Periodeplan for Skogskjegg veke 49-10

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Periodeplan for Skogskjegg veke 49-10"

Transkript

1 Periodeplan for Skogskjegg veke Hausten og småsteg Etter ein nydeleg haust på Sunnmøre vil vi gjerne fortelje litt om kva vi har nytta desse månedane til her på Skogskjegg. August gav oss nokre etterlengta sommardagar der vi var mykje ute og nyte solstrålane som varma så godt, men også september og oktober gav oss eit nydeleg haustver, så vi har nytt til det fulle. I utetida har vi sett mykje spennande rolleleik blant borna, i tillegg til at vi hatt kjekke turar ute. På turane våre har vi jobba med tema som vi finn i småsteg, dette har vi gjort for å forsterke temaet endå meir i tillegg til at vi har ein gjeng som er glade i å vere ute så då er det kjekt å ta med det vi jobbar med ut. Elles på tur har vi hatt fokus på turglede og gleda ved å leike i naturen og det vi finn i den. Det har vore mykje spennande leik både i fjøra og i skogen der borna har laga hus, mat, julefeiring, leike jakt og mykje meir. Vi har vore i gapahuken, i dalane, i fjørene på Esbjerget mm. Vi har både skogen til å klatre i, vi har elva som renn slik at vi kan leike at vi fiskar, ein kan lage seg små hus mellom treda og det er utruleg kor mykje rolleleik som spinn ut i frå desse situasjonane. I småsteg har figurane Kvalp og Snegl fylgt oss gjennom hausten, dei kjem på besøk kvar måndag i samling og enkelte veker kjem dei også fleire gongar i løpet av ei veke. Vi har blitt godt kjende med dei no og har blant anna lært lyttereglane, korleis vi skal vere på samling og korleis vi skal spørje om vi treng hjelp. Vi brukar blant anna merksemdskikert i samlinga, og den brukar vi når vi skal ha ekstra fokus på noko og skal konsentrere oss skikkelig. Vi har og lært å skilje mellom ulike følelsar, glad, sint, overaska og å verte lei seg. Vi har ulike følelsar og lærer om desse. Vi ser at borna tek det med seg og brukar det elles i kvardagen sin, noko som gjer det ekstra motiverande å jobbe med. Me lærer og teiknspråk og diverse andre begrep som opp og ned, start og stopp mm. Me har og hatt besøk av Hanne frå kulturskulen nesten kvar torsdag i haust og dette har vore kjekke samlingar der me har lært nye songar og leikar. Fagområda Fagområda jobbar vi med kvar dag i mange ulike former. Det er ikkje slik at vi arbeider med eit og eit fagområdet, men heller at vi er innom mange ulike fagområde i for eksempel samling, leikeaktivitetar og formingsaktivitetar. Vi syns også det er viktig å ta vare på dei spontane augeblinka i leiken saman med barna, der ein kan ta tak i noko og byggje vidare på det, og på den måten få inn dei forskjellige fagområda i den generelle leiken i barnehagen. Sjølv om vi jobbar med dei meir samla i barnehagen ønskjer vi å gå litt meir innpå kvart enkelt fagområde her slik at vi får vise kva vi tenkjer i forhold til dei ulike områda.

2 Kommunikasjon, språk og tekst Tidleg og god språkstimulering er ein viktig del av barnehagen sitt innhald. Det å øve på vekselspelet mellom å motta og gi informasjon, både verbalt og nonverbalt, er ein viktig del av kvardagen vår. Samstundes skal ein jobbe med å gi barna varierte erfaringar slik at dei har eit utgangspunkt for vidare kommunikasjon. I tillegg er ein viktig del av kulturoverføringa vår, gjennom forteljingar, rim, dikt, rim og regler knytt til dette fagområdet. (Rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver) Generelt i kvardagen er dette fagområdet ein naturleg del i alle situasjonar, der vi som vaksne må har fokus på å vere gode rollemodellar og bruke kvardagen til god språkstimulering blant anna.her har vi fokus på å skape eit språkstimulerande miljø med eit ekstra fokus på blant anna litteratur, rim, reglar men også samtalar, leikar og munnmotoriske aktivitetar. Kropp, bevegelse og helse Born er kroppsleg aktive og brukar kroppen til å uttrykke seg, dei lærer om verda gjennom aktivitet samstundes som dei lærer om seg sjølv. Barn si kontakt med andre barn startar ofte med kroppslege signal og aktivitetar som er eit utgangspunkt for sosial kompeanse. God kosthald og god veksling mellom aktivitet og kvile har stor betyding for utvikling av motoriske ferdigheiter og kroppsbevegelsar. ( Rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver) Det å vere i aktivitet og i bevegelse er ein naturleg del av barns veremåte og derfor også ein naturleg del av barnehagekvardagen. Uteområdet og turar i skog og mark gir oss varierte moglegheiter til aktivitet både i form av å klatre, det å komme seg fram i skogen, balansere på ulike ting i naturen eller på dekka her i barnehagen. Det er også viktig at dei får positive opplevingar med å vere ute i all slags ver, og at dei kan sjå det positive ved det. Det er til dømes enkelt å glede seg over solskin og at ein kan springe ut berre i sko og jakke, men regnfulle dagar kan også vere gull verdt når ein kan søle og rote i vatn kanskje vi til og med kan spyle litt å få det endå våtare. Vidare må vi også ha fokus på dagsrytma, slik at ein har nok mat til å halde ein heil dag, og at ein vekslar mellom aktivitet og kvile. Kvile på ei storbarnsbase tenkjer eg kan vere så enkelt som å få sitte å lese ei bok, teikne litt eller høre på litt musikk for å roe ned. Vi har også sanserome inne som vi kan bruke når vi ønskjer ei roleg og avslappande stund. Mat i barnehagen er viktig, og det å skape eit godt måltid er ein viktig føresetnad for trivsel i barnehagen. Vi har fokus på at barna skal føle mestring og klare ein del sjølve under måltidet, dei skal få gode og sunne alternativ til mat og vi har alltid tilbod om grønsaker som ein del av måltidet.

