Aterosklerose. Av Harald Vik-Mo, NTNU / Hjertemedisinsk avdeling, St Olavs Hospital, Trondheim

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Aterosklerose. Av Harald Vik-Mo, NTNU / Hjertemedisinsk avdeling, St Olavs Hospital, Trondheim"

Transkript

1 1 Aterosklerose Av Harald Vik-Mo, NTNU / Hjertemedisinsk avdeling, St Olavs Hospital, Trondheim Aterosklerose, eller åreforkalkning, er ein sjukdom karakterisert ved avleiring av materiale i veggen til store og middels store arterier. Aterosklerose kan affisere mange ulike organ. Dei vanlegaste organa som blir affisert er aorta, hjarta, hjerne, nyrer og arterier i underekstremitetane, men aterosklerose kan førekoma i alle organ. Aterosklerose: Frå gresk der athere betyr graut /grøt og skleros hard, dvs hard graut i arterieveggen Aterosklerose er svært vanleg i vår del av verda, og aterosklerotisk sjukdom står for meir enn halvparten av alle dødsfall i Norge. Aterosklerosen kan ha denne konsekvens: Trang blodåre (stenose) med sekundært redusert blodtilførsel i forsyningsområdet for arterien Tett (okkludert) blodåre med celledød (nekrose) av vevet i forsyningsområdet Svak vegg i arterien med utviding av åreveggen (aneurysme) og risiko for ruptur Vi kjenner ei rekkje forhold som disponerer for utvikling av aterosklerose knytt til arv og livsstil. Dei vanlegaste aterosklerotiske sjukdomane er: Aorta aneurysme (utviding) eller ruptur i hovedpulsåra (aorta) Hjarta hjarteinfarkt og angina pectoris Arterier i underekstremitetane redusert blodforsyning: Claudicatio intermittens eller gangren. Hjerne - hjerneslag

2 2 Hjarteinfarkt Hjerneslag Gangren i under- Aortaaneurysme ekstremitetane Figuren viser ulike organ med alvorleg aterosklerotisk sjukdom Forhold som disponerer for aterosklerose Aterosklerotiske sjukdomar er den dominerande dødsårsak i Europa og Nord- Amerika, og er langt mindre vanleg i Afrika, Asia og Sentral- og Sør-Amerika. Både genetiske (familiære) forhold og levevis spelar rolle for utvikling av aterosklerose. Iskemisk hjartesjukdom (hjarteinfarkt og angina pectoris) er 6 gonger hyppigare i USA enn i Japan. Men blant japanere som har flytta til USA og har adoptert livsstil og kost, er aterosklerose like vanleg som hos resten av befolkningen i USA. Risikofaktorer for utvikling av aterosklerose Hovedfaktorar Ikkje modifiserbare Alder Mannleg kjønn Genetisk disposisjon Prinsippielt modifiserbare Hyperkolesterolemi Arteriell hypertensjon Røyking Diabetes mellitus Risikofaktorar som er svakare eller mindre etablerte Overvekt Fysisk inaktivitet Stress Type A personlegdom Homocystein Fibrinogen Alkohol Høgt inntak av karbohydrater Alder er dominerande risikofaktor. Frå 40 til 60 års alder er det 5-fold auka risiko for hjarteinfarkt. Auka risiko for aterosklerotiske sjukdomar stig med alderen hos begge kjønn. Kvinner har mindre aterosklerotiske sjukdomar fram til menopausen, men deretter aukar risikoen raskt slik at eldre kvinner har same risiko som menn. Aterosklerotisk sjukdom hos

3 3 kvinner er derfor sjeldan før menopausen dersom det ikkje er andre sterke risikoforhold. Den familiære predisponering for aterosklerotiske sjukdomar er mest sannsynleg polygen, der det dels kan vera familiær opphopning av andre risikofaktorer (diabetes, hypertensjon) eller meir veldefinerte genetiske forhold. Det er også slik at levemåte kan gå igjen i familiar - som kostog røykevanar. Hyperlipemi er viktig risikofaktor for aterosklerose. Risikoen gjeld hovedsakleg høg konsentrasjon av kolesterol i blodet, og i mindre grad høgt nivå av triglycerider. Kolesterol sirkulerer i blodet bunde til ulike proteiner. LDL-kolesterol (LDL = Low densisty lipoprotein) synest ha størst betydning for utvikling av aterosklerose. Endotelet som dekkjer innsida av arteriene, er permeabelt for LDL slik at LDL-kolesterol kan gå inn i åreveggen - i intima som er lokalisert like under endotelet. Kolesterol kan ikkje brytast ned i åreveggen. Eit anna lipoprotein, HDL (High density lipoprotein), vil transportere kolesterol ut frå åreveggen til levera der kolesterol kan bli metabolisert og bli skilt ut. Det vil slik føregår ein kontinuerleg transport av lipoproteiner med kolesterol inn og ut av åreveggen. I epidemiologiske studiar er det ein nær samanheng mellom konsentrasjonen av LDLkolesterol i blodet og seinare utvikling av aterosklerotisk hjartesjukdom som hjarteinfarkt. Omvendt vil personar som har høg konsentrasjon av HDL-kolesterol, ha redusert risiko for aterosklerotiske sjukdomar. Generelt reknar ein at 60-70% av totalkolesterol eller LDL-kolesterol hos ein pasient er determinert frå genetiske faktorer, mens resten kjem frå andre faktorer. Det er fleire former for familiær hyperkolesterolemi. Høgt blodtrykk er ein sterk risikofaktor for utvikling av aterosklerose. Det gjeld både systolisk og diastolisk hypertensjon. Røyking, og spesielt sigarettrøyking, aukar risikoen for aterosklerose. Tilbakegangen av sigarettrøyking blant menn i Norge er sannsynlegvis viktig årsak for tilbakegangen av hjarteinfarkt den siste dekade.

4 4 Hypoteser om årsaka til aterosklerose Risikofaktor for utvikling av aterosklerose betyr at det i studier er funne at individ med visse karakteristika som alder, kjønn, høg kolesterolkonsentrasjon mv, har større statistisk sjangse for å utvikle aterosklerose. Ein slik statistisk samanheng fortel ikkje utan videre noko om årsakssamanhengen. Den eigenlege årsaka til utvikling av aterosklerose er ukjend, men det har vore mange ulike hypoteser. Det er mogleg at risikofaktorane har innverknad på endotelet ved at dei induserer ein funksjonsskade endotel dysfunksjon, og at dette er starten på utvikling av aterosklerose. Etter respons på skade hypotesen vil aterosklerose utvikla seg i område av arterien der det oppstår skade i endotelet. Når det oppstår skade i endotelet vil permeabiliteten for m a lipidar og celler bli større. Støtte for denne hypotesen er at aterosklerose oftast oppstår ved deling av arterier der det kan vera turbulens i blodstraumen og lett oppstår skade. Aterosklerose blir også sett på som ein inflammasjons sjukdom der aterosklerosen blir utvikla gjennom cellulær og molekylær respons i karveggen som ved ein kronisk inflammasjon. Etter infeksjonshypotesen er aterosklerose konsekvens av infeksjon med bakterie eller virus. Spesielt har det vore fokusert på infeksjon med chlamydia pneumoniae og helicobacter pylori. Utvikling av aterosklerose Alt i barnealderen kan ein sjå område med lipidrike makrofagar like under endotelet i intima i karveggen (feittstriper). Relasjonen til seinare utvikling av aterosklerotiske plakk er usikker, men dei tidlegaste teikn til aterosklerose blir utvikla i dei same områda der lipidakkumulering i barnealderen er vanlegast. A B C Figuren viser utvikling av aterosklerose frå (A): feittstriper i intima (stadium I og II), (B): fibromuskulært plakk med lipidkjerne, makrofagar, og glatte muskelceller (stadium III) og (C): Meir uttalt lipidkjerne er omgitt av fibøst vev med celler og fibre (som stadium IV).

