Lobbyarbeid. Temaet er delt i tre delemne: Påverknad i lokalsamfunnet Bruk nettverka! Lobbyarbeid i fylket og nasjonalt

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Lobbyarbeid. Temaet er delt i tre delemne: Påverknad i lokalsamfunnet Bruk nettverka! Lobbyarbeid i fylket og nasjonalt"

Transkript

1 Lobbyarbeid Frivillige organisasjonar sentralt og lokalt spelar ei rolle som samfunnspåverkar. Den lokale aktiviteten og verdiorienteringa til medlemene er med å bestemme utviklinga i lokalsamfunnet. På same vis er mange lokale lag som er samla under same paraply med å påverke storsamfunnet. Kva kanalar for påverknad finst? Korleis kan ein gå fram når ein vil nå fram med ein bodskap? Kvifor drive lobbyarbeid? Dette er spørsmål som vil bli diskutert under dette emnet. Det viktige med temaet er at deltakarane blir bevisst på at dei kan påverke samfunnsutviklinga. Det er fint å presentere nokre kanalar for påverknad og seie litt om korleis ein kan gå fram. Prøv å setje i gang deltakarane sin refleksjon rundt dette. Kom gjerne med historier om korleis lokale lag og enkeltpersonar har gått fram for å bli høyrt. Del gjerne ut nokre av lysarka, slik at deltakarane får med seg noko heimatt. Emna byggjer på kvarandre, så start med første emne før du går vidare til dei neste. Temaet er delt i tre delemne: Påverknad i lokalsamfunnet Bruk nettverka! Lobbyarbeid i fylket og nasjonalt 1

2 Innhald Lærarrettleiing: Lobbyarbeid s. 1 Innhald s. 2 Påverknad i lokalsamfunnet s. 3 Rettleiing s. 3 Bakgrunn s. 3 Lysark / powerpoint s. 4 Oppgåver s. 4 Bruk nettverka! s. 6 Rettleiing s. 6 Bakgrunn s. 6 Til å dele ut s. 7 Oppgåver s. 7 Lobbyarbeid i fylket og nasjonalt s. 8 Rettleiing s. 8 Bakgrunn s. 8 Lysark /powerpoint s. 9 Oppgåver s. 9 Til å dele ut: Lobbyprosessen s. 10 Lysark /powerpoint: Frivillige organisasjonar er samfunnspåverkarar Påvirkning Påverknad i lokalsamfunnet Når du lobbar: Lobbyprosessen Kvifor offentleg støtte? Pengesekken Korleis påverke i fylket eller nasjonalt? Lobbynotat Hugs: 2

3 Påverknad i lokalsamfunnet Rettleiing: Lokale lag og foreiningar spelar ei viktig rolle ved å vere pådrivarar og entreprenørar. Dei er pådrivarar i form av å utvikle nye tiltak og komme med forslag til korleis lokalsamfunnet bør endrast. Dei er entreprenørar ved å bygge samfunnet og setje idear ut i livet. Det er viktig at deltakarane blir klar over dette at organisasjonane har makt. Dette er eit tema det er fint å samtale om både i plenum og i grupper. Deltakarane har sikkert tankar om korleis ein kan påverke. Kurslæraren sin jobb er å supplere og komme med nye innfallsvinklar. Bruk dei praktiske oppgåvene og diskusjon for å komme fram til svar i lag. Bakgrunn: Påvirkning har funnet sted når èn subjektiv mening er blitt til en intersubjektiv mening gjennom samhandling i et sosialt fellesskap skriv Kristen Ulstein i Organisasjon og ledelse i frivillig arbeid (1999). Dette er eit fint utgangspunkt for diskusjonen om påverknad i lokalsamfunnet. Korleis kan ungdomslaget eller andre lag lokalt bruke dette? Påverknad handlar om å få spreidd eigne verdiar og tankar, om å bli høyrt og tatt med når kommunen og næringslivet skal lage strategiar for den lokale utviklinga, om å få anerkjenning for det frivillige kulturarbeidet og å få tilstrekkeleg med midlar til å kunne drive ein aktivitet eller kanskje eit ungdomshus eller grendehus. Påverknadsarbeidet treng ikkje å vere i stor skala, men kan like gjerne handle om at medlemene i laget fortel vener og kjente om aktiviteten og verdiane laget representerer. Har laget bestemt seg for å bli ein meir tydeleg påverkar, er det nokre tips som kan vere greitt å ta med seg: Start prosessen internt: Kva vil vi med arbeidet vårt? Kva betyr dette arbeidet for lokalmiljøet, kommunen og fylket (eller landet)? Våg å tenke store tankar. Sett langsiktige mål. Kva er visjonen? Kva må vi gjere konkret for å nærme oss denne? Kor vil vi? Kva kan myndigheitene og andre hjelpe med? Spiss bodskapen. Finn enkeltsaker å jobbe for som samsvarar med det langsiktige målet. Ein kan ikkje jobbe med alt på same tid. Derfor: Kill your darlings. Pick your fight. Bygg alliansar. Kva kan du gjere for andre og andre for deg? Finn din plass å sette inn det politiske støtet. Synleggjer det viktige, samfunnsnyttige arbeidet til organisasjonen. Marknadsfør det positive og ver stolt! Den interne prosessen føregår fortløpande, fordi situasjonen endrar seg lett. Men når ein først er i gang med påverknadsarbeidet er det lurt å førebu seg: Bruk politiske planar aktivt (plan for oppvekst, kulturplan, plan for utvikling av nærmiljøet). Bruk sitat frå desse planane og vis korleis dei heng saman med bodskapen til laget. Kva meiner dei ulike partia/partane? Få sakene med i valprogrammet. Ta personleg kontakt med politikarar, byråkratar og andre med makt. Kom med uttalar før politiske program, planar og budsjett blir vedtatt. 3

