Evaluering RET101 vår 2012

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Evaluering RET101 vår 2012"

Transkript

1 Evaluering RET101 vår 2012 Munnleg studentevaluering gjennomført med seminargruppene tysdag 8. og onsdag 9.mai i regi av seminarleiar. Emnet i høve til emneskildringa Studentane tykte undervisinga i emnet oppfylte det dei forventa ut i frå emneskildringa. Nokon var positivt overraska, då dei trudde emnet kom til å vere tørrare og meir keisamt enn det synte seg å vere. Emnet i høve til bachelorgraden Studentane på bachelorprogrammet i retorikk ser emnet som særs relevant i høve til graden. Alle studentane føler dei har fått godt fagleg utbyte av emnet, eit par etterlysar meir praktisk retorikk framfor teoretisk fokus. Pensum Det er varierande tilbakemeldingar på omfang av pensum, nokon studentar tykkjer det er alt for mykje, medan andre tykkjer det er ei grei mengde. Det verkar som om det er semje om at det derimot er eit særs omgrepstungt fag, der ein må lære seg mange omgrep på stutt tid, og der det dessuten er viktig at ein har lært desse omgrepa når ein les vidare i pensum. Det er særskilt innføringsboka, Retorikk i vår tid, som blir oppfatta som omgrepstung. Samstundes blir denne framheva som lettleseleg og interessant, og som særs relevant for emnet. Det er ikkje alle som oppfattar relevansen av artiklane i kompendiet, særskilt ikkje med tanke på faktatesten. Artiklane om kunsthistorie og nordisk retorikk blir særskilt trekt fram her. Visse av artiklane i kompendiet blir ogso trekt fram som særs vanskelege å lese. På den andre sida blir kapitla henta frå Talens rom oppfatta som relevante og interessante kompendietekster. Studentane trekk ogso fram vekslande bruk av omgrep, særskilt at elementa i Toulmin-modellen har ulike namn på RET101 og ex.phil, og at Kjeldsen i oversynet til faktatesten lagt ut på Mi Side nyttar andre omgrep enn i innføringsboka. Førelesingane Einskilde studentar ville utelatt gjesteførelesarane heilt frå førelesingsrekka då desse ikkje alltid blir oppfatta som like gode, og heller ikkje som relevante med tanke på korkje pensum eller faget retorikk. Særskilt blir førelesinga om kunsthistorie trekt fram, ingen studentar såg nokon relevans

2 her og førelesaren blir omtala som ein dårleg førelesar. Eivind Tjønneland, førelesar i nordisk retorikk, får blanda tilbakemeldingar både på formidlingsevner og innhald, medan Erling Aadland, førelesar i litteraturvitskapleg retorikk, blir trekt fram som ein særs dyktig førelesar. Andre studentar trekk fram gjesteførelesingane som dei mest interessante, då dei dekkjer tema og innfallsvinklar Kjeldsen ikkje kan dekkje, og slik blir meir inspirerande. Det er ogso ynskje om at gjesteførelesarane legg ut ljosbileta sine på MiSide. Emneansvarleg, Kjeldsen, sine førelesingar blir framheva som særs gode, godt oversiktelege, med gode døme, høgt engasjement frå førelesar og god forklaring av omgrep. Einskilde ynskjer at førelesingane hadde blitt lagt opp på ein anan måte, nokon ber om at det tydlegare blir knytt opp til pensum, medan andre ville hatt førelesingar der emne blir tekje opp meir tematisk med tanke på faktatesten. Alle studentane kjem med ynskje om at Kjeldsen indikerar tydlegare på kvar einskild ljosbilete nøyaktig kvar i pensum han har henta omgrep og teoriar frå, slik at det blir lettare å repetere og studere vidare med utgangspunkt i førelesingane. Samtlege studentar er samde om at oppsummeringsførelesingen og spørjetimen burde vore før faktatesten, då dei ikkje ser nokon verdi i det heile i å ha desse timane etter. Obligatoriske aktivitetar Det er mange varierande attendemeldingar på verdien av pensumpresentasjonar i seminargruppene nokre studentar tykkjer presentasjonane har høg læringsverdi for alle i seminargruppene, andre tykkjer dei ikkje er naudsynte. Desse hevdar at ein lærar godt det ein sjølv les og presenterar, men at ein ikkje høyrer etter når andre har presentasjon. Det er ogso fleire som meiner det er for lite tid (15 minutt) til å presentere 100 sider teoritungt stoff men her er andre usamde og meiner dette er ein viktig del av øvinga. Det er høgare semje om at systemet med tilbakemelding på presentasjonane er verdifullt. Ein trener seg i å evaluere, og å gje og ikkje minst motta kritikk. Det blei bedt om at ein skal fokusere på tlbakemeldingar på fagleg innhald framfor retorisk teknikk båe delar blir oppfatta som viktig og nyttig, men samstundes blir det ofte for stort fokus på seistnemnde. Det blei føreslått at seminarleiar er tydlegare på dette frå starten av. Han bør ogso understreke at det er forventa at alle skal lese pensum i forkant av presentasjonane. Det kom tre konkrete framlegg til endring i opplegget:

3 1) Erstatte pensumpresentasjonar og fokusere på faktatesten frå dag 1 der studentane heller får i oppgåve å lage oppgåver/spørsmål dei andre skal løyse. 2) Erstatte dagens modell der ein skal presentere 100 sider pensum med ein strammare modell, der ein skal presentere utvalte teoriar frå pensum, og nytte det konkret på empiri e.l. Oppgåvene kan godt vere av ulik karakter, men med likt omfang. Det blir her ogso bedt om betre tid til diskusjon i etterkant av slike presentasjonar. 3) Behalde dagens modell, men gå gjennom tekstane og gjere nye fordelingar. Det er om lag 100 sider til kvar student/studentpar, men det er varierande grad av både vansklegheitsgrad og ikkje minst omgrepstettleik og arbeidsmengda vil i praksis bli særs ulik. Alle studentane var samde i at dette er eit lurt grep. Å halde tale blei av alle oppfatta som særs lærerikt, relevant og morosamt. Særskilt ser studentane på dette som viktig for faget som ferdigheitsfag ein blir ein betre retor og retorikar av denne aktiviteten. Situasjonsskildringa blir framheva som den kanskje nyttigaste delen av denne aktiviteten, og å ikkje kunne svare på kommentarar blir ogso trekt fram som viktig ein lærar å lytte og lærar at andre har andre syn på ting enn ein sjølv. Den strukturerte formen for taleseminar blir trekt fram som den beste der visse benkeradar har ansvar for å kommentere ulike talefaser. Ein får slik både breiare tilbakemelding og fleire studentar snakkar. Einskilde studentar ynskjer at tala skal blir ein del av karakteren. Mange studentar tykkjer faktatesten er krevande den blir skildra som for stor/informasjonsfylt og for «nervøs» - ein gruar seg so mykje til faktatesten at ein både får ein sur studiekvardag og ikkje klarar å konsentrere seg om å forstå og anvende pensum. Då det er mange arbeidskrav i løpet av semesteret blir det trekt fram som ekstra surt at «alt» avheng av ein faktatest utan kontehøve, og det blir hevda at ein kan ha god kontroll på faget sjølv om ein stryk på faktatesten. Nokon studentar peikar attende på det dei sa tidlegare kring omgrepsrikt pensum, og meiner dette blir problematisk når ein skal hugse mange liknande omgrep og teoretikarar på ein faktatest. Ein student meiner det er for stort fokus på antikk historie og klassisk retorikk på testen (basert på hjelpeliste lagt ut av emneansvarleg), og ogso på spørsmål knytt til teoretisk retorikk han etterlyser meir fokus på praktisk retorikk. Nokon andre ynskjer obligatorisk oppgåve undervegs framfor faktatest. Eksamen

