ETISKE PRINSIPP FOR DOMMARÅTFERD

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "ETISKE PRINSIPP FOR DOMMARÅTFERD"

Transkript

1 ETISKE PRINSIPP FOR DOMMARÅTFERD Karl Arne Utgård, styreleiar i Domstoladministrasjonen Foredrag på årsmøtet i Den norske Dommerforening 1. oktober 2010 * * * Årsmøtet skal i dag behandle spørsmålet om å godkjenne utkastet til Etiske prinsipper for dommeradferd, som er utarbeidd i fellesskap av representantar for Den norske Dommerforening (DnD) 1, Teknas etatsforening for jordskifterettene 2 og Domstoladministrasjonen (DA) 3. Styra i Teknas etatsforening og DA har alt godkjent utkastet. Kva er etikk Om litt skal eg kome inn på utgreiinga frå det såkalla Aasland-utvalet 4. Men alt no skal eg låne litt frå utgreiinga når det gjeld kva etikk er for noko. Etikk blir gjerne definert som læra om moralen, og dei rådande etiske normene kan omtalast som allmennetikken. 5 Yrkesetikken gir rettleiing i dei spesielle situasjonane som utøvarane blir stilte overfor, og blir gjerne utvikla gjennom praksis og diskusjonar i fagmiljøa. Yrkesetikken er eit supplement til dei rettsreglane som gjeld for yrket. Når rettsreglane er mange og detaljerte, blir det mindre plass for yrkesetiske reglar i tillegg. I vårt land er krava til ein dommar nokså utførleg regulerte i lovverket, slik at det på mange punkt er mindre behov for yrkesetiske reglar i tillegg. 1 Styrets leiar lagdommar Nils Asbjørn Engstad, styrets nestleiar tingrettsdommar Nina Mår og høgsterettsdommar Ingse Stabel. 2 Styrets leiar jordskiftedommar Knut Klev. 3 Styreleiar Karl Arne Utgård (leiar for arbeidsgruppa), styremedlem jordskifteoverrettsleiar Magne Reiten og styremedlem advokat Elisabeth Stenwig. 4 Etiske regler for dommere utkast fra en arbeidsgruppe oppnevnt av domstoladministrasjonen, datert 6. juni 2007, omtala som Aasland-utvalet. 5 Aasland-utvalet side 16 1

2 Det er likevel slik at dommarar i alle samfunn vil stå overfor ein del grunnleggjande utfordringar, der lova ikkje gir noka sikker rettleiing, og der det då er nødvendig å søkje støtte i yrkesetikken. Arbeidet med Etiske regler for dommere Tilsynsutvalet tok i brev 20. desember 2004 opp med Domstoladministrasjonen spørsmålet om det burde kome etiske reglar for dommarar. Som ein følgje av dette, vart det 12. desember 2005 av styret i DA sett ned ei arbeidsgruppe som kom med framlegg til etisk regelverk for dommarar. Arbeidsgruppa leverte eit utkast 6. juni 2007, som både finst på nettet 6 og i trykt form. Høgsterettsdommar Gunnar Aasland var leiar for utvalet, som i tillegg til to andre dommarar frå dei alminnelege domstolane, også hadde ein jordskiftedommar, ein statsadvokat, ein advokat og eitt medlem frå Tilsynsutvalet ein psykolog som medlemmer. Etter domstollova 236 kan Tilsynsutvalet reagere i form av kritikk, eventuelt også åtvaring, overfor ein dommar som forsettleg eller aktlaust krenkjer dei pliktene stillinga inneber, eller som på andre måtar har handla i strid med god dommarskikk. Aasland-utvalet meinte at dersom det først låg føre disiplinærreglar, kunne det ikkje vere tale om å reagere med disiplinærtiltak utan at det låg føre ei overtreding av reglane. På den andre side skulle ikkje ei kvar krenking av reglane kunne føre til disiplinærtiltak. Utvalet meinte at dei dommaretiske reglane på same måte som dei for advokatar burde søkjast stadfesta ved kgl. res. og gitt same verknad som ei forskrift. 6 2

3 Utkastet inneheldt også reguleringar som i stor grad var samanfallande med lovreglar. Det gjaldt hovudsakleg for prosessreglar, men utkastet hadde også ein god del reglar av arbeidsrettsleg karakter. Høyringsrunden Utkastet frå Aasland-utvalet vart så sendt på høyring. Det kom vektige innvendingar. Det gjaldt frå styret i DnD, frå førstelagmennene i fellesskap, frå mange tingrettar og også frå enkelte andre. Eg skal prøve å fange opp nokre av hovudpunkta i synsmåtane: Den rettslege karakteren av reglane Det vart gjort gjeldande at det er uheldig at etiske reglar blir gitt med verknad som forskrift. Omsynet til domstolane si frie og uavhengige stilling tilseier at etiske reglar må fastsetjast innanfor domstolane. Førstelagmennene peika på at eit regelverk av denne karakteren må ha god forankring i dommarkorpset for å få nødvendig legitimitet. Reglar eller retningslinjer Lovgivinga har omfattande og detaljert regulering av handlemåten for domstolar og dommarar. Målet for etisk regulering må vere å etablere generelle, overordna prinsipp for god dommarskikk. Det inneber at reguleringa må ha karakteren av rettslege standardar. Tema og detaljeringsgrad Val av prinsipp tilseier lågare detaljeringsgrad enn val av reglar som normsystem. Men i tillegg vart det vist til at utkastet inneheld attgiving av prosesslovgiving og også reglar av arbeidsrettsleg karakter. Dette kunne eksempelvis også føre til uklarheit med omsyn til om eit forhold som er gjenstand for anke også er gjenstand for disiplinærprøving. 3

