Vågsøy kommune

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "1905 - Vågsøy kommune"

Transkript

1 Side 1 av 10 Parti av Måløy hamn sett frå sør. Nærmast ser ein Amtskaia, den sokalla Hagenskaia. Lenger nord Kvalheimsbua og gamle Firda Canning. Det kvite store huset midt på biletet er Johnsen Hotel. Prost Strømme var ein sentral mann i Selje og Vågsøy kring århundreskiftet. Han kom til Selje i 1883, vart prost i Nordfjord i 1890 og gjekk av i Han heldt ein manande tale søndagen før avrøystinga 13. august. 'Skulde nogen komme med 'nei' vilde jeg for min del betragte ham som et stort stykke af en forræder'. Strømme var og mykje med i styre og stell. Seksæring med årar og segl og fullt mannskap. Dette var den vanlege båttypen før skøyter med dekk og fiskedampskip kom til Vågsøy kring hundreårskiftet. Parti frå Måløy. Biletet er teke frå Gotteberg mot sør. Ein ser hus som er under bygging. Bilete frå Måløy. Me ser frå gardane nedre Skram i sør til Midtgård i nord. Bak ser me fjellet Vågsøy kommune I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om 1905 i Vågsøy kommune. Vågsøy kommune I 1905 var Vågsøy sokn ein del av Selje kommune. Frå 1. januar 1906 vart dette soknet delt i Nord-Vågsøy og Sør- Vågsøy. Nord-Vågsøy hadde alt kyrkje på Røysa, men Sør- Vågsøy kyrkje vart ikkje innvigd før 5. september Frå 1. januar 1910 vart dei to kyrkjesokna skilde ut frå Selje kommune som eigne kommunar. I dette arbeidet vart det strid om kvar grensa mellom Nord og Sør-Vågsøy skulle gå på austsida av Vågsøy. Usemja galdt audegarden Blesrød. Til slutt vart den liggjande under Sør-Vågsøy kommune. 1. januar 1953 vart Vågsøy eige prestegjeld, skilt frå Selje. Det nye prestegjeldet omfatta dei to kyrkjesokna Sør-Vågsøy og Nord-Vågsøy. 1. januar 1964 vart Nord-Vågsøy og Sør-Vågsøy slegne saman til kommunen Vågsøy. Øya Silda og gardane på halvøya mellom Ulvesundet og Sørpollen og gardane Sørpollen og Straumen vart overførte frå Selje til den nyskipa kommunen. Samstundes vart nordsida av Rugsund sokn og øyane Risøy, Gangsøy, Grindøy, Husevågøy og Klovningen overførte frå Davik til Vågsøy kommune. Folketalsutvikling etter 1905 i Selje og Vågsøy I 1900 var folketalet i Hove sokn 3235 og i Vågsøy sokn Hove sokn samsvara med Selje kommune etter delinga i Dei mange grensereguleringane gjer det vanskeleg å fylgja folketalsutviklinga i området mot vår tid. Me kan ta eit anna utgangspunkt og velja kommunegrensene i 2001 og deretter sjå på utviklinga i desse områda i tidsbolken 1900 til Slike tal er tilgjengelege. Innanfor 2001-grensene ville folketalet i 1900 for Vågsøy-området ha vore 3850 menneske og for Seljeområdet 2783 menneske.

2 Side 2 av 10 Veten. Framme t. h. ser me bodene til Totland og Lem. Rett over den store, kvite Totlandsboda ser me gardsbruket Hola. Bilete av Sæterneset i den søre delen av Måløy. Kyrkja i Måløy står i dag omtrent midt i biletet mellom låven til venstre og huset til høgre. Arbeidet med ny kyrkje starta i 1905, og kyrkja vart vigsla i I det området som er Selje i dag, auka folketalet frå 2783 i 1900 til 3286 i Deretter vart dette liggjande mest i ro kring menneske framover like til Deretter fall det brått mot kring 3000 dei neste 11 åra. I Vågsøy derimot, vart utviklinga mykje annleis. Frå 3850 menneske i dette området i 1900 steig det jamt og sterkt utover til det var oppe i over 5000 menneske i Veksten heldt fram. I 1950 var folketalet 5946 og dei neste 10 åra vart ei uvanleg blømingstid i Vågsøy kommune. På 10 år steig folketalet frå 5946 menneske til 6927 menneske i Sidan har det gått noko attende, men har lege stabilt kring 6400 fram mot Vågsøy kommune fekk sterkt vekst. Selje fekk ikkje ta del i denne utviklinga. Handel og samferdsle Dei viktigaste handelstadene i 1895 var Måløy, Skram og Raudeberg. Det var postopneri i Måløy, Vågsvåg, på Silda og Raudeberg. Det var etablert telefon og telegraf i Måløy og Raudeberg. Fylkesbaatane stoppa i Måløy, Raudeberg og Osmundsvåg. Frå Raudeberg gjekk det veg til Vågsøy på austsida av Refviksvatnet. Derifrå gjekk det veg vidare over Kvalheimsgardane til ytre Myre. Det var og under arbeid veg frå Raudeberg forbi kyrkja og framtil Sæter. Det var og bygt ny bygdeveg frå Setenes til Gauteberg, og frå Vågsvågen til Torskangerpollen. Samla veglengd i dette området var 59,4 kilometer. Fiske kring hundreårskiftet Me har opplysningar samla for Selje herad slik det var før delinga. Heimefisket var viktig for store deler av området. Vårsilda fiska dei med garn på nordsida av Stadt, ved øya Silda og fleire stader på Vågsøya, mellom anna i Torskangerpollen. Dette fisket stod på frå kyndelsmesse (2. februar)til sommarmål (14. april), og silda kom til kysten årvisst i tida før I 1899 var fisket uvanleg godt. Kvar garnbåt hadde garn og eit mannskap på 6 mann. Sommarsilda kom 8 dagar etter jonsok, og gjekk inn til Nordpollen, Sørpollen, Raudeberg, Deknepollen og Refvika. Haustsilda kom i oktober og november og mykje på dei same stadene som vårsilda. Dei fiska og ein del brisling og småsild i sommarmånadene. Dei rodde ut etter skreien kyndelsmesse eller 2. februar. Dette fisket varte gjerne til sommarmål. På denne tida var det store endringar på gang i fisket. Nye båtar og ny teknologi var på veg inn i næringa. Dersom me tek tala for 1899 og ser på inntektene frå dei ulike fiskeria, får med inntrykk av den økonomiske verdien av dette. I 1897 var det samla utbytet av fiske i Selje- Vågsøyområdet 2,3 millionar 1897-kroner. Det tilsvarar i dag kring 70 millionar 2004-kroner. I 1899 hadde 1620 fiskarar og 323 båtar teke del i skreifisket. "En gammel fordom" Den 24. mai 1905 kunne Fjordenes Blad melda om godt fiske på Tampen. "Vore fiskedampere gjør det udmerket paa "Tampen". Gjennemsnitsfangst 1500 lange og en hel del brosme. Forrige uge var "Skallagrim" best med 1700 lange, denne uge ant. "Kveldulf" med Dæksbaaderne gjorde

