OMIS. Klepp familie- og friluftsbarnehage ANIMASJONSFILM PRODUSERT AV FEMÅRINGAR KORT OM PROSJEKTET. Barnehage Digitale verktøy Femåringar 2009

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "OMIS. Klepp familie- og friluftsbarnehage ANIMASJONSFILM PRODUSERT AV FEMÅRINGAR KORT OM PROSJEKTET. Barnehage Digitale verktøy Femåringar 2009"

Transkript

1 Klepp familie- og friluftsbarnehage OMIS ANIMASJONSFILM PRODUSERT AV FEMÅRINGAR KORT OM PROSJEKTET Kvar haust deltek barnehagen i FORUT sin barneaksjon. Hausten 09 handla det om Omis frå Nepal. I samband med dette prosjektet produserte femåringane ein animasjonsfilm. Barna var med på heile prosessen frå ide til ferdig produkt. Det var stor grad av barnemedverknad, mykje kreativitet og skaparglede og ein kombinasjon av tradisjonelle og nye verktøy og metodar. 1/6

2 RAMMEFAKTORER Tid: 2 ½ månad Størrelsen på barnegruppa: åtte femåringar FORANKRING I RAMMEPLAN Kapittel 3: Formålet med og innhaldet i barnehagen, Barnehagen skal fremje kommunikasjon og språk Gjennom dialog og samspel skal barna støttast i å kommunisere, medverke, lytte, forstå og skape meining. Barnehagen skal anerkjenne og verdsetje barnas ulike kommunikasjonsuttrykk og språk ( ). Alle barn skal få god språkstimulering gjennom barnehagekvardagen, og få delta i aktivitetar som fremjar kommunikasjon og ei heilskapleg språkutvikling (s.23). Kapittel 4: Barns medverknad Alle barn skal kunne erfare å få påverke det som skjer i barnehagen. Barnehagen skal vere bevisst på dei ulike uttrykksformene til barna og leggje til rette for medverknad på måtar som er tilpassa alderen, erfaringane, dei individuelle føresetnadene og behova til barna (s.27). Kapittel 8: Arbeidsmåtane til barnehagen, Den digitale praksisen til barnehagen Den digitale praksisen til barnehagen skal bidra til leik, kreativitet og læring. Bruk av digitale verktøy i det pedagogiske arbeidet skal støtte opp om barna sine læreprosessar og bidra til å oppfylle rammeplanen sine føringar for eit rikt og allsidig læringsmiljø for alle barn. I samband med bruk av digitale verktøy skal personalet vere aktive saman med barna (s.44). Personalet skal leggje til rette for at barn utforskar, leiker, lærer og sjølve skaper noko gjennom digitale uttrykksformer utforske kreativ og skapande bruk av digitale verktøy saman med barna (s.45). BAKGRUNN FOR PROSJEKTET Kvar haust deltek barnehagen i FORUT sin barneaksjon. Hausten 2009 handla det om Omis frå Nepal. I samband med dette prosjektet produserte femåringane ein animasjonsfilm. Barna var med på heile prosessen frå ide til ferdig produkt. Det var stor grad av barnemedverknad, mykje kreativitet og skaparglede, og ein kombinasjon av tradisjonelle og nye verktøy og metodar. Då me starta med prosjektet, spurde me barna kva dei hugsa frå i fjor, og det var jammen mykje dei hugsa! Omis tok noko søppel og så var det mat oppi. Han tente pengar. Det var ei gammal bru, og så tende dei bål. Dei store laga mat. Det var nokre stygge gutar. Omis hadde bursdag. Omis og vennen klatra på taket på bilen. Dei snakka om kubæsj. Omis reiste til elefanten, og han fekk sitja på. Jentene på filmen min dansa. 2/6

3 Me såg alle filmane om Omis og Yeti (den avskyelige snømannen), lytta til musikken, laga ny og spennande mat, og lærte oss nokre nepalske gloser. Barna laga også flotte ting til å selja på FORUTkafeen, som markterte slutten på prosjektet. Heile prosjektet varte i om lag 2 ½ månad. MÅL FOR PROSJEKTET Barna samarbeider. Dei må diskutere og bli einige om korleis forteljinga og filmen skal vere. Barna bruker sin kreativitet, på mange ulike måtar. Barna får bruke språket aktivt gjennom heile prosessen, mellom anna gjennom diskusjon rundt tankekart og tekstskaping og arbeid med lyd. GJENNOMFØRING Barna skaper ei forteljing Me starta med eit tankekart, der barna sa kva dei ønskte å ha med i animasjonsfilmen. Me brukte tankekart både for å få fram alle barna sine synspunkt og idear, men og for å systematisera og visualisera ideane som kom fram. Her er noko av det barna ville ha med i filmen: Snø og snømann Yeti må vera skummel og mørk Omis og Dalbir må vera med Det må vera med elefant Omis må sitja på elefanten Me må laga elefantbæsj Det må vera grønt vatn med krokodille Det må vera hengebru. Barna hadde mange gode og konkrete idear. Dei var opptekne av at både Omis og Dalbir (bestevennen til Omis) skulle vera med. Dei ville ha med fleire dyr og Yeti. Me henta mykje inspirasjon til filmen frå Omis-filmane me hadde sett, men også frå skogsturane. Når barna var einige om korleis forteljinga skulle vera, skreiv me forteljinga ned (tekstskaping). For å få med alt, valte me å dela filmen i to episodar. Barna opplevde at mi meining tel, samtidig som heile gruppa skapte noko i lag. Det var høg grad av barnemedverknad i prosessen med å skapa sjølve forteljinga. 3/6

