata frå Vikedalsvassdraget i Ryfylke* Trygve Hesthagen, Peder Fiske, Ingeborg Helland, Randi Saksgård og Odd
DetaljerBiletbruk på nettet 1 2
Innleiing Denne vesle rettleiinga vil syne deg ein arbeidsflyt for å tilretteleggje bilete for publikasjon på internett. Desse operasjonane fordrar bruk av eit bilethandsamingsprogram. Slike er det mange
DetaljerVegtrafikkindeksen oktober 2018
Vegdirektoratet Transportavdelingen Seksjon for Transportteknologi Vegtrafikkindeksen oktober 2018 Foto: Knut Opeide Statens vegvesen Vegtrafikkindeksen oktober 2018 Det var 0,9 % meir trafikk i oktober
Detaljerstyrke i at mest kva som helst kan skje, utan at dei vert mindre aktuelle.
Gode landsmøte! Takk for eit år med mykje godt samarbeid og mange gode idear. Norsk Målungdom er i høgste grad ein tenkjande organisasjon, og denne perioden har me nytta mykje tid på å utfordra det etablerte.
DetaljerRømming 1-2014 Sporing av rømt oppdrettslaks fanget i flere elver i Ryfylke høsten 2013
Rømming 1-214 Sporing av rømt oppdrettslaks fanget i flere elver i Ryfylke høsten 213 Wennevik, V., Quintela, M., Sørvik, A.G.E., Skaala, Ø., Glover, K.A*. * = kontaktperson Havforskningsinstituttet, Postboks
DetaljerTOKKE KOMMUNE Definisjonar. BRA, bruksareal er i høve til NS 3940 og teknisk forskrift.
TOKKE KOMMUNE. Reglar om tilskot til bygging av bustadhus i spreidd område, (utanfor kommunalt bustadfelt), kjøp, utbetring/restaurering av eldre bustad, til private vass- og kloakkanlegg. Endring av reglane
DetaljerFrå novelle til teikneserie
Frå novelle til teikneserie Å arbeide umarkert med nynorsk som sidemål Undervisningsopplegget Mykje av inspirasjonen til arbeidet med novella, er henta frå i praksis: nynorsk sidemål i grunnskule 1 (2008).
DetaljerKompetansearbeidsplassar i Hordaland
Kompetansearbeidsplassar i Hordaland AUD-rapport nr. 8 11 September 211 1 Tal kompetansearbeidsplassar i Hordaland har vekse med 21 % i perioden 22 29, mot 17 % i landet som heile. Alle regionane i Hordaland
DetaljerF agrapport F iskeforvaltning i høgfjellet
F agrapport F iskeforvaltning i høgfjellet Å rgang 2, N r. 2 Aurebestandane rundt Litlos status etter utfisking i 25-28 Reidar Borgstrøm, John Gunnar Dokk og Jens Thaulow Institutt for naturforvaltning,
DetaljerTETTHETSSTATUS OVER FISKEBESTANDENE AV AURE OG LAKS I BØYAELVI, HJALMAELVA, KJØLSDALSELVA, MAURSTADELVA OG RIMSTADELVA
TETTHETSSTATUS OVER FISKEBESTANDENE AV AURE OG LAKS I BØYAELVI, HJALMAELVA, KJØLSDALSELVA, MAURSTADELVA OG RIMSTADELVA I SOGN OG FJORDANE HØSTEN 2 IS B ER AS UN LABORATORIUM FOR FERSKVANNSØKOLOGI OG INNLANDSFISKE
DetaljerKort om føresetnadene for folketalsprognosen
Kort om føresetnadene for folketalsprognosen Folketalsutviklinga i PANDA vert bestemt av fødselsoverskotet (fødde minus døde) + nettoflyttinga (innflytting minus utflytting). Fødselsfrekvensar og dødsratar
DetaljerKommentarar frå Røyrvik Kraft til høyringsfråsegner for Røyrvik og Øyrane kraftverk i Gloppen kommune
29.05.2016 Kommentarar frå Røyrvik Kraft til høyringsfråsegner for Røyrvik og Øyrane kraftverk i Gloppen kommune RØYRVIK KRAFT SUS NVE Konsesjonsavdelinga Postboks 5091 Majorstua 0301 Oslo Dykkar ref.:
Detaljer13. Sendetida på TV aukar
Kulturstatistikk 2004 Radio og TV 3. Sendetida på TV aukar Dei siste fire åra ser det ut til at folk brukte mindre tid på radiolytting og fjernsynssjåing. Samstundes har sendetida i TV auka, medan sendetida
DetaljerMatpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse
Samarbeid mellom og Miljølære Matpakkematematikk Data frå Miljølære til undervisning Statistikk i 7.klasse Samarbeid mellom og Miljølære Lag riktig diagram Oppgåva går ut på å utarbeide ei grafisk framstilling
DetaljerRapport 2007:02. Fiskeundersøking i Årsetelva, Ørsta kommune Miljøanalyser, rapport 2007:02 ISBN 978-82-92907-01-6
miljøanalyser Rapport 2007:02, Ørsta kommune Miljøanalyser, rapport 2007:02 ISBN 978-82-92907-01-6 miljøanalyser R a p p o r t 2 0 0 7 : 0 2 Utførande institusjon: Miljøanalyser Leira 6590 Tustna Kontaktpersonar:
DetaljerRapport om målbruk i offentleg teneste 2018
Rapport om målbruk i offentleg teneste 18 1 Innhald Om rapporten... 3 Forklaring til statistikken... 3 Resultat frå underliggjande organ... 3 Nettsider... 4 Korte tekstar (1 sider) og lengre tekstar (over
DetaljerVegtrafikkindeksen august 2018
Vegdirektoratet Transportavdelingen Seksjon for Transportteknologi Vegtrafikkindeksen august 2018 Foto: Knut Opeide Statens vegvesen Vegtrafikkindeksen august 2018 Det var 0,7 meir trafikk i august 2018
DetaljerVegtrafikkindeksen juni 2018
Vegdirektoratet Transportavdelingen Seksjon for Transportteknologi Vegtrafikkindeksen juni 2018 Foto: Steinar Svensbakken Statens vegvesen Vegtrafikkindeksen juni 2018 Det var 0,5 meir trafikk i juni 2018
DetaljerMøteinnkalling. Arbeidsutvalg for Jotunheimen og Utladalen nasjonalparkstyre
Møteinnkalling Utvalg: Møtested: Dato: 14.08.2014 Tidspunkt: Arbeidsutvalg for Jotunheimen og Utladalen nasjonalparkstyre E-postbehandling Viser til vedlagt sak. På grunn av behov for rask oppfølging vert
DetaljerSaksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet 01.09.2015. Løyve i perioden til no i 2015 11. Avslag i perioden til no i 2015 0
saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 05.08.2015 51527/2015 Lisbeth Nervik Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet 01.09.2015 Status akvakulturforvalting og fiskeri per juli 2015 Akvakulturforvalting
DetaljerUNIVERSITETET I OSLO
UNIVERSITETET I OSLO Side 1 Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet Eksamen i: INF1010 Objektorientert programmering Eksamensdag: Tysdag 12. juni 2012 Tid for eksamen: 9:00 15:00 Oppgåvesettet er på
DetaljerBestandsstatus for bjørn, jerv, ulv, gaupe og kongeørn
Bestandsstatus for bjørn, jerv, ulv, gaupe og kongeørn Mari Tovmo Rovdata Rovdata ny modell for rovviltovervaking Rovdata er etablert som ei sjølvstendig eining med eigen leiar og stab i NINA FORVALTNING
DetaljerRapport om målbruk i offentleg teneste 2017
Rapport om målbruk i offentleg teneste 17 1 Innhald Om rapporten... 3 Forklaring til statistikken... 3 Resultat frå underliggjande organ... 3 Nettsider... 4 Korte tekstar (1 sider) og lengre tekstar (over
DetaljerNorsk etnologisk gransking Februar 1955 GRENSER OG GRENSEMERKE MELLOM EIGEDOMAR
Norsk etnologisk gransking Februar 1955 Emne nr. 48 GRENSER OG GRENSEMERKE MELLOM EIGEDOMAR Med denne lista vil vi freista å få greie på dei nemningane ( benevnelsene ) som bygdemålet frå gamalt nytta
DetaljerRekruttering hos ørret i utvalgte innløpsbekker til Ståvatn i Vinje og Odda kommuner
Rapportnr. 45 ISSN nr. 1891-8050 ISBN 978-82-7970-061-6 2015 Rekruttering hos ørret i utvalgte innløpsbekker til Ståvatn i Vinje og Odda kommuner Åge Brabrand og Svein Jakob Saltveit Denne rapportserien
Detaljer3.7. MESNAVASSDRAGET 3.7.1. VASSDRAGSBESKRIVELSE
3.7. MESNAVASSDRAGET 3.7.1. VASSDRAGSBESKRIVELSE Det ca. 50 km lange Mesnavassdraget (Fig. 8) ligger i Øyer og Lillehammer kommuner, Oppland fylke, og Ringsaker kommune, Hedmark fylke. Vassdragets naturlige
DetaljerI denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.