4 Saksbehandlinga og den vidare prosessen Synsmåten frå fleire var at arbeidet hadde fått ein noko uheldig start, og at prosessen burde starta i dommarane sine eigne rekkjer. Det vart påpeika at det burde skje ein fullstendig gjennomgang, der dommarane kom inn frå starten av. Nytt utval Det var ut frå høyringsfråsegnene ganske klart at det ikkje kunne fastsetjast etiske reglar i samsvar med det Aasland-utvalet hadde kome med framlegg om. Det var ein dialog om det vidare arbeidet mellom DnD, Teknas etatsforening og DA. Løysinga vart eit nytt utval, der desse tre organisasjonane var inne med sentrale tillitsvalde. Ansvaret for forankring i organisasjonane låg då hos dei som møtte frå dei ulike partane. Det er mitt klare inntrykk at DnD har arbeidd aktivt for å forankre nye prinsipp i dommarstanden. Den kritikken som nok med ein viss rett vart målboren overfor denne sida av arbeidet i tilknyting til Aasland-utvalet, vonar eg såleis ikkje heftar ved det nye utkastet. Før eg går inn på nokre hovudprinsipp i det nye utkastet, vil eg seie litt om internasjonal forankring. Internasjonal forankring Eg trur det er rett å seie at det har vore ei markert utvikling av dommaretiske prinsipp dei siste tjue åra. Dei sentrale dokumenta i så måte er omtala av Aasland-utvalet. Eg skal berre nemne dei aller viktigaste. 4

5 The Bangalore Principles of judicial conduct 7 Desse prinsippa er utarbeidde i FN-regi, og vart vedtekne i Haag i Dommar Trond Dolva møtte frå norsk side. Undervegs i arbeidet gjekk ein over frå å tenkje seg etiske reglar til å utforme etiske prinsipp. I fortalen er det mellom anna sagt: [Prinsippene] har til hensikt å gi rettledning til dommere og gi domstolene et rammeverk for regulering av dommeradferd. De skal også medvirke til at medlemmer av den utøvende og lovgivende makt samt advokater og allmennheten generelt bedre kan forstå og støtte opp om domstolene. Prinsippa er delte opp ut frå dei verdiane dei skal vareta: - uavhengigheit - upartiskeheit - integritet - korrekt opptreden - likebehandling - fagleg dyktigheit CCJE 8 Opinion no. 3 On the Principles and Rules Governing Judges Professional Conduct, in particular Ethics, Incompatible Behaviour and Impartiality 9 Frå norsk side var dommar Lars Oftedahl Broch med i dette arbeidet. I punkt 48 er det understreka to fundamentale utgangspunkt : i) firstly, it should address basic principles of professional conduct. It should recognise the general impossibility of compiling complete lists of pre-determined activities which judges are forbidden from pursuing; the principles set out should serve as self-regulatory instruments for judges, i.e. general rules that guide their activities. Further, although there is both an 7 8 Consultative Council of European Judges 9 5

6 overlap and an interplay, principles of conduct should remain independent of the disciplinary rules applicable to judges in the sense that failure to observe one of such principles should not of itself constitute a disciplinary infringement or a civil or criminal offence; ii) secondly, principles of professional conduct should be drawn up by the judges themselves. They should be self-regulatory instruments generated by the judiciary itself, enabling the judicial authority to acquire legitimacy by operating within a framework of generally accepted ethical standards. Broad consultation should be organised,. ENCJ 10 Judicial Ethics, report Dette er ein rapport som først er komen etter at det nye utkastet til etiske prinsipp var ferdig. Når eg likevel viser til rapporten, er det fordi han syner dei strøymingane som er i europeiske domstolar. Rapporten skisserer prinsipp for etikk, og er i stor mon på linje med dei to andre dokumenta eg har omtala. Lat meg også her ta med litt frå innhaldet. Fortalen om Judicial ethics: principles, values and qualities startar slik: The affirmation of principles of professional conduct for judges strengthens public confidence and allows a better understanding of the role of the judge in society Og drøftinga av verdiar, startar med spørsmålet: What do society and citizens expect of a judge? Deretter kjem desse verdiane: - uavhengigheit - integritet - upartiskheit - tilbakehaldenheit og diskresjon 10 European Network of Councils for the Judiciary 11 6

7 - grundig og arbeidssam - respekt og evna til å lytte - likebehandling - openheit Under punktet qualities er det stilt opp fleir verdiar. Eg går ikkje gjennom desse, men som de vil forstå er dette tankegangar som i stor grad er dei same som dei som ligg til grunn i utkastet til norske etiske prinsipp. Om dei norske etiske prinsippa Aasland-utvalet var vel kjend med mellom anna Bangalore-prinsippa og CCJE Opinion no. 3. Forskjellane i forhold til desse er nok først og fremst at Aasland-utvalet tok sikte på å lage reglar, ikkje prinsipp. Som alt nemnt var det eit sentralt siktemål for Aasland-utvalet at det skulle lagast reglar som skulle utgjere grunnlaget for disiplinærbehandling. Krenking av reglane skulle vere nødvendig men ikkje tilstrekkeleg føresetnad for disiplinærbehandling. Sjølv om utgangspunktet for den nye arbeidsgruppa var eit anna, tok gruppa likevel i store trekk utgangspunkt i Aasland-utvalet sitt arbeid. Med støtte i høyringsfråsegner og nok også med eit sterkt blikk til korleis dette har vore gjort i grunnleggjande internasjonale dokument, vart det så gjort nokre grunnleggjande endringar. Grunnlaget for desse kan skisserast slik: Dei etiske normene er grunna på oppfatninga i dommarkorpset og vedtekne av dette Det er problematisk å tenkje seg at den utøvande makta skal gi forskrifter som regulerer dommarane sitt arbeid. Vel er det slik at lovgivar Stortinget har gitt mange reglar som i og for seg kunne tenkjast som etiske reglar, eksempelvis habilitetsreglar, men det er i vårt system noko anna at lovgivar regulerer enn at den utøvande makta gjer det. 7

8 Det er nok også litt teoretisk å tenkje seg at disiplinærreglar skulle kunne utformast slik at dei vart fullstendige. Motsett: det ville etter mitt syn ikkje gi god rettleiing for publikum om det likevel var slik at brot på jamvel detaljerte reglar, ikkje skulle føre til sanksjonar. Det er tale om prinsipp, ikkje reglar. Dei etiske prinsippa har fått eit vesentleg anna føremål enn det som tidlegare var tanken. I fortalen til utkastet til dei etiske prinsippa står det: De etiske prinsippene for dommeratferd har som formål å fremme at dommerne opptrer på en måte som skaper tillit til domstolen og deres avgjørelser. Prinsippene skal også tjene til opplysning om hva som er god dommerskikk. Prinsippa inneheld ikkje prosessreglar Eg går ikkje nærare inn på dette, i det eg trur det er brei semje om at prosessreglar ikkje høyrer med i etiske reglar. Dersom det er gjentaking av det som står i lova, er det likevel ikkje grunn til å ha dei med. Og det vil vere feil å ha etiske reglar som kompletterer lova, som må reknast å innebere ei avveging av dei omsyna som er relevante. Det er heller ikkje så enkelt å sjå korleis ein del av dei prosessuelle reglane hos Aasland-utvalet skulle kunne handhevast som del av ei disiplinærbehandling. Domstollova har til dømes utførlege reglar om habilitet. Det er ikkje lett å tenkje seg at etiske reglar som går ut over det lova fastset, og der brot skulle kunne medføre disiplinærtiltak. Lova må her reknast å gi ei fullstendig avklaring av dei rettslege pliktene. Og til det kjem at avgjerd om habilitet er gjenstand for overprøving ved anke, noko som er ytterlegare ein grunn til at etiske reglar ikkje bør ha føresegner om slike spørsmål. 8