3 Kunst, kultur og kreativitet Gjennom rike erfaringar med kunst, kultur og estetikk vil barna få eit mangfald av moglegheiter for sansing, opplevingar, eksperimentering, skapande verksemd, tenking og kommunikasjon. Fagområdet omhandlar uttrykksformer som bildekunst og kunsthandtverk, musikk, dans, drama, språk, litteratur, film, arkitektur og design. (Rammeplan for barnehagens oppgåver og innhald) Som de ser over omfattar dette fagområdet mange aktivitetar innanfor barnehagens kvardag. Denne hausten har vi brukt det mykje i form av å skape noko sjølv, mange av borna er glade i å vere på formingsrome, og dei uttrykker seg både med maling, teikning, men også gjennom å klippe og lime ulike figurar og former. Song, dans og drama finn vi også i forskjellige aktivitetar i barnehagen, songen er ofte naturleg med både i samling men også i meir leikprega aktivitetar og i rolleleiken. Som mor og far i rolleleik er ofte nattasongen naturleg å ha med, her kjem også drama inn ved at dei spelar ulike figurar som dei sjølve har sett og har erfaring med. Dette er eit området vi vil jobbe meir med utover hausten og vinteren for å gje borna meir inntrykk slik at dei kan vidareutvikle seg sjølv og sine eigne uttrykk. Her skal vi både ha forskjellige aktivitetar med forskjellig fokus, til dømes grovmotoriske aktivitetar som sikring, saging der det blir eit større resultat og ein kan jobbe litt med arkitektur. Men også meir finmotoriske aktivitetar som utviklar teikneferdigheiter, og her kan ein også jobbe innanfor ulike tema alt etter interesse frå barna. Det er viktig å presisere at dette er aktivitetar som skal vere prega av lyst og glede, og derfor noko vi tilbyr barna, det er derfor opp til dei om dei ønskjer å delta. Vi motiverer sjølvsagt barna og hjelp dei som har behov for det, men pressar ingen til å delta som ikkje har lyst. Natur, Miljø og teknikk Naturen gir rom for eit mangfald av opplevingar og aktivitetar til alle årstider og i all slags ver. Naturen er ei kjelde til skjønnheitsopplevingar og gir inspirasjon til estetiske uttrykk, fagområde skal bidra til at barn blir kjent med og får forståing for plantar og dyr, landskap, årstider og ver. (Rammeplan for barnehagens oppgåver og innhald) Som nemnt over har vi eit mål og eit fokus på at vi skal ha det kjekt ute i all slags ver og at vi kan ha kjekke aktivitetar både i sol, vind, regn og snø. Vi undrar oss saman med barna over fenomen vi finn i naturen, til dømes kvifor blir det flo og fjøre? Kvifor fell blada når det er haust? Barn har i utgangspunktet mange spørsmål og undrar seg over ting i naturen naturleg, men det er viktig at vi vaksne er med på dette og undrar oss saman med dei slik at ein fortsett tankeprosessen rundt det. Vi vaksne har heller ikkje alltid svaret

4 så ofte må vi anten finne ei bok vi kan lese om det i eller søke på internett for å finne ut kva som er grunnen til forskjellige ting. Naturen kan vere inspirasjon til estetiske inntrykk men også verkty eller material til estetiske uttrykk, så det vil vi ta med oss vidare utover hausten, vinteren og våren i samspel med fagområdet kunst, kultur og kreativitet. Etikk, regligion og filosofi Etikk, regligion og filosofi er med på å forme måtar å oppfatte verda og menneske på og pregar verdiar og haldningar. Religion og livssyn legg grunnlaget for etiske normer, og den kristne trua og tradisjonane har saman med humanistiske verdiar prega norsk og europeisk kultur. Respekt for menneskeverd og natur, åndsfridom, nestekjærleik, tilgiving, likeverd og solidaritet er verdiar som kjem til uttrykk i mange religionar og livssyn og er forankra i menneskerettane. Barnehagen skal reflektere og respektere det mangfaldet som er representert i barnegruppa, samstundes som ein skal ta med seg verdiane i kristen og humanistisk arv og tradisjon (Rammeplan for barnehagens oppgåver og innhald) Gjennom arbeid med blant anna Småsteg jobbar vi i barnehagen systematisk med verdiar kring menneskesyn og haldningar. Ein del av opplegget omhandlar blant anna følelsar og korleis vi oppfattar kvarandre og kvarandre sine behov. Dette er også noko vi tek med inn i leiken der vi rettleiar barna i forhold til dei forventingane som ein har til kvarandre. Vidare tenker eg at under dette fagområdet kjem det å undre seg saman med borna som ein viktig arbeidsmåte, det å vere saman med borna å sjå kva dei er opptatt av for deretter å spørje kva dei tenkjer rundt det er spennande og interessant. Ein kjem tettare innpå dei og ser kor mykje kompetanse dei har sjølv om dei er små. Nærmiljø og samfunn Barna sin medverknad i det indre liv i barnehagen kan vere første steg for å få innsikt i og erfaring med deltaking i eit demokratisk samfunn. Barnehagen skal bidra til at barn møter verda utanfor familien med tillit og er nyfikne. Barn skal medverke i å utforske og oppdage nærmiljøet sitt, og deira ulike erfaringar frå heim, omgangskrets og reiser vil kunne gje kunnskap om ulike samfunn. (Rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver) Den mest synlege delen av barns medverknad i barnehagen er turdagen der ein har ferdaråd. Då er det barna sjølve som bestemmer kvar vi skal gå og innhaldet på turen. Dette er ein demokratisk prosess der fleirtalet får bestemme kvar ein skal gå. Barnehagen har også eit tett samarbeid med til dømes sjukeheimen i bygda der som vi besøker med jamne mellomrom. Dette er ein viktig del både av dette fagområdet

5 men også innanfor etikk, religion og filosofi, då dette også er med på å gje borna gode verdiar og haldningar ovanfor dei eldre i samfunnet vårt. Antal, rom og form Barn er tidleg opptatt av tal og telling, dei utforskar rom og form, dei argumenterar og er på jakt etter samanhengar. Gjennom leik, eksperimentering og kvardagsaktivitetar utviklar barna sin matematiske kompetanse. (Rammeplan for barnehagens oppgåver og innhald) Tidleg stimulering i fagområdet antal, rom og form er viktig for å skape interesse for matematikk seinare i livet. Dette betyr ikkje at vi skal jobbe med matematikk i tradisjonell form i barnehagen men at vi skal tilføre ein del omgrep og aktivitetar i kvardagen vår. Blant anna jobbar vi mykje med telling, dette er noko barn ofte er naturleg opptatt av. Vi tel blant anna kor mange vi er, kor mange barn vi er og kor mange vaksne. Kor mange koppar treng vi då til bordet? Og kor mange knivar? Når vi er på tur kan vi gå på jakt etter ulike former i naturen, eller få erfaringar med forskjellige omgrep i forhold til plassering. Matematiske omgrep er også noko vi tek med oss i forhold til den generelle språkstimuleringa, og noko vi kjem til å ta med i språkgruppene utover vinteren. Tema framover på skogskjegg Juleførebuing Det nærmar seg jul og juleførebuingane er allereie i gong både heime og i barnehagen. I barnehagen ønskjer vi å ha fokus på ei roleg førjulstid, så vi planlegg ikkje for mykje i denne tida. Vi skal lage nokre overraskingar, og alle skal få ha noko og ta med heim, men det kan vere forskjellig kor mykje ein tek med ut i frå interesse og ønskje frå barna, vi prøvar å inspirere men legg ikkje noko press på barna i forhold til kor mykje dei lagar. Elles har vi våre faste tradisjonar som også i år gjennomførast, og då samlast vi både Skogskjegg og Skintryte, dei som eventuelt har fridag er sjølvsagt inviterte på desse arrangementa. Julebordet er først ut tysdag 6 desember, her pyntar vi oss i fine kle og et god mat saman, vi går rundt juletrede og har det kjekt ilag. Lucia feiringa er det neste på programmet og den blir feira tysdag 13.desember. Maxiborrna går tur i sentrum. Frå erfaring ser vi at dette er den beste måten å gjennomføre det for barna sin del. Nissefesten er det siste på programmet av arrangement i barnehagen, og den går av stabelen tysdag 20 desember. Denne dagen går vi til Gruvetoppen og brukar uteområdet der. Vi et nissegraut og kanskje kjem julenissen innom på besøk

