Her kan du lese meir om myrtype, historikk og danningsmåte, vegetasjon og dyreliv.
|
|
- Sigrun Mathisen
- 7 måneder siden
- Visninger:
Transkript
1 Kloppemyrane naturreservat. Her kan du lese meir om myrtype, historikk og danningsmåte, vegetasjon og dyreliv. Sentrale delar av den vestre høgmyra. Foto: Johannes Anonby.
2 Laggen på søraustsida, sett i austleg retning. Til høgre ser ein fastmarka; til venstre byrjar høgmyra og kantskogen på den. Foto: Johannes Anonby.
3 Laggen på søraustsida, sett i vestleg retning. Biletet er teke på same stad som føregåande. Til høgre ser ein kantskogen på høgmyra; til venstre er laggen med flaskestorr og frodig oppslag av buskar. Foto: Johannes Anonby. Myrtype: Kloppemyrane er eit høgmyr-kompleks. Høgmyr er ei undergruppe av ombrotrof myr (dvs. nedbørsmyr). Karakteristisk for høgmyr er at torva over tid har bygd seg opp til eitt eller fleire kvelvde parti. Vatnet renn ikkje inn på desse kvelvingane, men frå dei, og samlar seg i fuktige sig attmed, såkalla lagg. Flatberg (1976) klassifiserte Kloppemyrane som atlantisk høgmyr, medan Moen & Olsen (1983) reknar myrkomplekset som ein mellomting mellom ekte høgmyr og atlantisk høgmyr. Langs ei ekte (også kalla klassisk) høgmyr dannar laggen eit veldefinert skilje mellom myr og fastmark, medan atlantisk høgmyr gjerne har fleire kvelvingar, og der skiljet mellom myr og fastmark er mindre tydeleg. Medan ei ekte høgmyr gjerne har ein karakteristisk kantskog ytst mot laggen, er atlantisk høgmyr normalt utan slik kantskog. Vidare har atlantisk høgmyr mindre regelmessige strukturar av tuer og høljer (søkka mellom tuene). Desse skilnadene har i stor grad klimatiske årsaker (i kystklima vert fastmarka lettare forsumpa, avrenning og vass-erosjon er større, og kjølige somrar gjer at trea ikkje trivst så godt på nedbørsmyr-torv). Av di høgmyrar krev relativt store og flate areal i låglandet, er det av naturen få av dei i Sogn og Fjordane, og dei vi har er små. Grovt kan ein sei at høgmyrar vert meir velutvikla og regelmessige di meir kontinentalt (innlandsprega) klimaet er. Skissene nedanfor er henta frå Moen & Olsen (1983).
4 Konsentrisk høgmyr (ei undergruppe av ekte høgmyr), sett frå sida og ovanfrå. Atlantisk høgmyr: Som skissene gjev eit vink om, kan det også vere topografiske årsaker til skilnaden mellom atlantisk og ekte høgmyr, då småkuperte kystlandskap gjev andre vilkår for myrdanning enn storskala-landskap med samanhengande og einsarta lausmassar, slik ein har meir av på Austlandet og i Sverige. Historikk og danningsmåte: Det er diverre ein feil i verneplanrapporten (Fylkesmannen nr ) når det står at myra ligg på ein breelvterrasse. Breelvterrassen byrjar først nokre hundre meter lenger aust. Medan breelvterrassen vart danna for rundt år sidan då breen låg like innanfor, og vart bygd opp til dåverande havnivå 70 moh, ligg Kloppemyrane ca. 50 moh. Denne grusflata er altså avsett av elva seinare, etter at landet hadde heva seg minst 20 m. Kloppemyrane ligg i ei markert fordjuping i grusflata, kanskje restar etter eit tidlegare elveløp. I byrjinga må dette ha vore ope vatn, truleg som ei bakevje i elva. Kloppemyrane er altså det ein kallar topogen myr (attgroingsmyr), dvs. at myra er danna ved attgroing av vassfylte fordjupingar i terrenget. Om ein gjer djupnesnitt i ei slik attgroingsmyr vil ein difor typisk finne lag med mudder nedst, avsette i vatn, men som lenger oppe går over i torv. Nærleiken til elva gjer det sannsynleg at ein også vil finne lag med sand og andre mineralmassar. Kva tid avsetjinga av organisk stoff (altså det første stadiet i myrdanninga) byrja i dette tilfellet veit vi ikkje, men det må altså ha skjedd lenge etter istida.
5 Utsnitt av økonomisk kartblad etter flyfotografering Symbola syner at myra i aust var grunn. Kartfigurar for myr er utheva med tjukk ytterstrek. Frå naturen av er myrkomplekset større enn det ein ser i dag, og som er verna. Gamle blad frå Økonomisk kartverk syner at myra strekte seg vidare mot nordaust opp mot riksvegen, der det no ligg ei avslutta bossfylling. Fyllinga av boss starta alt i 1955, men då Flatberg (1976) gjorde registreringane av verneverdige myrområde i 1971, vurderte han likevel myrkomplekset som urørt med unntak av vegen som kryssa myra, og restar av torvtekt heilt i vest. Om den delen av myra som no er vekk, skriv Flatberg at bortsett fra et minerotroft dråg på N-sida, så er dette området stort sett ombrotroft. Det skiller seg lite i struktur og artssammensetning frå de øvrige ombrotrofe arealene av myra. Truleg har ein vesentleg del av vatnet i det nemnde dråget kome frå fjellet ovanfor. Vass-strøyminga i myrkomplekset har over tid vorte endra som følgje av den gradvise framvoksteren av dei to høgmyr-kvelvingane (sjå flyfoto frå 1980). I og med at begge kvelvingane er relativt små i areal, er det neppe svært mykje nedbørsvatn som renn av dei. Det kan vere grunnen til at vi på mange strekningar ikkje finn nokon lagg i kanten mot fastmark. Såleis verkar det også sannsynleg at ein stor del av vatnet i det minerogene (jordvasspåverka) vass-siget nord og vest for den austre kvelvinga stammar frå tilsiget frå aust, som kjem ut under den tildekte bossfyllinga.
