Detaljregulering for del av gnr/bnr 58/2, Vikanes - Limbuvik Planomtale

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Detaljregulering for del av gnr/bnr 58/2, Vikanes - Limbuvik Planomtale"

Transkript

1 Detaljregulering for del av gnr/bnr 58/2, Vikanes - Limbuvik Planomtale Vikanes Stord kommune

2 Innhald Innhald Samandrag Bakgrunn Hensikt med planen Forslagstillar, plankonsulent, eigartilhøve Krav om konsekvensutgreiing? Planprosessen Medverknad, varsel om oppstart, evt. planprogram Planstatus og rammevilkår Overordna planar Gjeldande reguleringsplanar Tilgrensande planar Skildring av planområdet, eksisterande tilhøve Plassering av område Arealbruk i dag og tilgrensande arealbruk Stadkarakter Landskap Kulturminne og kulturmiljø Naturverdiar Rekreasjonsverdi/ rekreasjonsbruk, uteområde Landbruk Trafikktilhøve Born sine interesser Universell tilgjenge Teknisk infrastruktur Grunntilhøve Støytilhøve Luftforureining Næring Skildring av planforslaget Planlagt arealbruk Gjennomgang av aktuelle reguleringsføremål Plassering av bygning og utforming Parkering Tilknyting til infrastruktur Trafikkløysing Universell utforming

3 6.8 Kulturminner Plan for avfallshenting Rekkjefølgjekrav ROS analyse Føremål og omgrep Mogelege uønskte hendingar Kriteria for rangering av sannsyn Kriteria for rangering av konsekvensar Risikomatrise Akseptkriteria Uønska hendingar med moglege tiltak Verknadar/ konsekvensar av planforslaget Overordna planar Landskap Stadkarakter Kulturminner og kulturmiljø, evt. verneverdi Tilhøvet til krava i kap. II i Naturmangfaldlova Rekreasjonsinteresser/ rekreasjonsbruk Trafikktilhøve Teknisk infrastruktur Konsekvensar for næringsinteresser Avveging av verknadar Innkomne merknadar Merknadar

4 1. Samandrag Det er utarbeidd privat forslag til detaljregulering av eit lite næringsområde liggande til sjø ved Limbuvika på Vikanes. Området ligg på ein eigedom og vil få tilkomst frå fylkesveg over denne eigedomen. Hovudtilkomst vil vera sjøvegen. Det er ein vitskapeleg viktig førekomst av fossilar i området. Det er og ein liten edellauvskog like i nærleiken. I planen er det lagt opp til å ta vare på fossilane og gjera desse tilgjengelege for vitskapelege føremål også i framtida. Edellauvskogen blir ikkje berørt av tiltaket. Planen er i prinsippet utarbeidd i samsvar med overordna planar, jamvel om planområdet er utvida noko og reguleringsføremålet er meir detaljert. 2. Bakgrunn 2.1 Hensikt med planen Føremålet med planen er å legga til rette for næringsverksemd knytt til sjøen, med kai og opplagsplass for mindre og noko større farty, kombinert naust/lager/kontorbygg og areal for lagring ute eller i rubbhall. 2.2 Forslagstillar, plankonsulent, eigartilhøve Tiltakshavar/forslagstillar for planen er grunneigar Lars Saue. Omega Areal er engasjert som fagkunnig til å utarbeida planforslag. 2.3 Krav om konsekvensutgreiing? Planarbeidet er i prinsippet i samsvar med gjeldande kommuneplan. Etter Stord kommune si vurdering fell reguleringsarbeidet ikkje inn under reglane om konsekvensutgreiing. Korkje planen sitt omfang eller storleiken på investeringane tilseier at det er behov for konsekvensutgreiing. 3 Planprosessen 3.1 Medverknad, varsel om oppstart, evt. planprogram Planprosessen blei starta opp med oppstartmøte med kommunen 2. oktober Varsel om oppstart blei kunngjort i bladet Sunnhordland og sendt naboar og styresmakter med frist til å koma med fråsegn sett til

5 4 Planstatus og rammevilkår 4.1 Overordna planar Området er omtala som følgjer i kommuneplanen: Eigedom: Gnr.58, bnr. 2 Status i gjeldande plan: LNF Foreslått regulert til: LNF-spreidd næringsbygn. (5230) TILRÅDING ETTER KU: Foreslått regulering gjev høve til ei viss utvikling av arealet til næringsføremål. Tiltaket avgrensar seg til noverande utfylt kaiareal. KU har avdekka at området ligg nær verdfullt naturområde og berører sårbar strandline. Omregulering av området til næring kan medføra at strandlina vert mindre tilgjengeleg for ålmenta. Det vert sett krav om reguleringsplan. Ved utbygging av området må det dokumenterast at det vert teke omsyn til ålment tilgjenge til sjø, og at tilgrensande verneområde (edellauvskog) ikkje vert berørt. Friluftsliv /Strandsone: Tiltaket vil medføre redusert tilgjenge til strandsona. (-) Landskap: Tiltaket vil endra landskapsbiletet. Samfunn: Tiltaket har negativ konsekvens for. Transportbehov: Tilkomstveg er ikkje tilpassa tungtransport og stor trafikk. Folkehelse: Perifert område i høve til senter. Tilgjenge til uteområde og gang / sykkelvegnett : Manglar trafikksikring. Infrastruktur: Det er ikkje ført VA eller elektriske installasjonar fram til tomteområdet. 4.2 Gjeldande reguleringsplanar Arealbruken i Reguleringsplan Stord Lufthamn er for så vidt gjeld Vikanes avløyst av arealbruken i gjeldande kommuneplan. 4.3 Tilgrensande planar Det er ingen tilgrensande reguleringsplanar

