STUDIEPLAN NASJONAL BEREDSKAP OG KRISEHANDSAMING
|
|
- Carl Helgesen
- 8 år siden
- Visninger:
Transkript
1 FORSVARETS HØGSKOLE STUDIEPLAN NASJONAL BEREDSKAP OG KRISEHANDSAMING 15 studiepoeng ( studiepoeng) Godkjent i høgskolestyret 25. april 2012
2 1. Innleiing Politiet og Forsvaret er sentrale aktørar innanfor nasjonal beredskap og krisehandsaming. Nokre samanhengar krev ein innsats frå ein av sektorane, medan det i andre høve kan vere naudsynt med ein felles innsats frå justis- og forsvarssektoren og eventuelt andre sektorar eller organisasjonar som har relevant kompetanse og kapasitet. Dette studiet handlar om nasjonal beredskap og krisehandsaming: Korleis er det organisert, kvifor er det organisert slik, kva for system og prosedyrar er det basert på, kva er utfordringane, og korleis kan ein vidareutvikle systemet på ein heilskapleg måte? Leiaroppgåvene ved beredskapsarbeid og krisehandsaming er særleg krevjande, og det vert difor lagt stor vekt på dei. Oppgåvene er knytte til samordning og styring av alle tilgjengelege ressursar i sektorane og samordning av ressursar frå fleire sektorar, offentlege etatar og friviljuge organisasjonar. Leiarane må ha spesifikk kunnskap om krisearbeid, mellom anna om gjeldande planverk, ressurssituasjonen og systemet dei skal arbeide under. I krisesituasjonar er det viktig at leiarar på alle nivå har evne og tyngd til å ta dei rette avgjerslene og handlekraft til å gjennomføre dei. Strategisk kriseleiing krev at alle dei involverte leiarane er reflekterte og kreative, tenkjer heilskapleg, er framsynte og kan ta avgjersler. På strategisk nivå må leiarane ha innsikt i og forstå samanhengane og dynamikken i organisasjonane dei arbeider innanfor og saman med. Utdanninga omfattar to emne som kan takast samla eller kvar for seg: emne 1: innsikt i nasjonal beredskap og krisehandsaming, som gir 10 studiepoeng emne 2: krisehandsamingsøvingar, som gir 5 studiepoeng Studieplan for vidareutdanning i nasjonal beredskap og krisehandsaming Side 1
3 2. Føremål Føremålet med utdanninga er å medverke til å kvalitetssikre og vidareutvikle nasjonal beredskap og krisehandsaming. Utdanninga skal òg styrkje samhandlinga mellom dei sentrale samvirkeaktørane. 3. Målgruppe og opptakskrav 3.1 Målgruppe Dei primære målgruppene er leiarar i forsvarssektoren (frå majornivå / tilsvarande sivile og masterstudentar på Forsvarets høgskole) og politiet (politimeister, stabssjef og dei faste avløysarane deira, medlemer av den strategiske gruppa / rådgivarane til politimeisteren og redningsleiinga). Studiet er òg ope for andre som har oppgåver innanfor nasjonalt beredskapsarbeid og krisehandsaming. Det er ein føresetnad at deltakarane frå politiet vert valde ut i samsvar med dei lokale kompetanseplanane. 3.2 Opptakskrav Søkjarane må: ha politiskole/politihøgskole, mastergrad i rettsvitskap eller tilsvarande utdanning, krigsskole eller tilsvarande utdanning andre søkjarar må ha utdanning på minst bachelornivå vere tilsette i politi- og lensmannsetaten, forsvaret eller relevante samarbeidsinstitusjonar ha minst tre års relevant praksis vere eller kunne verte tryggleiksklarerte for HEMMELEG Søkjarane må anten dokumentere ålmenn studiekompetanse eller utdanning som svarar til minst 60 studiepoeng, eller ha realkompetanse som kan erstatte manglande formell kompetanse. Studieplan for vidareutdanning i nasjonal beredskap og krisehandsaming Side 2
4 4. Læringsutbyte Studiet er organisert i to emne. Emne 1 «Innsikt i nasjonal beredskap og krisehandsaming» siktar på teoretisk fordjuping, medan emne 2 «Krisehandsamingsøvingar» omfattar to øvingar der det teoretiske grunnlaget i emne 1 vert nytta mest mogleg realistiske scenario. Samla skal dei to emna gi studentane eit heilskapleg læringsutbyte. Ålmenn kompetanse Etter avslutta utdanning skal studentane kunne: forstå ansvaret, autoriteten og oppgåvene til politiet og forsvaret i den totale sivil-militære beredskapen og krisehandsaminga identifisere og vurdere politiske, folkerettslege og etiske dilemma forstå moglegheiter og avgrensingar for samhandling i beredskapen og krisehandsaminga vise større tryggleik og innsikt i samband med nasjonal beredskap og krisehandsaming 4.1 Emne 1: Innsikt i nasjonal beredskap og krisehandsaming Dette emnet skal gi høve til fordjuping og vidareutvikling av kunnskapen om nasjonal beredskap og krisehandsaming. Det vert lagt vekt på at studentane skal få betre kjennskap til funksjonane til ulike etatar innanfor beredskapsarbeid og krisehandsaming, mellom anna planar, konsept, operasjonsprosedyrar, ressursar og utstyr. Kunnskapar Etter avslutta utdanning har studentane utdjupande kunnskap om: historisk utvikling, samfunnsendringar og trendar som er viktige for beredskapsarbeid og krisehandsaming gjeldande lover, andre styringsdokument og nasjonale planverk nasjonalt tilgjengelege aktørar og ressursar organisering av nasjonal beredskap og krisehandsaming strategiar for beredskapsarbeid og krisehandsaming, utfordringar og moglegheiter krisekommunikasjon Studieplan for vidareutdanning i nasjonal beredskap og krisehandsaming Side 3