4 Vis engasjement. Ver tålmodig. Viss de når fram med bodskapen vis det. Viss ikkje hald fram! Trylleformelen: Gjentakelse av det samme budskapet over lengre tid og i ulike sammenhenger (Ulstein 1999). Det finst utruleg mange ulike saker for eit lokalt lag å lobbe for. Men ofte dreier det seg om pengar. Kva er grunngjevinga for offentleg støtte? 1. Organisasjonen har ein fungerande demokratisk struktur. 2. Arbeidet blir opplevd som meiningsfullt for medlemene, og artikulerer deira interesser. 3. Frivillig arbeid er samfunnsnyttig og eit supplement til det offentlege tilbodet. 4. Frivillige strukturar skapar meiningsdannande sosiale nettverk, og sosial tilhøyrsle. (Ulstein 1999). Det kan vere lurt å vise til dette når du argumenterer for meir støtte til det frivillige arbeidet. Kva kanalar finst for påverknad i ein kommune? Vi har allereie peika på politikarar, byråkratar og parti, og sagt at kommunale planar og budsjett gir høve til å komme med innspel. Mange kommunar har òg ungdommens kommunestyre. Eller det går an å ta kontakt med formannskapet, kommunestyret eller ulike politiske utval. I førekant av kommunevalet held partia gjerne valmøte og har valkampstand bruk desse stadane til å få fram dine synspunkt! Lokalmedia kan vere ein nyttig alliert når ein skal nå fram med ein bodskap. Lysark / powerpoint: - Frivillige organisasjonar er samfunnspåverkarar - Påvirkning - Påverknad i lokalsamfunnet - Når du lobbar: - Lobbyprosessen - Kvifor offentleg støtte? - Pengesekken Oppgåver: Kvifor påverke politisk? Bruk metoden post-it metodar (sjå metodedel). Del ut post-it lappar til deltakarane. Be dei om å skrive ned kvifor ungdomslaget deira bør påverke politisk. Bruk éin post-it lapp per stikkord. Deltakarane presenterer i tur og orden og lappane blir hengt på ei flippoverblokk eller tavle og systematisert etter kva lappar som er nærslekta. Ei øving som passar fint som ein oppstartar til temaet. Tid: min. 4

5 Lobbyarbeid Bruk metoden illustrer eit omgrep (sjå metodedelen). Deltakarane blir delt i grupper som skal illustrere omgrepet lobbyarbeid. Resultatet skal presenterast for dei andre. Ei øving som passar fint som ein oppstartar til temaet. Tid: min. Påverknad i lokalsamfunnet Bruk metoden kafédiskusjon (sjå metodedelen). Del i to (eller fire) grupper. Spørsmålet som skal diskuterast på den eine kafeen er: Kva saker i lokalsamfunnet kan ungdomslaget meine noko om?. På den andre kafeen skal deltakarane diskutere spørsmålet: Kven må laget vårt forhalde seg til når vi skal påverke?. Hugs at deltakarane skal byte kafé etter ei tid. Kafévertane tar imot ny gruppe og presenterer resultatet for alle til slutt. Tid: min. 5

6 Bruk nettverka! Rettleiing: Vi er betre enn meg heiter det så klokt, og i dette sitatet ligg det mykje visdom. Det er mykje ein klarar på eigenhand, men vi står sterkast i lag. Dette er spesielt viktig i lobbyarbeid. Diskuter kva samarbeidspartnarar laga har lokalt og korleis ein kan dra nytte av kvarandre. Kom gjerne med døme på samarbeid som har lukkast godt, og kvifor desse lukkast. Bakgrunn: Utan eit godt nettverk hadde vi aldri fått opp nytt ungdomshus, fortalde ei lokal eldsjel frå Romsdal. Laget hennar bygde nytt ungdomshus på under eit år! Ungdomslaga har mange gode samarbeidspartnarar både lokalt, i fylka og på landsplan. Mange jobbar for det same formålet gode fritidstilbod lokalt. Kva andre organisasjonar og samarbeidspartnarar som finst lokalt varierer mykje. Men nokre av dei ungdomslaga tradisjonelt har samarbeidd med er: 4H-klubbar Velforeiningar Kystlag Idrettslag Røde Kors Mållag Spelemannslag Husflidslag Musikklag Lokalt næringsliv Skulen eller barnehagen Kulturskulen Kommunale ungdomsklubbar Kven ein samarbeider med varierer frå sak til sak, men det er lurt å halde god kontakt med andre lag og instansar i nærmiljøet. I mange lokalsamfunn eller kommunar er frivillige organisasjonar samla i paraplyar. Det er ingenting i vegen for at ungdomslaget kan ta initiativet til å få i gang slike nettverk som t.d. kan jobbe politisk. Mange kommunar har barne- og ungdomsråd der organisasjonane kan møtast bruk desse arenaene aktivt. Eller kanskje laget kan invitere seg til å bli med i næringsrådet? På fylkesplan finst det òg paraplyar av organisasjonar med felles interesser, som barne- og ungdomsråd, folkeakademiet, amatørteaterråd, Folkekulturforbundet og Vaksenopplæringsforbundet. Lista er lang, og med målretta bruk av desse nettverka kan laga få gjennomslag for sine saker både hjå andre frivillige organisasjonar og politisk. Lista er enno lenger på landsplan. Nokre av dei viktigaste nettverka til Noregs Ungdomslag er Folkekulturforbundet (FOLK), Landrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU), Norsk Teaterråd, Nettverk av organisasjonseigde kulturbygg, Forum for folkemusikk og dans, Nynorsk forum og Fellesforum for kulturorganisasjonane i Noreg. 6