6 5 Skildring av planområdet, eksisterande tilhøve 5.1 Plassering av område Planområdet ligg på nordsida av innløpet til Limbuvika. Limbuvika er ein liten våg på austsida av sundet mellom Stord og Bømlo og ligg derfor i skjerma farvatn. Det er god seglingsdjupn fram til innløpet av Limbuvika Planområdet omfattar eit planert kaiområde med påståande murar til naust/sjøhus samt den bratte fjellskrenten nordvest for det planerte området. I planområdet inngår og nedste delen av tilkomstvegen til området. Planområdet ligg i sin heilskap på eigedomen gnr. 58, bnr. 2. Planområdet på land er om lag 1,8 daa og planområdet i sjø er på om lag 3,3 daa. 5.2 Arealbruk i dag og tilgrensande arealbruk Den planerte delen av planområdet er i dag bare grovplanert. Det er heller ikkje ferdig dekke på tilkomstvegen. Arealet er som følgje av dette lite brukt. Den ikkje planerte delen av planområdet er bratt og lite tilgjengeleg og er heller ikkje i bruk. Tilgrensande inste delen av Limbuvika er ein del av eit småbruk som i tillegg til gardsdrift har eit besøks- og fritidstilbod. 5.3 Stadkarakter Eksisterande busetnad ligg mykje høgare og tilbaketrekt frå sjøen. Det er liten visuell kontakt mellom planområdet og busetnaden som er spreidd i området. Sjølve tomteområdet ber preg av å vera uferdig. 5.4 Landskap Landskapet er bratt og frå naturen si side lite tilgjengeleg frå landsida. Den ytste delen av Limbuvika er lite prega av inngrep. Dei utsprengte flatene er så gamle at dei går inn som ein del av naturlandskapet. Kaifrontar er av mura naturstein. Inne i Limbuvika er det anlagt ei båthamn på fyllingsmolo med kaifront av tre og med flytebrygge inn/ut i vågen. Det er sett opp bygningar/skur i strandkanten, og strandflata blir nytta til opplag av småbåtar. Sørsida ytst i Limbuvika er ein bratt fjellskrent som understreker naturpreget i denne delen av vågen. Planområdet vender mot sør og vest. Det er ingen terrengformasjonar utanfor planområdet som skyggar for sola. Dei bratte fjellskrentane luner for vinden, og det er frodig vegetasjon der det er jord for plantar å voksa i. Det er i dag ingen spesielle estetiske verdiar å ta vare på. Det vil tvert imot vera ein fordel at uferdige anlegg blir fullførte, at arealbruken blir strama opp og at bygg og anlegg får form og materialval som står i forhold til lokal byggeskikk

7 5.5 Kulturminne og kulturmiljø Området er omtala som følgjer i kommunedelplanen for kulturminne og kulturmiljø: Vikanes, gnr 58 Vikanes ligg på neset mellom Sagvågen og Dyvikevågen. Garden går til skiftes med Nysæter i aust og med Dyvik i nord. Elles grensar han til sjøen. På Vikanes har vore både marmorbrot og kalkbrot. I Limbuvik var det kalkomn. Oberstløytnant Montague Lillienschold dreiv ut marmor kring På Vikanes var det frå gammalt tre husmannsplass: Limbuvik, Jensanes og Sætre. På Jensanes sette Otte Ånenson Vikanes seg til som bygslar kring Sonen Otte Ottesen tok til med skipsverv i Etter det har det vore samanhengande drift på området. Frå 1970-åra er det bygt ut fleire bustadfelt på Vikaneset. Vi kjenner ikkje til spesielle verneomsyn knytt til anlegg i området. 5.6 Naturverdiar I Naturbase dokumentasjon Biologisk mangfald heiter det om «BN , Limbuvik: Limbuvik er ei lita bukt på austsida av Dyvikvågen. Lokaliteten omfattar ein liten edellauvskog på kalkhaldig berggrunn nord for bukta. Det er mest ask og hassel i tresjiktet, men også nokre bjørker. Bergflette er dominerande både på bakken og klatrande i trestammar, typisk for skog på kalkstein. Karakterartar for kalkrik grunn, både i skogen og i kantsona er blåstorr, vill-lin og stortveblad. Inngrep/trugsmål: Bygging av naust og veg på vestsida av lokaliteten. Verdivurdering: Frodig, liten edellauvskog på kalkgrunn, men lokaliteten er liten og det er ikkje funne spesielt sjeldne artar her, difor blir verdien vurdert som lokal (C). Tillegg: Det er gjort funn av fossilar på lokaliteten. Austsida av Dyvikvågen er kjend som eit klassisk og rikt fossilområde, kartlagd av Hans Reusch i 1880-åra. Området er mykje brukt til ekskursjonar.» 5.7 Rekreasjonsverdi/ rekreasjonsbruk, uteområde Planområdet er frå naturen si side lite tilgjengeleg frå landsida. Det er vegen ned til utbyggingsområdet som gjer det mogleg å koma til sjøen. Framtidig verksemd i dette området vil setta grenser for i kor stor grad området kan ver ope for allmenn ferdsle. Det er stort sett bare fritidsfiske frå bryggekanten som er aktuell rekreasjonsbruk. 5.8 Landbruk Det er ingen landbruksinteresser i området

