Erfarings- og kunnskapsinnhenting - tilbakemelding frå Hatlestrand oppvekstsenter

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Erfarings- og kunnskapsinnhenting - tilbakemelding frå Hatlestrand oppvekstsenter"

Transkript

1 Erfarings- og kunnskapsinnhenting - tilbakemelding frå Hatlestrand oppvekstsenter 1. Korleis følgjer skulen opp resultata etter Elevundersøkinga? Resultata frå Elevundersøkinga vert gjennomgått og drøfta i dei aktuelle klassane kvart år når resultata våre føreligg. Det er kontaktlærarane som står for dette. Kontaktlærarane prøver å finna ut kva elevane har hatt i tankane når dei har svara på undersøkinga. Det vert i dette arbeidet sett særleg fokus på svar som avvik i negativ lei. Elevundersøkinga og det pykososiale skulemiljøet er sak i elevrådet og i dei aktuelle klasseforeldremøta. FAU, tilsette og foreldra i dei aktuelle klassane får informasjon om reultatet. Resultata frå Elevundersøkinga og Ståstadanalysen vert årleg teke opp i skulemiljøutvalet. Skulemiljøet, både det fysiske og det psykososiale miljøet, er sjølvsagt tema på alle møta i skulemiljøutvalet. 2. Kva konkrete tiltak har skulen sett i verk? Eit godt psykososialt miljø og eit godt læringsmiljø førebyggjer mobbing. Ein føresetnad for at det skal skapast eit godt miljø, er planmessig, førebyggjande arbeid. Dei fem kulepunkta nedanfor viser kva som er grunnleggjande faktorar for å utvikla og halda ved like eit godt læringsmiljø på skulen. Me har jobba og jobbar for å betra oss på følgjande punkt: God leiing, organisasjon og kultur for læring på skulen At skulen som organisasjon har god leiing og er prega av ein kultur for læring, har ein indirekte effekt på læringsmiljøet og læringa til eleven. Læraren si evne til å leia klassar og grupper Læraren si evne til å leia klassar og grupper er ein av dei viktigaste faktorane i arbeidet mot mobbing og for å skapa gode læringsmiljø. Positive relasjonar mellom elev og lærar Lærarane skal byggja bevisst opp ein positiv relasjon til kvar enkelt elev, og elevane skal oppleva at læraren bryr seg, viser omsorg og støttar dei slik at dei opplever tryggleik og tillit og blir sett av læraren. Positive relasjonar og kultur for læring blant elevane Elevar som blir sett og godtekne av læraren, blir trygge også i høve til andre elevar. Kulturen i elevgruppa har mykje å seia for både læring og veremåte. Godt samarbeid mellom skule og heim Når elevane opplever at dei vaksne set dei same grensene for mobbing og asosial åtferd, vil dette i seg sjølv verka førebyggjande. På dei følgjande sidene er det teke med utdrag frå handlingsplanen vår mot mobbing. Dette viser korleis me på skulen vår jobbar og tenkjer når det gjeld å førebyggja mobbing.

2 Andre viktige tiltak for å betra skulemiljøet Skulen skal informera tilsette, elevar og foreldre om mobbing og tiltak mot mobbing. Tiltaka i Handlingsplan mot mobbing skal gjennomførast. I oktober månad skal det kvart år gjennomførast ei trivselsundersøking på skulen. Setja fokus på oppvekstmiljøet t.d. grensesetjing, media, vald og den gode oppvekst. FAU bør saman med skulen arrangera årleg temakveldar, trivselskveldar og sosialkveldar.. Læra elevane empati. Gjennom m.a. bruk av Steg for steg, MOT osv. Ha tett inspeksjonen i friminutta. Alle møter punktleg og presis når dei har inspeksjon. Når ein oppdagar uønska åtferd, grip ein om nødvendig inn og melder deretter frå til kontaktlærar. NB! Handlingsplikta Involvera elevane i inspeksjon - elevane brukar refleksvestar når dei er vakter. Leggja stor vekt på klassemiljøarbeid. Trivsel, tryggleik og mobbing er tema på alle klasseforeldremøte og konferansetimar. På bakgrunn av årleg trivselsundersøking skal det lagast trivselsreglar. Alle skal skriva under på trivselsreglane. Eleven og foreldra skal gjerast kjende med kva som skjer dersom det førekjem mobbing. Dei skal få vita at: Mobbing er ikkje tillate på skulen vår, og at slik framferd får følgjer for den det gjeld. Skulen tek opp og drøftar hendingar som kan kallast mobbing. Kontaktlærar tek involverte elevar inn til samtale. Heimane vert orientert. Skulen satsar på tryggleik og trivselstiltak ved bruk av positive elevaktivitetar, t.d. aktivitetar i Hallen. Elevrådet er ein viktig medspelar her. Kvar haust set me av tid til haldningsskapande arbeid i høve til trivsel, tryggleik og mobbing. Hjelp: Elevrådspermen om mobbing Faste utviklingssamtalar skal seia noko om korleis eleven trivst på skulen. Vurderinga skal førast på eige skjema og arkiverast i elevmappa. Kontaktlærar saman med samarbeidande lærarar er ansvarleg for utviklingssamtalane.. Skulen nyttar organisasjonen MOT i det førebyggjande arbeidet mot mobbing. Fadderordning i barneskulen der elevane på mellomsteget er fadrar for elevane på småskulesteget. Alle som har inspeksjon, både elevar og tilsette, skal bruka gule refleksvestar slik at dei er synlege for alle. Arbeid i klassen og på skulen Kvar klasse drøftar kva mobbing er. slik at dette vert tydeleg for alle. Kvar klasse lagar klassereglar mot mobbing. Trivsel, tryggleik og mobbing er tema på klasseforeldremøta. Alle klassane på skulen skal laga trivselsreglar som seier noko om korleis elevane ønskjer å ha det i klassen og på skulen. Klassemøte der ein drøftar korleis det har utvikla seg når det gjeld elevane sin trivsel den siste tida, om nokon har brote reglane, og kva me må gjera for å retta på eventuelle regelbrot. Elevane skal sjølve koma fram til ulike tiltak. På første klasseforeldremøte i skuleåret skal foreldra bli samde om kva elevar, lærarar og foreldre og føresette kan gjera for å fremja trivsel og førebyggja mobbing. Klassen samlar seg om nokre tiltak.