6 Utsnitt av flyfoto frå Myra på austsida av den kommunale vegen er på dette tidspunktet vekke (oppfylt). Dei to kvelvde høgmyrane er skjematisk synte med grøne ovalar, medan blå piler grovt syner vassrørsla. Frå tidleg på 1990-talet er det fylt ut masse også på vestsida av kommunevegen, der det i dag står nokre brakker og er lagra diverse reiskap. På nordsida av denne fyllinga går det innkomande vatnet gjennom jordvassmyr med tett skog av m.a. svartor, og lenger vest er det eit mosaikkarta mønster av fastmark og forsumpa furuskog. Den mest pedagogiske og tydelege laggen i dette naturreservatet (og kanskje heile Sogn og Fjordane?) finn ein difor på sørsida av den austre kvelvinga. Her ser ein tydeleg korleis høgmyra hevar seg over laggen, og korleis auka næringstilførsle og mineralisering av torva ut mot laggen gjev grunnlag for meir frodig skog (kantskog). Ein ser også korleis vegetasjonen i sjølve laggen (m.a. flaskestorr) ber bod både om jamt stort tilsig av vatn, og at dette vatnet er jordvasspåverka (i og med at det kjem både frå høgmyra og fastmarka). Det er usikkert i kva grad laggen også får vatn frå bossfyllinga oppstraums. Omtalen hjå Flatberg kan tyde på at det vatnet i sin heilskap følgjer (eller følgde?) nordsida av høgmyra, men det er mogleg at noko også deler seg av mot sørsida. Mengda av vatn i laggen kan tyde på det. Eit vanskeleg spørsmål er om fyllinga har endra på strøymingsmønsteret, anten ved at lettdrenerte, mineralske fyllmassar har trykt saman underliggjande torv, eller at fyllinga verkar til å leie jordvatn ut på tidlegare nedbørsmyr. Vegetasjon: Vegetasjonstypane på høgmyr (dvs. sjølve dei kvelvde partia) skil seg ikkje frå det ein finn på anna nedbørsmyr. Det som er avgjerande, derimot, er graden av tuestruktur, og klimaet. Vegetasjonen på tuer og i høljer (fordjupingane mellom tuene på ei nedbørsmyr) er svært ulik.
7 På myrar med velutvikla tuestruktur (slik som Kloppemyrane) oppstår ein fin småskalamosaikk av vegetasjontypar frå tue, til fastmatte, til mjukmatte og til lausbotn, kanskje innanfor ein og same kvadratmeter. Andre nedbørsmyrar kan vere nesten jamne (og såleis meir einsarta) i overflata. Slike skilnader er resultat av ei rekkje faktorar som varierer frå myr til myr, slik som nedbørsmengd, sommarvarme, snødekke, frostpåverknad, fall, og også kva artar som veks der. Medan torvmose-artane i høljene veks raskare enn dei på tuene dersom dei får nok vatn, er artane på tuene betre tilpassa til å overleve tørkeperiodar. Tidlegare trudde ein at fordelinga av tuer og høljer var i stadig endring, men no er oppfatninga heller at tuene kan ta svært lang tid å utvikle, og at strukturane difor kan vere svært gamle. I Kloppemyrane utgjer tuene ca 2/3 av nedbørsmyr-arealet, med fast- og mjukmatter som eit nettverk mellom tuene. Påverknad frå elva når vassføringa er stor har vore føreslege som forklaring på den kraftige tuestrukturen, men om dette er tilfelle, er ikkje påverknaden av mineralhaldig vatn stor nok til å gje synlege utslag på artssamansetnaden i høljene. Planteliv i tuer på nedbørsmyr gjev pussige døme på samarbeid mellom konkurrentar: Det er ei hard tevling mellom dei einskilde torvmose-skota, der dei som sakkar akterut i voksteren vil døy. Samstundes er dei alle avhengige av å vekse i tett formasjon for å halde på vatnet, og eit skot som freista å stikke av frå dei andre, ville raskt tørke ut. Mellom små furutre og torvmosane er det ei hard, men assymetrisk tevling: All mineralnæring kjem med nedbøren, og torvmosane forsyner seg først av det vesle som er, då dei tek opp næringa i toppen av skotet, slik at det er lite som siv ned til røtene til furua. Nyspirte furuplantar vert lett overvaksne og drepne av torvmosane, men om treet klarer å verte stort, vil det ta lys frå mosane og dekkje dei med strø. Lyng og tre er avhengige av tuene for å få nok luft til røtene så dei ikkje druknar; samstundes er det mogleg at røtene er med på å armere tuene og med det sikre livsmiljøet for dei tuedannande torvmosane. I Kloppemyrane dominerer vanleg gråmose i tuene, som også har innslag av kysttorvmose. Dette er typisk for myrar i eit breitt belte langs kysten. Markerte innslag av rusttorvmose og lav-arten kvitkrull er derimot eit austleg (innlands-) trekk, og vegetasjonen vitnar såleis om at området klimatisk står i ei mellomstilling (jf. at vegetasjonsatlaset til Moen, 1998, syner ei isolert øy med berre svakt oseanisk klima i området Sandane-Breim). Dei jordvassprega (minerotrofe) myrpartia i Kloppemyrane, det vil i praksis seie systemet av lagg i vid forstand, er nesten fullstendig dekte med skog og kratt. Dette vert gjerne omtalt som sumpskog, noko som eigentleg er feil, i og med at sumpskog føreset sumpjord, altså mineraljord. Den frodige lauvskogen med bjørk og svartor der vatnet kjem inn i reservatet frå aust har torvdjupner oppi eit par meter, og kan klassifiserast som intermediær myr med skog og kratt ( L1 i systemet til Fremstad, 1996). I røynda er det ofte lite skilnad mellom vegetasjonen i sumpskog og skogsett myr, dvs. at plantane ikkje skil så mykje på om mineralnæringa finst som faste mineral eller som oppløyste næringssalt. Også fysisk går desse typane over i kvarande, i det torvlaget vert tynnare og sterkare omdanna når ein går frå lagg til fastmark. Lengst nord i reservatet inngår øyar med blåbærfuruskog i mosaikk med meir fuktige og forsumpa typar av furuskog, og med ulike overgangsformer. Planteartar i Kloppemyrane naturreservat (etter Flatberg, 1976) Tre, buskar og lyng (forveda plantar): Alnus glutinosa Svartor
