Internasjonale trendar og norsk plommedyrking

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Internasjonale trendar og norsk plommedyrking"

Transkript

1 E. Vangdal / Grønn kunnskap 9 (4) 97 Internasjonale trendar og norsk plommedyrking Eivind Vangdal / eivind.vangdal@planteforsk.no Planteforsk Ullensvang forskingssenter, 5781 Lofthus Bakgrunn Plommer er så mangt. Her heime dyrkar me for det aller meste såkalla europeiske plommer (Prunus domestica L.). Det same er tilfelle i store deler av Europa. Men i sørlege land som t.d. Italia og Spania, vert det og dyrka mykje Salicina-plommer. Desse er og dominerande i verdas største plommeproduserande land, Kina. Kina har over 40% av verdas plommeproduksjon. Samla vert det på verdsbasis dyrka over tonn, og då vert vårt bidrag på kring tonn plommer årleg ikkje mykje å slå i bordet med. Endringar i europeisk plommedyrking og omsetning Sjølv om me er eit land med liten plommeproduksjon, går mange av utviklingstrekka i europisk plommeproduksjon i retning av vår dyrking og omsetning. Hovuddelen av dyrkinga finn ein i Mellom- og Aust-Europa. Her har ein lang tradisjon for å nytta plommer i matlaging (m.a. i bakevarer og dessertar) og industri. Men no ser ein føre seg ein større og større del til friskkonsum. Med mindre handelshindringar satsar ein i Aust-Europa på å levera friskkonsum plommer til betalingsvillige marknader i Vest-Europa. Dermed legg ein om til dyrking av storfrukta, velsmakande sortar, som er mest etterspurde og best betalte. Dette er i samsvar med den utviklinga ein ser i norsk plommedyrking. Men på eitt punkt er ein i dei tunge plommedyrkingsområda i Europa framleis tradisjonsbundne. Plommer skal vera avlange og mørk blå. Ein dyrkar førebels lite runde og gule eller raudfiolette sortar som er populære i Nordvest-Europa. Men det finst dei som trur at ein i framtida vil utnytta den store variasjonen i farge, form, storleik og smak ein finn hjå plommer. Skal ein nå fram i konkurransen i friskfruktmarknaden, må ein heva statusen til plommer. Plommer er i mange land sett på som dei fattige si frukt. Sjølv om plommer her i landet ikkje er ei så utprega billig frukt,

2 98 E. Vangdal / Grønn kunnskap 9 (4) er det viktig også her i landet å marknadsføra plommer som eit høgkvalitetsprodukt. Plommene har ofte vore dyrka på utsjekler som ikkje har passa for moderne eple-, pære eller søtkirsebærproduksjon. På same vis har ein og ofte hatt inntrykk av at omsetningsapparatet heller ikkje har teke plommene på fullt alvor. Det har vore sagt at me har hausta og selt mykje plommer, men me har ikkje dyrka og marknadsført plommer. Skal me auka salet av plommer i Norge, og det må me for å ta unna produksjonen frå dei mange nyplanta plommefelta, må leggja meir vekt på optimal haustetid, høg smakskvalitet og rask omsetning. Kva kan me henta frå utlandet? Grunnstammer På det internasjonale plommesymposiet Planteforsk Ullensvang forskingssenter var vertskap for i haust, var det svært mange presentasjonar av arbeid med grunnstammer. Skal me få ei effektiv dyrking av plommer med jamn, høg kvalitet, er det trong for veiktveksande grunnstammer med god yteevne. Dei seinare åra har ein i Aust-Europa satsa mykje på ei frøstamme, Wangenheim. Tilhengjarane av denne stamma vart nok litt skuffa over dei resultata ein har fått med Wangenheim her i landet (Meland og Moe, 2005). Men me treng fleire års røynsle før me kan tilrå eller forkasta Wangenheim stamma under norske dyrkingstilhøve. Frå Nederland vert det rapportert svært lovande resultat med ei russisk stamme, VVA-1 (Peppelman et al., 2005). Denne vert no planta i forsøk på Planteforsk. Kanskje VVA-1 kan verta eit stort framsteg i norsk plommedyrking. Med veikare grunnstammer, kan me få dei føremunene som ligg i lågare, lettstelt tre. Forming Medan me i Norge har utført forsøk med intensive dyrkingssystem for plomme, er det mindre nytenking på dette området ute i verda. Me har positive røynsler med å la opprettvaksande sortar som t.d. Mallard og Edda veksa i vaseform. Ute i Europa er spindeltre eller krunetre som dominerer i plommedyrkinga. Det er ikkje noko som tyder på ei rask endring dei næraste åra. Plantevern Sharka (eller PPV) er det store plantevernproblemet i europeisk plommedyrking. Ein legg mykje arbeid i å få fram tolerante eller resistente sortar. Me får tru at tiltaka som er sette i verk her i landet,