5 Ferdigheiter Etter avslutta utdanning skal studentane kunne: vere leiarar i ein sivil-militær beredskaps- og kriseorganisasjon og bruke plan- og regelverket gjere greie for og problematisere dei sentrale utviklingstrekka og føringane for nasjonal beredskap og krisehandsaming avgjere korleis ressursar knytt til den sivile og militære beredskapen og krisehandsaminga i samfunnet skal disponerast analysere og vurdere utfordringane og moglegheitene i den konkrete leiarfunksjonen 4.2 Emne 2: Krisehandsamingsøvingar Kunnskapane og ferdigheitene frå det teoretiske emnet skal nyttast i mest mogleg realistiske scenario. To øvingar er sentrale i emnet. Den eine øvinga har eit scenario (intendert hending) der Forsvaret (Forsvarets operative hovudkvarter FOH) har hovudansvaret for krisehandsaminga. Den andre øvinga har eit scenario (ikkje-intendert hending) der politiet og det sivile samfunnet har hovudansvaret for krisehandsaminga. Røynslene studentane har frå krisehandsaming under reelle hendingar og øvingar vil vere viktige, fordi dei vil få oppgåver som deltakarar (spelarar), rettleiarar og observatørar. Kunnskapar Etter avslutta utdanning har studentane utdjupande kunnskap om: nasjonale system, planar og regelverk tilgjengelege ressursar og kapasitet hos Politiet, Forsvaret og andre nasjonale aktørar utfordringar og moglegheiter ved eksisterande organisasjonar og ordningar Ferdigheiter Etter avslutta utdanning skal studentane kunne: planleggje, gjennomføre og evaluere krisehandsaming og øvingar grunngi avgjerslene under krisehandsaminga observere og evaluere rolleutøvinga hos seg sjølv og andre kommunisere under kriser og handsame medium Studieplan for vidareutdanning i nasjonal beredskap og krisehandsaming Side 4
6 5. Organisering og arbeidskrav Utdanninga kan gjennomførast etter to studiemodellar: 1. Eit studium der begge emna inngår i ei vidareutdanning for polititilsette, tilsette i forsvaret og andre som har roller i nasjonalt beredskapsarbeid og krisehandsaming, og med ein avsluttande eksamen etter emne Eit studium der emna kan takast som avslutta delar. Emne 1 er i så fall eit valfritt emne i masterprogrammet til Forsvarets høgskole med avsluttande eksamen, med emne 2 som eit frittståande og friviljugt påbyggingsemne. Emne 1 må vere gjennomført før studenten kan byrje med emne 2. Utdanninga etter studiemodell 1 er eit deltidsstudium og skal i regelen gjennomførast på åtte månader. Utdanninga etter studiemodell 2 er berre for masterstudentar ved Forsvarets høgskole. Det er felles samlingar innanfor kvart emne. Studiet er organisert som samlingar og studiearbeid utanom samlingane. Utdanninga tar om lag 420 timar (høvesvis 280 timar og 140 timar for dei to emna). Dette omfattar undervising, krisehandsamingsøvingar, individuelt arbeid, gruppearbeid, nettbasert arbeid og litteraturstudium. Samlingane utgjer om lag 105 timar, fordelt på 70 timar for emne 1 og 35 timar for emne 2. Samlingstida for emne 1 er fordelt på to veker som vert tilpassa til tidspunktet for gjennomføringa av masteremnet på Forsvarets høgskole. Emne 2 omfattar to øvingar. Den eine vert gjennomført i regi av Politihøgskolen (Justissektorens kurs- og øvingssenter i Stavern) og den andre i regi av Forsvaret (Forsvarets operative hovudkvarter i Bodø). Det er obligatorisk å delta på samlingane. Arbeidsmåtane i studiet skal gi studentane godt læringsutbyte, og særleg klargjere sambandet mellom teori og praksis. Det vert lagt vekt på varierte arbeidsformer med mykje studentaktivitet. Undervisinga i emne 1 tar utgangspunkt i studium av ulike saker: eitt tilfelle med ei alvorleg tryggleikspolitisk krise eitt tilfelle med ei alvorleg, ikkje-intendert hending eitt tilfelle med ei alvorleg, intendert hending Studieplan for vidareutdanning i nasjonal beredskap og krisehandsaming Side 5
7 Ei nettbasert læringsplattform vert brukt til administrasjon og pedagogisk gjennomføring av studiet. Arbeidskrav Arbeidskrav som må vere oppfylte og godkjente før masterstudentane ved Forsvarets høgskole kan ta eksamen etter emne 1: ei individuell fagoppgåve (inntil 3000 ord). Viss masterstudentane òg vil ta emne 2, må dei oppfylle og få godkjent følgjande arbeidskrav før eksamen etter dette emnet: delta i dei to krisehandsamingsøvingane studentane får oppgåver som deltakarar (spelarar), rettleiarar og observatørar eit refleksjonsnotat om eiga rolleutøving, rettleiing og observasjon (inntil 1600 ord) relatert til øvingane Studentar som følgjer heile vidareutdanninga (studiemodell 1), må ha fått godkjent følgjande arbeidskrav før dei kan ta eksamen etter emne 2: ei individuell fagoppgåve (inntil 3000 ord) delta i dei to krisehandsamingsøvingane studentane vil få oppgåver som deltakarar (spelarar), rettleiarar og observatørar eit refleksjonsnotat om eiga rolleutøving, rettleiing og observasjon (inntil 1600 ord) relatert til øvingane i emne 2 Studentane får rettleiing om dei skriftlege arbeidskrava. 6. Vurdering Masterstudentane ved Forsvarets høgskole avsluttar emne 1 med ein individuell munnleg eksamen som tar utgangspunkt i fagoppgåva. Emne 2 vert avslutta med ein individuell ein munnleg eksamen som tar utgangspunkt i refleksjonsnotatet. Karakterane er bestått / ikkje bestått i båe eksamenane. Studentar som gjennomfører heile utdanninga etter studiemodell 1, avsluttar studiet med ein individuell munnleg eksamen som tar utgangspunkt i fagoppgåva og refleksjonsnotatet. Karakterane er bestått / ikkje bestått. Studieplan for vidareutdanning i nasjonal beredskap og krisehandsaming Side 6
8 7. Litteratur 7.1 Obligatorisk pensum, emne 1 (546 sider) Aven, T., Boyesen, M., Njå, O., Olsen, K. H. & Sandve, K. (2004). Samfunnssikkerhet. Oslo: Universitetsforlaget. Del 1 (50 sider). Boin, A., Hart, P., Stern, E. & Sundelius, B. (2005). The politics of crisis management: Public leadership under pressure. Cambridge: Cambridge University Press. Kap. 3, 6 og 7 (69 sider). Børresen, J., Gjeseth, G. & Tamnes, R. (2004). Norsk forsvarshistorie, bind 5: Allianseforsvar i endring. Bergen: Eide forlag. Kap (37 sider). Dahl, A. W. (2008). Håndbok i militær folkerett (2. utg.). Oslo: Cappelen akademisk. Kap. om interne fredsoperasjonar (8 sider) Dyndal, G. L. (red.) (2010). Strategisk ledelse i krise og krig. Bergen: Fagbokforlaget. Kap. 4 og 17 (35 sider). Eid, J. & Johnsen, B. H. (red.) (2006). Operativ psykologi (2. utg.). Bergen: Fagbokforlaget Vigmostad & Bjørke. Kap. 3, 9 og 17 (55 sider). Fimreite, A. L., Lango, P., Lægreid, P. & Rykkja, L. H. (red.) (2011). Organisering, samfunnssikkerhet og krisehåndtering. Oslo: Universitetsforlaget. Kap. 1 2, 8, 12 og 14 (96 sider). Skogand, John Kristen (2009). Krisehåndtering. Opprinnelse, utvidelse og norsk forsvarsplanlegging. Oslo: NUPI-rapport 2009 (64 sider). Skogrand, Kjetil (2004). Norsk forsvarshistorie, bd. 4: Alliert i krig og fred. Bergen: Eide forlag. S (9 sider). St. prop. nr. 73 ( ) (2012). Et forsvar for vår tid. Oslo: Forsvarsdepartementet. S (17 sider). Weisæth, L. & Kjeserud, R. (207). Ledelse ved kriser: En praktisk veileder. Oslo: Gyldendal. Kap. 2 4, (106 sider). Studieplan for vidareutdanning i nasjonal beredskap og krisehandsaming Side 7