4 Fleire studentar melder at dei hadde føretrekt skuleeksamen som eksamensform i staden for emenoppgåve og faktatest, då det er eit 100-emne med stor informasjonsmengd. Einskilde meiner ogso at ei ikkje har gode nok evner i å evaluere og analysere retorikk til å skrive ei god emneoppgåve av denne typen. Andre tykkjer emneoppgåva er ein forfriskande og bra eksamensform, som gjer det kjekt å lese pensum og alt i alt fungerar fint ikkje minst får ein høve til å vere kreativ. Dei fleste studentane var ikkje nøgde med det eksisterande oversynet over fristar knytt til eksamen. Arbeidsheftet blei oppfatta som uryddig, med fristar kring innlevering av utkast, prosjektskildring etc. sto hulter i bulter det hadde vore betre med eit stutt notat med oversyn over viktige datoar i tillegg til den utfyllande informasjonen i arbeidsheftet. Studentane følte at det var sett av for stutt tid til rettleing, ingen kjente at dei fekk gjort seg ferdig med spørsmål i løpet av avsett tid. Det var ogso uvisse kring om rettleiinga er obligatorisk eller ikkje. Dessutan blei det føreslått å finne eit system for å skrive seg opp på rettleiing gjennom internett, og å halde rettleiing tidlegare i semesteret. Seminar Studentane tykte det gav inspirasjon og utbyte å ha presentasjon av emneoppgåva i seminargruppa. Dei trakk fram at dei tykte det var fint å høyre andre studentar, ikkje berre førelesar, sitt syn på oppgåva. Nokon ynskte at ein skulle ha desse presentasjonane etter rettleiing med emneansvarleg. I all hovudsak tykkjer studentane at seminara har fungert bra, men at fleire burde snakka oftare ein høyrer ofte dei same stemmene om att og om att. Det gjekk igjen at fleire studentar ynskte at det var tid til fleire gruppeøvingar av ulike slag som opna for diskusjon og debatt. Dei aller fleste meinte at for mykje tid gjekk til å presentere pensumpresentasjonar og at slike oppgåver er verdifulle både for å relatere pensum til samfunnet døme og for på generelt basis kunne nytte pensum til å tenkje sjølv. Det blei ogso framheva at slike oppgåver auka trivsel, då fagstoff blei mindre tørt og meir levande, og stemninga på seminar blei sprita opp. Dessutan meinte nokre studentar at ein fekk meir ut av seminarleiaren sine kunnskaper ved å ha slike gruppeøvingar. Eit par stykk stilte imidlertid spørsmål ved om desse øvingane var relevante i høve til eksamen. (Til vitande var dette øvingar av ulik slag, vanlegvis analyseoppgåver eller debattar der seminardeltakarane blei delt i to og utdelt eit standpunkt, som seminarleiar sjølv laga og brukte i undervisinga når det var tid etter obligatoriske aktivitetar).

5 Det kom framlegg om seminaroppgåve som nytt/alternativt arbeidskrav der studentane skriv ei kort øvingsoppgåve, leverar inn, får tilbakemelding frå seminarleiar og so gjer det same ein runde til. Administrative ting ved UiB Studentane opplevde det som vanskeleg å få kontakt med administrativ kontaktperson for emnet. Det er ynskje om eit seminarrom med vindauge. Studentane vil gjerne inne ei betre løysing kring innlevering av utkast og oppmelding til rettleiing dette er særskilt problematisk då studentane i utgangspunktet ikkje har nøkkeltilgang til korkje SVbygget eller Infomedia-instituttet, og når oppgåva skal bli levert klokka 18 og dørene stengjer klokka 16 kan det bli problem. Studentane ynskjer at både innlevering og oppmelding til rettleiing skal skje via internett. Referat: John Magnus R. Dahl, semianrleiar RET101 Amsterdam

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB. Emnekode Emnenamn Engelsk emnenamn Studiepoeng 15 Undervisningssemester Undervisningsspråk Studienivå Krav til studierett Mål og innhald Læringsutbyte/resultat Kunnskap Grunnkompetanse ITAL111 Italiensk

Detaljer

Studentane vart for ti av spørsmåla bedne om å kryssa av for eitt av fem alternativ.

Studentane vart for ti av spørsmåla bedne om å kryssa av for eitt av fem alternativ. Emnerapport haust 2018 Emnekode og navn: NORAN101-F Norsk språk som andrespråk (fjernstudium) Faglærar si vurdering av gjennomføring Praktisk gjennomføring: Tre faglærarar. Den eine faglæraren var emneansvarleg

Detaljer

Emne PROPSY309 - emnerapport 2014 Høst

Emne PROPSY309 - emnerapport 2014 Høst Emne PROPSY309 - emnerapport 2014 Høst Emneansvarlig: Hege Høivik Bye, Institutt for samfunnspsykologi Bakgrunn Emnet ble undervist første gang våren 2014 og består av fire hoveddeler 1) Teori og praktiske

Detaljer

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd? Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd? Gunhild Kvålseth 15.06.17 Innhald Innleiing... 3 Formålet med undersøkinga... 3 Status i dag... 3 Framgangsmåte...

