Kleppe SFO Vi strekker oss! Informasjonsskriv og strategiplan 2016/2017 Revidert juni 2016

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Kleppe SFO Vi strekker oss! Informasjonsskriv og strategiplan 2016/2017 Revidert juni 2016"

Transkript

1 Kleppe SFO Vi strekker oss! Informasjonsskriv og strategiplan 2016/2017 Revidert juni 2016

2 VELKOMMEN TIL KLEPPE SFO Skulefritidsordninga i Klepp er eit frivillig omsorgs - og fritidstilbod for barn dei fire første åra av grunnskulen. Funksjonshemma barn kan søkja om plass utover 4.trinn. Skulefritidsordninga er eit tilbod til barna før og etter skuletida og på skulefrie dagar. Skulefritidsordningane i Klepp kommune arbeider etter fem fokusområder: 1 Leik, 2 Omsorg og sosial trening, 3 Kunst og kultur og 4 Friluftsliv og fysisk aktivitet og 5 Lesing. Innhaldet i Kleppe SFO er lagt opp etter desse fokusområda og konkretisert gjennom strategiplanen som er vedlagt. Strategiplanen skal vere eit arbeidsdokument for personalet i SFO, samt gje foreldre og andre interesserte innsyn i, og informasjon om målsetting og innhald. Avdelingane Kleppe SFO har 3 avdelingar, derav 2 trinn delar lokal og personalgruppe, Snoopy, Tigergutt, og base 3 (Elevane skal finne nytt namn haust 2016). Snoopy er avdelinga for 1.trinn og har lokale i 1.etasje i D-bygget på skulen. Tigergutt er avdeling for 2.trinn og har lokale i 2.etasje i D-bygget. Base 3 er avdelinga for 3.trinn og 4 Trinn og har lokale i C-bygget. Under finn du namn på personalet. Alle elevane får primærkontaktar som informerast om på vår heimeside. Personalet: Snoopy (1 Trinn): Anne Cathrine Veivåg (Avdelingsleiar) Cristina Skjæveland Geir Ånadal Lars Idar Pollestad Trine Erga (Praktikant) Tigergutt (2 Trinn): Karin Tengesdal (Avdelingsleiar) Bisrat Tewolde Lene Voll Renata Backe Vilde Steinsland (Lærling) Petter Sprett og Dei Utrulege (3 og 4 Trinn): Anita Moi Hansen (Avdelingsleiar) Agush Agushaj Amy Christin Larsen Eleni Tsirollo Mona Budeng Kjøkkenansvarleg Monika Woytachic Daglig leiar: Lasse Hjelmervik Opningstider Vi har ope kvar dag til kl Morgontilbodet er ope frå kl til skulestart Ein kan velje å ha 100% plass eller 60% plass( 3 dagar). I tillegg kan ein velje om ein vil ha morgontilbod. SFO har ope heile skuleåret, også på skulefrie dagar. Unntaket er raude dager og 5 planleggingsdagar i året, juli månad er også stengt. Alle som har SFO-plass kan bruke SFO i feriane (dei som har 3-dagars tilbod har dette i feriane og). Dersom det er ledig kapasitet i SFO er det mogleg å kjøpe einskilde dagar i løpet av skuleåret, men dette er unntaksvis. Dette er meint å vere ei hjelp dersom det kjem uventa ting i kvardagen, f.eks sjukdom eller reising i samband med arbeid. Det er ikkje mogleg å kjøpe einskilde dagar i skuleferiane. SFO er stengt heile juli. Julaftan og nyttårsaftan har vi stengt. Onsdag før skjærtorsdag har vi ope til kl Planleggingsdagar skuleåret 2016/2017: 16.august, 18.november, 2.januar, 18.april og 26.mai. SFO har ikkje tilbod desse dagane. Prisar for ulike tilbod ved Kleppe SFO: Tilbod 3 dagar (60%) 1660,-/ mnd. 5 dagar (100%) 2730,-/ mnd. Morgontilbod 350,-/ mnd I tillegg kjem matpengar på kr.210/mnd ( kr.130,-pr. mnd for 3- dagars tilbod)

3 Oppseiing av plass i SFO Det er mogleg å seie opp plassen eller endre tilbod i løpet av skuleåret. Oppseiing må alltid gjelda frå den fyrste i ein månad. Oppseiinga må vera skriftleg og leveras seinast 30 dagar før. For oppseiing etter 1.april, må det betalas ut skuleåret og august månad. INNHALDET OG ORGANISERING PÅ KLEPPE SFO Dagsrytme: Morgon-SFO frå skulestart SFO opnar når 1.-4.trinn sluttar skuledagen. Frie aktivitetar/leik/gruppeaktivitetar Måltid 14.00, varm mat på fredager. Utetid/gruppeaktivitetar fram til Frie aktivitetar/leik/gruppeaktivitetar til Gruppeaktivitetar Vi tilbyr organisert gruppeaktivitet i SFO. Døme på grupper er: gym, symjing, formingsaktivitetar, BMX og sløyd. Tysdag og fredag er dei dagane med mest organisert aktivitet. Dei fleste aktivitetane står i månadsplanen som vi publiserer på vår heimeside. Symje-gruppa og BMX er for 3. og 4.trinn og dette er dei einaste gruppene med bindande påmelding som gjeld for eit semester. Dette er på grunn av rerursbruk, tryggleik og forutsigbarheit. Det kjem eige skriv om dette. Måltider Barna får eit måltid kvar dag i SFO. Det er brødmåltid tre gonger i veka, ein dag med gryn og ein dag med varm mat. Barna kan velje mjølk eller vatn til måltida, dette er inklusivt i matpengane. Borna får og oppskårne frukt og grønsaker kvar dag. Vi ønskjer å ha fokus på at borna får sunn mat og eit godt måltidsfellesskap. Foreldre og SFO-tilsette har derfor utarbeida ein kosthaldsplan som informerast om på foreldremøte og ligg på heimesida. Ekstratøy/skiftetøy Barna må ha skiftetøy i garderoben. Det må vere minst eitt heilt sett skiftetøy, gjerne ekstra bukser og strømper. Alle barna har eigen kasse eller korg til skiftetøy i garderoben. Det er fint om de foreldre hugsar å sjå etter i kassen med jamne mellomrom. Barna må ha innesko eller tøflar. Dette er særleg aktuelt om hausten og vinteren, då dei lett blir våte i garderoben. Telefonbruk Vi er svært restriktive med utlån av telefonen til barna, og ynskjer at avtalar om besøk hjå vener m.m., blir avtalt på førehand og at barnet har med beskjed til oss, send eventuelt SMS på basetlf. De kan og nytta Vigilo til å senda beskjedar og vi anbefal denne løysninga. Registrering Dersom barna ikkje har kome etter skulen, eller etter det avtalen seier, kontaktar vi foreldra/føresette. Alle barna blir kryssa inn når dei kjem, og kryssa ut når dei går. Det er viktig at dei som hentar barna i SFO gjer beskjed til dei vaksne når barnet går, slik at vi får kryssa dei ut. Dersom elevane blir henta, er det fint om de kan koma inn og henta barna. Mange ringjer frå rundkøyringa eller medan dei er på veg til SFO og ber oss senda barna ut, dette gjer at vi bruker tid på å ta telefonen i staden for å vere med barna, samstundes som vi får mindre kontakt med dykk foreldre. Gje oss beskjed dersom det er andre enn foreldra som skal hente barnet, særskilt om de ikkje er ført opp på informasjon om barnet. Ferie SFO Når det er skuleferie skal dei barna som er på SFO ha det ekstra kjekt. Vi lar dei få bestemme dagen mykje sjølv. Vi drar ut på turar og spanande utflukter. Vi har aktivitetar på skulen, forming og brukar gymsalen. Julebord, gardsbesøk, bowling, museumsbesøk og leikeland er eksemplar på det vi pleier å gjere. Alle tek med seg mat til måltidet, det andre måltidet får dei i SFO. I forkant av kvar ferie blir de bedt om å fylle ut kva for nokre dagar barnet kjem, og kor lenge barna skal vere i SFO. Dette er ein god hjelp for oss slik at vi kan planleggje personalet for ferien og planleggje aktivitetar/ turar utifrå barnegruppa. Hugs Kjernetid

