Dei 11 bilane til Fridtjof Juleevangeliet i 2011 oversetjing Side 44

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Dei 11 bilane til Fridtjof Juleevangeliet i 2011 oversetjing Side 44"

Transkript

1 Jula årgang Laussal kr. 50,- Børsdalsnissen møter blånissen. Les meir side Seks politikarar om Dagens bruk av pc og mobil Uskedalen Side Side Dei 11 bilane til Fridtjof Juleevangeliet i 2011 Side 5-9 oversetjing Side 44

2 USKEDALSPOSTEN Side 2 Leiar Framleis gode kort på handa For 4 år sidan, då det også hadde vore val, skreiv vi på denne plassen i Uskedalsposten at bygda hadde gode kort på handa. Då hadde vi fått valt inn 4 representantar i kommunestyret og så godt representert hadde ikkje bygda vore sidan talet då det var 9 og 7 i 2 periodar. Forventningane var naturleg nok store og vi spurte: Kva kan vi venta av dei? No har vi fått vald inn 6 og det er enda større grunn til å stilla dette spørsmålet. Det gjer vi på annan plass i bladet. Som Kjell Yri heilt rett strekar under er dei 6 innvalde av veljarane i heile kommunen. Det er etter dette valet særleg grunn til å peika på dette i kjølvatnet av den håplause og negative diskusjonen om indre og ytre luten. Det er grunn til å venta at dei ikkje urettmessig set noko del av kommunen til side i ei gitt situasjon, Men det er rart med det. Som Yri også peikar på står Uskedalen deira hjarta nærmast Det vil vera naturleg at dei 6 alltid er på tå hev for bygda vår. Men Børnes er også eit godt kort som ikkje bør forsømmast og vi har venta svært lenge på det kommunale initiativ som no er teke. Gang- og sykkelvegen frå brua og til Børnes er i grunnen ein naturleg del av det heile. Andre saker bør også vera aktuelle, vi tenkjer ikkje minst på ein sentrumsplan/analyse fordi vi snart må få veta kor det bør byggjast og vi treng eit meir konsentrert sentrum. Bustadbyggjinga bør få farten opp i kommande periode og Uskedalen ligg i teten i Kvinnherad med over 100 tomter. No står berre marknadsføringa att! På denne plassen skal vi ikkje gå meir i detalj om akkurat det men det er også ei sentral oppgåve å selja bygda meir effektivt. Vi har mange gode kort på handa også med omsyn til miljø og fritid og dugnadsånda har kanskje aldri vore sterkare. Kva skal dei så prioritera av oppgåver som kommunen har herredømme over? Delvis i motsetnad til sist er dei gledeleg nok svært samde. Skulen, gangveg mot Børnes og Børnes industriområde går att som dei 3 viktigaste oppgåvene og vi får tru at einigheit skaper styrke også i dette høvet. Skulen står øverst på lista og heile kommunestyret vil truleg gå inn for byggjestart neste haust. 15 millionar som står på langtidsbudsjettet er ikkje all verden men i første omgang får vi ta til takke med det sjølv om det ikkje aukar kapasiteten. Elevauken har vore stor og gledeleg i det siste og vi får vona at han held fram og legg grunnlaget for ny utviding. Eit av dei beste korta vi har på handa er slagordet Bu i Uskedalen Underforstått: Då kan du gjerne arbeida ein annan stad. Ola Matti Mathisen

3 USKEDALSPOSTEN Side 3 No koma Guds englar Elias Blix noregs største salmediktar vart minna i Uskedalen Kyrkje for nokre vekar sidan. Uskedalsposten bringar her ein av de mest kjende salmane hans. No koma Guds englar som han skreiv i Elias Blix vart født 1836, død No koma Guds englar med helsing i sky. Guds fred og velsigning dei bjoda. No stig ifrå jordi ein helgasong ny, som skal gjennom himmelen ljoda: Guds fred og vel møtt, du barn som er født! Vår fredsfyrste høgt vere lova. Til frelsa den fyrste er kåra og krynd og komen til løysing og lukka for menneskeborn som er fødde i synd og alt uti vogga må sukka. Guds fred med dei små som honom fekk sjå! Vår fredsfyrste høgt vere lova! I djupaste mørker vart himmelen klår, då stjerna av Jakob seg viste. I hardaste vetter det grønkar av vår, og fagraste knupp spring av kviste. Guds fred og god jol med sumar og sol! Vår fredsfyrste høgt vere lova! Der ute er jordi så isande kald og trei stend svarte i skogen. Men Isai stuv, som til frelsa er vald, skyt livskvisten fager og mogen. Guds fred med den tein av grønkande grein! Vår fredsfyrste høgt vere lova! No stjerna frå Betlehem lyser om land frå høgsal til armaste hytta. Det ljosnar så vent over dalar og strand der inn hennar strålar få glytta. Guds fred over mold! Vår sol og vårt skjold, Vår fredsfyrste høgt vere lova! No ljodar ein lovsong frå alle Guds born, på alle folks tunger dei kveda. Så vide som klokkone tima frå tårn, stig tonar av hugnad og gleda. Alt kling som i kor: Guds fred over jord! Vår fredsfyrste høgt vere lova! Lat gjetordet ganga frå grend og til grend, så vida som tunga kan mæla, om Sonen som er oss frå himmelen send all verdi til siger og sæla! Syng ut i kvar bygd: Guds fred ifrå høgd! Vår fredsfyrste høgt vere lova! Den freden meg fylgje frå vogga til grav, meg hugge i såraste suter! Så seier eg når eg frå verdi fer av og døyande hovudet luter: Guds fred og farvel! No sovnar eg sæl. Vår fredsfyrste høgt vere lova!

4 USKEDALSPOSTEN Side 4 No koma Guds englar og Kling no klokka av Elias Blix er to viktige og store julesamlar i kyrkja vår. Vi syng salmane, men tenkjer sjeldan over kva teksten tyder og fortel oss. Det kan vera nyttig med ei tekstforståing av No koma Guds englar med helsing i sky, skriven i 1870 og gjort kjend i julenummeret av Svein Urædd. I talande naturbilete vert himmel og jord knytte saman, noko som er typisk for mange av Blix sine tekstar. Tema er: Om å tola motgang. Salmen spelar på kontrastane i menneskelivet. Fredsfyrsten skal vera lova frå vogga til grav. I dei fire fyrste versa fortel og skildrar Blix det som hender ved juletid. At Guds englar kjem med helsing i sky, er som henta rett ut or juleevangeliet. Bruken av det enkle ordet no, gjer det nærverande. Omkvedet Vår fredsfyrste høgt vere lova vert teke opp att i kvart einaste av dei åtte versa. Med dette vert vi minna på at fredsfyrsten er sendt oss frå Gud. Til frelsa er stikkordet i andre verset. Bakgrunnen er menneska sin tilstand av synd. I tredje verset vert vi minna på kontrastane myrke/ljos og kulde/varme. Ja, diktaren skriv: Guds fred og god jol med sumar og sol Vidare nyttar Blix målande bilete av ei knoppskyting som fører fram det nyfødde barnet, våret som kjem og livet som skyt fart. I vers fem og seks er framleis ljos og fred sentrale ord. Versa tek til med no og fortel oss at bodskapen er aktuell her og no. Jesus er framom alt fredsfyrsten. I vers 7 vert vi minna om misjonsbodet,- Lat gjetordet ganga frå grend og til grend. Sigeren over døden finn vi att i vers 5 i orda: Guds fred over mold. Og i det siste verset vert det så drege ei line frå vogga til grav. Elias Blix er i si samtid dristig i valet av melodi. Han nyttar ein folketone som i folkeleg song er knytta til ein tekst av Petter Dass. Fyrst i salmeog koralbøkene, som kjem på 1920 talet, er det semje om å bruka folketonar tilo salmar. Det er utruleg kor mykje diktaren får sagt i denne salmen. Eg har berre teke med eit lite utdrag og eg har ikkje sagt noko om ordval, seiemåtar og bruk av rim. Les teksten nøye og du vil finna ein innhaldsrik, konsentrert og mektig julesalme. I Nors salmebok er julesalmen tidfesta med to årstal, 1870 og Det er kjend at No koma Guds englar vart sungen i Lårdal i Tokke 1. juledag Dette vart gjort av prosten utan landsmåls-godkjenning. Statsråden var faktisk Elias Blix, diktaren sjølv. Seinare har salmen vore nytta i mange kyrkjerom og av mange kor og songlag. Vårt eige kor, Røysterett for alle, har salmen med på framføringane sine i adventstida og på julekonsert i Uskedal kyrkje. No koma Guds englar eit formfullendt vitnemål om det store ljoset og den jublande gleda frå julenatt. Ved Kristian Olav Bringedal

5 USKEDALSPOSTEN Side 5 Dei 11 bilane til Fridtjof Av: Ola Matti Mathisen Dei historisk interesserte og som hugsar godt veit at Aslaug og Fridtjof Sunde starta Solheim Pensjonat i Det færre er kjent med er bakgrunnen til Fridtjof både som sjømann og bilentusiast. Då han gjekk i land i 1928 som 24-åring hadde han vore innom 17 land og det heldt fram med å skje mykje på stutt tid. Året etter vart han gift med Aslaug Døssland og same året vart han den første som tok til å køyra bil i Uskedalen. Chevroleten vekte ein viss oppsikt, for eigentleg var det ikkje tillete å køyra fordi vegen frå Løfallstrand til Herøysund ikkje var open for biltrafikk. Og mellom Løfallstrand og Utåker var det 40 grinder! Men for gründaren på Nausthaugen skulle livet i stor grad bli livet bak eit ratt. Faktisk eigde og køyrde han 11 bilar gjennom livet fram til han gjekk bort i 1983 som 79-åring og ved stor hjelp av dottera Aslaug og hennes mann Henrik har vi sett nærare på Fridtjof sitt bilforbruk. Aslaug Lyse i det spesiele motormuseet i garasjen på Solheim. Lista fortel framfor alt at han var svak for amerikanarar og difor var det eit sidesprang til Volga i etterkrigstida. Men den russiske bilen hadde han i minst 4 år. -Fridtjof var utadvendt og glad i folk. Han var også samfunnsbevisst og var mellom anna med og starta det private vassverket, seier Aslaug og Henrik. Dei har lagt stor vekt på å ta vare på minnene etter gründaren og kan vise fram forskjellige gjenstandar som gjer Solheim til eit lite transportmuseum. Eit poeng som var typisk for Fridtjof Sunde var at han hadde ein konkurrent eit lite steinkast unna, men han og Bjarne Myklebust var gode vener gjennom heile livet. I tillegg til vanleg drosjekøyring hadde Fridtjof postkøyringa opp til Fjellandsbø og også køyringa for Telegrafverket. Den gongen var det ikkje køyring av skuleborn. Bilen som Fritjof hadde til einkvar tid var å rekna som ein av ungane hans. Då han skulle ut i oppdrag, reingjorde han bilen før han la seg.