9 Prinsippa inneheld ikkje arbeidsrettslege reglar, eller reglar som gjeld tilhøva på arbeidsplassen elles Dette er reglar eller prinsipp som får kome fram på annan måte, ved lover og forskrifter, eller ved avtalar mellom partane i arbeidslivet. Dei konkrete prinsippa Årsmøtet har fått lagt fram for seg utkast til etiske prinsipp til godkjenning. Det vil føre for langt å gå gjennom dette. Den nærare detaljerte gjennomgangen er då også ei sak for styret i forhold til behandlinga her på årsmøtet. Lat meg berre seie at det naturlegvis er gjenstand for eit skjønn kva prinsipp som skal vere med i dei etiske prinsippa og kva ikkje. Her har det nye utvalet sett på Aasland-utkastet, og i svært stor grad teke med det som var med der, men altså i form av prinsipp. Normer i form av etiske eller moralske handlingsnormer er stort sett førte vidare. Arbeidsgruppa har likevel drøfta også innhaldet i desse handlingsnormene, og det er gjort enkelte endringar. *** Eg ser fram til drøftingane her på årsmøtet. 9

Habilitetsavgjerder for tilsette, styremedlemmer og andre som utfører arbeid eller tenester for KORO. Gjeld frå 1. januar 2015

Habilitetsavgjerder for tilsette, styremedlemmer og andre som utfører arbeid eller tenester for KORO. Gjeld frå 1. januar 2015 Habilitetsavgjerder for tilsette, styremedlemmer og andre som utfører arbeid eller tenester for KORO Gjeld frå 1. januar 2015 1 Innhald Innleiing... 3 Del 1: Reglar om inhabilitet... 4 1.1. Automatisk

Detaljer

Etiske prinsipper for dommeratferd

Etiske prinsipper for dommeratferd Etiske prinsipper for dommeratferd De etiske prinsippene for dommeratferd har som formål å fremme at dommerne opptrer på en måte som skaper tillit til domstolene og deres avgjørelser. Prinsippene skal

Detaljer

NOREGS HØGSTERETT. Den 27. januar 2015 vart det av Høgsteretts ankeutval med dommarane Utgård, Stabel og Indreberg i

NOREGS HØGSTERETT. Den 27. januar 2015 vart det av Høgsteretts ankeutval med dommarane Utgård, Stabel og Indreberg i NOREGS HØGSTERETT Den 27. januar 2015 vart det av Høgsteretts ankeutval med dommarane Utgård, Stabel og Indreberg i HR-2015-00184-U, (sak nr. 2014/2192), sivil sak, anke over orskurd: Oslo Vei AS, konkursbuet

Detaljer

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

Rettleiing for revisor sin særattestasjon Rettleiing for revisor sin særattestasjon Om grunnstønad til nasjonalt arbeid til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar, statsbudsjettets kap. 857, post 70 (Jf. føresegn om tilskot til frivillige

Detaljer

DATO: 10.08.2015 SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Val av styremedlemmer til styra i helseføretaka - føringar for val av representantar

DATO: 10.08.2015 SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Val av styremedlemmer til styra i helseføretaka - føringar for val av representantar STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 10.08.2015 SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Val av styremedlemmer til styra i helseføretaka - føringar for val av representantar ARKIVSAK:

Detaljer

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE» «ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE» FYLKESREVISJONEN Møre og Romsdal fylkeskommune RAPPORT, FORVALTNINGSREVISJONSPROSJEKT NR. 4-2000 INNHALDSREGISTER 1. INNLEIING I 2. FORMÅL 1 3. METODE OG DATAGRUNNLAG

Detaljer

FORSKRIFT OM GRADAR Fastsett av styret ved KHiB den 25.06.03 med heimel i Uhl. 46.2. 1

FORSKRIFT OM GRADAR Fastsett av styret ved KHiB den 25.06.03 med heimel i Uhl. 46.2. 1 1 FORSKRIFT OM GRADAR Fastsett av styret ved KHiB den 25.06.03 med heimel i Uhl. 46.2. 1 1. OMFANG Denne forskrifta gjeld for dei studieprogramma som institusjonen vedtek å opprette. 2. DEFINISJONAR 2.1.

Detaljer

Driftsassistansen i Sogn og Fjordane (snart) 10 år - erfaringar

Driftsassistansen i Sogn og Fjordane (snart) 10 år - erfaringar Driftsassistansen i Sogn og Fjordane (snart) 10 år - erfaringar Fagmøte 4 og 5 mars 2015 Litt om meg sjølv; 1. Frå Finsland, om lag 30 km nordvest frå Kristiansand (Songdalen kommune, Vest Agder). 2. Utdanna

Detaljer

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT Radøy kommune KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT Møtedato: 30.09.2014 Stad: Kommunehuset Kl.: 09.00 13.40 Tilstades: Astrid Nordanger nestleiar, Jan Tore Hvidsten gikk frå møte etter sak 28/14,

Detaljer

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn Jobbskygging side 1 Jobbskygging Innhald Handverk, industri og primærnæring Omgrepa handverk, industri og primærnæring. Kva betyr omgrepa? Lokalt næringsliv etter 1945 Korleis har lokalt næringsliv utvikla

Detaljer

INNHOLD. LOV 1987-05-15 nr 21: Lov om film og videogram.

