Rettleiing del 3. Oppfølging av. resultata frå. nasjonal prøve i rekning. 8. steget

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Rettleiing del 3. Oppfølging av. resultata frå. nasjonal prøve i rekning. 8. steget"

Transkript

1 Versjon 8. september 2009 Nynorsk Rettleiing del 3 Oppfølging av resultata frå nasjonal prøve i rekning 8. steget Hausten

2 Dette heftet er del 3 av eit samla rettleiingsmateriell til nasjonal prøve i rekning på 8. steget. Informasjon om prøva (del 1) er tilgjengeleg på Utdanningsdirektoratet si nettside Vurderingsrettleiinga/fasit (del 2) blir å finne i PAS etter at prøva eller prøveperioden er avslutta. Rettleiing del 3 gir ei innføring i korleis ein kan forstå skalaen. Vidare er det presentert tips til korleis resultata kan følgjast opp i elevgruppa og i lærarkollegiet, og generelle råd om korleis ein kan arbeide med å utvikle grunnleggjande ferdigheit i rekning. Viktig å vite om skala Resultata til elevane på nasjonale prøver skal presenterast ved hjelp av ein skala med ulike meistringsnivå. Skalaen for 5. steget har tre meistringsnivå, mens skalaen for 8. steget har fem nivå. Elevane blir plasserte på dei ulike nivåa på bakgrunn av poengsummane dei har fått på prøvene. Til kvart nivå på skalaen følgjer ein kort tekst som beskriv ferdigheitene til ein typisk elev på nivået. Plasseringa av elevane på skalaen kan vere utgangspunkt for tilbakemelding til elevar og føresette om resultata på prøvene. Poengintervallet for kvart nivå på skalaen er fastsett av Utdanningsdirektoratet på bakgrunn av analyse og vurdering av resultata på nasjonalt nivå. Det er viktig å vere klar over at elevane innanfor kvart nivå har fått ulik poengsum på prøva, og at enkelte elevar kan ha fått ein poengsum som ligg nær ein grenseverdi mellom to nivå. Beskrivingane må derfor ikkje tolkast som ei absolutt eller uttømmande beskriving av den enkelte eleven, men som ei generell beskriving av ferdigheitene til alle elevar på dette nivået på skalaen. Det kan hende at ein elev vanlegvis får til oppgåver som ho eller han ikkje fekk til på den nasjonale prøva, eller at beskrivinga av meistringsnivået til eleven ikkje stemmer med det læraren veit om ferdigheitene til eleven. Læraren må derfor også støtte seg til annan informasjon om eleven når resultata frå nasjonale prøver skal følgjast opp. Meistringsnivå 1 omfattar også elevar som har fått null eller veldig få poeng på prøvene. Det gjer at nokre elevar får ei beskriving som er meir positiv enn det læraren kjenner til om ferdigheitene til desse elevane. Beskrivinga av meistringsnivå 1 kan likevel vere til hjelp i høve til korleis elevar på dette nivået kan forbetre sine ferdigheiter. 2

3 1. Skala for nasjonale prøver i rekning på 8. steget Nedanfor blir meistringsnivåa for rekning 8. steget presenterte. Den typiske eleven på dette nivået kan Meistringsnivå 1 utføre enkle rekneoperasjonar med heile tal kjenne att enkle brøkar gjere undersøkingar ved teljing samanlikne enkle storleikar og berekne enkle tidsintervall lese av enkle tabellar og diagram Meistringsnivå 2 utføre enkle rekneoperasjonar med desimaltal løyse enkle prosentoppgåver og enkle oppgåver med brøk kjenne att nokre måleeiningar og rekne med storleikar som har same eining finne omkrins og areal av enkle figurar lese av ulike typar tabellar og teikne enkle diagram Meistringsnivå 3 utføre rekneoperasjonar med heile tal og i ganske stor grad beherske rekning med desimaltal løyse oppgåver som krev rekning med prosent og til ein viss grad beherske brøkrekning gjere overslag løyse enkle samansette problem som krev mellomrekning lese informasjon frå og teikne ulike typar diagram til ein viss grad vurdere om eigne svar er rimelege Meistringsnivå 4 løyse samansette problem som krev rekning med heile tal, desimaltal, brøk og prosent utføre enkle omgjeringar og utføre berekningar med måleeiningar tolke og analysere tabellar og diagram til ein viss grad analysere og reflektere over eigne svar Meistringsnivå 5 løyse ulike samansette problem som krev effektive metodar og val av rett reknemåte utføre omgjeringar mellom ulike representasjonar av tal og storleikar vurdere, analysere og samanlikne datamateriale i alle samanhengar analysere og reflektere over eigne svar 2. Oppbygginga av meistringsnivåa Grunnleggjande ferdigheiter i rekning handlar om talforståing, måleferdigheit og talbehandling knytte til eit breitt spekter av problemstillingar og utfordringar i faglege og daglegdagse samanhengar. Rekneferdigheiter handlar også om å kunne tolke og lage grafiske og andre kvantitative framstillingar. Den nasjonale 3

4 prøva i rekning skal ta utgangspunkt i korleis elevane kan bruke rekning i ulike faglege og daglegdagse samanhengar. Dette inneber at elevane må forstå praktiske problemstillingar, vere i stand til å reflektere over korleis dei best kan løyse ei gitt utfordring, og så løyse oppgåva med riktige rekneoperasjonar. Vidare må elevane kunne vurdere om resultata er rimelege. Slik sett vil den tekniske utføringa av rekneoperasjonar inngå i prøva, men i dei fleste tilfella som ein del av bruken i varierte faglege samanhengar. Meistringsnivåa beskriv ferdigheitene til den typiske eleven på 5 ulike nivå. I beskrivinga for eit nivå blir ikkje ferdigheiter som alt er omtalte på eit lågare nivå, tekne opp att. Nivåa er bygde opp med ein progresjon slik at ein elev som skårar til nivå 4, kan ein rekne med har dei ferdigheitene som er omtalte på nivå 1 til og med nivå 4. Krav til ferdigheiter som evne til refleksjon, analyse og vurdering av eigne svar aukar med stigande meistringsnivå. 2.1 Kompetansemål og rekning som grunnleggjande ferdigheit Nasjonal prøve i rekning er ikkje ei prøve i matematikk som fag, men ei prøve i rekning som grunnleggjande ferdigheit, det vil seie som ein del av fagkompetansen i alle fag. Oppgåvene i prøva er avgrensa til å dekkje grunnleggjande ferdigheit i å kunne rekne innanfor områda tal, måling og statistikk. For ei nærmare beskriving av kva dei ulike områda inneheld, viser vi til rettleiingsmateriellet del 1. Kontekstar i oppgåvene er henta frå aktuelle samanhengar i ulike fag. Derfor kan resultatet av prøva seie noko om elevane si grunnleggjande ferdigheit i å kunne rekne i alle fag. Problemstillingane i oppgåvene er situasjonar som elevane kan kjenne seg att i, til dømes tillaging og fordeling av mat og drikke, kjøp og sal, arbeid, sport og andre fritidsaktivitetar. For å forklare oppbygginga av oppgåvene tek vi med nokre døme på kompetansemål der grunnleggjande ferdigheit i rekning er integrert. Eit av kompetansemåla i mat og helse etter 7. årssteget er Bruke rekning for å auke eller redusere mengda i oppskrifter, prøve dei ut og vurdere resultatet (i hovudområdet Mat og livsstil). Dette krev ferdigheit i brøkrekning, kjennskap til einingar for vekt og volum og evne til å sjå samanhengen mellom einingane. I faga RLE og samfunnsfag arbeider elevane mellom anna med omgrepa før og etter Kristus. Dette inneber at elevane må kunne rekne med positive og negative tal. Å måle temperaturar inngår i naturfag. Det krev kunnskap om korleis tallinja er bygd opp. Å organisere, analysere, presentere og vurdere data og grafiske framstillingar er grunnleggjande ferdigheiter for å kunne nå kompetansemål i til dømes engelsk, samfunnsfag og naturfag. Matematikklæraren har gjennom si utdanning og erfaring best fagkompetanse til å lære elevane grunnleggjande talbehandling. Lærarane i dei andre faga har likevel eit medansvar for å øve på og bruke grunnleggjande ferdigheiter i rekning i eigne fag. 4