6 USKEDALSPOSTEN Side 6 Chevrolet 1923-modell, kjøpt 1929, første bilen i Uskedalen, fotografert ved Sundes barndomsheim. Sjåfør er Fridtjof sjølv og foran ved sjåføren sit Edith Kindt. Bak fru Kindt den eldre sammen med ukjent passasjer Chevrolet 1930, fotografert ved Døssland. Samme bilen, fotografert på Kaldestad.

7 USKEDALSPOSTEN Side 7 Lastebil, A-Ford, modell 1928/1929, kjøpt i 1935, vart nytta til køyring av trelast for Uskedal trelastlager- Vart også nytta til Transport av jernbjelkar frå Beinavikjo kai til den nye skulebrua i Felles transport saman med Bjarne Myklebust. Fritjof måtte rygga heile vegen på grunn av lengda på bjelkane. Biletet teke etter okkupasjonen i 1940, men lastebilen vart ikkje beslaglagd av tyskarane, seld til Norheimsund.. Til høgre : Studebaker modell, kjøpt året etter. Kjørt fram til krigen av Johannes Sunde, omgjort til 7-seter, beslaglagd av tyskarane. Same bil, legg merkje til blending på lykter. Jenta er Torhild, syster av Aslaug, født våren Studebaker 2, kjøpt like etter krigen.

8 USKEDALSPOSTEN Side 8 Dodge 1946, behalde fram til 1952 Plymouth Crombrook, produsert i Canada, modell, fotografert i Rosendal, kjøpt 1952, seld til Karmøy Staseleg bil, eigaren kvitta seg med den med tårer i augo. Plommeraud, taket vart seinare måla kvitt. Berre Olav Guddal fekk lov til å køyra han utanom eigaren. Olav køyrde brudeparet Torhild og Erling med bilen i Volga 1960-modell, kjøpt i 1962 og seld i 1966.

9 USKEDALSPOSTEN Side 9 Chevrolet (Chev Malibu) kjøpt 1966 som ny, bytta i ny Chevrolet 1970 (som vart den siste drosjen) her fotografert ved kyrkja i samband med vigsla til Aslaug og Henrik i 1967, Fridtjof opnar døra. Chevrolet 1970, siste drosje, seld Fridtjof kjøpte seg så ein Toyota med automatgear. Det vart den siste bilen hans. Diverse minner etter Fridtjof

10 USKEDALSPOSTEN Side 10 Intervju med Børsdalsnissen Av: Tina B. Eik, Sunniva E. Myklebust og Ingeborg H. Bjørnebøle Børsdalsnissen med trekkspel. Dei fleste i Uskedalen, både store og små, har sikkert møtt Uskedal sin eigen nisse, Børsdalsnissen. Men, veit vi så mykje om han? Vi bestemte oss for å spørja han skikkeleg ut. Gjennom 20 spørsmål kjenner vi nå Børsdalsnissen mykje betre. Håpar vi treff på han når det nærmar seg jul i år og. Kos dåke med intervjuet!

11 USKEDALSPOSTEN Side 11 Børsdalsnissen har fått grauten sin. -Kvifor er du julenisse? -Fordi det gler meg å sjå at born og vaksne likar og set pris på Nissen. -Korleis blei du julenisse? -Nissen er berre nissen. Det er noko du er og held fram med så lenge det er interesse og at nokon spør etter nissen. -Kva er det dei fleste ønsker seg til jul? -Borna ynskjer seg spel og sportsutstyr. Dei vaksne ynskjer seg snille born og ei god og trygg framtid. -Kva gjer du når det ikkje er jul? -Då er eg heime med nisseungane og førebur neste jul. -Finst det ein nisseskule? -Ja, det finst nisseskule i Finland og i Danmark. Ein gong hadde eg tilbod om å få vera med på nissesamling i Danmark, midt på sumaren. Det passa ikkje meg. -Kva lærer de der? -Dei lærer om korleis ein skal oppføra seg og det å kunna snakka på ein god måte til alle born. -Har du noko kjæledyr/dyr? -Nissen sine dyr er mus og reinsdyr Berre tenk på Prøysen si Musevise. -Kven er du i familie med? -Alle nissane er i slekt, men den næraste familien er nissakono og nissungane. -Korleis kjem du gjennom pipene? -Eg brukar ikkje å koma gjennom pipa, men går med kjelken min fram dit eg skal. Eg går varsamt rundt huset der eg ser det er ungar. Gjer meg synleg ute og ungane kjem i glaset og undrar seg. Så bankar eg forsiktig på døra og spør om det er snille ungar her i huset.

12 USKEDALSPOSTEN Side 12 Vil vi finne Børsdalsnissen ved den flotte grana i år og? Så spør eg etter foreldra, sysken, besto og bessen. Nissen veit og om nokon har mista nokon av sine nærmaste dette året. Då kan det vera trøyst å få. -Korleis kjem du deg fram på julaften? -Då går eg, men likar å få skyss med hest og slede. På kjelken ( krubba ) og i sekken har eg pakkane. -Kva trur du om framtida til julenissen? -Nissen vil alltid ha ei framtid så lenge born og vaksne tek vare på kulturarven, fantasien, det å kunna undra seg og bruka tid på forteljing og opplesing av eventyr og segner. -Klarer julenissen seg utan mobil? Korleis -Kor lenge i soga har vi hatt mobiltelefon, tru? år. Nissen har vore til lenge, lenge før det. Treng ikkje moderne utstyr for å vera nisse. Nissen føler på seg og veit kva som skjer. -Kva syns du om dagens ungar? -Borna er snille, fantasifulle og finn på mykje positivt. Mange er flinke på skulen. Mange går i kulturskulen, i idrettslaget og på Bedehuset. Alle sunne og gode aktivitetar fører til noko positivt. -Har du ull innerst på julaften? -Nissen må ikkje frysa. Difor kler han seg med gode ullunderkle, ullgenser og ei tjukk vadmeldsbuka ytterst. -Koster det deg noko å gje presangar? -Det skal ikkje kosta noko, berre arbeid. Til det har eg god hjelp frå Nissakono og ungane mine. -Kor får du pengane frå? -Nissen har ikkje og brukar ikkje pengar. Det heiter naturhushald når ein ikkje treng driva med kjøp og sal. -Har du elles nokre gode råd om korleis vi skal kle oss når det er kaldt? -Alle må kle seg i gode strikkaplagg, laga av ull og bomull. Alle må ha ei god strikkahua på hovudet. -Kva er yndlings songen din? -Alf Prøysen sin Julekveldsvise. Elles likar eg godt Elias Blix sin julesalme: No koma Guds englar med helsing i sky. -Spelar du noko instrument? -Ja, eg spelar trekkspel. -Driv du med noko sport? -Ikkje anna enn eit aktivt friluftsliv, går tuar i fjellet og ror færingen min når eg skal til Skorpo.

13 USKEDALSPOSTEN Side 13

14 USKEDALSPOSTEN Side 14 DIN LOKALE LEVERANDØR TELEFON HUSNES STORSENTER - Tlf Vi ynskjer alle våre kundar og leverandørar ei riktig god jul og eit godt nytt år. Vi takkar for alle oppdraga i året som snart er til endes. Stian Haugland tlf Tor Ove Haugland Arne Johs. Haugland tlf

15 USKEDALSPOSTEN Side 15 TI OM JULA Av: Ingeborg H. Bjørnebøle, Sunniva E. Myklebust og Tina B. Eik Spørsmål: - Kvifor gleder du deg til jul? - Kva ynskjer du deg til jul? Inger Lise Voll -For då skal eg kosa meg med familien. -Fint ver! Ann-Kristin Huke -Masse gode fridagar, vera med familien og kosa seg. -Nye ski og å få kosa meg med familien min. Solbjørg Musland -Håper på fint ver og snø og vera saman med familien. -At alle er friske. Thomas Eide -Masse god mat og pakkar. -Kler. Asbjørn Olsen -Mykje fri. -CD. Øyvind Sture -Samla familien. -Veit ikkje. Sveinung Bauge -Samla familien. -Veit ikkje. Simen Meling -Samla familien. -Veit ikkje. Jens Haugse -Då kan eg vera heime med familien. -Fred og ro. Mona Voll -Vera med familien. -Veit ikkje. Brekketoppen, 5463 Uskedalen Vakttelefon Tlf: Bilutleie Understellsbehandling Viking/NAF redningstjeneste Sal av Tysse-tilhengarar Leverar blomar til alle anledningar. Velkommen inn eller ring og bestill.