5 5 I starten er lipidane intracellulært i makrofagar. Etter kvart vil det også bli akkumulert kolesterol ekstracellulært (utanfor cellene). Det er uklart kvifor det skjer opphopning av lipidar på enkelte stader i karveggen, men mest sannsynleg er det som respons på skade i endotelet med sekundært auka permeabilitet for lipidar. Akkumulering av lipidar i intima set i gang ein inflammatorisk reaksjon som fører til innvekst av makrofagar og glatte muskelceller. Makrofagane er monocyttar som har kryssa endotelet. Det blir danna bindevevsmatrix rik på kollagen. På dette stadium er det eit fibromuskulært plakk som er synleg heva over intimaoverflata. Fordelinga av dei ulike komponentane i plakket vil variera sterkt. Det aterosklerotiske plakket veks ved at glatte muskelceller migrerer inn i intima frå media, mest sannsynleg som respons på intimaskade. Glatte muskelceller har spesifikke reseptorer for vekstfaktor som kan frisetjast frå blodplater, aktiverte makrofagar og skadde endotelceller. Neste steg i utvikling av ateromet er nekrose av makrofagar slik at det blir ei ekstracellulær lipidsamling i intima. I denne lipiddelen kan det bli nedslag av kalk. Storleiken av det aterosklerotiske plakket vil auka med tida, men farten i progresjonen vil variera sterkt. Plakket, og derved stenosen i arterien, kan vera uforandra over mange år. Oppbygging av aterosklerotisk plakk Det aterosklerotiske plakket er lokalisert i intima i karveggen og består av feittstoff (lipidar), bindevevsmatrix og celler. Over det aterosklerotiske plakket er det endotel som dekkjer innsida av arterieveggen. Plakket vil gje fokal heving av overflata i arterien og gje eit trangare lumen (stenose) eller tjukkare karvegg med bevart indre lumen. Eit typisk fullt utvikla plakk har ein kjerne med lipidar, hovedsakleg kolesterol og kolesterolester. Omkring denne kjernen er det fibrøst vev og celler, og mot lumen i arterien er plakket dekka med endotel.

6 6 Adventitia Lamina elastica externa Media Lamina elastica interna Intima Fibrøs kappe T-lymfocytt Glatt muskelcelle Makrofag Lipidar Fragmentert lamina elastica interna Fortynning av media Figuren viser tverrsnitt av arterie med aterosklerotisk plakk dekt av tynn fibrøs kappe med endotel, intima med lipidar i marofagar og som kolesterolkrystaller, og inflammasjonsceller. Eit aterosklerotisk plakk har tre hovedkomponentar: 1. Lipidavleiring som kan vera både intra- og ekstra-cellulær 2. Celler, både glatte muskelceller, makrofagar og leukocyttar 3. Ekstracellulær bindevevsmatrix med kollagen og elastiske fibre Disse komponentane opptrer i ulik grad. Vi skil mellom aterosklerotiske plakk i ulik utvikling og med ulik samansetting. Plakket kan vera dominert av lipidar (mjuke plakk) eller har hovedsakleg fibrøst vev (harde plakk). Plakk som har stått lenge vil ofte ha avleiring av kalk. Det er to ulike mekanismer for progresjon av plakk: 1. Tidsavhengig progresjon med gradvis avleiring av lipidar og bindevev i arterieveggen. 2. Rift eller erosjon i endotelkappa over det aterosklerotiske plakket. Dette vil gje trombe eller blødning i arterieveggen, og fører til okklusjon eller trangare stenose (sjå seinare). Utvikling av aterosklerotiske plakk skjer gjennom mange stadier. Den mest vanlege inndelinga av plakk er laga av American Heart Association, og i denne inndelinga blir plakket delt inn i seks stadier. Dei tre første stadiene (1-III) omfattar plakk i utvikling, mens stadium IV-VI er fullt utvikla fibrøse plakk.

7 7. American Heart Association sin inndeling av aterosklerotiske plakk: Aterosklerotiske plakk i utvikling (I-III): Stadium I: Intima fortykning. Makrofager i intima med lipider. Stadium II: Intima xantom. Makrofagar med lipid (skumceller), og ekstracellulære lipiddråpar mellom glatte muskelceller. Inkluderer feittstriper ( fatty streak lesion ) hos barn. Stadium III: Intermediær lesjon. Intermidiære lesjonar som morfologisk er som stadium II, men har meir uttalt feittavleiring. Fullt utvikla aterosklerotiske plakk (IV-VI): Stadium IV: Aterom. Akkumulering av feitt i intima (lipidkjerne). Lipidkjernen er omgitt av fibrøst vev med celler og fibre. Type IV lesjon (stadium IV) blir også kalla aterom. Den karakteristiske lipidkjernen oppstår ved samanflyting av små ekstracellulære lipiddråpar som er karakteristisk for type III lesjonar. Stadium V: Fibroaterom. Lesjonen har rikeleg fibrøst bindevev, og kan ha lipidkjerne. Lesjonar med fibrøst vev og tydeleg lipidkjerne blir kalla fibroaterom. Deler av lesjonen kan innehalda kalk. Lesjonen kan også vera reint fibrøs utan lipidkjerne. Arterier med type V lesjon har stenoser av varierande grad, og vanlegvis trangare stenoser enn ved lesjon type IV. Type V lesjonar kan som ved type IV utvikla rift i endoteloverflata og gje utvikling av trombose eller hematom. Stadium VI: Komplekse lesjonar. Morfologisk er det type IV eller V lesjonar som er komplekse med blødning eller trombose i plakket. Stabile og ustabile aterosklerotiske plakk Aterosklerotiske plakk i stadium IV VI vil gje forsnevring av lumen i arterien (stenose), og gje obstruksjon for blodet avhengig av graden av forsnevring. Frå enkelte aterosklerotiske plakk kan det også utvikla seg tromber som kan stoppa til lumen i arterien (okklusiv trombe).