6 til oss? I desember skal Maxiborna på bading til Åheim 25 november og 2,9 og 16 desember. Småsteg del 3 Neste del i småsteg handlar om å mestre følelsane. Målet med denne delen av opplegget er at barna skal kjenne att kva dei føler og kunne roe seg ned når følelsane blir sterke. På denne måten kan dei betre mestre aggressiv åtferd og bli betre på å løyse problem. I denne delen lærar barna korleis dei kan hindre at sterke følelsar fører til at dei oppfører seg på måtar som skapar problem. Når sterke følelesar kjem ut av kontroll, er det vanskeleg å tenkje klart og løyse problem. Når barnet har klart å kontrollere dei sterke følelsane sine kan det lettare bruke dei andre ferdigheitene som dei har lært om tidlegare i småsteg. Nokre av desse ferdigheitene er å lytte til andre, leike fredeleg, opptre rettvist og løyse problem som kan oppstå i samspel med andre. (Småsteg Steg for steg) Vi ser meir og meir av innhaldet i småsteg i det daglege med barna, dei ser ut til å ta det med seg i leiken og kan mykje når vi snakkar om det på samling. Kom gjerne med tilbakemeldingar om de ser eller høyrer noko heime omkring dette. Takk for ein fin haust med mange kjekke opplevingar saman med barna dokkar! Ta gjerne kontakt med basen, oss eller Marta om de lurer på noko. Rannveig og Janne pedagogiske leiarar på Skogskjegg

7 Mjølk på tur. Vi fekk sjå kva som var i magen på torsken,

8 Frisørdamer Vi baker. På «jobb» på sjukeheimen

Halvtårsrapport gul gruppe haust 2016

Halvtårsrapport gul gruppe haust 2016 Halvtårsrapport gul gruppe haust 2016 Kommunikasjon, språk, tekst: «Tidlig og god språkstimulering er en viktig del av barnehagens innhold. Kommunikasjon foregår i et vekselspill mellom å motta og tolke

Detaljer

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015 Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015 I denne rapporten vil eg ta føre meg dei 7 fagområda i rammeplanen. Eg vil skrive litt om kva rammeplanen seier og deretter gjere greie for korleis me har arbeida

Detaljer

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe Omsorg, medverknad, vennskap og fellesskap Tidleg på hausten brukte me mykje tid på barnas medverke og sjølvbilete. Dette gjorde me gjennom arbeid i prosjekt, der

Detaljer

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst PROGRESJONSPLAN FOR FAGOMRÅDA I FYRESDAL BARNEHAGE 2017-2018 Vedlegg til årsplanen. August 2017 Progresjonsplan for fagområdene i Rammeplanen I tillegg til

Detaljer

torsdag, 20. januar 2011 Progresjonsplan Øye barnehage Plan som visar kva barnehagen vil legge vekt på innanfor kvart fagområde.

torsdag, 20. januar 2011 Progresjonsplan Øye barnehage Plan som visar kva barnehagen vil legge vekt på innanfor kvart fagområde. torsdag, 20. januar 2011 Progresjonsplan Øye barnehage Plan som visar kva barnehagen vil legge vekt på innanfor kvart fagområde. Innhald: Antall, rom og form s. 3 Kropp, bevegelse og helse s. 4 Kommunikasjon,

Detaljer

De 7 fagområdene. Dette legger vi vekt på hos oss:

De 7 fagområdene. Dette legger vi vekt på hos oss: De 7 fagområdene Barnehagen skal gi barna grunnleggende kunnskap på sentrale og aktuelle områder. Barnehagen skal støtte barns nysgjerrighet, kreativitet og vitebegjær og gi utfordringer med utgangspunkt

Detaljer

PERIODEPLAN EVALUERING Avdeling: Blåmeis EVALUERING AV PERIODE 1: September - november2015

PERIODEPLAN EVALUERING Avdeling: Blåmeis EVALUERING AV PERIODE 1: September - november2015 PERIODEPLAN EVALUERING Avdeling: Blåmeis EVALUERING AV PERIODE 1: September - november2015 PERIODENS FAGOMRÅDER: NÆRMILJØ OG SAMFUNN: - Bli trygge på seg sjølv, vaksne og barn i barnehagen - Bli kjent

Detaljer

Halvtårsrapport for gul gruppe våren 2017

Halvtårsrapport for gul gruppe våren 2017 Halvtårsrapport for gul gruppe våren 2017 1. Kommunikasjon, språk, tekst: Gjennom arbeid med dette fagområdet skal barnehagen bidra til at barnet blir kjent med bøker, sanger, bilder m.m. (Rammeplanen).

Detaljer

Språk og språkmiljø Kvardagssamtalen: Høgtlesing og forteljarstunder:

Språk og språkmiljø Kvardagssamtalen: Høgtlesing og forteljarstunder: Språk og språkmiljø Vi har språk og språkmiljø som satsingsområde. Det er eit mål å gje barna varierte og positive erfaringar med ord og uttrykk, saman med konkret sanse- og førstehandserfaring, i naturlege

Detaljer

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET Sss Levande kulturarv Frå jord til bord Utforsking og læring gjennom digitale verkty Tarkus - barnas trafikkvenn Vennskap og inkludering FOKUSOMRÅDE Friskus og fysisk

Detaljer

PROGRESJONSPLAN GAUTESETE BARNEHAGE

PROGRESJONSPLAN GAUTESETE BARNEHAGE PROGRESJONSPLAN GAUTESETE BARNEHAGE Kommunikasjon, språk og tekst 0-3 år Barna skal forstå hverdagsord Barna skal forstå enkle instrukser Barna skal kunne henvende seg verbalt på eget initiativ Barna skal

Detaljer

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst PLAN- OG VURDERINGSARBEID I FYRESDAL BARNEHAGE 2017-2018 Vedlegg til årsplanen. August 2017 Formål "ehagen skal i samarbeid og forståelse med hjemmet ivareta

Detaljer

Halvtårsrapport raud gruppe haust 2017

Halvtårsrapport raud gruppe haust 2017 Halvtårsrapport raud gruppe haust 2017 1. kommunikasjon, språk, tekst Gjennom arbeid med fagområdet skal barnehagen bidra til at barna får utforske og utvikle sin språkforståelse, språkkompetanse og et

Detaljer

PROGRESJONSPLAN FOR RAMMEPLANEN SINE FAGOMRÅDER

PROGRESJONSPLAN FOR RAMMEPLANEN SINE FAGOMRÅDER PROGRESJONSPLAN FOR RAMMEPLANEN SINE FAGOMRÅDER Med progresjon meiner ein framgang, framsteg, utvikling. Vår oppgåve er å gje barna oppgåver dei meistrar samtidig som vi gjer dei utfordringar slik at dei

Detaljer

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage Regnbogen Natur-og kulturbarnehage Om å vera på - vår forståing av vaksenrolla i uterommet Kva vil det seie å vera ein deltakande/engasjert vaksen i ungane sitt læringsmiljø? - Her tenkjer vi at ungane

Detaljer

Halvårsplan for Tyrihans og Askeladden våren 2017

Halvårsplan for Tyrihans og Askeladden våren 2017 Halvårsplan for Tyrihans og Askeladden våren 2017 TEMA: «Fysisk aktivitet, psykisk helse og kosthald» «Være sammen» Askeladden Kristoffer, pedagogisk leder Britt Karin, pedagogisk leder Linda, pedagogisk

Detaljer

HALVTÅRSPLAN FOR ANDUNGANE OG FUGLAREIRET

HALVTÅRSPLAN FOR ANDUNGANE OG FUGLAREIRET HALVTÅRSPLAN FOR ANDUNGANE OG FUGLAREIRET 2016-2017 1 August, september, oktober og november «Se på meg her er jeg» Kropp, bevegelse og helse «Barn er kroppslig aktive og de uttrykker seg mye gjennom kroppen.