3 Side 3 av 10 det ogsaa godt, skjønt taagen hindrede en del. " Den 30. august kunne same avisa også fortelja om gode fangstar for fiskedampbåtane. "Fiskedamperne bragte ogsaa forrige uge tillands lønnende fangst. Et par skøiter var også ude og kom ind lørdag med godt utbytte. Naar saa faa forsøgte sig, skriver dette sig fra en gammel fordom som endu ikke er helt udryddet. At efter santhans betragter man lange - og brosmefiske for slutt. Det vil sige med de gamle og primitive aabne baade fandt man det uraadeligt i den tid at gjøre større forsøk. Nu har fiskerne anskaffet sig moderne dæksbaader som nok taaler en dyst, men likevel er den gamle fordom tilstede. Imidlertid vil dette fisket udvikle sig og give sikre og gode indtekter. I Barmsund ser stengning av makrell til at blive af større betydning. Fangsten i forrige uge oppgives til 200 a 300 maal. Prisen er kroner maalet. [Eit mål = ca. 50 liter] Gode vener i Bergen. Ulf Lem var ein leiande næringsdrivande i Måløy ved århundreskiftet. Den 23. august 1905 hadde Fjordenes Blad referat frå markeringa av 25. årsjubileet for Lem si forretningsverksemd. "16. august havde flere saavel fra som udenfor Moldøen indfundet sig og tilbrakte kvelden udover hos jubilanten i den mest kordiale stemning. "Nordfjord" kom med venner fra Bergen nordover i middagstiden og "Vestfjord" sendte et storartet fyrverkeri tilveirs der tog sig pent ud i den stille kveldsstund, samtidig med at et ditto tilveiebragt af forretningsmend på stedet, sendtes opp fra land. Ved middagsbordet leste viseverten hr. Christian Krohn fra Bergen opp nu og da, en række telegrammer fra ind og udland efterhvert som de ankom. Lærar Kvalheim mødte opp utanfor Lems sitt hus med sangforeningen og gav et par utmerkede sangnummer. Efter at hr. Lem og frue havde faadt et større antal komplimenter - nu og da en versifisered tale ind imellom, i andledning femogtyveårsdagen som forretningsmand i Moldøen, skiltes selskabet henimod midnat med tak til de hyggelige vertsfolk." Kven er best - Måløy eller Florø Florø og Måløy har vore rivalar på mange felt. I dag er dette dei to kystbyane våre. I avisa Nordre Bergenhus Amtstidene den stod det ein artikkel om dette som me tek med som den er. "Det har vært spaat at Moldøen med tiden kunde komme til at ta luven fra Florø, særlig paa grund av sin heldigere beliggenhed. Moldøen ligger jo midt i leden, og all kystfart gaar gjennom sundet. Ligesom stedet er et naturlig gjennemgangssted for all trafikk med fjorden. Begge disse faktorer er mindre fremtredende ved Florø, men saa har Florø til gengjeld saapass forsprang som by at det nesten oppveier Moldøens fortreffelige beliggenhed. Vi skal dog ikke udtale os nærmere om dette. Det er en