16 USKEDALSPOSTEN Side 16 Seks politikarar om Uskedalen Over er uskedelingane samla ved Rådhuset: Magne Huglen og Jostein Grov frå Arbeidarpartiet, Kjell Yri frå Venstre, Eskil Moen frå Framstegspartiet, Elin Legland frå Senterpartiet og Gunn Mari Moberg frå Høgre (Foto: OlaMatti Mathisen) Dei nyvalde set skulen først. Uskedalen har fått 6 representantar i det nye komunestyret og ein skal langt attende i førre århundre for å finna like stor representasjon frå vår bygd. Men kva kan ein venta av dei? Kva vil dei prioritera i perioden som kjem? Uskedalsposten har spurt dei og det er ingen tvil om at skulen kjem først. Trafikksikring og opparbeiding av Børnes er dei andre mest sentrale oppgåvene. Høgres Gunn Mari Moberg har dette svaret på spørsmålet. 1. Vi må få Uskedal oppvekstsenter i godkjent stand. Skulen vår er ikkje i godkjent stand i dag. Den står øverst på prioriteringslista til kommunen, så vi må arbeida for at det vert starta opp arbeid her. Barnehagen driv utan godkjent kjøken. Nytt godkjent kjøken må prioriterast. 2. Trafikksikring. Gangveg frå sentrum til Børnes industriområde. 3. Opparbeidd og tilrettelagt Børnes industriområde. Andre viktige saker er å få offentleg badestrand i sentrum av Uskedalen, midler til å vidareutvikla Kvinnherad Vekstbedrift og få fjerna (lagt i jord) luftlinja frå Ospelund til sekundærstasjonen. Ellers så oppmodar eg bygdafolket til å ta kontakt med og bruka politikarane frå bygda

17 USKEDALSPOSTEN Side 17 Senterpartiets Elin Legland skriv slik om partiet sitt arbeid: Det er ikkje lenge sidan valet, og vi har bare såvidt "rodd fjorden" når det gjeld arbeidet med programmet vi gjekk på val til. Heilskapen i programmet Senterpartiet har for Kvinnherad i dei 4 åra som kjem, ligg på nettsidene våre: For Uskedalen er skule, trafikksikring og næring dei 3 viktigaste hovudområda for dei kommande 4 åra. Desse er grunnsteinar og vil kunne stimulere vidare til utvikling innan busetnad, fritid og lokalengasjement i bygda vår. Næring er sentral. Det er næring som skapar verdiar vi kan skape samfunn av; busetnad, oppvekstmiljø, fritid og trivsel. Skule Uskedalen Oppvekstsenter ligg inne i langtidsbudsjettet med midlar om rehabilitering då skulen i dag ikkje er godkjend. Senterpartiet vil vere med å sjå til at desse midlane vert brukt til rehabilitering snarast. Kvinnherad Kommune kan gje etter- og vidareutdanning av pedagogisk personale. Staten dekkjer 40% av kostnaden, kommunen dekkjer 40% og lærar sjølv dekkjer 20%. Dette er ei super ordning, og Senterpartiet ønskjer at fleire frå Kvinnherad skal kunne ta del i denne ordninga. Vidare ønskjer Senterpartiet å arbeide for at det vert sett av meir midlar til utstyr og læremidlar i skulen. Det vart sett inn auka midlar for 2011, og dette bør halde fram. Trafikksikring Senterpartiet har vore med å ta initiativ til å rullere trafikksikringsplanen for Kvinnherad. Ein oppdatert og god plan trengs for investeringar og søknader om sentrale midlar til bygging av mellom anna gong- og sykkelsti. For 2011 har det vore øyremerka 330 millionar kroner til gong- og sykkelveg. Det er råd for bedrifter, organisasjonar og offentlege etatar å søkje Transnova om midlar til tilretteleggjing for syklistar. Senterpartiet har samferdselsminister, og når vi frå lokallaget møter sentralpolitikarane tek vi opp lokalt viktige saker. Midlar til tafikksikring er ei av dei sakene. God trafikksikring sparar liv, og kan vidare bidra til mindre bilbruk, mindre forureining og betre folkehelse. Næring Trygg, solide arbeidsplassar er med på å få folk til å busetje seg i nærmiljøet. Senterpartiet ser at heile spekteret av arbeidsplassar er viktig. Vi treng jordbruk og fiske, vi treng industri og produksjon og vi treng servicenæringane våre. I Uskedalen har vi alle desse. Senterpartiet vil ha meir norsk jordbruk, enklare vilkår for mindre bedrifter, betre ordningar for sjølvstendig næringsdrivande og sterke støtteordningar for miljøvenleg produksjon og flytting av offentlege verksemder til distrikta. Kvinnherad Senterparti ønskjer å sikre eksisterande næringsliv i Uskedalen, og vere med på å auke antal arbeidsplassar i bygda. Vi ønskjer å vere ein samarbeidspartnar for næringslivet i bygda, og ta aktuelle problemstillingar opp og fram i Kommunestyret, på Fylketstinget, i Stortinget og til Regjeringa. Uskedalen Utvikling gjer eit kjempearbeid med å ha ein arena som ivaretek interessene i bygda, og Dialogforum løfter fram saker og får dei debattert blant bygdafolk. Lag og organisasjonar legg ned mykje dugnadsarbeid og byggjer ei fellesskapsånd, eit engasjement og eit fritidstilbod som gjer bygdelivet verdifullt for store og små. Det som måtte vere av utfordringar og ønskjer vil vi politikarar gjerne bli orientert om for å kunne bidra til å halde oppe, og gjerne styrke, trivselen i Uskedalen. For Senterpartiet er det slike bygdesamfunn som ber nasjonen vår, kulturen vår og framtida vår. Jostein Grov frå Arbeidarpartiet svarar slik på spørsmålet om prioritering for Uskedalen i nærmaste periode: Trafikksikring Oppgradering/renovering av skulen Ljos til Beinavikjo Sentrumsplanen-stadanalyse Vidareutvikling av Børnes industriområde Uskedalen som besøksmål knytt til Folgefonn Nasjonalpark Framstegspartiets Eskil Moen prioriterer slik: 1.Renovasjon/opprustning av skolen 2. Gang- og sykkelsti fra brua til Børnes 3. Opparbeiding av næringsareal på Børnes

18 USKEDALSPOSTEN Side 18 Rehabilitering av Uskedalen skule er ei viktig sak for politikarane frå Uskedalen. Det er denne delen av skulen som skal rehabliteras. Venstres Kjell Yri svarar slik på spørsmålet. Skal ivareta heile Kvinnherad Som folkevalt til kommunestyret, er ein valgt for å ivareta heile Kvinnherad kommune. Åkra og Fjelberg er like viktige som Uskedalen. Når det er sagt kan eg ikkje leggja skjul på at eg har eit spesielt vakent auga for den bygda eg er fødd og oppvaksen i. Uskedalen er ei bygd som klarar seg bra. Vi har hatt ei jevnt bra folketalsutvikling, vi har ein god butikk, vi har ein god skule, vi har gode bedrifter og vi har eit blømande lagsliv. Svært mykje dugnadsarbeid vert lagt ned, og dette er ein av dei viktige berebjelkane for at folk skal trivast i Uskedalen. Det er mykje som skulle vore gjort av kommunen i vår bygd, men her er mi rangering: 1. Stå ved lovnaden om opprusting av Uskedal skule. Skulen er pr dags dato ikkje godkjent av helsemyndighetene. Skulen er ein stad der borna våre oppheld seg store deler av dagen. Difor må forholda vera i tråd med det som er kravet. Ein må ikkje risikera helseplager grunna dårlege bygningsmessige forhold på skulen. Vi har Aktivitetshuset og vi har Grusbanen. Dette er verdfulle anlegg som etter kvart bør inngå som ein kommunal del av skuleanlegget. 2. Trafikksikring. Gong og sykkelveg til Steinsletto, og gatelys fleire stader i bygda. Trygg veg for dei gåande er ein av dei viktigaste miljøfaktorane. Samstundes fremjar det folkehelsa. Etter fleire som går og held seg i form, etter ferre treng plass på sjukehus og sjukeheim. Ikkje minst møter ein andre gåande og opplever positive møter. 3. Børnes Industriområde og Børnes kai. Tilrettelegging av næringsareal er svært viktig for utviklinga. Nye bedrifrter skaper nye arbeidsplasser. Dette gjer igjen at folketalet aukar, og vi kan oppretthalda skule og andre servicetilbud i bygda. Andre saker som og er veldig viktige for bygda vår er å oppretthalda brannstasjonen i Uskedalen. Revidering av kommunedelplan og planlegging av Uskedalen sentrum er og ei heilt nødvendig sak i den kommande fireårsperioden.

19 USKEDALSPOSTEN Side 19 Gang/sykkelveg fra Uskedal brua til Børnes er ei viktig sak. Magne Huglen frå Arbeidarpartiet svarar slik på spørsmålet om prioritering for Uskedalen i nærmaste periode: Dei tre viktigaste sakene for Uskedalen: 1. Rehabilitering av Uskedalen skule 2. Gang/sykkelveg Uskedal bru/børnes 3. Børnes industriområde Dette er punkt som fleirtalskoalisjonen har med i sin avtale som spesielt gjeld Uskedalen. Utbetring av Uskedalen skule ligg inne i langtidsbudsjettet, og skal koma igang i Dette er eit prosjekt med høg prioritet. Gang/sykkelveg har og vore prioritert, men ei ny gjennomgang av trafikksikringstiltak som no pågår, kan kanskje forskyva denne prioriteringa. Me politikarar må heile tida vurdera tiltak i heile kommunen opp mot einannan. Tilrettelegging av Børnes industriområde er ei viktig investering for heile kommunen, og vil på sikt styrkja økonomien for kommunen. I tillegg vil eg nemna at vegljosa frå Uskedal Bru langs Kjerlandsvegen bør forlengast med 2-3 vegljos fram til Dønhaug Gardsbarnehage. (Helst også forbi Myklebustsvingen.) Dette burde vore på plass i samband med opprettinga av denne barnehagen. Ei evt. kommunal overtaking av Aktivitetshuset kan og vera ei viktig sak for bygda, dersom styret/luteigarane i Aktivitetshuset ynskjer det. Kvinnherad kommune går truleg inn i ein vanskeleg økonomisk periode, med større økonomiske utfordringar for kvart år. Dette vil sjølvsagt leggja føringar for både investeringar og drift. Den største utfordringa for oss politikarar blir å skaffa oss nok inntekter og /eller redusera utgiftene nok, slik at budsjettet balanserar. Dette vil sjølvsagt vera avgjerande for kva handlingsrom politikarane har til gjennomføring av gode tiltak for innbyggjarane.