INNHOLD. LOV 1987-05-15 nr 21: Lov om film og videogram. LOV 1987-05-15 nr 21: Lov om film og videogram. DATO: LOV-1987-05-15-21 DEPARTEMENT: KUD (Kulturdepartementet) PUBLISERT: ISBN 82-504-1454-3 IKRAFTTREDELSE: 1988-01-01 SIST-ENDRET: LOV-2010-09-03-55 fra

Detaljer

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: 30.11.2009 Frå: 18.00 til 19.30

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: 30.11.2009 Frå: 18.00 til 19.30 OS KOMMUNE Personalavdelinga MØTEPROTOKOLL Personalutvalet Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: 30.11.2009 Frå: 18.00 til 19.30 Innkalte: Funksjon Leiar Nestleiar Medlem Tilsette repr Tilsette repr Namn

Detaljer

Forvaltningsrevisjon Hordaland fylkeskommune Tilskotsforvaltning innanfor kulturområdet. Prosjektplan/engagement letter

Forvaltningsrevisjon Hordaland fylkeskommune Tilskotsforvaltning innanfor kulturområdet. Prosjektplan/engagement letter Forvaltningsrevisjon Hordaland fylkeskommune Tilskotsforvaltning innanfor kulturområdet Prosjektplan/engagement letter September 2013 Innhald 1. Føremål og problemstillingar... 3 1.1 Bakgrunn... 3 1.2

Detaljer

NOREGS HØGSTERETT. Den 16. oktober 2015 vart det av Høgsteretts ankeutval med dommarane Utgård, Webster og Bull i

NOREGS HØGSTERETT. Den 16. oktober 2015 vart det av Høgsteretts ankeutval med dommarane Utgård, Webster og Bull i NOREGS HØGSTERETT Den 16. oktober 2015 vart det av Høgsteretts ankeutval med dommarane Utgård, Webster og Bull i HR-2015-02084-U, (sak nr. 2015/1721), sivil sak, anke over orskurd: A (advokat Thomas Andersen)

Detaljer

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv): VEDLEGG 1 I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv): 2-12 tredje ledd skal lyde: For private grunnskolar

Detaljer

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 1/10 10/29 POLITISK KVARTER - PERSONALUTVALET

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 1/10 10/29 POLITISK KVARTER - PERSONALUTVALET Sak 1/10 Utval: PERSONALUTVALET Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: 08.02.2010 Tid: Kl 18.00 MØTEINNKALLING SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 1/10 10/29 POLITISK KVARTER - PERSONALUTVALET 2/10

Detaljer

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg? IA-funksjonsvurdering Ei samtale om arbeid kva er mogleg? // IA - Funksjonsvurdering Ei samtale om arbeid kva er mogleg? Målet med eit inkluderande arbeidsliv (IA) er å gje plass til alle som kan og vil

Detaljer

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring http://www.lovdata.no/for/sf/kd/xd-20060623-0724.

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring http://www.lovdata.no/for/sf/kd/xd-20060623-0724. Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring http://www.lovdata.no/for/sf/kd/xd-20060623-0724.html#map004 I. Generelle føresegner 3-1. Rett til vurdering Elevar i offentleg

Detaljer

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN Lov for Jotun, skipa 30.03.1923. Vedteken den 10.06.1945, med seinare endringar seinast av 29.06.2000. Revidert etter årsmøte i 2007 og 2011. Godkjend av Idrettsstyret: 18.02.02

Detaljer

Saksbehandling kva er no det?

Saksbehandling kva er no det? Saksbehandling kva er no det? Rådgjevar Ole Knut Løstegaard Eforvaltningskonferansen 2012, Oslo, 16/2-2012 Innleiing «Saksbehandling»: ubestemt omgrep Brukt ei rekkje stader i lov- og forskriftsverket

Detaljer

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Fjell kommune Arkiv: Saksmappe: 2014/2350-21542/2014 Sakshandsamar: Grethe Bergsvik Dato: 09.10.2014 SAKSDOKUMENT Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Drøftingssak - Eigarskapsmelding 2015 Samandrag

Detaljer

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret HØYRINGSUTTALE TIL UTVIKLINGSPLAN MOT 2030 FOR HELSE MØRE OG ROMSDAL HF

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret HØYRINGSUTTALE TIL UTVIKLINGSPLAN MOT 2030 FOR HELSE MØRE OG ROMSDAL HF VOLDA KOMMUNE SAKSDOKUMENT Sakshandsamar: Arne Gotteberg Arkivsak nr.: 2012/2026 Arkivkode: G00 Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret HØYRINGSUTTALE TIL UTVIKLINGSPLAN MOT 2030 FOR HELSE

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/153-1. Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/153-1. Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing SAKSFRAMLEGG Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/153-1 Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing TILRÅDING: Saka blir lagt fram utan tilråding frå administrasjonen.

Detaljer

Høyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd

Høyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd Servicetorgsjefen Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet postmottak@bld.dep.no Dykkar ref. Vår ref. Saksh. tlf. Dato 2014/2792-2652/2015 Unni Rygg - 55097155 05.02.2015 Høyringsuttale - Tolking

Detaljer

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen Denne eksamensrettleiinga gir informasjon om sentralt gitt eksamen, og korleis denne eksamen skal vurderast. Rettleiinga skal vere kjend for elever,

Detaljer

1. Refleksjonar, litt uforpliktande på tampen

1. Refleksjonar, litt uforpliktande på tampen 1 Innlegg på Domstolleiarmøtet 6. mai 2013 Karl Arne Utgård, styreleiar i Domstoladministrasjonen Domstolleiarar, gjestar. 1. Refleksjonar, litt uforpliktande på tampen Stunda er inne for å reflektere

Detaljer

Bruk av reiserekning i Agresso

Bruk av reiserekning i Agresso Bruk av reiserekning i Agresso Generell saksgang: 1. Reiserekning på web skal fyllast ut av den tilsette. 2. Når reiseregning er ferdig utfylt, skal den tilsette skrive ut reisebilag og stifte kvitteringar

Detaljer

Fra Forskrift til Opplæringslova:

Fra Forskrift til Opplæringslova: Fra Forskrift til Opplæringslova: 5-1. Kva det kan klagast på Det kan klagast på standpunktkarakterar, eksamenskarakterar, karakterar til fag- /sveineprøver og kompetanseprøve, og realkompetansevurdering.

