PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Save this PDF as:
 WORD  PNG  TXT  JPG

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING"

Transkript

1 PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING BARNEHAGANE OG BARNEHAGESEKTOREN i KLEPP KOMMUNE 1 Klepp kommune Del 1: Grunnlaget Del 2: Område for kvalitetsarbeid Del 3: Satsingsområda Del 4: Implementering

2 Forord Denne planen er blitt til etter innspel frå barn, foreldre, tilsette, leiing og politikarar i Klepp. Planen har vore drøfta i styrargruppa, i det kommunale foreldreutvalet og med fagorganisasjonane. Planen er endeleg vedteken i hovudutvalet for skule og barnehage. Planen er laga for å få ein felles ståstad for alle barnehagane i Klepp. Han vil vera eit utgangspunkt for vidare prioritering, planlegging, gjennomføring og vurdering i den enkelte barnehagen. I tillegg vil planen synleggjera kva Kleppbarnehagen står for. Planen sitt hovudsiktemål er likevel at barn i barnehagane i Klepp skal få eit best mogleg tilbod. Kvalitetsplanen skal vera retningsgjevande for arbeidet med kvalitetsutvikling i organisasjonen. Kvalitet kan ha ulike fokus. Denne planen omfattar både inntakskvalitet, rammekvalitet, prosesskvalitet og resultatkvalitet. Planen skal også ligga til grunn for barnehageeigar si oppfølging av barnehagane. Dei private barnehagane i Klepp er ein viktig del av det totale barnehagetilbodet i kommunen. Kommunale og private aktørar står saman om å gje barn i Klepp eit best mogleg tilbod. Kvalitetsutvikling i barnehagesektoren i Klepp skal skje i balanse mellom forskingsresultat, politisk-administrativ styring både nasjonalt og lokalt og ikkje minst - kartlagde behov hos barn, foreldre og tilsette i barnehagane i Klepp. Derfor er det naudsynt å kombinera føringane i denne planen med barnehagebasert vurdering og utvikling. Utdanningsdirektoratet sin ståstadsanalyse og Udir si foreldreundersøking, barn sin medverknad og pedagogisk dokumentasjon må derfor også gje føringar for kvar einskild barnehage sine prioriteringar. Formelle føringar Denne kvalitetsplanen byggjer på krav og målsettingar i Lov om barnehagar og på «Rammeplan for innhald og oppgåver i barnehagen». Andre sentrale dokument og statlege føringar er NOU 2010: 7 Meistring og mangfald NOU 2010:8 Med forskartrong og lærelyst NOU 2012:1 Til barns beste Stortingsmelding 24 ( ) Framtidens barnehage Strategi for kompetanse og rekruttering ( ) Det vil truleg koma ny rammeplan i løpet av perioden. Kleppbarnehagen skal stadig vera i endring og utvikling og i tråd med gjeldande føringar. 2

3 Del 1: Grunnlaget Kommunen sin visjon Barna - Vår framtid Kommunen sin visjon forpliktar. Barn som går i barnehagen i Klepp i skal vera aktive bidragsytarar i samfunn og arbeidsliv fram mot år Etaten sin visjon Meir læring for alle livskompetanse og danning leik undring, utforsking og magi Rammeplanen har eit breitt og heilskapleg syn på læring. Barnehagen si læring omfattar derfor både kognitive, motoriske, språklege, sosiale, etiske og estetiske område. Små barn lærar best gjennom leik. 3

4 Verdiar Kvart barn skal oppleva seg som verdfull. Kvart barn skal gjennom gode relasjonar, leik, gode opplevingar og varierte læringssituasjonar utvikla positiv sjølvkjensle. Menneskeverd ulike og unike likeverd meining, meistring og lukke Respekt godta ulikskap mangfald medverknad Omsorg bli sett anerkjenning inkludering 4

5 DEL 2: Område for kvalitetsarbeid 1. Barna i barnehagen i Klepp Barn i barnehagane i Klepp har (hausten 2015) peika på at det viktegaste i barnehagen for dei var Å ha mangfald i leik Oppleva medverknad Ha gode relasjonar og gode venner Oppleva omsorgsfulle og tilstadesverande vaksne Syn på barn Kvart einaste barn er unikt. Kvart einaste barn har krav på og skal oppleva meistring, respekt og likeverd. Barndommen har sin eigenverdi og er mykje meir enn ein fase på vegen og meir enn eit middel til å nå mål som kjem seinare i livet. Barn skal vera ein del av fellesskapet. Fellesskapet sitt ansvar er å løfta barn fram utan krenking og mobbing. Leik Leiken har ein framtredande plass i barna sine liv. I Kleppbarnehagen har leiken eigenverdi, og leik er viktig i barnekulturen. Barna skal bruka sin kompetanse og sitt engasjement til å uttrykkja seg gjennom leiken. Kleppbarnehagen legg til rette for at barna sine mange uttrykksformer får koma fram gjennom rike leikeerfaringar. Læring Barn lærer gjennom å få oppleva og erfara. Undring, utforsking og nysgjerrigheit er heilt sentralt i barn si læring. Læringsomgrepet i barnehagen er heilskapleg og vidt. Det omfattar både kunnskap, haldningar og ferdigheiter og både danning, omsorg, leik, læring, språk og ulike fagområde. Barn i barnehagane i Klepp skal derfor oppleva læring både kognitivt, sosialt, etisk, estetisk og fysisk-motorisk. Barna veks opp i ein digital verd. Personalet må ha digital kompetanse til å møta barn sin nysgjerrigheit og utforsking, og til å inkludera det digitale når det har ein pedagogisk og fagleg verdi. 5

6 Foreldre i Kleppbarnehagen Barnehagelova og rammeplanen føreset et tett og aktivt samarbeid mellom barnehagen og foreldra. Forsking viser at omsorgsfulle og grensesetjande vaksne (autoritative vaksne) lukkast best med oppsedinga. Barnehagane i Klepp vil byggja på dette synet på vaksenrolla i si rettleiing og samhandling med foreldra. Mye kontroll Lite varme Autoritær voksenstil relasjonsakse Kontrollakse Autoritativ voksenstil Mye varme Forsømmende voksenstil Ettergivende voksenstil Lite kontroll Personalet i barnehagen i Klepp Alle tilsette skal vera profesjonelle aktørar som gjer ein forskjell. Barna skal oppleva kvar vaksen som inkluderande, omsorgsfull og med god relasjonskompetanse. Kvar vaksen skal visa omsorg og ha blikk for barn, slik at kvart barn blir møtt med anerkjenning, respekt og omsorg. Den profesjonelle vaksne i Kleppbarnehagen skal vera varm og tydeleg, og dermed ha ein autoritativ vaksenstil. Dette er grunnpilaren for barn si oppleving av kvalitet. Kvalitet i barnehagen i Klepp skal ein kunna sjå i profesjonaliteten og praksisen til dei tilsette. 6