4 Side 4 av 10 anden side som folk i disse dage taler særdeles meget om. Og det er Moldøens og Florøs forhold til fiskerierne. Mens Moldøen har lige mange fiskedampere som Florø, har man der oppe en hel fiskerflaade bestaaende af ca. 40 dæksbaade og skøiter (tildels med motor) hvortil vi intet tilsvarende har her. Og end mere iøinefaldende den maade hvorpaa fisket drives. I en korrespondanse til "B. Aftbl. " meddeles der at fiskedamperne i Moldøen i løbet av de sidste par uger har git kroner mandslot. End Florøs fiskebaade - de har ligget rolig siden længe før paaske. Det kan være mange faktorer som indvirker her. Vi skal indrømme at vi ikke har det indgaande kjendskab til forholdet, at vi kand udtale os noget om aarsagerne. Men det er iøinefaldene at man i driftighed skal staa saa tilbage for Moldøen. Afstanden spiller liden eller ingen rolle. Omtrent lige langt til fiskepladsene fra begge stader. Kapital? I saa maade staar Moldøen tilbage. Foretagsomhed? Udholdenhed? Ja, noget maa det være. Og det gjælder at finde det ud. Florø ligger i skjærgaarden. Til fiskerierne har man fra først af sat sit haab. Fiskerierne er ogsaa Florøs fremtid. Det kan ikke bortforklares. Men vil man byens trivsel og fremgang, saa maa man ogsaa ta sig sammen for at drive rationelt fiske. Man har sagt at Nordfjordingene skal være mer energiske end søndfjordingene. Maaske - maaske ikke. Men den som sammenligner Moldøen og Florø paa denne tid, maa tro paa det. I Moldøen drives fiske med 4-5 dampskibe (med et udbytte af kr. pr lott) og 40 seilfartøier. Travle tider for arbeidsfolk. Liv og rørelse overalt. I Florø har man 5 fiskedampskibe. Det ene er gaaet konkurs. Det andre ligger godt fortøiet uge efter uge. Stille overalt. Og immens blir fisken ude paa bankerne halet op i svendske skuder eller ført ind til Moldøen, hvorfra last efter last sendes sydover, Florø forbi. Det kunde og burde være annerledes. Og det maa bli annerledes. Snak i veir og vind nytter ikke. Fisken lader sig ikke lokke ind til byen med gode ord. Den maa hentes derude. Men da bringer den ogsaa penge, fortjeneste, liv, travelhed - fremskridt. Men energi maa der til. Elles er alle hjælpemidler og al kapital forgjæves." Forlis i Måløysundet I februar 1905 var stavangerdampskipet "Sjøgutten" på veg nordover gjennom Måløysundet. Skipet var lasta med 700 tonn murstein som skulle til Ålesund. Det var tett snø i sundet og kl grunnstøytte båten. Kl sokk den på 30 fots djup "idet den sprængte 5 kabeltrosser. Den staar tvert over telegrafkablerne som netop her er lagt over sundet til Vaagsøen. Nordfjordskabelen er allerede kappet. Det sunkne skib ligger saadan til at det let kan bli en hindring for færdselen gjennom sundet. Dykkerassistanse er allerede rekvireret fra Bergen. Folkene reddedes." Lasta vart teken opp utover våren og salet av mursteinen gjekk godt. Skipet vart heva og maskinen fungerte trass i forliset. Tidleg i juni drog båten frå Måløy for eiga maskin og

5 Side 5 av 10 med to dykkarbåtar som eskorte. "Afskeden var storartet med fløttning af dampskibene og skud fra land, med viften af lommetørkleder og flag." Is frå Austlandet Fiskeindustrien i Måløy trengde is, og Lem, Lefdal og Søreide, som alle åtte fiskedampskip i Måløy fekk i mai ei dampskipslast med is frå Austlandet, "tykke svære blokker som nok vil trodse sommervarmen en tid." Utover sommaren kom og slåtten i gang. Jordbruket var også viktig i kommunen, men hendingane frå fisket og sjøen dominerte avisspaltene. Fjordenes Blad meldte 29. juli at "Slåtten er nu i fuld gang heromkring. Men veiret er regnfult så det er vanskelig å få høyet i hus. Det blir et ualmindelig godt høyår. Sommersilden lader iaar vente paa sig. Man faar bare være fornøiet med gode udsikter. Efter hvad i dag berettes her til, skal en dæksbaad - antagelig fiskeskøite - have mistet roret underfor Kraakenes. Dog var den saa nær land at ankeret blev fældet, og fra land fik skøiten den fornødne assistanse." Svenske fiskarar i Måløy og unionen Avisa Fjordenes Blad hadde den 24. juni 1905 eit svært interessant stykke om svenske fiskarar i Måløy. "Siden svenskerne første gang begyndte at drive fiske paa banken her udenfor med Moldøen som station, er det omtrent 20 aar. Før drev de paa Søndmør med Aalesund som station. Ca 200 mand paa et snes (20) skøiter har i alle disse aar, naar paasken var over, været lige aarvisse som graagaasen. Smaagutterne kjender skøiterne paa lang afstand og interesseret, som ungdommen i Moldøen er for alt, som hører sjøen til, reiser de ombord, gjerne før ankeret er i bunden, og faar sig udleveret "kjeppekager" - store, runde, haardstegte, hvedemelskager, som svenskerne har med som proviant. Under flagstriden i 90-aarene, men helst nu under konflikten de sidste to maaneder, er det ofte kommet til "politiske diskussioner". Gjennemgaaende har kystalmuen i Sverige liden eller ingen rede paa politik. Den ved ikke betingelserne for stemmeret, og en stor del kjender ikke til, om de selv har stemmeret. En ting har de dog rede paa, nemlig at "Norge ligger under Sverige". En dag det kom paa tale om krig mellem Sverige og Norge, sa en af svenskerne under almindelig tilslutning fra kameraternes side: "Nei, Sverige tar ikke paa med krig: de har ikke noget at krige om, for Sverige har Norge før." En ældre troværdig mand fra Geiranger - broder Ingebrigt Nødhjelle i Davik - fortalte mig for en maaneds tid siden, at hos ham boede i sommerferien en svensk dame, som var gift med med en nu afdød kjøbmand fra Aalesund. Damen, som var fra Gøteborg, sa: "Det er sandt - ved Sveriges skoler læses, at Norge er et lydrige under Sverige." Det værste af alt er dog, at en stor del af den svenske befolkning har den opfatning, at nordmænderne længe har pønsket paa et overfald paa Sverige. Saa latterlig denne paastand er, saa er der dog mange som tror den.

