TILSKOTSORDNINGAR FRIVILLIG KULTURARBEID KVINNHERAD KOMMUNE

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "TILSKOTSORDNINGAR FRIVILLIG KULTURARBEID KVINNHERAD KOMMUNE"

Transkript

1 KVINNHERAD KOMMUNE KULTURKONTORET TILSKOTSORDNINGAR FRIVILLIG KULTURARBEID I KVINNHERAD KOMMUNE Revidert xx.xx

2 GENERELLE RETNINGSLINER 1. Tilskot til frivillig kulturarbeid blir gitt til: Medlemsbaserte lag og organisasjonar Opne ungdomstiltak Personar Institusjonar som driv frivillig og/eller ikkje-kommersielt kulturarbeid for innbyggjarane i Kvinnherad. Desse kan ikkje søkje om tilskot: - Organisasjonar / institusjonar som primært tek seg av medlemene sine yrkes- eller økonomiske interesser. - Organisasjonar som har til hovudoppgåve å samle inn pengar til tiltak utanfor kommunen. - Tiltak / arrangement som har til føremål å skaffe inntekter. - Aksjeselskap - Informasjons-, aksjons- og interesseorganisasjonar. - Politiske parti/organisasjonar - Næringsaktørar som t.d. skjenkestader Lag som driv opne lagshus kan søkje om stønad til drift av huset uavhengig av andre reglar i dette punktet. Komité for oppvekst, kultur og idrett har høve til å dispensere frå desse unntaka ved spesielle tilhøve. 2. Det kan gjevast følgjande type stønad: 1. Driftstilskot til lag og hus 2. Byggetilskot 3. Underskotsgaranti ved opne arrangement 4. Tilskot til lokale samlingar, skrifter og bøker 5. Frivillige tiltak 6. Ungdomstiltak 7. Kjapt svar Ved særlege tiltak, som ikkje kjem inn under dei ulike tilskotsordningane, kan det søkjast spesielt. Det blir berre gitt tilskot frå ei tilskotsordning til same tiltaket. Vi praktiserer fullført sakshandsaming og viss ein ser at søkjar har søkt på feil ordning vil søknaden verte overført til korrekt ordning, til beste for søkjar. Det skal søkjast skriftleg, på riktig skjema. Alle søknader skal dokumenterast med budsjett og/eller rekneskap. Det må visast behov for tilskot og budsjett skal være realistiske og i balanse. 3. Det er eit vilkår for å få kommunale tilskot at Følgjekort (gratis tilgjenge for naudsynt følgjeperson for funksjonshemma) vert akseptert ved kulturarrangement. Revidert xx.xx

3 SÆRLEGE RETNINGSLINER 1. DRIFTILSKOT TIL LAG OG HUS Driftstilskot vert gitt til: Lag som driv kulturaktivitet for barn og unge hovudsakleg innan kommunen. Laget må ha minst 6 medlemer som er under 18 år. - Driftstilskotet bygger på medlemstal og aktivitet. - Laget skal vere ope for alle og ha eit demokratisk vald styre. Barneforeiningar med få vaksne leiarar er unnateke frå kravet om styre. - Medlemsbaserte lag skal ha medlemskontingent. - Opne ungdomstiltak får tildelt tilskot etter eit snitt på oppmøtte deltakar i løpet av året. Lag som eiger opne lagshus innan kulturkategorien, både idrettshus, kulturanlegg, bygdehus og bedehus kan søkje. Det er eit vilkår at lagshuset er ope for alle. Generelle retningsliner: Årsmelding og rekneskap skal følgje søknaden. Kommunen tek atterhald om rett til å kontrollere medlemskartotek/innbetalt medlemskontingent. Det skal vere dokumentert at det er trong for tilskot. Ved høge bankinnskot vert det berre gitt tilskot dersom det kan dokumenterast planar for bruk av midlane. Følgjande utgifter skal ikkje vere med i grunnlaget for tilskot: - Utgifter til mat og drikke - Utgifter til gåver og stønad til prosjekt / tiltak utanfor kommunen m.m. - Utgifter som det vert gitt kommunalt tilskot til over anna tilskotsordning. - Utgifter til inntektsgjevande tiltak. Driftsstønad vert fordelt ein gong i året. Søknadsfrist vert kunngjort i lokalavisene og på kommunen si heimeside. Søknader skal leverast innan fristen. Vedlegg kan ettersendt etter avtale. Driftstilskot til lag: Grunnlag for utrekning av tilskot: - Det blir gitt tilskot etter talet på aktive medlemer. Aktive medlemer er styremedlemer og dei som driv fast med dei aktivitetane som er omfatta av føremålet til laget. Passive medlemer er medlemer som berre har hjelpe-/støttefunksjonar og som ikkje deltek i den ordinære verksemda laget driv. - Det skal vere eit visst aktivitetsnivå i laget. I gjennomsnitt må dei aktive medlemene ha vore med på laget sine aktivitetar minst 10 gonger føregåande år. Laget vert plassert på ein aktivitetsskala etter det gjennomsnittlege talet på øvingar / treningar / faste møte Revidert xx.xx

4 dei aktive medlemene har i løpet av eit år. Dess høgare aktivitetsnivå, jo høgare tilskot for kvar medlem. For å få tilskot må laget ha utgifter til lagsdrift. Tilskot er avgrensa til maksimalt 50 % av totale driftsutgifter med ovannemnde unntak trekte frå. Til musikkorps vert det i tillegg gitt eit tilskot på inntil 50 % av utgifter til kjøp, reparasjon og banklån til kjøp av nye instrument. Maksimalt tilskot er kr ,-. Innkjøp av notemateriell kan reknast med til utgifter. Tilskot til samarbeids-/kontaktorgan Kontaktorgan, som har minst 5 medlemslag i Kvinnherad kommune, kan få eit administrasjonstilskot på inntil 50 % av driftsutgiftene med fråtrekk av utgifter. Tilskotet vert gjeve på grunnlag av rekneskap for føregåande år. Kontaktutvala må søkje på lik line med laga. Regionale samanslutningar som gir tilbod som ikkje finnast i Kvinnherad kan søkje på same vilkår som lokale lag. T.d. Sunnhordland kammerorkester Tildeling av driftsstønad til frivillige lag vert gjort etter felles fordelingsnøkkel for alle typar lag. Driftstilskot til huslege, baneleige og drift av eigne kulturhus og anlegg Til delvis dekking av utgifter til eigne og leigde lokale, hus og anlegg for kulturell verksemd vert det gitt ei prosentvis dekking av dokumenterte driftsutgifter. Tilskotet skal ikkje overstige 1/3 av årlege faste utgifter. Inntil 40 % av total fordelingssum kan nyttast til dette tilskotet. Spesifisert driftsrekneskap for eige hus/anlegg skal følgje søknaden. Følgjande postar blir trekte frå utrekningsgrunnlaget: - Leigeinntekter - Finanskostnader som det er gitt tilskot til over anna kommunal tilskotsordning (t.d. Byggetilskot) - Utgifter til inventar/utstyr Tilskot til leige av hus/lokale/anlegg blir berre gitt til ordinær lagsverksemd for barn og unge. Det blir ikkje gitt tilskot til leige i samband med inntektsgjevande arrangement. Kopi av spesifiserte bilag for leige skal følgje søknaden. Revidert xx.xx