8 5.9 Trafikktilhøve Det er bygd privat veg ned til sjøen frå Vikanesvegen. Vegen er bratt og smal og går gjennom tiltakshavar sitt tun. Vegdekket er dårleg, grøftene har dårleg standard og det manglar rekkverk. Det vil vera nødvendig med betydeleg opprusting og sikring Born sine interesser Næringsområdet vil ikkje vera eigna som leike- og opphaldsområde for barn Universell tilgjenge På grunn av stigningstilhøva vil utbyggingsområdet bare vera tilgjengeleg med bil Teknisk infrastruktur Det er ikkje offentleg vassforsyning og avløp i området. Dette må søkast om spesielt og eventuelt samordnast med dei løysingane som tiltakshavar elles har. Det må førast fram straumleidning frå eksisterande nett. Ny nettstasjon med tilhøyrande høg- og lågspente installasjonar er under planlegging Det er ikkje aktuelt med alternativ energi eller fjernvarme for eit so lite utbyggingsområde Grunntilhøve Alle bygg og anlegg vil bli fundamentert på fast fjell eller steinfylling på fast fjell. Det er ingen grunn til å rekna med fundamenteringsproblem Støytilhøve Limbuvika ligg i inn- og utflygingssona til flyplassen på Sørstokken. I reguleringsplanen for flyplassen er det regulert bustadar på høgdedraget ved Limbuvika. Det er derfor ikkje grunn til at det er støy som er til vesentleg ulempe for næringsverksemd heilt nede ved sjøen Luftforureining Ikkje ein aktuell problemstilling 5.16 Næring Tiltakshavar ynskjer å legga tilhøva til rette for sjøretta næringsverksemd, t.d. service til fiske eller havbruk. Det er og ynskjeleg å kunna gjera nytte av hamne- og djupnetilhøva slik at det kan ligga større båtar til land

9 6 Skildring av planforslaget 6.1 Planlagt arealbruk Området er planlagt for næringsverksemd med hovudtilkomst frå sjøen. Det er derfor ynskjeleg å kunna utvikla eit fullverdig hamneanlegg som kan nyttast av farty i alle aktuelle oppdrag. Med spesielle verneomsyn knytt til det faste fjellet er det ikkje rekna med utviding av planert areal for bygg, anlegg eller hamneføremål, men det er lagt opp til å nytta den bratte fjellsida for fortøying av skip i kortare eller lengre periodar. I reguleringsføresegnene er dei spesielle verneomsyna sikra mot øydelegging eller varig nedbygging. Denne reguleringsmessige løysinga må sjåast i samanheng med planar for framtidig verksemd i området, med tilbod av ulike typar tenester. Opplag av farty: Dette er farty som er ute av drift i kortare periodar mellom oppdrag eller i påvente av nye oppdrag og helst i kortare periodar på nokre månader. Fartya vil på kort varsel kunna bli tatt ut av opplaget, noko som føreset at dei til ei kvar tid er «ship shape». Vi har skjerma hamn med sikker fortøying nær hovudfarlei, nødvendig tilsyn, vedlikehald, tilgang til vatn frå land og høve til å ta ombord proviant og anna nødvendig utstyr. Det blir lagt fram straum til området (240 mm Al kabel) i tillegg til eksisterande straum (25 mm Al kabel), til saman ca 300 A, 230 V. Dersom det er behov for 400 V kjem trafo i tillegg, og vi kan då levera ca 120 kw til saman. Vi ser for oss å kunna ta i mot ulike typar farty. Felles for desse er at dei er sjødyktige og derfor oppfyller alle aktuelle miljøkrav som er gitt i reguleringsplanen. Servicearbeid, t.d. til oppdrettsnæringa: Dette vil vera lagring og vedlikehald av utstyr som blir brukt til oppankring av oppdrettsanlegg (tau, kjetting m.m.) Det kan vidare vera utstyr som blir brukt til vasking av merdar i sjøen (høgtrykksspyling). Vi kan og vera interesserte i å ta del i etablering av ei beredskapsordning for gjenfangst av rømd fisk og på sikt å utvikla tilbod innanfor mekaniske fag med sveising, montering og overflatebehandling. For å driva med serviceoppdrag til oppdrettsnæringa trengst ein eigna båt på m). Lagring av utstyr: Dette kan vera utstyr som blir frakta til eller henta med skip, t.d. konteinarar med utstyr for oljevern (Kystverket), utstyr for gjenfangst av rømd oppdrettsfisk, utstyr til Nordsjøen og anna utstyr som må vera lett tilgjengeleg frå sentral plass i fjordsystemet. 6.2 Gjennomgang av aktuelle reguleringsføremål Gjeldande kommuneplan. Planområdet er noko utvida langs stranda mot nord i forhold til kommuneplanen. Dette er gjort for å få plass til feste for fenderar på fjellveggen og eventuelle pullertar til fortøying av skip. Dette er følgd opp med «strenge» arealføremål og reguleringsføresegner for å sikra dei spesielle verneinteressene som er knytt til fossilane. Denne arealbruken er vurdert å vera i samsvar med arealbruken som er godkjent i kommuneplanen for området. Det planerte området er i gjeldande kommuneplan føreslått regulert til LNF-spreidde næringsbygningar (5230). I herverande reguleringsplan er det lagt opp til ei meir detaljert regulering av arealbruken i samsvar med utbyggars interesser. Med grunnlag i innkomne merknadar har vi vurdert det som ynskjeleg å ha reguleringsføresegner som gir klare retningsliner for arealbruken når det gjeld bygning og deler av området, t.d. fjellskjeringa bak bygningen