9 Obligatorisk litteratur til saksstudia (215 sider) Forsvarets operative hovudkvarter. Erfaringsrapport fra Elektron og påfølgende hendelse. Stavanger: FOHK [Gradert] (om lag 50 sider). Fimreite, A. L., Lango, P., Lægreid, P. & Rykkja, L. H. (red.) (2011). Organisering, samfunnssikkerhet og krisehåndtering. Oslo: Universitetsforlaget. Kap. 5 og 11 (34 sider). Hobson, R. & Kristiansen, T. (2001). Norsk forsvarshistorie, bind 3: Total krig, nøytralitet og politisk splittelse. Bergen: Eide forlag. S (9 sider). Innstillinga frå 22. juli-kommisjonen (2012) (relevante delar om lag 100 sider). St. mld. nr. 37 ( ) (2005): Flodbølgekatastrofen i Sør-Asia og sentral krisehåndtering. Oslo: Justis- og politidepartementet. Kap. 1, 6 og 7 (23 sider). 7.2 Obligatorisk litteratur, emne 2 (340 sider) Eriksen, J. (2011). Krise- og beredskapsledelse: Teamtrening. Oslo: Cappelen Damm. Kap. 1, 5 og 7 (86 sider). Forsvaret (2009). Forsvarssjefens strategiske direktiv for operasjoner [Gradert] (om lag 25 sider). Forsvarsdepartementet (revidert utgave 2003). Bistandsinstruksen. Oslo: Forsvarsdepartementet (om lag 20 sider). Forsvarsstaben (2003). Forsvarssjefens direktiv for bruk av spesialstyrker. Oslo: Forsvarsstaben [Gradert] (om lag 20 sider). Forsvarsstaben (2007). Forsvarets fellesoperative doktrine: Oslo: Forsvarsstaben. Kap. 2 og delar av kap. 5 (om lag 40 sider). Løvik, K. (2010). Øvelse gjør mester: Planlegging, kommunikasjon og gjennomføring av øvelser. Kristiansand: Høyskoleforlaget. Side og (44 sider). Politidirektoratet (2011). Politiets beredskapssystem, del I: Retningslinjer for politiets beredskap. Oslo: Politidirektoratet. Side (87 sider). Studieplan for vidareutdanning i nasjonal beredskap og krisehandsaming Side 8
10 Sverdrup, S. (2002). Evaluering; faser design og gjennomføring. Bergen: Fagbokforlaget. Kap 2 (18 sider). 7.3 Tilrådd litteratur Crisis Management, Research and Training (CRISMART): Relevante publikasjoner Forsvarets operative hovudkvarter (2011). Evalueringsrapport: Øvelse Gram Bodø: FOH. (om lag 25 sider). Forsvarsdepartementet (2009). Evne til innsats. Strategisk konsept for Forsvaret. Forsvarsstaben (2007). Forsvarets fellesoperative doktrine: Oslo: Forsvarsstaben. Kap. 2 og delar av kap. 5 (om lag 40 sider). Holand, A. & Sønderland, O. (2009). Evaluering av øvelser: Sammendrag av erfaringspunkter. Oslo: Politidirektoratet. Jonassen, K. & Rosø, E. (2011). Evalueringsrapport: Øvelse Tyr Oslo: Politihøgskolen. NOU 2006:06 (2006). Når sikkerheten er viktigst: Beskyttelse av landets kritiske infrastrukturer og kritiske samfunnsfunksjoner. Oslo: Justis- og politidepartementet. NOU 2009:12 (2009). Et ansvarlig politi: Åpenhet, kontroll og læring, Justis- og politidepartementet. Politidirektoratet (2011). Politiets beredskapssystem, del I: Retningslinjer for politiets beredskap. Oslo: Politidirektoratet. St. mld. nr. 39 ( ) (2004). Samfunnssikkerhet og sivilt-militært samarbeid. Oslo: Justis- og politidepartementet. St. mld. nr. 37 ( ) (2005). Flodbølgekatastrofen i Sør-Asia og sentral krisehåndtering. Oslo: Justis- og politidepartementet. St. mld. nr. 42 ( ) (2005). Politiets rolle og oppgaver. Oslo: Justis- og politidepartementet. St. mld. nr. 22 ( ) (2008). Samfunnssikkerhet: Samvirke og samordning. Oslo: Justis- og politidepartementet. Studieplan for vidareutdanning i nasjonal beredskap og krisehandsaming Side 9
11 St. prop. nr. 73 ( ) (2012). Et forsvar for vår tid. Oslo: Forsvarsdepartementet. Støtte og samarbeid: Det moderniserte totalforsvarskonseptet (2007). Oslo: Forsvarsdepartementet. I tillegg vil det i 2012 komme følgjande tilrådd litteratur frå justissektoren: Stortingsmelding om samfunnstryggleik frå Justis- og beredskapsdepartementet (vår). Innstillinga frå 22. juli-kommisjonen (2012). Studieplan for vidareutdanning i nasjonal beredskap og krisehandsaming Side 10
STUDIEPLAN NASJONAL BEREDSKAP OG KRISEHÅNDTERING
FORSVARETS HØGSKOLE STUDIEPLAN NASJONAL BEREDSKAP OG KRISEHÅNDTERING 15 studiepoeng (10 + 5 studiepoeng) Godkjent i høgskolestyret 25. april 2012 1. Innledning Politiet og Forsvaret er sentrale aktører
DetaljerSTUDIEPLAN UTDANNING I FUNKSJONSRETTA LEIING FOR OPERASJONSLEIARAR
STUDIEPLAN UTDANNING I FUNKSJONSRETTA LEIING FOR OPERASJONSLEIARAR 15 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 28. august 2012 1. Innleiing Operasjonssentralen er leiings- og koordineringssentralen til politidistriktet.
DetaljerSTUDIEPLAN UTDANNING AV OPERATØRAR TIL OPERASJONSSENTRALANE FOR POLITIET
STUDIEPLAN UTDANNING AV OPERATØRAR TIL OPERASJONSSENTRALANE FOR POLITIET 15 STUDIEPOENG Utkast til høgskolestyret 16. oktober 2014 1. Innleiing Politiet må vere førebudd på å handsame eit breitt spekter
DetaljerSTUDIEPLAN UTDANNING I JURIDISK METODE EI INNFØRING
STUDIEPLAN UTDANNING I JURIDISK METODE EI INNFØRING 5 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 17. oktober 2012 1. Innleiing Rettstryggleiken til borgarane er viktig i samband med all offentleg maktutøving.