3 E. Vangdal / Grønn kunnskap 9 (4) 99 fjernar Sharka-problemet her hjå oss (Simonsen, 2005; Nornes (2005). Me har positive røynsler med å tilføra kalsium som bladgjødsling for å redusera svinn og rotning under omsetning av plommer. Ein kan og oppnå tilsvarande effektar med varmehandsaming etter hausting (dupping i varmt vatn: 1 min i 50oC) (Vangdal et al. 2005). Det er få internasjonalt som arbeider spesifikt med rotning i plomme, men ein reknar at ein kan overføra kunnskap frå m.a. forsking på fersken og andre nære slektningar. Sortar Som nemnt er framleis blå avlange plommer eit hovudmål i mange sortsutviklingsprogram i Europa. Dei nye sortane me har fått inn i seinare tid er henta frå Sverige ( Jubileum ), England ( Excalibur og Avalon ) og Canada ( Reeves ). Men i alle desse landa har ein trappa ned sortsutviklinga i plommer. Det gjer det meir interessant å ha ei norsk sortsutvikling i plomme. Alle dei fire sortane nemnde ovanfor, er seine sortar under norske dyrkingstilhøve og klima. Av tidlege sortar er det lite å finna i andre land. Det finst ei rekkje andre sortar som vert teke i bruk i plommedyrkinga lenger sør i Europa, men som er for seine for oss. Den kanadiske sorten Valor vert det satsa mykje på i Europa. Hjå oss mognar sorten 14 dagar etter Jubileum. Dette er truleg i seinaste laget hjå oss, og sorten har heller ikkje merka seg ut som særleg god under norske tilhøve. Fruktene er blåfiolette og avlange. Fruktkvalitet og marknadsføring Med auka satsing på friskfruktmarknaden, kjem og auka interesse for betre fruktkvalitet, både utsjånad og smakskvalitet. Tyrkia har satsa, med rimeleg suksess, for å etablera ein produksjon av søtkirsebær med høg kvalitet. Dette er ein produksjon retta mot marknader i Europa. Mange ser for seg ei liknande utvikling i plommedyrkinga i fleire lågkostnadsland i Europa. Men då må ein hausta plommene meir tremogne, straks kjøla dei og så syta for rask transport og omsetning. Det er her mange av dei store utfordringane ligg i norsk plommeproduksjon og omsetning. Det største fortrinnet me har, er kort veg frå produsent til konsument. Me må ta i bruk i plommeproduksjonen mykje av den kunnskapen me har for dyrking og omsetning av søtkirsebær. Stikkord kan vera: Hausting av meir tremogne plommer, maskinell

4 100 E. Vangdal / Grønn kunnskap 9 (4) sortering og pakking, brettpakking eller forbrukarpakningar, kortare omsetningstid, optimal temperatur under transport og i butikk. Andre arter og slektningar Interessa for å finna spesialproduksjonar er stor ute i verda. Me har dyrka litt Salicina-plommer i Norge (m.a. First og Methley ), men det har vore lita interesse for å sjå på nye sortar. Det vert drive sortsutvikling av tidlege Salicina-plommer m.a. i Italia. Dei seiest å ha mindre surt eller bittert skal, og betre smakskvalitet. I Tyskland og Frankrike har ein område med dyrking av Mirabeller. Dette er små, runde plommer som botanisk høyrer til kreke (Prunus insititia). Grunnstamma St Julien A tilhøyrer denne arta. Kreke veks vill i Norge, og det finst ei rekkje sortar som kunne verta ein liten spesialitet for dei som har sansen for sære plommesortar. Og herfrå er ikkje vegen lang til nære slektningar som aprikos og fersken. Men det får me koma attende til ved eit anna høve. Litteratur Acta Horticulturae Innlegga frå The 8. International Symposium on Plum and Prune Genetics, Breeding and Pomology; Lofthus, Norway (ferdig trykt i mai 2005). Meland, M. og Moe, M.E Early performance of four plum rootstocks to six European plum cultivars grown in a Northern climate. Innlegg på The 8. International Symposium on Plum and Prune Genetics, Breeding and Pomology, Lofthus, Norway (ferdig trykt i mai 2005). Nornes, H Praktisk handheving av regelverket kring erstatning for Sharka. Grønn Forskning vol 9, nr. 4. Peppelman, G., Kemp, H., Balkhoven-Baart, J.M.T. and Groot, J.M Towards high density plum growing. Agronomic and economic performance of plum (Prunus domestica L.) on VVA-1 rootstock. Innlegg på The 8. International Symposium on Plum and Prune Genetics, Breeding and Pomology, Lofthus, Norway (ferdig trykt i mai 2005). Simonsen, Ø Karanteneskadegjerarar og praktiske konsekvensar for import og eksport av produkt og plantemateriale. Grønn Forskning vol 9, nr. 4. Vangdal, E., Flatland, S., Nordbø, R. og Børve,J Different strategies for foliar applications of calcium in plums (Prunus domestica L.). Innlegg på The 8. International Symposium on Plum and Prune Genetics, Breeding and Pomology, Lofthus, Norway (ferdig trykt i mai 2005).

5 E. Vangdal / Grønn kunnskap 9 (4) 101 Vangdal, E., Nordbø, R. og Flatland, S Postharvest calcium and heat treatments of sweet cherries (Prunus avium). Innlegg på The 5. International Postharvest Symposium, Verona, Italia, ) manuskript under trykking i Acta Horticulturae.

Gartnerhallen. Modningsgrad ved hausting av Edda. Bilete 1: Umogen plomme med synleg grønleg grunnfarge. Skal ikkje haustast.