10 6.2.1 Område for næring/tenesteyting Føremålet er nytta for den byggetomta der det er sett opp murar frå før. Det er viktig å ha eit reguleringsføremål som opnar for mange ulike aktivitetar tilpassa marknaden og utbyggars interesser og kompetanse Veg Det er lagt opp til ein veg med kjørebanebredde på 3,0 m. Dette er i det minste, men utviding vil føresetta sprenging eller fylling inn til eksisterande grunnmur Hamn Føremålet er nytta for uteområdet på land som vil bli nytta til fortøying, tillegging av båtar, transport, arbeid og lagring og parkering. På det området som alt er planert kan det vera aktuelt å legga fast dekke, og det kan vera aktuelt å setta opp mellombels bygningar dersom det skulle bli behov for dette LNF - Område med spesielle landskapsomsyn Deler av området er i kommuneplanen vist som LNF-område. Dette er ført vidare for så vidt gjeld dei områda der det skal leggast spesiell vekt på verneomsyna som er knytt til geologien i området Hamneområde i sjø Det er nødvendig å sikra eit område for manøvrering og fortøying/ankring utanfor kai og flate for å ligga til land med skip. 6.3 Plassering av bygning og utforming Plassering Bygning er sett oppå eksisterande murar slik at føremålsgrensa følgjer murane Høgder for busetnaden Dei spesielle naturvernomsyna gjer at grunnarealet blir minimumsfaktoren for næringsverksemd i området. Slik bygningen er plassert ligg han tett opp mot ein høg bakgrunn, noko som vil ta vekk høgdeverkanden av eit høgt bygg. Det er her lagt opp til eit bygg i tre høgder medrekna loft. Bratt takvinkel vil gi god utnytting av loftshøgda Grad av utnytting (vegleiar) Forskrift Grad av utbygging blir rekna som grunnflate av bygningar i forhold til byggegrunn til rådvelde. Det har lite for seg å rekna i forhold til størrelsen på eigedomen eller planområdet. Grunnflaten på bygning er ca 100 m². Vi reknar område for tenesteyting/service og det planerte hamnearealet som aktulle byggegrunn. Vi får då BYA på ca. 15 % Sum arbeidsplassar, sum m² næringsareal Det er lagt opp til ei verksemd med frå 1 til 5 arbeidsplassar

11 6.4 Parkering Det er ikkje planlagt spesielle areal som parkeringsplassar. Hovudtilkomst er sjøvegen, og bilbruken ned til området vil bli tilpassa kva areal som til ei kvar tid er til rådvelde, verksemda på landområdet og ver- og føreforhold i forhold til bratt tilkomst. 6.5 Tilknyting til infrastruktur Det vil bli lagt vassleidning i vegen frå bustaden og ned. Det vil bli søkt om løyve til utslepp frå avløpsanlegg, og det vil bli sett opp leidningsstrekk for straum og telekommunikasjon. 6.6 Trafikkløysing Køyretilkomst Vegen vil bli rusta opp med vegdekke, rekkverk og djupe sidegrøfter Utforming av vegar Vegen vil bli rusta opp til 3 m kjørebanebreidd. Vegen er for bratt (inntil 200 ) men det er lite å gjera med det med dei restriksjonane som gjeld for inngrep i lendet Krav til samtidig opparbeiding Vegen må rustast opp med rekkverk før det blir gitt løyve til å ta i bruk bygningar for næringsføremål. 6.7 Universell utforming På grunn av stigningstilhøva er einaste universelle tilkomst med bil. 6.8 Kulturminner Det er i reguleringsføresegnene tatt atterhald om moglege funn i framtida. 6.9 Plan for avfallshenting Avfall må transporterast vekk med bil eller båt. Det er ikkje veg for offentleg renovasjon 6.10 Rekkjefølgjekrav I reguleringsføresegnene er det stilt krav om sikring av vegtilkomsten

12 7. ROS analyse 7.1 Føremål og omgrep Føremål Føremålet med risiko- og sårbarhetsanalyser er å utarbeida eit grunnlag for planleggingsarbeidet slik at beredskapsmessige omsyn kan integrerast i den ordinære planlegginga, og at det kan gi betre grunnlag for beredskaps- og kriseplanlegging i samfunnet. Omgrep Risiko. I norsk standard NS 5814 blir risiko definert slik: Uttrykker den fare som uønskede hendelser/tilstander representerer for mennesker, miljø eller materielle verdier. Risikoen uttrykkes som sannsynligheten for, og konsekvenser av de uønskede hendelsene. Sårbarhet er eit uttrykk for eit system si evne til å fungera og oppnå måla sine når det blir utsett for påkjenningar (DSB) Sannsyn er eit uttrykk for kor hyppig ei hending kan ventast å inntreffa. Vurderinga må bygga på kjennskap til lokale tilhøve, røynsler, statistikk og anna relevant informasjon. Konsekvens er mogeleg verknad av ei hending. 7.2 Mogelege uønskte hendingar Naturgitte forhold Skredfare Planområdet ligg ikkje innanfor aktsemdsområde for steinsprang, snø-, sørpe- eller lausmasseskred av noko slag frå naturleg terreng. I samband med opprusting av vegen er det aktuelt å vurdera sikring av murar og fjellskjeringar. Geoteknikk Alle bygg og anlegg vil bli fundamentert på fast fjell eller steinfylling på fjell. Det er ikkje grunn til å rekna med fundamenteringsproblem av noko slag. Flaum Det er ikkje bekkeløp gjennom planområdet. Bakanfor- og høgareliggande lende vil ikkje vera nedbørfelt med oppsamlande funksjon. Ved stor regnintensitet kan det vera fare for erosjon av vegdekket i den bratte bakken. Det kan vera aktuelt å sikra grøfter med fast dekke i vassløp mellom fjell og veg. Dette vil føra til «flaumbekk» i veggrøfta, men her ligg tilhøva særsgodt til rette for flaumløp rett i sjøen. Havnivåstigning og stormflo