DetaljerSTUDIEPLAN VIDAREUTDANNING LEIARKANDIDAT. 15 studiepoeng
STUDIEPLAN VIDAREUTDANNING LEIARKANDIDAT 15 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 1. juni 2011 1. Innleiing Politi- og lensmannsetaten treng alltid kandidatar til leiarstillingar. Ofte vil medarbeidarar
DetaljerSTUDIEPLAN UTDANNING I FUNKSJONSRETTA LEIING FOR INNSATSLEIARAR
STUDIEPLAN UTDANNING I FUNKSJONSRETTA LEIING FOR INNSATSLEIARAR 15 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 28. august 2012 1. Innleiing Innsatsleiaren er den øvste leiaren på taktisk nivå i politidistriktet
DetaljerSTUDIEPLAN UTDANNING I FUNKSJONSRETTA LEIING FOR INNSATSLEIARAR. 15 studiepoeng
STUDIEPLAN UTDANNING I FUNKSJONSRETTA LEIING FOR INNSATSLEIARAR 15 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 28. august 2012 1. Innleiing Innsatsleiaren er den øvste leiaren på taktisk nivå i politidistriktet
DetaljerSTUDIEPLAN UTDANNING FOR FORHANDLARTENESTA HOS POLITIET
STUDIEPLAN UTDANNING FOR FORHANDLARTENESTA HOS POLITIET 15 studiepoeng Utkast til behandling i høgskolestyret 30. april 2014 1. Innleiing I den daglege operative tenesta har politiet kontakt med publikum
DetaljerSTUDIEPLAN VIDAREUTDANNING I KRIMINALTEKNISK ETTERFORSKING AV BRANNÅSTAD
STUDIEPLAN VIDAREUTDANNING I KRIMINALTEKNISK ETTERFORSKING AV BRANNÅSTAD Kriminalteknikk: Modul 3D 5 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 15. februar 2012 Revidert 17. oktober 2012 Modul 1 Modul 2 Modul
DetaljerSTUDIEPLAN FOR VIDAREUTDANNING AV RETTLEIARAR I POLITIET SIN BEKYMRINGSSAMTALE
STUDIEPLAN FOR VIDAREUTDANNING AV RETTLEIARAR I POLITIET SIN BEKYMRINGSSAMTALE 5 studiepoeng Utkast til behandling i høgskolestyret 16. oktober 2014 1. Innleiing Bekymringssamtalen er eit strukturert verktøy
DetaljerSTUDIEPLAN UTDANNING I FUNKSJONSRETTET LEDELSE FOR OPERASJONSLEDERE
STUDIEPLAN UTDANNING I FUNKSJONSRETTET LEDELSE FOR OPERASJONSLEDERE 15 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 28. august 2012 1. Innledning Operasjonssentralen er politidistriktets ledelses- og koordineringssentral
DetaljerSTUDIEPLAN UTDANNING AV OPERATØRER PÅ POLITIETS OPERASJONSSENTRALER
STUDIEPLAN UTDANNING AV OPERATØRER PÅ POLITIETS OPERASJONSSENTRALER 15 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 16. oktober 2014 1. Innledning Politiet må være forberedt på å håndtere et bredt spekter av
DetaljerSTUDIEPLAN VIDAREUTDANNING FOR PÅTALEJURISTAR I POLITIET
STUDIEPLAN VIDAREUTDANNING FOR PÅTALEJURISTAR I POLITIET 15 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 28. august 2012 1. Innleiing Eit velfungerande og integrert påtaleledd i samhandling med kvalifiserte,
DetaljerSTUDIEPLAN UTDANNING I POLITIOPPGÅVER INNANFOR DEN SIVILE RETTSPLEIA
STUDIEPLAN UTDANNING I POLITIOPPGÅVER INNANFOR DEN SIVILE RETTSPLEIA 60 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 17. oktober 2012 1. Innleiing Politidistrikta handsamar ei rekkje oppgåver innanfor den sivile
DetaljerSTUDIEPLAN UTDANNING I FUNKSJONSRETTET LEDELSE FOR OPERASJONSLEDERE
STUDIEPLAN UTDANNING I FUNKSJONSRETTET LEDELSE FOR OPERASJONSLEDERE 15 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 28. august 2012 1. Innledning Operasjonssentralen er politidistriktets ledelses- og koordineringssentral
DetaljerSTUDIEPLAN VIDAREUTDANNING I RETTLEIINGSPEDAGOGIKK
STUDIEPLAN VIDAREUTDANNING I RETTLEIINGSPEDAGOGIKK 30 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 6. juni 2012 Revisjon godkjent av rektor 5. september 2013 1. Innleiing Rettleiing vert utøvd på mange felt i
DetaljerSTUDIEPLAN VIDAREUTDANNING I BRANNETTERFORSKING
STUDIEPLAN VIDAREUTDANNING I BRANNETTERFORSKING Kriminalteknikk: Modul 2D 10 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 15. februar 2012 Revidert 17. oktober 2012 Modul 1 Modul 2 Modul 3 1. Innleiing Det er
DetaljerSTUDIEPLAN INSTRUKTØRUTDANNING GRENSEKONTROLL
STUDIEPLAN INSTRUKTØRUTDANNING GRENSEKONTROLL 20 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 6. juni 2012 1. Innleiing Som andre offentlege etatar er politiet prega av endring og utvikling og legg vekt på livslang
DetaljerSTUDIEPLAN VIDAREUTDANNING I KRIMINALTEKNISK VURDERING OG DOKUMENTASJON
STUDIEPLAN VIDAREUTDANNING I KRIMINALTEKNISK VURDERING OG DOKUMENTASJON Kriminalteknikk: Modul 2C 10 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 17. oktober 2012 Modul 1 Modul 2 Modul 3 1. Innleiing Ei av oppgåvene
DetaljerSTUDIEPLAN UTDANNING I FUNKSJONSRETTET LEDELSE FOR INNSATSLEDERE
STUDIEPLAN UTDANNING I FUNKSJONSRETTET LEDELSE FOR INNSATSLEDERE 15 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 28. august 2012 1. Innledning Innsatslederen er politidistriktets øverste leder på taktisk nivå
DetaljerSTUDIEPLAN UTDANNING I TEIKN OG SYMPTOM PÅ MISBRUK AV NARKOTIKA OG ANDRE RUSMIDDEL
STUDIEPLAN UTDANNING I TEIKN OG SYMPTOM PÅ MISBRUK AV NARKOTIKA OG ANDRE RUSMIDDEL 5 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 26. juni 2013 1. Innleiing Politifolk i operativ teneste treff ofte menneske dei
DetaljerSTUDIEPLAN UTDANNING I FUNKSJONSRETTET LEDELSE FOR INNSATSLEDERE
STUDIEPLAN UTDANNING I FUNKSJONSRETTET LEDELSE FOR INNSATSLEDERE 15 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 28. august 2012 1. Innledning Innsatslederen er politidistriktets øverste leder på taktisk nivå
DetaljerSTUDIEPLAN VIDAREUTDANNING I ARBEID MOT ØKONOMISK KRIMINALITET
STUDIEPLAN VIDAREUTDANNING I ARBEID MOT ØKONOMISK KRIMINALITET 15 studiepoeng Modul 2 Godkjent i høgskolestyret 25. april 2012 1. Innleiing Økonomisk kriminalitet er eit samleomgrep for ei rekkje lovbrot
DetaljerSTUDIEPLAN VIDAREUTDANNING FOR NORDIC COMPUTER FORENSICS INVESTIGATORS
STUDIEPLAN VIDAREUTDANNING FOR NORDIC COMPUTER FORENSICS INVESTIGATORS 25 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 6. juni 2012 Revidert 27. juni 2013 1. Innleiing Datateknologi vert stadig viktigare i mange
DetaljerSTUDIEPLAN. VIDAREUTDANNING FOR AVANSERTE INFORMANTHANDSAMARAR Modul 2. 10 studiepoeng. INFORMANTRETTLEIARAR Modul 3.