5 3. Vidare arbeid med nasjonal prøve i rekning Nedanfor er det presentert framlegg til korleis resultata frå nasjonal prøve i rekning for 8. steget kan følgjast opp. 3.1 Oppfølging av elevar på dei ulike meistringsnivåa Kvar elev er plassert på eit nivå ut frå den poengsummen eleven oppnår på prøva. Prøva på 8. steget har 5 nivå, der 1 er det lågaste og 5 det høgaste nivået. Meistringsbeskrivingane fortel kva det er venta at den typiske eleven på dette nivået skal beherske. Resultata frå nasjonal prøve må ein sjå på som ein del av ein større samanheng. Det er viktig at læraren ikkje berre tek utgangspunkt i elevane sitt meistringsnivå på denne prøva i den vidare tilrettelegginga, men tilpassar opplæringa ut frå det heilskapsinntrykket han/ho har av eleven. I oppfølginga kan det også vere føremålstenleg at læraren samtalar med eleven om prøveresultatet. Meistringsnivåa beskriv ferdigheitene til elevar på dei ulike nivåa. Likevel vil ein elev som til dømes skårar til nivå 3, kunne gjere feil som er typiske for elevar på nivå 2, og kanskje samtidig løyse oppgåver som tilhøyrer nivå 4. Slike variasjonar kan det vere innanfor nivågruppene. Derfor er det viktig å merke seg at meistringsnivåa er beskrivne ut frå den typiske eleven på kvart nivå. Nedanfor er det skissert nokre framlegg til kva elevar på dei ulike nivåa kan ha utbytte av å arbeide meir med. Alle lærarar har ansvar for at elevar arbeider med grunnleggjande ferdigheiter i rekning. I tillegg til at alle emna må øvast på i matematikkfaget, kan den typiske eleven som skårar på nivå 1, ha utbytte av å arbeide med: Søylediagram i til dømes RLE, samfunnsfag, norsk og engelsk, brøk og desimaltal som omgrep i til dømes naturfag og samfunnsfag, klokka i til dømes kroppsøving og mat og helse, og å bli fortruleg med omgrepa omkrins og areal i til dømes kunst og handverk. Tallinja og plassverdisystemet er eit emne som matematikklæraren må prioritere for elevar som er på nivå 1. Den typiske eleven som skårar på nivå 2, kan ha utbytte av å arbeide med: Omgrepet prosent i til dømes norsk, samfunnsfag og naturfag, lage tabellar og diagram i til dømes RLE, samfunnsfag og naturfag, å lese informasjon ut av tabellar og diagram i til dømes norsk, engelsk, samfunnsfag, naturfag og mat og helse, og å berekne omkrins og areal i til dømes kunst og handverk. Den typiske eleven som skårar på nivå 3, kan ha utbytte av å arbeide med å: Velje rett reknemåte i problemoppgåver i alle fag, etablere forståing for omgrep som beskriv sentralmål i datamateriale i norsk, naturfag og samfunnsfag, etablere forståing for rekneoperasjonar med brøk og prosent i samfunnsfag og naturfag, og å lære seg gradvis å løyse meir samansette problem i alle fag. Den typiske eleven som skårar på nivå 4, kan ha utbytte av å arbeide med å: Bruke ulike metodar til å løyse samansette problem i alle fag, utføre omgjeringar mellom ulike representasjonar av storleikar i til dømes naturfag og mat og helse, rekne med brøk og prosent i samansette problem i alle fag, gjere overslag og 5

6 rekne med store tal i til dømes naturfag og samfunnsfag, utføre undersøkingar og analysere datamateriale i til dømes samfunnsfag, naturfag og mat og helse, og presentere resultata i alle fag. Den typiske eleven som skårar på nivå 5, kan ha utbytte av å arbeide med å: Rekne med målestokk i utrekning av lengder, areal og volum i til dømes samfunnsfag, naturfag og kroppsøving, lage samansette oppgåver i alle fag, løyse dei og diskutere resultatet med medelevar og dyktiggjere seg i presentasjonen av resultata frå prosjekt som dei har planlagt og gjennomført på eiga hand. Eksempel på oppgåver i rekning for 8. steget ligg på nettsidene til Utdanningsdirektoratet, Oppfølging av resultata i gruppa Lærarane bør ta seg tid til å sjå på sterke og svake sider i gruppa i høve til prøva. Det kan vere nyttig å skaffe seg ei oversikt over oppgåvetypar eller emne som fleire av elevane har problem med. Ei slik oversikt kan vere eit godt utgangspunkt for samtalar i gruppa og planlegging av den vidare opplæringa. Når det gjeld opplæringa, vil det òg vere nyttig for lærarane å sjå nærmare på dei ulike områda som prøva omfattar. Resultatet for gruppa kan gi ein indikasjon på det elevane meistrar i tal, måling eller statistikk. Emne som er vanskelege innanfor dei enkelte områda, bør vere naturlege fokusområde i den vidare opplæringa. I samband med dei nasjonale prøvene kan det til dømes vere interessant å sjå nærmare på korleis elevane meistrar fleirvalsoppgåvene. Dette er ein oppgåvetype som norske elevar førebels ikkje er svært godt kjende med. Det kan derfor vere nyttig å arbeide med ulike løysingsstrategiar i fleirvalsoppgåver. 3.3 Oppfølging av resultata i lærarkollegiet Ved at lærarane i fellesskap oppsummerer resultata frå prøva, kan lærarkollegiet få oversikt over både kva elevane meistrar, og kva ein bør arbeide meir med i dei ulike faga. Her følgjer nokre framlegg til aktivitetar for å styrkje rekneferdigheit i alle fag. Det er teke utgangspunkt i kompetansemåla etter 7. steget. Rekneferdigheit i alle fag kan utviklast gjennom jamleg øving på logiske resonnement og ved problemløysing. I norsk, samfunnsfag, engelsk og naturfag kan ein arbeide med grafiske framstillingar, tabellar og statistikk. Innsamling av data til undersøkingar bør gjennomførast i praksis og ikkje berre teoretisk. I språkfag kan ein gjennom munnleg aktivitet styrkje grunnleggjande ferdigheit i å kunne rekne ved å øve på kva ulike omgrep tyder. I kroppsøving, RLE og samfunnsfag kan elevane arbeide med rekning med tid. Måling av lengder i kroppsøving og omrekning mellom ulike lengdeeiningar er aktivitetar som medverkar til betre talforståing. 6

7 I mat og helse vil praktisk arbeid med oppskrifter, omrekning med desiliter og liter og vurdering av prisar vere aktivitetar som øver opp rekneferdigheit. I kunst og handverk er rekneferdigheit knytt til arbeid med dimensjonar, målestokk og mønster. I RLE kan rekneferdigheit knytast til arbeid med mønster, estetikk og geometri. 4. Vedlegg til materiell for etterarbeid Vurderingsrettleiinga/fasiten (del 2) inneheld ei oversikt over typiske feilsvar som kom fram ved nokre av oppgåvene da dei vart piloterte. Det er ført opp nokre moglege årsaker til feilsvara, og dette kan vere til hjelp for læraren i etterarbeidet med elevane. 7