13 Røynsler frå dei siste 30 åra seier at det fleire gonger har vore springflo til over kote 1,50. Estimat for landheving, havstiging og stormflo viser at det på Stord kan bli merkbart høgare vasstand ( cm i 2050) under ugunstige vilkår. Golv i bygningar bør i utgangspunkt ikkje ligga lågare enn minimum kote 2,5, men dette bør kunna fråvikast avhengig av aktivitet på golvet. Elektriske leidningar og materiale som ikkje toler vatn må ikkje monterast lågare enn kote +2,5. Klima Når det gjeld framtidig utvikling av klima er det i forskinga lagt til grunn at både nedbørsmengd og temperatur vil stige. I gjennomsnitt for Norge reknast årsnedbøren å auke med 5 til 30 prosent mot slutten av århundret. Vinternedbøren kan auke med over 40 prosent i deler av Aust-, Sør- og Vestlandet mot slutten av århundret. Sommernedbøren på Sør- og Austlandet blir vurdert å avta mot slutten av århundret. Elles reknar ein med at nedbøren vil auke for alle årstider og i alle regionar. Den store naturlege variabiliteten kan likevel føre til at man lokalt kan oppleve periodar frå nokre år til nokre tiår med redusert nedbør. (klima i Norge2010). Variasjon i nedbørsmengda vil bety lite for planområdet. Vind og bølgjer Planområdet ligg skjerma til mot Dyvikvågen som er skjema mot Stokksundet med tre holmar mot vest. Det er ingen røynsler som tilseier at bølgjer er problem i planområdet. Isgang Is er i liten grad eit problem i området Plante- og dyreliv Det er ikkje registrert trua artar av noko slag i dei aktuelle databasane Infrastruktur Vegar Frå kaien og opp til bakketoppen er gjennomsnittleg stigning på 1 : 5 eller 200. Den nedste delen har stigning på 230, noko som gjer vegen lite eigna for tungtransport. Under slike tilhøve må næringsverksemd ved sjøen vera basert på tungtransport sjøvegen og der bruk av vegen i utgangspunktet er innretta mot personog varetransport med liten bil. Det vil vera nødvendig å setta opp sikring mot utforkjøring i sjøen. Kraftliner og transformatorar Det er ingen høgspentliner gjennom planområdet. Industri og næringsliv i nærmiljøet Det er ikkje slike verksemder i nærområdet

14 Støy Planområdet ligg i inn- og utflygingssona for Sørstokken lufthamn. Forhold knytt til dette er vurdert i reguleringsplanen for flyplassen Prosjektgitte forhold Båtar/brygger Med båtar og brygger vil det alltid vera ei fare for at nokon skal falla i sjøen. Det er vanskeleg å sikra seg mot dette med t.d. rekkverk, men utstyr som landgangar kan vera sikra. Skrentar Skjeringar som grenser til området vil ikkje bli sikra. Desse er og lite tilgjengelege. Utslepp til sjø Det vil alltid vera ei viss fare for at det kan skje uhell der olje og liknande kjem på avvegar. 7.3 Kriteria for rangering av sannsyn Det er nytta same kriteria for inndeling av uønskte hendingar i sannsyn og konsekvens som i den overordna ROS-analysen for Stord kommune. Intervall og kriteria er oppdaterte slik at dei stettar krava i teknisk forskrift (TEK 10). Fylgjande inndelingar for sannsyn skal nyttast: Begrep Svært sannsynleg (5) Sannsynleg (4) Intervall Meir enn ei hending kvart 20. år Mindre enn ei hending kvart 20. år, men meir enn ei hending kvart 200. år Noko sannsynleg Mindre enn ei hending kvart 200. år, men meir enn ei hending kvart år (3) Lite sannsynleg (2) Mindre enn ei hending kvart år, men meir enn ei hending kvart år Usannsynleg (1) Mindre enn ei hending kvart år

15 7.4 Kriteria for rangering av konsekvensar Konsekvensane for liv og helse, miljø, økonomi og materielle verdiar, drift, produksjon og tenesteyting, samfunnsviktige funksjonar og truverde/omdømme, er vurdert etter fylgjande begrep: Ubetydeleg Ein viss fare Alvorleg/farleg Kritisk Katastrofal Fylgjande inndelingar for konsekvens skal nyttast: KONSEKVENS MENNESKE VEKT KATASTROFALT 5 Meir enn 5 døde, eller 25 alvorleg skada (KBP nivå 3) KRITISK 4 Inntil 5 døde, eller fare for inntil 25 alvorleg skadde personar. (KBP nivå 2) ALVORLEG 3 Inntil 10 alvorlege personskadar, eller mange mindre personskadar, men med sjukefråver. Vesentlege helseplager og ubehag. (KBP nivå 2) EIN VISS FARE 2 Mindre skader som treng medisinsk handsaming, evt. Kortare sjukefråver. (KBP nivå 1) UBETYDELEG 1 Ingen eller små personskader. (KBP nivå 1) YTRE MILJØ (LUFT, JORD, VATN) Varig større skade på ytre miljø Alvorleg skade av mindre omfang på ytre miljø, eller mindre alvorleg skade av stort omfang på ytre miljø Store skadar på ytre miljø, men som vil utbetrast på sikt. Mindre skader på ytre miljø, men som naturen sjølv utbetrar på kort tid. Ingen eller ubetydeleg skade på ytre miljø. MATERIELLE VERDIAR Skadar for meir enn kr Skadar mellom kr Skadar mellom kr Skader mellom kr Skader for inntil kr

16 7.5 Risikomatrise RISIKO = SANNSYN X KONSEKVENS RISIKOMATRISE Konsekvens Ufarleg Ei viss fare Alvorleg Kritisk Katastrofalt Sannsyn Vekt Særs sannsynleg Mykje sannsynleg Sannsynleg Mindre sannsynleg Lite sannsynleg Standard risikodiagram som skal nyttast i analysearbeidet Risikodiagram (som gir et bilde av hvilken risiko de forskjellige uønskede hendelser/årsaker representerer) Sann- Konsekvens syn Ubetydeleg En viss fare Alvorleg Kritisk Katastrofalt Svært sannsynleg Sannsynleg Noko sannsynleg Lite sannsynleg Usannsynleg