4 Foreldresamarbeid Vi ønskjer nøgde foreldre som er trygge på at barna blir tekne godt vare på og trivest hjå oss. Open kommunikasjon og samarbeid er viktig for at vi skal gjere ein best mogleg jobb. Vi lagar månadsplanar der de finn informasjon om aktivitetar og anna nyttig informasjon om SFO. På nettsida vår ( finn de mykje informasjon og alle aktuelle skriv og skjema. Vi skriv litt om kva vi held på med, og legg ut bilete frå aktivitetar og turar. Vigilo kjem til å overta som kommunikasjonsverktøy utover hausten 2016 og vi anbefal å nytta dette. Alle born har i Vigilo eiga heimeside og alle føresette får eigen brukartilgang. SFO har meir sporadisk foreldrekontakt enn det ein har i ein barnehage, men vi oppmodar dykk foreldre til å ta kontakt med oss om de ønskjer meir informasjon eller samtale. Kvart barn har ein vaksen som er primærkontakt. Denne har spesielt ansvar for å fylgje opp barnet, og å ta kontakt med foreldra ved behov. Dette gjer barnas kvardag tryggare, og det er enklare å forhalde seg til både for barn og vaksne. Vi gjer tilbod om foreldresamtalar og tek elles kontakt med foreldre ved behov. Det blir foreldremøte i september og det vert sendt ut eigen invitasjon til dette. På foreldremøte blir det valt to SFO-foreldrekontaktar, ein av desse skal og sitje i FAU. Vedtekter for SFO ligg på vår heimeside, her står viktig informasjon som til dømes reglar ved inntak og oppseiing av plass. Forventningar til foreldra Vi som arbeider i Kleppe SFO har forventningar til dykk som er foreldre, og dette kan vi summera opp slik: At de aktivt fylgjer med i korleis barnet opplever det å vera her, og at de på bakgrunn av dette gir oss tilbakemeldingar - både positive og negative. At de gjer oss informasjon som er viktig for vår forståing av barnet i SFO. At de gjer oss melding ved fråvær/sjukdom/endringar i hentetid osv. At de jamleg ser etter om barnet har innesko/tøflar og skiftetøy i garderoben. At de respekterar reglane i SFO. Nyttar informasjon/kommunikasjonssentralane våre som er heimesida og Vigilo. Forventningar de kan stilla til personalet At vi tek barna på alvor, viser interesse, forståing og omsorg. At vi overheld teieplikta. At barna opplever tryggleik og trivsel i samvær med dei andre barna og dei vaksne i SFO. At vi gir informasjon og tilbakemelding om forhold som gjeld barnet. At vi er vår vaksenrolle bevisst At vi er tilgjengelege for foreldra, blide og hyggelege. At vi samarbeidar med klassestyrarane og miljøterapeutane på skulen, PP- tenesta i kommunen og barnevernet. For sein henting Dersom barna ikkje blir henta innan vi stengjer vert det utstedt eit straffegebyr på kr.200,- Personalet si arbeidstid sluttar kl.16.30, dei må vere igjen lenger dersom barna ikkje vert henta. Det vil først bli gitt munnleg beskjed om dette, skjer det igjen sender vi ut rekning. Dersom du har problem med å kome fram i tide, kan du ta kontakt med oss for å finne ei løysing. Får vi ikkje tak i føresette ved for sein henting har vi rutinar som sikrar bornet. KONTAKTE OSS? Gjeld det beskjedar om henting etc er det best å ringje direkte til avdelinga. Det er og greitt om du sender SMS når det gjeld enkle beskjedar som f.eks sjukdom, fri og henting. Leiar er normalt å treffe kvar dag frå Vi set pris på at du tek kontakt, dette hjelper oss til å bli ein enno betre SFO! Trinn Snoopy: ( ) 1trinn Tigergutt: ( ) 2 trinn Base 3: / ( ) SFO-leiar: E-post: kleppe.sfo@klepp.kommune.no Heimeside:

5 Strategidokument Kleppe SFO Revidert juni 2016 Kleppe SFO skal vere som eit tre med samlande røter, ein stamme som held, greiner som strekker seg og med fargerike blad og blomar. 1) Samle- Kunst og kultur a. Gjennom kreativt arbeid skal borna i SFO få større kjennskap til vår felles kulturarv. i. Grupper med handarbeid kvar veke ii. Borna lager formingsting som er knytte til årstider og høgtider. iii. Sløydgrupper for 4.trinn kvar veke. iv. Alle borna lager kunstverk som blir seld på kunstkafé i februar. v. Internasjonal veke som legger vekt på kulturmangfold. b. Kleppe SFO skal bidra til å gje borna leseglede og kjennskap til sentral barnelitteratur. i. På 1. og 2.trinn vil det vere lesing/lydbok under måltidet minst ein gong i veka. ii. Det skal vere tilgjengeleg bøker og blader på alle avdelingane som kvart semester vert gjennomgått og oppdatert. SFO samarbeider med skulebibliotek. c. Kleppe SFO skal bidra til å gjere borna kjende med årstidene og høgtidene våre. i. Borna har mellom anna formingsaktivitetar knytte til høgtidene. ii. Tenning av adventslys og lesing av bok med adventstema i adventstida. iii. Feiring av karneval. 2) Halde- Omsorg og sosial trening a. Alle barn på kleppe SFO skal oppleve tryggleik og at dei er sett av dei vaksne. i. Alle borna skal kryssast inn og bli sagt hei til når dei kjem på SFO og kryssast ut, og bli sagt Ha det til når dei går. Helst med namn. ii. Alle tilsette skal lære seg alle namna på borna på avdelinga dei arbeider på og aktivt bruke namna i samtalane med borna. iii. Alle born skal ha ein vaksen primærkontakt som i særleg grad har ansvar for å sjå at barnet har det bra og som saman med SFO-leiar har ansvar for kommunikasjon med foreldra. iv. I starten av skuleåret skal alle 1.klassingane bli presenterte på felles barnesamlingar. SFO-leiar har ansvar for dette i forbindelse med presentasjon av skattekistå. v. Barn med klare fysiske eller sosiale handikap skal kvar dag ha ein vaksen med særskild ansvar for å hjelpe seg til praktiske gjeremål og til å bli involvert i leiken. vi. Alle borna skal ha nokon å leike med om de ønskjer. Base 1 (1 trinn) nyttar «Vennskaps benk» b. Borna på Kleppe SFO skal oppleve tydelege rammer. i. Det skal være faste tider for aktivitetar, måltid, uteleik o.s.b. som er enkle for born og vaksne å forhalde seg til. ii. Det skal være klare skriftlege reglar for inne-leik, ute-leik, garderobe og måltid. iii. Desse reglane skal bli gjennomgått munnleg og ved praktisk øving på starten av skuleåret. iv. SFO har fokusområde for den sosiale treninga i samarbeid med skulen. v. Borna skal kjenne og respektere Stopp regel.