Gartnerhallen. Modningsgrad ved hausting av Edda. Bilete 1: Umogen plomme med synleg grønleg grunnfarge. Skal ikkje haustast. Modningsgrad ved hausting av Edda Umogen plomme med synleg grønleg grunnfarge. Skal ikkje haustast. Lite mogen plomme med raudfiolett dekkfarge over 2/3-deler av overflata. Fastleiken er 70-80 målt med

Detaljer

Nye sortar gjev ny giv i pæredyrkinga. Stein Harald Hjeltnes Graminor avd Njøs

Nye sortar gjev ny giv i pæredyrkinga. Stein Harald Hjeltnes Graminor avd Njøs Nye sortar gjev ny giv i pæredyrkinga Stein Harald Hjeltnes Graminor avd Njøs 1 Celina fakta Utvikla av Graminor, kryssa på Balsgård i 1986, alt frå frø til sort er utført på Njøs Poda opp til forsøk på

Detaljer

Plommesortar for økologisk dyrking

Plommesortar for økologisk dyrking Plommesortar for økologisk dyrking Ein rapport utarbeidd av Dag Røen Leikanger 2007 1 Innhald Innhald... 2 Forord... 3 Kriteriar for val av plommesortar til økologisk dyrking i Noreg... 4 Etablering av

Detaljer

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE Side 1 Tingvoll, 21. september 2013 NVE FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE Naturvernforbundet har gått langs elva på den planlagde utbyggingsstrekninga 15.9.2013. Vi har ikkje gått traseen

Detaljer

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid) Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte

Detaljer

Haustetilrådingar per 5. sep (etter prøveuttaking 4. sep.)

Haustetilrådingar per 5. sep (etter prøveuttaking 4. sep.) Haustetilrådingar per 5. sep. 2017 (etter prøveuttaking 4. sep.) NLR Vest avd. Njøs starta 28.aug. opp med uttak av prøvar for vurdering av haustetid for sesongen. Me nyttar oss i stor grad av same hagane

Detaljer

Viktige faktorar i opplevingsturismen knytte til kulturlandskapet i Vestlandsfjordane

Viktige faktorar i opplevingsturismen knytte til kulturlandskapet i Vestlandsfjordane BioforskFOKUS Vol. 1 Nr. 13 26 Viktige faktorar i opplevingsturismen knytte til kulturlandskapet i Vestlandsfjordane Lars Sekse 1) Heidi Knutsen 2) Torbjørn Haukås 2) og Anders Lundgren 3) 1) Bioforsk

Detaljer

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd. Månadsbrev frå oktober, Grøn avd. Oppsummering/ evaluering av oktober Oktobermånad starta me med eit lite epleprosjekt. Inndelt i grupper, fekk alle barna vere med på tur for å hauste eple og plommer.

Detaljer

Netcan Utvikling. Forretningsplan

Netcan Utvikling. Forretningsplan Netcan Utvikling Forretningsplan Netcan Utvikling 2 Innhald INNHALD... 2 SAMANDRAG... 3 PRODUKTKONSEPT... 4 PROBLEMBESKRIVELSE... 4 STATUS PÅ TEKNOLOGI... 4 PLANLAGT UTVIKLINGSLØP... 4 INNOVASJONSHØGDE

Detaljer

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Bustadområde i sentrum. Vurdering Bustadområde i sentrum Vurdering Balestrand 10.10.2009 Gode bustadområde i Balestrand sentrum Kommuneplan, arealdelen Status I. Sentrumsnære buformer For Balestrand sentrum er det gjeldande reguleringsplanar

Detaljer

Prøving av nye jordbærsortar for konsum og industri

Prøving av nye jordbærsortar for konsum og industri 600 A. Nes og B. Hageberg / Grønn kunnskap 9 (2) Prøving av nye jordbærsortar for konsum og industri Arnfinn Nes, Bjørn Hageberg / arnfinn.nes@planteforsk.no Planteforsk Apelsvoll forskingssenter avd.

Detaljer

DB 836 327 883 604 702 254 597 522 750 184

DB 836 327 883 604 702 254 597 522 750 184 Svineøkonomi Per Herikstad Hå Gardsrekneskapslag Peder Skåre Sparebank 1 SR-Bank Det siste året har vore prega av stort fokus på ubalanse i svinemarkedet. Overproduksjon gir lågare prisar for svineprodusentane

Detaljer

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare? bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare? Kst. lovrådgjevar Ole Knut Løstegaard Evalueringskonferansen, Bergen 19. september 2014 Evaluering av offentleglova bakgrunn Prosessen

Detaljer

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Har igjen fått sps om dekninga i Sør. Veit ein meir om når utbygging av skal skje? Kor mange barn i sør får ikkje plass i nær? Svar frå administrasjonen: Vi syner til

Detaljer

«Ny Giv» med gjetarhund

«Ny Giv» med gjetarhund «Ny Giv» med gjetarhund Gjetarhundnemda har frå prosjektleiinga i «NY GIV I SAUEHOLDET» som HSG står bak, fått ansvar for prosjektet «KORLEIS STARTA MED GJETARHUND FOR FØRSTE GANG». Prosjektet går ut på

Detaljer

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013. Utfordringsdokument Basert på Folkehelsekartlegging for Hjelmeland kommune, pr. 01.10.13. (FSK-sak 116/13) Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013. DEMOGRAFI Ca. 16 % av befolkninga i Hjelmeland

Detaljer

1 BAKGRUNN 2 GJENNOMFØRING 3 FORSØKSOPPLEGG

1 BAKGRUNN 2 GJENNOMFØRING 3 FORSØKSOPPLEGG Avlingsregistrering økologiske eplefelt Norsk Landbruksrådgiving Sogn og Fjordane, Marianne Bøthun Norsk Landbruksrådgiving Hordaland, Liv Lyngstad Norsk Landbruksrådgiving Viken, Gaute Myren 1 BAKGRUNN

Detaljer

Lønnsomhetsvurderinger ved investering i skogplanteforedling! Harald Kvaalen, Skog og landskap