4 Rekvisittar og kulissar Me brukte mykje tid på rekvisittane. Barna leita lenge oppi Duplo-kassen etter to figurar som kunne vera Omis og Dalbir. Barna fann og dei ulike dyra som skulle vera med. Elefanten og krokodillen i elva var sentrale, men barna var opptekne av at det skulle stå nokre andre dyr ved elva og. Me tok figurane og dyra med oss ut i skogen, der barna leika forteljinga. Barna fann steinar, pinnar, mose m.m. Barna var opptekne av at kulissane skulle vera dei rette, og at dei skulle vera fine i lag. Så fann me stoff som skulle symbolisera elva. Barna leita lenge etter den rette fargen på stoffet. Til slutt malte barna eit bakgrunnsmaleri med fjell og himmel. Me brukte tannkost, pinnar og svamp for å få fram den ønska effekten på fjella og himmelen. Barna jobba svært iherdig og kreativt under denne prosessen. Barna var svært opptekne av estetikken. Av tidlegare erfaring har me lært at ein filmbakgrunn bør vera lys i fargane, og derfor var me opptekne av å få fram ulike nyansar av grått og kvitt på fjella og ulike nyansar av blått på himmelen. Så skulle me skapa Yeti. Korleis ser eigentleg Yeti ut? Dette grubla me lenge på, og til slutt fann me ut at me kunne laga kvar vår Yeti. Først malte barna sin Yeti, og brukte pinnar og tannkost for å få fram den rette effekten her og. Deretter laga barna kvar sin Yeti i leire, pinnar og ull. På denne måten, gjennom praktisk, kreativt arbeid, bestemte barna korleis Yeti skulle sjå ut på filmen, med utgangspunkt i kvart enkelt barn sin fantasi. Barna viste stor grad av kreativitet i dette arbeidet! Filmskaping Barna gleda seg veldig til sjølve filminga, me hadde jobba så lenge med alle førebuingane, at barna visste akkurat kva som skulle skje i filmen. Barna håpa og å få læra nokre filmtricks. Barnehagen har laga animasjonsfilmar i fleire år, så barna hadde mykje kunnskap på dette området, sjølv om det var første gong desse barna laga animasjonsfilm. Barna såg ingen hindringar, dei kom bare med gode og kreative forslag til korleis me kunne laga ulike effektar i filmen. Episode 1 Barna var med og sette opp kulissane og gjorde klar figurane. Først fotograferte me alle bileta til sjølve animasjonen, og barna deltok i arbeidet med å flytta på figurane. Barna visste kva som skulle skje i denne episoden, og delte på å flytta Omis, Dalbir, elefanten, krokodillen litt og litt om gongen. Me tok over 100 bilete for å få til ein liten filmsnutt. Sidan barna ikkje hadde vore med på akkurat dette før, klarte dei ikkje heilt å sjå føre seg at flyttinga litt og litt faktisk kunne bli til ein film. Barna hadde bestemt at elefanten skulle bæsja, og sidan det var 8 barn i gruppa, måtte han bæsja 8 gonger! Barna var ikkje heilt sikre på korleis me kunne få ein plastelefant til å bæsja, men ein av dei vaksne visste råd. Dermed fekk barna læra eit filmtricks. Då me hadde tatt alle bileta, sette me dei raskt saman i MovieMaker (filmredigeringsprogram). Barna var med på dette arbeidet. Så diskuterte me om det var sånn filmen skulle vera, om han gjekk for fort, eller for seint, og kor det var greitt å ha ein pause. Barna kom med fleire innspel i dette arbeidet. Så la me på tittel og tekst. Barna hadde snakka om og bestemt tittelen på filmen på førehand. Barna bestemte og farge på bakgrunn og bokstavar, i tillegg til korleis bokstavane skulle sjå ut og andre effektar. Barna fekk verkeleg prøva demokrati i praksis. Ein film treng også lyd. Barna hadde på førehand snakka om kva lyd som kunne passa på filmen. Dei ville ha med bæsjelyd, plaskelyd, elefantlyd og eit rop om hjelp. Plaskelyden var lett, den laga me ved å plaska med vatn i ei bøtta. Men korleis kunne me laga gode bæsjelydar? Barna prøvde ulike variantar. 4/6

5 Plutseleg blåste ei av jentene på armen sin, og alle stoppa opp, det var akkurat den lyden me var på jakt etter. Etterpå snakka barna inn tittel og avslutning, og me diskuterte oss fram til kva musikk som kunne passa til filmen. Så såg me episode 1, og barna var kjempefornøgde med resultatet. Episode 2 Då me skulle laga episode 2, kom det to journalistar frå Jærbladet (lokalavisa) for å laga ein reportasje om animasjonsfilming i barnehagen. Nå visste barna korleis ein animasjonsfilm blir laga, og dei fortalde ivrig til journalistane om heile prosessen med å produsera ein animasjonsfilm. Denne gongen skulle Omis og Dalbir gå over ei hengebru. Barna og dei vaksne hadde brukt mykje tid på formingsrommet på førehand for å laga ei hengebru. Ho var ganske vinglete, men fungerte akkurat slik me hadde førestilt oss det på filmen. Då Omis og Dalbir var midt ute på brua, oppdaga dei Yeti langt borte i fjella. Den vaksne viste barna korleis me kunne zooma inn, for å skapa ein illusjon om at Yeti kom nærmare. Yeti kom meir og meir til syne langt der borte, men då Omis og Dalbir gjekk nærmare for å sjå Yeti, smelta han. Då fekk barna lære fleire filmtricks. Barna var svært opptekne av at Yeti skulle sjå ut akkurat som dei hadde bestemt at han skulle sjå ut. Så tok me opp lyd til episode 2, og la på tekst og musikk. Deretter kunne me sjå heile filmen vår, og resultatet blei kjempebra akkurat slik barna hadde planlagt filmen. Både barna og dei vaksne var svært stolte filmprodusentar! 5/6

6 Filmframsyning På FORUT-kafeen hadde me urpremiere av animasjonsfilmen for foreldre, søsken og andre som var innom. Barna fortalde og forklarte ivrig korleis dei hadde laga filmen. Seinare viste barna filmen sin til alle rektorane og styrarane og etatsleiinga i kommunen, og barna fortalde om nokre av filmtricksa. Filmen blei også publisert på barnehagen si nettside. Personalet hadde på førehand vore i kontakt med både Geirr Lystrup og FORUT angåande å få lov til å bruka musikken. Fordi barna hadde vore med på heile prosessen, kjende dei seg som ekte filmskaparar. Barna opplevde heile tida at det var deira film, og dei var stolte og fornøgde med resultatet. Og det same var dei vaksne som hadde vore med og laga filmen. Alt stemde: fargevalet, dybden i filmen, forteljinga med ei byrjing, fleire høgdepunkt og ei avslutning. 6/6