5 2. BYGGETILSKOT Til rehabilitering og bygging av private leikeplassar, friluftsliv-, idretts- og kulturanlegg kan kommunen gi eit tilskot på inntil 1/3 av godkjent byggekostnad. Dersom byggekostnadene vert lågare enn venta, skal tilskotet reduserast tilsvarande. Det er ein føresetnad at laget / organisasjonen syter for ein eigendel på 1/3 av kostnaden. Ved større nybygg / ombyggingar skal planane vere godkjende av kommunen. Byggeplanar for godkjenning kan sendast inn heile året. Godkjende planar medfører ikkje automatisk rett til tilskot. Komité for oppvekst, kultur og idrett fordeler Byggetilskot innafor vedteke budsjett ein gong i året. Det må søkjast på fastsett skjema. Søknadsfrist vert kunngjort i lokalavisene og på kommunen si heimeside. Normalt er søknadsfristen Søknader, som ikkje er imøtekomne eit år eller som har fått ei delløyving, må fornyast kvart år. 3. UNDERSKOTSGARANTI VED OPNE KULTURARRANGEMENT For å stimulera til kulturtilbod av høg kvalitet kan det gjevast underskotsgaranti til: større arrangement som går utover det som er laget si eiga normale drift. T.d. jubileum, store satsingar eller samarbeid. Andre satsingar av høg kvalitet, dette etter vurdering. Reine inntektsbringande arrangement med føremål å skaffe inntekter til eit lag, prosjekt e.l. vil til vanleg ikkje få underskotsgaranti. Det er ein føresetnad for å få garanti at profesjonelle, honorerte kunstnarar, forfattarar, foredragshaldarar o.l. som ikkje er ein del av laget sin vanlege drift opptrer/medverkar. Det kan gjevast underskotsgaranti på inntil 1/3 av utgiftene. Arrangementet må være realistisk og gjennomførbart. Det er ikkje høve til å budsjettere med eit underskot. Følgjande utgifter blir godkjende som grunnlag for utrekning av eventuelt tilskot: - Honorar til kunstnarar og utøvarar m.m. (Honorar til lag /organisasjon/utøvar som får tilskot over anna kommunal tilskotsordning på kulturområdet skal ikkje vere med i utrekningsgrunnlaget.) - Reise-/opphaldskostnader for honorerte kunstnarar og utøvarar m.m. - Utgifter til marknadsføring av slike arrangement. - Leige av teknisk utstyr som er naudsynt for arrangementet. - Administrasjonsutgifter (telefon og porto m.m.) - Husleige. Revidert xx.xx

6 Arrangementet må vere kunngjort og ope for publikum. Det er ein føresetnad for tilskot at arrangementet gir inntekter i form av billettar e.l. Søknad om underskotsgaranti må sendast Kvinnherad kulturkontor på fastsett skjema i god tid før arrangementet. Budsjett for tilskipinga skal følgje med. Ved underskot må ein så raskt som mogleg, og seinast ein månad etter arrangementet, melde inn til Kulturkontoret at garantien vert utløyst. Rekneskap for tilskipinga skal følgje med. 4. TILSKOT TIL LOKALE SAMLINGAR, SKRIFTER OG BØKER Etter søknad og vurdering kan det gjevast tilskot til lokale samlingar, skrifter og bøker. Det er ein føresetnad at arbeidet vert utført på frivillig basis og at tiltaket ikkje skal gi søkjaren inntekt. Tilskot blir gitt på følgjande vilkår: - Registrering og oppbevaring av materialet skjer i samsvar med gjeldande retningsliner. Rettleiing kan ein få på kulturkontoret - Søknaden må innehalde budsjett for tiltaket og ei framstilling av omfanget av arbeidet - Kvinnherad kommune får vederlagsfritt og etter avtale eit bestemt antal bøker til bibliotek og lokalhistorisk samling - Kvinnherad kommune får vederlagsfritt kopi eller tilgang til det innsamla materiale - Innsamla foto vert ein del av den kommunale fotosamlinga og vert registrert og digitalisert i biblioteksystemet Bibliofil. 5. FRIVILLIGE TILTAK Tilskotet skal nyttast til ekstraordinære tiltak som ikkje er omfatta av andre kommunale ordningar, jamfør Tilskot til allment Kulturarbeid i Kvinnherad Kommune. - Kurs/kompetanseheving Leiar- og motivasjonskurs for alle med styre- og instruktøroppgåver i frivillig sektor. Kompetanseheving og utvikling støtte for deltaking på kurs og konferansar med fokus på motivasjon, fornying, auka frivilligheit og mål om å heve kvaliteten på arbeidet. - Aktiviserande tiltak for eldre Tiltak frå 3. sektor særleg retta mot dei eldre i kommunen. Det kan vere pensjonistfestar eller andre aktiviserande tiltak. - Tiltak for unge Tiltak der det frivillige skipar til aktivitetar for born og unge i feriane. Tiltak der det vert gjort ein ekstra innsats for å skapa nye aktivitetstilbod for unge. Haldningsskapande arbeid for born og unge. Det kan vere rusførebyggjande tiltak/ tilskipingar og ekstra tiltak i MOT programmet. Revidert xx.xx