20 USKEDALSPOSTEN Side 20 Mykje brukt i over 28 år Dette intervjuet vart laga for 3 år sidan av redaktør Tomas Bruvik i Kvinnheringen. Inger Lise og Dagny Haugland. Inger Lise synes det er så kjekt når ungane kan komma inn og kjøpa seg noko godt for 1 krona. (Foto over Tore Mathiesen Til høgre Kvinnheringen) I vel 25(no 28) år har Inger Lise Eidsvik drive bruktbutikk i Uskedalen. Det er no rett over 25 år sidan Inger Lise Eidsvik starta bruktbutikk i det gamle bakeriet på Geilo i Uskedalen. Sidan har ho flytta på seg eit par gonger, og no held ho til ved riksvegen midt i Uskedalen. For 25 år sidan dreiv ho rein bruktbutikk, men for 15 år sidan gjekk ho over til å selja ein del nytt òg. Då butikken opna i 1983, skreiv Kvinnheringen at det var opna ein bruktbutikk i Uskedalen. Ho fekk då mykje skryt for at det endeleg var nokon som ville satsa på sal av brukte gjenstandar. At butikken skulle halda det gåande så lenge, trudde ikkje ein gong den då 45 år gamle Inger Lise Eidsvik. No er ho fylt 70 år (no 73 år), men ser ikkje ut til å vera ein dag over 60. Helsa er utruleg viktig. På alle desse åra har eg berre vore vekke i rundt tre veker i to periodar for å ordna litt på hoftene. Elles har eg vore stort sett frisk, fortel butikkdama. Heilt sida ho var lita, elska Inger Lise å jobba i butikk. I barndomen leika ho butikk, men draumen var å kunna driva sjølv. Og det å jobba i butikk er like kjekt som det ho hadde håpa. Både for meg og kundane er det sosiale viktig. Det å kunna helsa på folk og ta seg tid til ein prat det er det ikkje mogleg å gjera i så mange butikkar i dag, meiner Inger Lise. Alt for få faktisk, legg ho til. Kontroll Om det kanskje er noko kaotisk i butikken, har butikkeigaren full kontroll over alt ho har. Når det gjeld antikvitetar og brukt utstyr, er alt nummerert og sirleg skrive ned. Totalt 7085 personar har så langt levert inn utstyr. I butikken kan du finna alt frå gamle skrivemaskiner, bøker, hyller, kjørel, gamle kister, måleri, videoar, ja alt du kan tenkja deg i grunnen.

21 USKEDALSPOSTEN Side 21 Inger Lise og Bjørg Olaug. (Foto Tore Mathiesen) I løpet av dei 28 åra har ho reist mykje og henta brukt utstyr. På mange av turane har svigerdøtrene Nina Rød og Valborg Sjøwall vore med. Særleg har Nina vore med svigermora på mange turar. Det er heilt utruleg kva ho har vore nøydd til å vera med på, seier Eidsvik. Ein heilt spesiell episode kramdamo hugsar, er då ho og Kirsten Rød skulle henta ut ein del brukt utstyr frå det gamle posthuset i Herøysundet. Der var det rimeleg farleg å gå, og mest alt av utstyr som vi skulle henta var ete på av mink. I tre etasjar hadde minken gått heilt berserk, minnest Inger Lise. Sommaren Butikken har mange stabile og god kundar Vinduslutstillingen i Krambua- Julebua.(Foto Tore Mathiesen) frå Uskedalen og elles i kommunen, men rik blir ho ikkje av jobben. Sjølv om det no nærmar seg den fine juletida, drøymer Inger Lise om sommar og sol. Særleg med omsyn til butikken. Sommaren er verkeleg høgtid med alle båtturistane som kjem til bygda. Faste turistar kjem innom kvar gong dei er her, det er berre så utruleg triveleg. Då er det verkeleg fart her. Dei er så fantastiske desse turistane. Dei kjem innom og seier dei er så glade for å ha butikken her. Sommaren er høgtid, utan tvil. 25 år på baken med butikk i Uskedalen er ikkje nok for den driftige dama. Nei no har eg halde på så lenge at eg ikkje kan gje meg med det første. Så lenge helsa held, blir eg ein del år til Litt av utvalget i Krambua Julebua (Foto Tore Mathiesen)

22 USKEDALSPOSTEN Side 22 Kva for ein julebrus er best? Av: Ingeborg H. Bjørnebøle, Sunniva E. Myklebust og Tina B. Eik Nissen er ofte brukt i reklame for brus. Nissen er mykje brukt i Coca Cola sine reklamekampanjer før jul. Det var seks ulike julebrusar som blei testa og fikk ternigkast av Testpanelet i Uskedalsposten sin uhøgtidlege julebrustest. Foto Ola Matti Mathisen Redaksjonsmedlemmar i Uskedalsposten var testpanelet som foretok ein uhøgtidleg test av julebrusane i butikken i Uskedalen. Nokre frå heimtraktene til redaktør Ola Matti Mathisen. Dei lokale variantane fekk tøff konkurranse med julebrusen frå Hamar/Lillehammer. Spar sin julebrus: Sunniva: Masse skum. Søt. Kjedelig og lite farge på design. Terningkast 4 Tina: Skummande og søt. Ikkje noko spesiell design.terningkast 4 Ingeborg: Søt. Kjedelig designterningkast 4 Hansa sin julebrus: Sunniva: Sterk raudfarge, beisk. God men ingen favoritt. Masse farge på dekoren. Terningkast 3. Tina: Sterk raud, beisk. Smaka maling så ingen favoritt! Fin dekor og fargerik.terningkast 2 Ingeborg: Søt. Kjedelig dekor. Terningkast 3

23 USKEDALSPOSTEN Side 23 Testpanelet i djup konsentrasjon for å kåre vinnaren av Uskedalsposten sin uhøgtidlege julebrustest. Foto Ola Matti Mathisen Hamar Lillehammer julebrus: Sunniva: Gråbrun farge, masse kulsyre. Søt, smaker champagne. Masse kuler farger på dekoren.terningkast 5. Tina: Lys brun farge. Meir kulsyre. Søt. Champis. Fargerik, kul og fin dekor. Terningkast 5. Ingeborg: Søt lukt og mykje kulsyre. Masse fine og kule farger på dekoren. Terningkast 5. Lerums julebrus: Sunniva: Lys raud farge, kunstig smak. Lite smak i slutten. Koselig dekor på flaska. Terningkast 4. Tina: Lys raud, ikkje mykje smak, søt og god lukt. Koselig men vanleg dekor. Terningkast 3. Ingeborg: Hadde ikkje så mykje smak. Koselig og vanleg dekor på flaska. Terningkast 3. Hansa, glasflaske Sunniva: Masse lyd når du tømer av flaska. Smkafull og søt. Terningkast 4. Tina: Luktar meir og har meir lyd enn plastflaska. Meir smak enn plastflaska, søt. Terningkast 4. Ingeborg: Skummande men ikkje så mykje kulsyre. Søt. Terningkast 4. Hamar Lillehammer julebrus, glasflaske Sunniva: Masse skum, masse smak og søt. Terningkast 6. Tina: Kulsyre, søt. Litt sur champ. Søt. Terningkast 5. Ingeborg: Skum og kulsyre. Søt.Terningkast 5. Som vi ser så kjem Hamar Lillehammer sin julebrus best ut i testen. Og glasflaskebrusen slår plastflaskebrusen. Kva vert din favoritt?

24 USKEDALSPOSTEN Side 24 Jule- og nyårstradisjonar Av: Tina B. Eik, Sunniva E. Myklebust og Ingeborg H. Bjørnebøle Vi har mange tanker om korleis jula, romjula og nyttårsfeiringa skal vera. Vi feirar denne tida på ulike måtar. For å finna ut kva vi born i Uskedalen tenkjer om denne høgtida, har vi spurt ein elev i kva klasse på skulen vår. Det vi trygt kan sei er at alle gleder seg og har forventningar til jula og fridagane i samband med jula. Fredrik 1. klasse -Kva er det viktigaste med jula? -Pakkane. -Kva gjer familien din på julekvelden? -Veit ikkje heilt. -Går du på juletrefest? -Nei, ingen. -Kva et du på julaften? -Pinnakjøt. Celine Musland 2. klasse -Kva er det viktigaste med jula? -Å få pakkar. -Kva gjer familien din på julekvelden? -Snakkar saman. -Kva et du på julaften? -Pinnakjøt. -Går du på juletrefest? -Ja. -Kva juletrefestar? -I gymsalen i Uskedalen. Silje Soldal 3. klasse -Kva er det viktigaste med jula? -Snø! -Kva gjer familien din på julekvelden? -Då opnar vi julepakkane. -Går du på juletrefest? -Ja. -Kva juletrefestar? -Ein på Husnes. -Kva et du på julaften? -Pinnakjøt.

25 USKEDALSPOSTEN Side 25 Thea Taranger 4. klasse -Kva er det viktigaste med jula? -Å kosa oss. -Kva gjer familien din på julekvelden? -Opnar pakkar og et god mat. -Går du på juletrefest? -Ja av og til. -Kva juletrefestar? -Den på Dønhaug. -Kva et du på julaften? -Pinnakjøt. Jaran Jensen Eide 5. klasse -Kva er det beste minnet fra nyttårsafta? -Rakettskyting! -Kven feirar du nyttårsafta med? -Familien min og av og til Ole Eik sin familie. -Kva plar du gjera i romjula? -Stå på ski og ake. -Kva julegodteri likar du best? -Alt unntatt marsipan!og julekaker. Veslemøy Haugland 6. klasse -Kva er det beste minnet fra nyttårsafta? -Rakettar og det å vera med familien. -Kven feirar du nyttårsafta med? -Familien og vener av familien. -Kva plar du gjere i romjula? -Vera med familien og eta god mat. -Kva julegodteri liker du best? -Julemarsipan og julekaker. Karen Pedersen Brede 7. klasse -Kva er det beste minnet fra nyttårsafta? -Då vi var på hytta til tante og dei. Då laga vi vulkan av is. Vi laga iskuler og bygde dei til vulkan. Så satte vi rakettane rundt. -Kven feirar du nyttårsafta med? -Familien. Kva plar du gjera i romjula? -Eta god mat og kosa oss og ser på gåvene. -Kva julegodteri liker du best? -Snopet eg får i julesokken.