8 Alnus incana Andromeda polifolia Betula pubescens Calluna vulgaris Juniperus communis Myrica gale Oxycoccus microcarpus Pinus sylvestris Frangula alnus Salix aurita Sorbus aucuparia Vaccinium myrtillus Vaccinium uliginosum Vaccinium vitis-idaea Comarum palustre Cornus suecica Drosera rotundifolia Galium palustre Gymnocarpium dryopteris Melampyrum pratense Menyanthes trifoliata Potentilla erecta Trientalis europaea Gråor Kvitlyng Vanleg bjørk Røsslyng Einer Pors Småtranebær Furu Trollhegg Øyrevier Rogn Blåbær Blokkebær Tytebær Urter og urteaktige plantar: Myrhatt Skrubbær Rundsoldogg Myrmaure Fugletelg Stormarimjelle Bukkeblad Tepperot Skogstjerne Gras og grasaktige plantar: Agrostis canina Hundekvein Carex canescens Gråstorr Carex echinata Stjernestorr Carex magellanica Frynsestorr Carex nigra Slåttestorr Carex pauciflora Sveltstorr Carex rostrata Flaskestorr Deschampsia flexuosa Smyle Eriophorum vaginatum Torvull Glyceria fluitans Mannasøtgras Juncus filiformis Trådsiv Molinia caerulea Blåtopp Scirpus caespitosus Småbjønnskjegg Mosar: Bladmosar: Aulacomnium palustre Myrfiltmose Dicranum scoparium Ribbesigd Dicranum undulatum = Dicranum polysetum Hylocomium splendens Etasjemose Myrsigdmose = Krussigd
9 Pleurozium schreberi Furumose Ptilium crista-castrensis Fjørmose Racomitrium lanuginosum Heigråmose Mosar: Torvmosar: Sphagnum angustifolium/fallax Klubbe-/broddtorvmose Sphagnum annulatum Pisktorvmose Sphagnum cuspidatum Vasstorvmose Sphagnum fuscum Rusttorvmose Sphagnum girgensohnii Grantorvmose Sphagnum imbricatum, dvs. truleg Sphagnum austinii Sphagnum magellanicum Kjøtt-torvmose Sphagnum majus Lurvtorvmose Sphagnum nemoreum Furutorvmose Sphagnum papillosum Vortetorvmose Sphagnum rubellum Raudtorvmose Sphagnum tenellum Dvergtorvmose Sphagnum warnstorfii Rosetorvmose Kysttorvmose (med atterhald pga. beskriving av ny art etter at registreringa vart gjort) Bazzania trilobata Mosar: Levermosar: Storstylte Lav-artar i Kloppemyrane naturreservat (etter Flatberg, 1976) Cladonia stellaris Kvitkrull Icmadophila ericetorum Torvmoselav Det kan ofte vere mange ulike lav-artar på tuer i nedbørsmyr, og i røynda er det difor truleg langt fleire enn dei to som er lista. I tillegg kjem lav på trea, både i skog og på myr, og lav på fastmark i skogen. Også for plantar er det temmeleg sikkert mykje som manglar på at lista er komplett. Dyreliv: Dyrelivet i Kloppemyrane naturreservat har ikkje vore undersøkt, men ut i frå generell kunnskap kan ein seie følgjande: Fuglar er ei gruppe som krev store areal. Eit myrområde vil difor ofte måtte ha ein viss storleik for at særskilde myr- og våtmarksfuglar skal trivast der. Variasjonsrikdomen, og kombinasjonen av myr, ope vatn, skog og kratt, m.m. er også viktig for fuglane. Det har synt seg at artsmangfaldet av fuglar på myr i Skandinavia aukar di lenger nord ein kjem, noko som verkar pussig ut i frå at somrane vert kortare og kaldare, men det kan forklarast med at myrområda utgjer større areal og har større variasjonsrikdom nordover. Eit lite myrområde som Kloppemyrane, som ikkje har nemnande ope vatn utanom sjølve elva, vil difor venteleg ikkje ha så mange spesielle myr-artar av fugl, men heller artar som trivst i skogkantar, glissen skog og kratt. Insekt kan i langt større grad enn fuglar leve på små areal, og venteleg ville ei undersøking på Kloppemyrane gje ei lang rekkje med artar knytte til myr,
10 og der ein ville sjå store skilnader i artsutvalet mellom nedbørsmyrane og dei jordvasspåverka myrskogpartia. Også for insekt har det rett nok synt seg at eit område huser færre artar dersom livsmiljøa er små og spreidde enn om dei hadde utgjort større og samanhengande areal. At det er så lite nedbørsmyr i låglandet i fjordstroka, kan såleis gjere at det er færre av spesialiserte artar ein kan vente å finne på Kloppemyrane. Av andre virvellause dyr er det mange grupper som kan ha stort artsmangfald på myr. Sjølv om den biologiske produksjonen på nedbørsmyr er låg, og torvmose er dårleg som næring, kan ein til gjengjeld få ei rekkje artar som har spesialisert seg på dei spesielle livsmiljøa. Mellom anna finn ein eit stort mangfald av hjuldyr (Rotifera), der mange er nedbørsmyr-spesialistar. I tillegg til dei fascinerande bjørnedyra (Tardigrada) har myrar eit yrande liv av ørsmå nematodar og enchytraeider, altså det ein grovt kan kalle makk. I og med at det verkeleg store artsmangfaldet på ei myr truleg ligg blant dei virvellause dyra, er det her innsatsen på nye artsregistreringar i stor grad bør leggjast, med mykje uoppdaga som ligg og ventar.
Vedlegg 3 a Prosent dekning - Kloppemyrane ombrotrof aust ombrotrof vest kant vest kant aust skog søraust i skog søraust ii "sumpskog" blokk 1 1 1 1
Vedlegg 3 a Prosent dekning - Kloppemyrane ombrotrof aust ombrotrof vest kant vest kant aust skog søraust i skog søraust ii "sumpskog" blokk 1 1 1 1 1 2 2 2 2 2 3 3 3 3 3 4 4 4 4 4 5 5 5 5 5 6 6 6 6 6
Åkvikmyra, Vefsn kommune
Ecofact rapport 115 Gunn-Anne Sommersel og Geir Arnesen www.ecofact.no ISSN: 1891-5450 ISBN: 978-82-8262-113-7 Ecofact rapport 115 www.ecofact.no Referanse til rapporten: Sommersel, G.-A. og Arnesen, G.:
Biologisk kartlegging av to hyttefelt på Gautestad
Biologisk kartlegging av to hyttefelt på Gautestad Ronja Zierenberg 3801 Bø i Telemark 2012 Innholdsfortegnelse Innholdsfortegnelse... 2 Fakta... 3 Sammendrag... 4 Innledning... 4 Metode... 4 Klassifisering
Kartlegging av natur ved Øydingen skiferbrudd
Kartlegging av natur ved Øydingen skiferbrudd Stig Tronstad og Tor Kvam 1 Referat På oppdrag fra Snåsa naturstein AS som planlegger uttak av stein fra Øydingen skiferbrudd til bruk ved tørrmuring er vegetasjon,
Lifjell. Tomas Wiig Johannessen. 3801 Bø i Telemark
Lifjell Biologisk mangfold Østlikollen og Haraldskår Tomas Wiig Johannessen 3801 Bø i Telemark Januar 2014 Innhold Innledning... 3 Sammendrag... 4 Metode... 5 Influenseområde... 6 Eksisterende anlegg ved
FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE
Side 1 Tingvoll, 21. september 2013 NVE FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE Naturvernforbundet har gått langs elva på den planlagde utbyggingsstrekninga 15.9.2013. Vi har ikkje gått traseen
Rossafjellet. Lokalitet nr.: 61201. Svært viktig for rødlistearter (A2) Svært viktig for vilt (A3)
Rossafjellet Kommune: Tysvær Lokalitet nr.: 61201 Naturtype: Kystfuruskog Verdi for biologisk mangfold: Svært viktig naturtype (A1) Svært viktig for rødlistearter (A2) Svært viktig for vilt (A3) Beskrivelse
Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Bakkeelva kraftverk i Askvoll kommune.