8 8 Enkelte plakk har større tendens enn andre til å gje utvikling av trombe. Disse plakka har spesiell oppbygning og samansetning. Dette er mjuke plakk ( soft plaque ) og blir også kalla vulnerable plakk. Typisk for vulnerabelt plakk er stor lipidkjerne, makrofagar og inflammasjonsceller i plakket, og tynn endotelkappa som dekkjer lipidkjernen. Det vil lett oppstå erosjon eller rift i endotelet over eit slikt plakk. Innhaldet i plakket vil då koma i kontakt med blodet. Det er fleire komponentar i plakket som ved kontakt med blodet kan setja i gang trombotisk mekanisme gjennom aktivering av blodplater og koagulasjon. Dei viktigaste aktivatorane er kollagen, vevsfaktor og lipidar. Stabilt plakk Ustabilt (vulnerabelt) plakk Figuren viser til venstre stabilt plakk med liten lipidkjerne, fibrøs kappe av glatte muskelceller og endotel. Til høgre ustabilt, vulnerabelt plakk med stor lipidkjerne, infiltrasjon av inflammasjonsceller i kanten av plakket og tynn endotelkappe. Rift i endotelkappa fører til utvikling av trombe på overflata av plakket. Trombe i aterosklerotisk plakk Det er to hovedårsaker til at pasientar med aterosklerose utviklar trombe utgått frå aterosklerotisk plakk: 1. Rift i endotelkappen over plakket ( plakkruptur ) 2. Erosjon av endotelet over plakket. Trombe er ein kombinasjon av aktiverte og samanklumpa (aggregerte) blodplater og koagl med fibrin og blodceller. Igangsetting av trombotisk prosess Når materiale frå aterosklerotisk plakk kjem i kontakt med blod, vil blodplatene bli aktiverte og samtidig blir koagulasjonsprosessen aktivert. Det er fleire komponentar i plakket som kan

9 9 setja i gang disse prosessane. Det aterosklerotiske plakket inneheld lipidar, kollagen og vevsaktivator som kan initiere den trombotiske prosessen. Plakkruptur og erosjon: Rift i endotelkappen over aterosklerotisk plakk skjer i mjuke, vulnerable plakk der endotelkappen er tynn og ofte er infiltrert med inflammasjonsceller. Erosjon av endotelet vil sei skade eller fjerning av endotelceller over plakket slik at deler av plakket blir utan endoteldekke. Ved erosjon i overflaten vil det vanlegvis bli ein trombe som sit i overflata av plakket. Ved rift i endotelkappen vil tromben også kunna gå inn i arterieveggen og føra til trangare stenose. Begge formene kan gje trombe som gjev fullstendig eller berre partiell tilstopping av arterien. Konsekvens av trombe i koronararterie Plakk med stenose Rift i overfalten av plakk Emboli frå trombe Trombe med okklusjon Re-etablert blodstraum Trangare stenose Konsekvenser av rift i endotelkappa over aterosklerotisk plakk.

10 10 Trombe med basis i aterosklerotisk plakk kan ha disse konsekvensane: 1. Fullstendig tilstopping av blodstraumen i arterien (okklusiv trombe). 2. Delvis (partiell) tilstopping av arterien ved at tromben i lumen fører til redusert blodforsyning. 3. Deler av tromben kan riva seg laus og bli ført med blodstraumen. Slike trombefragment (emboli) kan setja seg fast i mindre greiner og gje tilstopping av lodstraumen. 4. Tromben kan hovedsakleg vera lokalisert i arterieveggen (i intima) og gje trangare stenose. 5. Rift i endotelet kan gje blødning inn i arterieveggen. Trykket i blodet kan føra til disseksjon i arterieveggen. Utvikling av trombe med basis i aterosklerotisk plakk kan skje i alle organ med aterosklerose. I hjarta vil trombe i koronararterien gje akutt koronarsyndrom dvs hjarteinfarkt og ustabil angina pectoris. Trombe i koronararterie kan gje ulike sjukdomsbilete avhengig av om det blir komplett eller berre delvis tilstopping av arterien. Litteratur: Stary HC et al. A definition of advanced types of atheroscerotic lesions and a histological classification of atherosclerosis. Circulation 1995; 92: Ross R Atherosclerosis an inflammatory disease. New Engl J Med 1999; 340:

Iskemisk hjartesjukdom

Iskemisk hjartesjukdom 1 Iskemisk hjartesjukdom Koronar aterosklerose, stenosefysiologi og myokardiskemi Av Harald Vik-Mo, NTNU / Hjertemedisinsk avdeling, St Olavs Hospital, Trondheim Synonym: Iskemisk hjartesjukdom Koronarsjukdom

Detaljer

Epidemiologi av hjerte- og karsykdom

Epidemiologi av hjerte- og karsykdom Epidemiologi av hjerte- og karsykdom Trender i forekomst og underliggende risikofaktorer Eva Ringdal Pedersen Hjerteavdelingen Haukeland Universitetssykehus 08.04.2016 TEMA Definisjon av hjerte- og karsykdom

Detaljer

Koronarsirkulasjonen

Koronarsirkulasjonen 1 Koronarsirkulasjonen Av Harald Vik-Mo, NTNU / Hjertemedisinsk avdeling, St Olavs Hospital, Trondheim Koronarsirkulasjonen har blodårer som fører oksygenrikt blod til hjarta (koronararterier) og som fjerner

Detaljer

Diabetes og seinkomplikasjonar

Diabetes og seinkomplikasjonar Diabetes og seinkomplikasjonar Normund Svoen Fastlege Kva er diabetes seinkomplikasjonar? Diabetes mellitus er ein tilstand med auka risiko for seinkomplikasjonar. Risikoen aukar betydelig dersom behandlinga

Detaljer

Hyperkolesterolemi/hyperlipidemi. Leif Erik Vinge, overlege, dr. med. Medisinsk avdeling, Diakonhjemmet sykehus

Hyperkolesterolemi/hyperlipidemi. Leif Erik Vinge, overlege, dr. med. Medisinsk avdeling, Diakonhjemmet sykehus Hyperkolesterolemi/hyperlipidemi Leif Erik Vinge, overlege, dr. med. Medisinsk avdeling, Diakonhjemmet sykehus Bakgrunn Dyslipidemi er en etablert risikofaktor for utvikling av kardiovaskulær sykdom Adderer/potensierer

Detaljer

Hjerte og smerte ikke alltid menn

Hjerte og smerte ikke alltid menn Fotograf: Wilse, A. B. / Oslo byarkiv Hjerte og smerte ikke alltid menn Kjønn og karsykdom Ingrid Os Professor dr.med. Varsellys for kvinnehjerter. Naudsynt med meir forsking og kunnskap om hjerte- og

Detaljer

Inflammasjonens betydning for endotel dysfunksjon og atherosklerose

Inflammasjonens betydning for endotel dysfunksjon og atherosklerose Inflammasjonens betydning for endotel dysfunksjon og atherosklerose Ingebjørg Seljeflot Senter for klinisk hjerteforskning Kardiologisk avdeling Oslo universitetssykehus Ullevål http:/ous-research.no/clinicalheartresearch/

Detaljer

Basiskurs i hjerterehabilitering 24.09.14 Assistentlege Ellen H. Julsrud

Basiskurs i hjerterehabilitering 24.09.14 Assistentlege Ellen H. Julsrud Basiskurs i hjerterehabilitering 24.09.14 Assistentlege Ellen H. Julsrud Hjertets struktur og funksjon Klaffesykdom og hjertesvikt Kransåresykdom-koronar hjertesykdom Åreforkalkningsprosessen (aterosklerose)

Detaljer

RASJONALE FOR STATINER VED BEHANDLING AV AKUTT HJERTE-KAR SYKDOM

RASJONALE FOR STATINER VED BEHANDLING AV AKUTT HJERTE-KAR SYKDOM NTNU Det medisinske fakultet Institutt for fysiologi og biomedisinsk teknikk RASJONALE FOR STATINER VED BEHANDLING AV AKUTT HJERTE-KAR SYKDOM Stig A. Slørdahl Kardiologisk seksjon Regionsykehuset i Trondheim

Detaljer

Hilde Bergum-Furuseth. Sykdomslære Basiskurs i hjerterehabilitering 26.09.2012 v/assistentlege Ellen Julsrud

Hilde Bergum-Furuseth. Sykdomslære Basiskurs i hjerterehabilitering 26.09.2012 v/assistentlege Ellen Julsrud Sykdomslære Basiskurs i hjerterehabilitering 26.09.2012 v/assistentlege Ellen Julsrud Disposisjon Normal anatomi/fysiologi Klaffesykdom, hjertesvikt Koronarsykdom Aterosklerose Symptomer Årsaker/risikofaktorer

