NYNORSK I BOKMÅLSLAND Kva kan gjerast for å endre negative haldningar til nynorsk i skulen?
|
|
- Karl Helland
- 8 år siden
- Visninger:
Transkript
1 NYNORSK I BOKMÅLSLAND Kva kan gjerast for å endre negative haldningar til nynorsk i skulen? Innhald: Kapittel 1. OM ARBEIDET I SKULEMÅLSNEMNDA -Bakgrunn -Utgangspunkt for arbeidet -Få fram erfaringsmateriale Kapittel 2. KVA KOM FRAM -Erfaringsmateriale frå lokallaga -Erfaringsmateriale frå lærarar Kapittel 3. KVA BØR GJERAST -Aktuelle tiltak for å styre nynorsken si stilling i skulen -Organisatoriske tiltak RAPPORT frå skulemålsnemnda til årsmøtet i Vikværingen Audgunn Oltedal, Unn Aarrestad, Oddvin Lundanes,Magnhild Reisæter 1
2 Kapittel 1. OM ARBEIDET I SKULEMÅLSNEMNDA Bakgrunn På årsmøtet i Vikværingen laurdag 8.februar kom Audgunn Oltedal med forslag om at Vikværingen bør styrke arbeidet med nynorsk i skulen. Oltedal vektla særleg behovet for å styrke sidemålet si stilling. Årsmøtet vedtok fylgjande tillegg til arbeidsprogrammet for Vikværingen for 2003: I komande arbeidsperiode skal Vikværingen prioritere skulemålsarbeidet. Styret i Vikværingen set ned eit eige utval med representantar frå lokallaga, som konkretiserer tiltak for å styrke nynorskens stilling i skulen, og legg fram ein plan for dette arbeidet til årsmøtet i Vikværingen Styret i Vikværingen bad desse vere med i nemnd som har arbeidd med forslag til plan for det vidare arbeidet: Audgunn Oltedal(leiar),Unn Aarrestad, Oddvin Lundanes,Magnhild Reisæter. Nemnda har hatt 4 møte i 2003(15.05,11.09,23.10,20.11) og eit møte i 2004(22.01). I november hadde nemnda møte med lokallaga i Vikværingen for m.a. å leggje fram innkome material, og få synspunkt og tilbakemeldingar. Møtet vart halde på møterom 7 på Det norske Teatret, torsdag 20 november 2003 kl I tillegg til nemnda var desse tilstades på møtet:frå styret i Vikværingen: Magne Østerås, leiar og Håvard Tangen, skrivar. Frå laga: Kristen Turtum, Eva Nørstebø, Ingrid Amundsen og Kari de la Cour frå Oslo Mållag. Åsmund Bjørustad frå Ås Mållag. Innbedne: Marit Løkke, Ringstabekk skole, Synnøve Kalvø, lærargruppe i Bærum og Ingar Arnøy, Noregs Mållag. Utgangspunkt for arbeidet i nemnda: Arbeid med å få til parallellklassar i nynorsk er viktig,men dette er ikkje ein tilstrekkeleg skulemålsstrategi for område med så sterk bokmålsdominans som Oslo og Akershus og Vestfold. Vi bør leggje meir vekt på arbeidet med sidemålet enn det vi gjer i dag. Det har kome mange åtak på sidemålet, og det vil kome nye åtak for å få nynorsk bort frå skulen som skriftleg sidemål(jfr forslag frå byrådet i Oslo og Asker kommune). Det er ei viktig målsetjing å sikre jamstellingsvedtaket gjennom fortsatt skriftleg opplæring i både nynorsk og bokmål. -Kva kan gjerast for å endre negative haldningar til sidemålet? -Kva kan gjerast for at det kan bli kjekkare å lære nynorsk? Dette meiner nemnda bør vere sentrale spørsmål for skulemålsarbeid i bokmålslandet Oslo og Akershus. 2
3 Få fram erfaringsmateriale I arbeidet har nemnda lagt vekt på fylgjande: -Få fram erfaringsmateriale frå lokallaga sitt arbeid med nynorsk i skulen. Alle lokallag i Vikværingen er bedt om å svare på spørsmål om kva lokallaga gjer/har gjort når det gjeld skulemålsarbeid,og kva lokallaga meiner er viktige tiltak for å styrke skulemålsarbeidet i Oslo og Akershus. -Få fram erfaringsmateriale frå lærarar som underviser i nynorsk i Oslo og Akershus for å høyre kva dei meiner er viktig for å styrke nynorskundervisninga. -Få fram ulike forslag/ idear for å styrke arbeidet med nynorsk i skulen. Kapittel 2 KVA KOM FRAM? Erfaringsmateriale frå lokallaga I juni (12.06)sendte nemnda brev til lokallaga i Vikværingen, til Studentmållaget i Oslo og til skulemålsnemnda i BUL. Brevet vart sendt ut både elektronisk og med post. Her er samandraget av svara som kom inn frå lokallaga på spørsmåla om nynorskarbeidet i Vika: 1. Kva konkret har laget gjort dei fire siste åra når det gjeld skulemålsarbeidet? Grunngi dette og sei frå om resultatet. Laga har hatt skrivetevlingar, nytta folk frå Norsk Målungdom (NMU) og abonnert på Motmæle. Det har vore språkklassar ved Sagene i Oslo i eit samarbeid mellom BUL og Oslo Mållag. BUL har eigen skulemålsskrivar i 30-40% stilling. Det har vore nynorskseminar ved Ås vidaregåande skule og i Follo. Lokale skulefolk har fått tilskot til ulike språkarbeid. Målarbeidet i barneskular har vorte støtta med abonnement på Norsk Barneblad, ungdomsskular og vidaregåande skular har fått Nøkkel til nynorsk. CD-en Dialektspelet har vorte kjøpt inn i ungdomsskulen i samarbeid med Vikværingen. Elles har det vore teaterbesøk, song og bokkveldar, skrive lesarinnlegg, vore forfattarbesøk og halde skrivekurs i nynorsk for elevar. 3