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Tilgangskontroll i arbeidslivet - Feil! Det er ingen tekst med den angitte stilen i dokumentet. Tilgangskontroll i arbeidslivet Rettleiar frå Datatilsynet Juli 2010 Tilgangskontroll i arbeidslivet Elektroniske tilgangskontrollar for

Detaljer

ÅRSRAPPORT 2008. 2. Nærare om nemnda Klagenemnda har åtte medlemer. Frå 1. januar 2008 var følgjande personar medlem i nemnda:

ÅRSRAPPORT 2008. 2. Nærare om nemnda Klagenemnda har åtte medlemer. Frå 1. januar 2008 var følgjande personar medlem i nemnda: ÅRSRAPPORT 2008 1. Miljøinformasjonslova og klagenemnda for miljøinformasjon Miljøinformasjonslova 1 tok til å gjelde 1. januar 2004. Lova gjev alle rett til å få miljøinformasjon om tilhøve ved offentlege

Detaljer

Korleis kan du i din jobb utvikle deg til å bli ein tydleg medspelar?

Korleis kan du i din jobb utvikle deg til å bli ein tydleg medspelar? Her vil de finne forslag på ulike refleksjonsoppgåver. Desse er meint som inspirasjon. Plukk nokre få. Kvar avdeling/eining kan med fordel tilpasse desse slik at dei er spissa mot deltakarane sin arbeidsdag.

Detaljer

BUDSJETT 2015 - OG SKULESTRUKTUR

BUDSJETT 2015 - OG SKULESTRUKTUR Meløy kommune ordførar rådmann 8150 Ørnes 03.12.2014 BUDSJETT 2015 - OG SKULESTRUKTUR Landslaget for nærmiljøskulen (LUFS) arbeider med denne saka på oppdrag frå Foreldrerådet (FAU) ved Neverdal skule

Detaljer

Rutine for varsling FORORD. Vedteke i kommunestyret den 11.12.2008

Rutine for varsling FORORD. Vedteke i kommunestyret den 11.12.2008 Rutine for varsling FORORD Vedteke i kommunestyret den 11.12.2008 Rutinar for varsling skal vere ein beredskap når lovstridige, uetiske eller uforsvarlege forhold vert oppdaga og må stoppast. Masfjorden

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering Ditt val! Vidaregåande opplæring 2007 2008 Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering Bygg- og anleggsteknikk Design og handverk Elektrofag Helse- og sosialfag Medium og kommunikasjon Naturbruk

Detaljer

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom

Detaljer

Søknad om skilsmisse etter separasjon ved løyve (etter ekteskapslova 21)

Søknad om skilsmisse etter separasjon ved løyve (etter ekteskapslova 21) Søknad om skilsmisse etter separasjon ved løyve (etter ekteskapslova 21) Ektefellar som har vore separert ved bevilling i eitt år, kan søkje Fylkesmannen om løyve til skilsmisse ved å fylle ut dette skjemaet.

Detaljer

Ny strategiplan for Høgskulen

Ny strategiplan for Høgskulen Ny strategiplan for Høgskulen Nokre innspel til det vidare arbeidet Petter Øgar Mi forståing av strategisk plan Ein overordna og langsiktig plan for å oppnå bestemte overordna mål for organisasjonen Måla

Detaljer

Lov om endringer i barnelova (farskap og morskap)

Lov om endringer i barnelova (farskap og morskap) Lov om endringer i barnelova (farskap og morskap) I K K E A J O UR FØ R T I K K E A J O UR FØ R T I K K E A J O UR FØ R T I K K E A J O UR FØ R T Dato LOV 2013 06 21 64 Departement Barne, likestillings

Detaljer

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Har igjen fått sps om dekninga i Sør. Veit ein meir om når utbygging av skal skje? Kor mange barn i sør får ikkje plass i nær? Svar frå administrasjonen: Vi syner til

Detaljer

Lokale arbeidstidsavtalar moglege løysingar og utfordringar Del 1: Rolleforståing

Lokale arbeidstidsavtalar moglege løysingar og utfordringar Del 1: Rolleforståing Lokale arbeidstidsavtalar moglege løysingar og utfordringar Del 1: Rolleforståing Hovudelementa på stasjon Arbeidstid Rolleforståing Målsettingar og intensjonar med arbeidstidsavtalen Prosessar Forteljing

Detaljer

STORD IDRETTSLAG. STORD IDETTSLAG LOVHEFTE LAGSNAMN 1 FØREMÅL 2 ORGANISATORISK TILKNYTING. Revisjon. 2009

STORD IDRETTSLAG. STORD IDETTSLAG LOVHEFTE LAGSNAMN 1 FØREMÅL 2 ORGANISATORISK TILKNYTING. Revisjon. 2009 Revisjon. 2009 LAGSNAMN Laget sitt fulle namn er Stord Idrettslag (Forkorta til S.I.L) 1 FØREMÅL LOVHEFTE FOR Laget er sjølveigande og firttståande med berre personlege medlemmer. Laget sitt føremål er

Detaljer

STYRESAK: DATO: 22.09.2015 SAKSHANDSAMAR: Trond Søreide SAKA GJELD: Internrevisjon i Helse Vest av bierverv STYREMØTE: 30.09.2015 FORSLAG TIL VEDTAK

STYRESAK: DATO: 22.09.2015 SAKSHANDSAMAR: Trond Søreide SAKA GJELD: Internrevisjon i Helse Vest av bierverv STYREMØTE: 30.09.2015 FORSLAG TIL VEDTAK STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Bergen HF DATO: 22.09.2015 SAKSHANDSAMAR: Trond Søreide SAKA GJELD: Internrevisjon i Helse Vest av bierverv STYRESAK: 62/15 A STYREMØTE: 30.09.2015 FORSLAG

Detaljer

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande opplæringa». Opplæringslova: http://www.lovdata.no/ all/nl-19980717-061.html Opplæringslova kapittel 9a. Elevane sitt

Detaljer

Møteprotokoll Styret for Stord vatn og avlaup KF

Møteprotokoll Styret for Stord vatn og avlaup KF Møteprotokoll Styret for Stord vatn og avlaup KF Møtedato: 06.09.2012 Tid: 14:00 16:00 Møtestad: Rundehaugen 45, Heiane Møte leiar: Aud Berit Alsaker Haynes Faste medlemer som møtte: Namn Funksjon Representerer

Detaljer

www.hordaland.no Nytt HFK Intranett

www.hordaland.no Nytt HFK Intranett Nytt HFK Intranett Vår digitale kvardag Gode medarbeidar! Fylkesrådmann Paul M. Nilsen Både på jobb og privat brukar dei fleste av oss PC til ei lang rekkje oppgåver. Å meistra bruk av digitale verktøy

Detaljer

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012 Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 24.04.2012 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Detaljer

Psykologisk førstehjelp i skulen

Psykologisk førstehjelp i skulen Psykologisk førstehjelp i skulen Fagnettverk for psykisk helse Sogndal 21. mars 2014 Solrun Samnøy, prosjekt leiar Psykologisk førstehjelp Sjølvhjelpsmateriell laga av Solfrid Raknes Barneversjon og ungdomsversjon

Detaljer

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving Berre spør! Undersøking Få svar I behandling På sjukehuset Er du pasient eller pårørande? Det er viktig at du spør dersom noko er uklart. Slik kan du hjelpe til med å redusere risikoen for feil og misforståingar.