STUDIEPLAN VIDAREUTDANNING FOR AVANSERTE INFORMANTHANDSAMARAR Modul 2 10 studiepoeng OG INFORMANTRETTLEIARAR Modul 3 5 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 4. desember 2013 1. Innleiing Informanthandsaming
DetaljerSTUDIEPLAN VIDAREUTDANNING I ARBEID MOT ØKONOMISK KRIMINALITET
STUDIEPLAN VIDAREUTDANNING I ARBEID MOT ØKONOMISK KRIMINALITET 15 studiepoeng Modul 2 Godkjent i høgskolestyret 25. april 2012 1. Innleiing Økonomisk kriminalitet er eit samleomgrep for ei rekkje lovbrot
DetaljerStudieplan Funksjonsretta leiing for påtaleleiarar
Studieplan Funksjonsretta leiing for påtaleleiarar 15 studiepoeng Godkjent av høgskolestyret 16. juni 2008 Revisjon godkjent av rektor 14. november 2011 1. Innleiing Alle organisasjonar av ein viss storleik
DetaljerSTUDIEPLAN VIDAREUTDANNING I FORVALTINGSOPPGÅVENE TIL POLITIET
STUDIEPLAN VIDAREUTDANNING I FORVALTINGSOPPGÅVENE TIL POLITIET 30 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 25. april 2012 1. Innleiing Politidistrikta utfører kvart år ei rekkje forvaltingsoppgåver og forvaltar
DetaljerSTUDIEPLAN UTDANNING FOR POLITIETS FORHANDLERTJENESTE
STUDIEPLAN UTDANNING FOR POLITIETS FORHANDLERTJENESTE 15 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 3. juni 2014 1. Innledning Politiet har i den daglige operative tjeneste kontakt med publikum, og skal løse
DetaljerGRUNNKURS FOR FRAMTIDIGE HUNDEFØRARAR I POLITIET
GRUNNKURS FOR FRAMTIDIGE HUNDEFØRARAR I POLITIET Introduksjon Godkjent av rektor 26. februar 2013 1. Innleiing Politihunden er ein av dei viktigaste ressursane politiet har i operativ teneste, og vert
DetaljerSTUDIEPLAN INSTRUKTØRUTDANNING UTRYKKINGSKØYRING
STUDIEPLAN INSTRUKTØRUTDANNING UTRYKKINGSKØYRING 20 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 6. juni 2012 1. Innleiing Som andre offentlege etatar er politiet prega av endring og utvikling og legg vekt på
DetaljerSTUDIEPLAN INSTRUKTØRUTDANNING SIVIL KRISEHANDSAMING INNANFOR INTERNASJONALE POLITIOPERASJONAR
STUDIEPLAN INSTRUKTØRUTDANNING SIVIL KRISEHANDSAMING INNANFOR INTERNASJONALE POLITIOPERASJONAR 20 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 6. juni 2012 Revisjon godkjent av rektor 28. april 2014 1. Innleiing
DetaljerSTUDIEPLAN UTDANNING I FUNKSJONSRETTA LEIING FOR ETTERFORSKINGSLEIARAR
STUDIEPLAN UTDANNING I FUNKSJONSRETTA LEIING FOR ETTERFORSKINGSLEIARAR 15 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 28. august 2012 1. Innleiing Etterforsking av straffesaker er ein av kjernefunksjonane til
DetaljerSTUDIEPLAN UTDANNING AV INNSATSPERSONELL KATEGORI 1. 30 studiepoeng
STUDIEPLAN UTDANNING AV INNSATSPERSONELL KATEGORI 1 30 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 11. september 2013 1. Innleiing Innsatspersonellet i norsk politi er delt inn i fem kategoriar etter kompetanse
DetaljerSTUDIEPLAN VIDEREUTDANNING FOR HUNDEFØRARAR I POLITIET MED VINTERTENESTE
STUDIEPLAN VIDEREUTDANNING FOR HUNDEFØRARAR I POLITIET MED VINTERTENESTE 10 studiepoeng Godkjend i høgskulestyret 19. februar 2014 1. Innleiing Politihunden er en viktig ressurs i vinter- og fjellredningstenesten,
DetaljerSTUDIEPLAN UTDANNING I JURIDISK METODE EN INNFØRING
STUDIEPLAN UTDANNING I JURIDISK METODE EN INNFØRING 5 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 17. oktober 2012 1. Innledning Borgernes rettssikkerhet har sentral betydning i all offentlig myndighetsutøvelse.
DetaljerSTUDIEPLAN UTDANNING OPERATØRARBEID I OPERASJONSSENTRALEN
STUDIEPLAN UTDANNING OPERATØRARBEID I OPERASJONSSENTRALEN 15 STUDIEPOENG Utkast 7. mai 2014 1. Innledning Politiet må være forberedt på å håndtere et bredt spekter av hendelser, fra daglige situasjoner
DetaljerSTUDIEPLAN VIDAREUTDANNING I ARBEID MOT MILJØKRIMINALITET
STUDIEPLAN VIDAREUTDANNING I ARBEID MOT MILJØKRIMINALITET MODUL 2B KULTURMINNEKRIMINALITET 10 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 6. juni 2012 1. Innleiing I Noreg har vi lange tradisjonar for vern av
DetaljerSTUDIEPLAN VIDEREUTDANNING I VEILEDNINGSPEDAGOGIKK
STUDIEPLAN VIDEREUTDANNING I VEILEDNINGSPEDAGOGIKK 30 studiepoeng Godkjent i styret 6. juni 2012 Revisjon godkjent av rektor 5. september 2013 1. Innledning Veiledning utøves innenfor mange områder i politi-
DetaljerSTUDIEPLAN VIDAREUTDANNING I KRIMINALTEKNISK VURDERING AV BLODSPOR
STUDIEPLAN VIDAREUTDANNING I KRIMINALTEKNISK VURDERING AV BLODSPOR Kriminalteknikk: Mdul 3A 5 studiepeng Gdkjent i høgsklestyret 17. ktber 2012 Mdul 1 Mdul 2 Mdul 3 1. Innleiing Den kriminaltekniske etterfrskinga
DetaljerSTUDIEPLAN VIDEREUTDANNING I VEILEDNINGSPEDAGOGIKK
STUDIEPLAN VIDEREUTDANNING I VEILEDNINGSPEDAGOGIKK 30 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 6. juni 2012 Revisjon av modul1 godkjent av rektor 29. august 2013 1. Innledning Veiledning utøves innenfor mange
DetaljerSTUDIEPLAN VIDEREUTDANNING I VEILEDNINGSPEDAGOGIKK
STUDIEPLAN VIDEREUTDANNING I VEILEDNINGSPEDAGOGIKK 30 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 6. juni 2012 Revisjon av modul 1 godkjent av rektor 25. februar 2016 1. Innledning Veiledning utøves innenfor
DetaljerSTUDIEPLAN INSTRUKTØRUTDANNING SIVIL RETTSPLEIE
STUDIEPLAN INSTRUKTØRUTDANNING SIVIL RETTSPLEIE 20 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 6. juni 2012 1. Innleiing Som andre offentlege etatar er politiet prega av endring og utvikling og legg vekt på
DetaljerSTUDIEPLAN UTDANNING FOR TILSETTE I POLITIET MED AVGRENSA POLITIMYNDE
STUDIEPLAN UTDANNING FOR TILSETTE I POLITIET MED AVGRENSA POLITIMYNDE 20 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 28. august 2012 1. Innleiing Nokre av oppgåvene til politiet vert i dag handsama av tilsette
DetaljerSTUDIEPLAN VIDEREUTDANNING I VEILEDNINGSPEDAGOGIKK
STUDIEPLAN VIDEREUTDANNING I VEILEDNINGSPEDAGOGIKK 30 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 6. juni 2012 Revisjon av modul1 godkjent av rektor 29. august 2013 1. Innledning Veiledning utøves innenfor mange
DetaljerSTUDIEPLAN UTDANNING I FUNKSJONSRETTET LEDELSE FOR VAKTLEDERE VED SENTRALE SAMFUNNSINSTITUSJONER
STUDIEPLAN UTDANNING I FUNKSJONSRETTET LEDELSE FOR VAKTLEDERE VED SENTRALE SAMFUNNSINSTITUSJONER 15 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 3. juni 2015 1. Innledning Norges Bank, Stortinget og Departementene
DetaljerSTUDIEPLAN VIDAREUTDANNING I AVHØYR AV BARN OG UNGDOM
STUDIEPLAN VIDAREUTDANNING I AVHØYR AV BARN OG UNGDOM 15 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 15. februar 2012 1. Innleiing Avhøyr er ein av dei viktigaste etterforskingsmetodane som politiet nyttar.