Pingviner på tur Skrevet av: Geir Arne Hjelle Oversatt av: Stein Olav Romslo Kurs: Scratch Tema: Blokkbasert, Spill Fag: Programmering Klassetrinn: 1.-4. klasse, 5.-7. klasse, 8.-10. klasse Introduksjon
DetaljerStoråna, Sandnes kommune
Storåna, Sandnes kommune Storåna er eit låglandsvassdrag i Sandnes kommune. Vasskvaliteten er ein del påverka av jordbruk, men er god med omsyn til forsuring. Det er truleg ikkje naturleg laksebestand
Detaljer// Notat 2 // tapte årsverk i 2014
// Notat 2 // 2015 656 000 tapte årsverk i 2014 NAV Juni 2015 EIER Arbeids- og velferdsdirektoratet Postboks 5, St. Olavs plass 0130 Oslo BESTILLING OG ABONNEMENT Vår e-post adresse er: arbeid.og.velferd@nav.no
DetaljerFørespurnad om deltaking i forskingsprosjekt. Kontrollgruppe til forskingsprosjekt for behandling av sjukleg overvektige personar
Førespurnad om deltaking i forskingsprosjekt Kontrollgruppe til forskingsprosjekt for behandling av sjukleg overvektige personar Bakgrunn og hensikt Dette er eit spørsmål til deg om å ta del i ein studie
Detaljerkan ein oppnå begge. til gjenutsett fisk aukast, og den gjenutsette ( ) er gjennomført innanfor tidsramma for friskmeldingsprogrammet.
2015-2017 Utførande fagmiljø har vore Vestlandsforsking, NINA, NMBU, Ferskvannsbiologen Leif Magnus Sættem, Stiftinga Norsk Villakssenter, NTNU, Falkeblikk AS og INAQ AS på oppdrag for Lærdal Elveeigarlag.
DetaljerFANGST OG SKJELPRØVAR I ERVIKELVA
FANGST OG SKJELPRØVAR I ERVIKELVA I perioden til var gjennomsnittleg årsfangst laks med snittvekt på, kg og sjøaurar med snittvekt på, kg. I var fangsten laks (snittvekt, kg, som er det beste resultatet
DetaljerEnergi ekvivalent (kwh/m 3 ) Moksa 550.00 3.5 15.0 49.5 1.18 1988. Installasjon (MW)
3.4. MOKSA 3.4.1. VASSDRAGSBESKRIVELSE Det ca. 18 km lange Moksavassdraget (Fig. 5) ligger i Øyer kommune. Store deler av det 95.5 km 2 store nedbørfeltet ligger over 800 m o. h. med høyeste punkt på 1174
DetaljerBestandsplan for VILLREIN. Ottadalen villreinområde 2012 2013-2014. Vedtatt av. Villreinnemnda for Ottadalen, 27.04.2013
Bestandsplan for VILLREIN i Ottadalen villreinområde 2012 2013-2014 Vedtatt av Ottadalen villreinutvalg, 27.04.2013 og Villreinnemnda for Ottadalen, 27.04.2013 1 Bakgrunn for planen Hjorteviltforskriften
DetaljerSkulestadmo gbnr. 58/163, 43 og gbnr. 59/2, 26 Voss kommune
Skulestadmo gbnr. 58/163, 43 og gbnr. 59/2, 26 Voss kommune Kontaktinformasjon Hordaland fylkeskommune, Kultur og idrettsavdelinga...55239185 eksp. Hordaland fylkeskommune, Kultur og idrettsavdelinga...55239187
DetaljerKlage Løyve til bruk av utanlandske treslag på eigedomen gnr. 36, bnr. 4 i Sirdal kommune
Miljødirektoratet v/fylkesmannen i Vest-Agder fmvapostmottak@fylkesmannen.no 19. februar 2015 Klage Løyve til bruk av utanlandske treslag på eigedomen gnr. 36, bnr. 4 i Sirdal kommune Vi viser til vedtak
DetaljerHøyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Bakkeelva kraftverk i Askvoll kommune.