3 Klassekontaktane skal årleg ta initiativ til samkomer om trivselstiltak i klassane saman med foreldre, elevar og kontaktlærar.. Laga og framføra rollespel om mobbing. Diskutera mobbing. Bruka filmar, bøker, dvd m.m. om mobbing som utgangspunkt for diskusjon. ( Dvd med Kjetil Hasselberg og Kjartan Eide frå Kjetil og Kjartan show ) Det må i alle klassar arbeidast systematisk for å skapa ein kultur for at elevane melder frå når dei ser at nokon elevar ikkje har det bra på skulen. Arbeid i elevrådet Elevrådet skal årleg laga eit framlegg til ein aktivitetsplan som syner kva for aktivitetar elevane kan driva med gjennom skuleåret for å auka trivselen på skulen og i fritida. Elevrådet skal to gonger i året, haust og vår, evaluera denne planen. Elevrådet set opp plan for elevvaktene. Heimen sitt ansvar La ikkje barnet ditt vera i tvil om kva du meinar om å mobba eller plaga andre. Ikkje la barnet få inntrykk av at du er likesæl. Forskning syner at der skule og heim saman tek avstand frå mobbing, vil det verka positivt inn på barna. Snakk med barnet om mobbing. Prøv å få fram at det å fortelja om plaging ikkje er sladder, men å syna solidaritet med den som vert mobba. Å la vera å gje beskjed, er det same som å ta parti med mobbaren/mobbarane I dei høve der du veit om eller har mistanke om mobbing, må du kontakta kontaktlærar eller skuleleinga. I samarbeid med skulen kan me få til ei positiv endring av situasjonen. Har du eit barn som plagar andre, gjer det klart at du ser alvorleg på dette og ikkje kan godta slik framferd. Tenk gjennom og ver klar på reglar for framferd i heimen. Ros og syn interesse når barnet oppfører seg bra. Når barnet ikkje føl avtalte reglar, må dette få følgjer. Foreldra må bruka tid på felles aktivitetar saman med barnet. Dei må følgja med på kva barnet gjer og kven barnet er saman med på skulen og i fritida. Mobbing og uakseptabel framferd skjer når vaksne ikkje er til stades eller veit kva barnet driv med. Sjå til at barnet har gode samværsformer med andre. Få barnet interessert i fritidsaktivitetar. Du som tilsett må : Gje god informasjon i møtet med nye elevar og foreldre. Vera spesielt merksam ved overgangane mellom barnehage og skule, og mellom dei ulike stega. Ha inspeksjon og tilsyn i skulegarden, i korridorane og i garderobane Du må òg spørja om kva som skjer på skolevegen og i skolebussen. Nytta refleksvest når du har inspeksjon. Vera klar over kva krav Handlingsplikta stiller til dei tilsette. Sjå nedanfor. Ta opp temaet mobbing i klassemøta og engasjere elevane i arbeidet. Krava de har til haldningar og åtferd, må samsvara med generelle normer og den standarden elevane opplever på skolen. Gjera elevane medvitne om korleis mobbinga skjer, om dei ulike rollene elevane kan ha, at det ikkje er tillate å mobbe, korleis ein opplever det å bli mobba, og at mobbaren òg tek skade av å mobbe.

4 Ta opp tilskodarrolla. Passive elevar forsterkar mobbesituasjonen, og elevane må læra korleis tilskodarar kan hjelpa til med å få slutt på mobbinga. Ta opp mobbing ved hjelp av mobiltelefon og Internett spesielt. Dette temaet skal takast op på foreldremøta med jamne mellomrom. Handlingsplikta Dersom det er mistanke om at elevar vert utsette for krenkjande ord eller handlingar, har du som tilsett plikt til å gjera følgjande: undersøkja saka varsla leiinga på skulen gripa sjølv inn dersom det er nødvendig og mogeleg skuleleiinga avgjer kva som skal gjerast vidare i saka skulleiinga informerer foreldra Ny teknologi og mobbing Mobbing ved hjelp av mobiltelefon og Internet skjer mest utanfor skulen. Likevel må me på skulen ha fokus på denne forma for mobbing. Det må arbeidast målbevisst for å læra elevane god nettbruk. Skulen sine orden og åtfersreglar set klare begrensningar når det gjeld bruk av mobiltelefon og Internet. Arbeidet mot mobbing har vorte forankra i lovverket. Med endringar gjeldande frå 1. april 2003, har me fått kapittel 9a om elevane sitt skulemiljø. Her vert mobbing nemnd under paragrafen som omhandlar det psykososiale miljøet. Skulen si rolle for å setja i verk tiltak mot mobbing og å følgja opp når nokon tek opp ei sak om blant anna mobbing, vert knytt til forvaltningslova. Det vert viktig for skulen å ha gode prosedyrar for å avdekka mobbing, samt å løysa mobbesaker som vert avdekka eller som vert meldt. Det førebyggjande arbeidet mot mobbing vert knytt både til det psykososiale miljøet og til paragrafen om systematisk arbeid for å fremje helse, miljø og tryggleik hos elevane. Eit aktivt arbeid mot mobbing krev kontinuerleg innsats retta mot fleire område. 3. Kva er skulen sine langsiktige planar for for skulemiljøarbeidet Skulen jobbar langsiktig på det førebyggjane området for å betra skulemiljøet og motverka mobbing. Viser til punkt nr. 2 ovanfor. Overordna mål: Hatlestrand oppvekstsenter har eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg eit miljø med gode vilkår for læring og leik. Alle elevar skal oppleva eit trygt og godt skulemiljø som er fritt for mobbing. Målet er nulltoleranse når det gjeld mobbing. Skulen har utarbeidd eigen Handlingsplan mot mobbing og Interkontrollhandbok etter kap. 9A. Dette er sentrale dokument når det gjeld skulen sitt langsikte arbeid med skulemiljøet.

5 Oppsettet nedanfor viser korleis skulen årleg jobbar for å få eit betre skule- og lærings-miljø august september Fokus på orden og åtferd. Gjennomgang av ordens- og åtferdsreglane med tilhøyrande forskrift. Alle klassar lagar klassereglar for sosialt samvær. Skal sendast til alle foreldre og føresette for underskrift. Gjennomg. av ordens- og åtferdsreglar med for-skrift og "Handlingsplan mot mobbing" i personalet, i alle klassar, i elevrådet, FAU og i klasseforeldremøta. Etablering av nytt skulemiljøutval, samarbeidsutval, elevråd og FAU. Elevrådet drøftar skulemiljøet og lagar ein plan for trivselstiltak. Alle elevane i ungdomsskulen deltek i MOT Handlingsplikta vert gjennomgått med dei tilsette. Internkontrollhandboka kapittel 9a elevane si arbeidsmiljølov vert gjennomgått med dei tilsette og foreldra Alle avvik som gjeld det fysiske skule-miljøet, vert kontinuerleg innrapportert i Famac eller per brev. oktober - desember Gjennomføra trivselsvurdering i alle klassar. Drøfta resultatet frå trivselsvurderinga i personalet, i alle klassar, FAU, elevrådet og skulemiljøutvalet. Laga tiltaksplanar etter trivselsvurderinga der det er trong for det. Skulemiljøet og trivsel er tema i elevsamtalane og foreldresamtalane. Rektor har møte med kontaktlærarane, fokus m.a. på skulemiljøet og elevane sin trivsel. Vernerunde på det fysiske arbeidsmiljøet. Alle elevane i ungdomsskulen deltek i MOT. Analysera og evaluera resultatet frå trivselsvurderinga i klassemøte, klasseforeldremøte, FAU og i elevrådet. Avvik som gjeld det fysiske skulemiljøet, vert kontinuerleg innrapportert i Famac eller per brev. januar - februar Evaluering av skulemiljøet i elevrådet. Gjennomføra Elevundersøkinga i 7. og 10. klasse. Drøfta trivsel og trivselstiltak i alle klassar, elevrådet, personalet, klasseforeldremøta, FAU og skulemiljø-utvalet. MOT deltaking i ungdomsskulen. Skulemiljøet og trivsel er tema på elev-samtalane og foreldre-samtalane. Rektor har møte med kontaktlærarane, fokus m.a. på skulemiljø og trivsel. Alle avvik som gjeld det fysiske skulemiljøet, vert kontinuerleg rapportert i Famac eller per brev.