7 Rammer for barnehagen i Klepp Foreldre i Klepp skal oppleva opptaksreglar som er fleksible og tilpassa barna og familien sine behov. Kleppbarnehagen skal ha eit fysisk miljø som fremjar alle barn si utvikling, som har ein estetisk dimensjon og som bidreg til eit allsidig tilbod av aktivitetar. Utforminga av det fysiske miljøet skal støtta barna si læring. Barnehagebruksplanen, vedteken av Hovudutval for skule og barnehage , slår fast at det skal vera ein styrar i kvar barnehage. Barnehagane skal ikkje vera større enn 8 10 avdelingar. Kommunestyret i Klepp har vedteke at innan 2020 skal 50 % av personalet i barnehagane ha barnehagelærarutdanning. Resten av personalet bør ha fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller anna relevant utdanning. Det er eit mål å rekruttera fleire menn og fleire med migrasjonskompetanse. I planperioden skal det arbeidast for å utvida tida til pedagogisk planlegging, støtte og utvikling til beste for barna. Vaksendekking i barnehagane i Klepp har dei siste 20 åra vore 1 vaksen pr. 3 barn under 3 år og 1 vaksen pr. 6 barn over 3 år. Denne norma er viktig for å oppretthalda kvalitetsnivået. Lov om barnehagar 10 m. merknader seier at rettleiande norm for leikeareal inne er 4 m2 for barn over 3 år og 1/3 meir for barn under 3 år. Norma for leikeareal har i Klepp kommune vore 4 m 2 for barn over 3 år og 5,5 m 2 for barn under 3 år. Klepp kommune reknar og som eit minimum at leikearealet ute skal vera 6 gangar så stort som godkjent leikeareal inne. Desse minimumskrava for leikeareal blir også vidareførte. 7

8 DEL 3: satsingsområda Barn i Klepp skal oppleva rett innsats i rett tid. Dette skal gjelda uansett føresetnader og bakgrunn. Forsking har grundig dokumentert at grunnlaget for eit god liv blir lagt i barnehagealder. Barnehagane i Klepp har mange born med fleirspråkleg bakgrunn, og Kleppbarnehagen skal sørgja for at alle born blir inkluderte og får delta i fellesskapet. I barnehagealderen blir grunnlaget lagt for god helse og meistring, både fysisk og psykisk. Gutar og jenter skal ha likeverdige forhold i barnehagen. Det inneber at personalet er bevisste på mekanismar som forsterkar kjønnsrollene. Mangfald og inkludering Tett foreldresamarbeid Autoritative, omsorgsfulle vaksne Tidleg innsats Styrka tverrfagleg samarbeid Tilstrekkjeleg og kompetente og varierte tilsette Fleksible opptaksreglar Godt, trygt psykososialt miljø 8

9 DEL 4: Implementering - Kleppbarnehagane som lærande organisasjonar Kleppbarnehagane nyttar Utdanningsdirektoratet sin ståstadsanalyse og foreldreundersøking for å finna eigne område for satsing. Vidare vert det halde barnesamtalar og drive pedagogisk dokumentasjon. For å realisera både dei felles satsingsområda og områda som blir avdekka gjennom barnehagen sine eigne analysar, må både personalet og organisasjonen læra og endra seg. Kvar barnehage må ha ein utviklingsplan ( årsplan) med plan for kompetanseutvikling. Barnehagebasert kvalitetsutvikling handlar om at organisasjonen sjølv avdekkjer kva område dei må ta tak i og utvikla. Implementering av statlege og kommunale føringar skal også støtta opp om barna og foreldra sine innspel og behov. Barnehagebasert kompetanseutvikling inneber at tilsette på ulike måtar skaffar seg kompetanse for å realisera kvalitet i tilbodet til barna. Leiarane sitt arbeid med kompetanse- og kvalitetsutvikling er avgjerande for tilbodet til barna. Implementeringa av intensjonar og tiltak i denne planen blir vurdert i samband med kvar årsrapport. Denne kvalitetplanen er vedteken av hovudutvalet for skule og barnehage i møte 21. januar

10 10

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING 2016-2019

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING 2016-2019 PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING 2016-2019 BARNEHAGANE OG BARNEHAGESEKTOREN i KLEPP KOMMUNE 1 Klepp kommune Del 1: Grunnlaget Del 2: Område for kvalitetsarbeid Del 3: Satsingsområda Del 4: Implementering Del

Detaljer

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING BARNEHAGANE og BARNEHAGESEKTOREN. Klepp kommune. Barna vår framtid

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING BARNEHAGANE og BARNEHAGESEKTOREN. Klepp kommune. Barna vår framtid ETAT FOR SKULE OG BARNEHAGE Postadresse: Klepp kommune Postboks 25 4358 Kleppe PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING 2018-2020 BARNEHAGANE og BARNEHAGESEKTOREN Klepp kommune www.klepp.kommune.no E-post: postmottak@klepp.kommune.no

Detaljer

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Fylkesmannen i Sogn og Fjordane til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Rammeplan for barnehagen Utdannings og oppvekstmøte 31. mai 1. juni 2017 Rammeplanen som styringsdokument Rammeplan for barnehagens

Detaljer

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING ETAT FOR SKULE OG BARNEHAGE 2013-2015 Innhald 1. Bakgrunn 2. Visjon 3. Verdiar 4. Hovudfokus 5. Forbetringsområda 6. Satsingsområda Klepp kommune Vedteken av Hovudutvalet for

Detaljer

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst PLAN- OG VURDERINGSARBEID I FYRESDAL BARNEHAGE 2017-2018 Vedlegg til årsplanen. August 2017 Formål "ehagen skal i samarbeid og forståelse med hjemmet ivareta

Detaljer

Utviklingsplan Borsheim barnehage Vi skaper livsglede med autoritative vaksne og medverkande barn. Tryggleik, respekt og inkludering

Utviklingsplan Borsheim barnehage Vi skaper livsglede med autoritative vaksne og medverkande barn. Tryggleik, respekt og inkludering Utviklingsplan Borsheim barnehage 2016-2018 Vi skaper livsglede med autoritative vaksne og medverkande barn. Tryggleik, respekt og inkludering 1. Overordna rammer Borsheim barnehage Borsheim barnehage

Detaljer

Målet vårt er å saman med foreldra gi borna ein trygg og god barndom, der dei får utvikle seg til å bli den beste utgåva av seg sjølv.