Lønnsomhetsvurderinger ved investering i skogplanteforedling! Harald Kvaalen, Skog og landskap Lønnsomhetsvurderinger ved investering i skogplanteforedling! Harald Kvaalen, Skog og landskap Lønsamt for kven? Skogeigar Skogbasert industri Samfunn Herunder CO2 binding Føresettnader for analyser Auka

Detaljer

Konsekvensar for plantehelse ved opnare import. Arne Stensvand Bioforsk Plantehelse

Konsekvensar for plantehelse ved opnare import. Arne Stensvand Bioforsk Plantehelse Konsekvensar for plantehelse ved opnare import Arne Stensvand Bioforsk Plantehelse Årsaka til at importforbod vart innført på kjernefrukt og jordbærplanter (og nokre nære slektningar i rosefamilien) er

Detaljer

Referat frå møte i Internasjonalt forum

Referat frå møte i Internasjonalt forum Referat frå møte i Internasjonalt forum Når: Tysdag 31.januar kl.12 Stad: Foss, stort møterom Til stades: Terje Bjelle, Bjarne Gjermundstad, Kari Thorsen, Åge Wiberg Bøyum, Ane Bergersen, Erik Kyrkjebø,

Detaljer

Næringsforsyning i frukt

Næringsforsyning i frukt Næringsforsyning i frukt Eivind Vangdal Bioforsk Ullensvang Kva veit me om gjødsling av frukt? Kunnskap frå 50-70 talet: Bjarne Ljones gjødsling til eple Jonas Ystaas gjødsling til eple, pære, plomme og

Detaljer

HORDALANDD. Utarbeidd av

HORDALANDD. Utarbeidd av HORDALANDD FYLKESKOMMUNE Utflyttingar frå Hardanger Utarbeidd av Hordaland fylkeskommune Analyse, utgreiing og dokumentasjon August 28 INNLEIING: Analysen er utarbeidd som ein del av Hordaland fylkeskommune

Detaljer

Norsk fiskeeksport 2005: Russland største marknad, laks viktigaste art

Norsk fiskeeksport 2005: Russland største marknad, laks viktigaste art Norsk fiskeeksport : største marknad, laks viktigaste art Notatet inneheld utdrag frå Eksportutvalet for fisk sin årsstatistikk for. Meir informasjon: www.godfisk.no ( Bransje Statistikk ). - - - - - -

Detaljer

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under : Excel som database av Kjell Skjeldestad Sidan ein database i realiteten berre er ei samling tabellar, kan me bruke eit rekneark til å framstille enkle databasar. I Excel er det lagt inn nokre funksjonar

Detaljer

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1 Rolf Lystad 12.05.14 Oklavegen 4 6155 Ørsta Utdanningsavdelinga v/ståle Solgard Møre og Romsdal fylkeskommune Fylkeshuset, Julsundvegen 9 6404 Molde Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen

Detaljer

www.hordaland.no Nytt HFK Intranett

www.hordaland.no Nytt HFK Intranett Nytt HFK Intranett Vår digitale kvardag Gode medarbeidar! Fylkesrådmann Paul M. Nilsen Både på jobb og privat brukar dei fleste av oss PC til ei lang rekkje oppgåver. Å meistra bruk av digitale verktøy

Detaljer

Kompetansearbeidsplassar i Hordaland

Kompetansearbeidsplassar i Hordaland Kompetansearbeidsplassar i Hordaland AUD-rapport nr. 8 11 September 211 1 Tal kompetansearbeidsplassar i Hordaland har vekse med 21 % i perioden 22 29, mot 17 % i landet som heile. Alle regionane i Hordaland

Detaljer

Ansvar, forsikring og erstatning i forhold til studentar

Ansvar, forsikring og erstatning i forhold til studentar Ansvar, forsikring og erstatning i forhold til studentar Kva reglar gjeld ved skade knytt til undervisning, praksis, ekskursjonar og feltarbeid? Utdanningsforum 17.09.12 Terje Bjelle Hovudprinsippet: Staten

Detaljer

Norsk økologisk frukt til forbrukar og andre økofruktprosjekt

Norsk økologisk frukt til forbrukar og andre økofruktprosjekt Norsk økologisk frukt til forbrukar og andre økofruktprosjekt Eivind Vangdal Bioforsk Ullensvang Presentasjon og litt resultat frå prosjektet m/ delprosjekta: Utfordringar i økologisk fruktdyrking Informasjon

Detaljer

Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane

Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane Frå 1. juli i år vert det innført eit nytt regelverk for regionalstøtte i EØS-området, noko som krev

Detaljer

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen Kort om føresetnadene for folketalsprognosen Folketalsutviklinga i PANDA vert bestemt av fødselsoverskotet (fødde minus døde) + nettoflyttinga (innflytting minus utflytting). Fødselsfrekvensar og dødsratar

Detaljer

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE» «ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE» FYLKESREVISJONEN Møre og Romsdal fylkeskommune RAPPORT, FORVALTNINGSREVISJONSPROSJEKT NR. 4-2000 INNHALDSREGISTER 1. INNLEIING I 2. FORMÅL 1 3. METODE OG DATAGRUNNLAG

Detaljer

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet 01.09.2015. Løyve i perioden til no i 2015 11. Avslag i perioden til no i 2015 0

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet 01.09.2015. Løyve i perioden til no i 2015 11. Avslag i perioden til no i 2015 0 saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 05.08.2015 51527/2015 Lisbeth Nervik Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet 01.09.2015 Status akvakulturforvalting og fiskeri per juli 2015 Akvakulturforvalting