Detaljer

Nr. 8/180 EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende. KOMMISJONSFORORDNING (EU) nr. 384/2010. av 5. mai 2010

Nr. 8/180 EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende. KOMMISJONSFORORDNING (EU) nr. 384/2010. av 5. mai 2010 Nr. 8/180 EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende KOMMISJONSFORORDNING (EU) nr. 384/2010 2016/EØS/8/18 av 5. mai 2010 om godkjenning og avslag på godkjenning av visse helsepåstandar om næringsmiddel

Detaljer

HJARTEAVDELINGA MEDIKAMENTELL STRESS-EKKOKARDIOGRAFI

HJARTEAVDELINGA MEDIKAMENTELL STRESS-EKKOKARDIOGRAFI HJARTEAVDELINGA MEDIKAMENTELL STRESS-EKKOKARDIOGRAFI Foto: www.colourbox.com 1 HELSE BERGEN Haukeland universitetssjukehus VELKOMMEN TIL OSS I denne brosjyren finn du informasjon om undersøkinga du skal

Detaljer

Auskultasjon ved klaffefeil

Auskultasjon ved klaffefeil Auskultasjon ved klaffefeil Bilyden ved klaffefeil er ofte så karakteristik at ein kan stilla diagnosen åleine frå anamnese og auskultasjonsfunn. Stetoskopet: Ein kan bruke både membran- og klokkestetoskop.

Detaljer

Relationship Between Cholesterol and CHD Risk: The Framingham Study. Relationship of Serum Cholesterol to Mortality: Seven Countries Study

Relationship Between Cholesterol and CHD Risk: The Framingham Study. Relationship of Serum Cholesterol to Mortality: Seven Countries Study Relationship Between Cholesterol and CHD Risk: The Framingham Study 150 CHD incidence per 1000 125 100 75 50 25 0 204 205 234 235 264 265 294 ³ 295 Serum cholesterol (mg/100 ml) FRM3020 A.C. Rustan (Adapted

Detaljer

En alternativ hypotese som forklarer kjønnsforskjellene i risiko for koronar hjertesykdom

En alternativ hypotese som forklarer kjønnsforskjellene i risiko for koronar hjertesykdom En alternativ hypotese som forklarer kjønnsforskjellene i risiko for koronar hjertesykdom Et av de mest slående trekk ved hjerteinfarktets epidemiologi er kjønnsforskjellen: Sammenliknet med jevnaldrende

Detaljer

HORDALANDD. Utarbeidd av

HORDALANDD. Utarbeidd av HORDALANDD FYLKESKOMMUNE Utflyttingar frå Hardanger Utarbeidd av Hordaland fylkeskommune Analyse, utgreiing og dokumentasjon August 28 INNLEIING: Analysen er utarbeidd som ein del av Hordaland fylkeskommune

Detaljer

Forelesningsnotater akutt hjerteinfarkt forelesning 1

Forelesningsnotater akutt hjerteinfarkt forelesning 1 Forelesningsnotater akutt hjerteinfarkt forelesning 1 Foreleser: prof. Jan Erik Nordrehaug, K2, UiB Bakgrunn Det er en betydelig overvekt av eldre som dør av akutt hjerteinfarkt. Det er fortsatt den viktigste

Detaljer

NOR/310R0384.00T OJ L 113/10, p. 6-10

NOR/310R0384.00T OJ L 113/10, p. 6-10 NOR/310R0384.00T OJ L 113/10, p. 6-10 COMMISSION REGULATION (EU) No 384/2010 of 5 May 2010 on the authorisation and refusal of authorisation of certain health claims made on foods and referring to the

Detaljer

Fakta Grove kornprodukt. Innhald. Grove brød- og kornprodukt Mjøl fint og grovt

Fakta Grove kornprodukt. Innhald. Grove brød- og kornprodukt Mjøl fint og grovt Fakta Grove kornprodukt Innhald Grove brød- og kornprodukt Mjøl fint og grovt VIKTIGE NÆRINGSTOFF I GROVE BRØD- OG KORNPRODUKT Brødskala n Grove brød- og kornprodukter KVIFOR MÅ VI ETE GROVE BRØD- OG KORNPRODUKT?

Detaljer

MPN -BLODPROPP OG BLØDNING Behandling og forebygging

MPN -BLODPROPP OG BLØDNING Behandling og forebygging MPN -BLODPROPP OG BLØDNING Behandling og forebygging Ellen Brodin, Overlege, PhD Avdeling for blodsykdommer, AHUS Oslo 10.09.19 Disposisjon; Blodlevrings systemet- Mekanismer for blodpropp og blødning

Detaljer

Reisevanekartlegging i Hordaland fylkeskommune Fylkesbygget og Skyss.

Reisevanekartlegging i Hordaland fylkeskommune Fylkesbygget og Skyss. Reisevanekartlegging i Hordaland fylkeskommune Fylkesbygget og Skyss. Spørjeundersøking blant tilsette i Hordaland fylkeskommune AUD-rapport nr. 6 2013 Bakgrunn og metode Undersøkinga er utført på oppdrag

Detaljer

LIVSSTILSJUKDOMMAR OVERVEKT

LIVSSTILSJUKDOMMAR OVERVEKT LIVSSTILSJUKDOMMAR Ein livsstil er ein måte å leve på. Livsstilsjukdommar er sjukdommar me kan få fordi me lever på ein spesiell måte. Me kan for eksempel få nokre visse sjukdommar fordi kroppen får meir

Detaljer

Fettstoffer og kolesterol

Fettstoffer og kolesterol Fettstoffer og kolesterol Seminar kostkontakter Utsikten 12.12.11 Anne S. Amdal Fett I ernæringssammenheng snakker vi om tre typer fett. 1. Enkle lipider * triglyserider * Fettet vi spiser fra kosten er

Detaljer

Nye indikasjoner for behandling med statiner. Kjetil Retterstøl Avdeling for ernæringsvitenskap UiO Lipidklinikken - OUS

Nye indikasjoner for behandling med statiner. Kjetil Retterstøl Avdeling for ernæringsvitenskap UiO Lipidklinikken - OUS Nye indikasjoner for behandling med statiner Kjetil Retterstøl Avdeling for ernæringsvitenskap Ui Lipidklinikken - US Indikasjoner for statinbehandling /Felleskatalogen Hyperkolesterolemi: Indisert som

Detaljer

Av Harald Vik-Mo, NTNU / Hjertemedisinsk avdeling, St Olavs Hospital, Trondheim

Av Harald Vik-Mo, NTNU / Hjertemedisinsk avdeling, St Olavs Hospital, Trondheim 1 Akutt koronarsyndrom Av Harald Vik-Mo, NTNU / Hjertemedisinsk avdeling, St Olavs Hospital, Trondheim Definisjon Akutt koronarsyndrom, eller ustabilt koronarsyndrom, omfattar diagnosane: Ustabil angina

Detaljer

Preventiv kardiologi Lipider. Serena Tonstad Oslo universitetssykehus

Preventiv kardiologi Lipider. Serena Tonstad Oslo universitetssykehus Preventiv kardiologi Lipider Serena Tonstad Oslo universitetssykehus 14.03.17 Egenskaper av aterosklerotiske plakk Libby P. N Engl J Med 2013;368:2004-2013 Inflammasjon bidrar til ruptur og trombose

Detaljer

Hypertensjon og risiko for kardiovaskulær sykdom

Hypertensjon og risiko for kardiovaskulær sykdom Hypertensjon og risiko for kardiovaskulær sykdom Eva Gerdts professor dr. med. Klinisk institutt 2 Universitetet i Bergen Medisinsk leder Noninvasiv billeddiagnostikk Hjerteavdelingen Haukeland Universitetssykehus

Detaljer

Fasit til tolkning av ukjende EKG I - IV

Fasit til tolkning av ukjende EKG I - IV Fasit til tolkning av ukjende EKG I - IV Fasit til EKG I Nr 1. Akutt forveggsinfarkt Akutt forveggsinfarkt med ST-segment elevasjon i avleiing I, avl, og V 2 -V 6. Resiprok STsenkning i II, III og avf.