Detaljer

Progresjonsplan for fagområdene - september 2014.

Progresjonsplan for fagområdene - september 2014. Progresjonsplan for fagområdene - september 2014. Rammeplanen for barnehagen stiller krav til at hvert fagområde skal ha en progresjonsplan for de ulike alderstrinnene i barnehagen. Hvordan fagområdene

Detaljer

Halvårsrapport lyseblå haust 2017

Halvårsrapport lyseblå haust 2017 Halvårsrapport lyseblå haust 2017 Det har vore eit flott halvår på lyseblå gruppe med eitt og toåringane. I gruppa har me 8 toåringar og 5 eittåringar. Me har to pedagogar, ein fagarbeidarar, ein assistent

Detaljer

Halvtårsplan for Enge barnehage hausten Knerten, Marihøno, Askeladden og Natur.

Halvtårsplan for Enge barnehage hausten Knerten, Marihøno, Askeladden og Natur. Halvtårsplan for Enge barnehage hausten 2016 Knerten, Marihøno, Askeladden og Natur. Satsingsområde: Språk og Være saman. Gjeld heile hausten 2016 Kva (aktivitet) Språk Være saman Korleis (arbeidsmåte)

Detaljer

HALVTÅRSPLAN FOR ANDUNGANE OG FUGLAREIRET 2015-2016

HALVTÅRSPLAN FOR ANDUNGANE OG FUGLAREIRET 2015-2016 HALVTÅRSPLAN FOR ANDUNGANE OG FUGLAREIRET 2015-2016 1 August, september, oktober og november «Se på meg her er jeg» Kropp, bevegelse og helse «Barn er kroppslig aktive og de uttrykker seg mye gjennom kroppen.

Detaljer

KANUTTEN PRIVATE FAMILIEBARNEHAGE. Årsplan 2014-2015.

KANUTTEN PRIVATE FAMILIEBARNEHAGE. Årsplan 2014-2015. KANUTTEN PRIVATE FAMILIEBARNEHAGE Årsplan 2014-2015. 1 HVA ER EN FAMILIEBARNEHAGE?: En familiebarnehage er en barnehage der driften foregår i private hjem. Den skal ikke etterligne annen barnehagevirksomhet,

Detaljer

NATUR, MILJØ OG TEKNIKK HVA GJØR VI I BARNEHAGEN? BARNEHAGENS MÅL

NATUR, MILJØ OG TEKNIKK HVA GJØR VI I BARNEHAGEN? BARNEHAGENS MÅL De syv fagområdene/progresjonsplan, aldersadekvat tilrettelegging. NATUR, MILJØ OG TEKNIKK HVA GJØR VI I BARNEHAGEN? BARNEHAGENS MÅL Naturen gir rom for et mangfold av opplevelser og aktiviteter til alle

Detaljer

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Månadsbrev for ROSA mars 2015 Månadsbrev for ROSA mars 2015 Oppsummering/ evaluering av mars Mars har vore ein lunefull månad med tanke på veret, men vi gledar oss over mange fine dagar med sol og vårleg varme. Har vore mykje ute og

Detaljer

Pedagogiske rom UTVIKLINGSPLAN Deltakarar; Alle i personalet i samarbeid med barna Hovudansvarlege; Veronica, Iselin, Eva Lisa og Marianne

Pedagogiske rom UTVIKLINGSPLAN Deltakarar; Alle i personalet i samarbeid med barna Hovudansvarlege; Veronica, Iselin, Eva Lisa og Marianne UTVIKLINGSPLAN 2015 Pedagogiske rom Deltakarar; Alle i personalet i samarbeid med barna Hovudansvarlege; Veronica, Iselin, Eva Lisa og Marianne Tiltak og arbeidsmetodar: Mål; Skape rom - som inspirerer

Detaljer

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage) ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage) Denne planen gjeld frå og med januar 2015 til og med desember 2015. I tillegg lagar personalet ein grovplan med meir

Detaljer

Årsplan for Straume barnehage Del 2. Arbeid med fagområda

Årsplan for Straume barnehage Del 2. Arbeid med fagområda Årsplan for Straume barnehage 2017-2018 Del 2 Arbeid med fagområda 0-2 år Gje barna kjennskap til ord omgrep støtte til språkutvikling Samtale med barnet på deira nivå.»lesesnakke «bøker, synge sangar,

Detaljer

Årsplan for Straume barnehage Del 2. Arbeid med fagområda

Årsplan for Straume barnehage Del 2. Arbeid med fagområda Årsplan for Straume barnehage 2016-2017 Del 2 Arbeid med fagområda 0-2 år Gje barna kjennskap til ord omgrep støtte til språkutvikling Samtale med barnet på deira nivå.»lesesnakke «bøker, synge sangar,

Detaljer

PERIODEPLAN FOR JANUAR OG FEBRUAR

PERIODEPLAN FOR JANUAR OG FEBRUAR PERIODEPLAN FOR JANUAR OG FEBRUAR Tilbakeblikk fra desember: Det var mange ulike kjekke aktiviteter i desember. Vi hadde adventer hver dag, juleverksteder med baking laging av gaver, felleser nissefest.

Detaljer

MÅNADSBREV FOR SEPTEMBER:

MÅNADSBREV FOR SEPTEMBER: MÅNADSBREV FOR SEPTEMBER: HEI, HEI! No er me komne godt i gong med kvardagen på Bikuben med rutinar, friluftsdagar, smøremat, kvilestund og små grupper. Me ser at gode daglege rutinar er med på å skape

Detaljer

GJENNOM ARBEIDET VÅRT MED FAGOMRÅDET KOMMUNIKASJON, SPRÅK OG TEKST ØNSKER VI AT BARNA SKAL:

GJENNOM ARBEIDET VÅRT MED FAGOMRÅDET KOMMUNIKASJON, SPRÅK OG TEKST ØNSKER VI AT BARNA SKAL: GJENNOM ARBEIDET VÅRT MED FAGOMRÅDET KOMMUNIKASJON, SPRÅK OG TEKST ØNSKER VI AT BARNA SKAL: 1 2 år Utvikle sin begrepsforståelse ved bruk av det verbale og kroppslige språket. Bli kjent med rytme og sanger

Detaljer

HALVÅRSPLAN FOR BIKUBEN BARNEHAGE HØSTEN 2016

HALVÅRSPLAN FOR BIKUBEN BARNEHAGE HØSTEN 2016 HALVÅRSPLAN FOR BIKUBEN BARNEHAGE HØSTEN 2016 Oversikt over arrangementer høsten 2016 Planleggingsdag: 15. august, 10 oktober Kultursekken: 2.september Foreldremøte: 14.oktober Høstfest: tirsdag 1.nov.