7 - Tiltak for andre Tiltak der det vert gjort eit stort frivillig arbeid til beste for lokalsamfunnet. Dette er ofte tiltak der ein har frivillig, men manglar midlar til naudsynt innkjøp for å utføra ei teneste. I andre høve finst det gode støtteordningar, men ein manglar arbeidskraft. Det som merker seg ut her er såkalla kulturvernoppgåver - restaurering, rydding, merking og skilting. - Tiltak der lag og organisasjonar gjer ein ekstra innsats for å inkludere nye grupper i frivillig aktivitet, t.d. flyktningar, uorganisert ungdom og funksjonshemma. - Andre ålmennyttige tiltak kan verte vurdert Retningsliner 6. UNGDOMSTILTAK Midlar til ungdomstiltak skal lysast ut to gonger i året, vår og haust. Det er Ungdomens kommunestyre Kvinnherad som deler ut tilskotet. Kven kan søkje: Lag, organisasjonar og grupper som har ungdom i Kvinnherad som målgruppe for sine aktivitetar Einskildpersonar kan søkje om tilskot dersom dei aleine er ansvarleg for tiltak som kjem ungdom i Kvinnherad kommune til gode. Kva kan ein søkje om: Tilskot til aktivitetar, tilbod, arrangement eller andre tiltak for ungdom. Ekstra tiltak for ungdom som skil seg frå den ordinære drifta til laget/organisasjonen Tilskot til realisering av nye tiltak for ungdom Tilskot til etablering/vedlikehald av bygg, materiale, utstyr og investeringar som er med på å gje eksisterande tiltak eit løft. Vilkår for tildeling: Tiltaket skal vere spesielt retta mot ungdom i aldersgruppa år. Tiltak retta mot andre aldersgrupper kan vurderast i særskilde tilfelle. Tiltaket skal vere geografisk plassert, eller ta utgangspunkt i ei plassering i Kvinnherad kommune. Tiltaket skal vere ope og tilgjengeleg for all ungdom i Kvinnherad kommune og ikkje vere avgrensa til små eller spesielle grupper. Tiltaket skal vere rusfritt Tiltaket skal ikkje vere basert på forteneste eller på annan måte knytast til kommersiell verksemd. Tiltaket skal ikkje påføre kommunen ekstra driftsutgifter utan nærare avtale. Ein kan berre få tildelt tilskot frå UKK ein gong kvart kalenderår. Revidert xx.xx

8 Retningsliner 7. KJAPT SVAR Kven kan søkje Ungdom mellom 13 og 20 år som bur i Kvinnherad kommune og som ynskjer å driva med kulturaktivitet utover dei etablerte aktivitetane i eksisterande lag og organisasjonar. Både enkeltpersonar og grupperingar av ungdom kan søkje. Kva og kor mykje kan du søkje om? Oppstart av kulturaktivitet/prosjekt. Kan få opp til 75% av kostnadane i tilskot Innkjøp av utstyr og materiell kan få opp til 50% av kostnadane i tilskot Utvikling av eigne kunst og kulturproduksjonar. Kan få opp til 75% av kostnadane i tilskot Formidling av eigne kunst og kulturproduksjonar. Kan få opp til 75% av kostnadane i tilskot Eigenproduserte opne kulturarrangement kan få opp til 75% av kostnadane i tilskot Øvre grense for tilskot er kr. 5000,- pr. gong. Søkjar kan få tilskot 2 ganger pr. kalenderår Ein kan bare få tilskot frå ordninga Kjapt svar ein gang pr. år Vilkår for tildeling: Kjapt svar søknaden skal knytas tydleg til eit prosjekt. Vi krev ei beskriving av korleis det ein søkjer pengar til inngår i eit prosjekt, d.v.s vi gjer ikkje pengar til ein gitar dersom ikkje søkjar viser til at gitaren skal brukast i bandsamanheng, søkjaren har meldt seg på gitarkurs eller gitaren skal brukast i annan relevant samanheng Rapport skal leverast innan 14 dagar etter at pengane er utbetalt Du får svar på søknaden din innan ei veke og pengane vil vere på kontoen din i løpet av to veker. MISBRUK Dersom ein person, organisasjon eller eit lag gir urette opplysningar eller bryt retningslinene for stønad, mister vedkomande retten til stønad for minst eitt år. Revidert xx.xx

RETNINGSLINER FOR TILSKOT TIL KULTURARBEID I GOL KOMMUNE.

RETNINGSLINER FOR TILSKOT TIL KULTURARBEID I GOL KOMMUNE. RETNINGSLINER FOR TILSKOT TIL KULTURARBEID I GOL KOMMUNE. 1. TILSKOTSFORMER. Det kan søkjast om: Tilskot til lokale organisasjonar. Søknadsfrist: innan 30. april Tilskot til regionale organisasjonar. Søknadsfrist:

Detaljer

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar) Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar) Kvinnherad kommune 2014 Rettleiing for søknad om spelemidlar i Kvinnherad kommune Tilskot til anlegg og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Detaljer

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar) Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar) Kvinnherad kommune 2015 Rettleiing for søknad om spelemidlar i Kvinnherad kommune Tilskot til anlegg og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Detaljer

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE Vedteke i kommunestyre 20.06.2013 1 Drift: Lærdal kommune er eigar av barnehagane og har ansvaret for vedlikehald og drift. Barnehagane skal drivast

Detaljer

Forskrift om bustøtte

Forskrift om bustøtte Forskrift om bustøtte DATO: FOR-2012-11-29-1283 DEPARTEMENT: KRD (Kommunal- og regionaldepartementet) PUBLISERT: I 2012 hefte 14 s 2412 IKRAFTTREDELSE: 2013-01-01 ENDRER: FOR-2009-06-19-699 GJELDER FOR:

Detaljer

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418 Vaksdal kommune SAKSFRAMLEGG Saksnr: Utval: Dato Formannskap/plan- og økonomiutvalet Kommunestyret Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418 Revisjon av retningsliner

Detaljer

Retningsliner for tilskot til kulturbygg i Sogn og Fjordane. 1. Vilkår for tilskotsordninga fastsett av Kulturdepartementet:

Retningsliner for tilskot til kulturbygg i Sogn og Fjordane. 1. Vilkår for tilskotsordninga fastsett av Kulturdepartementet: Retningsliner for tilskot til kulturbygg i Sogn og Fjordane. Desse retningslinene definerer krava og omfang av desentralisert ordning for tilskot til kulturbygg. Ordninga er finansiert av overskot frå

Detaljer

Retningsline for samordna opptak i barnehagar i Stord kommune

Retningsline for samordna opptak i barnehagar i Stord kommune Foto: Naustvågen barnehage Retningsline for samordna opptak i i Stord kommune 1 INNLEIING Alle godkjende i kommunen skal samarbeida om opptak av barn i barnehage, jamfør Lov om 12. Kommunen skal leggja