6 Side 6 av 10 Under disse omstændigheder er det ikke rart, at unionen røg. Tvertimod er det et under, at den holdt saa længe, og merkeligt er det, at de styrende i Sverige paa de store, dyrkbare vidder, i de præktige skove og de malmrige fjelde ikke skulde finde nyttigere virkefeldt en uafladelig at lægge sig udover Norge. Tilbake til de svenske fiskere. - Et nøisomt, rettskaffent folkefærd, som neppe i alle disse aar har efterladt sig 5 øres gjæld, et ædrueligt folk, jeg har endnu ikke seet en fuld svensk fisker, et familiært folk, som skriver til sin svenske "flicka" og lar det bero dermed, uden at søge nye forbindelser. Lag og organisasjonar Området som er Vågsøy kommune i dag, hadde eit svært rikt lagsliv i Kring 35 lag og organisasjonar var skipa før eller i Den store gruppa var misjonsforeiningar og ulike kvinnelag. Kvar lita grend hadde ein eller fleire foreiningar som arbeidde for misjonen eller for andre kristelege føremål. Me finn fleire ungdomslag, mellom anna Maurstad ungdomslag, Vedvik ungdomslag, Raudeberg Ungdomslag, Skavøypoll ungdomslag, Skram ungdomslag og Ungdomslaget Dæmring. Det var og skipa fråhaldslag mange stader. I åra fram mot 1905 hadde og skyttarsaka fått auka merksemd, og desse laga vart skipa kring 1890: Skavøypoll skyttarlag, Bryggja skyttarlag og Almenning skyttarlag. Det var songlag i Refvik/Vedvik og i Måløy var det planar om musikklag. Det vart skipa året etter. 17. mai 1905 på Tampen Rundt om i heile landet var det ekstra stor oppslutning om 17. mai i Dagen etter skulle innstillinga til lov om norsk konsulatstell handsamast i Stortinget. Fjordenes Blad kunne melda at det og hadde vore 17. mai på fiskefeltet på Tampen. "Iaar flagede alle fiskedamperne, som laa ude paa Tampen, paa 17de mai. Det var om morgenen tyk taage, saa man ikke saa hverandre. Den letnede i middagstiden, og snart var hele fiskerflaaden festklædt. Enkelte havde ogsaa skud med. " Avisa kunne og melda at "Ole Gangsøen fik paa 17de mai en ny moderne fiskeskøite anskaffet til sommerfisket. Hr. Gangsøen ønskes til lykke med foretagendet. Skulde det være af veien, om Ole Gangsøen kaldte sin nye skøite 17. mai?" "17de mai i Moldøen" Fjordens Blad kunne den 24. mai melda om ei særleg vakker markering av 17. mai 1905 i Måløy. "17de mai i Moldøen feiredes under enestaaende stor tilslutning. Precis kl. 6 affyredes fra Gotteberg, Midtgaard og Sæternes 21 skud (7 fra hvert sted). Nu og da hørtes ogsaa skud fra fastlandet Kulen og Degnepold. Æren for at have leveret det første skud paa 17de mai 1905 tilkommer antagelig kapelmester v. Severen. Han sendte et kanonslag tilveirs om natten kl. 10 minutter over 12. Efterat Skrams ungdomslag og loge "Havglimt" havde avsløret sine nye faner, satte toget seg i bevægelse kl. 1 eftmd. Fra skolehuset til Gotteberg, derfra til Sæternes med retur til skolehustomten, hvor pastor Klausen

7 Side 7 av 10 holdt talen for dagen. Kapelmester v. Severen holdt dernest tale for kongen. I 6 tiden samledes man atter i skolehuset, hvor Kr. Sunde holdt talen for ungdommen, adreseret til Skrams ungdomslag. Samtlige talere fik sterkt bifald. Efterpaa talte Klausen for afholdssagen. Den officielle del av festligholdelsen sluttede med at Kr. Sunde bad forsamlingen mindes 60 aarsdagen for Wergelands bekjendte gave til Eidsvold kommune 17de mai Taleren citerede indskriften på sølvpokalens ene side: "Gid 17de mai, den velsignete blant dage, bestandig må skjønnere vende tilbake". Sunde uttalte derpaa en tak til festkomiteen for dens gode arbeide og til sangforeningen for hva den havde præsteret. Takken adresseredes til festkomiteens formand Søren Vederhus og instruktøren lærer H. Kvalheim. Blant de sange, som blev sunget, kan nævnes: "Gud signe vaart dyre fedreland", "Ja vi elsker" o.s.v., kongesangen, "Jeg vil værge mit land" Hele bygden saavel som de paa havnen liggende dampskibe var flagsmykket. Der affyredes "skud i skud", efterhvert som toget skred frem. Udover kvelden morede man seg fortreffelig med forskjellige slags lege. Tak til alle, som var med og gjorde frihetsdagen til hva den blev - en virkelig festdag! En speciel tak til festkomiteen, som bar det tyngste tag." 7. juni juni 1905, dagen då unionen vart oppløyst, var ein onsdag og vanleg kvardag, men folk venta i spaning på siste nytt frå hovudstaden og Stortinget. Etter kvart som nyhendet vart kjent, heiste folk flagget og somme stader sende dei helsingstelegram til styresmaktene. Stortinget sende ut ei kunngjering om unionsoppløysinga. Kyrkjedepartementet sende oppmoding til prestane om å lesa opp kunngjeringa i kyrkjene fyrste pinsedag, den 11. juni, eller seinare. Denne oppmodinga følgde dei truleg også i Måløy. Folkerøystingane - røysterett og valstyre Det var to folkerøystingar i 1905: Søndag 13. august då folket skulle seia ja eller nei til unionsoppløysinga som hadde funne stad 7. juni. Søndag 12. og måndag 13. november då folket skulle svara ja eller nei til om Stortinget skulle utkåra ein konge. I røynda var dette eit val mellom kongedømme og republikk. Den 13, august samla dei 9 medlemane i stemmestyret seg i Selje hovudkyrkje. Formann var lensmann Hartmann. Avstemninga skulle skje i dei 3 kyrkjene. "I Vaagsø kirke for hele Vagsø sogn og de sidst nævnte 8 gaarde i Stadt sogn. " I Leganger kirke for de vælgere, som i mandtallet er opført fra og med gårdene Sandvik nordre udover Stadt til og med gaarden Austemyr. I Selje hovedkirke for de øvrige gaarde i Hove sogn undtagen av gaardene Strømmen, Sørpold, Reinen, Osmundvaag, Hjertenæs, Uren, Tvendesæter og Hagevik. I Vaagsøy kirke for hele Vaagsøy og de sidst nævnte 8 gaarde i Stadt sogn."