Detaljer

Kvardagsaktivitetar er noko som skjer kvar dag, og difor noko av det viktigaste innhaldet i barnehagen. Vi har satt oss nokre mål for desse

Kvardagsaktivitetar er noko som skjer kvar dag, og difor noko av det viktigaste innhaldet i barnehagen. Vi har satt oss nokre mål for desse Kvardagsaktivitetar er noko som skjer kvar dag, og difor noko av det viktigaste innhaldet i barnehagen. Vi har satt oss nokre mål for desse aktivitetane. Revidert haust 2015 BRINGING OG HENTING Kva er

Detaljer

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg. JANUAR 2015! Ja, i går vart friluftsåret 2015 erklært for opna og me er alle ved godt mot og har store forhåpningar om eit aktivt år. Det gjeld å ha store tankar og arbeida medvite for å gjennomføra dei.

Detaljer

Året rundt. Gjennomgangstema for året er vennskap, mobbing og anerkjennende kommunikasjon. 1. august 18.november: Nye vennskap

Året rundt. Gjennomgangstema for året er vennskap, mobbing og anerkjennende kommunikasjon. 1. august 18.november: Nye vennskap Året rundt Gjennomgangstema for året er vennskap, mobbing og anerkjennende kommunikasjon 1. august 18.november: Nye vennskap 21.november- 23.desember: Juleforberedelser 2. januar- 17. mars: Lofotfisket

Detaljer

Hvordan skal vi jobbe med rammeplanens fagområder på Tyttebærtua i 2013/2014?

Hvordan skal vi jobbe med rammeplanens fagområder på Tyttebærtua i 2013/2014? Hvordan skal vi jobbe med rammeplanens fagområder på Tyttebærtua i 2013/2014? Fagområde Mål for barna Hvordan? Bravo Kommunikasjon, språk og tekst Barna skal lytte, observere og gi respons i gjensidig

Detaljer

PROGRESJONSPLAN FOR ROGNE BARNEHAGE

PROGRESJONSPLAN FOR ROGNE BARNEHAGE PROGRESJONSPLAN FOR ROGNE BARNEHAGE PROGRESJONSPLAN FOR ROGNE BARNEHAGE Rammeplanen for barnehagens innhald og oppgåver seier at barnehagane bør ha ein langtidsplan for å sikre progresjon og samanheng

Detaljer

Leikande, glade barn og natur hand i hand

Leikande, glade barn og natur hand i hand Leikande, glade barn og natur hand i hand Året 2013-2014 Kva vi jobbar spesielt med i år 1 Innhald Satsingsområde 2013-2014 3 Eventyr 4 Dino /Duå ut til alle 5 Førskulegruppa 6 Vurdering 7 Planleggingsdagar

Detaljer

Tilbakeblikk på mars:

Tilbakeblikk på mars: MÅNEDSPLAN FOR NØTTELITEN Tilbakeblikk på mars: Tema for mars var «ballaktivitet og påskeførebuing». Me har leika med ballar og ballongar på avdelinga, i gymsalen og i uteleiken. Me har og byrja med påskesamlingar

Detaljer

Del 2 Ågotnes barnehage. årstema

Del 2 Ågotnes barnehage. årstema Del 2 Ågotnes barnehage årstema 2017-2018 Visjonen til barnehagen er «Leikande, glade barn og natur hand i hand» og dette skal prege kvardagen. Dei seinare åra har vi hatt fokusområde språk og sosialkompetanse.

Detaljer

Halvårsplan for 1. og 2.steg hausten 2016

Halvårsplan for 1. og 2.steg hausten 2016 Halvårsplan for 1. og 2.steg hausten 2016 Periode Fag Mål/innhald Arbeidsmåtar/ materiell August- veke 33-35 Bli kjende med kvarandre. Lære om bokstavane -s- og -i-. (Frå veke 35). Blyantgrep. Forme bokstavane

Detaljer

SKOLE- FORBEREDENDE AKTIVITETER

SKOLE- FORBEREDENDE AKTIVITETER SKOLE- FORBEREDENDE AKTIVITETER BAMSEBU BARNEHAGE SA Læring har lenge vært et viktig tema i barnehagen. Barna skal gjennom årene de går her bli godt forberedt til å møte skolen og den mer formelle undervisningen

Detaljer

Progresjonsplan 2016/17

Progresjonsplan 2016/17 Progresjonsplan Vi har delt fagområdene opp i aldersgrupper med tanke på å synliggjøre en tenkt progresjon. Det betyr imidlertid ikke at vi isolerer arbeidet innenfor en aldersgruppe og slutter å arbeide

Detaljer

Årshjul 2014/ 2015 og 2015/ 2016 3. Formål 4. Hvordan arbeide målrettet med fagområdene i årshjulet? 4. Hvordan ivareta barns medvirkning?

Årshjul 2014/ 2015 og 2015/ 2016 3. Formål 4. Hvordan arbeide målrettet med fagområdene i årshjulet? 4. Hvordan ivareta barns medvirkning? 2015-2016 1 Del 2 INNHOLDSFORTEGNELSE Årshjul 2014/ 2015 og 2015/ 2016 3 Formål 4 Hvordan arbeide målrettet med fagområdene i årshjulet? 4 Hvordan ivareta barns medvirkning? 4 Målsetninger for periodene

Detaljer

Satsningsområder. Barnehagen ønsker å fremme barns sosiale samspill og styrke den positive selvoppfatningen hos det enkelte barn.

Satsningsområder. Barnehagen ønsker å fremme barns sosiale samspill og styrke den positive selvoppfatningen hos det enkelte barn. Satsningsområder Kremmerhuset barnehage ønsker å utvikle et anerkjennende miljø og bygge gode relasjoner mellom alle i barnehagen. Barn foreldre ansatte.for å oppnå dette jobber vi med: - De Utrolige Årene

Detaljer

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Månadsbrev for Rosa oktober 2014 Månadsbrev for Rosa oktober 2014 Oppsummering/ evaluering av september Språkutvikling Leik Då har også oktober passert, og vi merkar at hausten har kome for alvor. Uteaktiviteter har framleis hatt stor

Detaljer

Våre viktige verdier: toleranse, trygghet, tilstedeværelse, nysgjerrighet og anerkjennelse

Våre viktige verdier: toleranse, trygghet, tilstedeværelse, nysgjerrighet og anerkjennelse Våre viktige verdier: toleranse, trygghet, tilstedeværelse, nysgjerrighet og anerkjennelse Da er vi i gang med september. Barna begynner å finne seg til rette, og er trygge på oss voksne. Vi ser mye glede

Detaljer

Lyssamlinga gjekk som smurt, barna syns det var kjempe kjekt. Dei dansa, svansa og lo som berre det. Dette hadde me øvd på ei heil veka på forhånd,

Lyssamlinga gjekk som smurt, barna syns det var kjempe kjekt. Dei dansa, svansa og lo som berre det. Dette hadde me øvd på ei heil veka på forhånd, Desember månedsbrev I desember har me fått gjort masse kjekt med barna. 1. desember byrja vi med lyssamlinga i amfiet der me skulle synge julesongar foran alle barna i barnehagen. Deretter byrja vi med