Detaljer

SØKNAD OM TILSKOT TIL FREDA KULTURMINNE I PRIVAT EIGE, KULTURMILJØ OG KULTURLANDSKAP (Kap. 1429 post 71)

SØKNAD OM TILSKOT TIL FREDA KULTURMINNE I PRIVAT EIGE, KULTURMILJØ OG KULTURLANDSKAP (Kap. 1429 post 71) Side 1 av 5 SØKNAD OM TILSKOT TIL FREDA KULTURMINNE I PRIVAT EIGE, KULTURMILJØ OG KULTURLANDSKAP (Kap. 1429 post 71) SØKNADSFRIST: 15. NOVEMBER 2015 Søknad sendast til: Sogn og Fjordane fylkeskommune Kulturavdelinga

Detaljer

Ove Fekene, Kristin S. Torson, Janne Brøndbo, frå Bygdearkivet: Syver Hjelmen, Berit Marie Sørhøy og Kristofer Eitrheim

Ove Fekene, Kristin S. Torson, Janne Brøndbo, frå Bygdearkivet: Syver Hjelmen, Berit Marie Sørhøy og Kristofer Eitrheim MØTEPROTOKOLL Hovudutval for Livsløp Dato: 26.01.2012 kl. 12:00 Stad: Hemsedal Folkebibliotek Arkivsak: 12/00010 Tilstades: Møtande varamedlemer: Forfall: Andre: Protokollførar: Håvard Venås (KrF), Øyvind

Detaljer

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK) SAK 55/13 REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK) Saksopplysning I sak 49/13, under eventuelt var eit punkt spørsmålet om ikkje Regionrådet for Hallingdal burde

Detaljer

BARNEHAGETILBODET 2015/2016

BARNEHAGETILBODET 2015/2016 Kvinnherad kommune Vår ref: 2014/996 Dato: 1.07.2015 Kvinnherad kommune BARNEHAGETILBODET 2015/2016 RETNINGSLINJER OG INFORMASJON Retningslinjer og informasjon OM FALDAREN Faldaren vert sendt til alle

Detaljer

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert 15.06.09

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert 15.06.09 TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE Sist redigert 15.06.09 VISJON TILTAK Stord kulturskule skal vera eit synleg og aktivt kunstfagleg ressurssenter for Stord kommune, og ein føregangsskule for kunstfagleg

Detaljer

SANDØY KOMMUNE VEDTEKTER FOR NÆRINGSFONDET

SANDØY KOMMUNE VEDTEKTER FOR NÆRINGSFONDET SANDØY KOMMUNE VEDTEKTER FOR NÆRINGSFONDET Vedteke i K-sak12/39 datert 19.09.2012 Søknad om tilskot skal sendast til: SANDØY KOMMUNE Tiltaksnemnda 6487 HARØY Desse vedtektene er utarbeidde på grunnlag

Detaljer

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom

Detaljer

Retningsline for samordna opptak i barnehagar i Stord kommune

Retningsline for samordna opptak i barnehagar i Stord kommune Foto: Naustvågen barnehage Retningsline for samordna opptak i i Stord kommune 1 INNLEIING Alle godkjende i kommunen skal samarbeida om opptak av barn i barnehage, jamfør Lov om 12. Kommunen skal leggja

Detaljer

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune Gjeld frå august 2015 1. BARN MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE Barn med nedsett funksjonsevne kan ha trong for særleg tilrettelegging av fysiske og personalmessige

Detaljer

SAL OG SKJENKELØYVE FOR ALKOHOLHALDIG DRIKK

SAL OG SKJENKELØYVE FOR ALKOHOLHALDIG DRIKK SAL OG SKJENKELØYVE FOR ALKOHOLHALDIG DRIKK Salsløyve Alkohollova 3: Med sal av alkoholhaldig drikk meinast overdraging av drikk med inntil 4.75 volumprosent alkohol til forbrukar mot vederlag for drikking

Detaljer

KVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET. Retningslinjer og informasjon

KVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET. Retningslinjer og informasjon KVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET Retningslinjer og informasjon Retningslinjer og informasjon om barnehagetilbodet TILBODET I BARNEHAGANE Barnehagane skal i samarbeid og forståing med heimen ivareta

Detaljer

Retningslinjer for. Transportordninga for funksjonshemma i Hordaland

Retningslinjer for. Transportordninga for funksjonshemma i Hordaland HORDALAND FYLKESKOMMUNE Retningslinjer for Transportordninga for funksjonshemma i Hordaland Gjeldande frå 1.November 2014 23.05.2014 Innhald: 1. Formål 3 2. Kven kan nytte ordninga? 3 3. Godkjenningsperiode

Detaljer

Kartlegging av verksemder som søkjer driftstilskot frå Hordaland fylkeskomme

Kartlegging av verksemder som søkjer driftstilskot frå Hordaland fylkeskomme Kartlegging av verksemder som søkjer driftstilskot frå Hordaland fylkeskomme Spørjeundersøking på oppdrag frå Kultur og idrettsavdelinga AUD-rapport nr. 11-2014 Bakgrunn og metode Undersøkinga er utført

Detaljer

NORDDAL KOMMUNE. Reglement for godtgjering til folkevalde

NORDDAL KOMMUNE. Reglement for godtgjering til folkevalde NORDDAL KOMMUNE Reglement for godtgjering til folkevalde Vedteke: Ksak 80/13 Gjeld frå: 01.12.2013 INNHALD: 1.0 Kven reglementet gjeld for... side 2 2.0 Formål... side 2 3.0 Møte... side 2 4.0 Godtgjering...

Detaljer

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD Vedtatt av Seljord formannskap i sak 20/12, 9.2.2012. Administrativt revidert 1.september 2014 1. Eigar- og driftsforhold. Seljord kommune eig og driv barnehagane i

Detaljer

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå 01.01. 2011

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå 01.01. 2011 1 2 VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND gjeldande frå 01.01. 2011 1. DRIFT I SAMSVAR MED NORSK LOV Eigaren av barnehagane er Studentsamskipnaden for

Detaljer

10/60-14/N-211//AMS 22.05.2013

10/60-14/N-211//AMS 22.05.2013 INTERNT NOTAT MASFJORDEN KOMMUNE «SSE_NAVN» Til: Kommunestyret Frå: Alf Strand Dok. ref. Dato: 10/60-14/N-211//AMS 22.05.2013 Vedtekter for barnehagane i Masfjorden Vedlagt følgjer reviderte vedtekter

Detaljer

SAL- OG SKJENKEREGLEMENT

SAL- OG SKJENKEREGLEMENT SOGNDAL KOMMUNE SAL- OG SKJENKEREGLEMENT Utdrag frå RUSPOLITISK HANDLINGSPLAN for Sogndal kommune 2009-2012 7. KOMMUNALE REGLAR FOR SAL OG SKJENKING AV ALKOHOL Dette kapitlet skal omhandle følgjande område:

Detaljer

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE.

