TSB A 47. Agnete og havmannen

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "TSB A 47. Agnete og havmannen"

Transkript

1 Nasjonalbiblioteket 2014 Norske mellomalderballadar: Agnete og havmannen (TSB A 47) Redaksjon: Velle Espeland, Elin Prøysen, Astrid Nora Ressem, Olav Solberg, Ellen Nessheim Wiger Teksten er lastet ned fra bokselskap.no TSB A 47 Agnete og havmannen Innleiing Oppskrift A (BIN 6248) Oppskrift B (BIN 0443) Oppskrift C (BIN 0442) Forkortingar og litteratur Innleiing Agnete går over ei bru og i det same dukkar det opp ein havmann frå havbotnen. Han spør om ho vil følgje med han heim til sitt rike, og det svarar Agnete ja til. Agnete blir hos havmannen i mange år og føder fleire barn. Men ein vakker dag høyrer ho kyrkjeklokkene slå, og ho ber havmannen om løyve til å reise heim og gå i kyrkja. Han går med på det, men ho må love å kome tilbake til barna sine, og dessutan må ho ikkje følgje skikken til dei kristne, som å bøye kne og setje seg i kyrkjestolen hos sine nærmaste slektningar. Men Agnete handlar stikk i strid med det havmannen har sagt. Han kjem i hast til kyrkja for å hente henne tilbake, men ho nektar og i dei fleste variantar må han reise utan henne. Det finst i overkant av tretti variantar av denne balladen, som er ei relativt ung vise. Truleg skriv den seg frå 1700-talet, men den har røter i eldre naturmytiske balladar som handlar om møte mellom menneske og makter. Tematisk er «Agnete og havmannen» i slekt med viser som «Liti Kjersti og bergekongen» og «Margjit Hjukse». Når det gjeld den sistnemnde, ei telemarksk særform av «Liti Kjersti og bergekongen», kan ein i visse trekk sjå påverknad frå Agnete-visa, noko som tilseier at «Margjit Hjukse» må vere

2 yngre enn «Agnete og havmannen». I dei fleste variantar heiter den kvinnelege hovudpersonen Agnete, og det gjer ho også i den eldste eksisterande teksten: eit udatert dansk skillingstrykk: Agnete hun ganger paa Højelands Bro, da kom der en Havmand fra Bunden op. Haa ja! da kom der en Havmand fra Bunden op (DgF II: 51). Dei aller fleste av dei norske variantane er skrivne opp i Telemark, og dei går alle tilbake på danske skillingstrykk. Det går fram av språket og utforminga elles. Av dei eldre oppskrivarane var det bare Sophus Bugge som fann denne balladen, men han gjorde til gjengjeld fleire oppskrifter. I 1857 skreiv han opp «Agnete og havmannen» etter husmannskona Aslaug Targjeisdotter Askedalen ( ) frå Vrådal i Telemark. Ho var «en balladsångare av första rangen» og kunne bortimot tretti viser (Jonsson & Solberg 2011: ). Bugge sende oppskrifta etter Aslaug Askedalen til Svend Grundtvig som let den trykke i Danmarks gamle Folkeviser (DgF III: ). Bugge sende også til Grundtvig ei udatert oppskrift ved Moltke Moe, etter ein ukjend songar i Bø i Telemark, og denne oppskrifta vart også trykt (DgF IV: ). At «Agnete og havmannen» har vore ei populær vise også utanfor Telemark, går fram av fleire melodioppskrifter av visa frå ulike delar av landet (Ressem 2011: ). I dansk litteratur har mange late seg inspirere av «Agnete og havmannen», noko som har ført til ei rekke fine kunstballadar (Meisling 1988: ). Tidlegast ute var truleg Jens Baggesen med «Agnete fra Holmegaard (1808), der han skildrar ei uglad Agnete, full av uro: Agnete var uskyldig, Var elsket, var troe; Men stedse var hun eensom Hun aldrig havde Roe Aldrig Roe Hun frydede vel andre; Men aldrig var hun froe [...]