26 USKEDALSPOSTEN Side 26 Dagens bruk av pc og mobil Av Marit Inga Tråvik Sture Marit Inga Tråvik Sture ved bærbar pc og mobil. Det er inga tvil om at bruk av pc og mobil har blitt ein svært populær fritidssyssel dei siste tiåra. Dei fleste som har si eiga datamaskin, brukar den fleire gonger om dagen. Det er ikkje alltid berre èin pc det er snakk om! Mange har 2-3 pc'ar tilsaman som prydar stovebordet, kontoret og kjøkkendisken. I tillegg er det mange ungdommar som har med seg datamaskina si på skulen, der den slett ikkje alltid blir brukt til berre skulearbeid. Den auka bruken av pc og mobil er noko forskarane lenge har diskutert og vurdert, og resultata dei har kome fram til er sjokkerande for mange. Folk har blitt sjuke, mobbing har blitt mykje meir vanleg og så vidare. I dag spør vi oss sjølve; kva er det teknologien eigentleg gjer med oss menneske og korleis kjem dette til å utvikla seg i framtida?

27 USKEDALSPOSTEN Side 27 Gjennom mange undersøkingar har forskarar funne ut at bruken av datamaskin kan kome til å skade helsa vår. Både vaksne og ungdommar kan oppleva å bli plaga av muskel- og skjelettlidingar, augeproblem, stress, søvnløyse og psykiske problem. Dette er dei vanlegaste lidningane/plagane som kan oppstå grunna den auka bruken av pc og datautstyr. Strålingane som kjem ifrå både datamaskina og mobilen kan òg vere farlege. Sjølv om det aldri har blitt bevist at strålingane kan føre til blant anna kreft, er det viktig å vere obs på at dette faktisk kan skje. Ein bør altså vere forsiktig med å ha pc'en for lenge på fanget eller ha mobilen for lenge i bukselomma. Mange anbefalar òg at dei som nyttar mobilen mykje, bør bruke øyretelefonar. Forskning viser at barn og unge som sit foran pcskjermen fleire timar i strekk, og heller vel denne aktiviteten istadenfor uteleik og liknande, blir inaktive. Dette igjen har konsekvensar for helsa deira. Det er t.d svært mange unge i dag som er overvektige og får diabetes 2 grunna dette. Eit anna helseproblem er at barn ikkje får nok søvn. Dei surfar på datamaskina til langt på natt og får dermed ein dårleg døgnrytme. Helsa kjem alltid først, men det er óg svært viktig å vere klar over korleis bruken av pc går utover skulearbeidet. Fleire gonger om dagen blir både data og mobil brukt på skulen, både med og utan lov. Så lenge ungdommane har tilgong til internett, vel dei heller å sufre på nettet enn å følgje med i timane. Dei klarar ikkje å sitje lenge å høyre på noko dei ikkje interesserer seg for. Nettsider som blant anna Facebook og Twitter kan lett øydeleggje for konsentrasjonsevna til ungdommane. Det kan òg hende at dei ikkje forstår leksene og at dei ikkje får, eller gidder å spørre om hjelp. Dette resulterer som oftast i at dei heller vel å skru på datamaskina. Dette problemet gjeld både heime og på skulen. Når det er sagt, må vi og sjølvsagt nemna at datamaskina kan vere eit svært godt hjelpemiddel på skulen. Oftast er det berre internettet, og slik det blir brukt, som er problemet. Ved bruk av pc går skrivinga raskare, ein får god opplæring i rettskriving og ho kjem til god nytte når ein skal ha framføringar. Innføring av pc i skulen har òg vore til svært god hjelp for dei med ulike typar funksjonshemmingar som t.d utviklingshemming, høyrselshemming og barn med lese- og skrivevanskar (dysleksi). Det norske skriftsspråket har endra seg svært mykje etter at mobilen og datamaskina kom i bruk. Ein har byrja å skriva på dialekt, med forkortingar og med kombinasjonar av bokstavar og tal. Eit problem som kan oppstå, er at dette nye «språket» også blir teken i bruk når det skal skrivast stilar eller innleveringar. Når ein først har byrja å skrive på ein bestemt måte, er det ofte veldig vanskelig å koma inn igjen på det «rette sporet». Dette kan igjen føre til både dårlegare karakterar i norsk og at det oppstår eit språk som berre bestemte grupper kan forstå seg på. Den auka pc-bruken har ført til at vi ikkje lenger er så sosiale som vi ein gong var. Kjem Facebook til å bli den nye møtestaden for ungdom? Kjem Google til å bli den nye læringsplatformen? No for tida skjer nesten alt på datamaskina; vi får nye venner, vi får kjærestar, vi leser bøker, vi ser filmar og vi speler. Takka vera den nye og forbetra teknologien, er det blitt mogleg for oss å gjere alt dette på nettet. Mange syns nok det å «henge» på chatte- og datingssider er veldig spennande og morosamt, men direkte sosialt er det ikkje. Ein kan ikkje sjå personen ein chattar med, og ein ser ikkje noko uttrykk i hans eller hennar ansikt. På den måten er det vanskeleg å vite om personen verkeleg er t.d så glad eller trist som han/ho utgir seg for å vere. Fleirtalet meinar at det må både fysisk og verbal kontakt til for å vere sosial. Den kontakten har ein ikkje dersom ein berre pratar saman på nettet. Chatting på nettet kan vere både positivt og negativt. Ved å chatte på opne sider er det mogleg å bli kjent med ulike typar kulturar, tradisjonar og språk. På den måten seier vi at internett skapar ei mindre verd. Landa i verda er altså tettare på kvarandre no enn det dei var før. Ei anna positiv side ved chatting er at t.d særskilte grupper i befolkninga har tilbod om eigne chattesider der dei kan møtast. Kanskje det er nokon som føler seg utestengd eller innelukka, og har behov for å prate med nokon som er i samme situasjon. Her kan ein nemna barn som er utsatt for vold og overgrep i heimen, ungdommar som er usikre på si eiga seksuelle legning eller barn som blir mobba. Ei ulempe ved chatting er at internett ikkje berre skapar ei mindre verd, men óg stor avstand mellom folk i t.d ei lita bygd. Mange nyttar seg nemleg av moglegheiten til å heller føre samtalar på pc istadenfor å møtast personleg. Dette fører til at vi blir mindre og mindre sosiale og at innbyggjarane «sklir» frå kvarandre. Sjølvsagt skal

28 USKEDALSPOSTEN Side 28 Det kan sjå ut som om dataen har innhenta nissen og.. Telfonen er eit viktig kommunikasjonsmiddel for barn og unge i dag. ein òg vere forsiktig med kven ein pratar med på nettet. Det er slettes ikkje alle ein kan stole på. Den neste du chattar med kan vere ein 60 år gamal mann som utgir seg for å vere 15 år. Kanskje han overtaler deg til å møtast, for så å gjere grusomme handlingar mot deg. Det blir stadig fleire barn som får mobil og pc i ung alder. I dag er det svært vanlig at t.o.m 5.klassingar får eigen pc til jul og eigen mobil til 10 års dagen sin. Ungdommar og barn blir meir og meir bortskjemte, og dei vil ha alt innan nyare teknologi; Iphone, Ipad, Macbook osv. Foreldre brukar meir og meir pengar på barna sine. Spesielt i ungdomsmiljøet i dag er det stort press innan teknologi. Har du ikkje den nyaste og beste telefonen, får du ikkje vere «medlem» av den kulaste gjengen. Dette presset har først og fremst vore blant ungdommar. No byrjar diverre òg barn i barneskulen å føla presset om å måtta ha alt innan den nyaste teknologien. Overalt høyrer ein om barn og ungdom som blir mobba på nett og mobil. Det er sjølvsagt ei tydeleg grense mellom spøk og alvor når det gjeld slik mobbing. Medan nokre tar seg nær av den minste ting sosiale og blir lett såra, er det andre barn som faktisk opplever å få stygge kommentarar på nettstadar kvar dag. Desse kommentarane kan gi barn svært dårleg sjølvkjensle, som igjen kan føre til depresjon og i verste fall sjølvmordstankar. Denne mobbinga skjer som oftast på nett eller mobil, og særlig på chattesider som Facebook eller MSN. Mobbarane er redde for å bli tatt på «fersken», og dei synest det er lettare å sei noko stygt om andre på nett og mobil enn ansikt til ansikt. Undersøkingar viser at barn og unge meinar det er like ille å bli mobba på nett og mobil som det er å bli mobba direkte. Diverre er det vanskelig for både mobbeofferet og «tilskodarane» å sei ifrå om mobbinga, og foreldre veit lite om kva som skjer i denne «ungdomsverda». Det er ikkje tvil om at dagens teknologi som pc og mobil er komen for å bli. Det er derimot vanskeleg for oss å sei om all nyare teknologi verkeleg har ført til eit betre samfunn. Det finst både positive og negative sider, men i denne teksten har det kome fram fleire ulemper enn fordelar. Det som til alle tider er viktig, er å tenkja sjølvstendig, vera kritisk og ikkje «sluka alt rått».