Detaljer

BRUELAND BARNEHAGE - PROGRESJONSPLAN

BRUELAND BARNEHAGE - PROGRESJONSPLAN 1-2 år Mål Eksempel Nær Barna skal oppleve et rikt språkmiljø, både verbalt og kroppslig. kommunisere en til en (verbal og nonverbal), og være i samspill voksne/barn, barn/barn. - bevisstgjøres begreper

Detaljer

Halvårsplan for Maurtuå Vår 2016

Halvårsplan for Maurtuå Vår 2016 Halvårsplan for Maurtuå Vår 2016 PERSONALET PÅ MAURTUÅ Gro Hanne Dia Aina G Aina SK Monika 1 Januar, februar og mars «Se på meg her er jeg» Kropp, bevegelse og helse «Barn er kroppslig aktive og de uttrykker

Detaljer

Halvårsplan for Steinrøysa Høst 2016

Halvårsplan for Steinrøysa Høst 2016 Halvårsplan for Steinrøysa Høst 2016 PERSONALET PÅ STEINRØYSA Nathalie Karoline Silje Katrine August - Vi blir kjent- Hva sier rammeplanen! Rammeplanen sier: Barnehagens hverdag bør være preget av gode

Detaljer

Trollnytt for januar og februar

Trollnytt for januar og februar He Trollnytt for januar og februar. Henry-førstehjelp for barnehagebarn er eit pedagogisk læringsopplegg utviklet for barn mellom 3-6 år. Målet er å lera dei eldste barna i barnehagen om førstehjelp. Henryførstehjelp

Detaljer

PROGRESJON betyr å avansere. Det betyr det du ikke får til nå, får du kanskje til om 1 time, 1 dag eller 1 år! Alle ønsker vi å komme.

PROGRESJON betyr å avansere. Det betyr det du ikke får til nå, får du kanskje til om 1 time, 1 dag eller 1 år! Alle ønsker vi å komme. PROGRESJON betyr å avansere. Det betyr det du ikke får til nå, får du kanskje til om 1 time, 1 dag eller 1 år! Alle ønsker vi å komme. Vi ønsker at barna i løpet av barnehageårene skal få ulike opplevelser

Detaljer

Periodeplan for HOVEDMÅL: Vi ønsker å gi barna rett til å leke, lære, drømme og utforme, leve og være. (Årsplan for Leksdal barnehage)

Periodeplan for HOVEDMÅL: Vi ønsker å gi barna rett til å leke, lære, drømme og utforme, leve og være. (Årsplan for Leksdal barnehage) Periodeplan for HOVEDMÅL: Vi ønsker å gi barna rett til å leke, lære, drømme og utforme, leve og være (Årsplan for Leksdal barnehage) I Leksdal barnehage vektlegger vi sosial og språklig kompetanse. Dette

Detaljer

Gul gruppe månedsbrev for januar og februar

Gul gruppe månedsbrev for januar og februar Gul gruppe månedsbrev for januar og februar I Januar har me hatt oss nokre snødagar. Me benytta snøen og aka i barnehagen og utfor barnehagen. Me har og hatt utelunsj med både pølsespidding, graut og skiver.

Detaljer

Storebjørn. Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Storebjørn. Året Kva vi jobbar spesielt med i år Storebjørn Året 2016-2017 Kva vi jobbar spesielt med i år September 2016 1 Innhald Satsingsområde 3 Hakkebakke skogen 3 Førebygge mobbing i Ågotnes barnehage 5 Fellessamlinger, 6 Gymsal, Barn sin medverknad

Detaljer

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9.

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9. NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE Gjeldande frå 1. august Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9. oktober 2017 Innhald Kva er hensikta med ein rammeplan? Litt historikk

Detaljer

Årsplan / Utviklingsplan for Orre barnehage Magiske øyeblikk i kvardagen!

Årsplan / Utviklingsplan for Orre barnehage Magiske øyeblikk i kvardagen! Årsplan / Utviklingsplan for Orre barnehage 2016-2018 Magiske øyeblikk i kvardagen! Årsplan / Utviklingsplan Orre barnehage 2016-2018 Presentasjon av barnehagen Orre barnehage er en kommunal barnehage

Detaljer

Då har august månad fyke forbi i stor fart med tilvenning av nye barn, og for dei barna som har gått her før. Etter ein lang sommarferie så treng dei

Då har august månad fyke forbi i stor fart med tilvenning av nye barn, og for dei barna som har gått her før. Etter ein lang sommarferie så treng dei Då har august månad fyke forbi i stor fart med tilvenning av nye barn, og for dei barna som har gått her før. Etter ein lang sommarferie så treng dei også litt tilvenning. Derfor har me fokusert på sosialisering

Detaljer

Handlingsplan Byskogen barnehage 2018/2019

Handlingsplan Byskogen barnehage 2018/2019 Handlingsplan Byskogen barnehage 2018/2019 «En verden av muligheter» Avdeling: Jorda Servicesenteret Postboks 2020 3255 Larvik Besøksadresse: Feyersgate 7 3255 Larvik Telefon 33 17 10 00 postmottak@larvik.kommune.no

Detaljer

Sjå Rammeplanen for meir informasjon om kvart fagområde, mål for å fremje barnas utvikling og læring, samt presisering av personalets ansvar.

Sjå Rammeplanen for meir informasjon om kvart fagområde, mål for å fremje barnas utvikling og læring, samt presisering av personalets ansvar. SÅNN JOBBAR VI MED Barnehagen skal gi barn grunnleggande kunnskap på sentrale og aktuelle områder. Barnehagen skal støtte barns nysgjerrigheit, kreativitet og vitebegjær og gi utfordringar med utgangspunkt

Detaljer

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON : Årsplan 2007 2008 ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON : Vi vardar vegen Varde er nemninga på ein haug med steinar som vert lødd opp som vegmerking. På veg til den store varden der målet er, passerer vi

Detaljer

ÅRSPLAN NORDRE ÅSEN KANVAS-BARNEHAGE 2012-2014

ÅRSPLAN NORDRE ÅSEN KANVAS-BARNEHAGE 2012-2014 ÅRSPLAN NORDRE ÅSEN KANVAS-BARNEHAGE 2012-2014 I årsplanen presenterer vi det pedagogiske innholdet i barnehagen, som skal være et arbeidsredskap for de ansatte. Den gir også foreldre en mulighet til å

Detaljer

MÅNEDSBREV DESEMBER Trestubben

MÅNEDSBREV DESEMBER Trestubben MÅNEDSBREV DESEMBER Trestubben Desember i en barnehage er en magisk tid. Forventningene ligger som tykke lag i rommene. Vi ser frem til en måned med masse juleglede, julebudskap og gleden over å glede

Detaljer

Hvordan jobber vi på avdelingen:

Hvordan jobber vi på avdelingen: Regnbuen 2017 2018 På Regnbuen er det 18 barn mellom 3 og 4 år. Flere av disse har gått sammen i fjor, men noen er nye. Vi er fem voksne på avdelingen, men tre er på jobb samtidig. Bjørg og Inger- Sissel

Detaljer

ÅRSPLAN 2006 2007 SUNDE BARNEHAGE

ÅRSPLAN 2006 2007 SUNDE BARNEHAGE ÅRSPLAN 2006 2007 SUNDE BARNEHAGE SUNDE BARNEHAGE: Sunde barnehage ligg midt i Sunde sentrum, med Sunde skule som næraste nabo. Barnehagen og skulen med ca. 210 born og 40 tilsette utgjer Sunde oppvekstsenter.