4 2. Kva meiner laget er viktige tiltak for å styrkja skulemålsarbeidet her? Me ber om konkretisering av minst tre ulike tiltak. Innkjøp av norsk litteratur. Stiltevling i skulen. Vitjing og innlegg av målungdomen. Bokdagar i samarbeid med biblioteket. Nynorskseminar ved dei vidaregåande skulane og motivasjon av lærarane. Kunst og kultur på nynorsk med status i ungdomsmiljøa. Meir samarbeid og økonomiske ressursar mellom mållaga. Tettare oppfylgjing av positive foreldre der borna må skifta skule ved oppretting av nynorskklassar. Innsats når det gjeld innflyttarar frå nynorske kjerneområde, t.d. gjennom lokalavisene i Oslo og nabofylka. Dette bør kunna skje som ei registrering på innmeldingsskjemaet. Forfattarbesøk med kurs for lærarar og elevar. Påverka biblioteka til å kjøpa fleire nynorskbøker, event. klassesett. Støtta prosjekt av Holmliatypen der lærarar t.d. underviser i samfunnsfag med nynorskbøker. Arbeida for fleire parallellklassar med tidleg kunngjering i avisene om dette. 3. Har laget arbeidd med å få i stand parallellklassar i nynorsk i grunnskulen? Det har vore prøvd å få kommunen til å teksta innmeldingsskjemaet foreldre skal fylla ut ved innmelding i 1. klasse slik at dei kan kryssa av for dette. I Oslo er det i gang parallellklassar nå på Sagene. Det har vore skrive lesarinnlegg om dette. 4. Har laget ein argumentasjonsplan for kvifor det er viktig å bruka nynorsk i skulen? Kva vurderer de som dei tre viktigaste grunnane til at elevane i vårt område av landet skal læra nynorsk? Nynorsk er ein del av kulturen vår, særleg skriftkulturen. Me må fylgja mållova. Det er ein demokratisk rett å få undervisning på nynorsk for dei mange som kjem frå nynorskland. Elevar med nynorsk til hovedmål har høgare gjennomsnittskarakterar i begge målformer. God nynorskbakgrunn i skulen aukar sjansen til visse typar arbeid. Nynorsk formidlar auka forståing for, og toleranse, i høve til dialektar. Ved å læra nynorsk frå 1. klasse, vil elevane skriva begge målformer godt sidan bokmålet kjem inn gratis. Både nynorsk, bokmål og dialektar omgir oss dagleg. Elevane treng å få skriftspråket sitt modna i begge målformer. Bokmålet blir friskare og meir variert ved tilføring av uttrykk frå nynorsken. 4
5 5. Også mellom lærarar i grunnskulen og i den vidaregåande skulen er det ofte negative haldningar til nynorskopplæringa. Kva kan gjerast for å få til endringar her? Nemn aktuelle tiltak. Tiltak som blir lagt fram er: Forfattarbesøk. Tilgang til nynorsk litteratur og media. Stimulere til samarbeid mellom lærarar. Mållag kan sponse abonnement på Dag og Tid og på Motmæle. Halde lærarkurs. Gi kurstilbod. Hjelp frå skulemålsskrivar med kontor i lokala til BUL. Skape kontaktnett mellom elevar på tvers av geografi, by land. Kurs for elevar, samarbeid mellom skule og mållag. Opplegg for temadagar i samarbeid med Norsk Målungdom. Flettverk til nynorskmiljø. 6. Kva meiner laget om å ta eksamen på sidemålet i 2. klasse i vidaregåande skule? Vil det vere positivt eller negativt? Her er haldningane relativt opne, men fleire uttrykkjer skepsis, med ulikt grunnlag. Skepsis til dette er m.a. basert på at det kan bli eit kunstig pedagogisk skilje mellom hovudog sidemålsopplæring, og skepsis er knytta til at dette kan vere første steg til å ta vekk sidemålsopplæring. Det blir lagt vekt på at mogning over tid er gunstig og på at læreplanen set same krav til norskkunnskapar i sidemål og hovudmål. Det er opning for at intensiv undervisning kan fungere bra. Elles er det frykt for at nynorsk litteratur ikkje vert pensum i 3. klasse og for at eksamen i 2. klasse vil kunne få nokre elevar i nynorskområde til å byte hovudmål. 7. På Revetal i Vestfold har dei nå som forsøksordning teke bort skriftleg eksamen i nynorsk i ungdomsskulen etter initiativ frå lærarane, dette vart godkjent av utdanningsdirektør Kåre Hoel Kva meiner laget om denne forsøksordninga? Det er for tidleg å trekkje konklusjonar av dette forsøket no. Nokre funn verkar sjølmotseiande. For å kunne eit språk må ein også skrive det. Oslo Mållag minner om mållova og krav til offentleg tilsette.her er det også skepsis ut frå at det kan bli eit grep for å redusere nynorskopplæringa i ungdomsskulen. Det blir peika på at forsøk utført av entusiastiske lærarar blir vellukka, og at det kan vera noko å lære metodisk for andre, t.d. gjennom kurs. Holmlia fekk tankane i sving med dette. 5
6 8. Har lokallaget hatt kontakt med barnehagar om nynorsk litteratur, t.d. gjennom utdeling av barnebøker frå barnebokklubben Blåmann? Barnehagar har fått Pirion og Blåmann. 