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE. REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE. 1. GENERELT 1.1 Føremål Møre og Romsdal fylke har som mål å yte god service og vere tilgjengeleg for innbyggarane i fylke og for

Detaljer

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg Brattholmen skulefritidsordning Nygårdsvegen 1 5350 Brattholmen Tlf: 55097504/98088134 E-post: liss.schumann@fjell.kommune.no S sosalisering og samspill F Fritid og felleskap O Omsorg SFO: SFO er eit fritidstilbod

Detaljer

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m. 15.02.10

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m. 15.02.10 NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m. 15.02.10 1. FØREMÅL Det skal vere ein SFO i kommunen. Skulefritidsordninga skal leggja til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar

Detaljer

Sandeid skule SFO Årsplan

Sandeid skule SFO Årsplan SFO Årsplan Telefon: 48891441 PRESENTASJON AV SANDEID SKULE SIN SFO SFO er eit tilbod til elevar som går på i 1. til 4. klasse. Rektor er leiar av tilbodet. Ansvaret for den daglege drifta er delegert

Detaljer

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT HORDALAND FYLKESKOMMUNE Kultur- og idrettsavdelinga PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT 1. Føremål Ordninga gjeld tiltak for sikring og istandsetting av verdsarvstaden Bryggen. Målsettinga er

Detaljer

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE» «ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE» FYLKESREVISJONEN Møre og Romsdal fylkeskommune RAPPORT, FORVALTNINGSREVISJONSPROSJEKT NR. 4-2000 INNHALDSREGISTER 1. INNLEIING I 2. FORMÅL 1 3. METODE OG DATAGRUNNLAG

Detaljer

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I LUSTER

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I LUSTER VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I LUSTER Gjeldande frå 1. januar 2015 1. Føremål Barnehagane i Luster skal drivast i samsvar med Lov om barnehagar og tilhøyrande føresegner. I tillegg gjeld kommunale

Detaljer

Ei kokebok for kulturkontakten og kommunekontakten

Ei kokebok for kulturkontakten og kommunekontakten Ei kokebok for kulturkontakten og kommunekontakten GENERELL INFORMASJON OM KULTURSEKKEN Kultursekken er et samlebegrep for satsinga på kulturformidling i barnehage, grunnskole og den videregåande skulen

Detaljer

Tilskot til friluftsliv

Tilskot til friluftsliv Tilskot til friluftsliv Tilskot til friluftslivsføremål (Kap. 1420 post 78) med følgjande ordningar: Tilskot til friluftslivsaktivitet Mål for ordninga og målgruppe Tilskotsordninga skal medverke til auka

Detaljer

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Tilgangskontroll i arbeidslivet - Feil! Det er ingen tekst med den angitte stilen i dokumentet. Tilgangskontroll i arbeidslivet Rettleiar frå Datatilsynet Juli 2010 Tilgangskontroll i arbeidslivet Elektroniske tilgangskontrollar for

Detaljer

Møteprotokoll Styremøte Lærdal Næringsutvikling AS

Møteprotokoll Styremøte Lærdal Næringsutvikling AS Møteprotokoll Styremøte Lærdal Næringsutvikling AS Møte nr: 2014-03 Tid: 8. april 2014 kl. 15.30 18.00 Stad: Lærdal, Møterom 2. etasje KIWI-bygget Til stades Rolf Jerving (styreleiar) Jarle Molde Gro Starheimsæter

Detaljer

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN Lov for Jotun, skipa 30.03.1923. Vedteken den 10.06.1945, med seinare endringar seinast av 29.06.2000. Revidert etter årsmøte i 2007 og 2011. Godkjend av Idrettsstyret: 18.02.02

Detaljer

2 Kommunale møte Reglementet gjeld møte i kommunestyre, formannskap, forvaltningsutval og administrasjonsutval, heretter kalla folkevalde organ.

2 Kommunale møte Reglementet gjeld møte i kommunestyre, formannskap, forvaltningsutval og administrasjonsutval, heretter kalla folkevalde organ. ARBEIDSVILKÅR FOR FOLKEVALDE I LÆRDAL KOMMUNE 1 Folkevald opplæring/ informasjon Tidleg i kvar valperiode skal det haldast kurs for medlemmer av kommunestyre ("folkevald opplæring") i dei grunnleggande

Detaljer

Det vil alltid vere ei balansegang mellom bruk av eigne pengar på bok og lån i bank.

Det vil alltid vere ei balansegang mellom bruk av eigne pengar på bok og lån i bank. MODALEN KOMMUNE Rådmannen Rådmannen er den øvste administrative leiaren i kommunen og skal førebu saker og sette i verk det som politikarane bestemmer. Alle saker og dokument som vert lagt fram til politisk

Detaljer

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT MASFJORDEN KOMMUNE Sosialtenesta Nav Masfjorden Postboks 14, 5987 Hosteland Tlf 815 81 000/47452171 Unnateke for offentleg innsyn Jf. Offlentleglova 13 SØKNAD OM STØTTEKONTAKT Eg vil ha søknaden handsama

Detaljer

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

Rettleiing for revisor sin særattestasjon Rettleiing for revisor sin særattestasjon Om grunnstønad til nasjonalt arbeid til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar, statsbudsjettets kap. 857, post 70 (Jf. føresegn om tilskot til frivillige

Detaljer

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VÅGÅ.