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage Seljord kommune Adresse: Flatdalsvegen 1139, 3841 Flatdal Telefon: 350 51365 E-post: heddeli.barnehage@seljord.kommune.no Styrar: Kristin Gaarder Opningstid: Måndag

Detaljer

Gi respons på barnas non verbale språk (kroppsspråk, øyekontakt). Leke med lyd, rim, regler og sang. Pekebøker (se og snakke om ting).

Gi respons på barnas non verbale språk (kroppsspråk, øyekontakt). Leke med lyd, rim, regler og sang. Pekebøker (se og snakke om ting). PROGRESJONSPLANER I rammeplanen står det følgende om progresjon; «Progresjon i barnehagen innebærer at alle barna skal utvikle seg, lære og oppleve fremgang. Alle barna skal kunne oppleve progresjon i

Detaljer

Årsplan for Frikultbarnehagen Avd. Gransjura 2014/2015

Årsplan for Frikultbarnehagen Avd. Gransjura 2014/2015 Årsplan for Frikultbarnehagen Avd. Gransjura / August Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag Lørdag Søndag 0 0 God informasjon er viktig for å skape en god hverdag for barna. Tilbakemelding på godt å

Detaljer

Periodeplan for Sunnhagen barnehage avdeling,fjellstrand-høst 2017

Periodeplan for Sunnhagen barnehage avdeling,fjellstrand-høst 2017 Periodeplan for Sunnhagen barnehage avdeling,fjellstrand-høst 2017 Visjon: «Lek, vennskap og naturglede med inspirerende voksne til stede» Innledning Velkommen til et nytt barnehageår. I denne planen finner

Detaljer

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017 Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017 I år nytta me Google.com for å få inn svar på nett, og fekk 34 av 48 moglege svar. Av og til = 5,9% (to elevar) som seier at dei vert dytta eller blir

Detaljer

Kort oppsummering av det faglege utviklingsarbeidet Tjødnalio barnehagen har jobba med dei siste 3 åra

Kort oppsummering av det faglege utviklingsarbeidet Tjødnalio barnehagen har jobba med dei siste 3 åra Kort oppsummering av det faglege utviklingsarbeidet Tjødnalio barnehagen har jobba med dei siste 3 åra Språk stilmulering gjennom lesetrening: Språk prosjekt 2008-2009. Fokus på korleis barnehagen kunne

Detaljer

Månedsbrev Bikuben oktober 2016

Månedsbrev Bikuben oktober 2016 Månedsbrev Bikuben oktober 2016 SEPTEMBER MÅNED: Barnegruppa på Bikuben er no kome godt i gang, dei nye barna har funne seg godt til rette, me ser mykje glede, latter og smil. Barna viser tillit og trygghet

Detaljer

BARN SITT MØTE MED BARNEHAGEN - AVD. STOVA. TID KVA KORLEIS MÅL UTFORDRING 7.30-9.30 Barnet kjem i barnehagen.

BARN SITT MØTE MED BARNEHAGEN - AVD. STOVA. TID KVA KORLEIS MÅL UTFORDRING 7.30-9.30 Barnet kjem i barnehagen. BARN SITT MØTE MED BARNEHAGEN - AVD. STOVA. TID KVA KORLEIS MÅL UTFORDRING 7.30-9.30 Barnet kjem i barnehagen. Ein vaksen møter barn og foreldre. Personalet opprettar kontakt med barnet. Utveksling av

Detaljer

HALVÅRSPLAN FOR BIKUBEN BARNEHAGE VÅREN 2015

HALVÅRSPLAN FOR BIKUBEN BARNEHAGE VÅREN 2015 HALVÅRSPLAN FOR BIKUBEN BARNEHAGE VÅREN 2015 Oversikt over arrangementer våren 2015 Vinterferie uke 8, 16.-20. februar. Foreldremøte kosthold og tannpleie, hjelpeinstanser på besøk. 17. februar. Morsmålsdagen

Detaljer

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna. I november har me hatt fokus på språk og språkleik. Mykje av barna si språklæring går føre seg i dei kvardagslege samtalane våre, men ved å nytta nokre konkrete leikar, samt bilde og objekt å undre seg

Detaljer

Kropp, bevegelse og helse

Kropp, bevegelse og helse Kropp, bevegelse og helse Gjennom kroppslig mestring ønsker vi å gi barnet en positiv selvoppfatning. mulighet til å skaffe seg gode erfaringer med varierte, allsidige og utfordrende bevegelser. styrke

Detaljer

ÅRSPLAN FOR 2015/2016

ÅRSPLAN FOR 2015/2016 ÅRSPLAN FOR 2015/2016 PERSONALET 2015/2016 Enhetsleder kommunale barnehager: Laila Linn 100% Styrer: Ann Kristin Brudal (Anki) 100% Telefon nr barnehagen: 61 22 09 79 / mobil: 948 59 097 / 977 68 292 (Anki)

Detaljer

07.00 BARNEHAGEN ÅPNER De voksne tar imot barna i garderoben RYDDETID Vi rydder avdelinga/uteområdet

07.00 BARNEHAGEN ÅPNER De voksne tar imot barna i garderoben RYDDETID Vi rydder avdelinga/uteområdet SOLSTRÅLE Småbarnsavdeling Ukerytme og dagsrytme på Solstråle: Vi er ute hver dag. Vi prøver ikke å la klokken styre oss for mye. Klokkeslettene og dagsrytmen er derfor ca. tider. Det kan også bli endringer

Detaljer

JEG KAN! " Med skogen som læringsarena! PERIODE: September, oktober og november 2011 for SOLAN

JEG KAN!  Med skogen som læringsarena! PERIODE: September, oktober og november 2011 for SOLAN JEG KAN! " Med skogen som læringsarena! PERIODE: September, oktober og november 2011 for SOLAN MÅL: sette enkeltbarnet i fokus! Klypen er en barnehage som hele tiden ønsker å gjøre sitt beste for at alle

Detaljer

Kommunikasjon Språk Tekst

Kommunikasjon Språk Tekst PROGRESJONSPLAN FOR DE SYV 2019/2020 Progresjonsplanen beskriver hvordan barnehagen arbeider med de syv fagområdene som er beskrevet i rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver. Fagområdene vil sjelden

Detaljer

Personalet har kurs i Steg for Steg -Kveldstid

Personalet har kurs i Steg for Steg -Kveldstid Nærmiljø og samfunn I Grandehagen bhg vil vi at barna skal møte omverden med trygghet og nyskjerrighet. Vi vil utforske vårt nærmiljø og bruke de inntrykk og erfaringer vi gjør oss i blant annet naturen

Detaljer

AVDELINGSPLAN

AVDELINGSPLAN AVDELINGSPLAN 2016-2017 AVDELINGSPLAN 2016 2017 Lyngtua Saman får me verdas viktigaste verdiar til å vekse Osterøy kommune LYNGTUA AVDELINGSPLAN 2015 2016 Lyngtua er ein av seks avdelingar i Lonevåg barnehage.