Detaljer

20.09.2013. Hjertets struktur og funksjon Klaffesykdom og hjertesvikt Kransåresykdom-koronar hjertesykdom. Hjerterehabilitering/sekundærforebygging

20.09.2013. Hjertets struktur og funksjon Klaffesykdom og hjertesvikt Kransåresykdom-koronar hjertesykdom. Hjerterehabilitering/sekundærforebygging Basiskurs i hjerterehabilitering 18.09.13 Assistentlege Ellen H. Julsrud Hjertets struktur og funksjon Klaffesykdom og hjertesvikt Kransåresykdom-koronar hjertesykdom Åreforkalkningsprosessen (aterosklerose)

Detaljer

Lærarrettleiing 3. Grove kornprodukt

Lærarrettleiing 3. Grove kornprodukt Lærarrettleiing 3. Grove kornprodukt Om modulen Modulen har fokus på grove brød- og kornprodukt. Skilnaden mellom grove og fine produkt blir forklart, og fordelen ved å ete grovt blir vektlagt. Brødskala

Detaljer

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE I pasient- og pårørandeopplæringa som vert gjennomført av avdelingane i sjukehusa i Helse Møre

Detaljer

BPPV/krystallsykje. Behandling med Epleys manøver:

BPPV/krystallsykje. Behandling med Epleys manøver: svimmel - BPPV / krystallsykje BPPV/krystallsykje BPPV eller krystallsykje er ein sjukdom i det indre øyret, og er ei av dei mest vanlege årsakene til svimmelheit. Den førekjem oftare hos eldre, men kan

Detaljer

God barndom = god helse i vaksen alder?

God barndom = god helse i vaksen alder? God barndom = god helse i vaksen alder? Arnold Goksøyr - Høgskulelektor/psykologspesialist Høgskulen i Sogn og Fjordane Uni Research Helse RKBU Vest Helse Førde arnold.goksoyr@hisf.no Tlf. 57 67 62 34

Detaljer

Om HPV-vaksinen i barnevaksinasjonsprogrammet

Om HPV-vaksinen i barnevaksinasjonsprogrammet Nynorsk 2016 Vaksine for å førebyggja livmorhalskreft tilbod til jenter i 7. klasse Informasjon til barn og foreldre Om HPV-vaksinen i barnevaksinasjonsprogrammet 1 Vaksine mot humant papillomvirus (HPV)

Detaljer

Hvordan forebygge hjerte-karsykdom Hva er fakta, hva er myte? Erik Øie

Hvordan forebygge hjerte-karsykdom Hva er fakta, hva er myte? Erik Øie Hvordan forebygge hjerte-karsykdom Hva er fakta, hva er myte? Erik Øie Seksjonsoverlege, dr. med. Medisinsk avdeling Franklin BA et al. Best Pract Res Clin Endocrinol Metab 2014 Hvilke hjerte- og karsykdommer

Detaljer

Hjerneslag. Disposisjon. Hjernens lapper 06.10.2014. KROSS 2014 Kompetanse om Rehabilitering Om Syn og Slag. KFAmthor 1

Hjerneslag. Disposisjon. Hjernens lapper 06.10.2014. KROSS 2014 Kompetanse om Rehabilitering Om Syn og Slag. KFAmthor 1 Hjerneslag Karl-Friedrich Amthor Nevrologisk avdeling Drammen sykehus Disposisjon Litt anatomi Epidemiologi Risikofaktorer Akuttbehandling - trombolyse Frontallappen Motorisk cortex Følelser Fremre språkområdet

Detaljer

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013. Utfordringsdokument Basert på Folkehelsekartlegging for Hjelmeland kommune, pr. 01.10.13. (FSK-sak 116/13) Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013. DEMOGRAFI Ca. 16 % av befolkninga i Hjelmeland

Detaljer

Stabil angina pectoris

Stabil angina pectoris 1 Stabil angina pectoris Av Harald Vik-Mo, NTNU / Hjertemedisinsk avdeling, St Olavs Hospital, Trondheim Angina pectoris blir definert som anfall med smerter i brystet som varer mindre enn 15 minuttar.

Detaljer

RETNINGSLINER FOR BEHANDLING AV ANLEGGSBIDRAG OG BOTNFRÅDRAG

RETNINGSLINER FOR BEHANDLING AV ANLEGGSBIDRAG OG BOTNFRÅDRAG RETNINGSLINER FOR BEHANDLING AV ANLEGGSBIDRAG OG BOTNFRÅDRAG Stikkord for innhald Retningsliner for behandling av anleggsbidrag og botnfrådrag er eit dokument som skal vere underlaget for likebehandling

Detaljer

HJARTEAVDELINGA REHABILITERING ETTER HJARTESJUKDOM

HJARTEAVDELINGA REHABILITERING ETTER HJARTESJUKDOM HJARTEAVDELINGA REHABILITERING ETTER HJARTESJUKDOM VEGEN TIL EIT BETRE LIV For deg som opplever akutt hjartesjukdom kan den første tida etter heimkomst vere vanskeleg å takle åleine. Mange treng hjelp

Detaljer

Sirkulatoriske forandringer forårsaket av diabetes

Sirkulatoriske forandringer forårsaket av diabetes Sirkulatoriske forandringer forårsaket av diabetes Einar Stranden Sirkulasjonsfysiologisk seksjon Oslo Vaskulære Senter Oslo universitetssykehus, Aker www.karkirurgi.org/nifs.htm www.karkirurgi.org 1 Vaskulære

Detaljer

Bakgrunn Kvinner føder barn på et senere tidspunkt i livet enn tidligere Føder færre barn enn tidligere. Alder og fertilitet. Årsaker: Eggkvantitet

Bakgrunn Kvinner føder barn på et senere tidspunkt i livet enn tidligere Føder færre barn enn tidligere. Alder og fertilitet. Årsaker: Eggkvantitet Alder og fertilitet Mette Haug Stensen Senior klinisk embryolog Laboratoriesjef @ Bakgrunn Kvinner føder barn på et senere tidspunkt i livet enn tidligere Føder færre barn enn tidligere 23.05.14 Fakta:

Detaljer

nynorsk fakta om hepatitt A, B og C

nynorsk fakta om hepatitt A, B og C nynorsk fakta om hepatitt A, B og C Kva er hepatitt? Hepatitt betyr betennelse i levra. Mange virus kan gi leverbetennelse, og dei viktigaste er hepatitt A-viruset, hepatitt B-viruset og hepatitt C-viruset.