29 USKEDALSPOSTEN Side 29 Til bedehuset frå heile Kvinnherad Tekst og foto: Ola Matti Mathisen Dei kjem frå heile Kvinnherad og har det triveleg og trygt i Bedehuset. Nelly Kjærland er ein av eldsjelane i bedehusmiljøet i Uskedalen. Ho er sentral i fleire tiltak og eitt av dei er småbarnstreffet, som ho avviklar annakvar onsdag saman med gode hjelparar og gjestar. Uskedalsposten var med på eit treff der 9 smårollingar hadde det triveleg saman med foreldra sine i halvannan time. Dei små var intenst engasjerte då Toril Langeland fortalde. Etterpå laga dei ei løve! Jula set no sitt naturlege preg på programmet med juleverkstad 28. november, Baking av julemenn 14. desember og julefest for store og små 27. desember. Dei kom ikkje berre frå Uskedalen, men frå heile Kvinnherad. 3 var frå Uskedalen, 3 frå Valen, 1 frå Sunde, 1 frå Rosendal og 1 frå Seimsfoss. -Det er ikkje alltid like lett å få uskedelingane til Bedehuset, er kommentaren til Nelly. No har ho halde det gåande i snart 7 år med småbarnstreffa sine. Oppslutnaden har vore varierande, men det har vore så mange som 24 ein gong. Sesongen tek til i august og varar til 17. mai. Hovudposten kvar gong er ei forteljing frå Bibelen og denne dagen var Daniel i løvehola og kong Darius tema. Nelly serverer bollar

30 USKEDALSPOSTEN Side 30 Teksten er omsett og gjendikta av Svein Rimestad. Av Kristian Olav Bringedal Svein Rimestad Svein Rimestad er Uskedalen sitt svar på Johannes Gjerdåker frå Voss. Eller skal vi heller sei Olav H. Hauge, Haldis Moren Vesaas og Hartvig Kiran. Dei to siste omsette mykje for Det norske Teateret på 1960 talet og framover. På mest alle konsertane til Røysterett for alle vert det sagt av programleiaren at den og den teksten er omsett av vår lokale Svein Rimestad. Slik har det vore så lenge koret har funnest. Koret er stolt over å kunna ha som medlem ein dugande språkleg medarbeidar. Røysterett for alle er soleis langt på veg kjend for eit språkleg medvit i utval og bruk av tekstar. Den siste omsetjinga til Svein er den nederlandske julesongen Ver no hjartans fagna frå 1600 talet. Før det har han mellom anna omsett desse tekstane for Røysterett for alle: * Kvannsanketid * Våren ( Vivaldi - frå dansk ) * Eit rettleleg gullbryllup ( frå engelsk ) * Gåtenes marknad ( Scarborough Fair ) * Svarttrast ( Blackbird ) * Drama ved Uskedalselva ( Om the Banks og the Ohio ) Les kva Svein Rimestad sjølv skriv om det å utføra den krevande oppgåva med å gjera ei god omsetjing innhaldsmessig og språkleg.

31 USKEDALSPOSTEN Side 31 Å omsetja/omskriva songar frå andre språk Av Svein Rimestad Når ein ser vekk frå ei einskilt omsetjing av ei amerikansk skjemtevise som eg gjorde i studietida, er Kvannsanketid det fyrste eg har omsett med eit spesifikt føremål. Den gongen var det ein del medlemer i Røysterett for Alle som truga med å melda seg ut or koret dersom det skulle verta noko særleg tal songar på utanlandsk. Me hadde godt midtvegs i 1995 nett vore på songarstemne på Stord og vorte presenterte for Wild Mountain Thyme, ein keltisk folkesong som alle i koret iallfall lika tonen på. Med det for auga å ikkje trekkja for hardt på kontoen utanlandsk tekst, gjorde eg den om til Kvannsanketid. Denne har i ettertid vorte rett så populær, og har vorte nytta mykje. Etter den tid har eg ved ulike høve omsett songtekstar til meir og mindre hugnadsbruk internt i koret. Noko av dette har vore omsetjing av britiske tradisjonssongar som var ferdig arrangerte for blanda kor, der det berre var teksten som skurra for nokre. Til ulike festlege høve har me og nytta ulikt omsett (stort sett frå engelsk) til allsong. Eg kan forresten skryta av at eg i 1992 omsette ein russisk song (Moskvanetter), men lyt vel vedgå at sjølv om songen var russisk, var han nok alt omsett til svensk. Eg har altså omsett ein russisk song utan å kunna eit ord russisk - det er vel ikkje verst! Me nytta den i repertoaret til 5-årsjubileet. Den nederlandske julesongen hadde Elisabeth Croles med seg i haust, og lurte på om eg kunne omsetja. Ho skreiv ein nokolunde fri ord for ord -versjon som eg jobba vidare med etter ein del opplysningar om sjanger og det som elles høyrde til. Her hadde eg ein del fridom i høve til at me i Noreg ikkje er så bundne til tradisjonar som England/Nederland og ein del andre land der nede med omsyn sjangeren Christmas Carols. Vanskane med denne songen spesielt, var å få nok meining inn i dei stuttaste linene. Det viktigaste ved å gje seg i kast med omsetjing av songar, er at du må ha lyst. Dette er iallfall ein føresetnad for meg. Eit viktig omgrep er og dette med opphavsrett. Gjer du noko slikt berre for deg sjølv, står ingen hinder i vegen, men skal eit resultat sleppast laust, lyt ein ha fått tillating både frå teksteigar og toneeigar. Eg har til no halde meg til tradisjonsstoff, og så vidt eg veit er slikt folkeeige. Så lenge ein kjenner med seg sjølv at ein ikkje mishandlar teksten, trur eg at ein står ganske fritt. Så er det det med kva slag song du har med å gjera. Er det ei vise, ein salme, er det for vaksne eller born, er det høgtidsamt eller gjort i skjemt? Dette har mykje å seia for kva for ordval ein nyttar, og kva stil ein vel. Det kan vera ei utfordring å få eit resultat som er i same ånd som utgangspunktet har. Alle skjønar at det ikkje går med direkte omsetjing ord for ord; då kjem ein i beita med at det ikkje lenger vert songbart (talet på stavingar går ikkje lenger opp i høve til dei opphavelege verselinene). Altså lyt ein heile vegen ha med seg korleis teksten kan passast til kvar verseline, og at lina framleis har meining. Det er ikkje alltid originalen er så strengt bygd opp at kvart vers har same tal stavingar i same line. Då er vanlegvis dette løyst ved at ein til dømes deler opp ein firedelsnote til to åttedelsnotar for å få plass til ei ekstra staving. Manglar det ei staving, kan ein av og til slå saman to firedelsnotar til ein halvnote til dømes. Skal ein ta seg denne fridomen, tykkjer eg det er viktig at ein ikkje gjer det utan at slikt er gjort i originalen og. Orda ein vel må og plasserast slik at både trykklette og trykktunge stavingar hamnar på rett stad i verselina. For å få dette til, er det mest ein føresetnad at du kjenner tonen, og deretter testar det heile ut line for line etter som du skrir fram. Så lyt ein få med seg om det vert nytta rim i originalen. Mest aktuelt er i så fall enderim, men i eldre tekstar finst og meir avanserte former (innrim, bokstavrim, og kan henda kombinasjonar). Formene i parentesen har eg inga røynsle med, så dette kan eg ikkje seia meir om. Må du nytta enderim, set dette avgrensingar i dette med å få til både rim, meining og samanheng slik at resultatet vert både attkjennande, forståeleg og framleis i same ånd som originalteksten. Til slutt kan ein vel seia at ein omsetjingsprosess kan leggjast i ulike nivå: Enklast: Rein omsetjing - det å omsetja teksten strengt ord for ord utan å ta omsyn til rim, rytme og anna. Neste steg: Omskriving - det å få til (meir og mindre) rim, rytme og meining i det omsette produktet. Mest avansert: Attdikting - det å få til alt i steget over, men med slik skjønsemd og så kjenslevart at ein skjønar vil nytta ordet kunst om produktet. Eg trur nok at det vil vera lurt å vera varsam med å meina å jobba på nivå tre. Me vanlege kan vera godt nøgde dersom me kan operera akseptabelt på nivå to.

32 USKEDALSPOSTEN Side 32 Ver no hjartans fagna (Gamal nederlandsk song frå sekstenhundretalet) Omsett og attdikta av Svein Rimestad Ver no hjartans fagna, Herre, Jesus kjær. Du kom frå fjerne høge; med eitt var nær. Kom, ver hjartans fagna frå dei høge himlar ned. Du på jorderiket er sakna sidan det. Hyrdingar på marka englar songen bar Om Jesus som var komen, så nytt det var: Gå til denne staden, for der finn de Han for visst Betlehem er byen, no har det hendt til sist. Vismenn kom frå Austen, reisa den var hard. Dei søkte fromt vår Frelsar og offer bar. Myrra, gull og røykjelse dei baud til barnet søtt. Æra vera Jesus som allheim rår så støtt.

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt

Detaljer

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg. JANUAR 2015! Ja, i går vart friluftsåret 2015 erklært for opna og me er alle ved godt mot og har store forhåpningar om eit aktivt år. Det gjeld å ha store tankar og arbeida medvite for å gjennomføra dei.

Detaljer

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue

Detaljer

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer: Velkomen til Dette heftet tilhøyrer: 1. samling: Kva er Bibelen? Skapinga. Babels tårn Forskaroppgåve 1 På denne samlinga har vi snakka om Bibelen. Det er ei gammal bok som har betydd mykje for mange.

Detaljer

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. HEILSETNINGAR 2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. Vi reiser til Cuba. Carmen les ei bok. Arne lagar middag. Luisa er på skulen. Det snør. I

Detaljer

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba. LEDDSETNINGAR 1 Gjer setningane om til forteljande leddsetningar. Carmen er kona hans. Luisa går på skule i byen. Leo er tolv år. Ålesund er ein fin by. Huset er raudt. Det snør i dag. Bilen er ny. Arne

Detaljer

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA NAMNET Av Jon Fosse Handlinga følger eit ungt par som dreg heim til hennar foreldre. Jenta er høggravid og dei manglar bustad. Det er eit drama om kor vanskeleg det er å forstå kvarandre og om lengselen

Detaljer

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7 Den gode gjetaren Lukas 15:1-7 Bakgrunn I denne forteljinga formidlar du noko om kva ei likning er. Difor er delen om gullboksen relativt lang. Det å snakke om dei ulike filtstykka som ligg i boksen, er

Detaljer

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Alle borna i 1 klasse byrjar å bli trygge i sine nye omgivelser.

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK Minnebok NYNORSK 1 Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. Når vi er triste,

Detaljer

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går i.

Detaljer

Månadsbrev for Rosa september 2014

Månadsbrev for Rosa september 2014 Månadsbrev for Rosa september 2014 Oppsummering/ evaluering av september Språkutvikling Omsorg Ser at borna no stort sett er trygge både på rutinane, dei andre barna og dei vaksne på avdelinga. Dette fører

Detaljer

Page 1 of 7 Forside Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivast på skolen. Det er frivillig å svare på undersøkinga,

Detaljer

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid Matteus: Tid: Tidleg på 60-talet e.kr. Forfattar: Apostelen Matteus. Adressat: Jødar. Markus: Tid: En gang på 60- talet e.kr. Forfattar: Johannes Markus Adressat: Romarar

Detaljer

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid) Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte

Detaljer

Informasjon til elevane

Informasjon til elevane Informasjon til elevane Skulen din er vald ut til å vere med i undersøkinga RESPEKT. Elevar ved fleire skular deltek i undersøkinga, som vert gjennomført av Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger.