6 Edvard Jarle Tveit -verksemdsleiarmars - april Elevrådet evaluerer planen for eit betre skulemiljø som vart utarbeidd i september. Planen vert revidert. Skulemiljøet og trivsel er tema på elevsamtalar og foreldre-samtalar. Rektor har møte med kontaktlærarane, fukus på m.a.på skulemiljøet. Skulemiljøet er tema på elev-samtalane og foreldre-samtalane. Rektor har møte med kontaktlærarane, fokus m.a. på skulemiljøet. MOT-deltaking i ungdomsskulen. Analysera og evaluera resultatet frå Elevundersøkinga i klassemøta, klasseforeldremøta, FAU og i elevrådet. Alle avvik som gjeld det fysiske skulemiljøet, vert kontinuerleg rapportert i Famac eller per brev. mai - juni Drøfta skulemiljøet og resultatet frå Elevundersøkinga og andre undersøkingar i aktuelle klassar, i personalet, i elevrådet, FAU og skulemiljøutvalet. Setja inn tiltak der det vert avdekka avvik. Ordens- og åtferdsreglane vert reviderte. Overleveringsmøte barnehage skule og barneskule ungdomsskule. Evaluering av skule-miljøet og tilhøyrande planar. Analyse og drøfting av Ståstadsanalysen. Alle avvik som gjeld det fysiske skulemiljøet, vert kontinuerleg innrapportert i Famac eller per brev. 4. Korleis forklarar skulen endringar eller mangel på endringar i dei aktuelle periodane? Hatlestrand oppvekstsenter, avd. skule fekk i skuleåret 2007/2008 eit svært dårleg resultat då 10. klassingane dette skuleåret svara på spørsmåla om mobbing i Elevundersøkinga. Dette var eit svært overraskande resultat for alle partane i skulesamfunnet. I ettertid har det kome fram at det var ein del elevar i 10. klassen som dette skuleåret hadde bestemt seg for å spela skulen eit lite puss då dei svara på Elevundersøkinga. Skulen valde å ta det dårleg resultatet på alvor.i første omgang brukte me ikkje noko form for energi på å forklara eller bortforklara eit svært dårleg resultat. Det dårlege resultatet og korleis skulemiljøet vårt kunne betrast vart ganske raskt tema i personalet, i FAU, i klasseråda og i elevrådet. Det vart starta opp eit omfattande arbeid for å betra skulemiljøet ved skulen vår. Det er me i dag svært glade for at me gjorde. Eit resultat av dette arbeidet vart ein ny handlingsplan mot mobbing. FAU vart trekt inn i arbeidet, og i dei etterfølgjande åra har elevane sitt psykososiale miljø vore på dagsorden. Det førebyggjande arbeid mot mobbing har vore i fokus. Dei skisserte tiltaka i dette skrivet er nok medverkande årsaker til at skulen vår har eit godt skule- og oppvekst-miljø. Hatlestrand skule,

7

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ Saman for læring og trivsel Radøy kommune INNHALD Plan for psykososialt arbeid for elevar og tilsette på 3 Samanheng med Radøy kommune sin overordna plan

Detaljer

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring ( 9A-2). Skulen skal ha nulltoleranse mot krenking som mobbing,

Detaljer

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing. 2014 Manifest mot mobbing 2014-2018 Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing. Barnehage, skule og kultur i Bjerkreim kommune Rune Andersen

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING 2016-2019 HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Bø skule, Høyland skule, Motland skule, Nærbø ungdomsskule HANDLINGSPLAN MOT MOBBING INNHALD Alle barn og unge har rett til eit arbeidsmiljø utan mobbing... 3 Kva er

Detaljer

Plan for eit trygt og godt skulemiljø

Plan for eit trygt og godt skulemiljø Plan for eit trygt og godt skulemiljø Ved Sviland skule skal alle elevar og føresette føle seg velkomne og tatt vare på. Vi jobbar for å verkeleggjere målet frå opplæringslovens 9A - at den enkelte elev

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Definisjon: Ein person er mobba eller plaga når han eller ho, gjentekne gonger over tid, vert utsett for negative handlingar

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG ANDRE KRENKINGAR

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG ANDRE KRENKINGAR HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG ANDRE KRENKINGAR Ogna skule 2018 2021 Innleiing Kapittel 9 A i opplæringslova skal bidra til at elevane har det trygt og godt på skulen, slik at elevane trivs og kan læra best

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING HANDLINGSPLAN MOT MOBBING INDRE BARNE- OG UNGDOMSSKULE 1 FORORD Alle barn har rett til skulegang, og dei har rett til å eit godt og trygt skulemiljø, fritt for mobbing og krenkjande handlingar. Frå våren

Detaljer

Alle elevar i grunnskulen har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.

Alle elevar i grunnskulen har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring. Hafslo barne- og ungdomsskule - Tiltaksplan mot mobbing Revidert juni 2012 9 A opplæringslova: Alle elevar i grunnskulen har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og

Detaljer

Plan for å sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule

Plan for å sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule Plan for å sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule Rubbestadneset skule 1.0 Plan for å sikre elevane eit godt og trygt miljø Opplæringslova kap. 9A handlar om elevane sitt skulemiljø.

Detaljer

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur Manifest for eit positivt oppvekstmiljø 2019-2023 Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for krenkande åtferd. Barnehage Skule - Kultur Kommunestyret

Detaljer

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ, kap. 9A. Ostereidet barneskule

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ, kap. 9A. Ostereidet barneskule SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ, kap. 9A Ostereidet barneskule 1 INNHALD Plan for psykososialt arbeid for elevar og tilsette på Ostereidet barneskule s.3 Samanheng med Lindås kommune sin

Detaljer

Handlingsplan. Åheim skule. Elevane sitt skulemiljø. ved. Godkjent i SU den..

Handlingsplan. Åheim skule. Elevane sitt skulemiljø. ved. Godkjent i SU den.. + Handlingsplan Elevane sitt skulemiljø ved Åheim skule Godkjent i SU den.. Kapittel 9 A. Elevane sitt skulemiljø 9 A-1.Verkeområde for kapittelet Kapittelet her gjeld for elevar i grunnskolen og den vidaregåande

Detaljer

Plan for a sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule

Plan for a sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule Plan for a sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule Rubbestadneset skule 1. HMS PLAN Det er utarbeida ein eigen plan for helse, miljø og tryggleik som skal vere med å sikre alle

Detaljer

HEIDAL SKULE. Tiltaksplan mot krenkjande åtferd ved Heidal skule.