3 (Kalliope>>Digtere>>Jens Baggesen>>Værker>>Nyeste blandede Digte(1808)>>Agnete fra Holmegaard). Utsyn 16 DgF 38 SMB 19 Oppskrift A TSB A 47: Agnete og havmannen Oppskrift: 1797 av Lars Thon, Modum, Buskerud. Orig. ms.: Ukatalogisert visefugg i NFS Uten oppgitt tittel 1. Ageneta hun ganger paa den Engelandske Broe, Saa kommer der en Havmand fra Bunden op, Haa, haa, ja, Saa kommer der en Havmand fra Bunden op. 2. Hør du Ageneta alt hvad ieg siger dig, Og vil du nu være Aller Kiæresten min 3. Og ja saa men det vil jeg end naar du fører mig til Havsens Bund, 4. Han stoppet hendes Øre,Han stoppet hendes Mund, Saa førde han hende til Havsens Bund 5. Der blev hun i 8 te Aar om Syv Sønner havde hun med den Havmand from, 6. Ageneta hun sad sig paa Vuggen og sang, Da fik hun høre Engelandske Klokker de sang. 7. Ageneta op for Havmanden staar,

4 Faar jeg Forlov i Engelandske Kirke at gaa, 8. Og ja saa men det maa du faa naar du kommer igien til Børnene smaae, 9. Ia saa men det vil ieg faa, mener du at ieg forlader Børnene smaa. 10. Ageneta ind ad Kierke Døren trin, Hendes moder fulgte efter i samme Stund. 11. Hør du Ageneta alt hvad ieg siger dig, Hvor har du nu været i 8 te Aar fra mig. 12. Ieg haver været paa Havsens Bund, Syv Sønner haver ieg med en Havmand from. 13. Hvad gav han dig til Gaven din der han begiærte dig til Bruden sin. 14. Han gav mig et deylig Guld-Baand, Det sættes ikke bedre om Dronningens Haand. 15. Havmanden ind ad Kirke Døren trin, Og alle de smaa Billeder de snode sig omkring. 16. Haar havde han som pureste Guld, og Øynene vare saa dydefuld. 17. Hør du Ageneta alt hvad ieg siger dig, Og dine smaa Børn de længes efter dig. 18. Lad dem længes med dem vil Ret aldrig saa kommer ieg mere til dem 19. Tænk paa de Store og tænk paa de Smaa Og tænk paa den Lille som i Vuggen laae, 20. Intet tænker ieg paa Store intet tænker ieg paa Smaa,

5 Langt mindre paa den Lille som i Vuggen laae, 21. Smaa Børn taler til Faderen sin, hvor har du nu giort udaf Moderen min. 22. Moder hun er i det Engelandske Hiem, Ret aldrig saa kommer hun her igien. 23. Græd giorde Store, og græd giorde Smaa, Og græd giorde den Lille som i Vuggen laae. Strofene er nummererte av samlaren, og visa er nr. 158 i den handskrivne viseboka. Etter teksten står det «Finis.» (slutt) og «Lars Christensen Thoen». Lars Thon var skulehaldar på Modum. Den andre linja i strofa blir gjenteken etter «Haa, haa, ja». Oppskrift B TSB A 47: Agnete og havmannen Oppskrift: 1857 av Sophus Bugge etter Margjit Lavransdotter Dalen, Brunkeberg, Telemark. Orig. ms.: NFS S. Bugge g, s (kladd) Utan oppgitt tittel. 1. Antonetta ho site på Hollands brú hvorfor vil ho gjera dæ sjunga kom der ein bergemann jaga hó ut. Den skjønneste Antonetta. 2. Antonetta hó rei å bergemannen rann, så kom dei te bergje alt på ein dag.reinskrifta har: så rei dei dæ bergje tri gångur umkring. 3. Så rei dei dæ bergje tri gångur umkring å bergje opna upp å dei slapp inn.