Digital kompetanse. i barnehagen

Digital kompetanse. i barnehagen Digital kompetanse i barnehagen Både barnehageloven og rammeplanen legger stor vekt på at personalet skal støtte det nysgjerrige, kreative og lærevillige hos barna: «Barnehagen skal støtte barns nysgjerrighet,

Detaljer

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe Omsorg, medverknad, vennskap og fellesskap Tidleg på hausten brukte me mykje tid på barnas medverke og sjølvbilete. Dette gjorde me gjennom arbeid i prosjekt, der

Detaljer

Februar. Oranje gruppe Jobbar vidare med «spinnerane» sine og det som skal bli ei utstilling. Grøn og oransje. Skogatufto barnehage

Februar. Oranje gruppe Jobbar vidare med «spinnerane» sine og det som skal bli ei utstilling. Grøn og oransje. Skogatufto barnehage Februar Grøn og oransje Grøn gruppe har denne månaden kommen godt i gang med prosjektet «MEG SJØV». Me har blant anna vore å sett på husa til Aron, Storm og Aksel, og me ser fram til å sjå på husa til

Detaljer

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage Regnbogen Natur-og kulturbarnehage Om å vera på - vår forståing av vaksenrolla i uterommet Kva vil det seie å vera ein deltakande/engasjert vaksen i ungane sitt læringsmiljø? - Her tenkjer vi at ungane

Detaljer

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Alle borna i 1 klasse byrjar å bli trygge i sine nye omgivelser.

Detaljer

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015 Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015 I denne rapporten vil eg ta føre meg dei 7 fagområda i rammeplanen. Eg vil skrive litt om kva rammeplanen seier og deretter gjere greie for korleis me har arbeida

Detaljer

POTET BLIR KUNST. Breidablikk kulturbarnehage KORT OM PROSJEKTET

POTET BLIR KUNST. Breidablikk kulturbarnehage KORT OM PROSJEKTET Breidablikk kulturbarnehage POTET BLIR KUNST KORT OM PROSJEKTET I Breidablikk kulturbarnehage har poteter fått nytt uttrykk og blitt til en kunstutstilling. Barna har høstet poteter og funnet karakterer

Detaljer

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9.

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9. NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE Gjeldande frå 1. august Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9. oktober 2017 Innhald Kva er hensikta med ein rammeplan? Litt historikk

Detaljer

PERIODEPLAN EVALUERING Avdeling: Blåmeis EVALUERING AV PERIODE 1: September - november2015

PERIODEPLAN EVALUERING Avdeling: Blåmeis EVALUERING AV PERIODE 1: September - november2015 PERIODEPLAN EVALUERING Avdeling: Blåmeis EVALUERING AV PERIODE 1: September - november2015 PERIODENS FAGOMRÅDER: NÆRMILJØ OG SAMFUNN: - Bli trygge på seg sjølv, vaksne og barn i barnehagen - Bli kjent

Detaljer

HALVTÅRSRAPPORT, GRØN GRUPPE. VÅREN 2017.

HALVTÅRSRAPPORT, GRØN GRUPPE. VÅREN 2017. HALVTÅRSRAPPORT, GRØN GRUPPE. VÅREN 2017. Personalet på grøn gruppe: Ingelin Eide ped.leiar. Gunnhild M. Hope, assistent. Det er 10 barn på gruppa, 5 gutar og 5 jenter. Dei 7 fagområda: 1.Kommunikasjon,

Detaljer

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst PLAN- OG VURDERINGSARBEID I FYRESDAL BARNEHAGE 2017-2018 Vedlegg til årsplanen. August 2017 Formål "ehagen skal i samarbeid og forståelse med hjemmet ivareta

Detaljer

Månadsbrev for Blå, april 2016

Månadsbrev for Blå, april 2016 Månadsbrev for Blå, april 2016 Oppsummering/ evaluering av april Me har i april hatt fokus på friluftsliv. Før me starta på denne månaden var det få av oss som visste kva ei grandekule er, no er det begrepet

Detaljer

HAKKEBAKKESKOGEN. Lillevollen barnehage KORT OM PROSJEKTET. 1-3 år Billedkunst og kunsthåndverk, litteratur

HAKKEBAKKESKOGEN. Lillevollen barnehage KORT OM PROSJEKTET. 1-3 år Billedkunst og kunsthåndverk, litteratur Lillevollen barnehage HAKKEBAKKESKOGEN KORT OM PROSJEKTET Småbarnsavdelingen i Lillevollen barnehage har tatt tak i barnas interesse for Torbjørn Egners bok om Hakkebakkeskogen. De har jobbet med sang,

Detaljer

På Løveklippen sier vi Namastè til hverandre når vi møtes om morgenen. Det betyr hei på Nepalsk. Vi er godt i gang med årets Forut barneaksjon.

På Løveklippen sier vi Namastè til hverandre når vi møtes om morgenen. Det betyr hei på Nepalsk. Vi er godt i gang med årets Forut barneaksjon. På Løveklippen sier vi Namastè til hverandre når vi møtes om morgenen. Det betyr hei på Nepalsk. Vi er godt i gang med årets Forut barneaksjon. I årsplanen vår står det: «Gjennom FORUT barneaksjon får

Detaljer

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd. Månadsbrev frå oktober, Grøn avd. Oppsummering/ evaluering av oktober Oktobermånad starta me med eit lite epleprosjekt. Inndelt i grupper, fekk alle barna vere med på tur for å hauste eple og plommer.