DetaljerSTUDIEPLAN. INSTRUKTØRUTDANNING OPERATIVE STYRINGSSYSTEMER I BRANN, HELSE og POLITI. 20 studiepoeng
STUDIEPLAN INSTRUKTØRUTDANNING OPERATIVE STYRINGSSYSTEMER I BRANN, HELSE og POLITI 20 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 6. juni 2012 Revisjon godkjent av rektor 28. april 2014 1. Innleiing Naudetatane
DetaljerSTUDIEPLAN VIDAREUTDANNING I ARBEID MOT MILJØKRIMINALITET
STUDIEPLAN VIDAREUTDANNING I ARBEID MOT MILJØKRIMINALITET MODUL 2C ARBEIDSMILJØKRIMINALITET 15 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 6. juni 2012 Revisjon godkjent av rektor 1. juni 2015 1. Innleiing Kvart
DetaljerSTUDIEPLAN INSTRUKTØRUTDANNING SIVIL KRISEHÅNDTERING INNENFOR INTERNASJONALE POLITIOPERASJONER
STUDIEPLAN INSTRUKTØRUTDANNING SIVIL KRISEHÅNDTERING INNENFOR INTERNASJONALE POLITIOPERASJONER 20 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 6. juni 2012 Revisjon godkjent av rektor 28. april 2014 1. Innledning
DetaljerSTUDIEPLAN INSTRUKTØRUTDANNING POLITIOPERATIVE DISIPLINAR
STUDIEPLAN INSTRUKTØRUTDANNING POLITIOPERATIVE DISIPLINAR 20 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 6. juni 2012 1. Innleiing Som andre offentlege etatar er politiet prega av endring og utvikling og legg
DetaljerStudieplan 2014/2015
Studieplan 2014/2015 Risiko, sårbarhet og beredskap Studiepoeng: 30 Studiets varighet, omfang og nivå Studiet Risiko, sårbarhet og beredskap er en grunnutdanning på 30 studiepoeng. Studiet gjennomføres
DetaljerStudieplan 2016/2017
Studieplan 2016/2017 Risiko, sårbarhet og beredskap Studiepoeng: 30 Studiets nivå og organisering Studiet Risiko, sårbarhet og beredskap er en grunnutdanning på 30 studiepoeng. Studiet gjennomføres som
DetaljerSTUDIEPLAN FOR VIDEREUTDANNING AV VEILEDERE I POLITIETS BEKYMRINGSSAMTALE
STUDIEPLAN FOR VIDEREUTDANNING AV VEILEDERE I POLITIETS BEKYMRINGSSAMTALE 5 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 16. oktober 2014 1. Innledning Bekymringssamtalen er et strukturert verktøy for politiets
DetaljerSTUDIEPLAN VIDAREUTDANNING I AVHØYR AV SÅRBARE PERSONAR
STUDIEPLAN VIDAREUTDANNING I AVHØYR AV SÅRBARE PERSONAR 10 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 3. juni 2014 1. Innleiing Utviklingshemma og born i førskulealder er sårbare av fleire grunnar. Det er vanskeleg
DetaljerKRIMINALTEKNISKE KOORDINATORER
STUDIEPLAN VIDEREUTDANNING FOR KRIMINALTEKNISKE KOORDINATORER Modul 4:10 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 6. desember 2017 1. Videreutdanning for kriminaltekniske koordinatorer 1.1. Innledning Den
DetaljerSTUDIEPLAN UTDANNING AV INNSATSPERSONELL I KATEGORI 2. 20 studiepoeng
STUDIEPLAN UTDANNING AV INNSATSPERSONELL I KATEGORI 2 20 studiepoeng Utkast til behandling i høgskolestyret 30. april 2014 1. Innleiing Innsatspersonellet i norsk politi er delt inn i fem kategoriar etter
DetaljerSTUDIEPLAN VIDEREUTDANNING FOR POLITIETS PÅTALEJURISTER
STUDIEPLAN VIDEREUTDANNING FOR POLITIETS PÅTALEJURISTER 15 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 28. august 2012 1. Innledning Et velfungerende integrert påtaleledd i samhandling med kvalifiserte, erfarne
DetaljerSTUDIEPLAN VIDEREUTDANNING I KRIMINALTEKNISK ETTERFORSKING AV BRANNÅSTED
STUDIEPLAN VIDEREUTDANNING I KRIMINALTEKNISK ETTERFORSKING AV BRANNÅSTED Kriminalteknikk: Modul 3D 5 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 15. februar 2012 Revidert 17.oktober 2012 Modul 1 Modul 2 Modul
DetaljerSTUDIEPLAN VIDEREUTDANNING I KRIMINALTEKNISK VURDERING OG DOKUMENTASJON
STUDIEPLAN VIDEREUTDANNING I KRIMINALTEKNISK VURDERING OG DOKUMENTASJON Kriminalteknikk: Modul 2C 10 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 17. oktober 2012 Modul 1 Modul 2 Modul 3 1. Innledning En av kriminalteknikkens
DetaljerSTUDIEPLAN VIDEREUTDANNING LEDERKANDIDAT. 15 studiepoeng
STUDIEPLAN VIDEREUTDANNING LEDERKANDIDAT 15 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 1. juni 2011 1. Innledning Politi- og lensmannsetaten har til enhver tid behov for rekruttering til ulike lederstillinger.
DetaljerSTUDIEPLAN VIDAREUTDANNING I ETTERFORSKING AV GROV VALD OG DRAP
STUDIEPLAN VIDAREUTDANNING I ETTERFORSKING AV GROV VALD OG DRAP 15 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 6. juni 2012 1. Innleiing Grov vald og drap er i hovudsak uønskt og straffbart i dei aller fleste
DetaljerStudieplan 2014/2015
Studieplan 2014/2015 Risiko, sårbarhet og beredskap ECTS credits: 30 Studiets varighet, omfang og nivå Studiet Risiko, sårbarhet og beredskap er en grunnutdanning på 30 studiepoeng. Studiet gjennomføres
DetaljerEmnet er ope for alle med studierett ved UiB.
