Engasjement og rekruttering

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Engasjement og rekruttering"

Transkript

1 Engasjement og rekruttering Det er eit viktig mål for ungdomslaga å gje god opplæring i demokratiske prosessar og å dyrke fram medlemer som engasjerer seg i lokalsamfunnet og storsamfunnet. Sameleis er det ei sentral utfordring for ungdomslaga og andre frivillige lag og organisasjonar å rekruttere deltakarar til aktiviteten og medlemer til laga. Dette emnet tar for seg desse to viktige utfordringane. Målet med kurstemaet er å la deltakarane lære av kvarandre og få nye idear. Det er viktig at kurslæraren er tydeleg på kva som skaper engasjement og kva som drep engasjement. Bruk samtale, presenter dine tankar og jobb med praktiske oppgåver i grupper. Temaet er delt i to delemne: Engasjement Rekruttering 1

2 Innhald Lærarrettleiing: Engasjement og rekruttering s. 1 Innhald: s. 2 Engasjement s. 3 Rettleiing s. 3 Bakgrunn s. 3 Lysark / powerpoint s. 4 Oppgåver s. 4 Rekruttering s. 6 Rettleiing s. 6 Bakgrunn s. 6 Lysark /powerpoint s. 7 Oppgåver s. 7 Lysark /powerpoint: Kva skaper engasjement? Ta vare på suksessane Visjon, verdiar, store hårete mål Noregs mållause lag Bli med! Kva kan vi tilby? Når vi skal rekruttere Medlemspleie 2

3 Engasjement Rettleiing: Engasjerte medlemer tar initiativ, finn løysingar og tar ansvar. Engasjementet kan vere retta mot deg sjølv eller dine nærmaste, mot ei gruppe i laget eller laget som heilskap, mot lokalmiljøet eller mot storsamfunnet eller verdssamfunnet. Kva ein engasjerer seg i og kva som engasjerer er ulikt frå person til person. Her vil vi peike på nokre faktorar som kan engasjere og nokre som kan drepe engasjement. Ta utgangspunkt i deltakarane sine erfaringar og kom med eigne. Bruk presentasjon, samtale og gruppeoppgåver for å finne svar på kva som engasjerer. Bakgrunn: Dei viktigaste faktorane som kan skape engasjement ligg i laget sjølv. Gode aktivitetar, eit godt sosialt miljø og å sjå at laget betyr noko er med å skape engasjement. Nokre medlemer er kanskje berre engasjert i ein enkelt aktivitet, medan andre engasjerer seg i alt som skjer i og utanfor laget. Slik vil det alltid vere, og han eller ho som berre er med på aktiviteten må ikkje bli sett på som eit problem fordi han ikkje stiller opp i andre samanhengar. Engasjementet aukar ikkje om du føler deg pressa til å stille opp. Alle må få sjansen til å engasjere seg vidt i laget, men det må òg vere aksept for at nokon vel å ikkje gjere det. Kva skaper engasjerte medlemer? Dette er ofte individuelt, men mange vil kjenne seg igjen i følgjande: Å få sleppe til med ideane sine. Langt frå alle idear og tankar er verdt å ta vidare, men det er viktig at alle blir høyrt og tatt på alvor. Å erfare at dine meiningar og di stemme betyr noko. Mange vil kjenne seg langt meir engasjert om demokratiet fungerer at det er medlemene som bestemmer. Å oppleve at ei førestilling, eit kurs eller eit arrangement blir ein suksess. Å kjenne at medlemene i fellesskap drar i same retning. Å erfare at aktiviteten og laget er i positiv utvikling. Å vere i eit miljø med positive og engasjerte folk. Det er òg mange faktorar som kan drepe engasjement: Å oppleve at nye idear blir kvelt eller ikkje blir tatt på alvor. Å erfare at den demokratiske organisasjonen er blitt eit diktatur. Å oppleve laget som fragmentarisk og lite fellesskapsorientert. Å oppleve at tradisjonane står i vegen for nyskaping. Å vere med på ein aktivitet med dårleg innhald og organisering. Å vere omgitt av personar som er pessimistar og spreier negative haldningar. Eit godt råd: Ta vare på suksessane, lær av tapa. Store mål, verdiar og ein visjon (fritt etter Ingebrikt Steen Jensen si bok Ona fyr frå 2002): Kvifor driv vi med arbeidet vårt? Kva er målet? Kor vil vi? Dette er spørsmål som det er viktig å finne svar på om arbeidet skal kjennast meiningsfullt. Å ha store hårete mål eller BHG Big Hairy Goal å strekke seg etter kan vere med å tenne gløden i mange. Men ein skal velje dei store måla med omhug. Vi kan ikkje vere best i alt, men kanskje på eit eller to 3