Detaljer

Månadsbrev for Rosa september 2014

Månadsbrev for Rosa september 2014 Månadsbrev for Rosa september 2014 Oppsummering/ evaluering av september Språkutvikling Omsorg Ser at borna no stort sett er trygge både på rutinane, dei andre barna og dei vaksne på avdelinga. Dette fører

Detaljer

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN KOPI TIL HEIMEN TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN Zippys venner er eit skuleprogram kor barna øver på å fungera godt saman og å forstå eigne kjensler. Dei får øve på korleis dei

Detaljer

Her ser de det ferdige gardsteppet vårt. No heng det i kantina på StatoilHydro på Monstad.

Her ser de det ferdige gardsteppet vårt. No heng det i kantina på StatoilHydro på Monstad. Her ser de det ferdige gardsteppet vårt. No heng det i kantina på StatoilHydro på Monstad. Tur til Bruvoll Som start på temaet vårt «livet på garden» reiste vi med buss til Bruvoll camping. Her fekk vi

Detaljer

Månadsbrev Januar `18

Månadsbrev Januar `18 Månadsbrev Januar `18 Denne månaden har me hatt prosjekt med temaet «karneval og samar». Me valde i år å slå saman karneval og markering av samefolkets dag, difor har me no arbeidd med å verta kjende med

Detaljer

Me gjekk gjennom veggen på ekta!

Me gjekk gjennom veggen på ekta! Me gjekk gjennom veggen på ekta! SPOT 2015 seminar 16 v/ Grete Kristoffersen og Marianne Undheim www.kleppbhg.no Blogg: http://marianneundheim.blogspot.no Me gjekk gjennom veggen - på ekta! Digital teknologi

Detaljer

Digital praksis i barnehagen

Digital praksis i barnehagen Digital praksis i barnehagen Kva er eigentleg god digital kompetanse, og korleis kan ein bruke digitale verktøy i barnehagen? Lilian Haugereid, Statped vest Kva er digitale ferdigheiter? Kahoot! Synst

Detaljer

Månadsbrev for Februar

Månadsbrev for Februar Månadsbrev for Februar Februar månad er over, og me har fått opplevd mykje forskjellig. Me starta månaden med eit lite kunstprosjekt. Naturmateriale henta me på tur, og la til tørk. Me mala namnet vårt

Detaljer

Veslefrikk. Mai Helsing Oddbjørg, Vibeke, Gunn-Iren og Elida

Veslefrikk. Mai Helsing Oddbjørg, Vibeke, Gunn-Iren og Elida Veslefrikk Mai 2018 Den siste tida har me hatt mykje bra vær, og det har me nytta oss av. Å få vera ute og leika og gå i ulendt terreng er bra for motorikken til alle barn. Me ser framgang hos alle, både

Detaljer

MARS. Grøn og oransje. Skogatufto barnehage

MARS. Grøn og oransje. Skogatufto barnehage MARS Grøn og oransje Grøn gruppe har også denne månaden jobba med prosjektet «MEG SJØV». Me har blant anna vore å sett på husa til Emil og Yasmin, så no har me snart vore å sett på alle husa. Barna har

Detaljer

Halvtårsrapport gul gruppe haust 2016

Halvtårsrapport gul gruppe haust 2016 Halvtårsrapport gul gruppe haust 2016 Kommunikasjon, språk, tekst: «Tidlig og god språkstimulering er en viktig del av barnehagens innhold. Kommunikasjon foregår i et vekselspill mellom å motta og tolke

Detaljer

DET NÆRMAR SEG VÅR MÅNADSBREV FOR MARS.

DET NÆRMAR SEG VÅR MÅNADSBREV FOR MARS. MÅNADSBREV FOR MARS. Frøet Eg ligger bare her og gror og drikker vatn og spiser jord. Her er så varmt og mørkt og vått. Her er så fredelig og godt. I natt kom regnet lett på tå og banka ganske sakte på.

Detaljer

Månedsplan, april. Grøn gruppe

Månedsplan, april. Grøn gruppe Månedsplan, april. Grøn gruppe Veke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 13 14 Påske verkstad Påske verkstad 15 Påske kos Påske kos. 16 2. påskedag. Fri. 17 Lekegruppe, lesegruppe, spelegruppe. Lekegruppe,

Detaljer

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Bakgrunn for meldinga - KD Nesten alle barn går i barnehage Summen små barn i barnehage har auka betrakteleg seinare åra Trygge barnehagar med høg kvalitet For stor skilnad i kvaliteten på det allmennpedagogiske

Detaljer

Månadsplan for Hare November

Månadsplan for Hare November Månadsplan for Hare November tlf: 51 78 60 20 VEKE MÅNDAG TYSDAG ONSDAG TORSDAG FREDAG 45 Barn, kropp og berøring 2. 3. 4. 5. 6. «barn, kropp og berøring» 46 Barn, kropp og berøring 9. 10. 11. 12. Åsmund

Detaljer

PROSJEKTRAPPORT BASE 4. Snipp snapp snute eventyrene var ikke ute

PROSJEKTRAPPORT BASE 4. Snipp snapp snute eventyrene var ikke ute PROSJEKTRAPPORT BASE 4 Snipp snapp snute eventyrene var ikke ute Mål for prosjektet: Barna skal bli kjent med innhold i utvalgte eventyr og bearbeide de gjennom høytlesing, drama og digitale virkemidler

Detaljer

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue

Detaljer

Birger og bestefar på bytur til Stavanger

Birger og bestefar på bytur til Stavanger Birger og bestefar på bytur til Stavanger Denne dagen var heilt spesiell, for i dag skulle Birger få lov å bli med bestefar frå Hjelmeland der dei bur, til Stavanger, for å selja plommer på torget. Kvelden

Detaljer

GJENSIDIG RESPEKT INKLUDERANDRE SKAPANDE KOMMUNIKATIVE ENGASJERTE GISKE BARNEHAGE SAMAN I TRYGGLEIK OG UNDRING

GJENSIDIG RESPEKT INKLUDERANDRE SKAPANDE KOMMUNIKATIVE ENGASJERTE GISKE BARNEHAGE SAMAN I TRYGGLEIK OG UNDRING GISKE BARNEHAGE SAMAN I TRYGGLEIK OG UNDRING GJENSIDIG RESPEKT INKLUDERANDRE SKAPANDE KOMMUNIKATIVE ENGASJERTE GJENSIDIG RESPEKT Verkeleggjere barnas menneskeverd Profesjonelle Leiken har ein eigenverdi