8 Side 8 av 10 Folkerøystinga i august - ja eller nei til unionsoppløysinga Prost Strømme hadde sagt at om nokon ville stemma nei, så ville han sjå på vedkomande som "et stort stykke af en forræder." No fekk Strømme ei nei-røyst i Selje/Vågsøy. Det var tre som røysta nei i heile fylket, to i Sogndal og ein i Selje prestegjeld. " Der blev optaget i alt 997 stemmesedler, som samtlige enstemmig godkjendtes. Det viste sig da at 996 havde stemt "Ja" og 1 "Nei". Saavel stemmesedler som forfaldsskrivelser blev derefter i fællesskab forseglede og opbevarede af stemmesstyrets formand." Det var i alt 1109 menn med stemmerett i Selje og Vågsøy. Det vart gjeve 1015 stemmer og 18 av desse vart forkasta. Valdeltakinga i Selje og Vågsøy var soleis 89,9 %, noko nær snittet for fylket. Resultatet for Sogn og Fjordane: hadde røysterett. Det vart avgjeve (88,7 %) godkjende røyster. Berre tre røysta nei. Resultatet for heile landet: hadde røysterett, godkjende røyster, ja, 184 nei. 13. august i Vågsøy Alt eit par dagar før avrøystinga Ulf Lem og Ulvesund Fiskeriselskap stilt sine to dampskip til rådvelde i samband med avrøystinga. "Ruth" gjekk til Vågsvågen med anløp Hollevik og "Kveldulf" gjekk til Skavøypollen og henta folk frå fastlandet. Side om side gleid desse to nordover Ulvesundet. Bygda var smykka med flagg. "Skjold", "Skallagrim" og "Egil" hadde gått innover mot Davik Rugsund for å assistera der. Menn og kvinner i Nord-Vågsøy hadde pynta Røysa kyrkje. Det var grøne band av lyng kring preikestolen, og ved dei to søylene ved oppgangen til koret. Mellom desse søylene var det og bunde opp av lyngblomst "13. august 1905". Øvst oppe hang eit stort norsk flagg. Bjørkekvistar titta fram bak kvart hjørne av flagget. Signaturen S-e fortel vidare i Fjordenes Blad om dette: "Fra prekestolen blev det talt alvorlig og varmt om dagens betydning, og kirkesangeren benyttede anledningen til i hjertelige ord at mindes denne høitidelege anledning. Fra 12-1/2 1 blev "Gud signe vaart dyre fedreland" og "Jeg vil værge mitt land" sunget. Et kvarter før et tog kirkeklokken til at kime samtidig som der heistes flag paa de ved indgangen til kirkegaarden anbragte flagstænger. Rundt et lite bord i koret, hvorpaa en nyanskaffet valgurne med saadan indskription var anbragt: "Folkeafstemningen i Vaagsø 13 august 1905" havde stemmestyrets medlemmer med nationale sløifer paa brystet grupperet sig. Grundlovens samt Storthingets beslutning af 28. juli blev oplæst. Kl. 1 traadte stemmestyrets formand frem og bad forsamlingen synge første vers af fedrelandssangen. Hele forsamlingen reiste sig og sang: "Ja, vil elsker dette landet". Kl. 3 var afstemningen færdig, og den talrige almue begav sig hjem hver til sit med dagens minderige begivenhed over sig, for de fleste mer som et eventyr end virkelighed. Er det mulig at denne "Ja, vi elsker" som vi sang i dag er den samme som den "Ja, vi elsker" som narrekatter og folk, som for med guttestreker, brugte at synge paa møder og fester, -