4 område? Det er godt å tenke store tankar innimellom. Dette får oss til å løfte blikket, til å sjå oss sjølv i eit større perspektiv. Å jobbe i lag for eit stort hårete mål kan skape fellesskap, motivasjon og ei klar retning. På same vis bør medlemene samle seg om eit sett kjerneverdiar som arbeidet skal vere tufta på. Fellesskap, mot, personleg utvikling og lokalt engasjement er døme på verdiar som aktiviteten og arbeidet i eit ungdomslag kan vere tufta på. Verdier er å ligne med personlighetstrekk de få, sterke begrepene som skal kjennetegne bedriften, organisasjonen eller foreningen vår i ett og alt, skriv Ingebrikt Steen Jensen (2002). Det handlar om å gjere eit val. Kva verdiar vil vi velje oss og ikkje minst kva vil vi velje bort? Sist, men ikkje minst, kan visjonen skape engasjement. Kvifor er vi til, og kor skal vi reise i lag? Dette handlar om å velje retning. Litt klisjéaktig kan vi seie at dette er ei stjerne å strekke seg mot eller eit fyrtårn å styre etter. Vi skal vere bygda sin viktigaste samlingsstad kan vere ein slik visjon. Laget må styre etter visjonen. Ein visjon gir energi, meining og noko å gå til kamp for i lag. Mange kan synest det er kunstig for eit enkelt ungdomslag å skulle snakke om ting som verdiar og visjonar. Ord som draum, idear og felles mål kan duge like godt. Det viktige er at medlemene i fellesskap stakar ut ein kurs og får felles mål å jobbe for. Slike store mål og verdiar gir retning og set arbeidet inn i ein større samanheng. Noregs Ungdomslag har gjennom føremålet og prinsipprogrammet valt sin visjon og kjerneverdiar. Kva betyr desse for organisasjonen og kor gode er vi til å styre etter dei? Denne diskusjonen kan vere fin som avslutning av emnet. Lysark / powerpoint: - Kva skaper engasjement? - Ta vare på suksessane - Visjon, verdiar, store hårete mål - Noregs mållause lag Oppgåver: Kva engasjerer meg? Bruk metoden post-it metodar (sjå metodedelen). Del ut post-it lappar til alle deltakarane. Be dei om å skrive eitt stikkord på kvar lapp som seier noko om kva som engasjerer dei. Les opp etter tur og lim lappane på ei flippoverblokk eller ei tavle. Samle nær slekta lappar i klynger og kom i fellesskap fram til nøkkelord som seier noko om engasjement. Ei øving som er fin som ein oppstartar til temaet. 4

5 Engasjement Bruk metoden illustrer eit omgrep (sjå metodedelen). Del i grupper som skal illustrere (og skrive) på ein plakat kva dei tenker på med ordet engasjement. Resultatet skal presenterast for dei andre. Øvinga passar fint som ei innleiing til temaet. Visjon, verdiar og hårete mål Del inn i grupper på tre-fire personar, gjerne slik at dei frå same laget sit i lag. Gruppene skal diskutere følgjande spørsmål: 1. Kva er dei fem viktigaste verdiane laget mitt står for? 2. Kva store hårete mål kan vi tenke oss å nå? 3. Kva kan vere ein visjon eller draum for laget? Skap engasjement, drep engasjement Del i to (eventuelt fire) grupper. Kvar gruppe skal lage eit rollespel der engasjementet anten får blomstre eller døyr. Resultatet skal framførast for dei andre. Tid: min. 5

6 Rekruttering Rettleiing: Rekruttering og engasjement heng nøye saman. Rekruttering handlar om å få fleire til å bli engasjerte, og dei fremste til å engasjere andre er dei som sjølv er engasjerte. Heller ikkje spørsmålet om rekruttering har klare svar, fordi folk kan ha ulik motivasjon for å bli med. Det som er sikkert er at alle frivillige organisasjonar har eit kontinuerleg behov for å rekruttere medlemer. Temaet egnar seg godt til å samtale om og til å løyse oppgåver i grupper. La deltakarane komme med sine erfaringar og motiver dei ved å komme med suksesshistorier du sjølv har vore med på eller høyrt om. Bakgrunn: Kva motiv har folk for å bli med i eit lokalt lag eller gruppe? Dette varierer ein del. Mange blir med fordi dei vil delta på ein spennande aktivitet, andre for å ha det sosialt. Ein del blir med for å lære nye ting, nokre for å organisere og styre, andre igjen fordi dei vil gjere noko for andre. Nokre blir med fordi dei støttar verdiane og vil jobbe for måla til laget, andre fordi dei vil vere med å skape noko i lokalsamfunnet eller i storsamfunnet. Den fremste rekrutteringskanalen for ungdomslaga er utvilsamt aktivitetane. Gjennom aktivitetane møter ein andre folk, blir del av eit miljø og får sjansen til å t.d. danse, spele teater eller synge. Gjennom kulturaktivitetane får ein uvikle seg som menneske og lærer nye ting. At aktivitetane er innhaldsrike, morosame, inkluderande og utviklande er derfor avgjerande for å få nye deltakarar. Mange lag og organisasjonar står likevel for noko meir enn rein produksjon av aktivitetar. Her kjem verdiane, måla og visjonen inn. Kva vil vi skape med arbeidet og aktiviteten? Har vi eit større mål enn rein forlysting? Det er viktig å få fram dette òg, i tillegg til å invitere til aktivitetar. Sjølv om både aktivitetane er gode og verdiane dei rette kan det likevel vere mange hinder før ein melder seg inn. Veit folk om laget og aktivitetane? Kor synlege er vi og på kva måte synleggjer vi oss? Tar vi godt imot nye medlemer? Vil alle føle seg inkluderte eller berre dei av rette slaget? Får medlemene høve til å sleppe til med idear og meiningar eller er alt bestemt på førehand av nokre få? Her er ei sjekkliste med punkt som bør drøftast når vi skal rekruttere medlemer: Har dei som jobbar for å verve medlemer kunnskapar om organisasjonen og evne til å overtyde andre? Kva er det beste ved organisasjonen aktivitetar og verdiar? Kven er målgruppa og kva fengar denne? Framstår organisasjonen som open for alle? Kva vil vi legge vekt på når vi skal synleggjere oss? Nokre konkrete tips til korleis å rekruttere: Vis fram aktivitetane på stader der folk møtast. På butikken, på torget eller når det skjer noko spesielt (17. mai, julemesse, festivalar ). 6