6 c. Borna på Kleppe SFO skal oppleve verdi i å ha ro og orden i SFO-lokala. i. Klare skriftlege reglar for stemmebruk, rørsle og rydding. ii. Faste grupper fordelt på bygget for å hindre støy. iii. Det skal kontrollerast at det er ryddig etter leik inne og ute. Ryddast etter maten og moppast i klasserom og garderobar medan borna er ute. iv. Borna skal på omgang ha ansvar for dekking og rydding av bord. d. Alle born på Kleppe SFO skal oppleve at dei tilsette har god kommunikasjon med foreldra. i. Det skal leggast ut månadsplan og månadsbrev til foreldra i forkant av kvar månad på nettsida. ii. Det skal leggast ut påmeldingslapp til ferie-sfo til foreldra. iii. Det skal kome ut artikklar i Vigilo med bilete frå det som skjer i SFO. iv. Anna vikteg informasjon til foreldra skal og leggast ut på nettsida og/eller Vigilo. v. Primærkontakt og SFO-leiar har ansvar for kommunikasjonen med foreldra ved sjukdom eller hendingar som bør kommuniserast til foreldra. vi. I hentesituasjonen skal personal kunne seie noko om kva barnet har gjort denne dagen. 3) Strekke Leik, friluftsliv og fysisk aktivitet. a. Borna på Kleppe SFO skal gjennom leik få oppleve utfordring, meistring og glede. i. Det skal vere leiker som er tilpassa alder, interesser og funksjonsnivå på borna både inne og ute. ii. Det skal vere fri leik minst 30 minutt kvar dag. iii. Det skal vere tilgjengeleg konstruksjonsleiker på alle avdelingar iv. Det skal vere tilgjengeleg kort og pedagogiske brettspel på alle avdelingane. v. Det skal vere rullerande gruppeaktivitetar slik at alle borna blir utfordra til å prøve fleire typar aktivitetar. vi. Det skal utarbeidas halvårsplanar for alle gruppene: 1)Symjing, 2)gym, 3)sløyd 4)forming,5) BMX, 7) tur, 8)brettspel b. Kleppe SFO skal stimulere borna til å ha glede av å bruke mykje tid ute og i fysisk aktivitet. i. Det skal vere turdag kvar månad for alle trinn. ii. Faste tider for uteleik kvar dag. iii. Tilgjengeleg utstyr til uteleik som fotball, strikk, hoppetau, sparkesykkel, spann og spade, m.m. iv. Organiserte uteaktivitetar kvar veke for alle trinn. v. Gymgruppe annan kvar veke for alle trinn. vi. Symjegruppe annankvar veke for 3.-4.trinn. vii. Nyoppstarta BMX gruppe: Prosjekt 2016/17 viii. Skøyting minst en gong i året for 3. og 4.trinn 4) Fargerikt- Glede og humor a. SFO-miljøet skal vere prega av glede og positiv merksemd. i. Borna i SFO skal kvar dag oppleve positiv merksemd når dei til dømes ryddar, leiker, et og kler seg. ii. Borna skal kvar dag oppleve at dei tilsette skryt av borna og andre tilsette. iii. Kvar månad skal 4.trinn ha 4.klasseklubb der det er aktivitetar som borna i særleg grad kan gle seg til. b. Borna i SFO skal oppleve gleda av måltidsfellesskap. i. Det skal vere felles måltid avdelingsvis kvar dag i SFO. ii. Kvar fredag skal det vere varm mat. iii. Maten skal vere variert, sunn og innbydande. iv. Det skal bli servert frukt og grønsaker kvar dag.

Kleppe SFO. Ein SMART SFO! Informasjonsskriv og strategiplan 2017/2018 SJØLV- GLUP SPRÅK- MENNESKE -GLUP GLUP NATUR- FORM- GLUP GLUP

Kleppe SFO. Ein SMART SFO! Informasjonsskriv og strategiplan 2017/2018 SJØLV- GLUP SPRÅK- MENNESKE -GLUP GLUP NATUR- FORM- GLUP GLUP Kleppe SFO Ein SMART SFO! Informasjonsskriv og strategiplan 2017/2018 SJØLV- SPRÅK- MENNESKE - FORM- NATUR- KROPPS- MUSIKK- TAL- VELKOMMEN TIL KLEPPE SFO Vi på kleppe SFO har som vår viktigaste oppgåve

Detaljer

Kleppe SFO. - Ein SMART-SFO. Informasjonsskriv og strategiplan 2019/2020

Kleppe SFO. - Ein SMART-SFO. Informasjonsskriv og strategiplan 2019/2020 Kleppe SFO - Ein SMART-SFO Informasjonsskriv og strategiplan 2019/2020 VELKOMEN TIL KLEPPE SFO Som føresett ønskjer du å gje barnet ditt ein god barndom og eit godt grunnlag for eit godt liv. Vi i Kleppe

Detaljer

HORPESTAD SKULE OG BARNEHAGE Orrevn KLEPPE Tlf Epost:

HORPESTAD SKULE OG BARNEHAGE Orrevn KLEPPE Tlf Epost: HORPESTAD SKULE OG BARNEHAGE 30.06.2016 Orrevn. 304 4352 KLEPPE Tlf. 51 786260 Epost: horpestad.skule@klepp.kommune.no VELKOMMMEN TIL HORPESTAD SFO Me vil ønskja deg velkommen til oss på Horpestad SFO

Detaljer

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018 Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018 INFORMASJON TIL FORELDRE/FØRESETTE: Først og fremst: Me ønskjer alle barn og føresette velkommen til eit nytt skuleår! Me i SFO gler oss til å bli kjende med nye elevar,

Detaljer

Sandeid skule SFO Årsplan

Sandeid skule SFO Årsplan SFO Årsplan Telefon: 48891441 PRESENTASJON AV SANDEID SKULE SIN SFO SFO er eit tilbod til elevar som går på i 1. til 4. klasse. Rektor er leiar av tilbodet. Ansvaret for den daglege drifta er delegert

Detaljer

VELKOMSTHEFTE FOR HELLAND SFO

VELKOMSTHEFTE FOR HELLAND SFO VELKOMSTHEFTE FOR HELLAND SFO Vi vil med dette ønske alle velkomen til vår skule/sfo. Vi ser fram til å verte kjent med dei nye barna som skal begynne på SFO, og håpar på eit godt samarbeid med dykk som

Detaljer

Bjørnehiet SFO - informasjon

Bjørnehiet SFO - informasjon Bjørnehiet SFO - informasjon Bjørnehiet SFO er eit friviljug omsorgs- og fritidstilbod før og etter skuletid for barna på 1.- 4. steg. Sentralt i tilbodet er omsorg, tryggleik og gode utviklingsvilkår.

Detaljer

Velkommen til SFO i Forsand Årsplan 2018/2019

Velkommen til SFO i Forsand Årsplan 2018/2019 Velkommen til SFO i Forsand Årsplan 2018/2019 INFORMASJON TIL FORELDRE/FØRESETTE: Først og fremst: Me ønskjer alle barn og føresette velkommen til eit nytt skuleår! Me i SFO gler oss til å bli kjende med

Detaljer

ÅRSPLAN / INFORMASJONSHEFTE ØYE SFO.

ÅRSPLAN / INFORMASJONSHEFTE ØYE SFO. ÅRSPLAN / INFORMASJONSHEFTE ØYE SFO. VELKOMMEN TIL ØYE SKULEFRITIDSORDNING Målsettingane vi arbeider etter i Øye SFO, bygger på ei fritidspedagogisk plattform. Den frie u leiken er viktig for oss, men

Detaljer

SFO på Ågotnes gjev eit tilbod på 24 timar og 15 minutt i veka fordelt på 5 dagar.

SFO på Ågotnes gjev eit tilbod på 24 timar og 15 minutt i veka fordelt på 5 dagar. Opningstid SFO på Ågotnes gjev eit tilbod på 24 timar og 15 minutt i veka fordelt på 5 dagar. SFO tek til kl.07.00-08.20 (utetid-08.30) og etter skuletid kl. 13.15/14.00 og 12.00-16.30. SFO har ope 190

Detaljer

Informasjon og kvalitetsplan

Informasjon og kvalitetsplan Informasjon og kvalitetsplan BORE SFO 2018-2019 Innleiing Då me er midt i eit skifte av leiar i SFO, er mykje av denne planen den same som i fjor. Me har justert litt på nokre rutinar og nokre forventningar

Detaljer

Definisjon og formål. Målsetjing

Definisjon og formål. Målsetjing Definisjon og formål Overordna mål for verksemda finn vi i Opplæringslova 13-7: «Skulefritidsordninga skal leggje til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå

Detaljer

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune Vedteke i Kommunestyret 12.05.2016 K-sak 36/16 1. Eigar Hemsedal kommune er eigar og ansvarleg for drifta av skulefritidsordningane (SFO) ved Tuv og

Detaljer

Handlingsplan Lye SFO

Handlingsplan Lye SFO Handlingsplan 2017-2018 Lye SFO Innhald 1. Innleiing 2. Skulen sin visjon 3. Skulen sitt pedagogiske grunnsyn, elevsyn og læringssyn. 4. Organisering 5. Vaksenrollen på SFO 6. Samarbeid SFO skule 7. Samarbeid

Detaljer

Velkommen til Ulveset SFO. Mål for Ulveset SFO: SFO skal være ein trygg stad, der vi legg til rette for vennskap, leik og trivsel.

Velkommen til Ulveset SFO. Mål for Ulveset SFO: SFO skal være ein trygg stad, der vi legg til rette for vennskap, leik og trivsel. Velkommen til Ulveset SFO SFO er eit frivillig omsorgs- og fritidstilbod, og er ein del av skulen si verksemd. Skule og SFO har eit tett samarbeid og bidrar til eit heildags tilbod for dei yngste barna

Detaljer

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE 2015-2016 INNHALD Innhald 2 Kort om skulefritidsordninga 3 Opningstider og tilbod i feriane 4 Påmeldingsfristar 5 Personalet ved SFO 6 Hovudmålsetjing 7 Dagsrytmen 8

Detaljer

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE Sogndal Studentbarnehage er ein privat barnehage, som vert driven av Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane (SISOF), velferdsorganisasjonen

Detaljer

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014. ÅRSPLAN SFO Fusa oppvekstsenter INNHOLD Innleiing Foreldresamarbeid Pedagogikken i SFO Målsetting for SFO Aktiviteter inne/ute Oversikt over aktivitetar hausten 2014 Dagsrytme Info Innleiing Årsplan skal

Detaljer

Hafslo barne- og ungdomsskule - SFO 2017/18 SFO HAFSLO - INFORMASJON

Hafslo barne- og ungdomsskule - SFO 2017/18 SFO HAFSLO - INFORMASJON Hafslo barne- og ungdomsskule - SFO 2017/18 SFO HAFSLO - INFORMASJON SFO er eit frivillig omsorgs- og fritidstilbod før og etter skuletid for borna på 1. 4. steg. Sentralt i tilbodet er omsorg, tryggleik,

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE Alle vaksne i Lyefjell barnehage arbeider for at det enkelte barn opplever at: Du er aktiv og tydelig for meg Du veit at leik og venner er viktige for

Detaljer

ÅRSPLAN 2019/2020. Opp og fram i lag. Fiskarstrand SFO

ÅRSPLAN 2019/2020. Opp og fram i lag. Fiskarstrand SFO ÅRSPLAN 2019/2020 Opp og fram i lag Fiskarstrand SFO Definisjon og formål Overordna mål for verksemda finn vi i Opplæringslova 13-7: «Skulefritidsordninga skal leggje til rette for leik, kulturog fritidsaktivitetar

Detaljer

SFO BØ SKULE SKULEÅRET 2014-2015.

SFO BØ SKULE SKULEÅRET 2014-2015. SFO BØ SKULE SKULEÅRET 2014-2015. BØ SKULE Rektor: Gyrid Kvaale tlf: 35059452 Sentralbord: Gunn Berit Sønstebø tlf: 35059450 SFO leiar: Liv Bente V. Øygarden tlf: 35059473 MEDARBEIDARAR PÅ SFO SKULEÅRET

Detaljer

ÅRSPLAN GARNES SFO

ÅRSPLAN GARNES SFO ÅRSPLAN GARNES SFO 2016-17 Me legg Bergen kommune sine mål for SFO og Garnes skule sitt elev og læringssyn til grunn for arbeidet vårt på Garnes SFO. Bergen Kommune har utarbeida desse felles måla for

Detaljer

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol. VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m. 01.08.16 1. FØREMÅL Det skal vere ein SFO i kommunen. Skulefritidsordninga skal leggja til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar

Detaljer

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage Kjære foreldre/føresette Me ynskjer dykk og barnet dykkar hjarteleg velkomen til Lonevåg barnehage! Barnet dykkar har no fått

Detaljer

SKULEFRITIDSORDNING ÅHEIM SKULE 2016/2017

SKULEFRITIDSORDNING ÅHEIM SKULE 2016/2017 SKULEFRITIDSORDNING ÅHEIM SKULE 2016/2017 ÅRSPLAN 1 1. Opplæringslova om skulefritidsordning (SFO) 13-7.Skolefritidsordninga Kommunen skal ha eit tilbod om skolefritidsordning før og etter skoletid for

Detaljer

Informasjon til foreldre

Informasjon til foreldre Informasjon til foreldre Til deg/dykk som er nye foreldre ved Helland barnehage TILVENNING Det er viktig for oss at de opplever at den første tida i barnehagen går bra. Dette vil danne grunnlaget for at

Detaljer

Plan for Liabygda SFO

Plan for Liabygda SFO Plan for Liabygda SFO Generelt: Liabygda SFO er ein del av den kommunale skulefritidsordninga i Stranda kommune. Liabygda SFO er underlagt dei vedtekne kommunale retningsliner for skulefritidsordningane.

