Forskingsutvalet. Protokoll: Møte i Forskingsutvalet (FU) nr 7/2015. FU sak Godkjenning av møteinnkalling og sakliste.

Save this PDF as:
 WORD  PNG  TXT  JPG

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Forskingsutvalet. Protokoll: Møte i Forskingsutvalet (FU) nr 7/2015. FU sak Godkjenning av møteinnkalling og sakliste."

Transkript

1 Forskingsutvalet Protokoll: Møte i Forskingsutvalet (FU) nr 7/2015. Tid: Tysdag 15. desember kl Møterom: BK 220 (VIP-romet). Medlemmer: Eining Møtt Johann Roppen (leiar) Rektor X Kjell-Einar Dagfinrud ASH (kontorsjef) X Rolf Werenskjold AMF X Arne Myklebust AHL (dekan) X Peder Haug AHL X Aud Folkestad AKF (dekan) X Pål Aam AMF (dekan) X Anne Randi Fagerlid Festøy Stipendiatane X Lisa Storheim Kalvø Studenttinget X Tormod Daae Smedsvik Studenttinget X Observatørar: Jacob Kjøde jr Direktør, HVO X Geir Tangen FoU-rådgivar, HVO X Elisabeth Maråk Støle Direktør, Møreforsking AS X Protokollførar: FoU-rådgivar Geir Tangen. FU sak Godkjenning av møteinnkalling og sakliste. FoU-koordinator og skrivar for Forskingsutvalet Ola Teige er ute i permisjon. Direktør Jacob Kjøde jr legg fram sakene på dette og dei to første møta i 2016 (26. januar og 8. mars). FoU-rådgivar Geir Tangen fører protokoll på møtet. Møteinnkalling og sakliste vart godkjend. FU sak Godkjenning av protokoll frå FU-møte 6/2015 Framlegg til offentleg protokoll vart godkjend. FU sak Utlysing av Små driftsmidlar 2016

2 2 Bakgrunn: Ordninga med Små driftsmidlar har vore verksam sidan Ordninga kom først i gang som øyremerka tilskot frå Noregs Forskingsråd, men sidan 2011 har Høgskulen i Volda finansiert ordninga gjennom grunnløvinga. Dei siste åra har den tilgjengelege løyvinga vore på kr Beløpet i 2016 vert kr Ordninga er omtala på Innsida: Forskingsutvalet vedtok i FU sak at unytta midlar blir inndregne og går inn i budsjettposten for framtidige søknader. Det har så langt ikkje vorte gjort opp status for faktisk bruk av Små driftsmidlar for Det går fram av kriteria og retningslinene at det er tilsette i vitskaplege stillingar som kan søkje på ordninga. Det står ikkje tydeleg om tilsette må vere fast tilsette, eller om også tilsette i vikariat kan vere aktuelle for ordninga. Særleg for yngre forskarar kan små driftsmidlar gje stimulans for vidare forsking. Det blir her difor gjort framlegg om at også tilsette i vikariat som varer ut kalenderåret kan kome inn under ordninga. For 2015 vedtok Forskingsutvalet ein utlysingstekst der det i tillegg til dei innarbeidde kriteria også vart oppmoda til å søkje om midlar gjennom forskingsgrupper. I ein seinare diskusjon i Forskingsutvalet vart det frå somme understreka at Små driftsmidlar også må kunne nyttast til individuelle prosjekt. 1. Tredje kulepunkt vert endra til: «Mottakarane av støtta må vere tilsette i vitskapleg stilling. Mellombels tilsette må ha eit engasjement som varer ut komande studieår for å kunne få små driftsmidlar». 2. Små driftsmidlar for 2016 blir lyste ut på same måte som i 2015 med oppmoding til søkjarar om å søkje som forskingsgruppe eller å knytte bruken av midlane opp til ei forskingsgruppe. FU sak Vurderinga av ordninga med eigenfinansierte ph.d.-stipend Bakgrunn Høgskulen i Volda har i mange år hatt ei ordning med eigenfinansierte doktorgradsprosjekt. Ordninga har hatt litt ulike namn: ordning, internfinansierte doktorgradsprosjekt, andre PhD-studentar. Kort fortalt går ordninga ut på at HVO gjev fast tilsette i eigenfinansierte doktorgradsløp tre års FoUtid, altså like lang tid på prosjektet som ein ordinær stipendiat. FoU-tida blir fordelt på 50 prosent FoU-tid i fire år pluss to FoU-stipend der ein forskar på fulltid. I tillegg får eigenfinansierte doktorgradsprosjekt tilnærma same vilkår som andre stipendiatar når det gjeld driftsmidlar (jf FU-sak 2/2006). Dei same vilkåra gjeld for tilsette som går inn i avtalar om dr.philos ordningar. Vilkåra vart vedtekne av Forskingsutvalet i 2005/2006 og er tilgjengelege på HVOs nettsider:

3 3 Desse vilkåra har vore aksepterte av doktorgradsgjevande institusjonar som prov på at HVO tilsette som søkjer om opptak på doktorgradsprogram er fullfinansierte. Etter det leiinga ved Høgskulen i Volda kjenner til er det ikkje andre høgskular eller universitet som praktiserer ei slik ordning. Det kan altså oppfattast som ei spesiell og god ordning for tilsette. Ordninga medfører også at tilsette får same løn som dei har i si ordinære stilling, medan stipendiatstillingar elles ligg langt lågare i løn. Dette kan medføre skilnader på over pr år mellom ordinære stipendiatar og eigenfinansierte stipendiatar. Ordninga blir finansiert ved at avdelingane dekkjer den auka FoU-tida, medan fellesnivået dekkjer to FoUstipend og driftsmidlane. Om ein legg til grunn at ein høgskulelektor aukar FoU-tida frå 30 til 50 prosent over fire år så svarar dette til ca 80 prosent stilling, som altså blir dekt av avdelinga. Avdelinga får også tilbakeført belønningsmidlane etter at doktorgradsprosjektet er gjennomført dette utgjer ca kr Fellesnivået sitt bidrag er på to FoU-stipend og driftsmidlar på kr og svarar til ca kr med dagens satsar. Enkelt sagt bidreg avdelinga og fellesnivået med ca same beløp. Resultat av ordninga Det er litt vanskeleg å vurdere resultat av ordninga med femårige eigenfinansierte doktorgradsprosjekt. Men det er svært få som har disputert seks år etter at dei tok til på doktorgradsprosjektet. Det er altså ikkje slik at eigenfinansierte prosjekt er ein snarveg til phd. Ein viktig fordel med eigenfinansierte doktorgradsprosjekt er at tilsette i høgskulelektor-gruppa får ei tydeleg retning på og rammer for FoU-arbeidet sitt. Publiseringsstatistikk syner at høgskulelektorane publiserer langt mindre enn grupper med høgare kompetanse, og det er eit klart mål for FoU-arbeidet ved HVO å oppnå høgare publisering. Rammer for ordninga Ordninga med eigenfinansierte doktorgradsprosjekt har ikkje vore særleg diskutert ved HVO dei siste åra. Men dei siste to-tre åra har langt fleire tilsette gått inn i ordninga og fleire spørsmål reiser seg. FoU-administrasjonen eller Forskingsutvalet har i liten eller ingen grad vore med i vurderinga av einskildprosjekt. Dette kan oppfattast å vere i strid med mandatet for forskingsutvalet som blant anna går ut på at utvalet skal tildele FoU-stipend og gi råd om stipendiatsatsing. På den andre sida kan det oppfattast slik at Forskingsutvalet faktisk overlet vurderingane til avdelingsnivået. Det er ikkje haldepunkt for å seie at ordninga er ein individuell rett for kvar einskild tilsett, sjølv om den kan ha blitt oppfatta og delvis praktisert slik. Retningslinene frå Forskingsutvalet seier altså ikkje at alle som får opptak på ph.d.-studium faktisk får tilgang til ordninga. Det bør difor understrekast at på søknadstidspunktet må dekan gjere ei vurdering av det aktuelle doktorgradsprosjektet og eventuell ta konsekvensane av ei positiv vurdering av prosjektet om den tilsette blir teken opp på ph.d.-studiet. Dekan godkjenner arbeidsplanane og det omfattar også bruk av FoU-tida også om den er planlagt brukt til eit doktorgradsprosjekt. Doktorgradsprosjekt bør vere innretta slik at dei bidreg til å oppfylle både HVO og avdelinganes strategiar. Dette er ei fagleg vurdering som ligg til dekan. Dekan må vurdere i kva grad tilsette som går inn i doktorgradsprosjekt fører til problem for andre tilsette på den aktuelle eininga, til dømes i høve til undervisningskapasitet. Men det kan også bli knapt med rettleiingsog mentorkapasitet internt på avdelinga om det er mange tilsette som skal ha rettleiing frå få personar i toppstillingar.