9. Nemn andre punkt/tiltak som de trur kan vera viktige for å styrkja arbeidet med nynorsk i bokmålsskular. Oppretthalda og betra posisjonen innan ungdomskulturen, gjennom litteratur, film, musikk og media. Viktig i lengda med dyktige norsklærarar som har positiv haldning til heile norskfaget. Norges Mållag og Vikværingen bør halda lærarkurs i metodikk, t.d. om røynslene frå Revetal, Ringstabekk og Holmlia. Vurdera tiltak med arbeidstittelen Verkstad for betre nynorsk der elevar i den vidaregåande skulen skriv nynorsktekstar, møter unge frå NMU og Studentmållaget i Oslo. Med dette vil ein gi elevane kjennskap til nynorske ressursar som bøker, aviser og vevsider. BUL vurderer å prøva ut dette opplegget i Oslo på ein vidaregåande skule. Erfaringsmateriale frå lærarar som underviser i nynorsk I Bærum er det etablert ei lærargruppe for betre sidemålsundervisning i Bærum( om utgangspunkt for arbeidet sjå vedlegg). Lærar Knut Åge Teigen ved Ringstabekk skole leier gruppa sitt arbeid. Lærargruppa har fått økonomisk støtte frå kommunen til arbeidet. Det er gjennomført ei spørjeundersøking blant norsklærarar i Bærum. Høgskolelektor Anne Steinsvik Nordal ved Høgskolen i Volda analyserer det innkomne materialet og legg det fram på dagssamling for norsklærarar torsdag 19. februar. Ein idébank på Internett er eit mål å få til. Det skal lagast presseskriv. Det blir planlagt dagskurs for norsklærarer torsdag 18. mars, også det med to-tre lærarar frå kvar skule. Kurshaldar blir Bente Kolberg Jansson ved Høgskolen i Østfold. Hausten 2004 er det planlagd ny dagssamling. Så ei ny undersøking våren 2005 og deretter evaluering og sluttrapport til kommunen i mai Marit Hovdenak er kontaktperson for Mållaget i Lærargruppa. Bærum Mållag har kjøpt inn eit dialektspel til kvar av ungdomsskulane i Bærum. På møtet skulemålsnemnda arrangerte 20.november orienterte Marit Løkke frå Ringstabekk skole om arbeidsmåten med nynorsk sidemål ved Ringstadbekk skole og planar framover for å stimulere interessa både mellom lærarar, foreldre og elevar. Ingar Arnøy orienterte om Holmlia- prosjektet. Forsøket her går ut på å bruke nynorsk som arbeidsspråk i andre fag enn i nynorskopplæringa. På Holmlia skule vert nynorsk brukt i KRL faget. Gjennom pressa har elevane gjeve uttrykk for ei positiv holdning til både skriftleg og munnleg nynorsk. Liknande opplegg er i gang fleire andre stader i landet, og fleire opplegg er planlagt for
7 29.januar inviterte Oslo Mållag norsklærarar i Osloskulen til inspirasjonssamling i Det Norske Teatret. Tanken bak dette var å få positiv interesse og engasjement for undervisning i sidemål i Osloskulane. Samstundes fekk lærarane høve til å knyta kontaktar med kollegar som då kan støtta opp og gagna kvarandre. Heile 69 norsklærarar møtte her! Forfattaren Ragnar Hovland heldt foredrag om nynorsk sidemål. Torill Tørjesen, lærar på Holmlia skole, fortalde om prosjektet for alternativ undevisning i nynorsk sidemål i 8. klasse. Ho hadde med seg to elevar, den eine med pakistansk bakgrunn. Her kom det fram at det viktigaste av alt var haldninga til nynorskundervisninga. Elles må nynorsk bli eit kvardagsspråk. Det vart det ved at det også vart brukt i andre fag enn norsk. På Holmlia vart det også brukt i KRL-faget. Det er mest som å ha to fag i eitt, sa den eine eleven. Det var viktig å starta opp med språkhistoria for å få elevane til å forstå kvifor dei skulle læra nynorsk. Det vart også sagt at framandspråklege hadde like lett for nynorsk som andre. Marit Løkke frå Ringstadbekk skole i Bærum, fortalde om sine erfaringar. Det viktigaste var å starta mjukt i 8. klasse med korte tekstar. Språk er ein leik for å læra norsk. Ein måtte bruka humoren og ausa av seg sjølv. Etter kvart torde elevane å sleppa seg laus. Elevane laga seg sjølvbiografi på nynorsk. Viktig med ein idébank for inspirasjon for alle partar. Kapittel 3 KVA BØR GJERAST Aktuelle tiltak for å styre nynorsken si stilling i skulen Kontakt med einskilde skular Nemnda vil streke under at det er viktig å gå formelt fram når mållag eller arbeidsgrupper skal tilby ulike tiltak til einskilde skular.det bør vanlegvis skje ved formelt brev til rektor,jamvel om ein har fått positiv reaksjon frå den ansvarlege læraren. Gjesting i klassar med nynorsk som sidemål Fylkeslaget/Noregs Mållag bør tilby gjesting i skuleklassar med nynorsk som sidemål.dette kan vere i større omfang eller berre i ein eller nokre få skular.det kan vere nynorske kulturtilbod av ulike slag frå opplesing til stutte forelesingar,folkemusikk o.l, eller innspel til debatt. Seminar for lærarar Det kan vere ein god tanke å sende eit brev til den aktuelle lærargruppa og introdusere den nettsida som er utarbeidd i Fredrikstad vgs av Magne Aasbrenn.Det kan også vere aktuelt å samle lærarar til orienteringsmøte/diskusjonar med kulturelle innslag(jfr.møtet i Oslo Mållag). Klassetur til nynorskland. Vikværingen bør velje ut ei klasse i den vidaregåande skulen for å gjennomføre ei prøveutveksling med tilsvarande klasse med nynorsk som hovudmål. Eit slikt opplegg må 7