Detaljer

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Mål: Elevane skal kjenne til utbreiinga av hallingmålet i nærmiljøet. Dei skal vita noko om korleis hallingmålet har utvikla seg

Detaljer

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: 24.11. 2014 SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: 24.11. 2014 SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 24.11. 2014 SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Omdømmemåling 2014 ARKIVSAK: 2014/816/ STYRESAK: 145/14 STYREMØTE: 08.12. 2014 FORSLAG

Detaljer

MATEMATIKKVERKSTAD Mona Røsseland. GLASSMALERI (bokmål) Utstyr: Rammer (A3) i farga papp, pappremser, silkepapir, saks og lim

MATEMATIKKVERKSTAD Mona Røsseland. GLASSMALERI (bokmål) Utstyr: Rammer (A3) i farga papp, pappremser, silkepapir, saks og lim MATEMATIKKVERKSTAD Mona Røsseland GLASSMALERI (bokmål) Utstyr: Rammer (A3) i farga papp, pappremser, silkepapir, saks og lim Slik går du frem: 1. Velg deg en ramme. 2. Du skal nå lage et vakkert bilde

Detaljer

EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv

EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv Arve Tokvam, Aurland Prosjektteneste AS Tradisjonsnæringar som verkemiddel for å skape meir attraktive lokalsamfunn! Tradisjonsnæringar?

Detaljer

Å lykkast med økologisk fruktproduksjon

Å lykkast med økologisk fruktproduksjon Å lykkast med økologisk fruktproduksjon Kva skal til for å lykkast med økologisk fruktproduksjon? Registreringar av avling, omsetting og arbeidstid gjev noko informasjon, men like viktig er økodyrkarar

Detaljer

FØRESPURNAD OM UTTALE - AKADEMIET BERGEN AS VEDKOMMANDE SØKNAD OM GODKJENNING ETTER PRIVATSKOLELOVA

FØRESPURNAD OM UTTALE - AKADEMIET BERGEN AS VEDKOMMANDE SØKNAD OM GODKJENNING ETTER PRIVATSKOLELOVA HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200801229-5 Arkivnr. 540 Saksh. Haugen, Birthe Saksgang Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato 16.11.2010 24.11.2010-25.11.2010 FØRESPURNAD

Detaljer

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk Reglar for poenggjeving på oppgåvene (sjå konkurransereglane) : Rett svar gir 5 poeng. Galt svar gir 0 poeng Blank gir 1 poeng. NB: På oppgåvene 2 og 5 får ein 5 poeng for 2 rette svar. Eitt rett svar

Detaljer

Vinst ved foredling av skogstre. Harald H Kvaalen Skog og landskap, Ås

Vinst ved foredling av skogstre. Harald H Kvaalen Skog og landskap, Ås Vinst ved foredling av skogstre Harald H Kvaalen Skog og landskap, Ås Tema Foredling og frøplantasjar Auka vekst Betre kvalitet Auka karbonbinding Utvalg 20 25 % Evaluering Genetisk tynning Foredling Frøplantasjer/arkiver

Detaljer

Årsmelding 2014 for Sognefrukt SA

Årsmelding 2014 for Sognefrukt SA Årsmelding 2014 for Sognefrukt SA Innkalling til årsmøte. Sognefrukt SA kallar inn til årsmøte på Sognefjord Hotell onsdag 20. Mai 2015 kl 17:00 Sakliste: 1. Godkjenning av innkalling. 2. Val av skrivar

Detaljer

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg. JANUAR 2015! Ja, i går vart friluftsåret 2015 erklært for opna og me er alle ved godt mot og har store forhåpningar om eit aktivt år. Det gjeld å ha store tankar og arbeida medvite for å gjennomføra dei.

Detaljer

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto TILSYNSRAPPORT første halvår 2012 - ei evaluering av marknadsføring frå januar til og med juni månad 2012 Tilsynsrapport marknadsføring nr. 2012-12 Lotteritilsynet

Detaljer

Status akvakulturforvalting og fiskeri per september 2015

Status akvakulturforvalting og fiskeri per september 2015 saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 07.10.2015 64580/2015 Lisbeth Nervik Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet 20.10.2015 Status akvakulturforvalting og fiskeri per september 2015

Detaljer

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Samandrag og stikkord om filmen Det er seinsommar i Bergen. Thomas må flytte til gråsonen, ein omplasseringsheim for unge, som av ulike grunnar ikkje har nokon stad

Detaljer

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014 ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2013/2014 Innleiing Årsmøtet for 2012/13 vart avvikla i grendahuset 28.03.13. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.

Detaljer

SKATTEINNTEKTER 12/129-3 2012 K-

SKATTEINNTEKTER 12/129-3 2012 K- Saksframlegg Arkivsak: 12/129-3 Sakstittel: SKATTEINNTEKTER 2012 Saken skal behandles av: Formannskapet Rådmannens tilråding til vedtak: K-kode: 232 Saka blir tatt til orientering Grunnlagsdokumenter:

Detaljer

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Oppsummering/ evaluering av mars/april Mål og innhald april I mars har me hatt fokus på språk. Me har hatt språksamlingar saman med Rosa kvar veke, der har me sett på

Detaljer

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke Lønnsame næringar Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke Litt historikk, og om verksemda. Våre produkt i dag. Kven er våre kundar? Nokre av våre utfordingar? Korleis ser

Detaljer

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: 27.04.2015 Tid: 10.00

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: 27.04.2015 Tid: 10.00 MØTEINNKALLING Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset : 27.04.2015 Tid: 10.00 Medlemene vert med dette innkalla til møtet. Evt. forfall må meldast til kommunen v/sekretariatet, tlf.