7 Til å dele ut: - Lobbyprosessen Oppgåver: Nettverk Del deltakarane i grupper, gjerne slik at dei frå same laget kjem i same gruppe. Deltakarane skal no lage eit kart over kva andre lag og samarbeidspartnarar dei har i nærmiljøet på ein stor plakat. Laget som er utgangspunkt skal stå i midten og dei andre plasserast rundt omkring slik at dei laget har nærmast kontakt med blir plassert nær midten. Marker til slutt med piler (sterke, svake) kor sterk kontakt laget ynskjer å ha med samarbeidspartnarane. Oppgåva kan supplerast med at deltakarane lagar ein plan for kva saker laget kan samarbeide med andre om og korleis samarbeidet kan styrkast. Resultatet skal presenterast for dei andre. Tid: min. 7

8 Lobbyarbeid i fylket og nasjonalt Rettleiing: Å skulle påverke på fylkesplan eller nasjonalt kan gjerne verke fjernt for mange. Men lokale lag kan spele ei viktig rolle fordi politikarar og andre ofte har stor tiltru til innspel som kjem frå grasrota. Ofte er det vel så verknadsfullt om ein som jobbar lokalt fortel at no treng vi meir pengar om vi skal klare å drive ungdomshuset på forsvarleg vis, enn om ein organisasjonsbyråkrat kjem med dette innspelet. Dette emnet er meint som ein inspirasjon til å tenke utover sitt eige lokalmiljø når det gjeld påverknadsarbeidet. Samtal om temaet og gje deltakarane utfordringar å tenke over. Bakgrunn: Organisasjonane sin påverknad av myndigheitene blir ofte kalla den korporative kanal. Mange organisasjonar, som t.d. arbeidstakar- og arbeidsgjevarorganisasjonane, blir rekna for å ha stor politisk makt. Dei frivillige kulturorganisasjonane har dei seinare åra blitt meir tydelege som påverkarar, og blir gjerne sett på som staten sin forlenga arm. Dei frivillige organisasjonane spelar ei viktig rolle politisk ved å løfte fram kor viktig lokalt kulturliv er for fellesskapet, som talerør for medlemene, som pressgruppe for å få gode rammer rundt det lokale arbeidet og som vaktbikkje gjennom overvakinga av politiske organ og offentleg forvaltning. Men kva kan eit lokalt lag gjere for å påverke dei oppe i systemet? Det finst mange kanalar inn til fylkestinget, fylkesutvala, Stortinget, departement og regjering. Er det ei sak laget brenn for, kan det t.d.: Sende brev, e-post eller ringe til politikarar frå heimfylket. Skrive lesarbrev eller komme med ein uttale til lokalavisa eller regionavisa. Sende e-post eller ringe til politikarar i den stortingskomiteen eller fylkesutvalet som har ansvar for saka, eller snakke med rådgjevarane deira. Ta kontakt med politikarar i kommunen eller i fylket som kan bringe bodskapen vidare oppover i systemet. Ta kontakt med byråkratar i fylket eller i departementa. Sende e-post eller brev til ministeren som har ansvaret for saka. Sende innspel til meldingar og program som blir vedtatt i fylket eller på Stortinget. Invitere politikarar og andre til arrangement i laget. Snakke med dei som står på valkampstand før kommune-, fylkes- og stortingsvalet. Markere eit standpunkt gjennom ein lokal aksjon. Få andre organisasjonar med seg i ein felles kontakt ovanfor fylket eller Stortinget. Bruke dei nettverka som finst (barne- og ungdomsråd, paraplyorganisasjonar etc.) til å sende ein uttale på vegne av alle organisasjonane som er med. Legge fram fråsegn til årsmøtet i NU om den aktuelle saka. Blir du invitert til eit møte med ein representant er det lurt å førebu seg godt. Kva er bodskapen? Kva vil du vedkomande skal hjelpe deg med? Hugs å referere til det lokale arbeidet! Kva betyr denne saka for arbeidet i ditt lag? Ofte er det nyttig å ha med eit lobbynotat med dei viktigaste punkta. I notatet bør du få med: Namn på organisasjonen og personar på møtet. 8

9 Kva gjeld saka? Kvifor er dette ei viktig sak for laget? Kva er målet? Kva står i ulike program, planar og meldingar om den aktuelle saka? Kva kan representanten gjere for dykk? Kva kan de eventuelt gjere for han/ho? Kontaktinformasjon for ytterlegare informasjon Lobbynotatet bør vere kort, maks. 2 sider. Bruk mellomtitlar og ver presis. Legg eventuelt ved fyldigare informasjon om laget, brosjyrar, presseklipp og slikt. Til slutt: Hugs at politikarar og andre med makt er avhengig av innspel for å gjere ein god jobb. Gjennom lobbyarbeidet hjelper vi dei med å få innsikt og gjere dei rette grepa. Lysark: - Korleis påverke i fylket eller nasjonalt? - Lobbynotat - Hugs: Oppgåver: Lobbyarbeid Del deltakarane i grupper som skal diskutere kva saker deira lag er opptatt av, og som ein politikar eller ein annan kan hjelpe med? Korleis vil dei gå fram for å få fokus på saka? Resultatet skal presenterast for dei andre. Tid: min. Lobbymøte Deltakarane blir delt i grupper på to eller tre personar. Gruppene finn ut kva sak dei vil diskutere. Den eine i gruppa skal vere ein politikar eller byråkrat, den/dei andre skal vere lobbyist. Etter ca. fem min. førebuing skal gruppene gjennomføre eit møte om den aktuelle saka som rollespel framfor dei andre. Tid: min. Lobbynotat Ta utgangspunkt i ei aktuell sak. Deltakarane skal enkeltvis eller i grupper skrive eit kort lobbynotat, brev eller lesarbrev om saka, som skal presenterast for dei andre. Tid: min. 9