HEIDAL SKULE. Tiltaksplan mot krenkjande åtferd ved Heidal skule. Tiltaksplan mot krenkjande åtferd ved Heidal skule. Opplæringslova 9a-3 første ledd, seier følgjande: Skolen skal aktivt og systematisk arbeide for å fremje eit godt psykososialt miljø, der den enkelte

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG KRENKINGAR. Danielsen Ungdomsskule Osterøy

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG KRENKINGAR. Danielsen Ungdomsskule Osterøy HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG KRENKINGAR Danielsen Ungdomsskule Osterøy Lovverket Arbeidet mot mobbing og krenkingar har si forankring i lovverket. Opplæringslova kapittel 9A handlar om elevane sitt skulemiljø

Detaljer

Handlingsplan mot mobbing

Handlingsplan mot mobbing 2013-2016 Handlingsplan mot mobbing Skulane på Nærbø: Bø, Høyland, Motland, Vigre, Nærbø ungdomsskule 4 reglar mot mobbing 1. Me skal ikkje mobbe andre 2. Me skal forsøke å hjelpe andre elevar som vert

Detaljer

Handlingsplan mot. mobbing ved. Åheim skule

Handlingsplan mot. mobbing ved. Åheim skule Handlingsplan mot mobbing ved Åheim skule Godkjent i SU 02.10.2013 Førebygging På skulenivå: Årleg spørjeundersøking blant elevane i 4. 10. klassene o Vi vaksne skal vite omfanget av mobbing ved Åheim

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Langevåg skule

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Langevåg skule HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Langevåg skule Bakgrunn/Lovgrunnlag april 2012, justert 26.06.15 og 21.08.17 Retten til eit trygt og godt skulemiljø etter opplæringslova 9a 1, gjeld for alle elevar på barnetrinn,

Detaljer

Olweusarbeidet i Luster kommune Felles årshjul

Olweusarbeidet i Luster kommune Felles årshjul Olweusarbeidet i Luster kommune Felles årshjul 2014 2015 Systemarbeid ligg i botnen. Arbeid mot mobbing med gode system og god struktur, vert gjennomført der vaksne er i posisjon inn mot elevane, og har

Detaljer

Handlingsplan. Åheim skule. mot. mobbing og anna krenkjande åtferd. ved

Handlingsplan. Åheim skule. mot. mobbing og anna krenkjande åtferd. ved Handlingsplan mot mobbing og anna krenkjande åtferd ved Åheim skule Godkjent i SU 26.10.2015 Førebygging På skulenivå: Årleg spørjeundersøking blant elevane i 5. 10. klassene o Vi vaksne skal vite omfanget

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Utdrag frå Opplæringslova: Kapittel 9a. Elevane sitt skulemiljø 9a-1. Generelle krav Alle elevar i grunnskolar og vidaregåande skolar har rett til eit godt fysisk og psykososialt

Detaljer

LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret

LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret LEIRVIK SKULE I dette heftet finn de: Velkomen til skuleåret 2017 2018 - Informasjon om skulen sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø - Trivselsreglar - Innkalling til foreldremøte i veke 35 og

Detaljer

1. AVDEKKING AV MOBBING

1. AVDEKKING AV MOBBING 1. AVDEKKING AV MOBBING MÅL: Mobbing som skjer i og ved skulen og på skulevegen blir avdekka. Med mobbing forstår me psykisk og/eller fysisk vald retta mot eit offer, utført av einskildpersonar eller grupper.

Detaljer

GISKE OPPVEKSTSENTER SKULE OG SFO

GISKE OPPVEKSTSENTER SKULE OG SFO GISKE OPPVEKSTSENTER SKULE OG SFO HANDLINGSPLAN FOR Å SIKRE ALLE ELEVAR SIN RETT TIL EIT TRYGT OG GODT SKULEMILJØ 7. klasse 2017/18 Godkjend FAU februar 2018 Godkjend SU mars 2018 1 1. Innleiing Skulen

Detaljer

Tiltaksplan. mot mobbing og rasisme. Oma skule. Alle tilsette skal arbeide for nulltoleranse mot mobbing.

Tiltaksplan. mot mobbing og rasisme. Oma skule. Alle tilsette skal arbeide for nulltoleranse mot mobbing. Tiltaksplan mot mobbing og rasisme Oma skule Alle tilsette skal arbeide for nulltoleranse mot mobbing. Innhald 1. Visjon s. 3 2. Hovudmål s. 3 3. Føresetnader s. 3 4. Definisjon s. 3 5. Førebyggjande arbeid

Detaljer

Klassemøte med tema frå årshjulet, tre fire møte i kvar bolk. Tidsbruk for kvart møte kan variere frå 10 min 40 min. Viktig å ha god kontinuitet.

Klassemøte med tema frå årshjulet, tre fire møte i kvar bolk. Tidsbruk for kvart møte kan variere frå 10 min 40 min. Viktig å ha god kontinuitet. Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul 2014 2015 Systemarbeid ligg i botnen. Arbeid mot mobbing med gode system og god struktur, vert gjennomført der vaksne er i posisjon inn mot elevane, og har

Detaljer

Plan for trivsel ved Helland skule. VISJON: Vi ønskjer eit trygt, utfordrande og stimulerande lærings- og oppvekstmiljø for elevane ved Helland skule.

Plan for trivsel ved Helland skule. VISJON: Vi ønskjer eit trygt, utfordrande og stimulerande lærings- og oppvekstmiljø for elevane ved Helland skule. HELLAND SKULE Plan for trivsel ved Helland skule VISJON: Vi ønskjer eit trygt, utfordrande og stimulerande lærings- og oppvekstmiljø for elevane ved Helland skule. Godkjent av SU 30.11.11 1 Innhald. Side

Detaljer

Plan for godt skulemiljø - skal sikra eit godt psykososialt læringsmiljø på skulen.

Plan for godt skulemiljø - skal sikra eit godt psykososialt læringsmiljø på skulen. Plan for godt skulemiljø - skal sikra eit godt psykososialt læringsmiljø på skulen. Innhald 1. Formål 2. Innleiing 3. Opplæringslova 9a 4. Definisjonar 5. Førebygging 6. Avdekking av negativ åtferd 7.