Førde, 26.02.2015 NVE Konsesjonsavdelinga Postboks 5091 Majorstua 0301 OSLO Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Bakkeelva kraftverk i Askvoll kommune. Vi viser til NVE sitt høyringsbrev av
Vegetasjonsutviklingen etter skogbrannen i Hopsfjellet Naturreservat, Sveio kommune, i perioden 1992-2008
MVA-rapport 1/2009 Vegetasjonsutviklingen etter skogbrannen i Hopsfjellet Naturreservat, Sveio kommune, i perioden 1992-2008 Miljøvernavdelinga Fylkesmannen i Hordaland Institusjon Fylkesmannen i Hordaland,
Kulturhistoriske registreringar
Kulturhistoriske registreringar Kultur og idrettsavdelinga, seksjon for kulturminnevern og museum Kulturminneregistreringar på Vetlebotn Gnr 272 og 275 Myrkdalen Voss kommune Rapport 7 2004 Rapport om
Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune
Miljødirektoratet v/fylkesmannen i Nordland fmnopost@fylkesmannen.no 24. mai 2016 Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune Vi viser til vedtak i sak 2016/2718 den
Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Marka kraftverk i Førde kommune.
Førde, 24.02.2015 NVE Konsesjonsavdelinga Postboks 5091 Majorstua 0301 OSLO Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Marka kraftverk i Førde kommune. Vi viser til NVE sitt høyringsbrev av 19.11.2014
FRÅSEGN ENDRING AV GRENSE FOR VERMEDALEN NATURRESERVAT I RAUMA KOMMUNE
Side 1 Tingvoll, 5. mars 2013 Fylkesmannen i Møre og Romsdal FRÅSEGN ENDRING AV GRENSE FOR VERMEDALEN NATURRESERVAT I RAUMA KOMMUNE Viser til dykkar ref. 2008/5281/KJLY/432.4 Naturvernforbundet kjenner
Flaumfarevurdering Rene - Gnr/Bnr 188/2 - Voss kommune INNHALD. 1 Samandrag s 1. 2 Innleiing s 2. 3 Regelverk s 23. 4 Vurdert område s 46
Flaumfarevurdering Rene - Gnr/Bnr 188/2 - Voss kommune ADRESSE COWI AS Magasinvegen 35 5700 Voss Norway TLF +47 02694 WWW cowi.com INNHALD 1 Samandrag s 1 2 Innleiing s 2 3 Regelverk s 23 4 Vurdert område
Kart - naturtyperegistrering, Vikermyra lokalitet 512
Notat Biologisk inventering,vikermyra i Modum Kommune Dato: 24/7 og 5/8-2008 Registrator: Morten Eken, miljøvernansvarlig Modum kommune Bakgrunnen for inventeringen er planlagt utbygging i området. Området
Beitepussing av setervollar i Oppdal Samandrag
Beitepussing av setervollar i Oppdal Samandrag Samandrag og oppsummering av heile prosjektet Målet med prosjektet var å få meir kunnskap om beitepussing på setervollar. Kunne pussing av vollane hjelpe
Innhaldsliste. 23.08.05 10. KLASSE v. Sunnylven Skule, Hellesylt
Innhaldsliste 23.08.05 10. KLASSE v. Sunnylven Skule, Hellesylt Sidetal Innleiing 3 Helsetvatnet 3 Insekt i Helse tvatnet 4 Planter i og ved Helsetvatnet 6 Fisk i Helsetvatnet 7 Fisk og ph 8 Kva kvalitet
Risingskurs Luster 2012
Risingskurs Luster 2012 16.03.2012 Dette dokumentet er ein grov rekonstruksjon av føredraga og diskusjonane som gjekk under kurset i Marifjøra i mars. Illustrasjonar og fakta er henta frå dei ulike presentasjonane.
Dispensasjon til oppsett av gjerde og beiting m.m. på gnr/bnr 5/1,7 i Linemyra naturreservat, Time kommune.
Dykkar ref.: «REF» Vår dato: 06.02.2014 Vår ref.: 2014/1051 Arkivnr.: 432.4 Oddmund Hognestad 4346 Bryne Postadresse: Postboks 59 Sentrum, 4001 Stavanger Besøksadresse: Lagårdsveien 44, Stavanger T: 51
Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring.
Vurdering av Hedalen mølle I Sør Aurdal Tilstand og forslag til utbedring. Rapporten er utarbeida av bygningsvernrådgjevar ved Valdresmusea Odd Arne Rudi 1 Bakgrunn Det er stiftinga Bautahaugen Samlingar
Kartlegging ogdokumentasjonav biologiskmangfold
Kartlegging ogdokumentasjonav biologiskmangfold Dvalåssyd Utarbeidetav: PlankontoretHalvardHommeAS.Prosjektnr:2620 Vednaturforvalter IdaLarsen,juni 2014 Sammendrag Grunneier ønsker å få utarbeidet en detaljreguleringsplan
Skoglaus kyst kledd i purpur
Fakta om kystlynghei Skoglaus kyst kledd i purpur Kystlynghei er beitemark dominert av røsslyng, som får sterk purpurfarge under bløminga på seinsommaren. Kysten har så milde vintre at husdyra kan beite
Klage Løyve til bruk av utanlandske treslag på eigedomen gnr. 36, bnr. 4 i Sirdal kommune
Miljødirektoratet v/fylkesmannen i Vest-Agder fmvapostmottak@fylkesmannen.no 19. februar 2015 Klage Løyve til bruk av utanlandske treslag på eigedomen gnr. 36, bnr. 4 i Sirdal kommune Vi viser til vedtak
Kompetansearbeidsplassar i Hordaland
Kompetansearbeidsplassar i Hordaland AUD-rapport nr. 8 11 September 211 1 Tal kompetansearbeidsplassar i Hordaland har vekse med 21 % i perioden 22 29, mot 17 % i landet som heile. Alle regionane i Hordaland
Ånstablåheia vindpark
Bioforsk Rapport Vol. 1 Nr. 129 2006 Ånstablåheia vindpark Konsekvenser for flora og naturtyper Thomas Holm Carlsen Bioforsk Nord Tjøtta Hovedkontor Frederik A. Dahls vei 20, 1432 Ås Tel.: 64 94 70 00
VOLLASETRA I SUNNDAL
VOLLASETRA I SUNNDAL Side 1 Skjøtsel 2012 Denne rapporten er ein oppfølgjer av ein liknande rapport frå 2011 og bygger direkte på denne. Rapporten er skriven av Øystein Folden. Side 2 Slått blei i 2012
Grøne punkt. Områdeplan for Knarvik sentrum LINDÅS KOMMUNE. Plan ID 1263-201002. Dato: 03.06.2014. Vedteken av kommunestyret 18.06.