10 10

Engasjement og rekruttering

Engasjement og rekruttering Engasjement og rekruttering Det er eit viktig mål for ungdomslaga å gje god opplæring i demokratiske prosessar og å dyrke fram medlemer som engasjerer seg i lokalsamfunnet og storsamfunnet. Sameleis er

Detaljer

Støtteordningar og søknader

Støtteordningar og søknader Støtteordningar og søknader Dette er eit emne tillitsvalde og medlemer er svært interessert i. Filosofien er enkel: Får vi tak i pengar kan vi skape meir aktivitet. Samtidig skjer det stadig endringar

Detaljer

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Aktivitetsark med oppgåveidear og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginalar DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

SKAP ak t iv i t et i huset di t t! Aktivitetskart for. Huset i. bygda

SKAP ak t iv i t et i huset di t t! Aktivitetskart for. Huset i. bygda SKAP ak t iv i t et i huset di t t! Aktivitetskart for Huset i bygda 2 Kva er Aktivitetskart for huset i bygda? Aktivitetskartet for huset i bygda er eit verktøy for huseigarar av organisasjonseigde kulturbygg

Detaljer

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn Jobbskygging side 1 Jobbskygging Innhald Handverk, industri og primærnæring Omgrepa handverk, industri og primærnæring. Kva betyr omgrepa? Lokalt næringsliv etter 1945 Korleis har lokalt næringsliv utvikla

Detaljer

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn Jobbskygging side 1 ELEVARK 8 trinn Jobbskygging Innhald Yrke og utdanning i familien min Nettverk og kompetanse. Kva betyr omgrepa? Slektstreet mitt Yrkesprofil Stilling og ansvarsområde. Kva betyr omgrepa?

Detaljer

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop 16.12.09, Bergen Revidert av partnarane 08.09.

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop 16.12.09, Bergen Revidert av partnarane 08.09. Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop 16.12.09, Bergen Revidert av partnarane 08.09.2010, Sarpsborg - 1. Kom fram til nokre overordna felles mål for partnarskapet

Detaljer

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn Jobbskygging side 1 Jobbskygging Innhald Lokalt arbeids- og næringsliv Næringsliv, bransje, offentleg og privat sektor. Kva betyr omgrepa? Lokale arbeidsplassar Kvifor treng lokalsamfunnet eit variert

Detaljer

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når: Prosessplan for arbeidet med standarden Sett inn einingsnamn her Standard: Tilpassa opplæring og tidleg innsats Sist oppdatert: 15.09.2014 Sjå nedst for rettleiing utfylling og frist for innsending. For

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din. Skal skal ikkje Har du ein draum om å driva Inn på tunet verksemd? Gjennom dette kapittelet i netthandboka får du tankehjelp og praktisk hjelp i dei første fasane mot etablering; frå draum til forretningsplan.

Detaljer

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE I pasient- og pårørandeopplæringa som vert gjennomført av avdelingane i sjukehusa i Helse Møre

Detaljer

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv. Særemne 3-100 år med stemmerett I 2013 er det hundre år sidan alle fekk stemmerett i Noreg. På Norsk Folkemuseum arbeider vi i desse dagar med ei utstilling som skal opne i høve jubileet. I 2010 sendte

Detaljer

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga Frivilligforum 27.05.2008 Synnøve Valle Frivillig sektor: Sentral i samfunnsbygginga? Ja! Den frivillige innsatsen utgjer 5 6 % av antal personar i kommunen

Detaljer

Valdres vidaregåande skule

Valdres vidaregåande skule Valdres vidaregåande skule Organiseringa av skriftleg vurdering på vg3 Kvifor prosesskriving? Opplegg for skriveøkter Kvifor hjelpe ein medelev? Døme på elevtekst Kva er ei god framovermelding? KOR MYKJE

Detaljer

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08 Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08 Alternative titlar: Vurderingsarbeid: Arbeid med kvalitet i skolen i spenning mellom

Detaljer

Brukarrettleiing. epolitiker

Brukarrettleiing. epolitiker Brukarrettleiing epolitiker 1 Kom i gang Du må laste ned appen i AppStore Opne Appstore på ipaden og skriv «epolitiker» i søkjefeltet øvst til høgre. Trykk på dette ikonet og deretter på «hent» og til

Detaljer

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Vil du vera med å byggja ein ny kommune? Vil du vera med å byggja ein ny kommune? - Skal Fjell, Sund eller Øygarden halda fram som eigne kommunar, eller skal vi saman byggja Nye Øygarden kommune? Trygg framtid... Vi håpar at du opplever det godt

Detaljer

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving Berre spør! Undersøking Få svar I behandling På sjukehuset Er du pasient eller pårørande? Det er viktig at du spør dersom noko er uklart. Slik kan du hjelpe til med å redusere risikoen for feil og misforståingar.

Detaljer

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy Kommunikasjonsplan Nordhordland ein 2020? Nordhordland Utviklingsselskap IKS Foto: NUI / Eivind Senneset Nordhordland

Detaljer

Rettleiing til rapportering i Altinn, «Partifinansiering 2014», RA-0604 Partilag med organisasjonsnummer

Rettleiing til rapportering i Altinn, «Partifinansiering 2014», RA-0604 Partilag med organisasjonsnummer SSB. Partifinansiering 2014, lag med org.nr., 06.05.2015, s 1 Rettleiing til rapportering i Altinn, «Partifinansiering 2014», RA-0604 Partilag med organisasjonsnummer Pålogging i Altinn For å få tak i

Detaljer

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform Godt Lokaldemokrati ei plattform Godt lokaldemokrati ei plattform Norsk lokaldemokrati er godt men kan og bør bli betre. KS meiner ei plattform vil vere til nytte i utviklingsarbeidet for eit betre lokaldemokrati.