4 4 Ei vurdering som også ligg til dekan er om avdelinga har råd til at tilsette går inn i doktorgradsprosjekt. Med varierande økonomi både avdelingane i mellom og internt på avdelingar kan det vere vanskeleg å oppnå Forskingsutvalets målsetting om mest muleg lik praksis for alle i doktorgradsprosjekt. 1) Skal det innførast eit konkurranselement også i eigenfinansierte doktorgradsprosjekt? Det er pr i dag 9 eigenfinansierte doktorgradsprosjekt ved Høgskulen i Volda. Det er langt fleire enn for tre år sidan. Dette har ikkje vore ein planlagt auke men antakelig eit resultat av at ordninga har vorte meir kjend. Det bør drøftast om ein skal avgrense talet på prosjekt og samtidig innføre konkurranse om prosjekta. Eigenfinansierte doktorgradsprosjekt har i liten grad konkurranse samanlikna med andre FoU-tiltak ved HVO, som små driftsmidlar, FoU-stipend, professorstipend eller ordinære stipendiatstillingar. Ved førre utlysing av stipendiatstillingar ved Høgskulen i Volda var det ca 30 søkjarar på 8 stillingar, altså 3-4 søkjarar pr stilling. Då ordninga med interne professorstipend melde det seg i første runde 11 søkjarar til 2 stipend. Å avgrense talet på eigenfinansierte doktorgradsprosjekt vil i praksis medføre hardare konkurranse og burde gje betre prosjekt. Eit praktisk problem med å innføre konkurranse er at ein aldri kan vite heilt sikkert om doktorgradsprosjekt som blir prioriterte lokalt på HVO også vil oppnå opptak på eksterne doktorgradsprosjekt. I så måte fungerer dagens ordning som ei enkel og grei ordning. Men med konkurranse om prosjekta burde også kvaliteten på prosjektskissene bli betre. Konklusjon: Talet på eigenfinansierte doktorgradsprosjekt bør avgrensast. 2) Skal fellesnivået finansiere frikjøpet? Som det går fram av saksutgreiinga så deler avdelingane og fellesnivået kostnadene ved eigenfinansierte doktorgradsprosjekt nokså likt. Men skal økonomien ved avdelingane eller andre einingar bestemme kva prosjekt som blir gjennomført? Vi ser ei liknande utvikling når det gjeld stipendiatar der ikkje alle stipendiatar kan rekne med at avdelingane ser seg i stand til å finansiere eitt årsverk som forlenging/forsterking av doktorgradsprosjekta. Somme små fagmiljø har fått svært mange eigenfinansierte doktorgradsprosjekt på kort tid. Det fører til auka arbeidsbelastningar på dei som ikkje er inne i doktorgradsprosjekt, og også på eininga eller avdelingas økonomi. Konklusjon: Det bør framleis vere ei deling av kostnadene mellom avdeling og fellesnivået og dagens ordning er balansert. 3) Skal vi halde fram med eigenfinansierte dr.philos-løp? Dr.philos-løp er ikkje strukturerte og det kan vere vanskeleg å få tydeleg rapport om framdrift i prosjekta. Konklusjon: Tilsette bør ikkje få eigenfinansiering av 5-årige dr.philos løp. Samla vurdering og konklusjon

5 5 Med utgangspunkt i retningslinjer for HVO-tilsette i doktorgradsløp er det ikkje grunnlag for å hevde at ordninga er ein individuell rett. Men det verkar som mange har oppfatta ordninga slik at berre ein får opptak, så stiller HVO med finansiering. Det er difor nødvendig med ei presisering av retningslinjene. Det kan vere ulike måtar å gjere det på. Eit alternativ er å setje ein max-grense på kvar avdeling. Eit anna kan vere å la dekan avgjere kven som får tilgang til finansiering på eigenfinansierte doktorgradsprosjekt ved HVO. Sidan det er dekan som har ansvaret for økonomien på avdelinga og oppfølginga av FoU-strategien, er den beste løysinga at dekan avgjer kven som får tilgang til finansiering på eigenfinansierte doktorgradsprosjekt ved HVO. Konklusjon: Ordninga med eigenfinansierte dr. philos løp blir avvikla frå Følgjande setning blir innarbeidd i retningslinjer for HVO-tilsette i dr.gradsløp: Tilsette som skal søkje om opptak på doktorgradsprogram utan å vere stipendiatar må på førehand søkje dekan om tilsegn på finansiering. Dekanen gir godkjenning ut frå strategiske og økonomiske vurderingar. 2. Ordninga med eigenfinansierte dr. philos løp blir avvikla frå For å sikre finansieringsgrunnlag for strategisk gode ph.d.-prosjekt, vert ordninga styrka med midlar svarande til eitt FoU-stipend som skal vere med å finansiere 50 % forskingstid i dei fire åra kandidaten ikkje har fullt frikjøp til forsking. Administrasjonen vert beden om å kome tilbake til ei evaluering av FoU-stipendordninga og praktisk gjennomføring av styrka finansiering av 5-årige ph.d.-løp. FU sak Delegering av professor- og dosenttilsettingar frå styret Bakgrunn I styremøte 24. september 2015 kom Høgskulestyret med eit ønskje om ei utgreiing i forhold til konsekvensane, dersom styret vedtek at det skal delegere tilsetjingsmynde for professor/dosent-stillingar og myndet til å vedta opprykk til dosent og professor til eit anna organ, og i så fall kva organ som kan vere aktuelle. Personalkontoret har utarbeidd eit notat om saka. Det er ønskjeleg at Forskingsutvalet uttalar seg om saka før ho kjem opp i høgskulestyret. Saka vert utsett til neste møte i FU.

6 6 Orienteringssaker: 1) Arbeidsoppgåver i FoU-koordinator sitt fråvær. Munnleg orientering ved direktør. 2) Budsjett 2016: Satsingsmidlar, utlysing av stipendiatstillingar, professorstipend og eventuelt dosentstipend. Drøftingssak på bakgrunn av budsjettet for Orientering ved direktør. 3) Kontorplassering av stipendiatar. Fagmiljøa, lettbygget, Møreforsking-paviljongen. 4) Språksamlingane / Norsk ordbok. Munnleg orientering ved rektor. 5) FoI-strategi for Møre og Romsdal fylke. Ny strategi skal drøftast vinteren 2016 og blir vedtatt i mars ) Oppretting av Møreforsking Volda AS. Munnleg orientering ved direktør.

FU sak Godkjenning av protokoll frå FU-møte 3/2015, 12. mars

FU sak Godkjenning av protokoll frå FU-møte 3/2015, 12. mars Forskingsutvalet Protokoll: Møte i Forskingsutvalet (FU) nr 4/2015. Tid: Tysdag 21. april kl 12.15. Møterom: BK 220 (VIP-romet). Faste medlemmer: Eining Per Halse (leiar) Rektor X Ketil Jarl Halse (nestleiar)

Detaljer

Forskingsutvalet. PROTOKOLL: Møte i Forskingsutvalet (FU) nr 4/2014. FU sak Godkjenning av møteinnkalling og sakliste.

Forskingsutvalet. PROTOKOLL: Møte i Forskingsutvalet (FU) nr 4/2014. FU sak Godkjenning av møteinnkalling og sakliste. Forskingsutvalet PROTOKOLL: Møte i Forskingsutvalet (FU) nr 4/2014. Tid: Tysdag 20. mai kl 12.15-14.30. Møterom: BK 220 (VIP-romet). Faste medlemmer: Eining Per Halse (leiar) Rektor X Ketil Jarl Halse

Detaljer

Forskingsutvalet. Sakspapir: Møte i Forskingsutvalet (FU) nr 7/2015. Orienteringssaker: FU sak Godkjenning av møteinnkalling og sakliste.