9 Side 9 av 10 og dette flag, som i dag paa en prækensøndag vaiede over høialteret i Røisens kirke, det kan være det samme som det flag, man for og drog paa langs field og fjære paa skyttermøder og 17. maifester til spot og spe for alle voksne mennesker - et eventyr." Skildringa fortel mykje om korleis dei markerte avstemninga i Vågsøy og kva stemningar og høgtid dette skapte. Folkerøysting i november - kongedømme eller republikk Den 12. og 13. november skulle folk i Vågsøy røysta ja eller nei til kongedøme menn hadde røysterett denne gongen. 945 gav stemme. 4 røyster vart forkasta og 941 vart godkjende. 892 meinte av løysinga med den danske prinsen var den beste. 49 menn i Selje og Vågsøy ville heller at landet skulle styrast av ein president. Frammøte denne gongen var 83,5 prosent, så interessa for dette var noko mindre. Selje og Vågsøy var ein av dei "reinaste" kongekommunane i fylket. I det heile så ser det ut til at kongedømet stod sterkast på kysten. Folk inne i fjordane hadde meir lyst på republikk. Resultatet for Sogn og Fjordane: hadde røysterett, (78,3 %) godkjende røyster (80,4%) røysta for kongedømme, (19.6 %) røysta for republikk. Resultatet for landet: hadde røysterett, godkjende røyster (73,5%) (79,5%) røysta for kongedømme, (20,5%) røysta for republikk. Den nye kongefamilien Den 18. november valde Stortinget prins Carl av Danmark til Norges konge. Han var gift med prinsesse Maud frå England og sonen deira heitte Alexander. Prins Carl tok namnet Haakon 7. og Alexander sitt namn vart endra til Olav. Den nye kongefamilien kom til Kristiania med det norske marinefartyet "Heimdal" om kvelden 25. november der tusenvis av feststemde menneske venta. Det strøymde snart inn helsingstelegram frå heile landet. Me kjenner ikkje til døme frå Vågsøy. Mange stader vart det halde fest i samband med frigjeringsverket og det hendingsrike året. "Fest ud og fest ind" Mange stader i landet skipa dei i desember til folkefestar for å markera det hendingsrike året I Vågsøy kjenner me ikkje til slike hendingar, men det er rimeleg å tru at her og var slike markeringar. I Fjordenes Blad stod det sist i desember eit lengre stykke om jula i Måløy. "Julen er festernes tid. Det hjælper ikkje at det nu snart forløbne aar 1905 har været særlig rikt på fester, - totalistforeningen, ungdomsforeningen, goodtemplarforeningen og skolene - alle disse skal ha sin julefest. For den, som er saa heldig at være medlem af flere foreninger, blir det fest ut og fest ind, kaffi og kveitebrød i mente. Aaret har været særlig rigt på paa store begivenheder, som vi vil haabe blir til lykke for vaart land. Paa den anden side har aaret ogsaa bragt mange skuffelser, snart paa en maade, snart paa en anden. I de sidste maaneder har flere af vore kjække sjømend blevet igen paa sjøen, uden at det engang lykkedes dem at faa sende en sidste hilsen hjem til

10 Side 10 av 10 sine." Året 1905 stunda mot slutten i Vågsøy. Frå 5 minutt før kl nyttårsnatta til 10 over midnatt brukte fiskedampskipa i Måløy å ringa det gamle året ut og inn det nye. Det gjorde dei nok og nyttårsnatta 1905/1906. Artikkelnummer: KAL/SFF Forfattar og datering: Gunnar Urtegaard Prenta kjelder: Helland, Amund: Topografisk/statistisk beskrivelse over Nordre Bergenhus amt. Del 2. Kristiania Os, Edvard: Bygdebok for Selje og Vågsøy1957 Johansen, Karl Egil: Fiskerinæringa i Ytre Nordfjord Årbok for Nordfjord Fjordenes Blad, 1905: 29.7, 23.8, 30.8, 30.12, 7.1, 21.1, 11.10, 7.6, 1.11, 3.6, 22.2, 8.2, 3.6, 20.5, 8.2, 25.3, 29.7, 3.5, 7.1, 30.8,6.12, Nordre Bergenhus Amtstidende, 1905: 31.5, Sogns Tidende 1905: 14.2, 5.5 Sogningen 1905: Uprenta kjelder: Statsarkivet i Bergen: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, utskrift frå valstyra, folkerøystinga 13. august og folkerøystinga 12. og 13. november. Statsarkivet i Bergen: Selje prestearkiv, dagsregister Databasar ved Fylkesarkivet: Møtebokregister, emigrantar, foto, lag og organisasjonar. Tilleggsinformasjon: Me ynskjer kommentarar til artikkelen. Har du utfyllande opplysningar? Kjenner du til andre fotografi? Send oss ein epost:

1905 - Selje kommune

1905 - Selje kommune Side 1 av 7 Foto av Karl Rasmussen Nordpollen og kona Anna Eiriksdotter. Karl var fødd kring 1838 og Anna kring 1840. Dei budde på Nordpollen som jordlause husmenn i 1900. Dette biletet er teke kring 1880-1900.

Detaljer

1905 - Naustdal kommune

1905 - Naustdal kommune Side 1 av 6 Naustdal sentrum tidleg på 1900-talet. Til venstre kan vi sjå det nybygde kommune- og skulehuset der sparebanken også heldt til. Det lyse huset til venstre er Friishuset der det var landhandel,

Detaljer

Trondheim postkontor - fra år til år.

Trondheim postkontor - fra år til år. Trondheim postkontor - fra år til år. Opprettet: 1647 eller like etter Navn: Trondhjem (fra start), Nidaros (1930), Trondheim (1931) Fra år til år: 1647 17/1 Hollenderen Henrik Morian fikk privilegium

Detaljer

Våren 1923 bad eg Garborg leggje handskrifti

Våren 1923 bad eg Garborg leggje handskrifti FYRIORD (av Hulda Garborg) Våren 1923 bad eg Garborg leggje handskrifti til dagbøkane sine ned på Universitetsbiblioteket; det lyktest meg altfor vyrdlaust å la dei liggje lenger i eit trehus på landet.