Detaljer

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200903324-51 Arkivnr. 520 Saksh. Farestveit, Linda Saksgang Møtedato Opplærings- og helseutvalet 17.09.2013 EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER

Detaljer

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass Ein tydeleg medspelar frå elev til lærling Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass SØKNADEN Må vere ryddig Søknad/CV skal ikkje ha skrivefeil Spør norsklærar om hjelp Hugs å skrive under

Detaljer

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Mål: Elevane skal kjenne til utbreiinga av hallingmålet i nærmiljøet. Dei skal vita noko om korleis hallingmålet har utvikla seg

Detaljer

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Samandrag og stikkord om filmen Det er seinsommar i Bergen. Thomas må flytte til gråsonen, ein omplasseringsheim for unge, som av ulike grunnar ikkje har nokon stad

Detaljer

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom 2013-2014

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom 2013-2014 Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom 2013-2014 Møtestruktur: Fylkesstyremøte ein gong kvar månad. Ein bør setja dato for neste møte når ein er samla slik at flest mogleg har høve til å notera seg datoen

Detaljer

Psykologisk førstehjelp i skulen

Psykologisk førstehjelp i skulen Psykologisk førstehjelp i skulen Fagnettverk for psykisk helse Sogndal 21. mars 2014 Solrun Samnøy, prosjekt leiar Psykologisk førstehjelp Sjølvhjelpsmateriell laga av Solfrid Raknes Barneversjon og ungdomsversjon

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK Minnebok NYNORSK 1 Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. Når vi er triste,

Detaljer

Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa? Seksjon for intervjuundersøkelser Oslo, august 2006 Saksbehandler: Telefon 800 83 028 (gratis) Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre Du vil i løpet av kort tid bli kontaktet

Detaljer

ENTREPRENØRSKAP OG REAL I BARNEHAGEN. Ivar Offerdal Eivind Rogne Britt GlomnesWillumsen Sylvi Aarland

ENTREPRENØRSKAP OG REAL I BARNEHAGEN. Ivar Offerdal Eivind Rogne Britt GlomnesWillumsen Sylvi Aarland ENTREPRENØRSKAP OG REAL I BARNEHAGEN Ivar Offerdal Eivind Rogne Britt GlomnesWillumsen Sylvi Aarland Kva er entreprenørskap? Entreprenørskap er ein dynamisk og sosial prosess, der individ, aleine eller

Detaljer

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa Ungdom i klubb Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa CASE - FORGUBBING SSFK hadde i lengre tid merka ei «forgubbing» i trenar, leiar og dommarstanden i SFFK. Etter fleire rundar

Detaljer

Metodiske verktøy ved kursleiing

Metodiske verktøy ved kursleiing Metodiske verktøy ved kursleiing Lærings- og Meistringssenter Helse Fonna 30.03.2015 Metodiske verktøy - LMS Helse Fonna 1 Runde Enkel måte å få alle til å delta: Gi ei enkel oppgåve som er mogeleg for

Detaljer

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur SPØRSMÅL VED FOLKEMØTET 25.02.10 I planprogrammet inngår eit kapittel om medverknad frå innbyggarane. Kommunen valte å arrangera ein temakveld der 5 (hovudtema 1,2,3,6og7) av dei 8 hovudtema i planarbeidet

Detaljer

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN. Nymannsbråtet barnehage MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN. Månadens tema; «Nysgjerrigper» - luft, brann. Månadens song; «Brannmann Sam». Fagområde; «Natur, miljø og teknikk». Veke Tysdag 01.09 Onsdag

Detaljer

Spelet varer om lag ein dobbeltime og kan enkelt setjast opp i klasserommet. Talet på spelarar bør vere minst ti elevar.

Spelet varer om lag ein dobbeltime og kan enkelt setjast opp i klasserommet. Talet på spelarar bør vere minst ti elevar. Lærarrettleiing Kva er b.stem? b.stem er ein digital læringsressurs for skuleklasser. Han er lagd opp som eit rollespel der klassa får rolla som ungdomsrådet i Snasen ein fiktiv, mellomstor norsk kommune.

Detaljer

Lag, organisasjonar og frivilligsentralar si rolle i folkehelsearbeidet. Hjelmeland frivilligsentral 14.02.12

Lag, organisasjonar og frivilligsentralar si rolle i folkehelsearbeidet. Hjelmeland frivilligsentral 14.02.12 Lag, organisasjonar og frivilligsentralar si rolle i folkehelsearbeidet Hjelmeland frivilligsentral 14.02.12 Frivillig arbeid/ Organisasjonsarbeid har eigenverdi og skal ikkje målast etter kva statlege

Detaljer

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal Vinter 2014 Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal 2014 I fjor haust feira fylkesbiblioteka i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal bokbåten Epos sin 50 årsdag, vi vil takke for alle gratulasjonar

Detaljer

Korleis kan du i din jobb utvikle deg til å bli ein tydleg medspelar?

Korleis kan du i din jobb utvikle deg til å bli ein tydleg medspelar? Her vil de finne forslag på ulike refleksjonsoppgåver. Desse er meint som inspirasjon. Plukk nokre få. Kvar avdeling/eining kan med fordel tilpasse desse slik at dei er spissa mot deltakarane sin arbeidsdag.