Detaljer

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Aktivitetsark med oppgåveidear og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginalar DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING

Detaljer

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Mål: Elevane skal kjenne til utbreiinga av hallingmålet i nærmiljøet. Dei skal vita noko om korleis hallingmålet har utvikla seg

Detaljer

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv. Særemne 3-100 år med stemmerett I 2013 er det hundre år sidan alle fekk stemmerett i Noreg. På Norsk Folkemuseum arbeider vi i desse dagar med ei utstilling som skal opne i høve jubileet. I 2010 sendte

Detaljer

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7 Bønn «Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet: «I ein by var det ein dommar som ikkje hadde ærefrykt for Gud og ikkje tok omsyn til noko menneske.i same byen var det

Detaljer

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER SONGAR ALLSONG Blott en dag Bred dina vida vingar Deg være ære Eg veit ei hamn Ein fin liten blome Han er oppstanden Han tek ikkje glansen av livet Hjemme

Detaljer

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Oppsummering/ evaluering av mars/april Mål og innhald april I mars har me hatt fokus på språk. Me har hatt språksamlingar saman med Rosa kvar veke, der har me sett på

Detaljer

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking Bjørn og Rovdyr Innhold Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders rjeundersøking For eller imot bjørn i Jostedalen? Intervju med nokre ikkje-bønder i dalen Intervju med nokre bønder i dalen

Detaljer

6. trinn. Veke 24 Navn:

6. trinn. Veke 24 Navn: 6. trinn Veke 24 Navn: Takk for ei fantastisk fin førestilling i går! Det var veldig kjekt å sjå dykk, både på formiddagen og på ettermiddagen. Eg vart veldig stolt! No må vi få rydda opp og pakka litt

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

SUNDAG Morgonbøn (Laudes) SUNDAG Morgonbøn (Laudes) Inngang L Herre, lat opp mine lepper! A Så min munn kan lovprisa deg. A no og alltid og i alle Song Sal 93 I Herren råder, * han har kledd seg i høgd. II Herren har kledd seg

Detaljer

Nynorsk Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo Hovudtest Elevspørjeskjema 8. klasse Rettleiing I dette heftet vil du finne spørsmål om deg sjølv. Nokre spørsmål dreier seg

Detaljer

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Joakim Hunnes. Bøen. noveller Joakim Hunnes Bøen noveller Preludium Alt er slik det plar vere, kvifor skulle noko vere annleis. Eg sit ved kjøkenvindauget og ser ut. Det snør, det har snødd i dagevis, eg har allereie vore ute og moka.

Detaljer

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Birger og bestefar På bytur til Stavanger Birger og bestefar På bytur til Stavanger Små skodespel laga for mellomtrinnet Forfattarar: Ola Skiftun og Sigrun Fister Omarbeidd til skodespel av Stavanger Sjøfartsmuseum Denne dagen var heilt spesiell,

Detaljer

Jon Fosse. For seint. Libretto

Jon Fosse. For seint. Libretto Jon Fosse For seint Libretto Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med takk til Du Wei 2 Ei seng fremst, godt

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2 Nynorsk Opp-ned musene av Roald ahl et var ein gong ein gamal mann på 87 år som heitte Laban. I heile sitt liv hadde han vore ein stille og roleg person.

Detaljer

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019 Resultat trivselsundersøkinga våren 2019 I år prøvde me ut kort svarfrist, ei veke rett før vinterferien. Då var det nokre som tenkte at dei kunne nytta ferien i fred og ro til å svara, så for at alle

Detaljer

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Teknikk og konsentrasjon viktigast Teknikk og konsentrasjon viktigast Karoline Helgesen frå Bodø er bare 13 år, men hevdar seg likevel godt i bowling der teknikk og konsentrasjon er viktigare enn rein styrke. Ho var ein av dei yngste finalistane

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE Alle vaksne i Lyefjell barnehage arbeider for at det enkelte barn opplever at: Du er aktiv og tydelig for meg Du veit at leik og venner er viktige for

Detaljer

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 1 SETNINGSLEDD Verbal (V) Eit verbal fortel kva som skjer i ei setning. Verbalet er alltid laga

Detaljer

mmm...med SMAK på timeplanen

mmm...med SMAK på timeplanen mmm...med SMAK på timeplanen Eit undervisningsopplegg for 6. trinn utvikla av Opplysningskontora i landbruket i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet. Smakssansen Grunnsmakane Forsøk 1 Forsøk 2

Detaljer

Brødsbrytelsen - Nattverden

Brødsbrytelsen - Nattverden Brødsbrytelsen - Nattverden 1.Kor 11:17-34 17 Men når eg gjev dykk desse påboda, kan eg ikkje rosa at de kjem saman til skade, og ikkje til gagn. 18 For det fyrste høyrer eg at det er usemje mellom dykk

Detaljer

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER SONGAR ALLSONG Blott en dag Bred dina vida vingar Deg være ære Eg veit ei hamn Ein fin liten blome Han er oppstanden Han tek ikkje glansen av livet Hjemme

Detaljer

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. PREPOSISJONAR 1 Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. Luisa går på skule i Ålesund. Skulen ligg midt i byen. Klasserommet ligg i tredje etasje

Detaljer

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» Velkommen til oss i Maurtuå Barnehage. Dette heftet med informasjon håpar me kan være til hjelp for deg når du skal være vikar.

Detaljer

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum.

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum. Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum.no Spørjeliste nr. 253 Fadderskap Den som svarar på lista er samd i at svaret

Detaljer

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Samandrag og stikkord om filmen Det er seinsommar i Bergen. Thomas må flytte til gråsonen, ein omplasseringsheim for unge, som av ulike grunnar ikkje har nokon stad

Detaljer

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN. Nymannsbråtet barnehage MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN. Månadens tema; «Nysgjerrigper» - luft, brann. Månadens song; «Brannmann Sam». Fagområde; «Natur, miljø og teknikk». Veke Tysdag 01.09 Onsdag

Detaljer

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009 ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2008/2009 Innleiing Årsmøtet for 2007/08 vart avvikla i grendahuset 20.03.08. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.

Detaljer

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd? Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd? Gunhild Kvålseth 15.06.17 Innhald Innleiing... 3 Formålet med undersøkinga... 3 Status i dag... 3 Framgangsmåte...

Detaljer

Plassebakken Barnehage

Plassebakken Barnehage Plassebakken Barnehage Plassebakken Post Sørigard Februar 2012 www.plassebakken.no Hei og hå! I månaden som er gått har vi leika oss ute i snøen, så nær som kvar dag. Vi sila i bakkane og mala på snøen

Detaljer

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min DET MØRKNAR SVEVNENS KJÆRLEIK JAMNE BØLGJER EIT FJELL I DAGEN eg står og ser på dei to hjortane og dei to hjortane står og ser på meg lenge står vi slik eg står urørleg hjortane står urørlege ikkje noko

Detaljer

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Månadsbrev for ROSA mars 2015 Månadsbrev for ROSA mars 2015 Oppsummering/ evaluering av mars Mars har vore ein lunefull månad med tanke på veret, men vi gledar oss over mange fine dagar med sol og vårleg varme. Har vore mykje ute og

Detaljer

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Tilstade: Personalet, foreldre og Nina Helle. Kva er BTI: Stord kommune er ein av 8 kommunar som deltek i eit prosjekt som skal utarbeide ein modell

Detaljer

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman Olaug Nilssen Få meg på, for faen Roman 2005 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2012 ISBN 978-82-521-8231-6 Om denne boka Ein humorstisk roman om trongen

Detaljer

Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår?

Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår? Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår? Innlevert av 7B ved Bergsøy skule (Herøy, Møre og Romsdal) Årets nysgjerrigper 2015 Vi i klasse 7B har mange ulike ting vi lurer på, og synes det høyrdes spanande

Detaljer

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING NYNORSK INNHALD GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING... 2 GRAVFERDSORDNING:... 2 1. MENS VI SAMLAST... 2 2. FELLES SALME... 2 3. INNLEIING VED LEIAR... 2 4. BØN... 2 5. MINNEORD...

Detaljer

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt Ser du det? Hvordan jobbe med trosopplæring og bibelfortellinger med hovedvekt på det visuelle. Vi lever i en mer og mer visuell tid, og dette bør få konsekvenser for hvordan kirken kommuniserer med og

Detaljer

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11 På tur med barnehagen Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11 Standarane, teikn på kvalitet. Desse tre standarane er felles for alle barnehagane i Eid kommune. Dei skal vise veg til korleis vi skal få god kvalitet

Detaljer

FANTASTISK FORTELJING

FANTASTISK FORTELJING FANTASTISK FORTELJING Leiken går ut på at alle som er med, diktar ei fantastisk forteljing. Ein av deltakarane byrjar på ein historie, men stoppar etter ei stund og let nestemann halde fram. Slik går det

Detaljer

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

VELSIGNING AV HUS OG HEIM KR 15.4/12 VELSIGNING AV HUS OG HEIM 1 Denne liturgien kan brukast når folk bed presten eller ein annan kyrkjeleg medarbeidar om å koma og velsigna den nye heimen deira. 2 Dersom presten blir beden om

Detaljer

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom

Detaljer

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv Opne førelesingar M44 20. Januar 2011 Christiane Weiss-Tornes Presentert av Tine Inger Solum Disposisjon: 1. Korleis blir eg utmatta? 2. Varselsymptom

Detaljer

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert 15.06.09

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert 15.06.09 TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE Sist redigert 15.06.09 VISJON TILTAK Stord kulturskule skal vera eit synleg og aktivt kunstfagleg ressurssenter for Stord kommune, og ein føregangsskule for kunstfagleg

Detaljer

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013. Vårkonferanse Mandal 1

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013. Vårkonferanse Mandal 1 Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013 Vårkonferanse Mandal 1 Gaular, ein flott kommune i vakre Sogn og Fjordane. 30.04.2013 Vårkonferanse Mandal 2 Gaular, med dei tre ruteområda (2.923 innbyggjarar