Detaljer

Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova).

Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova). Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova). Kapittel 9a. Elevane sitt skolemiljø Kapitlet føyd til med lov 20 des 2002 nr. 112 (ikr. 1 apr 2003, etter res. 20 des 2002 nr. 1735).

Detaljer

Metodiske verktøy ved kursleiing

Metodiske verktøy ved kursleiing Metodiske verktøy ved kursleiing Lærings- og Meistringssenter Helse Fonna 30.03.2015 Metodiske verktøy - LMS Helse Fonna 1 Runde Enkel måte å få alle til å delta: Gi ei enkel oppgåve som er mogeleg for

Detaljer

Plan for selskapskontroll 2012-2016

Plan for selskapskontroll 2012-2016 Forsand Kommune Plan for selskapskontroll 2012-2016 Vedteke av kommunestyret 28. november 2012 Rogaland Kontrollutvalgssekretariat IS Innhaldsliste 1 Innleiing... 3 1.1 Avgrensing organisasjonsformer som

Detaljer

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE KAP. 1. FIRMA, KONTORKOMMUNE, FORMÅL 1-1 SpareBank 1 Søre Sunnmøre er skipa den 17. september 1853. Vedtektene vart godkjende første gongen ved høieste Resolution

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Gunnar Steine Arkiv: 024 G00 &01 Arkivsaksnr.: 11/808-2. Rammeavtale for samhandling mellom kommunane og Helse Førde

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Gunnar Steine Arkiv: 024 G00 &01 Arkivsaksnr.: 11/808-2. Rammeavtale for samhandling mellom kommunane og Helse Førde SAKSFRAMLEGG Saksbehandler: Gunnar Steine Arkiv: 024 G00 &01 Arkivsaksnr.: 11/808-2 Rammeavtale for samhandling mellom kommunane og Helse Førde TILRÅDING: Leikanger kommune har ikkje merknader til framlegget

Detaljer

SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO 200200633-2 JG/SIG/ER 13.1.2006. Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet

SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO 200200633-2 JG/SIG/ER 13.1.2006. Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet SPRÅKRÅDET Utdanningsdirektoratet Postboks 2924 Tøyen 0608 OSLO REF. VÅR REF. DATO 200200633-2 JG/SIG/ER 13.1.2006 Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet

Detaljer

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice mlmtoo much medicine in Norwegian general practice For mykje medisin i norsk allmennpraksis Nidaroskongressen 2015 Per Øystein Opdal, Stefán Hjörleifsson, Eivind Meland For mykje medisin i norsk allmennpraksis

Detaljer

Møteprotokoll for møte i

Møteprotokoll for møte i Møteprotokoll for møte i Masfjorden Kyrkjelege Fellesråd 27.01. 2015 kl. 1815 i kantina på kommunehuset. Desse møtte: Ragnhild Skuggedal Britt E. Nordland Åse Dyrkolbotn Øyvind Kristoffersen Egil Kvingedal

Detaljer

NOREGS HØGSTERETT. Den 16. august 2011 vart det av Høgsteretts ankeutval med dommarane Gjølstad, Matningsdal og Utgård i

NOREGS HØGSTERETT. Den 16. august 2011 vart det av Høgsteretts ankeutval med dommarane Gjølstad, Matningsdal og Utgård i NOREGS HØGSTERETT Den 16. august 2011 vart det av Høgsteretts ankeutval med dommarane Gjølstad, Matningsdal og Utgård i HR-2011-01550-U, (sak nr. 2011/974), sivil sak, anke over orskurd: I. Wilfred Rohde

Detaljer

NOREGS HØGSTERETT. Den 29. januar 2008 ble det av Høgsterett, med dommarane Lund, Coward, Oftedal Broch, Utgård og Øie, i skriftleg sak

NOREGS HØGSTERETT. Den 29. januar 2008 ble det av Høgsterett, med dommarane Lund, Coward, Oftedal Broch, Utgård og Øie, i skriftleg sak NOREGS HØGSTERETT Den 29. januar 2008 ble det av Høgsterett, med dommarane Lund, Coward, Oftedal Broch, Utgård og Øie, i skriftleg sak HR-2008-00183-A, (sak nr. 2007/863), sivil sak, anke, Barlindhaug

Detaljer

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Mål: Elevane skal kjenne til utbreiinga av hallingmålet i nærmiljøet. Dei skal vita noko om korleis hallingmålet har utvikla seg

Detaljer

FYLKESKOMMUNENS KUNST FYLKESREVISJONEN

FYLKESKOMMUNENS KUNST FYLKESREVISJONEN FYLKESKOMMUNENS KUNST FYLKESREVISJONEN Møre og Romsdal fylkeskommune RAPPORT, FORVALTNINGSREVISJONSPROSJEKT NR. 3 2001 INNHALDSREGISTER 1. INNLEIING 1 1.0 Heimel 1 1.1 Bakgrunn.. 1 1.2 Formål... 1 1.3

Detaljer

Jørn Øyrehagen Sunde

Jørn Øyrehagen Sunde Jørn Øyrehagen Sunde Høgsterett,del 1 Etablert som Noreg sin øvste domstol, og dermed den fremste representant for den tredje statsmakta, med Grunnlova av 1814 Sett rett i Høgsterett fyrste gong 30 juni

Detaljer

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Hotell Scandic Byparken, Bergen Møtedato: 26.02.2015 Tid: 12:00-16:30. A.