Detaljer

GEOV272. Hvilket semester er du på? Hva er ditt kjønn? Er du...? Er du...? - Annet post bachelor

GEOV272. Hvilket semester er du på? Hva er ditt kjønn? Er du...? Er du...? - Annet post bachelor GEOV272 Hvilket semester er du på? Hva er ditt kjønn? Er du...? Er du...? - Annet post bachelor Mener du at de anbefalte forkunnskaper var nødvendig? Er det forkunnskaper du har savnet? Er det forkunnskaper

Detaljer

Organisering, demokrati og innovasjon (ODIN) Haust 2012 / Vår Evalueringsrapport. UiB/LO-Stat ODIN Haust 2012/Vår 2013

Organisering, demokrati og innovasjon (ODIN) Haust 2012 / Vår Evalueringsrapport. UiB/LO-Stat ODIN Haust 2012/Vår 2013 Organisering, demokrati og innovasjon (ODIN) Haust 2012 / Vår 2013 Evalueringsrapport 1 Innleiing Her følgjer ei evaluering av prosess og resultat for kullet som gjennomførte emnet «Organisering, demokrati

Detaljer

Easyresearch. FØREHANDSVISING Vis alle spørsmål Skru av vilkår Skru av obligatorisk Facebook Mobilenhet. Velkomen til Studiebarometeret!

Easyresearch. FØREHANDSVISING Vis alle spørsmål Skru av vilkår Skru av obligatorisk Facebook Mobilenhet. Velkomen til Studiebarometeret! Easyresearch FØREHANDSVISING Vis alle spørsmål Skru av vilkår Skru av obligatorisk Facebook Mobilenhet Velkomen til Studiebarometeret! Takk for at du vil seie di meining om studieprogrammet ditt, slik

Detaljer

KURSRAPPORT JUS124, H 2016

KURSRAPPORT JUS124, H 2016 KURSRAPPORT JUS124, H 2016 KURSANSVARLIG: Ingunn Elise Myklebust Kursrapporten er utarbeidet den 14. mars 2017 av Ingunn Elise Myklebust 1. FAGLÆRERS GENERELLE VURDERING a) Praktisk gjennomføring i. strukturen

Detaljer

STUDIEBAROMETERET 2016

STUDIEBAROMETERET 2016 Totalrapport STUDIEBARDMETEREli Antal besvarelser: 28 740 STUDIEBAROMETERET 2016 Svarprosent: 45% NOKUT) OM UNDERSØKELSEN 01 Studiebarometeret Studiebarometeret si spørjeundersøking vert presentert på

Detaljer

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane Sentralt gitt eksamen NOR0214, NOR0215 og NOR1415, 10. årstrinn Våren 2016 Åndalsnes 30.06.16 Anne Mette Korneliussen

Detaljer

Emne PROPSY309 - emnerapport 2015 Høst

Emne PROPSY309 - emnerapport 2015 Høst Emne PROPSY309 - emnerapport 2015 Høst Emneansvarlig: Hege Høivik Bye, Institutt for samfunnspsykologi Bakgrunn Emnet ble undervist første gang våren 2014 og består av fire hoveddeler: 1) Teori og praktiske

Detaljer

Emne PROPSY309 - emnerapport 2015 Vår

Emne PROPSY309 - emnerapport 2015 Vår Emne PROPSY309 - emnerapport 2015 Vår Emneansvarlig: Hege Høivik Bye, Institutt for samfunnspsykologi Bakgrunn Emnet ble undervist første gang våren 2014 og består av fire hoveddeler: 1) Teori og praktiske

Detaljer

Undersøkinga blir utført av NOKUT i samarbeid med Noregsuniversitetet på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet.

Undersøkinga blir utført av NOKUT i samarbeid med Noregsuniversitetet på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet. Velkommen til Studiebarometeret! Choose language below / velg språk nederst. Takk for at du vil seie kva du meiner om studieprogrammet ditt. Dine svar kan forbetre studiekvaliteten! Din høgskule / ditt

Detaljer

Finnøy og Rennesøy kommunar

Finnøy og Rennesøy kommunar Kommunikasjonsplan Finnøy og Rennesøy kommunar 1 1. SKILDRING AV DEN AKTUELLE SITUASJONEN... 3 2. PROBLEMANALYSE... 3 3. MÅL... 4 3.1. KOMMUNIKASJONSMÅL... 4 4. MÅLGRUPPER... 4 5. BODSKAP... 5 6. KANALAR

Detaljer

Emnerapport for FRAN 101 Fransk grammatikk Vår 2015

Emnerapport for FRAN 101 Fransk grammatikk Vår 2015 Emnerapport for FRAN 101 Fransk grammatikk Vår 2015 Studienivå: Bachelor Undervisningsspråk: Norsk Mål og innhald Emnet skal gje kunnskap om fransk språkstruktur særlig innan syntaks og morfologi. Det

Detaljer

Grunnkurs i tysk for lærarstudentar Basic Course in German for teacher students Studiepoeng 5 Undervisningssemester

Grunnkurs i tysk for lærarstudentar Basic Course in German for teacher students Studiepoeng 5 Undervisningssemester TYS100H Grunnkurs i tysk for lærarstudentar Engelsk emnenamn Basic Course in German for teacher students Studiepoeng 5 Undervisningssemester Haust Undervisningsspråk Tysk og norsk Emnet er ope for lærarstudentar

Detaljer

2014 Studiebarometeret-sept2014 (låst)

2014 Studiebarometeret-sept2014 (låst) 2014 Studiebarometeret-sept2014 (låst) Velkomen til Studiebarometeret! Takk for at du vil seie di meining om studieprogrammet ditt. Di meining kan vere med å forbetre det. I tillegg hjelper du komande

Detaljer

PROPSY309 Sosialpsykologi Emnerapport 2016 Høst

PROPSY309 Sosialpsykologi Emnerapport 2016 Høst PROPSY309 Sosialpsykologi Emnerapport 2016 Høst Emneansvarlig: Ådne Thomassen, Institutt for Samfunnspsykologi Bakgrunn Emnet ble undervist første gang våren 2014 og består av fire hoveddeler: 1) Teori

Detaljer

Evaluering av emnet PED2202 Barn og Ungdom: Oppvekst og opplæring våren 2019

Evaluering av emnet PED2202 Barn og Ungdom: Oppvekst og opplæring våren 2019 Evaluering av emnet PED2202 Barn og Ungdom: Oppvekst og opplæring våren 2019 Kristinn Hegna, Victoria de Leon Born og Kenneth Silseth Oppsummering Alt i alt er studentene forholdsvis fornøyde med både