Forskingsutvalet. Sakspapir: Møte i Forskingsutvalet (FU) nr 7/2015. Orienteringssaker: FU sak Godkjenning av møteinnkalling og sakliste. Forskingsutvalet Sakspapir: Møte i Forskingsutvalet (FU) nr 7/2015. Tid: Tysdag 15. desember kl 12.15. Møterom: BK 220 (VIP-romet). Orienteringssaker: 1) Arbeidsoppgåver i FoU-koordinator sitt fråvær.

Detaljer

MØTEPROTOKOLL Forskingsutvalet

MØTEPROTOKOLL Forskingsutvalet MØTEPROTOKOLL Forskingsutvalet Møtedato: 13.10.2015 kl. 12:15 Møtestad: BK 220 VIP Arkivsak: 15/01148 Møtt: Johann Roppen Aud Folkestad Karen Brænne Pål Rune Aam Hildegunn Valen Kleive Randi Bergem Tor

Detaljer

MØTEINNKALLING Forskingsutvalet

MØTEINNKALLING Forskingsutvalet MØTEINNKALLING Forskingsutvalet Møtedato: 26.01.2016 kl. 12:15 Møtestad: BK 220 (VIP romet) Arkivsak: 15/01148 Forfall må meldast til utvalssekretæren snarast. Vararepresentantar møter etter nærare beskjed.

Detaljer

MØTEPROTOKOLL Forskingsutvalet

MØTEPROTOKOLL Forskingsutvalet MØTEPROTOKOLL Forskingsutvalet Møtedato: 09.06.2016 kl. 9:15 Møtestad: BK 200 VIP Arkivsak: 15/01148 Møtt: Johann Roppen Odd Ragnar Hunnes Arne Myklebust* Peder Haug Aud Folkestad Kristian Fuglseth Rolf

Detaljer

Møtet vart flytta frå først oppsett 19. mai til 26. mai. Skrivar beklager at det har vore noko ugreie med møteinnkallinga i Outlook.

Møtet vart flytta frå først oppsett 19. mai til 26. mai. Skrivar beklager at det har vore noko ugreie med møteinnkallinga i Outlook. Forskingsutvalet UTKAST: PROTOKOLL: Møte i Forskingsutvalet (FU) nr 5/2015. Tid: Tysdag 26. mai kl 12.15. Møterom: Strøm 314 Faste medlemmer: Eining Per Halse (leiar) Rektor X Jørgen Amdam (vara for Halse)

Detaljer

OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL. Høgskulestyret. Kristin Marie Sørheim Janne Heggvoll. Jacob Kjøde

OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL. Høgskulestyret. Kristin Marie Sørheim Janne Heggvoll. Jacob Kjøde in HOGSIKULEN I VOLDA Styremøte 5/2016 OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL Høgskulestyret Møtedato: 28.04.2016 kl. 10:45-16:05 Møtestad: BK 220 VIP Arkivsak: 15/00052 Møtt: Johann Roppen Jens Standal Groven Tor-Johan

Detaljer

FU sak Godkjenning av protokoll frå FU-møte 1/2015, 27. januar. Vedtak: Godkjent med endring: Anders Aschim deltok på møtet ikkje Peder Haug.

FU sak Godkjenning av protokoll frå FU-møte 1/2015, 27. januar. Vedtak: Godkjent med endring: Anders Aschim deltok på møtet ikkje Peder Haug. Forskingsutvalet UTKAST: Protokoll: Møte i Forskingsutvalet (FU) nr 2/2015. Tid: Tysdag 17. februar kl 12.15. Møterom: BK 220 (VIP-romet). Faste medlemmer: Eining Per Halse (leiar) Rektor X Ketil Jarl

Detaljer

Forskingsutvalet. Innkalling: Møte i Forskingsutvalet (FU) nr 6/2014. FU sak Godkjenning av møteinnkalling og sakliste.

Forskingsutvalet. Innkalling: Møte i Forskingsutvalet (FU) nr 6/2014. FU sak Godkjenning av møteinnkalling og sakliste. Forskingsutvalet Innkalling: Møte i Forskingsutvalet (FU) nr 6/2014. Tid: Tysdag 16. september kl 13.15-15.00. Møterom: BK 220 (VIP-romet). Faste medlemmer: Eining Til stade Per Halse (leiar) Rektor X

Detaljer

MØTEPROTOKOLL Fellesmøte med Strategisk studienemnd og Læringsmiljøutvalet

MØTEPROTOKOLL Fellesmøte med Strategisk studienemnd og Læringsmiljøutvalet MØTEPROTOKOLL Fellesmøte med Strategisk studienemnd og Læringsmiljøutvalet Møtedato: 25.05.2016 kl. 13:15 Møtestad: BK 220 VIP Arkivsak: 15/00520 Møtt: Frå SSN: Johann Roppen Aud Folkestad Arne Myklebust

Detaljer

MØTEPROTOKOLL Høgskulestyret

MØTEPROTOKOLL Høgskulestyret Offentleg møteprotokoll Styremøte 7/2015 MØTEPROTOKOLL Høgskulestyret Møtedato: 10.12.2015 kl. 10:45-15:15 Møtestad: BK 220 Arkivsak: 15/00052 Møtt: Johann Roppen Jens Standal Groven Tor-Johan Ekeland

Detaljer

MØTEPROTOKOLL. Høgskulestyret

MØTEPROTOKOLL. Høgskulestyret HOGSKULEN I VOLDA Styremøte 9/2016 MØTEPROTOKOLL Høgskulestyret Møtedato: 08.12.2016 kl. 11:00 16:30 Møtestad: BK220 VIP Arkivsak: 15/00052 M øtt : Johann Roppen Jens Standal Groven Tor-Johan Ekeland Janne

Detaljer

HOGSKULEN I VOLDA Offentleg møteprotokoll Styremøte 5/2015 MØTEPROTOKOLL. Høgskulestyret

HOGSKULEN I VOLDA Offentleg møteprotokoll Styremøte 5/2015 MØTEPROTOKOLL. Høgskulestyret HOGSKULEN I VOLDA Offentleg møteprotokoll Styremøte 5/2015 MØTEPROTOKOLL Høgskulestyret Møtedato: 24.09.2015 kl. 11:00-15:30 Møtestad: BK 220 VIP Arkivsak: 15/00052 Møtt: Johann Roppen Jens Standal Groven

Detaljer

OFFENTLEGMØTEPROTOKOLL

OFFENTLEGMØTEPROTOKOLL HOGSKULEN I VOLDA Styremøte 612016 OFFENTLEGMØTEPROTOKOLL Høgskulestyret Møtedato: 10.06.2016 kl. 10:45-14:40 Møtestad: BK 220 VIP Arkivsak: 15/00052 Møtt: Johann Roppen Jens Standal Groven Tor-Johan Ekeland

Detaljer

Ei HOGSKULEN I VOLDA Møteprotokoll

Ei HOGSKULEN I VOLDA Møteprotokoll Ei HOGSKULEN I VOLDA Møteprotokoll Styremøte 7/2014 Utval: Dato: Møtestad: Arkivsak: Høgskulestyret 29.10.2014 kl. 09:30-14:50 Sagafjord Hotel Sæbø 14/00446 Møtt: Per Halse, Marie Nedregotten Sørbø, Jacob

Detaljer

MØTEPROTOKOLL. Høgskulestyret

MØTEPROTOKOLL. Høgskulestyret Styremøte 1/2017 MØTEPROTOKOLL Høgskulestyret Møtedato: 26.01.2017 kl. 11:00:16:35 Møtestad: BK 220 VIP Arkivsak: 15/00052 Møtt: Johann Roppen Jens Standal Groven Kjell Einar Dagfinrud Terje Heggem Endre

Detaljer

MØTEPROTOKOLL Forskingsutvalet

MØTEPROTOKOLL Forskingsutvalet Unnteke etter offentleglova Offl 26 fjerde ledd MØTEPROTOKOLL Forskingsutvalet Møtedato: 05.04.2016 kl. 0:00 Møtestad: BK 220 Arkivsak: 15/01148 Møtt: Jen Standal Groven (møteleder) Anne Øie (Deltok ikkje

Detaljer

Offentleg protokoll HOGSKULEN I VOLDA. Styremøte 7/2013. Utval: Høgskulestyret Møtestad: BK 220 VIP Dato: Tid: 11:00-15:30.