LINDÅS KOMMUNE Områdeplan for Knarvik sentrum Plan ID 1263-201002 Vedlegg B: Grøne punkt Dato: 03.06.2014 Vedteken av kommunestyret 18.06.2015, sak 59/15 Grøne punkt KVA ER GRØNE PUNKT? Sentrumsplanen
STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:
STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 12.10.2015 SAKSHANDSAMAR: Erik Sverrbo SAKA GJELD: Variasjon i ventetider og fristbrot ARKIVSAK: 2015/2228 STYRESAK: 107/15 STYREMØTE: 10.11.
Vevkjerring-faunaen (Opiliones) i barskoger i Sør-Norge
Vevkjerring-faunaen (Opiliones) i barskoger i Sør-Norge Ingvar Stol Skogen dekker om lag 1/3 av Norge, og størstedelen av dette er boreal barskog i Sør-Norge. Barskogene kjennetegnes ved at de er litt
KARTLEGGING AV BIOTOPTYPER BERGEN RIDESENTER. Skriftlig del, supplement til kartgrunnlag
KARTLEGGING AV BIOTOPTYPER BERGEN RIDESENTER Skriftlig del, supplement til kartgrunnlag 1 Innledning... 3 1.1 Bakgrunn for analysen... 3 2 Metode... 3 2.1 Anvendte metoder og kilder:... 3 2.1.1 Kart over
SOGN & FJORDANE FYLKESKOMMUNE
SOGN & FJORDANE FYLKESKOMMUNE K U LT U R A V D E L I N G A RA P P O RT F R Å K U LT U R M I N N E R E G I S T R E R I N G R EGULERINGSPL AN R INDEBOTN G NR /B NR 19/1, 19/44, 64/5 SOGNDAL KOMMUNE Utsyn
Osterøy kommune Reguleringsplan Bruvik sentrum, del aust REGULERINGSFØRESEGNER
Osterøy kommune Reguleringsplan Bruvik sentrum, del aust REGULERINGSFØRESEGNER 1 Reguleringsplan for Bruvik sentrum, del aust på g.nr.153, Osterøy kommune Reguleringsplan utarbeidd av : FORTUNEN AS v/
Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost
Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Kvam herad Bruka e-post lesaren til Kvam herad Alle ansatte i Kvam herad har gratis e-post via heradet sine nettsider. LOGGE INN OG UT AV E-POSTLESAREN TIL
Biletbruk på nettet 1 2
Innleiing Denne vesle rettleiinga vil syne deg ein arbeidsflyt for å tilretteleggje bilete for publikasjon på internett. Desse operasjonane fordrar bruk av eit bilethandsamingsprogram. Slike er det mange
Registrering av kystlynghei. Horgo, Austevoll
Registrering av kystlynghei Horgo, Austevoll Aase Nøtttveit, SFLMK, 29.10.2008 2004/2005: ytre Sunnhordland, : Sveio Bømlo Stord Fitjar Austevoll Geitaråsen, Sveio Midt- og Nordhordland, 2008/2009: Sund
Svarteliåsmyra naturreservat forslag til forvaltingsplan
forslag til forvaltingsplan Miljøfaglig Utredning Rapport 2006:xx FORSLAG TIL FORVALTINGSPLAN Miljøfaglig Utredning Rapport 2006:xx Miljøfaglig Utredning AS Rapport 2006:xx Utførande institusjon: Miljøfaglig
SØKNAD OM OPPSTART AV PLANARBEID FOR DEL AV GNR. 24 BNR. 4 JYDALEN, FAMMESTAD
LINDÅS KOMMUNE KVERNHUSMYRANE 20 5914 ISDALSTØ Bergen, 6. juli 2015 SØKNAD OM OPPSTART AV PLANARBEID FOR DEL AV GNR. 24 BNR. 4 JYDALEN, FAMMESTAD På vegne av Anders Myking Fammestad, søker as i samarbeid
Forord... 4. 1.0 Samandrag... 5. 2.0 Bakgrunn og formål med undersøkinga... 6. 3.0 Området... 7
2 Innhald Forord.......... 4 1.0 Samandrag......... 5 2.0 Bakgrunn og formål med undersøkinga..... 6 3.0 Området......... 7 4.0 Kulturhistorisk riss........ 8 4.1 Automatisk freda kulturminne...... 8 4.2
Vegetasjonskart for Norge basert på satellittdata
Vegetasjonskart for Norge basert på satellittdata Delprosjekt 1: Klasseinndeling og beskrivelse av utskilte vegetasjonstyper Forfattere Bernt Johansen, Per Arild Aarrestad, Dag Inge Øien NORUT NINA - NTNU
Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.
JANUAR 2015! Ja, i går vart friluftsåret 2015 erklært for opna og me er alle ved godt mot og har store forhåpningar om eit aktivt år. Det gjeld å ha store tankar og arbeida medvite for å gjennomføra dei.
Bustadområde i sentrum. Vurdering
Bustadområde i sentrum Vurdering Balestrand 10.10.2009 Gode bustadområde i Balestrand sentrum Kommuneplan, arealdelen Status I. Sentrumsnære buformer For Balestrand sentrum er det gjeldande reguleringsplanar
Tilgangskontroll i arbeidslivet
- Feil! Det er ingen tekst med den angitte stilen i dokumentet. Tilgangskontroll i arbeidslivet Rettleiar frå Datatilsynet Juli 2010 Tilgangskontroll i arbeidslivet Elektroniske tilgangskontrollar for
VIKTIG: HOLD AVSTAND FRÅ KLIPPEMASKIN, DET KAN SPRUTA KVIST OG ANNA UT FRA KLIPPEAGGREGATET.