Detaljer

VELKOMEN TIL BJØRNEHIET SFO LEIKANGER BARNESKULE

VELKOMEN TIL BJØRNEHIET SFO LEIKANGER BARNESKULE VELKOMEN TIL BJØRNEHIET SFO LEIKANGER BARNESKULE Hei og hopp Bjørnehiet SFO er topp! Bjørnehiet SFO - informasjon Bjørnehiet SFO er eit friviljug omsorgs- og fritidstilbod før og etter skuletid for barna

Detaljer

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg Brattholmen skulefritidsordning Nygårdsvegen 1 5350 Brattholmen Tlf: 55097504/91758497 E-post: liss.schumann@fjell.kommune.no S sosalisering og samspill F Fritid og felleskap O Omsorg SFO: SFO er eit fritidstilbod

Detaljer

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule SFO HAFSLO - INFORMASJON SFO er eit friviljug omsorgs- og fritidstilbod før og etter skuletid for borna på 1. 4. steg. Sentralt i tilbodet er omsorg, tryggleik,

Detaljer

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage 2016-2017 Kommunal barnehage i same eining som skulen. Vik skule og barnehage Opningstid: Måndag til torsdag 06.45 17.00 Fredag 06.45-16.30 Kjøp av tid: Dersom det

Detaljer

Generell Årsplan 2012-2015. Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Generell Årsplan 2012-2015. Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start Generell Årsplan 2012-2015 Barnehageeininga Samnanger kommune Saman om ein god start 1 Organisering. Barnehageeininga har ein felles einingsleiar og styrar på kvar barnehage. Opptakskrins og plassering.

Detaljer

Velkomen til SFO på Hafslo barne- og ungdomsskule!

Velkomen til SFO på Hafslo barne- og ungdomsskule! SFO HAFSLO - INFORMASJON SFO er eit friviljug omsorgs- og fritidstilbod før og etter skuletid for borna på 1. 4. steg. Sentralt i tilbodet er omsorg, tryggleik, respekt og gode utvikligsvilkår. Det blir

Detaljer

Kvalitetsplan Bryne skule SFO

Kvalitetsplan Bryne skule SFO 2016-2017 Kvalitetsplan Bryne skule SFO Bryne skule 2016-2017 Innhald 1. Innleiing s. 2 2. Visjon s. 2 3. Elevsyn s. 2 4. Organisering s. 3 5. Vaksenrolla på SFO s. 4 6. Samarbeid med føresette s. 5 7.

Detaljer

Kvalitetsplan Bryne skule SFO

Kvalitetsplan Bryne skule SFO 2017-2018 Kvalitetsplan Bryne skule SFO Bryne skule 2017-2018 Innhald 1. Innleiing s. 2 2. Visjon s. 2 3. Elevsyn s. 2 4. Organisering s. 3 5. Vaksenrolla på SFO s. 4 6. Samarbeid med føresette s. 5 7.

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage Seljord kommune Adresse: Flatdalsvegen 1139, 3841 Flatdal Telefon: 350 51365 E-post: heddeli.barnehage@seljord.kommune.no Styrar: Kristin Gaarder Opningstid: Måndag

Detaljer

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage Kjære foreldre/føresette Me ynskjer dykk og barnet dykkar hjarteleg velkomen til Lonevåg barnehage! Barnet dykkar har no fått

Detaljer

Bleiar: barn som brukar bleie tek dette med. For oss er det best å ha ein heil pakke ståande og så gir vi beskjed når det blir tomt.

Bleiar: barn som brukar bleie tek dette med. For oss er det best å ha ein heil pakke ståande og så gir vi beskjed når det blir tomt. INFORMASJON FRÅ A Å Barnehageåret: går frå 2. helga i august Betaling: de får tilsendt faktura den 1. i kvar månad med 14 dagars betlingsfrist. Uteblir betalinga, vil de få brev frå økonomiavdelinga om

Detaljer

VELKOMEN TIL BJØRNEHIET SFO LEIKANGER BARNESKULE

VELKOMEN TIL BJØRNEHIET SFO LEIKANGER BARNESKULE VELKOMEN TIL BJØRNEHIET SFO LEIKANGER BARNESKULE Hei og hopp Bjørnehiet SFO er topp! Bjørnehiet SFO - informasjon Bjørnehiet SFO er eit friviljug omsorgs- og fritidstilbod før og etter skuletid for barna

Detaljer

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg Brattholmen skulefritidsordning Nygårdsvegen 1 5350 Brattholmen Tlf: 55097504/98088134 E-post: liss.schumann@fjell.kommune.no S sosalisering og samspill F Fritid og felleskap O Omsorg SFO: SFO er eit fritidstilbod

Detaljer

Skulefritidsordninga i Kvinnherad gjev følgjande tilbod:

Skulefritidsordninga i Kvinnherad gjev følgjande tilbod: Vedtekter for SFO Skulefritidsordninga er heimla i Opplæringslova 13-7. Vedtektene vart vart av Komitè for oppvekst, kultur og idrett i november 2010. Revidert mars 2014 1. Om skulefritidsordninga: - Skulefritidsordninga,

Detaljer

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m. 15.02.10

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m. 15.02.10 NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m. 15.02.10 1. FØREMÅL Det skal vere ein SFO i kommunen. Skulefritidsordninga skal leggja til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar

Detaljer

Velkommen til Tussejuv barnehage!

Velkommen til Tussejuv barnehage! Velkommen til Tussejuv barnehage! INFORMASJONSHEFTE Adresse: Brøløsvegen 8, 3840 Seljord Telefon: 35 06 51 80 / -81/ -82 Styrar: Gunhild Sundbø E-post: tussejuv.barnehage@seljord.kommune.no Seljord kommune

Detaljer

Bli kjent med Orre Barnehage

Bli kjent med Orre Barnehage Bli kjent med Orre Barnehage A Adresse Theavegen 9 4343 ORRE Allergier Det er viktig at vi får vite om der er nokon allergier hjå barnet, slik at vi kan ta rette forhandsreglar. Arbeidsmiljø Vi i personalet

Detaljer

ÅRSPLAN FOR SFO SELJORD BARNESKULE TLF SFO: /

ÅRSPLAN FOR SFO SELJORD BARNESKULE TLF SFO: / ÅRSPLAN FOR SFO SELJORD BARNESKULE 2015-2016 TLF SFO: 35051334 / 47608919 www.seljord.kommune.no FØREORD Denne planen er ei kort orientering til foreldre/ føresette om mål, innhald og kva for aktivitetar

Detaljer

HØLE SFO 2019/2020 1

HØLE SFO 2019/2020 1 HØLE SFO 2019/2020 1 Sideoversikt Personalet Formålet med verksemda SFO i eit fritidsperspektiv og dei vaksne si rolle.. Side 3 Styring og samarbeid Samarbeid med føresette.. Side 4 Forventningar til føresette