Offentleg protokoll HOGSKULEN I VOLDA. Styremøte 7/2013. Utval: Høgskulestyret Møtestad: BK 220 VIP Dato: Tid: 11:00-15:30. HOGSKULEN I VOLDA Offentleg protokoll Styremøte 7/2013 Utval: Høgskulestyret Møtestad: BK 220 VIP Dato: 05.12.2013 Tid: 11:00-15:30 Desse møtte: Per Halse leiar Marie Nedregotten Sørbø nestleiar Pål Hamre

Detaljer

MØTEPROTOKOLL. Høgskulestyret

MØTEPROTOKOLL. Høgskulestyret HOGSKULEN I VOLDA Styremøte 4/2016 MØTEPROTOKOLL Høgskulestyret Møtedato: 10.03.2016 kl. 9:00-15:20 Møtestad: Hotel Alexandra i Loen Arkivsak: 15/00052 Møtt: Johann Roppen Jens Standal Groven Tor-Johan

Detaljer

MØTEPROTOKOLL (revidert 13.05.16) Strategisk studienemnd

MØTEPROTOKOLL (revidert 13.05.16) Strategisk studienemnd MØTEPROTOKOLL (revidert 13.05.16) Strategisk studienemnd Møtedato: 13.04.2016 kl. 14:30 Møtestad: BK 201 Arkivsak: 15/00520 Møtt: Jens Standal Groven Aud Folkestad Arne Myklebust Tormod Daae Smedsvig Carien

Detaljer

MØTEPROTOKOLL. Høgskulestyret. Styremøte 6/2015. Møtedato: kl. 9:00-14:45 Møtestad: Sagafjord Hotell, Sæbø Arkivsak: 15/00052

MØTEPROTOKOLL. Høgskulestyret. Styremøte 6/2015. Møtedato: kl. 9:00-14:45 Møtestad: Sagafjord Hotell, Sæbø Arkivsak: 15/00052 HOGSKULEN I VOLDA Styremøte 6/2015 MØTEPROTOKOLL Høgskulestyret Møtedato: 30.10.2015 kl. 9:00-14:45 Møtestad: Sagafjord Hotell, Sæbø Arkivsak: 15/00052 Møtt: Johann Roppen Jens Standal Groven Janne Heggvoll

Detaljer

Offentleg møteprotokoll Styremøte 3/2015

Offentleg møteprotokoll Styremøte 3/2015 HOGSKULEN ; VOLDA Offentleg møteprotokoll Styremøte 3/2015 Utval: Høgskulestyret Dato: 23.04.2015 kl. 10:45-14:45 Møtestad: BK 220 VIP Arkivsak: 15/00052 Møtt: Per Halse, Marie Nedregotten Sørbø, Marit

Detaljer

FU sak Godkjenning av referat frå FU-møte 9/2013, 26. november 2013.

FU sak Godkjenning av referat frå FU-møte 9/2013, 26. november 2013. Forskingsutvalet Innkalling: Møte i Forskingsutvalet (FU) nr 1/2014. Tid: Tysdag 21. januar, kl 12.15-14.00. Møterom: BK 220 (VIP-romet). Faste medlemmer: Eining Per Halse (leiar) Rektor Ketil Jarl Halse

Detaljer

Strategiplan for Forsking og utvikling (FoU)

Strategiplan for Forsking og utvikling (FoU) Strategiplan for Forsking og utvikling (FoU) 2012-2015 Godkjend av styret 26. april 2012 FoU ved Høgskulen i Volda mål, faglege satsingsområde, kompetanseutvikling og tiltak Side 1 av 5 INNLEIING Alle

Detaljer

MØTEPROTOKOLL. Høgskulestyret. Møtet starta med eit totimars minikurs i styrearbeid ved Kjell Standal, Elinora consulting.

MØTEPROTOKOLL. Høgskulestyret. Møtet starta med eit totimars minikurs i styrearbeid ved Kjell Standal, Elinora consulting. HOGSKULEN I VOLDA Styremøte 2/2016 MØTEPROTOKOLL Høgskulestyret Møtedato: 28.01.2016 kl. 10:45:16:15 Møtestad: BK 220 VIP Arkivsak: 15/00052 Møtt: Johann Roppen Jens Standal Groven Tor-Johan Ekeland Janne

Detaljer

FoU ved HVO faglege satsingsområde. Personleg kompetansebygging, regional forankring og nasjonal akkreditering

FoU ved HVO faglege satsingsområde. Personleg kompetansebygging, regional forankring og nasjonal akkreditering FoU ved HVO faglege satsingsområde Personleg kompetansebygging, regional forankring og nasjonal akkreditering Innstilling frå Forskingsutvalet Volda, 28.05.04 Innleiing Forskingsutvalet oppnemnde i møte

Detaljer

Forskingsutvalet. UTKAST: Protokoll: Møte i Forskingsutvalet (FU) nr 1/2016. FU sak Godkjenning av møteinnkalling og sakliste

Forskingsutvalet. UTKAST: Protokoll: Møte i Forskingsutvalet (FU) nr 1/2016. FU sak Godkjenning av møteinnkalling og sakliste Forskingsutvalet UTKAST: Protokoll: Møte i Forskingsutvalet (FU) nr 1/2016 Tid: Tysdag 26. januar kl 12.15-14.00 Møterom: BK 220 (VIP-romet). Medlemmer: Eining Møtt Johann Roppen (leiar) Rektor X Odd Ragnar

Detaljer

MØTEPROTOKOLL. Høgskulestyret

MØTEPROTOKOLL. Høgskulestyret Styremøte 3/2017 MØTEPROTOKOLL Høgskulestyret Møtedato: 27.04.2017 kl. 11:00 17.00 Møtestad: BK 220 VIP Arkivsak: 17/00151 Møtt: Johann Roppen Jens Standal Groven Kjell Einar Dagfinrud Tor-Johan Ekeland

Detaljer

MØTEPROTOKOLL. Styremøte 7/2016. Høgskulestyret. Møtedato: kl. 11:00-15:30 Møtestad: BK 220 VIP Arkivsak: 15/00052

MØTEPROTOKOLL. Styremøte 7/2016. Høgskulestyret. Møtedato: kl. 11:00-15:30 Møtestad: BK 220 VIP Arkivsak: 15/00052 HOGSKULEN I VOLDA Styremøte 7/2016 MØTEPROTOKOLL Høgskulestyret Møtedato: 08.09.2016 kl. 11:00-15:30 Møtestad: BK 220 VIP Arkivsak: 15/00052 M øt t: Johann Roppen Jens Standal Groven Terje Heggem Endre

Detaljer

SØKNADSKRITERIER FOR TILDELING AV INSTITUSJONELLE FOU STIPEND

SØKNADSKRITERIER FOR TILDELING AV INSTITUSJONELLE FOU STIPEND Kriterier fou 1 av 5 SØKNADSKRITERIER FOR TILDELING AV INSTITUSJONELLE FOU STIPEND Det vert lyst ut fou stipend i kategoriane: 1.Lektorstipend for opprykk til førstelektor Forskarstipend for nykvalifiserte

Detaljer

Forskingsutvalet. UTKAST - PROTOKOLL: Møte i Forskingsutvalet (FU) nr 5/2014. FU sak Godkjenning av møteinnkalling og sakliste.