8 femne både om språk og kultur. Det første opplegget bør gjennomførast i samarbeid med Ivar Aasen-senteret. Framføring av tekster på nynorsk Dramaklassar kan få tilbod om dagsseminar med øving i å føre fram tekster på nynorsk. Skodespelar Tone Ringen er mellom dei som kunne tenke seg å vere med på eit slikt opplegg,gjerne kombinert med ei omvising på Det Norske Teatret. Teaterframsyningar med nogo attåt Det Norske Teatret er positiv til tanken om at mållaga og teatret kunne samarbeide om å by inn skoleklassar til utvalde framsyningar. Nokon frå teatret kunne opne med å fortelje kort om bakgrunnen for teatret. Diskusjonar etterpå kan og vere aktuelt. Slike opplegg er ikkje heilt ukjende frå tidlegare,men det har vore lite av det i det siste,opplyser Ola E.Bø ved Det Norske Teatret. Litteratur er viktig Det syner seg at ungdommar i bokmålsområde som får tilgang på nynorske blad og aviser i oppveksten er lette å motivere for nynorsk sidemål. Dette bør kunne systematiserast ved at mållaga kjøper inn eller tingar bøker og blad på nynorsk som klassesett eller til barnehagar.det kan og vere aktuelt å spandere abonnement på Dag og Tid til skular. Heimbygd og identitet Det vi kan kalle indirekte tiltak kan slå positivt tilbake på haldninga til nynorsk.dette kan vere innføring i lokale stadnamn med forklaring på korleis språket har skapt namna i tidlegare tider. Mange stader tenkjer ikkje folk lenger over at eit levande folkemål framleis finst i bokmålsbygder. Ei innføring i den lokale dialekten kan vere viktig. Nye vegar i undervisninga Ved Ringstabekk skule i Bærum har dei gått nye vegar for å styrke undervisninga i nynorsk. Holmlia prosjektet i Oslo har gjev viktige erfaringar. Slike tiltak må syast inn i ei praktisk oppskrift og bli tilbod til nye skular. Dette og andre tiltak som utvalet har peika på må bli eit framhald av det arbeidet skulemålsutvalet har gjort så langt. Organisatoriske tiltak Skulemålsutval i Vikværingen. Også for komande år bør det oppnemnast eit eige skulemålsutval i Vikværingen. Skulemålsansvarleg Kvart lokallag bør ha ein person som er kontaktperson for skulemålsutvalet i Vikværingen I alle mållag bør det peikast ut små,effektive arbeidsgrupper med ansvaret for å drive fram tiltak som kan styrke stillinga til nynorsk språk i skulen. 8
PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE
PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE Vedteke av kommunestyret 2. oktober 2014, sak 67/14 1 Innhold 1. Kvifor plan for bruk av nynorsk i Nissedal kommune?... 3 1.1 Bruk av nynorsk internt i organisasjonen
DetaljerJobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn
Jobbskygging side 1 Jobbskygging Innhald Handverk, industri og primærnæring Omgrepa handverk, industri og primærnæring. Kva betyr omgrepa? Lokalt næringsliv etter 1945 Korleis har lokalt næringsliv utvikla
DetaljerFråsegn om norskfaget og nynorsken
Fråsegn om norskfaget og nynorsken På landsstyremøtet i helga vedtok SV ei rekkje innspel til korleis ein kan styrkje nynorsken både som hovud- og sidemål i arbeidet med ny læreplan i norsk. Denne gjennomgangen
DetaljerVel nynorsk for barnet ditt!
Vel nynorsk for barnet ditt! 10 elevar er nok til å få ein eigen nynorskklasse på skulen til barnet ditt. Alle elevar skal lære bokmål og nynorsk. Lat barnet ditt få gjere det på den lettaste måten. Kva
DetaljerTiltak frå regjeringa for styrking av nynorsk
Tiltak frå regjeringa for styrking av nynorsk Kunnskapsdepartementet: Læremiddel i tide Kunnskapsdepartementet vil vidareføre tiltak frå 2008 og setje i verk nye tiltak for å sikre at nynorskelevar skal
DetaljerRogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009
Rogaland Mållag Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009 INNKALLING TIL ROGALAND MÅLLAG SITT HAUSTKURS PÅ Styret i Rogaland Mållag vonar at mange målfolk vil ta seg tid til å møta på haustkurset. Me har sett
DetaljerUNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT
UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom
DetaljerPsykologisk førstehjelp i skulen
Psykologisk førstehjelp i skulen Fagnettverk for psykisk helse Sogndal 21. mars 2014 Solrun Samnøy, prosjekt leiar Psykologisk førstehjelp Sjølvhjelpsmateriell laga av Solfrid Raknes Barneversjon og ungdomsversjon
DetaljerMØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: 21.05.03 Tid: 12.30-18.30
MØTEPROTOKOLL Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: 21.05.03 Tid: 12.30-18.30 Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova. Sakslista vart sendt medlemene
DetaljerMålbruksplan for Ål kommune
Målbruksplan for Ål kommune Postkort frå Ål mållag 1 1 Bakgrunn og mandat... 3 2 Målform... 4 2.1 Tenestemål... 4 2.2 Administrasjonsmål... 4 2.3 Skulemål... 4 3 Tiltak for Ål... 5 3.1 Kommunal administrasjon...
DetaljerPLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012
PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012 HANDLINGSPLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING 2012 Premissar. Det vart gjennomført ei grundig kompetansekartlegging i heile grunnskulen i Herøy hausten 07. Kritisk
DetaljerPlan for overgangar. for barn og unge
Plan for overgangar for barn og unge Os 2011 Frå Kvalitetsplan oppvekst og kultur Mål Alle born og unge skal oppleva gode overgangar der ein sikrar kontinuitet og heilskap i opplæringa og oppfølginga.