Detaljer

Hafslo barne- og ungdomsskule - SFO 2016/17

Hafslo barne- og ungdomsskule - SFO 2016/17 Hafslo barne- og ungdomsskule - SFO 2016/17 SFO HAFSLO - INFORMASJON SFO er eit frivillig omsorgs- og fritidstilbod før og etter skuletid for borna på 1. 4. steg. Sentralt i tilbodet er omsorg, tryggleik,

Detaljer

VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNINGANE I FØRDE KOMMUNE

VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNINGANE I FØRDE KOMMUNE VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNINGANE I FØRDE KOMMUNE Heimel: Skulefritidsordninga er heimla i Opplæringslova i 13-7, 9a-8, og 10-9, og i Forskrift til opplæringslova i 12-1e og 15 Vedteke i Førde bystyre

Detaljer

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

Praktisk informasjon om Treungen barnehage Praktisk informasjon om Treungen barnehage Barnehageåret 2017 2018 Desse møter du i Treungen barnehage: Einingsleiar/styrar: Gro Midtsund, 100%. Telefon: 350 48 477 mobil: 91 38 26 46 Spesialpedagog i

Detaljer

Jelsa oppvekstsenter SFO 2017/2018. «Me lærer, me trivst og me tek vare på kvarandre»

Jelsa oppvekstsenter SFO 2017/2018. «Me lærer, me trivst og me tek vare på kvarandre» Jelsa oppvekstsenter SFO 2017/2018 «Me lærer, me trivst og me tek vare på kvarandre» SULDALSSTANDARD SKULEFRITIDSORDNINGA (SFO) KVA ER SFO? SFO er eit friviljug opphalds- og aktivitetstilbod på skulen

Detaljer

Vedtekter for SFO - Skolefritidsordninga

Vedtekter for SFO - Skolefritidsordninga Vedtekter for SFO - Skolefritidsordninga Vedteke i kommunestyret 20.06.19 sak 19/56 Gjeldande frå 1. august 2019 INNHALD: 1 Eigarforhold... 3 2 Formål... 3 3 Opptaksmyndigheit... 3 4 Søknad, opptakskriterium

Detaljer

VÅGEN SKULE, 5582 ØLENSVÅG Tlf SF0 VÅGEN SKULE 2017/2018. Tlf. Vågen SFO: Vågen skule:

VÅGEN SKULE, 5582 ØLENSVÅG Tlf SF0 VÅGEN SKULE 2017/2018. Tlf. Vågen SFO: Vågen skule: SF0 VÅGEN SKULE 2017/2018 Tlf. Vågen SFO: 907 84 059 Vågen skule: 53 65 57 70 1 LITT OM SFO VED VÅGEN SKULE: Skuleåret 2017/2018 er det 27 barn som nyttar seg av ordninga på skulen vår. Du som nå har plass

Detaljer

Kommunale vedtekter forskulefritidsordningane i Sunnfjord kommunane

Kommunale vedtekter forskulefritidsordningane i Sunnfjord kommunane Kommunale vedtekter forskulefritidsordningane i Sunnfjord kommunane Illustrasjon: Gregory Idehen 1. Føremål Skulefritidsordninga (SFO) er eit tilbod for barn i 1. 4. klasse, og for barn med funksjonshemmingar

Detaljer

Årsplan SFO Sevland skule 2017/2018

Årsplan SFO Sevland skule 2017/2018 Årsplan SFO Sevland skule 2017/2018 SFO Då var SFO året 17/18 i gang. Me har ein flott gjeng på SFO, det er til saman 40 barn. Vi opnar kl 7.00 og stenger kl 16.30. Telefonnummer: Sevland skole 52811766

Detaljer

Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage!

Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage! Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» MAURTUÅ BARNEHAGE «Saman set me spor» Dette betyr at: Barn, foreldre og tilsette set spor hjå kvarandre.

Detaljer

AVLEVERINGSRAPPORT ETTER FOKUSOMRÅDE NR. 6. FOKUSOMRÅDE: VAKSENROLLA I HENTESITUASJONEN STANDARD: BESTE PRAKSIS

AVLEVERINGSRAPPORT ETTER FOKUSOMRÅDE NR. 6. FOKUSOMRÅDE: VAKSENROLLA I HENTESITUASJONEN STANDARD: BESTE PRAKSIS AVLEVERINGSRAPPORT ETTER FOKUSOMRÅDE NR. 6. BARNEHAGE: Helland barnehage AVDELING: Havhesten FOKUSOMRÅDE: VAKSENROLLA I HENTESITUASJONEN STANDARD: KVALITETEN I HENTESITUASJONEN ER GOD NÅR DEN VAKSNE: Legg

Detaljer

Årsplan for Sagstad SFO skuleåret 2016/2017

Årsplan for Sagstad SFO skuleåret 2016/2017 Årsplan for Sagstad SFO skuleåret 2016/2017 Oversikt personal: Morten Isaksen (dagleg leiar) Anita Dale Anita Viketun Bertelsen Ann Christin Erlandsen Britt Elin Monstad Geir Hopland Heidi Viktoria Sætre

Detaljer

Innhald. 1. Definisjon og formål for SFO side 3. 2. Retningslinjer side 3. 3. Reglement side 3. 4. Samarbeidsutvalet side 3. 5.

Innhald. 1. Definisjon og formål for SFO side 3. 2. Retningslinjer side 3. 3. Reglement side 3. 4. Samarbeidsutvalet side 3. 5. Innhald 1. Definisjon og formål for SFO side 3 2. Retningslinjer side 3 3. Reglement side 3 4. Samarbeidsutvalet side 3 5. Målsetjing side 4 6. Barnegruppa side 5 7. Tilsette side 5 8. Foreldresamarbeid

Detaljer

ULVESET SKULE MØVIKVEGEN 39 5357 FJELL

ULVESET SKULE MØVIKVEGEN 39 5357 FJELL ÅRSPLAN OG INFORMASJON FOR ULVESET SFO 2015-2016 VELKOMMEN TIL ULVESET SFO SFO er eit frivillig omsorgs- og fritidstilbod, og er ein del av skulen si verksemd. Skule og SFO har eit tett samarbeid og bidrar

Detaljer

Saksnr. Utval Møtedato 003/18 Skule- og kulturutval

Saksnr. Utval Møtedato 003/18 Skule- og kulturutval Stryn kommune Arkiv: FA - A22 JournalpostID: 18/923 Saksbehandlar: Edvard Nordang Saksframlegg Saksnr. Utval Møtedato 003/18 Skule- og kulturutval 30.01.2018 Vedtekter for SFO i Stryn kommune 2018 Bakgrunn

Detaljer

ephorte 2011/777-7 Vedteke i kommunestyresak 17/12. Gjeldande frå Vedtekter for kommunale skolefritidsordninger i Aukra

ephorte 2011/777-7 Vedteke i kommunestyresak 17/12. Gjeldande frå Vedtekter for kommunale skolefritidsordninger i Aukra Vedteke i kommunestyresak 17/12. Gjeldande frå 15.08.12 Vedtekter for kommunale skolefritidsordninger i Aukra Side 2 VEDTEKTER FOR KOMMUNALE SKOLEFRITIDSORDNINGER I AUKRA KOMMUNE. 1 Eigarforhold. Aukra