6 4. [Bergje opna å dei slapp inn]frå reinskrifta. Der sat hennes børn, de sat i en ring. 5. Den Hendes eldste søn tukka fram ein stol hendes eldste datter løste snørelive av 6. Bergemannen tala te eldste sønnen sin du tappar meg upp ei konne mæ vin 7. Den fyste drykkjen av konne ho drakk 8. Antonetta ho snakka te bergemannen sin no må eg meg tel Kirken at gå 9. Ja så men det må du så når du ikkje så må du ikkje neslå det rødegullhår 10. Når ho kom seg på kirkegård så neslo hó sitt rødegullhår. 11. [Når ho kom seg] i kirkedøren, så lot ho sin kne nedbøie. 12. Så reste ho seg at sin Moders stol, der sat hendes Moder var klædt uti sort. 13. Hvor haver du været i Årene syv, jeg haver nu været hos Manden så fin. 14. Og jeg har nu været hos M[anden] så fin, syv Børn så haver jeg havt på den tid. 15. Bergemannen seg igjænom kyrkjedynni steig, alle små bilæti di vendte seg umkring. 16. Han slo te Antonetta unde hviden kinn så blóe dæ rann under skarlakenskinn

7 17. [Han slo te Antonetta] på hviden bryst Antonetta ho rei å bnokså uleseleg 18. Farvæl mor og farvæl far farvæl alle som kjenner mitt navn. 19. Antonetta ho rei å bergemann rann så kom dei te bergje alt på ein dag. 20. Bergje opna upp å dei slapp inn, Der sat hennes børn, dei sat í ein ring. 21. [Hendes eldste søn tukka fram ein] stol [hendes eldste datter løste] snørlive av. 22. [Bergemannen tala te eldste sønnen sin] [du tappar meg upp ei] konne mæ vin 23. Den fyste drykkjen av konna ho drakk, hó kasta 'kje burt kvær hennar ha skapt. 24. andre. 25. Då kasta dem pí tri villandes konn. så kasta ho burt kvør hennar ha skapt. 26. Hor æ du fødd å hor æ du bori ell hor æ' alle dine jomfrúklær skorne. 27. I Bergje [æ eg fødd å i Bergje æ eg bori] [I Bergje æ alle mine jomfrúklær skorne.] 28. [i Bergje] vi eg leva, i B[ergje] vi eg døy, å no vi' eg vera bergemannens møy. Strofene er ikkje nummererte av samlaren. Bugges kladd er nokre stader vanskeleg å lese på grunn av overstrykingar og

8 tillegg av ord. Reinskrift NFS S. Bugge IV, s Oppskrift C TSB A 47: Agnete og havmannen Oppskrift: 1911 av Rikard Berge etter Tone Olsdotter Håtveit, Mo, Telemark. Orig. ms.: TGM R. Berge CCXXV, s. 29 ff. Utan oppgitt tittel 1. Agneta ho sit seg ved havsens bredalternativ lesemåte: bund sò kaam der ein havmann av bonden ud. 2. Høyrer du Anetta hòtt eg spørger dig:. Aa vi' du no følga av stede med mig. 3. Høyrer du havmann hòss gjønni eg vi' bar' eg konna sleppe av stede mæ dig. 4. Han støbte hendes øren hendes mond sò førde han hena paa den Engelanns grond. 5. A[gneta] ho sat seg vealternativ lesemåte: i aa saang sò hørd' 'o dei Engelanns klòkkane klaang. 6. Høyrer du havmann hòtt eg spørger dig, Maa eg no at kjyrkja gaa inn? 7. Sò støypt' 'n hennes øren [hennes mond] sò førd 'n hena paa den havsens bond. 8. A[gneta] ho lod seg i kjerken gaa inn. aa straks der-efter kom moderen. 9. Høyrer du A[gneta] hòtt eg spørger dig: Hòr' hev'e du vòri sò lengje ifraa mig.