Varsel: Kantklipping av kommunale vegar og plassar. Det vil foregå kantklipping frå 4. Juli og utover sommaren. VIKTIG: HOLD AVSTAND FRÅ KLIPPEMASKIN, DET KAN SPRUTA KVIST OG ANNA UT FRA KLIPPEAGGREGATET.
«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»
«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE» FYLKESREVISJONEN Møre og Romsdal fylkeskommune RAPPORT, FORVALTNINGSREVISJONSPROSJEKT NR. 4-2000 INNHALDSREGISTER 1. INNLEIING I 2. FORMÅL 1 3. METODE OG DATAGRUNNLAG
Kommentarar frå Røyrvik Kraft til høyringsfråsegner for Røyrvik og Øyrane kraftverk i Gloppen kommune
29.05.2016 Kommentarar frå Røyrvik Kraft til høyringsfråsegner for Røyrvik og Øyrane kraftverk i Gloppen kommune RØYRVIK KRAFT SUS NVE Konsesjonsavdelinga Postboks 5091 Majorstua 0301 Oslo Dykkar ref.:
Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3. Nynorsk
Nasjonale prøver Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3 Nynorsk Leite etter mat Her er tre prosjekt som handlar om kva små skapningar et, og korleis dei leiter etter mat. Først må du finne verkelege maur,
Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde avgjerd i sak om klage på avslag på søknad om dispensasjon for bygging av småkraftverk
Sjå adressatar Deres ref. Vår ref. Dato 12/3814-2 10.12.2012 Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde avgjerd i sak om klage på avslag på søknad om dispensasjon for bygging av småkraftverk Vi viser til vedtak
Møteinnkalling. Nærøyfjorden verneområdestyre - AU
Møteinnkalling Nærøyfjorden verneområdestyre - AU Utval: Møtestad: Aurland Fjordsenter, e-post Dato: 20.03.2015 Tidspunkt: 09:00 Eventuelt forfall må meldast snarast på tlf. 99499753 eller e-post fmsfano@fylksmannen.no.
RETTLEIING FOR BRUK AV «MIN SIDE» I DEN ELEKTRONISKE SKJEMALØYSINGA FOR FRI RETTSHJELP. Oppdatert 19.september 2012 Ove Midtbø FMSF
RETTLEIING FOR BRUK AV «MIN SIDE» I DEN ELEKTRONISKE SKJEMALØYSINGA FOR FRI RETTSHJELP Oppdatert 19.september 2012 Ove Midtbø FMSF 1 INNHOLD OM RETTLEIAREN... 3 FUNKSJONANE PÅ «MIN SIDE»... 3 MINE SAKER...
G A M A L E N G K U L T U R
Norsk etnologisk gransking Emne nr. 12 Oktober 1948 G A M A L E N G K U L T U R Den gjennomgripande utviklinga i jordbruket dei siste mannsaldrane har ført med seg store omskifte når det gjeld engkulturen.
Terrengkalking av SKOG I Gran kommune,
Oppdragsrapport fra Skog og landskap 2/2010 Terrengkalking av SKOG I Gran kommune, OPpland, og Nannestad Kommune, Akershus, SØRØST-NORGE Vurdering av mulige effekter på skog- og myrvegetasjon av dolomittkalking
Informasjon og brukarrettleiing
Informasjon og brukarrettleiing Om kartløysinga Kartløysinga er tenarbasert. Alle operasjonar blir utførde av ein sentralt plassert tenar (server). Dette inneber at du som brukar berre treng å ha ein pc
Store dokument i Word
Store dokument i Word versjon 2007 av Kjell Skjeldestad Hjelp til betre organisering av skrivearbeidet august 2009 Ved skriving av store dokument er det viktig å få god oversikt over dei ulike delane av
Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år
Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500
Kulturhistoriske registreringar
Kulturhistoriske registreringar Kultur og idrettsavdelinga, seksjon for kulturminnevern og museum Kulturminneregistreringar i samband med reguleringsplan for Dørøya, Espevær, gnr. 146 bnr. 154 m.fl., Bømlo
NOTAT Rådgivende Biologer AS
Blåfall AS Bergen, 17. oktober 2014 ALTERNATIVER FOR TILKOMSTVEI - TVERRÅMO KRAFTVERK I FAUSKE KOMMUNE Blåfall AS søker om konsesjon for bygging av Tverråmo kraftverk i Fauske kommune, Nordland. I forbindelse
Deponifor lavtog middelaktivt radioaktivtavfall Konsekvensutredning:
Deponifor lavtog middelaktivt radioaktivtavfall Konsekvensutredning: miljø JørnThomassen(red.) NORSK INSTITUIT FOR NATURFORSKNING Deponi for lavt og middelaktivt radioaktivt avfall Konsekvensutredning:
Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/1762-32
Saksframlegg Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/1762-32 Christian Frøyd - Søknad om oppføring av ny garasje og fasadeendring, gbnr. 21/48 -Ny handsaming. * Tilråding: Forvaltningsutvalet
Seterbebyggelse frå farne tider
Seterbebyggelse frå farne tider Bruk og vedlikehald Utfordringer Arnt Magne Haugen, Riksantikvaren Flaksjølia, Venabygd Foto: Arnt Magne Haugen Innhald Litt om mangfoldet av setertyper Bygningstyper Bruk,
Vi lærer om respekt og likestilling
Vi lærer om respekt og likestilling I Rammeplanen står det at barnehagen skal tilby alle barn eit rikt, variert, stimulerande og utfordrande læringsmiljø, uansett alder, kjønn, funksjonsnivå, sosial og
Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet 01.06.2016 Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet 27.06.2016 Fylkestinget 12.10.2015
saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 18.05.2016 35308/2016 Åge Ødegård Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet 01.06.2016 Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet 27.06.2016 Fylkestinget 12.10.2015
Skredfarevurdering Dyrdal Aurland kommune
Asbjørn Rune Aa Holteigvegen 19 6854 Kaupanger Tlf.45244907 Skredfarevurdering Dyrdal Aurland kommune Rapport Mai 2012 Utgitt dato: 26.05. 2012 Utarbeidd: Asbjørn Rune Aa Kontrollert: Eivind Sønstegaard
Konsekvensvurdering. av nye potensielle utbyggingsområde i kommuneplanen, arealdelen
Konsekvensvurdering av nye potensielle utbyggingsområde i kommuneplanen, arealdelen Tilleggsvurderingar til 2. gongs høyring Balestrand den 19.11.2009 Innhald Konsekvensutgreiing for utbyggingsområde..