Målet vårt er å saman med foreldra gi borna ein trygg og god barndom, der dei får utvikle seg til å bli den beste utgåva av seg sjølv. Målet vårt er å saman med foreldra gi borna ein trygg og god barndom, der dei får utvikle seg til å bli den beste utgåva av seg sjølv. Innhald Innleiing s. 2 Verdigrunnlag s. 3 Resultatleiing Sjumilssteget

Detaljer

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Barnehage til beste for barn

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Barnehage til beste for barn Barnehage til beste for barn Barnehagen inn i framtida Tidleg innsats Best mogeleg barnehagetilbod for alle barn + Starten på utdanningsløpet (i samanhengande læringsmiljø) + Fullført utdanningsløp = Økonomisk

Detaljer

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO 2014-2017

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO 2014-2017 Giske kommune Ord blir handling Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO 2014-2017 Vedteken av Giske kommunestyre 12. desember 2013 Innleiing Kvalitetsplanen er Giske kommune sin plan for kvalitetsutvikling

Detaljer

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9.

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9. NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE Gjeldande frå 1. august Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9. oktober 2017 Innhald Kva er hensikta med ein rammeplan? Litt historikk

Detaljer

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Fylkesmannen i Sogn og Fjordane til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Rammeplan for barnehagen Fagdagane i Loen 7. 8. juni 2017 Rammeplanen som styringsdokument Rammeplan for barnehagens innhold

Detaljer

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Bakgrunn for meldinga - KD Nesten alle barn går i barnehage Summen små barn i barnehage har auka betrakteleg seinare åra Trygge barnehagar med høg kvalitet For stor skilnad i kvaliteten på det allmennpedagogiske

Detaljer

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE 2013-2014 VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET Målekartet bygger på prinsippa i Balansen og kommunen sin visjon for barnehage, skule, kulturskule og

Detaljer

Årsplan for. barnehagane i Nordsido oppvekstområde. Hatlestrand, Ølve og Varaldsøy

Årsplan for. barnehagane i Nordsido oppvekstområde. Hatlestrand, Ølve og Varaldsøy Kvinnherad kommune Nordsido oppvekstområde www.hatlestrand.oppvekstsenter.no Årsplan for 2018/19 barnehagane i Nordsido oppvekstområde Hatlestrand, Ølve og Varaldsøy Overordna mål for Nordsido oppvekstområde:

Detaljer

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Bakgrunn for meldinga - KD Nesten alle barn går i barnehage Summen små barn i barnehage har auka betrakteleg seinare åra Trygge barnehagar med høg kvalitet For stor skilnad i kvaliteten på det allmennpedagogiske

Detaljer

Du må tru det for å sjå det

Du må tru det for å sjå det Du må tru det for å sjå det Opplysnings- og meldeplikta Assistent Barnehageeiga til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Familie Pedagogisk leiar Fylkesmannen Barnekonvensjonen Diskrimineringsforbodet,

Detaljer

Årsplan / Utviklingsplan for Orre barnehage Magiske øyeblikk i kvardagen!

Årsplan / Utviklingsplan for Orre barnehage Magiske øyeblikk i kvardagen! Årsplan / Utviklingsplan for Orre barnehage 2016-2018 Magiske øyeblikk i kvardagen! Årsplan / Utviklingsplan Orre barnehage 2016-2018 Presentasjon av barnehagen Orre barnehage er en kommunal barnehage

Detaljer

Osterøy kommune ÅRSPLAN VALESTRAND BARNEHAGE SAMAN FÅR ME VERDES VIKTIGSTE VERDIAR TIL Å VEKSA.

Osterøy kommune ÅRSPLAN VALESTRAND BARNEHAGE SAMAN FÅR ME VERDES VIKTIGSTE VERDIAR TIL Å VEKSA. Osterøy kommune VALESTRAND BARNEHAGE SAMAN FÅR ME VERDES VIKTIGSTE VERDIAR TIL Å VEKSA. F Innhald FORORD... 2 VISJON OG VERDIAR... 3 SATSNINGSOMRÅDAR... 4 UTELEIK:... 4 TIDLEG INNSASTS:... 4 BORNS TRIVSEL

Detaljer

PLAN FOR KOMPETANSEHEVING

PLAN FOR KOMPETANSEHEVING PLAN FOR KOMPETANSEHEVING Harøy barnehage, 2014-2020 «En god barnehage krever kompetente ledere og faglig reflekterte voksne. De ansattes kompetanse er den viktigste enkeltfaktoren for at barn skal trives

Detaljer

Barnehage til beste for barn

Barnehage til beste for barn Barnehage til beste for barn Fagdag Etikk, danning og læring Region Sogn til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Assistent Barnehageeigar til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Pedagogisk leiar

Detaljer

Innhald. Innleiing s. 4. Formål s. 6. Språk, kultur og natur s. 8. Leik og læring s.10. Barnehagen som lærande organisasjon s.12. Sluttord s.