Detaljer

Denne planen består av fire deler 1. AVDEKKING AV MOBBING 2. PROBLEMLØYSING AV MOBBESAKER 3. FØREBYGGING 4. KONTINUITET

Denne planen består av fire deler 1. AVDEKKING AV MOBBING 2. PROBLEMLØYSING AV MOBBESAKER 3. FØREBYGGING 4. KONTINUITET Denne planen består av fire deler 1. AVDEKKING AV MOBBING 2. PROBLEMLØYSING AV MOBBESAKER 3. FØREBYGGING 4. KONTINUITET 1. AVDEKKING AV MOBBING MÅL: Mobbing som skjer i og ved skulen og på skulevegen blir

Detaljer

Opplæringslova 9A Frå 1. august 2017 er det vedteke eit nytt regelverk om skulemiljø

Opplæringslova 9A Frå 1. august 2017 er det vedteke eit nytt regelverk om skulemiljø Opplæringslova 9A Frå 1. august 2017 er det vedteke eit nytt regelverk om skulemiljø Alle elevar har rett til å ha eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring. Det er elevane si eiga

Detaljer

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE HAMRAMYRA 20 5363 ÅGOTNES Tlf. 55 09 63 00 Epost: TranevagenUngdomsskule@fjell.kommune.no TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING DEFINISJON: Det er mobbing/plaging

Detaljer

3 Samtale med føresette. Vert saka løyst her, vert det skrive ned og underteikna av alle.

3 Samtale med føresette. Vert saka løyst her, vert det skrive ned og underteikna av alle. Retningslinjer for saker vedkomande opplæringslova 9a Rundskriv Udir-2-2010 Formål: Retningslinjene skal sikre god sakshandsaming i saker som vedkjem retten til eit godt fysisk og psykososialt miljø etter

Detaljer

TILTAKSPLAN MOT MOBBING LONE SKULE

TILTAKSPLAN MOT MOBBING LONE SKULE TILTAKSPLAN MOT MOBBING LONE SKULE Vedlegg: Noen rutiner i Zero (siste side i planen) Sist revidert vår 2014 1 Innleiing Lone skule ønskjer å motarbeide mobbekultur og arbeide aktivt for at kvar elev skal

Detaljer

RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017

RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017 RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017 INNHALD Innleiing...1 Lovgrunnlag... 2 Opplæringslova... 2 Forvaltningslova... 2 Kommunehelsetenestelova... 2 Ordensreglement for grunnskulen i Lindås...

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Rosendal ungdomsskule er ein trygg og utviklande læringsarena for alle elevane. VISJON. Partar: Rektor.

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Rosendal ungdomsskule er ein trygg og utviklande læringsarena for alle elevane. VISJON. Partar: Rektor. VISJON Rosendal ungdomsskule er ein trygg og utviklande læringsarena for alle elevane. Partar: Rektor Elevråd FAU HANDLINGSPLAN MOT MOBBING 2016-17 Samarbeidsutvalet Mål Alle elevar skal oppleve eit trygt

Detaljer

PRIVATSKOLESAMLING. Stavanger 7.mars 2013

PRIVATSKOLESAMLING. Stavanger 7.mars 2013 PRIVATSKOLESAMLING Stavanger 7.mars 2013 1 Tilsyn 2010-2013 Felles nasjonalt tilsyn 2010-2013: Skolenes arbeid med elevenes psykososiale skolemiljø. 2010: Rogaland fylkeskommune, Haugesund, Hå (6 skoler)

Detaljer

KVITESEID SKULE. Planen er handsama i FaU , Samarbeidsutvalet og i TPO team med PPT

KVITESEID SKULE. Planen er handsama i FaU , Samarbeidsutvalet og i TPO team med PPT KVITESEID SKULE 9A SKULENS HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Planen er handsama i FaU 10.02.2011, Samarbeidsutvalet 06.04.2011 og i TPO team med PPT 29.04.2011. Denne handlingsplanen er utarbeida i medhald til

Detaljer

Plan for å sikre elevane eit godt psykososialt miljø på Tuv og Ulsåk skular og sfo

Plan for å sikre elevane eit godt psykososialt miljø på Tuv og Ulsåk skular og sfo Plan for å sikre elevane eit godt psykososialt miljø på Tuv og Ulsåk skular og sfo 9a 09.02.16 1. Formål Opplæringslova Kapittel 9a tar for seg elevane sitt skulemiljø. 9a-1 Alle elevar i grunnskolar og

Detaljer

Alversund skule Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a Handlingsplikta Opplæringslova 9a 3 andre ledd

Alversund skule Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a Handlingsplikta Opplæringslova 9a 3 andre ledd Alversund skule Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a Handlingsplikta Opplæringslova 9a 3 andre ledd Oktober 2015 LOVGRUNNLAG Opplæringslova 9a 3 andre ledd plikta til å undersøkje, varsle

Detaljer

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane. 1 Øystese barneskule Innleiing: September-2012 9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane. Skulen skal aktivt driva eit kontinuerleg og systematisk arbeid for å fremja

Detaljer

RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A.

RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A. RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A. For utfyllande informasjon sjå Rundskriv Udir-2-2010 og Udir: Elevenes skolemiljø Formål: Retningslinjene skal sikre at dei tilsette i skulen

Detaljer

Internkontroll vedkomande elevane sitt skulemiljø kap 9a i opplæringslova

Internkontroll vedkomande elevane sitt skulemiljø kap 9a i opplæringslova skulemiljø kap 9a i opplæringslova Mål med internkontrollen Skuleeigar o Sikra eit forsvarleg system for vurdering av om krava i opplæringslova og forskriftene til lova vert oppfylte Opl Skulane o Sikra

Detaljer

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul 2017 18 Systemarbeid ligg i botnen. Arbeid mot mobbing med gode system og god struktur, vert gjennomført der vaksne er i posisjon inn mot elevane, og har høve

Detaljer

Frakkagjerd ungdomsskole

Frakkagjerd ungdomsskole Frakkagjerd ungdomsskole 2018/19 Plan for elevenes psykososiale skolemiljø 19.09.2018 Innhold Innledning... 2 Skolens visjon... 2 Mål for skolemiljøarbeidet... 2 Forebyggende arbeid... 2 Tiltak... 3 Oppfølging...

Detaljer

Klepp ungdomsskule - Tiltaksplan for trygt og godt skulemiljø Oppdatert hausten 2017

Klepp ungdomsskule - Tiltaksplan for trygt og godt skulemiljø Oppdatert hausten 2017 Klepp ungdomsskule - Tiltaksplan for trygt og godt skulemiljø Oppdatert hausten 2017 Klepp ungdomsskule, målet med denne planen: - Sørge for oppfylling av hensikt i Opplæringslova kap 9, at elevane på

Detaljer

Øystese barneskule April - 08

Øystese barneskule April - 08 Øystese barneskule April - 08 1 Innleiing: 9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane. Skulen skal aktivt driva eit kontinuerleg og systematisk arbeid for å fremja helsa,

Detaljer

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul 2016 2017 Systemarbeid ligg i botnen. Arbeid mot mobbing med gode system og god struktur, vert gjennomført der vaksne er i posisjon inn mot elevane, og har

Detaljer

Nytt kapittel 9 A. Elevane sitt skolemiljø

Nytt kapittel 9 A. Elevane sitt skolemiljø Nytt kapittel 9 A. Elevane sitt skolemiljø Fakta om ny lov: Alle elever har rett til trygt og godt skolemiljø som fremmer helse, trivsel og læring. Det er elevens egen opplevelse av hvordan de har det