Forskingsutvalet. UTKAST - PROTOKOLL: Møte i Forskingsutvalet (FU) nr 5/2014. FU sak Godkjenning av møteinnkalling og sakliste. Forskingsutvalet UTKAST - PROTOKOLL: Møte i Forskingsutvalet (FU) nr 5/2014. Tid: Tysdag 17. juni kl 12.15-14.15. Møterom: BK 220 (VIP-romet). Faste medlemmer: Eining Per Halse (leiar) Rektor X Ketil Jarl

Detaljer

MØTEPROTOKOLL. Høgskulestyret

MØTEPROTOKOLL. Høgskulestyret HOGSKULEN I VOLDA Styremøte 4/2017 MØTEPROTOKOLL Høgskulestyret Møtedato: 01.06.2017 kl. 11:00:15:30 Møtestad: Kaarstad 104 Arkivsak: 17/00151 Møtt: Johann Roppen Jens Standal Groven Kristin Marie Sørheim

Detaljer

39/14 14/00608-37 Studietilbod på masternivå - samfunnsfag i lærarutdanninga 2. 41/14 14/00608-38 Møteplan for Strategisk studienemnd våren 2015 4

39/14 14/00608-37 Studietilbod på masternivå - samfunnsfag i lærarutdanninga 2. 41/14 14/00608-38 Møteplan for Strategisk studienemnd våren 2015 4 Møteprotokoll Utval: Strategisk studienemnd Dato: 1.11.2014 kl. 14:15 Møtested: BK 220VIP Arkivsak: 14/0198 Møtt: Skrivar: Marie Nedregotten Sørbø, Aud Folkestad, Arne Myklebust, Ketil Jarl Halse, Sverre

Detaljer

INNKALLING TIL MØTE I FORSKNINGS- OG FORMIDLINGSUTVALGET

INNKALLING TIL MØTE I FORSKNINGS- OG FORMIDLINGSUTVALGET INNKALLING TIL MØTE I FORSKNINGS- OG FORMIDLINGSUTVALGET ONSDAG 14.6.2017 kl. 12.15 14.00 Stad: Rom 326 HF-bygget Innkalt: Anne Beate Maurseth (leiar), Helge Sandøy, Henning Laugerud, Christine Hamm, Anders

Detaljer

MØTE IN N KALLIN G Arbeidsmiljøutvalet AM U

MØTE IN N KALLIN G Arbeidsmiljøutvalet AM U MØTE IN N KALLIN G Arbeidsmiljøutvalet AM U Møted ato: 16.02.2016 kl. 12:00 Møtes t a d: Møterom BK 220 Arkivsak: 15/00145 Forfall må meldast til utvalssekretæren snarast. Vararepresentantar møter etter

Detaljer

Studenttinget 2016/2017 Referat ekstraordinært møte

Studenttinget 2016/2017 Referat ekstraordinært møte Studenttinget 2016/2017 Referat ekstraordinært møte Tid Stad Til stades med stemmerett 12. oktober 2016 kl.16.00-17.20 BK 220 VIP AHL: Trym Nikolas Rimmen og Henny Elisabeth Sandvik AMF: Sindre Reinholt

Detaljer

Rektor Per Halse, leiar Prorektor Marie Nedregotten Sørbø, nestleiar Høgskulelektor Pål Hamre Høgskulelektor Jorunn Aske

Rektor Per Halse, leiar Prorektor Marie Nedregotten Sørbø, nestleiar Høgskulelektor Pål Hamre Høgskulelektor Jorunn Aske R4AHOGSKULEN I VOLDA Styret IBoks 500 I 6101 Volda I Norway I T: 70 07 50 00 I F: 70 07 50 51 I IE: postmottak@hivoida.no I www.hivolda.no I Saksnr. 2006/247/011.2 PROTOKOLL 06/2012 19. OKTOBER 2012 STYREMØTE

Detaljer

Frå administrasjonen møtte: Ingunn Welle Nina Cathrin Garshol Gonnie Smit

Frå administrasjonen møtte: Ingunn Welle Nina Cathrin Garshol Gonnie Smit E21 HOGSKULEN I VOLDA Møteprotokoll Styremøte 4/2014 Utval: Høgskulestyret Dato: 04.06.2014 kl. 12:00-17:35 Møtested: Quality Hotel Ulstein Arkivsak: 14/00446 Varamedlemmer Navn som møtte: Forfall Jorunn

Detaljer

FU sak Godkjenning av protokoll frå FU-møte 8/2014, 18. november. FU sak Tildeling av professorstipend (Jf FU sak )

FU sak Godkjenning av protokoll frå FU-møte 8/2014, 18. november. FU sak Tildeling av professorstipend (Jf FU sak ) Forskingsutvalet Protokoll: Møte i Forskingsutvalet (FU) nr 1/2015. Tid: Tysdag 27. januar kl 12.15-14.00. Møterom: BK 220 (VIP-romet). Faste medlemmer: Eining Til stade Per Halse (leiar) Rektor X Ketil

Detaljer

Møtebok for Høgskulestyret

Møtebok for Høgskulestyret Møtebok for Høgskulestyret Møtestad: Tørvis Hotell, Marifjøra Dato: 17.06.2014 Tidspunkt: 09:00 14:00 Følgjande medlemar møtte: Namn Funksjon Vara for Heidi-Kathrin Osland Styreleiar Olav Grov Olav Refsdal

Detaljer

FU sak Godkjenning av protokoll frå FU-møte 4/2014, 20. mai 2014

FU sak Godkjenning av protokoll frå FU-møte 4/2014, 20. mai 2014 Forskingsutvalet Innkalling: Møte i Forskingsutvalet (FU) nr 5/2014. Tid: Tysdag 17. juni kl 12.15. Møterom: BK 220 (VIP-romet). Faste medlemmer: Per Halse (leiar) Ketil Jarl Halse (nestleiar) Inger Marie

Detaljer

Funksjon Leiar Medlem Medlem Medlem Medlem Medlem Medlem Medlem Medlem Styresekretær. Møtte for Marit Vartdal Engeseth

Funksjon Leiar Medlem Medlem Medlem Medlem Medlem Medlem Medlem Medlem Styresekretær. Møtte for Marit Vartdal Engeseth HOGSKULEN I VOLDA Møteprotokoll Styremøte 1/2014 Utval: Høgskulestyret Møtestad: Sagafjord Hotel, Sæbø Dato: 30.01.2014 Tid: 08:30-11:00 Møtt: Navn Per Halse Jorunn Aske Pål Hamre Arvid Blindheim Olaug

Detaljer

HØGSKULEN 1 VOLDA i Boks 5 o0 i 6io+ Volda I N orw2y 1 7: ^007 5 o0o F: X 07 5 D S i 1 Styret

HØGSKULEN 1 VOLDA i Boks 5 o0 i 6io+ Volda I N orw2y 1 7: ^007 5 o0o F: X 07 5 D S i 1 Styret HØGSKULEN 1 VOLDA i Boks 5 o0 i 6io+ Volda I N orw2y 1 7: ^007 5 o0o F: X 07 5 D S i 1 Styret i E: postmottakchiooka.no i wuv.hivolda.no i STYREMØTE 05/2011-22. SEPTEMBER 2011 Møtestad: Tid: Kl: 11:30-16:20

Detaljer

Studenttinget 2016/2017

Studenttinget 2016/2017 Studenttinget 2016/2017 Sakliste til 6. møte, 21.02.17 Sak 00-16/17: Val av ordstyrar og teljekorps... 3 Sak 01-16/17: Godkjenning av innkalling og referat... 4 Sak 02-16/17: Godkjenning av sakliste og

Detaljer

Strategiplan for FoU

Strategiplan for FoU FoU Strategiplan for FoU 2008-2011 Vedteken av styret for HVO 24. april 2008 FoU ved HVO mål, faglege satsingsområde, kompetanseutvikling og tiltak 1 INNLEIING Arbeidet med strategiplan for FoU for perioden

Detaljer

MØTEPROTOKOLL Læringsmiljøutvalet

MØTEPROTOKOLL Læringsmiljøutvalet MØTEPROTOKOLL Læringsmiljøutvalet Møtedato: 22.04.2016 kl. 13:15 Møtestad: Møterom SR 307 Arkivsak: 15/01198 Møtt : Lisa Storheim Kalvø Leif Roar Strand Marit Holstad Aarsæther Ingunn Elisabeth Teigen

Detaljer

MØTEPROTOKOLL Forskingsutvalet

MØTEPROTOKOLL Forskingsutvalet MØTEPROTOKOLL Forskingsutvalet Møtedato: 24.11.2016 kl. 12:15 Møtestad: BK 220 VIP Arkivsak: 15/01148 Møtt: Johann Roppen Arne Myklebust Peder Haug Paul Bjerke Rolf Werenskjold Randi Bergem Inger Marie