Detaljer

GROVPLAN - HAUST 16 (Side 1)

GROVPLAN - HAUST 16 (Side 1) 3.0 Pedagogisk plan GVPLAN - HAU 16 (ide 1) nd A U G U / P Fagområde ema Nærmiljø og samfunn. Historie: Kjerringa som blir så lita som ei teskje. eskjekjerringa på blåbærtur. ong: låbærturen Kva og korleis

Detaljer

Årsplan for. Gjelsvik barnehage 2016/2017. ein god plass å vere VELKOMMEN TIL NYTT BARNEHAGEÅR! Satsingsområde2016/2017 Kommunikasjon, språk og Tekst

Årsplan for. Gjelsvik barnehage 2016/2017. ein god plass å vere VELKOMMEN TIL NYTT BARNEHAGEÅR! Satsingsområde2016/2017 Kommunikasjon, språk og Tekst Barnehagen sin årsplan byggjer på rammeplanen. Rammeplanen er eit verktøy som skal gje styrar, pedagogisk leiar og personalet elles ei forpliktande ramme for å planleggje, gjennomføre og vurdere verksemda

Detaljer

Halvårsplan for Maurtuå Høst 2015

Halvårsplan for Maurtuå Høst 2015 Halvårsplan for Maurtuå Høst 2015 PERSONALET PÅ MAURTUÅ GRO AINA HANNE MONIKA DIA August - Vi blir kjent- Hva sier rammeplanen! Rammeplanen sier: Barnehagens hverdag bør være preget av gode følelsesmessige

Detaljer

Undring: Sjå det er tre røyr, eit stort, eit mellomstort og eit pittelite. Kvifor? Det renn vatn ut av dei.

Undring: Sjå det er tre røyr, eit stort, eit mellomstort og eit pittelite. Kvifor? Det renn vatn ut av dei. Desember er her like plutselig som ellers. Me er allerede godt i gang med juleforberedelser. Me har barnehagekor/fellessamling kvar torsdag, då øver me på julesangane. Me gledar oss til foreldrene skal

Detaljer

-den beste starten i livet-

-den beste starten i livet- Verdiplakaten Jesus Kristus til nye generasjoner -den beste starten i livet- Barnehagefellesskap www.barnehagefellesskap.no 1 av 8 Den beste starten i livet Innhold Innledning Visjonen Loven, rammeplanen

Detaljer

PROGRESJONSPLAN FOR ARBEIDET MED FAGOMRÅDENE Kopervik menighetsbarnehage

PROGRESJONSPLAN FOR ARBEIDET MED FAGOMRÅDENE Kopervik menighetsbarnehage PROGRESJONSPLAN FOR ARBEIDET MED FAGOMRÅDENE Kopervik menighetsbarnehage Progresjonsplanen beskriver hvordan barnehagen arbeider med de sju fagområdene som beskrevet i rammeplanen for barnehagens innhold

Detaljer

Januar, februar og mars. Juli, august og september. April, mai og juni

Januar, februar og mars. Juli, august og september. April, mai og juni 1 Del 2 ÅRSHJUL BRATTÅS BARNEHAGE AS 2012/ 2013 OG 2013/ 2014 2012/ 2013: Etikk, religion og filosofi Oktober, november og desember Januar, februar og mars Kropp, bevegelse og helse Natur, miljø og teknikk

Detaljer

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Alle borna i 1 klasse byrjar å bli trygge i sine nye omgivelser.

Detaljer

Barnehage Arkitektur 2-3 åringer 2016

Barnehage Arkitektur 2-3 åringer 2016 Svartlamon kunst- og kulturbarnehage VI TRÆNG..EN STIGE! KORT OM PROSJEKTET I Svartlamon kunst- og kulturbarnehage har de yngste barna utforsket nærområdet rundt barnehagen. De har oppdaget detaljer som

Detaljer

Halvårsplan for Trestubben Høst 2016

Halvårsplan for Trestubben Høst 2016 Halvårsplan for Trestubben Høst 2016 PERSONALET PÅ TRESTUBBEN Cathrine Jane Silje R Jorunn Marthe Emilie August - Vi blir kjent- Hva sier rammeplanen! Rammeplanen sier: Barnehagens hverdag bør være preget

Detaljer

Villabyen Barnehage. Halvårsplan for avdeling Rød ved Villabyen barnehage.

Villabyen Barnehage. Halvårsplan for avdeling Rød ved Villabyen barnehage. Halvårsplan for avdeling Rød ved Villabyen barnehage. Vår 2014 1 Hei! Dette er en halvårsplan for vårhalvåret 2014. Vi er fortsatt den samme barnegruppa, så vi vil holde på fokuset vi hadde i høst med

Detaljer

JEG KAN! " PERIODE: September, oktober og november 2011 for REODOR

JEG KAN!  PERIODE: September, oktober og november 2011 for REODOR JEG KAN! " PERIODE: September, oktober og november 2011 for REODOR MÅL: Med skogen som læringsarena Klypen er en barnehage som hele tiden ønsker å gjøre sitt beste for at alle barn og foreldre skal ha

Detaljer

ÅRSPLAN. Jostedal barnehage 2017 / 2018

ÅRSPLAN. Jostedal barnehage 2017 / 2018 ÅRSPLAN Jostedal barnehage 2017 / 2018 2Innleiing: I denne årsplanen finn de informasjon om barnehagen sine satsingar og konkrete tiltak innafor ulike område, og i planen er det teke omsyn til idear og

Detaljer

FAGOMRÅDENE: Slik jobber vi med fagområdet : 1-2 år 3 år 4 år 5 år

FAGOMRÅDENE: Slik jobber vi med fagområdet : 1-2 år 3 år 4 år 5 år PROGRESJONSPLAN FOR FAGOMRÅDENE: Kommunikasjon, språk og tekst. Tidlig og god språkstimulering er en viktig del av barnehagens innhold. Å få varierte og rike erfaringer er avgjørende for å forstå begreper.

Detaljer

PEDAGOGISK TILBAKEBLIKK

PEDAGOGISK TILBAKEBLIKK PEDAGOGISK TILBAKEBLIKK SØLJE, MAI 2013. Hei alle sammen! Mai måned har vært en spennende måned. Vi har gjort så mange kjekke ting og dagene fyker av gårde. Det nærmer seg sommer og vi har hatt noen nydelige

Detaljer

Modulhefte PROGRESJON I BARNEHAGEN

Modulhefte PROGRESJON I BARNEHAGEN Modulhefte PROGRESJON I BARNEHAGEN Leseoppdrag Mens du les skal du skrive ned eller gule ut formuleringar om progresjon som du synest er annleis/overraskande i forhold korleis du tidlegare har oppfatta

Detaljer

LEIK, LÆRING OG UTVIKLING BRUNKEBERG OPPVEKSTSENTER

LEIK, LÆRING OG UTVIKLING BRUNKEBERG OPPVEKSTSENTER LEIK, LÆRING OG UTVIKLING BRUNKEBERG OPPVEKSTSENTER Fotograf: Ragnhild Kvålseth5 år ÅRSPLAN FOR BARNEHAGEN 2015-2016 Barnehagen jobbar ut ifrå barnehagelova og forskrifta Rammeplan for barnehagens innhald

Detaljer