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VÅGÅ. VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VÅGÅ. Vedtekne av Vågå kommunestyre 7.mai 1979 og seinare justerte i vedtak i Vågå kommunestyre, sak 78/82, 119/88, 10/89, 18/91,19/93, 31/94, 138/94, 7/97, 25/2000,

Detaljer

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv. HANDLINGSPLAN 2014 Forord Planen byggjer på Mental Helse sine mål og visjonar, og visar kva oss som organisasjon skal jobbe med i 2014. Landstyret har vedteke at tema for heile organisasjonen i 2014 skal

Detaljer

Vedtekter for barnehagane i Austrheim. Oppdatert 26.03.2014

Vedtekter for barnehagane i Austrheim. Oppdatert 26.03.2014 Vedtekter for barnehagane i Austrheim Oppdatert 26.03.2014 Innhald: side 1. Føremål 4 2. Forvaltning 4 3. Opningstider/barnehagerute 4 4. Ferieavvikling for barn 5 5. Areal 5 6. Betalingssatsar 5 7. Opptak

Detaljer

Vedtekter for Lærdal båteigarlag

Vedtekter for Lærdal båteigarlag Vedtekter for Lærdal båteigarlag Nye,reviderte vedtekter gjeld frå 13. mars 2012. Dei vart vedtekne av årsmøtet 2012 same dato. Desse erstattar vedtektene for Lærdal båteigarlag frå skipingsdatoen 17.

Detaljer

Retningslinjer for Transportordninga for funksjonshemma i Hordaland. Gjeldande frå 1. mars 2009

Retningslinjer for Transportordninga for funksjonshemma i Hordaland. Gjeldande frå 1. mars 2009 Retningslinjer for Transportordninga for funksjonshemma i Hordaland Gjeldande frå 1. mars 2009 2 Innhald: 1. Formål... 4 2. Kven kan nytte ordninga?... 4 3. Godkjenningsperiode... 4 4. Brukartak... 4 5.

Detaljer

Dok.dato: 27.09.2011 Vår Ref: 2011001929-1 Arkiv: N-025 REGLEMENT FOR SUND KOMMUNESTYRE

Dok.dato: 27.09.2011 Vår Ref: 2011001929-1 Arkiv: N-025 REGLEMENT FOR SUND KOMMUNESTYRE Dok.dato: 27.09.2011 Vår Ref: 2011001929-1 Arkiv: N-025 REGLEMENT FOR SUND KOMMUNESTYRE 1 REGLEMENT FOR SUND KOMMUNESTYRE 1. SAKSFØREBUING TIL KOMMUNESTYRET Administrasjonssjefen skal sjå til at dei saker

Detaljer

Reglement for godtgjersle for kommunale ombod i Aukra kommune

Reglement for godtgjersle for kommunale ombod i Aukra kommune Aukra kommune Reglement for godtgjersle for kommunale ombod i Aukra kommune Gjeldande i perioden 2016-2019 Vedteke i K-sak 74/15, 17.09.2015 ephortenr.: 15/560-6 kdfdksf Innhald 1 Møtegodtgjersle... 3

Detaljer

Etablering og drift av kraftselskap

Etablering og drift av kraftselskap Etablering og drift av kraftselskap Småkraftseminar i Målselv 02.06.2010 Målselv 02.06.2010 1 Vi får Norge til å gro! Kva for selskapstypar er aktuelle? Aksjeselskap er den vanlegaste selskapstypen Nesten

Detaljer

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009 ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2008/2009 Innleiing Årsmøtet for 2007/08 vart avvikla i grendahuset 20.03.08. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.

Detaljer

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing Hovudutval for plan og næring Side 1 av 5 Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing Fylkesdirektøren rår Hovudutval for plan og næring til å gjere slikt vedtak: 1 Fylkeskommunen vil ikkje engasjere

Detaljer

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde Vedteke i kommunestyret 12.12.2013, sak K 13/169 Endra i kommunestyret 27.8.2015, sak K 15/96 Gjeldande frå ny kommunestyreperiode 2015-2019 INNHALD:

Detaljer

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/401-1. Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/401-1. Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding: Saksframlegg Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/401-1 Retningslinjer for uønska deltid * Tilråding: Administrasjonsutvalet vedtek retningslinjer for å handsame uønska deltid, dagsett.11.02.2010.

Detaljer

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage Kjære foreldre/føresette Me ynskjer dykk og barnet dykkar hjarteleg velkomen til Lonevåg barnehage! Barnet dykkar har no fått

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Anne Brit Lauvsnes Arkiv: 223 C00 Arkivsaksnr.: 15/9-23

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Anne Brit Lauvsnes Arkiv: 223 C00 Arkivsaksnr.: 15/9-23 SAKSFRAMLEGG Saksbehandler: Anne Brit Lauvsnes Arkiv: 223 C00 Arkivsaksnr.: 15/9-23 Kulturmidlar 2015 TILRÅDING: Formannskapet vedtek slik tildeling av tilskot frå kommunale kulturmidlar 2015: Org. Tilskot2014:

Detaljer

STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE 2010-2013

STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE 2010-2013 STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE 2010-2013 Vedtatt i Kommunestyret, sak nr 18/10 16.september 2010 1 2 Innhald 1. Innleiing...3 2. Planprosessen...3 3. Planperiode, revidering og evaluering...4

Detaljer

Møteprotokoll for møte i

Møteprotokoll for møte i Møteprotokoll for møte i Masfjorden Kyrkjelege Fellesråd 27.01. 2015 kl. 1815 i kantina på kommunehuset. Desse møtte: Ragnhild Skuggedal Britt E. Nordland Åse Dyrkolbotn Øyvind Kristoffersen Egil Kvingedal

Detaljer

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

KOMPETANSE I BARNEHAGEN Side 1 Rådmannen Vår ref: 2010/2296 Dato: 29.06.2010 KOMPETANSE I BARNEHAGEN PLAN FOR KVINNHERAD KOMMUNE 2010 2011 Side 2 BAKGRUNN FOR PLANEN: Kompetanseplanen byggjer på Kunnskapsdepartementet sin strategiplan

Detaljer

Søknad om Anbodsgaranti

Søknad om Anbodsgaranti Søknad om Anbodsgaranti (For GIEK) Aktørnr. (Garantimottakar) Garantinummer I samsvar med EØS-avtala artikkel 61 (1) er den som mottek middel under anbodsgarantiordninga pålagd å gi opplysningar om all

Detaljer

Vedtak i Eid kommunestyre 07.05.2015 KS-041/15. Retningslinjer for tilskot til frivillig kulturarbeid i Eid kommune

Vedtak i Eid kommunestyre 07.05.2015 KS-041/15. Retningslinjer for tilskot til frivillig kulturarbeid i Eid kommune Vedtak i Eid kommunestyre 07.05.2015 KS-041/15 Retningslinjer for tilskot til frivillig kulturarbeid i Eid kommune Innhold 1.1 Generelt... 3 1.2 Ordinære kulturmidlar (driftstilskot):... 3 Fordeling/vilkår