Detaljer

TEAT114 Skuespillerkunst, scenografi og teaterkritikk

TEAT114 Skuespillerkunst, scenografi og teaterkritikk Emnerapport 2016-vår TEAT114 Skuespillerkunst, scenografi og teaterkritikk Faglærers vurdering av gjennomføring Gjennomføringen av dette emnet har forløpt planmessig. Undervisningen består av tre forelesningsrekker:

Detaljer

Emne PROPSY309 - emnerapport 2017 Høst

Emne PROPSY309 - emnerapport 2017 Høst Emne PROPSY309 - emnerapport 2017 Høst Emneansvarlig: Hege Høivik Bye, Institutt for samfunnspsykologi Bakgrunn Emnet ble undervist første gang våren 2014 og består av fire hoveddeler: 1) Teori og praktiske

Detaljer

PROPSY309 Sosialpsykologi Emnerapport 2017 Vår

PROPSY309 Sosialpsykologi Emnerapport 2017 Vår PROPSY309 Sosialpsykologi Emnerapport 2017 Vår Emneansvarlig: Ådne Thomassen, Institutt for Samfunnspsykologi Bakgrunn Emnet ble undervist første gang våren 2014 og består av fire hovedtema: 1. Teori og

Detaljer

Spørjeskjema Nynorsk

Spørjeskjema Nynorsk Spørjeskjema 2016 Nynorsk Velkommen til Studiebarometeret! Choose language below / vel språk nedst. Takk for at du vil seie kva du meiner om studieprogrammet ditt. Dine svar kan forbetre studiekvaliteten!

Detaljer

Tilgang til relevant litteratur: Pensum består hovudsakleg av bøker og utdrag frå bøker, men også nokre artiklar, som er tilgjengelege på Mi side.

Tilgang til relevant litteratur: Pensum består hovudsakleg av bøker og utdrag frå bøker, men også nokre artiklar, som er tilgjengelege på Mi side. Emnerapport H2015 NORAN101-F (Prisme) Norsk språk som andrespråk Emneansvarligs vurdering av gjennomføring Praktisk gjennomføring: NORAN104-F er eit fjernundervisningstilbod som er 100% nettbasert. Fagstoffet

Detaljer

Studentevaluering MEVI102 V2015

Studentevaluering MEVI102 V2015 Studentevaluering MEVI102 V2015 Seminargruppe 1 (Film/TV) Seminarleder: Anine Johnsen Evalueringen ble gjort i fire grupper i det siste seminaret gruppen hadde. De aller fleste i gruppen var til stede.

Detaljer

RAUMA KOMMUNE Kultur- og oppvekstetaten

RAUMA KOMMUNE Kultur- og oppvekstetaten RAUMA KOMMUNE Kultur- og oppvekstetaten Instruks for munnleg eksamen for lærar Frå forskrift til opplæringslova 3-18. Lokalt gitt eksamen Kommunen har ansvaret for gjennomføringa av alle lokale eksamenar.

Detaljer

NOLI211, NOLI311 og NOLI212, NOLI312, endring i obligatorisk aktivitet NOLI211, NOLI311, NOLI212, NOLI312.

NOLI211, NOLI311 og NOLI212, NOLI312, endring i obligatorisk aktivitet NOLI211, NOLI311, NOLI212, NOLI312. UUI-sak 11/12 Vedlegg NOLI211, NOLI311 og NOLI212, NOLI312, endring i obligatorisk aktivitet Emneplanar for NOLI211, NOLI311, NOLI212, NOLI312. Saksomtale: NOLI211 har felles undervisning og vurdering

Detaljer

Emneevaluering SOS1000 Høst 2017

Emneevaluering SOS1000 Høst 2017 Emneevaluering SOS1000 Høst 2017 1. Bakgrunnsinformasjon Høsten 2017 var det 113 undervisningsmeldte studenter på SOS1000, hvorav 99 møtte til eksamen. Høsten 2016 var det 114 undervisningsmeldte studenter,

Detaljer

Spørjeskjema Nynorsk

Spørjeskjema Nynorsk Spørjeskjema 2015 Nynorsk Velkommen til Studiebarometeret! Choose language below / velg språk nederst. Takk for at du vil seie kva du meiner om studieprogrammet ditt. Dine svar kan forbetre studiekvaliteten.

Detaljer

Ny 0 0,0% Distribuert 64 66,7% Noen svar 1 1,0% Gjennomført 31 32,3% Frafalt 0 0,0% I alt ,0%

Ny 0 0,0% Distribuert 64 66,7% Noen svar 1 1,0% Gjennomført 31 32,3% Frafalt 0 0,0% I alt ,0% INF142 (kun et utvalg av kommentarene er med i denne rapporten) Respondenter Prosent Ny 0 0,0% Distribuert 64 66,7% Noen svar 1 1,0% Gjennomført 31 32,3% Frafalt 0 0,0% I alt 96 100,0% Er det første gang

Detaljer

De Bonos tenkehattar. Slik arbeider de i Luster Tipset er laget av Ragnhild Sviggum. Til bruk i samtalegruppene og i klassemøtene

De Bonos tenkehattar. Slik arbeider de i Luster Tipset er laget av Ragnhild Sviggum. Til bruk i samtalegruppene og i klassemøtene De Bonos tenkehattar Slik arbeider de i Luster Tipset er laget av Ragnhild Sviggum Til bruk i samtalegruppene og i klassemøtene De Bonos tenkehattar Ein metode for å belyse alle sider av ei sak Ei øving

Detaljer

EVALUERINGSRAPPORT AORG209 HØST 2013

EVALUERINGSRAPPORT AORG209 HØST 2013 EVALUERINGSRAPPORT AORG209 HØST 2013 STUDENTMASSEN Semester N Av eksamensmeldte Høst 2013 Andel kvinner Andel menn Snittalder Studieerfaring Tilhører adm.org 11 50% 82% 18% 24 (,7) 1 3 år (63%) 91% 18%

Detaljer

Studiebarometeret 2014

Studiebarometeret 2014 Studiebarometeret 2014 Alle som har svart I denne rapporten er spørsmål om tidsbruk (studieinnsats) ekskludert. Vi viser til anna materiell vi har sendt til institusjonane og rapport(ar) på www.nokut.no/studiebarometeret/analyser

Detaljer

Naturfag vidareutdanning

Naturfag vidareutdanning Naturfag vidareutdanning NAT 621, 622, 623 og 624 Evaluering haust 2018 Skolelaboratoriet i realfag, Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. EVALUERING NAT 621-622-623-624!1 Samandrag Kompetansegjevande

Detaljer

UNIVERSITETET I BERGEN Institutt for Sammenliknende Politikk. Våren SAMPOL 113 Praksis i sammenliknende politikk