Detaljer

Møtebok: Forskingsutvalet ( ) Forskingsutvalet. Dato: Møterom BK220 VIP. Notat:

Møtebok: Forskingsutvalet ( ) Forskingsutvalet. Dato: Møterom BK220 VIP. Notat: Møtebok: Forskingsutvalet (12.11.2015) Forskingsutvalet Dato: 11.12.2015 Sted: Møterom BK220 VIP Notat: Saksliste Vedtakssaker 34/15 Godkjenning av møteinnkalling og saksliste 3 35/15 Godkjenning av protokoll

Detaljer

Offentleg møteprotokoll Styremøte 2/2015

Offentleg møteprotokoll Styremøte 2/2015 HOGSKULEN I VOLDA Offentleg møteprotokoll Styremøte 2/2015 Utval: Dato: Møtestad: Arkivsak: Høgskulestyret 12.03.2015 kl. 10:45-14:35 BK 220 VIP 15/00052 Møtt: Per Halse, Marie Nedregotten Sørbø, Marit

Detaljer

Møtebok for Høgskulestyret

Møtebok for Høgskulestyret Møtebok for Høgskulestyret Møtestad: Møterom 1, Fossbygget Dato: 13.03.2014 Tidspunkt: 10:00 16:30 Følgjande medlemar møtte: Namn Funksjon Vara for Heidi-Kathrin Osland Styreleiar Olav Grov Olav Refsdal

Detaljer

MØTEPROTOKOLL Arbeidsmiljøutvalet AM U

MØTEPROTOKOLL Arbeidsmiljøutvalet AM U MØTEPROTOKOLL Arbeidsmiljøutvalet AM U Møtedato: 16.02.2016 kl. 12:00 Møtestad: Møterom BK 220 Arkivsak: 15/00145 Møtt : Reidulf Ottar Botn Aud Folkestad Stig Flåskjær, vara Marit Holstad Aarsæther Øyvind

Detaljer

MØTEPROTOKOLL. Styremøte 8/2016. Høgskulestyret HOGSKULEN I VOLDA. Møtedato: kl. 09:00-14:20 Møtestad: Sagafjord Hotel Arkivsak: 15/00052

MØTEPROTOKOLL. Styremøte 8/2016. Høgskulestyret HOGSKULEN I VOLDA. Møtedato: kl. 09:00-14:20 Møtestad: Sagafjord Hotel Arkivsak: 15/00052 HOGSKULEN I VOLDA Styremøte 8/2016 MØTEPROTOKOLL Høgskulestyret Møtedato: 28.10.2016 kl. 09:00-14:20 Møtestad: Sagafjord Hotel Arkivsak: 15/00052 Møtt: Johann Roppen Jens Standal Groven Tor-Johan Ekeland

Detaljer

MØTEPROTOKOLL Strategisk studienemnd

MØTEPROTOKOLL Strategisk studienemnd MØTEPROTOKOLL Strategisk studienemnd Møtedato: 25.11.2015 kl. 13:15 Møtestad: BK337 Arkivsak: 15/00520 Møtt: Jens Standal Groven, Aud Folkestad, Arne Myklebust, Pål Rune Aam, Odd Ragnar Hunnes, Gonnie

Detaljer

Kristin Maurstad for Anneli Nesteng. Inger Grøgard Stensaker og Anneli Nesteng. Rektor Rasmus Stokke og personaldirektør Wenche Fjørtoft (referent)

Kristin Maurstad for Anneli Nesteng. Inger Grøgard Stensaker og Anneli Nesteng. Rektor Rasmus Stokke og personaldirektør Wenche Fjørtoft (referent) MØTEBOK Høgskulestyret Dato: 24.09.2015 kl. 11:00-14:45 Stad: Walaker Hotel, Solvorn Arkivsak: 15/01012 Møtte: Møtande varamedlemmar: Forfall: Trond Ueland (styreleiar) Hans Johan Breidablik Åse Neraas

Detaljer

Faglege representantar: Prorektor Marie Nedregotten Sørbø, nestleiar Høgskulelektor Pål Hamre Forsteamanuensis Marte Bogen Sinderud

Faglege representantar: Prorektor Marie Nedregotten Sørbø, nestleiar Høgskulelektor Pål Hamre Forsteamanuensis Marte Bogen Sinderud t4a HOGSKULEN Styret I VOLDA IBoks 500 I 61o.:Volda I Norway IT: 70 07 so oo I F:70 07 so 51 I I E: postmottak@hivolda.no I www.hivolda.no I Saksnr. 2006/247/011.2 PROTOKOLL 01/2013 4. FEBRUAR 2013 STYREMØTE

Detaljer

FU sak Godkjenning av protokoll frå FU-møte 1/2015, 27. januar

FU sak Godkjenning av protokoll frå FU-møte 1/2015, 27. januar Forskingsutvalet Sakspapir: Møte i Forskingsutvalet (FU) nr 2/2015. Tid: Tysdag 17. februar kl 12.15. Møterom: BK 220 (VIP-romet). Faste medlemmer: Per Halse (leiar) Ketil Jarl Halse (nestleiar) Tor-Johan

Detaljer

Vedtakssaker. 19/14 14/ HMS-dag /14 14/ AMU- samansetning, roller, ansvar og opplæring 5 21/14 14/ AKAN 7

Vedtakssaker. 19/14 14/ HMS-dag /14 14/ AMU- samansetning, roller, ansvar og opplæring 5 21/14 14/ AKAN 7 Møteinnkalling Utval: Arbeidsmiljøutvalet AMU Dato: 30.09.2014 kl. 12:00 Møtested: BK 287, møterom bibliotek Arkivsak: 14/00616 Forfall må meldast til utvalssekretæren snarast. Vararepresentantar møter

Detaljer

Forskingsutvalet. Innkalling: Møte i Forskingsutvalet (FU) nr 8/2014. FU sak Godkjenning av møteinnkalling og sakliste.

Forskingsutvalet. Innkalling: Møte i Forskingsutvalet (FU) nr 8/2014. FU sak Godkjenning av møteinnkalling og sakliste. Forskingsutvalet Innkalling: Møte i Forskingsutvalet (FU) nr 8/2014. Tid: Tysdag 18. november kl 12.15. Møterom: BK 220 (VIP-romet). Faste medlemmer: Per Halse (leiar) Ketil Jarl Halse (nestleiar) Inger

Detaljer

UNIVERSITETET I BERGEN DET MEDISINSK-ODONTOLOGISKE FAKULTET FAKULTETSSTYRET EKSTRAORDINÆR FAKULTETSSTYRESAK TIL BEHANDLING PÅ SIRKULASJON

UNIVERSITETET I BERGEN DET MEDISINSK-ODONTOLOGISKE FAKULTET FAKULTETSSTYRET EKSTRAORDINÆR FAKULTETSSTYRESAK TIL BEHANDLING PÅ SIRKULASJON UNIVERSITETET I BERGEN DET MEDISINSK-ODONTOLOGISKE FAKULTET FAKULTETSSTYRET EKSTRAORDINÆR FAKULTETSSTYRESAK TIL BEHANDLING PÅ SIRKULASJON I VEDTAKSSAK Sak 76/15 Utlysning Senterleder (professor/førsteamanuensis

Detaljer

Nye kommunar i Møre og Romsdal

Nye kommunar i Møre og Romsdal Nye kommunar i Møre og Romsdal INFO-skriv nr. 2/2017 Innhald 1. Krav til felles kommunestyremøte 2. Unntak frå krav om felles kommunestyremøte 3. Saksbehandling fram til kongeleg resolusjon 4. Nærare om

Detaljer

Omfang HMR løyver inntil 1,5 million norske kroner til føremålet for Ein kan søkje om maks nok per prosjekt per år

Omfang HMR løyver inntil 1,5 million norske kroner til føremålet for Ein kan søkje om maks nok per prosjekt per år Vedlegg 2 Hensikt Helse Møre og Romsdal HF (HMR) vil stimulere til auka forskingsaktivitet og vitskapleg publisering. Føretaket har ulike støtteordningar. Ein av desse er «Såkornmidlar». Omfang HMR løyver