Detaljer

SIRKUS BANANAS. Båsmobakken barnehage KORT OM PROSJEKTET RAMMEFAKTORER

SIRKUS BANANAS. Båsmobakken barnehage KORT OM PROSJEKTET RAMMEFAKTORER Båsmobakken barnehage SIRKUS BANANAS KORT OM PROSJEKTET Med utgangspunkt i barnas interesser etter å ha sett en frisirkusforestilling, har dette vært tema for alle gruppene over et år. Ut fra inspirasjon

Detaljer

MÅNADSPLAN GRANAT- oktober 2019

MÅNADSPLAN GRANAT- oktober 2019 haust og leik MÅNADSPLAN GRANAT- oktober 2019 Mål: Vi vert kjende med Nanah og livet hennar i Sierra Leone. Vi forberedar oss til aksjon, og jobbar med tema solidaritet og barn hjelper barn. Vi går tur

Detaljer

Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk?

Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk? Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk? Innlevert av 6 & 7 ved Fister skule og barnehage (HJELMELAND, Rogaland) Årets nysgjerrigper 2012 Årets nysgjerrigper vart ein suksess på Fister skule. Hypotesene,

Detaljer

Neste månad vil me retta fokus mot høgtlesing og språkstimulerande aktivitetar, men dreg sjølvsagt fokus frå denne månaden med oss vidare.

Neste månad vil me retta fokus mot høgtlesing og språkstimulerande aktivitetar, men dreg sjølvsagt fokus frå denne månaden med oss vidare. Denne månaden har me på Marihøno hatt fokus på den frie leiken og leiken si betyding for barna si utvikling og høve til å danne gode venskap. I tillegg har me vaksne hatt fokus på trass og kva dette inneber

Detaljer

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Bakgrunn for meldinga - KD Nesten alle barn går i barnehage Summen små barn i barnehage har auka betrakteleg seinare åra Trygge barnehagar med høg kvalitet For stor skilnad i kvaliteten på det allmennpedagogiske

Detaljer

ÅRSPLAN 2006 2007 SUNDE BARNEHAGE

ÅRSPLAN 2006 2007 SUNDE BARNEHAGE ÅRSPLAN 2006 2007 SUNDE BARNEHAGE SUNDE BARNEHAGE: Sunde barnehage ligg midt i Sunde sentrum, med Sunde skule som næraste nabo. Barnehagen og skulen med ca. 210 born og 40 tilsette utgjer Sunde oppvekstsenter.

Detaljer

BARN OG FOTOGRAFERING

BARN OG FOTOGRAFERING Lillevollen barnehage BARN OG FOTOGRAFERING KORT OM PROSJEKTET Gjennom prosjektet Bodøpiloten fikk Lillevollen barnehage mulighet til å samarbeide med fotograf Ronny Øksnes. Barna fikk gjennom bruk av

Detaljer

Barnehage Tverrfaglig prosjekt 3-6 år 2013 INDIANERNE KOMMER!

Barnehage Tverrfaglig prosjekt 3-6 år 2013 INDIANERNE KOMMER! Qmarkå FUS barnehage INDIANERNE KOMMER! KORT OM PROSJEKTET I barnehagen ble barna malt i ansiktet fra tid til annen. En ting som både gutter og jenter ville være var indianer! Personalet identifiserte

Detaljer

Foreldregruppe i barnehagen

Foreldregruppe i barnehagen Foreldregruppe i barnehagen Barnehagen - ein naturleg stad å ha fokus på læring og mestring. Janett Lillås Mathiassen Brukarrepresentant FOUSAM Foto: colourbox Anita Weltzien Dalaker Styrar Aksdal barnehage

Detaljer

Modulhefte PROGRESJON I BARNEHAGEN

Modulhefte PROGRESJON I BARNEHAGEN Modulhefte PROGRESJON I BARNEHAGEN Leseoppdrag Mens du les skal du skrive ned eller gule ut formuleringar om progresjon som du synest er annleis/overraskande i forhold korleis du tidlegare har oppfatta

Detaljer

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om : Denne månaden har me blant anna arbeid med «Barn hjelper barn» som ei førebuing til haustfesten vår 3. november, der inntektene vil gå til SOS-barnebyer Bergen. Barna har mellom anna laga epletrykk og

Detaljer

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING 2016-2019 BARNEHAGANE OG BARNEHAGESEKTOREN i KLEPP KOMMUNE 1 Klepp kommune Del 1: Grunnlaget Del 2: Område for kvalitetsarbeid Del 3: Satsingsområda Del 4: Implementering Forord

Detaljer

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET Sss Levande kulturarv Frå jord til bord Utforsking og læring gjennom digitale verkty Tarkus - barnas trafikkvenn Vennskap og inkludering FOKUSOMRÅDE Friskus og fysisk

Detaljer

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON : Årsplan 2007 2008 ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON : Vi vardar vegen Varde er nemninga på ein haug med steinar som vert lødd opp som vegmerking. På veg til den store varden der målet er, passerer vi

Detaljer

VÆR SETT MED BARNS ØYNE

VÆR SETT MED BARNS ØYNE Barnehagene i Ringebu kommune VÆR SETT MED BARNS ØYNE KORT OM PROSJEKTET Barnehagene i Ringebu kommune har de fem siste årene deltatt på sommerutstillingen på Ringebu prestegard sammen med profesjonelle

Detaljer

Lesley Koyi Wiehan de Jager Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5

Lesley Koyi Wiehan de Jager Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5 Magozwe Lesley Koyi Wiehan de Jager Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5 I den travle byen Nairobi, langt frå det trygge livet heime, budde det ein gjeng heimlause gutar. Dei