Detaljer

Elevundersøkinga 2016

Elevundersøkinga 2016 Utvalg År Prikket Sist oppdatert Undarheim skule (Høst 2016)_1 18.11.2016 Elevundersøkinga 2016 Symbolet (-) betyr at resultatet er skjult, se "Prikkeregler" i brukerveiledningen. Prikkeregler De som svarer

Detaljer

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08 Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08 Alternative titlar: Vurderingsarbeid: Arbeid med kvalitet i skolen i spenning mellom

Detaljer

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn Jobbskygging side 1 Jobbskygging Innhald Handverk, industri og primærnæring Omgrepa handverk, industri og primærnæring. Kva betyr omgrepa? Lokalt næringsliv etter 1945 Korleis har lokalt næringsliv utvikla

Detaljer

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn Når det gjeld barn som vert utsett for vald eller som er vitne til vald, vert dei ofte utrygge. Ved å førebygge og oppdage vald, kan me gje barna

Detaljer

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord Kjære foreldre, føresette, søsken og vener! I 8 månader har de fått rapport etter rapport frå Nordfjordeleven dykkar. Om flotte fjelltoppar. Store bølgjer. Hav

Detaljer

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 1 TEIKNSETJING Punktum (.) Vi bruker punktum for å lage pausar i teksta. Mellom to punktum må det

Detaljer

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE Vedteke av kommunestyret 2. oktober 2014, sak 67/14 1 Innhold 1. Kvifor plan for bruk av nynorsk i Nissedal kommune?... 3 1.1 Bruk av nynorsk internt i organisasjonen

Detaljer

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER AV ALF KJETIL WALGERMO Mitt bankande hjarte. Ungdomsroman. Cappelen Damm, 2011 Mor og far i himmelen. Illustrert barnebok. Cappelen Damm, 2009 Keegan og sjiraffen. Illustrert

Detaljer

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii KoønnWEK v/sidgr.1- or 11(0I: iii &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. Opplysningar om søkjaren: Namn:Jorun Larsen Adresse: Seimsvegen 73 Postnr./stad: 5472 SEIMSFOSS Telefon: 91398512 Organisasjonsnr:

Detaljer

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om : Denne månaden har me blant anna arbeid med «Barn hjelper barn» som ei førebuing til haustfesten vår 3. november, der inntektene vil gå til SOS-barnebyer Bergen. Barna har mellom anna laga epletrykk og

Detaljer

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS BARN OG UNGDOM SINE REAKSJONAR I denne brosjyra finn du nyttige tips for deg som er innlagt, og har barn under 18 år. Når ein i familien vert alvorleg

Detaljer

Sandeid skule SFO Årsplan

Sandeid skule SFO Årsplan SFO Årsplan Telefon: 48891441 PRESENTASJON AV SANDEID SKULE SIN SFO SFO er eit tilbod til elevar som går på i 1. til 4. klasse. Rektor er leiar av tilbodet. Ansvaret for den daglege drifta er delegert

Detaljer

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage! Til deg som er student i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» Velkommen til oss! Dette heftet er ei samling av ulik informasjon som me håper kan være grei for deg når du skal vær

Detaljer

Plassebakken Barnehage

Plassebakken Barnehage Plassebakken Barnehage Plassebakken Post Austigard Februar 2012 www.plassebakken.no Hei alle sammen! Plassebakken Barnehage BA I januar har vi nytta oss av det fine veret å vøre mykje ute! Sjølv om det

Detaljer

DET NÆRMAR SEG VÅR MÅNADSBREV FOR MARS.

DET NÆRMAR SEG VÅR MÅNADSBREV FOR MARS. MÅNADSBREV FOR MARS. Frøet Eg ligger bare her og gror og drikker vatn og spiser jord. Her er så varmt og mørkt og vått. Her er så fredelig og godt. I natt kom regnet lett på tå og banka ganske sakte på.

Detaljer

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge KPI-Notat 4/2006 Når sjøhesten sviktar Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge En notatserie fra Kompetansesenter for pasientinformasjon og pasientopplæring Side 1 Sjøhesten (eller hippocampus)

Detaljer

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet Samtaleguide om lesing Innleiing Samtaleguiden er meint som ei støtte for opne samtalar mellom lærar, elev og foreldre. Merksemda blir retta mot lesevanar, lesaridentitet

Detaljer

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014 ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2013/2014 Innleiing Årsmøtet for 2012/13 vart avvikla i grendahuset 28.03.13. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.

Detaljer

Informasjonshefte Tuv barnehage

Informasjonshefte Tuv barnehage Informasjonshefte Tuv barnehage Informasjonshefte for Tuv barnehage Barnehagen blir drevet av Hemsedal kommune. Barnehagen er politisk lagt under Hovudutval for livsløp. Hovudutval for livsløp består av

Detaljer

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving Berre spør! Undersøking Få svar I behandling På sjukehuset Er du pasient eller pårørande? Det er viktig at du spør dersom noko er uklart. Slik kan du hjelpe til med å redusere risikoen for feil og misforståingar.

Detaljer

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1 Rolf Lystad 12.05.14 Oklavegen 4 6155 Ørsta Utdanningsavdelinga v/ståle Solgard Møre og Romsdal fylkeskommune Fylkeshuset, Julsundvegen 9 6404 Molde Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen

Detaljer

Info til barn og unge

Info til barn og unge Rein Design Har du vore utsett for seksuelle overgrep, eller kjenner du nokon som har vore det? Det er godt å snakke med nokon du kan stole på, og du treng ikkje sei kven du er. Vi vil hjelpe deg. Kontakt

Detaljer

Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse

Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse Namn: Klasse: 1. Gjennomgang av skjemaet «Førebuing til elev- og foreldresamtale» 2. Gjennomgang av samtaleskjemaet 3. Gjennomgang av IUP og skriving av avtale

Detaljer

Månadsplan for Hare November

Månadsplan for Hare November Månadsplan for Hare November tlf: 51 78 60 20 VEKE MÅNDAG TYSDAG ONSDAG TORSDAG FREDAG 45 Barn, kropp og berøring 2. 3. 4. 5. 6. «barn, kropp og berøring» 46 Barn, kropp og berøring 9. 10. 11. 12. Åsmund

Detaljer

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter. RAPPORT FRÅ STRANDEBARM SKULE TYSDAG 18/10-05 Gruppa vart delt i 3. Det me skulle gjera i dag var: gjera klar grønsaker til marknad, stell i fjøset og steike pannekaker på stormkjøkken. Poteter og gulrøter

Detaljer

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN KOPI TIL HEIMEN TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN Zippys venner er eit skuleprogram kor barna øver på å fungera godt saman og å forstå eigne kjensler. Dei får øve på korleis dei

Detaljer

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo Jon Fosse Kveldsvævd Forteljing Oslo 2014 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2013 ISBN 978-82-521-8585-0 Om denne boka Kveldsvævd er ein frittståande

Detaljer

M/S NYBAKK SI HISTORIE

M/S NYBAKK SI HISTORIE M/S NYBAKK SI HISTORIE M/S Nybakk vart bygd på Vaagland Båtbyggeri, rett nord for Kristiansund N, i 1961. Nybygget vart tildelt kallesignalet JXPH då kjølen vart strekt. Bueland Det var brødrene Jakob,

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve Nynorsk Lundefuglnettene av ruce McMillan Kvart år får den islandske øya Heimaøy besøk av svartkvite fuglar med oransjefarga nebb som kjem for

Detaljer

2Tim 3:14-17 «Men bli du verande i det du har lært og er overtydd om. For du veit kven du har lært det av, 15 og heilt frå barndomen kjenner du Dei

2Tim 3:14-17 «Men bli du verande i det du har lært og er overtydd om. For du veit kven du har lært det av, 15 og heilt frå barndomen kjenner du Dei Mosby 17.01.2017 2Tim 3:14-17 «Men bli du verande i det du har lært og er overtydd om. For du veit kven du har lært det av, 15 og heilt frå barndomen kjenner du Dei heilage skriftene, som kan gjera deg

Detaljer

MEH2011booklet.indd 1 23.09.11 11.58

MEH2011booklet.indd 1 23.09.11 11.58 Martin Enger Holm 3:36 Vokal: Martin og Henrik Enger Holm Trompet: Tine Thing Helseth Høyr kor englar syng frå sky Krist er fødd i Davids by kjem med frelse til oss ned gir oss med Gud Fader fred Glade

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve Nynorsk Ei gruppe elevar gjennomførte eit prosjekt om energibruk og miljøpåverknad. Som ei avslutning på prosjektet skulle dei skrive lesarbrev

Detaljer

Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk?

Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk? Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk? Innlevert av 6 & 7 ved Fister skule og barnehage (HJELMELAND, Rogaland) Årets nysgjerrigper 2012 Årets nysgjerrigper vart ein suksess på Fister skule. Hypotesene,

Detaljer

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Har igjen fått sps om dekninga i Sør. Veit ein meir om når utbygging av skal skje? Kor mange barn i sør får ikkje plass i nær? Svar frå administrasjonen: Vi syner til

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage Seljord kommune Adresse: Flatdalsvegen 1139, 3841 Flatdal Telefon: 350 51365 E-post: heddeli.barnehage@seljord.kommune.no Styrar: Kristin Gaarder Opningstid: Måndag

Detaljer

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa Ungdom i klubb Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa CASE - FORGUBBING SSFK hadde i lengre tid merka ei «forgubbing» i trenar, leiar og dommarstanden i SFFK. Etter fleire rundar

Detaljer

Brukarrettleiing. epolitiker

Brukarrettleiing. epolitiker Brukarrettleiing epolitiker 1 Kom i gang Du må laste ned appen i AppStore Opne Appstore på ipaden og skriv «epolitiker» i søkjefeltet øvst til høgre. Trykk på dette ikonet og deretter på «hent» og til

Detaljer

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.» Valle Venstre «Menneska er viktigare enn systemet.» Dette er Valle Venstre: Venstre er eit liberalt parti. Ein liberal politikk tek utgangspunkt i det enkelte mennesket, samstundes med at alle har ansvar

Detaljer