Hver skog eller hvert voksested har spesielle egenskaper som gjør det mulig for ulike arter og organismer å utvikle seg. Dette kalles en biotop.
Hver skog eller hvert voksested har spesielle egenskaper som gjør det mulig for ulike arter og organismer å utvikle seg. Dette kalles en biotop. Biotoper er avgrensede geografiske områder som gir muligheter
Fuglestadelva, Hå kommune
Fuglestadelva, Hå kommune Fuglestadelva drenerer sørlege deler av Høg-Jæren og renn ut i sjøen ved Brusand. Elva er naturleg lakseførande opp til fossen ved Åsane (,8 km). Elva er ei av dei faste overvakingselvane
Torkjell Ljone Torgeir Døssland Torgeir Døssland 1. BAKGRUNN OG SYNFARING... 1 2. TILHØVE OG STABILITET... 2 3. TILTAK... 2
NOTAT nr 1 Gjelder: Volda Prosj.nr. : 2011117-1 Revisjon : Dato : 16.11.2011 Utført av: Kontrollert av: Godkjent av: Torkjell Ljone Torgeir Døssland Torgeir Døssland INNHALD Side 1. BAKGRUNN OG SYNFARING...
Kartlegging av blomstrar og fuglar i området Morafta 2014.
Kartlegging av blomstrar og fuglar i området Morafta 2014. Foto: Svein Hjelmeset Snøsøte og snøspurv. Svein Hjelmeset september 2014. hjelmesets@hotmail.com Innhald. Framsida: Bilde av fjellområdet der
KARTLEGGING AV MILJØPROBLEM I REGULERTE ELVAR I LUSTER
Indre Sogn Vassområde Gaupne 31.01.2014 Aurland kommune v/ Bjørn Sture Rosenvold 5745 Aurland KARTLEGGING AV MILJØPROBLEM I REGULERTE ELVAR I LUSTER Me har fått opplyst at miljøproblem knytt til vassdragsutbygging
Fjell kommune. Gnr. 42, Bnr. 3; Bnr. 49; Bnr. 99; samt del av Bnr. 83 og 85 MAIMYRA, BRATTHOLMEN
Fjell kommune Reguleringsføresegner for: Jf plan- og bygningslova (pbl) 26 Gnr. 42, Bnr. 3; Bnr. 49; Bnr. 99; samt del av Bnr. 83 og 85 MAIMYRA, BRATTHOLMEN 1 GENERELT 1.1 Det regulerte området er vist
Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Rørvika kraftverk i Askvoll kommune.
Førde, 23.02.2015 NVE Konsesjonsavdelinga Postboks 5091 Majorstua 0301 OSLO Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Rørvika kraftverk i Askvoll kommune. Vi viser til NVE sitt høyringsbrev av 19.11.2014
Vurdering av allianse og alternativ
Leiinga Høgskulen i Volda Kunnskapsdepartementet Postboks 8119 Dep 0032 OSLO Postboks 500 6101 Volda Telefon: 70 07 50 00 Besøksadresse: Joplassvegen 11 6103 Volda postmottak@hivolda.no www.hivolda.no
ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014
ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2013/2014 Innleiing Årsmøtet for 2012/13 vart avvikla i grendahuset 28.03.13. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.
NATURTYPEKARTLEGGING SELJEBREKKA OG VOLLAN
NATURTYPEKARTLEGGING SELJEBREKKA OG VOLLAN Dette notatet gjør rede for kartlegging av naturtyper i området Seljebrekka/Vollan i Rindal kommune. Kartleggingen vil bli brukt som bakgrunnsstoff for konsekvensutredning
Lønnsundersøkinga for 2014
Lønnsundersøkinga for 2014 Sidan 2009 har NFFs forhandlingsseksjon utført ei årleg lønnsundersøking blant medlemane i dei største tariffområda for fysioterapeutar. Resultata av undersøkinga per desember
Bilete og figurar i Word
Bilete og figurar i Word av Kjell Skjeldestad Ofte har me behov for å setje inn ulike illustrasjonar i teksten vår. Det kan vere bilete, teikningar, diagram osv. Me skal sjå på nokre av dei mulegheitene
Haugen og Dalen bygdeutviklingslag Registreringsrapport
Nordplan side 2 Haugen og Dalen bygdeutviklingslag Registreringsrapport Innhald: side 1 Hjalma 3 2 Planar som rører området 3 2.1 Kommuneplanens arealdel 3 2.2 Reguleringsplanen for verftet 3 2.3 Fiskeplass
Skredfarevurdering for Hanekam hyttefelt, Vik kommune
Asbjørn Rune Aa Holteigvegen 19 6854 Kaupanger Tlf.45244907 Skredfarevurdering for Hanekam hyttefelt, Vik kommune Rapport Juni 2015 Utgitt dato: 30.06..2015 Utarbeidd: Asbjørn Rune Aa Kontrollert: Eivind
Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/09 17. juni 2009
1 Føremål med reglane, kven reglane gjeld for Heradet har som overordna mål, innan gitte økonomiske rammer, å leggja tilhøva til rette for god kompetanseutvikling i heile heradsorganisasjonen, slik at
Styresak. Forslag til vedtak: Føretak: Dato: Sakshandsamar: Saka gjeld:
Styresak Går til: Føretak: Dato: Sakshandsamar: Saka gjeld: Styremedlemmer Helse Fonna HF 8..1 Helga S. Onarheim Årsrapport 21 Tilsetteskader og -hendingar Styresak 29/1 O Styremøte 22..1 Forslag til vedtak:
Høringsuttalelse Høring - Fagerbergutvalgets utredning NOU 2011:6 Et åpnere forskningssystem - KD Kunnskapsdepartementet
1 2 3 4 5 6 7 8 Lakkegata 3 / 0187 Oslo T: 22 04 49 70 F: 22 04 49 89 E: nso@student.no W: www.student.no 9 10 11 12 13 Høringsuttalelse Høring - Fagerbergutvalgets utredning NOU 2011:6 Et åpnere forskningssystem
KONSEKVENSUTGREIING TØMMERVIK Del av gnr. 48, bnr. 1 STORD KOMMUNE
KONSEKVENSUTGREIING TØMMERVIK Del av gnr. 48, bnr. 1 STORD KOMMUNE Oktober 2010 Side 1 Innhald STORD KOMMUNE... 1 1.0 BAKGRUNN/INNLEIING... 3 1.1 Bakgrunn... 3 1.2 Planområdet... 3 1.3 Samordning/Medverknad...