Detaljer

LEIK, LÆRING OG UTVIKLING BRUNKEBERG OPPVEKSTSENTER

LEIK, LÆRING OG UTVIKLING BRUNKEBERG OPPVEKSTSENTER LEIK, LÆRING OG UTVIKLING BRUNKEBERG OPPVEKSTSENTER Fotograf: Ragnhild Kvålseth5 år ÅRSPLAN FOR BARNEHAGEN 2015-2016 Barnehagen jobbar ut ifrå barnehagelova og forskrifta Rammeplan for barnehagens innhald

Detaljer

Utdrag fra Rammeplan for barnehagen: Antall, rom og form og utdrag fra Kunnskapsløftet: Læreplan i matematikk fellesfag (MAT1-04)

Utdrag fra Rammeplan for barnehagen: Antall, rom og form og utdrag fra Kunnskapsløftet: Læreplan i matematikk fellesfag (MAT1-04) Utdrag fra Rammeplan for barnehagen: Antall, rom og form og utdrag fra Kunnskapsløftet: Læreplan i matematikk fellesfag (MAT1-04) HENTET FRA HTTPS://WWW.UDIR.NO/LARING-OG-TRIVSEL/RAMMEPLAN/FAGOMRADER/ANTALL-

Detaljer

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11 På tur med barnehagen Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11 Standarane, teikn på kvalitet. Desse tre standarane er felles for alle barnehagane i Eid kommune. Dei skal vise veg til korleis vi skal få god kvalitet

Detaljer

Lyssamlinga gjekk som smurt, barna syns det var kjempe kjekt. Dei dansa, svansa og lo som berre det. Dette hadde me øvd på ei heil veka på forhånd,

Lyssamlinga gjekk som smurt, barna syns det var kjempe kjekt. Dei dansa, svansa og lo som berre det. Dette hadde me øvd på ei heil veka på forhånd, Desember månedsbrev I desember har me fått gjort masse kjekt med barna. 1. desember byrja vi med lyssamlinga i amfiet der me skulle synge julesongar foran alle barna i barnehagen. Deretter byrja vi med

Detaljer

Saman om Ørstabarnehagen

Saman om Ørstabarnehagen Saman om Ørstabarnehagen 2017-2019 26.09.2017 Lokal rammeplan for Ørstabarnehagen - Ny rammeplan for barnehagen 13.09.17 Reidun Mo, seksjonsleiar barnehage Ørsta 1 26.09.2017 Lokal rammeplan for Ørstabarnehagen

Detaljer

MÅNADSBREV oktober/november -solstrålebasen

MÅNADSBREV oktober/november -solstrålebasen MÅNADSBREV oktober/november -solstrålebasen I november har me hatt prosjekt om Nepal; me har sett små «filmsnutter» frå landet om korleis barn lever her. Me har laga litt jungel i garderoben med ville

Detaljer

Å fremje felles interesser til beste for barnet

Å fremje felles interesser til beste for barnet FORELDRERÅD OG SAMARBEIDSUTVAL I BARNEHAGEN Foreldra skal bli høyrde i barnehagesaker Ein brosjyre om korleis styraren kan leggje til rette og foreldra kan vere aktive og engasjerte i barnehagesaker. Å

Detaljer

Språkstimulering i det fysiske miljøet

Språkstimulering i det fysiske miljøet Fokusområde 15 Språkstimulering i det fysiske miljøet Snøkrystallen Småbarnehage Avlevering februar 2018 Ein må gi rom så barna kan finne orda. Standar 1, med våre beste praksis. Skrift og symbol er synleg

Detaljer

Halvtårsplan for Enge barnehage hausten Knerten, Marihøno, Askeladden og Natur.

Halvtårsplan for Enge barnehage hausten Knerten, Marihøno, Askeladden og Natur. Halvtårsplan for Enge barnehage hausten 2016 Knerten, Marihøno, Askeladden og Natur. Satsingsområde: Språk og Være saman. Gjeld heile hausten 2016 Kva (aktivitet) Språk Være saman Korleis (arbeidsmåte)

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage Seljord kommune Adresse: Flatdalsvegen 1139, 3841 Flatdal Telefon: 350 51365 E-post: heddeli.barnehage@seljord.kommune.no Styrar: Kristin Gaarder Opningstid: Måndag

Detaljer

Månedsbrev Bikuben februar 2017

Månedsbrev Bikuben februar 2017 Månedsbrev Bikuben februar 2017 Februar måned: Endeleg kom snøen og vinteren til oss for fullt. Snø og sol frå skyfri himmel skapte god stemning i akebakken der ivrige barn og voksne akte på akebrett og

Detaljer

Skjema for eigenvurdering

Skjema for eigenvurdering Skjema for eigenvurdering arbeidet med språk og språkmiljø i barnehagen I denne delen skal du vurdere påstandar om noverande praksis i barnehagen opp mot slik du meiner det bør vere. Du skal altså ikkje

Detaljer

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Månadsbrev for ROSA mars 2015 Månadsbrev for ROSA mars 2015 Oppsummering/ evaluering av mars Mars har vore ein lunefull månad med tanke på veret, men vi gledar oss over mange fine dagar med sol og vårleg varme. Har vore mykje ute og

Detaljer

PLAN FOR KOMPETANSEHEVING

PLAN FOR KOMPETANSEHEVING PLAN FOR KOMPETANSEHEVING Harøy barnehage, 2014-2020 «En god barnehage krever kompetente ledere og faglig reflekterte voksne. De ansattes kompetanse er den viktigste enkeltfaktoren for at barn skal trives

Detaljer

Månadsbrev for Blå, november 2015

Månadsbrev for Blå, november 2015 Månadsbrev for Blå, november 2015 Oppsummering/ evaluering av november Språkutvikling Leik Prosjektarbeid Me starta november med eit lite vekeprosjekt der me laga kolstift. Det var siste veka Torill student

Detaljer

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna. I november har me hatt fokus på språk og språkleik. Mykje av barna si språklæring går føre seg i dei kvardagslege samtalane våre, men ved å nytta nokre konkrete leikar, samt bilde og objekt å undre seg