UNIVERSITETET I BERGEN Institutt for Sammenliknende Politikk. Våren SAMPOL 113 Praksis i sammenliknende politikk UNIVERSITETET I BERGEN Institutt for Sammenliknende Politikk Våren 2013 SAMPOL 113 Praksis i sammenliknende politikk Fagevaluering Av Jon Kåre Skiple Universitetslektor/Emneansvarlig 1 Om emnet SAMPOL

Detaljer

Retningsliner for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune

Retningsliner for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune rundskriv nr. 5/15 Frå: Utdanningsavdelinga Til: Dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal Dei private vidaregåande skolane i Møre og Romsdal Dato: Ref: 29.01.2015 6082/2015/062 - Retningsliner for lokalt

Detaljer

MED ecampus PÅ NETT I LÆRARUTDANNINGANE

MED ecampus PÅ NETT I LÆRARUTDANNINGANE Postboks 74 Sandviken 5812 Bergen www.nla.no Telefon: 55 54 07 00 Telefaks: 55 54 07 01 E-post: post@nla.no Org. nr. 995 189 186 TEKNISK NOTAT KNYTT TIL LÆRARUNDERSØKING VÅREN 2016 Til: Høgskulen Sogn

Detaljer

OPPSUMMERING EMNEEVALUERING INSTITUTT FOR GEOVITENSKAP VÅR Karakterfordeling i %:

OPPSUMMERING EMNEEVALUERING INSTITUTT FOR GEOVITENSKAP VÅR Karakterfordeling i %: OPPSUMMERING EMNEEVALUERING INSTITUTT FOR GEOVITENSKAP VÅR 2018 Emnekode, emnenavn og emneansvarlig(e): GEOV360 Semester: Vår 2018 Har emnet hatt en annen evaluering i tillegg? (feks. studentinitiert evaluering?):

Detaljer

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN KOPI TIL HEIMEN TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN Zippys venner er eit skuleprogram kor barna øver på å fungera godt saman og å forstå eigne kjensler. Dei får øve på korleis dei

Detaljer

RET 101 Allmenn praktisk retorikk - Vår 2013

RET 101 Allmenn praktisk retorikk - Vår 2013 RET 101 Allmenn praktisk retorikk - Vår 2013 Betraktningene i denne rapporten er basert på mine egne erfaringer som først og fremst seminarleder, deretter vikarierende emneansvarlig for Trygve Svensson,

Detaljer

Studieplan. Mastergradsprogram i filosofi

Studieplan. Mastergradsprogram i filosofi 1 Studieplan Mastergradsprogram i filosofi UiT Noregs arktiske universitet Fakultet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning Gjeld frå og med hausten 2012 V-6. Sist justert 22.03.2017 2 Tittel

Detaljer

Tekst og tolkning: litterær og retorisk analyse

Tekst og tolkning: litterær og retorisk analyse Tekst og tolkning: litterær og retorisk analyse Emnekode: NOR165_1, Vekting: 15 studiepoeng Tilbydar: Det humanistiske fakultet, Institutt for kultur- og språkvitenskap Semester undervisningsstart og lengd:

Detaljer

Hvordan er arbeidsmengden i forhold til omfanget i studiepoeng?

Hvordan er arbeidsmengden i forhold til omfanget i studiepoeng? INF143 Hvor fornøyd er du med kurset? Hvor mye har du lært på kurset? Hvordan er arbeidsmengden i forhold til omfanget i studiepoeng? Har du savnet forkunnskap? Hvis ja, hva har du savnet forkunnskaper

Detaljer

Hvilket semester er du på? Hva er ditt kjønn? Er du...? Er du...? - Annet

Hvilket semester er du på? Hva er ditt kjønn? Er du...? Er du...? - Annet Hvilket semester er du på? Hva er ditt kjønn? Er du...? Er du...? - Annet Mener du at de anbefalte forkunnskaper var nødvendig? Er det forkunnskaper du har savnet? Er det forkunnskaper du har savnet? -

Detaljer

Studieplan 2008/2009

Studieplan 2008/2009 Studieplan 2008/2009 Studiepoeng: Studiets varighet, omfang og nivå Undervisninga går over 12 veker i høstsemesteret, og tolv veker i vårsemesteret.studiet gir 30 studiepoeng Forkunnskapar Studiet krev

Detaljer

Kursopplegg og innleveringer på OADM 3090, vår 2009

Kursopplegg og innleveringer på OADM 3090, vår 2009 Kursopplegg og innleveringer på OADM 3090, vår 2009 Av Elin Lerum Boasson OADM 3090 studentene skal skrive oppgaver som har interesse for folk tilknyttet organisasjonene det skrives om. Målet er at studentene

Detaljer

Arbeidshefte om kommunereforma for ungdomsskulane i Bremanger

Arbeidshefte om kommunereforma for ungdomsskulane i Bremanger Arbeidshefte om kommunereforma for ungdomsskulane i Bremanger Læringsmål frå LK06: Gjennom arbeidet med heftet kjem du til å arbeide med følgjande læringsmål: Norsk: * delta i diskusjoner med begrunnede

Detaljer

HiSF-studentars kompetanse i litteratursøking og kjeldebruk :01

HiSF-studentars kompetanse i litteratursøking og kjeldebruk :01 HiSF-studentars kompetanse i litteratursøking og kjeldebruk Spørreundersøkelsen "HiSF-studentars kompetanse i litteratursøking og kjeldebruk" ble sendt ut som epost til fagtilsette i Sogndal og i Førde

Detaljer

GEO111 Landformdannande prosessar

GEO111 Landformdannande prosessar UNIVERSITETET I BERGEN Institutt for geografi Emnerapport våren 2017: GEO111 Landformdannande prosessar Innhold: 1. Informasjon om emnet 2. Statistikk 3. Egenevaluering 4. Studentevaluering 5. Oppfølging

Detaljer

- Retningslinjer for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune

- Retningslinjer for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune rundskriv nr. 18/16 Frå: Utdanningsavdelinga Til: Dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal Dei private vidaregåande skolane i Møre og Romsdal Dato: Ref: 14.11.2016 116213/2016/062 - Retningslinjer for

Detaljer

Avklaring av omgrep i kapittel 3 i forskrift til opplæringslova om samtalar med elevar og føresette

Avklaring av omgrep i kapittel 3 i forskrift til opplæringslova om samtalar med elevar og føresette Avklaring av omgrep i kapittel 3 i forskrift til opplæringslova om samtalar med elevar og føresette Innleiing Skolane bruker i dag ulike namn på samtale med elevane: fagsamtale, elevsamtale, utviklingssamtale