17 7.6 Akseptkriteria Ved gjennomføring av ROS-analyse for nye utbyggingsområde skal det leggjast til grunn følgjande akseptkriteria: Tilhøve raude felt Hendingar i raudt felt medfører uakseptabel risiko. Her må risikoreduserande tiltak gjennomførast. Elles må det gjennomførast meir detaljert ROS-analyse for eventuelt å avkrefta risikonivået. For tiltak i raude felt skal det utarbeidast ROS-analyse før tiltak kan godkjennast. Tilhøve gule felt For hendingar som ligg i gul sone må det gjennomførast tiltak for å redusera risikoen så mykje som råd er. Det kan vera naturleg også å leggja ein kost-nytteanalyse til grunn for vurdering av endå fleire risikoreduserande tiltak. I gul sone skal kommunen krevja ROS-analyse. I utgangspunktet er hendingar i grøn sone akseptabel risiko, men fleire risikoreduserande tiltak av vesentleg karakter skal gjennomførast når det er mogeleg ut frå økonomiske og praktiske vurderingar. Om det skal gjennomførast ROS-analysar i grøne områder må vurderast i den einskilde regulerings- og/eller byggesak. Tilhøve grøne felt Tiltak med risiko mellom 1 og 4 er akseptabel Tiltak med risiko mellom 5 og 12 (miljø/materielle verdiar) eller 5 6 (liv og helse) krev risikoreduserande tiltak Tiltak med risiko mellom 15 og 25 (miljø/materielle verdiar) eller 8 25 (liv og helse) er uakseptable

18 7.7 Uønska hendingar med moglege tiltak Steinsprang Skjeringar og murar må vurderat med tanke på sikring med boltar eller nett Flaum på vegen Grøftene må sikrast mot erosjon av vegbanen Stormflo Utstyr og installasjonar må plasserast med tanke på rask evakuering Utforkjøring Det må settast opp rekkverk mot utforkjøring Personar fell i sjøen frå båtar eller bryggjer Entring av og på båtar og opphald på brygger vil over tid føra til at nokon dett i sjøen. Dette kan ikkje hindrast med aktuelle fysiske tiltak, men det kan leggast til rette med leiderar for å koma på land att og med tilgjengeleg redningsutstyr som kastebøyer og liner Brann i bygning eller båtar Det vil vera nødvendig å stilla strenge branntekniske krav til tilgjengeleg sløkkeutstyr.det er lett å koma til sjøen med ei pumpe om det skulle vera ynskjeleg Utslepp Det vil alltid vera ei viss fare for oljesøl som følgje av at til dømes ein slange under trykk blir sprengt. Dette vil i så fall vera små mengder som ein oftast får samla opp på land

19 LIV OG HELSE Uønska hending Sannsyn Konsekvens Risiko Aktuelt tiltak Steinsprang Bolting, nett Utforkjøring Rekkverk Personar fell i sjøen Leiderar, redningsutstyr Brann Førebyggande tiltak, sløkkeutstyr MILJØ OG MATERIELLE VERDIAR Uønska hending Sannsyn Konsekvens Risiko Aktuelt tiltak Steinsprang Bolting, nett Flaum på vegen Djupe grøfter, sikring mot erosjon Stormflo Evakuering Utforkjøring Rekkverk, strøing om vinteren Vind og bølgjer Beredskap Brann Førebyggande tiltak, sløkkeutstyr Ureining Førebyggande tiltak

20 8 Verknadar/ konsekvensar av planforslaget 8.1 Overordna planar Planen er i samsvar med overordna plan 8.2 Landskap Det vil ikkje bli gjort nye inngrep i landskapet. Fortøyingspullertar, landfaste fendersøyler og kaiar og kaidekke av tre vil ikkje prega landskapsbiletet, og heller ikkje føra til varige skader. 8.3 Stadkarakter Utbygginga som er vist i planen vil gjera at området kan ferdigstillast og takast i bruk. Dette vil ha positiv verknad for landskapsbiletet. 8.4 Kulturminner og kulturmiljø, evt. verneverdi Reguleringsføresegnene sikrar at det ikkje blir gjort nye inngrep i fjellformasjonane og at fristilte flater vil vera tilgjengelege også i framtida. 8.5 Tilhøvet til krava i kap. II i Naturmangfaldlova Kommunen skal vurdera planen etter prinsippa i 8 til 12 i naturmangfaldlova, j.fr. 7 i same loven. Det er ikkje registrert trua artar av noko slag i dei aktuelle databasane. Kravet til kunnskapsgrunnlaget ved vurdering skal sta i eit rimeleg forhold til saka sin karakter og risiko for skade på naturmangfaldet, j.fr. 8. Risiko for skade på naturmangfaldet er vurdert a vera liten da det er snakk om små tiltak. Det er ikkje noko som skulle tilseie at det i planområdet eksisterer artar eller naturtypar som ikkje er registrert i dei databasane vi har nytta, og som vil bli vesentleg negativt påverka av tiltaket. Føre-var-prinsippet i 9 vil derfor ikkje bli tillagt stor vekt. Vidare vurderer vi det slik at tiltaket ikkje vil føra til ein auka belastning på økosystemet, j.fr Rekreasjonsinteresser/ rekreasjonsbruk Bygningar eller aktivitetar vil ikkje vera til hinder for fritidsbruk av tilstøytande område. Areal som er regulert og tatt i bruk til næringsføremål vil vera å likna med innmark der det ikkje utan vidare er fri ferdsle for ålmenta. Det har sjølvsagt samanheng med at slik ferdsle kan medføra risiko for den det gjeld samstundes som det kan vera til skade/ulempe for verksemda. Det er ikkje planlagt verksemd som gjer det nødvendig å stenga av området, men det vil vera nødvendig og naturleg å ta kontakt med den som har ansvar for området og gjera avtale om besøk eller synfaring. 8.7 Trafikktilhøve Trafikk til og frå området vil ikkje føra til problem for anna verksemd