Detaljer

Hvem var Terje Vigen? Av Stein Opsal

Hvem var Terje Vigen? Av Stein Opsal Hvem var Terje Vigen? Av Stein Opsal Tegning av Christian Krogh Sagaen om losen og sjømannen fra Grimstad, som brøt den engelske blokaden av den norske kyst under Napoleonskrigen og nødsårene i Norge 1807-14,

Detaljer

På flukt som jaget vilt!

På flukt som jaget vilt! Krigsminner: På flukt som jaget vilt! Far og datter, Jonas og Alfhild Vaule, flykter mens kulene hagler om øra * Her fortelles det om dramatiske hendelser i Bjerkreim: Jonas Vaule og hans kone Inga var

Detaljer

nr.2 Kyrkjeblad for Gloppen mars 2015 Årgang 45 Han har stått opp!

nr.2 Kyrkjeblad for Gloppen mars 2015 Årgang 45 Han har stått opp! nr.2 Kyrkjeblad for Gloppen mars 2015 Årgang 45 Han har stått opp! Påske 2015 Vi serverer med dette eit fyldig påskenummer. Med temaet «Han har stått opp», kan det bli mange sider. Vi takkar flinke bidragsytarar!

Detaljer

"Strø sukker, du brunøjede"

Strø sukker, du brunøjede Line Mork Vatneødegård "Strø sukker, du brunøjede" -Impresjonisme i Ved Vejen av Herman Bang Masteravhandling i nordisk litteratur Institutt for nordistikk og litteraturvitenskap NTNU Våren 2011 1 2 Forord

Detaljer

Legestudent Sverre Sørsdals brev til sin mor 1919-27

Legestudent Sverre Sørsdals brev til sin mor 1919-27 Øivind Larsen (red.) Legestudent Sverre Sørsdals brev til sin mor 1919-27 Michael 3013; 10: 365 446. Stud. med. Sverre Sørsdal studerte ved Det kongelige Frederiks Universitet i Kristiania/Oslo fra 1919

Detaljer

Det Norske Nobelinstitutts Skriftserie The Norwegian Nobel Institute Series

Det Norske Nobelinstitutts Skriftserie The Norwegian Nobel Institute Series Det Norske Nobelinstitutts Skriftserie The Norwegian Nobel Institute Series Ivar Libæk: Et Nobelinstitutt eller Revue Nobel? Konflikter i den første Nobelkomiteen. Vol. 1 - No. 1 Oslo, 2000 2 Ivar Libæk:

Detaljer

En samling minner fra fjell-garden Brattebø

En samling minner fra fjell-garden Brattebø En samling minner fra fjell-garden Brattebø Brattebø Brattebø er en fraflyttet fjell-gard siden 1924. Den ligger i heia nordenom Ørsdalen i Bjerkreim. Aaland Gård, november 2010 Paul Tengesdal 1 Barndomsminner

Detaljer

Hvem var Rasmus Malling-Hansen?

Hvem var Rasmus Malling-Hansen? Hvem var Rasmus Malling-Hansen? En biografi skrevet av Sverre Avnskog Malling-Hansens Personlighed er ikke let at skildre; hvidt på sort er så mat, man trænger til Ildfarver, til noget levende i stedet

Detaljer

Tone Njølstad Slotsvik. Katolikker i Norge 1905 1930. En minoritet i nasjonalstatens tid

Tone Njølstad Slotsvik. Katolikker i Norge 1905 1930. En minoritet i nasjonalstatens tid Tone Njølstad Slotsvik Katolikker i Norge 1905 1930 En minoritet i nasjonalstatens tid Katolikker i Norge 1905 1930 En minoritet i nasjonalstatens tid Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter

Detaljer

FJELLHAUG. organ for fjellhaug skoler og fjellhaug elevlag. fullfør oppdraget!

FJELLHAUG. organ for fjellhaug skoler og fjellhaug elevlag. fullfør oppdraget! FJELLHAUG organ for fjellhaug skoler og fjellhaug elevlag nr. 2 2009 80. årg. Gå inn på nye fjellhaug.no Vær med og fullfør oppdraget! Støtt Fjellhaug økonomisk! Det forskes på Fjellhaug side 4-5 Å studere

Detaljer

I GAMLE STAVANGER. Jubileumsboken: JUBILEUM - fordi dette er. Gottfred Borghammer's TIENDE BOK

I GAMLE STAVANGER. Jubileumsboken: JUBILEUM - fordi dette er. Gottfred Borghammer's TIENDE BOK I GAMLE!!XAVmGER Jubileumsboken: I GAMLE STAVANGER JUBILEUM - fordi dette er Gottfred Borghammer's TIENDE BOK Alle som kjøper jubileumsboken er - sammen med utgiveren - med på å støtte følgende formål:

Detaljer

Det e glo i strengan!

Det e glo i strengan! 1 AND Odd Solhaug Det e glo i strengan! Andøy Energi 1946-1996 «Tenk om det ikke fantes elektrisitet? Da måtte vi sitte i mørket og se på fjernsyn». (Fra ukjent barnemunn) 2 Forfatterens forord «Allting

Detaljer

Menighetsblad for Fana sokn. Med artikler og reportasjer fra hele Fana prosti NR. 3/14 ÅRGANG 51. God sommer!