9 10. Eg hev'e vòri paa havsens bond aa avla syv sønner i samra stond. 11. Hører du A[gneta] hòtt eg spørger dig. hòtt fekk du ti gaavur mæ du følger did? 12. Eg fekk meg ein røde gullring. den beste som konn' setjas paa draanningjens fing. 13. Eg [fekk meg ein] røde gullband. de [beste som konn'] hengjas paa draanningjens arm. (So kom havmannen). 14. Høyrer du A[gneta] hòtt eg spørger dig. Kvi hev'e du vòri sò lengji fraa mig. 15. Tenk paa dei store aa tenk paa dei smaa. aa tenk allermest paa dei som i vògga laag. 16. Eg tenkjer kji paa store, eg [tenkjer kji paa] smaa. eg tenkjer allermindst paa den i vògga laag. (Sò maatt' 'n bera 'a heim atte daa. Ho vill' kje fygj'n). Strofene er nummererte av samlaren. Det står både Agneta og Anetta i oppskrifta, så det er uvisst kva som skal nyttast der det berre står A. Forkortingar og litteratur DgF: Danmarks gamle Folkeviser I XII, jf. litteraturlista NFS: Norsk Folkeminnesamling, Institutt for kulturstudier, Universitet i Oslo SMB: Sveriges Medeltida Ballader 1 5, jf. litteraturlista TGM: Telemark og Grenland museum

10 Utsyn: Utsyn yver gamall norsk folkevisedikting, jf. litteraturlista Bondevik, Kjell «Folkevisa om Agnete og havmannen». Norveg 3. Oslo. Aschehoug. Grundtvig, Svend, Olrik, Axel, Grüner-Nielsen, H., Hildeman, Karl-Ivar, Dal, Erik, Piø, Iørn, Knudsen, Thorkild, Nielsen, Svend, Schiørring, Nils, Rossel, Svend H., Hornby, Rikard, Sønderholm, Erik. [ ] Danmarks gamle Folkeviser I XII. København. Universitets-Jubilæets Danske Samfund. Heggstad, Leiv & Grüner Nielsen H Utsyn yver gamall norsk folkevisedikting. Kristiania. Olaf Norlis Forlag. Jonsson, Bengt R., Jersild Margareta & Jansson, Sven-Bertil (red.) Sveriges Medeltida Ballader 1 5. Stockholm. Almquist & Wiksell International. Jonsson, Bengt R. & Solberg, Olav «Vil du meg lyde». Balladsångare i Telemark på 1800-talet. Oslo. Novus. Meisling, Peter Agnetes latter. En folkevise-monografi. København. Akademisk Forlag. Ressem, Astrid Nora Norske middelalderballader. Melodier. Oslo. Norsk visearkiv/norsk Folkeminnelag/Aschehoug.

SOGA OM LARS RASMUSSON EIKEMO

SOGA OM LARS RASMUSSON EIKEMO SOGA OM LARS RASMUSSON EIKEMO Åse Eikemo Strømme "Han Lars i Ørrvikjæ" Lars var fødd 1837, og vart 1862 g.m. Maria Johannesdtr. Leiro f. 1841. Dei budde ei tid som husfolk på Eikemo og fekk då 2 døtre,

Detaljer

Våren 1923 bad eg Garborg leggje handskrifti

Våren 1923 bad eg Garborg leggje handskrifti FYRIORD (av Hulda Garborg) Våren 1923 bad eg Garborg leggje handskrifti til dagbøkane sine ned på Universitetsbiblioteket; det lyktest meg altfor vyrdlaust å la dei liggje lenger i eit trehus på landet.