Detaljer

Lærarrettleiing 1. Kornartane

Lærarrettleiing 1. Kornartane Lærarrettleiing 1. Kornartane Om modulen Modulen skal gje elevane oversikt over kva slags kornartar vi dyrkar i Noreg, kva dei blir brukt til, og kva rolle korn har i kosthaldet vårt. Kornartane ris og

Detaljer

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal Sentralt gitt eksamen NOR0214, NOR0215 og NOR1415, 10. årstrinn Våren 2015 Åndalsnes 29.06.15 Anne Mette Korneliussen

Detaljer

Menn Kvinner. Generell helse (%) Helsa er god eller svært god 87 81 68 55 83 77 54 49

Menn Kvinner. Generell helse (%) Helsa er god eller svært god 87 81 68 55 83 77 54 49 Troms fylke Helseundersøkelsen 2001-2003 Inviterte/deltakelse Antall inviterte 1283 2227 777 436 1223 2164 784 547 Antall deltatt 392 1187 545 273 574 1447 590 339 Antall deltatt, i prosent av inviterte

Detaljer

BAKGRUNN OG RESULTATER FRA HELSEUNDERSØKELSEN I FINNMARK OG TROMS 2001-2003

BAKGRUNN OG RESULTATER FRA HELSEUNDERSØKELSEN I FINNMARK OG TROMS 2001-2003 BAKGRUNN OG RESULTATER FRA HELSEUNDERSØKELSEN I FINNMARK OG TROMS 21-23 Innhold 1. Bakgrunn og frammøte... 2 2. Generell vurdering av helsa, risiko for hjerte-karsykdom og livsstil... 3 2.1 Generell vurdering

Detaljer

Den akuttmedisinske kjeda. Dialogmøte 21. november 2014

Den akuttmedisinske kjeda. Dialogmøte 21. november 2014 Den akuttmedisinske kjeda Dialogmøte 21. november 2014 Pasientforløp Mål: Akutt sjuke/skadde pasientar skal kome til endeleg behandling/rehabilitering og kome heim mest mogeleg restituert. For å få dette

Detaljer

Hjertesvikt Klinikk for termin 1B 2006. Stein Samstad

Hjertesvikt Klinikk for termin 1B 2006. Stein Samstad Hjertesvikt Klinikk for termin 1B 2006 Stein Samstad 1 Vår pasient Mann 58 år, tidligere røyker Familiær opphopning av hjerte-karsykdom 1986 Akutt hjerteinfarkt 1987 Operert med aortocoronar bypass og

Detaljer

Vil forbetre diagnostiseringa av tuberkulose

Vil forbetre diagnostiseringa av tuberkulose Vil forbetre diagnostiseringa av tuberkulose Av Eli Gunnvor Grønsdal Då Tehmina Mustafa kom til Noreg, som nyutdanna lege, fekk ho melding om å ta utdanninga på nytt. Ho nekta. I dag er ho professor i

Detaljer

Repetisjonsoppgaver samling 1 sykdomslære

Repetisjonsoppgaver samling 1 sykdomslære Repetisjonsoppgaver samling 1 sykdomslære GENERELL PATOLOGI 1. Nevn årsaker til celleskade. 2. Hva skiller apoptose fra nekrose? 3. Hva er degenerasjon? 4. Hva er et infarkt? 5. Nevn hvordan vi deler inn

Detaljer

PÅSKEEGG NR. 1. Anca Naas, Avdeling for Patologi, Sykehuset i Vestfold

PÅSKEEGG NR. 1. Anca Naas, Avdeling for Patologi, Sykehuset i Vestfold PÅSKEEGG NR. 1 Anca Naas, Avdeling for Patologi, Sykehuset i Vestfold Sykehistorie! 45 år gammel kvinne oppsøker lege grunnet en palpabel kul i høyre bryst.! Klinisk us: relativ fast, glippende kul.! Røntgen

Detaljer

NOR/311R1160.ggr OJ L 296/11, p. 26-28

NOR/311R1160.ggr OJ L 296/11, p. 26-28 NOR/311R1160.ggr OJ L 296/11, p. 26-28 COMMISSION REGULATION (EU) No 1160/2011of 14 November 2011 on the authorisation and refusal of authorisation of certain health claims made on foods and referring

Detaljer

Koronarsykdommens epidemiologi

Koronarsykdommens epidemiologi Koronarsykdommens epidemiologi Kaare Harald Bønaa Hjertemedisinsk avdeling, St.Olavs Hospital Avdeling for klinisk forskning, NTNU Institutt for Samfunnsmedisin, UiT Norsk hjerteinfarktregister. Årsrapport

Detaljer

Hedmark fylke Helseundersøkelsen 2000-01

Hedmark fylke Helseundersøkelsen 2000-01 Hedmark fylke Helseundersøkelsen 2000-01 Inviterte/deltakelse Antall inviterte 1203 2560 986 771 1258 2589 956 903 Antall deltatt 408 1367 659 487 582 1666 673 520 Antall deltatt, i prosent av inviterte

Detaljer

Risiko- og sårbarheitsanalyse for detaljereguleringsplan for Helsehuset i Øvre Årdal

Risiko- og sårbarheitsanalyse for detaljereguleringsplan for Helsehuset i Øvre Årdal Risiko- og sårbarheitsanalyse for detaljereguleringsplan for Helsehuset i Øvre Årdal Analysen er utarbeida av administrasjonen i Årdal kommune og høyrer saman med planomtale med føresegner og plankart

Detaljer

Tidleg rusdebut livslang risiko?

Tidleg rusdebut livslang risiko? Tidleg rusdebut livslang risiko? 1 Tidleg rusdebut livslang risiko? Bakgrunn, kvifor bry seg med ungdomsrus? Rusmønstret i Noreg og Vest- Europa Samband mellom rus og helse Epidemilogi HUNT- undersøkinga

Detaljer

Nasjonal faglig retningslinje: Forebygging av hjerteog. Steinar Madsen Statens legemiddelverk og Helse Sør-Øst. Faggruppen

Nasjonal faglig retningslinje: Forebygging av hjerteog. Steinar Madsen Statens legemiddelverk og Helse Sør-Øst. Faggruppen Nasjonal faglig retningslinje: Forebygging av hjerteog karsykdom Steinar Madsen Statens legemiddelverk og Helse Sør-Øst Faggruppen Tor Ole Klemsdal Bjørn Gjelsvik Inger Elling Sirin Johansen Sverre E.

Detaljer

HJARTEAVDELINGA HJARTEKATETERISERING OG BLOKKING AV KRANSÅRENE

HJARTEAVDELINGA HJARTEKATETERISERING OG BLOKKING AV KRANSÅRENE HJARTEAVDELINGA HJARTEKATETERISERING OG BLOKKING AV KRANSÅRENE m.co ox rb lou co Ill: 1 INNHALD Tema Aktuelle behandlingar 4 Del 1 Hjartekateterisering 4 Førebuande undersøking 4 Undersøkingsdagen 5 Kva

Detaljer

SAL OG SKJENKELØYVE FOR ALKOHOLHALDIG DRIKK

SAL OG SKJENKELØYVE FOR ALKOHOLHALDIG DRIKK SAL OG SKJENKELØYVE FOR ALKOHOLHALDIG DRIKK Salsløyve Alkohollova 3: Med sal av alkoholhaldig drikk meinast overdraging av drikk med inntil 4.75 volumprosent alkohol til forbrukar mot vederlag for drikking

Detaljer

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene Framtidas bustadbehov blir i hovudsak påverka av størrelsen på folketalet og alderssamansettinga i befolkninga. Aldersforskyvingar i befolkninga forårsakar

Detaljer

Koronarsykdommens epidemiologi

Koronarsykdommens epidemiologi Koronarsykdommens epidemiologi Kaare Harald Bønaa Hjertemedisinsk avdeling, St.Olavs Hospital NTNU / UiT Norsk hjerteinfarktregister. Årsrapport 2016 www.hjerteinfarktregisteret.no Norsk hjerteinfarktregister

Detaljer

Hva er kreft? Tonje Strømholm Ass. lege Arbeidsmedisinsk avd.

Hva er kreft? Tonje Strømholm Ass. lege Arbeidsmedisinsk avd. Hva er kreft? Tonje Strømholm Ass. lege Arbeidsmedisinsk avd. Innhold 1) Historisk tilbakeblikk 2) Vår tids forståelse av kreft 3) Kreftutvikling 4) Årsaksforhold 5) Kreft i Norge kreft i verden 6) Strategier

Detaljer

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: 24.11. 2014 SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: 24.11. 2014 SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 24.11. 2014 SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Omdømmemåling 2014 ARKIVSAK: 2014/816/ STYRESAK: 145/14 STYREMØTE: 08.12. 2014 FORSLAG

Detaljer

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv Opne førelesingar M44 20. Januar 2011 Christiane Weiss-Tornes Presentert av Tine Inger Solum Disposisjon: 1. Korleis blir eg utmatta? 2. Varselsymptom

Detaljer

Koronar angioplastikk og stenting

Koronar angioplastikk og stenting 1 Koronar angioplastikk og stenting Av Harald Vik-Mo, NTNU / Hjertemedisinsk avdeling, St. Olavs Hospital, Trondheim Koronar angioplastikk eller PCI (Perkutan Coronar Intervensjon) er behandlingsmetode

Detaljer

Barnevern 2012. Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Barnevern 2012. Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB) Barnevern 2012 Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB) Fleire barn under omsorg I 2012 mottok 53 200 barn og unge i alderen 0-22 år tiltak frå barnevernet, dette er ein svak vekst på 2 prosent frå 2011,

Detaljer

Hanna Dis Margeirsdottir Barnelege, ph.d. Barne- og ungdomsklinikken, Ahus

Hanna Dis Margeirsdottir Barnelege, ph.d. Barne- og ungdomsklinikken, Ahus Hanna Dis Margeirsdottir Barnelege, ph.d. Barne- og ungdomsklinikken, Ahus November 2012 Innledning Kardiovaskulære risikofaktoerer hos barn og ungdom med type 1 diabetes Tidlig åreforkalkning hos barn

Detaljer

Sirkulatoriske forandringer forårsaket av diabetes

Sirkulatoriske forandringer forårsaket av diabetes Sirkulatoriske forandringer forårsaket av diabetes Einar Stranden Sirkulasjonsfysiologisk seksjon Oslo Vaskulære Senter Oslo universitetssykehus, Aker www.karkirurgi.org/ifid.htm www.karkirurgi.org 1 Vaskulære

Detaljer

Patofysiologien ved kritisk iskemi (KI)

Patofysiologien ved kritisk iskemi (KI) Patofysiologien ved kritisk iskemi (KI) Einar Stranden, Sirkulasjonsfysiologisk seksjon, Oslo vaskulære senter, Oslo universitetssykehus Aker (einar.stranden@medisin.uio.no) Definisjon Uttrykket "kritisk

Detaljer

Svangerskapsforgiftning og hjertesykdom

Svangerskapsforgiftning og hjertesykdom Svangerskapsforgiftning og hjertesykdom Anne Cathrine (Annetine) Staff Professor II IIII Det medisinske fakultet Universitetet i Oslo Overlege (gynekolog) Kvinne- og barneklinikken Oslo universitetssykehus

Detaljer

Om vestibularisnevritt

Om vestibularisnevritt svimmel - vestibularisnevritt - langvarig svimmelheit Om vestibularisnevritt Vestibularisnevritt er ein sjukdom i det indre øyret og er ei av dei vanlegaste årsakene til svimmelheit. Tilstanden kan bli

Detaljer

Statiner som primærforebygging av kardiovaskulær sykdom

Statiner som primærforebygging av kardiovaskulær sykdom Statiner som primærforebygging av kardiovaskulær sykdom Martha Risnes Examensarbete i farmaci 15 hp Receptarieprogrammet 180 hp Rapporten godkänd: VT 2014 Handledare: Martin Burman, Steinar Vik Examinator:

Detaljer

Oversikt. Høy intensitets intervall trening. Egne forskningsdata Fysiologiske mekanismer for trening Compliance/motivasjon Sikkerhet Oppsummering

Oversikt. Høy intensitets intervall trening. Egne forskningsdata Fysiologiske mekanismer for trening Compliance/motivasjon Sikkerhet Oppsummering Høy intensitetstrening og koronar hjertesykdom Seminar NFFs Faggruppe for Hjerte- og lungefysioterapi Stavanger Universitetssykehus 24.-25.03.11 Peter Scott Munk Overlege, PhD Medisinsk klinikk, kardiologisk

Detaljer

Fakta om hiv og aids. Nynorsk

Fakta om hiv og aids. Nynorsk Fakta om hiv og aids Nynorsk Hiv og aids Aids er ein alvorleg sjukdom som sidan byrjinga av 1980-talet har spreidd seg over heile verda. Aids kjem av eit virus, hiv, som blir overført frå person til person

Detaljer

Et informasjonshefte for helsepersonell og pasienter med familiær hyperkolesterolemi DR. LEIV OSE

Et informasjonshefte for helsepersonell og pasienter med familiær hyperkolesterolemi DR. LEIV OSE Et informasjonshefte for helsepersonell og pasienter med familiær hyperkolesterolemi DR. LEIV OSE INNHOLD HVA VIL DU LÆRE AV Å LESE DETTE HEFTET? Her kan du lære om familiær hyperkolesterolemi - ofte kalt

Detaljer

Familiær hyperkolesterolemi (FH)

Familiær hyperkolesterolemi (FH) Familiær hyperkolesterolemi (FH) Nasjonal kompetansetjeneste for familiær hyperkolesterolemi (NKT for FH) FAMILIÆR HYPERKOLESTEROLEMI Familiær hyperkolesterolemi (FH) skyldes en arvelig genfeil som gir

Detaljer

Fra steintavle til Lek

Fra steintavle til Lek Fra steintavle til Lek Fra tidenes morgen har mannen vært opptatt av evnen til å være potent Det var forutsetning for makt og overlevelse Dyrkning av kvinnens seksualitet er imidlertid eldst Seksualiteten

Detaljer

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1 Rolf Lystad 12.05.14 Oklavegen 4 6155 Ørsta Utdanningsavdelinga v/ståle Solgard Møre og Romsdal fylkeskommune Fylkeshuset, Julsundvegen 9 6404 Molde Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen

Detaljer

Diagnose ved akutt hjerteinfarkt. Jørund Langørgen 26. november 2014

Diagnose ved akutt hjerteinfarkt. Jørund Langørgen 26. november 2014 Diagnose ved akutt hjerteinfarkt Jørund Langørgen 26. november 2014 1 Oversikt 1. Universal definisjon hjerteinfarkt 2012 2. AMI eller ikke 3. Type 2 4. Koding 5. Konklusjon AMI = Akutt myokard infarkt

Detaljer

Resultater av kateterbasert okklusjonsnær endovaskulær trombolytisk behandling av kritisk underekstremitetsischemi.