Detaljer

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR Spørsmåla handlar om forhold som er viktige for læringa di. Det er ingen rette eller feile svar, vi vil berre vite korleis du opplever situasjonen på skulen din. Det er frivillig

Detaljer

Evalueringsrapport SPED102 høsten 2017

Evalueringsrapport SPED102 høsten 2017 Evalueringsrapport SPED102 høsten 2017 Emneansvarlig: Bjarte Furnes Seminarledere: Bjarte Furnes og Elisabeth Hesjedal Innhold SPED102 er et emne på 15 stp. for 3. semesterstudenter som følger bachelorprogrammet

Detaljer

STUDIEBAROMETERET 2015

STUDIEBAROMETERET 2015 Antall besvarelser: 26 199 STUDIEBAROMETERET 2015 Svarprosent: 43% / OM UNDERSØKINGA 01 Studiebarometeret Studiebarometeret består av ei spørjeundersøking og ei nettside, studiebarometeret.no, der resultata

Detaljer

Hvor mye praktisk kunnskap har du tilegnet deg på dette emnet? (1 = ingen, 5 = mye)

Hvor mye praktisk kunnskap har du tilegnet deg på dette emnet? (1 = ingen, 5 = mye) INF102 Er du? Er du? - Annet Hvor mye teoretisk kunnskap har du tilegnet deg på dette emnet? (1 = ingen, 5 = mye) Hvor mye praktisk kunnskap har du tilegnet deg på dette emnet? (1 = ingen, 5 = mye) Hvor

Detaljer

Skuleåret 2017/2018.

Skuleåret 2017/2018. Skuleåret 2017/2018 www.fylkesmannen.no/oppland Innhald Innleiing... 3 Kva kan du klage på?... 3 Kven kan klage på karakter?... 3 Når er klagefristen?... 3 Før du klagar... 3 Korleis klagar du?... 3 Kva

Detaljer

SOS201. Sosiologisk teori: Nyere perspektiv Oppsummering av studentevaluering. av Hanne Widnes Gravermoen

SOS201. Sosiologisk teori: Nyere perspektiv Oppsummering av studentevaluering. av Hanne Widnes Gravermoen SOS201 Sosiologisk teori: Nyere perspektiv Oppsummering av studentevaluering av Hanne Widnes Gravermoen Sosiologisk institutt våren 2012 Innledning... 3 Beskrivelse av emnet... 3 Beskrivelse av studentmassen...

Detaljer

Forslag. Har du nokon gong lurt på korfor det er så vanskeleg å velja, eller korfor me no og då vel å gjera ting me eigenleg ikkje vil?

Forslag. Har du nokon gong lurt på korfor det er så vanskeleg å velja, eller korfor me no og då vel å gjera ting me eigenleg ikkje vil? Introduksjon av økta Individuelt: Historie om drikkepress Individuelt: Øving med årsaksbilde Par: Hjernetransplantasjon Par: Øving med årsaksbilde Gjengen Ein ungdom som velgjer å drikka eller velgjer

Detaljer

Gjennom arbeidet med SGO 4011 skal studentene oppnå følgende mål:

Gjennom arbeidet med SGO 4011 skal studentene oppnå følgende mål: Periodisk emneevaluering av SGO 4011 - Tenkning og metodologi i samfunnsgeografi (høsten 2013) 1. Om emnet SGO 4011 er en obligatorisk del av mastergraden i samfunnsgeografi. Emnet omhandler faghistorie

Detaljer

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette? I skuleåret 2015/16 gjekk vi frå å ha både nynorsk- og bokmålsundervisning kvart semester til å berre bruke ei målform kvart semester og berre vurdere elevane i den eine målforma det semesteret. I samband

Detaljer

GEO291 Natur- og miljøgeografisk feltkurs

GEO291 Natur- og miljøgeografisk feltkurs U N I V E R S I T E T E T I B E R G E N Institutt for geografi Emnerapport våren 2013: GEO291 Natur- og miljøgeografisk feltkurs Innhold: 1. Informasjon om emnet 2. Statistikk 3. Egenevaluering 4. Studentevaluering

Detaljer

Emneevaluering består i all hovedsak av to evalueringsmåter, underveisevaluering og periodisk/grundig evaluering.

Emneevaluering består i all hovedsak av to evalueringsmåter, underveisevaluering og periodisk/grundig evaluering. Emneevaluering Emneevaluering består i all hovedsak av to evalueringsmåter, underveisevaluering og periodisk/grundig evaluering. Underveisevaluering Evalueringen skal gjøres hver gang emnet gjennomføres

Detaljer

Årsplan for Norsk

Årsplan for Norsk Årsplan for Norsk 9 2017-2018 Med utgangspunkt i revidert læreplan av hausten 2013: http://www.udir.no/kl06/nor1-05 Ramme: 5 veketimar Læreverk: Frå Saga til CD 9a og 9b Norskfaget inneheld ein stor variasjon

Detaljer

UNIVERSITETET I BERGEN Institutt for Sammenliknende Politikk. Hausten SAMPOL 113 Praksis i sammenliknende politikk

UNIVERSITETET I BERGEN Institutt for Sammenliknende Politikk. Hausten SAMPOL 113 Praksis i sammenliknende politikk UNIVERSITETET I BERGEN Institutt for Sammenliknende Politikk Hausten 2013 SAMPOL 113 Praksis i sammenliknende politikk Fagevaluering Av Dina-Kristin T. Midtflø Universitetslektor/Emneansvarlig 1 Om emnet

Detaljer

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring No gjeld det No gjeld det 1. august 2009 endra ein forskrifta til opplæringslova kapitel 3 Individuell vurdering i grunnskulen og i vidaregåande

Detaljer

Møtereferat Orstad FAU Dato Til stades Møteleiar Referent Saker Sak Omtale Evaluering av Temakveld. Temakveld med Barnevakten nettmobbing.

Møtereferat Orstad FAU Dato Til stades Møteleiar Referent Saker Sak Omtale Evaluering av Temakveld. Temakveld med Barnevakten nettmobbing. Møtereferat Orstad FAU Dato 17.4.2018 kl. 18.30 Til stades Bente Thingbø-Støldal Jone Aasland Sigurd Svela Silje Husveg Nerheim John Lende Inger Johanne R. Bøe Jan Harald Forsmo Kamilla Eikrem Nordmark

Detaljer

Rapport fra «Evaluering av SPED4200 Fordypning i logopedi (vår 2013)» Hvordan synes du informasjonen har vært på emnet?