Detaljer

Barnet Av Arne Ruset BARNET. av Andrè Bjerke

Barnet Av Arne Ruset BARNET. av Andrè Bjerke BARNET av Andrè Bjerke Å møte et barn i blikket er mer enn et møte med vår; det er som å dra på en reise tilbake titusener av år. Og ikke bare finne sin egen barndom på ny men artens famlende barndom i

Detaljer

"Strø sukker, du brunøjede"

Strø sukker, du brunøjede Line Mork Vatneødegård "Strø sukker, du brunøjede" -Impresjonisme i Ved Vejen av Herman Bang Masteravhandling i nordisk litteratur Institutt for nordistikk og litteraturvitenskap NTNU Våren 2011 1 2 Forord

Detaljer

Gamal diktar prøver seg som modernist?

Gamal diktar prøver seg som modernist? Gamal diktar prøver seg som modernist? Om Olav H. Hauge og Profil-gruppa Hilde Kristin Strand Masteroppgåve Nordisk institutt Universitetet i Bergen Februar 2007 Han med fekk hug å prøva desse nye styltrone.

Detaljer

Grøndahl og Dreyers Forlag AS

Grøndahl og Dreyers Forlag AS Grøndahl og Dreyers Forlag AS Alle henvendelser om rettigheter stiles til: Grøndahl og Dreyers Forlag AS Akersgt. 41, Postboks 465 Sentrum, N-0105 Oslo Grafisk formgivning for serien Norske essayister:

Detaljer

To segner frå Nordmøre

To segner frå Nordmøre Tekst: Kenneth Kiplesund To segner frå Nordmøre Denne artikkelen tek for seg to segner: Den eine er frå Aure kommune, og den andre er frå tidlegare Tustna kommune (samanslege med Aure kommune i 2006).

Detaljer

Hvem var Rasmus Malling-Hansen?

Hvem var Rasmus Malling-Hansen? Hvem var Rasmus Malling-Hansen? En biografi skrevet av Sverre Avnskog Malling-Hansens Personlighed er ikke let at skildre; hvidt på sort er så mat, man trænger til Ildfarver, til noget levende i stedet

Detaljer

Ivar Aasen nynorskens far

Ivar Aasen nynorskens far Nettopp norsk Ivar Aasen nynorskens far Av Lars Sigurdsson Vikør forkorta og tilrettelagt av Elisabeth Smith Bakgrunn og oppvekst Ivar Aasen (1813 1896) vart fødd den 5. august i Hovdebygda i Ørsta på

Detaljer

Eit gammalt utdrag or

Eit gammalt utdrag or Det norske språk- og litteraturselskap, 1965/2011 Eit gammalt utdrag or Bergsbok Teksten er lastet ned fra bokselskap.no Eit gammalt utdrag or Bergsbok Utgåve ved Asgaut Steinnes Det norske språk- og litteraturselskap,

Detaljer

ASTRID SWENSEN (f. Lindeman) (1855 1936)

ASTRID SWENSEN (f. Lindeman) (1855 1936) ASTRID SWENSEN (f. Lindeman) (1855 1936) Astrid Lindeman var datter av Just Lindeman (1822 1894) og Justine Emilie Therese f. Sparre (1825 1914). Hun ble født i Kristiansand, der faren var organist i årene

Detaljer

nr.2 Kyrkjeblad for Gloppen mars 2015 Årgang 45 Han har stått opp!

nr.2 Kyrkjeblad for Gloppen mars 2015 Årgang 45 Han har stått opp! nr.2 Kyrkjeblad for Gloppen mars 2015 Årgang 45 Han har stått opp! Påske 2015 Vi serverer med dette eit fyldig påskenummer. Med temaet «Han har stått opp», kan det bli mange sider. Vi takkar flinke bidragsytarar!

Detaljer

I dag er starten på resten av K15. www.t-dagen.no. Ei helsing til deg på konfirmasjonsdagen. - dagen. trus pplæringsdagen i Fjell

I dag er starten på resten av K15. www.t-dagen.no. Ei helsing til deg på konfirmasjonsdagen. - dagen. trus pplæringsdagen i Fjell K15 I dag er starten på resten av livet www.t-dagen.no Ei helsing til deg på konfirmasjonsdagen trus pplæringsdagen i Fjell Eg trur på Gud Fader... Velkomen heim! Innimellom kan foreldre vere ei utfordring!