Emnekode Emnenamn Engelsk emnenamn Studiepoeng 15 Undervisningssemester Undervisningsspråk Studienivå Krav til studierett Mål og innhald Læringsutbyte/resultat Kunnskap Grunnkompetanse ITAL111 Italiensk
DetaljerSTUDIEPLAN VIDAREUTDANNING I AVHØYRSUTDANNING FELLESMODUL
STUDIEPLAN VIDAREUTDANNING I AVHØYRSUTDANNING FELLESMODUL 10 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 5. desember 2012 1. Innleiing Avhøyr er ein av dei viktigaste etterforskingsmetodane som politiet nyttar.
DetaljerStudieplan Funksjonsrettet ledelse for påtaleledere
Studieplan Funksjonsrettet ledelse for påtaleledere 15 studiepoeng Godkjent av høgskolestyret 16. juni 2008 Revisjon godkjent av rektor 14. november 2011 1. Innledning I enhver organisasjon av en viss
DetaljerSTUDIEPLAN VIDEREUTDANNING I KRIMINALTEKNISK ETTERFORSKNING FORDYPNING I ULYKKER OG EKSTRAORDINÆRE HENDELSER. 20 studiepoeng
STUDIEPLAN VIDEREUTDANNING I KRIMINALTEKNISK ETTERFORSKNING FORDYPNING I ULYKKER OG EKSTRAORDINÆRE HENDELSER 20 studiepoeng Modul 2B: Kriminalteknisk etterforskning av ulykker og ekstraordinære hendelser
DetaljerSTUDIEPLAN UTDANNING I FUNKSJONSRETTET LEDELSE FOR ETTERFORSKINGSLEDERE
STUDIEPLAN UTDANNING I FUNKSJONSRETTET LEDELSE FOR ETTERFORSKINGSLEDERE 15 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 28. august 2012 1. Innledning Etterforsking av straffesaker utgjør en av kjernefunksjonene
DetaljerStudieplan 2014/2015
Studieplan 2014/2015 Årsstudium i krisehåndtering Studiepoeng: 60 Studiets varighet, omfang og nivå Årsstudium i krisehåndtering er en grunnutdanning på 60 studiepoeng, som gis som deltidsstudium over
DetaljerRisiko, sårbarhet og beredskap
Studieplan Risiko, sårbarhet og beredskap 30 studiepoeng Godkjent i studieplanutvalget: 24.02.2010 Studiet er etablert av Høgskolestyret: 01.03.2010 A. Overordnet beskrivelse av studiet 1. Innledning Studiet
DetaljerSTUDIEPLAN VIDAREUTDANNING I KRIMINALITETSFØREBYGGJANDE POLITIARBEID
STUDIEPLAN VIDAREUTDANNING I KRIMINALITETSFØREBYGGJANDE POLITIARBEID 30 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 6. juni 2012 1. Innleiing Kriminalitet råkar både enkeltpersonar, familiar, lokalmiljø og samfunnet
DetaljerSTUDIEPLAN VIDEREUTDANNING I TILRETTELAGTE AVHØR AV SÆRLIGE SÅRBARE PERSONER
STUDIEPLAN VIDEREUTDANNING I TILRETTELAGTE AVHØR AV SÆRLIGE SÅRBARE PERSONER 15 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 3.juni 2014 Revisjon godkjent av rektor 10. mai 2016 Revisjon godkjent av rektor 8.
DetaljerSTUDIEPLAN VIDAREUTDANNING I ARBEID MOT MILJØKRIMINALITET
STUDIEPLAN VIDAREUTDANNING I ARBEID MOT MILJØKRIMINALITET MODUL 2D FISKERIKRIMINALITET 15 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 6. juni 2012 1. Innleiing Fiskerikriminalitet er miljøkriminalitet som rammar
DetaljerSTUDIEPLAN UTDANNING I POLITIETS OPPGAVER INNEN DEN SIVILE RETTSPLEIE
STUDIEPLAN UTDANNING I POLITIETS OPPGAVER INNEN DEN SIVILE RETTSPLEIE 60 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 17. oktober 2012 1. Innledning Politidistriktene behandler en rekke oppgaver innen den sivile
DetaljerSTUDIEPLAN VIDAREUTDANNING I ARBEID MOT MILJØKRIMINALITET
STUDIEPLAN VIDAREUTDANNING I ARBEID MOT MILJØKRIMINALITET MODUL 1 FELLES FOR MILJØSTUDIA 5 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 6. juni 2012 1. Innleiing Miljøkriminalitet er kriminalitet som rammar både
DetaljerFORSKRIFT OM GRADAR Fastsett av styret ved KHiB den 25.06.03 med heimel i Uhl. 46.2. 1
1 FORSKRIFT OM GRADAR Fastsett av styret ved KHiB den 25.06.03 med heimel i Uhl. 46.2. 1 1. OMFANG Denne forskrifta gjeld for dei studieprogramma som institusjonen vedtek å opprette. 2. DEFINISJONAR 2.1.
DetaljerSTUDIEPLAN UTDANNING FOR HUNDEFØRERE I POLITIET MED REDNINGSTJENESTE
STUDIEPLAN UTDANNING FOR HUNDEFØRERE I POLITIET MED REDNINGSTJENESTE 10 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 3. desember 2014 1. Innledning Redningstjeneste er en av de viktigste og mest krevende oppgaver
DetaljerStudieplan 2015/2016
Studieplan 2015/2016 Risiko, sårbarhet og beredskap ECTS credits: 30 Studiets varighet, omfang og nivå Studiet Risiko, sårbarhet og beredskap er en grunnutdanning på 30 studiepoeng. Studiet gjennomføres
DetaljerSTUDIEPLAN INSTRUKTØRUTDANNING POLITIOPERATIVE DISIPLINER
STUDIEPLAN INSTRUKTØRUTDANNING POLITIOPERATIVE DISIPLINER 20 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 6. juni 2012 Revisjon godkjent av rektor 28. april 2014 1. Innledning Endring og utvikling preger politiet
DetaljerSTUDIEPLAN INSTRUKTØRUTDANNING GRENSEKONTROLL
STUDIEPLAN INSTRUKTØRUTDANNING GRENSEKONTROLL 20 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 6. juni 2012 Revisjon godkjent av rektor 28. april 2014 1. Innledning Endring og utvikling preger politiet som andre
DetaljerStudieplan 2011/2012. Risiko, sårbarhet og beredskap. Studiepoeng: 30. Studiets varighet, omfang og nivå. Innledning. Læringsutbytte.
Studieplan 2011/2012 Risiko, sårbarhet og beredskap Studiepoeng: 30 Studiets varighet, omfang og nivå Studiet Risiko, sårbarhet og beredskap er en grunnutdanning på 30 studiepoeng. Studiet gjennomføres
DetaljerSTUDIEPLAN VIDAREUTDANNING I ARBEID MOT MILJØKRIMINALITET
STUDIEPLAN VIDAREUTDANNING I ARBEID MOT MILJØKRIMINALITET MODUL 1 FELLES FOR MILJØSTUDIA 5 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 6. juni 2012 Revisjon godkjent av rektor 12. desember 2013 1. Innleiing
DetaljerBachelorgrad med spesialisering i engelsk eller tilsvarande. Seminar: totalt 16 timar.