Detaljer

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

Rettleiing for revisor sin særattestasjon Rettleiing for revisor sin særattestasjon Om grunnstønad til nasjonalt arbeid til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar, statsbudsjettets kap. 857, post 70 (Jf. føresegn om tilskot til frivillige

Detaljer

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg? IA-funksjonsvurdering Ei samtale om arbeid kva er mogleg? // IA - Funksjonsvurdering Ei samtale om arbeid kva er mogleg? Målet med eit inkluderande arbeidsliv (IA) er å gje plass til alle som kan og vil

Detaljer

Saman om å skape. Strategi for innbyggardialog

Saman om å skape. Strategi for innbyggardialog Saman om å skape Strategi for innbyggardialog Vedteken i Ulstein kommunestyre 21. juni 2018 INNLEIING Kvifor gjer vi dette? Ulstein kommune vil styrke innbyggardialogen og lokaldemokratiet. Det er tre

Detaljer

ehandel og lokalt næringsliv

ehandel og lokalt næringsliv ehandel og lokalt næringsliv Kvifor ehandel? Del av regjeringas digitaliseringsarbeid det offentlege skal tilby digitale løysingar både til enkeltpersonar og næringsliv Næringslivet sjølve ønskjer ehandel

Detaljer

Oppsummering frå verkstad på Hardange Ungdomsting

Oppsummering frå verkstad på Hardange Ungdomsting Oppsummering frå verkstad på Hardange Ungdomsting Økt 1: Kvifor, lyst til å få til, utfordringar Kvifor Vil ha noke å seie lokalt Da hørtes interessant ut Påverke politikken Litt kjekt å prøve noko nytt

Detaljer

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS BARN OG UNGDOM SINE REAKSJONAR I denne brosjyra finn du nyttige tips for deg som er innlagt, og har barn under 18 år. Når ein i familien vert alvorleg

Detaljer

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune 1 Bedriftspedagogisk Senter A.S bps@bps.as Medarbeidarsamtalar i Radøy kommune - slik gjer vi det Leiar har ansvar for å gjennomføra samtalane sine slik det

Detaljer

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1 Rolf Lystad 12.05.14 Oklavegen 4 6155 Ørsta Utdanningsavdelinga v/ståle Solgard Møre og Romsdal fylkeskommune Fylkeshuset, Julsundvegen 9 6404 Molde Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen

Detaljer

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba. LEDDSETNINGAR 1 Gjer setningane om til forteljande leddsetningar. Carmen er kona hans. Luisa går på skule i byen. Leo er tolv år. Ålesund er ein fin by. Huset er raudt. Det snør i dag. Bilen er ny. Arne

Detaljer

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Alle borna i 1 klasse byrjar å bli trygge i sine nye omgivelser.

Detaljer

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Tilstade: Personalet, foreldre og Nina Helle. Kva er BTI: Stord kommune er ein av 8 kommunar som deltek i eit prosjekt som skal utarbeide ein modell

Detaljer

Frå novelle til teikneserie

Frå novelle til teikneserie Frå novelle til teikneserie Å arbeide umarkert med nynorsk som sidemål Undervisningsopplegget Mykje av inspirasjonen til arbeidet med novella, er henta frå i praksis: nynorsk sidemål i grunnskule 1 (2008).

Detaljer

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet. Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet. Dette notatet skisserer innhald og kan brukast som eit utgangspunkt for drøftingar og innspel. Me ynskjer særleg

Detaljer

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under : Excel som database av Kjell Skjeldestad Sidan ein database i realiteten berre er ei samling tabellar, kan me bruke eit rekneark til å framstille enkle databasar. I Excel er det lagt inn nokre funksjonar

Detaljer

Vurdering for læring - prosjektsamarbeid mellom skulane i Jærnettverket

Vurdering for læring - prosjektsamarbeid mellom skulane i Jærnettverket Vurdering for læring - prosjektsamarbeid mellom skulane i Jærnettverket OB Starta med å besøkja alle ressursgruppene 25 stk Skulebesøk Ca 1 2 timar på kvar plass Skulane hadde svært ulikt utgangspunkt

Detaljer

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue

Detaljer

Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule

Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule 10. september var Anne Brit og Mari frå Leikanger kommune på besøk hjå 9. trinn på Leikanger ungdomsskule. Tema for samlinga var lokaldemokrati,

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET 2015 2016. www.hivolda.no/glu

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET 2015 2016. www.hivolda.no/glu INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET 2015 2016 www.hivolda.no/glu 1 2 Innhald Tid til studiar og undervising... 4 Frammøte... 4 Arbeidskrav, eksamen og progresjon

Detaljer

Skulebasert kompetanseutvikling med fokus på lesing

Skulebasert kompetanseutvikling med fokus på lesing Skulebasert kompetanseutvikling med fokus på lesing Kvifor satse på lesing? si rolle i ungdomstrinnsatsinga Praktiske eksempel / erfaringar frå piloteringa Nettresurssar Kva er tilgjengeleg for kven Eksempel

Detaljer

Ipad som politisk verktøy. Surnadal kommune

Ipad som politisk verktøy. Surnadal kommune Ipad som politisk verktøy Surnadal kommune Bruk av Ipad Surnadal kommune har ei ordning med bruk av Ipad i samband med politiske møte Dette er ei frivillig ordning Det er fullt mogleg å bruke eige utstyr

Detaljer

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE Vedteke av kommunestyret 2. oktober 2014, sak 67/14 1 Innhold 1. Kvifor plan for bruk av nynorsk i Nissedal kommune?... 3 1.1 Bruk av nynorsk internt i organisasjonen

Detaljer

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer: Velkomen til Dette heftet tilhøyrer: 1. samling: Kva er Bibelen? Skapinga. Babels tårn Forskaroppgåve 1 På denne samlinga har vi snakka om Bibelen. Det er ei gammal bok som har betydd mykje for mange.