Rettleiing. Nasjonale prøver i rekning for 5. trinn. Versjon: juli 2010, nynorsk

Rettleiing. Nasjonale prøver i rekning for 5. trinn. Versjon: juli 2010, nynorsk Rettleiing Nasjonale prøver i rekning for 5. trinn Versjon: juli 2010, nynorsk Nasjonale prøver i rekning for 5. steget Her får du informasjon om nasjonale prøver i rekning og kva prøva måler. Vidare er

Detaljer

Veiledning del 3. Oppfølging av resultater fra. nasjonal prøve i regning. 8. trinn

Veiledning del 3. Oppfølging av resultater fra. nasjonal prøve i regning. 8. trinn Versjon 8. september 2009 Bokmål Veiledning del 3 Oppfølging av resultater fra nasjonal prøve i regning 8. trinn Høsten 2009 1 Dette heftet er del 3 av et samlet veiledningsmateriell til nasjonal prøve

Detaljer

Veiledning del 3. Oppfølging av resultater fra. nasjonal prøve i regning. 5. trinn

Veiledning del 3. Oppfølging av resultater fra. nasjonal prøve i regning. 5. trinn Versjon 8. september 2009 Bokmål Veiledning del 3 Oppfølging av resultater fra nasjonal prøve i regning 5. trinn Høsten 2009 1 Dette heftet er del 3 av et samlet veiledningsmateriell til nasjonal prøve

Detaljer

Veiledning. Nasjonale prøver i regning for 5. trinn. Versjon: juli 2010, bokmål

Veiledning. Nasjonale prøver i regning for 5. trinn. Versjon: juli 2010, bokmål Veiledning Nasjonale prøver i regning for 5. trinn Versjon: juli 2010, bokmål Nasjonale prøver i regning for 5. trinn Her får du informasjon om nasjonale prøver i regning og hva prøven måler. Videre presenteres

Detaljer

Veiledning. Nasjonale prøver i regning for 8. og 9. trinn. Versjon: juli 2010, bokmål

Veiledning. Nasjonale prøver i regning for 8. og 9. trinn. Versjon: juli 2010, bokmål Veiledning Nasjonale prøver i regning for 8. og 9. trinn Versjon: juli 2010, bokmål Nasjonale prøver i regning for 8. og 9. trinn Her får du informasjon om nasjonale prøver i regning og hva prøven måler.

Detaljer

Nasjonale prøver

Nasjonale prøver Nasjonale prøver 17.08.2012 Rettleiing til lærarar Rekning 8. og 9. steget Nynorsk Innhold Endringar ved årets gjennomføring... 3 1 OM PRØVA... 4 Kva måler prøva?... 5 Korleis bruke prøva i arbeidet med

Detaljer

Nasjonale prøver

Nasjonale prøver Nasjonale prøver 12.11.2012 Rettleiing til lærarar Rekning 5. steget. DEL 2 Nynorsk Innhald Korleis bruke resultata i undervisninga?... 3 Oversikt over oppgåvene til nasjonale prøver i rekning 2012...

Detaljer

Nasjonale prøver

Nasjonale prøver Nasjonale prøver 01.11.2012 Rettleiing til lærarar Rekning 8. og 9. steget. DEL 2 Nynorsk Innhald Korleis bruke resultata i undervisninga?... 3 Oversikt over oppgåvene til nasjonale prøver i rekning 2012...

Detaljer

ÅRSPLAN I MATEMATIKK FOR 5. KLASSE 2017/2018. Bjerke m.fl, Matemagisk 5a og 5b, samt oppgåvebøker og digitale ressursar. Anne Fosse Tjørhom

ÅRSPLAN I MATEMATIKK FOR 5. KLASSE 2017/2018. Bjerke m.fl, Matemagisk 5a og 5b, samt oppgåvebøker og digitale ressursar. Anne Fosse Tjørhom ÅRSPLAN I MATEMATIKK FOR 5. KLASSE 2017/2018 Læreverk: Lærar: Bjerke m.fl, Matemagisk 5a og 5b, samt oppgåvebøker og digitale ressursar Anne Fosse Tjørhom Mål for matematikkundervisinga på Sinnes skule:

Detaljer

Matematikk, barnetrinn 1-2

Matematikk, barnetrinn 1-2 Matematikk, barnetrinn 1-2 Matematikk, barnetrinn 1-2 Tal telje til 100, dele opp og byggje mengder opp til 10, setje saman og dele opp tiargrupper opp til 100 og dele tosifra tal i tiarar og einarar bruke

Detaljer

Årsplan i matematikk 2015/16

Årsplan i matematikk 2015/16 Årsplan i matematikk 2015/16 Kompetansemål etter 7. årssteget Tal og algebra Hovudområdet tal og algebra handlar om å utvikle talforståing og innsikt i korleis tal og talbehandling inngår i system og mønster.

Detaljer

Årsplan i matematikk 2017/18

Årsplan i matematikk 2017/18 Årsplan i matematikk 2017/18 Kompetansemål etter 7. årssteget Tal og algebra Hovudområdet tal og algebra handlar om å utvikle talforståing og innsikt i korleis tal og talbehandling inngår i system og mønster.

Detaljer

Revidert hausten 2018 Side 1

Revidert hausten 2018 Side 1 Tid Kompetansemål Elevane skal kunne: Innhald/Lærestoff Elevane skal arbeide med: Arbeidsmåtar Aktuelle arbeidsmåtar i faget: Korleis vurderar vi: Kjenneteikn på kompetanse: 34-39 Tal beskrive og bruke

Detaljer

Åkra ungdomsskole- Helårsplan matematikk 2016

Åkra ungdomsskole- Helårsplan matematikk 2016 Åkra ungdomsskole- Helårsplan matematikk 2016 Halvårsplan i matematikk Klasse: 10F Semester: Haust + vår Lærebok : Grunntal 10 Hovedområde Kompetansemål Antall uker. Arbeidsmetode (Forslag) Vurdering Grunntal

Detaljer

Formål og hovedinnhold matematikk Grünerløkka skole

Formål og hovedinnhold matematikk Grünerløkka skole Formål og hovedinnhold matematikk Grünerløkka skole Revidert høst 2016 1 Føremål Matematikk er ein del av den globale kulturarven vår. Mennesket har til alle tider brukt og utvikla matematikk for å systematisere

Detaljer

Årsplan i matematikk 8.trinn, 2014-2015 Faglærere: Lars Skaale Hauge, Hans Tinggård Dillekås og Ina Hernar Lærebok: Nye Mega 8A og 8B

Årsplan i matematikk 8.trinn, 2014-2015 Faglærere: Lars Skaale Hauge, Hans Tinggård Dillekås og Ina Hernar Lærebok: Nye Mega 8A og 8B Årsplan i matematikk 8.trinn, 2014-2015 Faglærere: Lars Skaale Hauge, Hans Tinggård Dillekås og Ina Hernar Lærebok: 8A og 8B Grunnleggende ferdigheter i faget: Munnlege ferdigheiter i matematikk inneber

Detaljer

Årsplan Matematikk 8. trinn

Årsplan Matematikk 8. trinn Årsplan Matematikk 8. trinn Innhold Vurdering...1 Årsplan/vekeplan...4 Vurdering Matematikk: Rettleiande nasjonale kjenneteikn på måloppnåing for standpunkt etter 10. trinn Kjenneteikna på måloppnåing

Detaljer

Årsplan i matematikk for 6. trinn

Årsplan i matematikk for 6. trinn Årsplan i matematikk for 6. trinn 2017-2018 Tal og algebra - beskrive og bruke plassverdisystemet for desimaltal, rekne med positive og negative heile tal, desimaltal, brøkar og prosent og plassere dei

Detaljer

Kjenna verdien til kvart siffer i både fleirsifra tal og desimaltal.