Detaljer

Plan mot mobbing og mistrivsel

Plan mot mobbing og mistrivsel Plan mot mobbing og mistrivsel Kva seier lova? 9a-1 Alle elevar i grunnskolar har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring. 9a-3 Skolen skal aktivt og systematisk

Detaljer

PLAN MOT MOBBING VED STORD UNGDOMSSKULE (OLWEUS)

PLAN MOT MOBBING VED STORD UNGDOMSSKULE (OLWEUS) PLAN MOT MOBBING VED STORD UNGDOMSSKULE (OLWEUS) GRUNNLEGGJANDE DEFINISJON AV MOBBING. Ein person er mobba eller plaga når han eller ho, gjentekne gonger og over ei viss tid, blir utsett for negative handlingar

Detaljer

SYSTEMATISK ARBEID FOR EIT GODT SKULEMILJØ FOR ELEVANE KLØVHEIM SKULE

SYSTEMATISK ARBEID FOR EIT GODT SKULEMILJØ FOR ELEVANE KLØVHEIM SKULE SYSTEMATISK ARBEID FOR EIT GODT SKULEMILJØ FOR ELEVANE KLØVHEIM SKULE INNHALD I DENNE PLANEN side Mål for skulemiljøet 3 Lovgrunnlag 3 Lokale reglar 3 Systematisk arbeid for å fremje HMT-arbeidet til elevane.

Detaljer

TILTAKSPLAN MOT MOBBING LONE SKULE

TILTAKSPLAN MOT MOBBING LONE SKULE TILTAKSPLAN MOT MOBBING LONE SKULE Vedlegg: Noen rutiner i Zero (siste side i planen) Sist revidert vår 2014 1 Innleiing Lone skule ønskjer å motarbeide mobbekultur og arbeide aktivt for at kvar elev skal

Detaljer

RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A.

RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A. RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A. Formål Retningslinjene skal sikre at dei tilsette i skulen er kjende med aktivitetsplikta som vedkjem elevane sin rett til eit trygt og godt skulemiljø,

Detaljer

Føreord side 2. Innhald side 3. Førebyggjande arbeid side 4. Avdekking av mobbing side 5. Problemløysing side 6

Føreord side 2. Innhald side 3. Førebyggjande arbeid side 4. Avdekking av mobbing side 5. Problemløysing side 6 1 FØREORD Mobbing er definert som: Psykisk og/eller fysisk vold rettet mot et offer, utført av enkeltpersoner eller grupper. Mobbing forutsetter et ujevnt styrkeforhold mellom offer og plager og episodene

Detaljer

Nytt kap 9A opplæringslova. Prop 57 L ( )

Nytt kap 9A opplæringslova. Prop 57 L ( ) Nytt kap 9A opplæringslova Prop 57 L (2016-2017) Nye reglar om skulemiljø Bakgrunn: Djupedalutvalget (NOU 2015:2) Høyring av nytt kapittel 9 A i april 2016 Proposisjon lagt fram for Stortinget 17. feb.

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT KRENKJANDE ÅTFERD. Horpestad skule. Alle elevane på skulen vår skal oppleve eit trygt og godt arbeidsmiljø som er fritt for mobbing.

HANDLINGSPLAN MOT KRENKJANDE ÅTFERD. Horpestad skule. Alle elevane på skulen vår skal oppleve eit trygt og godt arbeidsmiljø som er fritt for mobbing. HANDLINGSPLAN MOT KRENKJANDE ÅTFERD Horpestad skule Alle elevane på skulen vår skal oppleve eit trygt og godt arbeidsmiljø som er fritt for mobbing. Med mobbing eller plaging forstår vi psykisk og/ eller

Detaljer

Handlingsplan mot mobbing. for. Stranda ungdomsskule

Handlingsplan mot mobbing. for. Stranda ungdomsskule for Stranda ungdomsskule 2015/2016 Føreord av rektor Stranda ungdomsskule ynskjer å markere tydeleg at mobbing ikkje vert tolerert på skulen vår. Vi vil signalisere at vi tar arbeidet for eit trygt og

Detaljer

TILTAK MOT MOBBING Geiranger skule og barnehage 2012

TILTAK MOT MOBBING Geiranger skule og barnehage 2012 TILTAK MOT MOBBING Geiranger skule og barnehage 2012 Forord Handlingsplanen mot mobbing er eit produkt som skulen, barnehagen, foreldra og elevane står bak. Vi ønskjer med dette å gi eit tydeleg signal

Detaljer

VENNSKAP. * Me vil at alle skal føla seg trygge på skulen og på skulevegen. * Me vil at alle skal gje melding dersom dei eller andre vert plaga

VENNSKAP. * Me vil at alle skal føla seg trygge på skulen og på skulevegen. * Me vil at alle skal gje melding dersom dei eller andre vert plaga VENNSKAP * Me vil at alle skal bry seg om kvarandre * Me vil at alle skal føla seg trygge på skulen og på skulevegen * Me vil at alle skal gje melding dersom dei eller andre vert plaga * Me vil at alle

Detaljer

Plan for elevane sitt skulemiljø

Plan for elevane sitt skulemiljø Plan for elevane sitt skulemiljø Meling skule 11.09.2014 Revidert i S.U.12.12.2017 1. Forord Me har ein visjon: Meling skule skal vera ein god stad å læra og ein god stad å vera. Dette er viktige ord for

Detaljer

Plan mot krenking og sosial utestenging

Plan mot krenking og sosial utestenging Plan mot krenking og sosial utestenging Slik stoppar vi krenking og inkluderer alle på Åkra oppvekstsenter 2016 Kva er krenkingar, sosial utestenging og mobbing hos oss? Me snakkar gjerne om episodar av

Detaljer

Lærdal kommune. Prosedyrar for eit godt psykososialt skulemiljø

Lærdal kommune. Prosedyrar for eit godt psykososialt skulemiljø Lærdal kommune Prosedyrar for eit godt psykososialt skulemiljø 1 Lærdal kommune Innhald Opplæringslova, kapittel 9a 1. Innhald Side 3 1.1 Heimel og virkeområde 3 1.2 Lovparagrafane 3 1.3 Formål 4 2. Omgrepsavklaringar

Detaljer

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017 Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017 I år nytta me Google.com for å få inn svar på nett, og fekk 34 av 48 moglege svar. Av og til = 5,9% (to elevar) som seier at dei vert dytta eller blir

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Folkestad skule 2011 1 Mål : Alle elevar skal oppleve eit trygt og godt arbeidsmiljø på skulen, fritt for mobbing. Planen bygger på 4 prinsipp: 1.Avdekke mobbing: - bevisstgjere

Detaljer

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007 Mobbeplan Harøy skule 2006/2007 Førebygging 1.1 Skulemiljøet Ein venleg og integrerande skule er naudsynt for å oppnå eit godt læringsmiljø, både fagleg og sosialt. Skulen skal vere ein trygg og triveleg

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT KRENKJANDE ÅTFERD. Horpestad skule. Alle elevane på skulen vår skal oppleve eit trygt og godt arbeidsmiljø som er fritt for mobbing.