Detaljer

FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN

FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN Gjennomsnittleg årsfangst av laks i perioden 1969-2012 var 481 (snittvekt 5,1 kg). I 2012 vart det fanga 1075 laks (snittvekt 6,5 kg), eit av dei aller beste resultata

Detaljer

SAMLET SAKSFRAMSTILLING

SAMLET SAKSFRAMSTILLING SURNADAL KOMMUNE SAMLET SAKSFRAMSTILLING LOKAL FORSKRIFT OM SPREIING AV GJØDSELVARER M.V. AV ORGANISK OPPHAV I SURNADAL Saksbehandler: Mona Rosvold Arkivsaksnr.: 05/02177 Arkiv: V33 &00 Saksnr.: Utvalg

Detaljer

Trudvang skule og fysisk aktivitet

Trudvang skule og fysisk aktivitet Trudvang skule og fysisk aktivitet Eit heilskapleg system for dagleg FysAk for alle i eit folkehelse- og pedagogisk perspektiv gjennomført av kompetent personale Bjarte Ramstad rektor Trudvang skule 1

Detaljer

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201112362-125 Arkivnr. 522 Saksh. Landro, Adeline Saksgang Møtedato Hordaland fagskulestyre 19.03.2013 SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL

Detaljer

Pilehagen Eit småhustiltak. Innlegg 13.3.2013.

Pilehagen Eit småhustiltak. Innlegg 13.3.2013. Pilehagen Eit småhustiltak. Innlegg 13.3.2013. Målgruppe Målgruppa er personar med rus, rus og psykiatriutfordringar som i lange periodar har eit aktivt misbruk. Husværa er primært retta mot einslege,

Detaljer

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS S-200504339-4/135.3 RAMMEAVTALE og Som del av denne avtalen følgjer: Vedlegg l: Samarbeidavtale med spesifikasjon av tilskot. 1. Definisjonar Tenestar knytt til tilskot: Som nemnt i punkt 3.1 og vedlegg

Detaljer

Fødselsdato: 24.10.1952 Sivil status: Gift med Torbjørg Vangdal, tre born og to barneborn

Fødselsdato: 24.10.1952 Sivil status: Gift med Torbjørg Vangdal, tre born og to barneborn Curriculum vitae 13.11.12 Namn: Eivind Vangdal Adresse: Vangdalvegen 45, 5600 Norheimsund Fødselsdato: 24.10.1952 Sivil status: Gift med Torbjørg Vangdal, tre born og to barneborn Høgare utdanning: 1982

Detaljer

Nytt Gebyrregulativ for lokal forskrift for VA-gebyr

Nytt Gebyrregulativ for lokal forskrift for VA-gebyr Nytt Gebyrregulativ for lokal forskrift for VA-gebyr Ny lokal forskrift for VA-gebyr vart vedteken i Luster kommunestyre den 23.10.2008 sak 81/08. Forskrifta medfører, som det framkom av saksutgreiinga

Detaljer

Rapport prosjekt «høy til hest»

Rapport prosjekt «høy til hest» 2009-2011 Rapport prosjekt «høy til hest» Forfattarar: Ragnvald Gramstad, Norsk Landbruksrådgiving Rogaland, Postvegen 211, 4353 Klepp st. Tlf: 51 78 91 80 Fax: 51 78 91 81 Web: http://rogaland.lr.no/

Detaljer

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. PREPOSISJONAR 1 Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. Luisa går på skule i Ålesund. Skulen ligg midt i byen. Klasserommet ligg i tredje etasje

Detaljer

Forfall skal meldast til telefon 53 48 31 00 eller e-post: post@kvinnherad.kommune.no Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Forfall skal meldast til telefon 53 48 31 00 eller e-post: post@kvinnherad.kommune.no Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale. MØTEINNKALLING Utval Komite for helse, omsorg, miljø Møtedato 04.12.2012 Møtestad Kommunestyresalen, Rådhuset Møtetid 10:00 - Orienteringar: Barnevern Samhandlingsavdelinga Forfall skal meldast til telefon

Detaljer

Smartare regelverk tryggare mat Revisjon av EU lovgivinga om dyr, planter og matproduksjonskjeden

Smartare regelverk tryggare mat Revisjon av EU lovgivinga om dyr, planter og matproduksjonskjeden Smartare regelverk tryggare mat Revisjon av EU lovgivinga om dyr, planter og matproduksjonskjeden 20. september 2013, EU delegasjonen, Oslo Advokat Sigrid Andersen Cabot Advokatfirmaet Responsa AS www.responsa.no

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS.

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS. Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS. Stryn 06.11.14 1 Det eg vil snakka om er: Sone inndeling av vassnettet på Bømlo for å få lekkasjekontroll Stryn 06.11.14 2 Påstandar

Detaljer

HAGEBLÅBÆR. Haugaland landbruksrådgjeving

HAGEBLÅBÆR. Haugaland landbruksrådgjeving HAGEBLÅBÆR Haugaland landbruksrådgjeving Kva er hageblåbær Ulike kryssingar av artane Vaccinium corymbosum og Vaccinium angsutifolium. Viltveksane på austkysten av USA. Buskform om lag som solbær (1-2

Detaljer

mmm...med SMAK på timeplanen

mmm...med SMAK på timeplanen mmm...med SMAK på timeplanen Eit undervisningsopplegg for 6. trinn utvikla av Opplysningskontora i landbruket i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet. Smakssansen Grunnsmakane Forsøk 1 Forsøk 2

Detaljer

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Kvam herad Bruka e-post lesaren til Kvam herad Alle ansatte i Kvam herad har gratis e-post via heradet sine nettsider. LOGGE INN OG UT AV E-POSTLESAREN TIL

Detaljer

NVE har valt å handsame denne saka som ei tvistesak mellom UF og Tussa. Tussa har gjeve sine merknader til saka i brev av 31.03.98 til NVE.