Rapport fra «Evaluering av SPED4200 Fordypning i logopedi (vår 2013)» Hvordan synes du informasjonen har vært på emnet? Rapport fra «Evaluering av SPED4200 Fordypning i lopedi (vår 2013)» Av 34 invitasjoner til evaluering, fikk vi inn 14 svar i perioden 12-24. juni 2013. Studentene fikk invitasjon til nettskjema via e-post,

Detaljer

Emne 351A - emnerapport 2013 HØST

Emne 351A - emnerapport 2013 HØST Emne 351A - emnerapport 2013 HØST Emneansvarlig: Hege Høivik Bye, Institutt for samfunnspsykologi Bakgrunn Emnet ble undervist siste gang i sin nåværende form høsten 2013. Fra og med våren 2014 vil deler

Detaljer

Psykologisk førstehjelp i skulen

Psykologisk førstehjelp i skulen Psykologisk førstehjelp i skulen Fagnettverk for psykisk helse Sogndal 21. mars 2014 Solrun Samnøy, prosjekt leiar Psykologisk førstehjelp Sjølvhjelpsmateriell laga av Solfrid Raknes Barneversjon og ungdomsversjon

Detaljer

SKJEMA FOR PERIODISK SLUTTEVALUERING AV EMNER VED IPED

SKJEMA FOR PERIODISK SLUTTEVALUERING AV EMNER VED IPED 1 SKJEMA FOR PERIODISK SLUTTEVALUERING AV EMNER VED IPED Emne PED2201 Semester Høst 2018 Foreleser(e) Tidspunkt for underveisevalueringen Hvordan ble evalueringen gjennomført (skjema/annet) Kirsten Sivesind

Detaljer

GEOV111 Geofysiske metoder - oppsummering av studentevalueringen VÅR 2016

GEOV111 Geofysiske metoder - oppsummering av studentevalueringen VÅR 2016 GEOV111 V16 Emneevaluering fra emneansvarlig: GEOV111 Geofysiske metoder - oppsummering av studentevalueringen VÅR 2016 Bakgrunn og svarprosent: GEOV111 er et grunnkurs i Jordens fysikk som er obligatorisk

Detaljer

Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra.

Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra. Ressurssenter for psykologiske og sosiale faktorar i arbeid Tilbakemelding til tilsett og leiing i verksemda Ei kartlegging bør følgjast av tilbakemelding til dei tilsette om resultata. Ein spreier dermed

Detaljer

Kvifor? Matematikksamtalen Munnlege arbeidsmetodar Munnleg kompetanse i matematikk?

Kvifor? Matematikksamtalen Munnlege arbeidsmetodar Munnleg kompetanse i matematikk? Kvifor? Matematikksamtalen Munnlege arbeidsmetodar Munnleg kompetanse i matematikk? Læreplan i matematikk fellesfag - formål Matematisk kompetanse inneber å bruke problemløysing og modellering til å analysere

Detaljer

EVALUERING KUN2015/KUN4015. VÅR FAGANSVALIG: PER SIGURD T. STYVE

EVALUERING KUN2015/KUN4015. VÅR FAGANSVALIG: PER SIGURD T. STYVE EVALUERING KUN2015/KUN4015. VÅR 2017. FAGANSVALIG: PER SIGURD T. STYVE Emnet bestod av 10 dobbeltforelesninger og 8 seminartimer spredt over hele semesteret fra januar til mai. Obligatorisk aktivitet bestod

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET 2015 2016. www.hivolda.no/glu

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET 2015 2016. www.hivolda.no/glu INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET 2015 2016 www.hivolda.no/glu 1 2 Innhald Tid til studiar og undervising... 4 Frammøte... 4 Arbeidskrav, eksamen og progresjon

Detaljer

Oppsummering av sluttevaluering av SOS101 våren 2010

Oppsummering av sluttevaluering av SOS101 våren 2010 Oppsummering av sluttevaluering av SOS101 våren 2010 Innledning Denne evalueringsrapportens hovedkilde er en surveyundersøkelse som ble gjennomført på siste forelesning (20.04.2010). Svarene fra surveyundersøkelsen

Detaljer

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15. Sykkylven kommune Saksframlegg Dato: Arkivref: 23.07.2015 2013/865-8136/2015 Saksbeh.: Steinar Nordmo Saksnr Utval Møtedato Levekårsutvalet 20.08.2015 Kommunestyret Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven

Detaljer

12/2011 NOTAT. Hallgerd Conradi og Kåre Heggen

12/2011 NOTAT. Hallgerd Conradi og Kåre Heggen 12/11 NOTAT Hallgerd Conradi og Kåre Heggen dei nye studentane på barnevernspedagog- og sosionomstudiet 11 Forord Institutt for sosialfag fekk eit ekstra stort kull med nye studentar på studia i barnevernspedagogikk

Detaljer

Eg hugsar den dagen eg kunne lesa. Det har eg aldri gløymt. Eg sat på golvet ved sida av bokhylla, og så kunne eg lesa. Då kunne eg velja sjølv.

Eg hugsar den dagen eg kunne lesa. Det har eg aldri gløymt. Eg sat på golvet ved sida av bokhylla, og så kunne eg lesa. Då kunne eg velja sjølv. Me satsar på lesing! Eg hugsar den dagen eg kunne lesa. Det har eg aldri gløymt. Eg sat på golvet ved sida av bokhylla, og så kunne eg lesa. Då kunne eg velja sjølv. Anne-Cath Vestly 1 Lesing for livet

Detaljer

Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk Årsmeldinga frå Austevoll maritime fagskule gjev ein oppsummering av dei viktigaste funna i student

Detaljer

Mevi211 Pressehistorie høsten 2012

Mevi211 Pressehistorie høsten 2012 Helge Østbye 21. januar 2013 Evaluering: Mevi211 Pressehistorie høsten 2012 Faglærers vurdering av gjennomføring Jeg har hatt dette og tilsvarende kurs i pressehistorie mange ganger tidligere. I forhold

Detaljer

Midtveisevaluering SPED4400

Midtveisevaluering SPED4400 Midtveisevaluering SPED4400 Høst 2018/vår 2019 Evalueringen er foretatt med Nettskjema, 21ble invitert, 10 har svart. Evalueringen ble gjennomført januar 2019. Fritekstkommentarer er noen steder sammenfattet,

Detaljer

Studieevaluering - Våren 2013 SPED4020 Spesialpedagogisk utviklingsarbeid

Studieevaluering - Våren 2013 SPED4020 Spesialpedagogisk utviklingsarbeid Studieevaluering - Våren 2013 SPED4020 Spesialpedagogisk utviklingsarbeid Det er 30 av 35 studenter som har svart. Svarprosenten er 86%. Evalueringsskjema ble delt ut på siste forelesning og var besvart