Detaljer

POLITISKE SAKSDOKUMENT:

POLITISKE SAKSDOKUMENT: POLITISKE SAKSDOKUMENT: FRÅ PAPIR TIL PC Installasjons- og brukarrettleiing Politikar-PC Surnadal kommune 1 2 Innhald 1 Last ned PDF-XChange Viewer... 4 2 Installere PDF-XChange Viewer... 5 3 Anbefalt

Detaljer

Telemedisin Sogn og Fjordane Retningsliner for bruk av videokonferanse

Telemedisin Sogn og Fjordane Retningsliner for bruk av videokonferanse Telemedisin Sogn og Fjordane Retningsliner for bruk av videokonferanse ------------------------------------------------------------------------------- Innhald 1 Innleiing... 3 1.1 Videokonferanse... 3

Detaljer

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR TIME KOMMUNE Arkiv: K1-070, K3-&32 Vår ref (saksnr.): 08/1355-6 JournalpostID: 08/14810 Saksbeh.: Helge Herigstad BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR Saksgang: Utval Saksnummer

Detaljer

SKAP ak t iv i t et i huset di t t! Aktivitetskart for. Huset i. bygda. BrosjyreA5_husetibygda.indd

SKAP ak t iv i t et i huset di t t! Aktivitetskart for. Huset i. bygda. BrosjyreA5_husetibygda.indd SKAP ak t iv i t et i huset di t t! Aktivitetskart for Huset i bygda BrosjyreA5_husetibygda.indd 1 16.06.12 12.45 2 Kva er Aktivitetskart for huset i bygda? Aktivitetskartet for huset i bygda er eit verktøy

Detaljer

Frå idé til fullfinansiert prosjekt Hyllestad 6. juni 2015

Frå idé til fullfinansiert prosjekt Hyllestad 6. juni 2015 Frå idé til fullfinansiert prosjekt Hyllestad 6. juni 2015 Litt om meg Utdanna faglærar i historie og samfunnsfag Historie, samanliknande politikk og medievitskap Erfaring som aktiv tillitsvald i ungdomslaget,

Detaljer

Page 1 of 7 Forside Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivast på skolen. Det er frivillig å svare på undersøkinga,

Detaljer

Utviklingsplan 2015-2017 for Ørsta frikyrkje

Utviklingsplan 2015-2017 for Ørsta frikyrkje Utviklingsplan 2015-2017 for Ørsta frikyrkje Visjon: Å gjere Jesus synleg I perioden 2015-2017 skal visjonen synleggjerast gjennom fire utvalde satsingar. Gudstenester, offerdagar, misjonsmesse og andre

Detaljer

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom

Detaljer

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul 2015 2016

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul 2015 2016 Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul 2015 2016 Systemarbeid ligg i botnen. Arbeid mot mobbing med gode system og god struktur, vert gjennomført der vaksne er i posisjon inn mot elevane, og har

Detaljer

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» Velkommen til oss i Maurtuå Barnehage. Dette heftet med informasjon håpar me kan være til hjelp for deg når du skal være vikar.

Detaljer

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt

Detaljer

Etablerarkurs Sogn og Fjordane Fylkeskommune

Etablerarkurs Sogn og Fjordane Fylkeskommune Etablerarkurs Sogn og Fjordane Fylkeskommune forretningsidé forretningsmodell - forretningsplan Sogn og Fjordane Fylkeskommune i samarbeid med Viaduct og Mentor AS Innleiing... 3 Samling 1: Forretningsideen

Detaljer

Kunst, idear, dugnad og pengar eller litt om kulturbasert næring i Eid og andre stader. Magni Hjertenes Flyum, VAKN Bremanger 4.

Kunst, idear, dugnad og pengar eller litt om kulturbasert næring i Eid og andre stader. Magni Hjertenes Flyum, VAKN Bremanger 4. Kunst, idear, dugnad og pengar eller litt om kulturbasert næring i Eid og andre stader Magni Hjertenes Flyum, VAKN Bremanger 4. juni 2014 VAKN skal gjere det lettare å drive kulturnæring og kulturbasert

Detaljer

HiST i Sosiale Medier

HiST i Sosiale Medier HiST i Sosiale Medier Innhald Kvifor skal HiST vere tilstade i sosiale medier?... 2 HiST-tilsette i sosiale medier... 2 Facebook... 3 Korleis bruker HiST den overordna Facebook-sida?... 3 Tips til godt

Detaljer

Dokument nr. Omb 1 Dato: 14.07.2011(oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Dokument nr. Omb 1 Dato: 14.07.2011(oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid. Visjon og formål Visjon: Ved di side eit lys på vegen mot arbeid. Formål: Telemark Lys AS er ei attføringsbedrift som, gjennom framifrå resultat, skal medverke til å oppfylle Stortingets målsetting om

Detaljer

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Har igjen fått sps om dekninga i Sør. Veit ein meir om når utbygging av skal skje? Kor mange barn i sør får ikkje plass i nær? Svar frå administrasjonen: Vi syner til

Detaljer

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal Sentralt gitt eksamen NOR0214, NOR0215 og NOR1415, 10. årstrinn Våren 2015 Åndalsnes 29.06.15 Anne Mette Korneliussen

Detaljer

Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3

Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3 Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3 Oppgåver til side 130 Oppgåve B Kommenter forholdet mellom omgrep. a) Morfem, leksikalsk morfem, grammatisk morfem, bøyingsmorfem og avleiingsmorfem.

Detaljer

Kva er økologisk matproduksjon?

Kva er økologisk matproduksjon? Nynorsk Arbeidshefte om økologisk landbruk for elevar i grunnskulen Nynorsk Arbeidsheftet er utarbeidd av og utgjeve av Norsk senter for økologisk landbruk med økonomisk støtte frå Fylkesmannens landbruksavdeling

Detaljer

Strategidokument Varhaug Misjonshus

Strategidokument Varhaug Misjonshus Strategidokument Varhaug Misjonshus 2016-2018 Strategidokument Varhaug Misjonshus 2016-2018 v0.2.docx2 under arbeid Side 1 Strategidokument Varhaug Misjonshus 2015-2018 Innhald 1. Om Varhaug Misjonshus...