Innhald. Innleiing s. 4. Formål s. 6. Språk, kultur og natur s. 8. Leik og læring s.10. Barnehagen som lærande organisasjon s.12. Sluttord s. Innhald Innleiing s. 4 Formål s. 6 Språk, kultur og natur s. 8 Leik og læring s.10 Barnehagen som lærande organisasjon s.12 Sluttord s.15 Innleiing Lov om barnehager 2: Barnehagens eier kan tilpasse rammeplanen

Detaljer

UTVIKLINGSPLAN / ÅRSPLAN FOR STORHAUG BARNEHAGE

UTVIKLINGSPLAN / ÅRSPLAN FOR STORHAUG BARNEHAGE UTVIKLINGSPLAN / ÅRSPLAN FOR STORHAUG BARNEHAGE 2017-2018 1. STORHAUG BARNEHAGE 2017 2018 Presentasjon av barnehagen Storhaug barnehage er ein 7-avdelings barnehage som ligg litt utanfor Kleppe sentrum

Detaljer

Barnehageplan for Vinje kommune 2015-2019

Barnehageplan for Vinje kommune 2015-2019 Barnehageplan for Vinje kommune 2015-2019 Vedteken i Kommunestyret, sak 14/82, 11.12.2014 Planen er eit overordna politisk vedteke dokument for barnehagane i Vinje kommune. Planen inneheld felles satsingsområde

Detaljer

LEIK, LÆRING OG UTVIKLING BRUNKEBERG OPPVEKSTSENTER

LEIK, LÆRING OG UTVIKLING BRUNKEBERG OPPVEKSTSENTER LEIK, LÆRING OG UTVIKLING BRUNKEBERG OPPVEKSTSENTER Fotograf: Ragnhild Kvålseth5 år ÅRSPLAN FOR BARNEHAGEN 2015-2016 Barnehagen jobbar ut ifrå barnehagelova og forskrifta Rammeplan for barnehagens innhald

Detaljer

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON : Årsplan 2007 2008 ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON : Vi vardar vegen Varde er nemninga på ein haug med steinar som vert lødd opp som vegmerking. På veg til den store varden der målet er, passerer vi

Detaljer

Årsmelding for Urhei barnehage

Årsmelding for Urhei barnehage Årsmelding for Urhei barnehage 2014 15 Målekartet byggjer på Prinsippa i «Balansen» og kommunen sin visjon for barnehage, skule, kulturskule og vaksenopplæring: Alle barn/elevar opplever kvar dag læring

Detaljer

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME Kvalitetsplanen er eit overordna styringsdokument. Det vert utarbeidd lokale handlingsplanar og årshjul på skulane som konkretiserer innhald og form. Organisering

Detaljer

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet. Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet. Dette notatet skisserer innhald og kan brukast som eit utgangspunkt for drøftingar og innspel. Me ynskjer særleg

Detaljer

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET Sss Levande kulturarv Frå jord til bord Utforsking og læring gjennom digitale verkty Tarkus - barnas trafikkvenn Vennskap og inkludering FOKUSOMRÅDE Friskus og fysisk

Detaljer

Kvalitetskriterium i PP-tenesta

Kvalitetskriterium i PP-tenesta Kvalitetskriterium i PP-tenesta For å hjelpe kommunar og fylkeskommunar til å utvikle PP-tenesta har Utdanningsdirektoratet utforma fire kvalitetskriterium for PP-tenesta. Føremålet med kriteria er å medverke

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING I TYSNESBARNEHAGANE

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING I TYSNESBARNEHAGANE 2015 HANDLINGSPLAN MOT MOBBING I TYSNESBARNEHAGANE Wenche Fagerbakk Tysnesbarnehagane 09.11.2015 Hovudmål: Barnehagane har nulltoleranse mot mobbing. Delmål: Alle tilsett skal jobbe aktivt for å oppretthalde

Detaljer

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing. 2014 Manifest mot mobbing 2014-2018 Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing. Barnehage, skule og kultur i Bjerkreim kommune Rune Andersen

Detaljer

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring. ÅRSPLAN 2006-2007 Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.» Velkommen til barnehageåret 2006-2007!

Detaljer

Saksframlegg. Saksnr Utval Type Møtedato 008/17 Tenesteutvalet PS Saksnr Utval Type Møtedato 005/17 Formannskapet PS

Saksframlegg. Saksnr Utval Type Møtedato 008/17 Tenesteutvalet PS Saksnr Utval Type Møtedato 005/17 Formannskapet PS Saksframlegg Saksnr Utval Type Møtedato 008/17 Tenesteutvalet PS 17.01.2017 Saksnr Utval Type Møtedato 005/17 Formannskapet PS 19.01.2017 Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Wenche Gloppen FA - C83, TI - &13

Detaljer

«TO FRAM» -Leiarskap i barnehagen gjennom ny rammeplan

«TO FRAM» -Leiarskap i barnehagen gjennom ny rammeplan «TO FRAM» -Leiarskap i barnehagen gjennom ny rammeplan Utviklingsarbeid for leiarskap i barnehagesektoren i Sula og Giske kommunar i samarbeid med Ringer i vann - 2020 SATSINGSOMRÅDE VERDIAR Side 3 PROFILERING

Detaljer

Trygge og gode barnehage- og skulemiljø

Trygge og gode barnehage- og skulemiljø Trygge og gode barnehage- og skulemiljø Om individuelle, sosiale og kontekstuelle faktorar som formar eit miljø Randi M. Sølvik, 25.okt 2017 Læringsmiljøsenteret.no Trygge og gode barnehage- og skulemiljø

Detaljer

Utviklingsplan/årsplan. Engelsvoll barnehage

Utviklingsplan/årsplan. Engelsvoll barnehage Utviklingsplan/årsplan Engelsvoll barnehage 2016-2018 Engelsvoll barnehage. Presentasjon Engelsvoll barnehage er en kommunal barnehage som ligger fint til ved Frøylandsvatnet på Klepp stasjon. Like ved

Detaljer

Kvalitetsplan for SFO

Kvalitetsplan for SFO Kvalitetsplan for SFO Klepp kommune Innleiing I 2013 blei det laga ei «SFO handbok». Handboka er ein reiskap for SFO-leiarane, der ein skal kunne finna det meste av informasjon som det gjeld skulefritidsordningane

Detaljer

Saksgang. Møtedato Saksnr. Kultur- og oppvekstutvalet /05. Sakshandsamar: Arkiv: K2-A10 Arkivsaknr Runa Nybakk Objekt 04/33

Saksgang. Møtedato Saksnr. Kultur- og oppvekstutvalet /05. Sakshandsamar: Arkiv: K2-A10 Arkivsaknr Runa Nybakk Objekt 04/33 FLORA KO MMUNE Saksgang. Møtedato Saksnr. Kultur- og oppvekstutvalet 01.11.2005 045/05 Sakshandsamar: Arkiv: K2-A10 Arkivsaknr Runa Nybakk Objekt 04/33 FRAMLEGG TIL REVIDERT RAMMEPLAN FOR BARNEHAGE - HØYRING

Detaljer

"Barnehagen skal ved å ta utgangspunkt i borna sine interesser legge til rette for læring i både formelle og uformelle situasjonar

Barnehagen skal ved å ta utgangspunkt i borna sine interesser legge til rette for læring i både formelle og uformelle situasjonar Strategi for Innhald og oppgåver i barnehagen 2011-2014 Sogndal kommune Visjon og pedagogisk plattform: 1 2 3 ALLE MED Barnehagane i Sogndal skal: ha plass til alle ha tilsette som arbeider for ein barnehage

Detaljer

Saman om Ørstabarnehagen

Saman om Ørstabarnehagen Saman om Ørstabarnehagen 2017-2019 26.09.2017 Lokal rammeplan for Ørstabarnehagen - Ny rammeplan for barnehagen 13.09.17 Reidun Mo, seksjonsleiar barnehage Ørsta 1 26.09.2017 Lokal rammeplan for Ørstabarnehagen

Detaljer

Bø kommune. Plan for kvalitetsutvikling i barnehagane 2015-2018

Bø kommune. Plan for kvalitetsutvikling i barnehagane 2015-2018 Bø kommune Plan for kvalitetsutvikling i barnehagane 2015-2018 INNHALD 1. Innleiing 2. Styringsdokument 1. Lov om barnehagar 2. Rammeplanen 3. Kompetanse for framtidens barnehage strategi for kompetanse

Detaljer

Utviklingsplan/årsplan. Engelsvoll barnehage

Utviklingsplan/årsplan. Engelsvoll barnehage Utviklingsplan/årsplan Engelsvoll barnehage 2016-2018 Engelsvoll barnehage. Presentasjon Engelsvoll barnehage er en kommunal barnehage som ligger fint til ved Frøylandsvatnet på Klepp stasjon. Like ved

Detaljer

KVALITETSPLAN SKULAR OG BARNEHAGAR

KVALITETSPLAN SKULAR OG BARNEHAGAR Sveio kommune KVALITETSPLAN SKULAR OG BARNEHAGAR 2010-2013 FORORD Plan for kvalitetsutvikling skular og barnehagar 2010-2013 har fokus på retning og målsettingar for arbeidet i området i perioden 2010-2013.

Detaljer

Plan for kvalitet og kompetanse Sund kommunale barnehagar

Plan for kvalitet og kompetanse Sund kommunale barnehagar SUND KOMMUNE Dok.dato: 07.02.2011 Vår Ref: 2011000275-1 Arkiv: N-211 Fysisk aktivitet og helse Natur, miljø og teknikk Drama, musikk, film og forming Språk Overgang barnehageskule Plan for kvalitet og

Detaljer

Trivsel og vekstvilkår

Trivsel og vekstvilkår Trivsel og vekstvilkår Det me veit heilt sikkert: Vaksne sitt samspel med barna pregar barna, og legg grunnlaget for deira mentale helse. Det me skal utforska: Muligheiter og ansvar for å skapa GODE vekstvilkår?

Detaljer

LANGTIDSPLAN FOR BARNEHAGENE I HELSE BERGEN

LANGTIDSPLAN FOR BARNEHAGENE I HELSE BERGEN LANGTIDSPLAN FOR BARNEHAGENE I HELSE BERGEN 2018 2021 Hunstad barnehage Ravnebjerget barnehage Vinterdalen barnehage Vognstølen barnehage «Hvert barn skal bli sett, hørt og stimulert ut fra egne forutsetninger»

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Hovudmål: Barnehagane i Fusa har nulltoleranse mot mobbing. Delmål: Alle tilsette skal jobba aktivt for å oppretthalda eit mobbefritt oppvekstmiljø. Kva er mobbing? Mobbing er

Detaljer

Barnehagebruksplan

Barnehagebruksplan Barnehagebruksplan 2016-2019 1 Vedlegg 4. Vedtekter i kommunale barnehagar Vedtekter i kommunale barnehagar frå 01.01. 2015 1. Eigarforhold og ansvar for drift av barnehagane. Hå kommune eig og driv for

Detaljer

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule Utviklingsplan skuleåret 2015-2016 Varhaug skule Innhald 1 Innleiing 2 Heilskapleg status, læringsresultat og læringsmiljø ved Varhaug skule 2.1 Trendutvikling læringsresultat 2.2 Trendutvikling læringsmiljø

Detaljer

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart Med spent forventning... Skulestart er ei stor hending for alle barn. Dei aller fleste barn og foreldre ser fram til

Detaljer

Barnehagens samfunnsmandat

Barnehagens samfunnsmandat Barnehagens samfunnsmandat Ålesund 24.05.2011 Maren Ørjasæter Aaland Kva er eit samfunnsmandat? 1)Tenk sjølv. 2)Diskuter med sidekvinna/- mannen Samfunnsmandat? Stortinget gir gjennom barnehagelova bhg.

Detaljer

«Kvalitet 2020» Fagsamling mai 2014 Maren Ørjasæter Aaland

«Kvalitet 2020» Fagsamling mai 2014 Maren Ørjasæter Aaland «Kvalitet 2020» Fagsamling mai 2014 Maren Ørjasæter Aaland Strategi for kompetanse og rekruttering 2014-2020 Mål og innhald System for kompetanseutvikling -kompetanseutviklingstiltaka Aktørane sine roller

Detaljer

EID KOMMUNE Møtebok. Høyring - forslag til revidert rammeplan for barnehagen

EID KOMMUNE Møtebok. Høyring - forslag til revidert rammeplan for barnehagen BARNE- OG FAMILIEDEP. ARKIVNR.: O, 0 KASS AR. EID KOMMUNE Møtebok SAKSBEH: SAKSNR.: - 7 NOV 2005 QC) Styre, utval, komite m.m. Motedato i Oppvekst- og kulturstyret 18.10.2005 Avgjerd av: Saksansv.: Haakon

Detaljer

DETTE SEIER lova og rammeplanen AT VI SKAL : OMSORG OG OPPSEDING:

DETTE SEIER lova og rammeplanen AT VI SKAL : OMSORG OG OPPSEDING: Omsorg og oppseding DETTE SEIER lova og rammeplanen AT VI SKAL : OMSORG OG OPPSEDING: «Omsorg, oppdragelse og læring i barnehagen skal fremme menneskelig likeverd, likestilling, åndsfrihet, toleranse,

Detaljer

Arbeid med inkluderende barnehagemiljø

Arbeid med inkluderende barnehagemiljø Arbeid med inkluderende barnehagemiljø 2018-2019 Mål for å sikre kvalitetsutvikling i Borsheim barnehage: Vi skal jobbe systematisk for at alle barn skal få den støtten og oppfølgingen de trenger ut fra

Detaljer

Samskapinga i HAFS. Den gode barnehage- og skuleigar. UO-møte Åsmund Berthelsen

Samskapinga i HAFS. Den gode barnehage- og skuleigar. UO-møte Åsmund Berthelsen Samskapinga i HAFS Den gode barnehage- og skleigar UO-møte 22.11.17 Åsmnd Berthelsen Innhaldet Om samarbeidet/samskapinga i HAFS Vrdering for tvikling. Eksterne vrderinga i HAFS. Ei pedagogisk plattform

Detaljer

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid Kviteseid kommune Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid Vedteke i Hovudutval for Oppvekst og Omsorg (HOO), den 28.01.2015 1. Eigartilhøve Kviteseid kommune eig, driv og fører tilsyn med desse

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Hovedmål: Trollskogen har nulltoleranse mot mobbing Delmål: Alle tilsett skal jobbe aktivt for å oppretthalde eit mobbefritt oppvekstmiljø i Trollskogen. Kva er mobbing? Mobbing

Detaljer

Ørskog kommune Kvalitetsplan for utvikling av oppvekstområdet i perioden Vedteken av Ørskog kommunestyre

Ørskog kommune Kvalitetsplan for utvikling av oppvekstområdet i perioden Vedteken av Ørskog kommunestyre Ørskog kommune Kvalitetsplan for utvikling av oppvekstområdet i perioden 2015 2018 Vedteken av Ørskog kommunestyre 12.02.15 Innleiing Kvalitetsplanen for oppvekstområdet i Ørskog kommune omtalar satsingsområde

Detaljer

Informasjonshefte Tuv barnehage

Informasjonshefte Tuv barnehage Informasjonshefte Tuv barnehage Informasjonshefte for Tuv barnehage Barnehagen blir drevet av Hemsedal kommune. Barnehagen er politisk lagt under Hovudutval for livsløp. Hovudutval for livsløp består av

Detaljer

Kvalitetsplan for SFO

Kvalitetsplan for SFO Kvalitetsplan for SFO Klepp kommune Innleiing I 2013 blei det laga ei «SFO handbok». Handboka er ein reiskap for SFO-leiarane, der ein skal kunne finna det meste av informasjon som det gjeld skulefritidsordningane

Detaljer

Barns leik og vennskap. Utviklingsarbeid i Mork barnehage hausten våren 2018

Barns leik og vennskap. Utviklingsarbeid i Mork barnehage hausten våren 2018 Barns leik og vennskap Utviklingsarbeid i Mork barnehage hausten 2015- våren 2018 Skal vi vere venner? https://www.youtube.com/watch?v=etekkebxz m0 PROSJEKTPLAN MORK BARNEHAGE På leiarmøtet våren 2015

Detaljer

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING» NASJONAL SATSING STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING» Innføring av valfag Auka fleksibilitet Varierte arbeidsmåtar Eit meir praktisk og relevant ungdomstrinn beherske grunnleggande

Detaljer

ÅRSPLAN FOR BEITO BARNEHAGE 2014-2015

ÅRSPLAN FOR BEITO BARNEHAGE 2014-2015 ÅRSPLAN FOR BEITO BARNEHAGE 2014-2015 VÅR VISJON: VI BRYR OSS OM, TEK VARE PÅ OG ER UNDERVEGS. 1 KVA ER EIN ÅRSPLAN? Ein årsplan er eit oversyn over den pedagogiske verksemda i barnehagen gjennom eitt

Detaljer

Utviklingsplan skuleåret Tu skule Læringsleiing i det digitale klasserommet

Utviklingsplan skuleåret Tu skule Læringsleiing i det digitale klasserommet Utviklingsplan skuleåret 2017-2018 Tu skule Læringsleiing i det digitale klasserommet Innleiing Utviklingsplanen synar korleis skulen vil vidareutvikla det pedagogiske arbeidet og i kva retning skulen

Detaljer

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage Regnbogen Natur-og kulturbarnehage Om å vera på - vår forståing av vaksenrolla i uterommet Kva vil det seie å vera ein deltakande/engasjert vaksen i ungane sitt læringsmiljø? - Her tenkjer vi at ungane

Detaljer

HÅ KOMMUNE VIGRE SKULE OG BARNEHAGE

HÅ KOMMUNE VIGRE SKULE OG BARNEHAGE HÅ KOMMUNE VIGRE SKULE OG BARNEHAGE MÅLEKART FOR VIGRE SKULE OG BARNEHAGE - 2009 BAKGRUNN FOR MÅLEKARTET Målekartet til Vigre skule og barnehager er laga på bakgrunn av Balansen! som er Hå kommune sitt

Detaljer

Kva er nytt i rammeplanen?

Kva er nytt i rammeplanen? Kva er nytt i rammeplanen? «På ramme alvor» Molde 14.09.17 Bodil Grindvik Uri 1 Overordna mål for ny rammeplan Samfunnsutvikling og ny kunnskap om barn og barnehagar tilseier fornying; rammeplanen skal

Detaljer

PEDAGOGISK PLAN BARNEHAGANE I LOM. Loar og Garmo barnehage

PEDAGOGISK PLAN BARNEHAGANE I LOM. Loar og Garmo barnehage PEDAGOGISK PLAN BARNEHAGANE I LOM Loar og Garmo barnehage Innhald Felles informasjon om Loar og Garmo Visjon Målsettingar Felles pedagogisk plattform verdisyn, læringssyn, barnesyn Krav i rammeplan Overgang