Detaljer

KVIFOR ER DET FEIL I DET NYE NORSKVERKET VÅRT? KOR MANGE FEIL KAN VI FINNE I LØPET AV SKULEÅRET?

KVIFOR ER DET FEIL I DET NYE NORSKVERKET VÅRT? KOR MANGE FEIL KAN VI FINNE I LØPET AV SKULEÅRET? KVIFOR ER DET FEIL I DET NYE NORSKVERKET VÅRT? KOR MANGE FEIL KAN VI FINNE I LØPET AV SKULEÅRET? 2 Vi som går i 6. klasse ved Tokke skule, fekk i år eit nytt norskverk: Ord for alt 6, nynorsk utgåve. Dette

Detaljer

KONGEN KOMMER - HVEM VIL TA I MOT HAM? Tale på adventmix 28.11. 2010 av Oddvar Søvik

KONGEN KOMMER - HVEM VIL TA I MOT HAM? Tale på adventmix 28.11. 2010 av Oddvar Søvik KONGEN KOMMER - HVEM VIL TA I MOT HAM? Tale på adventmix 28.11. 2010 av Oddvar Søvik Tenk i dag er det 1.s. i advent! Nå er snart den kalde, grå novembermåneden slutt. Og så er det ikke lenge igjen til

Detaljer

På flukt som jaget vilt!

På flukt som jaget vilt! Krigsminner: På flukt som jaget vilt! Far og datter, Jonas og Alfhild Vaule, flykter mens kulene hagler om øra * Her fortelles det om dramatiske hendelser i Bjerkreim: Jonas Vaule og hans kone Inga var

Detaljer

som er Herre og gjør levende

som er Herre og gjør levende 76 som er Herre og gjør levende Gud, den kjærlighet som kommer fra deg og som strømmer gjennom meg er både personlig og kosmisk. Jeg kan ikke - og vil ikke - holde på den for meg selv. Jeg må bare la den

Detaljer

Det norske språk og litteraturselskap. Ole Edvard Rølvaag: I de dage. Utgave ved Øyvind Gulliksen. Teksten er lastet ned fra bokselskap.no.

Det norske språk og litteraturselskap. Ole Edvard Rølvaag: I de dage. Utgave ved Øyvind Gulliksen. Teksten er lastet ned fra bokselskap.no. Det norske språk og litteraturselskap. Ole Edvard Rølvaag: I de dage. Utgave ved Øyvind Gulliksen. Teksten er lastet ned fra bokselskap.no I de dage Ole Edvart Rølvaag 1924 [FØR TEKSTEN] [DEDIKASJON] LANDNÁM

Detaljer

Undset Hamsun ÆRER DE UNGE

Undset Hamsun ÆRER DE UNGE Undset Hamsun mot ÆRER DE UNGE Det fjerde bud: «DU SKAL HEDRE DIN FAR OG DIN MOR» Og hvorfor forarge sig saa over min Fremstilling av det Fjerde Bud? Er denne Fremstilling saa langt av Veien? Jeg paastaar

Detaljer

«Någonting kamp eller blomma»

«Någonting kamp eller blomma» «Någonting kamp eller blomma» Eit personleg essay om syntaksbrot, patos og protestantisme samt ei lesing av Gunnar Björlings Ett blyertsstreck i. Då eg las Gunnar Björling første gong våren 1997, var eg

Detaljer

FJELLHAUG. organ for fjellhaug skoler og fjellhaug elevlag. fullfør oppdraget!