Kjenna verdien til kvart siffer i både fleirsifra tal og desimaltal. ÅRSPLAN I MATEMATIKK FOR 7. TRINN 2019-20 Hovudlæreverk: Multi Arbeidsform: Læresamtalar med lærevenn og i større grupper, prosessnotat, oppgåveløysing PERIODE TEMA MÅL (K06) LÆRINGSMÅL INNHALD (Lærebøker

Detaljer

[2017] FAG - OG VURDERINGSRAPPORT. Matematikk. 10a & 10b. For kommunane: Gjesdal Hå Klepp Sola Time. 40 elevar. Lye ungdomsskule

[2017] FAG - OG VURDERINGSRAPPORT. Matematikk. 10a & 10b. For kommunane: Gjesdal Hå Klepp Sola Time. 40 elevar. Lye ungdomsskule Nynorsk utgåve FAG - OG VURDERINGSRAPPORT Matematikk 10a & 10b 40 elevar Lye ungdomsskule Beate Gederø Torgersen og Jørn Serigstad [2017] For kommunane: Gjesdal Hå Klepp Sola Time Fag og vurderingsrapporten

Detaljer

Årsplan i matematikk for 5. årssteg

Årsplan i matematikk for 5. årssteg Årsplan i matematikk for 5. årssteg Vi har tatt utgangspunkt i «Kunnskapsløftet» s. 62, «Kompetansemål etter 7. årssteget». Dette har vi halde opp mot matematikkverket som vi nyttar her på skulen på 5.

Detaljer

Matematikk, ungdomstrinn 8-10

Matematikk, ungdomstrinn 8-10 Matematikk, ungdomstrinn 8-10 Tal og algebra samanlikne og rekne om mellom heile tal, desimaltal, brøkar, prosent, promille og tal på standardform, uttrykkje slike tal på varierte måtar og vurdere i kva

Detaljer

Læringsressurser Arbeidsmåter og tilpasset opplæring egnet til å nå kompetansemålene

Læringsressurser Arbeidsmåter og tilpasset opplæring egnet til å nå kompetansemålene Fag: Matematikk Faglærere: Bjørn Helge Søvde og Simen Håland Trinn: 10. trinn Skoleår: 2016/2017 Periode Kompetansemål Grunnleggende ferdigheter Læringsressurser Arbeidsmåter og tilpasset opplæring egnet

Detaljer

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016 ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016 Fag: Matematikk Klassetrinn: 6 Lærar: Torill Myrtveit Fjeld Veke Kompetansemål Tema Læringsmål Vurderingskriterier Forslag til læreverk I startgropa Undervegs I mål 34 beskrive

Detaljer

FARNES SKULE ÅRSPLAN

FARNES SKULE ÅRSPLAN Fag : Matematikk Lærek : Cappelen Damm Faktor 2 Klasse/ trinn: 9A / 9.klasse Skuleåret : 2016-17 Lærar : Bjarne Søvde FARNES SKULE ÅRSPLAN Veke / Månad Kompetansemål Innhald/ Lærestoff Arbeidsmåter Vurdering

Detaljer

Anna lærestoff: Fagbøker, aviser, video, Excel,Geogebra, internett

Anna lærestoff: Fagbøker, aviser, video, Excel,Geogebra, internett 34 behandle, faktorisere og forenkle algebrauttrykk, knyte uttrykka til praktiske situasjonar, rekne med formlar, parentesar og brøkuttrykk og bruke kvadratsetningane samanlikne og rekne om mellom heile

Detaljer

Fag: Matematikk. Periode Kompetansemål Grunnleggende ferdigheter. emner

Fag: Matematikk. Periode Kompetansemål Grunnleggende ferdigheter. emner Fag: Matematikk Faglærere: Solveig og Tore Trinn: 10. trinn Skoleår: 2015/2016 Periode Kompetansemål Grunnleggende ferdigheter 1. lage funksjonar som beskriv numeriske samanhengar og praktiske situasjonar,

Detaljer

HALVÅRSPLAN I MATEMATIKK FOR 6. TRINN HØSTEN 2016

HALVÅRSPLAN I MATEMATIKK FOR 6. TRINN HØSTEN 2016 HALVÅRSPLAN I MATEMATIKK FOR 6. TRINN HØSTEN 2016 Grunnleggjande ferdigheiter Grunnleggjande ferdigheiter er integrerte i kompetansemåla, der dei medverkar til utvikling av og er ein del av fagkompetansen.

Detaljer

Fag: Matematikk. Underveisvurdering Tverrfaglige emner. Periode Kompetansemål Grunnleggende ferdigheter

Fag: Matematikk. Underveisvurdering Tverrfaglige emner. Periode Kompetansemål Grunnleggende ferdigheter Fag: Matematikk Faglærere: Nils J. Helland og Tore H. Evje Trinn: 10. trinn Skoleår:2017/2018 Periode Kompetansemål Grunnleggende ferdigheter 1. samanlikne og rekne om mellom heile tal, desimaltal, brøkar,

Detaljer

Kunna rekna med positive og negative tal. Kunna bruka. addisjon og subtraksjon. Automatisera dei ulike rekneartane

Kunna rekna med positive og negative tal. Kunna bruka. addisjon og subtraksjon. Automatisera dei ulike rekneartane ÅRSPLAN I MATEMATIKK FOR 5. TRINN 2018-2019 Hovudlæreverk: Multi PERIODE TEMA MÅL (K06) LÆRINGSMÅL INNHALD (Lærebøker..) Heile året Dei fire rekneartane Utvikla, bruka og diskutera metodar for hovudrekning,

Detaljer

Fag : MATEMATIKK Trinn 7. klasse Tidsperiode: Uke 1-2 Tema: Måleenheter og måleusikkerhet

Fag : MATEMATIKK Trinn 7. klasse Tidsperiode: Uke 1-2 Tema: Måleenheter og måleusikkerhet Fag : MATEMATIKK Trinn 7. klasse Tidsperiode: Uke 1-2 Tema: Måleenheter og måleusikkerhet -Kunne lese og tolke en Mål for opplæringa er at eleven skal kunne rutetabell Måling: -velje høvelege målereiskapar

Detaljer

Nasjonal prøve i rekning

Nasjonal prøve i rekning Nynorsk Nasjonal prøve i rekning Rettleiing til lærarar Oppfølging og vidare arbeid med prøven på 5. trinn 1 Innhold Oppfølging og vidare arbeid med prøven... 4 Kva måler den nasjonale prøven i rekning?...

Detaljer

[2016] FAG - OG VURDERINGSRAPPORT. FAG: Matematikk KLASSE/GRUPPE: 10. For kommunane: Gjesdal Hå Klepp Sola Time TALET PÅ ELEVAR: 45

[2016] FAG - OG VURDERINGSRAPPORT. FAG: Matematikk KLASSE/GRUPPE: 10. For kommunane: Gjesdal Hå Klepp Sola Time TALET PÅ ELEVAR: 45 Nynorsk utgåve FAG - OG VURDERINGSRAPPORT [2016] FAG: Matematikk KLASSE/GRUPPE: 10. TALET PÅ ELEVAR: 45 SKULE: Lye ungdomsskule FAGLÆRAR: Jørn Serigstad For kommunane: Gjesdal Hå Klepp Sola Time Tema 1

Detaljer

Læreplan i matematikk fellesfag - kompetansemål

Læreplan i matematikk fellesfag - kompetansemål ROSSELAND SKOLE LÆREPLAN I MATEMATIKK 6. TRINN Songdalen for livskvalitet Årstimetallet i faget: _114_ Læreplan i matematikk fellesfag - kompetansemål Kompetansemål etter 7. årssteget Tal og algebra Hovudområdet

Detaljer

Merk: Tidspunkta for kor tid me arbeider med dei ulike emna kan avvika frå planen. Me vil arbeida med fleire emne samtidig.

Merk: Tidspunkta for kor tid me arbeider med dei ulike emna kan avvika frå planen. Me vil arbeida med fleire emne samtidig. Merk: Tidspunkta for kor tid me arbeider med dei ulike emna kan avvika frå planen. Me vil arbeida med fleire emne samtidig. ÅRSPLAN I MATEMATIKK FOR 5. TRINN 2017-2018 Hovudlæreverk: Multi Veke TEMA MÅL

Detaljer

Læreplan i matematikk fellesfag - kompetansemål

Læreplan i matematikk fellesfag - kompetansemål Læreplan i matematikk fellesfag - kompetansemål etter 7. årssteget Tal og algebra Hovudområdet tal og algebra handlar om å utvikle talforståing og innsikt i korleis tal og talbehandling inngår i system

Detaljer

ÅRSPLAN I MATEMATIKK 1. KLASSE BREIVIKBOTN SKOLE 2014-2015. Lærer: Turid Nilsen

ÅRSPLAN I MATEMATIKK 1. KLASSE BREIVIKBOTN SKOLE 2014-2015. Lærer: Turid Nilsen ÅRSPLAN I MATEMATIKK 1. KLASSE BREIVIKBOTN SKOLE 2014-2015 Lærer: Turid Nilsen Matematikkverket består av: Grunntall 1a + 1b Ressursperm Nettsted med oppgaver Grunnleggende ferdigheter Grunnleggjande ferdigheiter

Detaljer

Fag: MATEMATIKK Årstrinn: 10.klasse Skoleår: 18/19

Fag: MATEMATIKK Årstrinn: 10.klasse Skoleår: 18/19 Fag: MATEMATIKK Årstrinn: 10.trinn Skoleår: 18/19 Å R S P L A N Vormedal ungdomsskole Fag: MATEMATIKK Årstrinn: 10.klasse Skoleår: 18/19 Kjernen i faget: Praktisk og teoretisk kunnskap danner grunnlaget

Detaljer

REVIDERT Årsplan i matematikk, 8. klasse,

REVIDERT Årsplan i matematikk, 8. klasse, Elevane Innhald/Lære v. 34-38 Tal og algebra Samanlikne og rekne om mellom heile tal, desimaltal, og uttrykkje slike tal på varierte måtar. Bruke faktorar, potensar og primtal i berekningar Utvikle, bruke

Detaljer

ÅRSPLAN Hordabø skule 2015/2016

ÅRSPLAN Hordabø skule 2015/2016 ÅRSPLAN Hordabø skule 2015/2016 Fag: Matematikk Klassetrinn: 5 Lærar: Jannicke Blommedal Bauge Veke Veke Kompetansemål Tema Læringsmål Vurderingskriterier Forslag I startgropa Undervegs Eigenvurd. I mål

Detaljer

Årsplan i matematikk 9.klasse

Årsplan i matematikk 9.klasse Heile året Tal og algebra Mål for opplæringa er at eleven skal kunne: analysere samansette problemstillingar, identifisere faste og variable storleikar, kople samansette problemstillingar tilkjende løysingsmetodar,

Detaljer

ØRSTA UNGDOMSSKULE MATEMATIKK

ØRSTA UNGDOMSSKULE MATEMATIKK ØRSTA UNGDOMSSKULE MATEMATIKK Årsplan for : 8. trinn Revidert Våren 2014 LÆRINGSGRUNNLAG - Kompetansemål Tal og algebra samanlikne og rekne om mellom heile tal, desimaltal, brøkar, prosent, promille og

Detaljer

ÅRSPLAN I MATEMATIKK 2. trinn 2014/2015

ÅRSPLAN I MATEMATIKK 2. trinn 2014/2015 ÅRSPLAN I MATEMATIKK 2. trinn 2014/2015 Faglærer: Læreverk: Hege Skogly Grunntall 2a og 2b, Bakke og Bakke Ressursperm og nettsted Grunnleggende ferdigheter i faget (Fra læreplanverket for Kunnskapsløftet,

Detaljer

Årsplan i matematikk 8.trinn, Faglærere: Rolf Eide (8A og 8B) og Halldis Furnes ( 8C) Lærebok: Nye Mega 8A og 8B

Årsplan i matematikk 8.trinn, Faglærere: Rolf Eide (8A og 8B) og Halldis Furnes ( 8C) Lærebok: Nye Mega 8A og 8B Årsplan i matematikk 8.trinn, 2016-2017 Faglærere: Rolf Eide (8A og 8B) og Halldis Furnes ( 8C) Lærebok: Nye Mega 8A og 8B Grunnleggende ferdigheter i faget: Munnlege ferdigheiter i matematikk inneber

Detaljer

Nasjonale prøver

Nasjonale prøver Nasjonale prøver 17.10.2013 Rettleiing til lærarar Rekning 5. trinn. Del 2 Nynorsk 1 Innhald Korleis bruke resultata i undervisninga?... 3 Oversikt over oppgåvene til nasjonal prøve i rekning 2013 versjon

Detaljer

ÅRSPLAN I MATEMATIKK 2. KLASSE BREIVIKBOTN SKOLE 2013-2014

ÅRSPLAN I MATEMATIKK 2. KLASSE BREIVIKBOTN SKOLE 2013-2014 ÅRSPLAN I MATEMATIKK 2. KLASSE BREIVIKBOTN SKOLE 2013-2014 Lærer: Turid Nilsen Matematikkverket består av: - Ressursperm - Grunntall 2a + 2b - CD-rom Forfattere: Bjørn Bakke og Inger Nygjelten Bakke Grunnleggende

Detaljer

Farnes skule, årsplan

Farnes skule, årsplan Fag : Matematikk Læreverk : Faktor 3, Cappelen Klasse/ trinn: 10 A Skuleåret : 2017-2018 Lærar : Bjarne Søvde Kompetansemål Innhald/ Lære Vurdering Arbeidsmåter 34 behandle, faktorisere og forenkle algebrauttrykk,

Detaljer

Læreplan i fellesfaget matematikk 2T og 2P, Vg2 studieførebuande utdanningsprogram

Læreplan i fellesfaget matematikk 2T og 2P, Vg2 studieførebuande utdanningsprogram Du har bedt om en oversettelse av læreplanen som ikke finnes. Viser fastsatt tekst. Følgende versjoner er tilgjengelige: Nynorsk Læreplan i fellesfaget matematikk 2T og 2P, Vg2 studieførebuande utdanningsprogram

Detaljer

- Positive negative tal - Titallsystemet - Standardalgoritmen. addisjon og subtraksjon - Automatisere dei ulike rekneartane

- Positive negative tal - Titallsystemet - Standardalgoritmen. addisjon og subtraksjon - Automatisere dei ulike rekneartane ÅRSPLAN I MATEMATIKK FOR 5. TRINN 2016 2017 Hovudlæreverk: Multi Veke TEMA MÅL (K06) LÆRINGSMÅL INNHALD (Lærebøker..) 3440 Haustferie v.41 Heile tal Beskriva plassverdisystemet for desimaltal, rekna med

Detaljer

Nasjonal prøve i rekning

Nasjonal prøve i rekning Nasjonal prøve i rekning Rettleiing til lærarar Oppfølging og vidare arbeid med prøven 5. steget 2017 Nynorsk Innhald Del 1. Kva måler den nasjonale prøven i rekning?... 3 Føremål... 3 Del 2. Oppfølging