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Hotell Scandic Byparken, Bergen Møtedato: 26.02.2015 Tid: 12:00-16:30. A. Sogn regionråd Postboks 153-6851 SOGNDAL Møteprotokoll Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Hotell Scandic Byparken, Bergen Møtedato: 26.02.2015 Tid: 12:00-16:30 A. Desse møtte Faste medlemmar Harald N. Offerdal,

Detaljer

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL TIME KOMMUNE TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL SØKNAD OM BYGGJELØYVE 1. FORMÅL Behandla søknader om byggjeløyve ved å kontrollera om søknaden er i samsvar med krav i plan- og bygningslova og tilhøyrande

Detaljer

Reglar for servering av alkohol i fylkeskommunale bygg, leigebygg og utleigebygg

Reglar for servering av alkohol i fylkeskommunale bygg, leigebygg og utleigebygg Reglar for servering av alkohol i fylkeskommunale bygg, leigebygg og utleigebygg Framlegg til vedtak frå fylkesrådmannen: 1. Følgjande reglar skal gjelde for servering av alkohol i fylkeskommunale bygg,

Detaljer

Fylkesmannen i Oppland. Rapport frå tilsyn med rettstryggleiken ved bruk av tvang og makt overfor psykisk utviklingshemma.

Fylkesmannen i Oppland. Rapport frå tilsyn med rettstryggleiken ved bruk av tvang og makt overfor psykisk utviklingshemma. Fylkesmannen i Oppland Rapport frå tilsyn med rettstryggleiken ved bruk av tvang og makt overfor psykisk utviklingshemma i Skjåk kommune Samandrag Denne rapporten gjer greie for dei avvika og merknadene

Detaljer

Retningsliner for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune

Retningsliner for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune rundskriv nr. 5/15 Frå: Utdanningsavdelinga Til: Dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal Dei private vidaregåande skolane i Møre og Romsdal Dato: Ref: 29.01.2015 6082/2015/062 - Retningsliner for lokalt

Detaljer

for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll

for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll Etablere felles standard innan service og kundehandsaming i Askvoll Guiden tek for seg grunnleggande og enkle reglar - enkelte vil hevde at

Detaljer

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418 Vaksdal kommune SAKSFRAMLEGG Saksnr: Utval: Dato Formannskap/plan- og økonomiutvalet Kommunestyret Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418 Revisjon av retningsliner

Detaljer

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet Samtaleguide om lesing Innleiing Samtaleguiden er meint som ei støtte for opne samtalar mellom lærar, elev og foreldre. Merksemda blir retta mot lesevanar, lesaridentitet

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Vidar Roseth Arkivsaksnr.: 06/482

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Vidar Roseth Arkivsaksnr.: 06/482 SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Vidar Roseth Arkivsaksnr.: 06/482 Arkiv: F00 ARBEIDS- OG VELFERDSKONTOR I BALESTRAND KOMMUNE - MÅL, INNHALD OG FRAMDRIFTSPLAN Vedlegg: Bakgrunn: Sak 3/07 i utval for oppvekst

Detaljer

LOV 1950-12-08 nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

LOV 1950-12-08 nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1 LOV 1950-12-08 nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1 -------------------------------------------------------------------------------- DATO: LOV-1950-12-08-3 OPPHEVET DEPARTEMENT: AID (Arbeids- og inkluderingsdepartementet)

Detaljer

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto TILSYNSRAPPORT første halvår 2012 - ei evaluering av marknadsføring frå januar til og med juni månad 2012 Tilsynsrapport marknadsføring nr. 2012-12 Lotteritilsynet

Detaljer

Læreplan i felles programfag i Vg1 helse- og oppvekstfag

Læreplan i felles programfag i Vg1 helse- og oppvekstfag Læreplan i felles programfag i Vg1 helse- og oppvekstfag Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 16. januar 2006 etter delegasjon i brev 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet

Detaljer

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje Vinje kommune Næringskontoret Ånund Åkre Granåsen 66 B 1362 HOSLE Sakshands. Saksnr. Løpenr. Arkiv Dato THORCH 2011/2495 6636/2015 64/15 26.03.2015 Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist

Detaljer

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

SAMLA SAKSFRAMSTILLING Side 1 SAMLA SAKSFRAMSTILLING Arkivsak: 09/1467-19413/09 Saksbeh.: Jofrid Fagnastøl Arkivkode: PLAN soneinndeling Saksnr.: Utval Møtedato 109/09 Formannskap/ plan og økonomi 05.11.2009 SAMLA SAK - DETALJREGULERINGSPLAN

Detaljer

3.2.4 Døme for vidaregåande opplæring: Religiøs, etnisk og kulturell variasjon

3.2.4 Døme for vidaregåande opplæring: Religiøs, etnisk og kulturell variasjon Uansett om elevane skal svare på den individuelle oppgåva skriftleg eller munnleg, kan læraren og elevane avtale når og korleis det kan vere formålstenleg med tilbakemeldingar. Læraren kan bruke undervegsvurderinga

Detaljer

BARN OG UNGE I PLANSAKER

BARN OG UNGE I PLANSAKER BARN OG UNGE I PLANSAKER Plan- og bygningslova 5-4 gir generelt fylkeskommunen mynde til å reise motsegn i saker med vesentlege nasjonale eller regionale interesser, eller i saker som av andre grunnar

Detaljer

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Tilstade: Personalet, foreldre og Nina Helle. Kva er BTI: Stord kommune er ein av 8 kommunar som deltek i eit prosjekt som skal utarbeide ein modell

Detaljer

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: 24.11. 2014 SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: 24.11. 2014 SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 24.11. 2014 SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Omdømmemåling 2014 ARKIVSAK: 2014/816/ STYRESAK: 145/14 STYREMØTE: 08.12. 2014 FORSLAG

Detaljer

Vedtak i sak som gjeld klager på reguleringsplan for næringsområde på Stokkenes

Vedtak i sak som gjeld klager på reguleringsplan for næringsområde på Stokkenes Sakshandsamar: Terje Øvrebø Vår dato Vår referanse Telefon: 57 72 32 51 06.05.2011 2010/14973-421.4 E-post: omi@fmsf.no Dykkar dato Dykkar referanse Mottakarar i følgje liste Vedtak i sak som gjeld klager

Detaljer

Vedtekter for Lærdal båteigarlag

Vedtekter for Lærdal båteigarlag Vedtekter for Lærdal båteigarlag Nye,reviderte vedtekter gjeld frå 13. mars 2012. Dei vart vedtekne av årsmøtet 2012 same dato. Desse erstattar vedtektene for Lærdal båteigarlag frå skipingsdatoen 17.