Detaljer

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011. Saksframlegg Saksmappe Saksbehandlar 2011/382-16 Asbjørn Skår Saksgang Saksnr Utval Møtedato Komite for oppvekst, kultur, idrett Formannskapet Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

Detaljer

Vedtaksprotokoll styremøte

Vedtaksprotokoll styremøte sprotokoll styremøte Ivar Aasen-tunet, Ørsta fredag 7. desember 2012 kl. 11.45 17.45 med lunsj kl. 11.00 og julebord kl. 19.30 Til stades Reidar Sandal (leiar), Sigrun Høgetveit Berg, Georg Arnestad, Torunn

Detaljer

MØTEPROTOKOLL STYREMØTE 5/2014 VED HØGSKULEN I VOLDA

MØTEPROTOKOLL STYREMØTE 5/2014 VED HØGSKULEN I VOLDA MØTEPROTOKOLL STYREMØTE 5/2014 VED HØGSKULEN I VOLDA Høgskulestyret Dato: Stad: Arkivsak: 22.08.2014 kl. 11:30-14:20 BK 220 VIP 14/00446 Til stades: Per Halse, Marie Nedregotten Sørbø, Jacob Jr Kjøde,

Detaljer

Høgskulen i Volda sin visjon for arbeidet med likestilling og mangfald er:

Høgskulen i Volda sin visjon for arbeidet med likestilling og mangfald er: Handlingsplan for likestilling og mangfald 2016-2020 1. Bakgrunn og visjon Høgskulen i Volda skal gjennom eigen personalpolitikk medverke til eit godt arbeidsmiljø prega av inkludering, mangfald og likestilling

Detaljer

Studenttinget 2014/2015

Studenttinget 2014/2015 Studenttinget 2014/2015 Sakspapir 7. møte, 25.03.15 Sak 00-14/15: Konstituering... 2 Sak 01-14/15: Godkjenning av innkalling og referat... 3 Sak 02-14/15: Godkjenning av sakliste og dagsorden... 4 Sak

Detaljer

En utvikling på høgskolenes premisser?

En utvikling på høgskolenes premisser? En utvikling på høgskolenes premisser? Muligheter og begrensninger for styrket FoU-aktivitet 21/11-08 Rektor Eli Bergsvik, Høgskolen i Bergen Om forsking i høgskulesektoren Forskningsrådets policy for

Detaljer

MØTEPROTOKOLL Forskingsutvalet

MØTEPROTOKOLL Forskingsutvalet MØTEPROTOKOLL Forskingsutvalet Møtedato: 31.08.2017 kl. 12:15 Møtestad: Undervisningsrom Aasen 113 Arkivsak: 15/01148 Møtt: Johann Roppen Odd Ragnar Hunnes Finn Ove Båtevik Arne Myklebust Birgitte Fondevik

Detaljer

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 01.10.2014 60985/2014 Maria Bolstad Dale Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet 22.10.2014 Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet 18.11.2014 Fylkestinget

Detaljer

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet DEN NORSKE KYRKJA KM 5.1/06 Kyrkjemøtet Saksorientering Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet Samandrag Mandatet og retningslinjene for protokollkomiteen vart vedtekne av høvesvis

Detaljer

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet Sak Leiing og fagleg organisering (16/05229) delprosjekt i hovudprosjekt 2 Fagleg og administrativ organisering Dato utsendt på høyring 21.11.16 Høyringsfrist 9.12.16 Send høyringsinnspel til Bakgrunn

Detaljer

MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Formannskapsalen Saknr.: 10/11 21/11. MØTELEIAR Georg Lønning (FrP)

MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Formannskapsalen Saknr.: 10/11 21/11. MØTELEIAR Georg Lønning (FrP) Bømlo kommunee MØTEPROTOKOLL Kontrollutvalet Dato: 11.05.11 Kl.: 09.00 11.45 Stad: Formannskapsalen Saknr.: 10/11 21/11 MØTELEIAR Georg Lønning (FrP) DESSE MØTTE Kåre Habbestad (SP) Sonja Hellen Sele (

Detaljer

Ane Kristiansen Solbraa. Vedtakssaker. Godkjenning av innkalling og sakliste til møte 26.november 2015

Ane Kristiansen Solbraa. Vedtakssaker. Godkjenning av innkalling og sakliste til møte 26.november 2015 MØTEBOK Høgskulestyret Dato: 26.11.2015 kl. 10:00 15:30 Sted: Høgskulen i Sogn og Fjordane, Sogndal Arkivsak: 15/01012 Møtte: Møtande varamedlemmer: Forfall: Administrasjonen: Referent: Trond Ueland (styreleiar),

Detaljer

MØTEPROTOKOLL Strategisk studienemnd

MØTEPROTOKOLL Strategisk studienemnd MØTEPROTOKOLL Strategisk studienemnd Møtedato: 12.10.2016 kl. 13:15 Møtestad: BK 220 VIP Arkivsak: 15/00520 Møtt: Jens Standal Groven Odd Ragnar Hunnes Johann Roppen Ragnhild P. Hamre Jacob Kjøde Oda Næs

Detaljer

Vurdering av allianse og alternativ

Vurdering av allianse og alternativ Leiinga Høgskulen i Volda Kunnskapsdepartementet Postboks 8119 Dep 0032 OSLO Postboks 500 6101 Volda Telefon: 70 07 50 00 Besøksadresse: Joplassvegen 11 6103 Volda postmottak@hivolda.no www.hivolda.no

Detaljer

Universitetet i Oslo Humanistisk Fakultet. Revisjon av eksisterande finansieringsmodell og ny modell med verknad frå 2015

Universitetet i Oslo Humanistisk Fakultet. Revisjon av eksisterande finansieringsmodell og ny modell med verknad frå 2015 Universitetet i Oslo Humanistisk Fakultet Notat Til: Fra: Fakultetsstyret Dekanen Sakstype: V-sak Møtesaksnr.: V-5 Møtenr. 5/2013 Møtedato: 18. oktober 2013 Notatdato: 9. oktober 2013 Arkivsaksnr.: Saksbehandler:

Detaljer

Kvam herad. Arkiv: N-211 Objekt:

Kvam herad. Arkiv: N-211 Objekt: Kvam herad Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Komité for oppvekst 22.04.03 012/03 JOOE Kvam heradsstyre 13.05.03 052/03 JOOE Avgjerd av: Saksh.: Jorunn Øyen Utvida

Detaljer

SAKLISTE MED SAKSDOKUMENT

SAKLISTE MED SAKSDOKUMENT MØTEPROTOKOLL Utval: Næring og miljøutvalet Møtestad: Formannskapsromet Hareid rådhus Dato: 17.01.2017 Møte tok til 15:00 Møte slutta 16:30 Næring og miljøutvalet var kalla inn i samsvar med kommunelova

Detaljer

Høringsuttalelse Høring - Fagerbergutvalgets utredning NOU 2011:6 Et åpnere forskningssystem - KD Kunnskapsdepartementet

Høringsuttalelse Høring - Fagerbergutvalgets utredning NOU 2011:6 Et åpnere forskningssystem - KD Kunnskapsdepartementet 1 2 3 4 5 6 7 8 Lakkegata 3 / 0187 Oslo T: 22 04 49 70 F: 22 04 49 89 E: nso@student.no W: www.student.no 9 10 11 12 13 Høringsuttalelse Høring - Fagerbergutvalgets utredning NOU 2011:6 Et åpnere forskningssystem

Detaljer

Møtet vart flytta frå først oppsett 19. mai til 26. mai. Skrivar beklager at det har vore noko ugreie med møteinnkallinga i Outlook.