Detaljer

Bryne ungdomsskule ÅRSPLAN. FAG: Matematikk. Trinn: 8. trinn

Bryne ungdomsskule ÅRSPLAN. FAG: Matematikk. Trinn: 8. trinn ÅRSPLAN Bryne ungdomsskule FAG: Matematikk Trinn: 8. trinn Periode: veke 33-39 Tema: Tal og talforståing Kompetansemål - Samanlikna og rekna om mellom heile tal, desimaltal, brøkar, prosent, promille og

Detaljer

HARALDSVANG SKOLE Årsplan 10.trinn FAG: Matematikk

HARALDSVANG SKOLE Årsplan 10.trinn FAG: Matematikk HARALDSVANG SKOLE Årsplan 10.trinn 2018-19 FAG: Matematikk Uke Kompetansemål Emne Arbeidsmåte Læremidler Annet 34-36 Samanlikne og rekne om mellom heile tal, desimaltal, brøkar, prosent, promille og tal

Detaljer

Anna lærestoff: Fagbøker, aviser, video, Excel,Geogebra, internett

Anna lærestoff: Fagbøker, aviser, video, Excel,Geogebra, internett Heile året Mål for opplæringa er at eleven skal kunne: analysere samansette problemstillingar, identifisere faste og variable storleikar, kople samansette problemstillingar tilkjende løysingsmetodar, gjennomføre

Detaljer

Læreplan i matematikk fellesfag trinn

Læreplan i matematikk fellesfag trinn Læreplan i matematikk fellesfag 1. 10. trinn Status: Bearbeidet versjon etter høring Om faget Fagrelevans og sentrale verdiar Matematikk er eit sentralt fag for å kunne forstå mønster og samanhengar i

Detaljer

Årsplan i matematikk, 8. klasse,

Årsplan i matematikk, 8. klasse, v. 34-38 Samanlikne og rekne om mellom heile tal, desimaltal, og uttrykkje slike tal på varierte måtar. Bruke faktorar, potensar og primtal i berekningar Kap.1 Tal og talforståing Rekne med Tital-systemet

Detaljer

Anna lærestoff: Fagbøker, aviser, video, Excel,Geogebra, internett

Anna lærestoff: Fagbøker, aviser, video, Excel,Geogebra, internett 34 Tal og algebra behandle, faktorisere og forenkle algebrauttrykk, knyte uttrykka til praktiske situasjonar, rekne med formlar, parentesar og brøkuttrykk og bruke kvadratsetningane samanlikne og rekne

Detaljer

Farnes skule Læreverk: FAKTOR 1 Årsplan i MATEMATIKK. Innhald/Lærestoff Elevane skal arbeide med:

Farnes skule Læreverk: FAKTOR 1 Årsplan i MATEMATIKK. Innhald/Lærestoff Elevane skal arbeide med: Farnes skule Læreverk: FAKTOR 1 Årsplan i MATEMATIKK Klasse/steg: 8A Skuleår: 2016 2017 Lærar: Anne Ølnes Hestethun, Bjarne Søvde, Tatjana Hestethun Tid/veker Gjeld heile året analysere samansette problemstillingar,

Detaljer

ÅRSPLAN Øyslebø oppvekstsenter. Fag: Matematikk Trinn: 10. Lærer: Tove Mørkesdal og Tore Neerland. Tidsr om (Dato er/ ukenr, perio der.

ÅRSPLAN Øyslebø oppvekstsenter. Fag: Matematikk Trinn: 10. Lærer: Tove Mørkesdal og Tore Neerland. Tidsr om (Dato er/ ukenr, perio der. Øyslebø oppvekstsenter ÅRSPLAN 2016-2017 Fag: Matematikk Trinn: 10. Lærer: Tove Mørkesdal og Tore Neerland Tidsr om (Dato er/ ukenr, perio der. Tema Lærestoff / læremidler (lærebok kap./ s, bøker, filmer,

Detaljer

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR Spørsmåla handlar om forhold som er viktige for læringa di. Det er ingen rette eller feile svar, vi vil berre vite korleis du opplever situasjonen på skulen din. Det er frivillig

Detaljer

Farnes skule, årsplan

Farnes skule, årsplan Fag : Matematikk Læreverk : Faktor 3, Cappelen Klasse/ trinn: 10 A, 10 B /10.KLASSE Skuleåret : 2016-2017 Lærar : Bjarne Søvde / Rigmor Skrede Tal og algebra 34 behandle, faktorisere og forenkle algebrauttrykk,

Detaljer

KOMPETANSEMÅL I MATEMATIKK 1. KLASSE.

KOMPETANSEMÅL I MATEMATIKK 1. KLASSE. KOMPETANSEMÅL I MATEMATIKK 1. KLASSE. Tal telje til 100, dele opp og byggje mengder opp til 10, setje saman og dele opp tiargrupper opp til 100 og dele tosifra tal i tiarar og einarar. bruke tallinja til

Detaljer

Skoleåret 2016/17 UKE KAPITTEL EMNER HOVEDOMRÅDE. Potenser. Kvadrattall. Forhold. Figurtall og tallrekker. Bokstavuttrykk Tall og algebra, punkt: 5

Skoleåret 2016/17 UKE KAPITTEL EMNER HOVEDOMRÅDE. Potenser. Kvadrattall. Forhold. Figurtall og tallrekker. Bokstavuttrykk Tall og algebra, punkt: 5 MATEMATIKK 9. KLASSE ÅRSPLAN Skoleåret 2016/17 UKE KAPITTEL EMNER HOVEDOMRÅDE 34 35 36 37 38 Kapittel 1 Tall og algebra Potenser Kvadrattall Regning med fortegnstall Forhold Figurtall og tallrekker Tall

Detaljer

Anna lærestoff: Fagbøker, aviser, video, Excel,Geogebra, internett

Anna lærestoff: Fagbøker, aviser, video, Excel,Geogebra, internett Heile året Mål for opplæringa er at eleven skal kunne: analysere samansette problemstillingar, identifisere faste og variable storleikar, kople samansette problemstillingar tilkjende løysingsmetodar, gjennomføre

Detaljer

Årsplan Matematikk 5. trinn 2015/2016

Årsplan Matematikk 5. trinn 2015/2016 Årsplan Matematikk 5. trinn 2015/2016 Tid (veke ) 3439 Heile tal Tema Kompetansemål Delmål Arbeidsmåt e (Øve til nasjonale prøver) 40 Statistikk Beskrive og bruke plassverdisystemet for desimaltal, rekne

Detaljer

Nasjonale prøver 01.10.2013

Nasjonale prøver 01.10.2013 Nasjonale prøver 01.10.2013 Rettleiing til lærarar Rekning 8. og 9. trinn. Del 2 Nynorsk Innhold Hvordan bruke resultatene i undervisningen?... 3 Oversikt over oppgåvene til nasjonal prøve i rekning 2013

Detaljer

Nasjonal prøve i rekning

Nasjonal prøve i rekning Nasjonal prøve i rekning Rettleiing til lærarar Oppfølging og vidare arbeid med prøven 5. steget 2018 Nynorsk Innhald Del 1. Kva måler den nasjonale prøven i rekning?... 3 Føremål... 3 Informasjon om prøven

Detaljer

Lokal læreplan Sokndal skole. Fag: Matematikk Trinn: 6.kl Lærebok: Grunntall 6a og 6b. Ant. uker. Vurderings kriterier. Høy grad av mål-oppnåelse

Lokal læreplan Sokndal skole. Fag: Matematikk Trinn: 6.kl Lærebok: Grunntall 6a og 6b. Ant. uker. Vurderings kriterier. Høy grad av mål-oppnåelse Lokal læreplan Sokndal skole Fag: Matematikk Trinn: 6.kl Lærebok: Grunntall 6a og 6b 4, 5 6 Kap 1 Addisjon - Beskrive og bruke plassverdisystemet for desimaltall, regne med positive og negative heile tall,

Detaljer

ÅRSPLAN Øyslebø oppvekstsenter. Fag: Matematikk Trinn: 10. Lærere: Siri Trygsland Solås, Trond Ivar Unsgaard og Unni Grindland

ÅRSPLAN Øyslebø oppvekstsenter. Fag: Matematikk Trinn: 10. Lærere: Siri Trygsland Solås, Trond Ivar Unsgaard og Unni Grindland Øyslebø oppvekstsenter ÅRSPLAN 2018-2019 Fag: Matematikk Trinn: 10. Lærere: Siri Trygsland Solås, Trond Ivar Unsgaard og Unni Grindland Tidsrom (Datoer/ ukenr, perioder. Tema Lærestoff / læremidler (lærebok

Detaljer

UKE KAPITTEL EMNER HOVEDOMRÅDE. Naturlige tall. Primtall. Faktorisering. Hoderegning. Desimaltall. Overslagsregning. Negative tall.