DetaljerBarnerettane i LOKALSAMFUNNET
Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Aktivitetsark med oppgåveidear og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginalar DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING
DetaljerDet æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking
Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Mål: Elevane skal kjenne til utbreiinga av hallingmålet i nærmiljøet. Dei skal vita noko om korleis hallingmålet har utvikla seg
DetaljerOm utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1
Rolf Lystad 12.05.14 Oklavegen 4 6155 Ørsta Utdanningsavdelinga v/ståle Solgard Møre og Romsdal fylkeskommune Fylkeshuset, Julsundvegen 9 6404 Molde Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen
DetaljerFrå Ivar Aasen-musikalen Grammatikk og kjærleik
Frå Ivar Aasen-musikalen Grammatikk og kjærleik Mandat Nynorsksenteret er eit nasjonalt ressurssenter etablert for å styrkje nynorskopplæringa NORSK = BOKMÅL + NYNORSK Språk i hundre strategidokument frå
DetaljerFrå novelle til teikneserie
Frå novelle til teikneserie Å arbeide umarkert med nynorsk som sidemål Undervisningsopplegget Mykje av inspirasjonen til arbeidet med novella, er henta frå i praksis: nynorsk sidemål i grunnskule 1 (2008).
DetaljerMånadsbrev for GRØN mars/april 2014
Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Oppsummering/ evaluering av mars/april Mål og innhald april I mars har me hatt fokus på språk. Me har hatt språksamlingar saman med Rosa kvar veke, der har me sett på
DetaljerSkulebasert kompetanseutvikling med fokus på lesing
Skulebasert kompetanseutvikling med fokus på lesing Kvifor satse på lesing? si rolle i ungdomstrinnsatsinga Praktiske eksempel / erfaringar frå piloteringa Nettresurssar Kva er tilgjengeleg for kven Eksempel
Detaljer«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås
«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås 1 Forord For å kunne styrkje kvaliteten i undervisninga og vurderinga, må vi vite kva god undervisning og vurdering er. God undervisning og vurdering
DetaljerOlweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul 2015 2016
Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul 2015 2016 Systemarbeid ligg i botnen. Arbeid mot mobbing med gode system og god struktur, vert gjennomført der vaksne er i posisjon inn mot elevane, og har
DetaljerSPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO 200200633-2 JG/SIG/ER 13.1.2006. Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet
SPRÅKRÅDET Utdanningsdirektoratet Postboks 2924 Tøyen 0608 OSLO REF. VÅR REF. DATO 200200633-2 JG/SIG/ER 13.1.2006 Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet
DetaljerVIDARE SAMARBEID MELLOM FYLKESKOMMUNANE PÅ VESTLANDET MED TANKE PÅ Å FREMJE NYNORSKE LÆREMIDDEL
Strategi- og næringsavdelinga Arkivsak 200800581-42 Arkivnr. 027 Saksh. Fredheim, Ingeborg Lie, Gjerdevik, Turid Dykesteen, Bjørgo, Vigdis, Hollen, Sverre Saksgang Møtedato Vestlandsrådet 02.12.2008-03.12.2008
DetaljerUtfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.
Utfordringsdokument Basert på Folkehelsekartlegging for Hjelmeland kommune, pr. 01.10.13. (FSK-sak 116/13) Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013. DEMOGRAFI Ca. 16 % av befolkninga i Hjelmeland
DetaljerFORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG 22.03.12 VURDERING, FRÅVER M.M
FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG 22.03.12 VURDERING, FRÅVER M.M Elevvurdering Opplæringslova Forskrift til Opplæringslova Kunnskapsløftet 06 læreplanen Desse dokumenta bestemmer korleis me skal drive skulen
DetaljerMed god informasjon i bagasjen
Evaluering av pasientinformasjon Med god informasjon i bagasjen Johan Barstad Lærings og meistringssenteret Helse Sunnmøre HF SAMAN om OPP Hotell Britannia, Trondheim 18. Februar 2010 Sunnmørsposten, 08.02.10
DetaljerUndervisningsopplegg for filmen VEGAS
Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Samandrag og stikkord om filmen Det er seinsommar i Bergen. Thomas må flytte til gråsonen, ein omplasseringsheim for unge, som av ulike grunnar ikkje har nokon stad
DetaljerÅrsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk
Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk Årsmeldinga frå Austevoll maritime fagskule gjev ein oppsummering av dei viktigaste funna i student
DetaljerTil deg som bur i fosterheim. 13-18 år
Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500
Detaljer«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»
«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE» FYLKESREVISJONEN Møre og Romsdal fylkeskommune RAPPORT, FORVALTNINGSREVISJONSPROSJEKT NR. 4-2000 INNHALDSREGISTER 1. INNLEIING I 2. FORMÅL 1 3. METODE OG DATAGRUNNLAG
DetaljerC:\Documents and Settings\njaalb\Skrivebord\Til nettside adm\ny mappe\kvalitetsutviklingsplan 2010-11 Blhbs.DOCSide 1 av 6
KVALITETSUTVIKLINGSPLAN FOR BLINDHEIM BARNESKOLE Visjon: Læring og trivsel hånd i hånd Samarbeid og glede gir kreativ ånd HANDLINGSPLAN C:\Documents and Settings\njaalb\Skrivebord\Til nettside adm\ny mappe\kvalitetsutviklingsplan
DetaljerPedagogisk plattform
Pedagogisk plattform Visjon Fag og fellesskap i fokus Våre verdiar Ver modig Ver imøtekommande Ver truverdig Pedagogisk plattform Vi bygger på Læringsplakaten og konkretiserer denne på nokre sentrale område:
DetaljerKlassemøte med tema frå årshjulet, tre fire møte i kvar bolk. Tidsbruk for kvart møte kan variere frå 10 min 40 min. Viktig å ha god kontinuitet.
Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul 2014 2015 Systemarbeid ligg i botnen. Arbeid mot mobbing med gode system og god struktur, vert gjennomført der vaksne er i posisjon inn mot elevane, og har
DetaljerInformasjonshefte Tuv barnehage
Informasjonshefte Tuv barnehage Informasjonshefte for Tuv barnehage Barnehagen blir drevet av Hemsedal kommune. Barnehagen er politisk lagt under Hovudutval for livsløp. Hovudutval for livsløp består av
DetaljerINFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET 2015 2016. www.hivolda.no/glu
INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET 2015 2016 www.hivolda.no/glu 1 2 Innhald Tid til studiar og undervising... 4 Frammøte... 4 Arbeidskrav, eksamen og progresjon
DetaljerIKT-kompetanse for øvingsskular
Notat / Svein Arnesen IKT-kompetanse for øvingsskular Spørjeundersøking ved Vartdal skule VOLDA Forfattar Ansvarleg utgjevar ISSN Sats Distribusjon Svein Arnesen Høgskulen i Volda -7 Svein Arnesen http://www.hivolda.no/fou
DetaljerAlle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor
Eit undervisningsopplegg om BARNERETTANE MÅL frå læreplanen DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING Artikkel 2: Alle barn har rett til vern mot diskriminering PRIVATLIV Artikkel 16: Alle barn har rett til
DetaljerStyresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012
Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 24.04.2012 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte
DetaljerEVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013
HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200903324-51 Arkivnr. 520 Saksh. Farestveit, Linda Saksgang Møtedato Opplærings- og helseutvalet 17.09.2013 EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER
DetaljerMobbeplan Harøy skule 2006/2007
Mobbeplan Harøy skule 2006/2007 Førebygging 1.1 Skulemiljøet Ein venleg og integrerande skule er naudsynt for å oppnå eit godt læringsmiljø, både fagleg og sosialt. Skulen skal vere ein trygg og triveleg
DetaljerNynorsk Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo Hovudtest Elevspørjeskjema 8. klasse Rettleiing I dette heftet vil du finne spørsmål om deg sjølv. Nokre spørsmål dreier seg
DetaljerTiltaksplan 2009 2012
Tiltaksplan Tiltaksplan for Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa Revidert 2011 Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa Innleiing Grunnlaget for tiltaksplanen for Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa
DetaljerSpørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014
Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går i.
DetaljerLærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?
I skuleåret 2015/16 gjekk vi frå å ha både nynorsk- og bokmålsundervisning kvart semester til å berre bruke ei målform kvart semester og berre vurdere elevane i den eine målforma det semesteret. I samband
DetaljerPsykologisk førstehjelp i skulen
Psykologisk førstehjelp i skulen Sjumilsstegkonferansen Loen 12. mars 2014 Ved Solrun Samnøy, prosjektleiar Psykisk helse på timeplanen Fire skular i Sogn, i tre kommunar Aurland Vik Årdal (to skular)
DetaljerLes for livet - del 2 (Ref #1318522676368)
Les for livet - del 2 (Ref #1318522676368) Søknadssum: 299000 Kategori: Leseløftet Varighet: Treårig Opplysninger om søker Organisasjonsnavn / nr Osterøy bibliotek / 974774682 senter 5282 http://osteroy.bibliotekivest.no/
DetaljerP.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd
P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd VISJON I arbeidet for og med dei medarbeidarane i Fjell sokn har vi utarbeida ein visjon: I Fjell sokn vil vi
DetaljerPressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)
Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte
DetaljerKEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule
KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule Kroppsøvingsseksjonen og kunnskapsløftet Kroppsøving - Fysisk aktiv skulekvardag/fysisk
DetaljerTenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK
Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse
DetaljerRapport om målbruk i offentleg teneste 2012
Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012 Innhold Om rapporten... 2 Forklaring til statistikken... 2 Resultat... 2 Nettsider... 2 Statistikk... 2 Korte tekstar 1 10 sider og tekstar over 10 sider...
DetaljerTIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE
TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE I pasient- og pårørandeopplæringa som vert gjennomført av avdelingane i sjukehusa i Helse Møre
DetaljerInformasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE
Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE Sogndal Studentbarnehage er ein privat barnehage, som vert driven av Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane (SISOF), velferdsorganisasjonen
DetaljerRapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014
Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014 Tema: Utskriving av pasientar frå sjukehus til kommune Samhandling mellom Stord sjukehus
DetaljerForeldrekurs for foreldre på 3 og 4 trinn
Foreldrekurs for foreldre på 3 og 4 trinn Lesing er grunnlaget for suksess i neste alle skulefag. Lesesvake elevar får ofte problem med å fullføre vidaregåande skule. Lesesvake vil møte mange stengte dører
DetaljerDu kan skrive inn data på same måte som i figuren under :
Excel som database av Kjell Skjeldestad Sidan ein database i realiteten berre er ei samling tabellar, kan me bruke eit rekneark til å framstille enkle databasar. I Excel er det lagt inn nokre funksjonar
DetaljerMinnebok. Minnebok NYNORSK
Minnebok NYNORSK 1 Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. Når vi er triste,
DetaljerAlle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.
Særemne 3-100 år med stemmerett I 2013 er det hundre år sidan alle fekk stemmerett i Noreg. På Norsk Folkemuseum arbeider vi i desse dagar med ei utstilling som skal opne i høve jubileet. I 2010 sendte
DetaljerSak Innhald Ansvar 1. Konstituering av styret
Møtereferat samarbeidsutvalet (SU) ved Leirvik skule, 7.april 2015 Tilstades: Jan Reinemo (folkevalt), Elin Katrine Dale Andersen (FAU), Rannveig Gramstad (FAU), Hildegunn Eskeland (lærar), Marit S. Grimstad
DetaljerKvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre 10.03.2009 012/09 HIAN
Kvam herad Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre 10.03.2009 012/09 HIAN Avgjerd av: Kvam heradsstyre Saksh.: Sigrid Laupsa Arkiv: N-210 Objekt: Arkivsaknr
DetaljerMe har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.