Detaljer

Elevundersøkinga 2016

Elevundersøkinga 2016 Utvalg År Prikket Sist oppdatert Undarheim skule (Høst 2016)_1 18.11.2016 Elevundersøkinga 2016 Symbolet (-) betyr at resultatet er skjult, se "Prikkeregler" i brukerveiledningen. Prikkeregler De som svarer

Detaljer

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019 Resultat trivselsundersøkinga våren 2019 I år prøvde me ut kort svarfrist, ei veke rett før vinterferien. Då var det nokre som tenkte at dei kunne nytta ferien i fred og ro til å svara, så for at alle

Detaljer

Vintervèr i Eksingedalen

Vintervèr i Eksingedalen Vintervèr i Eksingedalen Innlevert av 4. og 7. ved Eksingedalen skule (Eidslandet, Hordaland) Årets Nysgjerrigper 2016 Ansvarlig veileder: Frøydis Gullbrå Antall deltagere (elever): 3 Innlevert dato: 08.03.2016

Detaljer

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Månadsbrev for Rosa oktober 2014 Månadsbrev for Rosa oktober 2014 Oppsummering/ evaluering av september Språkutvikling Leik Då har også oktober passert, og vi merkar at hausten har kome for alvor. Uteaktiviteter har framleis hatt stor

Detaljer

Halvtårsrapport raud gruppe haust 2017

Halvtårsrapport raud gruppe haust 2017 Halvtårsrapport raud gruppe haust 2017 1. kommunikasjon, språk, tekst Gjennom arbeid med fagområdet skal barnehagen bidra til at barna får utforske og utvikle sin språkforståelse, språkkompetanse og et

Detaljer

Barnehage Arkitektur 2-3 åringer 2016

Barnehage Arkitektur 2-3 åringer 2016 Svartlamon kunst- og kulturbarnehage VI TRÆNG..EN STIGE! KORT OM PROSJEKTET I Svartlamon kunst- og kulturbarnehage har de yngste barna utforsket nærområdet rundt barnehagen. De har oppdaget detaljer som

Detaljer

Valfag Ulstein ungdomsskule 2017/18

Valfag Ulstein ungdomsskule 2017/18 Valfag Ulstein ungdomsskule 2017/18 Føremål Valfaga skal bidra til at elevane får styrka lysta til å lære og oppleve meistring gjennom praktisk og variert arbeid. 9.klasse: Design og redesign Fysisk aktivitet

Detaljer

Månedsbrev for April

Månedsbrev for April Månedsbrev for April April månad suste forbi med alle dei røde fridagane midt i månaden. Me har hatt ein travel og spanande månad. I forbindelse med påske hadde me med oss ein journalist på tur i Ekornskogen.

Detaljer

Halvårsrapport lyseblå haust 2017

Halvårsrapport lyseblå haust 2017 Halvårsrapport lyseblå haust 2017 Det har vore eit flott halvår på lyseblå gruppe med eitt og toåringane. I gruppa har me 8 toåringar og 5 eittåringar. Me har to pedagogar, ein fagarbeidarar, ein assistent

Detaljer

Årsplan Gimsøy barnehage

Årsplan Gimsøy barnehage Årsplan 2018-2019 Gimsøy barnehage Barnehagens årsplan Barnehagens årsplan bygger på nasjonale og lokale føringer, som Rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver og Strategisk plan for Oppvekst 2013-2023.

Detaljer

Mobbing på mindre og større skular

Mobbing på mindre og større skular Mobbing på mindre og større skular Innlevert av 5.trinn ved Austebygd Skule (Radøy, Hordaland) Årets nysgjerrigper 2015 Eg er så heldig at eg er kontaktlærar for ein veldig kjekk 5.klasse. Dei er alltid

Detaljer

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING 2016-2019

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING 2016-2019 PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING 2016-2019 BARNEHAGANE OG BARNEHAGESEKTOREN i KLEPP KOMMUNE 1 Klepp kommune Del 1: Grunnlaget Del 2: Område for kvalitetsarbeid Del 3: Satsingsområda Del 4: Implementering Del

Detaljer

Tilbakeblikk på mars:

Tilbakeblikk på mars: MÅNEDSPLAN FOR NØTTELITEN Tilbakeblikk på mars: Tema for mars var «ballaktivitet og påskeførebuing». Me har leika med ballar og ballongar på avdelinga, i gymsalen og i uteleiken. Me har og byrja med påskesamlingar

Detaljer

ÅRSPLAN 2008-2009. Trygghet og glede hver dag!

ÅRSPLAN 2008-2009. Trygghet og glede hver dag! ÅRSPLAN -2009 Trygghet og glede hver dag! FORORD Årsplan -2009 Med utgangspunkt i Rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver fra Kunnskapsdepartementet, har Mangelberget barnehage utarbeidet en årsplan

Detaljer

Osterøy kommune ÅRSPLAN VALESTRAND BARNEHAGE SAMAN FÅR ME VERDES VIKTIGSTE VERDIAR TIL Å VEKSA.

Osterøy kommune ÅRSPLAN VALESTRAND BARNEHAGE SAMAN FÅR ME VERDES VIKTIGSTE VERDIAR TIL Å VEKSA. Osterøy kommune VALESTRAND BARNEHAGE SAMAN FÅR ME VERDES VIKTIGSTE VERDIAR TIL Å VEKSA. F Innhald FORORD... 2 VISJON OG VERDIAR... 3 SATSNINGSOMRÅDAR... 4 UTELEIK:... 4 TIDLEG INNSASTS:... 4 BORNS TRIVSEL

Detaljer

Storebjørn. Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Storebjørn. Året Kva vi jobbar spesielt med i år Storebjørn Året 2016-2017 Kva vi jobbar spesielt med i år September 2016 1 Innhald Satsingsområde 3 Hakkebakke skogen 3 Førebygge mobbing i Ågotnes barnehage 5 Fellessamlinger, 6 Gymsal, Barn sin medverknad

Detaljer

Vi lærer om respekt og likestilling

Vi lærer om respekt og likestilling Vi lærer om respekt og likestilling I Rammeplanen står det at barnehagen skal tilby alle barn eit rikt, variert, stimulerande og utfordrande læringsmiljø, uansett alder, kjønn, funksjonsnivå, sosial og

Detaljer

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim DETTE LURER VI PÅ I år begynte vi nysgjerrigper-prosjektet heilt utan å vita kva vi ville forske på. Vi begynte med og gå rundt i skulegarden og i klasserommet

Detaljer

Trivsel og vekstvilkår

Trivsel og vekstvilkår Trivsel og vekstvilkår Det me veit heilt sikkert: Vaksne sitt samspel med barna pregar barna, og legg grunnlaget for deira mentale helse. Det me skal utforska: Muligheiter og ansvar for å skapa GODE vekstvilkår?