UKE KAPITTEL EMNER HOVEDOMRÅDE. Naturlige tall. Primtall. Faktorisering. Hoderegning. Desimaltall. Overslagsregning. Negative tall. MATEMATIKK 8. KLASSE ÅRSPLAN Skoleåret 2017/18 UKE KAPITTEL EMNER HOVEDOMRÅDE 34 Naturlige tall Primtall Tall og algebra punkt: 1, 2, 3 og 4 Faktorisering 35 36 37 Kapittel 1 Tall og tallforståelse Hoderegning

Detaljer

Timetal. Grunnleggjande ferdigheiter. Timetala er oppgjevne i einingar på 60 minutt. BARNESTEGET årssteget: 560 timar

Timetal. Grunnleggjande ferdigheiter. Timetala er oppgjevne i einingar på 60 minutt. BARNESTEGET årssteget: 560 timar Timetal Timetala er oppgjevne i einingar på 60 minutt. BARNESTEGET 1. 4. årssteget: 560 timar 5. 7. årssteget: 328 timar UNGDOMSSTEGET 8. 10. årssteget: 313 timar STUDIEFØREBUANDE UTDANNINGSPROGRAM Vg1:

Detaljer

Uke Tema Læreplanmål Læringsmål Læremiddel

Uke Tema Læreplanmål Læringsmål Læremiddel Uke Tema Læreplanmål Læringsmål Læremiddel 34-35 Data og statistikk - samle, sortere, notere og illustrere data på formålstenlege måtar med teljestrekar, tabellar og søylediagram, med og utan digitale

Detaljer

ROSSELAND SKOLE LÆREPLAN I MATEMATIKK 2. TRINN

ROSSELAND SKOLE LÆREPLAN I MATEMATIKK 2. TRINN ROSSELAND SKOLE LÆREPLAN I MATEMATIKK 2. TRINN Årstimetallet i faget: 133 Songdalen for livskvalitet Generell del av læreplanen, grunnleggende ferdigheter og prinsipper for opplæringen er innarbeidet i

Detaljer

Skoleåret 2015/16 UKE KAPITTEL EMNER HOVEDOMRÅDE. Tallsystemer. Problemløsning. Proporsjoner. Regning med variabler. Pytagoras-setningen

Skoleåret 2015/16 UKE KAPITTEL EMNER HOVEDOMRÅDE. Tallsystemer. Problemløsning. Proporsjoner. Regning med variabler. Pytagoras-setningen MATEMATIKK 10. KLASSE ÅRSPLAN Skoleåret 2015/16 UKE KAPITTEL EMNER HOVEDOMRÅDE 34 35 36 37 Kapittel 1 Tall og algebra Tallsystemer Problemløsning Proporsjoner Regning med variabler Tall og algebra punkt:

Detaljer

Læreplan i matematikk fellesfag kompetansemål

Læreplan i matematikk fellesfag kompetansemål Læreplan i matematikk fellesfag kompetansemål etter 2. trinn Tal Hovudområdet tal og algebra handlar om å utvikle talforståing og innsikt i korleis tal og talbehandling inngår i system og mønster. Med

Detaljer

ÅRSPLAN matematikk 7.klasse

ÅRSPLAN matematikk 7.klasse Øyslebø oppvekstsenter ÅRSPLAN matematikk 7.klasse 2017-2018 Fag: Matematikk Trinn: 7.kl Lærer: Sigmund Tveiten Tidsrom (Datoer/ ukenr, perioder..) Tema Lærestoff / læremidler (lærebok kap./ s, bøker,

Detaljer

Bryne ungdomsskule ÅRSPLAN. FAG: Matematikk. Trinn: 9. trinn

Bryne ungdomsskule ÅRSPLAN. FAG: Matematikk. Trinn: 9. trinn ÅRSPLAN Bryne ungdomsskule FAG: Matematikk Trinn: 9. trinn Veke: Tal 34-40 Tema: Tal og algebra Formål med faget: Grunnleggjande ferdigheit Kompetansemål Læringsmål Lesing: Forstå matematisk symbolspråk,

Detaljer

ÅRSPLAN matematikk 7.klasse

ÅRSPLAN matematikk 7.klasse Øyslebø oppvekstsenter ÅRSPLAN matematikk 7.klasse 2016-2017 Fag: Matematikk Trinn: 7.kl Lærer: Sigmund Tveiten Tidsrom (Datoer/ ukenr, perioder..) Tema Lærestoff / læremidler (lærebok kap./ s, bøker,

Detaljer

Matematikk 7. trinn 2014/2015

Matematikk 7. trinn 2014/2015 Matematikk 7. trinn 2014/2015 Tid Emne Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering 34- Tall 39 - beskrive for desimaltall, rekne med positive og negative heile tal, desimaltall, brøker og prosent, og plassere

Detaljer

Kjenneteikn på måloppnåing. Framlegg til aktivitetar

Kjenneteikn på måloppnåing. Framlegg til aktivitetar Matematikk i skulen 3. årssteget Kompetansemål etter 4. klasse TAL Skildre plassverdisystemet for dei heile tala, bruke positive og negative heile tal, enkle brøkar og desimaltal i praktiske samanhengar,

Detaljer

UKE KAPITTEL EMNER HOVEDOMRÅDE. Tallsystemer. Problemløsning. Proporsjoner. Regning med variabler. Pytagoras-setningen. Spesielle trekanter

UKE KAPITTEL EMNER HOVEDOMRÅDE. Tallsystemer. Problemløsning. Proporsjoner. Regning med variabler. Pytagoras-setningen. Spesielle trekanter MATEMATIKK 10. KLASSE ÅRSPLAN Skoleåret 2017/18 UKE KAPITTEL EMNER HOVEDOMRÅDE 34 35 36 37 Kapittel 1 Tall og algebra Tallsystemer Problemløsning Proporsjoner Regning med variabler Tall og algebra punkt:

Detaljer

Matematikk 7. trinn 2014/2015

Matematikk 7. trinn 2014/2015 Matematikk 7. trinn 2014/2015 Tid Emne Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering 34- Tall 39 - beskrive for desimaltall, rekne med positive og negative heile tal, desimaltall, brøker og prosent, og plassere

Detaljer

Årsplan Matematikk 5. trinn 2015/2016

Årsplan Matematikk 5. trinn 2015/2016 Årsplan Matematikk 5. trinn 2015/2016 Tid (veke ) 3439 Heile tal Tema Kompetansemål Delmål Arbeidsmåt e (Øve til nasjonale prøver) Beskrive og bruke plassverdisystemet for desimaltal, rekne med positive

Detaljer

ÅRSPLAN Arbeidsmåter ( forelesing, individuelt elevarbeid, gruppearbeid, forsøk, ekskursjoner )