Vedlegg 10 UUI 090915 Emnekode ENG332 emne i engelskspråkleg litteratur/kultur II Engelsk emnenamn Selected topic in English Literature and/or Culture II Studiepoeng 10 Undervisningssemester Haust Undervisningsspråk
DetaljerSTUDIEPLAN. VIDEREUTDANNING FOR AVANSERTE INFORMANTBEHANDLERE Modul 2. 10 studiepoeng. INFORMANTVEILEDERE Modul 3. 5 studiepoeng
STUDIEPLAN VIDEREUTDANNING FOR AVANSERTE INFORMANTBEHANDLERE Modul 2 10 studiepoeng OG INFORMANTVEILEDERE Modul 3 5 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 4. desember 2013 1. Innledning Informantbehandling
DetaljerSTUDIEPLAN UTDANNING ANSATTE I POLITIET MED BEGRENSET POLITIMYNDIGHET ETTERFORSKNING FOR ANSATTE UTEN POLISIÆR UTDANNING.
STUDIEPLAN UTDANNING ANSATTE I POLITIET MED BEGRENSET POLITIMYNDIGHET OG ETTERFORSKNING FOR ANSATTE UTEN POLISIÆR UTDANNING 20 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 20. april 2015 1. Innledning Et stadig
DetaljerSTUDIEPLAN VIDEREUTDANNING I KRIMINALTEKNISK ETTERFORSKNING FORDYPNING I BRANN. 20 studiepoeng
STUDIEPLAN VIDEREUTDANNING I KRIMINALTEKNISK ETTERFORSKNING FORDYPNING I BRANN 20 studiepoeng Modul 2C: Brannetterforskning (15 studiepoeng) Modul 3C: Kriminalteknisk etterforskning av brannåsted (5 studiepoeng)
DetaljerSTUDIEPLAN VIDEREUTDANNING I GENERELL KRIMINALTEKNISK ETTERFORSKNING. 30 studiepoeng
STUDIEPLAN VIDEREUTDANNING I GENERELL KRIMINALTEKNISK ETTERFORSKNING 30 studiepoeng Modul 1A: Kriminalteknisk etterforsking av åsted (15 studiepoeng) Modul 1B: Kriminalteknisk fotografering (7,5 studiepoeng)
DetaljerSTUDIEPLAN VIDEREUTDANNING I POLITIETS FORVALTNINGSMESSIGE GJØREMÅL
STUDIEPLAN VIDEREUTDANNING I POLITIETS FORVALTNINGSMESSIGE GJØREMÅL 30 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 25. april 2012 1. Innledning Politidistriktene behandler årlig en rekke forvaltningsmessige
DetaljerHøgskolen i Østfold. Studieplan for. Norsk 1. Studiet går over to semester 30 studiepoeng. Godkjent av Dato: Endret av Dato:
Høgskolen i Østfold Studieplan for Norsk 1 Studiet går over to semester 30 studiepoeng Godkjent av Dato: Endret av Dato: Innholdsfortegnelse INNHOLDSFORTEGNELSE... 2 MÅLGRUPPE OG OPPTAKSKRAV... 3 STUDIETS
DetaljerVIDEREUTDANNING I KRIMINALTEKNISK ETTERFORSKNING AV VOLD OG DØDSFALLSAKER
STUDIEPLAN VIDEREUTDANNING I KRIMINALTEKNISK ETTERFORSKNING AV VOLD OG DØDSFALLSAKER Kriminalteknikk: Modul 2A 15 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 17. oktober 2012 Modul 1 Modul 2 Modul 3 1. Innledning
DetaljerFORDJUPINGSEINING I NORSK (10 vekttal)
RAMMEPLAN FOR FORDJUPINGSEINING I NORSK (10 vekttal) FØRSKOLELÆRARUTDANNINGA Godkjend av Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet 3. mars 1997 1 RAMMEPLAN FOR FORDJUPINGSEINING I NORSK I FØRSKOLELÆRARUTDANNINGA
DetaljerNORSKLÆRAR? lese, skrive, tenkje, fortelje
NORSKLÆRAR? lese, skrive, tenkje, fortelje NORSKFAGET FOR STUDENTAR OG ELEVAR Norskfaget i grunnskolelærarutdanninga handlar om identitet, kultur, danning og tilhøvet vårt til samtid og fortid. Faget skal
DetaljerSTUDIEPLAN UTDANNING I TEGN OG SYMPTOMER PÅ MISBRUK AV NARKOTIKA OG ANDRE RUSMIDLER. 5 studiepoeng
STUDIEPLAN UTDANNING I TEGN OG SYMPTOMER PÅ MISBRUK AV NARKOTIKA OG ANDRE RUSMIDLER 5 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 26. juni 2013 1. Innledning Politi i operativ tjeneste påtreffer ofte mennesker
DetaljerSTUDIEPLAN UTDANNING I TEGN OG SYMPTOMER PÅ MISBRUK AV NARKOTIKA OG ANDRE RUSMIDLER
STUDIEPLAN UTDANNING I TEGN OG SYMPTOMER PÅ MISBRUK AV NARKOTIKA OG ANDRE RUSMIDLER 5 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 26. juni 2013 1. Innledning Politi i operativ tjeneste påtreffer ofte mennesker
DetaljerSTUDIEPLAN VIDEREUTDANNING I BRANNETTERFORSKING
STUDIEPLAN VIDEREUTDANNING I BRANNETTERFORSKING Kriminalteknikk: Modul 2D 10 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 15. februar 2012 Revidert 17. oktober 2012 Modul 1 Modul 2 Modul 3 1. Innledning Det er
DetaljerSTUDIEPLAN VIDEREUTDANNING FOR NORDIC COMPUTER FORENSICS INVESTIGATORS MODULE studiepoeng
STUDIEPLAN VIDEREUTDANNING FOR NORDIC COMPUTER FORENSICS INVESTIGATORS MODULE 2 25 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 6. juni 2012 1. Innledning Etterforsking hvor IKT-teknologi er involvert, er i betydelig
DetaljerSTUDIEPLAN INSTRUKTØRUTDANNING UTRYKNINGSKJØRING
STUDIEPLAN INSTRUKTØRUTDANNING UTRYKNINGSKJØRING 20 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 6. juni 2012 Revisjon godkjent av rektor 28. april 2014 1. Innledning Endring og utvikling preger politiet som
DetaljerSTUDIEPLAN VIDEREUTDANNING I KRIMINALTEKNISK ETTERFORSKNING FORDYPNING I VOLD- OG DØDSFALLSAKER. 20 studiepoeng
STUDIEPLAN VIDEREUTDANNING I KRIMINALTEKNISK ETTERFORSKNING FORDYPNING I VOLD- OG DØDSFALLSAKER 20 studiepoeng Modul 2A: Fordypning i kriminalteknisk etterforskning av vold- og dødsfallsaker (15 studiepoeng)
DetaljerSTUDIEPLAN VIDEREUTDANNING FOR HUNDEFØRERE I POLITIET MED VINTERTJENESTE
STUDIEPLAN VIDEREUTDANNING FOR HUNDEFØRERE I POLITIET MED VINTERTJENESTE 10 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 19. februar 2014 1. Innledning Politihunden er en viktig ressurs innen vinter- og fjellredningstjenesten,
DetaljerSTUDIEPLAN VIDEREUTDANNING I PRAKTISK PROSESSLEDELSE I POLITIET
STUDIEPLAN VIDEREUTDANNING I PRAKTISK PROSESSLEDELSE I POLITIET 15 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 22. februar 2017 1. Innledning Politiet står overfor komplekse utfordringer som følge av samfunns-
Detaljer