Detaljer

Gul gruppe månedsbrev for januar og februar

Gul gruppe månedsbrev for januar og februar Gul gruppe månedsbrev for januar og februar I Januar har me hatt oss nokre snødagar. Me benytta snøen og aka i barnehagen og utfor barnehagen. Me har og hatt utelunsj med både pølsespidding, graut og skiver.

Detaljer

Februar 2015 Januar, månaden som gjekk Månaden som kjem

Februar 2015 Januar, månaden som gjekk Månaden som kjem Februar 2015 Januar, månaden som gjekk Denne månaden har me jobba med tema tog. Me har lagt opp til varierte erfaringar for læring. Dei store har lekt med det fine toget dei har laga av banan-øskjer. Det

Detaljer

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla.

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla. Spørsmål frå Elevundersøkinga 5.-7. trinn Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivjast på skolen. Det er

Detaljer

Rettleiar. Undervisningsvurdering ein rettleiar for elevar og lærarar

Rettleiar. Undervisningsvurdering ein rettleiar for elevar og lærarar Rettleiar Undervisningsvurdering ein rettleiar for elevar og lærarar Til elevar og lærarar Føremålet med rettleiaren er å medverke til at elevane og læraren saman kan vurdere og forbetre opplæringa i fag.

Detaljer

Page 1 of 7 Forside Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivast på skolen. Det er frivillig å svare på undersøkinga,

Detaljer

Saman om å skape. Strategi for innbyggardialog

Saman om å skape. Strategi for innbyggardialog Saman om å skape Strategi for innbyggardialog Vedteken i Ulstein kommunestyre 21. juni 2018 INNLEIING Kvifor gjer vi dette? Ulstein kommune vil styrke innbyggardialogen og lokaldemokratiet. Det er tre

Detaljer

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Kvifor kan ikkje alle krølle tunga Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Innhaldsliste: Framside med problemstilling Hypoteser Plan Spørjeskjema Arbeid med prosjektet Kjønn Trening Alder

Detaljer

Månedsbrev for Steingrua

Månedsbrev for Steingrua Førskolegruppa Månedsbrev for Steingrua JUNI 2017 Sommerfest Friluftsliv Drømmer Barn og rom Livsglede Månaden som har gått Juni har floge forbi i full fart. Det har vore ein måned med stor variasjon i

Detaljer

Lindiwe Matshikiza Meghan Judge Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 3

Lindiwe Matshikiza Meghan Judge Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 3 Eselbarnet Lindiwe Matshikiza Meghan Judge Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 3 Det var ei lita jente som først såg den mystiske skikkelsen i det fjerne. 2 Etter kvart som skikkelsen

Detaljer

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage) ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage) Denne planen gjeld frå og med januar 2015 til og med desember 2015. I tillegg lagar personalet ein grovplan med meir

Detaljer

Hei alle sjøstjerneforeldre

Hei alle sjøstjerneforeldre Hei alle sjøstjerneforeldre Tida flyg og me er godt i gong med oktober månad. Me har fine dagar på avdelinga og mykje fint haustvær har gjort til at me har vore mykje ute. Me har no jobba jamt og trutt

Detaljer

Månedsbrev Bikuben september 2016

Månedsbrev Bikuben september 2016 Månedsbrev Bikuben september 2016 Velkomen til eit nytt barnehageår på Bikuben. Spesielt velkomen til dei nye barna frå Knøttene; Emrik, Jonas, Elisabeth, Malvin, Gabriel Ragnar og Vanessa, og til Natanael

Detaljer

Hakkebakkeskogen. Utarbeidet av Lillevollen barnehage, Bodø BAKGRUNN FOR PROSJEKTET PROSJEKTTITTEL MÅLSETTING MED PROSJEKTET

Hakkebakkeskogen. Utarbeidet av Lillevollen barnehage, Bodø BAKGRUNN FOR PROSJEKTET PROSJEKTTITTEL MÅLSETTING MED PROSJEKTET Utarbeidet av Lillevollen barnehage, Bodø PROSJEKTTITTEL «Hakkebakkeskogen» FORANKRING I RAMMEPLANEN 3.1 Kommunikasjon språk og tekst Få et positivt forhold til tekst og bilde som kilde til estetiske opplevelser

Detaljer

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Barnehage til beste for barn

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Barnehage til beste for barn Barnehage til beste for barn Barnehagen inn i framtida Tidleg innsats Best mogeleg barnehagetilbod for alle barn + Starten på utdanningsløpet (i samanhengande læringsmiljø) + Fullført utdanningsløp = Økonomisk

Detaljer

Årets nysgjerrigper 2010

Årets nysgjerrigper 2010 Årets nysgjerrigper 2010 Prosjekttittel: Kva påverkar reaksjonsevna vår? Klasse: 6. og 7. Skole: Lægreid skule (Eidfjord, Hordaland) Antall deltagere (elever): 17 Dato: 31.05.2010 Side 1 Undersøkingane

Detaljer

Du må tru det for å sjå det

Du må tru det for å sjå det Du må tru det for å sjå det Opplysnings- og meldeplikta Assistent Barnehageeiga til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Familie Pedagogisk leiar Fylkesmannen Barnekonvensjonen Diskrimineringsforbodet,

Detaljer