21 8.8 Teknisk infrastruktur Det er aktuelt å styrka straumtilførsla til området 8.9 Konsekvensar for næringsinteresser Reguleringsplanen legg grunnlag for næringsmessig utnytting av eit område der det til nå ikkje har vore aktivitet Avveging av verknadar Tiltaket har ei klar overvekt av positive verknadar

22 9 Innkomne merknadar 9.1 Merknadar til oppstartsmeldinga Statens vegvesen, Ingen merknadar til oppstartmeldinga. Kystverket, Ser positivt pål arbeidet som er sett i gong, og minner om at det ikkje må settast av større areal i sjø til enkeltinteresser enn det som er strengt nødvendig. Det må heller ikkje planleggast tiltak som kan hindra ferdsla. Kommentar: Det er regulert eit område på 25 m utanfor kailina. I innløpet til Limbuvika er dette omådet redusert til 1/3 av breidda på sundet. Når det gjeld framtidig forhold til hamne- og farvasslova er dette ivareteke i 2.2 i reguleringsføresegnene. Fylkesmannen, Ber om at ein reduserer næringsutbygginga til det området som alt er planert ut. Kommentar: Dette er følgd opp i planforslaget. Vikanes Velforeining, : Ber om ei vidare utgreiing av bruken av arealet, og ber særleg om at det blir lagt vekt på dei trafikkale utfordringane. Velforeininga gjer merksam på verdien av fossilane og at området blir nytta av skular og andre til ekskursjonar. Kommentar: Det er gjort greie for framtidig bruk av planområdet i plandokument og reguleringsføresegner. Området er, på grunn av den særs bratte tilkomsten, lite eigna til verksemd som skapar trafikk på land. Dette blir vurdert å vera eit lite problem. Fossilane er ivaretekne i samsvar med dei krava som fagstyresmaktene har stilt. Framtidig bruk til ekskursjonar og andre vitskapelege føremål vil vera mogleg i samarbeid med og tilpassa den verksemda som er på området

23 Margareth og Torbjørn Mjønes, : Ber om ei utgreiing av bruken av arealet og viser til at dei driv sjøtransport som er avhengig av tilflott til eigedomen inst i vika. Dei viser og til deira næringsverksemd knytt til fossilførekomstane på m.a. bnr. 2. Kommentar: Det er gjort greie for framtidig bruk av planområdet i plandokument og reguleringsføresegner. Tilflott er viktig for alle eigedomar som ligg til sjøen. Bruk av eigedomar som ligg til same sjøvegen må ta omsyn til andre sin bruk av sjøvegen. Trafikk forbi bnr. 2 inn til Limbuvika må ta omsyn til verksemda på bnr. 2 på same måten som bnr. 2 må ta omsyn til tilflott inn i Limbuvika. Det er i planen lagt opp til at 1/3 av sundet blir regulert til verksemd knytt til bnr. 2. Det er viktig at 1/3 i midten av sundet er open for fri ferdsle. Næringsverksemd på bnr. 2 vil føra til restriksjonar på annan bruk av arealet. Dette er heilt nødvendig av tryggleiksomsyn. Fossilane er i reguleringsplanen ivaretekne i samsvar med dei krava som fagstyresmaktene har stilt. Tilgang til fossilane må sjølvsagt avtalast med grunneigar/den som har ansvar for næringsverksemda på området. Det er ikkje sjølvsagt at fossilane utan vederlag nyttast kan nyttast i andre si næringsverksemd. Hordaland fylkeskommune, regionalavdelinga, : Ber om at planlegginga legg til grunn regionale planar og overordna omsyn knytt til strandområda. Viser til kjelder for nærare informasjon. Kommentar: Planen er utarbeidd i samsvar med kommuneplanen. Sunnhordland Kraftlag SKL, : Opplyser om at ytterlegare auke i elforbruket i området føreset at det blir etablert ny nettstasjon med tilhøyrande høg- og lågspente installasjonar og at deler av jobben alt er planlagt. Det kan bli aktuelt at utbyggar må betala eit anleggsbidrag. Kommentar: Opplysningane blir tatt til etterretning. 9.2 Merknadar ved høyring/offentleg ettersyn Hordaland fylkeskommune, regionalplanavdelinga Fråsegn dagsett : Ikkje friluftsinteresser eller biologisk mangfald i området Det kalkrike fjellet inneheld fossilar Området utanfor det utfylte området er vist som område for særlege landskapsomsyn Har i dag ikkje kjennskap til automatisk freda kulturminne i planområdet

24 Bergen Sjøfartsmuseum kjenner ikkje til kulturminne ved gnr. 58, bnr. 2 som kan bli direkte råka av omsøkt tiltak Konklusjon: Føresegnene ivaretek landskapsomsyn i strandsona Museet har ingen merknadar til planen Minner om meldeplikt etter kulturminnelova 8, 2. ledd Hordaland fylkeskommune har ingen vesentlege merknadar til planforslaget Kommentar: Det er ingen konflikt i høve til dei interessene som er vurdert i denne fråsegna. Meldeplikt etter kulturminnelova er elles tatt inn i reguleringsføresegnene, 2.6 Fylkesmannen i Hordaland Fråsegn, ikkje dagsett, frå kommunal- og samfunnsplanavdelinga: Konklusjon: Fylkesmannen har ingen merknadar til saka. Kommentar: Det er ingen konflikt i høve til dei interessene som er vurdert i denne fråsegna. Statens vegvesen Fråsegn dagsett : Konklusjon: Planområdet ligg ikkje til riks- eller fylkesveg og fører ikkje til krav om tiltak ppå dette vegnettet. Statens vegvesen har ingen merknadar. Kommentar: Det er ingen konflikt i høve til dei interessene som er vurdert i denne fråsegna. Hamnesjefen Fråsegn, e-post ikkje dagsett: Ein må ikkje sperra 1/3 av sundet ved næringsverksemd knytt til sjø, kai og opplagsplass. Det er eit lite sund som ikkje må/bør rørast