Detaljer

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet Sak Leiing og fagleg organisering (16/05229) delprosjekt i hovudprosjekt 2 Fagleg og administrativ organisering Dato utsendt på høyring 21.11.16 Høyringsfrist 9.12.16 Send høyringsinnspel til Bakgrunn

Detaljer

Foreldregruppe i barnehagen

Foreldregruppe i barnehagen Foreldregruppe i barnehagen Barnehagen - ein naturleg stad å ha fokus på læring og mestring. Janett Lillås Mathiassen Brukarrepresentant FOUSAM Foto: colourbox Anita Weltzien Dalaker Styrar Aksdal barnehage

Detaljer

EVALUERINGSRAPPORT DIDASAK2 VÅR2015

EVALUERINGSRAPPORT DIDASAK2 VÅR2015 EVALUERINGSRAPPORT DIDASAK2 VÅR2015 STUDENTMASSEN Semester N Av eksamensmeldte Andel kvinner Andel menn Snittalder Vår 2015 16 100% 75% 25% 26 4,1 år Studieerfaring UTBYTTE Snittvurderinger der 1 er lavest

Detaljer

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200903324-51 Arkivnr. 520 Saksh. Farestveit, Linda Saksgang Møtedato Opplærings- og helseutvalet 17.09.2013 EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER

Detaljer

Sak 3, saksnr. 52/12: Første semester MA

Sak 3, saksnr. 52/12: Første semester MA Til: Programrådet i sosiologi Fra: Undervisningsansvarlig Sakstype: Diskusjonssak Møtedato: 12. desember 2012 Notatdato: 5. desember 2012 Saksbehandler: Kathrine Løvberg Sak 3, saksnr. 52/12: Første semester

Detaljer

FINF Forvaltningsinformatikk Onsdag 10. desember 2003, klokken

FINF Forvaltningsinformatikk Onsdag 10. desember 2003, klokken Eksamensoppgave FINF4001 - Forvaltningsinformatikk Onsdag 10. desember 2003, klokken 9.00 15.00 Casebeskrivelse: En kommune ønsker å styrke innbyggernes muligheter til å kommunisere med politikerne slik

Detaljer

Evaluering av seminarene i Aorg101 våren 2010

Evaluering av seminarene i Aorg101 våren 2010 Evaluering av seminarene i Aorg101 våren 2010 Denne evalueringen er basert på skjema som ble delt ut på siste samling i seminargruppene på Aorg101 i uke 16. Alt i alt er det 28 studenter av til sammen

Detaljer

Skriftleg Eksamen På KNUSK. Vår 18. Dette blir supert!

Skriftleg Eksamen På KNUSK. Vår 18. Dette blir supert! Skriftleg Eksamen På KNUSK Vår 18 Dette blir supert! Innhald 1: Så du skal ha eksamen... 3 2: Kven skal ha kva?... 3 2: Førebuing... 3 3: Eksamensdagen... 4 3.1: Om engelsk og norsk... 4 3.2: Om matematikk...

Detaljer

Veiledning til læreplanen i samfunnsfag. 14. oktober Kristine Waters og Jarle Sundve

Veiledning til læreplanen i samfunnsfag. 14. oktober Kristine Waters og Jarle Sundve Veiledning til læreplanen i samfunnsfag 14. oktober Kristine Waters og Jarle Sundve Oppdraget vårt Veiledningen skulle lages over fire kapitler Kapittel 1: Innledning Kapittel 2: Fagets egenart Skulle

Detaljer

Mineralinnhald i blod hjå storfe på utmarksbeite sommaren 2014.

Mineralinnhald i blod hjå storfe på utmarksbeite sommaren 2014. Mineralinnhald i blod hjå storfe på utmarksbeite sommaren 1. Analysar av blod viser tydeleg utslag for selen og jod med bruk av mineralkapslar til dyr på utmarksbeite. Me registrerer også høgre innhald

Detaljer

Forelesninger: Av 20 studentene som svarte på emne-evalueringen har 19 vært på alle eller noen

Forelesninger: Av 20 studentene som svarte på emne-evalueringen har 19 vært på alle eller noen Emnevaluering av BIO2120 (Evolusjonsbiologi) vår 2018 Emneevaluering ble gjennomført av to omganger ved hjelp av nettskjema i siste halvdel av mars måned da vi var omtrent halvveis i emnet (etter evolusjonær

Detaljer

Emneevaluering MAT1060

Emneevaluering MAT1060 Emneevaluering MAT1060 30 august 2019 Det var 6 studenter som svarte pa nettskjemaet. 50% av respondentene var menn. De fleste studentene gikk bachelor i kjemi og biokjemi. De fleste studentene oppgir

Detaljer

Evaluering av Aorg210 våren 2010

Evaluering av Aorg210 våren 2010 Evaluering av Aorg210 våren 2010 Denne evalueringen er basert på evalueringsskjema som ble delt ut på siste forelesning onsdag 28.04. Det ble samlet inn 11 besvarelser av i alt 33 oppmeldte studenter til

Detaljer

Høyringsuttale Forskrift for Fagskolane i Hordaland

Høyringsuttale Forskrift for Fagskolane i Hordaland Høyringsuttale Forskrift for Fagskolane i Hordaland I dette dokumentet følger vår uttale om Forskrift for FiH. Vi presenterer tekst til høyring, deretter vårt forslag om ny tekst med grunngjeving. 2-2

Detaljer

Bakgrunnsspørsmål. Hvilket semester er du på? Hva er ditt kjønn? Er du...? Er du...? - Annet

Bakgrunnsspørsmål. Hvilket semester er du på? Hva er ditt kjønn? Er du...? Er du...? - Annet Bakgrunnsspørsmål Hvilket semester er du på? Hva er ditt kjønn? Er du...? Er du...? - Annet 1 Emnebeskrivelse Samsvaret mellom emnets innhold og emnebeskrivelsen var Samsvaret mellom arbeidsmengden i forhold

Detaljer

Norsk 3 (studieprogramkode: HN3) (Norsk 301 og 302)

Norsk 3 (studieprogramkode: HN3) (Norsk 301 og 302) Norsk 3 (studieprogramkode: HN3) (Norsk 301 og 302) Studiet går over to semester 30 studiepoeng Godkjent av Avdelingsleiar Dato: 01.08.2005 Endra av Eystein Arntzen, avdelingsleiar Dato: våren 2006 Innhald

Detaljer