Detaljer

levering av uadressert reklame og gratis aviser marknadsføringslova 17

levering av uadressert reklame og gratis aviser marknadsføringslova 17 Juni 2009 Forbrukarombodets rettleiing for levering av uadressert reklame og gratis aviser marknadsføringslova 17 Forbrukerombudet Pb. 4597 Nydalen, 0404 Oslo Besøksadresse Rolf Wickstrøms vei 15A Telefon

Detaljer

Programområde for helseservicefag - Læreplan i felles programfag Vg2

Programområde for helseservicefag - Læreplan i felles programfag Vg2 Programområde for helseservicefag - Læreplan i felles Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 5. januar 2007 etter delegasjon i brev 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet

Detaljer

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE MØTEINNKALLING Utval: UTVAL FOR OPPVEKST OG OMSORG Møtestad: Rådhuset Møtedato: 10.09.2013 Tid: 16.30 Kl. 1630-1700: Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang Varamedlemmer

Detaljer

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune 1 Bedriftspedagogisk Senter A.S bps@bps.as Medarbeidarsamtalar i Radøy kommune - slik gjer vi det Leiar har ansvar for å gjennomføra samtalane sine slik det

Detaljer

HØYRING FRAMLEGG OM ENDRING AV FORSKRIFT 4. DESEMBER 1992 NR

HØYRING FRAMLEGG OM ENDRING AV FORSKRIFT 4. DESEMBER 1992 NR Høyringsnotat Lovavdelingen November 2009 Snr. 200907258 HØYRING FRAMLEGG OM ENDRING AV FORSKRIFT 4. DESEMBER 1992 NR. 895 OM TVANGSSALG VED MEDHJELPER GODTGJERING TIL MEDHJELPAR VED TVANGSSAL AV FAST

Detaljer

RETTLEIING FOR BRUK AV «MIN SIDE» I DEN ELEKTRONISKE SKJEMALØYSINGA FOR FRI RETTSHJELP. Oppdatert 19.september 2012 Ove Midtbø FMSF

RETTLEIING FOR BRUK AV «MIN SIDE» I DEN ELEKTRONISKE SKJEMALØYSINGA FOR FRI RETTSHJELP. Oppdatert 19.september 2012 Ove Midtbø FMSF RETTLEIING FOR BRUK AV «MIN SIDE» I DEN ELEKTRONISKE SKJEMALØYSINGA FOR FRI RETTSHJELP Oppdatert 19.september 2012 Ove Midtbø FMSF 1 INNHOLD OM RETTLEIAREN... 3 FUNKSJONANE PÅ «MIN SIDE»... 3 MINE SAKER...

Detaljer

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema. 1 Oppdatert 16.05.09 Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.) Velkommen til Hordaland fylkeskommune sin portal

Detaljer

Reflekterande team. Oktoberseminaret 2011. Ove Heradstveit, kommunepsykolog, Familiens Hus i Øygarden

Reflekterande team. Oktoberseminaret 2011. Ove Heradstveit, kommunepsykolog, Familiens Hus i Øygarden Reflekterande team Oktoberseminaret 2011 Ove Heradstveit, kommunepsykolog, Familiens Hus i Øygarden Bakgrunn Reflekterande team vert nytta som arbeidsmetode i tverrfagleg gruppe ved Familiens Hus i Øygarden

Detaljer

BARNEHAGETILBODET I BALESTRAND

BARNEHAGETILBODET I BALESTRAND MØTEINNKALLING Utval: UTVAL FOR OPPVEKST OG OMSORG Møtestad: rådhuset Møtedato: 01.04.2009 Tid: 15.00 Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling SAKLISTE Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 4/09 09/254

Detaljer

HORDALANDD. Utarbeidd av

HORDALANDD. Utarbeidd av HORDALANDD FYLKESKOMMUNE Utflyttingar frå Hardanger Utarbeidd av Hordaland fylkeskommune Analyse, utgreiing og dokumentasjon August 28 INNLEIING: Analysen er utarbeidd som ein del av Hordaland fylkeskommune

Detaljer

Rettane til den fornærma og dei etterlatne

Rettane til den fornærma og dei etterlatne Rettane til den fornærma og dei etterlatne Denne brosjyren gir ei oversikt over dei viktigaste reglane. Dersom du ønskjer å vite meir, sjå kontaktinformasjonen på baksida av brosjyren. Den som er offer

Detaljer

18. RETNINGSLINJER FOR AKAN

18. RETNINGSLINJER FOR AKAN Interkontrollhandbok Side: 1 av 10 18. RETNINGSLINJER FOR AKAN For å få klare reglar på området rusmiddelbruk og arbeid har arbeidsmiljøutvalet (AMU) i Samnanger kommune 24.04.01 vedteke ein AKAN-avtale

Detaljer

Kap. 1 Firma. Kontorkommune. Formål. 1-1

Kap. 1 Firma. Kontorkommune. Formål. 1-1 VEDTEKTER FOR Kap. 1 Firma. Kontorkommune. Formål. 1-1 Luster Sparebank er skipa ved samanslåing av desse sparebankane: Hafslo Sparebank skipa 4. mai 1848, Jostedal Sparebank skipa 9. oktober 1937 og Luster

Detaljer

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: 21.03.2013 Tid: 09.00

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: 21.03.2013 Tid: 09.00 MØTEINNKALLING Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset : 21.03.2013 Tid: 09.00 Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling SAKLISTE Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/13 13/241 OPPFØLGING AV TIDLEGARE

Detaljer

Kap 1 Innleiande fastsettingar

Kap 1 Innleiande fastsettingar Kap 1 Innleiande fastsettingar 1-1 Organisasjon og virkeområde Namnet til klubben er Kvam Hundeklubb, og vert forkorta til KHK. Klubben er sjølvstendig rettssubjekt og er å rekna som eiga juridisk eining.

Detaljer

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform Godt Lokaldemokrati ei plattform Godt lokaldemokrati ei plattform Norsk lokaldemokrati er godt men kan og bør bli betre. KS meiner ei plattform vil vere til nytte i utviklingsarbeidet for eit betre lokaldemokrati.

Detaljer