25 Hamnesjefen synest ikkje at plassen er ein eigna opplagsplass for mindre og noko større fartøy Dette er ei naturperla som ikkje bør brukast som opplagsplass Kommentar: Reguleringsplanen gir ikkje høve til sperring av Limbuvika med utfylling eller andre varige konstruksjonar, men legg opp til at ein tidvis kan fortøya båtar som reduserer seglingsløpet med inntil 1/3. På det smalaste vil gjenverande innsegling i så fall vera ca. 14 m. Etter sjøkartet (Temakart Rogaland) er sundet djupast på sørsida. Til samanlikning er det etter kartet lagt opp ei fylling på 9 m med attverande seglingsløp på 12,5 m lenger inne i vågen. Det er lenger inne i vågen, forbi planområdet, at vågen er smal. Omsynet til forsvarleg manøvrering her vil truleg vera meir avgrensande for båttrafikk enn seglingsløp på 14 m. Uansett vil det ikkje vera rett å einsidig prioritera tilflott til innanfor liggjande eigedomar slik at dette går ut over eigedomar som ligg lenger ute i vågen. Det går ikkje klart fram kva som er grunngjevinga for at plassen ikkje er ein eigna opplagsplass for mindre og noko større fartøy. Det er i kommuneplanen lagt opp til ei viss utvikling av arealet til næringsføremål. Fråsegnene frå fylkeskommunen og fylkesmannen som fagstyresmakter for friluftsliv og naturvern tyder på at det i reguleringsplanen er tatt vel omsyn til at Limbuvika er ei naturperle. Torbjørn Mjønes Sjøtransport, gnr. 58, bnr. 24 og 341 Fråsegn dagsett : Reguleringsplanen vil skapa problem for vidare drift og utvikling av selskapet Ved sterk vind er området som er foreslått regulert nødvendig å bruke for å kome til kai med båt Drifta kan medføre stor fare for forureining i form av støyplager og utslepp Kommentar: Eigar av gnr. 58, bnr. 2 har ein sjølvsagt rett il å nytta sjøareal utanfor sin eigedom. Dersom det skulle oppstå konflikt om arealbruken, må dette løysast på ein måte som tar omsyn til alle partar. Dette er i planen gjort ved at det er framlegg om at 1/3 av sundet følgjer landsida på gnr. 58, bnr. 2. Det vil vera naturleg at 1/3 følgjer den andre landsida og at 1/3 i midten kan vera ope og fritt tilgjengeleg for tilflott til alle eigedomar og allmenn ferdsle. Dersom det ikkje er mogleg å kome til kai utan å ta seg til rette på naboeigedomen gnr. 58, bnr. 1, må dette få konsekvensar for klagars drift av selskapet heller enn ved å gjera uheimla inngrep i gamal rett til tilflott. Påstanden om fare for forureining er ikkje grunngjeven eller sannsynleggjort på annan måte. Vi viser til reguleringsføresegner og ROS-analysen der desse tilhøva er tatt omsyn til. Mjønes småbruk og fritid, gnr. 58, bnr. 24 og

26 Fråsegn dagsett : Opplagring av store båtar kan ha noko å sei for dei unge besøkjande sine opplevingar Fare for ureining dersom ein slange under trykk blir sprengt Det blir stilt spørsmål ved det estetiske i området Klagar synest ikkje noko om at området stort sett blir gjort utilgjengeleg for almenheten utan avtale med grunneigar Klagar nyttar aldri området i si næring, men det blir besøkt av tilreisande, studentar og skular Avisartikkel og bilete som viser verksemd i Vaksdal kommune Kommentar: Båtar i opplag eller for den saks skuld anna næringsverksemd kan ha noko å sei for dei unge besøkande sine opplevingar. Det er ikkje sjølvsagt at alle andre synsinntrykk enn urørt natur er negativt. Tvert om kan båtar og anna verksemd vera spanande og positiv oppleving for ferierande born. Faren for ureining som følgje av verksemd er kommentert i nr. 5 ovanfor. Kommuneplanen opnar for ei viss utvikling av arealet til næringsføremål. Både i plankart og reguleringsføresegner er det lagt opp til at verksemda skal tilpassa seg landskapsbiletet. Vi viser her til fråsegner i nr. 1 og 2 ovanfor, frå fagstyresmaktene for friluftsliv og naturvern. Vi registrerer at klagar ikkje synest noko om at grunneigar på gnr. 58, bnr. 2 tar ansvar for kva som går føre seg på eigedomen sin. Vi har vanskeleg for å forstå kva dette har med reguleringssaka å gjera. Ivaretaking av tryggleiksomsyn er ikkje det same som at området blir stengt for besøkande. Tryggleik vil vera til fordel for alle partar, også tilreisande, studentar og skular. Det er vanskeleg å sjå kva den vedlagte avisartikkelen har med denne saka å gjera anna enn på usakleg måte trekka tiltakshavar sine hensikter i tvil. Denne forma for argumentasjon har ingen plass i kommunal saksbehandling Omega Areal AS Rev RBO