Detaljer

STRANDA KOMMUNE SØKNAD OM PLASS I SKULEFRITIDSORDNING (SFO)

STRANDA KOMMUNE SØKNAD OM PLASS I SKULEFRITIDSORDNING (SFO) STRANDA KOMMUNE SØKNAD OM PLASS I SKULEFRITIDSORDNING (SFO) 2016/2017 Det må søkjast ny plass for kvart skuleår. Søknadsfrist 1.mars NB! Søknaden skal sendast til den aktuelle skulen. Opptaksnemnda ved

Detaljer

Årsplan for SFO. Sandnes skule. Skuleåret

Årsplan for SFO. Sandnes skule. Skuleåret Årsplan for SFO Sandnes skule Skuleåret 2017-18 SKULEFRITIDSORDNINGA VED SANDNES SKULE 2017-18. SFO ved Sandnes skule har base på rom 6 og er ope måndag til fredag. Opningstid er kl 07.15 til kl 08.10

Detaljer

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I TIME KOMMUNE

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I TIME KOMMUNE VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I TIME KOMMUNE Godkjent av Time kommunestyre, sist endra i Levekår, 10.april 2019. 1 Eigartilhøve og ansvar for drift av barnehagane 1.1 Vedtektene gjeld barnehagar som blir drivne

Detaljer

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE 2015-2019 (-17)

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE 2015-2019 (-17) Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE 2015-2019 (-17) Innhald 1 Innleiing... 2 2 Satsingsområde... 2 3 Status 2014/15... 3 4 Innhald og tilbod... 4 5 Feriar... 4 6 Praktisk informasjon... 5 1 Utdanningsdirektoratet

Detaljer

10/60-14/N-211//AMS 22.05.2013

10/60-14/N-211//AMS 22.05.2013 INTERNT NOTAT MASFJORDEN KOMMUNE «SSE_NAVN» Til: Kommunestyret Frå: Alf Strand Dok. ref. Dato: 10/60-14/N-211//AMS 22.05.2013 Vedtekter for barnehagane i Masfjorden Vedlagt følgjer reviderte vedtekter

Detaljer

VEDTEKTER GRANVIN HERAD

VEDTEKTER GRANVIN HERAD VEDTEKTER GRANVIN HERAD Sist endra 11.06.2018 1 Vedtekter Tueteigen barnehage Eigartilhøve / administrasjon Granvin herad er eigar og står for drifta av Tueteigen barnehage. Styrar er einingsleiar for

Detaljer

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

Praktisk informasjon om Treungen barnehage Praktisk informasjon om Treungen barnehage Barnehageåret 2018 2019 Desse møter du i Treungen barnehage: I løpet av hausten -18 vil det skje ei endring av den administrative organiseringa i Treungen barnehage.

Detaljer

Årsplan for

Årsplan for Årsplan for 2015-2016 Fister SFO 1 Innholdsfortegnelse Aktivitetsplan... 3 Hausten 2015... 3 Aktivitetsplan... 4 Våren 2016... 4 Hovudmåla for SFO jamfør opplæringslova 13-7... 4 Målsetjing... 5 SFO tilbodet...

Detaljer

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD Vedtatt av Seljord formannskap i sak 20/12, 9.2.2012. Administrativt revidert 1.september 2014 1. Eigar- og driftsforhold. Seljord kommune eig og driv barnehagane i

Detaljer

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME Kvalitetsplanen er eit overordna styringsdokument. Det vert utarbeidd lokale handlingsplanar og årshjul på skulane som konkretiserer innhald og form. Organisering

Detaljer

ÅRSPLAN FOR SFO SELJORD KOMMUNE TLF SFO SELJORD: / TLF SFO FLATDAL: /

ÅRSPLAN FOR SFO SELJORD KOMMUNE TLF SFO SELJORD: / TLF SFO FLATDAL: / ÅRSPLAN FOR SFO SELJORD KOMMUNE 2018-2019 TLF SFO SELJORD: 35051334 / 47608919 TLF SFO FLATDAL: 90261461 / 35051360 www.seljord.kommune.no FØREORD Denne planen er ei kort orientering til foreldre/ føresette

Detaljer

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE 2013-2014 VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET Målekartet bygger på prinsippa i Balansen og kommunen sin visjon for barnehage, skule, kulturskule og

Detaljer

Telenor Xtra FFO. Fotballklubben Voss si Fotballfritidsordning

Telenor Xtra FFO. Fotballklubben Voss si Fotballfritidsordning Telenor Xtra FFO Fotballklubben Voss si Fotballfritidsordning Kva er Telenor Xtra? Fotballfritidsordning Telenor Xtra FFO (fotballfritidsordning) er eit landsomfattande samarbeid mellom Norges Fotballforbund

Detaljer

T I L B O D SKULEFRITIDSORDNING

T I L B O D SKULEFRITIDSORDNING Høyanger kommune Tenesteområde oppvekst T I L B O D om SKULEFRITIDSORDNING 2017/2018 TIL FORELDRE/FØRESETTE Vi ønskjer med denne brosjyra å gjere deg kjend med tilbodet om skulefritidsordning i kommunen.

Detaljer

Sagstad skule Førskuledag 27. mai Velkommen til foreldremøte for dei nye førsteklassane 2016/2017

Sagstad skule Førskuledag 27. mai Velkommen til foreldremøte for dei nye førsteklassane 2016/2017 Sagstad skule Førskuledag 27. mai 2016 Velkommen til foreldremøte for dei nye førsteklassane 2016/2017 Saksliste Forventningar til elevar og føresette. Dagsrytme. Skuleskyss. Skulefrukt og skulemjølk.

Detaljer

SKULEFRITIDSORDNINGA I SVEIO

SKULEFRITIDSORDNINGA I SVEIO SKULEFRITIDSORDNINGA I SVEIO Vedtekter for kommunale SFO-tilbod Sveio,juni-08 1 VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE FRTIDSORDNINGANE I SVEIO 1. LOVGRUNNLAGET 13-7 i opplæringslova: Skolefritidsordninga Kommunen

Detaljer

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage 2018-2019 Kommunal barnehage i same eining som skulen. Vik skule og barnehage Opningstid: 06.45 16.30 Kjøp av tid: Dersom det er ledig plass og nok vaksne, kan du

Detaljer

ÅRSPLAN FOR SFO SELJORD KOMMUNE TLF SFO SELJORD: / TLF SFO FLATDAL:

ÅRSPLAN FOR SFO SELJORD KOMMUNE TLF SFO SELJORD: / TLF SFO FLATDAL: ÅRSPLAN FOR SFO SELJORD KOMMUNE 2017-2018 TLF SFO SELJORD: 35051334 / 47608919 TLF SFO FLATDAL: 35051360 www.seljord.kommune.no FØREORD Denne planen er ei kort orientering til foreldre/ føresette om mål,