Menighetsblad for Fana sokn. Med artikler og reportasjer fra hele Fana prosti NR. 3/14 ÅRGANG 51. God sommer! Menighetsblad for Fana sokn. Med artikler og reportasjer fra hele Fana prosti NR. 3/14 ÅRGANG 51 FOTO: ODDVAR SKRE God sommer! Konsertsommer Sommeren står for døren, men hver torsdag fram til 1. august

Detaljer

Med Th. S. Haukenes til Sauland og Hjartdal hausten 1889:

Med Th. S. Haukenes til Sauland og Hjartdal hausten 1889: KONTAKTBLAD FOR Nr.22 Nov. 1996 7.årg. Liste over trykt lokalhistorisk litteratur Vil nokon lage kart med alle kjende husmannsplassar i bygda? Referat frå årsmøtet Kan ei stulsbu ved Prestevegen takast

Detaljer

Forsmak på himmelen. Nytt fra. Følg med Normisjon på facebook. Bibelskole utvider. Ønsker menighetsvekst. Sogn og fjordane 2 Hordaland 8

Forsmak på himmelen. Nytt fra. Følg med Normisjon på facebook. Bibelskole utvider. Ønsker menighetsvekst. Sogn og fjordane 2 Hordaland 8 Nytt fra Sogn og Fjordane/Hordaland Juni/juli 2012 Nr. 3 12 årgang www.normisjon.no Jeg skvatt litt en dag da jeg så følgende overskrift på forsiden til BA: «Fra torsdag er det ingen nåde». Avisreportasjen

Detaljer

Me vil ha nynorske lærebøker

Me vil ha nynorske lærebøker Framhald av Fedraheimen og Den 17de Mai Medlemsblad for Noregs Mållag Nr. 4 september 2008 Kinofilm på nynorsk Endeleg! Det er heile 23 år sidan sist. I slutten av september kjem den brasilianske filmen

Detaljer

SOGA OM LARS RASMUSSON EIKEMO

SOGA OM LARS RASMUSSON EIKEMO SOGA OM LARS RASMUSSON EIKEMO Åse Eikemo Strømme "Han Lars i Ørrvikjæ" Lars var fødd 1837, og vart 1862 g.m. Maria Johannesdtr. Leiro f. 1841. Dei budde ei tid som husfolk på Eikemo og fekk då 2 døtre,

Detaljer

Gamal diktar prøver seg som modernist?

Gamal diktar prøver seg som modernist? Gamal diktar prøver seg som modernist? Om Olav H. Hauge og Profil-gruppa Hilde Kristin Strand Masteroppgåve Nordisk institutt Universitetet i Bergen Februar 2007 Han med fekk hug å prøva desse nye styltrone.

Detaljer

Språknytt. Ett eller to ord?, s. 26

Språknytt. Ett eller to ord?, s. 26 Foto: Språkrådet Ett eller to ord?, s. 26 Språknytt Utgitt av Språkrådet 37. årgang 2/2009 Meninger om engelsk i næringslivet, s. 10 Språkdugnad på Facebook, s. 14 Når internasjonalisering betyr anglifisering,

Detaljer

Svein Lund. Samisk skole. eller. Norsk Standard? Reformene i det norske skoleverket og samisk opplæring. Davvi Girji

Svein Lund. Samisk skole. eller. Norsk Standard? Reformene i det norske skoleverket og samisk opplæring. Davvi Girji Svein Lund Samisk skole eller Norsk Standard? Reformene i det norske skoleverket og samisk opplæring Davvi Girji Davvi Girji 2003 1. utgåve, 1. opplag Utgitt med støtte frå Lærebokutvalet for høgare utdanning.

Detaljer

Stemmerett også for kvinner! Lokal stemmerettskamp 1890-1907

Stemmerett også for kvinner! Lokal stemmerettskamp 1890-1907 Stemmerett også for kvinner! Lokal stemmerettskamp 1890-1907 Ingeborg Fløystad I 1907 sendte noen kvinner i Risør et skriv til Stortinget med følgende ordlyd: Til det norske storthing! Undertegnede tillader

Detaljer

Noen brev fra Knut Hamsun til Marie Hamsun 1911-21. Transkripsjoner.

Noen brev fra Knut Hamsun til Marie Hamsun 1911-21. Transkripsjoner. Noen brev fra Knut Hamsun til Marie Hamsun 1911-21. Transkripsjoner. Tirsdag Kvæld 10 [24.1.1911] Elskedeisen, tror jeg er nyt. Ser du nu har jeg faat akkurat seinle smaat og ellegant Brevpapir i dag.

Detaljer

70 år med tamrein Lom Tamreinlag 1926-1996. Jon Kolden

70 år med tamrein Lom Tamreinlag 1926-1996. Jon Kolden 70 år med tamrein Lom Tamreinlag 1926-1996 Jon Kolden Utgjeve av Lom Tamreinlag, 1996 70 år med tamrein Lom Tamreinlag 1926-1996 Utgjeve av Lom Tamreinlag, 2686 Lom Formgjeving: Visus, Lom Trykk: Valdres

Detaljer

Spørrelister om svangerskap, fødsel og barnestell ble utarbeidet og sendt

Spørrelister om svangerskap, fødsel og barnestell ble utarbeidet og sendt Et barn blir født Ann Helene Bolstad Skjelbred Fra historie og tradisjon til opplevelse I artikkelen Hva slags svar? Spørrelister som metode og materialet som kilde har jeg pekt på en rekke generelle utviklingstrekk

Detaljer

Henrik Wergeland sin kamp for jødane i den norske minnekulturen

Henrik Wergeland sin kamp for jødane i den norske minnekulturen Henrik Wergeland sin kamp for jødane i den norske minnekulturen 1845-1945 Dette er eit bilete frå avdukinga av Wergelandsstatuen på Eidsvolls plass i Christiania 17. mai 1881 Fotograf: Worm-Petersen Eigar:

Detaljer