FJELLHAUG. organ for fjellhaug skoler og fjellhaug elevlag. fullfør oppdraget! FJELLHAUG organ for fjellhaug skoler og fjellhaug elevlag nr. 2 2009 80. årg. Gå inn på nye fjellhaug.no Vær med og fullfør oppdraget! Støtt Fjellhaug økonomisk! Det forskes på Fjellhaug side 4-5 Å studere

Detaljer

Store ord i Den lille bibel

Store ord i Den lille bibel Store ord i Den lille bibel Preken av sokneprest Knut Grønvik i Lommedalen kirke 4. søndag i fastetiden 2015 Tekst: Johannes 3,11 17 Hvilket bibelvers søkes det mest etter på nettet? Hvilket vers i Bibelen

Detaljer

EN GLAD GUTT. Øivind mistet bukken. Navnet ditt:...

EN GLAD GUTT. Øivind mistet bukken. Navnet ditt:... EN GLAD GUTT Øivind mistet bukken Navnet ditt:... EN GLAD GUTT Øivind mistet bukken Øivind hette han, og gråt da han blev født. Men alt da han satt opreist på morens fang, lo han, og når de tendte lys

Detaljer

Hvem var Terje Vigen? Av Stein Opsal

Hvem var Terje Vigen? Av Stein Opsal Hvem var Terje Vigen? Av Stein Opsal Tegning av Christian Krogh Sagaen om losen og sjømannen fra Grimstad, som brøt den engelske blokaden av den norske kyst under Napoleonskrigen og nødsårene i Norge 1807-14,

Detaljer

Ett i apostlenes lære og samfunnet, brødsbrytelsen og bønnene

Ett i apostlenes lære og samfunnet, brødsbrytelsen og bønnene Materiale til BØNNEUKEN FOR KRISTEN ENHET og for resten av året 2011 Ett i apostlenes lære og samfunnet, brødsbrytelsen og bønnene Apg 2,42 Lagt til rette og publisert i fellesskap av Det pavelige råd

Detaljer

En samling minner fra fjell-garden Brattebø

En samling minner fra fjell-garden Brattebø En samling minner fra fjell-garden Brattebø Brattebø Brattebø er en fraflyttet fjell-gard siden 1924. Den ligger i heia nordenom Ørsdalen i Bjerkreim. Aaland Gård, november 2010 Paul Tengesdal 1 Barndomsminner

Detaljer

04.04.2015. Martin Anstey - The Romance of Bible Chronology. Martin Anstey - The Romance of Bible Chronology

04.04.2015. Martin Anstey - The Romance of Bible Chronology. Martin Anstey - The Romance of Bible Chronology Lukas 24:44-48 44 Så sa han til dei: Dette er orda mine, som eg tala til dykk medan eg endå var hjå dykk, at det laut oppfyllast alt det som er skrive om meg i Moselova og profetane og salmane. 45 Då opna

Detaljer

Íslendingabók vurdert som bispestolskrønike

Íslendingabók vurdert som bispestolskrønike Else Mundal Íslendingabók vurdert som bispestolskrønike Det vesle verket Íslendingabók av Ari inn fróði har ein heilt spesiell plass i den islandske litteraturhistoria i kraft av at dette er eit av dei

Detaljer

Bibliotekarstudentens nettleksikon om litteratur og medier. Av Helge Ridderstrøm (førsteamanuensis ved Høgskolen i Oslo og Akershus)

Bibliotekarstudentens nettleksikon om litteratur og medier. Av Helge Ridderstrøm (førsteamanuensis ved Høgskolen i Oslo og Akershus) Bibliotekarstudentens nettleksikon om litteratur og medier Av Helge Ridderstrøm (førsteamanuensis ved Høgskolen i Oslo og Akershus) Sist oppdatert 06.03.15 Vise (_sjanger, _lyrikk) En rask definisjon av

Detaljer

Gi meg ett sekund for hver kineser!

Gi meg ett sekund for hver kineser! Gi meg ett sekund for hver kineser! En eldre Kina-misjonær hadde mye på hjertet, ofte. Og når han først fikk eller tok ordet, beholdt han det nokså lenge. Det hendte folk syntes han ble noe langdryg. Men

Detaljer