7 Del ut drops, kaker, klistermerke o.l. saman med løpesetel om laget og aktiviteten. Tilby kurs eller organisert leik i skulen, barnehagen eller på SFO. Få lokalmedia til å dekke aktivitetar og viktige saker i laget. Tenk stort: Ei storhending i laget mobiliserer folk og skaper merksemd. Send ut blad, brosjyre eller informasjonsskriv om laget i posten. Lag til folkemøte om bygda si framtid eller andre interessante tema. Snakk med folk de kjenner og få dei interessert i det som skjer. Den beste informasjonskanalen er jungeltelegrafen/treskoposten. Hugs òg at nye og gamle medlemer heile tida må pleiast for å halde fram å vere med. Lysark / powerpoint: - Bli med! - Kva kan vi tilby? - Når vi skal rekruttere - Medlemspleie Oppgåver: Bli med! Del inn i grupper. Gruppene skal diskutere kva tiltak dei kan gjere for å få med fleire medlemer i laget. Be gruppene om å vere konkrete! Resultatet skal presenterast for dei andre, og kan noterast ned på eit flippoverark eller ei tavle av kurslæraren. Kva er viktig å få fram når vi rekruttere? Bruk metoden Oxford University vs. Manchester University (sjå metodedelen). Deltakarane blir delt i to grupper og skal leite seg fram til sine ark med stikkord som er gøymt i rommet. Stikkorda som er notert på arka (to sett) er: - Verdiane laget står for - Aktivitetane - Moglegheit for læring og utvikling - Det sosiale miljøet Gruppene skal så rangere dei fire stikkorda utifrå kva dei meiner er viktigast å få fram når dei skal rekruttere. Resultatet av diskusjonen skal presenterast for dei andre og kan vere utgangspunktet for ein vidare diskusjon om temaet. Tid: min. 7

8 Rekruttering Del gruppa i to. Den eine gruppa skal finne fram til argument mot å bli med i eit lag, den andre skal finne fram til kvifor dei bør bli med i laget. Kvar og ein skal finne fram til argumenta på eigen hand. Bruk ca. fem min. til dette. Deretter skal deltakarane danne par med ulike utgangspunkt (for og imot), der den eine skal prøve å overtyde den andre om at han/ho bør bli med i laget. Diskusjonane varer i tre-fire min. Kven har klart å overtyde den andre? Kva argument og overtalingsknep vart brukt? Samtal om resultatet. 8

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Aktivitetsark med oppgåveidear og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginalar DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING

Detaljer

Støtteordningar og søknader

Støtteordningar og søknader Støtteordningar og søknader Dette er eit emne tillitsvalde og medlemer er svært interessert i. Filosofien er enkel: Får vi tak i pengar kan vi skape meir aktivitet. Samtidig skjer det stadig endringar

Detaljer

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn Jobbskygging side 1 Jobbskygging Innhald Handverk, industri og primærnæring Omgrepa handverk, industri og primærnæring. Kva betyr omgrepa? Lokalt næringsliv etter 1945 Korleis har lokalt næringsliv utvikla

Detaljer

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn Jobbskygging side 1 ELEVARK 8 trinn Jobbskygging Innhald Yrke og utdanning i familien min Nettverk og kompetanse. Kva betyr omgrepa? Slektstreet mitt Yrkesprofil Stilling og ansvarsområde. Kva betyr omgrepa?

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

Page 1 of 7 Forside Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivast på skolen. Det er frivillig å svare på undersøkinga,

Detaljer

SKAP ak t iv i t et i huset di t t! Aktivitetskart for. Huset i. bygda

SKAP ak t iv i t et i huset di t t! Aktivitetskart for. Huset i. bygda SKAP ak t iv i t et i huset di t t! Aktivitetskart for Huset i bygda 2 Kva er Aktivitetskart for huset i bygda? Aktivitetskartet for huset i bygda er eit verktøy for huseigarar av organisasjonseigde kulturbygg

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet Samtaleguide om lesing Innleiing Samtaleguiden er meint som ei støtte for opne samtalar mellom lærar, elev og foreldre. Merksemda blir retta mot lesevanar, lesaridentitet

Detaljer

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn Jobbskygging side 1 Jobbskygging Innhald Lokalt arbeids- og næringsliv Næringsliv, bransje, offentleg og privat sektor. Kva betyr omgrepa? Lokale arbeidsplassar Kvifor treng lokalsamfunnet eit variert

Detaljer

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Alle borna i 1 klasse byrjar å bli trygge i sine nye omgivelser.

Detaljer

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når: Prosessplan for arbeidet med standarden Sett inn einingsnamn her Standard: Tilpassa opplæring og tidleg innsats Sist oppdatert: 15.09.2014 Sjå nedst for rettleiing utfylling og frist for innsending. For

Detaljer

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse Samarbeid mellom og Miljølære Matpakkematematikk Data frå Miljølære til undervisning Statistikk i 7.klasse Samarbeid mellom og Miljølære Lag riktig diagram Oppgåva går ut på å utarbeide ei grafisk framstilling

Detaljer

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 1 SETNINGSLEDD Verbal (V) Eit verbal fortel kva som skjer i ei setning. Verbalet er alltid laga

Detaljer

Lobbyarbeid. Temaet er delt i tre delemne: Påverknad i lokalsamfunnet Bruk nettverka! Lobbyarbeid i fylket og nasjonalt

Lobbyarbeid. Temaet er delt i tre delemne: Påverknad i lokalsamfunnet Bruk nettverka! Lobbyarbeid i fylket og nasjonalt Lobbyarbeid Frivillige organisasjonar sentralt og lokalt spelar ei rolle som samfunnspåverkar. Den lokale aktiviteten og verdiorienteringa til medlemene er med å bestemme utviklinga i lokalsamfunnet. På

Detaljer

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass Ein tydeleg medspelar frå elev til lærling Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass SØKNADEN Må vere ryddig Søknad/CV skal ikkje ha skrivefeil Spør norsklærar om hjelp Hugs å skrive under

Detaljer

Valdres vidaregåande skule

Valdres vidaregåande skule Valdres vidaregåande skule Organiseringa av skriftleg vurdering på vg3 Kvifor prosesskriving? Opplegg for skriveøkter Kvifor hjelpe ein medelev? Døme på elevtekst Kva er ei god framovermelding? KOR MYKJE

Detaljer

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08 Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08 Alternative titlar: Vurderingsarbeid: Arbeid med kvalitet i skolen i spenning mellom

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK Minnebok NYNORSK 1 Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. Når vi er triste,

Detaljer

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv. Særemne 3-100 år med stemmerett I 2013 er det hundre år sidan alle fekk stemmerett i Noreg. På Norsk Folkemuseum arbeider vi i desse dagar med ei utstilling som skal opne i høve jubileet. I 2010 sendte

Detaljer

6. trinn. Veke 24 Navn:

6. trinn. Veke 24 Navn: 6. trinn Veke 24 Navn: Takk for ei fantastisk fin førestilling i går! Det var veldig kjekt å sjå dykk, både på formiddagen og på ettermiddagen. Eg vart veldig stolt! No må vi få rydda opp og pakka litt

Detaljer

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving Berre spør! Undersøking Få svar I behandling På sjukehuset Er du pasient eller pårørande? Det er viktig at du spør dersom noko er uklart. Slik kan du hjelpe til med å redusere risikoen for feil og misforståingar.

Detaljer

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016 ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016 Fag: Norsk Klassetrinn: 2. Lærar: Linn Merethe Myrtveit Veke Kompetansemål Tema Læringsmål Vurderings- kriterier Forslag til Heile haust en Fortelje samanhengande om opplevingar

Detaljer

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor Eit undervisningsopplegg om BARNERETTANE MÅL frå læreplanen DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING Artikkel 2: Alle barn har rett til vern mot diskriminering PRIVATLIV Artikkel 16: Alle barn har rett til

Detaljer

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba. LEDDSETNINGAR 1 Gjer setningane om til forteljande leddsetningar. Carmen er kona hans. Luisa går på skule i byen. Leo er tolv år. Ålesund er ein fin by. Huset er raudt. Det snør i dag. Bilen er ny. Arne

Detaljer

Kosmos 8 Skulen ein stad å lære, s. 220-225 Elevdemokratiet, s. 226-231. 36 Kosmos 8 Vennskap, s. 232-241 Artiklar på internett

Kosmos 8 Skulen ein stad å lære, s. 220-225 Elevdemokratiet, s. 226-231. 36 Kosmos 8 Vennskap, s. 232-241 Artiklar på internett ÅRSPLAN i Samfunnsfag Skuleåret: 2010/2011 Klasse: 8 Faglærar: Alexander Fosse Andersen Læreverk/forlag: / Fagbokforlaget Kompetansemål LK06 Læringsmål for perioden Periode Innhald Læreverk/læremiddel

Detaljer

Samansette tekster og Sjanger og stil

Samansette tekster og Sjanger og stil MAPPEOPPGÅVE 5 Samansette tekster og Sjanger og stil Skreve av Kristiane, Renate, Espen og Marthe Glu 5-10, vår 2011 I denne oppgåva skal me først forklare kva ein samansett tekst er, og kvifor samansette

Detaljer

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg. JANUAR 2015! Ja, i går vart friluftsåret 2015 erklært for opna og me er alle ved godt mot og har store forhåpningar om eit aktivt år. Det gjeld å ha store tankar og arbeida medvite for å gjennomføra dei.

Detaljer

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Mål: Elevane skal kjenne til utbreiinga av hallingmålet i nærmiljøet. Dei skal vita noko om korleis hallingmålet har utvikla seg

Detaljer

for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll

for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll Etablere felles standard innan service og kundehandsaming i Askvoll Guiden tek for seg grunnleggande og enkle reglar - enkelte vil hevde at

Detaljer

Etablerarkurs Sogn og Fjordane Fylkeskommune

Etablerarkurs Sogn og Fjordane Fylkeskommune Etablerarkurs Sogn og Fjordane Fylkeskommune forretningsidé forretningsmodell - forretningsplan Sogn og Fjordane Fylkeskommune i samarbeid med Viaduct og Mentor AS Innleiing... 3 Samling 1: Forretningsideen

Detaljer

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt

Detaljer

Frå novelle til teikneserie

Frå novelle til teikneserie Frå novelle til teikneserie Å arbeide umarkert med nynorsk som sidemål Undervisningsopplegget Mykje av inspirasjonen til arbeidet med novella, er henta frå i praksis: nynorsk sidemål i grunnskule 1 (2008).

Detaljer

Nynorsk Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo Hovudtest Elevspørjeskjema 8. klasse Rettleiing I dette heftet vil du finne spørsmål om deg sjølv. Nokre spørsmål dreier seg

Detaljer

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE I pasient- og pårørandeopplæringa som vert gjennomført av avdelingane i sjukehusa i Helse Møre

Detaljer

Lærarrettleiing 1. Kornartane

Lærarrettleiing 1. Kornartane Lærarrettleiing 1. Kornartane Om modulen Modulen skal gje elevane oversikt over kva slags kornartar vi dyrkar i Noreg, kva dei blir brukt til, og kva rolle korn har i kosthaldet vårt. Kornartane ris og

Detaljer

Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse

Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse Namn: Klasse: 1. Gjennomgang av skjemaet «Førebuing til elev- og foreldresamtale» 2. Gjennomgang av samtaleskjemaet 3. Gjennomgang av IUP og skriving av avtale

Detaljer

Kva er økologisk matproduksjon?

Kva er økologisk matproduksjon? Nynorsk Arbeidshefte om økologisk landbruk for elevar i grunnskulen Nynorsk Arbeidsheftet er utarbeidd av og utgjeve av Norsk senter for økologisk landbruk med økonomisk støtte frå Fylkesmannens landbruksavdeling

Detaljer

Informasjon til elevane

Informasjon til elevane Informasjon til elevane Skulen din er vald ut til å vere med i undersøkinga RESPEKT. Elevar ved fleire skular deltek i undersøkinga, som vert gjennomført av Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger.

Detaljer

Lag, organisasjonar og frivilligsentralar si rolle i folkehelsearbeidet. Hjelmeland frivilligsentral 14.02.12

Lag, organisasjonar og frivilligsentralar si rolle i folkehelsearbeidet. Hjelmeland frivilligsentral 14.02.12 Lag, organisasjonar og frivilligsentralar si rolle i folkehelsearbeidet Hjelmeland frivilligsentral 14.02.12 Frivillig arbeid/ Organisasjonsarbeid har eigenverdi og skal ikkje målast etter kva statlege

Detaljer

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN 2015 2016. Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN 2015 2016. Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN 2015 2016 Hovudområda i norsk er munnleg kommunikasjon, skriftleg kommunikasjon og språk, litteratur og kultur. Kvart av kompetansemåla er brotne ned i mindre einingar. Vi sett

Detaljer

Psykologisk førstehjelp i skulen

Psykologisk førstehjelp i skulen Psykologisk førstehjelp i skulen Fagnettverk for psykisk helse Sogndal 21. mars 2014 Solrun Samnøy, prosjekt leiar Psykologisk førstehjelp Sjølvhjelpsmateriell laga av Solfrid Raknes Barneversjon og ungdomsversjon

Detaljer

Dokument nr. Omb 1 Dato: 14.07.2011(oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Dokument nr. Omb 1 Dato: 14.07.2011(oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid. Visjon og formål Visjon: Ved di side eit lys på vegen mot arbeid. Formål: Telemark Lys AS er ei attføringsbedrift som, gjennom framifrå resultat, skal medverke til å oppfylle Stortingets målsetting om

Detaljer

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din. Skal skal ikkje Har du ein draum om å driva Inn på tunet verksemd? Gjennom dette kapittelet i netthandboka får du tankehjelp og praktisk hjelp i dei første fasane mot etablering; frå draum til forretningsplan.

Detaljer

Refleksjon og skriving

Refleksjon og skriving Refleksjon og skriving I denne delen skal vi øve oss på å skrive ein reflekterande tekst om eit av temaa i boka om «Bomulv». Teksten skal presenterast høgt for nokre andre elevar i klassen. 1 Å reflektere

Detaljer

Foreldrekurs for foreldre på 3 og 4 trinn

Foreldrekurs for foreldre på 3 og 4 trinn Foreldrekurs for foreldre på 3 og 4 trinn Lesing er grunnlaget for suksess i neste alle skulefag. Lesesvake elevar får ofte problem med å fullføre vidaregåande skule. Lesesvake vil møte mange stengte dører

Detaljer

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue

Detaljer

Samtale, refleksjon og oppgåveløysing. Bruk av atlas. Vi jobbar med ulike oppdagingsreiserar. Samtale, refleksjon, skodespel og oppgåveløysing.

Samtale, refleksjon og oppgåveløysing. Bruk av atlas. Vi jobbar med ulike oppdagingsreiserar. Samtale, refleksjon, skodespel og oppgåveløysing. +Årsplan i samfunnsfag for 8.årssteg Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid 34 Kart og globus Lese, tolke og bruke papirbaserte og digitale kart og kunne bruke målestokk og kartteikn

Detaljer

Metodiske verktøy ved kursleiing

Metodiske verktøy ved kursleiing Metodiske verktøy ved kursleiing Lærings- og Meistringssenter Helse Fonna 30.03.2015 Metodiske verktøy - LMS Helse Fonna 1 Runde Enkel måte å få alle til å delta: Gi ei enkel oppgåve som er mogeleg for

Detaljer

Informasjonshefte Tuv barnehage

Informasjonshefte Tuv barnehage Informasjonshefte Tuv barnehage Informasjonshefte for Tuv barnehage Barnehagen blir drevet av Hemsedal kommune. Barnehagen er politisk lagt under Hovudutval for livsløp. Hovudutval for livsløp består av

Detaljer

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. HEILSETNINGAR 2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. Vi reiser til Cuba. Carmen les ei bok. Arne lagar middag. Luisa er på skulen. Det snør. I

Detaljer

Vurdering for læring - prosjektsamarbeid mellom skulane i Jærnettverket

Vurdering for læring - prosjektsamarbeid mellom skulane i Jærnettverket Vurdering for læring - prosjektsamarbeid mellom skulane i Jærnettverket OB Starta med å besøkja alle ressursgruppene 25 stk Skulebesøk Ca 1 2 timar på kvar plass Skulane hadde svært ulikt utgangspunkt

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE Alle vaksne i Lyefjell barnehage arbeider for at det enkelte barn opplever at: Du er aktiv og tydelig for meg Du veit at leik og venner er viktige for

Detaljer

Team Hareid Trygg Heime

Team Hareid Trygg Heime Team Hareid Trygg Heime Hareid i fugleperspektiv fotografert frå Holstad-heia. Hareid er ein kystkommune med litt i overkant av 5000 innbyggarar. I areal er det ei lita kommune, med kommunesenteret Hareid,

Detaljer

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Kvam herad Bruka e-post lesaren til Kvam herad Alle ansatte i Kvam herad har gratis e-post via heradet sine nettsider. LOGGE INN OG UT AV E-POSTLESAREN TIL

Detaljer

Etablerarkurs Sogn og Fjordane Fylkeskommune

Etablerarkurs Sogn og Fjordane Fylkeskommune Etablerarkurs Sogn og Fjordane Fylkeskommune Kundejobb Løysing - Forretningsmodell Sogn og Fjordane Fylkeskommune i samarbeid med Mentor AS Innleiing... 3 Samling 1: Kundejobben, vår løysing (4 timar)...

Detaljer

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune 1 Bedriftspedagogisk Senter A.S bps@bps.as Medarbeidarsamtalar i Radøy kommune - slik gjer vi det Leiar har ansvar for å gjennomføra samtalane sine slik det

Detaljer

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200903324-51 Arkivnr. 520 Saksh. Farestveit, Linda Saksgang Møtedato Opplærings- og helseutvalet 17.09.2013 EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER

Detaljer

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid) Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte

Detaljer

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga Frivilligforum 27.05.2008 Synnøve Valle Frivillig sektor: Sentral i samfunnsbygginga? Ja! Den frivillige innsatsen utgjer 5 6 % av antal personar i kommunen

Detaljer

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Tilstade: Personalet, foreldre og Nina Helle. Kva er BTI: Stord kommune er ein av 8 kommunar som deltek i eit prosjekt som skal utarbeide ein modell

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2 Nynorsk Opp-ned musene av Roald ahl et var ein gong ein gamal mann på 87 år som heitte Laban. I heile sitt liv hadde han vore ein stille og roleg person.

Detaljer

ENTREPRENØRSKAP OG REAL I BARNEHAGEN. Ivar Offerdal Eivind Rogne Britt GlomnesWillumsen Sylvi Aarland

ENTREPRENØRSKAP OG REAL I BARNEHAGEN. Ivar Offerdal Eivind Rogne Britt GlomnesWillumsen Sylvi Aarland ENTREPRENØRSKAP OG REAL I BARNEHAGEN Ivar Offerdal Eivind Rogne Britt GlomnesWillumsen Sylvi Aarland Kva er entreprenørskap? Entreprenørskap er ein dynamisk og sosial prosess, der individ, aleine eller

Detaljer

Brukarrettleiing. epolitiker

Brukarrettleiing. epolitiker Brukarrettleiing epolitiker 1 Kom i gang Du må laste ned appen i AppStore Opne Appstore på ipaden og skriv «epolitiker» i søkjefeltet øvst til høgre. Trykk på dette ikonet og deretter på «hent» og til

Detaljer

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart Med spent forventning... Skulestart er ei stor hending for alle barn. Dei aller fleste barn og foreldre ser fram til

Detaljer

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn Når det gjeld barn som vert utsett for vald eller som er vitne til vald, vert dei ofte utrygge. Ved å førebygge og oppdage vald, kan me gje barna

Detaljer

KONTINUASJONSEKSAMEN I EMNE. TDT4136 Logikk og resonnerande system. Laurdag 8. august 2009, kl. 09.00 13.00

KONTINUASJONSEKSAMEN I EMNE. TDT4136 Logikk og resonnerande system. Laurdag 8. august 2009, kl. 09.00 13.00 Side 1 av 6 KONTINUASJONSEKSAMEN I EMNE TDT4136 Logikk og resonnerande system Laurdag 8. august 2009, kl. 09.00 13.00 Oppgåva er laga av Tore Amble, og kvalitetssikret av Lester Solbakken. Kontaktperson

Detaljer

Ny strategiplan for Høgskulen

Ny strategiplan for Høgskulen Ny strategiplan for Høgskulen Nokre innspel til det vidare arbeidet Petter Øgar Mi forståing av strategisk plan Ein overordna og langsiktig plan for å oppnå bestemte overordna mål for organisasjonen Måla

Detaljer

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa Ungdom i klubb Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa CASE - FORGUBBING SSFK hadde i lengre tid merka ei «forgubbing» i trenar, leiar og dommarstanden i SFFK. Etter fleire rundar

Detaljer

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Samandrag og stikkord om filmen Det er seinsommar i Bergen. Thomas må flytte til gråsonen, ein omplasseringsheim for unge, som av ulike grunnar ikkje har nokon stad

Detaljer

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform Godt Lokaldemokrati ei plattform Godt lokaldemokrati ei plattform Norsk lokaldemokrati er godt men kan og bør bli betre. KS meiner ei plattform vil vere til nytte i utviklingsarbeidet for eit betre lokaldemokrati.

Detaljer

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11 På tur med barnehagen Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11 Standarane, teikn på kvalitet. Desse tre standarane er felles for alle barnehagane i Eid kommune. Dei skal vise veg til korleis vi skal få god kvalitet

Detaljer

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går i.

Detaljer

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul 2015 2016

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul 2015 2016 Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul 2015 2016 Systemarbeid ligg i botnen. Arbeid mot mobbing med gode system og god struktur, vert gjennomført der vaksne er i posisjon inn mot elevane, og har

Detaljer

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS BARN OG UNGDOM SINE REAKSJONAR I denne brosjyra finn du nyttige tips for deg som er innlagt, og har barn under 18 år. Når ein i familien vert alvorleg

Detaljer

Frå idé til fullfinansiert prosjekt Hyllestad 6. juni 2015

Frå idé til fullfinansiert prosjekt Hyllestad 6. juni 2015 Frå idé til fullfinansiert prosjekt Hyllestad 6. juni 2015 Litt om meg Utdanna faglærar i historie og samfunnsfag Historie, samanliknande politikk og medievitskap Erfaring som aktiv tillitsvald i ungdomslaget,

Detaljer

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT MASFJORDEN KOMMUNE Sosialtenesta Nav Masfjorden Postboks 14, 5987 Hosteland Tlf 815 81 000/47452171 Unnateke for offentleg innsyn Jf. Offlentleglova 13 SØKNAD OM STØTTEKONTAKT Eg vil ha søknaden handsama

Detaljer

FORDJUPINGSEINING I NORSK (10 vekttal)

FORDJUPINGSEINING I NORSK (10 vekttal) RAMMEPLAN FOR FORDJUPINGSEINING I NORSK (10 vekttal) FØRSKOLELÆRARUTDANNINGA Godkjend av Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet 3. mars 1997 1 RAMMEPLAN FOR FORDJUPINGSEINING I NORSK I FØRSKOLELÆRARUTDANNINGA

Detaljer

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015 Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015 I denne rapporten vil eg ta føre meg dei 7 fagområda i rammeplanen. Eg vil skrive litt om kva rammeplanen seier og deretter gjere greie for korleis me har arbeida

Detaljer

3.2.4 Døme for vidaregåande opplæring: Religiøs, etnisk og kulturell variasjon

3.2.4 Døme for vidaregåande opplæring: Religiøs, etnisk og kulturell variasjon Uansett om elevane skal svare på den individuelle oppgåva skriftleg eller munnleg, kan læraren og elevane avtale når og korleis det kan vere formålstenleg med tilbakemeldingar. Læraren kan bruke undervegsvurderinga

Detaljer

Spelet varer om lag ein dobbeltime og kan enkelt setjast opp i klasserommet. Talet på spelarar bør vere minst ti elevar.

Spelet varer om lag ein dobbeltime og kan enkelt setjast opp i klasserommet. Talet på spelarar bør vere minst ti elevar. Lærarrettleiing Kva er b.stem? b.stem er ein digital læringsressurs for skuleklasser. Han er lagd opp som eit rollespel der klassa får rolla som ungdomsrådet i Snasen ein fiktiv, mellomstor norsk kommune.

Detaljer

Tevling i Bygdekjennskap. Heftet er revidert av Norges Bygdeungdomslag.

Tevling i Bygdekjennskap. Heftet er revidert av Norges Bygdeungdomslag. Tevling i Bygdekjennskap Heftet er revidert av Norges Bygdeungdomslag. NORGES BYGDEUNGDOMSLAG 1992 Dette er ikkje nokon tevlingsregel, men heller ei rettesnor og eit hjelpemiddel for lokallag som ynskjer

Detaljer

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE Vedteke av kommunestyret 2. oktober 2014, sak 67/14 1 Innhold 1. Kvifor plan for bruk av nynorsk i Nissedal kommune?... 3 1.1 Bruk av nynorsk internt i organisasjonen

Detaljer

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal Sentralt gitt eksamen NOR0214, NOR0215 og NOR1415, 10. årstrinn Våren 2015 Åndalsnes 29.06.15 Anne Mette Korneliussen

Detaljer

Å skape vennskap Foreldremøte for barnehage og skule tips og forslag

Å skape vennskap Foreldremøte for barnehage og skule tips og forslag Å skape vennskap Foreldremøte for barnehage og skule tips og forslag FUB og FUG meiner at vennskap er det viktigaste verkemiddelet mot mobbing. At alle barn skal ha minst éin venn, er eit godt arbeidsmål

Detaljer

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage Regnbogen Natur-og kulturbarnehage Om å vera på - vår forståing av vaksenrolla i uterommet Kva vil det seie å vera ein deltakande/engasjert vaksen i ungane sitt læringsmiljø? - Her tenkjer vi at ungane

Detaljer

Reflekterande team. Oktoberseminaret 2011. Ove Heradstveit, kommunepsykolog, Familiens Hus i Øygarden

Reflekterande team. Oktoberseminaret 2011. Ove Heradstveit, kommunepsykolog, Familiens Hus i Øygarden Reflekterande team Oktoberseminaret 2011 Ove Heradstveit, kommunepsykolog, Familiens Hus i Øygarden Bakgrunn Reflekterande team vert nytta som arbeidsmetode i tverrfagleg gruppe ved Familiens Hus i Øygarden

Detaljer

Året 2015-2016. Kva vi jobbar spesielt med i år

Året 2015-2016. Kva vi jobbar spesielt med i år Året 2015-2016 Kva vi jobbar spesielt med i år 31.08.2015 1 Innhald Satsingsområde 2015-2016 3 Sosial kompetande: Forebygge mobbing i Ågotnes barnehage 3 Få duå under huden og synleggjere arbeidet vårt

Detaljer

HiST i Sosiale Medier

HiST i Sosiale Medier HiST i Sosiale Medier Innhald Kvifor skal HiST vere tilstade i sosiale medier?... 2 HiST-tilsette i sosiale medier... 2 Facebook... 3 Korleis bruker HiST den overordna Facebook-sida?... 3 Tips til godt

Detaljer

Saman om å skape. Strategi for innbyggardialog

Saman om å skape. Strategi for innbyggardialog Saman om å skape Strategi for innbyggardialog Vedteken i Ulstein kommunestyre 21. juni 2018 INNLEIING Kvifor gjer vi dette? Ulstein kommune vil styrke innbyggardialogen og lokaldemokratiet. Det er tre

Detaljer

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden 0311 ESPEN ASKELADD VIDDA 1 VIDDA 2 0028 OSLO 123456 78910 BYDEL GAMLE OSLO 5. mars 2013 Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden Husbanken har

Detaljer

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Strategiplan for Apoteka Vest HF Strategiplan for Apoteka Vest HF 2009 2015 Versjon 0.91 03.09.2008 Strategiplan for Apotekene Vest HF 2009 2015 Side 1 Innleiing Det har vore nokre spennande år for Apoteka Vest HF sida reforma av helseføretaka

Detaljer

Telemedisin Sogn og Fjordane Retningsliner for bruk av videokonferanse

Telemedisin Sogn og Fjordane Retningsliner for bruk av videokonferanse Telemedisin Sogn og Fjordane Retningsliner for bruk av videokonferanse ------------------------------------------------------------------------------- Innhald 1 Innleiing... 3 1.1 Videokonferanse... 3

Detaljer

Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3

Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3 Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3 Oppgåver til side 130 Oppgåve B Kommenter forholdet mellom omgrep. a) Morfem, leksikalsk morfem, grammatisk morfem, bøyingsmorfem og avleiingsmorfem.

Detaljer

Den regionale styredagen i. Sogn og Fjordane

Den regionale styredagen i. Sogn og Fjordane Den regionale styredagen i Sogn og Fjordane Rica Sunnfjord Hotel, Førde torsdag den 16. mars 2006 Arrangør: StyreAkademiet Sogn og Fjordane Stryn Næringshage, Tinggata 3. 6783 Stryn www.styreakademiet.no

Detaljer

I N N H O L D. Forord

I N N H O L D. Forord BOKVENNEN 2012 I N N H O L D Forord Annlaug Selstø «Aläng» Ero Karlsen «Slutten på nysgjerrighet» Kjersti Kollbotn «Rom null-trettiåtte: Trøyst» Kristian Bjørkelo «Spegelen» Siri Katinka Valdez «Alle er

Detaljer

Pedagogisk plattform

Pedagogisk plattform Pedagogisk plattform Visjon Fag og fellesskap i fokus Våre verdiar Ver modig Ver imøtekommande Ver truverdig Pedagogisk plattform Vi bygger på Læringsplakaten og konkretiserer denne på nokre sentrale område:

Detaljer

Året 2014-2015. Kva vi jobbar spesielt med i år

Året 2014-2015. Kva vi jobbar spesielt med i år Året 2014-2015 Kva vi jobbar spesielt med i år 1 Innhald Satsingsområde 2014-2015 3 Bli synlig duå barnehage 3 Leiken 5 Fellessamlinger, Miniprosjekter 6 Gymsal, Barn sin medverknad Førskulegruppa 7 Vurdering

Detaljer

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg? IA-funksjonsvurdering Ei samtale om arbeid kva er mogleg? // IA - Funksjonsvurdering Ei samtale om arbeid kva er mogleg? Målet med eit inkluderande arbeidsliv (IA) er å gje plass til alle som kan og vil

Detaljer