Resultater av kateterbasert okklusjonsnær endovaskulær trombolytisk behandling av kritisk underekstremitetsischemi. Resultater av kateterbasert okklusjonsnær endovaskulær trombolytisk behandling av kritisk underekstremitetsischemi. -En etterundersøkelse av 212 pasienter ved UNN. 5. årsoppgave i Stadium IV medisinstudiet

Detaljer

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE Side 1 Tingvoll, 21. september 2013 NVE FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE Naturvernforbundet har gått langs elva på den planlagde utbyggingsstrekninga 15.9.2013. Vi har ikkje gått traseen

Detaljer

En legemiddeløkonomisk analyse av acetylsalisylsyre som primærprofylakse mot hjerte- og karsykdommer

En legemiddeløkonomisk analyse av acetylsalisylsyre som primærprofylakse mot hjerte- og karsykdommer Masteroppgave i Samfunnsfarmasi for graden Master i Farmasi ved Universitetet i Tromsø En legemiddeløkonomisk analyse av acetylsalisylsyre som primærprofylakse mot hjerte- og karsykdommer Heidi-Mirelle

Detaljer

MED2200-2_OPPGAVE3_V17_ORD DEL 1

MED2200-2_OPPGAVE3_V17_ORD DEL 1 MED2200-2_OPPGAVE3_V17_ORD DEL 1 OVERVEKT OG TYPE 2 DIABETES Kari Larsen er 50 år og har en BMI på 32. Hun har gradvis økt i vekt over de siste 20 årene og har nå merket økt trettbarhet og hyppig vannlating.

Detaljer

11. Bøker og bokomsetning

11. Bøker og bokomsetning Kulturstatistikk Gro Kamfjord. og bokomsetning I blei det avlevert over 0 000 nye boktitlar til Nasjonalbiblioteket. Nasjonalbiblioteket registrerte også blant anna om lag 300 millionar vevdokument i.

Detaljer

PASIENTINFORMASJON ATRIEFLIMMER

PASIENTINFORMASJON ATRIEFLIMMER PASIENTINFORMASJON ATRIEFLIMMER og forebygging av hjerneslag INNHOLD 1 Introduksjon 3 2 Hva er atrieflimmer? 5 3 Symptomer på atrieflimmer 6 4 Hva forårsaker atrieflimmer 7 5 Vi skiller mellom forskjellige

Detaljer

BIOS 1 Biologi

BIOS 1 Biologi . Figurer kapittel 10: Menneskets immunsystem Figur s. 281 En oversikt over immunsystemet og viktige celletyper.> Immunsystemet Uspesifikt immunforsvar Spesifikt immunforsvar Ytre forsvar: hindrer mikroorganismer

Detaljer

Addisjon og subtraksjon 1358 1357 1307-124-158-158 =1234 =1199 =1149

Addisjon og subtraksjon 1358 1357 1307-124-158-158 =1234 =1199 =1149 Addisjon og subtraksjon Oppstilling Ved addisjon og subtraksjon av fleirsifra tal skal einarar stå under einarar, tiarar under tiarar osb. Addisjon utan mentetal Addisjon med mentetal 1 212 357 + 32 +

Detaljer

Arne Skretting 1, Kjersti Johnsrud 2, Mona- Elisabeth Revheim 2, Bjørn Alfsen 3, Jan Fjeld 2, David Russell 4,5

Arne Skretting 1, Kjersti Johnsrud 2, Mona- Elisabeth Revheim 2, Bjørn Alfsen 3, Jan Fjeld 2, David Russell 4,5 Deteksjon av plakk i hjertets kransarterier med FDG-PET hvor EKG signaler registreres i inspirasjon og senere benyttes ved oppbygging av bildevolum: Et pasient-eksempel Arne Skretting 1, Kjersti Johnsrud

Detaljer

EKSAMENSOPPGAVE/ EKSAMENSOPPGÅVE

EKSAMENSOPPGAVE/ EKSAMENSOPPGÅVE AVDELING FOR HELSE- OG SOSIALFAG EKSAMENSOPPGAVE/ EKSAMENSOPPGÅVE Utdanning Kull Emnekode/-navn/-namn Eksamensform : Radiograf : R08 : BRE200 Radiografifaglig bildefremstilling : Skriftlig eksamen Eksamensdato

Detaljer

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A Skriftlig eksamen i Matematikk 1, 4MX15-10E1 A 15 studiepoeng ORDINÆR EKSAMEN 19. desember 2011. BOKMÅL Sensur faller innen onsdag 11. januar 2012. Resultatet blir tilgjengelig på studentweb første virkedag

Detaljer

Helse, fysisk aktivitet og ernæring hva sier forskningen?

Helse, fysisk aktivitet og ernæring hva sier forskningen? Helse, fysisk aktivitet og ernæring hva sier forskningen? Marianne Nordstrøm Klinisk ernæringsfysiolog, PhD Frambu kompetansesenter for sjeldne diagnoser Utviklingshemning Forsinket og ufullstendig utvikling

Detaljer

Folkehelse: Nye lover og reformer som er påp

Folkehelse: Nye lover og reformer som er påp Folkehelse: Nye lover og reformer som er påp gang. Ålesund 15. oktober 2009 Seniorrådgivar Asle Moltumyr Helsedirektoratet Disposisjon innlegg Ny plandel (plan- og bygningslov) i eit folkehelseperspektiv.

Detaljer

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under : Excel som database av Kjell Skjeldestad Sidan ein database i realiteten berre er ei samling tabellar, kan me bruke eit rekneark til å framstille enkle databasar. I Excel er det lagt inn nokre funksjonar

Detaljer

Oppgave: MED1100-3_OPPGAVE1_V17_ORD

Oppgave: MED1100-3_OPPGAVE1_V17_ORD Side 2 av 39 Oppgave: MED1100-3_OPPGAVE1_V17_ORD Del 1: Oppgaver i fysiologi Spørsmål 1: Hvordan fordeler blodet seg i sirkulasjonssystemet? Mest blod vil være i kapillærene, siden de samlet sett har størst

Detaljer

Tor-Henning Iversen, Plantebiosenteret (PBS),Botanisk institutt,ntnu

Tor-Henning Iversen, Plantebiosenteret (PBS),Botanisk institutt,ntnu Forelesninger i BI 212 - Cellebiologi Biomembraner og subcellular organisering av eukaryote celler - Kap. 5 - vår 2002 Tor-Henning Iversen, Plantebiosenteret (PBS),Botanisk institutt,ntnu e-mail : Tor-

Detaljer

Uretta grafar (1) Mengde nodar Mengde kantar som er eit uordna par av nodar

Uretta grafar (1) Mengde nodar Mengde kantar som er eit uordna par av nodar Kapittel 13, Grafar Uretta grafar (1) Ein uretta graf Mengde nodar Mengde kantar som er eit uordna par av nodar To nodar er naboar dersom dei er knytta saman med einkant Ein node kan ha kant til seg sjølv.

Detaljer

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn Når det gjeld barn som vert utsett for vald eller som er vitne til vald, vert dei ofte utrygge. Ved å førebygge og oppdage vald, kan me gje barna

Detaljer

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Tilgangskontroll i arbeidslivet - Feil! Det er ingen tekst med den angitte stilen i dokumentet. Tilgangskontroll i arbeidslivet Rettleiar frå Datatilsynet Juli 2010 Tilgangskontroll i arbeidslivet Elektroniske tilgangskontrollar for

Detaljer