Detaljer

ÅRSPLAN FOR SFO SELJORD BARNESKULE TLF SFO: /

ÅRSPLAN FOR SFO SELJORD BARNESKULE TLF SFO: / ÅRSPLAN FOR SFO SELJORD BARNESKULE 2016-2017 TLF SFO: 35051334 / 47608919 www.seljord.kommune.no FØREORD Denne planen er ei kort orientering til foreldre/ føresette om mål, innhald og kva for aktivitetar

Detaljer

Månadsbrev for Rosa september 2014

Månadsbrev for Rosa september 2014 Månadsbrev for Rosa september 2014 Oppsummering/ evaluering av september Språkutvikling Omsorg Ser at borna no stort sett er trygge både på rutinane, dei andre barna og dei vaksne på avdelinga. Dette fører

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE OM. Åmotsdal barnehage

INFORMASJONSHEFTE OM. Åmotsdal barnehage INFORMASJONSHEFTE OM Åmotsdal barnehage Seljord kommune Adresse: Åmotsdalsvegen 1253, 3844 Åmotsdal Tlf: 35 05 13 75 E-post: amotsdal.barnehage@seljord.kommune Styrar: Ann-Christin Freberg Høgetveit. Opningstid:

Detaljer

VEDTEKTER FOR MODALEN BARNEHAGE

VEDTEKTER FOR MODALEN BARNEHAGE MODALEN KOMMUNE Modalen Barnehage 5729 Modalen Tlf. 56 59 91 90 VEDTEKTER FOR MODALEN BARNEHAGE Vedteke i kommunestyret.. Verknad f.o.m. 1 Innleiing I fylgje Lov om barnehager 7 skal barnehagen ha vedtekter

Detaljer

VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNING I NAUSTDAL KOMMUNE

VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNING I NAUSTDAL KOMMUNE VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNING I NAUSTDAL KOMMUNE 6 Vedteke i K-sak 020/13 den 02.05.2013 Heimel for skulefritidsordninga Skulefritidsordninga er heimla i Opplæringslova i kap 13, 13-7 og i forskrift

Detaljer

Aktivitetsplan - Vår 2014 Blindheim barneskole SFO-1. kl. basen

Aktivitetsplan - Vår 2014 Blindheim barneskole SFO-1. kl. basen Aktivitetsplan - Vår 2014 Blindheim barneskole SFO-1. kl. basen VÅR VISJON: Rom for leik VÅRT MOTTO: Med gode opplevelser, leik og fantasi. Vil barna trives og få en SFO å bli glad i. Innhald Aktivitet/Tiltak

Detaljer

Velkommen til orienteringsmøte om skulestart Torsdag

Velkommen til orienteringsmøte om skulestart Torsdag Velkommen til orienteringsmøte om skulestart 2019-2020 Torsdag 21.03.19 På programmet: Diverse informasjon Bli kjend med Landro skule og våre satsingsområde Fokus på førebuing til god skulestart Skulestart

Detaljer

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO Samling, Atheno, Stord, 22. mai 2019 Petter Steen jr., rådgjevar Sveio kommune 1 Bakgrunnen for at vi har SFO Skulefritidsordninga (SFO) blei gradvis etablert i norske

Detaljer

Månadsbrev frå Tyrihans oktober 2016

Månadsbrev frå Tyrihans oktober 2016 Månadsbrev frå Tyrihans oktober 2016 Hei alle saman. No i september har me starta med å gå tur heim til nokon av barna, for å sjå kor dei bur. Det er stas å visa fram heimen sin, og kjekt for dei andre

Detaljer

Klepp kommune Tu skule

Klepp kommune Tu skule Klepp kommune Tu skule SKULEFRITIDSORDNINGA PÅ TU SKULE Velkommen til skulefritidsordninga (SFO) på Tu skule Me vil ønskja velkommen til oss på Tu SFO og ser fram til eit godt samarbeid med både barn og

Detaljer

Førsteklasse haust 2018 Velkommen! Foldnes skule 8. mai 2018

Førsteklasse haust 2018 Velkommen! Foldnes skule 8. mai 2018 Førsteklasse haust 2018 Velkommen! Foldnes skule 8. mai 2018 Første trinn 1a: Lillian og Kristina 1b: Christina og John Morten Nina, Jannicke og Kim Andre Tilsette ved skulen 25 lærarar. 14 fagarbeidarar/assistentar

Detaljer

Vedtekter for SFO skulefritidsordninga i Sandøy kommune

Vedtekter for SFO skulefritidsordninga i Sandøy kommune Barnet symboliserer framtida, fordi det forvaltar mulegheitene fordi kvart barn kan bety verdas framgang, fornying, forløysing. Lars Oftedal Vedtekter for SFO skulefritidsordninga i Sandøy kommune Vedtekter

Detaljer

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar. for.

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar. for. Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar for Gimle skule 1 Lovverk Opplæringslova Føremålet med denne planen Rutinane skal

Detaljer

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015 BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015 Vi kan tilby: * Frå 13 oktober: Ope kvar tysdag, onsdag og torsdag, frå Kl 10 14. * Fri leik * Formingsaktivitetar * Lunsj med kaffi, te, mjølk og frukt. * Spleiselunsj

Detaljer

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

Praktisk informasjon om Treungen barnehage Praktisk informasjon om Treungen barnehage Barnehageåret 2016 2017 Desse møter du i Treungen barnehage: Einingsleiar/styrar: Gro Midtsund, 100%. Telefon: 350 48 477 mobil: 91 38 26 46 Spesialpedagog i

Detaljer

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune Planen er administrativt vedteken og gjeldande frå 01.01.2013 Innleiing Bakgrunn for overgangsplanen Kunnskapsdepartementet tilrår at o Barnehagen vert avslutta

Detaljer

Aktivitetsplan - Vår 2015 Blindheim barneskole SFO-1. kl. basen

Aktivitetsplan - Vår 2015 Blindheim barneskole SFO-1. kl. basen Aktivitetsplan - Vår 2015 Blindheim barneskole SFO-1. kl. basen VÅR VISJON: Rom for leik VÅRT MOTTO: Med gode opplevelser, leik og fantasi. Vil barna trives og få en SFO å bli glad i. Innhald Aktivitet/Tiltak

Detaljer

Årsplan SFO Sevland skule 2015/2016

Årsplan SFO Sevland skule 2015/2016 Årsplan SFO Sevland skule 2015/2016 SFO Då var SFO året 15/16 i gang. Me har ein flott gjeng på SFO, det er til saman 36 barn. Vi opnar kl 7.00 og stenger kl 16.30. Telefonnummer: Sevland skole 52811766

Detaljer

Årsplan for skulefritidsordninga ved Vågstranda skule

Årsplan for skulefritidsordninga ved Vågstranda skule Årsplan for skulefritidsordninga ved Vågstranda skule 2016-2017 Tlf.: 71166250 e-post: post.vaaskule@rauma.kommune.no Side 1 Innhaldsliste Visjon...3 Innleiing...3 Definisjon av SFO...3 Pedagogisk plattform

Detaljer

Barnehagebruksplan

Barnehagebruksplan Barnehagebruksplan 2016-2019 1 Vedlegg 4. Vedtekter i kommunale barnehagar Vedtekter i kommunale barnehagar frå 01.01. 2015 1. Eigarforhold og ansvar for drift av barnehagane. Hå kommune eig og driv for

Detaljer