HANDLINGSPLAN MOT KRENKJANDE ÅTFERD. Horpestad skule. Alle elevane på skulen vår skal oppleve eit trygt og godt arbeidsmiljø som er fritt for mobbing. HANDLINGSPLAN MOT KRENKJANDE ÅTFERD Horpestad skule Alle elevane på skulen vår skal oppleve eit trygt og godt arbeidsmiljø som er fritt for mobbing. Med mobbing eller plaging forstår vi psykisk og/ eller

Detaljer

ARBEIDET MED BEREDSKAPSTEAM

ARBEIDET MED BEREDSKAPSTEAM Skulane i Høyanger kommune ARBEIDET MED BEREDSKAPSTEAM Fire små, to store. og seks barnehagar ~ Handlingsplan for barnehagane og skulane i Høyanger kommune ~ Bjordal barnehage og skule Vadheim barnehage

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Utarbeidet av skolen i samarbeid med elevrådet, foreldrenes arbeidsutvalg (FAU) og samarbeidsutvalget (SU) høsten 2007 HANDLINGSPLAN FOR Å FOREBYGGE, OPPDAGE OG STOPPE MOBBING

Detaljer

Barnerettane i SKULEN

Barnerettane i SKULEN Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i SKULEN Aktivitetsark med oppgåveidéar og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginalar DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING Artikkel

Detaljer

Skulestart Repetisjon

Skulestart Repetisjon Handlingsplan for godt skulemiljø for skuleåret 2014 2015 (Olweus) Revidert februar 2015 Planen inneheld 3 delar: Ein førebyggjande del (f eks øvingar frå Det er mitt val), ein handlande del (handsaming

Detaljer

Ein trygg stad å vera ein god stad å læra

Ein trygg stad å vera ein god stad å læra Fotlandsvåg skule 5283 Fotlandsvåg TLF.56 19 23 30 Faks. 56 19 23 31 Rektor: Kjell Haugland 56 19 23 55 Personalrom 56 19 23 50 fotlandsvag.skule@osteroy.kommune.no Ein trygg stad å vera ein god stad å

Detaljer

Fedje Skule HANDLINGSPLAN OG FØREBYGGJANDE ARBEID MOT MOBBING. Fedje kommune 2015/2016

Fedje Skule HANDLINGSPLAN OG FØREBYGGJANDE ARBEID MOT MOBBING. Fedje kommune 2015/2016 Fedje Skule HANDLINGSPLAN OG FØREBYGGJANDE ARBEID MOT MOBBING Fedje kommune 2015/2016 Vedteken i Samarbeidsutvalet våren 2015 Innhald 1. Innleiing rektor har ordet... 2 2. Kva er mobbing?... 2 3. Førebyggjande

Detaljer

Plan for oppfølging av elevenes skolemiljø.

Plan for oppfølging av elevenes skolemiljø. Plan for oppfølging av elevenes skolemiljø. «Voksne som jobber i skolen har et særskilt ansvar for å sørge for at elever har et trygt skolemiljø» Fra innst.302 L(2016-2017) Målet med planen er å ivareta

Detaljer

KLASSEKONTAKT. Kva kan eg gjere? Kven er eg til for? Korleis kan eg jobbe? Lysarka bygger på FUG - hefte ABC for foreldrekontaktar.

KLASSEKONTAKT. Kva kan eg gjere? Kven er eg til for? Korleis kan eg jobbe? Lysarka bygger på FUG - hefte ABC for foreldrekontaktar. KLASSEKONTAKT Kva kan eg gjere? Kven er eg til for? Korleis kan eg jobbe? Lysarka bygger på FUG - hefte ABC for foreldrekontaktar. FUG (Foreldreutvalget for grunnskuleopplæring): http://www.fug.no/ 1 2

Detaljer

1. Forord fra rektor s Bakgrunn og definisjoner s Avdekking av mobbing s Problemløsning av mobbesaker s. 7

1. Forord fra rektor s Bakgrunn og definisjoner s Avdekking av mobbing s Problemløsning av mobbesaker s. 7 1 Innhold 1. Forord fra rektor s. 3 2. Bakgrunn og definisjoner s. 4 3. Avdekking av mobbing s. 5 4. Problemløsning av mobbesaker s. 7 5. Forebygging av mobbing s. 8 6. Kontinuitet s. 9 2 1. Forord fra

Detaljer

Handlingsplan ved urovekkande fråvær

Handlingsplan ved urovekkande fråvær 13.09.2017 Handlingsplan ved urovekkande fråvær Definisjonar og prosedyrar GRANVIN BARNE- OG UNGDOMSSKULE Innhald Handlingsplan ved urovekkande fråvær ved Granvin barne- og ungdomsskule... 3 Føremål...

Detaljer

Forsand skule. der læring og trivsel går hand i hand PLAN FOR HEIM-SKULE SAMARBEIDET

Forsand skule. der læring og trivsel går hand i hand PLAN FOR HEIM-SKULE SAMARBEIDET Forsand skule der læring og trivsel går hand i hand PLAN FOR HEIM-SKULE SAMARBEIDET Me er heldige som får bli kjent med, ta vare på og undervisa nettopp ditt barn! Derfor er dette er viktig for oss: å

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING HANDLINGSPLAN MOT MOBBING - MOSTER SKULE - Del I Del II Elev- elev Lærar- elev Forord av rektor Elevane har rett til eit lærings- og oppvekstmiljø utan mobbing. Skulen har difor plikt til å gripa inn dersom

Detaljer

FEVIK SKOLE. Sosial handlingsplan. Handlingsplanen revideres hvert år i april.

FEVIK SKOLE. Sosial handlingsplan. Handlingsplanen revideres hvert år i april. FEVIK SKOLE Sosial handlingsplan Handlingsplanen revideres hvert år i april. 1 Fevik skoles sosiale handlingsplan bygger på tre prinsipper: 1. Aktiviteter for å fremme et godt psyko-sosialt læringsmiljø

Detaljer

Handlingsplan for å sikre eleven et trygt og godt psykososialt skolemiljø ved Rosenborg skole

Handlingsplan for å sikre eleven et trygt og godt psykososialt skolemiljø ved Rosenborg skole Handlingsplan for å sikre eleven et trygt og godt psykososialt skolemiljø ved Rosenborg skole 9 A-3. Nulltoleranse og systematisk arbeid Skolen skal ha nulltoleranse mot krenking som mobbing, vald, diskriminering

Detaljer

Handlingsplan for elevane sitt psykososiale skulemiljø

Handlingsplan for elevane sitt psykososiale skulemiljø Handlingsplan for elevane sitt psykososiale skulemiljø Meling skule 11.09.2014 Revidert i S.U.13.09.2016 1.Forord Me har ein visjon: Meling skule skal vera ein god stad å læra og ein god stad å vera. Dette

Detaljer

BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO

BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO Dette heftet er i utgangspunket utarbeida for dei tilsette i Suldalsskulen, men me ønskjer og å auka forståinga til foreldre og føresette, slik at dei og kan vera