Detaljer

Vår ref.: Dykkar ref.: Saksbehandlar: Dato: 2013/291-10/A10 Marianne Bolghaug

Vår ref.: Dykkar ref.: Saksbehandlar: Dato: 2013/291-10/A10 Marianne Bolghaug Aukra kommune Kunnskapsdepartementet Vår ref.: Dykkar ref.: Saksbehandlar: Dato: 2013/291-10/A10 Marianne Bolghaug 20.01.2017 Høyringssvar - "forslag til ny forskrift om rammeplan for barnehagens innhold

Detaljer

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

KOMPETANSE I BARNEHAGEN Side 1 Rådmannen Vår ref: 2010/2296 Dato: 29.06.2010 KOMPETANSE I BARNEHAGEN PLAN FOR KVINNHERAD KOMMUNE 2010 2011 Side 2 BAKGRUNN FOR PLANEN: Kompetanseplanen byggjer på Kunnskapsdepartementet sin strategiplan

Detaljer

PLAN FOR EIT INKLUDERANDE BARNEHAGE- OG SKULEMILJØ

PLAN FOR EIT INKLUDERANDE BARNEHAGE- OG SKULEMILJØ 1 PLAN FOR EIT INKLUDERANDE BARNEHAGE- OG SKULEMILJØ 2018-2020 BAKGRUNN: 1. UTVIKLINGSOMRÅDE OG INNHALD: Stord kommune deltek saman med FOS-kommunane Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad og Sveio i den nasjonale

Detaljer

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar. HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar. Vårt ynskje: Alle barn skal ha eit trygt miljø i barnehagen utan mobbing.

Detaljer

Svar frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane: Høyring av NOU 2012:1 Til barns beste

Svar frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane: Høyring av NOU 2012:1 Til barns beste Sakshandsamar: Bodhild Therese Cirotzki Vår dato Vår referanse Telefon: 03.05.2012 2012/732-610 E-post: fmsfboc@fylkesmannen.no Dykkar dato Dykkar referanse Kunnskapsdepartementet Postboks 8119 Dep 0032

Detaljer

Nasjonale føringar og føresetnader Målsetjing Kvinnherad kommune

Nasjonale føringar og føresetnader Målsetjing Kvinnherad kommune KVINNHERAD KOMMUNE LEIK OG LÆRING HAND I HAND 2011/1908 KVALITET I KOMMUNALE BARNEHAGAR Nasjonale føringar og føresetnader Målsetjing Kvinnherad kommune Barnehagane i Kvinnherad kommune: Standard for kommunale

Detaljer

Riple skule Skulen sitt arbeid med den faglege og sosiale kompetansen til elevane

Riple skule Skulen sitt arbeid med den faglege og sosiale kompetansen til elevane Strategisk plan Riple skule 2012-2016 1. Skulen sitt verdigrunnlag 2. Skulen sitt arbeid med den faglege og sosiale kompetansen til elevane 3. Skulen sin strategi for utvikling av eigen organisasjon 4.

Detaljer

I Borsheim skal vi vere saman om å skape livsglede med autoritative vaksne og medverkande barn.

I Borsheim skal vi vere saman om å skape livsglede med autoritative vaksne og medverkande barn. Utviklingsplan Borsheim barnehage 2014 2016 I Borsheim skal vi vere saman om å skape livsglede med autoritative vaksne og medverkande barn. Borsheim.barnehage@klepp.kommune.no Heimeside: www.minbarnehage.no/borsheim

Detaljer

Årsplan barnehage. Her kan bilde/logo sette inn. Bærumsbarnehagen

Årsplan barnehage. Her kan bilde/logo sette inn. Bærumsbarnehagen Årsplan 20..-20.. barnehage Her kan bilde/logo sette inn Bærumsbarnehagen Innhold Innledning... 2 Årsplan... 2 Barnehagen er en pedagogisk virksomhet... 2 Bærumsbarnehagen... 2 Presentasjon av barnehagen...

Detaljer

Undervegs KVALITETSPLAN FOR SFO BØ KOMMUNE

Undervegs KVALITETSPLAN FOR SFO BØ KOMMUNE Undervegs KVALITETSPLAN FOR SFO BØ KOMMUNE 2016 2019 Innleiing Barn er undervegs og det er mykje å lære på vegen. Som vaksen i SFO har du jobben som barnerettleiar. Men kvalitetsutvikling tyder også at

Detaljer

PLAN FOR INNHALD OG KVALITET I BARNEHAGANE LUSTER KOMMUNE 2011 2017

PLAN FOR INNHALD OG KVALITET I BARNEHAGANE LUSTER KOMMUNE 2011 2017 PLAN FOR INNHALD OG KVALITET I BARNEHAGANE LUSTER KOMMUNE 2011 2017 Innhald 1. Innleiing... 3 2. Overordna styringsmål for barnehagane i Luster kommune... 4 3. Pedagogisk grunnsyn/mål... 7 4. Samarbeid...

Detaljer

Stokkalandsmarka barnehage

Stokkalandsmarka barnehage Stokkalandsmarka barnehage Kontoradresse: Stokkalandsbakken 2, 4362 Vigrestad Postadresse: Stokkalandsbakken 2, 4362 Vigrestad Telefon: 51 43 56 40 Org nr: 964 969 590 ÅRSPLAN 2015-2016 Rammeplanen seier

Detaljer

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Innstilling frå rådmannen: Levekårskomiteen sluttar seg til framlegg til uttale slik det går fram av saksutgreiinga.

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Innstilling frå rådmannen: Levekårskomiteen sluttar seg til framlegg til uttale slik det går fram av saksutgreiinga. Saksframlegg Saksmappe Saksbehandlar 2017/163-9 Astri Måkestad Saksgang Saksnr Utval Møtedato Levekårskomiteen Endringar i barnehagelova - høyring Innstilling frå rådmannen: Levekårskomiteen sluttar seg

Detaljer

Generell Årsplan 2012-2015. Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Generell Årsplan 2012-2015. Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start Generell Årsplan 2012-2015 Barnehageeininga Samnanger kommune Saman om ein god start 1 Organisering. Barnehageeininga har ein felles einingsleiar og styrar på kvar barnehage. Opptakskrins og plassering.