JANUAR 2015! Ja, i går vart friluftsåret 2015 erklært for opna og me er alle ved godt mot og har store forhåpningar om eit aktivt år. Det gjeld å ha store tankar og arbeida medvite for å gjennomføra dei.
DetaljerTil deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»
Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» Velkommen til oss i Maurtuå Barnehage. Dette heftet med informasjon håpar me kan være til hjelp for deg når du skal være vikar.
DetaljerMøteprotokoll SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: 08.06.2010 Tid: 1500-1800
Sogndal kommune Utval: Møteprotokoll SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: 08.06.2010 Tid: 1500-1800 Pkt 1 OPNING A. Konstituering av møte Felles møte med Leikanger ungdomsråd kl. 1500-1630,
DetaljerTevling i Bygdekjennskap. Heftet er revidert av Norges Bygdeungdomslag.
Tevling i Bygdekjennskap Heftet er revidert av Norges Bygdeungdomslag. NORGES BYGDEUNGDOMSLAG 1992 Dette er ikkje nokon tevlingsregel, men heller ei rettesnor og eit hjelpemiddel for lokallag som ynskjer
DetaljerReferat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage
Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Tilstade: Personalet, foreldre og Nina Helle. Kva er BTI: Stord kommune er ein av 8 kommunar som deltek i eit prosjekt som skal utarbeide ein modell
DetaljerRapport om målbruk i offentleg teneste 2007
Rapport om målbruk i offentleg teneste 27 Institusjon: Adresse: Postnummer og -stad: Kontaktperson: E-post: Tlf.: Dato: Høgskolen i Sør-Trøndelag 74 Trondheim Lisbeth Viken lisbeth.viken@hist.no 7355927
DetaljerTarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :
Denne månaden har me blant anna arbeid med «Barn hjelper barn» som ei førebuing til haustfesten vår 3. november, der inntektene vil gå til SOS-barnebyer Bergen. Barna har mellom anna laga epletrykk og
DetaljerUngdom i klubb. Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa
Ungdom i klubb Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa CASE - FORGUBBING SSFK hadde i lengre tid merka ei «forgubbing» i trenar, leiar og dommarstanden i SFFK. Etter fleire rundar
DetaljerOverordna leseplan for barnehagane og skulane i Luster kommune
Overordna leseplan for barnehagane og skulane i Luster kommune 23.07.2014 Side 1 av 8 Forord Dette er ein plan som skal vere forpliktande for alle barnehagane og grunnskulane i Luster kommune. Den skal
DetaljerBergsøy skule Offshore-prosjekt 4. trinn november 2012
Bergsøy skule Offshore-prosjekt 4. trinn november 2012 Mål: Lære å lese fagtekstar (både tekst, bilete og overskrifter). Lære å kunne trekke ut opplysningar frå ei fagtekst. Lære å kunne søke etter informasjon
DetaljerLønnsundersøkinga for 2014
Lønnsundersøkinga for 2014 Sidan 2009 har NFFs forhandlingsseksjon utført ei årleg lønnsundersøking blant medlemane i dei største tariffområda for fysioterapeutar. Resultata av undersøkinga per desember
DetaljerInnkomne framlegg. Kva gjeld saka. Saksutgreiing. Framlegg til vedtak. Landsmøtet handsamar innkomne framlegg.
LM16-12 Innkomne framlegg Kva gjeld saka Landsmøtet handsamar innkomne framlegg. Saksutgreiing Det har kome inn åtte framlegg innan fristen 18.02.16. Alle framlegga går på «Program for språk i skulen».
DetaljerREGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)
SAK 55/13 REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK) Saksopplysning I sak 49/13, under eventuelt var eit punkt spørsmålet om ikkje Regionrådet for Hallingdal burde
DetaljerRETTLEIAR TIL UTFYLLING AV ENKELTVEDTAKET
Ikkje offentleg jf. Forvaltningslova 13 Skulens navn RETTLEIAR TIL UTFYLLING AV ENKELTVEDTAKET Namnet til eleven Adresse Dato: VEDTAK OM SPESIALUNDERVISNING SKULEÅRET Namnet til eleven: Født: Utdanningsprogram:
Detaljer1. Ja til ein debatt om sidemålsundervisninga
Sak Fråsegner Ei fråsegn kan ha ulike funksjonar i ein organisasjon. Det kan t.d. ha form som ei pressemelding eller ein politisk uttale i ei sak, som blir sendt til ulike instansar. Ei fråsegn kan også
DetaljerKOMPETANSE I BARNEHAGEN
Side 1 Rådmannen Vår ref: 2010/2296 Dato: 29.06.2010 KOMPETANSE I BARNEHAGEN PLAN FOR KVINNHERAD KOMMUNE 2010 2011 Side 2 BAKGRUNN FOR PLANEN: Kompetanseplanen byggjer på Kunnskapsdepartementet sin strategiplan
Detaljer5. Soknerådsmøte 2016 3. mai Referat
5. Soknerådsmøte 2016 3. mai Referat Mat: Ingunn AU Arbeidsutvalet for soknerådet. Møter kvar månad ca 1 veke før soknerådsmøtet. Tar unna saker av meir forretningsmessig karakter. SR Soknerådet FR Klepp
DetaljerNYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m. 15.02.10
NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m. 15.02.10 1. FØREMÅL Det skal vere ein SFO i kommunen. Skulefritidsordninga skal leggja til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar
DetaljerSØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID
SAK 04/12 SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID Saksopplysning Kommunane i Hallingdal søkjer i brev dat. 2.9.2011 om tilskot til regionalt plansamarbeid. Målet er å styrke lokal plankompetanse gjennom
DetaljerHospiteringsordning for tilsette ved Odda vidaregåande skule
Hospiteringsordning for tilsette ved Odda vidaregåande skule Bergen 8.september 2015 Geir T. Rønningen Avdelingsleiar YF Innleiing til prosjekt hospitering for y-lærarar Prosjektet vart initiert som ein
DetaljerSENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR
HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201112362-125 Arkivnr. 522 Saksh. Landro, Adeline Saksgang Møtedato Hordaland fagskulestyre 19.03.2013 SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL
DetaljerOvergangsplan barnehage - skule i Stord kommune
Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune Planen er administrativt vedteken og gjeldande frå 01.01.2013 Innleiing Bakgrunn for overgangsplanen Kunnskapsdepartementet tilrår at o Barnehagen vert avslutta
DetaljerEksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen
Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen Denne eksamensrettleiinga gir informasjon om sentralt gitt eksamen, og korleis denne eksamen skal vurderast. Rettleiinga skal vere kjend for elever,
DetaljerHøyringssvar til og voksne i opplæringssystemet frå Kunnskapsdepartementet
Noregs Mållag Postboks 474 Sentrum 0105 Oslo E-post: nm@nm.no Kunnskapsdepartementet Postboks 8119 Dep 0032 Oslo E-post: postmottak@kd.dep.no Oslo, 31. oktober 2010 Høyringssvar til og voksne i opplæringssystemet
DetaljerOppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal
Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal Sentralt gitt eksamen NOR0214, NOR0215 og NOR1415, 10. årstrinn Våren 2015 Åndalsnes 29.06.15 Anne Mette Korneliussen
DetaljerSamansette tekster og Sjanger og stil
MAPPEOPPGÅVE 5 Samansette tekster og Sjanger og stil Skreve av Kristiane, Renate, Espen og Marthe Glu 5-10, vår 2011 I denne oppgåva skal me først forklare kva ein samansett tekst er, og kvifor samansette
DetaljerVelkomen til dykk alle!
Velkomen til dykk alle! Kvalitetsgrupper VGS Oppland Oppstartsamling Lillehammer hotell, 29 august 2014 RHP Skuleleiing og undervisningsleiing!!! Fylkestinget/skuleeigar: Vil ha kvalitetsutvikling i vidaregåande
DetaljerArbeidsplan for Hordaland Senterungdom 2013-2014
Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom 2013-2014 Møtestruktur: Fylkesstyremøte ein gong kvar månad. Ein bør setja dato for neste møte når ein er samla slik at flest mogleg har høve til å notera seg datoen
DetaljerMatpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse
Samarbeid mellom og Miljølære Matpakkematematikk Data frå Miljølære til undervisning Statistikk i 7.klasse Samarbeid mellom og Miljølære Lag riktig diagram Oppgåva går ut på å utarbeide ei grafisk framstilling
DetaljerFORELDREMØTE 10. TRINN ONSDAG 22.02.10. Elevvurdering, eksamen og klagebehandling
FORELDREMØTE 10. TRINN ONSDAG 22.02.10 Elevvurdering, eksamen og klagebehandling Elevvurdering Opplæringslova Forskrift til Opplæringslova Kunnskapsløftet 06 læreplanen Desse dokumenta bestemmer korleis
DetaljerÅRSMELDING VIGRESTAD SKULE 2013-2014
ÅRSMELDING VIGRESTAD SKULE 2013-2014 PRINSIPP 1 Barna/elevane får eit variert, aktivt og stimulerande tilbod med fokus på læring 1. Opplæringa er allsidig og legg vekt på a. Høgt fagleg nivå b. Utvikling
DetaljerÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014
ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2013/2014 Innleiing Årsmøtet for 2012/13 vart avvikla i grendahuset 28.03.13. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.
DetaljerHØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD
HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD Utgangspunktet for saka er budsjettvedtak i KOM 21.12.2011 der innsparing ved nedlegging av Helstad skule ligg som føresetnad for balanse i framlagt budsjett.
DetaljerMØTEPROTOKOLL SAKLISTE. 23/15 15/3253 Sak oversendt frå Fylkesrådet for eldre - Timebestilling for eldre hjå fastlege
MØTEPROTOKOLL Utval Eldrerådet Møtestad: Rådhuset Møtedato: 30.11.2015 Start kl.: 09.00 Slutt kl.: 14.25 Til stades på møtet Medl.: Forfall: Varamedl.: Frå adm. (evt. andre): Johannes Lad, Kåre Høyheim,
DetaljerINTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010
HORDALAND FYLKESKOMMUNE Organisasjonsavdelinga IT-seksjonen Arkivsak 201011409-3 Arkivnr. 036 Saksh. Svein Åge Nottveit, Birthe Haugen Saksgang Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 23.02.2011-24.02.2011
DetaljerMånadsbrev for Rosa september 2014
Månadsbrev for Rosa september 2014 Oppsummering/ evaluering av september Språkutvikling Omsorg Ser at borna no stort sett er trygge både på rutinane, dei andre barna og dei vaksne på avdelinga. Dette fører
DetaljerKommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy
Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy Kommunikasjonsplan Nordhordland ein 2020? Nordhordland Utviklingsselskap IKS Foto: NUI / Eivind Senneset Nordhordland
DetaljerKOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE
SLUTTRAPPORT FOR PROSJEKT: KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE Prosjektet starta opp i 2012 som eit samarbeidsprosjekt mellom Hjeltnes vgs, Sogn jord og hagebruksskule, Norsk fruktrådgiving Hardanger
DetaljerÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009
ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2008/2009 Innleiing Årsmøtet for 2007/08 vart avvikla i grendahuset 20.03.08. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.
Detaljer