Detaljer

Samarbeid heim skule i Skodje kommune

Samarbeid heim skule i Skodje kommune SKODJE KOMMUNE Samarbeid heim skule i Skodje kommune Eit dokument som er retningsgivande for alle skulane i kommunen, og som seier noko om kva heim og skule skal bidra med og forvente av kvarandre. Stette

Detaljer

Nissedal kommune Eining for skule Plan og rutinar for arbeid med elevane sin rett til eit godt psykososialt miljø etter 9a-3 i Opplæringslova

Nissedal kommune Eining for skule Plan og rutinar for arbeid med elevane sin rett til eit godt psykososialt miljø etter 9a-3 i Opplæringslova Nissedal kommune Eining for skule Plan og rutinar for arbeid med elevane sin rett til eit godt psykososialt miljø etter 9a-3 i Opplæringslova Revidert september 2014 Det psykososiale miljøet Rutineomtale

Detaljer

SAMARBEID HEIM OG SKULE

SAMARBEID HEIM OG SKULE SAMARBEID HEIM OG SKULE SLIK GJER ME DET PÅ VÅGEN SKULE Gjeld frå 30.08.2010 1 SAMARBEID HEIM- SKULE For å få skuletilbodet best mogeleg for elevane, ynskjer me å ha eit godt samarbeid mellom heim og skule.

Detaljer

Forsand skule. der læring og trivsel går hand i hand PLAN FOR HEIM-SKULE SAMARBEIDET

Forsand skule. der læring og trivsel går hand i hand PLAN FOR HEIM-SKULE SAMARBEIDET Forsand skule der læring og trivsel går hand i hand PLAN FOR HEIM-SKULE SAMARBEIDET Me er heldige som får bli kjent med, ta vare på og undervisa nettopp ditt barn! Derfor er dette viktig for oss: å arbeida

Detaljer

Retten til et godt psykososialt miljø etter opplæringsloven kapittel 9a

Retten til et godt psykososialt miljø etter opplæringsloven kapittel 9a Retten til et godt psykososialt miljø etter opplæringsloven kapittel 9a Utdanningsforbundet 12.10.2011 Kjerstin Stølen og Kjersti Utnes Borgaas Fylkesmannen i Østfold Struktur på innlegget Generell informasjon

Detaljer

å følge nøye med på det som skjer på skolen for å avdekke mobbing å ha kontinuitet i arbeidet mot mobbing og prioritere det høyt

å følge nøye med på det som skjer på skolen for å avdekke mobbing å ha kontinuitet i arbeidet mot mobbing og prioritere det høyt 8. Dette sier Opplæringloven om mobbing. Skolen skal aktivt og systematisk arbeide for å fremje eit godt psykososialt miljø, der den enkelte eleven kan oppleve tryggleik og sosialt tilhør. Dersom nokon

Detaljer

KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014

KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014 KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014 1 INTRODUKSJON AV VERKSEMDA Ågotnes skule ligg på Ågotnes, og er ein av seksten skular i Fjell kommune i Hordaland fylke. Skulen er ein middels stor barneskule om

Detaljer

Godkjent av driftsstyret 3.6.2013. Handlingsplan mot mobbing

Godkjent av driftsstyret 3.6.2013. Handlingsplan mot mobbing Godkjent av driftsstyret 3.6.2013 Handlingsplan mot mobbing Skoleåret 2013-2017 Innledning Mål: Alle elever skal oppleve et trygt og godt klasse- og skolemiljø uten mobbing Elever som føler seg mobbet

Detaljer

Overordnet handlingsplan mot mobbing og krenkende atferd

Overordnet handlingsplan mot mobbing og krenkende atferd Overordnet handlingsplan mot mobbing og krenkende atferd Vedtatt av kommunestyret i Holmestrand 13.6.2018 Gyldighetsområde og varighet Denne planen har overordnet gyldighet for samtlige kommunale skoler

Detaljer

Plan for å sikra elevane eit godt psykososialt elevmiljø ved Svortland skule

Plan for å sikra elevane eit godt psykososialt elevmiljø ved Svortland skule 2014 Plan for å sikra elevane eit godt psykososialt elevmiljø ved Svortland skule Svortland skule 29.09.2014 1 Forord Det skal vere godt å gå på Svortland skule. Me veit at med trivsel kjem læring og utvikling.

Detaljer

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul 2015 2016

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul 2015 2016 Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul 2015 2016 Systemarbeid ligg i botnen. Arbeid mot mobbing med gode system og god struktur, vert gjennomført der vaksne er i posisjon inn mot elevane, og har

Detaljer

NESSET KOMMUNE Indre Nesset barne- og ungdomsskole. Plan for arbeidet med det psykososiale miljøet

NESSET KOMMUNE Indre Nesset barne- og ungdomsskole. Plan for arbeidet med det psykososiale miljøet NESSET KOMMUNE Indre Nesset barne- og ungdomsskole Plan for arbeidet med det psykososiale miljøet Indre Nesset barne- og ungdomsskule 2014 1 FORORD I Opplærignslova 9a-1 står det at Alle elevar i grunnskular

Detaljer

Handlingsplan mot mobbing og krenkende atferd 2018 Ekeberg skole

Handlingsplan mot mobbing og krenkende atferd 2018 Ekeberg skole Handlingsplan mot mobbing og krenkende atferd 2018 Ekeberg skole MOBBING/KRENKELSE - Mobbing er krenkelser i rekkefølge - Ingen skal bli utsatt for krenkelser over tid - Skolen har ansvar for at du ikke

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT KRENKJANDE ÅTFERD

HANDLINGSPLAN MOT KRENKJANDE ÅTFERD HANDLINGSPLAN MOT KRENKJANDE ÅTFERD Vasshus skule og barnehage Revidert 2012/ 2013 Forord Vasshus skule vil arbeide målretta mot krenkjande åtferd. Sosial kompetanse er eit av satsingsområda på skulen,

Detaljer

KVALITETSPLAN FOR VEVRING SKULE. Introduksjon. Skulen sin visjon og pedagogiske grunnsyn: «Rom for alle, blikk for den enkelte»

KVALITETSPLAN FOR VEVRING SKULE. Introduksjon. Skulen sin visjon og pedagogiske grunnsyn: «Rom for alle, blikk for den enkelte» KVALITETSPLAN FOR VEVRING SKULE Introduksjon Vevring skule ligg i Naustdal kommune og er ein fådelt skule med elevar på 1. 4. trinn. Skuleåret 2012/2013 er elevane samla i ei klassegruppe. Elevane er delt

Detaljer

Kvalitetsplan mot mobbing

Kvalitetsplan mot mobbing Kvalitetsplan mot mobbing Frøyland ungdomsskule revidert 2018 1 Innhold Introduksjon av verksemda... 2 Innleiing... 4 Kva er mobbing?... 5 Programerklæring.... 5 Kvalitetssystemet... 6 Oversikt over rapporteringsansvar

Detaljer