Detaljer

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/09 17. juni 2009

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/09 17. juni 2009 1 Føremål med reglane, kven reglane gjeld for Heradet har som overordna mål, innan gitte økonomiske rammer, å leggja tilhøva til rette for god kompetanseutvikling i heile heradsorganisasjonen, slik at

Detaljer

KVINNHERAD KOMM KULTURKONTORET

KVINNHERAD KOMM KULTURKONTORET V. Kvmnherad kommune KVINNHERAD KOMM KULTURKONTORET,\l SØKNAD OM DRIFTSTILSKOT TIL LAG OG HUS Det er eit vilkår for å få kommunale tilskot at Følgjekort for funksjonshemma vert akseptert. SØKJHTI Rice

Detaljer

Forvaltningsrevisjon «Pleie og omsorg - årsak til avvik mot budsjett og Kostra-tal»

Forvaltningsrevisjon «Pleie og omsorg - årsak til avvik mot budsjett og Kostra-tal» Notat Til: Kopi: Frå: Kommunestyret og kontrollutvalet Arkivkode Arkivsaknr. Løpenr. Dato 216 13/1449-13 10263/15 28.01.2015 Forvaltningsrevisjon «Pleie og omsorg - årsak til avvik mot budsjett og Kostra-tal»

Detaljer

SELSKAPSAVTALE OM OVERGREPSMOTTAK I SOGN OG FJORDANE. oppretta etter kommunelova 27.

SELSKAPSAVTALE OM OVERGREPSMOTTAK I SOGN OG FJORDANE. oppretta etter kommunelova 27. SELSKAPSAVTALE OM OVERGREPSMOTTAK I SOGN OG FJORDANE oppretta etter kommunelova 27. 1 SELSKAPET: Overgrepsmottaket i Sogn og Fjordane er eit interkommunalt selskap skipa av Sunnfjord og ytre Sogn interkommunale

Detaljer

Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkivsaksnr.: 14/1629-4. Selskapstrukturen - Sogndal kulturhus. * Tilråding:

Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkivsaksnr.: 14/1629-4. Selskapstrukturen - Sogndal kulturhus. * Tilråding: Saksframlegg Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkivsaksnr.: 14/1629-4 Arkiv: Selskapstrukturen - Sogndal kulturhus * Tilråding: Sogndal Kulturhus AS vert vidareførd som eit heileigd kommunalt aksjeselskap.

Detaljer

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje 2015-2017

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje 2015-2017 Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje 2015-2017 Visjon: Vi vil gjere Jesus synleg I perioden 2015-2017 skal visjonen synleggjerast gjennom fire utvalde satsingar. I tillegg vil vi vidareføre gudstenester,

Detaljer

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid Kviteseid kommune Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid Vedteke i Hovudutval for Oppvekst og Omsorg (HOO), den 28.01.2015 1. Eigartilhøve Kviteseid kommune eig, driv og fører tilsyn med desse

Detaljer

Kap 1 Innleiande fastsettingar

Kap 1 Innleiande fastsettingar Kap 1 Innleiande fastsettingar 1-1 Organisasjon og virkeområde Namnet til klubben er Kvam Hundeklubb, og vert forkorta til KHK. Klubben er sjølvstendig rettssubjekt og er å rekna som eiga juridisk eining.

Detaljer

Søknad om Byggjelångaranti

Søknad om Byggjelångaranti Søknad om Byggjelångaranti (For GIEK) Aktørnr. seljar Gar.nr. 1. Garantisøkjar: Etableringsår: 2. Byggjeverft: Same som garantisøkjar: Telefon: Telefaks: Føretaksnr. (MÅ fyllast ut): Kopi av verftet sin

Detaljer

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Spørjeundersøking om sentrumsområde Spørjeundersøking om sentrumsområde Befolkningsundersøking i Hordaland 2013 AUD-rapport nr. 1 2013 Bakgrunn og metode Undersøkinga er utført på oppdrag frå, og i samarbeid med Planseksjonen i Hordaland

Detaljer

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE KAP. 1. FIRMA, KONTORKOMMUNE, FORMÅL 1-1 SpareBank 1 Søre Sunnmøre er skipa den 17. september 1853. Vedtektene vart godkjende første gongen ved høieste Resolution

Detaljer

Foretaket er eit samvirkeforetak og foretaket sitt namn er Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag SA.

Foretaket er eit samvirkeforetak og foretaket sitt namn er Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag SA. VEDTEKTER FOR SUNNMØRE OG ROMSDAL FISKESALSLAG SA 1 Organisasjon Foretaket er eit samvirkeforetak og foretaket sitt namn er Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag SA. 2 Virkeområde og forretningskontor Foretaket

Detaljer

NÆRINGS- OG MILJØTILTAK I SKOGBRUKET (NMSK) STRATEGI FOR KLEPP KOMMUNE 2015-2018. Foto: Hilde Kristin Honnemyr

NÆRINGS- OG MILJØTILTAK I SKOGBRUKET (NMSK) STRATEGI FOR KLEPP KOMMUNE 2015-2018. Foto: Hilde Kristin Honnemyr NÆRINGS- OG MILJØTILTAK I SKOGBRUKET (NMSK) STRATEGI FOR KLEPP KOMMUNE 2015-2018 Foto: Hilde Kristin Honnemyr Innleiing Tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket (NMSK) er ein del av kommunen sin

Detaljer

Støtteordningar og søknader

Støtteordningar og søknader Støtteordningar og søknader Dette er eit emne tillitsvalde og medlemer er svært interessert i. Filosofien er enkel: Får vi tak i pengar kan vi skape meir aktivitet. Samtidig skjer det stadig endringar

Detaljer

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I BSI PADLING

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I BSI PADLING REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I BSI PADLING STAD: Høgteknologisenteret, Thormøhlensgate 55 DATO: 20.01 2011 TIL STADES: 18 Sak 1 Sak 2 Godkjenning av innkalling og dagsorden Innkalling var tilgjengeleg ifrå 20.