Detaljer

SAKSDOKUMENT. Sakshandsamar: Øystein Johansen Arkivsaknr: 2015/ /2015 Arkiv: Utvalsaksnr Utval Møtedato Driftsutvalet

SAKSDOKUMENT. Sakshandsamar: Øystein Johansen Arkivsaknr: 2015/ /2015 Arkiv: Utvalsaksnr Utval Møtedato Driftsutvalet SANDE KOMMUNE 6084 Larsnes Tlf. 70 02 67 00 Fax 70 02 67 01 sande.kommune@sande-mr.kommune.no www.sande-mr.kommune.no SAKSDOKUMENT Sakshandsamar: Øystein Johansen Arkivsaknr: 2015/249-684/2015 Arkiv: Utvalsaksnr

Detaljer

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE Alle barn skal ha eit trygt miljø i barnehagen utan mobbing. Godkjent i styrarmøte 21.06.16 INNHALD 1. Bakgrunn 2. Kva er mobbing? 3.

Detaljer

BARNEHAGANE vbnmqwertyuiopasdfghjklzxcvbnmq. KVINNHERAD KOMMUNE wertyuiopasdfghjklzxcvbnmqwertyui

BARNEHAGANE vbnmqwertyuiopasdfghjklzxcvbnmq. KVINNHERAD KOMMUNE wertyuiopasdfghjklzxcvbnmqwertyui Qwertyuiopasdfghjklzxcvbnmqwerty uiopasdfghjklzxcvbnmqwertyuiopasd fghjklzxcvbnmqwertyuiopasdfghjklzx cvbnmqwertyuiopasdfghjklzxcvbnmq wertyuiopasdfghjklzxcvbnmqwertyui KOMPETANSEPLAN opasdfghjklzxcvbnmqwertyuiopasdfg

Detaljer

PLAN FOR KOMPETANSEHEVING

PLAN FOR KOMPETANSEHEVING PLAN FOR KOMPETANSEHEVING Harøy barnehage, 2014-2020 «En god barnehage krever kompetente ledere og faglig reflekterte voksne. De ansattes kompetanse er den viktigste enkeltfaktoren for at barn skal trives

Detaljer

Handlingsprogram for vidaregåande opplæring for perioden

Handlingsprogram for vidaregåande opplæring for perioden Side 1 av 5 Saksframlegg Saksbehandlar: Kenth Rune T. Måren, Opplæringsavdelinga Sak nr.: 15/12025-2 Handlingsprogram for vidaregåande opplæring for n 2016 2017 Fylkesdirektøren rår hovudutval for opplæring

Detaljer

Kompetanseplan for barnehagane i Stord kommune Foto: Mariann Steinsland

Kompetanseplan for barnehagane i Stord kommune Foto: Mariann Steinsland Kompetanseplan for barnehagane i Stord kommune 2017 Foto: Mariann Steinsland Innleiing Kommunane får kvart år melding frå fylkesmannen om høve til å søkja om sentrale midlar til arbeid med å heva kompetansen

Detaljer

RAMMEPLAN. for innhaldet i og oppgåvene. til barnehagen

RAMMEPLAN. for innhaldet i og oppgåvene. til barnehagen RAMMEPLAN for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen Innleiing 4 DEL 1 SAMFUNNSMANDATET TIL BARNEHAGEN 7 KAPITTEL 1 Formålet, verdigrunnlaget og oppgåvene til barnehagen 10 1.1 Verdigrunnlaget til barnehagen

Detaljer

GLOPPEN KOMMUNE Sakspapir

GLOPPEN KOMMUNE Sakspapir i -0'_::.:: ---N KOMMUNE _- - -: GLOPPEN KOMMUNE Sakspapir r' I Styre, utval komite m.m. Møtedato Sakser O vekstutvalet Avgjerd av : Oppvekstutvalet Arkiv: Al Arkivsaker.: Saksbehandlar : Arne Eikenes

Detaljer

HANDLINGSPLAN FOR GLØD Hordaland

HANDLINGSPLAN FOR GLØD Hordaland HANDLINGSPLAN FOR GLØD Hordaland 2012-16 GLØD - prosjektet møter kompetanse- og rekrutteringsutfordringane i barnehagesektoren GLØD - prosjektet vart starta våren 2012 av Kunnskapsdepartementet. Prosjektet

Detaljer

Kompetanseplan for barnehagane i Stord kommune 2014 2013. Foto: Mariann Steinsland

Kompetanseplan for barnehagane i Stord kommune 2014 2013. Foto: Mariann Steinsland Kompetanseplan for barnehagane i Stord kommune 2014 2013 Foto: Mariann Steinsland Innhald Kompetanseplan for barnehagane i Stord kommune 2014... 0 Sentral satsing... 3 Pedagogisk leiing barnehagen som

Detaljer

Ungdomsplan. for Balestrand kommune. Barn frå Fjordtun på Galdhøpiggen

Ungdomsplan. for Balestrand kommune. Barn frå Fjordtun på Galdhøpiggen Ungdomsplan for Balestrand kommune Barn frå Fjordtun på Galdhøpiggen Balestrand mai 2014 1 INNHALD 1. Bakgrunn for planen... side 3 1.1 Førebyggande innsats er forankra i lov og regelverk. side 4 2. Rullering

Detaljer

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI ARBEIDSGJEVARSTRATEGI PersonalPolitiske verdiar Stram arbeidsmarknad Vi vil: vera opne og ærlege Vi vil: samarbeida Auka behov for arbeidskraft Vi vil: visa respekt og likeverd for kvarandre Vi vil: gi

Detaljer

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

UTVIKLINGSPLAN Bø skule UTVIKLINGSPLAN 2018-2019 Bø skule 1.0 Mål... 3 1.1 Lesing... 3 1.2 Inkluderande og trygt skulemiljø... 3 2.0 Nå-situasjonen ved Bø skule... 3 2.1 Nå-situasjonen knyta til lesing... 3 2.2 Nå-situasjonen

Detaljer

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD Vedtatt av Seljord formannskap i sak 20/12, 9.2.2012. Administrativt revidert 1.september 2014 1. Eigar- og driftsforhold. Seljord kommune eig og driv barnehagane i

Detaljer

Ny Øyra skule. Pedagogisk plattform

Ny Øyra skule. Pedagogisk plattform Ny Øyra skule Pedagogisk plattform PEDAGOGISK PLATTFORM Visjon Øyra skule vil arbeide for å nå dei overordna nasjonale målsettingane i Kunnskapsløftet gjennom ein inkluderande skule med mottoet: Ein god

Detaljer