NVE har valt å handsame denne saka som ei tvistesak mellom UF og Tussa. Tussa har gjeve sine merknader til saka i brev av 31.03.98 til NVE. Vår ref. Vår dato NVE 9800452-5 02 09 98 MM/AVE/912-653.4 Dykkar ref. Dykkar dato Tussa Nett AS Dragsund 6080 GURSKØY Sakshandsamar: Arne Venjum, MM 22 95 92 58 Tariffering av kundar med lang brukstid

Detaljer

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen» Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen» - Og skisser til mogeleg opprusting Status Bygget er eit eldre bygg bygd midt på 1960-talet. Bygget framstår i hovudtrekk slik det var bygd. Det er gjort nokre endringar

Detaljer

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene Framtidas bustadbehov blir i hovudsak påverka av størrelsen på folketalet og alderssamansettinga i befolkninga. Aldersforskyvingar i befolkninga forårsakar

Detaljer

Norsk Bremuseum sine klimanøtter

Norsk Bremuseum sine klimanøtter Norsk Bremuseum sine klimanøtter Oppgåve 1 Alt levande materiale inneheld dette grunnstoffet. Dessutan inngår det i den mest kjende klimagassen; ein klimagass som har auka konsentrasjonen sin i atmosfæren

Detaljer

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012 Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 24.04.2012 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Detaljer

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten. Rapport. Innbyggjarundersøkinga 2015 Ulvik herad. Generelt om spørsmåla: Spørsmåla kunne graderast på ein skala frå 1-6, kor 1 var dårlegast. Eit gjennomsnitt på 3,5 vil seie ein vurderingsscore midt på

Detaljer

Norsk fruktdyrking - ei framtidsnæring?! Torbjørn Takle Norske fruktdagar 2016, Ulvik 29. januar 2016

Norsk fruktdyrking - ei framtidsnæring?! Torbjørn Takle Norske fruktdagar 2016, Ulvik 29. januar 2016 Norsk fruktdyrking - ei framtidsnæring?! Torbjørn Takle Norske fruktdagar 2016, Ulvik 29. januar 2016 Skal innom nokre punkt for å finne svaret: Litt historie Marknadspotensiale Utfordringar Strategi for

Detaljer

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Birger og bestefar På bytur til Stavanger Birger og bestefar På bytur til Stavanger Små skodespel laga for mellomtrinnet Forfattarar: Ola Skiftun og Sigrun Fister Omarbeidd til skodespel av Stavanger Sjøfartsmuseum Denne dagen var heilt spesiell,

Detaljer

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge KPI-Notat 4/2006 Når sjøhesten sviktar Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge En notatserie fra Kompetansesenter for pasientinformasjon og pasientopplæring Side 1 Sjøhesten (eller hippocampus)

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding:

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding: SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229 Arkiv: 631 A2 IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster Rådmannen si tilråding: 1. Luster kommunestyre vedtek, med tilvising

Detaljer

KOMMISJONSDIREKTIV 95/17/EF. av 19. juni 1995

KOMMISJONSDIREKTIV 95/17/EF. av 19. juni 1995 Nr. 48/224 KOMMISJONEN FOR DEI EUROPEISKE FELLESSKAPA HAR - med tilvising til traktaten om skipinga av Det europeiske fellesskapet, med tilvising til rådsdirektiv 76/768/EØF av 27. juli 1976 om tilnærming

Detaljer

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Kvifor kan ikkje alle krølle tunga Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Innhaldsliste: Framside med problemstilling Hypoteser Plan Spørjeskjema Arbeid med prosjektet Kjønn Trening Alder

Detaljer

Konsekvensanalyse. Vegomlegging Etnesjøen. Juni 2011. AUD-rapport nr. 12-11

Konsekvensanalyse. Vegomlegging Etnesjøen. Juni 2011. AUD-rapport nr. 12-11 Konsekvensanalyse Vegomlegging Etnesjøen Juni 2011 AUD-rapport nr. 12-11 Utgivar: Hordaland fylkeskommune, Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) http://www.hordaland.no/aud Tittel: Konsekvensanalyse

Detaljer

Vurdering av produksjon av eple til industri

Vurdering av produksjon av eple til industri Notat 2008 Eivind Vangdal, Bioforsk Vest Ullensvang Torbjørn Haukås, NILF Rune Ommedal, NILF Tittel Forfattarar Eivind Vangdal, Torbjørn Haukås, Rune Ommedal Prosjekt Eple til fabrikk (A902) Utgjevar Norsk

Detaljer

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert Sparetiltak Tiltak Stipulert sparesum Reduserte kostnader 1 Frukt og grønt i skulen, budsjettert med kr 4,-pr elev/dag 300 000 Dette er i tråd med sentrale føringar. Samla utgjer det kr 610 000,- Alternativt

Detaljer

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing Hovudutval for plan og næring Side 1 av 5 Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing Fylkesdirektøren rår Hovudutval for plan og næring til å gjere slikt vedtak: 1 Fylkeskommunen vil ikkje engasjere

Detaljer

13.3.2008. Knut Arne Gurigard Dagleg leiar. Vedlegg: Drøftingsnotat; Tilflytting til Hallingdal, rekruttering av arbeidskraft.