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Handlingsplan for Sogn og Fjordane Orienteringskrins 2012-2013

Handlingsplan for Sogn og Fjordane Orienteringskrins 2012-2013 Handlingsplan for Sogn og Fjordane Orienteringskrins 2012-2013 Organisasjonen si største utfordring er å skape auka oppslutning rundt orienteringsidretten å ta vare på eksisterande medlemar å rekruttere

Detaljer

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet. Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet. Dette notatet skisserer innhald og kan brukast som eit utgangspunkt for drøftingar og innspel. Me ynskjer særleg

Detaljer

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg. Interkontrollhandbok Side: 1 av 5 1. FORMÅL Føremålet med dette kapitlet er å kvalitetssikra oppfølginga av tilsette som vert sjukmelde. Kapitlet gjev derfor oversikt over kva rutinar som skal følgjast

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32 Kjøp av husvære Vedlegg: Bakgrunn: Lovheimel: Behov for kommunale husvære for vidare utleige SAKSOPPLYSNINGAR Behov Kommunstyret

Detaljer

GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE

GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE Balestrand kommune GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE Reglement for godtgjersle til folkevalde i Balestrand kommune Revidert og godkjent i Balestrand kommunestyre xxxxxx (sak xx/xxx) Gjeld frå kommunestyerperioden

Detaljer

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 99/06 05/875 SØKNAD OM URVIDA KOMMUNAL GARANTI - SÆLEHAUGEN BARNEHAGE

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 99/06 05/875 SØKNAD OM URVIDA KOMMUNAL GARANTI - SÆLEHAUGEN BARNEHAGE OS KOMMUNE Organisasjonseining Utval: OS FORMANNSKAP Møtestad: Os Sjukeheim, gamal del Møtedato: 30.05.2006 Tid: 09.00 MØTEINNKALLING Tillegg SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 99/06 05/875 SØKNAD

Detaljer

Kunstverkstaden Guddalshuset. Rosendal. Hulda Bohlin - maling. Karin Bøe tekstil

Kunstverkstaden Guddalshuset. Rosendal. Hulda Bohlin - maling. Karin Bøe tekstil Kunstverkstaden Guddalshuset Rosendal Hulda Bohlin - maling Sussi Bodin - maling/foto/papir/musikk Karin Bøe tekstil Bakgrunn: Kulturvisjon 2014. Mål om å synleggjera det kulturelle mangfaldet i Kvinnherad

Detaljer

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 51/08 08/1214 NESSANE VASSVERK - SØKNAD OM KOMMUNAL GARANTI

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 51/08 08/1214 NESSANE VASSVERK - SØKNAD OM KOMMUNAL GARANTI MØTEINNKALLING Utval: KOMMUNESTYRET Møtestad: Rådhuset Møtedato: 25.09.2008 Tid: 16.30 Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling SAKLISTE Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 51/08 08/1214 NESSANE VASSVERK

Detaljer

TYSNES KOMMUNE ETISKE RETNINGSLINER

TYSNES KOMMUNE ETISKE RETNINGSLINER TYSNES KOMMUNE ETISKE RETNINGSLINER Revidert av kommunestyret 22.06.09 Saksnr. Dok.nr Arkivkode Avd/Sek/Saksh Dykkar ref. 08/1437 9554/09 000 FSK/PER/STDA 1 OM RETNINGSLINENE...3 1.0 KVA ER ETIKK 3 1.1

Detaljer

Utviklingsplan 2015-2017 for Ørsta frikyrkje

Utviklingsplan 2015-2017 for Ørsta frikyrkje Utviklingsplan 2015-2017 for Ørsta frikyrkje Visjon: Å gjere Jesus synleg I perioden 2015-2017 skal visjonen synleggjerast gjennom fire utvalde satsingar. Gudstenester, offerdagar, misjonsmesse og andre

Detaljer

Retningsliner for å sikre heilskaplege og samanhengande helse- og omsorgstenester til pasientar med behov for koordinerte tenester

Retningsliner for å sikre heilskaplege og samanhengande helse- og omsorgstenester til pasientar med behov for koordinerte tenester Framlegg, 16.05.12 Delavtale mellom Balestrand kommune og Helse Førde HF Retningsliner for å sikre heilskaplege og samanhengande helse- og omsorgstenester til pasientar med behov for koordinerte tenester

Detaljer

Selskapsavtale for Setesdal Miljø og Gjenvinning IKS Versjon 270504

Selskapsavtale for Setesdal Miljø og Gjenvinning IKS Versjon 270504 Selskapsavtale for Setesdal Miljø og Gjenvinning IKS Versjon 270504 1 Selskapet sitt namn Selskapet sitt namn er Setesdal Miljø og Gjenvinning IKS 2 Deltakarar og ansvar Selskapet er eit interkommunalt

Detaljer

STØNAD TIL TILTAK FOR BARN OG UNGE HAUSTEN 2013

STØNAD TIL TILTAK FOR BARN OG UNGE HAUSTEN 2013 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Kultur- og idrettsavdelinga Arkivsak 2131264-73 Arkivnr. 135.632 Saksh. Askvik, Marianne Ose Saksgang Møtedato Kultur- og ressursutvalet 22.1.213 STØNAD TIL TILTAK FOR BARN OG UNGE

Detaljer

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Har igjen fått sps om dekninga i Sør. Veit ein meir om når utbygging av skal skje? Kor mange barn i sør får ikkje plass i nær? Svar frå administrasjonen: Vi syner til

Detaljer

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

Tilleggsinnkalling til Formannskapet Tilleggsinnkalling til Formannskapet Møtedato: 27.10.2015 Møtestad: Flora samfunnshus Møtetid: 09:00 - Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melde frå så snart råd er, tlf. 57

Detaljer

TURNE MED I SOGN OG FJORDANE

TURNE MED I SOGN OG FJORDANE TURNE MED I SOGN OG FJORDANE Hei! Starten på turneen nærmar seg, og vi er glade for at du/de er ein del av tilbodet i Den kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane. Vedlagt finn du/de: Kontrakt for oppdrag/engasjement

Detaljer

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon 57 62 96 00 - Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon 57 62 96 00 - Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE Sogndal kommune Utval: MØTEINNKALLING SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: 02.06.2008 Tid: 1200-1400 Eventuelt forfall kan meldast til telefon 57 62 96 00 - Varamedlemmar møter etter

Detaljer

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE Vedteke av kommunestyret 2. oktober 2014, sak 67/14 1 Innhold 1. Kvifor plan for bruk av nynorsk i Nissedal kommune?... 3 1.1 Bruk av nynorsk internt i organisasjonen

Detaljer

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene Framtidas bustadbehov blir i hovudsak påverka av størrelsen på folketalet og alderssamansettinga i befolkninga. Aldersforskyvingar i befolkninga forårsakar

Detaljer