Skjøtselsplan for Dverset, slåttemark, Saltdal kommune, Nordland fylke
Ecofact rapport 132 Skjøtselsplan for Dverset, slåttemark, Saltdal kommune, Nordland fylke www.ecofact.no ISSN: 1891-5450 ISBN: 978-82-8262-130-4 Skjøtselsplan for Dverset, slåttemark, Saltdal kommune,
Gjerlandsøyane naturreservat i Førde kommune Forslag til forvaltingsplan
i Førde kommune Forslag til forvaltingsplan Miljøfaglig Utredning Rapport 2005:xx i Førde kommune FORSLAG TIL FORVALTINGSPLAN Miljøfaglig Utredning Rapport 2005:xx Miljøfaglig Utredning AS Rapport 2005:xx
NGU Rapport 91.119. Grunnvatn i Rissa kommune
NGU Rapport 91.119 Grunnvatn i Rissa kommune Norges geologiske undersøkelse 7491 TRONDHEIM Tlf. 73 90 40 00 Telefaks 73 92 16 20 RAPPORT Rapport nr.: 91.119 ISSN 0800-3416 Gradering: Åpen Tittel: Grunnvatn
MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 13/07 06/2305 KOMMUNAL GARANTI - SØFTELAND TURN & IL. 310
OS KOMMUNE Organisasjonseining Utval: OS KOMMUNESTYRE Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: 13.02.2007 Tid: 17.00 MØTEINNKALLING Tillegg SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 13/07 06/2305 KOMMUNAL
FRESVIK, VIK I SOGN PRIVAT REGULERINGSPLAN
REGULERINGSPLAN SOLALI FRESVIK, VIK I SOGN PRIVAT REGULERINGSPLAN PLANDOKUMENT: - PLANUTGREIING OG REGULERINGSFØRESEGNER - PLANKART. MÅLESTOKK 1:5000. - ILLUSTRASJONSPLAN PLANUTGREIING. s. 1 1.BAKGRUNN
Einar Kleiven har leita etter elvemusling i Vest-Agder, nærare bestemt i nokre bekkar i Mandalselva og i Nesheimvassdraget på Lista.
Fra: eve@fmva.no [mailto:eve@fmva.no] Sendt: 7. juni 2012 09:03 Til: bjorn.larsen@nina.no; Rikstad Anton Kopi: pkl@fmva.no; Pål Alfred Larsen; ksg@fmva.no; Ørnulf Haraldstad; ehe@fmva.no; atkr@fmva.no;
Statens vegvesen. Reguleringsplan for Fossatromma - Vøringsfossen - Fossli i Eidfjord kommune
Statens vegvesen Reguleringsplan for Fossatromma Vøringsfossen Fossli i Eidfjord kommune AKTUELLE TILTAK INNAN PLANOMRÅDET I eit forprosjekt som er utarbeidd av arkitekt CarlViggo Hølmebakk AS, er det
Leverandørskifteundersøkinga 2. kvartal 2007
Leverandørskifteundersøkinga 2. kvartal 2007 Samandrag Om lag 46 400 hushaldskundar skifta kraftleverandør i 2. kvartal 2007. Dette er ein nedgang frå 1. kvartal i år då 69 700 hushaldskundar skifta leverandør.
Rapport om bruk av vikarar i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule
Rapport om bruk av vikarar i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane, 1 2010 Innhald Innleiing s. 3 I barnehagane s. 4 I grunnskulane s. 9 I dei vidaregåande skulane
GLOPPEN KOMMUNE KOMMUNESTYRET TILLEGGSSAK SAKLISTE: Møtedato: 23.03.2015 Møtestad: Kommunestyresalen Møtetid: Kl. 09:00. Gloppen kommune 17.
GLOPPEN KOMMUNE KOMMUNESTYRET TILLEGGSSAK Møtedato: 23.03.2015 Møtestad: Kommunestyresalen Møtetid: Kl. 09:00 Gloppen kommune 17. mars 2015 Anders Ryssdal ordførar Jan Kåre Fure Rådmann SAKLISTE: Sak nr.
Brukarrettleiing. epolitiker
Brukarrettleiing epolitiker 1 Kom i gang Du må laste ned appen i AppStore Opne Appstore på ipaden og skriv «epolitiker» i søkjefeltet øvst til høgre. Trykk på dette ikonet og deretter på «hent» og til
Kartlegging ogdokumentasjonav biologiskmangfald
Kartlegging ogdokumentasjonav biologiskmangfald Utarbeidaav: Lifjell, del av Høgefjell PlankontoretHalvardHommeAS.Prosjektnr:2638 Vednaturforvaltar IdaLarsen,august/september2014 Samandrag TiltakshavarStein
TELEMARK FYLKESKOMMUNE KULTURHISTORISK REGISTRERING. Siljan kommune. Solvika Camping GNR. 15, BNR. 62, 75
TELEMARK FYLKESKOMMUNE KULTURHISTORISK REGISTRERING Siljan kommune Solvika Camping GNR. 15, BNR. 62, 75 RAPPORT FRÅ KULTURHISTORISK REGISTRERING Kommune: Siljan Gardsnamn: Solvika Gardsnummer: 15 Bruksnummer:
Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.
Utfordringsdokument Basert på Folkehelsekartlegging for Hjelmeland kommune, pr. 01.10.13. (FSK-sak 116/13) Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013. DEMOGRAFI Ca. 16 % av befolkninga i Hjelmeland
Rune Halvorsen ( = Økland) 1977. Oslo 343 s.
Utdrag fra Myrvegetasjon i Indre Østfold Rune Halvorsen ( = Økland) 1977. Oslo 343 s. Arbeidet er videreført i: Økland, R.H. 1989: Hydromorphology and phytogeography of mires in inner Østfold. Opera Botanica
Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking
Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Mål: Elevane skal kjenne til utbreiinga av hallingmålet i nærmiljøet. Dei skal vita noko om korleis hallingmålet har utvikla seg
Kva er økologisk matproduksjon?
Nynorsk Arbeidshefte om økologisk landbruk for elevar i grunnskulen Nynorsk Arbeidsheftet er utarbeidd av og utgjeve av Norsk senter for økologisk landbruk med økonomisk støtte frå Fylkesmannens landbruksavdeling
Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge
KPI-Notat 4/2006 Når sjøhesten sviktar Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge En notatserie fra Kompetansesenter for pasientinformasjon og pasientopplæring Side 1 Sjøhesten (eller hippocampus)
Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)
Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte