Trondheim Symfoniorkester

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Trondheim Symfoniorkester"

Transkript

1 Trondheim Symfoniorkester Klassetrinn: klasse

2 PROGRAMMET Trondheim Symfoniorkester (TSO) blei frå hausten 2005 inkludert i skolekonsertordninga til Rikskonsertane, og har sidan den gongen spelt for elevar i Trondheim by og i Nord- Trøndelag. Våren 2008 skal TSO spele for elevar i Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal. Ein symfonikonsert for barn er ikkje akkurat noko eit orkester gjer kvar veke, derfor er desse konsertane noko både orkesteret og Rikskonsertane gler seg spesielt til. I forkant av konserten vil to og to musikarar komme til skolane på introduksjonsbesøk før den store symfonikonserten i Parken kulturhus. Gjennom konsertbesøket vil elevane bli kjende med eit symfoniorkester og dei ulike instrumentgruppene i orkesteret. Dei vil bli presenterte for musikk frå ulike sjangrar, og tubaist Øystein Baadsvik vil guide elevane gjennom konserten. Trondheim Symfoniorkester er eit kraftsenter i midtnorsk kulturliv på internasjonalt nivå og kan føre historia si tilbake til begynninga av det førre hundreåret då eldsjeler inviterte til abonnementskonsertar. Gjennom det mangeårige virket sitt har Trondheim Symfoniorkester og dei 75 musikarane fått fotfeste som ein svært viktig og inspirerande impuls, ikkje berre i landsdelen, men òg i det nasjonale musikklivet vårt. Vellykka turnear med høg kunstnarisk kvalitet dei seinare åra til Tyskland, Austerrike, Spania og Tsjekkia har gitt orkesteret internasjonal anerkjenning. TSO Øystein Baadsvik er heiltids tubasolist og speler med orkester og musikarar over heile verda. I Noreg har Øystein spelt med så forskjellige artistar som RAVI, Arve Tellefsen, Morten Abel, Tre Små Kinesere og Sissel Kyrkjebø. Han har òg gitt ut fleire prislønte soloplater og skriv eigen musikk. Dei siste seks åra har han spelt for meir enn skolebarn i regi av Rikskonsertane rundt om i landet, og han var engasjert av Trondheim Symfoniorkester til å lage alle barne- og familiekonsertane deira i 2005/2006. På denne konserten skal Øystein primært vere programleiar og introdusere publikum for mykje flott musikk. Øystein Baadsvik Torodd Wigum Torodd Wigum er utdanna bratsjist frå Trøndelag Musikkonservatorium og Noregs musikkhøgskole. Etter at han var ferdig med å studere, var han tilsett som solo-bratsjist i Trondheim Symfoniorkester i åra Han har òg vore eit sentralt medlem i kammerorkesteret TrondheimSolistene sidan Dei seinare åra har Torodd Wigum arbeidd meir og meir som dirigent. Han har vore med på ei rekkje internasjonale dirigentkurs med lærarar som Jorma Panula, Neeme Järvi, Paavo Järvi og Alexander Dimitrev. Torodd Wigum har hatt engasjement som dirigent med dei store norske orkestra. Frå januar 2007 har han vore engasjert som assistentdirigent i Bergen Filharmoniske Orkester, ei ordning som er den første i sitt slag i Noreg. 2

3 FORBESØK Musikarar frå Trondheim Symfoniorkester vil besøke alle skolane i forkant av skolekonsertane i Parken kulturhus. Dette besøket gir elevane høve til å bli kjende med to musikarar, høyre litt om kva det vil seie å spele i eit orkester, og sjå og høyre litt på instrumenta dei speler på. I tillegg blir dei presenterte for eitt av musikkstykka som blir framførte under konserten. På sjølve konsertdagen treffer elevane musikarane i salen før konserten. Attkjenninga og tilhøyrsla til desse musikarane gjer konsertopplevinga meir personleg og levande. No sit elevane med litt kunnskap om kva eit orkester er, dei kjenner nokon som speler i orkesteret, og dei kjenner til instrumenta deira. PRAKTISKE OPPLYSNINGAR Arrangert av: Rikskonsertane i samarbeid med Møre og Romsdal fylke og Trondheim Symfoniorkester Produsent: Trondheim Symfoniorkester (TSO) Informasjon om forbesøk på skolane ligg på Kontaktperson utøvar/medverkande: Charlotte Winsnes, TSO, Programlengd: 45 min. PEDAGOGISK FORARBEID Ved aktivt å setje seg inn i musikken som skal spelast på ein konsert, trur vi at lytteopplevinga blir forsterka. Det blir bygd opp ei forventning til konserten og musikken som skal spelast. Programmet for konserten står under. Kanskje har de denne musikken på skolen og kan spele han for elevane? Vi har frå vår side spelt inn Musorgskijs Ei natt på Bloksberg og skissert nokre ulike måtar å jobbe med dette verket på (CD og oppgåver ligg ved). Det er viktig å sjå på oppgåvene som ein idébank. Du som lærar veit best kva oppgåver som kan vere relevante for elevane dine, og kan tilpasse oppgåvene til klassetrinn og nivå. Kanskje finn du på andre måtar å jobbe med stykket på? Det viktigaste er at du prøver å skape positive forventningar til konserten hos elevane dine gjennom aktiv lytting og andre spennande metodiske tilnærmingar til musikken. Vel møtt til konsert! 3

4 Produksjonsnummer: 1.08V.056 SPØRSMÅL OM KONSERTPLANEN Turnélegger Hege M. Gagnat, Møre og Romsdal fylke tlf: / , e-post: kultursekken@mrfylke.no SPØRSMÅL OM PROGRAMMET Produsent Åshild Nygaard Rikskonsertene, tlf E-post: any@rikskonsertene.no FAKTA Rikskonsertane har det heilskaplege ansvaret for skolekonsertordninga i Noreg og legg dei faglege rammene for verksemda. Skolekonsertane er statleg fi nansierte gjennom budsjettet til Kultur- og kyrkjedepartementet. Fylkeskommunane har ansvar for turnéplanlegging og delar av konsertproduksjonen i sine respektive fylke. Kommunane abonnerer på skolekonsertane til Rikskonsertane, ei ordning som i dag omfattar 99,7 % av alle grunnskolane i landet barn får to årlege besøk av profesjonelle musikarar på skolane sine. Den enkelte skolen står som arrangør av skolekonsertane. Kvart år gjennomfører rundt 800 musikarar skolekonsertar i Noreg. Du finn meir informasjon på 4

5 Modest Musorgskij ( ) Musorgskij er ein sentral skikkelse i russisk tonekunst og blir rekna som den av dei russiske komponistane som best fanga og gav att eigenarten til russisk folkemusikk. Han ønskte at komposisjonane skulle spegle samtida og den russiske eigenarten. Bruk av folkemusikk og nasjonal orientering gjer at Musorgskijs musikk gjerne blir plassert innanfor epoken nasjonalromantikk. Dei best kjende verka til Musorgskij er operaen Boris Godunov og tonedikta Bilete frå ei utstilling og Ei natt på Bloksberg. BIOGRAFI: Musorgskij lærte å spele piano av mor si, og han var ein dyktig pianist allereie som 9-åring. Men han drøymde om å vere soldat og valde militæret som karriere. Då han blei uteksaminert som offiser frå militærskolen 17 år gammal, hadde han framleis musikken som hobby. Musorgskij tok speletimar hos komponisten Balakirov, og gjennom han blei han kjend med sentrale personar i det russiske musikkmiljøet. Det musikalske talentet til Musorgskij blei anerkjent her, og han slutta derfor i hæren og bestemde seg for å vie livet sitt til kunsten. Men Musorgskij sleit med å få spelt verka sine. Dei få stykka som blei spelte, blei publikumssuksessar, men kunsteliten og dei nærmaste vennene hans var kritiske. Musorgskij isolerte seg og blei deprimert. Den nervøse og følsame legninga hans førte etter kvart til dårleg helse, og frå 1866 budde han hos bror sin. Her fekk Musorgskij ro til å komponere nokre av dei best kjende verka sine. Musorgskij døydde 28. mars 1881 i St. Petersburg. EI NATT PÅ BLOKSBERG: Ei natt på Bloksberg var det første og einaste tonediktet til Musorgskij. Eit tonedikt eller symfonisk dikt er musikk som beskriv ei hending eller historie utanfor sjølve musikken. Musikkstykket Ei natt på Bloksberg beskriv den ville feiringa til heksene på fjellet Bloksberg. Musikken blei først komponert i 1860 for eit teaterstykke som heitte Heksa. Bloksberg er eit verkeleg fjell i nærleiken av Kiev og var ifølgje ei gammal russisk segn eit samlingspunkt for hekser kvart år natt til 23. juni (sankthans). Heksene samla seg for å feire ei svart messe, feste og danse natta gjennom. Musikkstykket begynner med den ville feiringa om natta. Vi høyrer larmen av heksene som dansar og flyr gjennom lufta. Vi høyrer overnaturlege stemmer, og mørkeåndene kjem til overflata. Den ville heksefesten når høgdepunktet, og vi høyrer kyrkjeklokkene kime ved daggry frå ein landsby i nærleiken. Roleg, harmonisk musikk helsar den nye dagen. Trolldommen frå natta er broten. Dei uttrykksfulle melodiane, den fargerike instrumenteringa og dei mektige harmoniane til Musorgskij var med på å inspirere andre i mange år etter at han var død. Komponistkollega Nikolaij Rimskij-Korsakov gjorde sin eigen versjon av Ei natt på Bloksberg. Komposisjonen blei kjend for eit større publikum som det avsluttande innslaget i Walt Disneys Fantasia i 1940, der han var sett saman med Ave Maria av Schubert. Musorgskij har òg påverka rockemusikken. Den progressive rockegruppa Emerson, Lake and Palmer gjorde eigne tolkingar av musikken til Musorgskij, og i 1975 gjorde gruppa Fireballet ei innspeling med ein rockeversjonen av Ei natt på Bloksberg. 5

6 LYTTEAKTIVITETAR: CD-en med referanseverket til konserten inneheld fleire spor: Spor 1) Heile komposisjonen Spor 2) Ein kort sekvens frå den dynamiske opninga av musikkstykket. Dette sporet er kort nok til at det kan spelast fleire gonger. Det etablerer stemninga frå den første delen av komposisjonen. Spor 3) Ein kort sekvens frå den siste, rolegare delen av komposisjonen. Dette er òg eit lite avsnitt som toler gjenteken lytting. Ei natt på Bloksberg er programmusikk. Det vil seie at musikken beskriv eit bestemt handlingsforløp eller ei historie. Elevaktivitetane kan ta fleire utgangspunkt i tilnærminga til stykket. Her følgjer nokre idear til arbeid med stykket: ASSOSIATIV LYTTING: Høyr på komposisjonen utan å diskutere komponist eller tittel. Be elevane om å føreslå ein tittel på verket. Kva slags inntrykk førte til tittelforslaget? Skap assosiasjonar. Be elevane om å skrive ned fem ord som beskriv den musikken dei høyrer. Har alle dei same fem orda? Kvifor opplever vi det same musikkstykket på forskjellige måtar? Elevane kan høyre på verket utan kjennskap til stykket og teikne eller skrive om sine eigne inntrykk. Gi elevane ei innføring i Musorgskijs eige program og be dei lytte etter spesifikke kjennemerke i musikken. Elevane kan samanlikne inntrykka sine frå musikken med Musorgskij sine. Her er det viktig med ein diskusjon om at det ikkje er noko rett eller gale inntrykk av denne typen musikk, og at inntrykka til elevane eigentleg er likestilte med forteljinga til Musorgskij. Be elevane teikne fjellet Bloksberg med heksefeiringa. Still ut bileta i eit eige klasseromsgalleri. Spel av musikken og gå med elevane rundt i galleriet. Del klassen i mindre grupper. La gruppene lage ein dans/rørsleaktivitet til musikken. Nokre grupper kan jobbe med den heftige starten, og andre kan jobbe med den rolege avslutninga. FORMAL LYTTING: Elevane kan lytte etter instrument og klangar. Begynn med dei store instrumentgruppene: strykarar, blåsarar og slagverk, og arbeid mot eit meir detaljert nivå. For eksempel: blåseinstrument messinginstrument trompet. Lytt etter kontrastar og variasjon i musikken. Korleis skaper orkesteret kontrast og variasjon i musikken? ANDRE AKTIVITETAR: Personleggjer musikarar og levande musikk. Er det nokon i klassen som speler eit instrument som er brukt i eit orkester? Kor mange elevar kjenner nokon som speler eit instrument, eller som er profesjonell musikar? Det er mange forskjellige typar orkester, og symfoniorkester er berre éin av dei. Å spele i eit orkester handlar om å spele saman med mange andre. Kan vi lage eit orkester i klassen? Kva kan vi bruke som instrument? Korleis skal vi finne ut kva slags musikk vi skal spele? Kor mange forskjellige instrument blir brukte i eit symfoniorkester? Korleis ser dei ut? Korleis høyrest dei ut? Kvifor treng vi så mange av dei? Det er mange som speler fiolin i eit symfoniorkester, men berre éin speler tuba. Kvifor kan vi ikkje ha like mange av alt? Teikn ditt eige orkester. Kva slags instrument er med? Kvar speler dei? Korleis høyrest musikken til orkesteret ditt ut? Å gå på konsert er annleis enn å sjå eit orkester på TV. På konsert kan også orkesteret høyre oss! Vi er òg mange fleire når vi er på konsert, enn vi er når vi ser på TV eller går på kino. Kva er viktig for å vere eit godt publikum på orkesterkonsert? Diskuter dei mest openberre sceniske forholda med elevane. Kva rolle har dirigenten? Kva gjer konsertmeisteren? 6

Musikk i bilete. ein konsert med Trondheim Symfoniorkester. Konsert for 1. - 7. årstrinn

Musikk i bilete. ein konsert med Trondheim Symfoniorkester. Konsert for 1. - 7. årstrinn 2010 2011 Musikk i bilete ein konsert med Trondheim Symfoniorkester Konsert for 1. - 7. årstrinn : Musikk i bilete Om programmet Vi har kalla konserten Musikk i bilete, og konserten vil fokusere på bilete

Detaljer

Musikk i bilder. Konsert for 1. - 7. årstrinn

Musikk i bilder. Konsert for 1. - 7. årstrinn Musikk i bilder en konsert med Trondheim Symfoniorkester y o r Konsert for 1. - 7. årstrinn : MUSIKK I BILDER OM PROGRAMMET Vi har kalt konserten Musikk i bilde, og konserten vil fokusere på bilder i musikken.

Detaljer

Frevo. gitarheltar. Konsert for 8. - 10. årstrinn

Frevo. gitarheltar. Konsert for 8. - 10. årstrinn Frevo gitarheltar Konsert for 8. - 10. årstrinn : Frevo PROGRAMMET Kva kjenneteiknar ein gitarhelt? Eit kjent riff? Må ein vere ein god gitarist, eller held det å ha langt hår? Uansett sjanger er nitid

Detaljer

Melankoliens historie. Melankoli er gleda ved å vere trist. Victor Hugo. Konsert for 8. - 10. årstrinn

Melankoliens historie. Melankoli er gleda ved å vere trist. Victor Hugo. Konsert for 8. - 10. årstrinn 2012 2013 Melankoliens historie Melankoli er gleda ved å vere trist. Victor Hugo Konsert for 8. - 10. årstrinn : Melankoliens historie Om programmet Det blir ofte sagt at ein melankolikar er eit unntaksmenneske

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

Mhoo. Heime bra, men borte best

Mhoo. Heime bra, men borte best 2012 2013 Mhoo Heime bra, men borte best Mhoo skriv bra låtar heime, men aller best når dei er tusen mil unna kvardagane og kan sjå det store i dei små, enkle tinga. Konsert for 8.- 10. årstrinn : Mhoo

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Vennskap. SISU perkusjonensemble. konsert for 1.-7. årstrinn

Vennskap. SISU perkusjonensemble. konsert for 1.-7. årstrinn Vennskap SISU perkusjonensemble konsert for 1.-7. årstrinn PROGRAMMET Vennskap er en intim og visuell konsert, der musikken forteller om vennskapets muligheter og besværligheter. Det er like viktig å lytte

Detaljer

Nynorsk Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo Hovudtest Elevspørjeskjema 8. klasse Rettleiing I dette heftet vil du finne spørsmål om deg sjølv. Nokre spørsmål dreier seg

Detaljer

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv. Særemne 3-100 år med stemmerett I 2013 er det hundre år sidan alle fekk stemmerett i Noreg. På Norsk Folkemuseum arbeider vi i desse dagar med ei utstilling som skal opne i høve jubileet. I 2010 sendte

Detaljer

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue

Detaljer

FRÅ BUENOS AIRES TIL RIO Eventyr, tango og samba

FRÅ BUENOS AIRES TIL RIO Eventyr, tango og samba 2012 2013 FRÅ BUENOS AIRES TIL RIO Eventyr, tango og samba Konsert for 1. - 7. årstrinn : Frå Buenos Aires til Rio PROGRAMMET Ein brasiliansk og to norske musikarar tek publikum med på ei rytmisk reise

Detaljer

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert 15.06.09

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert 15.06.09 TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE Sist redigert 15.06.09 VISJON TILTAK Stord kulturskule skal vera eit synleg og aktivt kunstfagleg ressurssenter for Stord kommune, og ein føregangsskule for kunstfagleg

Detaljer

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Joakim Hunnes. Bøen. noveller Joakim Hunnes Bøen noveller Preludium Alt er slik det plar vere, kvifor skulle noko vere annleis. Eg sit ved kjøkenvindauget og ser ut. Det snør, det har snødd i dagevis, eg har allereie vore ute og moka.

Detaljer

Dokumentarfilm. undervisningsopplegg på ein eller to timar for niande og tiandeklasse

Dokumentarfilm. undervisningsopplegg på ein eller to timar for niande og tiandeklasse Mål med opplegget Dokumentarfilm undervisningsopplegg på ein eller to timar for niande og tiandeklasse Gi ei forståing av ulike måtar å lage dokumentarfilm på og samstundes ei forståing av kva dokumentarfilm

Detaljer

Musikkfantasier - for solobratsj elektronikk og elever

Musikkfantasier - for solobratsj elektronikk og elever Musikkfantasier - for solobratsj elektronikk og elever Bergmund Waal Skaslien Konsert for 1. - 7. årstrinn PROGRAMMET Konserten vil være et tett på møte med en elastisk musiker som beveger seg i ulike

Detaljer

MEDLEMSINFO. august 2009

MEDLEMSINFO. august 2009 MEDLEMSINFO august 2009 No er ferien over! Sidan siste medlemsinfo har vi slett ikkje hatt ferie. Denne sommaren har vore veldig aktiv. Tusen takk til alle dokke som har stått på i sommar!! Det har vore

Detaljer

Sagoland. The JETS ein jazzkonsert med smak av Sverige. Klassetrinn 1.- 7. trinn

Sagoland. The JETS ein jazzkonsert med smak av Sverige. Klassetrinn 1.- 7. trinn 2012 2013 Sagoland The JETS ein jazzkonsert med smak av Sverige Klassetrinn 1.- 7. trinn : Sagoland programmet Svante Söderqvist og Tomas Nyqvist var i fleire år kollegaer i Estrad Norr (musikarordningai

Detaljer

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 1 SETNINGSLEDD Verbal (V) Eit verbal fortel kva som skjer i ei setning. Verbalet er alltid laga

Detaljer

DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN

DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN DEN KULTURELLE SKULESEKKEN Den kulturelle skulesekken er ei nasjonal satsing, og er eit samarbeid mellom Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet.

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK Minnebok NYNORSK 1 Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. Når vi er triste,

Detaljer

HardingBaroque KONSERTINFORMASJON. RIKSTaMMVANE. Skulekonsertordninga til Rikskonsertane

HardingBaroque KONSERTINFORMASJON. RIKSTaMMVANE. Skulekonsertordninga til Rikskonsertane KONSERTINFORMASJON Skulekonsertordninga til Rikskonsertane HardingBaroque "1 Hardmigei; ikke hulgt herfra, gjøre Bonder-Drengene endogsaa deres egne Violiner til at spille paa, saa gode at inan har forsikret

Detaljer

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer: Velkomen til Dette heftet tilhøyrer: 1. samling: Kva er Bibelen? Skapinga. Babels tårn Forskaroppgåve 1 På denne samlinga har vi snakka om Bibelen. Det er ei gammal bok som har betydd mykje for mange.

Detaljer

Rapport Mandatory Assigment 06 Photo Essay. Malin Ersland Bjørgen 07.02.2014

Rapport Mandatory Assigment 06 Photo Essay. Malin Ersland Bjørgen 07.02.2014 Rapport Mandatory Assigment 06 Photo Essay Malin Ersland Bjørgen 07.02.2014 Innledning Eg valde å tolke oppgåva slik at ein skulle framstille ein «historie» kun ved hjelp av bilete. Eg tolka det òg slik

Detaljer

Vennskap. SISU perkusjonensemble. Konsert for årstrinn. Foto Morten Eckersberg

Vennskap. SISU perkusjonensemble. Konsert for årstrinn. Foto Morten Eckersberg 2010 2011 Vennskap SISU perkusjonensemble Konsert for 1. - 7. årstrinn Foto Morten Eckersberg : Vennskap Om programmet Vennskap er en konsert der musikken på en abstrakt måte forteller om vennskapets muligheter

Detaljer

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Aktivitetsark med oppgåveidear og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginalar DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING

Detaljer

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid) Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte

Detaljer

Den musikalske regnbuen

Den musikalske regnbuen Den musikalske regnbuen - Arcoiris musical - Musikk kan være som regnbuen,den kan ha mange ulike farger. Men det er ikke sikkert alle ser de samme fargene samtidig. Klassetrinn: 1. - 7. klasse OM PROGRAMMET

Detaljer

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08 Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08 Alternative titlar: Vurderingsarbeid: Arbeid med kvalitet i skolen i spenning mellom

Detaljer

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Samandrag og stikkord om filmen Det er seinsommar i Bergen. Thomas må flytte til gråsonen, ein omplasseringsheim for unge, som av ulike grunnar ikkje har nokon stad

Detaljer

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk Reglar for poenggjeving på oppgåvene (sjå konkurransereglane) : Rett svar gir 5 poeng. Galt svar gir 0 poeng Blank gir 1 poeng. NB: På oppgåvene 2 og 5 får ein 5 poeng for 2 rette svar. Eitt rett svar

Detaljer

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum.

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum. Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum.no Spørjeliste nr. 253 Fadderskap Den som svarar på lista er samd i at svaret

Detaljer

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal Sentralt gitt eksamen NOR0214, NOR0215 og NOR1415, 10. årstrinn Våren 2015 Åndalsnes 29.06.15 Anne Mette Korneliussen

Detaljer

Klangbilde. Hva er musikk? Hva er ikke musikk? Går det an å spille til et bilde dere har laget? Denne gangen skal dere få bestemme dette selv.

Klangbilde. Hva er musikk? Hva er ikke musikk? Går det an å spille til et bilde dere har laget? Denne gangen skal dere få bestemme dette selv. Klangbilde Hva er musikk? Hva er ikke musikk? Går det an å spille til et bilde dere har laget? Denne gangen skal dere få bestemme dette selv. Konsert for 1. - 4/5.- 7. årstrinn Om programmet Hva er musikk?

Detaljer

Rikskonsertenes Skolekonsertordning. Klangbein. Klassetrinn: 1. - 7. klasse Produsent: Scene Finnmark Produksjonsnummer: 113HY17

Rikskonsertenes Skolekonsertordning. Klangbein. Klassetrinn: 1. - 7. klasse Produsent: Scene Finnmark Produksjonsnummer: 113HY17 Klangbein Klassetrinn: 1. - 7. klasse Produsent: Scene Finnmark Produksjonsnummer: 113HY17 PROGRAMMET Klangbein fortelle historier ved bruk av musikalske og visuelle elementer. Konsertens språk veksler

Detaljer

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A Skriftlig eksamen i Matematikk 1, 4MX15-10E1 A 15 studiepoeng ORDINÆR EKSAMEN 19. desember 2011. BOKMÅL Sensur faller innen onsdag 11. januar 2012. Resultatet blir tilgjengelig på studentweb første virkedag

Detaljer

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Alle borna i 1 klasse byrjar å bli trygge i sine nye omgivelser.

Detaljer

Ka vil DU velje? - hjelp til å g jere det rette yrkesvalet

Ka vil DU velje? - hjelp til å g jere det rette yrkesvalet Ka vil DU velje? - hjelp til å g jere det rette yrkesvalet Dei 12 utdanningsprogramma er: Ka vil DU velje? 3 studieførebuande: Musikk, dans og drama Idrettsfag Studiespesialisering Val av utdanning er

Detaljer

mmm...med SMAK på timeplanen

mmm...med SMAK på timeplanen mmm...med SMAK på timeplanen Eit undervisningsopplegg for 6. trinn utvikla av Opplysningskontora i landbruket i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet. Smakssansen Grunnsmakane Forsøk 1 Forsøk 2

Detaljer

Nasjonale prøver 2005. Matematikk 7. trinn

Nasjonale prøver 2005. Matematikk 7. trinn Nasjonale prøver 2005 Matematikk 7. trinn Skolenr.... Elevnr.... Gut Jente Nynorsk 9. februar 2005 TIL ELEVEN Slik svarer du på matematikkoppgåvene I dette heftet finn du nokre oppgåver i matematikk. Dei

Detaljer

Informasjon til elevane

Informasjon til elevane Informasjon til elevane Skulen din er vald ut til å vere med i undersøkinga RESPEKT. Elevar ved fleire skular deltek i undersøkinga, som vert gjennomført av Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger.

Detaljer

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER AV ALF KJETIL WALGERMO Mitt bankande hjarte. Ungdomsroman. Cappelen Damm, 2011 Mor og far i himmelen. Illustrert barnebok. Cappelen Damm, 2009 Keegan og sjiraffen. Illustrert

Detaljer

Hei alle sjøstjerneforeldre

Hei alle sjøstjerneforeldre Hei alle sjøstjerneforeldre Tida flyg og me er godt i gong med oktober månad. Me har fine dagar på avdelinga og mykje fint haustvær har gjort til at me har vore mykje ute. Me har no jobba jamt og trutt

Detaljer

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Mål: Elevane skal kjenne til utbreiinga av hallingmålet i nærmiljøet. Dei skal vita noko om korleis hallingmålet har utvikla seg

Detaljer

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. HEILSETNINGAR 2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. Vi reiser til Cuba. Carmen les ei bok. Arne lagar middag. Luisa er på skulen. Det snør. I

Detaljer

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba. LEDDSETNINGAR 1 Gjer setningane om til forteljande leddsetningar. Carmen er kona hans. Luisa går på skule i byen. Leo er tolv år. Ålesund er ein fin by. Huset er raudt. Det snør i dag. Bilen er ny. Arne

Detaljer

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse KOMPETANSEMÅL Generelt om naturfag: Kunnskap om, forståelse av og opplevelser i naturen kan fremme viljen til å verne om naturressursene, bevare

Detaljer

Gode melodier Olav Kallhovd, piano Ola Fjellvikås, sang

Gode melodier Olav Kallhovd, piano Ola Fjellvikås, sang Gode melodier Olav Kallhovd, piano Ola Fjellvikås, sang Konsert for 1. - 7. årstrinn : Gode melodier PROGRAMMET Ola og Olav er på jakt etter den gode melodien. De har samlet ett knippe gode melodier som

Detaljer

Besøk frå Brasil. Choro betyr liten gråt, men er eigentleg ein ganske glad og munter musikk

Besøk frå Brasil. Choro betyr liten gråt, men er eigentleg ein ganske glad og munter musikk 2012 2013 Besøk frå Brasil Choro betyr liten gråt, men er eigentleg ein ganske glad og munter musikk som oppstod i Rio de Janeiro i Brasil for over hundre år sidan. Konsert for 1. - 7. årstrinn programmet

Detaljer

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema. 1 Oppdatert 16.05.09 Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.) Velkommen til Hordaland fylkeskommune sin portal

Detaljer

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman Olaug Nilssen Få meg på, for faen Roman 2005 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2012 ISBN 978-82-521-8231-6 Om denne boka Ein humorstisk roman om trongen

Detaljer

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går i.

Detaljer

Psykologisk førstehjelp i skulen

Psykologisk førstehjelp i skulen Psykologisk førstehjelp i skulen Fagnettverk for psykisk helse Sogndal 21. mars 2014 Solrun Samnøy, prosjekt leiar Psykologisk førstehjelp Sjølvhjelpsmateriell laga av Solfrid Raknes Barneversjon og ungdomsversjon

Detaljer

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn Jobbskygging side 1 Jobbskygging Innhald Handverk, industri og primærnæring Omgrepa handverk, industri og primærnæring. Kva betyr omgrepa? Lokalt næringsliv etter 1945 Korleis har lokalt næringsliv utvikla

Detaljer

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet Samtaleguide om lesing Innleiing Samtaleguiden er meint som ei støtte for opne samtalar mellom lærar, elev og foreldre. Merksemda blir retta mot lesevanar, lesaridentitet

Detaljer

Frå novelle til teikneserie

Frå novelle til teikneserie Frå novelle til teikneserie Å arbeide umarkert med nynorsk som sidemål Undervisningsopplegget Mykje av inspirasjonen til arbeidet med novella, er henta frå i praksis: nynorsk sidemål i grunnskule 1 (2008).

Detaljer

Musikk på serbisk. Konsert for 1. - 7. årstrinn

Musikk på serbisk. Konsert for 1. - 7. årstrinn 2012 2013 Musikk på serbisk Visste du at de samme sangene som du pleier å synge, blir sunget rundt om i hele verden, men at de høres forskjellig ut i forskjellige land? Konsert for 1. - 7. årstrinn : Musikk

Detaljer

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg Rundt 1000 var samla på Gulatinget for å feire Grunnlova. Foto: Anne Hovland Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg Anne Hopland http://www.firda.no/nyhende/article7453154.ece Publisert 01.07.2014

Detaljer

Haddy syng ut. - det handler om å tore. Haddy N`jie vokal/gitar Øystein Bergsvik perkusjon /gitar Stein Urheim gitar/vokal

Haddy syng ut. - det handler om å tore. Haddy N`jie vokal/gitar Øystein Bergsvik perkusjon /gitar Stein Urheim gitar/vokal Haddy syng ut - det handler om å tore Foto: Fredrik Lyngås Pedersen Haddy N`jie vokal/gitar Øystein Bergsvik perkusjon /gitar Stein Urheim gitar/vokal Klassetrinn : 8.- 10. klasse : Haddy syng ut - det

Detaljer

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt

Detaljer

FRA BUENOS AIRES TIL RIO Eventyr, tango og samba

FRA BUENOS AIRES TIL RIO Eventyr, tango og samba 2012 2013 FRA BUENOS AIRES TIL RIO Eventyr, tango og samba Konsert for 1. - 7. årstrinn : Frå Buenos Aires til Rio PROGRAMMET Én brasiliansk og to norske musikere tar publikum med på en rytmisk reise fra

Detaljer

SPØRJEGRUPPE: HORNINDAL SKULE 8.-10 KLASSE

SPØRJEGRUPPE: HORNINDAL SKULE 8.-10 KLASSE SPØRJEGRANSKING Om leselyst og lesevanar blant unge SPØRJEGRUPPE: HORNINDAL SKULE 8.-10 KLASSE Irene, Terese, Sigurd, Lars i 10.klasse ved Sunnylven skule 2012/13 INNHALD Innleiing... 3 Diagram og Kommentarar...

Detaljer

Nynorsk. Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo. 4. klasse

Nynorsk. Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo. 4. klasse Nynorsk Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo Hovudtest Skolespørjeskjema 4. klasse Rettleiing Skolen din har sagt seg villig til å vere med i TIMSS 2003, ein stor internasjonal

Detaljer

6. trinn. Veke 24 Navn:

6. trinn. Veke 24 Navn: 6. trinn Veke 24 Navn: Takk for ei fantastisk fin førestilling i går! Det var veldig kjekt å sjå dykk, både på formiddagen og på ettermiddagen. Eg vart veldig stolt! No må vi få rydda opp og pakka litt

Detaljer

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene Framtidas bustadbehov blir i hovudsak påverka av størrelsen på folketalet og alderssamansettinga i befolkninga. Aldersforskyvingar i befolkninga forårsakar

Detaljer

Saksgang Møtedato Saksnr Kultur- og oppvekstutvalet 15.05.2012 020/12 Bystyret 07.06.2012 060/12

Saksgang Møtedato Saksnr Kultur- og oppvekstutvalet 15.05.2012 020/12 Bystyret 07.06.2012 060/12 FLORA KOMMUNE Saksgang Møtedato Saksnr Kultur- og oppvekstutvalet 15.05.2012 020/12 Bystyret 07.06.2012 060/12 Sakshandsamar: Margit Drivenes Kløvfjell Arkiv: K2-C00, K2-A10 Objekt: Arkivsaknr 12/848 KULTURPROGRAM

Detaljer

Captain Credible. Daniel Lacey-McDermott - Captain Credible. Konsert for 8. - 10. årstrinn

Captain Credible. Daniel Lacey-McDermott - Captain Credible. Konsert for 8. - 10. årstrinn 2012 2013 Captain Credible Daniel Lacey-McDermott - Captain Credible Konsert for 8. - 10. årstrinn : Captain Credible programmet Liveshowa til Captain Credible er omtalt som noko av det mest spesielle

Detaljer

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn Jobbskygging side 1 ELEVARK 8 trinn Jobbskygging Innhald Yrke og utdanning i familien min Nettverk og kompetanse. Kva betyr omgrepa? Slektstreet mitt Yrkesprofil Stilling og ansvarsområde. Kva betyr omgrepa?

Detaljer

7. Festivalar. 30 millionar til musikkfestivalar. Knutepunktfestivalane 61 millionar kroner i støtte. 82 Statistisk sentralbyrå

7. Festivalar. 30 millionar til musikkfestivalar. Knutepunktfestivalane 61 millionar kroner i støtte. 82 Statistisk sentralbyrå 7. Festivalar 7.1. Nokre resultat Festivalane set framleis sitt preg på kultur-noreg med millionar av festivaldeltakarar. Festivalane representerer ulike sjangrar, men musikkfestivalane er i fleirtal og

Detaljer

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge KPI-Notat 4/2006 Når sjøhesten sviktar Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge En notatserie fra Kompetansesenter for pasientinformasjon og pasientopplæring Side 1 Sjøhesten (eller hippocampus)

Detaljer

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE Side 1 Tingvoll, 21. september 2013 NVE FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE Naturvernforbundet har gått langs elva på den planlagde utbyggingsstrekninga 15.9.2013. Vi har ikkje gått traseen

Detaljer

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: 24.11. 2014 SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: 24.11. 2014 SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 24.11. 2014 SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Omdømmemåling 2014 ARKIVSAK: 2014/816/ STYRESAK: 145/14 STYREMØTE: 08.12. 2014 FORSLAG

Detaljer

Samansette tekster og Sjanger og stil

Samansette tekster og Sjanger og stil MAPPEOPPGÅVE 5 Samansette tekster og Sjanger og stil Skreve av Kristiane, Renate, Espen og Marthe Glu 5-10, vår 2011 I denne oppgåva skal me først forklare kva ein samansett tekst er, og kvifor samansette

Detaljer

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR TIME KOMMUNE Arkiv: K1-070, K3-&32 Vår ref (saksnr.): 08/1355-6 JournalpostID: 08/14810 Saksbeh.: Helge Herigstad BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR Saksgang: Utval Saksnummer

Detaljer

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom

Detaljer

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Kvifor kan ikkje alle krølle tunga Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Innhaldsliste: Framside med problemstilling Hypoteser Plan Spørjeskjema Arbeid med prosjektet Kjønn Trening Alder

Detaljer

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse Samarbeid mellom og Miljølære Matpakkematematikk Data frå Miljølære til undervisning Statistikk i 7.klasse Samarbeid mellom og Miljølære Lag riktig diagram Oppgåva går ut på å utarbeide ei grafisk framstilling

Detaljer

Konsertinformasjon MUSIKKMAT. Rikskonsertenes Skolekonsertordning. Turneen er eit samarbeid mellom. Klassetrinn 1-4 trinn.

Konsertinformasjon MUSIKKMAT. Rikskonsertenes Skolekonsertordning. Turneen er eit samarbeid mellom. Klassetrinn 1-4 trinn. Konsertinformasjon Rikskonsertenes Skolekonsertordning MUSIKKMAT Klassetrinn 1-4 trinn. Turneen er eit samarbeid mellom. Om musikerne og programmet KJELL INGE TORGERSEN Kjell Inge Torgersen er en artist

Detaljer

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving Berre spør! Undersøking Få svar I behandling På sjukehuset Er du pasient eller pårørande? Det er viktig at du spør dersom noko er uklart. Slik kan du hjelpe til med å redusere risikoen for feil og misforståingar.

Detaljer

FRÅ BUENOS AIRES TIL RIO Eventyr, tango og samba

FRÅ BUENOS AIRES TIL RIO Eventyr, tango og samba FRÅ BUENOS AIRES TIL RIO Eventyr, tango og samba Konsert for 1. - 7. årstrinn : Frå Buenos Aires til Rio PROGRAMMET Ein brasiliansk og to norske musikarar tek publikum med på ei rytmisk reise frå Argentina

Detaljer

5. Scenekunst, teater og dans

5. Scenekunst, teater og dans Kulturstatistikk Scenekunst, teater og dans Liv Taule 5. Scenekunst, teater og dans Institusjonsteatra hadde til saman nær,4 millionar tilskodarar på 7 773 framsyningar i. I gjennomsnitt var det 77 tilskodarar

Detaljer

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode Ved Kari Vik Stuhaug Helsepedagogikk Helse Fonna 5. Mars 2015 09.03.2015 Kari Vik Stuhaug, LMS Helse Fonna 1 Kva gjer du når du får eit problem? Og kva

Detaljer

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Kvam herad Bruka e-post lesaren til Kvam herad Alle ansatte i Kvam herad har gratis e-post via heradet sine nettsider. LOGGE INN OG UT AV E-POSTLESAREN TIL

Detaljer

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd VISJON I arbeidet for og med dei medarbeidarane i Fjell sokn har vi utarbeida ein visjon: I Fjell sokn vil vi

Detaljer

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking Bjørn og Rovdyr Innhold Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders rjeundersøking For eller imot bjørn i Jostedalen? Intervju med nokre ikkje-bønder i dalen Intervju med nokre bønder i dalen

Detaljer

Page 1 of 7 Forside Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivast på skolen. Det er frivillig å svare på undersøkinga,

Detaljer

Metodiske verktøy ved kursleiing

Metodiske verktøy ved kursleiing Metodiske verktøy ved kursleiing Lærings- og Meistringssenter Helse Fonna 30.03.2015 Metodiske verktøy - LMS Helse Fonna 1 Runde Enkel måte å få alle til å delta: Gi ei enkel oppgåve som er mogeleg for

Detaljer

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET ADMINISTRASJONSUTVALET MØTEINNKALLING Møtedato: 03.09.2015 Møtestad: Heradshuset Møtetid: Kl. 16:00 Merk deg møtetidspunktet! Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melde frå

Detaljer

Klangbilde. Hva er musikk? Hva er ikke musikk? Går det an å spille til et bilde dere har laget? Denne gangen skal dere få bestemme dette selv.

Klangbilde. Hva er musikk? Hva er ikke musikk? Går det an å spille til et bilde dere har laget? Denne gangen skal dere få bestemme dette selv. Klangbilde Hva er musikk? Hva er ikke musikk? Går det an å spille til et bilde dere har laget? Denne gangen skal dere få bestemme dette selv. Konsert for 1. - 7. årstrinn Om programmet Hva er musikk? Hva

Detaljer

Vurdering for læring - prosjektsamarbeid mellom skulane i Jærnettverket

Vurdering for læring - prosjektsamarbeid mellom skulane i Jærnettverket Vurdering for læring - prosjektsamarbeid mellom skulane i Jærnettverket OB Starta med å besøkja alle ressursgruppene 25 stk Skulebesøk Ca 1 2 timar på kvar plass Skulane hadde svært ulikt utgangspunkt

Detaljer

ehandel og lokalt næringsliv

ehandel og lokalt næringsliv ehandel og lokalt næringsliv Kvifor ehandel? Del av regjeringas digitaliseringsarbeid det offentlege skal tilby digitale løysingar både til enkeltpersonar og næringsliv Næringslivet sjølve ønskjer ehandel

Detaljer

Eplemøya Om jenter og sauer

Eplemøya Om jenter og sauer Eplemøya Om jenter og sauer Konsert for 8. - 10. årstrinn : Eplemøya PROGRAMMET OG MUSIKARANE Den vitale og nyskapande vokaltrioen Eplemøya Songlag består av Liv Ulvik (folkesongar), Wenche Losnegård (jazzvokalist)

Detaljer

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr. 1-2015

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr. 1-2015 Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes AUD-notat nr. 1-2015 Bakgrunn og metode Undersøkinga er utført på oppdrag frå Næringsseksjonen i Hordaland fylkeskommune Bakgrunnen

Detaljer

FAGPLAN I MUSIKK FOR 1. ÅRSTRINN, GOL SKULE. MÅL FOR TRINNET Kva skal elevane lære, kunne, mestre innanfor kompetansemålet

FAGPLAN I MUSIKK FOR 1. ÅRSTRINN, GOL SKULE. MÅL FOR TRINNET Kva skal elevane lære, kunne, mestre innanfor kompetansemålet FAGPLAN I MUSIKK FOR 1. ÅRSTRINN, GOL SKULE KOMPETANSEMÅL FRÅ L-06 ETTER 2. ÅRSTRINN MÅL FOR TRINNET Kva skal elevane lære, kunne, mestre innanfor kompetansemålet Musisere Mål for opplæringen er at eleven

Detaljer

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Teknikk og konsentrasjon viktigast Teknikk og konsentrasjon viktigast Karoline Helgesen frå Bodø er bare 13 år, men hevdar seg likevel godt i bowling der teknikk og konsentrasjon er viktigare enn rein styrke. Ho var ein av dei yngste finalistane

Detaljer

Brukarrettleiing. epolitiker

Brukarrettleiing. epolitiker Brukarrettleiing epolitiker 1 Kom i gang Du må laste ned appen i AppStore Opne Appstore på ipaden og skriv «epolitiker» i søkjefeltet øvst til høgre. Trykk på dette ikonet og deretter på «hent» og til

Detaljer

Intro klassisk. Ung stjerne. Konsert for 1. - 7. årstrinn. Utdanningsetaten. Oslo kommune

Intro klassisk. Ung stjerne. Konsert for 1. - 7. årstrinn. Utdanningsetaten. Oslo kommune 2011 2012 Intro klassisk Ung stjerne Konsert for 1. - 7. årstrinn Oslo kommune Utdanningsetaten : Intro klassisk PROGRAMMET INTRO-klassisk er et toårig lanseringsprogram administrert av Rikskonsertene.

Detaljer

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer leseser ie Nynorsk Julius Cæsar Norsk for barnetrinnet slaget Ved alesia Den mest berømte av motstandarane til Cæsar under gallarkrigen var gallarhovdingen

Detaljer

Den regionale styredagen i. Sogn og Fjordane

Den regionale styredagen i. Sogn og Fjordane Den regionale styredagen i Sogn og Fjordane Rica Sunnfjord Hotel, Førde torsdag den 16. mars 2006 Arrangør: StyreAkademiet Sogn og Fjordane Stryn Næringshage, Tinggata 3. 6783 Stryn www.styreakademiet.no

Detaljer