ÅRSPLAN Arbeidsmåter ( forelesing, individuelt elevarbeid, gruppearbeid, forsøk, ekskursjoner ) Øyslebø oppvekstsenter ÅRSPLAN 2016-2017 Fag: MATEMATIKK Trinn: 6 Lærer: Kari Oftebro /Bente Krågeland Organisering: 6.klasse har 2 økter i uka med matematikk. En økt med halv klasse og en økt med full

Detaljer

Nasjonale prøver. Rettleiing til lærarar Rekning 8. og 9. trinn. DEL Nynorsk

Nasjonale prøver. Rettleiing til lærarar Rekning 8. og 9. trinn. DEL Nynorsk Nasjonale prøver 01.10.2014 Rettleiing til lærarar Rekning 8. og 9. trinn. DEL 2 Nynorsk Innhald Korleis bruke resultata i undervisninga?... 3 Oversikt over oppgåvene til nasjonal prøve i rekning 2014

Detaljer

Matematikk i skulen 5. - 7. årssteget Tal og algebra Kompetansemål etter 7. steg (etter LK06)

Matematikk i skulen 5. - 7. årssteget Tal og algebra Kompetansemål etter 7. steg (etter LK06) Matematikk i skulen 5. - 7. årssteget Tal og algebra etter 7. steg Beskrive plassverdisystemet for desimaltal, rekne med positive og negative heile tal, desimaltal, og prosent, og plassere dei på tallinja

Detaljer

Læreplan i matematikk fellesfag 2P-Y, Vg3 påbygging til generell studiekompetanse

Læreplan i matematikk fellesfag 2P-Y, Vg3 påbygging til generell studiekompetanse Læreplan i matematikk fellesfag 2P-Y, Vg3 påbygging til generell Fastsett som forskrift av Kunnskapsdepartementet 21.06.2013 Kunnskapsdepartementet har 5.11.2015 vedteke å fjerne matematikk 2T og matematikk

Detaljer

Årsplan i matematikk Trinn 10 Skoleåret Haumyrheia skole Heidi Sandvik, Jostein Torvnes og Elizabeth N Malja

Årsplan i matematikk Trinn 10 Skoleåret Haumyrheia skole Heidi Sandvik, Jostein Torvnes og Elizabeth N Malja Årsplan i matematikk Trinn 10 Skoleåret 2017-2018 Tids rom 33-38 Kompetansemål Hva skal vi lære? (Læringsmål) Metoder og ressurser Vurdering/ tilbakemelding behandle, faktorisere og forenkle algebrauttrykk,

Detaljer

ROSSELAND SKOLE LÆREPLAN I MATEMATIKK 7. TRINN

ROSSELAND SKOLE LÆREPLAN I MATEMATIKK 7. TRINN ROSSELAND SKOLE LÆREPLAN I MATEMATIKK 7. TRINN Songdalen for livskvalitet Årstimetallet i faget: _114 Generell del av læreplanen, grunnleggende ferdigheter og prinsipper for opplæringen er innarbeidet

Detaljer

Kompetansemål etter 7. årssteget 1

Kompetansemål etter 7. årssteget 1 Kompetansemål etter 7. årssteget 1 Tal og algebra Mål for opplæringen er at eleven skal kunne beskrive og bruke plassverdisystemet for desimaltal, rekne med positive og negative heile tal, desimaltal,

Detaljer

UTDANNINGSVAL NORDBYGDO UNGDOMSSKULE.

UTDANNINGSVAL NORDBYGDO UNGDOMSSKULE. UTDANNINGSVAL NORDBYGDO UNGDOMSSKULE. KOMPETANSEMÅL Etter 10.trinn skal elevane kunna:. Gje ei oversikt over lokalt næringsliv. Klargjera eigne interesser, anlegg og verdiar som føresetnad for sjølvstendige

Detaljer

Halvårsplan/årsplan i matte for 7. trinn 2014/2015

Halvårsplan/årsplan i matte for 7. trinn 2014/2015 Uke/ perio de Kompetansemål KL- 06 33-36 Beskrive og bruke plassverdisystemet for desimaltall. Regne med positive og negative hele tall og desimaltall. Plassere tallene på tallinja. Utforske og beskrive

Detaljer

Rettleiing. Nasjonale prøver i lesing for 8. og 9. steget. Versjon: november 2010, nynorsk

Rettleiing. Nasjonale prøver i lesing for 8. og 9. steget. Versjon: november 2010, nynorsk Rettleiing Nasjonale prøver i lesing for 8. og 9. steget Versjon: november 2010, nynorsk Nasjonale prøver i lesing for 8. og 9. steget Her får du generell informasjon om nasjonale prøver i lesing og kva

Detaljer

Faktor 2 Kapittel 1 Tall og tallforståelse. Tidsbruk: 4 uker. Kikora. Faktor 2 Kapittel 2 Algebra. Diverse konkreter.

Faktor 2 Kapittel 1 Tall og tallforståelse. Tidsbruk: 4 uker. Kikora. Faktor 2 Kapittel 2 Algebra. Diverse konkreter. Fag: Matematikk Faglærere: Stian Frøysaa, Nils J. Helland Trinn: 9. trinn Skoleår: 2016/2017 Periode Kompetansemål Grunnleggende ferdigheter 1. samanlikne og rekne om mellom heile tal, desimaltal, brøkar,

Detaljer

Læringsressurser Arbeidsmåter og tilpasset opplæring egnet til å nå kompetansemålene

Læringsressurser Arbeidsmåter og tilpasset opplæring egnet til å nå kompetansemålene Fag: Matematikk Faglærere: Simen Håland og Bjørn Helge Søvde Trinn: 9. trinn Skoleår: 2015/2016 Periode Kompetansemål Grunnleggende ferdigheter Læringsressurser Arbeidsmåter og tilpasset opplæring egnet

Detaljer

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016 Fag: Matematikk Klassetrinn: 7 Lærar: Kristin Helland ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016 Veke Kompetansemål Tema Læringsmål Låg måloppnåing Middels måloppnåing Høg måloppnåing 35 KAPITTEL 1 -beskrive plassverdisystemet

Detaljer

Den grunnleggende ferdigheten å kunne regne. Introduksjon

Den grunnleggende ferdigheten å kunne regne. Introduksjon Den grunnleggende ferdigheten å kunne regne Introduksjon Hvorfor regning som grunnleggende ferdighet? For å utvikle elevenes kompetanse slik at de kan: - ta stilling til samfunnsspørsmål på en reflektert

Detaljer

Design og berekraft valfritt programfag i utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur

Design og berekraft valfritt programfag i utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur Læreplankode: XXXX-XX valfritt programfag i utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur Fastsett som forskrift av . Gjeld frå

Detaljer

Nasjonal prøve i rekning

Nasjonal prøve i rekning Nynorsk Nasjonal prøve i rekning Rettleiing til lærarar Oppfølging og vidare arbeid med prøven for 5. trinn 2016 1 Innhald Oppfølging og vidare arbeid med prøven... 3 Kva måler den nasjonale prøven i rekning?...

Detaljer

Forstå plassverdisystemet for heile tal. Kunna plassera negative og positive heiltal på tallinja. Kunna gjera overslag og foreta avrunding

Forstå plassverdisystemet for heile tal. Kunna plassera negative og positive heiltal på tallinja. Kunna gjera overslag og foreta avrunding ÅRSPLAN I MATEMATIKK FOR 6. TRINN 2018-2019 Hovudlæreverk: Multi Arbeidsform: Læresamtalar med lærevenn og i større grupper, prosessnotat, oppgåveløysing PERIODE TEMA MÅL (K06) LÆRINGSMÅL INNHALD (Lærebøker

Detaljer