Møtet vart flytta frå først oppsett 19. mai til 26. mai. Skrivar beklager at det har vore noko ugreie med møteinnkallinga i Outlook. Forskingsutvalet Sakspapir: Møte i Forskingsutvalet (FU) nr 5/2015. Tid: Tysdag 26. mai kl 12.15. Møterom: Strøm 314 (NB! Merk møtestaden). Faste medlemmer: Per Halse (leiar) Ketil Jarl Halse (nestleiar)

Detaljer

2 av 8 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/577 Faste saker 002/13 13/524 Leasingbilar i pleie og omso

2 av 8 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/577 Faste saker 002/13 13/524 Leasingbilar i pleie og omso SAMNANGER KOMMUNE 1 av 8 MØTEINNKALLING Utval: Administrasjonsutvalet Møtedato: 22.10.2013 Møtetid: 13:00 - Møtestad: Kommunehuset Varamedlem skal ikkje møta utan nærare innkalling Forfall til møtet eller

Detaljer

HØGSKULEN I VOLDA i Boks 50o 1 61oi Volda l Norway l T' F: Styret

HØGSKULEN I VOLDA i Boks 50o 1 61oi Volda l Norway l T' F: Styret HØGSKULEN I VOLDA i Boks 50o 1 61oi Volda l Norway l T'70 07 50 00 1 F: 70 07 50 51 1 Styret i E: postmottakqdhivolda.no i www.hivolda.no i STYREMØTE ONSDAG 9. DESEMBER 2009 Motestad : Berte Kanutte 220

Detaljer

Møteprotokoll Styremøte Lærdal Næringsutvikling AS

Møteprotokoll Styremøte Lærdal Næringsutvikling AS Møteprotokoll Styremøte Lærdal Næringsutvikling AS Møte nr: 2014-08 Tid: 22. september 2014 kl. 15.00 18.30 Stad: Lærdal, møterom 2. etasje KIWI-bygget Til stades Rolf Jerving (Styreleiar) Jarle Molde

Detaljer

Tvisteløysingsnemnda etter arbeidsmiljølova

Tvisteløysingsnemnda etter arbeidsmiljølova Tvisteløysingsnemnda etter arbeidsmiljølova Vedtaksdato: 09.09.2009 Ref. nr.: 09/10794 Saksbehandlar: Helene Nødset Lang VEDTAK NR 60/09 I TVISTELØYSINGSNEMNDA Tvisteløysingsnemnda heldt møte tysdag den

Detaljer

MØTEBOK - Høgskulestyret

MØTEBOK - Høgskulestyret MØTEBOK - Høgskulestyret Dato: 12.05.2016 kl 10:00 15:30 Sted: Møterom Stad, 2.etasje i Høgskulebygget, Sogndal Arkivsak: 15/01012 Møtte: Forfall: Administrasjonen: Referent: Trond Ueland (styreleiar)

Detaljer

Musea i Sogn og Fjordane Styremøte

Musea i Sogn og Fjordane Styremøte Musea i Sogn og Fjordane Styremøte Dato: Torsdag 29.09.2011 Tid: Kl. 13:00 Stad: Eikaasgalleriet SFKM, Jølster MØTEBOK Frå styret møtte: Frå adm. møtte: Harry Mowatt, Hallvard S. Oppedal, Olin J. Henden,

Detaljer

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 1/10 10/29 POLITISK KVARTER - PERSONALUTVALET

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 1/10 10/29 POLITISK KVARTER - PERSONALUTVALET Sak 1/10 Utval: PERSONALUTVALET Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: 08.02.2010 Tid: Kl 18.00 MØTEINNKALLING SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 1/10 10/29 POLITISK KVARTER - PERSONALUTVALET 2/10

Detaljer

Vedtakssaker. Val av leiar for AMU /15 14/ AMU-samansetning Møteplan AKAN 7

Vedtakssaker. Val av leiar for AMU /15 14/ AMU-samansetning Møteplan AKAN 7 Møteinnkalling Utval: Arbeidsmiljøutvalet AMU Dato: 10.02.2015 kl. 12:00 Møtested: BK 287, møterom bibliotek Arkivsak: 15/00145 Forfall må meldast til utvalssekretæren snarast. Vararepresentantar møter

Detaljer

INNKALLING TIL MØTE I FORSKNINGS- OG FORMIDLINGSUTVALGET

INNKALLING TIL MØTE I FORSKNINGS- OG FORMIDLINGSUTVALGET INNKALLING TIL MØTE I FORSKNINGS- OG FORMIDLINGSUTVALGET TIRSDAG 28.3.2017 kl. 12.15 14.00 Stad: Rom 326 HF-bygget Innkalt: Anne Beate Maurseth (leiar), Helge Sandøy, Henning Laugerud, Christine Hamm,

Detaljer

Møteprotokoll Styremøte Lærdal Næringsutvikling AS

Møteprotokoll Styremøte Lærdal Næringsutvikling AS Møteprotokoll Styremøte Lærdal Næringsutvikling AS Møte nr: 2014-03 Tid: 8. april 2014 kl. 15.30 18.00 Stad: Lærdal, Møterom 2. etasje KIWI-bygget Til stades Rolf Jerving (styreleiar) Jarle Molde Gro Starheimsæter

Detaljer

Side 2 av 8 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/12 12/107 Faste saker 002/12 12/69 Revisjon av lønspolitisk

Side 2 av 8 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/12 12/107 Faste saker 002/12 12/69 Revisjon av lønspolitisk SAMNANGER KOMMUNE Side 1 av 8 MØTEINNKALLING Utval: Administrasjonsutvalet Møtedato: 08.02.2012 Møtetid: 13.00 - Møtestad: Kommunehuset Varamedlem skal ikkje møta utan nærare innkalling Forfall til møtet

Detaljer

Trond Ueland, Åse Neraas, Inger Auestad, Jan Olav Fretland, Ole Tormod Kleiven, Skage Schei, Kari Kjenndalen, Ingrid Moe Albrigtsen

Trond Ueland, Åse Neraas, Inger Auestad, Jan Olav Fretland, Ole Tormod Kleiven, Skage Schei, Kari Kjenndalen, Ingrid Moe Albrigtsen MØTEPROTOKOLL Høgskulestyret Dato: 1.1.016 kl. 14:00-17:30 Stad: Scandic Sunnfjord Hotel & Spa, Førde Arkivsak: 1/0101 Til stades: Møtande varamedlemmer: Forfall: Andre: Referent: Trond Ueland, Åse Neraas,

Detaljer

Jørgen Amdam vil i starten av møtet orientere om Fjordkonferansen Jf sak

Jørgen Amdam vil i starten av møtet orientere om Fjordkonferansen Jf sak Forskingsutvalet Innkalling: Møte i Forskingsutvalet (FU) nr 7/2014. Tid: Tysdag 14. oktober kl 12.15. Møterom: BK 220 (VIP-romet). Faste medlemmer: Per Halse (leiar) Ketil Jarl Halse (nestleiar) Inger

Detaljer

FU sak 44-2014 Godkjenning av protokoll frå FU-møte 6/2014, 16. september

FU sak 44-2014 Godkjenning av protokoll frå FU-møte 6/2014, 16. september Forskingsutvalet Protokoll: Møte i Forskingsutvalet (FU) nr 7/2014. Tid: Tysdag 14. oktober kl 12.15-14.00. Møterom: BK 220 (VIP-romet). Faste medlemmer: Eining Møtt Per Halse (leiar) Rektor X Ketil Jarl

Detaljer

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet 29.01.2015 022/15 Kommunestyret 02.02.2015 010/15 Avgjerd av: Formannskapet Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Objekt:

Detaljer

I forkortinga skal S, T og V vere store bokstavar, I skal vere liten.

I forkortinga skal S, T og V vere store bokstavar, I skal vere liten. Kapittel: 1 Paragraf: 1.1 A a) Organisasjonen heiter Studenttinget i Volda. Studenttinget skal skrivast med stor forbokstav. I forkortinga skal S, T og V vere store bokstavar, I skal vere liten. På engelsk

Detaljer

Studenttinget 2015/2016

Studenttinget 2015/2016 Studenttinget 2015/2016 Sakspapir 7. møte, 16.03.16. Sak 00-15/16: Konstituering... 2 Sak 01-15/16: Godkjenning av innkalling og referat... 3 Sak 02-15/16: Godkjenning av sakliste og dagsorden... 4 Sak

Detaljer

Fylkesmannen i Møre og Romsdal atab

Fylkesmannen i Møre og Romsdal atab Fylkesmannen i Møre og Romsdal atab Vår dato 20.02.2013 2012/5836/GEMO/432.0 Saksbehandlar, innvalstelefon Dykkar dato Dykkar ref. Rådgivar Geir Moen, 71 25 84 71 Vår ref. Etter adresseliste Innkalling

Detaljer