Førde, 26.02.2015 NVE Konsesjonsavdelinga Postboks 5091 Majorstua 0301 OSLO Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Bakkeelva kraftverk i Askvoll kommune. Vi viser til NVE sitt høyringsbrev av
DetaljerRådgivende Biologer AS
Rådgivende Biologer AS RAPPORT TITTEL: Analysar av skjellprøvar frå elvar i Hordaland i 999 FORFATTAR : Kurt Urdal OPPDRAGSGJEVAR: Fylkesmannen i Hordaland, Miljøvernavdelinga OPPDRAGET GJEVE: ARBEIDET
DetaljerDette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:
Elevanes val av framandspråk i vidaregåande skule Nasjonalt senter for framandspråk i opplæringa - Notat 6/216 Utdanningsdirektoratet har publisert fagvala til elevar i vidaregåande skule for skuleåret
DetaljerFoto Knut Nylend. HARDANGERVIDDA VILLREINOMRÅDE Oppsynsrapport for villreinjakta 2015
Foto Knut Nylend. HARDANGERVIDDA VILLREINOMRÅDE Oppsynsrapport for villreinjakta 2015 Innhald: Oppsynsorganisering/miljøovervaking. Statistikk. Kommentarar frå jakta 2015. 1.0 Oppsynsorganisering Villreinjaktoppsynet
DetaljerOmstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting
Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting Bakgrunn Frå ulikt hald har vi fått signal om at det er ønskjeleg med ei omstrukturering av HMSdokumentasjonen
Detaljertapte årsverk i 2011
662 000 tapte årsverk i 2011 Av Jorunn Furuberg, Xu Cong Qiu og Ola Thune Samandrag I 2011 gjekk til saman 662 000 årsverk tapt på grunn av dårleg helse eller mangel på ordinært arbeid. Dette er ein auke
DetaljerTynningsfiske i Skrevatn 2011
Faun rapport 027-2012 Tynningsfiske i Skrevatn 2011 VILTFORVALTNING FISKEFORVALTNING KONSEKVENSUTGREIING LANDBRUK OG NÆRING evar Helge Kiland Faun rapport 027-2011: Tittel: Tynningsfiske i Skrevatn 2011
DetaljerÅrdalselva, Hjelmeland kommune
Årdalselva, Hjelmeland kommune Årdalselva ligg i Ryfylke og drenerer fjellområde i Hjelmeland. Vassdraget er prega av kraftutbygging, og 2/3 av vatnet er ført vekk frå vassdraget. Elva har i periodar vore
DetaljerForord. Thor Endre Nytrø
Ørret Salmo trutta i Øvre Heimdalsvatn- en viktig predator på ørekyt Phoxinuis phoxinus. Brown trout Salmo trutta in Øvre Heimdalsvatn- a mayor predator on European Minnows Phoxinus phoxinus. Thor Endre
DetaljerEkstraordinær jakt på fiskemåse i Røldal statsallmenning
Notat til Odda kommune Utarbeidd av Professor Reidar Borgstrøm Epost: reidar.borgstrom@umb.no Institutt for naturforvaltning Universitetet for Miljø- og Biovitskap Odda kommune Opheimsgata 31 5750 ODDA
DetaljerDokka-Etna (Nordre Land)
Dokka-Etna (Nordre Land) Område og metoder Dokka-Etna er største tilløpselv til Randsfjorden. For brukere er ørret og sik er de viktigste fiskeartene i elva, i Dokka går storørret fra Randsfjorden helt
Detaljer