13.3.2008. Knut Arne Gurigard Dagleg leiar. Vedlegg: Drøftingsnotat; Tilflytting til Hallingdal, rekruttering av arbeidskraft. SAK 04-08 REKRUTTERING Saksopplysning Tilflytting til Hallingdal og rekruttering er prioriterte tiltak i Strategisk plan for Hallingdal. I sak 53/07 var busetjing, tilflytting og rekruttering av arbeidskraft

Detaljer

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland Søknad om vidareføring av prosjektet Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland Prosjektansvarleg: Gro Jensen Gjerde, Samarbeidsrådet for Sunnhordland Prosjektleiar: Trond Haga, Kværner

Detaljer

Naturbruk - er du ikke riktig klok? Innlegg pårådgjevarkonferanse, 17. april 2012, ved Tore Henrik Øye, Landbrukstunet Kompetanse

Naturbruk - er du ikke riktig klok? Innlegg pårådgjevarkonferanse, 17. april 2012, ved Tore Henrik Øye, Landbrukstunet Kompetanse Naturbruk - er du ikke riktig klok? Innlegg pårådgjevarkonferanse, 17. april 2012, ved Tore Henrik Øye, Landbrukstunet Kompetanse Sjølvstendig selskap i regi av HB (oppstart 01.09.11) Rekruttering til

Detaljer

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE SLUTTRAPPORT FOR PROSJEKT: KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE Prosjektet starta opp i 2012 som eit samarbeidsprosjekt mellom Hjeltnes vgs, Sogn jord og hagebruksskule, Norsk fruktrådgiving Hardanger

Detaljer

Høring - finansiering av private barnehager

Høring - finansiering av private barnehager Høring - finansiering av private barnehager Uttalelse - Sande barnehage Status: Innsendt til Utdanningsdirektoratet. Bekreftet av instans via: eldrid@sandebarnehage.com Innsendt av: Eldrid Skudal Innsenders

Detaljer

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom

Detaljer

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009 ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2008/2009 Innleiing Årsmøtet for 2007/08 vart avvikla i grendahuset 20.03.08. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.

Detaljer

Notat. Utvikling av kostnadar til gjestepasientar. Styresak 58/12 O Administrerande direktør si orientering notat nr. 3 Styremøte 04.09.

Notat. Utvikling av kostnadar til gjestepasientar. Styresak 58/12 O Administrerande direktør si orientering notat nr. 3 Styremøte 04.09. Notat Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Fonna HF Dato: 17.08.2012 Frå: Sakshandsamar: Saka gjeld: Administrerande direktør Kjetil Lunde Utvikling av kostnadar til gjestepasientar Styresak 58/12 O

Detaljer

19.11.2014 Dialogkonferanse Nye ferjeanbod

19.11.2014 Dialogkonferanse Nye ferjeanbod Dialogkonferanse strategiske vegval nye ferjeanbod 7. november 2014 Målsetting med dagen Skyss ønskjer ein god og open dialog med næringen for å kunne utarbeide best moglege konkurransegrunnlag og kontraktar

Detaljer

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

Rettleiing for revisor sin særattestasjon Rettleiing for revisor sin særattestasjon Om grunnstønad til nasjonalt arbeid til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar, statsbudsjettets kap. 857, post 70 (Jf. føresegn om tilskot til frivillige

Detaljer

Pressekonferanse. Utne Hotel 25. Juni 2014

Pressekonferanse. Utne Hotel 25. Juni 2014 Pressekonferanse Utne Hotel 25. Juni 2014 Prosjekt DyrkSmart Hovudmål: Sikra framtida til fruktnæringa i Hardanger gjennom aktivitetar som skal auka produksjonen av kvalitetsfrukt, hindra at gode fruktareal

Detaljer

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

MØTEINNKALLING Tysnes kommune 204 Utval : FORMANNSKAPET Møtestad : Rådhuset Møtedato : 24.08.10 Tid : 09.00 MØTEINNKALLING SAKLISTE: Utvalsaknr. Arkivsaknr. Tittel PS 75/10 10/685 TOMTANE 3 OG 4 I ONARHEIM I PS 76/10 10/406 U Ofl 23

Detaljer

Basilikum (Ocimum basilicum L.), prøvedyrking på friland 2001-2005

Basilikum (Ocimum basilicum L.), prøvedyrking på friland 2001-2005 Vol.1 Nr. 26. 2006 www.bioforsk.no Figur 1. Sort : `Sweet Salad`. Foto: G. Børtnes Basilikum (Ocimum basilicum L.), prøvedyrking på friland 2001-2005 Gunhild Børtnes og Ruth Mordal, Bioforsk Øst Kise E-post:gunhild.bortnes@bioforsk.no

Detaljer

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE Nymannsbråtet barnehage MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE Månadens tema;.«nysgjerrigper» - vann, trafikk Månadens sang: To dråper vann Sosial kompetanse; Vennskap Fagområde: natur, miljø og teknikk og nærmiljø

Detaljer

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08 Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08 01.09 02.10 Røyskattene: Jakob 4 år og hausting av urter 35 rom rom Førskulegruppe Mathea 4 år David 5 år!! 36 05.09 06.09 07.09 Gruppe fotografering 08.09

Detaljer