Detaljer

8 tema for godt samspel

8 tema for godt samspel PROGRAM FOR FORELDRERETTLEIING BUF00032 8 tema for godt samspel Samtalehefte for foreldre og andre vaksne PROGRAM FOR foreldrerettleiing Dette heftet inngår i ein serie av materiell knytta til foreldrerettleiings

Detaljer

for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll

for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll Etablere felles standard innan service og kundehandsaming i Askvoll Guiden tek for seg grunnleggande og enkle reglar - enkelte vil hevde at

Detaljer

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL Innspelsundersøking Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL Innhald 1. Innleiing... 3 1.1 Status og mål... 3 1.2 Vurderingar av mål knytt til kommunesamanslåing... 4 1.3 Haldningar

Detaljer

Den europeiske samfunnsundersøkelsen hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

Den europeiske samfunnsundersøkelsen hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa? Oslo, august 2010 Saksbehandler: og Kristin Kvarme Telefon: 800 83 028 (08:00-15:00) Avdeling for Datafangst Den europeiske samfunnsundersøkelsen hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa? Statistisk

Detaljer

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor Eit undervisningsopplegg om BARNERETTANE MÅL frå læreplanen DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING Artikkel 2: Alle barn har rett til vern mot diskriminering PRIVATLIV Artikkel 16: Alle barn har rett til

Detaljer

1. Ja til ein debatt om sidemålsundervisninga

1. Ja til ein debatt om sidemålsundervisninga Sak Fråsegner Ei fråsegn kan ha ulike funksjonar i ein organisasjon. Det kan t.d. ha form som ei pressemelding eller ein politisk uttale i ei sak, som blir sendt til ulike instansar. Ei fråsegn kan også

Detaljer

Innhald Pålogging... 2 Viktige knappar... 3 Fronter som rom... 3 Leggje inn ei oppgåve i Fronter... 4 Litt om nokre ulike format for tekstbehandling

Innhald Pålogging... 2 Viktige knappar... 3 Fronter som rom... 3 Leggje inn ei oppgåve i Fronter... 4 Litt om nokre ulike format for tekstbehandling 1 Innhald Pålogging... 2 Viktige knappar... 3 Fronter som rom... 3 Leggje inn ei oppgåve i Fronter... 4 Litt om nokre ulike format for tekstbehandling og visse konsekvensar:... 6 Ulike roller i Fronter...

Detaljer

Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015

Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015 INFORMASJON Kommunestyre- og fylkestingsvalet 0 Viktig informasjon til deg som skal stemme Valdagen er. september. Hugs legitimasjon! Kommunestyre- og fylkestingsvalet 0 Ved valet vel vi representantar

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2 Nynorsk Opp-ned musene av Roald ahl et var ein gong ein gamal mann på 87 år som heitte Laban. I heile sitt liv hadde han vore ein stille og roleg person.

Detaljer

Informasjonshefte Tuv barnehage

Informasjonshefte Tuv barnehage Informasjonshefte Tuv barnehage Informasjonshefte for Tuv barnehage Barnehagen blir drevet av Hemsedal kommune. Barnehagen er politisk lagt under Hovudutval for livsløp. Hovudutval for livsløp består av

Detaljer

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST Halvtårsplan våren 2014 Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST Leirstaden Barnehage er ein kulturbarnehage. Vi spissar vår kompetanse og prosjekter i denne retninga. I Barnehageloven står det: Barnehagen skal formidle

Detaljer

Status og utfordringar. Orientering til heradsstyret Tysdag 16. juni Rådmannen

Status og utfordringar. Orientering til heradsstyret Tysdag 16. juni Rådmannen Status og utfordringar Orientering til heradsstyret Tysdag 16. juni Rådmannen Tertialrapporten viser Eit forventa driftsunderskot på 7 millionar i 2009, om drifta held fram som i dag. Dette kjem på

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve Nynorsk Ei gruppe elevar gjennomførte eit prosjekt om energibruk og miljøpåverknad. Som ei avslutning på prosjektet skulle dei skrive lesarbrev

Detaljer

Handlingsplan for Sogn og Fjordane Orienteringskrins 2012-2013

Handlingsplan for Sogn og Fjordane Orienteringskrins 2012-2013 Utkast til Handlingsplan for Sogn og Fjordane Orienteringskrins 2012-2013 Basert på utkast til Strategidokument for Norges Orienteringsforbund Medlemar Utfordring Organisasjonen si største utfordring er

Detaljer

Årsplan 2015/16 Samfunnsfag, 6. trinn

Årsplan 2015/16 Samfunnsfag, 6. trinn Årsplan 2015/16 Samfunnsfag, 6. trinn Veke Emne Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering 34-35 Sei det med symbol Gje døme på ulike kulturelle symbol og gjere greie for kva vi meiner med omgrepa identitet

Detaljer

Vegvisar til vilbli.no

Vegvisar til vilbli.no Vegvisar til vilbli.no Kva er vilbli.no? vilbli.no er di hovudkjelde til informasjon om vidaregåande opplæring. På vilbli.no skal du til ei kvar tid finne oppdatert og kvalitetssikra informasjon. På grunnlag

Detaljer

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare? bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare? Kst. lovrådgjevar Ole Knut Løstegaard Evalueringskonferansen, Bergen 19. september 2014 Evaluering av offentleglova bakgrunn Prosessen

Detaljer

Oppsummering frå verkstad på Hardanger Ungdomsting 2015

Oppsummering frå verkstad på Hardanger Ungdomsting 2015 Oppsummering frå verkstad på Hardanger Ungdomsting 2015 Økt 1: Kvifor, lyst til å få til, utfordringar Kvifor Vil ha noke å seie lokalt Da hørtes interessant ut Påverke politikken Litt kjekt å prøve noko

Detaljer